Arkiv Juni 2016

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Med nest beste juniortid i Sogn og Fjordane nokon gong

Vincent kvalifisert for senior-NM 29.06.2016

Vincent Sondre Førde frå Svelgen, som går på skule på Sandane og representerer Gloppen FIL, kvalifiserte seg i helga for senior-NM på 3000 m hinder. På Jessheim laurdag sprang han på tida 9:24:21 min, som er det nest beste junior-resultatet i Sogn og Fjordane nokon gong. Berre skistjerna Odd Bjørn Hjelmeset si tid frå 1990 er betre. Les meir hjå Firda.no: http://www.firda.no/gloppen/jolster/sport/malet-er-a-sla-hjelmeset/s/5-15-240961?access=granted

 

At Vincent er eit friidrettstalent utanom det vanlege er det liten tvil om. I junior-NM på Byrkjelo i fjor overraska han alle med å ta bronse i løp mot konkurrentar som var fleire år eldre. Under UM (NM for ungdom) nokre helgar seinare var han med denne NM-medaljen favoritt, men sprang diverre feil ved vassgrava, og måtte springe tilbake, og enda til slutt på ein noko skuffande 4. plass. Les mer om Vincent og junior-NM i 2015: https://www.nrk.no/sognogfjordane/her-er-han-i-ferd-med-a-overraske-alle-1.12501874



Sjå fullstendig utlysing under stilling ledig i menyen til venstre,
eller på www.bremanger.kommune.no


Svelgen Kino 26. juni 21.06.2016


Jonsokfeiring 29.06.2016

    

Kjekt at så mange var med å feira jonsok i sentrum.

  

Takk til Elkem for lån av område og for hjelp til å få bålet på plass.

 

Sjå bilde her: https://www.facebook.com/SvelgenOppOgFram/?fref=ts

    

(Klikk på lenka og vel "Åpne innholdet i et nytt vindu")

 

     

 


Kulturhuset Realen fekk 429 000 i tilskot 28.06.2016

Kulturhuset Realen har fått 429 000 kroner i tilskot frå Fylkeskommunen. Realen får tilskot til rehabiliteringstiltak -  i hovudsak skifte av tak, skifte av ein vegg, skifte av 8 vindauge og utbetring av inngangsparti.

 

 Fylkesdirektøren har i år prioritert søknadar frå frivillig sektor og skriv:  "Dette er grunna i at alle bygdahus/grendehus er lokalar som samlar ulike kulturaktivitetar i bygda si. Det er også i stor grad ENØK-tiltak som vert sett i verk. Desse søkjarane har ein økonomi som er prega av dugnadsinnsats og stor privat verdiskaping. Desse søkjarane har heller ikkje mva-refusjon for investeringskostnadar i bygg slik kommunane har. Fylkesdirektøren vurderer difor at ei rask utløysing av tilskot til frivillig sektor er med på å lette den økonomiske belastninga for søkjarane. 

 

Løyvingar Askvoll samfunnshus, Askvoll kr 190 000 Naustdal barne- og ungdomsskule, kulturhusfunksjonar, Naustdal kr 1 070 000 Realen kulturhus, Bremanger kr 429 000 Grendahuset Mardal skule, Gloppen kr 408 000 Loen bygdehus, Stryn kr 145 000 kr 2 242 000.

 

Svært mange søknadar fekk inga løyving.




Sal av landgong og flytebryggjer i Svelgen sentrum


Landgongen og flytebryggjene i Svelgen sentrum er no selde.
Landgongen vert teken vekk innan kort tid.

Dei som har båtar liggande ved flytebryggjene må flytte desse snarast,
seinast innan 24.06.16.


Svelgen Kino 19. juni 14.06.2016

17:00 Angry Birds. Aldersgrense 6 år.

20:00 Sensommer. Aldersgrense 12 år.

 


Ny oppdatering på Svelgen Amcar: 18.06.2016


Det blir kolonnekjøring gjennom Magnhildskarstunellen fra ca kl 16.
Så vi har bestemt oss for å utsette minidrag og motorshow på Kjelkenes spee dway til kl 17.00.

OBS
Buss fra treffområdet til Kjelkenes Speedway er UTSATT fra kl 14 til 15.30


5 sendt til sjukehus etter brann i Magnhildskartunnelen 17.06.2016

Les meir her: http://www.firda.no/politi/brann/trafikk/to-bilar-tok-fyr-inne-i-tunnelen/s/5-15-233686

 

Omkjøring:  https://bremanger.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=11203&FilId=12425

 


 

Sjå fullstendige utlysingar under "stilling ledig" i menyen til venstre,
eller på www.bremanger.kommune.no

 



Svelgen Kino 12. juni 09.06.2016


Trubadur Lizz på Ninas Kro

Fredag 17.Juni fra kl.22:00 - til kl.02:00

Spiller musikk som Tom Petty, Megan Trainor, Creedence Clearwater Revival,

Beatles, Sam Smith +++++

Lizz sin rykende ferske musikkvideo "Carry" 

 

https://www.facebook.com/222670714426647/videos/1371457369547970/?pnref=story

 

Her litt informasjon om Trubadur Lizz:

http://tylden.no/artister/lizz/262

 

 

 

 

 


Jonsokfeiring på Nesbø 14.06.2016

Det vert tradisjonell feiring med basar, åresal, salg av rømmegraut og kaker.
Grautsalget startar kl 1700. Bålet vert tent kl 1930.

Pilates 14.06.2016

Trening for dei som driv med pilates har no teke sommarferie.

Velkomen attende til hausten.

Trenaren





BASSENGET ER STENGT

for sommaren

frå i dag torsdag 09.06.16

Svelgen skule

Bjørg (95982945)


Kamera mista 17.mai 07.06.2016

      

Nokon som har sett eit stort Lumix digitalkamera i ei svart Lowerpro kameraveske som forsvant i Svelgen 17.mai?

    

 

Ta kontakt med Gabriel Ossenkamp, tlf. 950 30 335.



 

 


Seniordans ved Omsorgssenteret. 06.06.2016

Seniordansen har utedans ved Omsorgsenteret i morgon

tirsdag 7. juni kl. 17.00  - 18.00.

Siste dansekveld  for denne sesongen.

Til hausten reknar vi med å få nye dansarar med i ringen.

God sommar!




Smågutekamp i dag kl. 18.00 05.06.2016

I dag, søndag 5.juni, spelar smågutane kamp mot Tornado Måløy på stadion kl.18.00 

  

Det vert kiosksal 😃


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars