Arkiv Juni 2013

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Søndagstur til Terdalskeipen 30.juni 27.06.2013

 

Fottur til Terdalskeipen søndag 30. juni. Dette er ein flott familietur. Utsikta frå toppen er fantastisk -ein ser nesten loddrett ned i Terdalen, og ein har utsikt sørover kysten og skipsleia med Alden og Bulandet i sørvest. Ein ser også Florø sentrum og vest i heile skjergarden. Turen starter frå Magnhildskaret (200m frå tunnelen) kl. 11. Turen tek 3-4 timer Spørsmål angåande turen ta kontakt med turleiarar Oddmund Leirvik Tlf. 57 79 32 61 Ottar Dahl Tlf. 57 79 55 73


Laurdag 29.06 på Svelgen Hotell 26.06.2013

STEINAR ENGELBREKTSON "EKTE SPELEGLEDE"

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Steinar Engelbrektson er meir aktiv enn nokon gong før.

Fornøgde arrangører og rebooking er blitt eit mål for den populære artisten.

I 2012 vart Steinar nominert til Gullskoen 2012 for plata si "Terningen er kasta".

Dette i tillegg til å tilby ulike konsept frå einmanns til band gjer at Steinar reiser

meir enn nokon gong. Trekkspel, steelgitar og verdens finaste dialekt gjer at han

har eit stort og stadig veksandes publikum som kjøper plater og kjem på dans når

Steinar Engelbrektson spelar opp. 2013 ser allerede ut til å bli det beste året nokon

sinne for den populære spelemannen. Mange flotte og spanande jobbar over det

ganske land, både på dei største festivalane og dansegallaer. Steinar jobber no i

studio og vil kome med ny plate i løpet av 2013.

Denne kvelden spelar Steinar Engelbrektson opp til dans med sin countryduo.

 

Frå kl 22:00

Cover kr 200,-

 

Sjå musikkvideo: Det vil alltid finnast ein bar  Den gamle fela

Velkommen!!!




Berle - Smalerabben 24.06.2013

Onsdag 19.06. arrangerte Turboktrimmen tur frå Berle til Smalerabben. Seks personer møtte opp. Det var ein flott tur, sjølv om det kom nokre regndråper då ein nærma seg toppen.

 

Ein valgte den lettaste løypa, slik at ein skulle unngå dei brattaste partia. To av deltakarane måtte sjølvsagt prøve seg ut på den smalaste rabben for å ta bilder. Smalerabben er klipp nr 3 i Turboktrimmen, og kan absolutt anbefalast. Det er fantastisk natur både undervegs og på toppen.

 


Vil du trene i Svelgen Idrettshus i sommar? 24.06.2013

Det du må gjere er å betale 200 kr for eit sommarkort som varer ut august.

Då kan du trene både i vektrommet og i hallen.

   

Betal 200 kr til kontonummer 3776.30.11462.

Dersom du har betalt medlemskort og treningsavgift, treng du ikkje betale noko meir for å trene.

 

NB! Det må vere med ein person over 18 år, som har ansvar under treninga og ser til at det er rydda, sløkt og låst før ein forlêt hallen.   

   

For å få låne nøkkel, ta kontakt med Andre Hatleset 482 67 476, Hege Iren Svarstad 990 45 971 eller

Vibeke Kjerpeseth 905 80 055.

   

 

 



Zumba 24.06.2013

 

Det vert zumbatrening tysdag, onsdag og søndag kl.18.30 denne veka.

  

Frå og med neste veke tek zumba sommarferie.

  

Vel møtt og god sommar!




Turen Veten - Klungreset avlyst 22.06.2013

Turen frå solnedgang til soloppgang er diverre avlyst. Grunnen er at skodda ligg tett frå Veten til Klungreset.

JONSOKFEIRING I SENTRUM 18.06.2013

Det vert jonsokfeiring ved småbåthamna i sentrum, søndag 23. juni.
Grillane vert tende kl. 18:30 (ta med eigen grillmat).
Bålet vert kveikt kl. 19:00
Lasse's Kro sel rømmegraut.
Velkommen!
For å få dette til, håpar vi at DU kan vere med på dugnad fredag 21. juni kl. 18:00.
(Bålbygging, oppsetting av telt, benkar, grillar osv.)
Arr.: Svelgen Opp & Fram/ Lasse's Kro

Jonsokfeiring på Nesbø 19.06.2013

Det blir tradisjonell jonsokfeiring, 23. juni, på gamleskulen også i år!

Kaffi, kaker, graut og saft frå kl. 1600. Basar med lodd på årer og bok. Flotte gevinstar!

Tenning av jonsokbål kl. 2000!

 

 

Alle hjarteleg velkomne!



Svelgen kino 20.06.2013

 

   Man of Steel

   Søndag 23.juni kl.20:00

Henry Cavill, Russell Crowe, Lawrence Fishburne og Amy Adams i ny episk film om verdens mest kjente superhelt. For regien står "Watchmen"- og "300"-skaper Zack Snyder.

Amy Adams spiller Daily Planet-journalisten Lois Lane og Laurence Fishburne er hennes redaktør Perry White. I rollene som Clark Kents adoptivforeldre møter vi Diane Lane og Kevin Costner.

I "Man of Steel" må mannen med fødenavnet Kal-El kjempe mot to andre overlevende fra planeten Krypton: den ondskapsfulle generalen Zod, spilt av Michael Shannon, og hans like onde partner Faora, spilt av Antje Traue. Fra Krypton kommer også moren Lara Lor-Van og hans far Jor-El, ført til lerretet av hhv. Avelet Zurer og Russel Crowe.

"Man of Steel" er en episk og storslått ny film i et actionfylt eventyr med en av verdens mest kjente superhelter, mesterlig regissert av den amerikanske filmskaperen Zack Snyder.

 

Aldergrense: 11 år     Lengde: 2 t. 22 min.


Jonsokfeiring i sentrum 23.06.2013

    

Kjekt at så mange var med og feira Jonsok ved småbåthamna i sentrum i dag.

   

Takk til dei som arrangerte og la alt til rette for ei fin feiring.

        

 

Sjå fleire bilde her.

 


PÅMINNING: Trubaduren Kornelius Petersen kjem på Lasses kro fredag og lørdag. Kjempe helg. Velkommen 20.06.2013


Ni over fartsgrensa på Ytrehus i dag 19.06.2013

UP har i dag hatt fartskontroll på Ytrehus. Denne gongen vart ni bilførarar stansa for å ha køyrt over fartsgrensa. Høgaste fart vart målt til 78 km/t. i 60 km sona. UP lovar fleire kontroller i distriktet vårt i løpet av sommaren melder Bremanger lensmannskontor.



Teikning av nye omsorgssenteret 19.06.2013

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Tur til Smalerabben i morgon onsdag 18.06.2013

Tur til Smalerabben onsdag. Vi skal gå Nordsjøløypa, så skal vi ta av ved Raudskarfjellet og følge blå merka rute opp. Det er den lettaste turen til rabben. VI FRA SVELGEN MØTAST PÅ LASSES ONSDAG 19.6 KL 1700, SÅ GÅR VI I FRA BERLE CA KL 17.30.MØT OPP DEt BLIR EIN FINE TUR!

Fotballkamp gutar 15/16 17.06.2013

Svelgen gutar 15/16 spela kamp mot Eikefjord/Tambar på Svelgen stadion, tysdag 18.juni kl.17.00.

 

Heia Svelgen!

 


Fotballkamp A-laget 17.06.2013

A-laget spelar kamp mot Florø 4 på Svelgen stadion, tysdag 18.juni kl.19.00.

 

Still opp!




NYDELIG TUR PÅ INDREHUSVATNET 17.06.2013

23 born og 20 vaksne møtte opp og var med Barnas Turlag 16.juni. Kjempeflott oppmøte! Vi hadde 5 kanoer - noko som sjølvsagt ikkje var nok til at alle kunne padle samtidig. Vi delte oss, slik at nokon padla oppover elva til vatnet og dei andre gjekk til kraftstasjonen. Her møttast vi att og fant ut at vi skulle padle tvers over vatnet og raste der. Vi fann ei lun bukt. Her åt vi nista vår, padla og sola oss. Trur dei fleste borna var nedi og kjende på badetempraturen. Nokon tok eit skritt lengre og la på svøm.
Takk til alle som deltok og til dei som lånte ut kanoer til oss. Flott at vi kunne ha turen vår til Indrehusvatnet.
Ossenkamp/Langedal



Avskilsgudsteneste for Tore Myklebust i dag 16.06.2013

Svelgen kapell

Søndag 16. juni kl 11.00

Avskilsgudsteneste for Tore Myklebust

Det vert kyrkjekaffi i småsalen på samfunnhuset, like etter gudstenesta.

 

 

Hjarteleg velkomne!


Deltakerane på Tour de Bremanger 2013 i går 16.06.2013



16. juni går turen vår til Vetvika 14.06.2013

Vetvika ligg i Nordre Bremangerlandet. Oppmøte er på Svarstad og turen tek til kl. 10.00

Dette er ein tur for dei fleste turgåarar. Det er ein lang tur med bratt stigning somme plassar. Turen tek 7-8 timar.

 

For spørsmål angåande turen ta kontakt med turleiarar

Gunnar Skjølberg       mob. 95 21 77 80/ Svenn Petter Kjerpeset mob. 95 89 85 65


Barnetrim 14.06.2013

Siste barnetrim før sommaren er i dag, fredag 14.juni kl.16.45.

 

Vel møtt og god sommar!

 



Over 30 påmelde til "Tour de Bremanger" og plass til fleire! 12.06.2013

Per Arne Sæterlid er glad for dei gode vèrmeldingane for lørdag 15/6. Han er og nøgd med at over 30 er påmelde så langt, men ser gjerne at fleire melder seg på. Påmelding kan gjerast til Per Arne 959 67 770.

      

Klikk her og sjå invitasjonen

 


BARNAS TURLAG TIL INDREHUSVATNET 16. JUNI 13.06.2013

På søndag blir det kanotur på Indrehusvatnet! Vi møtast ved hovedvegen. Herifrå går vi eit lite stykke innover vegen til vi kjem til starten av vatnet. Her padler vi innover til vi finn ein fin plass å ete nista vår. Det vil også her bli anledning til å bruke kanoane. Ta med deg redningsvest, niste og drikke. (Det blir ikkje anledning til å fiske).
Oppmøte 16. juni kl 12. like etter Indrehus (i svingen før brua).
Parkering ved hovedvei.
Barnas Turlag indre
v/Ossenkamp 95030335/Langedal 47063543

Pilates 12.06.2013

Pilates har teke sommarferie.

 

Ynskjer alle ein fin sommar og vel møtt til hausten.


TUSEN TAKK!

til alle som bidrog med dugnadsinnsats under ekstremveka for 9.klassingane 5.-7.juni i år.

Utan dykkar hjelp gjennom 10 år hadde det vore uråd å drive eit slikt tiltak.

Både elevar, lærarar, foreldre og vi som arrangørar set stor pris på innsatsen dykkar.

For arbeidsgruppa

Gunnar Skjølberg



SISTE DANS 11.JUNI. 10.06.2013

SVELGEN SENIORDANS

Siste dans før sommerferie er 11.juni.


Spinning 09.06.2013

    

Spinninga tek sommarferie på grunn av lite påmelding.

 

Vi ynskjer alle ein fin sommar og vel møtt til hausten!




Svelgen kino 04.06.2013

  Epic - Skogens  hemmelige rike

     Søndag 9.juni kl.17:00

          Kinopremierer 7. juni

Fra skaperne av ISTID og RIO kommer storfilmen EPIC - Skogens hemmelige rike. Epic forteller historien om en tenåringsjenta MK som på magisk vis transporteres inn i skogens hemmelige rike. Der pågår det en kamp mellom gode og onde krefter, og hun blir nødt til å slå seg sammen med en fargerik gjeng av snodige karakterer for å redde deres verden... og vår.

I den norske versjonen hører vi Malin Pettersen i rollen som MK og Erik Skøld som Nod. Trond Espen Seim spiller rollen som løvmannen Ronin, Alex Rosen som Nim Galuu og Haddy N'jie som Dronning Tara. I rollene som Mub og Grub hører vi den kjente komikerduoen Bye og Rønning.

 

Lengde: 1 t. 42 min.    Aldersgrense: 7 år


Svelgen kino 04.06.2013

 

     Fast & Furious 6

       Søndag 9.juni kl.20:00

Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjempe en livsfarlig gangsterboss.

Vin Diesel, Paul Walker og Dwayne Johnson er tilbake, sammen med resten av stjernegalleriet fra Fast & Furious-filmene, idet denne høyoktans blockbusterserien girer seg opp til heftig bilaction på nye kontinenter i Fast & Furious 6. Fanfavorittene Jordana Brewster, Michelle Rodriguez, Tyrese Gibson, Sung Kang, Gal Gadot, Chris "Ludacris" Bridges og Elsa får følge av hardkokte nykommere som Luke Evans og Gina Carano.

I forrige film ledet Dom (Diesel) og Brian (Walker) et Rio-kupp som gruset imperiet til en mafiaboss, og ga Fast & Furious-gjengen 100 millioner dollar på deling. I etterkant gjemte de seg i hvert sitt hjørnet av kloden. Men savnet etter hjemstedene og den konstante flukten fra lovens lange arm har satt sitt preg på dem.

I mellomtiden har Hobbs (Johnson) sporet opp en organisasjon med livsfarlige leiemordersjåfører som opererer i 12 ulike land. Mesterhjernen (Evans) bak det hele jobber tett sammen med sin hensynsløse nestkommanderende, som viser seg å være Doms antatt døde kjæreste, Letty (Rodriguez). Den eneste måten å stoppe den kriminelle ligaen på er å overliste dem på gateplan, så Hobbs ber Dom om å samle hele eliteteamet sitt i London. Betalingen? Full benådning til dem alle, så de kan reise hjem og være med familiene sine igjen.
 

Lengde: 2 t. 10 min.    Aldergrense: 15 år


Keipen Turlag på Facebook 07.06.2013

KEIPEN TURLAG er kommen på Facebook. Målsettniga er å nå ut til flest mulig om fellesturar og elles kva Keipen Turlag driv på med. Vi skal markedsføre Bremanger kommune på ein positiv måte. Gå inn og lik sida vår og del gjerne innlegget slik at vi når ut til flest mulig. Det ligg også ei side under navnet TURBOKTRIMMEN der vi annonserar fellestur til dei 10 forskjellige plassane klippetengene ligg. Første turen var til Sundstua 549 moh på Rugsundøy. Akkurat no ser det ut til at det blir Sigdestadnakken på onsdag 12.juni  kl 1700.

 


Internasjonal dag på samfunnshuset 07.06.2013

Lørdag 8 juni kl 12.00-15.00 blir det arrangert en internasjonal dag til inntekt for 9 klasse som skal til Polen med aktive fredsreiser.
Det blir:
Loppemarked
Åresalg
Kafedrift
Smaksprøver på matretter fra ulike land som Norge, Tyskland, Tyrkia, Polen, Tailand, Belgia, Somalia og Estland.

Møt opp til en hyggelig dag :)

TUR TIL OMNEN SØNDAG 09.06.2013
Start frå Rise kl. 10.00. Turen går via Risesetra til Omnen (818moh)
I fint ver er dette ein flott tur med fantastisk utsikt i alle himmelretningar.
Vi reknar med å bruke ca 6 t/r.
Passar for dei med litt trening. Barn frå 8-10 år greier turen fint.
Turleiarar: Steinar Isene tlf. 95030371 og Karstein Løvseth tlf. 57793626
Keipen turlag ønsker : Velkommen på tur!

Gulen Skyttarlag

 

Det er jegerskyting med oppskyting på bana i "Birkelia" tysdagar og torsdagar frå kl. 17.15 - 19.45


Skatepark i Svelgen 06.06.2013

Ein del ungdommer i Svelgen ynskjer å få til ein skatepark i Svelgen. FAU har tatt på seg å invitere til eit møte for å sjå om det er interesse blant foreldre-ungdom til å få til dette. Møtet vert på ungdomsskulen onsdag 12. juni kl. 18.00. Vi håpar mange har anledning til å komme, både ungdommer og foreldre. For FAU Aina Alfredsen Førde leiar

Avskilsgudsteneste for Tore Myklebust 05.06.2013

Svelgen kapell

Søndag 16. juni kl 11.00

Avskilsgudsteneste for Tore Myklebust

Det vert kyrkjekaffi i småsalen på samfunnhuset, like etter gudstenesta.

Hjarteleg velkomne!


Laurdag 29.06 på Svelgen Hotell

STEINAR ENGELBREKTSON «EKTE SPELEGLEDE».

Steinar Engelbrektson er meir aktiv enn nokon gong før. Fornøgde arrangører og rebooking er blitt eit mål for den populære artisten. I 2012 vart Steinar nomimert til «Gullskoen 2012 for plata si«Terningen er kasta». Dette i tillegg til å tilby ulike konsept frå einmanns til band gjer at Steinar reiser meir enn nokon gong. Trekkspel, steelgitar og verdens finaste dialekt gjer at han har eit stort og stadig veksande publikum som kjøper plater og kjem på dans når Steinar Engelbrektson spelar opp.

2013 ser allerede ut til å bli det beste året nokon sinne for den populære spelemannen.  Mange flotte og spanande jobbar over det ganske land, både på dei største festivalane og dansegallaer. Steinar jobber no i studio og vil kome med ny plate i løpet av 2013.

Denne kvelden spelar Steinar Engelbrektson opp til dans med sin countryduo.

Frå kl 22.00

Cover kr 200,-

Velkommen!!!


STEM FRAM VANDRETEATERET 06.06.2013

Vandreteateret «Der båra bryt» i Bremanger   kjempar om   prisen på 100.000 kroner  .

HER KAN DU STEMME FRAM TIL kl 1400 I MORGON FREDAG.

Målet er å ha teateret på plass neste år, med Grotlesanden og naturen rundt som scene.

Segn og mytar

Ideen såg dagens lys då organisasjonen Nye Bremanger utfordra kulturskulen på å kome opp med idé til eit stort kulturarrangement. Grotlesanden vert ofte trekt fram når kommunen blir promotert. Og dermed byrja ballen å rulle.

Målet er å ta vare på den gamle kulturhistoria til Bremanger.

– Det blir ikkje noko tradisjonelt sogespel, som vi har mange stadar. Vi tenkjer å presentere vår kulturhistorie, gamle segn og mytar frå vår lokale historie på ein original og utradisjonell måte – med eit slags vandreteater med musikk og rørsle i sentrum, fortel Grethe Berntzen.



10-års jubileum for Aktivitetsveka 06.06.2013

I år er det 10-års jubileum for Aktivitetsveka - samarbeidsprosjektet mellom lensmannskontoret, skulane og Bremanger kommune. Denne veka og fram til fredag er det stor aktivitet ved Karlskarstova i Myklebustdalen der 9. klassingar frå heile kommunen får prøve seg på rappelering, kajakk, sove i lavvo og mykje annan utandørsaktivitet. Bildet viser den flotte t-skjorta som er laga i samband med jubilèet. (Foto: Bremanger Lensmannskontor)

ELKEM KOPP TIL SVENN PETTER, BJØRG OG ANDREJ 05.06.2013

Etter trekking av Elkem-koppar i mai kan vi gratulere Svenn Petter som vinnar på Knekkevatn, Bjørg Håøy som vinnar på Sandsegga (nr.474) og Andrej Portha som vinnar i Vasskaret (nr.345)
I juni kan du vinne kopp på fjelltrimpostane på Gulebrystet, Sandsegga og Ivervatn – i juli skal vi trekke på Jakthytta, Knekkevatn og Moldahytta. VELKOMMEN TIL Å DELTA !
Keipen turlag – fjelltrimmen

Bli med og opptre med Kalvåg Songlag på Sommeråpent 03.06.2013

Invitasjon og oppfordring til å vere med Kalvåg songlag å skape bryggeshow når Sommaråpent kjem til Kalvåg 5.juli, og under Kystfestivlalen 3. august. Showet botnar i idèen om å fremje bulysta i kommunen. Songlaget treng støtte av mange for at lyden skal bere godt fram ute, så vi blir kjempeglade om mange sangglade vil og kan vere med oss. Det blir kveldsøvingar (20.30-22) i gamleskulen i Kalvåg, dei 3 første onsdagene i juni, og vidare kveldane mand-torsd. kl. 20-22 i festivalveka (veke31). KOM OG BLI MED :) Mvh Kalvåg songlag

SVELGENPENSJONISTER PÅ TUR! 02.06.2013

Onsdag 5.juni reiser vi frå Svelgen kl.08.15 frå buss-stasjonen.

OBS! Bussen kjem til Svelgen kl.07.30!

Det er 55 personer

 som har meldt seg på, så vi reknar med å køyre med ein privatbil i tillegg til bussen.

Dersom det er nokon som  må melde seg av turen, må vi få melding om dette snarast - Bjørg tlf.476 15 127 eller Anne Lise tlf 414 13 .182



Storslått folkefest i Svelgen 03.06.2013

Svært mange deltok på den store folkefesten der tunnelåpninga og feiringa av Bremanger II stod i fokus. På dagtid var det ei yrande liv i Svelgen sentrum, trass noko dårleg vær. På idrettsbana var det fotballturnering og åstad for utdeling av årets byggeskikkpris. Den fekk STIF for det nye stadionbygget. Ordførar Karl-Vidar Førde overrekte prisen til ein overraska leiar, Svein Arne Sandvik.

 - Bygget har bidratt til å gje Svelgen sentrum eit løft, sa ordføraren.  STIF og lokale pensjonistar har lagt ned kring 3000 dugnadstimar i bygget.

På kvelden var det duka for nok ei prisutdeling - kulturprisen. Den gikk til tidlegare kulturskulerektor og musikkeldsjel Norvald Klungresæter. Lenge før ordføraren var ferdig med å lese grunngjevinga for prisen klappa alle dei hundrevis av frammøtte i idrettshuset for vinnaren.

Festen i idrettshuset framstod som ei ekte forbrødring mellom alle delar av kommunen. Norgesmesteren Flora-Bremanger Brassband var ikkje unntak i så måte. Korpsmedlemmane kjem frå heile kommunen samt Flora. Dei åpna showet med å spele den nye flotte Bremanger-fanfaren frå tribuna, under leiing av komponist og dirigent Johnny Sælemyr. Etterpå gikk det slag i slag med musikk, sang og dans i alle formar der heile aldersspennet var representert. Mellom anna fekk publikum sjå Bremanger Reaggie framført live for aller første gong. Rådmann Tom Joensen bandt saman festen som konfransier. Han nytta anledninga til å spesielt takke kultursjef Espen Frøysland som har stått på seint og tidlig for å få arrangementa i havn. Eit utrulig dugnadsarbeid er lagt ned for å få til den storslåtte feiringa og folkefesten med påfølgande dans i eit heilt fullstappa idrettshus. Spik Adel saman med vokalistane Grete Berntzen, Monica Hauge og Elisabeth Solbakken stod for musikken og deltok også på den store konserten tidlegare på kvelden med sitt uendelege repertoar. Avstanden mellom ytre og indre Bremanger er betydeleg korta ned - og i helga framstod kommunen som eitt, på alle vis.

Nokre glimt frå folkefesten:

 

 

 


Kultursjefen etterlyser bortkomne badeender 02.06.2013

Bremanger kulturkontor etterlyser eit ukjent antall merka badeendar etter badeandrace i helga. Funne endar kan leverast kulturkontoret og finnaren vil bli belønna med twist!

Kultursjefen

Jentekamp måndag 02.06.2013

Jentelaget skal spille kamp måndag 03.juni kl.19.00 mot Eid.

 

Still opp!


Zumba 02.06.2013

Zumbatreninga tysdag kl.18.30 vert ute, ved nye barnehagen.

 

På onsdagane vert zumbatreninga kl.20.00 framover.



Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars