Arkiv Juni 2010

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

GOD SOMMAR

Redaksjonen tar no ein liten sommarferie, og ynskjer god sommar til alle så lenge!


Elkem Bremanger

Ledig stilling 30.06.2010

Det er ledig stilling hjå Elkem Bremanger.

Meir informasjon finn du på ledig stilling sida, svelgen.no


Påminning om avlesing av straummålar 29.06.2010

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. juli skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: svelgenkraft@sfe.no  Husk å oppgi målarnummer! 

 

Nytt vedr. målarnr: For ei tid tilbake kutta EEB ut alle 0`ar (nullar) i byrjinga av målarnummer, slik at no har ingen kundar null i byrjinga av målarnummeret. Døme: Dei som tidlegare hadde målarnr. 012345678, har no målarnr. 12345678. OBS: Mange kundar har ikkje hatt null i byrjinga av målarnr, og desse har framleis same nr. som før.


Ledig stilling som assistent 28.06.2010

Ved Svelgen oppvekst, avdeling Botnane er det for skuleåret 2010/2011 ledig 80 % stilling som assistent. Sjå Ledig stilling til venstre.

 

Anleggsdrift på Silgrainanlegget

Det vil i ein periode føregå anleggdrift på Silgrain-anlegget i forbindelse med vedlikehaldsarbeid.

Nærmiljøet vil i hovedsak merke meir støy enn normalt på grunn av mekanisk arbeid.

Det vert arbeid frå og med veke 26 til og med veke 31. I stansperioden vert det aktivitet frå kl 07.00 til kl 19.00 måndag-laurdag. Det vil vere arbeid til 21.00 enkelte dagar.

Det vil i heile perioden kunne verte arbeid som vil støye meir enn ved normal   drift.

Evt spørsmål kan rettast til HMS-sjef, Leo Husabø Holm Cirotzki

e-post: leo.cirotzki@elkem.no

Mobiltlf. 950 30 381

 


Jonsok-feiring i Svelgenbarnehagane 24.06.2010

Sjå fleire bilder på Svelgen Oppvekst sine heimesider.


Svelgen A-lags trening Fredag 25/6 utgår. 24.06.2010

 

   Grunnen finn de på heimesida til STIF -  Fotball


Langtidsvarsel fra Samfunnshuset 24.06.2010

 

StorkjøkkenSvelgen Samfunnshus er planlagt stengt f.o.m. 11.oktober og t.o.m. 5.november p.g.a. flislegging av golv, maling av veggane m.m. Om vi har økonomi til full renovering får vi ta etter kvart.  

Til utryddinga og oppussinga treng vi dugnadsfolk – meld ifrå om du kan jobbe nokre timar. Enklare å organisere arbeidet når ein på forhand veit kven som kan stille på dugnad.

  For styret - Bjørg


22.06.2010. Hyllestad Idrettsanlegg. 6.div.avd.2.

 

  Referat fra kampen mellom Hyllestad og Svelgen

  finn de på heimesida til  STIF  -  Fotball

  


Stor takk frå årets avgangsklasse! 22.06.2010

 

10. klasse har no avslutta 10 års skulegang ved Svelgen skule. Klassa var tradisjonen tru i slutten av april/ starten av mai på klassetur til Polen og Tyskland med Aktive Fredsreiser. Klassa vil med dette takke sponsorar, foreldre, søsken, besteforeldre, tanter, onklar, eit søkenbarn på Gjøvik og alle andre som på ein eller annan måte har støtta oss med kjøp av kaker og lodd, pengegåver, jobbar og kafebesøk. Dette gjorde at vi kunne finansiere turen og få ei slik strålande avslutning av 10 års skulegang. Vi vil og takke Svelgen Oppvekst for tolmod, hjelp og støtte.

 

Helsing 10 klasse ved Svelgen Oppvekst


Egil Svarstad blir dronninga sin privatsjåfør 22.06.2010

http://www.ba.no/nyheter/politikk/bybanen/article5167189.ece 

 

 

..

 

- Det er et ærefullt oppdrag å få kjøre den aller første turen med Bybanen. Det er en moro anledning og jeg har sett frem til det i lang tid, sier Svarstad til BA og smiler.

Hva som er størst av å få møte dronningen eller å kjøre jomfruturen med Bybanen er han ikke sikker på.

 

– Begge deler er stort. Jeg har respekt for dronningen, og jeg gleder meg til å møte henne, forteller Svarstad.

 

– Jeg har sommerfugler i magen i dag. Men vi har forberedt oss godt og jeg er sikker på at alt skal gå strålende, forteller Svarstad. Trykk på bildet og les heile saka i BA.


Opa kyrkje i Ålfoten i sommar 21.06.2010

Kyrkja kan opnast for interesserte ved å kontakte ”nøkkelpersonar”:

Veke 25          Frode Vik                                         tlf: 91749939
Sivert Fauske                                    tlf: 48095610 / 57795819

Veke 26          Frode Vik                                          tlf: 91749939
Sivert Fauske                                    tlf: 48095610 / 57795819

Veke 27          Astrid Midthjell                                tlf: 47857357 / 57795812
Helge Bruvoll                                    tlf: 91166949 / 57795816

Veke 28          Odd Hansen                                      tlf: 47756386
Siw R Isene                                       tlf: 47255869

Veke 29          Asbjørg M Elde                                tlf: 99327385
 
Helge Bruvoll                                     tlf: 91166949 / 57795816

Veke 30           Astrid Midthjell                                 tlf: 47857357 / 57795812
Odd Hansen                                       tlf: 47756386

Veke 31           Asbjørg M Elde                                 tlf: 99327385
 Siw R Isene                                        tlf: 47255869


24.06.2010. Felles trening for alderbestemt. 21.06.2010

 

 

   Les meir på heimesida til STIF  -  Fotball


22.06.2010. Svelgen A-lag møter Hyllestad til siste kamp før fotballferie. 21.06.2010

 

  

      Les meir på heimesida til STIF  -  Fotball


Friidrett

2 gull og 1 sølv på Stampesletta til Svelgen. 20.06.2010

 

 

      Les meir på heimesida til STIF  og  Friidrett


Hugs avlesing av straummålaren rundt 1. juli 18.06.2010

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. juli skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: svelgenkraft@sfe.no  Husk å oppgi målarnummer! 

 

Nytt vedr. målarnr: For ei tid tilbake kutta EEB ut alle 0`ar (nullar) i byrjinga av målarnummer, slik at no har ingen kundar null i byrjinga av målarnummeret. Døme: Dei som tidlegare hadde målarnr. 012345678, har no målarnr. 12345678. OBS: Mange kundar har ikkje hatt null i byrjinga av målarnr, og desse har framleis same nr. som før.


 
Tur til Rognen søndag 20.06.10
 
Start frå Almenning kl. 10.00
 
Vi parkerar ved gardane på Almenning. Begge gardane er berre i bruk som feriestad for eigarane no. Vi går den gamle stølsstien opp i Rogneskaret og til stølen som ligg i dalen på sørsida av Rognen.Herfrå svingar vi mot nordaust, og går opp på Rognen frå sørsida.
På Rognen er det panoramautsikt til alle kantar, og spesielt over Frøysjøen og Gulenfjordane.
Returen blir same veien ned att til Almenning.
Vi bereknar ca 5-6 timar tur/retur.
Får vi fint ver blir dette ein flott tur.
Turleiar er Odmund Leirvik, tlf. 57793261
 
Dei som treng skyss frå Svelgen kan ta kontakt med Odmund eller Arne Loftheim.
Vi kjøyrer frå Svelgen ca. 09.15
 
Vel møtt!
Keipen Turlag

17.06.2010. Kl.19.:00.

Guttekamp på Svelgen Stadion 17.06.2010

 

 

         Les meir på heimesida til  STIF  -  Fotball


Reglar for utleige av Keipenstova. 16.06.2010

Sjå "Keipenstova-sida".


16.06.2010. kl.18:30.

Smågutekamp Svelgen Stadion 16.06.2010

  

 

         Les meir på heimesida til STIF  -   Fotball


40 nye bueiningar på Naustneset 16.06.2010

 

Kommunestyret har vedteke at det skal byggast 40 nye plassar med heildøgnsomsorg på Naustneset i Svelgen. Alle bueiningane vert nye, men den gamle delen skal nyttast til fellesareal, lagerplass og administrasjon. Truleg vil detaljplanlegginga ta til alt i haust og med byggestart i 2011.


15.06.2010. Svelgen Stadion

Svelgen vann over FSK 2 15.06.2010

 

   Les meir om kampen på heimesida til STIF -  Fotball


Takk til Sparebanken Sogn og Fjordane 15.06.2010

Minijentene og Fotballgruppa i STIF vil med dette takke Sparebanken Sogn og Fjordane for dei flotte fotballdraktene med shorts og sokkar, som vi fekk av dei!


Stortalent med mor oppvaksen i Svelgen 15.06.2010

Eivind Tangen (17) heiter ein svært talentfull handballspelar, som er aktuell til å bli tidenes yngste spelar på det norske handballandslaget for herrar. Han har denne sesongen spelt for Fyllingen i eliteserien og i Champions League, og har i eit par år vore vore "kjendis" pga ei svært spesiell scoring på straffekast.

 

Det som gjer at Tangen "fortener" å bli omtala på Svelgen.no er at mor hans, Berit Helle Tangen, vaks opp i Svelgen. Berit Helle (biletet t.v.) var på byrjinga av 1980-talet ein av bygda sine mange talentfulle symjarar, og er i 2010 framleis innehavar av ein av STIF sine klubbrekordar. Bror hennar, Arne Helle, er STIF sin beste symjar gjennom alle tider, og har mellom anna representert Norge i ein seniorlandskamp. Så foreløpig har onkel fleire seniorlandskampar enn nevøen.

 

Les meir om Tangen og sjå intervju på TV2-sporten. Sjå kva Nettavisen skreiv om den første landskampen han var teken ut til, utan å kome på bana.


Firdaposten sine bildesamlingar 15.06.2010

På Firdaposten sine bildesamlingar finn du mange bilder frå Svelgen, som t.d. frå miniputturneringa, amcar-treffet, Barnas Turlag sine turar, Tour de Bremanger, 17. mai med meir. Klikk her for å sjå bilda.


15.06.2010. Svelgen Stadion

Svelgen A-lag møter Florø 2. 14.06.2010

 

   Les meir på heimesida til STIF -  Fotball


Laurdag 19. juni på Svelgen Hotell:

Standup med Kokken Ronny og dans med ROTORS! 14.06.2010

 

  Laurdag 19. juni gjer Ronny Skilbrei comback på Svelgen Hotell. Denne gong som standup-artist. Etter at Ronny reiste frå Svelgen for nokre månadar sidan, arbeider han fortsatt som kokk, men bruker all si fritid på standup. For kort tid sidan debuterte han i Bergen med stor suksess. Alt ligg til rette for ein latterleg god kveld når "Kokken Ronny" entrar scena på Svelgen hotell

 

Dans med Rotors

Rotors leverer sine akustiske og særeigne versjonar av lett gjenkjennelege låtar.

Med eit repertoar som spenner frå Kiss til Cash vert det garantert allsang og god stemning!

Rotors består av tre karar som har lang fartstid frå ulike band og musikalske samanhengar.

 

Torfinn Litlere – vokal .gitar, mandolin og fele

Rolf Yksnøy : bass , perkusjon og kor

Tor Ivar Flatjord – gitar , kor og rytme

 

Cover : Standopp show og dans kr 160

 

  Meny for kvelden  ( forrett og hovedrett)  

- Canape med røkt laks og fersk ost

- Biff ytrefilet med omnsbakte poteter og   grønnsaker, servert med sjampinjongsaus   

Kr 220 ,-

 

Middag frå kl 19.00

Standupshow startar kl 22.00

 

VELKOMNE!!!

 

Bordbestilling t.l.f 57796520

 

Velkomne til Svelgen Hotell


KEIPENSTOVA. 14.06.2010

Keipenstova held ope heile sommaren - slik som i fjor. Det ligg ute loddbøker til basaren som skal vere 6.september. Vi har mange fine gevinstar utstilt - og fleire kjem det! Inntekta skal i år - som tidligare gå til fornying av Keipenstova.


SISTE DANS. 14.06.2010

Svelgen Seniordans tek sommerferie og siste dansen er tirsdag 15.juni. Vi startar opp igjen 17.august.

 

Danseleiarguppa vil i haust starte opp med "aspirantkurs" for nye dansarar - dersom det er interesse for det. Nærare om tid og stad vert gjort kjendt seinare. 


dansotek

 

 

 

 

 

MED EN GOD BLANDING AV DANSEMUSIKK BLIR DET EN PERFEKT KVELD Å SVINGE SEG PÅ DANSEGULVET   I EN NY ATMOSFÆRE.

laurdag 26 juni

Lasses kro       C over kr 50,-

 

                                            

 HJERTELIG VELKOMMEN!


Fredag18.juni     Kl. 21.00

Velkommen til kroa


P r a h a

Svelgen Kunstlag, Bremanger folkeakademi og Espen Frøysland inviterer i januar og februar 2011 igjen til forelesninger og studietur. Denne gang vil Tsjekkia og Praha stå i fokus. Forelesningene vil som vanlig finne sted i Småsalen på Svelgen Samfunnshus.

Forelesninger og kulturkveld

Det blir lagt opp til fem forelesningskvelder i januar og februar som er åpne for alle.   Disse vil være bygget opp tematisk, med ulike deler av den tsjekkiske kultur og historie som utgangspunkt. Tanken er også å legge inn en kulturkveld med mat, drikke og musikk fra Tsjekkia.   Tema for de andre kveldene blir Tsjekkisk historie, Tsjekkia i dag, samt kunst og arkitekturhistorie, med hovedvekt på hovedstaden Praha.

Studietur

Lørdag 19.februar reiser vi fra Gardermoen til Praha, der vi skal bo på hotell Rott . Hotellet ligger sentralt i sentrum av Praha, med gåavstand til alle severdighetene og spisestedene vi skal besøke.   Praha har mange spennende kirker og museer, i tillegg til et flott sentrum med mange vakre bygninger.   Byen deles i to av elven Moldau, men en rekke broer, med Karlsbroen som den mest kjente, gjør kommunikasjonen over elven enkel.   Det blir lagt opp til besøk både i museer og i kirker, og ikke minst blir det byvandringer med stopp både ved større og mindre severdigheter. Vi skal selvfølgelig rekke å nyte en kopp varm sjokolade på det gamle torget, se samlingene i Mucha museet og klatre opp i et eller flere av byens utsiktstårn. Vi har avtale med den norske ambassaden, som vil informere om kultursamarbeid mellom Tsjekkia og Norge.

Retur til Gardermoen blir lørdag   26. februar.

Prisen inkluderer reise med fly tur/ retur Gardermoen, transport i Praha, overnatting i fire stjerners hotell med frokost (dobbeltrom) inngang ved museer og teaterbillett ved det Tsjekkiske Nasjonalteateret (forestilling ikke klar ennå).

Mer informasjon om programmet vil bli lagt ut på www.kunsttur.blogspot.com så fort det er ferdig.

Påmeldingsfrist er 1. august.

Se mer informasjon på:

www.kunsttur.blogspot.com eller send epost til : www.kunsttur@live.no

Espen Frøysland


DESENTRALISERT

. 

LÆRARUTDANNIN G

 

 

 

Onsdag 16.juni kjem Kjell Bergfjord

frå Høgskulen i Sogn og Fjordane

for å informere om det desentraliserte lærarutdanningstilbodet som vert

sett i gong i vår region neste år.

Stad: Davik skule

Dato: Onsdag 16.juni

Tidspunkt: kl. 19.30

Møtet er ope for alle interesserte

i Bremanger kommune.

Informasjonsmøtet varer litt over ein time.

Det vert høve til å stille spørsmål.


AUDITION TIL KINOFILM!

I sommer skal produsentene bak ”Tomme tønner” og ”Død snø” spille inn den nye komedien

”Hjelp, vi er russ!” i Bremanger.

Mandag 14. juni holdes det derfor audition her i Florø. Vi er på leting etter alle typer mennesker, i alle aldre og kjønn. Man behøver ikke å forberede noe til audition. Dette skal først og fremst fungere som en registrering av dem som er interessert i å delta.

AUDITION

Flora Samfunnshus

Markegata 51

6900 Florø

Mandag 14. juni

Kl 14-18

Man kan komme innom audition til det klokkeslettet

innen dette tidsrommet som måtte passe!

 

Velkommen!


Vi treng dommarar til søndag 11.06.2010

Til miniputturneringa søndag treng vi fleire dommarar i tidsrommet kl. 10-15, eller til delar av dagen om dette passar deg bedre. Vi oppmodar difor interesserte om å ta kontakt med underteikna på tlf 90763705. Det er ikkje krav til dommarkurs!

 

Svelgen TIF Fotballgruppa

Asbjørn Svarstad


Miniputturnering i Svelgen søndag 13. juni frå kl. 10 10.06.2010

Førstkomande søndag står Svelgen TIF Fotballgruppa som arrangør av Kongleriket miniputturnering på Svelgen stadion. Kampane tek til kl. 10, og vil vare fram mot ca kl. 15. Om lag 40 ulike lag frå klubbane Florø, Tempo, Eikefjord, Tambarskjelvar, Kvammen, Førde og Svelgen skal i aksjon på kunstgraset på stadion. Om lag 300 spelarar i aldersgruppa 6-10 år skal i aksjon i Svelgen på søndag, og STIF stiller med 6 lag.

 

Det vert kiosksal under arrangementet.


10.06.2010.

3.kamper på Svelgen Stadion. 09.06.2010

  

            

    Les meir på heimesida til STIF  -  Fotball


Katt påkjørt i sentrum 09.06.2010

Grå, korthåret katt med hvitt i brystet funnet påkjørt i Svelgen sentrum onsdag morgen.
Eier kan ringe 410 47840

 

OBS:

Det blir påkjørd mange kattar der bilfører køyrer vidare uten engong å sjekke om katten framleis lever! Dette er ikkje "berre ein katt", det er faktisk nokons kjæledyr, så ta ansvar og meld ifrå, f.eks til nærmaste hus da i mange tilfelle folk veit kor katten høyrer heime!

                          Dyrebeskyttelsen sogn og fjordane


Bli med på Slagordkonkurranse!

 

Kva er typisk med oss i kommunen Bremanger? Vi oppmodar alle innbyggjarane i kommunen til å komme med forslag til slagord for Bremanger. Dei siste åra har vi profilert oss som kulturkommune, frå fjord til bre og så vidare. No vil vi ha eit slagord som kan nyttast framover, og DU kan vere den som kjem med det beste forslaget!

 

Sett deg ned og lag eit slagferdig, fengjande slagord som du synes passar for kommunen, noko vi kan slå oss på brystet med framover.

Vinnarslagordet vil bli nytta på reklame, informasjon, profileringsartiklar og anna, og vil vere ein del av kommunen si profilpakke.

 

Vi må ha forslaget ditt før 15. august.

Vi setter ned ein jury som vil plukke ut det beste forslaget. Vinnaren blir kåra i slutten av august, og vil få ein flott premie, ein berbar PC.

 

 

Send inn til:

Bremanger kommune

Kultursjefens kontor

Postboks 104

6723 SVELGEN

 

Eller på e-post: slagord@bremanger.kommune.no

 

 

 

Tom Joensen                                                                                      Espen Frøysland

Rådmann                                                                                           Kultursjef


Onsdag 9.juni. Kl.18:00-19:30.

Friidrettstrening i dag på Svelgen Stadion 09.06.2010

 

    

   En liten påminnelse om at det er friidrettstrening :)

        

     Les meir på heimesida til STIF  -   Friidrett


Straumstans i Tiurvegen onsdag 9/6 kl. 08-15 08.06.2010

Det vert straumstans i Tiurvegen onsdag 9. juni i tidsrommet kl. 08.00-15.00. Dette grunna arbeid i lavspenningsnettet. Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.

 


STØTT SAMFUNNSHUSET GJENNOM GRASROTANDEL 08.06.2010

Du kan no støtte Svelgen Samfunnshus gjennom Norsk Tipping. Spelarane/tipparane kan beskjed om at dei vil støtte Samfunnshuset via Grarotandelen når dei leverer tippekupongen. Copen har fått oppgitt organisasjonsnr. på lik linje med andre lag/organisasjonar i Svelgen.


BARNAS TURLAG
 
6. juni var det klart for tur igjen med Barnas Turlag i Svelgen. Det vart eit veldig bra oppmøte dinna gongen også. 45 barn og 34 voksne deltok.
Vi møtte opp ved Sørdalstrappa og gjekk opp til Ivervann. Turen tok fra 30 minutt til 50 minutt.
På Ivervann lagde vi til bål der ein grilla pølser. Nokre barn tok utfordringa med å kjenne på vatnet om det var noko badetemperatur, men trur det var litt for kaldt til å ta seg ein svømmetur. Fisking vart også prøvd.
 
 Ein flott tur med eit knallfint vær. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


80 turglade på tur til Ivervann i går 07.06.2010

 
Turen til Ivervann 6 juni vart ein flott tur. Nok ein gong var det kjempe bra oppmøte. Det var ca 80 turglade born og vaksne.
Veldig kjekt at så mange stiller opp på turane våre.
Referat frå Barnas Turlag sine turar vert lagt ut på turistforeningen.no/sognogfjordane, der vil også ligge bilder frå turane. (Det ligg ute referat og bildet frå turen til Kruna i april)
 
For å melde borna inn i Barnas Turlag- gå inn på turistforeningen.no og videre inn på medlem.
 
 
Hilsen Barnas Turlag v/ Inger Lise

Svelgen Røde Kors

Svelgen nr 2 06.06.2010

Svelgen Røde Kors deltok på distriksmeisterskapen for hjelpekorps no i helga. Dette er ein konkurranse i førstehjelpsdisiplinar og hjelpekorpsdisiplinar. Svelgen hadde eit særs dårleg utgangspkt etter ein heller dårleg orienteringsøvelse natt til laurdag. Ei særs godt gjennomført førstehjelpsløype redda konkurransen og Svelgen endå på ein andre plass. Vi gratulerar Eid Røde Kors med sigeren og ynskjer lykke til i NM på Røros


Nedbørstal for mai i Svelgen 06.06.2010

I Svelgen kom det 94,3 mm nedbør i mai, medan normalen for månaden er 110 mm. 11 døgn var utan nedbør, og 26 mm var høgste døgnverdi. I løpet av dei 5 første månadane har det kome 640,7 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for same periode er 837 mm.

Barnas Turlag til Ivervann i dag 06.06.2010

Barnas Turlag er klar for tur igjen, og vi ynskjer alle små og store velkomne.
Søndag 6 juni kl 11.00 møtast vi ved Sørdalstrappa, og herifrå går vi samla til Ivervann. 
Når vi er komt til Ivervann vil det bli laga til bål. Det er også ein båt som vi har fått tillatelse til å ta i bruk.
Om nokon vil bruke båten må kvar enkelt foreldre ta ansvar for sine barn og ha med redningsvester.
 
Fyll fjellsekken din med energimat, pølser og drikke og bli med på ein flott tur! Vi gler oss til å møte deg.
 
Hilsen Barnas Turlag!
 
Er det nokon som ynskjer å melde barnet sitt inn i Barnas Turlag går ein inn på www.turistforeningen.no og videre inn på medlem.

Mange såre rumper.... og

ny deltakararrekord i "Tour de Bremanger" 06.06.2010

Les meir og sjå fleire bilete i Firdaposten frå dette flotte tiltaket.

Foto: Anita Ingebrigtsen, Firdaposten.


Politisk lunsj på velteplassen 04.06.2010

Skulen inviterte tysdag formannskapet på lunsj i det nyoppsette grindverksbygget på velteplassen i Svelgen. Bygget er teikna av Ottar Dahl frå Kjelkenes.

Det er Svelgen oppvekst som har sørga for at bygget er blitt ein realitet.

No er det berre torva som manglar på taket. Bygget har støypt golv, er isolert og har innlagt straum slik at det også kan nyttast av skuleelevar om vinteren.

– Svelgen oppvekst er utruleg takksame for det arbeidet Ottar Dahl har lagt ned med å teikne, og arbeide dugnad for å reise dette bygget, saman med Jon Bakke og alle dei andre. – Dette er eit tiltak som gir meirsmak og inspirasjon. Bygget viser jo også at samarbeid og eldsjeler må til for å få ting gjort, sa ordførar Kåre Olav Svarstad til Firdaposten. Klikk på link og sjå bilder.


Ny nettavis for heile kommunen 04.06.2010

Ingrid Elisabeth Haugen har fått innvilga etablerertilskot frå det kommunale næringsfondet til å starte nettavisa www.bremanger.no. Avisa kjem i tillegg til www.svelgen.no, og vil vere klar utpå hausten.

Nytt kjøkken til Svelgen Samfunnshus 04.06.2010

Formannskapet har løyvd 50 000,- kroner i tilskot frå næringsfondet til nytt kjøkken på Svelgen Samfunnshus.

Betongflytekai i Svelgen 04.06.2010

Formannskapet har vedteke å løyve inntil 750 000 kroner til finansiering av betongflytekai i Svelgen. Bremanger Hamn og Næring skal ha drifts- og vedlikehaldsansvar for kaia.

Ledig reinhaldsstilling i Ålfoten 03.06.2010

Ved Ålfoten oppvekstsenter er det ledig eit vikariat i 40 % stilling som reinhaldar. Sjå Stilling ledig til venstre.

Fint vêr i vente i Svelgen til helga 03.06.2010


Haustens 1. klassingar på førskuledag 03.06.2010

Her er alle dei kommande 1. klassingane ved Svelgen Oppvekst. Trykk på linken og sjå fleire bilder


BARNAS TURLAG
 
Barnas Turlag er klar for tur igjen, og vi ynskjer alle små og store velkomne.
Søndag 6 juni kl 11.00 møtast vi ved Sørdalstrappa, og herifrå går vi samla til Ivervann. 
Når vi er komt til Ivervann vil det bli laga til bål. Det er også ein båt som vi har fått tillatelse til å ta i bruk.
Om nokon vil bruke båten må kvar enkelt foreldre ta ansvar for sine barn og ha med redningsvester.
 
Fyll fjellsekken din med energimat, pølser og drikke og bli med på ein flott tur! Vi gler oss til å møte deg.
 
Hilsen Barnas Turlag!
 
Er det nokon som ynskjer å melde barnet sitt inn i Barnas Turlag går ein inn på www.turistforeningen.no og videre inn på medlem.

 



Ledige stillingar ved BIS 02.06.2010

BIS Producton Partner i Svelgen søker etter elektrikere og automatikere.

Sjå Ledig stilling til venstre.


Og det er meldt strålande vèr laurdag !!!!!!!!!!!!!!

Over 30 påmelde til "Tour de Bremanger" 02.06.2010

Som Svelgen.no tidlegare har meldt, så vil årets "Tour de Bremanger" bli arrangert laurdag 5. juni. Dette er ein sykkeltur rundt Bremanger kommune via Bremangersambandet, og i år byrjar ein med å sykle frå Svelgen mot Ålfoten osv.

 

I følge Per Arne Sæterlid er det no litt over 30 påmelde. Av desse er neste halve flokken førstegongsdeltakarar, og kjønnsfordelinga er 40 % kvinner og 60 % menn. Hiv deg rundt og melde deg på du også!

 

Invitasjonen til arrangementet kan du sjå ved å  klikk her Påmelding gjerast til Per Arne Sæterlid på tlf 95967770


Tur til Vetvika i Bremanger søndag 02.06.2010

  Søndag 6. juni arrangerer Keipen turlag tur til Vetvika på Bremangerlandet.
Turen startar frå Svarstad (på vegen mot Bremangersendaren) kl. 10.00. 
 
Ein spesiell tur til ei unik stad og strand - ei fråflytta bygd mot storhavet.
 
 
Heile turen tek 7-8 timar. Du bør ha litt fjelltrening på førehand.
 
For Keipen Turlag
Gunnar Skjølberg

Elkem Bremanger

Ledig stilling 02.06.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Elkem Bremanger har ledig stilling som Økonomisjef ved Elkem Bremanger Foundry Products.

Det er og ledig stilling som logistikkmedarbeidar

Sjå ”ledig stilling” for meir informasjon


01.06.2010.

4. runde blei avvikla i kveld då Tambarskjelvar gjesta Svelgen Stadion. 01.06.2010

 

   

       Kampresyme på heimesida til STIF  -  Fotball


BARNAS TURLAG 01.06.2010

S øndag 6/6 tur til Ivervann med Barnas Turlag! Vi kjem tilbake med meir informasjon seinare.
 
 v/Turleiar Inger Lise Langedal

Laurdag 12. juni:

"Mot sommar dans" på Svelgen Hotell 01.06.2010

Bent Vadset er en trubadur med base i Øvre Årdal. Han har holdt det gående som aktiv musikar i hovedsak som trubadur i en årrekke. Bent har erfaring med foruten trubadurvirksomhet flere musikkprosjekt som musikaloppsettinger,danseband,rockeband og bluesband. All denne erfaringen tar han med seg som trubadur. Bent er etter hvert blitt en mester til å plukke dei riktige låtane for annledningen. Med et stort reportoar på hundrevis av låter burde det være noe for alle aldersgrupper. Bent er også kjent for en veldig god stemme og et svært godt humør. Så en aften med trubadur Bent Vadset er å anbefale på det sterkaste - på Svelgen hotell 12. juni!

Cover kr 100,-

Ønskjer du middag før dans er du velkommen til vår restaurant.

Velkomne !

Med helsing Svelgen Hotell


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept