Arkiv Feb 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Strandos:

Vil ha slutt på ungdoms-fyll 22.02.2002

- Kvart år når det vårast, ser vi ei oppblomstring av ukontrollert bruk av rus, og at stadig yngre brukarar kjem på bana. Vi kan ikkje berre sjå på at dette skjer, meiner lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger.

Bremanger-lensmannen seier til Firdaposten at han ser klare samanhengar mellom den aukande rusbruken om våren og russefeiringa.

- Sjølv om russefeiringa er ei positiv oppleving for dei fleste, er det ikkje tvil om at den også er rota til mykje negativt. ungdomsskulesteget viser at eit overveldande fleirtal av elevane debuterer med rusmiddel i samband med russefeiringa, og det er urovekkjande, meiner Strandos.

Les meir i Firdaposten


Ole Stenbakk vil til Svelgen 20.02.2002

Då søknadsfristen gjekk ut, hadde det meldt seg fem søkjarar til ei nyoppretta fast stilling som prosjektleiar ved teknisk seksjon i Bremanger kommune. Mellom dei Ole Stenbakk frå Florø.

Dei fem søkjarane til stillinga som prosjektleiar er Gunnar Ytrehus frå Svelgen, Ole Stenbakk frå Florø, Ole Bjørn Førde frå Davik, Jarle Hauge frå Berle og Merethe Qvenild Loe frå Gjøvik. Til stillinga som avdelingsingeniør bygg har desse søkt: Bjørn Halvstad frå Surnadal, Bernhard Andersen frå Svelgen, Jarle Hauge frå Berle og Merethe Qvenild Loe frå Gjøvik, melder Firdaposten.

Personalsjef Liv Marit Bøen opplyser at det er venta tilsetjing i stillingane i førstninga av mars.


Kennet Hessvik spelar for Tornado 18.02.2002

Kennet Hessvik skal spele for Tornado denne sesongen. Det har stått mellom Tornado og Førde som begge ville sikre seg midtbanespelaren som markerte seg på FSK i fjor trass nedrykk. 2. divisjonslaga Førde og Tornado hadde begge før denne sesongen ytra ønske om Kennet Hessvik i laget.

– Jobben var utslagsgjevande i valet av klubb. Eg er på kontoret til Vesta forsikring i Måløy måndag til onsdag, og i Florø resten av veka. Dette gjer at spel for Tornado lettare vil la seg kombinere med jobb. Det ville vere langt vanskelegare om eg skulle spele for Førde, seier Hessvik til Firdaposten.


Søndagsfilmen på Svelgen Kino:

Kaptein Correlis Mandolin 15.02.2002

En episk fortelling om kjærlighetens håp og krigens brutaliteter under den italienske okkupasjonen av Hellas under den andre verdenskrig.

Hellas' idylliske og vakre Middelhavskyst har blitt invadert av Italia, og horder av italienske soldater har gått i land på den en gang så fredelige øya Cephallonia.

Kaptein Corelli (Nicolas Cage), en offiser kjent for sin joviale personlighet og lidenskap for sin mandolin, kommer til å begynne med i konflikt med øyas beboere. Han gjør spesielt øyas landsbylegens datter, den vakre og viljesterke Pelagia (Penelope Cruz) rasende. Corellis sjarme og anstendighet, sammen med hans ønske om en fredelig og stille krig, vinner til slutt deres vennskap.

Meir om filmen


Ville bu på Haugane:

Tvangsflytta til sjukeheimen 13.02.2002

Bremanger kommune tvangsflytta forrige veke den psykisk utviklingshemma 68-åringen Jon Kreken til gamleheimen i Svelgen. Dette mot både hans og familien sin vilje.

Søstera Kirsti Lien reagerer kraftig på metodane Bremanger kommune har brukt i denne saka.

NRK fortel at 68-åringen budde i den kommunale bustaden på Haugane i Svelgen saman med fire andre psykisk utviklingshemma. Men 21. januar vart søstera Kirsti Lien kalt inn til møte fordi det kunne vere snakk om at Kreken måtte flyttast over på gamleheimen. På møtet ei veke seinare ville derimot ikkje kommunen diskutere alternativ til flytting; slik måtte det bli, og Kreken måtte flyttast inn på gamleheimen i løpet av ei veke. Etter litt diskusjon fekk ho til slutt vite årsaka til at dette måtte skje.

I realiteten fekk Lien og broren ein dag på å klage frå vedtaket om flytting låg på bordet til flyttinga vart gjennomført, sjølv om ein har rett til tre vekers klagefrist. Men verken familien, fylkeslegen eller fylkesmannen sitt engasjement i saka var nok til å stoppe pleie- og omsorgssjef Siv Aase Eggen i å gjennomføre overflyttinga. Ho meiner kommunen har rett til å gjere det, og at dei har alt sitt på det reine.


NM i brass:

Øyvind Kjøsnes frå Svelgen norgesmester! 12.02.2002

Kornettisten Øyvind Kjølsnes gjekk til topps i NM i brassband denne helga saman med resten av musikarane i Manger musikklag.

Manger var berre eitt av dei 55 banda som konkurrerte om førsteplassen i Grieghallen i helga. Manger stakk av med førsteplassen med sine 96 poeng og vann kongepokal og tittelen norgesmeister i tillegg til ein billett til neste års europameisterskap for brassband.

Svelgen.no GRATULERER!


Endringar på Svelgen.no 12.02.2002

Som de ser har vi no flytta dei to spaltene, Ris & Ros og Fritt Ord bort til menyen til venstre. De kan framleis få det de har på hjertet direkte inn på sida, som før. Ris & ros sida er meint som meinigsytring direkte om denne internett-avisa, medan Fritt Ord kan femne om alle saker.

Har du forresten stemt på ABC-startsiden? Det er no 143 som har stemt på nytt og gitt ein karakter på 5.2, det vil seie at vi ligg på delt 3. plass saman med Kalvågportalen, slått av Flora-nett og Aurland.com. Du stemmer ved å trykke på ABC logoen nede i venstre hjørne. Send gjerne inn bidrag til Vistesida, Ris & Ros og Fritt Ord. Gjer Svelgen.no aktiv!


Fastlandssambandet opnar 12. juli 12.02.2002

Bremangerlandet blir landfast før sommarferien. Arbeidet med fastlandssambandet har gått raskare enn planlagt, og slik det ser ut no, kan anlegget opnast allereie fredag 12. juli, fleire månader før opprinneleg tenkt, skriv Firdaposten.

Vegsjef Lars Lefdal tek sikte på at snorklippinga skal skje ved brua på Kolset, der første salva vart sprengd den 13. januar 1998. Kven som får det ærefulle oppdraget å klippe snora, er ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen Sogn og Fjordane enno ikkje klarlagt.

Les meir


RINGENES HERRE -
ENDELIG I SVELGEN!
08.02.2002

Få med deg denne filmen som fremdeles ligg på førsteplass for mest sette film i byane. Ei fantastisk eventyrfortelling basert på Tolkiens bok. Filmen går på Svelgen kino 10. februar 2002 - kl. 20.00 - og er eit MUST!

Litt om filmen:

Hobbitene er et småvokst folk som helst vil leve i fred og ro med skummende øl og gode historier. Men i deres eie finnes en merkelig ring som kan forvandle godt til ondt.

Det var hobbiten Bilbo som fant Ringen for lenge siden. Bilbo har holdt den skjult, men trollmannen Gandalv overtaler ham til å gi den til nevøen Frodo.

Det er den onde Sauron, den svarte herskeren i mørke Mordor, som egentlig eier ringen. Ringen har en enorm kraft. Gandalv skjønner at den må ødelegges for å bryte Saurons makt, slik at han ikke får herredømme over hele verden.

Filmen har 11 års aldergrense, og er frårådd for barn under aldersgrensa. I følge med hobbitene Sam og Pippin, legger Frodo ut på den lange ferden fra Hobsyssel til Mordor. Der skal han kaste Ringen i Dommedagsjuvet, slik at den blir tilintetgjort og mister sin kraft.

LES MEIR OM RINGENES HERRE!


Utsett støy-frist 06.02.2002

Statens forurensningstilsyn har gjeve Bremanger smelteverk frist til 1. juni med å lage ei kartlegging av korleis dei kan løyse støysituasjonen i Svelgen.

Nye støykrav gjer at Bremanger smelteverk må investere fleire millionar kroner i støyskjermande tiltak, og no skal dei rekne ut kor mykje det vil koste, melder NRK.no


Husk konserten på samfunnshuset i kveld! 05.02.2002

I kveld er det ein spesiell konsert på Svelgen samfunnshus alle bør få med seg. Under tittelen "FLIFLET/HAMRE - sære og populære" finn vi denne omtala:

"Fliflet/Hamre er et orkester som virkelig er noe for seg selv. Med trekkspill og trommesett har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt en helt egen stil som har begeistret både publikum og kritikere i de forskjelligste miljøer.

I Fliflet/Hamres musikk står lekelyst og innlevelse sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantoner slynges ut mellom skakke finske sanger, jødiske tristesser og hardtsvingende festmusikk fra Texas. Publikum trekkes med på værbitt norsk allsang - og Harald Sæverud havner på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynere.Iblant lar Ole Hamre trommene hvile og lager vakker og uhørt musikk på gryter eller melodika...

Duoen har som en målsetting å "hente verden hjem til Bergen - og gjøre noe med den": Fliflet/Hamre fører sammen musikk av ulikt opphav og skaper et eget, personlig landskap. Og både folk med lakksko, bunad, sorte skinnjakker eller cowboyhatter lar seg villig føres rundt i deres fargerike hage. Kontrastene er store, men opplevelsen hel.

Gruppen er kjent for sitt tette og dynamiske samspill, og har opptrådt på et meget stort antall skandinaviske festivaler; bl.a. i Molde, Kongsberg (jazz), Førde, Falun (folkemusikk), Skagenfestivalen og i Finland, Tyskland, Belgia og Skottland." Så møt opp klokka 1900 i kveld!

Bilde og meir om duoen


Kretsmesterskaps-kvalifiseringa:

Fotballgruppa takker 03.02.2002

STIF v/ Fotballgruppen Ønsker med dette å få takket alle som bidro til at KM arrangementet for aldersbestemt fotball ble gjennomført på en glimrende måte.

Under arrangementet lørdag og søndag deltok ca. 30 frivillige for å få arrangementet i havn - takk til alle dommere, sekreteriat/speakertjeneste og kioskpersonell.

Svein Arne for Styret Fotballgruppen


Anne von Oorschot:

20 nye familiar til Bremanger? 02.02.2002

Innan utgangen av 2003 skal 20 familiar kome og busette seg i Bremanger kommune. Det er målet for eit rekrutteringsprosjekt leidd av Anne van Oorschot. Ho flytta frå Nederland til Dyrstad for eitt år sidan, og no vil ho ha fylgje av fleire landsmenn.

- Det bur 17 millionar menneske i Nederland, og eg veit at mange av dei er leie av ikkje å ha tilgang til urørt natur. Det er noko av det vi kan tilby her i Bremanger. Vakker natur og trygge oppvekstvilkår for born og ungdom. Arbeidsplassar og kultur har vi òg. Dessutan treng kommunen fleire innbyggjarar om vi skal motverke dei negative folketalsprognosane, seier ho til Firdaposten.


Barnehageungar berga huset 02.02.2002

Barna i Langeneset barnehage i Svelgen merka sterk matlukt og fekk auge på at det seiv røyk gjennom taket på nabohuset. Personalet i barnehagen fekk kontakta eigaren og brannvesen som fekk stoppa brannen.

Ved 13.50-tida i går tok det til år brenne i huset som grenser til Langeneset barnehage i Svelgen. Barna som oppheldt seg ute saman med personalet, merka ei sterk og kraftig matlukt. Denne skulle vise seg å komme frå huset kloss til barnehagen. Barna oppdaga då at det seiv røyk ut av sjølve taket til nabohuset. Dei kontakta personalet i barnehagen, og det kom nokre andre vaksne til og ba om at dei måtte ringe brannvesenet, skriv Firdaposten.

Les meir i Firdaposten


Omtrent normalt med nedbør så langt 02.02.2002

I januar fall det 219,9 mm nedbør i Svelgen. Det "normale" er 230 mm. Det meste som kom på eit døgn var 24,2 mm. Det var 4 døgn som var utan nedbør. I januar 1989 fall det heile 661 mm, medan det i 1996 berre fall 32 mm, melder Kraftstasjonen.

Kretsmesterskapskvalik på idrettshuset i helga 01.02.2002

Det vert arrangert kvalifiseringsrunde for KM (Kretsmesterskap) i smågutte- og gutteklasser i Svelgen Idrettshus lørdag og søndag.Svelgen Stiller med lag i begge aldersklassene

STIF håper Svelgen publikummet stiller opp om arrangementet! Det blir servering fra kiosk og selvfølgelig anledning til å se masse god aldersbestemt fotball i helga, melder Svein Arne i STIF.


Bjørnar Førde ny SKAF-leiar 01.02.2002

Bjørnar Førde vart vald som ny leiar i Svelgen Kjemiske Arbeidarforbund på årsmøtet torsdag ettermiddag. Han tek over etter Bjørgulf Myklebust som ikkje berre går av som leiar, men også har sagt opp stillinga ved Elkem. Bjørnar Førde er skiftarbeiar ved Silgrain-avdelinga.

INC-vedlikehald frå idag 01.02.2002

I dag tek INC formelt over alt vedlikehaldsarbeid ved Elkem Bremanger. Selskapet har lokaler på Elkem sitt område, som dei leiger for ein symbolsk sum; kr. 1,-. Omlag 40 arbeidarar vil frå i dag stå på INC og ikkje Elkem si lønningsliste.

Skipenes blir ny direktør 01.02.2002

Anders Skipenes, som tidlegare har arbeidd ved Elkem Bremanger i Svelgen, blir ny administrerande direktør ved Vest Karosseri i Stryn. Per Dag Nedreberg, som tidlegare hadde denne jobben, skal inntil vidare leie fabrikken som selskapet har kjøpt i Silkeborg i Danmark.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars