Arkiv Okt 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Invitasjon til fotballfest 20.10.2014

Fotballgruppa inviterer til fotballfest for aldersbestemte spelarar i 

idrettshallen tysdag den 4.november kl 17.30. NB! NY TID

 

Servering av pizza og brus.

 

Inngongspengar kr. 50.-

 

Meld deg på ved å sende sms til tlf. 952 06 055

Påmeldingsfrist sundag den 2.november

  

Vel møtt!

 

- Styret i fotballgruppa STIF-


ÅRSMØTE I KEIPEN TURLAG 2014 31.10.2014

Stad: Småsalen på Svelgen Samfunnshus 19. november kl .1800
Sakliste:  
  1. Opning
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Val av møteleiar og skrivar
  4. Val av to å skrive under protokollen
  5. Årsmelding - både frå hovudlag og BT laga
  6. Rekneskap 2014
  7. Planar for 2015
  8. Budsjett 2015
  9. Val etter vedtektene
  10. Premieutdeling/utmerkingar
  11. Saker som kan kome til
Har du saker som du ønskjer å ta opp så må dei sendast til styret innan 11. november.
Keipen Turlag ynskjer  VEL MØTT!

Intervalltrening på stadion 31.10.2014

Det vert intervalltrening kvar mandag framover på bana. Treninga passar for alle som vil komme i form, eller eller vil komme i betre form. Det skal vere lav terskel for å komme. Alle er velkomne. Første trening vert mandag 3. november kl 1830-1915. 

Per Arne


Søndagsskule 2.november 31.10.2014

Det er søndagsskule i Svelgen kapell søndag kl. 11.00

Alle barn over 3 år er hjarteleg velkommen.

Ta med deg ein ven og kom!

Helsing frå søndagsskulen


Svelgen kino 31.10.2014

0

  

          Fury

Spennende action fra Andre Verdenskrig med  

Brad Pitt i hovedrollen.

 

  Søndag 2.november kl.20:00

      Aldergerense: 15.år

   


                       

Nordalsfjordbrua åpna igjen 30.10.2014

Nordalsfjordbrua vart åpna for trafikk 0530 torsdag morgon.

Vegen har vore stengd sidan onsdag føremiddag etter at eit vogntog velta. Sjåføren vart send til sjukehus med ambulanse etter uhellet.

Vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen seier det framleis står att litt arbeid med sikring og oppsetting av rekkverk, men vegen er altså open for trafikk.

 .


Ønsker alle hjertlig velkommen til en hyggekveld på kroa

PubQuiz på Ninas Kro Fredag 31.Oktober fra kl:21.00 27.10.2014


Lommelykttur ved Crossbana 29.10.2014

  

Barnas Turlag Indre arrangerer lommelykttur kommande fredag 31.oktober.
Oppmøtestad er ved Crossbana ved Amsterdam.
Vi lager til bål. Ta med deg lommelykt, redningsvest, mat (bålmat om du vil) og kle til veiret.

  

Kom og bli med oss på ein spennande tur i mørket!!

  

Vi startar kl.17.00 - 31.oktober v/Crossbana :-)

  

Helsing Ossenkamp/Langedal.

 

 


Opning av FV 572  mellom Svelgen og Dyrstad/Nesbø

  Etter og ha vore stengt sidan måndag pga. ras vil FV 572 mellom Svelgen og Dyrstad opne i dag kl.14:00


 

Bremanger kommune

Vi har følgjande ledig stilling:






Vikariat som fagleiar ved Hogslia 100%
Saksnr. 14/2447
100% stilling ved Svelgen oppvekst
Saksnr. 14/2456
Fire 100% stillingar som sjukepleiar ved Bremanger sjukeheim
Saksnr. 14/2449


100% stilling som oppsynsmann bygg/anlegg
Saksnr. 14/2446


Sjå fullstendig utlysing her, eller under "Stilling ledig" i menyen til venstre.


Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter
http://bremanger.kommune.no/sjolvbetjening


Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.
Søknadsfrist: 10. november 2014


Årets fylkespris 28.10.2014

  

Har du forslag til eit idèrikt bygdelag som bør få årets fylkespris?

 

Då bør du setje deg ned å skrive eit framlegg til kvifor nettopp dei bør få¨prisen for idèrike bygdesamfunn. Eller oppmode andre om å sende inn forslag.

 

http://www.fylkesmannen.no/M/sf/Nyhende/Fylkespris-til-iderikt-bygdelag

  

    

Fristen for å sende inn er 10.november.

 


Stenging av kryss 28.10.2014

 

Frå fredag 31.10.14 klokka 16.00 vert krysset ned til Rådhus/Legekontor stengt på grunn av vegarbeid. Det er forventa å opne innan måndag 03.11.14.

Ein kan nytte vegen mellom Coop Marked og Svelgen Hotell for å kome seg fram.


No kjem 9. klasse med kjeksboksane 27.10.2014

Denne veka startar 9.klasse salget av dei populære kjeksboksane til inntekt for Polen-turen dei skal på neste år. Mange ulike typar kjeks, kokosbollar og karamellar. Gode til kaffien og flotte julegåver! Det blir samtidig mogeleg å ta opp bestilling på toalettpapir og tørkerullar, som vil bli levert seinare. Rimeleg og i stor pakning.

 Om det er tomt for dei kjeksboksane du ynskjer, kan du også bestille det hos elevane som kjem på døra. Boksane kostar 60,- kroner pr. stk.  Bildene viser to av dei mange ulike sortane. Ta godt i mot elevane våre.

Koktaktperson: Therese Vadstein (tlf. 47700312 - mail therese.75@live.no )

ps. Feil i skjema: Tørkepapir til kr. 260 (nederst på lista) er ein pakke på 32 rullar og ikkje 8.



Laurdag 01.November på Svelgen Hotell

Crashville er i ferd med å etablere seg som eitt av Noreg sine fremste countryband. Ein månad etter at bandet sleppte si fyrste plate våren 2011, toppa karane Norsk Country Radio si ti på topp-liste. Debutalbumet ber den passande tittelen "Fyrste Reis", og består av eit knippe eigenproduserte låtar som er inspirert både av den tradisjonelle countrymusikken og av livet i heimbygda. Dei jordnære tekstane høver både for store og små, og karane har opparbeidd seg ein stor ”fanskare” på kort tidGjennom åra har det ørsta –baserte bandet fylt både små og store lokaler over heile vestlandet.No står resten av landet for tur    Bandet består i dag av Svein Ivar Holen (gitar/vokal), Tom Andrè Holen (bass), Hans-Christian Humberset (el-gitar) og Øystein Nybø (trommer). Besøk gjerne vår heimeside på www.crashville.no

Frå kl 22.00

(lukka arrangement fram til kl 22.00)

Cover kr 150,-



Fv. 572 Svelgen - Dyrstad
Vegen frå Svelgen til Dyrstad er stengd på ubestemt tid grunna steinras.

Rasstaden er omlag 3 km. frå Svelgen sentrum.


For oppdateringar sjå trafikkmeldingar på Statens vegvesen sine sider.




Svelgen kino 23.10.2014

0

  

      Snowpiercer

  Søndag 26.oktober. Kl.20:00

 

       Aldergrense: 15.år



Bremanger kommune søkjer byggefirma                               -til skifting av taktekking på Skulevegen 9 i Svelgen.

Påmelding til prosjektleiar Frank Husevåg.
på e-post frank.husevag@bremanger.kommune.no
eller på tlf./sms 95 98 60 32.

Felles synfaring torsdag 30.10.14, kl. 13.00.
Påmeldingsfrist samme dag.


Guttekamp på Svelgen stadion 20.10.2014

  

Guttelaget til Svelgen skal tysdag spele sin siste kamp for sesongen.
Vinne dei denne, vert dei seriemeistrar.

 

Kampen skal spelast på Svelgen stadion mot Stryn kl.19.00.

 

Møt opp og hjelp dei til seier! :)



Førjulsmoro med marknad 18.10.2014

Svelgen Opp og Fram i samarbeid med Svelgen Skulemusikk vil også i år arrangere førjulsmoro med marknad og tenning av julegrana. Dette skjer i Svelgen laurdag 29. november.

  

Vi vil lage til boder under baldakinen ved samfunnshuset, slik at dei som ønsker kan stå der og selge gåver.

  

Er det noko du lurer på eller har du noko du kan selge?
Ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth, tlf 90 58 00 55.

   


Endringar i banktilbodet i Svelgen 20.10.2014

Det skjer stadige endringar i bruk av bank og spesielt av kontantar. 98 prosent av alle ­betalingar vert i dag gjort via nettbank, mobilbank og kort. På linje med mange andre er det behov for banken å gjere endringar i banktilbodet.

Frå 1. november vil Coop Svelgen ta over giro og kontantbeteninga. Dette betyr at alle kundar må ha bankkort for å kunne ta ut inntil 5.000 kroner i butikken. Butikken har ikkje tilgang til system med kundeinformasjon.

I butikken blir det sett opp deponeringssafe for innskot i poser og tilsvarande girokasse for ­manuell rekningsbetaling. Bedrifter, lag og organisasjonar får tilgang til vekslepengar i butikken.

Minibanken i Svelgen vil bli drifta vidare som før.

Bankkontoret i Svelgen vil etter endringane bli eit rådgjevingskontor som er ope kvar måndag, onsdag og fredag kl. 10-15. Passer ikkje desse dagane kan du ringe eller sende e-post for å avtale ­møtetidspunkt. Kundesenteret vårt er tilgjengeleg måndag-torsdag fram til kl. 21.00 (fredag kl. 16.00) på tlf. 578 29 700 og e-post kundesenter@ssf.no.

Bankkontoret vil satse sterkare på rådgiving innanfor lån, sparing, forsikring, kort, nettbank, ­mobilbank, e-faktura o.l. Vi har i haust starta sal av Frende Forsikring lokalt frå kvart rådgjevings­kontor.

Er du usikker på kva dette vil bety for deg, så ta kontakt. Vi hjelper deg med å finne løysingar som passar for deg.

Kakelotteri i sentrum laurdag 17.10.2014

Laurdag vil 9. klasse ved Svelgen Oppvekst ha kakelotteri utanfor Kopen.

Kom og kjøp lodd - mange fine og gode kaker!

Inntekta går til klassen sin Polen-tur.

Velkomne!


Svelgen kino 16.10.2014

0

    

  Operasjon Arktis

  Søndag 19.oktober kl.17:00

 

           Aldergrense:7.år


Svelgen kino 16.10.2014

0

  

    The Equalizer

  Søndag 19.oktober kl.20:00

 

        Aldergrense 15.år


Søndagsskule 19.10.14 15.10.2014

Kommande søndag vert det søndagsskule og hausttakkemøte i Svelgen kapell kl. 11.00

Vi skal lage grønnsakssuppe.Dei barna som vil vere med å skjære opp grønnsakene må møte kl. 10.30

Alle barn frå 3 år og oppover er hjarteleg velkommen.

Ta med deg ei ven og kom

Helsing frå søndagsskulen


Vedkomande utdjuping av innseglinga til Svelgen

I veke 42 vil det verte utført boring og sprenging av fjell på nordsida av innseglinga til Svelgen. Sprenginga vil verte varsla med sirene i forkant.


P.g.a privat tilstelning holder vi helt stengt på Ninas Kro

Ninas Kro holder stengt fra 14.00 - 17.00 Onsdag 15.Oktober 13.10.2014



11.Oktober fra kl: 22.00 - til kl: 02.00

I Kveld Karaoke og Diskotek på Ninas Kro Svelgen 11.10.2014



Vegarbeid i Svelgen sentrum 10.10.2014

Bremanger kommune oppmodar alle om å køyre varsamt ved anleggsområdet i Svelgen sentrum. Vis særleg omsyn til arbeidarane, samt fotgjengarar.


Briller funne på Kjelkenes 10.10.2014

Ved småbåthamna på Kjelkenes har vi funne eit par briller med sota glass som er tekne vare på. Henv. telefon 90062644.

Fredag.10 og Lørdag 11.Oktober begge kvelder spiller han fra kl:22.00 - til kl:02.00.

Trubadur Kornelius Petersen på Ninas Kro 05.10.2014

Det er dessverre blitt avlyst med trubadur Kornelius Petersen p,g,a sykdom denne helgen.

Men det vil vere tilgjengelig allsidig

musikk ved dansegulv ,

og det er ingen cover inngang :)

 


ELKEM-KOPP TIL HELGE, LIV OG SYNNE. 10.10.2014

Ved trekking av Elkemkoppar for september har desse vunne: Helge Kjerpeset (nr.1790 på Sandsegg), Liv Sigdestad Brekke (Knekkevatn) og Synne Rebni (nr. 2311 Risevatnet 3,5).GRATULERER !
Det er no snart til for å samle inn fjelltrimbøkene for 2013/2014 å legge ut nye bøker for turåret 2014/2015. Dette vert gjort i tida 15.10.-31.10. og vinnarane skal trekkast på årsmøtet til turlaget.
No i oktober skal det trekkast kopp på Jakthytta, på Gulebrystet og i Risevatnet 3,5 km. I november skal vi trekke på Moldahytta, Sandsegga og Risevatnet 3,5 km
KEIPEN TURLAG  FJELLTRIMMEN




Ulovleg brenning

 

 

Bremanger kommune har igjen fått melding om ulovleg bålbrenning på Kalvøya i Kalvåg. Brenning av avfall er ulovleg, og slik vindtilhøva var kunne brenninga ført til spreiing av brann og vere til fare/sjenanse for innbyggjarane i området.

All slik brenning må opphøyre umiddelbart!

 

I Bremanger kommune er all open brenning forbode, jf. lokal forskrift, med unntak av:

  • Brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
  • Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk og/eller når det ikkje er til sjenanse for andre
  • Ranke- og flatebrenning i skogbruket
  • Jonsokbål og Olsokbål (avfall som bildekk, trykkimpregnert og mala trevirke, plast, isolasjonsmateriale osv. skal uansett ikkje brennast)
  • Brenning av rekved/reint trevirke som ligg i fjæra i mindre volum
  • Lyngsviing/-Brenning i samband med kulturlandskapspleie og beitepleie

Bålbrenning utover dette er ulovleg og kan medføre straffeansvar jf.ureiningslova §78, og kommunen vil vurdere å melde dette til politiet.

Open brenning kan også medføre risiko for brannspreiing, og er då i strid med brann- og eksplosjonsvernlova. Dersom slik brenning fører til utrykking av brannvesenet, kan det medføre krav om kostnadsdekking frå kommunen.

 

 

Lenkje: Informasjon om bålbrenning

Lenkje: Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar


Svelgen kino 04.10.2014

        Dracula Untold

         Søndag 5.oktober kl.20:00

 

                         0 Aldergrense: 11.år



Sirkeltrening 03.10.2014

 

Sirkeltreninga går som normalt i haustferien.

 

Onsdag kl. 19.30 - 21.00.

  

Vel møtt!


Spinning i haustferien 03.10.2014

  

Det vert desse treningane i veke 41:

 

Måndag kl.19.00 45 min Vibeke

 

Torsdag kl.19.00 45 min Hilde

 

Påmelding dagen før eller same dag,  kl.18.00 - 20.00. Ring tlf. 993 06 474.

 

 


 

Sjå denne filmen frå svelgen hamn kl 18.00 fredag . Sjølv i kun frisk bris var det farlege å bevege seg på betong flytebrygge.

https://www.youtube.com/watch?v=jCx_ofm-Nqw


Kl 23.00 ringte eg  brannvesenet som måtte rykke ut, under farlege forhald for berge og sikre båten, som då var i ferd med å slite seg og bli knust mot kai.
Den sank ved kai søndag morgen, på grunn av skader den fekk under samanstøt med betong flytebrygge.
Om ikkje Bremanger Kommune vil byggje ferdig havnepromenade i sentrum i følgje vedteken sentrum plan frå 2009, slik at vi i framtida kan få ei solid fungerande bølgevern bryggje så blir eksisterande flytebryggje og truleg også promenade snart øydelagt. 

I nye planer som Bremanger kommune har presentert i samband med svelgen sjukeheim, så er bølgevern kai ikkje lenger med i planane, og ein respekterer heller ikkje den estetisk løysing i eksisterande sentrum plan.

På vegne av Svelgen hotell blir det "mildt sagt" vanskeleg å tenke positivt og investere  for framtida  når  Bremanger kommune som ein seriøs part,  viser så liten vilje til å respektere ein kommunal vedteken plan for svelgen sentrum.

Svelgen hotell
Jostein Eimhjellen



BILFINGER IS NORWAY AS, Svelgen søker:

ELEKTRIKERE/AUTOMATIKERE

Sjå ledig stilling til venstre.


Loppemarknad fastsett til 17. januar 01.10.2014

9. klasse i Svelgen vil arrangere Loppemarknad på Svelgen Samfunnshus laurdag 17. januar kommande år. Vi håpar du tar vare på ting andre kan få bruk for. Skal du flytte eller ha storrydding i mellomtida er det mogeleg å få lagra tinga. Du kan då ta kontakt med Christian Gulhaugen.

 

Vi håpar alle i bygda støttar opp om arrangementet!

 

Helsing oss i

9. klasse


Stilling ledig Elkem Bremanger

No med rett frist for søknad! 01.10.2014


Velkommen

til

Iduladha-fest (Id)

På Svelgen Samfunnshus

laurdag 4.oktober

kl. 12.00 - 14.00

Alle er hjertelig velkomne!


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov