Arkiv Aug 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Branntilløp i Svelgen 31.08.2006

Politi og brannvesen rykte i halv ni-tida torsdag ut til eit bustadhus i Svelgen.

Det hadde teke fyr i ein mikrobølgjeomn, men elden vart sløkt utan at det vart gjort nemnande skade, melder NRK

 


Opa Moldahytte sundag 31.08.2006

Velkommen til ope hus på Moldahytta søndag 03.09. frå kl.11.00-15.00. Servering av suppe,saft,kaffi mm. Du finn vegen sjølv på merka sti frå Rise, Breivika og Ytrehus , -eller du kan kontakte styret på telefon 91102654.  Håper at mange store og små finn vegen til Moldahytta denne søndagen.
Keipen turlag

Mat før dans 31.08.2006

Svelgen Hotell har ein eigen meny 16.september for dei som vil gå ut å spise før dansen med Steinar Engelbrektsson band. På menyen står: svinefilet til kr. 150,- og heilstekt ytrefilet med råsteikte poteter og heimelaga bearnaisesaus til kr. 200,-.

Svelgen TIF med ny heimeside. 29.08.2006

 

 

            www.svelgen-tif.no        


NM i hjelpekorps

Snart NM i Kristiansand 23.08.2006

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps reiser til NM i Kristiansand.

Les meir på sida til Svelgen Røde Kors

 


Lær Førstehjelp!

Førstehjelp for bassengbrukarar 23.08.2006

Svelgen oppvekst held førstehjelpskurs for dei som nyttar bassenget.

Les meir på sida til Svelgen Røde Kors


Friidrett

Norske Ungdomsmeisterskap(UM) 25-27.Aug. 22.08.2006

3 Svelgarar til UM på Byrkjelo no komande helg.

 

Jørgen Bjørkedal og Tor Inge Øvrebotten for Svelgen TIF

og Kim Nes Leirvik for Flørø T&IF.

 

Jørgen skal delta i høgde og 3 steg,

Tor Inge i stav og høgde, og Kim i stav og lengde.

 

Arkiv bilde av Jørgen på vei over lista.

 

 

                                        Vi ønsker dei lykke til!             Les meir her


FOTBALLSKULE PÅ KULTURFESTIVALEN PÅ DAVIK 22.08.2006

 

26. AUGUST.

 

Fotballskulen vert halden av fotballtrenarar frå ytre Bremanger :

Magne Elde , Kjell Nigardsøy og Kenneth F. Elde.

 

Deltakarane vert delte i tre puljer:

Kl.1100 – 1300 : 1. – 3 klasse

Kl.1300 – 1500 : 4. –6. klasse

Kl.1500 – 1700 : 7.- 10. klasse

 

Det vert eigen keeperskule.

 

Opplegget kostar Kr.50,- pr barn.

 

Påmelding innan onsdag

 

Leiaren i Davik idrettslag, Monica Hamre, tek imot påmeldingar på tlf : 57794878 eller e-post.

E-postadresse : stefhamr@online.no

 

NB ! Det vert open kiosk med sal av hamburger , pølser, sveler, kaker og drikke frå kl.1300.

 

Arr. : Lag og organisasjonar på Davik, samt kulturavdelinga

23.august.

DAVIK KULTURFESTIVAL 22.08.2006

 

Sjå eige oppslag attmed plakaten

 

KL. 1130 : KANOPADLING INTRODUKSJONSKURS

 

KURS 1 : KL.1130 – ca.1300, KURS 2 : KL:1330 – ca 1500.

PÅMELDING TIL: Rogier van Oorschot,  tlf 99404207.  

 

Det vert sett opp transport med drosje i høve ungdomsarr.

Påmelding til servicekontoret innan fredag 25. aug. kl.1500. Sei ifrå kor du bur.    

E-post : info@norway-adventures.com

 

KIOSKEN PÅ SKULEN OPNAR KL 1300

Sal av hamburger,pølser, sveler , kaker og brus.

 

KL.1400 : OPNING AV AKTIVITETAR FOR BARNA

Natursti, ansiktsmaling, turar m/utrykningsbilar,hest og kjerre m.m.

 

KL.1600 –1630 :KLOKKARTUNET

Underhaldning v / Kulturskulen

 

KL.1730 – 1930 : DAVANG

-Offisiell opning av festivalen

-Konsert ved :MANDSSANGERFORENINGEN,

GX (Ungdomsband) og DAVIK BARNEKOR

- Kafe

- Utlodding. Flotte premiar. Sal av lodd på bøker heile dagen. Trekking i Davang

 

KL.21- 01 : MORO FOR UNGDOM I BORGSTOVA

 

- Quiz, disco , biljard, singstar,volleyball, sommardrikk-bar m.m.

 

KL.2200 : JAMSESSION PÅ DAMPEN. BILL. KR.100,-

 

FRÅ KL. 1100 : FOTBALLSKULE V / MAGNE ELDE m.fl.


Svelgen fortsatt aktuell for Solar 17.08.2006

Som Svelgen.no har meldt tidlegare, og som NRK melde i går, er avgjeda kring lokalisering av Elkem Solar utsett til minst oktober. Ordførar Kåre Olav Svarstad seier til Fylkesradioen at han er utålmodig og han har eit sterkt ynskje om å få dei arbeidsplassane til Svelgen og Bremanger kommune.

 

Fædrelandsvennen i Kristiansand skriv følgjande om saka:

- Beslutningen om å investere i en fabrikk for produksjon av silisiummetall til solcelleindustrien kommer trolig i løpet av høsten. Men beslutningen kan også bli utsatt.

Det opplyste Ole Enger (bildet), konserndirektør i Orkla med ansvar for spesialmaterialer, i forbindelse med at Orkla i går la fram resultatet for andre kvartal. Det er Orkla som eier Elkem.

I den halvtimes lange omtalen av metallvirksomheten, med spesiell vekt på Elkem Solar og solcelleproduksjon, antydet ikke konserndirektøren med ett eneste ord hvor den nye fabrikken for produksjon av solcellemetall kan bli lagt. Kristiansand stiller sannsynligvis meget sterkt i den konkurransen. Men byen er utfordret av Bremanger på Vestlandet, der Elkem har et anlegg i Svelgen.


I den grundige presentasjonen til Ole Enger kom det ikke en eneste antydning om hvor fabrikken skal bygges. Pilotanlegget i Kristiansand ble heller ikke nevnt, selv om det nok har spilt en viktig rolle for at Elkem Solar har lyktes i å utvikle en helt ny og konkurransedyktig teknologi for fremstilling av silisiummetall for solceller.

Hva stedsvalg angår, holder man fortsatt kortene tett til brystet.

- Heller ikke av meg får du noen antydning om hvor fabrikken blir etablert, sier Erik Løkke-Øwre, sjef for Elkem Solar, til Fædrelandsvennen. Han var i går på reise fra USA til Norge, og vi fikk kontakt med ham under en mellomlanding på vei hjem.

Han sier at stedsvalgt blir avgjort den dagen Orkla bestemmer seg for at nå er tiden inne for å bygge fabrikken, som vil koste et par milliarder og gi arbeid til et par hundre personer.

- Men det er vel ikke urimelig å anta at Kristiansand stiller sterkt?

- Jeg vil ikke anta noe som helst, presiserer Løkke-Øwre.


Ni vil bli kultursjef 17.08.2006

 

Jens Helleland Ådnanes, Bergen

Bjørn Ole Raphaug, Rennebu

Grete Berntzen, Bergen

Espen Frøysland, Lier

Kenneth Bratland, Mjølkeråen

Elisabet Karlson, Nordberg

Leni Marie Lisæter, Kalvåg

To søkjarar har bede om å ikkje få namnet sitt offentleggjort. Liv Marit Bøen opplyser til Fjordenes Tidende at tilsetjing vil skje i byrjinga av september.


Dans på hotellet 16. september 17.08.2006

Det blir dans på Svelgen Hotell 16. september med Steinar Engelbrektsson band. 

Det blir førehandssalg av billetter frå 1. september. Cover kr. 150,-.

Her kan du lese meir om det populære bandet.


Ledig jobb på Coop Svelgen 15.08.2006

COOP Marked Svelgen søkjer ekstrahjelp. Trykk på Ledig Stilling til venstre.

Mistanke om promille 14.08.2006

Politiet rykte ut  etter eit tips om promille i Svelgen ved 23 tida sundag kveld.Vakthavande opplyser at ein bil er kjørt av vegen ved Dyrstad og at at det er teke blodprøve av føraren.

PROGRAM FOR KYSTFESTIVALEN PÅ KALVÅG: 10.08.2006

Fredag 11.august

14.00-16.00 Totlandslippen museum ope - omvisning

15.00 ATV, moped og MC demonstrasjon v/ spar

- Utstillingar på Galleri Frøya og

Holmen Atelier alle dagar

18.00-19.00 Aktivitetar for barn på Galleri Frøya

- ansiktsmaling mm

22.00-02.00 åsmund åmli band og rett & slett

spelar på Knutholmen

Laurdag 12. august

10.00-14.00 ATV, moped og MC demonstrasjon

v/ spar - Nor Marine

10.00-12.00 Totlandslippen museum ope -

omvisning

10.00-14.00 Ope Kystmuseum, segling med

Nigarden,roing og gondolturar

v/ Kalvåg Kystlag

10.00-16.00 Elias - båten kjem

10.00-15.00 Helikopterturar

13.30 Ope kurs på bedehuset -

Toving av hattar, sjal og

hanskar

13.30 Kafé Vest - farging av ull

og silke.

12.00-15.00 Grilling på Knutholmen

15.00 Pappregatta og palleløp frå

Gamlebutikken til Knutholmen

16.00 Foredrag og demonstrasjon på Galleri Frøya

16.00 Aktivitetar for barn på Galleri Frøya -

ansiktsmaling mm

16.00 Seniordansarane dansar på Knutholmen

18.00 - Havets Festbord på Knutholmen ( bordbestilling)

22.00-02.00 åsmund åmli band og rett & slett

spelar på Knutholmen

Søndag 13. august

10.00 og 14.00 Skjergardstur med MS Gamle Opstad

10.00 - 14.00 Elias - båten kjem

14.00-16.00 Totlandslippen museum ope - omvisning


Stian Holm

Deltok i sin fjerde Norway Cup-finale på fire år 10.08.2006

STIF-dommar Stian Holm deltok forrige veke på Norway Cup for fjerde gong, og kvart av desse åra har han prestert så godt at han har fått dømme ein finale. I helga vart han teken ut til å vere assistentdommar i finalen for gutar 16 år (klasse B), ein kamp der Ciaf Bidjan frå Elfenbeinskysten slo Cruz Azul frå Mexico.

 

Biletet t.v. er frå Norway Cup 2004.


Tur til Kalvåg fredag 11. august 10.08.2006

Det blir arrangert tur til Åsmund Åmli konsert i Kalvåg med M/S Stadt fredag 11 august. 

Avgang fra Svelgen kl 21:00, retur kl 02:30.

Plassbestilling på tlf/sms til Ole P Dahl på tlf  91 88 45 28 eller post@tugs.no


BASSENGET :

Klart til bruk måndag 21.08. 10.08.2006

Ny regel:

For å få tildelt bassengtid/nøkkel må de gjennomgå eit livreddande førstehjelpskurs ein av desse dagane: 21, 22. og 23. august   kl:   18.00 v/ Svelgen Røde Kors. Påmelding til skulen.

Påmelding ”haustsesongen”   frå TORSDAG 17.august   - tlf. 57 79 64 50.

Billettprisar:      Kr. 33 for vaksne pr. time

                                   Kr. 22 for barn pr. time

                                   Kr. 20 for badstove pr. gong

 

Minstebetaling er kr. 300 for haustsesongen

(1 time pr. veke).

 

For at flest mogleg skal få høve til å nytte seg av tilbodet, ber vi om at dei som ikkje kjem til å bruke bassenget kvar veke bestemmer seg anten for oddetal- eller partalveke (anna kvar veke).

 

Fellestider:       Småbarn (0-5år) à laurdagar kl. 1100-1230

                                   ”Familiebading” à laurdagar kl. 1230-1400

                                   ”Familiebading” à søndagar kl. 1200-1400

 

Alle som skal nytte bassenget, må melde seg på og få nøkkel.

 

Svelgen skule, 08.08.06

Bjørg H. Didriksen

 


Spik Adel gir ut plate 10.08.2006

Spik Adel gir ut CD med coverlåtar, melder Firdaposten i dag.

– Vi trengte litt åndeleg påfyll, og plateinnspelinga hos produsent Geir Luedy Lydriket i Bergen var verkeleg inspirerande. No er vi meir motiverte til å stå på vidare, og kanskje blir det fleire plater etterkvart, seier Norvall Klungresæter.

Plata blir å få kjøpt på Statoil i Svelgen neste veke.


Linda vann rodeo 08.08.2006

Linda Leirvik har vore på countryfestival i helga og der  melde ho seg på rodeo-konkurranse.

Romsdals Budstikke fortel:

Rodeo–dronning Linda: Rundt "bingen" holdt hundredevis av tilskuere pusten, mens den krakilske oksen hamlet opp med Svelgen-jenta Linda Leirvik, som også måtte gi tapt. Men hun vant!


Reduserte fråveret med 37 %:

Elkem Bremanger best i klassen 03.08.2006

Arbeidstakarane i Sogn og Fjordane er mindre sjuke enn elles i landet, og Elkem Bremanger i Svelgen er aller best i klassen, melder NRK Sogn og Fjordane.

    

På landsbasis auka sjukefråveret med nesten ni prosent fra første kvartal i fjor til same perioden i år, medan det her i Sogn og Fjordane var ein nedgang på to prosent.

Ifølgje Svein Thompson, som er informasjonssjef i Norsk Industri, er det særleg ei verksemd som trekkjer statistikken i positiv retning:

- Elkem Bremanger har hatt ein kraftig nedgang på 37 prosent. Det er svært bra. - For det føste har vi IA-avtalen, som er ein avtale om eit inkluderende arbeidsliv, og der har vi ei individuell oppfylgjing, det er ein 24-månaders plan som vi går gjennom, fortel verksdirektør Steinar Talle ved Elkem Bremanger.  Les meir her.


Norway Cup:

STINE I A-SLUTTSPEL 01.08.2006

Norway Cup nytt om Bremanger sine lag kan de lese her . Begge laga er no klare for A sluttspel. KJEMPEGREIER. Heia Bremanger /Svelgen


FOTTUR TIL DEMMEVATNET 01.08.2006

Frammøte ved grushola på Indrehus onsdag 2. august kl. 17.30.
Turleiar Sissel Sandvik Igland, telefon 91102654.
VEL MØTT - lett og fin tur.

Pengar til biopellets i Svelgen 26.07.2006

Bremanger Vekst får 50.000 kroner frå Bygdeutvilingsmidlane som Fylkesmannen deler ut.

Pengane går til eit forprosjekt for etablering av ein biopelletsfabrikk i Svelgen.

Fabrikken er ikkje direkte knytt til landbrukseigedom, men vil medverke til næringsutvikling på grunnlag av ressursar frå landbruket, skriv Fylkesmannen.  Dette melder NRK.


Friidrett

Sparebankleikane og Krinskamp på Byrkjelo 1-2.juli. 03.07.2006

I helga stilte vi med 7 utøvera på Sparebank leikane på Byrkjelo stadion.

To av dei var og med på krinskampen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

 

Krinskampen var spennande og endte etter siste 800m uavgjort mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

 

Svelgen TIF stilte med Pål Valberg (13 år) og Daniel Hessvik Holm (13 år) som

og stilte på Sogn og Fjordane sitt krinslag.

Desse to skal bli igjen til mandag for å være med på ei felles treningssamling.

 

Dei andre fra Svelgen TIF var Inga Rise (11 år), Marte Hessvik Holm (11 år), Magnus Myrhol (12 år), Jørgen Bjørkedal (16 år) og Tor Inge Øvrebotten (18 år)

 

Pål persa i 3-steg med 10,08 som gir 928 poeng etter tyrvingstabellen.

Søskene Daniel og Marte persa begge i høgde med 1,50 og 1,28, som gir

923 og 968 poeng etter tyrvingstabellen.

Nye personlige rekorder vart det på dei fleste.

 

Vi hadde ei fin helg med fint vær og grilling.

Alltid kjekt å komme på stevne på Byrkjelo stadion.

 

Resultat fra laurdag finn du her   og resultat fra søndag finn du her

 

Bilde under viser Daniel Hessvik Holm (til venstre) og Pål Valbeg i

Sogn og Fjordane dresser.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her kviler

Inga Rise (til venstre) og

Marte Hessvik Holm etter en øvelse.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars