Arkiv Jan 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Mykje nedbør i Svelgen i januar 31.01.2003

Det fall 426 mm nedbør i Svelgen i januar månad, mot "normalt" som er berekna til 230 mm. Rekorden for januar månad stammer frå 1989, då det fall 661 mm.

Berre 3 døgn i januar var utan nedbør, og det meste som kom på eit døgn var heile 91 mm. Ved inngangen til februar har det kome nedbør i 25 døgn på rad i Svelgen.


Djevelens Ryggrad søndag:

GRØSSER PÅ SVELGEN KINO 31.01.2003

Søndag 2. februar viser Svelgen kino grøssaren Djevelens Ryggrad. Filmen starter kl. 2000 og har 15 års aldersgrense.

The living will always be more dangerous than the dead.

Filmen er nominert i kategorien Beste Horror Film av Academy of Science Fiction, Fantasy & Horror Films, USA.

Hva er et spøkelse? En følelse, eller et forferdelig øyeblikk som kommer tilbake igjen og igjen? Noe som står fast i tiden, som et uskarpt fotografi? Svaret finn du i kinosalen i Svelgen søndag...


Banksamanslåing? 31.01.2003

Sparebanken Flora-Bremanger og Sparebanken Sogn og Fjordane startar no tingingar om samanslåing.

Det er klart etter styremøtet i Sparebanken Flora-Bremanger i går. Bakgrunnen er store tap. I fjor hadde banken eit underskot på 40 millionar kroner.

Dei som har grunnfondsbevis i banken får tilbod om innløysing til ein kurs på 115 kroner. Vedtaket om samanslåing krev 2/3 fleirtal i forstandarskapen til banken. Dersom samanslåingsavtalen får tilslutnad kan det tidlegast bli samanslåing frå 1. november i år, melder nrk.no.


Svelgen Hotell

Birger Meland spelar til dans på Hotellet laurdag 31.01.2003

Sjå linken nedanfor for fleire arrangement på Hotellet framover.

Kva skjer på Hotellet

Elkem Energi Bremanger billegare enn alle landsdekkande leverandørar 31.01.2003

På Konkurransetilsynet si liste som gjeld for veke 7 (f.o.m. 10. februar), går det fram at ingen landsdekkande leverandørar er billegare enn EEB sin pris på 71,92 øre/kWh. EEB står ikkje på denne lista fordi dei ikkje er landsdekkande, men berre leverer til kundar i Svelgen.

Konkurransetilsynet Straumprisar

Bremanger Nytt i februar 30.01.2003

Om du ikkje bur i kommunen og får tilsendt dette kommunebaldet, kan du lese bladet ved å klikke på linken under.

Bremanger Nytt

World of Friendtex

Ny link på Svelgen.no 30.01.2003

Som dei oppmerksame har oppdaga har vi fått ny link nede til venstre. Det er ei heimeside for World of Friendtex som er laga av Ingrid Haugen og Irene Sæterlid. Vi forhandlar klede for denne kjeden og dei som er interessert i å sjå på kleda, bestille katalog eller party kan klikke inn på linken. MASSE FLOTT!! Vi planlegg å lage til mannekengoppvisning om ei stund - så følg med!

Heimesida til Ingrid&Irene

Servicekontoret vidaresender heftet 30.01.2003

Viss du er ein av dei som ønsker å få tilsendt Kulturkommune Bremanger Heftet kan du kontakte serveicekontoret i kommunen på nr. 57796300 eller sende ein epost til post@bremanger.kommune.no.


Volleyball

Skryt til Knut Arild Fløtre 29.01.2003

På Bjørn IL si heimeside får svelgaren Knut Arild Fløtre skryt for innsatsen i helga. Som Svelgen.no tidlegare har nemnt, vann Bjørn to og tapte ein kamp i Bergen.

På heimesida går det fram at den andre svelgaren på dette topplaget i 1. div.,Ronald Førde, spelte på uvant plass p.g.a. skader i laget.







Bjørn IL


Straumprisen vert sett ned til 71,92 øre/kWh 29.01.2003

Elkem Energi Bremanger melder at straumprisen vert sett ned til 71,92 øre/kWh med verknad frå 10. februar. Denne prisen er inklusive statlege avgifter som 9,5 øre/kWh i forbruksavgift og 24 % mva.

Bremanger Quarry leige inn ekspertise på miljø 29.01.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Bil på taket til AutoForum i Førde:

Utflytt svelgar på Vestlandsrevyen 28.01.2003

I dag kunne ein på Vestlandsrevyen sjå, Dag Eikeland som er utflytt svelgar, som talsmann for leiinga i AutoForum. Dette i samband med at AutoForum i Førde annonserer med ein bil på taket av foretningsbygget.

NRK S. og Fj.

Mange på Ungdommens Kulturmønstring 28.01.2003

Ungdommens Kulturmønstring vart arrangert på Svelgen samfunnshus i helga. Musikk, dans, film, ord og bilder vart framført med stor variasjon og overveldande kvalitet. Den fullstappa salen lot klappsalvane hagle over dei unge kunstnarane. Den som imponerte svelgen.no sin utsende aller mest var 13 år gamle Birgitte Nesbakk frå Bremanger. Her har vi med eit stort talent å gjere - det er det ingen tvil om. Også Eirin Ask Nyheim, som etter kvart er blitt veteran i å opptre, gjorde ein flott figur med eigenkomponert melodi.

Også svelgarane kom sterkt ut av mønstringa. Kristina Mundal og Eli Karoline Kvendseth sin Power Point presentasjon "Sult" går vidare til fylkesmønstringa. Det same gjer diktet til Isabel Grindheim om Mannen på Månen.

Litt skuffande var det at den morosame videoen til delar av 10. klasse på Svelgen skule ikkje gjekk vidare. Det var det einaste humoristiske innslaget som vekte stor åtgaum blant dei 123 publikummarane. Men at det var vanskeleg å velje har vi stor forståing for!


Volleyball

2 sigrar og eit tap for Ronald Førde
og Bjørn IL
28.01.2003

Bjørn IL sitt 1. divisjonslag var i helga i Bergen og spelte 3 kampar. Laget vann to kampar, men tapte den viktige toppkampen mot Rå. Dette var Bjørn sitt første tap i 1. divisjon.

1. divisjon avd. 2

ÅRSMØTE I NKF 28.01.2003

Norsk kommuneforbund avdeling 537 Bremanger held årsmøte på Svelgen hotell lørdag 1 februar kl: 16.00. Vi ønsker alle våre medlemmer velkommen.

Gode resultat i volleyball 28.01.2003

Totalt deltok 16 lag i helgas turnering, 7 J15 lag, 4 G15 lag og 5 Mix 13 lag. I helga var Svelgen Turn og Idrettsforening vertskap for frelste volleyball-ungdomar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Turneringa gjekk av stabelen klokka 10 søndag og alle Svelgen-laga greide å hevde seg på toppen. Framtida ser lys ut for det spirande volleyball-miljøet i Svelgen, trass i at Svelgen i sitt 2.div lag tapte mot eit veldig sterkt Ålesunds-lag søndag kveld.

Resultat på STIF-sida


Ta kontakt:

Har DU fått kulturheftet? 28.01.2003

Dersom du bur i Bremanger kommune har du sannsynligvis også fått det flotte kulturheftet om Bremanger kommune. Heftet er blitt svært godt motteke og viser kommunen vår i ord og bilder på ein måte som ikkje har blitt gjort før.

Dersom du bur utanom kommunen eller kjenner nokon du veit ville ha glede av å få heftet kan du ta kontakt Hildegard på telefon 57 79 13 23 eller 48 14 04 88 eller servicekontoret i Bremanger kommune 57 79 63 00. Du kan også sende en mail til oss i redaksjonen så vidareformidlar vi beskjeden.


Stortrivst i Flora og Bremanger:

Fleire nederlendarar på veg 28.01.2003

På få år har meir enn tjue hollandske familiar, kring 80 menneske med stort og smått, flykta frå menneske-maurtua på Kontinentet til utkantane heilt vest i Sogn og Fjordane. Til øyane Hovden, Fanøy og Svanøy har dei kome med flyttelassa sine. I grendene Grotle, Dyrstad, Davik, Botnane og Haukå har dei slege seg ned. Dei har funne seg til rettes i Ålfoten, i Nordalsfjord, Eikefjord og i Kalvåg. To familiar har busett seg i Svelgen. Dei siste kom på veslejulafta. Snart kjem det nye flyttelass.

Les meir

BK Syver'n :

Klubbmeisterskapet fortset 28.01.2003

Fjerde kvelden av klubbmeisterskapet vart spelt i går kveld, der Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen trygga leiinga si i samandraget. Resultat og spelstensilar ligg på bridgesidene.

Fotball

Thor Kristian Sortevik til Bremanger 27.01.2003

Fjordenes Tidende melder at Sortevik skal spele for Bremanger i 4. divisjon i 2003. Sortevik har dei to siste åra spelt for STIF i 6. divisjon.

Posten over til Kopen februar 26.01.2003

Posten flyttar over til Kopen midt i februar dersom alt går etter planen, opplyser butikksjef Anette Forthun til Svelgen.no.

Posten har sidan nedlegginga av Joker halde til i lokala, men skal no over gata. Det blir spennande å sjå korleis det skal verte plass til Posten på den allerede ganske velfylte butikken.


Svelgen Kino søndag 26. januar

Ringenes Herre - To tårn 26.01.2003

I dag søndag, 26. januar, viser Svelgen kino Ringenes Herre-To Tårn.

Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien regnes av millioner verden over som det mest fantastiske eventyr som noensinne er fortalt. J.R.R. Tolkiens romantrilogi beretter om maktkampen rundt den beryktede "Herskerringen." På hånden til sin skaper, den Mørkets herre, Sauron, gir den ham makt til å legge hele verden i trelldom. I Peter Jacksons regi er filmtrilogien Ringenes Herre et vågestykke uten like - tre filmer lages samtidig under en produksjonstid på ett og et halvt år. "Ringenes herre: Ringens brorskap" hadde premiere 19. desember i 2001, til fantastiske kritikker over hele verden, og ikke mindre enn fire Oscarstatuetter.

"Ringenes Herre" tar oss med tilbake til Midgard, og er en fantastisk fabulering over et utrolig eventyr - satt i en tid før den skrevne historie, da menneskene delte verden med udødelige alver, mektige trollmenn, flittige dverger og hobbiterkl.

Filmen starter kl. 1800 Aldergrense 11 år (Ikkje anbefalt under 11 år)


Fotball

Bøhmer & Sørheim trener A- laget 26.01.2003

Fotballgruppa melder på STIF si heimeside at trenerkabalen for 2003 er gått opp. For 6. divisjonslaget skal Stian Bøhmer og Torgeir Sørheim vere likestilte trenarar.

STIF

Magnhildskaret opna att 24.01.2003

Uveret i dag har ført til at mange vegar i dag har vore stengde i periodar, blant anna riksveg 614 Magnhildskaret. Dei fleste er no opna igjen. Dette melder NRK Sogn og Fjordane

Svelgen delvis isolert 24.01.2003

Sterk vind og snøfall har ført til at Magnhildskaret er stengt. På strekninga Svelgen-Isane er det kolonnekøyring over Ålfotdalen, melder NRK Sogn og Fjordane fredag føremiddag.

Kåre Jarl Langeland misfornøgd med SFE

Høns i Sandvika i fare ved straumbrot onsdag 24.01.2003

Les meir på linken under.

NRK S. og Fj.

Gladnyhender om du nyttar lokale tenester:

Rentekutt & redusert straumpris... 24.01.2003

Torsdag 23/1 melde Sparebanken Flora- Bremanger at dei set ned renta med 0,5 % - poeng frå 6/3.

I følge sikre kilder tyder også mykje på at Elkem Energi Bremanger i rimeleg nær framtid vil gå ut med prisreduksjon på straumen.

Sparebanken Flora- Bremanger


volleyball

Stor volleyballaktivitet søndag 26/1 23.01.2003

Styret i Volleyballgruppa melder at det søndag skal vere turnering for 13- og 15- åringar, både jenter og gutar, i Svelgen Idrettshus. STIF stiller lag i alle klassar. Turneringa tek til kl. 1000.

Same dag kl. 1800 møter STIF sitt herrelag i 2. divisjon Ålesunds- laget Blindheim til seriekamp.

Publikum er hjarteleg velkomne i Idrettshuset.


Kjøpte Bremanger Fryseri for 7.5 mill. 22.01.2003

Plan og uviklingsutvalet i Bremanger kommune gjekk i går inn for å kjøpe eigedomane til Bremanger Fryseri for 7,5 millionar kroner.

Dermed ser det ut til at verksemda med 35 til 40 tilsette er berga. Bremanger Fryseri har i lengre tid hatt store økonomiske vanskar og dei tilsette har vore permitterte sidan før jul. Ordførar Einar Kjerpeseth meiner dette er godt brukte pengar.


91 mm nedbør målt onsdag morgon 22.01.2003

Elkem Energi Bremanger målte onsdag morgon heile 91 mm nedbør i Svelgen. Denne nedbøren kom mellom kl. 7 tysdag - kl. 7 onsdag.

Ein må tilbake til oktober 1995 for å finne tilsvarande nedbørsmengder i Svelgen. Då fall det 113,5 mm på eit døgn. Dette var det einaste døgnet i perioden 1990 - 2002 med over 100 mm. Nedbørsrekorden stammer frå september 1966 då det fall 130,5 mm på eit døgn.

Til denne tid i januar har det kome 347 mm nedbør. Normalen for januar er berekna til 230 mm.


BK Syver'n :

Ingen store endringar i klubbmeisterskapet 21.01.2003

Resultatet mandag, der Anne Elise Løvold og Bjørn Yttrehus vann, gav ingen store endringar i samandraget i klubbmeisterskapet. Resultat og samanlagtliste ligg på bridgesidene.

Kjerpeseth tek gjenval 21.01.2003

Ordførar Einar Kjerpeset har sagt ja til attval som ordførarkandidat for Senterpartiet. Han har vore ordførar i Bremanger kommune dei siste åtte åra og seier til Fjordenes Tidende at han er motivert til å halde fram i jobben. Det er no opp til nominasjonsmøtet i Bremanger Senterparti å avgjere om dei vil sette Kjerpeseth på topp nok ein gong.

Fotballturnering i Sogndal

Arild Førde på vinnarlaget 21.01.2003

Arild Førde, utflytta svelgar, var i helga med på laget til Sogndal kommune som vann grendaturneringa "Kjempenes Liga" i Sogndal. Ronald Førde deltok på laget til "Pedagogikkstudentadn".

For dei som er for unge til å hugse Arild Førde, så spelte han for Sogndal sitt A- lag i ei årrekkje og var blant anna kaptein for laget i "Eliteserien". I 1988 vart han utteken til to landskampar for det norske A- landslaget og vart også kåra til den 4. beste spelaren i "Eliteserien" på spelarbørsen til VG.

Kjempenes Liga


Ulovlige permitteringar?

Elkemtilsette kan miste dagpengane 19.01.2003

Klubbleiar Bjørnar Førde i Svelgen meiner permitteringane i Elkem Bremanger er ulovlege. Konsekvensen kan bli et dei permitterte mister dagpengane.

Dette melder NRK. Førde trur motivet bak permitteringane er profitt, og at bedrifta vil frigjere kraft for å selje ho vidare på den opne marknaden.

Har Førde rett, vil dei tilsette sitje att utan dagpengar, for Elkem bryt lova dersom dei kastar lønnsutgiftene over på det offentlege. Det bekreftar Lars Arne Ryssdal i Aetat.


Like mykje nedbør fredag som i heile desember månad 2002 18.01.2003

Frå fredag morgon til laurdag morgon fall det 50 mm nedbør i Svelgen, som var det same som fall i desember 2002.

Til denne tid i januar månad har det kome 240 mm, som er dobbelt så mykje som det fall til saman i november og desember 2002.


Treningstider i hallen 16.01.2003

Nettsida til STIF har no lagt ut komplett timeliste for Svelgen idrettshus. Klikk på linken for å få opp treningstidene

Treningstider

Elkem har tjent 120 mill.

Tjente 400 mill. på kraftkrisen 16.01.2003

Den kraftkrevande industrien skaffa seg ekstrainntekter på over 400 millioner kroner fjerde kvartal i fjor ved å selge deler av kraften på det åpne markedet, skriv Nettavisen.

Elkem solgte rundt 200 GWh kraft til en verdi av 120 millioner kroner, men informasjonssjef Svein Sundsbø vil ikkje gå med på at det berre medførte inntekter for selskapet.

- Vi taper inntekter på å stoppe produksjonen. I tillegg har vi ikke kjøpt all kraften til samme pris. Derfor er det vanskelig å sette opp et regnestykke over hva vi har tjent eller tapt, sier Sundsbø.

Selskap med gunstige strømavtaler har tjent gode penger på å selge strømmen i stedet for å bruke den i egen produksjon. Fleire bedrifter har lagt ned deler av produksjonen og solgt strømmen de har spart.

Den kraftkrevende industrien solgte 15 prosent av kraften sin i fjerde kvartal i fjor, skriver Aftenposten. Strømmen tilsvarer en kraftmengde på 1,5 TWh. Avisen har regnet ut at selskapene har tjent 400 millioner på krafthandelen. Kostnader for tapt produksjon og sosiale kostnader er ikke tatt med.


Departementet slår fast:

- Ikkje lov å strøm-permittere 16.01.2003

Nettavisa har følgande aktuelle artikkel i dag:

" Det er ikke lov å permittere ansatte fordi det er mer lønnsomt å selge strøm enn å drive produksjon. Dermed må trolig Fesil hente 70 permitterte arbeidere tilbake i jobb.

- Det er greit nok at industrien mener de tjener mer på å selge strøm enn på å holde sin egen produksjon. Men de må selv bære lønnskostnadene for sine ansatte, sier statssekretær Lars Arne Ryssdal i Arbeids- og administrasjonsdepartementet til Nettavisen.

Heile artikkelen


Gjer Elkem det einaste riktige ? 16.01.2003

Elkem har ei lukrativ kraftavtale med staten. Dei produserar krafta billeg og sel dyrt. Er det riktig av dei å no leggje ned omnane for så å selje krafta ?

Sei di meining på "Fritt ord"-sida vår.


Svelgen Linedance

Swing- og linedanceøving / repetisjonskurs swing 15.01.2003

Tysdagane framover blir det dansekveldar med høve til å repetere gamle og lære nye turar/dansar.

Partalsveker: Swing kl. 1930 - 2100.
Oddetalsveker: Linedance kl. 1930 - 2100.

Tysdag 21. januar vert det eit lite repetisjonskurs i swing.

Møt fram på Realen.


Bremanger Musikklag til Svelgen:

Set opp Elton John 15.01.2003

Bremanger Musikklag er i full gang med eit nytt musikkprosjekt, etter at dei vart tildelt kulturprisen for 2002 for ABBA-konsertane sine.

Denne gongen er det Elton John sin musikk som er tema - noko vi ser fram til å få med oss. For Musikklaget kjem også til Svelgen, men datoen er ikkje heilt spikra endå.

Bremanger musikklag vart overvelda over responsen dei fekk på ABBA-konserten i Svelgen, og vurderer å sette opp to forestillingar slik at alle som vil får hendinga med seg.


Søndagsfilmen 19. januar

HIMMELFALL på Svelgen Kino 15.01.2003

Søndag viser Svelgen kino den norske filmen Himmelfall med Kristoffer Joner og Maria Bonnevie. Filmen er svært godt motteken i byane - og no står han altså for tur i Svelgen.

Litt om filmen:

En taxi vipper på kanten av stupet. I og rundt bilen er åtte mennesker med hver sin drøm. De har virret rundt i førjulstiden og endt på helt andre steder enn de tenkte seg. Nå som desperasjonen setter inn, former de en allianse. Kanskje kan julen bli bra likevel?

De er ikke syke. De har bare et alternativt syn på verden. «Himmelfall»s søkende, ensomme mennesker griper og betar, skriv Dagbladet om filmen som får terningkast 5.


Elkem med småkraftverk? 14.01.2003

Elkem i Bremanger vil bygge eit småkraftverk på ca. 6,5 GWh i Svelgsdalen.

Går alt i orden, vonar dei å starte til hausten. Kraftverket skal byggast aust for inste enden av Svelgsvatnet, og utnyttar eit bruttofall på ca. 39 meter frå Sørdalsvatnet, fortel kraftverksjef Oddleif Andersen på spørsmål frå Firdaposten.

Les meir i Firdaposten


Bridge :

Nye leiarar i teten i klubbmeisterskapet 14.01.2003

Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen overtok leiinga i klubbmeisterskapet etter at 2 av 10 kveldar en unnagjort. Les meir på bridgesidene.

Farlege vegar til Florø/Førde 13.01.2003

Snø som vart til is, og regn som polerte isen, førte til kaotiske tilstandar på vegane i fylket, og tidvis gløda telefonlinjene til vegmeldingssentralen i helga.

Strekninga Grov-Magnhildskaret i Flora kommune var uframkommeleg laurdag. Lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos, kritiserer no statens vegvesen for dårleg strøing. Han meiner beredskapen er for dårleg. Kvar gang det er vêromslag vert det uframkommeleg, seier han.

Om det er både irriterande og forseinkande for nokon kvar å bli ståande fordi vegen er uframkomeleg, kan det beint fram bli kritisk dersom utrykkingskøyrety blir hindra på grunn av mangelfull brøyting og strøing. Lensmannen har enkelte gonger sett seg nøydd til å oppmode legevakta å nytte helikopter eller båt om dei skal ha pasientar på sjukehus. Det er NRK Sogn og Fjordane som melder dette.


Sonemeisterskapet i bridge :

Rekordlav deltaking frå Svelgen-området 13.01.2003

Det var med svak deltaking frå Svelgen-par at sonemeisterskapet i bridge vart arrangert i Florø på søndag. Berre eitt og eit halvt Svelgen-par deltok, og dette må vel være den lavaste deltakinga sidan bridgeklubben starta. Spelstensil og resultat ligg på bridgesidene.

MØT OPP 25. januar 2003!!

Ungdommens kulturmønstring i Svelgen 11.01.2003

25.januar er det kulturmønstring på Svelgen samfunnshus. Kl.2000 byrjar diskoteket som 10.klasse på Svelgen skule arrangerar saman med kulturkontoret og ungdomsklubben Realen.

Mykje bra musikk, god mat og mykje ungdommar som kan lage liv og røre i Svelgen. Alle fra 8.klasse til 17 år kan komme! Rusfritt arrangement!

Ungdommens kulturmønstring (UKM) er eit kulturtiltak for barn og unge i heile Norge. Gjennom små og store festivalar, (kulturmønstringar) har du ein eineståande sjanse til å vise frem det du driv med og til å treffe likesinna - og vi andre har ein like stor sjanse til å sjå kva ungdommen driv med!

Alle er velkommme, anten dei sampler på beats &loops, danser halling, skjærer store treskulpturer med motorsag, spiller klassisk piano eller lager 3-D animasjoner på PC.

I dei fleste kommunane kan du delta frå du er 10 år, men på landsmønstringa og på mange fylkesmønstringar er aldersgrensen 13 år.

UKM er delt inn i tre nivå; kommunemønstring, fylkesmønstring og landsmønstring. Alle som melder seg på til kommunemønstringa får være med. Herfra blir det plukka ut nokre deltakarar som skal representere kommunen i fylkesmønstringa.

Herfra blir det fra kvart fylke sendt ca. 25 deltakarar til landsmønstringa, som vanlegvis vert arrangert i Trondheim.

Neste Landsmønstring er i Trondheim 29.mai - 01. juni 2003.

UKM er ingen konkurranse. Juryen si utvelging skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalde deltakarane skal spegle breidda i den lokale mønstringa. Premien for dei som går vidare er å få stå på ei endå større scene, og treffe andre ungdomar frå andre stadar.

Svelgen.no oppmodar alle i Bremanger kommune til å møte opp for å sjå kor flott ungdom vi har i vår kommune!!


Gratulèr på framsida!! 11.01.2003

Du har no sjanse til å legge ut gratulasjonar og hyggelege meldingar på FRAMSIDA av Svelgen.no!

Send gjerne med bilde og send det til redaksjonen@svelgen.no. Første helsing frå førstesida kjem her:

Natt til laurdag kl.03.35 vart ein liten gut fødd på Ullevål sjukehus i Oslo. Marius Mundal og Monica Løkling vart då stolte foreldre! Guten var 3600g og 50cm.

Helsing ei stolt tante


KM i Volleyball laurdag 11.01.2003

På lørdag er det KM i volleyball i Svelgen. Årsklassane er 15 og 13 år.

"Det må dere få med dere

, lyder ei melding frå ei av dei aktive i volleyball-miljøet i Svelgen. Møt opp i Svelgen idrettshus og hei på våre unge, talentfulle svelgarar!!


Pressemeldinga frå Løkke-Øwre 10.01.2003

Her er pressemeldinga verksdirektør Erik Løkke-Øwre har sendt ut:

" Elkem Bremanger stanser en ovn i perioden 17.01-13.03 og permitterer ansatte som er berørt av denne stansen. I tillegg vil en del av de faste ansatte dekke opp langtids sykefravær, arbeide på prosjekter og med styrking av kritisk kompetanse.

Årsaken til permitteringene er at markedene for Elkem Bremangers produkter for tiden er vanskelig, spesielt med bakgrunn i kursutviklingen av den norske kronen. Dette har blant annet ført til salgsproblemer og lagerbygging. Elkem og andre aktører i bransjen har med bakgrunn i dette koblet ut smelteovner ved flere av sine verk. Markedssituasjonen gjør det nå nødvendig for Elkem Bremanger å kople ut en ovn i et tidsrom på 8 uker for å tilpasse produksjonen etter etterspørselen og redusere lagerbeholdninger.

Den vanskelige kraftsituasjonen på Vestlandet gjør at sannsynligheten for kraftmangel i vinter vurderes til å vere betydelig. Bedriftens ledelse besluttet derfor i desember 2002 å utsette oppstarten av den moderniserte smelteovn 5 til medio april 2003.

Den varslede stans av en ovn i perioden 17.01.-13.03 til også bidra til en ytterligere tilpassing av bedriftens forbruk til situasjonen i kraftmarkedet.

Stansperioden på 8 uker vil bli benyttet til planlagt vedlikehold og mindre moderniseringer av Elkem Bremangers 2 minste smelteovner.

Svelgen 9.1.2003

Erik Løkke-Øwre.


Umoralsk av Elkem-leiinga 10.01.2003

Klubbleiar Bjørnar Førde, kallar leiinga si avgjerd om å permittere 48 tilsette umoralsk.

Bjørnar Førde er kritisk til at leiinga ved bedrifta skal tene gode pengar på å selje straumen dei sparer ved produksjonsstans, og samstundes permittere tilsette. Han meiner pengane bedrifta tener på å selje straum bør brukast til å halde dei tilsette i annan aktivitet.


Permitterer 48 på verket 09.01.2003

Elkem Bremanger i Svelgen stoggar produksjonen ved omn 2 frå 17. januar til og med 13. mars og permitterer 48 av dei fast tilsette ved verksemda. Årsaka er at det er meir pengar å tene på å selje straumen, samt at sterk kronekurs gjer marknadsavgangen for eksport vanskeleg.

Klubbleiar Bjørnar Førde seier til Svelgen.no at han er svært lei for situasjonen som er oppstått, men meiner det er rom for å utføre forefallande vedlikehalds- og prosjektarbeid for å minske omfanget av omnsstansen.

Elkem Bremanger har i overkant 150 arbeidarar. Det er dermed ein svært betydeleg del av arbeidsstokken som framover ikkje vil kunne heve full lønn. Etter det Svelgen.no forstår vil 40 bli fulltidspermittert og 8 delvis permittert.

Direktør Erik Løkke-Øwre seier det er en negative utviklinga på ferrosilisium-marknaden som er grunnen til stenginga, og ikkje primært den gode straumprisen Elkem Bremanger kan oppnå på marknaden for tida.


Elkem Bremanger:

Stenger omn to? 08.01.2003

Etter det Svelgen.no forstår vil verkleiinga ved Elkem Bremanger no stenge omn to for å selje straum i staden for å produsere FeSi. Det er førebels uvisst kortid stenginga skal skje, men etter det vi forstår vil omnen vere stengt minst åtte veker. Stansen vil truleg medføre betydelege permitteringar.

Omn fem skulle opprinneleg starte produksjonen 6. januar, men oppstarten vart utsett til april/mai på grunn av straumsituasjonen.

Vi kjem attende med meir om stansen i morgon, torsdag.


Svelgen skule midt på treet 08.01.2003

10. klassingane i Sogn og Fjordane er dei flinkaste i landet. Det syner statistikken frå Læringssenteret som vart offentleggjort i dag. Svelgen skule ligg midt på treet med eit snitt på 4. Det er 0.1 under gjennomsnittet totalt sett i Sogn og Fjordane.

Karakterane for avgangsprøva i faga matematikk, engelsk og norsk hovud- og sidemål syner eit gjennomsnitt her i fylket på 3,66. På landsplan er gjennomsnittskarakteren 3,47. Og for å ikkje unngå mistydingar; Karakterane seks er best, ein er dårlegast. Best av alt gjer elevane i Sogn og Fjordane det i sidemål. Det einaste faget vi blir slått på av andre fylke er i norsk hovudmål, der vi plasserer oss på tredjeplass.

Det høyrer med til historia at vi også var best i fjor. Men då måtte vi dele den gjeve plassen med Sør-Trøndelag. I 2002 tronar vi toppen aleine. Og gutane må sjå seg slått av jentene. Med unntak av matte er det jentene som er flinkast.

Meir statistikk


Søndag 12. januar kl. 1800

Mr. Deeds på Svelgen kino 07.01.2003

Søndag viser Svelgen Kino komedien Mr. Deeds. Den handlar om ein snill, vennleg men kanskje ein smule einfaldig fyr som lever eit enkelt men tilfreds liv i småbyen Mandrake Falls i New Hampshire. Han er den populære eigaren av Deeds Pizza, byens einaste pizzeria, og har blitt ein liten heimeavla kjendis for den underlege banden som bur i vesle byen.

Livet smilar til Deeds og alt er velstand inntil Chuck Cedar, en slesk forretningsmann, dukkar opp saman med kameraten Anderson med følgende bodskap: Ein fjern slektning av Deeds har etterlatt han ein arv pålydende ufattelege 40 milliarder dollar i tillegg til ein butikkjede, eit fotballag, eit basketballag og eit privathelikopter som står klar til å frakte han av gårde til hele herlegheita. Og Deeds som var lykkeleg som han var, blakk, men lykkeleg...

Filmen har 11 års aldergrense.


Alle nedleggingane i Svelgen:

- Bremanger VeKsT må på bana, meiner Gjerde 07.01.2003

Leiaren i Svelgen næringsråd, Geir Gjerde, tykkjer utviklinga med handelsstanden i Svelgen er trist og veldig urovekkjande, etter at seks butikkar har lagt ned det siste året.

- Men det er heller ikkje uventa. Eg trur mykje heng saman med at Elkem stengde eine omnen i fjor. Det førde med seg ei uvisse som spreidde seg i bygda. Eg ser berre på mi eiga bedrift, Svelgen Hotell, som fekk ein nedgang på 2.100 gjestedøgn i fjor, samanlikna med året før. Vi sette inn harde tiltak og greidde oss. Men i eit lite samfunn som vårt er det mange som driv marginalt. Dei har lite å gå på om det buttar imot, seier Geir Gjerde, til Firdaposten. Han reknar med at når såpass mange har avvikla, så er botnen nådd. Det er rett og slett ikkje stort fleire som kan gå over ende.

Gjerde meiner no det blir ei oppgåve for mellom andre Bremanger Vekst å gripe fatt i den leie utviklinga. Høgast prioritet må vere å få på beina att ein daglegvarebutikk til. Det er det aller viktigaste, meiner Geir Gjerde som med det første vil ta kontakt med Bremanger Vekst om dette. Firdaposten har også kontakta ordføraren for å høyre om kommunen har noko å bridra med for å betre infrastrukturen i kommunesenteret.

- Vi kan ikkje gjere så veldig mykje. Vi kan ikkje bestemme politisk at folk skal handle lokalt. Men butikkar å handle i er ein viktig del av tenestetilbodet i ein kommune, og tilstanden i så måte kan vere eit barometer på om lokalsamfunnet er liv laga eller ikkje. Som kommunesenter er vi no under minimum, seier bremangerordførar Einar Kjerpeseth. Utan at han dermed kritiserer innbyggjarane i Svelgen, meiner Kjerpeseth at det kan bli lite att i lokalsamfunnet dersom folk flest gjer dei store innkjøpa sine i Florø, Eid eller Førde.

Svelgen Gåve og Kontor har i desse dagar opphøyrssal. Etter at Joker vart nedlagt, vil Posten verte overflytta til Kopen med det aller første.

Meir i Firdaposten


Bremanger Quarry klagar 07.01.2003

Steinprodusenten Bremanger Quarry i Svelgen klagar på pålegget om å gjennomføre tiltak for å redusere utlepp i sjøen, melder NRK.no.

Det var Fylkesmannen som kom med kravet. Men leiinga i selskapet meiner dei har sitt på det tørre. Driftssjefen meiner alt er gjort etter forskriftene, og at ureininga i sjøen ikkje stammar frå steinbrotet deira.


BK Syver'n

Klubbmeisterskapet i bridgeklubben er i gang 07.01.2003

Måndag 6. januar vart klubbmeisterskapet 2003 starta. Bjarne Eikeset og Roar Førde vann, og leiar såleis meisterskapet. Fullstendig resultatliste føreligg på bridgesidene.

Firdaposten:

Kjerpeseth knip igjen 06.01.2003

Dei som hadde gledd seg til innsyn i byggerekneskapen til Bremanger bu- og servicesenter den 6. januar, vart sørgjeleg skuffa. Ordførar Kjerpeseth og klanen hans knip att endå lenger, skriv Firdaposten.no

I samtale med Firdaposten i dag fortel han at det den 21. januar skal vere møte i plan- og utviklingsutvalet, der rekneskapstala vil bli lagde fram både for politikarar og alle andre som måtte ha interesse av dei. Vi følgjer spent med i føljetongen..


STIF på nettet igjen! 04.01.2003

Då er sidene til STIF på nettet igjen! Du kan besøke dei på linken under.

STIF

Svelgarane brukar bra med straum tross prisstigning 04.01.2003

I går, fredag 3/1 mellom kl. 10 og 11, brukte ein i Svelgen 3,6 MW (Mega Watt). Då var ikkje forbruket innanfor smelteverks- portane medrekna. 3,6 MW på ein time er tangering av timeverdi ein oppnådde 9 gongar i løpet av dagane 10/12 - 13/12 i 2002. Døgnforbruket på bygda fredag 3/1 var 74,9 MWh. Den høgste døgnverdien som ein har sett denne vinteren stammar frå tysdag 10/12, då ein i Svelgen brukte 77,6 MWh.

Til samanlikning brukar Elkem Bremanger jamt over 88 MW i timen når Ovn 5 er i drift. Av desse utgjer Ovn 5 om lag 38 MW, medan både Ovn 2 og Ovn 4 kvar for seg brukar om lag 18 MW i timen. Resten av verket brukar om lag 14 MW i timen jamnt over.

Til samanlikning: Om du har ein varmeomn på 1000 W ståande på i ein time, forbrukar du 1,0 kW eller 0,001 MW den timen. Om omnen står på i eit døgn har du forbrukt 24 kWh eller 0,024 MWh. Når Ovn 5 går for fullt på 38 MW, må det til 38 000 omnar ståande på 1000 W for å bruke like mykje straum.


Volleyball

Unn Kvendseth på All Academic Team 04.01.2003

Unn Kvendseth (22) frå Svelgen, som spelar volleyball og studerer på universitetet Cal State Northrigde i USA, er utteken på det såkalla "All Academic Team". Det er spelarar frå dei 10 laga i universitetsserien som er tekne ut på noko som kan samaliknast med "Årets lag". Kriteria for å bli teken ut på "laget" var eit samla karaktersnitt på over 3,2 på ein skala frå 1 - 4 og at ein måtte ha spelt i minst halvarten av kampane i sesongen. Det var andre året på rad Kvendseth vart utteken på dette laget.

Ved å klikke på linken under, som er henta frå CSN si heimeside, kan du lese meir om saka og du vil også sjå ei namneliste over spelarane på Kvendseth sitt universitet som kom med på "All Academic Team".

På biletet under ser ein Cal State Northridge sitt damelag i volleyball i 2002. Kvendseth sit i midten i fremste rekke med drakt nr. 9.


CSN si heimeside


Klubbmeisterskapet i Bridgeklubben startar. 03.01.2003

BK Syver'n startar opp med klubbmeisterskapet måndag 6/1-02. Sidene vert heretter oppdaterte med resultat og anna informasjon.

Svært kaldt i Svelgen fredag morgon 03.01.2003

Fleire stadar i Svelgen målte ein fredag morgon minus 10 grader, noko som er rimeleg sjeldan.

Snøtilhøva for skitrekka og bakkane i Nordfjord og på Sunnmøre 03.01.2003

Les meir om dette i Sunnmørsposten.

Sunnmørsposten

STIF-sida i gang igjen. 02.01.2003

Viss alt går etter planen er heimesida til STIF, Svelgen-tif.no, er operativ igjen på lørdag, melder webmaster Ingve Eikeland.

Juletrefest 10. januar 02.01.2003

Det blir juletrefest i år også. Datoen er sett til fredag 10. januar. Då vert det tradisjonen tru gange rundt juletreet, kaker og kaffi, nissar på besøk og småposar til ungane. Så set av denne dagen og ta heile faminien med på Samfunnshuset.

EEB si nedbørsmåling

2002 det nest tørraste året som er registrert i Svelgen 01.01.2003

I 2002 kom det 1877 mm nedbør i Svelgen. Berre 1996 med 1657 mm har vore tørrare sidan ein byrja å registrere nedbøren i 1939. Det "normale" for Svelgen er berekna til 2570 mm.

55 mm var det meste ein registrerte på eit døgn i 2002.


EEB si nedbørsmåling

Tørraste desember som er målt i Svelgen 01.01.2003

I desember 2002 kom det berre 50 mm nedbør i Svelgen, noko som er det minste ein har målt sidan ein byrja å registrere nedbøren i 1939. 32 mm kom på eit døgn.

Tidlegare minsteregistrering i desember var 82 mm målt i 1981. Utanom desse to åra har det aldri vore registrert mindre enn 100 mm i desember i Svelgen.

Desember vart den tørraste månaden i Svelgen i 2002, følgd av april med 69 mm og november med 70 mm.


Branntilløp på Elkem Bremanger 01.01.2003

Ingen kom til skade og ifølgje politiet var det aldri dramatisk i samband med eit branntilløp ved Elkem Bremanger tysdag morgon.

Les heile saka (Firda)

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov