Arkiv Feb 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ny sjukeheim ut i det blå ? 26.02.2008

Svært få i Bremanger forstår korleis dei skal klare å spare inn nær 45 millionar kroner per år dei neste fire åra. Måndag kom det fram at kommunen måtte føre eit tap på 190 millionar kroner etter Terra-saka. Og dette må dekkast inn innan fire år.

På sjukeheimen i Svelgen ristar dei berre oppgitt på hovudet.

- Det er dei svakaste, som skular, barnehage og sjukeheimar som må lide. Det er alltid slik når det er lite pengar, seier Gunnar Midtbø som er på besøk hos kona Anna på sjukeheimen i Svelgen.

Oppgitt ser dei korleis dei truleg blir skadelidande etter Terra-skandalen.

 

For i juni i fjor gjekk eit einstemmig kommunestyre inn for å byggje ny sjukeheim. Men samstundes gjorde kommuneleiinga nokre fatale avtaler gjennom Terra Securities.

I går fekk kontrollkomiteen og gruppeleiarane i kommunestyret lese svart på kvitt kva investeringane har kosta. Berre i 2007 måtte dei føre eit tap på 190 millionar kroner.

 

Dermed er den nye sjukeheimen i Svelgen heilt i det blå, det må driftssjef Berit Olsbø Frøyen berre konstatere

- Det er veldig skuffande og fortvilande for oss alle, både for pasientane og vi som jobbar her. Dei bygningane som er her no, innfrir ikkje dei behova vi har, seier ho til NRK.

 

I dag kjem fylkesmannen til Bremanger og håpet i Bremanger er at staten skal hjelpe dei ut av krisa.  Les heile saka her.


Vil ha tunnel mellom Svelgen og Indrehus 26.02.2008

Opprusting av vegen frå Svelgen til Indrehus har lenge stått øvst på ønskjelista til dagens Elkem Bremanger-leiing for kva som kan få verket i posisjon til ein av dei nye solarfabrikkane som skal byggast.

No kastar også fylkesgeologen seg utpå med gode idear. Han har rekna ut at det vil koste om lag like mykje å utbetre den 15 kilometer lange, smale og kronglete strekninga frå Svelgen til Indrehus som det vil koste å drive ein tunnel på 5 kilometer.

 

Russenes meiner vinsten med tunnel vil bli svært stor. Kvar lastebil vil kunne spare 10 kilometer med å køyre tunnel.

Med tunnel får dei jobbe utan å bli forstyrra, og trafikantane vil sleppe alle stogga av trafikken i anleggsperioden.

Steinen frå tunnelen er nett den same som Bremanger Quarry no sender i svære mengder til Europa frå Dyrstad, skriv Firdaposten.no


Ungdommens Kulturmønstring i Ålfoten 26.02.2008

UKM vert i år arrangert i  Ålfottunet i Ålfoten laurdag 01. mars klokka 16.00

 

Det blir dans, song og musikk i tillegg til kunstutstilling

og litteratur.

 

Sal av kaffi, sveler m.m., pølser og brus.

 

Ta ettermiddagskaffien i Ålfottunet denne laurdagen,

og få ei flott kultur- og kunstoppleving i tillegg.

 

Bill. vaksne                               kr 50,

Barn / skuleungdom      kr 25,-

 

Arr.

Ålfoten Hornmusikk -   Kulturskulen - Kulturkontoret


Trafikkulykke; ein på sjukehus 26.02.2008

Det var ein person i bilen som i morgontimane laurdag køyrde utfor vegen på strekninga mellom Svelgen og Isane i Bremanger.

Politiet fekk klokka 09.03 melding om at bilen hadde gått rundt og hamna på taket i veggrøfta.

Bilføraren klaga over nakkesmerter, og vart send til sentralsjukehuset i Førde, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt til Firda.no


Påminning:

Årsmøte i Pensjonistlaget 27. februar 22.02.2008

Svelgen Pensjonistlag held årsmøte med påfølgande middag og fest onsdag 27.februar.
Dei som ikkje har meldt seg på til middag og fest, kan gjere det direkte til Hotellet.
Sjå oppslag!
Vi minner også om opningstidene for Keipenstova:
Måndag og torsdag 10 - 14
Styret.

Straumlaust etter voldsomt torevèr torsdag kveld 22.02.2008

Firda skriv: "Svelgen i Bremanger vart utan straum torsdag kveld. Straumbrotet omfatta også verket til Elkem. Det er vitne som opplyser til firda.no at Svelgen vart mørklagt etter lynnedslag torsdag kveld.

 

Direktør for samfunnskontakt i Elkem, Johan Chr. Hovland, stafestar at også silgrain-verket til Elkem i Svelgen er råka:
  
- Det har gått lyn i området, og det som ofte skjer då er at kraftverksmaskinene fell ut. Dermed må maskineriet køyrast opp att. Men dei tilsette er godt trent i det."

Les meir i Firda.


SOMMARJOBB I KALVÅG 21.02.2008

 

 

Hei! eg er Trond Erik.

Vil du jobbe hos meg i sommar?

Eg har CP og treng hjelp til alt.

Eg er 29 år, har eiga leilighet og bil.

Eg har godt humør og det må du og ha.

Du må ha sertifikat. Du får opplæring.

Send søknaden din til:

Bremanger kommune

Tenestene for funksjonshemma

Hege Rosvoll, 6721 Svelgen.

For informasjon ring 57 79 33 21


FERIE VIKARAR I BREMANGER KOMMUNE 21.02.2008

 

TENESTENE FOR FUNKSJONSHEMMA

Vi treng ferievikarar i Svelgen, Hauge og Kalvåg. Vi har til saman fire einingar og avlastingsbustad. Vi søkjer etter personar med utdanning innan helse- og sosialfag og studentar. Andre positive, arbeidsglade og engasjerte er også velkomne til å søkje!

Vi treng også vikarar året rundt! Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.

 


Temakveld om psykisk helsevern. 21.02.2008

 

Pårørandegruppa arrangerer temakveld på Heimesjukepleiekontoret i Davik den 27. februar 2008 kl 18.30 – 20.30

 

 

Psykiatritenesta i kommunen vil orientere om tilboda i kommunen og planar for det vidare arbeidet innan psykisk helsevern. Det vil sjølvsagt vere høve til å stille spørsmål.

Enkel servering.

Alle er velkomne.

 

For meir informasjon kan de ta kontakt med Jan Arne Øksnes, tlf. 57111737 eller  

Gerda Frøyen, tlf. 57792292

 

          Landsforeningen for Pårørende innen

     Psykiatri,   LPP, Sogn og Fjordane.

     Tlf. 90138982


SNR fryktar bustadmangel 19.02.2008

Firdaposten skriv: "Svelgen ønskjer vekst og utvikling. Men kvar skal eventuelle nye svelgarar bu? Svelgen Næringsråd er bekymra fordi Bremanger kommune ser ut til å ha lita evne til å busetje nye arbeidstakarar i smelteverksbygda.

  

Dei viser til at det våren 2007 vart vedteke i kommunestyret å utgreie spørsmålet kring bustadfelt, og løyvd midlar til dette. I følgje vedtaket skulle denne utredninga ha vore klar innan utgangen av 2007."

 

Les meir her. Foto: Frank Ryland


Bilder fra Valentine-ball og kulturkonsert 19.02.2008

På Firdaposten sine nettsider kan du no sjå bilder både frå ungdommane sitt Valentine-ball og Kulturkonserten på samfunnshuset onsdag. Og på Svelgen Oppvekst sine sider kan du sjå bilder frå karnevalet til småskulen sist torsdag.

Svelgen utan herrelag i fotball 19.02.2008

I følgje Fjordenes Tidende si papirutgåve mandag, vert STIF denne sesongen utan herrelag i fotball. Det er mangel på spelarar som er årsaka.

 

Sidan Einar Gjerde & co melde på lag i serien i 1963 har STIF hatt herrelag i 45 samanhengande sesongar. STIF har og hatt B-lag/2. lag for herrar i 19 sesongar mellom 1976 og 2000. STIF sine beste plasseringar i divisjonssystemet kom i 1998 og 1999, då STIF begge sesongane enda på 6. plass i 3. divisjon med Leo Cirotzki som trenar.

 

I 1967 måtte STIF trekke laget etter fire kampar, og vart ikkje registert på tabellen til Fotballkrinsen. På Fotballkrinsen sine tabellar i dei 44 øvrige sesongane vart STIF sitt herre A-lag registert med 688 kampar, 323 sigrar, 103 uavgjort, 262 tap, ein målskilnad på 1662 scora og 1448 innslupne mål.

 

Einar Gjerde (biletet t.v. frå 1970) har vore trenar for A-laget i 20 av 45 sesongar, og vore oppmann i 9 sesongar. Øyvind Grindheim toppar spelarstatistikkane, både når det gjeld antal A-kampar og A-lagsmål, med høvesvis 470 kampar og 167 mål.

 

På biletet under er STIF og Øyvind Grindheim (t.h.) i kamp mot Holmedal på Svelgen stadion på midten av 80-talet. Det gjenstår å sjå kor tid ein neste gong kan sjå STIF sitt seniorlag i aksjon på Svelgen stadion.


Våt start på vinterferien 19.02.2008

Sidan laurdag kveld har det stort sett regna i eitt i Svelgen, og ved dei tre morgonmålingane sidan har ein ved nedbørsstasjonen til DNMI i Svelgen målt til saman 105,4 mm. Så langt i februar har ein målt 236,9 mm i Svelgen. Månadsnormalen for februar er 174 mm i Svelgen.


Sølv til kim Leirvik i senior NM i stav 17.02.2008

Kim Leirvik (arkivbiletet), opprineleg frå Leirvika ved Svelgen, tok i dag sølv i stav i senior NM innandørs. Han hoppa 4,40 m, og var berre 10 cm frå gullet. Leirvik representerer Florø TIF.

 

Svelgen.no gratulerer med NM-sølvet!

 

Les meir i Firdaposten


Skikarusellen utsett 16.02.2008

Skikarusellen i morgon er utsett på grunn av dårlege verforhold, melder skigruppa

Årsmøtet i SNR med fråsegner til kommunen 16.02.2008

Årsmøtet i Svelgen Næringsråd utarbeidde tre fråsegner som vart sende til Bremanger kommune v/ administrasjonsjef og kommunstyre. Desse omhandla følgande i Svelgen og omegn: Bustadfelt, rydding og sentrum. Desse og mykje anna frå næringslivet kan du lese på SNR si heimeside.

 

Mellom anna kan du lese årsmeldinga til SNR, om to nye medlemsbedrifter, og nok ein blomsterbutikk legg ned i Svelgen.


Dato for neste års bedriftscup fastsett 15.02.2008

Arrangørane av INC bedriftscup var så nøgde med årets arrangement at dei allereie har fastsett datoen for neste år arrangement. Datoen vert 9. februar 2009.

Bremanger kommune:

Søkjer ferievikarar innan pleie og omsorg 15.02.2008

Bremanger kommune søkjer etter ferievikarar frå midten av juni til slutten av august innan pleie- og omsorgstenestene. Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.

Gulhaugen til NRK:

- Har vore ei påkjenning 15.02.2008

Rådmannen vedgår at Terra-saka har medverka til at han no går av som rådmann etter 33 år i kommunen.

 

- Det har vore ei påkjenning å stå oppi det som har vore kring Terra-saka. Det har slett ikkje vore enkelt. Eg har vore med i noko som kan få store konsekvensar for kommunen og innbyggjarane i kommunen. Eg har hatt både tunge og vanskelege i periodar, seier rådmannen til NRK Sogn og Fjordane. 

Gulhaugen vil ikkje seie at han vart pressa ut av stillinga som rådmann, men at krefter ville ha han fjerna.

 

- Det var ein avisartikkel i Fjordenes Tidende for ei tid tilbake der eg oppfatta at dei ville ha meg fjerna. Det var Frp som uttala seg der, seier han.

 

Bremanger kommune har tapt kring 90 millionar kroner etter at dei investerte i risikofylte amerikanske obligasjonar gjennom meklarhuset Terra.

 


Pressemelding:

BREMANGER KOMMUNE FREDAG 15.02.2008

ETTER EIGE ØNSKE HAR RÅDMANNEN I BREMANGER SØKT OM Å FÅ FRÅTRE SI STILLING   I MAI 2008 MED ORDINÆR ALDERSPENSJON.

SØKNADEN ER IMØTEKOMMEN AV ARBEIDSGJEVAR.

RÅDMANNSSTILLINGA VERT LYST UT SNARAST.

Kåre Olav Svarstad

-ordførar


Ny vellukka INC bedriftscup 15.02.2008

Laurdagens INC bedriftscup vart også denne gong ein suksess for arrangørar og deltakarar. I løpet av laurdagen vart det mellom anna vist flotte utkledningar, "showing", smørjing av dommarar og motspelarar, god underhaldning, gode og mindre gode idrettsprestasjonar, og sist men ikkje minst idrettsglede. Når det gjeld sistnemnde faktor så var det Vegard Olsø som klarast synte stor idrettsglede, då han scora eit nytt mål, seks år etter hans forrige mål i bedriftscupen. Jubelrunda/sigersdansen "sleit ut" målscoraren meir enn innsatsen i alle kampane tilsaman gjorde ...

 

Biletet nedanfor er henta frå Firdaposten si biletsamling, og syner "BK Terroristane" (Bremanger kommune) som vel toppa dei andre ovanfor nemde faktorane... Biletet t.v. syner verksdirektør ved Elkem Bremanger Støyperi, Robin Ephithite, som var ein av mange (over)ivrige i idrettshuset laurdag.

 

Les kva Firdaposten skriv her, og sjå avisa si bildesamling her. 

 


Opa Moldahytte 17. februar 14.02.2008

Søndag 17.02. er det ope hus  på Moldahytta kl. 12.00 - 14.00. Servering av suppe, kaffi, saft.
Vegen finn du sjølv på merka sti frå Breivika, Langeneset eller Ytrehus.
Alle er velkomne.
Info.: tlf.: 91102654
Keipen Turlag

Keipenstova offisielt opna i dag 14.02.2008

I dag var det opning av pensjonistane sin nye samlingsstad i Svelgen, Keipenstova. Den er lokalisert i det som tidlegare var Keipen kafe og selskapslokale, og seinare blomsterbutikk. Ordførar Kåre Olav Svarstad klipte snora og sa seg oppriktig imponert over dugnadsinnsatsen pensjonistane har vist. Han kunne også fortelle, med eit visst glimt i auge, om knallhardt press på politikarane for å få prosjektet gjennom. Han hadde også med seg heile PLU (formannskapet) til opningsfesten. Kommunen støttar Keipenstova med delar av husleiga.

 

Bildet: På bildet over ser vi styret i Svelgen Pensjonistlag; (t.v.) Per Ytrehus, Kirsten Frøyen, Anne Lise Gilleshammer, Lillian Myren, Magni Nesbø, Oddvar Førde, bak: Konrad Ryland og Anne Lise Grinde.

Det var smekk fullt under åpninga, som vart feira med kaffi og kaker. Litt underholdning med song og musikk og taler var det også plass til. Mellom anna hadde Klara Eldevik helsing frå Midtgulen, både frå Saniteten og Kvinne- og Famileforbundet som  ga blomar og pengestøtte til Keipenstova. Ingeir Løvold frå Svelgen Røde Korps Hjelpekorps kom innom med førstehjelpsutstyr og Elsa Johanne frå Svelgen Taxi og Lise Førde frå Sparebanken var også innom med blomsterhelsing. Frå kulturkontoret fekk pensjonistlaget alle fire binda av den nye Bygdesoga for Bremanger. Leiaren i Pensjonistlaget i Svelgen, Anne Lise Gilleshammer, takk alle gjevarar og støttespelarar for Keipenstova, men mest av alt rosa ho eigne medlemmer for innsatsen. - Det har vore ein heilt fantastisk dugnadsånd, sa ho mellom anna.


Brann på verket 13.02.2008

Det braut i dag tidleg ut brann i eit batteri til ein av ovnane ved Elkem Bremanger i Svelgen, melder NRK Sogn og Fjordane.

Brannen vart meldt ved halv seks-tida i dag, og var sløkt i løpet av ei kvarter.

Ved verksemda reknar dei med å kunne starte produksjonen igjen i løpet av kort tid, men ovnen blir stengd ein periode inn til ein har fått oversikt over eventuelle skadar.

 


75 000 til ungdomsklubben Realen 11.02.2008

Ungdomsklubben Realen i Svelgen får 75.000 kroner som ein startpakke til utvilkling av eit rockemusikkmiljø.

 

Sogn og Fjordane har fått ein kjempeauke i tildelinga frå Musikkverkstadordninga (MVO) i 2008.

- Sogn og Fjordane kulturnettverk gler seg over den store auken i tildeling av Musikkverkstadmidlar som Norsk musikkråd gjorde offentleg måndag 11. februar. Aldri før har vi fått så mange midlar samla sett, og det er ei auke på over 200.000,- frå 2007. Dette er svært gledeleg , då det er både store og små prosjekt som har fått tildelingar, seier Turid Sørland, dagleg leiar i kulturnettverket.

- Dette er viktige midlar for musikklivet i fylke. MVO støttar framførings- og øvingsutstyr, opplæring, bygningsmessige tilretteleggingar og ikkje personlege instrumenter. Desse midlane vert administrert av Norsk musikkråd, generert gjennom Sogn og Fjordane kulturnettverk, opplyser ho.

 

Overraskinga i år er at det er rock som har fått tildelt mest i vårt fylke, med kr. 213.000,- Av dette går mange midlar til bygningsmessige utbetringar og ”startpakke”, som er utstyr til øvingslokalar.

Største enkelttildelinga går i år til Bremanger kommune. Ungdomsklubben Realen i Svelgen er tildelt kr. 75.000,-, som skal nyttast til ”startpakke”, melder Firdaposten.no.

 

.


Påminning:

Keipenstova opnar torsdag 11.02.2008

Opningsfest den 14. februar kl.1000

Ordførar Kåre Olav Svarstad klipper snora

 

Alle velkomne til bløtkake, kaffi og litt underhaldning!

 
 

Kallar Svarstad inn på teppet 11.02.2008

I morgon møter kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa alle dei åtte Terra-kommunane i Oslo, melder Firdaposten.no

Tysdag 12. februar møter kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa dei åtte såkalla Terra-kommunane.

I invitasjonsbrevet til kommunane skriv statsråden:

- Eg har stor forståing for at dei økonomiske tapa i finansmarknaden til dei kommunane som eg no skriv til, har ført til ein krevjande og utfordrande situasjon for både lokale folkevalde og innbyggjarar. Samstundes som eg er klar på at det er kommunane sitt eige ansvar å rydda opp, er eg oppteken av å sikra at kommunen skal kunna utføra sine lovpålagde oppgåver og at alle dei som treng og har krav på kommunale tenester, skal få det.


15. plass i NM for Flora-Bremanger Brass 11.02.2008

Flora Bremanger Brassband, som har fleire svelgarar i rekkene, kom på ein delt 15. plass  i 4. devisjon under NM for brassband med "Partita for Brass Bans" sist helg.

 

Her kan du sjå heile resultatlista etter NM i Brass.  


- Full klaff i Trondheim 11.02.2008

Nær 150 ungdommar møtte fram då næringslivet i Sogn og Fjordane inviterte til felles rekrutteringsmesse i Trondheim 7. februar under paraplyen Framtidsfylket.  – Full klaff, dette var veldig moro, er den korte oppsummeringa frå Gro Rukan frå Sunnfjord Næringsråd som er prosjektkoordinator for arrangementet.

 

- For vår bedrift er slike arrangement gull verdt. Vi kjem i direkte kontakt med motiverte studentar på deira heimebane, og reiser heim til Svelgen med 4-5 namn på blokka som kan vente seg konkrete jobbtilbod frå oss, seier Roar Hatlenes frå Elkem Bremanger, ei av bedriftene som deltok på messa.

– Vi merkar også at motivasjonen til studentane stig når dei ikkje berre møter éi bedrift, men ser heile mangfaldet fylket vårt har å by på, understrekar Hatlenes overfor avisa Firda.

 


Årsmøte i STIF, mandag 11.februar. 04.02.2008

 

    Innkalliing og sakliste finn du på STIF si side  her


Bremanger betalte mest til Terra 08.02.2008

Bremanger kommune betalte 37 millioner kroner, eller et kvart årsbudsjett, i provisjon til Terra Securities. Bremanger er den av de åtte Terra-kommunen som har betalt mest provisjon, skriver Bergens Tidende. Fordelt på de 3.900 innbyggerne, utgjør betalingen til Terra 9.400 kroner per hode.

Kilder i finansmiljøet sier til BT at det kan være mange forklaringer på at Bremanger har betalt så mye. Kommunen var tungt inne i Terra, og det var stor aktivitet rundt investeringene. I tillegg blir det stilt spørsmål ved om de kommunene som stilte færrest spørsmål, også ble hardest rammet.

Bremanger har siden 2001 solgt og kjøpt aksjer for 1,8 milliarder kroner i Terra-systemet.

- Om aktiviteten for vår del har vært større enn for andre kommuner, vet jeg ikke, sier ordfører Kåre Olav Svarstad (Ap) til BT.

Totalt betalte de åtte kommunene om lag 117 millioner kroner i honorarer fra 2004 til konkursen før jul.


INC Bedriftscup frå kl. 09.30

Møt opp i Svelgen Idrettshus laurdag 08.02.2008

Som Svelgen.no tidlegare har meldt er det laurdag 9/2 klart for den store bedriftscupen i Svelgen Idrettshus. Kl. 09.30 tek arrangementet til med den første fotballkampen, som går mellom Innkjøp/lager på Elkem og INC 2. I fotballturneringa er det 11 påmelde lag, og finalen skal i følgje oppsettet spelast kl. 16.30 (siste øving). Kl. 09.30 startar og trekninga av biljardturneringa, der første kamp startar kl. 10. I biljard er det 15 påmelde spelarar av høg kvalitet...

 

Kl. 12 byrjar både skytekonkurransen og pilkast. Pilkast skal avsluttast seinast kl. 14, og skytinga seinast kl. 15. Kl. 13.15 byrjar dei innleiande kampane i volleyball, og i følgje oppsett skal volleyballfinalen byrje kl. 16.

 

MEN: Dei fleste oppgjevne tidene er cirka-tider, så det kan bli endringar utover dagen. Det er difor lurt å møte fram i god tid.

 

Banketten tek til kl. 19.30 på Svelgen Hotell.

 

Øyvind Grindheim i INC Vedlikehold skriv følgande i infoen til deltakarane: " Vi minner om at Cup'en er fyrst og fremst eit sosialt tiltak, der konkurranse-elementet er meint å komme i andre rekke. Vi oppmodar difor alle til sportsleg framferd under leikane, og minner om at vi alle skal tilbake på arbeid måndag, vonaleg med alle lemmar inntakt -heile og klare til innsats. Det er i denne samanheng verdt å merke seg at orginalitet og kreativitet, både med omsyn til form og framføring, vil bli sett like stor pris på som gode evner med ball, kø, pil og gevær. Dette vi óg komme til uttrykk under premieutdelinga.

 

Arr. komitéen i INC Vedlikehold Svelgen AS og Svelgen hotell ynskjer alle deltakarar velkomne og lukke til med tevlingane og festen.

"

Kafe på INC cupen i hallen 07.02.2008

10. klasse ved Svelgen Oppvekst skal ha kafè under INC cupen førstkommande laurdag, 9. februar. Då sel dei kaker, frukt, kaffi og brus til publikum. Inntekta går til turen dei skal ha til Polen med Aktive Fredsreiser i april. Dei håper mange stopper opp ved kiosken for forfriskningar og for å støtte turen!!

 

 


KLART FOR KM-KVALIFISERING I BREMANGERHALLEN 06.02.2008

Les meir på STIF si side  her

 

 


Aktivitetssenteret for eldre i Svelgen:

Keipenstova opnar 14. februar 07.02.2008

                

Svelgen Pensjonistlag takkar alle gode hjelparar og gjevarar som har gjort at vi kan opne eit flott eldresenter den 14.februar.

Vi takkar Elkem, Velferdsfondet v/Elkem, Svelgen Sanitetslag, Bremanger kommune, Elkem Energi, INC, Coopen, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Svelgen Vaskeri, Installatør Ferstad, Kåre Jarl Langeland,

Dyrstad Eiendom, Byggeriet/Ytrehus Sag, Centrum, Svelgen Hotell, G. K.Solheim, Svelgen Røde Kors, Lions Club og tilslutt og ikkje minst alle som har delteke   i dugnadsarbeidet.

 

Torsdag den 14. februar vert det opningfest med bløtkake og kaffi til alle som vil sjå innom.

Vi opnar kl. 10.00 med snorklipping ved ordførar Kåre Olav Svarstad.  I tillegg møter alle representantane i PLU (formannskapet).

Vi håpar på stort frammøte av sambygdingane!

 

                                                   Styret.


"Born 2 Boogie" spelar på banketten

Framleis mogeleg å melde seg på INC Bedrifts Cup 06.02.2008

Firdaposten melder: "Laurdag 9. februar skal det for fjerde gong på seks år arrangerast INC-cup i Svelgen. Med fotball, volleyball, biljard, miniatyrskyting og pilkast vil det vere aktivitetar både for lag og for individuelle personar, noko som har fått heile 125 personar frå bedrifter og organisasjonar til å melde seg på. Dei fleste av dei påmelde har også meldt seg på vidare til banketten som skal haldast på Svelgen Hotell seinare på kvelden. Her lovar arrangørane både god mat, premieutdeling og anna moro.

 

Øyvind Grindheim i INC ynskjer alle velkommen, anten som spelarar eller tilskodarar, og sjølv om fristen for påmelding var 30. januar, er det framleis mulig å delta på aktivetane."

 

Påmelding/evt spørsmål vedr cupen sendast oyvind.grindheim@inc.sf.no  Tlf 97698050

 

Påmelding til banketten: tlf 57796520 eller epost svhotell@online.no  På banketten spelar "Born 2 Boogie"  , som var eit populært band under Amcar-treffet i Svelgen i 2006.

 

Invitasjonen finn du  her, litt praktisk informasjon   her, meir info   her, og påmeldingsskjema   her. Biletet ovanfor syner ein av dei driftige arrangørane i INC Vedlikehold Svelgen, Øyvind Grindheim.


Akademi på strikketur til Shetland 06.02.2008

Sommerakademiet på Kalvåg har planar om stort aktivitetsnivå også denne sommeren. Mellom anna blir det arrangert strikketur til Shetland i juni, les vi på heimesida:

Som et resultat av Sommerakademiets forbindelser og utvekslinger i Vesterled gjennom flere år, samt positive tilbakemeldinger etter fjorårets tur, arrangerer Sommerakademiet ny tur til Shetland i år.

Vi reiser med fly direkte til Shetland, en ny rute som er opprettet i år.

Shetland er et spennende sted å besøke for de som har interesse for ull, strikking og natur.

Shetland består av 100 øyer, mengder av sauer og vel 22000 hyggelige shetlendere. Lerwick er den største byen. Her er det mye å oppleve, mange spennende butikker og spesielle bygninger å se. Lerwick er en koselig og typisk skotsk fiskerlandsby med mange ”smitt og smau”.


Bygdekino på Årebrot 20. februar 06.02.2008

Det blir bygdekino på Årebrot den 20. februar 2008.
Første forestilling for barna, Biefilmen, begynner kl 17.00 kr.50,- for alle.
Barn under 4 år, gratis.
Andre forestilling begynner kl 19.00 ARN-Tempelridderen kr. 70,-
Det blir kiosksalg før hver forestilling.

Ordfører Kåre Olav Svarstad

Vil ikkje snakke om kutt endå 06.02.2008

Kåre Olav Svarstad vil ikkje seie noko om kvar kommunen må redusere drifta. -Den diskusjonen er vi ikkje i gong med, seier ordføraren til Fjordenes Tidende.
Terra-skandalen vil tvinge politikarane i Bremanger til å gjennomføre kutt i drifta som landets lokalpolitikarar tidlegare aldri har vore i nærleiken av. Ostehøvelen har vore eit ofte nytta omgrep i økonomiske tronge tider. I Bremanger må ein heilt anna reiskap fram om dei skal klare å få budsjetta dei kommande åra i balanse.

- Kvar skal det kuttast, ordførar Kåre Olav Svarstad?

- Det kan eg ikkje seie noko om i dag. For det første veit vi ikkje storleiken på tapet vi må bokføre. Vi har heller ikkje diskutert detaljar i arbeidet vi skal gå i gong med, nemleg å justere budsjettet for 2008, seier Svarstad.

Om Terra-skandalen har kosta Bremanger kommune 100 millionar kroner er det heilt uråd å dekke inn over fire år slik regelverket krev for underskot i rekneskapen.

Om kommunen får til dømes ti år, vil også det føre til svært redusert drift i desse åra. Det siste vil føre til at renter og avdrag på gjelda etter Terra-investeringane vil belaste drifta med 10-15 millionar kvart år.

Les meir om Terra-saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende i dag, onsdag 6. februar.

Kulturkonsert utsett ei veke 05.02.2008

Kulturkonserten på Samfunnshuset er utsett til neste onsdag, 13. februar kl. 1730. Innslag med elevar frå kulturskulen i Svelgen. Inngang kr. 20,- ope for alle!

Svelgen oppvekst

Avlysing av foreldremøte! 05.02.2008

 

TIL FØRESETTE MED BORN I BARNEHAGE OG 1. – 4. ÅRSSTEG VED SVELGEN OPPVEKST, GJELD FORELDREMØTE ONSDAG 06.02.2008   

 

 

Foreldremøtet om ”Stimulering av skriftspråk – kva kan heimen gjere?” , vert avlyst.

Møtet vert avlyst pga samanfallande tidspunkt med den tillyste konserten i kulturskulen.

Vi vil halde foreldremøtet ved eit seinare høve, truleg onsdag 5. mars.

Vi sender ut ny innkalling.

 

Kari Rita Frøyen.


Heldt konsert i Svelgen:

Flora Bremanger Brassband til NM 04.02.2008

Lørdag fikk eit noko fåtallig publikum ein forsmak på Flora og Bremanger Brassband sitt bidrag til årets Norgesmesterskap for Brass i Bergen på Svelgen Samfunnshus. Konserten var kombinert med basar og innslag frå Svelgen Songlag som i sin heilskap ga ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. Neste helg reiser Brassbandet til Grieghallen der det årleg vert arrangert NM for rundt 2500 deltakarar fordelt på kring 70 korps.  Svelgen.no kjem sjølvsagt tilbake med resultatet etter helga!


- Må betale tilbake skjulte honorar 04.02.2008

- Terra må betale kommunene tilbake millionene de har tjent på å selge oss ulovlige produkter, sier Kvinesdal-ordføreren til NRK Sørlandet.

 

Kvinesdal og de sju andre kommunene, som mener seg lurt av Terra Securities, krever at Kredittilsynet inndrar nærmere 120 millioner kroner fra Terra-konsernet.

Kommunene mener at konsernet har tjent disse millionene på å selge Terra-produkter til kommunene. I hovedsak har dette vært skjulte honorarer, mener kvinesdalsordfører Odd Omland.

- Det viser seg at vi i de åtte kommunene har betalt ca. 120 millioner kroner til Terra  for de ulovlige produktene som de har solgt oss. I hovedsak er det skjulte honorarer, sier Omland.

Juridiske rådgivere har  nå startet en prosess for å få disse pengene tilbake til de berørte kommunene.

Kredittilsynets avdelingsdirektør Eirik Bunæs hadde søndag kveld ikke sett brevet der kommunene framlegger sitt krav, og han kunne derfor ikke uttale seg.

 


Gull og Sølv til Svelgen under UM i Drammen i dag. 02.02.2008

   

Under stavkonkuransen i dag vant Pål Valberg med 2,90.

Daniel Hessvik Holm tok 2.plassen og persa med 2,75.

 

Kim Nes Leirvik som konkurerer for Florø T&IF vant med 4.12.

 

Les meir på Firdaposten si nettside her   Og på STIF si heimeside  her


Skikarusellen utsett pga tekniske problem 02.02.2008

Skikarusellen, som skulle arrangerast ved Karlskarstova i morgon, sundag 3. februar, vert diverre avlyst på grunn av tekniske problem med trakkemaskina. Svelgen.no kjem attende med dato for neste renn.

Påminning:

Basar og konsert 2. februar 02.02.2008

 

Det blir basar og konsert på Svelgen samfunnshus laurdag 02.02.   kl 1400

 

 

Musikalsk underhaldning av:

Flora-Bremanger BrassBand og  Svelgen Songlag

 

Sal av mat og kaffi

Åresal og loddsal


Kulturkonsert på onsdag 31.01.2008

Førstkommande onsdag, 6. februar, blir det kulturkonsert med innslag av elevar frå Kulturskulen i Svelgen på Samfunnshuset kl. 1730. Inngang kr. 20,-. Ope for alle!

100 mm meir nedbør enn normalt i januar 31.01.2008

I januar fall det 330 mm nedbør i Svelgen, medan det normale for januar er 230 mm. 6 døgn var utan ein drope i måleglaset til EEB, og 44,5 mm var det meste ein målte på eit døgn.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars