Arkiv Juli 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

STIF ute av Norway Cup 30.07.2003

STIF tapte alle sine 3 innleiande kampar i Norway Cup, og gjekk dermed ikkje vidare til noko sluttspel. Les meir om kampane og Oslo- opphaldet på STIF- sida.

STIF- sida

Aksjonerer mot steinbrot i Ålfoten 28.07.2003

Bebuarane i Bråtane Bustadfelt i Ålfoten hevdar at Bremanger kommune hadde lova dei å sikre steinbrotet som ligg rett ved bustadfeltet. Men utan vidare har kommunen inngått ein avtale med Brødrene Mundal om uttak av stein frå steinbrotet dei neste 10 åra.

Les meir på NRK S. og Fj.

NRK S. og Fj.


Tilbode stillinga som invandrarkonsulent 28.07.2003

I følge Fjordenes Tidende er Anne van Oorschot tilbode jobben som invandrarkonsulent i Bremanger. Roar Førde som har hatt jobben skal tilbake til rektorjobben ved Davik Skule. Van Oorschot er for tida tilsett i Bremanger Vekst.

Rekebord og dans på Hotellet 28.07.2003

Onsdag 30. juli vert det rekebord, og dans med Bjarne Lunde på Svelgen Hotell.

Svelgen Hotell

Svelgar til Estland for å starte hjelpekorps 28.07.2003

I følgje avisa Firda reiste Leo Cirotzki i dag, mandag 28/7, til Esland for å hjelpe til med å starte opp eit av landet sine første hjelpekorps. Cirotzki reiser i lag med 6 andre personar frå andre hjelpekorps i Sogn og Fjordane.

Turen til Estland foregår med minibuss, og tek om lag to døgn kvar veg. I løpet av fire effektive døgn i Estland skal estlenderane få grunnopplæring i førstehjelp.

I følgje avisa brukar dei ferie og fritid på turen, og får ikkje løn for den gode gjerninga.


STIF på Norway Cup 28.07.2003

STIF sitt jentelag deltek for tida på Norway Cup i Oslo. Jentelaget er det 20. laget frå STIF som deltek på verdas største fotballturnering. Jentene, som allereie har rukke å vise seg på TV- skjemen opp til fleire gongar, er det første laget frå STIF som deltar i turneringa sidan 1992.

Følg med korleis det går med jentene på STIF- sida.

STIF- sida


Vurderer samarbeid om steinen i Bremanger 27.07.2003

Det er rimeleg gode sjansar for at Euro Via, som har planar om å etablere seg i Gulestøa, og Bremanger Quarry vil samarbeide om stein frå Dyrstad til asfaltindustrien på kontinentet ? i staden for å bli konkurrentar.

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten


Normal nedbør i Svelgen i juni 27.07.2003

I juni månad fall det 133 mm nedbør i Svelgen, mot normalen som er berekna til 129 mm.

I juni var det 13 døgn utan nedbør, og det meste som kom eit døgn var 50,5 mm.


Kvendseth fast tilsett som rektor ved Hauge skule 27.07.2003

Fjordenes Tidende melde nyleg at svelgaren Aage Kvendseth er tilsett som rektor ved skulen i Ytre Bremanger, etter at han siste halvanna året hadde vikariert i stillinga.

Svært varmt i Svelgen onsdag/natt til torsdag 17.07.2003

Onsdag 16. juli vart det uoffisielt målt 31 - 32 gr. C i skuggen i Svelgen. Dette er svært så varmt på våre trakter. Det var stort sett vindstille, før det ut på kvelden kom ein svært så behageleg fønvind.

Kl. 0030 natt til torsdag 17/7 målte ein på to ulike plassar i Svelgen høvesvis 22 og 23. gr. C. Truleg var det ein eller to grader varmare ved midnatt. Faktisk var det så varmt denne tropenatta at sjølv dei største "frostpinnane" i bygda kunne gå ute i shorts etter midnatt.

Svelgen.no minner om at nettstaden framleis har ferie, og denne vil vare ut i august. Men om du har saker du vil ha ut på sida kan du sende denne til oss, og vi vil legge saka på nett i løpet av nokre dagar.


Svelgar bak Brann sin nye hovudsponsoravtale 08.07.2003

Sparebanken Vest er Brann sin nye hovudsponsor. Markedssjef i banken, svelgaren Jan Erik Kjerpeseth, uttaler til BT at 3- årsavtalen har ein verdi på 15 - 18 millionar kroner. Les meir i BT.

BT

Musikkhelg i Bremanger igjen:

SNART ROCK-WEEKEND! 07.07.2003

Årets Rockweekend går av stabelen 17. til 20. juli og arrangørane kan som vanleg ha gleda av å presentere eit rikhaldig program.

Artistane spenner frå unge, lokale krefter til store namn som til dømes Anne Grete Preus og BB & The Blues Shacks.

Tradisjonen tru startar dei opp allereie torsdagen med jamsession og gjensyn med lokale heltar før vi bevegar oss ut i verda med både nasjonale og internasjonale artistar. Nedanfor finner du link til eit fullstendig festivalprogram med andre lenker til omtale av dei ulike artistane.

KONSERTPROGRAM


Trim

Turorienteringa lagd ut 04.07.2003

Trimgruppa i STIF har også i år lagd ut turorientering i det flotte tur- terrenget rundt Svelgen. Startkort med matriell kan kjøpast på Statoil. Les meir på STIF si heimeside.

Også i år er det Alf Håøy (arkivbiletet) som har lagt ut postane.



STIF- sida


Rydd loft og kjeller!

Loppemarknad til hausten 01.07.2003

Svelgen Skulemusikk skal arrangere loppemarked ein gong i september. Dei prøver å finne ein dato som ikkje kolliderer med alt anna.

VIKTIG: Kvar torsdag mellom 18.00 og 20.00 kan folk få høve til å levere lopper der porselenkjellaren var før.

"Store" lopper kan hentast etter avtale. Sjå plakat på vinduet (porselenkjellaren)

Rydd i kjellar og loft og kom. I Bremangernytt stod det at skulemusikken ikkje kunne ta imor klede. DET KAN DEI. MEN kle og sko må vere heile og reine.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept