Arkiv Aug 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Høgt og lågt i Svelgen 7. - 9. september 31.08.2007

Svelgen Hotell har i samarbeid med fleire andre lokale aktørar laga til eit storslått program for neste helg  - frå 7. til 9. september. Det blir som kjent dans med The Tramps lørdag og i tillegg vert det arrangert politisk roregatta, kystlaga kjem med sine tradisjonsbåtar, det blir fasadeklatring på hotellet, paragliding med høve til tandemhopp, masse god mat bruskasseklatring, kajakkpadling, paintball og mykje mykje meir!

Sjå heile programmet her!  Les meir om arrangementet på hotellet sine eigne sider.


STIF

Barnetrim! 31.08.2007

 Barnetrimmen startar oppatt i dag, fredag 31.08 kl.16.45.

 

 Vel møtt til "gamle" og nye medlemmar!


Nedbørsrike sommarmånadar 31.08.2007

Folk flest som har vore i Svelgen siste to månadar har observert at det har vore nokså regnfullt i bygda. Her følger tala som bekrefter dette:

 

I juli fall det 215,6 mm nedbør, medan normalen for månaden er 155 mm. 12 døgn var utan nedbør. Det meste som fall på eit døgn var 72,2 mm, som er det meste ein har målt på eit døgn i Svelgen i år. Dette vart målt om morgonen 29. juli, som var same dagen som det var flaum fleire stadar i nærområdet. Sjå Firdaposten sine bilder her.

 

I august fall det 331,7 mm, medan normalen er 187 mm. Det meste som fall på eit døgn var 48,5 mm, medan 8 døgn var utan nedbør.


Teaterstykket MUGG til Svelgen 30.08.2007

 

3. oktober kjem Sogn og Fjordane Teater til Svelgen Samfunnshus for å framføre stykket "Mugg" . 

 

Mugg handlar om dei svært so ulike damene Maggi og Irma. Norske Maggi er ved første augekast ei tilknappa overklassedame, medan Irma er ei steintøff, pensjonert finlandssvensk hospitalkokke. Dei er begge i sekstiåra og blir tvinga til å dele hotellrom på ei pakkereise i Moskva. Irma har meiningar om mykje og klagar på fornøyeleg finlandsk-svensk over sine avdøde ektemenn, medan ho skryt hemningslaust over sin spanske elskar, som ho ser ti dagar i året. Den prektige Maggi synest at Irma er både vulgær og usmakeleg og prøver febrilsk å skaffe seg eit nytt rom. Men, etterkvart opnar dei to damene seg meir og meir for kvarandre og utviklar eit venskap der dei avslører løyndomar, lengslar og behov.

 

Regi: Bodil Kvamme Scenografi: Åse Hegrenes Lysdesign: Torkel Skjærven Skodespelarar: Jannik Bonnevie og Wenche Kvamme
Mugg vart sett opp på Den Nationale Scene i 1991 og vart ein publikumssuksess. Stykket er oversatt til svensk, tysk, fransk, russisk, ungarsk og tsjekkisk. Tusvik ble tildelt Ibsenprisen 1991 for stykket, og det er også filma for fjernsyn. I april 2007 vert stykket sett opp på Stredoceske teater i Kladno nær Praha.

Paneldebatt på Samfunnshuset 29. august 23.08.2007

KOMMUNEVALET 2007

 

FAGFORBUNDET i Bremanger har i samband med kommunevalet 2007 invitert alle toppkandidatane for dei politiske partia i kommunen til paneldebatt.

 

Debatten vert halden :

·         Svelgen samfunnshus 29.08.kl 18.00

·         Bremanger kino           30.08.kl 18.00

 

 

Debatten vert leia av Jon Sørland.

 

Vi oppfordrar bygdefolket til å vere med å   høyre kva partia i vår kommune vil prioritere i kommande periode.

 

  • VEL MØTT !!   

 

FAGFORBUNDET avd.537 Bremanger

                        -   styret -


FRIIDRETT

4 Svelgen gutar på Sogn og Fjordanes kretslag. 29.08.2007

 

   På Sogn og Fjordanes tropp til NCC Leikane i

   Haugesund 8-9.september, har Svelgen TIF fått med

   to 13.åringa og to 14-åringa.

 

   Les meir på STIF si side her


Songlaget starter 3. september 28.08.2007

Svelgen Songlag starter opp igjen
Mandag 3. sept. Kl 1730 på Svelgen Skule -Musikkrommet.

Vi har fått vikar - Sara Meijer.

Vi håper at mange nye sangere vil være med.

Velkommen!

For Svelgen Songlag
Styret


Høgre sin ordførarkandidat på nett 28.08.2007

Her kan du sjå ordførarkandidat Jorunn Frøyen frå Høgre sin video som er lagt ut på Aftenposten sine nettsider.

Ap spanderer kaffi og kaker 1. september 28.08.2007

BREMANGER ARBEIDARPARTI SPANDERER KAFFI OG KAKER PÅ SVELGEN HOTELL
LAURDAG 1. SEPTEMBER 11.00 TIL 14.00
VELKOMMEN

Ungdomsklubben opna for hausten 28.08.2007

Vi har no ope kvar fredag frå 19.30 - 24.00.
Vel møtt til "gamle" og nye medlemar.
 
Nytt medlemskort må løysast kr: 100,-
 
MØTE FREDAG 7. SEPTEMBER KL. 21.00
SAKER:
VAL TIL ARBEIDSGRUPPA - EIN FRÅ KVAR KLASSE.
VAL TIL UNGDOMSRÅDET - EIN I ALDEREN 16 - 19 ÅR.
UNGDOMSKLUBBEN 25 ÅR.
AKTIVITETAR FRAMOVER MOT JUL.
 
Litt om klubbreglane som gjeld.
Spørsmål !!! ( gjeld også foreldre)
Ring Anita 91302768

Jegerkveld i Svelgen og Bremanger 28.08.2007

TEMA: Bukke- og kalveskyting, setthjort, skrapdyr, kjeveinnsamling, ettersøk og organisering.

FORELESAR: Utmarkskonsulent Finn Olav Myren

 

28. august kl. 1900 på Svelgen Rådhus

29. august kl. 1900 på Vidsyn i Bremanger


Bassenget klart 30. august 28.08.2007

Svelgen skule melder at bassenget er klart til bruk torsdag 30.08.07.
 

50 års jubileum i Syver'n

Bridgeturnering 28.08.2007

Den 9.september 2007 blir det bridgeturnering på Svelgen Hotell kl. 10:30 i anledning BK Syvern's 50 års jubileum. Påmelding kan skje til Norges bridgeforbund eller på telefon til Leif Arild Lothe 57793022.

 

Vel møtt


Gledeleg melding

Svelgen oppjustert til 3. plass i NM 27.08.2007

Etter at Svelgen Røde Kors Hjelpekorps først fekk vite at dei vart nr. 4 i NM, fekk lagleiar Leo HH Cirotzki i dag gladmeldinga om at resultatlista er korrigert, og at Svelgen dermed kom på ein delt 3. plass i NM. Dette skuldast feil i summeringa av poeng under NM. Svelgen enda på 472 poeng.

 

På laget til Svelgen deltok: Siri Elde, Ingeir Løvold, Trond Kvellestad, Arne Rebni, Leo HH Cirotzki, og Asbjørn Sande (dommar).

 

Du kan sjå resultatlista, og les meir om NM her.


Knallsterk 4. plass i NM for hjelpekorps 26.08.2007

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps kom på ein sterk 4. plass i helgas NM for hjelpekorps i Fredrikstad. Svelgen.no gratulerer bygda sitt dyktige og engasjerte hjelpekorps med prestasjonen i NM.

 

NRK Sogn og Fjordane skriv: "- Vi er kjempenøgde. Vi konkurrerte med hjelpekorps frå folkerike fylke, så dette er ein sterk prestasjon. Vi har vore med to gonger før, og då har vi hamna på rundt 10.-11. plass, seier Leo Husabø Holm Cirotzki i Svelgen Røde Kors Hjelpekorps.

Han ser på plasseringa som ein siger. Det var veldig jamnt i toppen, og få poeng skilde Svelgen og laga på dei tre øvste plassane."

 

Les meir hjå NRK S. og Fj.  Les meir om NM her. 

 

Biletet nedanfor er henta frå Svelgen Røde Kors si heimeside her på Svelgen.no, og er frå NM 2006.


STIF sida 23.08.2007

 No er haust sesongen starta, og vi prøver å legge inn nyheter på

 heimesida til STIF etterkvart.   her

 

 Link direkte til fotball sida  her    og friidrett  her


Bremangersambandet dyrare enn medrekna 22.08.2007

Bremangersambandet og opprustinga av riksveg 60 Olden-Innvik kjem til å bli vesentleg dyrare enn rekna med, melder NRK Sogn og Fjordane.

Vegprosjekta kan dermed verte forseinka om det ikkje kjem større løyvingar.

Dina Lefdal ved regionkontoret til Statens vegvesen seier prisvekst i anleggsbransjen og nye krav gjer at vegprosjekta vil bli dyrare.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete seier det er ein vanskeleg situasjon over heile landet, og ho vil ikkje garantere meir pengar.


Åtvarar mot "gull"-selgarar 22.08.2007

Politiet åtvarar publikum og er samtidig interessert i tips om to gateseljarar som turnerer fylket.

– Dei sel såkalla gull og vart tysdag observert i Vadheim, Florø og Svelgen i ein utanlandsk registrert BMW, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til firda.no.

Politiet vil no sjekke ut kor vidt dei to mennene har innhenta nødvendige løyve til å omsetje varer på gata. Bilen skal ha tyrkiske kjenneteikn, men nasjonaliteten til seljarane er ikkje avklara.

– Folk må berre melde i fra dersom dei ser seljarane, seier Hope som har lite tru på at det er ekte gull som blir tilbydd folk i fylket.


Pensjonistmøte i Botnane 21.08.2007

VELKOMMEN til Botnane onsdag 29. august kl. 1630.

Ord for dagen v/ Johannes Nordbotten

Referat

Diverse lagssaker

Song og musikk

Ein representant frå NAF vil snakke om trafikk   og bruk av refleks

Orientering om turar m.m

Kaffi og mat

Utlodning

                        NB! MERK TIDA.      

               Buss frå Firda Billag kl.14.30


Professor Befring til Svelgen Oppvekst 21.08.2007

Svelgen Oppvekst har, saman med Hauge og Kolset, fått tildelt midlar til eit språkprosjekt som skal gå over fleire år. Professor i spesialpedagogikk, Edvard Befring, er prosjektleiar. I ein invitasjon til foreldra skriv Svelgen Oppvekst at Befring er ein av dei dyktigaste i landet på dette feltet og at han er ein person med utstråling og klart bodskap.

Her kan du lese eitt av foredraga Befring har halde, der han mellom anna framhevar trongen for individuelt tilpassa opplæring for alle elevar. Møtet er førstkommande torsdag 23. august kl. 1700 til 1900 i Landskapet på ungdomsskulen.


Vivian fødte i bilen, med Øyvind som jordmor 21.08.2007

I BT på nett står det å lese; Den kvelden Vivian Beate Andersen skulle føde, var det klisjétilstander: Det var faktisk en mørk og stormfull natt.

Kvinnen fra Svelgen hadde gått ti dager over terminen, og familien hadde fått beskjed om at på fredagen skulle fødselen settes i gang. Men allerede en halv time etter midnatt natt til fredag, tok babyen dette bokstavelig. Fødselen hadde startet.

Far Øyvind Myklebust kastet seg inn i bilen sammen med Vivian. Det var ikke tid til å vente på ambulanse, skriver avisen Firdaposten. De måtte kjøre straks.

Rakk ikke frem
Hele veien mot Førde sykehus holdt familien telefonkontakt med en jordmor. Men med tykk tåke og mye regn var det ikke mulig å holde særlig høy fart. Noen kilometer før Førde var det klart at de ikke ville rekke frem til sykehuset: Klokken 02.20 ville ungen ut.

Aldri hadde vel Vivian og Øyvind vært gladere for at den bilen deres hadde forseter som kunne reguleres automatisk. Dette ville nemlig bli en setefødsel – en forsetefødsel.

De fant en passende stilling: Mor Vivian i forsetet, og far Øyvind på kne utenfor bilen i pøsregnet, assisterende med jordmoren på mobiltelefon.

- Ikke fritt for tårer
- Vi hadde ikke tid til å få panikk, og vi fikk god hjelp fra jordmoren som var svært flink, forteller Øyvind til Firdaposten.

- Åh, du var veldig rolig og flink du også, sier Vivian til mannen sin.

- Det var først etterpå reaksjonen kom, og da jeg så ungen og hørte at hun skrek, var det ikke fritt for at tårene kom, sier Øyvind.

Til sist kom jordmoren med ambulanse, men da var alt så godt i gang at det ikke var noen vits i å flytte Vivian. Fødselen ble gjennomført på stedet, og navlestrengen klippet der og da.

Resultatet ble en foreløpig navnløs liten jente på 4020 gram, som ifølge Firdaposten har det veldig bra. Og som ikke bryr seg om all viraken som den utradisjonelle setefødselen har skapt rundt familien.


Olav Stedje til Svelgen i oktober 21.08.2007

Olav Stedje spelar opp på Svelgen Hotell 13. oktober. I ei pressomtale vert Sogne-trubaduren omtalt slik: "I 1981 dukket Olav Stedje opp med sin første single , Vi Vandrar Saman/Ta Meg Med, som ble en klassiker over natten. Albumet som fulgte, ”Ta Meg Med” solgte til edelt metall på kort tid, og   Stedje ble et etablert navn og hele Vestlandets stolthet.

Til tross for at han har vært turnerende artist i 25 år nå, har han kun utgitt 8 studioalbum i løpet av disse årene – det siste kom for elleve år siden.

I mellomtiden har antologien ”Olav Stedjes 21 Beste” vært en sikker vinner. Etter grenseløst mas både fra plateselskap, publikum og presse, kan Stedje stolt presentere sin 10. plate – den har fått den megetsigende tittelen ” Livstegn”.

Den gjenforener ham med Lava’s Svein Dag Hauge, som produserte de første platene hans, og den er også innspilt i samme studio som de ble innspilt i.

Med to unntak, er det norske originallåter som Stedje og Hauge har samlet inn gjennom en årrekke – Hauge har bidratt med flere melodier, og Stedje med en god del tekster selv.

Årene har fart pent med stemmen hans – den er like klokkeklar og ren som en fjellbekk som renner ut i Sognefjorden. Men tekstene bærer kanskje preg av at vi har med en atskillig modnere herre å gjøre, uten at de på noen måte er belærende.   

Selv om Stedje fortsatt vil turnere som trubadur, vil det i forbindelse med utgivelsen av ”Livstegn” også bli gjennomført en del konserter med det sammensatte bandet som også spiller på CD’en. Vi har ett godt råd: Får du anledning, gå ikke glipp av det! "

Ps. Hotellet minner også om at trubaduren Ann Siri som kjem til Svelgen 26. og 27. oktober. Les meir om henne på hotellet sine eigne heimesider.

 


Rettelse! 20.08.2007

 

 

Helgene for grunnferdighetskurset for hund og eier skal være 1-2 september og 29-30 september. Ikke 17-18 oktober som først annonsert.

Alternativt kan kurset gå i helgene 29-30 september og 17-18 november.

For at kurs skal holdes må det minimum være 4-6 deltakere.

 

Interesserte kan ta kontakt med Hege Valberg på tlf 41 48 59 05

Eller på e-post;  hege.valberg@ravh.no


Landskamp på Glunten onsdag 20.08.2007

Landskampen Norge-Argentina blir sendt på storskjerm på Svelgen Hotell sin kafè Glunten onsdag 22. august. 

Velkommen til skulestart. 18.08.2007

Svelgen skule ynskjer alle elevar velkommen til eit nytt skuleår.

For å lese meir kan du gå inn på Svelgen oppvekst si nye heimeside.

 

http://www.svelgen-oppvekst.no/  


Seniordans startar opp tirsdag 17.08.2007

Den 21.august startar seniordansarane opp etter ferien. Same stad og same tid ; REALEN kl.17.00.
Vi ynskjer også  nye dansarar velkomne!

Grunnferdighetskurs for hund og eier 17.08.2007

Instruktør fra Canis Hundeskole har mulighet for å holde kurs for hund og eier i Svelgen i løpet av høsten.

Kurset vil gå over to helger med noen ukers mellomrom, for å få god tid til egentrening mellom kurshelgene.

De aktuelle helgene er 29-30 september og 17-18 oktober.

 

Prisen er kr. 3000,- per deltager for to helgers kurs, og inkluderer boken ”Klikkertrening for din hund”, klikker og target.

Treningen tilpasses hund og førers nivå og ønsker.

 

Kurs for hund og fører er både lærerikt, morsomt og sosialt.

Høres dette interessant ut?

 

Kontakt Hege Valberg på tlf 41 48 59 05


Butikkmedarbeidar på Centrum 17.08.2007

Centrum AS søkjer etter ny butikkmedarbeidar. Dei ynskjer ein person som likar utfordringar, har gode samarbeidsevner, godt humør og stå-på-vilje i hektiske periodar. Stillinga set krav til sjølvstendig arbeid og personleg initiativ. Sjå annonse på Stilling ledig til ventsre.

Hjelpekorpset øvar

Øvelse ved Riseelv 12.08.2007

Torsdag 16 august vil det foregå øvelseaktivitet langs Riseelva. I denne forbindelse vert det lagt ut sminka markørar/figurantar. Desse skal spele skada og vil sjå skada ut.

Dette til informasjon for dei som nyttar området og på denne måten kan vi unngå at det går meldingar til naudetatane.

 

Området vert også skilta med ”Øvelse pågår” i kvar ende av området.


Dans på hotellet 18. august 10.08.2007

18. august blir det dans på hotellet! Muri og Pesen er en duo som startet opp i 2005. Duoen består av Hallstein Muri og Bjørn Helge Pedersen. Begge disse musikerne har lang fartstid innen musikkverden. Hallstein har deltatt i trekkspillkonkuranser i Usa, spilt i det legendariske førdebandet Spencer Furebøs og spiller nå for tiden i countryrockbandet Kruttrøyk.  Les meir om bandet og arrangementet på hotellet sine eigne heimesider.

 

PS.: HOTELLET ER I GANG MED FØREHANDSSAL AV BILLETTAR TIL THE TRAMPS SOM KJEM I SEPTEMBER. Dei opplyser også at det denne helga kjem til å bli laga til eit større arrangement. Vi kjem tilbake til dette når alt er på plass. Cover på The Tramps er kr. 180,-


Treningsrommet opna igjen 10.08.2007

Treningsrommet på Svelgen Hotell er no åpna igjen. Det er no nytt golvbelegg og ny steppemaskin. Hotellet ynskjer nye og gamle trimmarar velkomne!

Fredag:

15.00                             Kunstutstillingane opnar

16.00                            Segling med Nigarden
16.00                             Kurs i kajakk-padling - påmelding

16.00                   Flåtebygging - k onkurranse for lag på 4 personar – bygg og ro. 2 flåtar - påmelding

16.00                           Sal av husflid og   kunsthandverk

16.00                          Museet på Totland slipp opnar

16.00                           "Gamle Opstad” – tur til øyane

16.00                           Krokket i parken i sentrum v/LHL

16.00                          Teiknekrok for borna i ”Galleri Frøya”

16.00                          Paintball – påmelding Knutholmen
16.00-18.00                Dykking i tank med glas v/Kalvåg dykkerklubb

18.00                             Knutholmen – Rekebord, krabbe og blåskjel. Dans: MIX

                       

Laurdag:

10.00-13.00                Fiskekonkurranse – påmelding og premiering
10.00                            Kunstutstillingane opnar

11.00                           Elias-båten startar

11.00                   Kalvåg Kystlag startar segling og roing. Besøk på buene - kystkultur med knop, stikk og utstyr

12.00                           Paintball – påmelding Knutholmen

12.00                            Pil- og bogeskyting
12.00                             Krokket i parken i sentrum v/LHL

12.00                             Dykking i tank med glas v/Kalvåg dykkerklubb
14.00                             Livbøyekasting

15.00                           Tur med ”Gamle Opstad”

15.00                             Palleløp over hamna
16.00                             Danseoppvisning på Knutholmen v/Seniordansarane
18.00                             Knutholmen - Fisk- og skaldyrbord. Dans: Britannia

 

Søndag:

10.00                             Elias-båten startar
12.00                             Kunstutstillingane opnar
12.00                            
Flåtebygging - k onkurranse for lag på 4 personar – bygg og  ro. 2 flåtar – påmelding

12.00                             Paintball – påmelding Knutholmen
12.00                             Kurs i kajakk-padling - påmelding
13.00                             Varmbuffet på Knutholme

Arrangør: Knutholmen saman med lagslivet i Kalvåg


Suksess for Bremar i Svelgen 10.08.2007

Styreleiar i morselskapet Norsk Marin Fisk, Stig Bakke, meiner dei tilsette har gjort ein god jobb som har fått ein så høg overlevelsesprosent for torskeyngelen ved yngelanlegget til Bremar i Svelgen.
Selskapet vert no det einaste heilintegrerte innan torskeproduksjon i landet. - Med dette vert Norsk Marin Fisk, med sine datterselskap, einaste heilintegrerte selskap i Norge. Og eit av to i Europa. Heile syklusen frå rogn til larve, yngel, settefisk og matfisk innan same organisasjon, opplyser Bakke.
Bremar Yngel AS i Svelgen har lukkast med å få 20 prosent levedyktig yngel gjennom dei kritiske fasane fram til settefisk for salg.
Les meir i papirutgåva til Fjordenes Tidende  onsdag 8. august. (foto: Kjell Askeland)


Hotellet søkjer etter servitør 10.08.2007

Svelgen Hotell søker etter servitør. Søkerer må være over 20 år og være villeg til å jobbe kveld og helg.
Erna Midtbø er kontaktperson på tlf. 577 93 301.

Bassenget klart til bruk frå 20. august 10.08.2007

  For å få tildelt bassengtid/nøkkel må de hatt eit livreddande førstehjelpskurs i løpet av 2005-2007 (eldre kurs blir ikkje godkjent).

Skulen vil arrangere kurs i slutten av august i samarbeid med Svelgen Rødekors.

Påmelding ”haustsesongen” frå MÅNDAG 13.august   

- tlf. 57 79 64 50.

Billettprisar:               Kr. 33,- for vaksne pr. time

                                   Kr. 22,- for barn pr. time

                                   Kr. 20,- for badstove pr. gong

 

Minstebetaling er kr. 300,- for haustsesongen (1 time pr. veke).

 

For at flest mogleg skal få høve til å nytte seg av tilbodet, ber vi om at dei som ikkje kjem til å bruke bassenget kvar veke bestemmer seg anten for oddetal- eller partalveke (anna kvar veke).

 

Fellestider:       Småbarn (0-5år) à laurdagar kl. 1100-1230

                                   ”Familiebading” à laurdagar kl. 1230-1400

                                   ”Familiebading” à søndagar kl. 1200-1400

 

Alle som skal nytte bassenget, må melde seg på og få nøkkel (gjeld også fellestider).

 

Svelgen skule, 07.08.07

Bjørg H. Didriksen

 


Stem fram Knutholmen som Årets Gjestehavn 2007 10.08.2007

Bli med å gje Knutholmen støtte i kampen om 1. plassen som Årets Gjestehavn 2007. Knutholmen har lenge trona  på 1. plassen som årets gjestehamn, men for tida har Bekkjarvik i Austevoll gått forbi dei og ligg no på 1. plass. Med di stemme kan du vere med å gje Knutholmen den støtta dei treng for igjen å innta 1. plassen ! Det vil bety mykje for Knutholmen og alle gjestehamnene  i Sogn og Fjordane om ein beheld 1. plassen ! Gå inn på www.gjestehavner.no  

Søkjer avdelingsingeniør og sjukepleier 10.08.2007

Bremanger kommune søkjer etter avdelingsingeniør anlegg og sjukepleiar. Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.

PAINTBALL KLUBB I SVELGEN 07.08.2007

Ein   Paintball klubb er no under oppstart i Svelgen.

Vi har fått løyve til å buke eit område på neset ved Holmane til å spele på. Her bygger vi for tida opp hinder og baser. Har du har lyst til å være med å spele, eller har du idéer eller forslag du har lyst til å bidra med, kan du kontakte oss. Når vi får registrert alle som vil bli medlem, vil vi ta eit møte og finne namn på klubben m.m. Vi har tilgang på luft, ball og markørar for dei som ynskjer å prøve å spele, men ikkje har eige utstyr. Vi satsar på å spele minst 1 gang i veka   ( -kanskje kvar søndag)

 

For å bli registrert som medlem, eller meir info

Kontakt :

Foreløpig utnemnt leiar :

- Espen Sande, tlf:                                                         96512175

Eller:

- Tom Erik Løvseth, tlf:                                                 41619446

- Gisle Andrè Tolstadløkken, tlf:                                    48083971


Lazy Daze til Svelgen i september 07.08.2007

Bandet Lazy Daze spiller opp til dans på Svelgen Hotell 21. september. Lazy Daze er  fast backingband for Gaute Ormåsen`s norgesturne.
Med LAZY DAZE får du det meste innen musikk det svinger av. Repertoaret spenner fra det helt rolige, til dansemusikk, country, swing, rock og blues! Bandet tilpasser seg stort sett det arrangør eller publikum måtte ønske, skriv dei i ei pressemelding.
Kjente låter av kjente artister kommer på løpende bånd, som for eksempel:
Dansemusikk: Creedence Clearwater, Eagles, Van Morrison, Eric Clapton, Smokie
Blues: Stevie Ray Vaughan, Reidar Larsen, Gary Moore, Jimi Hendrix
Rock: Bryan Adams, Dire Straits, Lynyrd Skynyrd, Bruce Springsteen
Norsk: Dum Dum Boys, Åge Aleksandersen, The Kids, Vazelina, Marius Müller
Country: Garth Brooks, Willie Nelson, Hellbillies, Billie Ray Cyrus
Party rock: AC/DC, Status Quo, Kiss, Twisted Sister, Gyllne Tider, Rolling Stones

Gammal rock/Swing: Elvis, Chuck Berry, Swinging Blue Jeans
Med andre ord, her er det noe for de aller fleste...
Trampeklapp, fulle dansegulv, allsang, og at "taket letta" er ofte tilbakemeldinger bandet mottar der de opptrer.
Glimt i øyet, humor og litt flørting fra scena skaper veldig god kontakt med publikum.
 

Fekk uhemma med skryt av Ivar Hoff på TV2

Kjempeinnsats av Thor Kristian på Norway Cup 05.08.2007

Thor Kristian Sortevik frå Svelgen TIF var utteken som einaste dommar frå Sogn og Fjordane på NFF sitt talentdommarkurs på Norway Cup. Sortevik gjorde ein så god innsats at han vart utteken til å dømme finalen i gutar 16 år, mellom Kvik Halden og Pequeninos do Jockey. I den TV-sendte finalen fekk Sortevik voldsomt med skryt av Ivar Hoff, som ikkje akkurat er kjent for å skryte av nokon. Utan at Svelgen.no skal gå god for å sitere det Hoff sa, var det noko àla at det var den beste dømminga han hadde sett på Norway Cup (om han meinte i 2007 eller nokon gong skal vere uskrive).

 

Også Norway Cup sine nettsider skraut sjeldan mykje av dommaren, men diverre har dei skrive feil namn på dommaren. Les meir her.  (retta opp etter at Svelgen.no tok kontakt).

 

Les meir på Kvik Halden sine nettsider 

 

Svelgen.no gratulerer Sortevik med den gode innsatsen i Oslo. Også Øyvind Grindheim var dommar under Norway Cup.

 

Biletet under er henta frå Kvik Halden sine nettsider, og syner Sortevik (t.h.) under finalen på Ekebergsletta.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept