Arkiv Mai 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Tur til Omvendeskaret 31.05.2006

I dag går onsdagsturen til Utsikten i Omvendeskaret. Dette er ein lett tur  og vi kjem til å bruke bil eit stykke på veg. Frammøte ved Svelgen Hotell kl.17.00 Turleiarar Olga Årsnes og Margun Indrehus.
KEIPEN TURLAG

Biopellets kan bli nytt Svelgen-produkt 31.05.2006

Elkem Bremanger held på teste ut biopellets i produksjonen av støyperiprodukt. Dersom det vert ein suksess ynskjer lokale næringsdrivande å produsere pelletsen i Svelgen, melder Fjordenes Tidende i si papirutgåve i dag, onsdag.

 

 

Svelgen Næringsråd har no offentleggjort lista over verksemder som vil ta del i fondet på ein million kroner. Største enkeltsummen fekk Elkem Solar ved Steinar Talle, men ein nesten like stor del vil gå til satsing på produksjon av biopellets. Både Bossmann Flis, Elkem Bremanger, Brødrene Mundal og Bremanger Vekst/Bremanger Hamn har søkt og fått midlar til å få i gang slik produksjon.  Målet er å produsere både til Elkem lokalt, men også til andre smelteverk.

 

Ved Elkem Bremanger er ein no i gang prøveprodukjon med biopellets. Dette skal dei holde på med eit halvt år, før dei kan svare på om kvaliteten på sluttproduktet blir like bra som ved bruk av trekol som har vore brukt til no. Fordelen med bruk av biopellets er i følge direktør for støyperiavdelinga, Frode Nummedal, at det er billegare, at det vil redusere CO2 utsleppa og at ein kan ta i bruk produkt som no blir deponert. Om Elkem skal vere med på produksjonssida er ikkje avklart.

Les heile saka i dagens Fjordens Tidende

 

 

Og slik ser lista for tildelte midlar frå SNR ut:

Rekneskapskontor i Svelgen (Selskap under stifting) får kr. 75.000,- kroner

Klausen Industrier v/Gunnar Mundal 100 000,- kroner

Elkem Solar v/Steinar Talle 400.000 kroner

Brødrene Mundal v/ Tor Olav Halse 100.000 kroner

Elkem Bremangar v/ Frode Nummedal 94.000 kroner

Industriareal biopellets v/Bremanger Vekst/Bremanger Hamn 125.000

Bossmann Flis v/ Roy Os 40.000,-

Bedriftshelseteneste v/ Fredrik Gulhaugen og Kent Roger Engdal 25.000,- kroner


Størst nedgang i folketalet i Bremanger 30.05.2006

Bremanger har størst nedgang i folketalet av alle kommunar i heile fylket. Vi vart 27 færre frå 2005 til 2006. Til samanlikning kjem Gloppen på ein 2. siste plass med 19 færre. Sjå tala her.

Bilder frå Svelgen og omegn 30.05.2006

Også på denne linken til visitbremanger kan du finne mange fine bilder frå Svelgen og kommunen elles. Og sjølvsagt på Rogier sine praktfulle sider!

Har selt Svelgen Hotell 29.05.2006

Geir Gjerde har selt Svelgen Hotell til Jostein Eimhjellen, Erling Brekke og Frode Yttrehus. Dette melder Fjordeens Tidende i dag. Gjerde har styrt hotellet sidan 1990 og vore eineaksjonær dei siste 13 åra. Han seier til avisa at det har vore ein tøff prosess å gå ut av hotellet, men at han ser fram til å bruke all energi på å gjere Kopen, der han har vore dagleg leiar dei to siste åra,  til ein endå betre butikk i Svelgen.

STIF sine seniorlag 29.05.2006

På linkane nedanfor kan du følge med på korleis det går med STIF sine seniorlag i fotball:

 

Herrar 6. div. avd. 3: http://www.n3sport.no/03/Table.asp?TournamentId=270094

Damer 4. div. 7`ar: http://www.n3sport.no/03/Table.asp?TournamentId=271580 

 

På arkivbildet ser ein Thor Vidar Blix, som er ein av trenarane på STIF sitt herrelag.


7.klasse Svelgen Skule

Tine stafett 2006 - Florø Friidrettsfestival 27.mai. 28.05.2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

7.klasse ved Svelgen skule deltok laurdag 27.mai på Tine stafetten under Friidretts Festivalen i Florø.

 

På bilde. Bak fra venstre : Jan Rune Nigardsøy, Alf Erik Sande, Pål Valberg, Daniel Hessvik Holm.

Framme fra venstre : Katrine Ask, Marte Myrold Petersen, Frida Sande og Rikke Rise Halset.


Frå mareritt til draum 26.05.2006

 

Måndag flyttar familien Kamminga inn i nytt hus på Kjelkenes. Om lag 500 dagar seinare enn først planlagt. Draumen om eige hus skal endeleg gå i oppfylling.

 

Det var midt i forventningane si tid, ved inngangen til advent i 2004, den nederlandske familien Kamminga opplevde sitt verste mareritt. I månadsvis hadde dei nytta all ledig fritid til å pusse opp huset dei hadde kjøpt på Kjelkenes.

 

 

 

To dagar før innflytting fekk dei beskjed om at det brann i huset. Den nye stova og dei nyinnreidde soveromma vart til aske, og draumen om jul i nytt hus fall i grus. I dag er heile branntomta rydda og planert, og det er ikkje eit einaste teikn til at det nokon gong har stått eit hus på tre etasjer ved Riksvegen på Kjelkenes. Men eit steinkast unna, oppå ei høgd, ruvar eit heilt nytt hus med smårutete vindu.     

Måndag skal dei ut av bustaden på Langeneset i Svelgen og endeleg heim i eige hus.

Les historia til den nederlandskse familien i dagens Fjordenes Tidende.  

 

 


Skarpe Svelgen-ungdomar 26.05.2006

Redaksjonen i Svelgen.no har gjort den bommerten å ikkje kjøpe gårsdagens VG. Men der står det altså om våre skarpe ungdomar (avgangsklassen ved Svelgen Oppvekst). Sjå Fritt Ord sida.

 

Nokre resultat finn du her, men ikkje alle av best/verst statistikken som stod i papirutgåva.


Vil ha heilårsbane klar til våren 25.05.2006

Leiaren i Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF), Svein Arne
Sandvik, har tru på at eit nytt Svelgen Stadion vil vere på plass allereie
til neste vår. Men då må Elkem gje slepp på tomta. Dette melder Fjordenes Tidende onsdag.

STIF har dei siste ti åra prøvd å få ta over grunnen der
Svelgen Stadion ligg, utan å lykkast. Dei har skissene klare og vil investere totalt seks
millionar i nytt anlegg. Heile fotballbana skal gravast opp, og dette håpar
STIF-leiaren ein skal komme i gang med allereie seinhaustes i år. Det skal
leggjast kablar med varmevatn i grunnen og kunstgras på toppen. Dette vil
gje Svelgen ei heilårsbane. Også friidrettsanlegget og tribunane skal
rustast opp. Det vil bli sprintbane i om lag full skala og eit avgrensa
treningsfelt rundt heile bana med kunstdekke. Bak eine målet skal det
leggjast til rette for tekniske øvingar. Tribunen vil ligge oppe ved
riksvegen men litt nærare stadion i høve til i dag og dit vil også
speakerboksen bli flytta.

Svein Arne Sandvik set no sin lit til den nye leiinga ved Elkem Bremanger for at konsernet skal gje frå seg arealet.  

 
 
 


Bilder frå Svelgen 24.05.2006

Enkelte etterlyse fleire bilder, eventuelt eit eige fotoalbum på Svelgen.no av bygda vår, og det må vi sjølvsagt prøve å gjere noko med. Enn så lenge kan vi tilrå å google "svelgen" og gå inn på "bilder" på verdsveven. Der ligg masse fine blinkskot (med på "kjøpet" får du også ei dame og ei bru som heiter Svelgen..)

 

  Her er link.


Sommarferie for barnetrimmen 24.05.2006

Barnetrimen fredagane har tatt sommarferie..

Helsing STIF

Onsdagstur til Marafjellet 23.05.2006

Det er onsdagstur til Marafjellet 24.05. Ein fin fottur som passar for store og små. Frammøte ved Svelgen hotell kl.17.00.
Vi køyrer med bil til Nesbø og oppover skogvegen til UTSIKTEN. Så kan du skrive deg inn i FJELLTRIMMEN  og gå  vidare opp og innover Marafjellet.
Turleiar Olga Årsnes telefon 57795558.
KEIPEN TURLAG

Vi minner om:

Bli med på båttur og kultur på Kalvåg onsdag 23.05.2006

 

Det vil bli arrangert tur til Kalvåg onsdag 24 mai der Oddvar Torsheim underheld.   

Pris pr. person kr. 300/350,-  tur-retur inkludert billett på Knutholen.

 

 

Avgang frå Svelgen kl. 19 00 (Firda Billag)

med retur ca kl. 02 00.

Forhåndsbetaling til konto nr:

8647 10 06779

 

 

Ta kontakt med

Allan Dyrstad på tlf 48 06 57 84 

eller Ole P. Dahl på tlf  91 88 45 28

for meir info!

 

Her kan du sjekke kor tid det blir turar framover.


Konfirmantar i Svelgen og Midtgulen 23.05.2006

Midtgulen 4. juni  

Helene  Heimtun

Marion  Domben Mulelid

Øyvind  Myrhol

Rikka  Frøyen Sande

Beate  Leirvik

 

 

Svelgen 25.mai  

Ola Gard Tidemann   Johnsen Rise

Ina Christin   Løvseth

Sander  Rogne

Erlend  Mundal

Jonas  Gulhaugen

Torstein   Ask

Linn  Hennøy

Kristina  Førde Os

Edvard  Sigdestad Brekke

Simen  Solberg Sandvik

Iris  Buset Leirvik

Nikolas Viktor  Styve

Matthias  Staut


Friidrett

Resultatliste Riseløpet 2006 23.05.2006

 

 

Resultatliste Riseløpet 2006 finn du her


Svømming

KM 2006 i FØRDE 22.05.2006

Svømming Torstein og Katrine

 

 

 

 

I år deltok svømmegr. i Svelgen TIF. under KM. i Førde med 6 deltakarar.

Desse var Torstrein Ask, Ola Rise, Lina Vågene, Marcus Teigene, Frida Sande, og Katrine Ask.

 

Samtlege gjorde det svært bra. Medaljene tok søskenparet Torstein og Katrine Ask seg av. Torstein tok 1 sølv og 2 bronsjer, Katrine tok 2 bronsjer.

 

KM. er eit stevne der alle konkurerer saman i alderen 13-18 år.

 

Under mini KM. deltok vi med 3 deltakarar og desse var Nora Teigene, Vilde Kjelkenes og Elisabeth Mundal.

 


INC på Holmenkollstafett i helga 22.05.2006

INC Vedlikehold Svelgen har delteke på Holmenkollstafetten i helga. Initiativtakarane Joar Årøen og Øyvind Grindheim fortel til Firdaposten at dei allerede etter fjorårets stafett bestemte seg for å delta også i år, og starta tidleg med førebuingane.

Ein gong i veke har laget trena i Svelgen Idrettshus for å kunne forbedre tida og plasseringa frå i fjor, og resultatlista viser ei forbetring på 12 plassar - altså ein 65. plass. Sjå bilder her.


Solar-avgjerd utsett 22.05.2006

Avgjerda om Svelgen får Solar-arbeidsplassar er nok ein gong utsett. Direktør Steinar Talle trur ikkje på styrevedtak før i august/september.  Dette melder Fjordenes Tidende i dag.

 

Innbyggarane i Svelgen har venta i spenning på det kommande månadsskiftet heilt sidan i fjor. No skulle det endeleg bestemmast om Elkem Bremanger får heile eller delar eller ingenting av Solar-produksjonen som er forventa å gje fleire hundre arbeidsplassar. No fortel direktør Steinar Talle av han ikkje har tru på at avgjerda fell før etter sommarferien.  

          

Dette bygger han på samtaler med konserndirektør John B. Thuestad og styreleiar Bård Haugen som sist veke var i Svelgen, mellom anna for å sjå på tomta som er rydda til Elkem Solar inne på verksområdet.

           - Vi får veldig mykje skryt for måten vi jobbar og framstår på, for HMS og også for pilotanlegget vi har hatt i drift, seier Talle. Men sjølv om verksdirektøren er positiv i høve til Elkem-leiinga si haldning til verket i Svelgen, ser han mørkare på framtidsutsiktene til all kraftkrevjande industri dersom ikkje straumprisane blir lågare.

-Når kraftkontraktane får ut dette året, må vi ut i markanden å kjøpe kraft. Dette gjeld 70 kraftintensive verksemder rundt om i heile landet. For Elkem Bremanger vil ei auke på eitt øre pr. kWh bety ei årleg meirutgift på 7.1 millionar kroner. Slike ekstrakostnadar er det heilt uråd å leve med, seier Talle.

No set han sin lit til at regjeringa finn smuttholet dei leitar etter i EU sine reglement der industrisubsidiar er ulovleg. Regjeringa ynskjer å få til eit industrikraftregime, slik at verksemdene slepp å kjøpe kraft på den frie marknaden. Talle meiner ikkje Elkem si beslutning om å flytte 120 arbeidsplassar frå Elkem Bjølvefossen i Hardanger til Island var eit varsko til styresmaktene, men ei reell avgjerd for å sikre økonomisk forsvarleg drift.

ALLE FÅR JOBB

Steinar Talle fortel også til avisa i dag at alle dei 15 Elkem tilsette ved Financial Services no har fått tilbod om ny jobb.

           


27 sprang Riseløpet i år 22.05.2006

Sist laurdag vart det årlege Riseløpet arrangert, og i år var det 27 deltakarar. 14 av dei sprang i mosjonsklassa, medan dei andre, som vi ser på bildet, sprang på tid.

 

12 år gamle Ole Martin Gjerde slo far sin Stig Gjerde med eitt minutt, skriv Firdaposten.


Vant lavvo i teiknekonkurranse 22.05.2006

6. klassingane på Svelgen skule vann 1. premie i teiknekonkurransen til Norges Jeger- og fiskerforbund, melder Fjordenes Tidende i dag. Bak frå venstre ser vi Susanne, Tine Alexandra, Eldbjørg (lærar), Mads, Håvard, Ole-Martin, Helene, Benjamin, Are, Jørgen og Andrè (lærar). Sittande frå venstre: Elisabeth, Helge Sverre (bak), Trine, Oda, Martine, Rikka, Glenn-Patrick, Magnus, Dag, Sondre og Jahn-Vegard. Trine Kristiansen var ikkje til stades då bildet vart teke.


Kino i sommar? 21.05.2006

Kinosjefen lurer på om det er  interesse for å prøve å få til eventuelt nattkino med filmar som "Walk the Line", "Mission: Impossible III" eller "Brokeback Mountain".
Kom med tilbakemeldingar til Svelgen kino!
Her var 147 personar på filmen "ISTID 2"  Kjempebra :)


17. mai er overstått, og det er russetida og. Salet av russeaviser gjekk
godt, og vi vil takke dei som har kjøpt seg ei utgåve av "Aftenrussen"!

Men framleis har vi mange aviser att. No sel vi dei for 30,- i staden for
40,-. Viss du ikkje fekk sikra deg ei utgåve, så kan du ta kontakt med
Camilla: 57793476/48293694
Suzanne: 57793572/97714661

Inntektene frå salet går til Redd Barna!

BT om Elkem Solar 20.05.2006

Her kan du lese kva Bergens Tidende skriv om etableringa av Elkem Solar i Svelgen.

Rock midt i skuletida 20.05.2006

Sist veke heldt Bergens-gruppa Push konsert på Svelgen Samfunnhus - og det midt i skuletida. 

 

 

Frontfiguren i Push, Trond Strand som opphavleg frå Kalvåg, skrytte av det flotte publikummet som laga skikkeleg konsertstemning. Push heitte tidlegare Multipass og gav ut «This is Jiggy Jiggy» i 2003. Musikken er ei blanding av rock, reggae, ska og pop. I september i fjor gav dei ut ny plate under namnet Push og med Strand som ny vokalist. Bandet viste seg som eit særs bra liveband der all musikken er laga av dei sjølve.
Konserten i Svelgen var eit tilbod i samband med den kulturelle skulesekken, skriv Fjordens Tidende fredag.  Dei aller fleste ungdomane samla seg framme med scena og gav gruppa god valuta for framføringa i form av jubelrop, taktfast klapping og applaus. Og for dei som ikkje går på ungdomsskulen blir det høve til å høyre gruppa under årets Rockweekend i Bremanger.

Ny vri med russen i år 20.05.2006

Dei siste åra har dei hatt vake natt til 17. mai ved Risevatnet og på Samfunnshuset. Men i år laga dei ein vri, fortel Fjordenes Tidende fredag. Dei fekk invitasjon frå NAF og Sunnfjord Motorklubb til å komme til Førde og vere saman med andre oransjerussar. Og det stod mykje på programmet. Gokart og paintball vart noko av det mest populære sjølv om fleire av russane kunne vise til blåmerke både her og der etter natta i Førde. Og sjølvsagt var det diskotek heilt til slutt. Russepresident Elise Eikeland fortel at 13 av dei 15 russane i Svelgen takka ja til tilbodet.- Det var foreldra som tok det opp på eit møte, og vi syns det var ein god ide. Eg syns det er flott å ha noko å gjere i staden for å vere på Risevatnet heile kvelden. Det er også kjekt å treffe ungdomar frå andre stader, seier Elise. Dei returnerte til Svelgen på morgonkvisten, men gjekk ikkje til ro. Tradisjonen tru sette dei seg på eit lasteplan og vart kjørt rundt heile bygda for å vekke sambygdingane til nasjonaldagen med banking på tønner, roping og blåsing i 17. mai trompetar. No er det slutt for klassen som blir spreidd for alle vindar ettersom dei må ut av Svelgen for å gå vidare på skule.

 

BILDET: 

Bak frå venstre ser vi Eirik Bortheim Mulelid, Mikael Rogne, Bjørn Inge Vadstein, Petter Solheim, Stine Sortevik (på tvers), Elise Eikeland og Suzanne Sagebø. Nede frå venstre: Benedicte Grindheim, Hanne Isene, Henriette Olsbø Frøyen, Jørgen Bjørkedal, Camilla Hessvik og Håvard Sivertsen.Eg trur alle gleder seg til å slutte på skulen, sjølv om det blir litt trist også, seier Elise Eikeland.


Ledige stillingar i Bremanger kommune 20.05.2006

Bremanger kommune har fleire ledige stillingar. Klikk på link for "Stilling ledig" til venstre.

9. klasse tek på seg oppdrag 20.05.2006

 
Jon Åge Senneset vil takke elevane i 9. klasse fra Svelgen Skule, for kjempefint utført ryddejobb. 
Han skriv i ein epost til redaksjonen:  
"Dei drive og samler inn penger til klassetur, og tar på seg alle slags oppdrag.
Kjempefin gjeng og ha i arbeid.
Legge ved eit bilde av nesten alle som var her.TAKK FOR FIN INNSATS"

Friidrett

INNBYDING TIL RISELØPET 2006 08.05.2006

 

 

 

RISELØPET 2006 vert arrangert lørdag 20.mai

 

Start miniløype kl. 12.00 v/Risevatnet.

Start konkurranseklasser og mosjonsklasse kl.14.00 v/Svelgen Idrettshus.

 

Riseløpet 2006 har start ved Svelgen Idrettshus. Fyrste del av løpet går på asfaltert veg opp til Risevatnet, deretter vidare på anleggsveg langs nordsida av vatnet til vendepunktet og retur attende til Svelgen Idrettshus.

Løypa er ca 9 km lang.

Det vert sett opp konkurransklasse, med vanleg klasseinndeling og ein mosjonsklasse.

Vanleg premiering.

 

I år vert det og lagt inn eit miniløp utan tidtaking for dei som er under 12 år. Denne løypa er ca 4 km og starter ved byrjinga av anleggsvegen ved Risevatnet. Miniløypa har vendepunkt ved 1,5 km og ender ved Svelgen Idrettshus.

Premiering til alle.

 

Startpenger konkurranseklasse kr.100,00

Startpenger mosjonsklasse kr. 50,00

 

Påmelding innan 16.mai

til STIF v/Ingvald Ytrehus, Spettebakken 5, 6723 Svelgen.

Påmelding kan og sendast via e-post ingvald.ytrehus@enivest.net

 

Startpenger bes betalt til kto.3776.30.11462 innan påmeldingsfristen.

Etteranmelding fram til 1 time før start

 

Vel møtt i Svelgen!!

 

Sponsor for Riseløpet 2006.

 

 


Stadt sjøtransport:

Bli med på båttur og kultur på Kalvåg 18.05.2006

Det vil bli arrangert tur til Kalvåg onsdag 24 mai der Oddvar Torsheim underheld frå kl. 1900!

 

Pris pr. person kr. 300,-  tur-retur

(Billett på Knutholmen må kjøpast utanom)

 

Avgang frå Svelgen kl. 18 00 (Firda Billag)

med retur ca kl. 02 00.

Forhåndsbetaling til konto nr:

8647 10 06779

 

 

Ta kontakt med

Allan Dyrstad på tlf 48 06 57 84 

eller Ole P. Dahl på tlf  91 88 45 28

for meir info!

 

Her kan du sjekke kor tid det blir turar framover.

 


Strålande 17. mai i Svelgen 17.05.2006

Kjempefint ver la ei fin ramme rundt 17. mai i Svelgen. Det har vore sol frå nesten skyfri himmel og berre nokre ørsmå regndråpar fall etter folkefesten som for å seie vel heim etter ein flott feiring av nasjonaldagen.

 

Skulemusikken var på beina tidlig og spelte ved flaggheisinga kl. 0800. Men endå tidlegare var årets flotte oransjeruss sjølvsagt på vekkerunde rundt heile bygda. Dei har vore i Førde på alternativ feiring og fortel at det var skikkeleg moro med paintball og GoCart. Men dei rakk heim til å vekke sambygdingane tidleg på morgonkvisten. Like imponerande er det, kvart einaste år, å sjå dei korpsspelande avgangselevane som har vaka heile natta  likevel stille til flaggheising tidleg på morgonen.

 

Og tradisjonen tru får heile skulemusikken nydeleg frukost på Svelgen Hotell som takk. Og kva hadde vel 17. mai vore utan Svelgen Skulemusikk?? Nei, det tør vi nesten ikkje tenke på. Men tusen takk skal dei ha, alle musikantane med Fay Løvseth i spissen. Midt på dagen, under barneleikane, reiste dei med buss til Kjelkenes for å lage tog der. Bussen tuta og folk vinka til vårt blåkledde korps på veg til å glede andre. Under folketoget på ettermiddagen var dei på plass igjen med sine flotte og kjempeflinke drilljenter. Turen gjekk også denne gangen oppom Svelgen Bu- og Servicesenter der bebuarar og tilsette møtte på balkongen for å sjå på toget og høyre på musikken.

 

I år var også dei vaksne med på leikane på Svelgen Stadion. Det er alltid kjekt når det er ver til å vere ute i det fri. Etter at barneleikane var slutt var det duka for konkurranse med både sekkeløp og bøttestylter. INC gikk av med sigeren, etter ein strålande innsats av mellom andre deira tillitsvalde Joar Aarøen (det må vi få seie sjølv om det var lagspel). Dei kommunetilsette gjorde også ein framifrå innsats, og sto kanskje for den mest underhaldande delen av konkurransen.

 

Om kvelden var det folkefest med mykje god underhaldning. Det er alltid imponerande å sjå kor mange ulike talent og musikalske krefter vi faktisk har her i bygda. Det var rock, blokkfløyte, seniordans, korsong, trekkspel, allsong og mykje anna. Og alt vart godt presentert av årets konfransier Marianne Herje.  Heilt til sist minna årets leiar av 17. mai komiteen, Olaug Loftheim, oss om kor heldige vi er som bur i ei så vakker bygd og i eit land med ytringsfridom og fred. Og det kan vi godt bli minna om på ein dag som denne.

 

 

 

På bildene ser vi: Kari Rita på stylter, strålande fornøgd Marianne (5 år) på folkefesten,  gruppa frå 7. og. 8. klasse (førebels utan namn)  Liv Marit  i sekkeløp og mot Joar,  Svelgen songlag under leiing av Anne Karin Eidsvik, seniordansen, trekkspelklubben og ungane som spela på blokkfløyte.

ps.

Fleire av våre lesarar har også lagt ut bilder frå 17. mai på sida Fritt Ord. Send inn dine bilder du også!

Marte Ytrehus har også tatt fine bilder fra feiringa fra 17. mai


17. mai i Svelgen

GRATULERER MED DAGEN! 15.05.2006

               Program

 

0800     Flaggheising ved Svelgen Samfunnshus. Skulemusikken spelar

 

1000     Barnetog. Start frå Ungdomsskulen v/ flagget

 

1100     Gudsteneste i Svelgen kapell

 

1230     Barneleikar på Svelgen Stadion. (Idrettshuset dersom det er stygt ver)

 

1600     Folketog

 

1700     Tale ved rektor ved Davik skule, Bjørg Dombestein Lofnes

 

1730     Folkefest i storsalen med premieutdeling til ungdomsleikane                og   tautrekking/fotballkamp

              Bill.: Vaksne kr. 30,- / Born kr. 20,- / Familie kr. 60,-

 

2000     Barne- og ungdomsarrangement på Realen. Aldersgrense 12 år

              Kiosksak: Pizza - Brus - Kaker - Snop

 

 

¤¤¤  Skulemusikken har open kafe i småsalen og vestibylen på Samfunnshuset. Servering av kaker, kaffi, is og brus. ¤¤¤


17.mai på Svelgen Hotell 09.05.2006

Det blir kakebar på
Svelgen Hotell frå
kl. 1100 og varmbuffet frå
13.00 til 1700 på 17. mai.
 
 

No er 17. mai her igjen med:

Ny russ og ny russeavis! 15.05.2006

 
( illustrasjonsbilde frå 1981) MELDING FRÅ ÅRETS RUSS 2006: Dei tre siste åra har russane hatt 16-sider aviser, men i år har vi slått
til med ei avis på heile 24 sider. Og prisen er det same for dei siste åra,
40 kr!

Vi har jobba med denne avisa sida starten på skuleåret, og er no veldig
fornøgd med resultatet av alt arbeidet vi har lagt ned.

Vi har fokusert på at innhaldet i avisa skal fortelje om oss som klasse, og
ha underhaldande mimrehistorier frå alle dei ti åra vi har gått på Svelgen
skule. Det er desse som har bunde oss saman til den klassen vi er idag, som
vi om ikkje lenge skal skiljast frå.

Inntektene frå årets avis går til organisasjonen Redd Barna.

Vi vonar at avisa vår blir godt motteke av Svelgen si befolkning!

Helsing russen 2006!

 

---------------

Sidan årets Russeavis er strengt hemmeleg fram til 17. mai brukar vi dette illustrasjonsbildet. Det er som de ser av russeavisa som no er heile 25 år gamal. Då var den på berre 12 sider og kosta sju kroner. Men innhaldet er mykje det same som i åra etter. Viss ikkje det er noko heilt nytt russen 2006 har funne på?!

Etter det vi kan hugse var det Frode Svarstad som teikna framsida til russeavisa 1981.

Vi nyttar høvet å helse til 25 års jubulantane!


Svelgen del av ny kyststamveg 16.05.2006

Kystvegutvikling AS ynskjer at andre del av fastlandssambandet i Bremanger skal vere ein viktig bit i den nye kystvegen RV 61 som skal gå mellom Florø og Ålesund.  

Svelgen må også kunne forvente forbetra vegar når det no blir mykje gjennomfartstrafikk gjennom bygda.

Fredag hadde Kystvegutvikling AS generalforsamling. Det er ingen tvil om at  Svelgen blir gjennomfartsåre når denne vert ferdig og at det vil betre kommunikasjonen nordover vesentleg. Det vil ta 20 minutt til Kolset og derifrå kan ein komme til Måløy med ti minutts kjøring og ferje. Likeins vil vegen knyte Bremanger kommune saman på ein betre måte, med Kolset som kommunikasjonssenter.

 

Anlegget ligg fast i Nasjonal Transportplan med startløyving i 2009, men generalforsamlinga uttrykte det som sikkert at vegen vert påbegynt i 2008. Reguleringsplan skal vere ferdig i år.

 

 

Truleg vert det alternativet med lang tunnel, som mellom anna skal gå under Vingevatnet, som blir realisert.  Den har innslag i Bortnedalen omlag 700 meter innover frå brua rett vest for elva frå Skoravatnet. På vår side blir innslaget ved Sørdalsvatnet som ligg nokre hundre meter sør for elveutløpet og utanfor barskogvernområdet i Sørdalen.  Dette alternativet blir 8000 meter kortare enn ved bygging av den tidlegare planlagde vegen med kort tunnel som skulle gå opp Bortnedalen med tunnel under Karlskaret.

 

Stigninga vil også verte vesentleg mindre med 5 prosent i høve til åtte prosent med kort tunnel. Det prioriterte anlegget er kostnadsrekna til 330 millionar kroner medan det andre alternativet kostar 270 millionar kroner. Det er likevel grunn til å tru at det dyraste alternativet vil vere det beste reint samfunnsøkonomisk, i følgje dagleg leiar i Kystvegutvikling AS, Ragnar Hagen.

Elkem Bremanger er i årsrapporten til Kystvegutvikling  nemnt som ei av fleire internasjonale verksemder som vil ha mykje å tene på fullføring av fastlandssambandet.

Les meir i Fjordenes Tidende måndag 15. mai. 


120 arbeidsplasser kan forsvinne i august:

Elkem reduserer i Ålvik i Hardanger 15.05.2006

Høy kraftpris gjør at Elkem flytter 120 arbeidsplasser fra Ålvik i Hardanger til Island allerede i august. I 2010 kan det blir kroken på døra for hele hjørnesteinsbedriften Bjølvefossen og bygdas største arbeidsplass kan forsvinne.


På et allmøte i Ålvik kom det frem at det eneste som kan hindre redusert drift i august og senere nedlegging i 2010 er at regjeringen gjør noe med kraftprisen. Strømprisene er mye lavere på Island, derfor vil Elkem flytte produksjonen dit, melder NRK

For bygda Ålvik er det en katastrofe. Bjølvefossen er bygdas største arbeidsplass.


Idèdugnad i Svelgen Kapell 15.05.2006

 

Midtgulen sokneråd inviterer til idèdugnad - vi vil gjerne at fleire skal bruke kyrkja.

Har du idèar om kva vi saman kan gjere?

Arrangement

Nye aktivitetar

Innslag / deltaking i gudstenestene

 

Du er hjarteleg velkomen tirsdag 23.mai kl18:00 i Svelgen Kapell

 

Vi held kaffi og kaker

 

 

For Midtgulen Sokneråd

Espen Sortevik

Leiar


Neste torsdag:

Karsten Isachsen kommer til Svelgen kapell 15.05.2006

Torsdag 25. mai kl. 1900 kommer prest og forfatter Karsten Isachsen til Svelgen kapell med sin tale Jeg tror på gledens Gud.

 

I 1978 debuterte Karsten Isachsen som forfatter med boken Gjester som ikke vil gå.

Siden da har han gitt ut 35 bøker i Norge, Sverige, Danmark og Finland, med et samlet opplag for bøker og lydbøker på over en halv million!

 

De siste 25 årene har Karsten vært mye på ferde i norsk næringsliv, men samtidig har han holdt nesten like mange taler og prekener ved kirkelige arrangementer. Hvert år besøker han en rekke kirker og formidler tanker fra sin huspostill Livsglede:

 

“Jeg kjenner stor glede ved å ha kirkens prekestol som min sentrale arbeidsplass.

Det har vært noen spennende år med forelesninger for næringslivet om kommunikasjon og konfliktløsning. Og min yrkeserfaring som prest har alltid skint igjennom. Men det er kirkens prekestol som står mitt hjerte nærmest. Her kan jeg tale om alle menneskelivets sider, med hovedvekt på den åndelige dimensjon,” sier Skurdalspresten.

 

I den store spørreundersøkelsen for et par år siden hvor 3000 mennesker svarte på sitt forhold til Den norske kirke, var ett av spørsmålene om hvilke prester du har respekt for og samtidig liker å lytte til.

De tre som fikk høyest uttelling her var Rosemarie Køhn, Karsten Isachsen og Bjørn Eidsvåg.

 

Bokkafé.

 

Etter Karstens livsglade tale blir det bokkafé.

Her får du hilse på taleren og se på hans bøker. Vil du kjøpe en bok så får du den signert, Karsten har alltid flotte tilbud på sine siste bøker og lydbøker.

 

Arrangementet har fri entré - velkommen til en annerledes, spennende og glad kveld i kirken!


Fritt ord open igjen! 11.05.2006

Redaksjonen i Svelgen.no har beslutta å opne Fritt Ord sida igjen. Kom med innspel og innlegg om alt mulig. Men ver venleg å følg spelereglane slik at vi får behalde sida; vis respekt for andre og andre si meining og ikkje namngje personar utan å sjølv skrive under innlegget med fullt namn.

 

Velkomne til Fritt Ord igjen.


70 liter sprit beslaglagt 10.05.2006

 

 

Ein mann frå Bremanger har erkjent å ha kjøpt og omsett 70 liter sprit.

Lensmann Hans Rune Strandos åtvarar folk mot å kjøpe slik sprit.

 

Les meir i Fjordenes Tidende.


Vil ha automatfri kommune 10.05.2006

Bremanger kommune skal no undersøkje om det er mogeleg å forby alle speleautomatar. Espen Gulliksen (Ap) inviterte til diskusjon utanom sakskartet og fekk med seg alle dei andre politikarane i år prøve få til ei automatfri kommune. Dette melder Fjordenes Tidende i dag.

- MMI gjennomførte i fjor ei undersøking som viste at desse speleautomatane har ein omsetnad på 26 milliardar kroner. Vi har 71.000 speleavhengige mennesker i dette landet og dei står for 90 prosent av omsetnaden på automatar og 60 prosent av pengespel på Internett. I Lyngen kommune har dei sendt oppmoding til dei næringsdrivande   om å fjerne automatane, og dette vart gjennomført. Også i Bardu er alle automatar fjerna. Eg meiner at vi, med heimel i kommunehelselova, kan pålegge visse reguleringar som går direkte på helsa laus for mange. Dette er ikkje ein nasjonal anliggande og kommunen bør kunne bestemme om dette er noko vi ynskjer eller ikkje. Vi har fleire mennesker også her i Bremanger kommune som bokstavleg tala har spelt seg frå gård og grunn. Det er ikkje noko anna enn tragisk, sa Espen Gulliksen som ba administrasjonssjefen legge fram sak til vedtak med det første. Men allereie før dette eventuelt blir politisk handsama vil kommunen sende ut oppmoding til dei som har automatar om å fjerne dei. 


Berre klagarar får pengar tilbake 10.05.2006

 

Politikarane i Bremanger avgjorde i går at det berre er dei som har klaga på vassavgifta får prisavslag. 

 

  Dei vedtok einstemmig at alle som krev redusert vassavgift vil få trekt 217 kroner på neste rekning. Eventuelle nye klager frå abonnentar ved Svelgen vassverk, Rugsund vassverk og Bråtane vassverk vil automatisk få same handsaming som dei elleve klagesakene som var oppe til handsaming i går.


Sommarferie for måndagstrening 09.05.2006

Måndagstreningane for damer har tatt sommarferie.
Men  stepen på onsdagane fortsett ut mai.
 
Helsing STIF

Ope hus ved Knekkevatn 09.05.2006

Onsdag 10.05. frå kl. 17.00 - 19.00 er det ope hus på Knekkevasshuset. Servering av kaffi, te, saft + litt å bite i. Alle er velkomne.   
Vegen finn du på merka sti  ved Svelgsvatnet eller frå trappa ved Sørdalsvatnet.
Så onsdag tek du ettermiddagkaffien i solveggen på Knekkevasshuset  eller i stova der . Flott utsikt over Svelgen og fjorden. Betaling for serveringa  (skrangling)
KEIPEN TURLAG

Steinblokker i vegen 07.05.2006

Fredag kveld ramla nokre store steinblokker ut i vegbana like ved øvste opninga til Lissjevatntunnelen ein knapp km frå Svelgen. Ein bil fekk mindre materielle skader, melder Firdaposten.no 

Naustneset utfordrar andre nabolag:

Tid for vårreingjering 04.05.2006

 

 

Viser til innlegg på Svelgen.no 27.04 at redaksjonen tek imot meldingar om tiltak som vert gjort i svelgen no på våren.

 

Bebuarane i nabolaget Skulevegen og Hamrane i øvre del av Naustneset var i år igjen samla til vårreingjering av nabolaget. Dagen for dugnaden var onsdag 03.05.

 

Oppgåver som vart gjort:

Rensking av grøfter langs vegane heilt ned t.o.m ungdomsklubben. Rydding av søppel på fellesområde og areal rundt tomme kommunale eigedomar.

Reparasjon av gjerde i lunden (området sør for SBS).

Rydding av kratt, busker og felling av sjenerande tre.

 

Totalt køyrde vi vekk nærare 10m3 rusk og rask frå felles areal.

Takk til alle som deltok. Flott innsats!

 

Det som no står att er at kommunen tek ei runde i området med feiemaskin.

Deretter kan vi godt la folketoget på 17. mai passere vårt nabolag.

 

Nabolaget nyttar anledninga til å utfordre andre nabolag i Svelgen til eit felles løft no på våren.

 

For nabolaget

Per Arne Sæterlid


Ledige stillingar i Bremanger kommune 04.05.2006

Bremanger kommune har lyst ut fleire ledige stillingar. Sjå Stilling Ledig til venstre.

Stadt Sjøtransport

Arrangerer turer til Kalvåg/Bremanger 03.05.2006

Stadt Sjøtransport har planar om å arrangere   turar med skyssbåt frå Svelgen til Kalvåg og eller Bremanger i sommar fra midten av  mai. Ole Petter Dahl opplyser ta dei vil forsøke å ha turer omlag  kvar laurdag eller når noko skjer av arrangement. Det blir avgang frå Svelgen kl. 2100 og retur kring 0200.
 
Det nyskipa selskapet opplyser at dei nyleg har underteikna 5 års kontrakt på slepebåttjenester med
Bremanger Quarry.

Nattcup fredag 03.05.2006

 

 

For alle ungdomar mellom

13 – 18 år

Stad:     Svelgen Idrettshus

Tid:       5. mai   klokka 20.00-01.00

 

Aktivitetar : Play station 2 dansematte. Play station 2 singstar.

Play station 2 eye toy.

Discotek. Bordtennis. Biljard. Pilkasting og andre spel.

Fotball, landhockey, basket, og volleyball.

De må ha med klede som passar for aktivitetane.

Det vil bli utdeling av fine premiar, og muligheiter for å vinne flotte gåvekort.

Alle samlast i hallen klokka 20.00. Der tek vi påmelding av lag som består av både jenter og gutar. 6 stk. på kvart lag.

Kjekt om ein set i hop lag frå ulike plassar .

Open kiosk!!

Vi håpar mange kan møtast til ein hyggjeleg kveld med mange ny aktivitetar.

 

Buss frå Kalvåg                        kl. 17.30

Buss frå Grotle                       kl. 18.00

Buss frå Davik                         kl. 19.00

Buss frå Ålfoten vegkryss         kl. 19.20

Retur klokka 01.00

 

Bussbillett tur/ retur                 kr. 50,-        

Inngangsbillett                          kr. 50,-

Skal du fylgje buss, ring klubbleiarane: Espen Gulliksen 57793210 eller

Sissel Klungreseth 57791203 mob.   95204091

 

Helsing Bremanger ungdomsråd og S.T.I.F

 


VÅRKONSERT – VÅRUTSTILLING 03.05.2006

Svelgen skulemusikk og Svelgen og omegn husflidslag har slått saman to arrangement, og inviterer til ulike aktivitetar i Svelgen idrettshus laurdag 6. mai.

 

Kl. 1200 – 1530

 

Skulemusikken

Ulike aktivitetar – pilkast, tombola, 21, lykkehjul, minibowling, ball-i-bøtte.

 

Quiz : Delta på vår uhøgtidlege quiz og ver med i trekningen av ei spekeskinke!

 

Kafè : Sal av kaker, kaffi og brus. Legg kafèbesøket til idrettshuset denne dagen – vi tilbyr   gode, heimelaga kaker og velsmakande kaffi!

 

Husflidslaget

10 personar frå husflidslaget vil vere til stades for å demonstrere ulike teknikkar.

Loddsal.

 

Kl. 1600

Konsert av Svelgen skulemusikk.

Drilloppvisning.

 

Billettsalet til konserten startar kl. 1500.

 

Prisar :

Born opp til 14 år : kr. 30,-.

Vaksne                   : kr. 50,-.

Familiebillett         : kr. 150,-.

 

 

Vi ønskjer vel møtt og håpar at flest mogleg har høve til å komme på denne tilstellinga!

 

 

 

Arr : Svelgen skulemusikk                                            Svelgen og omegn husflidslag


Bråk ved Risevatnet

Til sjukehus i natt 01.05.2006

Ein tenåring vart banka opp og fekk skader i nakken og andletet etter å ha blitt banka opp ved Risevatnet i Svelgen natt til 1. mai. Åtaket skal vere uprovosert og politiet ser alvorleg på saka. Guten vart frakta til sjukehus i ambulanse grunna skadane.  Dette melder Firdaposten.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept