Arkiv Nov 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
578 mm nedbør i november

Nest høgste novemberverdi sidan 1939 30.11.2006

I november fall det heile 578 mm nedbør i Svelgen. Første året ein har nedbørsstatistikk for Svelgen er 1939, og berre november 1953, med 636 mm, har hatt meir nedbør enn årets førjulsmånad. Den høgste månadsverdien som er målt uansett månad sidan 1939 er 742 mm, som kom i oktober 1967. Det normale for november er 318 mm.

 

Berre eit døgn var heilt utan nedbør, og berre 7 døgn hadde under 10 mm. Høgste døgnverdi var 57,5 mm.


15-årsjubilèum

Datoane for amcar-treffet neste år spikra 29.11.2006

På si heimeside melder Svelgen Amcar Club at treffet neste år vert 8. - 10. juni. Dette vert det 15. treffet til den aktive klubben, og dette skal markerast med ekstra stas for både store og små.

 

Heimesida til klubben finn du her.


Elkem Energi Bremanger

Melding om utkobling av straum 29.11.2006

Elkem Energi Bremanger melder om straumstans for området Sande.

Fredag 01.12.2006

Kl. 00.00 – 02.00

 

Dette grunna arbeid i høgspenningsnettet

Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.


Nok ein Svelgen-russebuss 29.11.2006

Også russen i Bergen har sikra seg ein Svelgen-buss for å få skikkeleg svung over avgangsfesten sin.

– Det blir sabla gøy. En unik opplevelse, sier Henrik Hatlebrekke til BA. Dei skriv vidare:

Sammen med 20 kompiser fra skolene BHG, Katten, Fana, Bjørgvin, Sonans og Fyllingsdalen har de investert i en Scania-buss fra 1983. For nå holder det ikke lenger med en russebil hvis en vil markere seg i den bergenske russetiden. Les heile saka her.


Bremanger bygdebok 29.11.2006

Bygdeboka for Bremanger kan kjøpast på biblioteket i Svelgen i opningstida frå og med 28. november. Utanom biblioteket si opningstid og dersom de skal ha boka tilsendt, må de henvende dykk til Bremanger servicekontor, tlf. 57 79 63 00.

Kan og kjøpast ved å ta kontakt med Håkon Liseter i Kalvåg, Kjell Torvanger i Bremanger og Roar Førde, Davik. Sjå eigne oppslag på butikkane. 
 
 
1. Bremanger bygdebok band I. Gards- og ættesoge. Ytre Bremanger, gnr 1-24
2. Bremanger bygdebok band II. Gards- og ættesoge. Ytre og Indre Bremanger, gnr 25-54
3. Bremanger bygdebok band III. Gards- og ættesoge. Rugsund, gnr 56-95
4. Bremanger bygdebok band IV. Gards- og ættesoge. Davik og Ålfoten, gnr 96-117
 
Gardssogene
tek mellom anna føre seg gardsnamn, eigedomstilhøve, busetjing og utvikling innan jordbruk og fiske.
 
Ættesogene
tek føre seg folket som budde på gardane, både gardbrukarfamiliar og andre. Kvart band inneheld personregister over alle brukarar og ektefeller.
 
Forfattar
av bokverket har vore Årstein Svihus frå Sandnes i Rogaland. Svihus er utdanna historikar frå Universitetet i Bergen. Han held til i Rokkasenteret i Bergen
 
Prisen er
600,-  for eit band
2000,- for alle fire banda

 

Informasjom om korleis ein kan få tak i Bremanger bygdebok
http://www.bremanger.kommune.no/artikkel.asp?AId=495&MId1=1&Back=1

 

 


Medlemsmøte i Bremanger SV. 29.11.2006

 

 

Medlemsmøte torsdag 30. november på ferja Smørhamn - Kjelkenes.

Avgang 15:45 frå Smørhamn og 16:35 frå Kjelkenes.

Tema: Budsjett for Bremanger kommune 2007.

 

Vel møtt!


Romjulsdans med Spik Adel på Samfunnshuset 28.11.2006

I følgje Spik Adel si heimeside skal gruppa spele til dans på Svelgen Samfunnshus laurdag 30. desember. Det er Svelgen Samfunnshus som er arrangør, og forhåpentlegvis vert dansen like vellukka som romjulsdansen dei arrangerte med Pegasus i fjor. Då var det svært godt frammøte.

 

Heimesida til Spik Adel finn du her.


Volleyball

Fleire Svelgen-jenter på høgt nivå i volleyball 28.11.2006

Det er ikkje berre Unn Kvendseth blant tidlegare STIF-jenter som gjer det godt på høgt nivå innan volleyballen. På Tambarskjelvar sitt damelag i 1. divisjon spelar Herborg Eikeland, Sylvi Mari Fløtre og Kristina Mundal. Desse tre har vunne ei rekkje gull og andre medaljar i NM for yngre med Tambarskjelvar, og hevdar seg no godt på seniornivå i same klubben. Tambarskjelvar ligg på 3. plass i 1. div. avd. 1, med 4 sigar og 3 tap. Les meir på Tambarskjelvar si nettside. Tabell og kampar finn du her.

Volleyball

Kvendseth og Koll til cupfinalen 28.11.2006

Unn Kvendseth og Koll er klar for den norske cupfinalen, etter at klubben i helga slo Gløshaugen i semifinalen. Motstandar i cupfinalen vert BSI, og kampen vert spelt i Oslo 6. januar.

 

Les meir her. Om ikkje Svelgen.no tek heilt feil, skimtar ein Kvendseth på det nederste biletet, som nr. 2 f.v. på benken i bakgrunnen.

 

Om Kvendseth tek turen frå Kristiansund til Oslo 6. januar, vert ho den tredje frå Svelgen som deltek på ein cupfinale i seniorvolleyball. Linda Mulehamn og Stine Mari Solheim har tidlegare spelt cupfinale, for henholdsvis Oslo Volley og BSI. Men begge desse klubbane tapte cupfinalen, og motstandar for begge var Koll.


Førjulstreff for pensjonistane 15.11.2006

Svelgen Pensjonistlag arrangerar førjulstreff onsdag 29. november kl.18.00 (NB! merk tida) på Svelgen Hotell.
Program:
Ordførar Kåre Olav Svarstad held tale.
Diverse underhaldning - sang og musikk
Juletallerken + kaffi og kake
Svelgen Trekkspelklubb spelar opp til underhaldning og dans
VEL MØTT TIL GAMLE OG NYE MEDLEMMAR + ANDRE SOM HAR LYST Å VERE MED!
Pris kr. 185,- Svelgen Hotell tek i mot påmelding.
 
Helsing frå styret

Lutefiskkveld på lørdag 24.11.2006

Svelgen hotell minner om lutefisk kveld med dans lørdag 25. november

Servering av lutefisk inkludert dans kr 170 med musikk  til gruppa Sweet Holly.

Bordbestilling 57793301

Dans Sweet Holly (aldersgrense 18 år) cover kr 60,-

 

Vår altan er no ferdig innreda og kan nyttast  med alle rettigheter.

Sweet Holly er månedsband med underhalding   kvar kveld fram til 20. desember.

 

Svelgen hotell si nye heimeside er snart klar, og det vil då komme meir info om kva som skjer og planane framover.

 

Med helsing

Svelgen Hotell

 


Jostein Eimhjellen:

Symjedraum til 40 mill. og egyptiske pyramidar 22.11.2006

SITATET: "Om leiar i Svelgen Næringsåd og fagforeiningsleiar   i tråd av sine verv, no kan fokusere på å skubbe på dei steinar som allereie ruller, kan dette verte svært bra."

Hotelleigar og Svelgen-entusiast Jostein Eimhjellen har hatt lesarinnlegg i lokalavisene siste veka om planane om nytt svømmebasseng i bygda. Der skriv han:

"Når egyptarane bygde sine gigantiske   pyramidar, starta dei på botnen og bygde seg oppover. Det tok over 20 år å reise dei   største byggverka. Truleg må det   ha vore ein stolt følelse for den som fekk æra for å velte på plass siste steinen på eit   slik meisterverk.

 

 I følgje innlegg i Firdaposten og Fjordenes Tidende skal   Bjørgulf Myklebust og Bjørnar Førde no redde Svelgen-samfunnet med ein symjehall til 40 millionar kroner. På mange måtar kan dette prosjektet også minne om eit luftig pyramide.   Ideen   og initiativet   er det   ikkje noko å seie på. Skal prosjektet realiserast i framtida, er det likevel av vesentleg betyding at ein i no   løfter på rett stein.   Ein må her ha   bakkekontakt nok til å innsjå at det i Svelgen bør   fokuserast   på ein del grunnleggande ting, om her skal bli folk att, til å nytte godt av eit slik byggverket.   Svelgen symjehall   kan om ein legg all tenkeleg godvilje til i beste fall realiserast   om fem år.   Hadde vi fått Solar-etableringa, og vi såg utsikter til ei positiv utvikling, ja då kunne timinga   for ei større profilering, og politisk behandling av prosjektet vore meir på sin plass. "  

 

Les heile innlegget på Lesarinnlegg til venstre.


Gil Edwards på "Lasses kro" fredag 20.11.2006

Fredag 24. november kjem artisten Gil Edwards til Svelgen og "Lasses kro". Edwards har tidlegare gjesta Svelgen, og vart då svært godt likt av svelgarane. Edwards har nyleg gjett ut ny CD.

 

Arrangementet er i samarbeid med Svelgen MC klubb.

 

Les meir om Gil Edwards  her og her.


Volleyball

Kvendseth og Koll nordiske meistrar 20.11.2006

Unn Kvendseth (arkivbiletet), og klubbvenninnene på Koll, vart i helga nordiske meistar for klubblag. Her følger eit utdrag frå Koll si heimeside: "Denne helgen var det duket for sesongens høydepunkt for D1 nemlig NEVZA (North European Volleyball Zonal Association) mesterskapet i Vallentuna Sverige. Koll var, som suverne serie og cupvinnere i fjor, kvalifisert til det første nordiske klubbmesterskapet. De andre kvalifiserte lagene var Sollentuna (SWE), Elverket(SWE) og de danske mestrene Fortuna Odense. Turneringen ble avviklet som enkel serie med en kamp pr. dag."

 

Les meir her.  Sjå også ny sak i Tidens Krav.


Resultat av Fjelltrimmen 20.11.2006

Keipen turlagt har no summert opp resultatet av Fjelltrimmen 2006. På dei 8 postane har det tilsaman vore 4160 besøk. Premier er utdelt til dei 3 beste samanlagt. 
                             1. premie boka OPPTUR  til         Gry Gulestøl   768 poeng
 2. premie kart ÅLFOTBREEN til    Bjørg Håøy    572 poeng
 3. premie kart ÅLFOTBREEN til     Arne Løvset   315 poeng.
 
Liste over dei tre beste på kvar plass står som oppslag på Svelgen Handelslag. Har du lyst å bli medlem av turlaget er du velkomen til det. Medlemskort ligg i hallen på rådhuset, du kan og gå inn på www.turistforeningen.no for å lese meir om DNT . Keipen turlag skal også til neste år arrangere turorientering og  mange fine fjellturar rundt om i kommunen.. Vi har mange godt merka stiar som du lett finn fram på sjølv. Barnas turlag er under skiping, håpar mange finn interesse i det, sjå eiga annonsering der.

Vestfold-jenter:

Skal gjere Svelgen-buss til årets russebil 20.11.2006

25 russejenter har planar om å gjere ein gammel Firda Billag-buss fra Svelgen til den feitaste russebussen i Vestfold!

 

40.000 måtte ei gje for den, og det totale budsjettet er på 350.000,-.

 

 

 

  Her kan du lese meir om russedraumen til jentegjengen.


Halv million til symjehall 20.11.2006

SKAF sitt årsmøte i 2006 bevilga kr 250.000 frå sitt kampfond dersom den nye svømmehallen i Svelgen vert realisert.

 

Fondet for Jernverks Arbeiderens ve og vel har bevilga kr 250.000 med same forutsetning.

 

Dette betyr at det er allereie samla i hop kr 500.000 i start kapital. Dette melder initiativtakarane på heimesida. 

 

Les meir her


Bridge og bridgekurs 18.11.2006

 

BK SYVEREN er bridgeklubben i Svelgen.

Vi spiller på hotellet kver onsdag fra 17:30

Vi vurderer å arrangere eit nybegynnerkurs

Er du interessert?

Ta kontakt med Alf 91881257

LIVET ER KORT, SPILL BRIDGE


Hjelpekorpset øvar

Storøvelse i Skatestraumen 16.11.2006

Du kan lese meir om øvelsen på sida til Svelgen Røde Kors.


Cirotzki "ny" med Firdaposten 16.11.2006

Firdaposten hadde i laurdagsavisa ei sak kalla "Bli ny med Firdaposten", der to personar vart plukka ut til å få nye klede, nye sko, ny sveis m.m. Leo Cirotzki frå Svelgen var ein av dei to personane, og bilder av dei to kan du sjå her.

Kvendseth har debutert for Koll 16.11.2006

Unn Kvendseth, frå Svelgen, har debutert for Koll sitt eliteserielag. Debuten kom i kvartfinalen i NM mot Oslo Volley, og i følge Tidens Krav spelte Kvendseth dei to første setta. Koll vann kvartfinalen, og i semifinalen møter dei Gløshaugen. Les meir her.

 

Kvendseth, som også er leiar i Kristiansund VBK, har i det siste måtte forsvare KVBK sitt herrelag sin innsats i sesonginnleiinga. Les meir her.

 

 


Nattevakt på hotellet 13.11.2006

Svelgen Hotell søker etter nattevakt. Dei som er interessert må kontakte Hotellet på tlf. 577 93301 eller komme innom og spørre etter Erna eller Helene.

Fotballpub under cupfinale og landskamp 13.11.2006

Svelgen Hotell har fotballpub i Glunten på søndag under cupfinalen og på onsdag når det er landskamp.
 
 

OMN TO I DRIFT ATT 13.11.2006

Elkem Bremanger har gitt opp produksjonen på Island og starta i går opp att omn to. - I utgangspunktet har planen vore at vi skulle stå frå 1. oktober til 1. april 2007 på grunn av dårleg marknadssituasjon. I løpet av dei siste to-tre månadene har marknaden vakse seg sterkare, seier Frode Nummedal til Firdaposten. Han fortel at sjølv om verk på Island no produserer for Elkem, er Elkem Bremanger   like kostnadseffektive ved å produsere metallegeringane sjølve. Dette er grunnen til at omnen no skal opnast igjen. I utgangspunktet skal omnen produsere fem veker fram til 20. desember. Då vil marknadssituasjon, lagerbehaldning og kraftpris avgjere om drifta skal halde fram.

 .


Obs. obs. Nokre feil i julekalendaren 11.11.2006

Vi har fått følgjande mail frå Svelgen Hotell:

"Vi må berre beklage at der er ein trykkfeil den 09.des., då har vi lukka arrrangement så det med bordbestilling er dessverre feil.

 
Så står der ikkje kven som spelar 2. Juledag. Det er ein duo frå Florø som heiter Tuxido, deståande av Ronny Floholm og Carsten Jacobsen."

Stryn med samme planar som Svelgen Hotell 11.11.2006

Stryn kommune vurderer samme løysing som Svelgen Hotell for å trekke til seg fleire folk. - Eit nytt utandørsbad i tilknyting til eksisterande symjehall bør vere ei høgt prioritert oppgåve for Stryn kommune, meiner kommuneleiinga.
Det skal mellom anna undersøkast om det nye biobrenselanlegget på Tonningsleirane kan frigje rimeleg overskotsvarme på sommarstid. I Svelgen er det Miljøvarme, som leverer spillvarme frå Elkem til oppvarming, som skal holde bassenget varmt - kanskje året rundt. Les meir her.

Svelgen og Omegn Husflidslag arrangerer

Basar/minimesse 09.11.2006

 

Lørdag 18. november kl 11 – 15

Svelgen Samfunnshus

  

Salg av lefser, geiteprodukt, epler, trearbeid, glass og mer

 

Åresalg

Loddsalg

Salg av kaffe og kake

 

Forhåndssalg av lodd på Coop’en onsdag 15/11, torsdag 16/11 og fredag 17/11.

Premiene er utstilt i vinduet ved politigarasjen.


Nær 400 mm mindre nedbør enn normalt pr. 31/10

Nedbørsrik start på november i Svelgen 09.11.2006

På dei åtte første døgna i november, fall det 167 mm nedbør i Svelgen. Den største nedbørsmengda kom søndag, då ein mandag morgon målte 47 mm. Dette er den nest høgste målte døgnverdien dette året. Normalen for november er 318 mm, og den høgste månadsverdien ein har målt i Svelgen i november var 636 mm i 1953.

 

2006 har så langt vore eit lite nedbørsrikt år, ettersom ein ved inngangen til november låg heile 397 mm under normalen, som DNMI har berekna for Svelgen. Pr. 31/10 hadde det falle 1562 mm nedbør, medan det "normalt" skulle ha kome 1959 mm. Berre april månad dette året har hatt meir nedbør enn normalen, og september, med 250 mm, er til denne tid årets mest nedbørsrike månad. For å nå eit normalår (2570 mm) må det kome 1008 mm nedbør på dei to siste månadane.

 

Varselet for dei sju neste døgna for Svelgen syner at det for det meste vert regnbyger/regn.


STEM PÅ KLUBBEN I DITT HJERTE 08.11.2006

 

  Les meir på STIF si side   her


Påminning om Bruaset 07.11.2006

Pensjonistlaget minner om tilstellinga på Samfunnshuset onsdag kl. 1200 : " Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.."
MØT OPP! Alle er velkomne!

FORUT-prosjekt i Langeneset Barnehage 07.11.2006

Vi i Langeneset barnehage har jobba med Forut prosjekt no den siste månaden. Vi har lært masse om Sri Lanka og blitt kjent med ei jente som er 5 år og heiter Vasana og er frå Colombo.
Målsettinga med prosjektet er å få innsikt i andre kulturar og levemåtar. Vi har som eit mål å tjene meir enn 6000,- som skal gå til å bygge barnehagar, skuler, helsestasjon og andre ting som dei treng i slummen i Colombo. Som takk for hjelpa får barnehagen på Langeneset 3 store trommer som er laga på Sri Lanka.
Vi har fått masse fine gevinstar frå dei ulike næringsdrivande i Svelgen, og desse har vi stillt ut i banken. Vi har lagt ut to loddbøker, ei på Statoil og ei i banken. Desse lodda vert trekt 14. november som er avslutninga på prosjektet vårt. Vi oppmodar folk i Svelgen om å vere med å hjelpe oss til å tjene masse pengar som kan hjelpe dei i Colombo. Ta derfor turen bort i banken, sjå på utstillinga og kjøp lodd både i banken og på Statoil.
Torsdag, fredag og mulig mandag vil og vi sitte litt på Coopen ilag med nokre barn frå barnehagen og selge lodd dersom vi får tid til det.
 
Vi vil også nytte høvet til å takke alle dei som har støtta oss med fine gevinstar til loddsalget vårt:)
 
Vi håpar mange vil støtte oss.
 
Helsing små og store i Langeneset barnehage.

Fotball 07.11.2006

 

   Vinnarane i Dugleiksmerkekonkurransane 2006.

   Les meir på STIF si side  her


Svelgen Hotell:

Spik Adel spelar til dans laurdag 11/11 07.11.2006

Laurdag 11. november er det klart for dans med Spik Adel på Svelgen Hotell. Denne populære gruppa frå Bremanger har toppa Fylkestoppen til NRK S. og Fj. siste tre gongar.

 

Spik Adel serverer ei god blanding av rock’n roll frå 70-, 80- og 90-talet, med røter i folkemusikk, blues og moderne countrymusikk. Dei spelar med trøkk, overtyding og eleganse, og musikken deira appellerer så absolutt til dansefoten.

 

Heimesida til Spik Adel finn du her. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Eimhjellen inn i sentrumsgruppa 04.11.2006

Tor Olav Halse og Jostein Eimhjellen er SNR sine representantar i styringsgruppa for eit finare sentrum. Eimhjellen erstattar Geir Gjerde, som ønska at andre krefter skulle ta over. Dette melder Svelgen Næringsråd på sine heimesider.

Bunadsloftet - ny butikk i Svelgen 04.11.2006

Vi holder til i andre etasje på oppsida av  Kopen og tilbyr
* Bunadssøm
* Sytilbehør
* Strikkegarn og oppskrifter
* Ull og filtenåler

Åpningstider:

Mandag, tirsdag og fredag 1100 til 1600

Onsdag og torsdag 1500 til 1800

Laurdag 1100 til 1400

 

Velkomne oppom Bunadsloftet!


Svelgen treng eit "Årdal light" 04.11.2006

Svelgen-samfunnet er motoren i Bremanger. Likevel har dei siste åra vist oss at det er eit sårbart samfunn som i for stor grad er avhengig av Elkem Bremanger. No ønskjer klubbleiar  Bjørnar Førde eit "Årdal Light" frå staten.   

Les meir i Firdaposten .


- Oddgeir Bruaset til Svelgen - 04.11.2006

Forfattaren og NRK-medarbeidaren Oddgeir Bruaset er kjend frå den populære fjernsynserien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.

 

Bruaset er no ut med ei ny bok om menneskelagnader i Nordfjord og Bremanger.

Forfattaren er denne hausten på turne i fylket for Folkeakademiet i Sogn og Fjordane med eit lysbildekåseri bassert på denne nye boka. Boka omhandlar også fleire gardar i vår kommune, mellom anna Vingelva, Almenning, Hjellen, Gulestøa og Hennøya.

Difor meiner styra i Pensjonistlaga- og Folkeakademiet i Bremanger at dette programmet har så stor lokalhistorisk interesse at vi har sett opp to Bruaset-program her i kommunen – fyrst på Svelgen Samfunnshus, same kveld på ”Havly” i Bremanger.

 

Svelgen Penasjonistlag og Bremanger Folkeakademi har den glede å   inviterer alle til å komme og sjå og høyre ”Der ingen skulle tru at nokon ville bu i Nordfjord”.

 

Lysbildekåseriet av Oddgeir Bruaset på Svelgen Samfunnshus den

 

8. november kl 12 oo i Småsalen.

Etter programmet er det også høve til å kjøpe boka, med ei personleg helsing   for dei som ynskjer det.

Inngangspengar kr. 40,-

 

Arrangørane - Svelgen Penasjonistlag og Bremanger Folkeakademi - ynskjer alle velkomne og vonar mange finn vegen til samfunnshuset denne onsdagen !

 


Glimt fra Halloween 04.11.2006

Her er eit glimt frå årets Halloween. Disse fire var nokre av dei som trossa styggeveret for å sikre seg litt snop i posane.

Kven dei er, kan redaksjonen ikkje gjere greie for..


BARNAS TURLAG 04.11.2006

Keipen turlag vil gjerne dra i gang eit barnas turlag her i Svelgen og omegn. Barnas turlag er for barn mellom 0-12 år og for familiar.

Dei som er interessert i å vere med er velkomne til møte i småsalen på samfunshuset i Svelgen tirsdag 21. november kl 1900.

Det kjem folk frå Sogn og Fjordane Turlag, som vil svare på spørsmål. For meir informasjon kan ein søke på www.turistforeningen.no og gå inn på barnas turlag.


Paintball i Svelgen? 04.11.2006

Hadde vert kjekt og prøvd og starte en Paintballklubb i Svelgen. eg har
nylig kjøpt meg paintball og div utstyr. Trur en del andre har paintball og
her i Svelgen. Så er det utrulig kjekt og holde på med!

Gisle Andre Tolstadløkken.

Mindre regn enn normalt i oktober 02.11.2006

I oktober fall det 215 mm nedbør i Svelgen, "mot normalt" 327 mm for månaden. Det var 9 morgonar der tilsette ved EEB ikkje fann ein drope nedbør i måleglaset, og 39,5 mm var det meste som kom på eit døgn.

 

Onsdag 1/11 fall dei første centimetrane med snø/slaps i Svelgen denne vinteren, og natt til torsdag kom det meir "frosen" nedbør.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars