Arkiv Nov 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Fotball

Hessvik og TMFK nr. 2 i innandørs-KM 30.11.2003

Kennet Hessvik, utflytta svelgar, og lagkameratane på Tornado Måløy vart i helga nr. 2 i innandørs-KM i fotball. Laget tapte finalen med 6-1 mot Sogndal, som i følgje TMFK si heimeside bestod av Tippeliga-stjerner. Hessvik, som scora 8 mål under KM, skal i følgje Fjordenes Tidende legge fotballskoa på hylla. Om det vert noko av gjenstår å sjå...

Thor Kristian Sortevik spelte for Bremanger, som vart slegne ut etter dei innleiande kampane.

TMFK


Mindre enn halvparten av normal nedbør i november 30.11.2003

I november 2003 fall det 141 mm nedbør ved nedbørsstasjonen til Elkem Energi Bremanger i Svelgen. Det normale er 318 mm. 13 døgn var heilt utan nedbør, og 22,8 mm var det meste ein målte på eit døgn.

Julegrana tent i Svelgen 29.11.2003

Klokka to i ettermiddag vart julegrana ved Samfunnshuset og julegatene tent i Svelgen. Skulemusikken spelte julesongar iført nisseluser og det vanka smågodt til ungane. Eit ufyselig ver hadde ikkje stoppa dei omlag 200 som besøkte julekafeen for å kjøpe lodd eller graut.


Firdaposten om lanseringa av STIF-boka 29.11.2003

"Johanna Midttun stilte seg fremst i køa og sikra seg tre eksemplar då praktboka til Svelgen Turn- og Idrettsforening vart lagt ut for sal torsdag ettermiddag. -Bøkene er julegåver til ungane mine, fortel ho".

Les kva meir Firdaposten skriv om boklanseringa ved å klikke på linken under biletet t.h.

Firdaposten


Vellukka boklansering 27.11.2003

Torsdag kveld vart STIF si historiebok lansert på Svelgen Hotell. Dei frammøtte fekk sportsdrikken XL1 som velkomstdrikk. Les elles kva som står på STIF si heimeside om boklanseringa. Ein kan elles opplyse at Britt Gulestøl og yngste sonen til Asbjørn Svarstad vann antrekkspremiane. Gulestøl stilte barføtt i judodrakta, medan unge Svarstad stilte i faren si A-lagsdrakt i fotball. Det var elles mange flotte og artige idrettsantrekk frå eldre og nyare tid å sjå.

Om lag 80 bøker var selde på hotellet då markeringa vart avslutta rundt kl. 20.

STIF-sida


Svelgen kino sundag kl. 1800

Filmsuksessen Oppdrag Nemo! 26.11.2003

Søndag er det klart for kjemesuksessen NEMO på Svelgen kino. Den er karakterisert som ein av dei beste teiknefilmane på lenge. Ta med heile familien å gå på kino!

En film om mot og familie fra Pixar Animation Studios - skaperne av suksesser som "Toy Story", "Småkryp", "Toy Story 2" og "Monsterbedriften"!

I de varme tropiske farvannene utenfor Great Barrier Reef bor klovnefisken Marlin trygt og tilbaketrukket i en stille og rolig avkrok sammen med sin eneste sønn, Nemo. Marlin er redd for havet og alle de uforutsigbare farene som lurer i det, og gjør alt han kan for å beskytte sønnen. Men Nemo er i likhet med alle de andre småfiskene ivrig etter å utforske det mystiske korallrevet. En dag blir Nemo plutselig fanget og fraktet langt hjemmefra, og ender med et plask opp i et akvarium på et tannlegekontor.

Søndag 30.11.kl.1800

Aldersgrense 7 år

Speletid 1t 40min

SJÅ OGSÅ UNDER - MATRIX SAMME HELG!


NATTKINO FREDAG kl.22 OG SØNDAG kl. 2000

Matrix Revolutions i helga 26.11.2003

I helga viser Svelgen kino den nye Matrix filmen som nattkino fredag kl. 2200 og som søndagsfilm kl. 2000.

Litt om filmen:Tiden renner ut. De fryktede "sentinels" borer ubønnhørlig ned mot menneskebyen Zion. Klemt mellom den virtuelle og virkelige verden må Neo samle nye krefter for å få en slutt på krigen mot maskinene. Men han har ikke regnet med Agent Smith.

Heltene er trøtte, men kan ikke hvile. De uslitelige "sentinels" er på vei mot Zion for å gjøre slutt på menneskenes eneste fristed utenfor "the matrix". Sannheten om hvordan illusjonen virker går gradvis opp for Neo, men den mentale jakten tapper ham for krefter. Han er på villspor i et grenseland mellom "the matrix" og den virkelige verden. Trinity våker over kroppen hans mens Morpheus forsøker å forstå hvordan "the one" bare er nok en innretning for kontroll skapt av de ansiktsløse arkitektene bak "the matrix". Aldersgrense: 15 år Speletid: 2t 12min


STIF scora mest i 2003 26.11.2003

Haugen IL si heimeside har laga ein tabell over kva for lag i fylket som har vore involvert i kampar med flest mål i 2003. Av dei 60 herrelaga i divisjonssystemet kom STIF på ein delt 3. plass med 6,93 mål pr. kamp. Dette talet inneheld også innslupne mål.

Om ein ser kjapt over tabellen ser ein at STIF har scora flest mål i snitt av dei 60 laga med 6,61 mål i snitt pr. kamp.


Haugen IL


Ordføraren om budsjettet for 2004 26.11.2003

Les kva ordførarar Kåre Olav Svarstad har uttala om budsjettet for 2004 til Firdaposten.

Firdaposten

Budsjettframlegget for 2004:

Vil gje dårlegare opplæringstilbod 26.11.2003

Budsjettframlegget for 2004 kan få store konsekvensar for skulane og barnehagane i Bremanger kommune. Firdaposten skriv følgjande:

Rektor Kåre Myklebust ved Svelgen skule må gå drastisk til verks for å balansere innanfor si råme på 10,6 millionar. Han må redusere stillingar i høve råmetimetalsmodellen både vår og haust med høvesvis totredjedels stilling og 1,2 stilling, og ta bort skulefritidsordninga for heile skuleåret.

- Dette er bort imot dramatisk med tanke på den skulen politikarane vil ha, skriv Myklebust i ein merknad til budsjettet, og meiner at både læringstilbodet og arbeidsmiljøet vil bli skadelidande.

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten


Nattope på Realen 12. desember 26.11.2003

Følgjande melding vart lagt ut på "Fritt ord":

Ungdomsklubben Realen er nattåpe den 12. desember.

Fra 19.30 - 24.00 er det vanlig kveld

Fra 24.00 - 09.00 er det kun for medl. av Realen

Aktivitetar;

-åpning av Bjørkeloftet

-datalinking

-jam på rockeverksted

-baking av -pepper kaker - kakemenn - lussekatter - horn\rundstykker til frokost

-sosialt

Ta gjerne med brettspill.

Skriftelig påmelding; underskrift fra foresatte til Anita innen 12. desember kl. 21.00


Fylkesarkivet kulturminne 26.11.2003

Om du klikkar på linken under, vel Bremanger i kommune, og søk, vil du kome fram til ei oversikt over kulturminne og attraksjonar som Fylkesarkivet omtalar i Bremanger kommune.

Den øvste saka på første side omhandlar minnesteinen som STIF og folket elles i Svelgen reiste etter Erling Julin Olsen. Denne minnesteinen står på Midtgulen kyrkjegard, og er den høgste steinen som står der. Olsen var STIF sin fremste idrettsmann før 2. verdskrig, og var også ei eldsjel utanom det vanlege for STIF. Han var flygesersjant, og vart skoten ned av tyskarane over London under krigen, og døydde seinare på sjukehus. Olsen vart berre 23 år gamal. Les meir og sjå bilete på linken under, der dei fleste opplysningane om minnesteinen er henta frå STIF si historiebok.

Av dei andre kulturminna/attraksjonane i nærområdet som er omtala nemner vi: Krigsminne frå Ospeneset, sekskeipingen "Knut" frå Ytrehus, kraft og industri i Svelgen, Myklebustsætra, Svelgen kapell og Midtgulen kyrkje.

Fylkesarkivet kulturminne


Ledig stillingar i kommunen og på Svelgen Motorsenter 25.11.2003

Sjå "Stilling ledig" øvst på denne sida.

Bremanger Nytt for desember 25.11.2003

No kan du, fleire dagar før bladet kjem i posten i Svelgen, lese delar av Bremanger Nytt på kommunen si heimeside.

Bremanger kommune

Invitasjon til boklansering 24.11.2003

Svelgen Turn- og Idrettsforening inviterer til lanseringsfest på Svelgen Hotell, torsdag 27.11.03, kl 18.00. Dette er første dag det er mulig og kjøpe historieboka "Heia STIF!". Her vil det bli servert brus og kake, presentasjon og sal av boka, litt underholdning og kanskje nokre konkurransar. Pressa vil vere tilstades. Vi ynskjer store og små velkomen til denne markeringa.

Vi ynskjer at så mange som mulig kler seg i idrettsklede, td. drakter, supporterutstyr, treningsdrakter i alle variantar, engelske, spanske, tyske, norske drakter, treningsklede etc. Alt passar ved denne anledningen.

Vi premierar mest fantasifulle og mest komplette trenings/idrettsantrekk.

Styret i STIF


Svelgar sentral i utviklingsprosjekt 24.11.2003

I ein artikkel i Firdaposten kan du lese at Knut Eikeland (biletet), utflytt svelgar - no dagleg leiar i Mercatus i Florø, er sentral i eit utviklingsprosjekt som skal sørge at dyktig florøværingar vender tilbake til arbeidslivet i Florø.

Eikeland var tidlegare svært så aktiv i STIF, og er mellom anna den mest effektive spelaren STIF sitt A-lag har hatt. Han hadde scora 115 mål på 3 heile og to halve sesongar på A-laget, då han la fotballskoa på hylla som 20-åring. Han var også lagkaptein på gutelaget i volleyball som tok sølv under NM for 16-åringar i 1984, under leiing av trenar Hans Rune Strandos.

Firdaposten


Volleyball

Tapte 2. plassen med to tap 23.11.2003

Unn Kvendseth og lagvenninnene på Cal State Northridge tapte sine to siste kampar i Big West. Laget tapte høvesvis 0-3 og 2-3 mot lag som låg bak dei på tabellen, og vert dermed truleg nr. 4 i serien. Laget enda på same poengsum som lag nr. 2 og 3, og då er det poenga i kampar mot lag utanfor Big West som avgjer rekkefølgja. Cal State Northridge har framleis ein kamp att mot eit lag utanfor Big West. Om denne kampen kan endre rekkefølga i Big West skal vere uskrive her.

Det er nokså kompliserte reglar for kor mange lag frå dei ulike universitetsseriane som går til sluttspelet der alle universitetsseriane i USA deltek, så om Kvendseth & co framleis kan gå vidare til sluttspelet er usikkert.

CSUN


Tilbake i moderklubben for å trene fotballjenter 23.11.2003

Svelgen TIF har eit aktivt jentefotballmiljø, og i jenteklassane lillejenter, småjenter og jenter er det samla nærare 30 jenter som er med. I tillegg har ein også ein del jenter som deltek i miniputtklassane.

I helga var desse fotballjentene så heldige at Marit Renate Midthjell tok turen frå Bergen for å ha ei treningsøkt med dei på laurdagen. Midthjell trena først småjentene og jentene som Per Arne Sæterlid til vanleg er trenar for, og deretter var det lillejentene som trenarane Roger Mulelid og Svenn Os har ansvaret for. Kvar treningsøkt varde 1,5 time. Midthjell la i øvingsutvalet vekt på at fotballtrening skal vere moro, noko det absolutt såg ut til at jentene hadde denne laurdagen. Også dei tre trenarane syntest det var kjekt å få impulsar til nye treningsøvingar, og ein av trenarane uttala at det var sjeldan han hadde sett jentene så konsentrerte på trening.

Marit Renate Midthjell budde i Svelgen fram til ho var 11 år gamal, då flytta familien til Ålfoten. I åra 1987-1993, spelte Midthjell aldersbestemt fotball for STIF, forutan eit år på lilleputtlaget til Ålfoten. I desse år var ho sterkt delaktig i at STIF vann sitt einaste KM i aldersbestemt utandørsfotball i 1990, og fylkescupen "BT-cup" i 1991. I desse åra i STIF fekk ho også oppleve å spele 11 krinslagskampar for Sogn og Fjordane, 5 jentelandskampar for Norge i 1993, og ho vart også tildelt den gjeve "Tullen-prisen" i 1991. Ho er den yngste som nokon gong har moteke "Tullen-prisen", som i beste fall vert utdelt til eit talent i Sogn og Fjordane kvart år. Etter tida i STIF spelte ho for Bremanger og Sandane, før ho hausten 1996 melde seg inn i Bjørnar i Bergen. Ho var det året med å spele Bjørnar opp i Toppserien, og har seinare spelt 7 sesongar i damene sin øvste divisjon. Ho har heile tida spelt for Bjørnar, som etterkvart skifta namn til Arna-Bjørnar. I nokre sesongar var ho mykje plaga med skader, noko som resulterte i at ho mellom anna måtte melde forfall til landslagssamling for det norske U21-landslaget. Ho har mellom anna spela to cupfinalar, og ho har også fått bronsemedalje i Toppserien.

I STIF si historiebok kan ein mellom anna sjå bilete av Midthjell på det norske jentelandslaget og då ho mottok "Tullen-prisen", samt på ei rekkje lagbilete frå STIF-tida.

Fotballgruppa i STIF er glade for at Marit ville ta turen frå Bergen, og nyttar høvet til å oppmode andre særgrupper i STIF om å nytte tidlegare STIF-utøvarar til å gi nye impulsar til utøvarane og trenarane i desse idrettane.

På biletet under ser ein STIF-jentene, med Marit Renate Midthjell ståande nede t.v.


Skreiv bok på dugnad 23.11.2003

No har Firdaposten.no lagt heile intervjuet med Frank Ryland om STIF-boka ut på nettet. Trykk på linken for å lese alt.

Eit utdrag:

27. november vert Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) si historiebok lagt ut for sal. Forfattar av boka, Frank Ryland, er nøgd med resultatet etter fem års jobbing. Men han legg vekt på at sjølv om det er hans namn som står der, er det mange personar som skal ha æra for den.

At STIF skulle gje ut ei bok om historia til idrettslaget med utøvarar og prestasjonar, har vore i planane lenge. Allereie til femtiårsjubileet i 1980 var det planlagt at ho skulle vere ferdig. Men dette vart ikkje noko av. Dermed har boka vore arbeidd på meir eller mindre kontinuerleg sidan den tida. Den som har jobba med boka heilt sidan ideen vart lansert, er Tor Zachariassen.

Les meir


NATTKINO + SUNDAGSFILM:

MORS ELLING 22.11.2003

Svelgen sender fredag 21. 11 Mors Elling som nattkino kl. 2200. Vi sender den også Søndag 23. november kl. 2000.

Endelig får vi møte Elling igjen! Denne gang i filmen som har fått tittelen "Mors Elling" basert på boken "Fugledansen" av Ingvar Ambjørnsen.

Elling har levd sammen med sin mor i hele sitt liv. De har en utmerket arbeidsfordeling: Mor tar seg av det praktiske, mens Elling tar seg av det teoretiske. Han bruker tiden i leiligheten til å lese bøker og se på naboene fra stuevinduet, og har ikke det store behovet av å omgås andre mennesker i naturell tilstand. Han er derfor måtelig entusiastisk når mor plutselig bestemmer at de skal dra på pakketur til Mallorca...

Aldersgrense 7 år

Speletid: 1 time 35 min.


Kaptein Sabeltann 26. desember:

NORGESPREMIERE I SVELGEN! 21.11.2003

Svelgen kino har fått Norgespremiere på den nye filmen om Kaptein Sabeltann 26. desember!

Ta med heile familien på romjulskino 2. juledag kl. 1800.

Litt om filmen:

Verdens tøffeste sjørøver er tilbake. Med ny helaftens tegnefilm, for første gang på kinolerretet.

Den kjente piraten, alla barnas Sabeltann, sjørøveren fra Kjuttaviga, presenteres for føste gang på kino. Her er tegnefilmen om kongen på havet.

Kaptein Sabeltann: Ingen tør å nevne hans navn. Han er havets skrekk, nattens hersker og kjent overalt som den største sjørøveren på de 7 hav. For Sabeltann er det en ting som teller, han er alltid på jakt etter gull.

Pinky er en ung gutt som bare kjenner en eneste verden. For Pinky er Kaptein Sabeltans ord lov, og den unge, lojale dekksgutten vil aller helst vise noen og enhver at han har alt som skal til for å bli en vaskeekte sjørøver.

Snart kjenner Kaptein Sabeltann lukten av gull, og han skjønner at han er på sporet av noe stort. Vil han finne den store skatten?

Sensuren på filmen er ikkje klar, men den får anten 7 års aldersgrense eller inga aldersgrense. Vi kjem attende med meir opplysningar seinare.

KINOLISTA UT ÅRET


Ny blomster- og gåvebutikk opna i Svelgen 21.11.2003

Torsdag 20/11 opna Aina Alfredsen Førde sin nye butikk i lokala som "Spøta" tidlegare heldt til i i Samfunnshus-bygningen. I ein artikkel i papirutgåva til Firdaposten tidlegare i veka, fortalde Alfredsen Førde at ho i den 126 rutemeter store butikken skal ha eit rikt utval av blomster, bindingsutstyr og alt som høyrer til i ein skikkeleg blomsterbutikk. I tillegg satsar ho også på gåveartiklar av ulike slag.

Til Firdaposten uttala Alfredsen Førde mellom anna følgjande: "Eg må seie eg er spent, men eg har fått positive tilbakemeldingar frå bygdefolket, som lovar å støtte opp om butikken, så eg er optimist. Likevel må eg vedgå at eg er spent på konkurransen frå "Coop`en. Dei sel også blomster, og vil ikkje slutte med det, og etter at eg bestemte meg for å starte opp med ny blomster- og gåvebutikk rett over gata, har dei også teke inn blomsterpotter i vareutvalet sitt. Slikt kjennast litt irriterande, Svelgen er ei lita bygd, og vi treng å støtte opp om kvarandre, istaden for å bryte kvarandre ned". I følgje avisa har Alfredsen Førde siste tida hospitert to veker hos ein blomsterbutikk i Bergen, og vore sju veker på kurs i blomsterbinding i Oslo.

Svelgen.no ønskjer Alfredsen Førde til lukke med nyopninga, og oppmodar bygdefolket om å støtte opp om nyebutikken.


Meir om STIF-boka 21.11.2003

"Historia om Svelgen Turn- og Idrettsforening er nesten like mykje historia om industrisamfunnet Svelgen i Bremanger kommune. Smelteverket i bygda kom i 1928, idrettslaget to år seinare. I alle åra deretter har utviklinga på smelteverket, i bygda og i idrettslaget hengt nøye saman".

Dette var eit utdrag av teksten som er på omslaget av "Heia STIF!". Resten av teksten kan du lese på STIF-sida.

STIF-sida


Oversikt over store hamneanlegg 21.11.2003

I Bergens Tidende kan du sjå ei oversikt over hamnene i Norge med stor utanrikstrafikk. Elkem Bremanger sitt kaianlegg (arkivbilete) er på lista over dei med fleire enn 50 båtar i året frå utlandet.


Bergens Tidende

Ventetid på to veker for nytt pass 20.11.2003

Bremanger lensmannskontor har i desse dagar innført den nye ordninga med elektronisk pass. Det medfører lengre ventetid, noko folk må ta med i planlegginga når dei har tenkt seg utanlands. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Bremanger IL si heimside om STIF-boka 20.11.2003

På Bremanger IL si heimeside kan du mellom anna lese litt om det som er skrive i "Heia STIF!" om lokaloppgjera mellom BIL og STIF. Heimesida ønskjer STIF til lukke med boka, og oppmodar folk i ytre om å kjøpe boka.

Bremanger IL

Bremanger Quarry med nye tiltak 19.11.2003

Etter ei rekkje klager frå naboane, aksjonerte styremaktene i slutten av september. Den umelde kontrollen avslærte alvorlege brot på forureiningslova. Bremanger Quarry set no i verk ei rekkje tiltak for å få lov til å drive vidare i det enorme steinbrotet ved Svelgen. Eit nytt, stort oppsamlingsbasseng skal samle inn slam-vatnet som før har gått rett i fjorden, fortel Rune Moe i administrasjonen i selskapet. Etter eit nytt besøk på anleggsområdet ein av dei nærmaste dagane, vil Fylkesmannen avgjere om dette er godt nok, eller om han skal krevje fleire forbetringar.

Les meir hjå NRK S. og Fj.

NRK S. og Fj.


Fekk stor havabbor på Myklebust 18.11.2003

Søndag ettermiddaga fekk Ståle Solheim frå Florø ein havabbor på 3,7 kg på eit nes utanfor Myklebust i Midtgulen. Les meir og sjå bilete i Firdaposten.

Firdaposten

Volleyball

Førde møtte ikkje til kamp 18.11.2003

I følgje Fjordenes Tidende skulle STIF søndag møtt Førde til kamp i 2. divisjon herrar i Svelgen, men i følgje avisa møtte ikkje Førde.

Symjehistorie 18.11.2003

I følgje avisa Firda vann Sander Smørdal frå Eid IL gull under junior-NM i symjing i sommar. I følgje Firda 17/11 var det heile 24 år sidan forrige gong ein symjar frå Sogn og Fjordane sist vann NM-gull i symjing.

Avisa nemnde ikkje kven som vann for 24 år sidan, men med enkel hovudrekning kan ein rekne seg tilbake til at sist fylket fekk eit NM-gull i symjing var i 1979. Det året vann Arne Helle frå Svelgen TIF 4 gull, 1 sølv og bestemannpremie under junior-NM i Kristiansand. Også i 1978 vann Helle to NM-gull, til trass for at han var sjuk då meisterskapen vart innleia. Helle tok mellom anna medalje under nordisk meisterskap for juniorar, og deltok også i fleire juniorlandskampar for Norge. Men sjukdom øydela mykje for Helle, som måtte melde forfall grunna dette til mellom anna EM for junior, junior- og seniorlandskampar.

I historieboka "Heia STIF!", som kjem i sal 27. november, kan ein lese meir om Arne Helle og andre gode symjarar i STIF.


Volleyball

Første siger for Fløtre & co 18.11.2003

Laurdag vann Bjørn IL, med Knut Arild Fløtre på laget, 3-0 over Hornindal i 1.divisjon. Dette var laget sin første siger denne sesongen, og med sigeren er laget framleis å rekne som det nest beste i Sogn og Fjordane etter Førde VBK.

Bjørn IL

STIF på krinstinget 16.11.2003

STIF deltok i helga med fire personar på krinstinget til Sogn og Fjordane Fotballkrets. På dette tinget vart Arild Sande tildelt Fotballkretsen sin "Blå diplom" for sin innsats for fotballen i STIF siste 30 åra. STIF fekk også diplom som avdelingsvinnar i 6.divisjon, og på vegne av Stian Holm mottok leiar Svein Arne Sandvik ein diplom som bevis for at han har tatt dommargrada. Dommartalentet får no høve til å dømme kampar i lågare divisjonar.

Tinget vedtok mellom anna at 3.divisjonslaga i hovudsak skal spele fredagskampar, noko som truleg opnar for at STIF kan spele laurdagskampar i 5.divisjon om ein ynskjer det. Vidare vart det vedteke at miniputtane frå 2004 skal spele med 5 spelarar på bana, og på ei mindre bane enn tidlegare då dei hadde 7 spelarar. Fotballkrinsen oppmoda vidare om at ein i miniputtklassen skal gje diplom til spelarane, og at ein skal gå vekk frå den dyre premieringa som arrangørklubbane etterkvart har innført.

S. og Fj. Fotballkrets


God kamp av Unn Kvendseth 16.11.2003

Unn Kvendseth slo inn heile 22 poenggivande ballar, då Cal State Northridge slo Pacific 3-2 i helga. Når to kampar står att i Big West har laget framleis høve til å vinne serien. Dei to siste kampane går komande helg.

CSUN

Firdaposten om 75- årsfeiringa 16.11.2003

Klikk på linken.

Firdaposten

75-årsfeiringa på Elkem Bremanger 14.11.2003

I dag frå kl. 1300-1600 var det ope hus for dei som ville gjere seg kjende på smelteverket. Det heile byrja med at ein vart tekne i mot med kaker, kaffi og brus i kantina. Her var det også mogeleg å delta i ein spørjekonkurranse, der alle som leverte inn svar fekk eit flott jubileumskrus. Det var også rigga til ein bildemontasje med tekst, som fortalde om utviklinga på verket og i Svelgen. Det var møtt opp folk i alle aldar, frå skuleelevar til personar over 80 år.

Dei som ville kunne også vere med på guida tur på verket. Med buss vart ein køyrt til Sigrain-anlegget der ein besøkte kontrollrommet. Så gjekk ein til Supperseed-knuseriet, før bussen køyrde gjennom, og stoppa, i omnshallen for Ovn 2-4. Til slutt gjekk ferda til nymoderniserte Ovn 5, der ein fekk sjå inn på på sjølve omnen. Med på ferda var nokre av smelteverket sine medarbeidarar som forklarte litt om prosessen på dei ulike stadane.


GRATULERER MED DAGEN!! 14.11.2003

I dag, 14. november 2003, er Elkem Bremanger 75 år! Svelgen.no gratulerer alle svelgarar med dagen. Vi sender ein tanke til gründarane som i åra 1917-1928 la grunnlaget for bygda vår. Mange enkeltpersonar har gjort sitt til at Svelgen er det den er i dag. Smelteverket sine eigarar har stått for mykje av infrastrukturen i Svelgen som vi framleis har glede av - mellom anna kapellet og samfunnshuset. Det var framsynte menn som forsto at folk ikkje kan leve av arbeid åleine, og at trivsel auka produktiviteten. Dette kunne kanskje vore noko å vidareføre til dagens leiing i Elkem-konsernet. Svelgen.no meiner det burde vore lagt opp til ei meir storstilt feiring av ein så stor dag. Men det får vi ta kvar for oss.

Viss du har lyst å lese meir om utviklinga av verket og Svelgen-samfunnet kan du trykke på linken "Historie" på menyen til venstre. Vi har også ein lenger artikkel om dette lenger nede på sida i Svelgen.no.

Dersom du er ein av dei som aldri har vore innom portane på Elkem, har du sjansen i dag. Sjå lenger ned på sida.


Bestilling av STIF-boka 13.11.2003

På STIF si heimeside kan du no lese korleis du kan bestille historieboka "Heia STIF!", om du sjølv ikkje har høve til å kjøpe den på utsalsstadane i Svelgen. Link til heimesida finn du under biletet av framsida til boka, som syner Jørgen Bjørkedal i luftig svev på Svelgen stadion.


STIF-sida

Litt konstruktiv kritikk 13.11.2003

Vi har fått innlegg frå Gunnar Mundal på Ris&Ros sida. Det går på stemmegjevinga i kommunestyret. For å rette på det tek vi med litt av det han skriv her på framsida. Det gjeld den nye renovasjonsavgifta. Ikkje alle politikarane stemte for dette..

Delar av innlegget:

Litt konstruktiv kritikk til Svelgen.no, er at det burde kanskje skrives om hvor mange som stemmer for og hvor mange som stemmer imot. Ta for eksempel innføring av renovasjonsavgift på fritidseiendommer. Dette ser ut som om det ikke ble debatt om, men det ble det jo. Husker jeg ikke feil, stemte 9 representanter imot å innføre tvungen renovasjon.

Les resten på Ris&Ros


Full aktivitet i bakarhuset 13.11.2003

I dag var bakarhuset eit triveleg skue. Frå kjøkkenet lukta det god heimbakst og elevane frå ungdomsskulen ved Svelgen skule serverte dei mange kafegjestane. Den røykfrie kafeen er i første omgang open kvar torsdag føremiddag frå 11 til 14. På bildet ser vi Malin, Stine og Hanne som planlegg den vidare drifta. Malin Svarstad står bak disken, medan Benedicte steikjer sveler.

På fest i treningsklede 13.11.2003

Svelgen Turn og Idrettsforening lanserer i slutten av november ei historiebok, som omhandlar foreninga si 70 år lange historie. 27. november kl 1800 vert det lanseringsfest på Svelgen Hotell, der temaet er idrett og trening. Alle som skal delta, må kle seg i treningsklede, men dette treng ikkje vere STIF-treningsklede.

Litt om Boka: Den inneheld ca 1700 namn, den er på 432 sider med både farge og svartkvitt. Boka har om lag 350 foto frå 1931 til 2003. Historieboka inneheld også oversyn over formenn/leiarar, utøvarar, rekordar, statistikkar med meir.


Bremanger kan miste millionar 13.11.2003

Bremanger kommune kan miste fleire millionar kroner dersom regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett vert vedteke av Stortinget. Dei foreslår å redusere minimumsverdien i eigedomsgrunnlaget, og dermed flytte inntekter tilsvarande 100 millionar frå kraftkommunar til statskassa.

Ordførar Kåre Olav Svarstad meiner forslaget urovekkande og uforståeleg, og støttar den kraftige protesten som Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) har kome med.

Dei meiner regjeringa svekkar økonomien til ei rekke kommunar for å gje skattelette til ein kraftbransje som aldri har hatt større overskot.

Regjeringa grunngjev endringa med trongen for å auke produksjonskapasiteten. Dette meiner LVK er villeiiande.

- Årsaka er politisk og ikkje økonomisk, meiner dei. I løpet av dei siste åra har fleirtalet på Stortinget sagt nei til utbygging av fleire vassdrag - investeringar på 6-8 milliardar kroner. LVK meiner det ikkje er poeng i skattestimuli så lenge den politiske vilja til utbygging ikkje er tilstades.

LVK set no alle midlar inn for at Stortinget skal forkaste forslaga som dei meiner ikkje vil auke kraftproduksjonen, men forverre kommuneøkonomien og styrke kraftbransjen sine rekordoverskot.


KINOLISTA FRAM TIL JUL 13.11.2003

Slik ser kinolista ut fram til jul:

21.11 Mors Elling kl. 2200 7 år - NATTKINO.

23.11 Mors Elling kl. 2000 7 år

SUPER-WEEKEND:

29.11 NATTKINO: MATRIX kl. 2200 15 år

31.11 NEMO 1800 7 år

31.11 MATRIX KL.2000

DESEMBER:

7.12 Nasse Nøff kl. 1800 alle

14.12 Lille Frk. Norge kl. 1800 7 år

21.21 KILLBILL kl. 2000 18 år

Den tredje filmen om Ringenes Herre-Atter en konge blir vist på Svelgen kino 18. januar 2004.

Svelgen kino


Utval klare 13.11.2003

På kommunestyremøtet denne veka vart representasjonen for heile ti utval i Bremanger klar. Firdaposten har no lagt ut namna.

Utvala i Bremanger

Microsoft på nynorsk 12.11.2003

I dag kan du laste ned verdas mest brukte dataprogram på nynorsk. Etter stort press frå nynorskbrukarar er Microsoft Office endeleg komen på begge målformene.

No må kommunane ta i bruk nynorskversjonen, oppmodar Vidar Høviskeland i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Microsoft Office er det mest brukte dataprogrammet i verda. Det finst på 35 språk, no også på nynorsk. Dagbladet skriv at dette er ei fjør i hatten for nynorskingane. For programmet finst enno ikkje på hindi som 235 millionar menneske snakkar. Microsoft har rekna ut av 700 000 kan tenkje seg ha nynorsk på pc-en.

Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, meiner dette viser at det er mogleg å vise musklar overfor IT-giganten.


Takk frå Siv til Bjørg 12.11.2003

Siv Rylandsholm som i går kom med ei etterlysning via Svelgen.no, har no fått hjelp. Ho skriv at ho ville gitt ein blom via epost. Vi hjelper ho gjerne med å sende ein blom over nettet.

Dette skriv Siv:

Vil herved rette en takk til Bjørg Myklebust Nyhus på Nannestad som takk for at hun reagerte på min etterlysning etter "Over Stokk og stein". Hun hadde i går vært innom Svelgen.no og sett etterlysningen, og heiv seg på telefonen. Dette er jeg veldig glad og takknemlig for. Det merkelige er at det er utflyttere som bryr seg, og ikke de som fortsatt bor i bygda.

Så Bjørg; Hadde det gått ann å sende en bukett roser via E-mail, så hadde du hatt den. Tusen takk for hjelpen!

Med hilsen Siv Rylandsholm, Askim


Brukar Svelgen-pengar i Rugsund 12.11.2003

Vegsprekken i Rugsund skal dekkast inn av pengar som skulle brukast i Svelgen. 615 000 kroner vert teke frå kontoen til det nye bustadfeltet på Langeneset i Svelgen. Nesten 800 000 som skulle brukast til ombygging av Svelgen sjuke- og aldersheim er brukt til same føremålet.

No har også oppsittarane på Skaar i Rugsund bede om at vegen skal forlengast ut til deira hus. Dette vart avslått frå administrasjonssjefen si side. Men politikarane held døra på gløtt - trass overskridingane.

- Eventuell forlenging av vegen må vurderast nøye både kostnadsmessig og planmessig, og eventuelt takast opp i samband med arbeid med økonomiplanen, heiter det i kommunestyret sitt vedtak.


Bremanger Vekst held fram 12.11.2003

Kommunestyret vedtok i går å vidareføre Bremanger Vekst som kommunen sitt næringsapparat frå 1. januar 2004. I utgangspunktet skulle omstillingsprosjektet då vere avslutta. Kommunen løyver 1 250 000 kroner til vidareføringa. Samstundes har Bremanger Vekst fått lov å overføre ubrukte midlar.

Dagleg leiar Geir Gjørsvik orienterte kommunestyret om framtidige planar. Han fortalde at Bremanger Vekst no vert sett på som eit regionalt konsulentselskap på linje med kompetansesentra i nabokommunane. Dei får oppdrag frå SND, Fylkeskommunen og andre kommuner og verksemder som ikkje høyrer til Bremanger. I budsjettet går det fram at dei reknar med å tjene 600 000 kroner på å yte ekstern konsulenthjelp kommande år. Mellom anna er Bremanger Vekst no med i eit prosjekt kalla Innovasjon i Nordfjord.


Innførte renovasjon på hytter 12.11.2003

Kommunestyret innførte i går tvungen renovasjon på hytter og fritidseigedomar i Bremanger. Det er ikkje avgjort kva dette vil koste, men i vedtaket heiter det at ordninga skal vere sjølvfinansiert. Den nye avgifta vil gjelde alle hytter, fritidshus, rorbuer og liknande på over 20 kvadrat som ligg under 500 meter frå offentleg veg.

Det kan gjevast dispensasjon etter søknad der eigedomen er særs lite nytta, eller der andre tilhøve tilseier at slik dispensasjon kan vere rett å gje.


Brukte ikkje barnehagepengar 12.11.2003

Kommunestyret fekk likevel ikkje bruke pengane som stod til rest på byggerekneskapen til Svelgen barnehage. Det var i utangspunket foreslått å bruke dei vel 150 000 kroner til ny avkjøyrsle ved Kolset oppvekstsenter.

Administrasjonen utsette saka for å utgreie den vidare. Etter det svelgen.no forstår skal pengane brukast til å knyte barnehagen til varmevatnet på sikt, og at dette har vore grunnen til at lånemidlane ikkje er brukt opp. Prosjektleiaren Ole-Bjørn Førde (bildet) har mang ei overskriding på samvitet - men ikkje når det gjeld barnehagen i Svelgen.


Bompengar på fastlandssambandet? 11.11.2003

Politikarane i Bremanger opna i dag for bompengefinansiering av siste rest av fastlandssambandet. Det vart også diskutert om auking av ferjebillettane på strekningane Kjelkenes-Smørhamn, Isane-Stårheim og Oldeide-Måløy kan bidra til finansieringa.

Ingenting av dette er vedteke, men lagt i lomma til Kystvegutvikling og ordførar Kåre Olav Svarstad slik at dei kan bruke ulike metodar for å få fart planane gjennom lobbyvirksomheta dei no skal ta til på, først på hos Statens Vegvesen, hos fylkespolitikarane og deretter hjå rikspolitikarane. Det andre byggesteg vil gjere oss i stand til å reise til ytre Bremanger ganske mykje kjappare. Det er i dag 63 kilometer frå Svelgen til Kolset. Den nye vegen (som vil gå mellom Kolset og Sørdalen) vil redusere antal kilometer med heile 42, til 2,1 mil. Den smale og stygge vegen frå Isane til Rugsund vil vi også sleppe unna.

Vegen er kostanadsrekna til 250 millionar kroner. Med dei såkalla ferjeavkortingsmidlane, det vil seie nedlegging av Kjelkenes-Smørhamn, vil 130 mill. allereie vere dekka inn. Det betyr at staten omfordelar subsidiar til drift av ferje til bygging av veg. Av alle prosjekt i Sogn og Fjordane er det fastlandssambandet som kjem best ut av det med ferjeavkortingsmidlar.


Kuttar SFO i Svelgen:

Bremanger mørkelagt frå 1. januar? 11.11.2003

Dersom Bremanger kommune sin økonomiplan for perioden 2004 til 2007 vert vedteken vil det få dramatiske konsekvensar for oss alle. Det er ikkje sett av ei krone til veglys heile neste år. I inneverande år skal det til samanlikning brukast 330 000 kroner til dette.

Heile økonomiplanen vart utsett på kommunestyremøtet i dag.

- Eg føler meg ikkje kompetent til å gjere vedtak i dag, sa gruppeleiaren i Ap, Espen Gulliksen. Han fortalde at dei i finansutvalet hadde fått beskjed om å hente planen på servicekontoret, for deretter å gjere vedtak same dag. Det var finansutvalet sitt framlegg som i dag skulle vedtakast. Ap hadde eit langt gruppemøte før dei kom med utsetjingsframlegget som vart støtta av 12 av dei 23 representantane.

Driftsleiarane har peika på ei rad konsekvensar. Rektor ved Svelgen skule har kutta heile SFO for å imøtekomme innstrammingane. Han meiner også skulen må kutte omlag to årsverk.

Også driftssjefen i Open omsorg, Jonna Grønstrand meiner konsevensane av økonomiplanen er dramatiske. Ho meiner kommunen må seie opp to årsverk 1. januar. Lovpålagde oppgåver kan ikkje utførast. Ho meiner eininga tvert om må få tilført midlar for å halde oppe ansvarleg drift.

Driftssjefen for tenestene for dei funksjonshemma, Heidi Synnevåg meiner eininga må gjerne heile 4,5 årsverk, sjølv om dei allereie driv på eit minimumsnivå.

Randi Ytrehus er driftsleiar for sosialtenestene og PPT. Ho har ikkje pengar til å tilsetje nokon i den vakante stillinga til etaten. Når det gjeld PPT må tilbodet redusere drifta tilsvarande 1.5 millionar neste år.

Det verka ikkje som desse realitetane heilt gjekk inn på alle politikarane. I forkant av utsetjingsforslaget vart det ikkje alvoret diskutert, og heller ikkje enkeltkonsekvensar som mørkelegging av heile kommunen eller nedlegging av SFO i Svelgen.

KOMMENTAR: Budsjett for neste år skal vedtakast 16. desember, medan økonomiplanen skal legge føringar fram til 2007.

Det kunne virke som det viktigaste denne gongen er å ha ein plan i balanse å vise fram til høgare makter. Det må også vere eit poeng for politikarane at alt som blir vedteke i finansutvalet ikkje nødvendigvis automatisk skal velsignast av kommunestyret, slik enkelte veteran-politikarar såg ut til å meine. Då har ein mistforstått noko viktig i lokaldemokratiet. Politikarane forvaltar våre pengar, og det er godt å sjå at nokon endeleg faktisk tek det på alvor. Med den utbreidde vegbygginga til ulike grender i kommunen, har dei opparbeidd seg ei sånn gjeld at driftsbudsjettet omlag er forært fleire tiår framover. Alle investeringar går til sjuande og sist ut over driftsbudsjettet - skule, helse, veglys, barn, eldre osv.(ieh)


Siv Rylandsholm:

Etterlyser bilde og informasjon 11.11.2003

Vi har fått følgande melding på fritt ord- sida:

Nå er det noen mnd. siden jeg etterlyste bilde og informasjon om båten" Over stokk og stein", men har ingenting hørt.

Jeg synes dette er merkelig i og med det at jeg vet at det er flere både fra SVelgen og Kalvåg som er med der, og blandt annet har seilt ned til Kristiansand.

Jeg kunne nok ha spurt min stefar Hermann Frøyen, men i og med at de bor mesteparten av året i Spania er dette ganske komplisert. Derfor ber jeg dere Svelgere:" FORBARM EDER", og hjelp meg med opplysninger.

Ellers hilser jeg alle som gikk framhaldskulen 65-66

Hilsen Siv Rylandsholm


Raknes Forthun vil bli sjukehusdirektør 11.11.2003

Ørjan Raknes Forthun frå Svelgen er ein av sju søkjarar til stillinga som sjukehusdirektør på Nordfjordeid.

Stillinga er ledig etter at den tidlegare direktøren, Gunvald Ludvigsen, vart vald til ordførar i Eid kommune tidlegare i haust.


Oppsummering av møte:

Mobbing i barnehagane 11.11.2003

Alle foreldre er opptekne av at borna deira skal ha det bra og oppføre seg skikkeleg mot andre born. I skulen er mobbing eit stadig tilbakevendande problem.

No er det også vorte eit tema i barnehagane. Ikkje fordi det er eit stort problem, men for å vere i førekant.

På eit foreldremøte for dei to barnehagane i haust deltok Eldbjørg Hatledal i tillegg var det lagt opp aktiv deltaking av foreldre. No kan du lese resultatet av møtet på barnehagane sine nettsider (Trykk på den vesle guten lenger nede på sida).


Florø Rockeklubb 10 år

Feira jubileum med svelgar som leiar 10.11.2003

Florø Rockklubb feira i helga 10-årsjubileum med store arrangement på Haavebua. Rockeklubben vert leia av Tor Hjalte, og Janne Linn Myren sit også i styret. Begge desse er utflytta svelgarar. Les meir om feiringa i Firdaposten.

Firdaposten

ELKEM BREMANGER 75 ÅR!

Åpe verk i samband med jubileum 10.11.2003

Som vi har skreve før her på nettsida, feirer verket 75 år 14. november 2003. I samband med dette har redaksjonen fått oppmoding om å vidareformidle følgande invitasjon:

Har du lenge hatt lyst til et besøk på smelteverket, men ikke hatt anledning? Nå har du sjansen!

I forbindelse med 75-års jubileet til Elkem Bremanger, inviterer vi til Åpent verk:

Fredag 14. november 2003 kl 1300 - 1600

- Bevertning i kantina

- Guidet tur med buss *

- Konkurranse m/premiering

Historisk billedmontasje i kantina.

VELKOMMEN!

*Aldersgrense : 12 år sammen med foresatte


Bøker om historie og matoppskrifter frå mellom anna Bremanger kommune 10.11.2003

Om du er interessert i lokalhistorie har Selja Forlag i Førde gjeve ut ei rekkje bøker om ulike tema. Dei har også gjeve ut to kokebøker med lokale oppskrifter.

"Havet tok": Om forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane, også frå Bremanger kommune. I sal frå 20. november.
"Havlandet": Praktverk om ytre Nordfjord, med mykje stoff og flotte bilde frå Bremanger kommune.
"Tunge tak": Om samferdslehistoria i fylket. Stoff og bilete også frå Bremanger kommune.
"På kyrkjeferd", bind 1. Eige kapittel med omtale og mange bilde av dei åtte kyrkjene i Bremanger kommune.
"Dampen og kaia": Om alle stoppestadene til FSF, mellom anna i Bremanger kommune.
"101 fjordabåtar": I same serie som "Dampen og kaia", om alle båtane som har gått på fjordane. I tillegg eiga bok om "MS Atløy".
"Fjordamat" og "Alle tiders Fjordamat": Flotte kokebøker med oppskrifter og mattradisjonar frå alle kommunar i fylket.
"Byggjefesten": Om entreprenørane i Hjelmelandsfamilien, som har bygd mange store bygg i Svelgen.

Gå inn på Selja Forlag sine heimesider og les meir om bøkene.

Når det gjeld STIF si historiebok så er det ikkje Selja Forlag som skal gje ut den. Det er STIF sjølv som skal gje ut boka, men Selja Forlag har laga ferdig boka på oppdrag frå STIF. STIF-boka kan du lese om på STIF-sida

Selja Forlag


Volleyball

Første siger for STIF 09.11.2003

Søndag vann STIF sitt herrelag i 2 divisjon 3-0 heime mot Studentspretten frå Sogndal.

2. divisjon

Volleyball

Nye sigrar til Kvendseth 09.11.2003

Unn Kvendseth og Cal State Northridge vann i helga sine to kampar med høvesvis 3-1 og 3-0. Kvendseth var på bana i alle 7 setta, og slo inn høvesvis 11 og 14 poenggivande ballar.

Laget har no vunne 11 av 15 kampar, og har klatra til ein god 2. plass på tabelen i Big West.

CSUN


Besøkstala for oktober for Svelgen.no:

417 besøkande i snitt på kvardagane 09.11.2003

I snitt var 417 personar inne på Svelgen.no på kvardagane i oktober 2003. Høgste talet ein hadde på eitt døgn var 30/10 med 502 besøkande. Dette var same dagen som namneregisteret til STIF-boka vart lagt ut. I helgane var det jamt over 250 innom. Av helgedagane utmerka søndag 26/10 seg med 354 besøkande.

Søndag 9. november kl. 1800

Sinbad: Legenden på de sju hav 08.11.2003

Svelgen kino viser førstkommande sundag Disneyfilmen om Sinbad. Litt om filmen:

Sinbad, den dristigste, mest navngjetne røver som noensinne har seilt på de Sju Hav, har gått fra asken til ilden hele livet når det tilslutt blir hett, selv for ham.

Sinbad anklages urettmessig for å ha stjålet en av verdens mest uvurderlige skatter: Fredens Bok. Han får én sjanse til å finne og levere tilbake den dyrebare Boken. Mislykkes han må hans beste venn Proteus bøte med livet. Sinbad bestemmer seg for ikke å ta den sjansen, og setter istedet seil mot sol og moro på Fiji-øyene. Men det er huller i planen.

Aldersgrense 7 år

Speletid: 1 time 25 min.


Vi minner om... 08.11.2003

Vi minner om Husflidsbasaren laurdag føremiddag og kyrkjelydsdagen sundag kl. 1400. Begge tilstelningane finn stad i storsalen på Svelgen Samfunnshus.

Steinbrotet i Gulestøa

Dispensasjon frå riksantikvaren? 07.11.2003

Dersom det blir gjennomført ei arkeologisk utgraving på steinalderstaden «Litlesommaren», kan Riksantikvaren godkjenne at det blir starta eit steinbrot i Gulestøa.

Steinalderlokaliteten vart registrert i 1991 i samband med bygginga av fylkesvegen i området, og har status som automatisk freda kulturminne. Det er utbyggjaren som må betale for dei arkeologiske utgravingane som kan kome til å koste oppimot 900.000 kroner, melder Firdaposten.

Les meir


Vidarefører Bremanger VeKsT? 06.11.2003

Kommunestyret i Bremanger må tysdag ta stilling til om Bremanger VeKsT skal halde fram og kva organisasjonsform selskapet skal ha frå 1. januar 2004. Omstillingsprosjektet skulle i utgangspunktet vare frå 1997 til 2003. I 2001 vart det vedteke at Bremanger VeKsT skulle vere kommunen sitt næringsapparat. Omstillingsarbeidet er ved si avslutning og det skal no takast stilling til om Bremanger VeKsT også i framtida skal vere kommunen sitt næringsapparat.

Vedtaket kommunestyret skal fatte tysdag innebere ei vidareføring til 2006.

Målet er å få til eit robust, kompetent og lønsamt næringsliv som skapar gode og interessante arbeidsplassar. I eit meir langsiktig perspektiv, vil kommunen legge vekt på å få entreprenørskapstankegangen implementert i grunnskulen. På den måten vil dei bidra til å utdanne jobbskaparar og ikkje berre jobbsøkjarar.

Det er foreslått å bruke 1.250 000 kroner på å vidaresatsinga. Det inkluderer den nye reiselivssatsinga.


Pengar til gode - eller? 06.11.2003

Byggerekneskapen for Svelgen barnehage ligg føre og den syner eit overskot på 152 813 kroner. I realiteten betyr det at bygget er overfinansiert - at kommunen har lånt meir pengar enn nødvendig.

Ein privatperson ville kanskje redusert lånet tilsvarande, men Bremanger kommune vil i staden omdisponere pengane til finansiering av avkøyrsle til Kolset oppvekstsenter.

Administrasjonssjefen rår også til at Kolset ikkje kan byggast ut slik planen var. Kommunetstyret har løyvd 6.8 millonar til prosjektet. Kostnadane er no komne opp i 7.54 millionar kroner. Dette må politikarane finne ut av tysdag. Dei må også finne 1.5 millionar som manglar til å finansisere vegen til Rugsundøy.


Meir val:

Ni politiske nemnder i Bremanger! 06.11.2003

Neste tysdag skal det veljast representantar til ni kommunale nemnder i Bremanger kommune. Som kjent ombestemte politikarane seg i planane om å opprette tre utval som skulle ha ansvar for alt.

Dei ni utvala som skal veljast av kommunestyret er levekårsutvalet, oppvekst- og kulturutvalet, administrasjonsutvalet, plan- og byggjenemnda, kontrollutvalet, likningsnemnda, overlikningsnemnda, takstnemnd for taksering av fast eigedom/eigedomsskatt, overtakstnemnd for fast eigedom/eigedomsskatt og til sist val av tilflyttnings/innkvarterings og rasjoneringsnemnd...


Bremanger kommune:

Inkluderande arbeidsliv 06.11.2003

Kommunstyret skal 11. november ta stilling til om Bremanger kommune skal inngå avtale om inkluderande arbeidsliv frå 1. januar 2004. Av dei ni uttalane kommunen har fått frå driftseininga er ei negativ.

Målet er å få ned sjukefråveret og i større grad nytte seg av aktiv sjukmelding. Avtala skal vare i fire år før evaluering. Kommunen vil forplikte seg til å kvalitativt betre oppfølginga av sjukmelde og forebygge langtidsfråver og utstøting av arbeidstakarar.


Volleyball

Heimekamp for STIF søndag 06.11.2003

Søndag 9/11 spelar STIF sitt herrelag i 2.divisjon heime mot Studentspretten IL frå Sogndal. Kampen går i Svelgen Idrettshus kl. 1230.

2. divisjon S. og Fj.

Bremanger vil lære av Flora 06.11.2003

Etter å ha opplevd stygge overskridingar i fleire kommunale byggjeprosjekt, vurderer Bremanger kommune no å innføre ei ordning med prosjekthandbok etter mønster frå Flora kommune.

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten


16 grader i Svelgen 06.11.2003

I dag har vi truleg den varmaste dagen vi vil oppleve på lang tid framover. 16 grader vart målt klokka 0900 i dag. I tillegg er det sterk vind. Ingen ting av dette kjem fram på vervarselet til Storm/TV2, men det er varsla storm ved Stad seinare i dag.

STORM

Svarstad møter Helse Vest 05.11.2003

Torsdag 6. nov. er representantar frå Flora og Bremanger kommune i Bergen for å møte Helse Vest-leiinga. Partane skal sjå om det er grunnlag for å ta opp att samarbeidet om etablering av nærsjukehus.

Frå Flora kommune deltek ordførar Bente Frøyen Steindal, kommunalsjef Sverre Indredavik, kommunelege Jan Helge Dale, og tillitsvald for primærlegane, Helge Sårheim. Frå Bremanger deltek ordførar Kåre Olav Svarstad, melder Firdaposten.

FIRDAPOSTEN


Kommunestyremøte 11.november

Vil ha ferjeavkortingsmidlar til fastlandssambandet 05.11.2003

11. november skal Kåre Olav Svarstad leie sitt første ordinære kommunestyre. Av sakene som skal opp er andre byggesteg av fastlandssambandet. Her skal ein mellom anna drøfte om nedlegging av ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn vil vere så innsparande for staten at det langt på veg finansierer siste parsellen.

Kommunestyret skal også vedta vidareføring av Bremanger VeKsT og deira budsjettråmer.

Politikarane skal også ta stilling til om det skal innførast tvungen renovasjon for hytter og fritidsbustader.

Som kjent er råmene til vegen til Rugsundøy sprengde og kommunestyret må på dette møtet finne ein måte å finne midlar på.

Når det gjeld utbygging av Svelgen barnehage skal situasjonen, i følgje sakspapira vere dei motsette. Her har ein lånte midlar til overs.

Møtet tek til kl. 1230, og er opne for tilhøyrarar.


STIF-boka lanserast 27/11 med temafest 04.11.2003

I samband med at STIF-boka, "Heia STIF!", skal lanserast på Svelgen Hotell 27. november, legg STIF opp til at unge og eldre skal møte opp i treningsutsyr frå ulike tidsepokar. STIF oppmodar folk til å bruke fantasien.

Les meir på STIF-sida.

STIF-sida


Meir om miniputt-turneringa 04.11.2003

På linkane kan du lese Firdaposten sin reportasje og sjå avisa sine bilete frå turneringa.

Firdaposten

Ledige lærarstillingar 04.11.2003

Vi har no lagt ut ledige stillingar frå Bremanger kommune. Klikk på linken ovanfor.

Stor aktivitet på Samfunnshuset 04.11.2003

Også denne helga vert det stor aktivitet på Svelgen Samfunnshus. Svelgen husflidslag held laurdag sin årlege basar med handlaga ting som gevinstar.

Sundag er det klart for kyrkjelydsdag kl.1400 i storesalen.

Seinare same dag viser Svelgen Kino den nye Disney-filmen om Sinbad.

Husk også at det alltid er bingo i småsalen torsdagane kl. 1830 med ganske høge pengepremiar.


Taco-buffet på Svelgen Hotell onsdag 04.11.2003

Onsdag 5/11 er det Taco-buffet på hotellet. I heile november månad spelar gruppa "Fix-2" på same stad. Sjå meir info på linken under.

Svelgen Hotell

Hjelp Svelgen revylag i gang att 03.11.2003

Svelgen revylag eit naudrop har
gutar, jenter, kvinnfolk og kar
"artistar" vi treng for å lage revy
hos oss kan de alle få gjere debut.

Dersom nokon er interresert i å vere med i revylaget ta snarast kontakt med :

* Knut Sande 57 79 36 36

* Bjørg Nesbø 57 79 35 45

* Eva Sagengen 57 79 36 04

Svelgen Revylag

Teksten ovanfor er henta frå Bremanger Nytt. Svelgen.no oppmodar alle interesserte om å melde seg til revylaget snarast. Det hadde vore supert om vi igjen kunne få oppleve revy med lokalt snitt i Svelgen.


Vellukka miniputt-turnering i helga 03.11.2003

Fotballgruppa i STIF arrangerte i helga miniputt-turneringa som vart avlyst i haust grunna dårleg vær. Spelarane frå FSK, Tempo, Tambarskjelvar og STIF synte stor idrettsglede, og såg ut til å storkose seg i idrettshuset. Frå Florø-klubbane fekk STIF skryt for eit godt gjennomført arrangement på alle måtar. Også dommarane til STIF fekk god omtale for måten dei dømde og rettleia dei unge spelarane på.

Les meir på STIF-sida.

STIF-sida


Oppsving for skulemusikken 03.11.2003

At dei gror på tre tvilar vi på, men at Svelgen Skulemusikk opplever vekst er heilt sikkert. Mange aktive og 16 aspirantar som bankar på døra er ulik stoda berre få år tilbake.

- Skulemusikken i Svelgen har til tider vore så langt nede at vi har måtte vurdere om vi skulle legge ned aktiviteten. No opplever vi gledeleg oppsving i aktiviteten med mange aktive og 16 aspirantar som bankar på døra, seier Rita Svarstad Isene, leiar i Svelgen Skulemusikk til Firdaposten. Gå inn på nettsidene å sjå bilder.

Firdaposten


Volleyball

Dårleg start på sesongen for Fløtre og Bjørn IL 02.11.2003

Bjørn IL, med svelgaren Knut Arild Fløtre (biletet) på laget, har tapt dei fire første seriekampane i 1. divisjon. I helga tapte dei knipe 2-3 heime mot Rå.

I fjor vann Bjørn IL 1. divisjon, men takka nei til opprykk til Eliteserien grunna usikkerhet vedr. spelarstallen føre sesongen 2003/2004.

På heimesida til Bjørn IL er svelgaren/svensken Ronald Førde i ei avstemming kåra til den spelaren som er sakna mest på laget. Dette til tross for at laget også har mista to spelarar som no hevdar seg godt i Eliteserien.

Bjørn IL


Siger og tap for Kvendseth 02.11.2003

Fredag vart det tap for Unn Kvendseth og Cal State Northridge, då dei tapte 0-3 mot leiarlaget i Big West, UC Santa Barbara. Laurdag vart det siger 3-2 mot Cal Poly. Kvendseth slo inn høvesvis 8 og 19 poenggivande ballar.

CSUN

Fotball

Uavgjort i siste kampen i Toppserien 02.11.2003

Søndag spelte Arna-Bjørnar og Marit Renate Midthjell uavgjort 1-1 heime mot Klepp. Med dette resultatet redda Klepp plassen i Toppserien, medan A-B enda på 6. plass. Midthjell spelte heile kampen som sideback.

I følgje Toppserien.com ville Arna-Bjørnar enda på bronseplass om resultata ved pause hadde danna grunnlag for tabellen. Kampreferat kan du lese på linken under.

Toppserien.com


A P Grindheim leiar tippeduell 02.11.2003

Arne Petter Grindheim, oppvaksen i Sandvika ved Kjelkenes, leiar Avisa Firda sin tippeduell. Grindheim oppnådde 35 rette over 4. tippeomgangar, og har leia tippeduellen ei god stund. For nokre få veker sidan vart leiinga trua av Kenneth Leirvaag frå Førde, som også enda på 35 rette.

Konkurransen går til 1. mars, og om Grindheim framleis leiar då vert han premiert med ein tur til England.

Også Bjørn Atle Midttun, utflytt svelgar, og Bård Nesbø Skreien, med foreldre frå Svelgen, har delteke med varierande "hell". Les meir på linken nedanfor.

Firda sin tippeduell


Søndag 2. november kl. 1800

Buddy på Svelgen kino 02.11.2003

Søndag 2. november viser Svelgen kino den norske filmen BUDDY.

Litt om filmen:

Kristoffer bor i kollektiv og jobber som plakatklistrer. På fritiden lager han videodagbok med kompisene Geir og Stig Inge. Videosnuttene blir vist i Norges mest populære talkshow, og Kristoffer tar av. Han må skjerpe seg for ikke å miste det som betyr mest.

Kristoffer bor i kollektiv på Tøyen i Oslo med Geir og Stig Inge. Geir liker å leve farlig, men er ikke så ubekymret som han gir inntrykk av. Stig Inge er en forsiktig og usikker fyr som har bodd over hele verden. Konklusjon: Tøyen er verdens navle. Her finnes alt utenfor stuedøra, mener han.

Aldersgrense: Alle

Speletid: 1 time 43 minutt


Gratulere Svelgen !!

Smelteverket 75 år 01.11.2003

Smelteverket i Svelgen har i desse dagar vore i drift i 75 år. Nøyaktig kva dato ein starta produksjon kjenner ein ikkje til, men mykje tyder på at det var i månadsskiftet oktober/november 1928. At verket skulle nå ein slik alder har ikkje vore nokon sjølvfølge, då det mang ein gong i desse 75 åra har vore nedleggjingstruga. Dette bør absolutt vere noko å markere for Svelgen, Bremanger kommune og Elkem. For kva hadde Svelgen vore utan kraftverket og smelteverket ? Kanskje framleis berre ein namn- og veglaus fjordbotn med 6 gardsbruk og om lag 40 busette, slik den var før kraftutbygginga tok til i 1917 ?

Etter at kraftverk Svelgen 1 med generatorane 1 og 2 vert tekne i bruk, i høvesvis 1921 og 1922, prøvde ein å få i gang ulike industriprosjekt. Ein håpte å kunne nytte kraftresursane til å skaffe arbeidsplassar i den vesle bygda. Men desse forsøka, med mellom anna sinksmelting og klippfisktørkeri, stranda på ulike stadium.

I 1927 starta ein bygging av ein rujernsomn og anlegg som råstofflager, sinterverk, laboratorium, kaianlegg med kaikran, transformatorhus, og midlertidig kontor- og lagerbygning, samt bustadar til arbeidarane. Etter ein periode med tørkekøyring på låg last, vart det 5. november 1928 sett smeltematerialar på omnen. 14. november 1928 vart ein historisk dag for smelteverket og Svelgen, då ein på denne datoen føretok den aller første jerntappinga. Denne omnen vart seinare kalla Ovn 1. Både kraftverket og smelteverket vart dei første tiåra drivne under namnet Bremanger Kraftselskab A/S.

I 1954 var det dårlege tider på smelteverket og mange arbeidarar vart oppsagde. Gleda var difor stor i Svelgen då Christiania Spigerverket v/ adm. dir. Gunnar Schjelderup ved nyttår i 1955 overtok som eigarar av smelteverket. Verket i Svelgen fekk då namnet Bremanger Smelteverk, avdeling av Christiania Spigerverket. Spigerverket sette då i gang ei storstilt utbyggjing både på smelteverket og kraftverket. Sommaren 1956 starta fesiomnen Ovn 2 opp, og i desember 1958 vart rujernsomnen Ovn 3 starta opp. Ovn 1, som ein i 1955 hadde bygd om, produserte for dårleg og vart stoppa for godt i 1959. Alt då Spigerverket overtok i 1955 lovde adm. dir. Schjelderup at når industriutbygginga var i hamn og ein hadde kome i drift, så skulle dei sørgje for legge til rette for sosiale aktivitetar i bygda. I åra som følgde var Spigerverket pådrivar for og finansierte heile eller delar av følgjande bygg/anlegg: Gymnastikk- og symjehall (ferdig 1959), Svelgen kapell (1960), Svelgen Samfunnshus (1961) og Svelgen Stadion (1961 - 1962). Spigerverket stod også bak ei storstilt bustadbygging på 50- og 60- talet. Dei same eigarane av smelteverket forskotterte også fleire millionar til bygging av vegsamband, då vegane til Haukå (ferdig 1965) og Isane (1972) var under byggjing. Sommaren 1963 vart fesiomnen Ovn 4 teken i bruk og i 1964 vart den første Silgrain- produksjonen starta opp. Fesi- omnen Ovn 5 vart starta opp i mai 1971, og i 1978 vart denne som den første av omnane reinsa v.hj.a. reinseanlegg. Seinare følgde reinsing av Ovn 2 og 4 etter. Kraftverka Svelgen 2 (Øvre Svelgsvassdraget med bl.a. Hjelmevatn), Svelgen 3 (Indrehusvassdraget) og Svelgen 4 (Norddalsvassdraget med bl.a. Storebotnvatn) starta opp høvesvis i 1958, 1963 og 1972.

I 1972 fusjonerte Christiania Spigerverk og Elkem, og namnet på verket i Svelgen vart endra til Elkem- Spigerverket A/S, Bremanger Smelteverk. Seinare har namnet vorte endra til Elkem Bremanger Smelteverk. I åra 1976 og 1979 hadde Smelteverket sitt høgst tal tilsette med høvesvis 539 og 532. Frå 1955 til 1959 auka innbyggjartalet i Svelgen frå om lag 600 til om lag 1000 personar, og rundt 1970 passerte ein 1500, før ein nådde toppen med om lag 1700 busette i 1980.

5. september 1982 vart den siste rujernsomnen, Ovn 3, stoppa. Med det starta ei gradvis nedtrapping av arbeidsstokken på smelteverket. Hovudgrunnen til denne reduserte bemanninga var omlegging til annan produksjon, automatisering og ulike rasjonaliseringstiltak. Dei seinare åra har smelteverket outsourca mykje av verksemda, som t.d. reinhald, snekkarverkstad og vedlikehald, og kraftverket og økonomi m.m. høyrer no til andre divisjonar i Elkem. På Elkem Bremanger Smelteverk var det i februar 2003 om lag 160 tilsette.

Opplysningane ovanfor er henta frå Svelgen Turn- og Idrettsforening si historiebok. Denne boka vil, forutan historia til idrettslaget, også omhandle utviklinga til smelteverket og bygda Svelgen.

På biletet ovanfor ser ein smelteverket under anleggstida i 1928. Ein ser mellom anna at Ovn 1, råstofflager, sinterverk og kaianlegget er under byggjing.

På biletet nedanfor ser ein verket fotografert tidleg på 70- talet. Ovn 5 er komen i drift, og Ovn 2, 3 og 4 går for fullt. Ingen av omnane var reinsa på denne tida, som ein vel kan sjå...

På biletet nedanfor ser ein Elkem Bremanger Smelteverk fotografert ein fin februardag i 2003, nesten 75 år etter at første omnen starta opp.


Laurdagskampar for STIF i 2004 ? 01.11.2003

Avisa Firda skriv fredag at Sogn og Fjordane Fotballkrins vurderar å la 3. divsjonskampane for herrar gå fredagane, og la dei lågare divisjonane spele laurdagar. Dette betyr at det er godt mogeleg STIF slepp å spele søndagar, som ein i mange år har gjort i 5.divisjon. Mange STIF-spelarar vil nok sette pris på eit slikt forslag. Fotballkrinsen vurderar å la søndagen vere forbeholdt elitefotballen.

Fantastisk utstilling! 01.11.2003

Med fare for å bli oppfatta for patriotisk vågar Svelgen.no påstanden om at du i helga kan oppleve den beste kunstutstillinga på Svelgen Samfunnshus på lenge. Svelgaren Åge Steinset stiller ut sine bilder denne helga og fredag kveld var det ein fullsett småsal som fekk glede av å treffe kunstnaren sjølv.

Her finn du motiv frå Svelgen og andre motiv utført på ein måte du aldri har sett før. Om du er kunstinteressert eller ikkje - ta turen innom i helga - og bli ein opplevelse rikare!


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars