Arkiv Juni 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

14 døgn utan nedbør i juni 30.06.2004

I juni 2004 fall det 116 mm nedbør i Svelgen, medan det normale er 129 mm. Det meste som fall på eit døgn var 23,5 mm, og 14 døgn var heilt utan nedbør.

Må låne ytterlegare to mill. 30.06.2004

 

Bremanger kommune må ta opp lån på nærare to millionar kroner for  å finansiere småbåtkai på Kolset, opningsfesten for fastlandssambandet i  2002 og veglys på Rugsundbrua.   Det har vore politisk semje om å gjennomføre desse investeringane, men politikarane har aldri sagt kvar dei skulle ta pengane frå. No får dei rekninga på etterskot.

Småbåthamna ved brufestet på Kolset er sett i stand og i teke i bruk. Kostnaden kom på 963 000 kroner. Kommunen har heller ikkje tileigna seg grunnen til området mellom sjøen og den gamle vegen, eller sett av pengar til det. Men dei reknar med at dei må ut med 60 000 kroner som kjem i tillegg til dei andre kostnadane med småbåthamna. Dermed er prisen komen over ein million kroner. 

 Sommaren 2002 vart fastlandssambandet opna. I samband med opninga gjorde Bremanger kommune ein del arbeid med festen som vart arrangert. Mellom anna leigde dei eit sirkustelt på småbåthamna og hadde ein del kostnadar til transport. Totalt kosta festen kommunen 140 000 kroner.  Med litt anna småplukk må politikarane alt i alt  låne to millionar kroner for å få orden i rekneskapen.

I tilrådinga heiter det at prosjekta skal finansierast ved låneopptak, men at det ikkje må auke den vedtekne låneramma. Det betyr at prosjekt med tilsvarande beløp må skyvast ut i tid. Dette skriv Fjordenes Tidende i dag. Saka skal opp i plan- og utviklingsutvalet torsdag 1. juli.


Nettverk for nyetablering 30.06.2004

- Næringar som er etablert av kvinner får ofte store positive ringverknader for lokalsamfunnet, meiner Karin Flatøy Svarstad. Ho er prosjektleiar for ei nettverksgruppe i Bremanger som har fått 200 000 kroner frå Innovasjon Norge.

 Målet til den spesielle nettverksgruppa er å få pengane til å yngle og lokalsamfunnet til å blomstre med basis i eigne kreative idear.

- Dette er ikkje noko hobby-gruppe. Målet er å tene pengar og etablere eigne arbeidsplassar, seier Karin Flatøy Svarstad.

I sommarhalvåret driv ho Sommerakademiet på Kalvåg. Resten av året bur ho i Rådal i Hordaland. Der er det sju slike grupper som no er etablert i Bremanger..

- Så vidt eg kjenner til er denne gruppa ei av svært få som er blitt godkjent og fått slike midlar frå Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, fortel ho. 

 Pengane skal lånast ut til medlemmane av gruppa over ein toårs periode. Dei kan brukast til både kompetanseheving, investeringar eller kjøp av tenester.

- Men eg vil kanskje seie at ressursane nettverksgruppa sjølv utgjer er det aller viktigaste. Det å ha samtalepartnarar i ei etableringsfase er utruleg viktig. Denne gruppa møtast fast ein gong i månaden for å hente råd og tips, ta opp problem og hente inspirasjon og pågangsmot frå dei andre deltakarane. Det som føregår innad i gruppa er det lagt teieplikt på, og skal ikkje nå ut på bygda, seier Karin Flatøy Svarstad til Fjordenes Tidende i dag. På bildet ser vi  Jacqueline Mannaart, Annika Ryland, Karin Flatøy Svarstad, Stine Mari Ryland og May Britt Ryland


Fylkesutvalet i Svelgen 30.06.2004

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane hadde lagt siste møtet før sommaren til Svelgen. På programmet stod både synfaring til steinbrotet til Bremanger Quarry, orientering frå Elkem Bremanger og litt frå dei kommunale syslane. Mest imponert vart fylkespolitikarane av det dei fekk sjå av steinbrotet på  Dyrstad.

- Vi investerer i Coca Cola og andre merkelege ting, i staden for å satse på slike ting. Her er det nederlendarar som har satsa og fått til noko stort. Eg meiner dei nevnte 160 millionar brukte kroner. Det er rett og slett imponerande, seier Liv Signe Navarsete (Sp). Meir i Fjordenes Tidende i dag.


Straumavlesing 5. juli 27.06.2004

 

 

 

 

 

Elkem Energi Bremanger minner om at straummålarane i Svelgen skal lesast av måndag 5. juli. Men dei som er vekkreist på denne datoen kan lese av målaren før eller etter. 

Bruk mailadresse:  kraftverk.bre@elkem.no  Husk å oppgi namnet abonnementet står på med gateadresse, og målarnummer. Gratistelefon 800 30 175, eller postkort som var vedlagd EEB sin kalender for 2004 kan også nyttast.


Friidrett

Flott innsats av STIF på G-Sportleikane på Lillehammer 27.06.2004

I helga har 11-åringane Daniel Holm og Pål Valberg, og 16-åringane Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten, frå Svelgen TIF delteke på det store friidrettsstemnet på Lillehammer, G-Sportleikane. Stemnet på samla nesten 1300 utøvarar frå fem nasjonar, og er det største friidrettsarrangementet i Norge.

Alle fire oppnådde fine resultat og plasseringar, og resultata finn du på heimesida til friidrettskrinsen. STIF sikra seg to bronsemedaljar under stemnet. Det var Daniel Holm i kule og Tor Inge Øvrebotten i stav som tok desse.

Om du på heimesida til stemnet går inn på stemnerekordar for stemnet, ser du at Kjell Idar Berle frå STIF (biletet t.v. frå 1994) har stemnerekordane på 60 m og lengde for 12-åringar med høvesvis 8,07 sek. og 5,29 m.  Desse rekordane vart sett i 1992, og ikkje i 1990 som det står på 60 m-resultatet. Om ein ser på rekordlista for stemnet, som tidlegare vart kalla OE-leikane, finn ein mange kjende norske friidrettsnamn. Ein nemner også at Berle pr. 1/1 2004 er innehavar av norgesrekorden for 13-åringar i lengde, då han i 1993 hoppa heile 5,84 m under Donald Duck-meisterskapen på Kongsberg. I følgje STIF si historiebok hadde Berle svært dårleg "planke" på dette rekordhoppet, og han var heile 20 cm frå å hoppe "dødt". Berle vart i si tid i STIF trena av Ingvald Ytrehus.

På biletet under ser ein ein av STIF sine deltakarar på Lillehammer, Kim Leirvik, under starttrening på Svelgen stadion i 2003. I bakgrunnen ser ein trenar Ingvald Ytrehus, som akkurat har gjeve startsignal. Det er ikkje få ungar og ungdomar Ytrehus har trena i sine år som trenar i STIF.


BLÅBÆRA ER HER! 26.06.2004

No er blåbæra modne.

 

På bildet har Mina Susanne (4) frå Naustneset klart å fylle eit strå med dei små fristelsane.

 

 Det er berre å gå ut i fineveret å forsyne seg! 


Unn Kvendseth

Bachelorgrad i journalistikk 26.06.2004

Unn Kvendseth frå Svelgen hadde 2. juni "graduation" ved California State University Northrigde.

Ho har no bachelorgrad i journalistikk.

Vi gratulerer!


Dag H. Nestegaard

Fra Kanal 24 til Redd Barna 26.06.2004

Dag H. Nestegaard (36) er ansatt som ny informasjonssjef i Redd Barna etter Ellen Berg Svennæs. Han kommer fra en redaktørstilling i Kanal 24. 
Nestegaard har tidligere vært presserådgiver for fiskeriminister Svein Ludvigsen og har 10 års fartstid fra NRKs nyhetsavdeling på Marienlyst. Han har praksis både fra radio- og TV, blant annet som nestleder i utenriksavdelingen.
Den nye informasjonssjefen er fra Svelgen i Sogn og Fjordane. Han er gift med NRK-journalist Hege Iren Nestegaard (30). Sammen har de to små barn. Familien er bosatt på Nesodden.
Nestegaard tiltrer stillingen i juli, melder Kampanje.

Elgspor i Svelgsdalen 25.06.2004

Redaksjonen i Svelgen.no har fått følgande melding frå Per Lars Sande:

"Bjørn Marthiniussen, utmarksansvarleg i Bremanger Kommune har idag 25/6-04 registrert spor etter elg i Svelgsdalen. Avtrykk er sannsynleg eit par dagar gamle. Tidlegare i år har det vert registrert elg spor ved Sandvik sætra i Midgulen. Så svelgarar på tur i Risevatnet må vere observant for at elgen kan vere i dette området no i desse dagar."

Nedanfor kan du sjå eit bilete innsendt av Per Lars Sande. Eit elgspor saman med ein mobiltelefon, som viser storleiken på sporet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  


Meir om elgsporfunnet 25.06.2004

På biletet nedanfor ser ein Bjørn Marthiniussen som markerer funnstaden for elgspora. Biletet er innsendt av Per Lars Sande.


STIF spelte 1-1 mot topplaget 24.06.2004

I ein kamp i 5. divisjon onsdag spelte STIF uavgjort 1-1 borte mot Selje. I følgje rapportane frå ein "Seljemann" var det Selje som skulle vere mest fornøgde med uavgjort. STIF leia 1-0 ved pause etter at Kjell Åge Bueie scora. Kjell Morten Langedal vart tilbake som keeper for STIF, og spelte sin første kamp for STIF sidan 2001.

Etter 4 uavgjorte kampar av 8 mogelege tar STIF no sommarferie på 3. plass på tabellen. Det er berre 3 poeng opp til 2. plassen, som gjev opprykk ved sesongslutt.

Kampreferat kan du lese "Gjestebok" på "Tobbensida".


Strandos redda 16-åring på sjøen 22.06.2004

Lensmann Hans Rune Strandos var snarrådig da ein båt kantra nær Svelgen tysdag. Uten å nøle drog han ut på fjorden og redda den 16 år gamle båtføreren.

16-åringen skal være i god form etter havariet.

Les meir i BT


Rekebord og dans på hotellet onsdag 21.06.2004

Onsdag 23/6 er det rekebord på Svelgen Hotell, og etterpå spelar Bjarne Lunde opp til dans.

Svelgen skule:

Best på kompostering 21.06.2004

  NoMil har plukka ut Svelgen som beste kompostskulen i Nordfjord. I grunngjevinga til Brit Lundby Hilde heiter det:

 "En stor skule, over 200 elever, gjennomført innsamling av alt matavfall på 0-10 skule. Følger tilrådde kompostrutiner, men 7. klasse har kompostansvar, meget bevisste elever. Fin fin kompost på kontrolldag, også ved kontroll gjennom tømmeluke."

"Bevisste holdninger i ledelsen."

Les meir i Fjordenes Tidnede i dag. 


Referat Svelgen-Bjørn 19. juni 20.06.2004

Ved å klikke på "sport" t.v. på denne sida kan du lese Stian Bøhmer sitt referat frå laurdagens heimekamp mot Bjørn.

I ein kamp i 5. divisjon søndag spelte Førde 2, som ligg på plassen føre Svelgen, uavgjort 2-2 mot Oppstryn.


2-2 mot IL Bjørn 19.06.2004

I ein kamp i 5. divisjon laurdag spelte STIF og Bjørn 2-2 i Svelgen. Det var ein snodig kamp der Bjørn leia 2-0. STIF kom tilbake og ved pause var stilling 1-2. Sjølv om STIF hadde ballen om lag 75 % av tida i 2. omgang greidde laget berre å score på ei straffe. Begge laga hadde MEGA-store sjansar til å avgjere i sluttminutta. Andrè Hatleset og Terje Nybø (straffe) scora for STIF.

Kolbein Halse vart uttrekt som Scoringsklubben sin vinnar av ein pizza gjeven av Svelgen Hotell.


 

 

 

 

 

 

Med virkning fra 5. juli 2004 setter vi opp den flytende kraftprisen i Svelgen fra 31,95 øre/kWh til 33,25 øre/kWh inkludert 24% mva.

 

Kraftprisen har intet fastbeløp. 

 

Nettleie for transport av krafta kommer i tillegg.

  

Svelgen juni 2004,    

Elkem Energi Bremanger AS, Postboks 57. 6721 Svelgen.

Dagens blomst 17.06.2004

 

 

Vi vil gjerne gi dagens blomst til alle foreldre og besteforeldre som var med å hjalp oss på friluftsprosjektet i veke 24 og 25. Vi hadde ikkje klart det utan dåkke. 

Helsing alle elevar og lærarar i  1. - 4.klasse ved Svelgen skule.


STIF gratulerer Bremanger IL med fleirbrukshall 17.06.2004

Hovudstyret i Svelgen TIF har teke kontakt med Svelgen.no, og ynskjer å sende følgjande helsing til Bremanger Idrettslag:

"Svelgen TIF vil gratulere Bremanger IL med vedtaket i kommunestyret om å byggje fleirbrukshall i Bremanger. Idrettshuset i Svelgen har betydd svært mykje for STIF dei 10 åra dette har vore i bruk, og det er gledeleg at BIL snart vil få gode høve til å trene og konkurrere innandørs. Gratulerer !!"


Svelgen - IL Bjørn

på Svelgen stadion laurdag kl. 1400 17.06.2004

Laurdag 19. juni kl. 1400 (merk tida) møter STIF Idrettslaget Bjørn til dyst i 5. divisjon. Bjørn er eit lag STIF aldri har slege, faktisk så har Bjørn vunne alle 6 seriekampane laga har møtt kvarandre til. Og i KM-finalen i 6. divisjon i fjor tapte STIF heile 0-5 mot sognelaget.

Nytt og spanande firma i Svelgen-området 17.06.2004

Rogier van Oorschot (biletet), busett på Dyrstad, har nyleg starta opp eit nytt firma. Med Norway AdvenTURes skal han selje naturopplevingar, og ynskjemålet til Oorschot er at folk skal få oppleve eventyret på sjøen, i skogen og på fjellet. Til Firdaposten uttala Oorschot mellom anna følgande: "Vi skal bli regionens aktivitetsleverandør innan friluftsliv og naturopplevingar. Med godt gjennomtenkte aktivitetar vil både turistar og lokalbefolkning kunne få mykje meir ut av naturopplevingane sine. Dette gjeld både for småbarnsfamiliar og vaksne – og grupper, til dømes frå næringslivet, som vil drive lagbygging. Turar i havkajakk eller kano, rappellering ned bratte stup, såkalla juvsvinging, fjellturar med og utan fiskestong (– Eg tar folk med der fisken er størst, lovar han.), seglturar i gamle båtar eller havrafting for dei som er sugne på fart". Les heile saka i Firdaposten.

På heimesida til Svelgen Næringsråd finn du ut korleis du kan kome i kontakt med Norway AdvenTURes.


Fotball

Selje vann i 5. divisjon 16.06.2004

I ein kamp i 5. divisjon onsdag vann leiarlaget Selje 5-2 borte mot Vadheim/Høyang 2.

Med denne sigeren rykker Selje frå resten av laga, og ligg no t.d. 7 poeng føre Svelgen på 3. plass. STIF, som har ein kamp mindre spelt, møter Selje borte onsdag 23/6.


Bremanger 15.-18. juli:

16.06.2004

Rockweekend 2004:

Her er det endelege programmet for Bremanger Rockweekend 2004:
  • Torsdag Jam-session.

  • Fredag kl 15:00 Minikonsert ved butikken til generalsponsor O.Grotle.
  • Fredag kl 21:00 Havly Ungdomsarrangement. L.O.F.F.(Nor) Kapasitetsanalyse.(Nor)
  • Fredag kl 21:00 Festivalteltet: Sheila Henderson.(Shetland) MAO.(Nor) Green Granadas.(Nor)

  • Laurdag kl12:00 Hauge Skule Barnejam.
  • Laurdag kl 15:00 Familiearrangement/Grillparty: Steinar Albrigtsen Duo.(Nor)
  • Laurdag kl 20:00 Festivalteltet: Boomhauer(Fin). Cocktail Slippers(Nor). SPAN(Nor).
  • Laurdag kl 21:00 Havly: Laila B Band (Nor). Dee Lannon (usa).

  • Søndag kl 17:00 Kyrkjekonsert: Frøydis Grorud m/Laila B + forsterkninger.
  • Søndag kl 21:00 Havly Mike Andersen Band (Dan).

  • Kommunestyret:

    Ja til vidare drift av bakarhuset 15.06.2004

    Kommunestyret sa i ettermiddag ja til vidare drift av Bakarhuset.  Dermed blir prosjektet med tilrettelagde arbeidsplassar permanent. Det er dei to på bildet, prosjektleiar Arne Loftheim og Roy Vegard Sørgulen, glade for - tilliks med resten av bygda.

    Kommunestyret sa også ja til å bygge fleirbrukshall i ytre Bremanger. Innbyggarane hadde møtt opp på møtet på Hauge med opprop og underhaldning. Vedtaket var ikkje einstemmig. Dei som stemte i mot var Roar Førde (H), KrF og FrP. Dei meinte kommunen ikkje hadde hadde råd til nybygget. Det er totalt kostnadsrekna til vel 16 millionar kroner, men delar av dette vil verte dekka ved hjelp av Tippemidlar og anna. På denne linken kan du lese innbyggarane si musikalske bøn til ordføraren og dei andre politikarane:  http://www.firdaposten.no/lokale_nyheiter/article1152832.ece

    Politikarane sa ja til alle dei seksten søknadane om sal av alkohol, med unntak av Johan Vadøy si stemme. 


    Fotball

    Ommedal passerer 300 seniorkampar for STIF 15.06.2004

    I 5. divisjonskampen mot Bjørn på Svelgen stadion laurdag 19/6 spelar Frank Ommedal (biletet t.v. frå 1990) sin seniorkamp nr. 300 for STIF. På STIF sin maratontabell, som inneheld kampar for både A- og B-laget/2. laget, er Ommedal den 11. spelaren som når 300 kampar. 31-åringen har spelt 266 A-kampar og 34 kampar for B-laget/2. laget. Han vil på fotballfesten ved sesongslutt få ei utmerking for 300 kampar.

    Ommedal trena med A-laget alt som siste års smågutespelar, då han også deltok på gutelaget, som trena med A-laget den sommaren. Ommedal, som var stor for alderen, greidde seg svært godt mot seniorspelarane. Alt som gutespelar i 1989 vart Ommedal registrert med sine første A- og B-kampar. Men det var først i 1990 at han vart fast medlem av A-stallen. Han byrja sesongen som reserve, men spelte seg relativt raskt til fast plass på laget. Ein plass han i all hovudsak beheldt heilt fram t.o.m. sesongen 2001, då han tok pause frå fotballen. Han har gjort come back i 2004, og har vist at han ikkje har gløymt gamle kunstar. Ommedal har imponert både på trening og i kamp. Trenar Trond Hatleset gjev Ommedal følgjande karakteristikk: "Som spelar er Frank ein luring som kan dei fleste uskrevne triks. Han er plasseringssikker og les spelet godt. Det gjev alltid ein ekstra trygghet å ha ein slik spelar på laget. Frank spelar aldri ein dårleg kamp".

    Det er i forsvaret Ommedal har spelt i alle desse åra. I 1998 og 1999, då STIF gjorde sine beste prestasjonar i divisjonsfotballen med to 6. plassar i 3. divisjon, utgjorde Ommedal ein fast forsvarstrear i lag med Trond Hatleset og Kjell Åge Bueie. I 1998 var det berre eit lag i 3. divisjon som slapp inn færre mål enn STIF. Keeper Kjell Morten Langedal gjorde også eit svært viktig bidrag til den prestasjonen. Men Ommedal har også bidrege framover på bana, i all hovudsak på dødballar. Han har scora 14 mål for A-laget, av desse 12 seriemål.

    Ommedal, som er inne i sin 14. sesong med kampar for A-laget, har vore med på tre nedrykk og tre opprykk. Nedrykka kom i 1990, 1991 og 2000, medan opprykka kom i 1993, 1994 og 1997.

    Dei 10 andre spelarane som har passert 300 kampar er: Øyvind Grindheim, Frank Midtbø, Terje Førde, Asbjørn Svarstad, Torgeir Vårdal, Arild Sande, Roald Nigardsøy, Frank Ryland, Paal Øyvin Frøyen og Alf Førde.

    Biletet nedanfor vart teke av Ommedal etter cupkampen mot Florø 8. juni i år.


    3 lag frå STIF på Norway Cup 14.06.2004

    For aller første gong skal tre lag frå STIF delta på Norway Cup. Dette er smågutelaget i klasse F, småjentelaget i klasse V, og jentelaget i klasse U. Alle desse laga spelar 7`ar-fotball.

    Puljetrekninga kan du no sjå på Norway Cup si heimeside. Klikk på "Lagets kamper", og søk på Svelgen. Der vil du mellom anna sjå at smågutane skal møte Kauguri frå Latvia, som vann klasse F på Norway Cup i 2002. Sjølv om dei fleste frå det laget nok er for gamle for klasse F i år, vitnar det om at STIF møter tøff motstand.

    Når desse laga har vore i aksjon i Oslo har i alt 23 lag frå STIF delteke på Norway Cup. STIF deltok med 19 lag i 11`ar-fotball i åra 1975-1992, og med jentelaget på 7`ar-fotball i 2003.

    På biletet under ser ein mange av jentene frå STIF som skal på Norway Cup. Biletet vart teke i samband med ei treningssamling med toppseriespelaren Marit Renate Midthjell før jula 2003. Midthjell deltok sjølv på Norway Cup for STIF i 1990, 1991 og 1992.

     


    Friidrett:

    God innsats av STIF sine yngre på Førdeleikane 14.06.2004

    Søndag 13/6 var Førdeleikane arrangert i Førde, og STIF sine yngre utøvarar oppnadde mange fine resultat og plasseringar. På biletet under, som vart teke i 2003, ser ein to av STIF sine yngste talent som markerte seg i Førde. F.v. Daniel Holm og Pål Valberg. Om nokon skulle vere i tvil om kven som trenar friidrettsgjengen i STIF i 2004, så er det framleis den fantastiske eldsjela Ingvald Ytrehus.

    Resultatlista kan du sjå  på friidrettskrinsen si heimeside.


    Kommunestyret i morgon:

    Vidare drift av bakarhuset 14.06.2004

    I morgon skal den vidare sjebnen til Bakarhuset i Svelgen avgjerdast, skriv Fjordenes Tidende i dag. Prøveåret er over 1. august, og planen er no å få tiltaket permanent. Totalt sju menneske har fått sitt daglege virke på Bakarhuset med kavringbaking, snekring, snømåking og kafedrift. - Eg gledar meg til å gå på jobb kvar einaste dag, og det vil bli veldig trist dersom dette vert nedlagt , seier Roy Vegard Sørgulen til avisa. Dersom Bakarhuset  får faste driftsmidlar, kan fleire frå Aetat og Trygdeetaten få større aktivitet på kvardagane. - Det har vore eit fantastisk år, og vi kryssar fingrane for vidare drift, seier prosjektleiar Arne Loftheim.

    På bildet ser vi Arne Loftheim, sivilarbeidar Stig Andersen og Roy Vegard Sørgulen som snekrar den første av i alt 11 oppslagstavler som skal plasserast rundt om i kommunen.


    Ros til amcar-gjengen 14.06.2004

    På "Fritt ord" takkar ein person amcar-gjengen for at dei skapar liv og røre i bygda, og personen gjev også folk i ytre delar av kommunen ris for at dei ikkje støttar opp når det skjer noko i Svelgen.

    Hus i sentrum 13.06.2004

     

    TIL SALS:
    Hus med flott opparbeidd hage til sals like ved Svelgen sentrum. 1 minutt til skule og barnehage, 2 minutt til Svelgen sentrum.

    God vedlikeholdt, oppført 1951.

    Ring 57793606 eller 57793697 for meir informasjon eller takstmannen sin rapport.


    Vellukka AmCar-treff 13.06.2004

    Svelgen AmCar club kan oppsummere nok eit vellukka treff i helga. Det var 82 påmelde bilar og 700 betalande tilskodarar. Finveret kom som bestilt og varte heilt fram til premieringa søndag ettermiddag.  Mange tilskodarar hadde samla seg i Kupa laurdag, og dei fekk igjen for pengane. Mange firehjulstrekkarar raste rundt i det kuperte terrenget, utan å få fram dei heilt store ovasjonane frå publikum. Først når Stig Arve Leirvik kom med den gamle Toyotaen vart det skikkeleg liv. Det var tydeleg at han hadde bestemt seg for å tråkke til. Til slutt landa han på taket med eit smell, men kom heldigvis like heil ut sjølv.

    Etterpå var det motorshow og minidrag der dei som såg på fekk teste seg i kor lenge dei kunne halde ut svidd gummi, brølande motorar og osande røyk. Og det såg ut til å falle i smak blant dei mange bilentusiastane som hadde møtt fram. På dansen med Night Hawks laurdag kveld var det nær 200 betalande gjestar. Allereie klokka 1000 i dag tidleg var bileigarane på føtene igjen, og deltok på bilutstilling etter å ha fått pannekaker med lønnesirup servert til frukost. - Vi er veldig godt fornøgde. Folk har hatt det triveleg, vi fekk fint ver og alt har gått fint, seier president Christian Gulhaugen som sikkert ser fram til nokre timar på puta i kveld. På bildene ser vi velten til Leirvik og Gulhaugen i "Vingen-bilen".


    Flott 3. plass av Svelgen Røde Kors Hjelpekorps i DM 12.06.2004

    Svelgen Røde Kors Hjelpekorps deltok 4. - 6. juni i Distriktsmesterskap for
    hjelpekorps, som vart arrangert i Dale. Dette er ei fylkesvis tevling der
    vinnaren i kvart fylke kvalifiserar seg til NM for hjelpekorps.

    Svelgen gjentok fjorårets plassering og vart nr tre etter Naustdal på
    fyrsteplass og Førde på andre. Totale mogeleg poeng var 511. Naustdal vann
    med 444 poeng, Førde oppnådde  436 p. og Svelgen på tredje greidde 429 p.

    Distriksmesterskapen for hjelpekorps byrja med nattorienteringsløp natt
    til laurdag med 10 praktisk/teoretiske postar. Laurdag var det ringløype i
    Dale sentrum med forskjellige situasjonar, alt frå brannskader,
    leiteaskjonar, fallskadar og bilulykke. Det er sett opp ca 20 minuttar
    innsats på kvar post.

    Ein deltek med eit lag som består av sju deltakarar der ein er dommar, ein
    lagleiar, resten er lagsmedlemmar. DM-laget 2004 frå Svelgen besto av: Asbjørn Sande(dommar), Sissel Myklebust(dommar), vidare ser ein resten laget t.v. på biletet under, i følgjande rekkefølgje: Leo Cirotzki(lagleiar), Alf Håøy, Arne Rebni, Karl Standal, Marit Myklebust  og Trond Kvellestad.

    Svelgen.no gratulerer med den flotte plasseringa. Og oppmodar bygdefolket om å støtte opp om det viktige arbeidet korpset driv i bygda. Det er ein stor tryggheit å ha eit så aktivt hjelpekorps i bygda.


    AmCar-treffet:

    PROGRAM FOR HELGA 11.06.2004

    Her er programmet for AmCar-treffet i helga. Det starter med utegrilling, musikk på treffområdet og mottak av biler kl. 1700 fredag.

     

    • LØRDAG 12.juni:
    • 1000 Registrering
    • 1100 Utegrill
    • 1200 RC Billøp
    • 1400 4x4 i Kupa
    • 1600 Motorshow/Minidrag
    • 2200 Dans med NightHawks på Samfunnshuset

    SØNDAG 13. juni:

    • 1000 Bilutstilling
    • 1300 Crusing for barn
    • 1400 Trekking lotteri/Premiering
    • 1500 Avslutningscruising

     

     


    Klart for amcar-treff til helga. 10.06.2004

    Les kva Firdaposten skriv om amcar-treffet som går av stabelen 11. - 13. juni.

    Medlemsmøte i SNR:

    Ordføraren gav ros til Næringsrådet 10.06.2004

    Tysdag 8. juni var det medlemsmøte i Svelgen Næringsråd (SNR). Ordførar Kåre Olav Svarstad var invitert til å informere om mellom anna næringslivet i Bremanger kommune. Svarstad gav ros til SNR for at organisasjonen kom på bana med skrivet som støtta steinbrotet i Gulestøa. Han nemnte m.a. at infoen om kva steinbrotet på Dyrstad har betydd for næringslivet i Svelgen var avgjerande for at saka fekk gjennomslag i kommunestyret.

    Den andre saka på medlemsmøtet var synfaring på Bremanger Quarry på Dyrstad. Biletet nedanfor er frå denne synfaringa på Dyrstad.

    Les meir på heimesida til SNR. Ein gjer merksam på at sida er under arbeid, og at dette er årsaka om du ikkje kan lese sakene på sida. Mellom anna er ikkje medlemslista komplett endå.


    Referat FA-cup STIF - Florø SK 8. juni 09.06.2004

    Ved å klikke på Sport t.v. på denne sida kan du lese Stian Bøhmer sitt referat frå cupkampen mot FSK.

    Bremanger-sambandet:

    Anleggstart allereie 2006? 09.06.2004

    Ordførar Kåre Olav Svarstad seier til Fjordenes Tidende i dag at siste del av Bremanger-sambandet kan ta til allereie 2006. Bakgrunnen er at Fylkestinget i går gjekk inn som aksjonærar i Dalsfjordbrua AS. Fylkespolitikarane har signalisert at dei vil gje Kystvegutvikling AS same handsaming - dersom det er grunnlag for at parsellen vert bompengefinansiert. Staten forskotterer mellom 30-40 millionar kroner mot at ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes vert nedlagt når vegen er ferdig. 

    Unødvendig cuptap 08.06.2004

    I Firda Avis cup-kampen tysdag tapte STIF 4-6 heime mot Florø. STIF scora på den eine av dei to divisjonsstraffene. STIF leia faktisk 4-1 etter 9 min. Men Florø slo raskt tilbake og etter 29. min stod det 4-4. I 2. omgang hadde STIF store sjansar til å gå i leiinga, men det ville seg ikkje slik. Florø scora to mål på slutten, slik at det ikkje vart noko langt cupeventyr på STIF i 2004.

    Målscorarar for STIF var Terje Nybø (2 straffer), Trond Hatleset (!) og Frank Hatleset.

    Svelgen.no kjem med eit lengre referat i nær framtid.


    Frå Svelgen på Norge Rundt fredag 08.06.2004

    Fredag 11. juni kjem kavrebakinga på Bakarhuset på Norge Rundt på NRK1. Dette er ein lengre versjon av innslaget som vart vist på Veslandsrevyen for ei tid tilbake. Dette må alle svelgarar rundt om i landet få med seg.

    Bremanger Musikklag

    Til Grieg-hallen med Elton John 07.06.2004

    Den 23. oktober er det klart for ny Bremanger-fest med Bremanger musikklag. Nok ein gong har dei tinga storstova på Vestlandet, denne gongen for å framføre Elton John-konserten som vi  fekk oppleve her i Svelgen i fjor.

    Formannen i Bremanger Musikklag, Ragnar Torvanger,  seier til Fjordenes Tidende i dag at dei håpar på like god oppslutning frå heimkommunen som på ABBA-konserten. 

    Her ser vi søsken-trioen Hauge frå framsyninga på Svelgen Samfunnshus.


    Firda Avis Cup: STIF - Florø SK

    på Svelgen stadion tysdag kl. 1900 06.06.2004

    Tysdag 8. juni kl. 1900 møter STIF sitt 5. divisjonslag Florø SK sitt 3. divisjonslag til kamp i 1. runde i Firda Avis Cup. STIF byrjar kampen med to straffer grunna divisjonsskilnaden.

    Fotball STIF:

    Korrigeringar på maratontabellen for senior 06.06.2004

    Ved ein gjennomgang av STIF sin maratontabell vart det oppdaga ein del større og mindre feil på ein del seniorspelarar. Denne tabellen har vorte laga til STIF sine årsmeldingar frå år til år sidan den første gong vart laga i 1973, og opp igjennom desse åra har det vorte ein del reknefeil. Dei nye tala, som du kan sjå ved å klikke på "Sport" t.v. på denne sida, vil verte gjeldande som grunnlag for utrekning av maratontabellane f.o.m. 2004. 56 spelarar hadde passert 100 kampar pr. 31/12 2003.

    På STIF sin maratontabell for herrar reknar ein både kampar på A-laget, og kampar på B-laget/2. laget. STIF har hatt A-lag i alle 41 sesongane f.o.m. 1963 t.o.m. 2003, B-lag i reservelagsseriane i 16 sesongar f.o.m. 1976 t.o.m. 1994, og 2. lag i divisjonsfotballen i dei 3 sesongane frå 1998-2000. I maratontabellen reknar ein med treningskampar, cupkampar og seriekampar. Eventuelle innandørsturneringar i idrettshallar vert rekna som ein kamp.

    Når det gjeld korrigeringane på maratontabellen så ser ein desse i den midterste talkolonna, "Korrigeringar etter 2003 årsmelding". Dei spelarane som har minus føre talet har fått for lite kampar, og har fått plussa på desse kampane i kolonna "Kampar A- og B- lag". Medan dei som har positive tal har fått for mange kampar, og har fått trekt frå korrigeringa på kamptalet. Ein gjer merksam på at det ikkje er spelarane sjølve som har gjort desse feila. Heldigvis førte ikkje korrigeringane til at spelarar har fått utmerkingar dei ikkje skulle hatt. Når det gjeld Roald Førde som fekk 27 "nye" kampar og kom opp i 222 kampar, så har han tidlegare fått statuett for 200 kampar. Fotballgruppa gjev statuettar til seniorspelarane for 50, 100, 200, 300, 400 og 500 kampar.

    På biletet under frå 1987 ser ein dei tre spelarane med flest seniorkampar for STIF. Frå venstre Øyvind Grindheim, nr. 1 med 539 kampar, Frank Midtbø ("han med hua") nr. 2 med 427 kampar, og Terje Førde nr. 3 med 424 kampar. Desse tre spelarane sine tal stemte og ein slapp korrigeringar i toppen på maratontabellen.

    Den spelaren som gjorde størst hopp oppover på maratontabellen etter korrigeringane er notidas superveteran Torgeir Vårdal, som hadde fått 43 kampar for lite. Han gjorde eit byks opp på 5. plassen med 364 kampar pr. 31/12 2003. Han har i 2004 spelt alle 10 kampane til A-laget og har totalt 374 kampar, og det skulle dermed ikkje vere umogeleg for han å nå 2. plassen om få sesongar....

    Nærast umogeleg vert det for nokon å nokon gong ta att Øyvind Grindheim (t.h. på biletet nederst), som har heile 539 seniorkampar. Han var aktiv i perioden 1980-2000, og spelte 464 A-kampar og 75 B-kampar. Det er utan tvil ein stor prestasjon å halde det gåande med kampar i så mange år, og ein skal også vere rimeleg heldig med å unngå langtidsskader.

    På 80-talet spelte STIF sitt A-lag svært mange treningskampar, og fleire år hadde A-laget mellom 40 og 45 kampar. Ein hadde også B-lag dei fleste sesongane, og mange spelarar spelte mykje på begge laga. Sidan STIF føre sesongen 2001 valde å spele i 6. divisjon, har ikkje A-laget spelt over 20 kampar. Om ein i teorien reknar at ein seniorspelar spelar 20 kampar kvar sesong må han spele heile 27 sesongar for å passere Grindheim sine 539 kampar. Det skal mykje til for at nokon klarer det.

     


    20 års jubileet:

    Ståande applaus to gongar 06.06.2004

    Dei som valde å bruke ettermiddagen i dag på Kulturskulen sin jubileumskonsert, fekk mykje å bære med seg vidare i form av høgst oppegåande kultur. Vi er sikre på at komponist Bjørnov ville vore stolt av måten musikken og musikalen  til Dollie vart framført på. Den yngste var berre 8 år. Ho sang og dansa på lik linje med dei store og meir øvde  - til musikk av dei ypperste musikarane vi har i kommunen. Framføringa fekk ståande trampeklapp, sjølv om det endå ikkje var slutt. Endå gjensto potpurriet med gamle gode låtar - fengande og fengslande bra!

    Dei aller minstre fekk starte ballet, med dans, blokkfløyte og blåseinstrument. Dei nest eldste fekk vise kor utviklinga gjekk. Først elevane frå musikklinja på Sandane med god gamaldags rock. Dernest Kapasitetsanalyse, som fredag fekk 10 000,- kroner i Drømmestipend. Dei serverte endå  hardare rock som   til og med var heimesnekra - men også på imponerande høgt nivå.

    Dei 35 gitaristane brukte litt tid på rigge seg til, og konfransier og kulturskulerektor Klungresæter måtte finne på noko å seie. Han snakka seg inn i ei forklaring om at det var så mange med, fordi dei hadde så innmari bra gitarlærar på skulen (han sjølv). Til si store overrasking klappa publikum begeistra i staden for å le av kommentaren.

    20 års jubileet til Kulturskulen var kanskje årets store oppleving av musikk og dans frå nokon scene. Ikkje eit vondt ord om Rockweekend - men det er no noko spesielt når det er våre eigne som presterer -og det er så vanvittig bra!

     


    Husk konserten kl 17 søndag 06.06.2004

    I kveld er det stor konsert på Svelgen Samfunnshus klokka 17. Då skal det feirast at kulturskulen er 20 år. Vi var på Hauge for å sjå forestillinga i går, og der vart det presentert et tettpakka program med alt frå blokkfløyter, aspirantar, 35 gitaristar på ein gong, dans til Fame, ein heil Musical "Hexeri", og mykje song og flott musikk av dei same som er med på Abba- og Elton-John prosjektet. På bildet ser vi Tor Erik Vårdal og Espen Skartun som er sju av musikk-elevane på Firda. Dei hadde for anledninga starta gruppa Fastlandssambandet. På andre bildet er 35 gitaristar i gang på same tid. Sjå meir bilder i Fjordenes Tidende måndag.


    Fotball

    Selje tapte 05.06.2004

    STIF hadde også denne helga spelefri i 5. divisjon. Laurdag vart det spelt tre kampar i 5. divisjon, og mellom anna tapte leiarlaget Selje 3-5 borte mot Hornindal. Dette var Selje sitt første poengtap, då dei før kampen hadde 5 strake sigrar. STIF ligg no på 3. plass på tabellen, 4 poeng bak Selje.

    STIF sine to siste kampar på vårsesongen går mot Bjørn (H) 19/6 og Selje (B) 23/6.

    I fotballrunda elles denne helga la ein merke til at Eid vann sin første kamp for sesongen i 3. divisjon, då dei slo Tornado Måløy 6-3. Eidarane hadde 3 spelarar frå Ålfoten i førstelvaren, og desse var: Lars Endre Myklebust (ex STIF), Kim Vik og Ståle Sandal. Dei to sistnemde tegna seg på scoringslista, og Myklebust var også sterkt delaktig i ei scoring. På Haugen si heimeside kan du sjå bilete av dei tre ålfotarane i aksjon.


    Volleyball

    Fløtre utteken på regionslag 05.06.2004

    Sylvi Mari Fløtre (biletet), frå Svelgen, som representerer Tambarskjelvar, er utteken på junior-regionslaget til Region Midt. Region Midt er ein av fire regionar innanfor Norges Volleyballforbund, og består av fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og dei to trøndelagsfylka. Fløtre, som var med å vinne to NM-gull i år, skal delta på fire regionssamlingar i 2004/2005.

    Svelgen-jentene Herborg Eikeland og Kristina Mundal, som også representerer Tambarskjelvar, er uttekne til å delta på to av samlingane til regionslaget.

    Les meir om regionsuttaket

     


    Svelgen Samfunnshus

    Jubileumskonsert søndag 04.06.2004

     

     

    Kulturskulen i Bremanger er tjue år og det skal feirast på skikkeleg vis. – Vi har laga ein konsert vi trur blir veldig proff, seier rektor Norvall Klungresæter til Fjordenes Tidende i dag.

     - Eg vil seie at dåverande skulesjef Knut Frøyen var ein pioner som fekk starta musikkskule allereie for 20 år sidan. Det er til hans forteneste vi til helga kan feire jubileet, seier han. Det vert to konsertar på Hauge lørdag og ein på Svelgen Samfunnshus sundag.  - Vi gleder oss veldig, og håpar mange kjem for å sjå og høyre, oppmodar Klungresæter.

     Gitarkameratar: Desse tre er nokon av dei du kan få høyre på Hauge og i Svelgen i helga: (f.v.) Kulturskulerektor Norvall Klungresæter, Christoffer Epethite og Anders Langeland. 

     

     


    Gamle heltar 04.06.2004

    Tenker du av og til tilbake til musikken på 80-tallet, eller har du ein spesiell favorittlåt som du liksom aldri har hørt noke meir?? Då anbefaler vi deg å gå inn på denne sida for gratis nedlasting. Reine skattkammeret!!! Last  ned f.eks Janis Joplin (bildet)eller Eva Cassidy - Kiss eller Whitesnake - Beatles. Kva som helst! http://www.btinternet.com/~chris.heaton/kasaa.htm


    Fotball

    Firda Avis Cup 20 år i 2004 03.06.2004

    Denne fylkescupen for seniorlag, der laga får ei straffe for kvar divisjon dei ligg under motstandarlaget, feirar i år 20 år. Cupen vart første gong arrangert i 1985 med 31 deltakande lag. Den gong stakk STIF av med sigeren, og mottok pokal og ein sjekk på 8 000 kr for det. Det året var første og einaste gong i historia at avslutninga på cupen vart arrangert som ei "cupfinalehelg" med semifinalar og bankett laurdag, og bronsefinale og finale søndag. Overnatting på Sunnfjord Hotell i Førde var det Fotballkrinsen og avisa Firda som betalte.

    Då STIF vann Firda Avis Cup i 1987 var det heile 47 deltakande lag, inkludert Sogndal sitt A-lag, og 1. premien var 13 000 kr. I 2004 er det 32 deltakande lag og premien er på heile 28 000 kr. Tysdag 8/6 møter STIF Florø SK sitt 3. divisjonslag i FA-cupen på Svelgen stadion. Sjå resten av oppsettet. Det har vore mange cupbomber til no i år.

    STIF har delteke i 19 av dei 20 åra, og berre i 1998 var STIF fråverande. STIF har spelt 45 kampar i FA-cupen, og har vunne 29 og tapt 16. Seks gongar har STIF blitt slegne ut i 1. runde, 5 gongar i 2. runde, 3 gongar i kvartfinalen, og ein gong i semifinalen. STIF tapte finalen i 2002 på ekstraomgangar og "golden goal", og har altså sigrar i cupen i 1985 og 1987.

    STIF har møtt 24 ulike klubbar i FA-cupen. Tornado 2 er einaste 2. laget STIF har møtt. Blant desse klubbane er nedlagde naboklubbar som Ålfoten, Berle, Davik og Norddalsfjord. STIF vann alle kampane mot desse nabolaga. Florø SK er klubben STIF har møtt flest gongar, då laget i 2004 møter FSK for 6. gong. Dei første rundane av cupen vert sett opp ut frå geografiske hensyn.

    STIF har delteke i 4 straffekonkurransar i FA-cupen, og vunne tre av desse. Tapet kom i 2001 mot Skavøypoll. I den kampen bomma STIF på 5 av 6 straffer, inkludert to divisjonsstraffer.

    Største sigrane kom i 1988 og 1999, då STIF slo høvesvis Davik og Flatraket 10-3. Største tapet kom i 1991, då STIF tapte 3-13 mot Florø. Sjølve kampen tapte STIF heile 0-13, då alle måla var divisjonsstraffer.

    STIF er eit av dei laga som har gjort det best i Firda Avis-cupen. Berre Førde og Stryn som har spelt 5 finalar, og Florø, Fjøra og Kaupanger med 4 finalar, er betre. Edvin Førde er med spel i 6 finalar mest truleg den som har spelt flest finalar, då han spelte for STIF i 1985 og 1987, og for Florø SK i 1991, 1993, 1995 og 1996. Han var med å vinne tre gongar, av desse to for STIF. Frank Ryland er den einaste som har spelt alle tre finalane STIF har delteke i, dei to første som utespelar og den siste som keeper.

    På biletet under, som er teke etter den aller første finalen i 1985, ser ein tre spelarar frå vinnarlaget Svelgen. Bak dei to spelande trenarane, f.v. Terje Førde og Asbjørn Svarstad. Framme sit, den gang 21 år unge, Arne Petter Grindheim, som scora tre mål i finalen. STIF slo Heia 4-2 i denne finalen. Spelande trenar for Heia var Harald Aabrekk, seinare trenar for mange norske toppklubbar og A-landslaget. Foto: Avisa Firda.


    På Vestlandsrevyen fredag 03.06.2004

    NRK Sogn og Fjordane har vore oppe i dalen for å filme dei aktivitetane på ekstremveka i Ålfotedalen.

    Eldgrim Fossheim fortel oss at opptaka mest truleg vil verte sendt i Vestlandsrevyen fredag.

    På bildet ser vi lensmann Hans Rune Strandos bli intervjua medan han serverer pølser og brød til ungdomane. 

    Alle skulane bortsett frå Davik deltok på utandørsveka i Ålfotedalen.


    Pelle Pit savna! 03.06.2004

     
     
     
    Har du sett Pelle Pit??
     
     
    Undulaten Pelle Pit rømte og er meldt savna frå Sande mandag. Kanskje noen har fått besøk av den?
     
    Hilsen Lene Senneset
    tlf 57793748

    Alt klart for AmCar-treffet 02.06.2004

    I kveld har AmCar klubben i Svelgen vore samla med 17 bilar for å promotere det føreståande AmCar treffet som vert avvikla  helga - 11. - 13. juni. President Christian Gulhaugen fortel at dei ventar 150 bilar frå fjern og nær og at nær 1000 menneske vil møte opp på dei ulike aktivitetane. Det blir både grilling, billøp, 4x4 i Kupa, motorshow og minidrag. Laurdagskvelden er det dans på Svelgen Samfunnshus med gruppa Night Hawks som antagelig vil ha ein viss amerikansk parallell. Søndag vert det bilutstilling, cruising for barn, premiering og den tradisjonelle cruisinga avslutningsvis. I år kjem også ein klovn for å underhalde dei aller minste. Flott ver er bestilt og alt ligg til rette for ei kjempehelg i Svelgen!

    Ekstremt i Ålfotedalen 02.06.2004

    Denne veka camperer alle niande klassingane frå kommunen, bortsett frå Davik, oppe i Ålfotedalen. Der får dei prøve seg på ekstreme utfordringar. I dag har vi sett dei nykonfirmerte hive seg ut for juv, dei har bygd flåtar som har kantra og dei harkasta seg utfor fjellknausar. Roy Vegard og Arne frå Bakarhuset har sytt føre god heimelaga mat. Opplegget er sett i scene av mellom andre lensmann Hans Rune Strandos, Gunnar Skjølberg og Rogier VonOorshot. I tillegg er Svelgen Røde Kors, skyttarlaget og brannvesenet aktivt med. Det nydelege veret kom som bestilt for dei tøffe 15 åringane - og enkelte av dei søv under open himmel: Frå venstre Silje Kristin, Marte, Tor Erik, Christoffer, Anders og Stein-Ove. Du kan lese meir og sjå fleire bilder  i fredagsutgåva av Fjordenes Tidende.

    Mykje nedbør i mai 01.06.2004

    I mai 2004 fall det 198 mm nedbør i Svelgen, mot det normale som er 110 mm. Det meste som fall på eit døgn var 35,7 mm, og det var 12 døgn heilt utan nedbør.

    Arkivoversikt
    2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov