Arkiv Juli 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Trubadur på hotellet førstkommande fredag 30.07.2007

Trubaduren Erik Snaprud spelar opp til dans på Svelgen Hotell førstkommande fredag, 3. august.

I ei pressemelding om artisten heiter det; ERIK SNAPRUD   er en profesjonell musiker som som har sin bakgrunn fra rock`n roll miljøet i barndoms-byen Larvik. Han er meget allsidig med sitt store og varierte repertoar som spenner seg fra gode gamle slagere via blues og Rock n Roll til det siste på listetoppene.

ERIK   legger også stor vekt på god kontakt med publikum og det bruker   være stor stemning i salen. 

Cover kr. 80,-

Les meir om artisten på hotellet sine heimesider!

 


Treningsrommet på hotellet stengt 27.07.2007

Svelgen hotell melder at treningsrommet vil bli stengt nokre dagar framover fordi dei skal legge nytt golv. Det vil bli lagt melding på svelgen.no kor tid rommet vert opna igjen.

Kverrsette førarkort etter ulykke på Eikeland 24.07.2007

Politiet har kverrsett førarkortet til ein av personane som var involverte i ei trafikkulykke på riksveg 614 mellom Svelgen og Kjelkenes.

 

Personen mista førarkortet grunna uvøren køyring i samband med ulykka. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

Det er meldt om lettare personskader i samanstøyteten mellom dei to personbilane.

Politiet vil enno ikkje kome med detaljar rundt uhellet, som skjedde i halv fire-tida tysdag ettermiddag.


The Tramps til Svelgen 8. september 24.07.2007

 

8. september spiller The Tramps på Svelgen Hotell. Bandet ble etablert som en kvartett i 1994, med bakgrunn i en felles interesse for irskinspirert musikk, og blir i dag regnet som landets fremste folkrock-band.   

Repertoaret består av et stort utvalg egne låter og folkemusikk frå Irland, Skottland, England og Amerika. På en konsert med The Tramps vil du kunne drømme deg vekk med de varmeste ballader, og bli revet med i dragsuget etter de mest drivende jigs og reels. The Tramps har ekspandert siden starten og tel i dag 6 medlemmer. Her finn du  bouzouki, fløyter, mandolin, banjo, fele, gitar, bass, trommer og flerstemt vokal. 

Les meir om bandet her: www.thetramps.no

Hotellet opplyser at dei denne helga vil arrangere eit større "event" - så her er det berre å følge med!


Svelgen Hotell utvidar opningstidene 18.07.2007

For å betre servicetilbodet både for hotellgjester og fastbuande i Svelgen endrar Hotellet no sine faste opningstider for restaurant og bar.

 

Kvar fredag og laurdag er restauranten open til kl 02.00. Kvar onsdag til kl 24.00, andre vekedagar til kl 23.00, søndag til kl 22.00


Servering/bar stenger 30 minutt før ordinær stengetid på alle dagar.

Hotellkjøkkenet stenger foreløpig som normalt kl 21.30 måndag-fredag. Laurdag kl 19.30 Søndag kl 16.00  

 

Vi jobbar no for å få på plass underhaldingsplan for august/september.
Har du idéar for musikk o.l. så tar vi imot forslag med takk.

Om kort tid får vi på plass 30m flytebrygger ved Hotell og vil med det ynske båtfolk velkommen til oss. Vi vil snart også kunne by på eit utvida tilbod for sport og fritid, og vil leige ut syklar og kajakker m.m. Helsestudioet vil også no få ei oppgradering.

 

Vi vil komme tilbake med meir info og ein del overraskingar om kort tid.

 

Har du forslag på underhalding/musikk, så kontakt Svelgen Hotell v/Restaurantsjef Helene Dyrhaug (mob 91160323) eller sal/utvikling ansvarleg Jostein Eimhjellen (mob 48275626)

 

For Svelgen Hotell
Jostein Eimhjellen


Cirotzki første som har symt Aurlandsfjorden på langs 11.07.2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sønnøve Husabø Cirotzki (biletet), som vaks opp i Svelgen, vart i helga den første som har symt Aurlandsfjorden på langs. Den 32 km lange symjeturen i 10-12 graders vatn var, i følge det ho fortalde pressa, til tider umenneskeleg.

 

Bergens Tidende skriv: " Ferden ingen mann eller kvinne har prøvd seg på før, startet fredag ytterst i Aurlandsfjorden ved Timreviki. Første etappe gikk til Beitelen, på lørdag svømte Cirotzki inn til Aurlandstangen og i dag brukte hun vel tre timer på siste etappen inn til Flåm innerst i fjorden."

 

Les meir i Bergens Tidende og porten.no 

 

Cirotzki sumde i fjor over den engelske kanal.


Friidrett

Sparebankleikane på Byrkjelo 03.07.2007

 

  Svelgen stilte med 7 utøvera på Sparebankleikane på Byrkjelo 30.juni og 1.juli.

  20 pallplasser og mange perser til utøverane våre.

 

  I tillegg sette Kim Leirvik nok en krinsrekord i stav.   

            

                                                                    Les meir på STIFs heimeside   her


Sommarferie på Svelgen.no 02.07.2007

Redaksjonen i svelgen.no tar no  sommarferie. Sida vil difor bli lite oppdatert dei neste par vekene. Vi nyttar høvet og ynskjer alle ein god sommar! Viss de har notisar som må med denne perioden kan de sende epost til denne adressa: redaksjonen@svelgen.no så skal vi prøve å få det med.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars