Arkiv Aug 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Friidrett

Bronse til Svelgen på UM sin første konkurransedag 31.08.2008

 

Det blei bronse til Daniel, då han tangerte stav pers'en sin på UM sin første konkuransedag.

 

Meir på STIF si side her  og  her 

 

Oversikt over Sogn og Fjordane sine medaljer på sida til Sogn og Fjordane Friidrettskrins.


Bilar, fly og helikopter ved Firda Billag laurdag 29.08.2008

I morgon blir det framvisning av Rc-biler (nitro), el-fly og el-helikopter ved Firda Billag frå (ca.) klokka 1100 til 1300 (altså laurdag 30. august)
 

Hjortejakt fram til lissjejulafta:

Bremanger får utvida jakttid 29.08.2008

Fylkesmannen har fastsett forskrift om utvida jakttid for hjort i deler av Sogn og Fjordane.
Fylkesmannen har motteke svar skriftleg eller munnleg frå 21 av 26 kommunar. 16 kommunar ønskjer utvida jakttid og vi finn å kunne følgje tilrådingane frå dei kommunane som har ønskje om det.
 
Fylkesmannen skriv på sine heimesider: " Vi vil be kommunane om å informere jegerane i eiga kommune på høveleg vis, og gjerne peike på det ansvaret som ligg til jegerane no når jakta kan utøvast fram til 23.12. Spesielt dersom det oppstår ekstreme vêrtilhøve med t.d. mykje snø, må det utvisast stor aktsemd under jaktutøvinga. Den utvida jakta kan og gjere ettersøksarbeid meir krevjande grunna lite ljos.
 
Det primære siktemålet med utvida hjortejakta er å redusere veksten i hjortebestanden generelt over store deler av fylket. I nokre område vil det også vere eit mål å redusere sjølve bestanden. Kommunane har det beste faglege grunnlaget for å vurdere utviklinga i hjortebestanden i sin kommune og er såleis sentral for å kunne oppfylle måla for utviklinga av hjortebestanden".

Klart for Nordgulen Høgt og lågt 29.08.2008

 

Fredag 29. august på Svelgen Hotell

1900   "Austlending på Vestlandet", Vidar Davidsen (sjå omtale lenger nede på sida), (fri inngang)

 

2000   Midtgulen Vekst - Ein etnologisk forskingsrapport om befolkninga av Gulen og verda elles..

 

2200   Jens Petter Dyrdal spelar opp til dans. Cover kr. 100,-

 

 

 

Laurdag 30. august

1100  Aktivitetane byrjar: Bruskasseklatring, fasadeklatring, luftgeværskyting, bogeskyting, løypestreng, "isklatring", Elias er på plass, fiskekonkurranse, seniordans, kanopadling, kajakkurs ( www.norway-adventures.com ), ansiktsmaling, paintball, jakt/skytesimulator, eventyrfelt, hoppeslott, apebru og meir til. Firskekummane, tradisjonsbåtar frå Kystlaga, redningsskøyta, Røsslyngen 4H.

 

1200 Svelgen Hotell har fått fyr på grillen. Kakebaren opnar. Roregatta frå gjestebrygga - arr.: Kystlaget

 

1300 Small Ship Race, start og mål: gjestebrygga på Svelgen Hotell

 

1430 Nordgulen Superslitet; dei sprekaste skal sykle, springe og symje for å vinne tittelen som superslitar. Meir info til venstre under linken til Høgt og Lågt.

 

1530 Nordgulenslitet, etappeløpet for mosjonistar. Sykling, padling, symjing, løp og rulleski/rulleskøyter (sjå link til venstre)

 

1700 Buffet Nordgulen opnar, Svelgen hotell - bestill gjerne bord på tlf 57 79 65 20 (servering til 2100)

 

2200 Dans på Svelgen Hotell med Turbostipend  (sjå omtale lenger nede på sida)

 

 

Søndag 31. august

1100 Guida tur til Omnen 819 moh (oppmøte og start ved stien til Risesætra) - Keipen Turlad

 

1200 Natursti for dei minste i Risevatnet (oppmøte ved bommen), Bornas Turlag. Mountainbike, Velteplassen (oppmøte)- Svelgsvatn - Svelgsvassdammen - R614 og til Svelgen Hotell. Turleiar Trond Hatleset (tlf 95030325)

 

 


STIF

Barnetrim 28.08.2008

                                 

     Barnetrimmen startar opp att fredag 29.08. kl.16.45.

 

     Vel møtt!


Talle hovudinnleiar på regionsmøte i dag:

Måløy-Svelgen-Florø ny vekstmotor? 28.08.2008

 

Potensialet til vekst er der. Spørsmålet er korleis ein kan få det ut.

Dette er tema for eit møte i Måløy den 28.august. Tittelen er: Regionen Flora-Bremanger-Vågsøy - framtidas vekstmotor i Sogn og Fjordane?

- Steller vi oss rett i åra som kjem, kan aksen Måløy-Svelgen-Florø bli den ”vekstmotoren” Sogn og Fjordane i dag sårt manglar, seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst til Firdaposten.

For å synliggjere potensialet – og barrierene som står i vegen – har Måløy Vekst invitert Steinar Talle, verftsdirektør ved Elkem Bremanger, som hovudinnleiar. Elkem Bremanger planlegg dei to neste åra å investere 250 mill for å doble silisiumproduksjonen. I tillegg kan Svelgen bli valt som lokalisering for ein ny Solar-fabrikk – ei investering på ca 3 mrd kr som vil gi vår region 6-700 nye arbeidsplassar samla sett.

Sentrale spørsmål er:

Kva potensiale og mulige ringverknader har eit slikt industrieventyr for vår region?

Kva må til for at denne og andre planlagde gigantinvesteringar i vårt nærområde skal bli realisert – og kystregionen vår kan henge saman som éin, slagkraftig region? Dette skal drøftast på møtet i dag, torsdag.


Dagleg leiar i Lopex:

- Svelgen hotell ikkje aktuelt som asylmottak 28.08.2008

Dagleg leiar i Lopex, Hroar Espeland opplyser at dei ønskjer eit desentralisert mottak av asylsøkjarar i Bremanger kommune.Han har vore i kontakt med hotelleigar Jostein Eimhjellen, men seier at han ikkje ser på Svelgen hotell som aktuelt for asylmottak.
- I Gamleskulen er det plass til seksten asylsøkjarar. Per i dag veit vi ikkje eksakt kor mange som kan plasserast i Bremanger kommune. Vi kjem til å ha dialog med kommuneleiinga og vil velje ein desentralisert modell, der vi leiger husvære. Om det vert Bremanger, Svelgen eller Davik er for tidleg å seie, eit av kriteria for plassering av asylsøkjarane er at det er kapasitet innan skule og barnehage til desse, seier Espeland.

 

- Vårt ønskje er å fordele asylsøkjarane utover eit litt større geografisk område, og primært i bustadhus. Som sagt vil vi diskutere dette med kommunen, og så langt er det lite som er på plass, med unntak av avtala vi har gjort med Gamleskulen i Kalvåg, opplyser Espeland.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende onsdag 27. august.

Tre Svelgare skal delta på UM i Sigdal i helga. 28.08.2008

   Svelgen T&IF har to 15.åringer som har kvalifisert seg i 5 øvelser.

   I tillegg har Florø T&IF en Svelgar i klassen 18/19 som har

   kvalifiseert seg i 2 øvelser.

 

   Les meir på sida til NRK Sogn og Fjordane  og på sida til STIF


STIF allereie krinsmeister i 7. divisjon 27.08.2008

Svelgen sitt herrelag spelar i år 7`ar-fotball i 7. divisjon. Forutan Svelgen deltek Breimsbygda 2, Viksdalen og Kvammen. Dei fire klubbane skal arrangere kvar si turnering der alle fire laga deltek, og i helga vart den 3. turneringa spelt. STIF har vunne alle sine kampar i dei tre turneringane til no, og er allereie krinsmeister før den siste turneringa, som arrangerast av Breimsbygda 21. september.

  

STIF sitt lag består av ei blanding av spelarar som var på "høgda" då STIF var i 3. divisjon på slutten av 90-talet, og yngre spelarar. Kjell Åge Bueie (arkivbiletet) er trenar for laget.


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps fyller 50 år ! 27.08.2008

Er det noen gamle og nye AKTIVE medlemmer av Svelgen Røde Kors som ikke har mottatt invitasjon i posten i disse dager ville vi sette pris på om du/dere kunne ta kontakt med Synøve Sande  tlf. 90726012  innen 5. september.
Svelgen Røde Kors
Styret

Hjort på plommeslang i Mevika.. 27.08.2008

 

Bilde er tatt av Jørn Holm kl. 06.20 i dag tidleg.

 

Han kikka ut kjøkken vinduet og ser ein hjort som forsyner seg av familien Teigene sine plommer...

 

Etter at hjorten vart var på at nokon såg på han, stod han lenge i oppgangen til Jørn og Anita og lurte på kvar han skulle ta vegen, før den tilslutt spring opp langs huset og oppi skogen bak.

 

 


Friidrett

KM Byrkjelo, 23-24.august. 26.08.2008

 

 

 Svelgen T&IF si friidrettsgruppe stilte med 8 utøvere på KM på

 Byrkjelo den 23-24.aug.

 

 Alle 8 vart kretsmestere.  Les meir på STIF si heimeside  her


Foredrag med Vidar Davidsen fredag 26.08.2008

I samband med arrangementet Nordgulen Høgt og Lågt kommande helg er Vidar Davidsen hyrt inn som fordragshaldar. Han vert presentert som austlendingen som gjekk opp på ein topp og kom ned som Bremanger ambassadør!

Vidar Davidsen jobber med Leder- og Team utvikling i norske og internasjonale bedrifter. I tillegg er han fysioterapeut og   fotball kommentator for TV3 i Champions League.

 

Han har jobbet som profesjonell fotballtrener, spilt på fotball landslaget og reist Norge og Europa på kryss og tvers.

 

Når han får noen dager fri setter han seg i bilen og fyker over fjellet til sitt kjære Berle. Der forenes familie røtter og vennskap med rekreasjon, opplevelser, nye idèer og arbeidslyst..

 

I sitt foredrag deler han tanker om livet, arbeid og verdier…hva som gjør at vi lykkes eller mislykkes… og ikke minst hva er det med Bremanger som får en ”austlending” til å bli dreng og Berlegutt så ofte han kan.

 

Velkommen til tanker, skryt, smil, små ”provokasjoner” og skråblikk fra en som kjenner bremangerne godt. Fri inngang.


Ledig stilling i Sparebanken Sogn og Fjordane 26.08.2008

Sparebanken Sogn og Fjordane søker kundebehandlar på personmarknaden. Stillinga er eit vikariat

og har kontorstad Svelgen. Sjå annonse under ledig stilling til venstre eller Les meir her


Idrettsmerketaking 24.08.2008

Det vert idrettsmerketaking på Svelgen stadion følgande tysdagar: 26/8, 2/9 og 9/9. Møt opp kl. 18.00. Alle velkomne.

Tildelte pengar både til Solar og veg 22.08.2008

Hovudutval for plan og næring i Fylkeskommunen hadde i går møte der Svelgen var ei av hodvudsakene.

 

På heimesida si skriv S. og Fj. Fylkeskommune følgjande: I dei siste åra har fylkeskommunen, Bremanger kommune og det lokale næringslivet arbeida med å leggje til rette for Elkem Solar si etablering av ein fabrikk i Svelgen. Hovudutvalet meiner fylkeskommunen skal halde fram med å engasjere seg i dette arbeidet, og tildelte Bremanger kommune 700 000 kr. til dette prosjektet. Fylkeskommunen legg i tillegg inn kr. 220 000 i eit utgreiingsarbeid som vurderer utbetringsarbeid av riksveg 614 mellom Svelgen og Grov, med bakgrunn i at ei vegutbetring vil styrkje Svelgen som lokaliseringsval.

 

 

Les meir her

 


Pensjonistmøte i Botnane 27. august 22.08.2008

Svelgen Pensjonistlag har møte i Botnane onsdag 27.august kl. 16.30 (NB! merk tida)
..
Program:
Opning
Ord for dagen v/ Johs. Nordbotten
Sang og musikk
"Innflyttar i Bremanger" v/ J. Mannaart
Opplesing
Kaffi og mat.
Påmelding til dagstur til Ytre Søre Sunnmøre 17.sept.
Utlodning.
 
Rutebuss frå Svelgen 14.30
Ekstrabuss frå Botnane kl.20.00
 
VEL MØTT!

Bremanger vil saksøke bank i Kragerø 21.08.2008

Terra-kommunen Bremanger meiner Kragerø Sparebank kan haldast ansvarleg for at dei i mars i fjor kjøpte eit ròte verdipapir til ein verdi av 54,5 millionar kroner.

 

Advokaten til kommunen meiner verdien av obligasjonen var langt mindre enn det Bremanger betalte. Økonomisk ekspertise som advokatfirmaet Lund & Co har nytta, konkluderer med at netto reell verdi ved oppstart var under 40 millionar.

- Vi meiner Bremanger kommune har fått urette opplysningar då kjøpet blie gjort. Då må avtalen vere ugyldig, seier advokat Ulf Larsen som representerer Bremanger.

 

Sparebanken avviser kravet frå Bremanger kommune. Advokaten deira, Knut Bergo hjå Wiersholm, meiner kravet er basert på feil fakta.

- Slik vi forstår dette produktet, vart det utvikla av Terra spesielt med sikte på Bremanger kommune. Kragerø Sparebank vart så spurt om å ta imot innskotet. Sparebanken var den mest passive deltakaren, skriv Bergo til avisa.


Miniputt turnering, Naustdal Stadion 24.august 2008 20.08.2008

 

Søndag vært det Miniputt turnering og åpning av Nausdals Nye Stadion.

 

  Les meir på STIF si side her


Kven skal spele mot Drillos? 20.08.2008

Firda.no kan du være med og avgjere kven som skal få denne mulighet. En av spillerne  som er utplukka til å spille midtbane er Vegard Dyrstad (bildet) frå Dale IL.

 

Vegard er sønn av Jørn Dyrstad og barnebarn til Sverre Magne Dyrstad.

 

Gå inn på Firda.no og inn på Sport , her vil du finne ”Kven skal spille mot Drillos?”    her

 

På Sogn og Fjordane Fotballkrets si side finn du og litt meir informasjon om Drilloseminar på Skei 06.09


Bremanger-country til Bergen 27. sept 20.08.2008

Bremanger musikklag skal halde konsert i Grieghallen laurdag 27. september. Billettsalet er godt i gang og vi ønskjer fullt hus.

Ta ei konserthelg i Bergen! (Trykk på plakat for større versjon)

Etter konserten er det fest i foajeen med Harald Lindvik som konferansier. Spik Adel spelar opp til dans.
Førehandssal:
Billettservice 815 33 133
www.billettservice.no

Konsertbillett:
kr 280,- + avgift

Hotellpakke:
Konsert - middag m/dans og overnatting hotell, frå kr 1390,- + avgift

Festpakke:
Konsert - middag med dans, kr 750,- + avgift

For bestilling av billett inkl. middag/fest eller hotellpakke,
ring 55 21 61 70

Svelgen Hotell kan bli asylmottak 20.08.2008

Dagleg leiar ved Svelgen Hotell, Jostein Eimhjellen, stadfestar at han er kontakta av UDI med tanke på å ta imot asylantar. Alternativet kan vere nedlegging.
I tillegg til Kalvåg skal UDI ha vurdert bygg i Svelgen med tanke på eit eventuelt asylmottak.

På direkte spørsmål frå Fjordenes Tidende stadfestar Jostein Eimhjellen at han er blitt kontakta av representantar frå UDI og frå eit firma som driv med mottak av flyktningar.

Eimhjellen som eig fleire eigedomar i sentrum av Svelgen stadfestar at det er hotellet som det i fyrste omgang er reist spørsmål om som ein aktuell stad for eit eventuelt asylmottak.

- Det seier seg sjølv at det ikkje er heilt optimalt med eit asylmottak lokalisert til hotellet, men hotellet har også ein hybel-del så vi får sjå kva som skjer. Dette er noko eg skal greie ut for styret og så vert det opp til dei kva svar vi skal gje UDI, seier Eimhjellen som ikkje legg skjul på kor skuffa han er over Bremanger kommune og mangelen på reiselivssatsing i indre del av kommunen.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 20. august.

Tidlegare innlevering av post 20.08.2008

 

Nattestenginga av tunnelane mellom Ålesund og Vigra frå 8. september, påverkar dei fleste innleveringsfristane for post i Nordfjord. Dette melder Posten Norge.

 
.
Stenginga av tunnelane heng saman med vedlikehaldsarbeid og gjer at post til og frå postterminalen i Ålesund og flyplassen på Vigra blir forseinka. For å kunne få A-posten fram til mottakarane over natt, ser Posten seg nøydd til å framskunde innleveringsfristen varierande frå tre kvarter til femten minutt fleire stader i Nordfjord.
Endringane av innleveringsfristane vil råke cirka 4000-5000 A-post brev og cirka 300 pakkar, og gjeld i perioden frå 8. september og til vedlikehaldsarbeida er avslutta i løpet av 2009.

 

- Vi gjer alt vi kan for å minske problema for kundane våre. Samstundes ser vi behovet for vedlikehald av tunnelane, og håper at kundane har forståing for at dette skaper utfordringar for Posten. Vi må blant anna nytte fergje i postframføringa, og dette gjer at vi treng litt meir tid til transport, seier informasjonssjef Jørn Michalsen i Posten.

Følgjande innleveringsfristar vil gjelde frå nattestenginga trer i kraft og til vedlikehaldsarbeidet er avslutta:

•       Post i Butikk Svelgen kl. 14.00 (tidlegare kl. 14.45)

 

Dei midlertidige innleveringsfristane for post vil bli kunngjort gjennom annonser i avisene, oppslag ved postkontor og Post i Butikk og på innleveringspostkassane i området. Bedriftskundar som har avtale med Posten vil få brev om endringane.


Oliver Twist til Svelgen 31. oktober 20.08.2008

Oliver Twist er ein klassikar av dei sjelden som vann i konkurranse med Jungelboka om kva oppsetjing som skulle bli den store familieframsyninga denne hausten. Den rørande historia om fattigguten som kjempar for å overleve i 1800-talets London er vist på film, tv og scener eit utal gonger. No kjem den endeleg til Sogn og Fjordane.
Denne gongen kjem teateret med stykket "Oliver Twist" av Charles Dickens. Oliver Twist er ei av dei største satsingane til SoFt nokon sinne. Med nykomponert musikk og spektakulære sceneskift ønskjer teateret å gi oss ei uforgløymeleg oppleving.

Stykket handlar om Oliver som veks opp på eit fattighus der han får meir juling enn mat. Han klarer å flykte frå fattighuset og hamnar blant Londons verste kjeltringpakk. Dessverre er mørke krefter i sving for å rydde den stakkars guten av vegen fordi han ber på ein løyndom han sjølv ikkje er klar over.

Stykket er dramatisert av: Camilla Hübbe og Bodeil Kvamme
Musikk av: Per Janke Jørgensen
Til nynorsk ved: Terje Lyngstad

 

Svelgen samfunnhus: Fredag 31.oktober klokka 18.00
Påmelding: Liste på arbeidsplassane i indre, og på servicekontoret tlf 57796300
Billetane må løysast inn seinast klokka 15.00 dagen før framsyning.

Målgruppe:
Stykket passar for alle frå sju år og oppover. Barn som er yngre enn dette vil truleg ikkje vere modne nok til å få utbytte av framsyninga.

Oliver Twist er ein kjent klassikar så vi kan rekne med at stykket kjem til å bli godt besøkt. Sogn og Fjordane Teater tilrår publikum å kjøpe billettar i god tid på førehand sidan det er venta rift om billettane.

Speltid:
Total speletid blir mellom 2 - 2,5 timar inklusiv pause på ca 20 minutt.

Billettsal/prisar
Vaksne: kr 200,-
Barn/student/honnør/gruppe: kr 120,-

Dette er musikkteater. Billettprisane er difor noko dyraree enn ved andre sjangerar. Dersom minst 5 personar kjøper billett under eitt oppnår ein grupperabatt.

Avgjerd om Solar støtte torsdag 20.08.2008

I morgon skal fylkeskommunen avgjere om dei skal gje økonomisk stønad til tilrettelegging av Solar fabrikk i Svelgen. I saksframstillinga heiter det: " I dei siste åra har fylkeskommunen, Bremanger kommune og det lokale næringslivet arbeida med å leggje til rette for Elkem Solar si etablering av ein fabrikk i Svelgen. Fylkesdirektøren tilrår at fylkeskommunen held fram med å engasjere seg i dette arbeidet. Fylkesdirektøren tilrår å tildele Bremanger kommune 700 000 kr i midlar til dette prosjektet. Elkem har signalisert at riksveg 614 Svelgen-Grov må utbetrast, og fylkesdirektøren tilrår derfor å løyve 220 000 kr i midlar til vekstselskapa i Måløy, Florø og Bremanger til arbeid med å greie ut ei vegforbetring på denne strekninga".

 

Sjå bakgrunn og sakstilfang på fylkeskommunen sine sider.


Bingo på Samfunnshuset igjen 19.08.2008

Svelgen Samfunnshus AL har , etter at årsmøtet  30.juli godkjende rekneskap for 2006 og 2007, fått tilbake bingoløyvet.
Når bingospelarane samler seg, blir det avgjort kva tid det kan startast opp med bingo på Samfunnshuset.

Ombygging av Bakarhuset:

Bakeri-kafeen flyttar til Keipenstova 19.08.2008

På grunn av ombygging vert kafeen og bakeriet på Bakarhuset midlertidig flytta til KEIPENSTOVA.
 
Det vert open kafe onsdag og fredag kl.10.30 - 13.30.
 
Tilbodet vert litt endra, men vi prøver å ha  varm mat  ( hamburger, karbonader) og kaffimat.
 
Gamle og nye gjestar er velkomne!
 
Vi opnar onsdag 20.08.08.

Høgt og lågt med dans 30. august 14.08.2008

Nordgulenslitet er ein del av ”Nordgulen høgt og lågt” som vert arrangert for andre gang i Svelgen 29-31.8. 2008. Dette er ei familiehelg med arrangement knytt til villmark, friluftsliv og eventyr.

Nordgulenslitet er ein sosial konkurranse for firma, skular og andre grupper, eller ein utfordrande individuell konkurranse. Løpet går rundt Nordgulen og består av fem greinar. Ein time før start vert ”Nordgulen superslitet” arrangert. Dette er eit individuellt triatlon over ein kortare og meir intensiv distanse. Sjå link "Høgt og lågt" til venstre på hovudmenyen.

Partybandet Turbostipend spelar opp til dans på hotellet om kvelden. Og som ein observant lesar har gjort oss merksam på spelar ein svelgar i Turbostipend - nemleg Erlend Eidsvik som du ser heilt til høgre med lilla skjorte.

 

 

Trykk her  og sjå fullt program

Trekkspelklubben spelar på Havly 18.08.2008

Svelgen Trekkspelklubb spelar til dans på Havly i Bremanger den 30. august kl. 2200. Kroner 100 pr. pers.

Søndagsbuffet ut august 16.08.2008

Svelgen hotell opplyser at dei held fram med søndagsbuffet ut august.

Ordførar har tru på Solar og 200 arbeidsplassar 14.08.2008

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, trur avgjerd om ny Solar-fabrikk i Svelgen kjem før neste sommar.

Fylkesadministrasjonen vedtok i går å løyve 700.000 kroner til eit utviklingsprosjekt i kampen om å få den nye fabrikken. I same renna vedtok fylket også å støtte utgreiing av betre veg mellom Svelgen og Grov. Svarstad trur at det kanskje er det viktigaste bidraget for å få Elkem til å etablere Solar-fabrikken i Svelgen.

- I løpet av første halvår neste år, så håpar eg at vi får tydelege signal på etablering i Svelgen, seier han til NRK Sogn og Fjordane. Fabrikken som skal produsere silisium til solceller, fører med seg arbeidsplassar for kring 200 personar. I tillegg gjev den positive ringverknadar for kommunane kring, seier assisterande fylkesdirektør for regional utvikling, Endre Høgalmen.

- Ein slik fabrikk vil innebere eit stort løft for heile regionen med ei invistering på over tre milliardar, seier han.

Ordføraren ventar at det alt til våren kan kome ei avgjerd. No må samfunnet gjere seg så attraktivt som råd for å få fabrikken.

- Vi skal i alle høve ikkje sitte på stolen og vente på at dette kjem av seg sjølv. Vi må vise at vi klarer dette i kommunen og klarer dette i regionen kring Bremanger. Dette er så stort at det vil påverke kommunane både nord og sør for oss, forsikrar Svarstad.


Småkraftkonsult til Svelgen 13.08.2008

Sirdalssfirmaet Småkraftkonsult as opprettar avdeling i Svelgen. Vestlandsavdelinga blir leia av Henning Tjørhom (bildet), som i eit par år har jobba ved kontoret på Tonstad.


-Henning Tjørhom vil inntil vidare betene kontoret i Svelgen aleine, men vil operere i tett samarbeid med kompetansemiljøet på Tonstad, heiter det i pressemeldinga som er sendt ut.

Småkraftkonsult er eit konsulentselskap med hovudkontor i Fokusbygget på Tonstad. Selskapet sin forretningsidè er å yte bistand til utbyggjarar av småkraftprosjekt på ein nøytral måte, utan bindingar til utstyrsleverandørar. Selskapet bistår utbyggjar i heile eller delar av utbyggjingsprosessen. Selskapet har idag oppdrag over heile landet. Området på Nord-Vestlandet anser Sirdalsselskapet som svært interessant.

-Frå kontoret i Rise Næringsbygg i Svelgen vil Småkraftkonsult på ein effektiv måte kunne bistå småkraftutbyggjarar i eit område frå Hardanger i sør til Romsdal i nord, skriv Småkraftkonsult i pressemeldinga.

Henning Tjørhom startar i den nye stillinga 15. august.


"Fematlon" under "Nordgulen Høgt og Lågt"

Naustneset utfordrar andre grendalag 10.08.2008

Naustneset ynskjer med dette å utfordre andre grendalag/vegar i Svelgen til å stille lag under "Fematlon" under "Nordgulen Høgt og Lågt" lørdag 30. august. Naustneset stiller med to lag, der dei fleste er "den vanlege mann/kvinne i gata" nå det gjeld trening o.l. Så det er berre å hive seg rundt å få med naboar og vener, og melde seg på.

 

Elles minner ein om at i "Fematlon" så kan ein stille både lag og individuelt, medan i "Triatlon" berre kan melde seg på individuelt.

 

Les meir om arrangementet her.


Informasjon frå Svelgen Samfunnshus 10.08.2008

Svelgen Samfunnshus har for tida ikkje dagleg leiar. Ved leige av lokaler skal det framleis brukast
same tlf.nr.  - 57793570 som vert kobla over til Keipenstova
Keipenstova har ope måndag og torsdag mellom 11 - 14.
Det er valgt eit interimsstyre som skal fungere fram til årsmøtet i februar 2009:
Astri Berle, Ove-John Hessvik, Espen Frøysland, Anne Lise Gilleshammer og John Fløtre.  
Desse kan kontaktast dersom det er spørsmål vedkomande huset.
 
 

Geir Gjerde sjef for Mega Florø 10.08.2008

– Ei stor utfordring, seier Geir Gjerde om sin nye jobb i nabokommunen,

Svelgaren Geir Gjerde har lang fartstid i servicenæringa, både som leiar ved Svelgen hotell og i dagens stilling, som sjef på Coop i Svelgen. No er han kalla inn på kort varsel for å drive Mega på Evja. 

– Florø har i dag den mest moderne daglegvarenæringa i fylket. Her må ein jobbe hardt for å henge med i kampen, og den jobben er eg innstilt på å gjere, seier Geir Gjerde.

I første omgang har han stillinga ut året.

– Kva som skjer etter det, får vi sjå. Eg skal i denne perioden også ha driftsansvaret for Coop i Svelgen, så det blir nokre dagar i Florø og nokre i Svelgen, seier Gjerde.

 

Geir Gjerde blir no sjef for ei verksemd med rundt 15 tilsette og som i fjor selde daglegvarer for 47 millionar kroner, melder Firdaposten

 


Benedicte vart åtte den 08.08.08 kl. åtte! 10.08.2008

Benedicte Myklebust frå Svelgen hadde ein stor dag fredag. Den 08.08.08 kl. åtte vart ho åtte år!   

Sjølv er ikkje Benedicte så oppteken av at ho blir 8 år på ein så spesiell dag,

- Nei, eigentleg ikkje. Ho skjønar ikkje så mykje av det, men synst likevel at det er spennande at media lagar litt oppstyr rundt det. Det seier mor Siv Myklebust til NRK Sogn og Fjordane.

 Ho ser også litt fram i tid, og finn i alle fall to datoar til som kan bli artige for Benedicte.

- Ho blir jo 18 år 08.08.18 klokka åtte. Den har også mange åttetal i seg. Og så blir ho 20 år i 2020 klokka 20 på den same datoen. Så her er framleis litt å sjå fram mot.

 

Privat foto


BASSENGET  

klart til bruk måndag 18.08.

 

For å få tildelt bassengtid/nøkkel må de hatt eit livreddande førstehjelpskurs i løpet av 2006-2008 (eldre kurs blir ikkje godkjent). Dersom det er behov, vil skulen prøve å arrangere kurs i slutten av august i samarbeid med Svelgen Rødekors.

Påmelding ”haustsesongen”   frå MÅNDAG 11.august   - tlf. 57 79 64 50.

Billettprisar:      Kr. 33 for vaksne pr. time

                                   Kr. 22 for barn pr. time

                                   Kr. 20 for badstove pr. gong

 

Minstebetaling er kr. 300 for haustsesongen

(1 time pr. veke).

 

For at flest mogleg skal få høve til å nytte seg av tilbodet, ber vi om at dei som ikkje kjem til å bruke bassenget kvar veke bestemmer seg anten for oddetal- eller partalveke (anna kvar veke).

 

Fellestider:       Småbarn (0-5år) à laurdagar kl. 1100-1230

                                   ”Familiebading” à laurdagar kl. 1230-1400

                                   ”Familiebading” à søndagar kl. 1200-1400

 

Alle som skal nytte bassenget, må melde seg på og få nøkkel (gjeld også fellestider).

 

Svelgen skule, 07.08.08

Bjørg H. Didriksen


Gratulerer Rikke! 10.08.2008

EG VIL HERVED GRATULERE RIKKE RISE HALLSET  MED FANTASTISK INNSATS  PÅ SKYTEBANA !



Med helsing 
Inge-Jarl Tennebø


Junior NM i friidrett

Gull til Leirvik, bronse til Øvrebotten 10.08.2008

Firdaposten

Etterlysning:

Ipod mista i ballbingen 06.08.2008

Marius var i ballbingen måndag 4. august og la igjen iPoden sin der. Det er en iPod Nano, med Sennheiser hodetelefoner. iPoden hadde og klart beskyttelses deksel. Om det er nokon som har funne den og tatt vare på den, så vær snill å ring til Hans Inge på mob. 90 75 74 52.


Saknar du katten din? 05.08.2008

Har funnet ein liten grå herrepus, kan vere rundt 8 veker gammel. Er det noen som savner den kan dei ringe 91689351 eller 91603381.
Hilsen Beate Standal

Rikke er nest best i landet. 02.08.2008

Rikke Rise Hallset (15) overraska både seg sjølv og andre på finfelten.

Les meir  i Firdaposten  og i Firda

På Ålfoten si heimeside her  (et stykke ned på sida) står det og om Rikke og

dei andre som deltok.

Ålfoten skyttarlag deltok med 15 skyttere på Landskyttarstevnet.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov