Arkiv Sept 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Dans med Bjarne Lunde laurdag 30.09.2008

Det blir dans med Bjarne Lunde på Svelgen Hotell førstkommande laurdag 4. oktober frå kl. 2200.
Cover 120,- 
Om Bjarne står det å lese på impressarioen si heimeside:
" Som "dansemusikar" har han skapt stemning på de fleste utestedene i området, og stiller med repertoar som fenger de fleste. Alt fra gammelpop til nyere kjente låter blir mesterlig fremført".
 

 

     På STIF si heimeside er det en del nyheter på Fotballen si side

 

     Link direkte til STIF si hovedside  her


Bingo i småsalen torsdag 29.09.2008

Det blir bingo på Svelgen Samfunnshus torsdag 2. oktober kl. 1830. Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne!!

Ledig stilling i Posten 30.09.2008

Posten Norge har ledig stilling som postombærar i Svelgen. Sjå ledig stilling til venstre.

Gode Svelgen-prestasjonar 30.09.2008

Fleire svelgarar var i akjon under Sunnfjord Open i helga. Sjå resultata frå symjarane våre her.

Blomster til Jon Myklebust 30.09.2008

Vi var 16 stykker som kom frå Bergen med båten på søndagskvelden.Den var
noko forsinka grunna mykje folk som skulle ombord med fullasta koffertar. Då
vi skulle av i Florø tok det si tid før alle hadde funne sine. Bussen var
diverre køyrd, så der stod vi. Varmen frå den fantastiske musikalske
Bremanger Musikklag gav oss var god å ha, men regnet hølja ned og kaldt vart
det. Ein telefon til Svelgen og Jon Myklebust vart redninga vår. Vi sender ei
stor takk til deg fordi du etter nokre telefonar fekk ordna opp, og hjelpte
oss å komme heim. Ein dagens munnleg blomst til deg er herved sendt.TAKK SKAL
DU HA!!

ELLES SENDER VI EIN STOR TAKK TIL BREMANGER MUSIKKLAG FOR DEN FANTASISKE
KONSERTEN.

Lite nedbør i september 30.09.2008

I september fall det 126,7 mm nedbør i Svelgen, der av 78,1 mm av desse kom i løpet av 3 av døgna. Det normale for september er 324 mm (berre oktober med 327 mm har høgare månadsnormal for Svelgen). 16 døgn var utan nedbør, og det meste som fall på eit døgn var 28,2 mm.

Hugs å lese av straummålaren 29.09.2008

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at onsdag 1. oktober skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 


Stor takk fra svømmegruppa 29.09.2008

Svømmere med trenere vil sende en stor takk til Lars Roald Løvfall for leige av kroa. Eller rettere sagt sponsing på ca 40 000,- for leige ville han ikke ha.
Vi har vel som alle andre grupper slitt økonomisk. Da vi fikk løyve til å ha bingo var det ikke problem å få være der.
 
Vil også takke alle som har hjelpt til slik at jeg har fått dette til.
 
Så alle bingo folk tusen-tusen takk.
 
Mvh
 
Nina m/svømmegjengen.
 

Svelgen Samfunnshus

Onsdag den   01. oktober, KL:18.00

Svelgen Songlag inviterer til ein koselig kveld  med korsang, allsang og godt humør.

 

Salg av kaker og kaffi

Lynlotteri

 

Dirigent: Grete Berntzen

Piano:        Jarle Grotle

 

 

Billett: kr.50.00     ( Barn under 12 år—gratis )

Ta vare på billetten, for den kan du vinne på.

 

 

VELKOMMEN

                                              

Arr.:Svelgen Songlag


Fortøyingane til flotellet kutta med vilje 27.09.2008

 

Firdaposten.no skriv at nokon har brukt kniv for å skjære over tauene som flotellet

utanfor Svelgen var fortøyd med.  Les meir her  og på NRK Sogn og Fjordane si side  her


Ole Johan Grønskag minnestipend 2008 26.09.2008

Ole Johan Grønskag minnestipend blir delt ut for første gong i år.

Ole Johan Grønskag (1972–2004) var utdanna som møbeldesignar og interiørarkitekt ved Bergen Kunst- og handverksskule. Han skreiv Filantropicana som hadde urpremiere på Sogn og Fjordane Teater i 2003, og «Siste dagar sett» som hadde urpremiere ved same teater i 2004. Filantropicana vart utgjeve på Skald Forlag i 2004. I tillegg til å skrive, måla han bilete og komponerte musikk.

Ole Johan Grønskag minnestipend blir delt ut for første gong i år. Utdelar er Bremanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane Teater. Juryen består av leiar Terje Lyngstad (teatersjef Sogn og Fjordane Teater), Espen Frøysland (kultursjef Bremanger kommune) og Maria Hjelmeland (biletkunstnar tilslutta Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane). 

Forslag til kandidatar: Med denne lysinga ber juryen om forslag til kandidatar til Ole Johan Grønskag minnestipend. Kanditatane kan vere skapande og utøvande unge, profesjonelle kunstnarar innanfor alle kunstartar, som litteratur, biletkunst, scenekunst og musikk. Øvre aldersgrense er 30 år og det må vere mogleg å dokumentere at vedkomande har budd i fylket i minst ti år til saman. 

Det er forventa at stipendmottakaren presenterer eige arbeid for elevar i Bremanger kommune i løpet av ein toårsperiode etter mottak av stipendet. Stipendet er på kr 12.000,–. Det blir delt ut i Bremanger kommune innan utgangen av oktober -08.


Forslag til kandidatar m/grunngjeving skal sendast til
teatersjef@softeater.no eller 
Sogn og Fjordane Teater,
v/teatersjefen, 
Postboks 324, 6802 Førde
Frist: 11. oktober -08.

 

 


Oppfrisking av teori - BILFØRAR 65 + 25.09.2008

I oktober vert oppfriskningskurset "BILFØRAR 65+" arrangert i Svelgen. Kurset skal haldast 3., 10., og 17. oktober i kommunestyresalen på Rådhuset. Kurset omhandler reglane om vikeplikt, rundkjøring, lyskryss, motorveg, lys og lysbruk, forbikjøyring, parkering mm.
Målgruppa er bilførarar over 60 år. Påmelding til servicekontoret 57796300 - innan 2.okt. Kursavgift 700 kroner - som betalast 1.kursdag. Enkel servering.
Arr.: Bremanger eldreråd.

Kommunen kan kutte ein tredel innan helse og omsorg 25.09.2008

 

Bremanger kommune kan spare inn ein tredel innan helse og omsorg. Det blir slege fast i rapporten at i forhold til andre, samanliknbare kommunar ligg vi høgt, seier ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad.

- Bremanger har hatt ein forholdsvis god økonomi og vi har ikkje hatt behov for å vere restriktive på administrasjonsnivået vårt, seier Svarstad som forklaring på dei høge kostnadene. Konsulentfirmaet Rune Devold har analysert omsorgsbiten i ei rekke kommunar her i landet og har stort sett alltid konkludert med at her er mykje å spare. Bremanger har eit godt helse- og omsorgstilbod slær rapporten fast, men det er dyrt, og peikar på fleire ting som kan endrast i tillegg til redusert administrasjon.

- Ein ting som er tilrådd er å bruke meir omsorgsbustader enn sjukeheim. Det eit anna kostnadsnivå på omsorgsbustader, så det kan vi spare mykje på, seier Svarstad.

No blir denne rapporten lagt til grunn for organiseringa av omsorgstenesta i Bremanger dei komande åra - og Svarstad meiner dei sjuke og eldre ikkje skal merke reduksjon i kvalitet. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Påminning:

Kritikarrost Oliver Twist til Svelgen 31. 10 24.09.2008

Teaterstykket Oliver Twist - framsyning i Svelgen samfunnshus 31.oktober klokka 18.00
Teaterstykket Oliver Twist av Charles Dickens har no hatt premiere i Førdehuset og fått strålande kritikk. Stykket handlar om Oliver som veks opp på fattighuset der han kjempar for å overleve i 1800-talets London. Oliver Twist er ei familieframsyning som passar for barn frå 7 år og oppover, men stykket har appell til alle generasjonar.
 
Det er avgrensa plass i samfunnshuset ettersom teateret må bruke størstedelen av salen til kulisser. Dei som gjerne vil sjå stykket bør sikre seg billettar omgåande.
Billettar kan kjøpast på servicekontoret på Rådhuset. Går 5 personar i lag og kjøper billett under eitt oppnår ein grupperabatt.
Pris kr 200 - kr 120 for b arn/honnør/gruppe (minst 5 personar)
 
Kulturkontoret
MI
Og vi på svelgen.no legg til meldinga frå Margun følgjande linkar med kritikkar av stykket: Dagbladet

"...sjarmerende og underholdende" (terningast fem) VG "...sjokkerende bra" Dagbladet

"...frydefull teaterferd" BT

"Spektakulært teater" Nrk Sogn og Fjordane

"...ei framsyning utanom det vanlege" Firda.


Svelgen Røde Kors

Takker for innsats under jubileum 24.09.2008

Svelgen Røde Kors vil takke alle de som gjorde til at vår feiring av vårt 50 års jubileum ble en flott opplevelse.
Tusen takk til dere som stod på og jobba, dere som møtte opp og deltok på de forskjellige arrangement, til de forskjellige bedrifter og privatpersoner som støtta oss med gaver til basaren og til dere som sydde og strikket utstyr til dukkene. Takker også "Din Sport" i Førde og "G-Sport" i Florø for lånet av utstillingsdukker.
 
Svelgen Røde Kors
Styret

Svelgen Hotell 3. oktober:

Jorda Rundt med Vestørn 24.09.2008

Fredag 3. oktober kan du oppleve eit foredrag utanom det vanlege på Svelgen Hotell; Draumen med VESTØRN. 

Her er litt av historia:

I 1988 kjøpte Odd –Rune Midtvik (Maxi) i

lag med kameratar ei 74 fot treskute frå 1936

Draumen var å segle jorda rundt. Primus

motor og kaptein Maxi var 26 år gammal når

båten vart kjøpt. Etter 6 år og tusenvis av

arbeidstimar var restaurering og ombygging

ferdig , og det gamle vraket omgjort til ei

fantastisk skute. I juni 1994 var segla heis og

kursen satt for eventyr på dei 7 hav. For

kaptein og primus motor Maxi var dette eit

stort augeblikk og starten på ein ny livstil.

På si 8 år lange jordomsegling opplevde

kaptein og skute det meste av både glede og

dramatikk ein kan tenke seg. I stillehavet

fekk skipskassa påfyll då båten ei tid vart legd

ut til eit filmselskap for å lage dei kjente

filmane ”Famely Robinson ”og ”return to

Trasure Island". I Thailand var dei med på

den norsk tv produksjonen ”jakten på det

gode liv”.

Etter Thailand opphaldet forsette reisa

gjennom det Indiske hav. Til fjerne øyer og det storslåtte Afrika. Utanfor Afrikas berykta

kapp fekk skute og mannskap opplevde turens verste storm. I 3 døgn feide ei orkan med

vind oppe i 90 knop.(nesten 180 km i timen) På Madagaskar måtte Maxi og mannskap

rømme landet på grunn av korrupt politi og tvilsam rettsvesen. I Brasil ble Odd rune

knivstikket under angrep av lokale piratar. Berre flaks gjorde at han overlevde det brutale

nattlege angrepet. Etter 6 mnd i sambaens heimland, segla Vestørn vidare tilbake til Karibien,

og kryssa sit eige kjølvatn. Når Maxi selde Vestørn i Karibien i 2002 hadde kaptein og skute

segla til saman utrolege 40 000 nautiske mil.

I samband med utgiving av boka "Jorda rundt med Vestørn", har Maxi utarbeidd eit foredrag

og visuelle reise frå det eventyrlege prosjektet med Vestørn. Av foredraget som dokumenterer

den gigantiske ombygginga av båten, kjem det fram at alt er mogleg så lenge ein har ”jern

vilje ” for å nå sine mål.

Maxi er for tida i gong med si andre jordomsegling som han kombinerer med arbeid i

Nordsjøen. Han har denne gongen segla aleine, både over Atlanteren og store deler av

Stillehavet. Maxi vil halde foredrag i Svelgen. Florø og Måløy før han set seg på flyet for å

segle båten sin vidare frå Malaysia.

Vi er glad for at eventyraren og livsnytaren Odd-Rune Midtvik vil meddele sine spennande

opplevingar med oss alle, og ønskjer alle hjarteleg velkommen til en reise i historier, musikk,

film og bilde.

Les meir på Vestørn si heimeside    og se film på Youtube

Pris 140,- fredag 3. oktober kl. 2000

 

Tilskot til Joker Ålfoten 24.09.2008

Kaia AS Svanøy Landhandel i Flora, M. Svardahl på Askrova i Flora, Ditlef Sunde AS i Rognaldsvåg i Flora, Joker Fanøy på Fanøy i Flora, Joker Guddal i Guddalen i Fjaler, Joker Ålfoten AS i Ålfoten i Bremanger, Lambrechts Eftf AS på Nåra i Solund, Ortnevik Nærbutikk i Ortnevik i Høyanger, Fjorden Nærbutikk i Framfjorden i Vik og Veitastrondbua på Veitastrond i Luster.

I alt 108 nærbutikkar i heile landet har fått tilskot.


DnB sa opp lånet til Bremanger 23.09.2008

DnB har sagt opp kontraktene med Bremanger og Vik kommune. Det stadfestar konserndirektør Trond Bentestuen overfor NTB.

Han seier dei ser på kontraktene med dei sju Terra-kommunane som brotne.

- For oss er dette ikkje overraskande. Dette hadde vi venta utifrå situasjonen slik den er, seier Marta Finden Halset, ordførar i Vik kommune.

- Banken reknar avtalen som broten. Korleis ser du på det?

- Det er tunge massive instansar som seier at dette er ulovlege lån. Kommunane ser seg ikkje forplikta til ytterlegare innbetalingar. Det er det eg har å seie, seier Finden Halset.

 

DnB NOR førebur søksmål mot dei sju Terra-kommunane som ein følgje av måten saka har utvikla seg på.

 

Les også Dagbladet.no


MENTAL HELSE BREMANGER:

INVITERER TIL SOSIALT SAMVÆR 23.09.2008

 

 

Stad: Realen

Dato: 30.september

Klokkeslett: 1800 – 2000

 

 

Program:

-          Fylkesleiar Gerd Bjørkedal frå Mental Helse, orienterer om Mental Helse

-          Orientering om psykisk helsearbeid i kommunen

-          Kaffe og noko å bite i

 

 

Vi ynskjer alle velkomne

 

Med hilsen frå styret


Bremanger inntar Grieghallen:

900 billettar selde til country-konserten 23.09.2008

- Vi er veldig, veldig nøgde med å ha passert 900 selde billettar ei veke før konserten. Det som og er kjekt er at nesten 500 skal vere med på festmiddagen etter konserten. Her er plass til fleire, men då må dei som vil ha med seg denne hendinga ikkje vente lenge med å skaffe seg billett, seier Ragnar Torvanger til Fjordenes Tidende.

Musikklaget har fått Harald Lindvik til å halde styr på så mykje folk under festmiddagen.

Lindvik har sine røter frå Bremanger og var i følgje Torvanger ikkje vanskeleg å overtale til å ta på seg oppdraget.

- Under festmiddagen har vi vore så heldige å få Finn Erixs til å underhalde oss. Dei kjem til å køyre eit show som varer ein halvtime, opplyser Torvanger.

Som konferansier på konserten har Bremanger Musikklag for andre gong henta inn Ingvild Bryn til oppgåva. I  følgje Torvanger har musikklaget gjort unna dei siste førebuingane i løpet av helga og er klare for storscena i Grieghallen.

Flåtten legg dempar på jaktlysta 23.09.2008

 

I kystkommunane og innover i fjordane har svært mange jegerar fått mange flåttbitt.

 - Sonen min var med på eit jag førre helg, og måtte plukke av seg over 30 flåttar då han kom heim på ettermiddagen, fortel hjortejeger og grunneigar Isak Berle frå Bremanger.

  - I år har det vore veldig mykje flått i marka. Det er mykje på dyra og dersom ein jagar gjennom skogsområde, så er det enormt med flått på dei som jagar, fortel Berle.

 Jegeren frå Bremanger tykkjer at flåtten er i ferd med å leggje ein dempar på hjortejakta.

- Etterkvart så gjer den det. Det er mykje sjukdom som følgjer med om du er uheldige. Med så mykje flått så aukar samstundes også faren for eit angrep. Det har berre eksplodert i bygda vår, seier han. Roar Førde er røynd hjortejeger lenger inne i fjorden og jaktlaget på Isane har aldri før opplevd slike mengder med flått.

- Før var det slik at du fekk på deg ein flått, no er det titals når du skal ha i deg nista. Det kryper på hender og der det er berr hud bit han seg fast. Når du er komen i senga kjenner du at du har fått deg eit bitt. Det er blodig alvor, seier han til NRK Sogn og Fjordane.


Ingen hjelp fra Kredittilsynet 23.09.2008

 

Kredittilsynet vil ikke hjelpe kommunene med å tvinge penger ut av Terra Securities .

- Terra- kommunene har bedt om at   Terra skal betale tilbake det de tjente på å gi de skjebnesvangre rådene til kommunene.   Helt konkret har kommunene bedt om at det gis pålegg om vinningsavståelse med et beløp i størrelsesorden 120 millioner kroner med tillegg av renter. I perioden 2004–2007 mener kommunene at Terra Securites har hatt vinning som følge av rådgivningen til de åtte kommunene.

Narvik, Rana, Hemnes, Hattfjelldal, Vik, Bremanger, Haugesund og Kvinesdal har alle tapt store penger på investeringsproduktene de kjøpte av meglerhuset Terra Securities. Investeringsproduktene var satt sammen av Citigroup, og ble svært risikable fordi de var høyt belånte - nesten åtte ganger det opprinnelige innskuddet.

 
Mandag ettermiddag melder Kredittilsynet at det ikke vil gi pålegg om vinningsavståelse. Og ikke nok med det: "Etter en totalvurdering har tilsynet kommet til at det ikke er tilstrekkelige tungtveiende grunner til å forfølge saken videre", skriver tilsynet i en pressemelding.

- Kredittilsynet har hatt forståelse for at de berørte kommuner har ønsket å undersøke alle muligheter for å redusere sine tap i Terra -saken. Kredittilsynet har derfor behandlet saken grundig. Etter at Terra Securities ASA ble fratatt konsesjonen som verdipapirforetak, er det imidlertid ikke tilstrekkelig grunn ut fra hensynet til verdipapirmarkedet til å bruke rettsapparatets og tilsynets ressurser for å forfølge morselskapets tidligere gevinster fra Terra Securities ASA, sier sjef for Kredittilsynet Bjørn Skogstad Aaamo i en kommentar til Dagens Næringsliv.

Les heile pressemeldinga her.


Kristian Bremnes vann flytevestar for heile klassen 23.09.2008

Då Kristian Bremnes frå Svelgen i byrjinga av august besøkte Måløy under Tall Ships' Races, stakk han også innom standen til Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) og Enivest. Der tok han seg tid til å fylle ut quiz-skjemaet. For det vart han premiert med flytevestar til seg og heile klassen.

  – Det var ikkje berre å krysse av i ei rute, dei som deltok måtte bruke litt tid på å svare på alle spørsmåla, seier m arknadssjef Brigt Samdal i SFE. Kristian sine svar merkte seg ut, saman med to andre vinnarar frå Kjølsdalen og Loen, melder Firdaposten i dag. Trykk på link og sjå bilde!

Svelgen.no gratulerer!


- Ny veg kan verke sentraliserande, meiner forskar 23.09.2008

Den positive effekten av nye vegar i distrikta kan vere sterkt overdriven. Det meiner økonom og forskar ved Norsk institutt for by og regionforsking, Steinar Johansen i følgje NRK Sogn og Fjordane. Når det blir bygd nye vegar vil ein marknad som før var skjerma møte auka konkurranse utanfrå. Sjølv om vegutbygginga gjer at dei får mindre kostnader til transport er eg svært usikker på om effekten totalt er positiv, seier Johansen som meiner det tvert om kan verke sentraliserande.

Men konklusjonane til Johansen møter motbør frå Alfred Bjørlo (bildet) i Måløy Vekst. Han ivrar mellom anna for ein skikkeleg sambindingsveg langs kysten i Sogn og Fjordane.

 - Mellom Florø og Måløy er det 60 kilometer, men reisetida langs vegen er to og ein halv time. Og skal Elkem legge ein solcellefabrikk til Svelgen er det eit krav at det blir gjort noko med den hinsides dårlege vegstandarden til industristaden.  I Måløy har vi mellom anna høgteknologibedrifter som treng arbeidskraft. Skal regionen vere attraktiv for framtidige arbeidstakarar må det gjerast noko på vegsektoren, seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.


Inge Ryan SV:

- Frp og Høyre gir bort milliarder 23.09.2008

I dag vedtar Stortinget at all norsk vannkraft på sikt skal bli offentlig eie. De rød-grønne partiene ønsker at inntektene fra vannkraften skal komme det norske fellesskapet til gode. De borgerlige partiene ønsker å gi bort milliardverdier til private krafteiere, skriver parlamentarisk leder i SV, Inge Ryan (bildet) i et innlegg i Aftenposten i dag. Han skriver videre:

" Frp og Høyre ønsker å børsnotere og privatisere det meste av vannkraften som staten eier i dag. Videre ønsker Frp og Høyre også at de private eierne som i dag sitter på kraft, skal få beholde sine private fordeler til evig tid. Dette innebærer en enorm, gratis verdioverføring til private eiere.

Hvor mye Frp og Høyre ønsker å overføre er verdier som er vanskelig å fastsette. Selv med moderate anslag dreier det seg om flere titalls milliarder kroner. Dette er penger som med den rød-grønne regjeringens opplegg vil bli brukt til velferd for alle innbyggere i Norge.

 

Debatten dreier seg om 14 kraftverk, de fleste eid av Hydro og Elkem. Disse verkene skal etter planen hjemfalle til staten i perioden 2009 til 2065.

De største private kraftverkene er Røldal/Suldal (hjemfaller 2022), Skagen/Fortun (2057) og Tyin (2051), alle eid av Hydro. Elkems to største private kraftverk er Siso (2026) og Svelgen (2029). Frp og Høyre ønsker prinsipielt at disse skal få beholde vannkraften til evig tid, og i det minste til 2069.

I og med at staten eier 43,7 prosent av Hydro, vil tilsvarende andel kraft være en overføring tilbake til staten, rundt en tredjedel. Men: Nesten alle øvrige verdier - rundt 100 TWh - vil gå til private eiere, gratis. Stein Erik Hagen og hans familie eier 23 prosent av Elkem gjennom Orkla. De ville med Frp og Høyres opplegg fått gratis strøm tilsvarende omtrent forbruket til 300 000 norske eneboliger.

Utenlandske eiere, hovedsakelig amerikanske og engelske, eier rundt 40 prosent av Hydro. Disse ville alene fått rundt 54 TWh gratis av Frp og Høyre. Gratis.

Frp og Høyre ønsker å børsnotere og privatisere store deler av norsk vannkraft. Til neste år er det valg. Da bør velgerne være klare over hva Frp og Høyre vil gjøre med norsk vannkraft."


Rock Tour i minus - men suksess i Svelgen 23.09.2008

  

For kort tid til marknadsføring, og mangelen på eit stort publikumsband. Det meiner arrangør Hugo Hellesen er årsaka til at publikum svikta miniturneen han arrangerte i helga.

.–  Det mest gledelege var i Svelgen, der Crimes of Passion inviterte ungdommar i 12-årsalderen opp på scena for å spele saman med dei. Det var ei stor oppleving både for ungdommane og for oss i salen, seier konsertarrangøren, som legg til at han berre har fått gode tilbakemeldingar frå banda på opplegget, trass i at publikum svikta konsertane. Med knappe 300 betalande på konsertane i Svelgen, Førde og Florø sist veke, er konsertarrangør og musikkentusiast Hugo Hellesen innforstått med at det blir raude tal i rockerekneskapen.

– Vi har ikkje heilt oversikta enno. Men vi taper nok pengar, ja, seier Hellesen, som drog i gang tungrock-turneen der både lokale, nasjonale og internasjonale namn stod på plakaten. Les meir i Firdaposten.


Penjonistmøte på Trudvang ondag 22.09.2008

Svelgen Pensjonistlag har møte onsdag 24.september kl.17.00
Møtestad: Trudvang på Kjelkenes.
Program:
Velkommen
Ord for dagen v/Åse Kjelkenes
Underhaldninggruppa - sang og  musikk
"Dei to samlingshusa i Midtgulen" v/ Sigrid Solheim
Referat frå dagsturen
Kaffi og mat.
Utlodning.
VEL MØTT!
Skyss med privatbilar

21.september 2008.

Resultat fra DM 2008 - Friidrett. 21.09.2008

 

  Mange gode resultater av Svelgen sine utøvere på DM Sunnfjord.

 

              Les meir på STIF si side  her


Trenger du ved til vinteren... 18.09.2008

 

 

Ingvald Ytrehus (Friidrettsgruppa) og

Tor Zachariassen (Jeger- og Fiske forening)

har tørr ved for salg.

 

Ta kontakt med Ingvald Ytrehus på

tlf. 57793682 / mob.90920577

 


Svelgen-pensjonistar på Møretur 20.09.2008

Svelgen pensjonistlag var onsdag på lang dagstur til Møre.
Dette bilete er teke på Runde. Neste stopp var Fosnavåg der vi fekk potetball med mykje attåt.
I Ørsta møtte vi "gamlepresten" Mathias Austrheim og Jorunn. Vi fekk kaffi og deilig kake på
Fru Svendsens kafe. Ei hyggeleg stund.Tilslutt reiste vi heim over Austefjorden og til Heggjabygda.
Flott tur - og fint ver!

Bremanger-film på Youtube 20.09.2008

No kan du sjå film om ilandføring av gass på Smørhamn i Bremanger på Youtube,

Jubileumshelg for Svelgen Røde Kors 18.09.2008

Svelgen Røde Kors blir som etterkvart kjent 50 år på disse tider. Det blir feira neste helg, med festmiddag og aktivitetar for store og små. Feiringa startar med seniorfest i samfunnshuset fredag kveld. Festen er open for alle, og det kostar ingen ting å kome inn.

Laurdag blir det god gammaldags basarstemning i samfunnshuset, før rundt 60 inviterte gjester samlar seg til festmiddag på hotellet.

Søndag har Svelgen Røde Kors laga til aktivitetsløype for heile familien ved Risevatnet,. Etterpå er det mat å få for alle deltakarane i samfunnshuset.


Laurdag 20.september på Bremanger Stadion.

Bremanger IL Fotball - Keeperskule 2008 17.09.2008


Les meir her

Lørdag 20. september på hotellet:

Dans med Tore Leiren 17.09.2008

 

 

Tore Leiren reiser rundt med fullt komp og spiller som einmannsorkester. Tore spilte i Steinar Engelbrektson Band frem til desember i 2006, og har sida det tatt opp igjen sitt virke som einmannsorkester. Tore er ofte å se på NRK 2 Dansefot jukebox sammen med Steinar Engelbrektson Band.Han har et stort repertoar og spiller alt frå svensktopper til sving til DDE og Hellbillies! Han har for tida stor   suksess med sin eigenproduserte låt, Sognefjord, som nå er å høre   på NRK2 dansefot jukebox og som også har toppa listene på ”Norsk country Radio”.

 

Det blir lukka tilstelning fram til dans starter kl 22.30 .

Velkomne til god danse musikk på svelgen hotell

Cover kr 120 -

 


Nedgang påverkar kommuneøkonomi 17.09.2008

Her kan du sjå NRK Sogn og Fjordane si oversikt over alle kommunane sine investeringar og låneopptak.

Når det gjeld vår  kommune står det å lese:

 

"Har ikkje aksjeinvesteringar, berre bankinnskot. Dei to store Terra-investeringane er no selde, dei to andre, på 48 og 54 millionar, eig dei gjennom norske bankar. Har fått lov av Fylkesmannen til å sitje med desse ut 2012. Har lånegjeld på 280 millionar kroner, alt med flytande rente".


Sjå bilder frå Svelgen Oppvekst 17.09.2008

På Svelgen Oppvekst sine heimesider kan du finne mange nye bilder frå aktivitetar og utedagar. Dette bildet er henta frå 1. til 4. klasse sin tur til Velteplassen sist veke. Som vi ser byr elevane på frukt frå "Granbaren".

 

Sjå fleire bilder her.


Førde i Bremanger:

Felte hjort merkt som mjølkeku 17.09.2008

Jaktlaget gjorde stor auge då dei såg at bukken dei hadde skote hadde eit heilt spesielt merke i øyret.
Seint på ettermiddagen søndag skaut Svein Naustdal ein bukk i Førde i Bremanger. I det eine øyret hadde bukken eit merke som den erfarne jegeren aldri hadde sett på ein hjort før.

Det heile starta den 9. juni 2005. Då fann Knut Hatledal frå Markane i Stryn kommune ein nyfødd hjortekalv som var forkommen og det mora var ikkje å sjå. Han tok med seg kalven heim, gav den råmjølk og lot den få nokre overnattingar i fjøset sitt.

Kalven kvikna til, og før Hatledal plasserte hjortekalven tilbake i naturen merkte han den.

- Hatledal opplyste at kalven fann att mora ganske for, og at han våren 2006 såg begge dyra att. Etter den tid har ikkje Hatledal sett noko til dei. Då den vart felt søndag ettermiddag hadde kalven blitt til ein flott bukk, med ei slaktevekt på 87 kilo. Den hadde fire og fem taggar i geviret, fortel Svein Olav Senneset.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende onsdag 17. september.

Kommune betalar ikkje DnB-lån 17.09.2008

  

I dag skulle Terra-kommunen Vik betalt eit renteavdrag på tre millionar kroner til DnB Nor.

Vik kommune og dei sju andre Terra-kommunane vedtok sist veke felles strategi overfor DnB Nor og stoggar tilbakebetalingane av låna sine. Terrakommunane har lånt totalt ein milliard kroner av landets største bank, for Vik sin del er det snakk om ein lånesum på 149,5 millionar kroner.

 

– Me har eit forfall denne veka, faktisk alt no på onsdag, sa Oddbjørn Ese.

Rådmannen i Vik kommune oppdaterte kommunestyret i Terra-saka måndag ettermiddag.

– Formannskapet sitt vedtak har som konsekvens at renteterminen, med forfall denne veka, ikkje blir betalt, sa Oddbjørn Ese om beløpet på tre millionar kroner. I den felles strategien argumenterer kommunane med at korrespondansen mellom DnB Nor og terrameklarane Anders Opstad og Harald Nordberg var særdeles tett. Banken må såleis ha vore klar over at lånet skulle investerast i verdipapir, noko som i følgje kommunelova er ulovleg.

Statsbudsjettet blir lagt fram 7. oktober. For dei åtte terrakommunane Vik, Bremanger, Haugesund, Kvinesdal, Hemnes, Narvik, Rana og Hattfjelldal knyter det seg ekstra stor spenning til mursteinen som blir offentleggjort klokka 10.

- Då får me sjå om Regjeringa har lagt inn skjønsmidlar. I den grad me får noko av staten, vil midlane bli utebetalt i 4. kvartal. Men det vil bli knytt klare vilkår til korleis eventuelle skjønsmildar skal nyttast, sa Oddbjørn Ese i følgje Sogns Avis. 


Brei støtte til Kystvegen - også frå nabofylka 17.09.2008

Den planlagde vegen mellom Måløy og Florø har brei støtte langs heile kysten, ikkje berre her i fylket, men også i nabofylka, melder Fjordenes Tidende. Ordførarmøtet om Kystvegen i Florø enda med ei samla støtte til framlegget frå Vågsøy, Bremanger og Flora og næringsselskapa i dei tre kommunane om opprusting og innkorting av vegen mellom Florø og Måløy. Dei ni kystordførarane som deltok på møtet om ein framtidig kystveg har underteikna eit brev som er sendt til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

Der står det:

" Dette tiltaket representerer ei fullføring av Bremangersambandet og vil etablere ein sterk arbeidsmarknadsregion frå Flora/Førde til Møre og Romsdal. Regionen omfattar omstillingskommunane Flora, Bremanger, Vågsøy, Selje og Vanylven. Kystvegen vil bidra til å snu ei negativ utvikling i regionen. Ny, samt delvis opprusta veg, er ein føresetnad for ei stor industrisatsing i Svelgen. Dette er eit godt døme på det store potensialet som kan utløysast med ein kystveg mellom Bergen og Ålesund. Det samsvarar også godt med prognosar som Kyststamvegutvalet la fram då dei vurderte ulike stamvegalternativ.

Kystkommunane står fast på dei prioriteringar som Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedteke når det gjeld riksvegløyvingar. For å kunne realisere Florø - Svelgen - Måløy innanfor rimeleg tid, er det såleis nødvendig å finansiere tiltaket utanom det ordinære vedbudsjettet. Næringsutviklingsselskapa har lagt fram forslag til finansiering som vi ber fylkeskommunen og vegvesenet om å arbeide vidare med, med sikte på å finne ei løysing som kan realiserast innan rimeleg nær famtid.

Med søttte også frå Nordhordaland Regionråd IKS og kystkommunane på søre Sunnmøre der desse var representerte på møtet: Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula og Ålesund".


Hjort skadd etter påkøyrsle 17.09.2008

 

 Ein hjort vart påkøyrt på Grov på riksveg 614 like etter avkøyringa til Svelgen tysdag like før klokka 12.00.

– Hjorten er skadd og har sprunge til skogs, men viltnemnda er alarmert. Det vart noko skade på bilen, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjell Nordgulen, til Firda. 


Dagbladet på besøk i Bremanger 17.09.2008

Sjå Rogier van Oorschot lære opp Dagbladets utsendte til kajakk!

Sjå bilder frå miniputturneringa i helga 16.09.2008

Ved å klikke her kan du sjå Firdaposten sine bilder frå miniputturneringa i Florø søndag 14/9.

 


Ledige stillingar i kommunen 15.09.2008

Bremanger kommune har lyst ut to stillingar; ein som ruskonsulent og ein som assistent ved Ålfoten Oppvekstsenter. Sjå heile utlysingsteksten under Stilling Ledig til venstre.

Sunnfjord Rock Tour 2008 til Svelgen torsdag 14.09.2008


 
Startar i Svelgen Torsdag 18 september med banda The Evig Ork-Punch-Manifest-Crimes Of Passion.
 
Det er først en Ungdomskonsert eller fri aldersgrense utan alkohol frå 18.00-21.00. Så er det for voksen frå 21.30-01.30. Det som gjør at vi satt opp 2 forstillingar er at ungdom sjeldan får vere med på slike internasjonale konserter. Det er også mange fine ting og vinne på billett nr. Vi har fått alle band til og signere plater,t-shorter samt plakatar!!! Det er litt forskjellige sjangere sida det er 4 band som skal spille frå Noreg og utlandet. Det vil si at vi har  ein god pakke med variert musikk frå Rock og Metal til Rock.
 
Bandet The Evig Ork (bildet) kommer frå Florø og har et vidt spekter med unge og voksne i sitt band. Di har sanger på Norsk og Engelsk og ligger i sjanger Rock.
 
Bandet Punch kommer fra Florø er UKM vinnarar av Sogn og Fjordane 2008 og var i finalen i Trondheim 21. Juni 2008.
Di er unge og har spilt saman ca 1 1/2 År og har ca 30 låtar til nå!! Di synger på Engelsk og har en sinnsyk trøkk i sin Rock med en god vokal som likner litt på Lemmy fra Motorhead!!!!
 
Bandet Manifest er fra Trondheim og har spilt rundt om i Norge og verden på flere store festivalar, bandet har gitt ut 2 plater og holdar på med den tredje plata i studio. Denne sjangeren er Metal. Dei har vel et av di råaste trommesettene i verden med 17 symbaler og 17 trommer. 

 

 

Bandet Crimes Of Passion er fra England og byen Sheffild. Byen Sheffild er ein av di største innan Rock i Verden med band som "Def Leppard-White Snake" og mange fleire!!. Crimes Of Passion er på full Europa turne og har vert med White Lion på deres come back!!! Bandet vokser med ca  100 personar for dagen på sin nett side!!! Og holder nå på med sitt andre album. På deres plate har di fått back vokal frå Tony Mills "TNT" og frå "PRINT" på koringen. Bandet har en helt rå og sinnsyk vokal!! Samt hele deres album er gjennomført til fingerspissene!! Dette bandet får deg helt medrevet i deres Rockeverden samt et helt rått scene show av sikkelig Engelsk stil!!! Bandet synger også en coverlåt av DIO som heiter "Holy Diver" Det er helt likt "DIO" og får deg til og få frysninger ned over ryggen. Dette bandet har spilt på mange store festivalar med opp til 20-30.000 menneskjer i Europa og er på full fart opp mot toppen i England og resten av Europa!!!!
 
Vi er stolte av og kunne levere denne pakken til Svelgen og håper folk er klar til å komme seg ut for og Rocke Svelgen til større høgder!!!!!!!
 
Billetter kan kjøpes på nett: www.florasamfunnshus.no eller på Svelgen Hotell. Det blir også salg av billetter ved døra hvis det er flere igjen.
 
Billettene koster kun 170,-kr for ungdom og 270,-kr for Voksne.
 
La oss skape en uforglemmelig Rocke aften i Svelgen!!!!!!!!!!!!!!
 
Don`t miss out............ Come and Rock your Heart Out!!!!!!!!!!
 
Banda kan høres på nett:  www.punchband.com - www.manifestmetal.com - www.myspace.com/crimesofpassionrock
 
Med vennlig hilsen
 
Sunnfjord Rock Tour 2008

Bjørgulf Myklebust til politikarane:

- Lenk dykk fast for Kystvegen 13.09.2008

Bjørgulf Myklebust i Svelgen Utvikling oppfordrar politikarane i Bremanger til å stå på for Kystvegen. 

Denne veka orienterte han plan- og utviklingsutvalet i Bremanger om arbeidet med å få på plass Kystvegen, skriv Firdaposten.

– De har ikkje ein dag å miste i arbeidet med å få på plass Kystvegen i neste Nasjonal Transportplan (NTP), påpeikar Bjørgulf Myklebust i Svelgen Utvikling.

 

– Demonstrer. Lenk dykk gjerne fast for å vekkje merksemd om saka, sa Myklebust med eit smil.


Møringar på rundtur i Bremanger 13.09.2008

Tidlegare Svelgen-prest Matias Austrheim har hadde forrige veke med seg ei heil busslast sunnmøringar på rundtur i Bremanger. På heimesida til Ørsta kirke finn vi denne reiseskildringa frå kommunen vår.

"Sokneprest Matias Austrheimn er svært godt kjend
i dette området, då han hadde si første presteteneste akkurat her, og  difor var det ekstra interessant å ha han med. Turen
gjekk vidare mot Davik, Rugsund, like forbi Leirgulen, under
Skatestraumen og forbi den vakre Hornelen.

Mange fine stader og natursyn fekk vi sjå frå bussen der han gjekk på smale og svingete vegar,
mellom bakkar og berg, før vi tok vegen til Kalvåg på øya Frøya. Der
stod det ein nydeleg lunsjbuffet med sjømat, og mykje anna godt, og
venta oss. Maten var nydeleg og vêret var fint, så Kalvåg synte seg som den naturperla den er. Dette var ei oppleving på linje med ein sørlandsby, der ein også
finn mykje koselege hus, buder og gamle maritime miljø, som er godt
tekne vare på.

Derifrå  gjekk turen til Smørhamn, ei 40 minutt lang ferjetur til Kjelkenes
og vidare til industristaden Svelgen. Svelgen vart i si tid vart bygd opp frå å
vere berre nokre få hus, til å verte ein liten tettstad. Vasskrafta har
vore viktig for denne staden, og på vegen over fjellet til Ålfoten fekk me sjå kor mange demningar og utbyggingar som var gjorde for å sikre
vasskraft til bygda."  Sjå bilder og les heile referatet her. Bildet er frå Ålfoten Kyrkje.


Vinn konsertbillettar på firdaposten.no 13.09.2008

Vinn konsertbillettar: www.firdaposten.no
 
 
"Frå Cash til Springsteen" Konsert Grieghallen laurdag 27. september
 
Meir info: www.origo.no/bremanger
 
 
  Bremanger musikklag

Tjuvane gløymde straumkablane 11.09.2008

Rektor Kåre Myklebust er forundra over tjuvane braut seg inn på Svelgen skule og tok med seg 75 datamaskiner - men gløymde å ta med seg straumtilkoblingane, som ikkje er av standard type.    Kvifor ikkje snu det til noko positivt? meiner rektor Kåre Myklebust. Etter at skulen blei rundstolen for 75 berbare datamaskiner natt til laurdag, fekk han gleda av å bestille nye måndag morgon.

Då vi var innom lærarrommet på Svelgen skule måndag, var det alt anna enn sure miner. Ute skein haustsola, elevane blei sendt på skuletur, og i mellomtida ordna rektor Kåre Myklebust med at alle skulle få mellombelse maskiner når dei kom att. Den lokale dataeksperten Tore Myklebust (til dagleg prest) stod klar til å ordne med det.

– Tjuvane har kanskje forrekna seg litt. Dei har nemleg gløymt å ta med seg straumtilkoplingane, som ikkje er av standard type. Det er veldig rart, smiler Myklebust. (Bildet er frå innbrotet i 2005/foto: Ingrid E. Haugen)

Les heile saka i Firdaposten!


Sokerådsleiar skjemst over framandfrykt 11.09.2008

Selskapet Lopex har levert inn anbod til Utlendingsdirektoratet om å starte mottak for 90 asylsøkjarar i Bremanger. Kraftige protestar hjå lokalbefolkninga toppa seg med ei underskriftsliste mot planane.

 

Det reagerer soknerådsleiar Oddbjørg Råket kraftig på.

- Det er mest slik at eg skjemst når eg les om dette. Dersom vi levde under uverdige forhold i krigsherja land, så ville også vi prøvd å kome oss vekk, seier ho og ikkje ser andre årsaker enn rasisme og framandfrykt. Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane.


Plommehjorten i Mevika skutt 11.09.2008

 

Hjorten som tidligare var på plommeslang i Mevika er no felt. Hjorten var til plage for mange hageeigarar på Sande. Det var ein observant hageeigar i Fremstevika som rapporterte om kvar hjorten var. Og Dyrstand-Sande jaktlag var klar til innsats. Gunnar Mundal, som bur i Mevika, avliva hjorten med eit skot, melder  Per Lars Sande


Onsdag 10.sep.

Idrettskulen i dag kl.17:00, ute på Svelgen Stadion. 10.09.2008

      I dag er det Friidrettsgruppa som skal ha Idrettskulen.  

 

 

Friidrett er kjekkast ute, så lenge som været er fint   J

 

Vi kommer til og lage til forskjellige aktiviteter på Svelgen Stadion,

og så håper vi at det kommer mange og blir med.

 

Skulle været bli heilt umulig, så får vi flytte innatt i Idrettshuset.                  


Onsdag 10.sep.

I kveld kan du ta Idrettsmerke.. 10.09.2008

 

 

Møt opp på Svelgen Stadion kl. 18:00 og bli med..


Hjortejakta er i gang 10.09.2008

Ved midnatt starta hjortejakta, og rundt 35.000 hjortejegere legger i vei opp bratte vestlandslier eller ut i slakkere terreng lengre øst og nord. I løpet av få år har hjortejakta halt innpå elgjakta i kampen om flest felte dyr.

 

Hvem skulle trodd at det bare er tredve år sia det ble felt under 5000 dyr årlig? De siste tre åra har fellingskurven blitt enda brattere, slik at det i fjor ble felt 32.600 dyr. Det er en vekst på over 10 prosent fra fjoråret, og bare 3.000 færre enn antallet elg som ble felt i fjor.

Etter sterkt fokus på beiteskader, økt trafikkdød og dårligere kondisjon på dyra de siste åra, er kvotene skrudd opp flere steder, slik at det er slett ikke utenkelig at hjortejakta kommer til å passere elgjakta i antall felte dyr allerede i år. Du finner mer informasjon om den sterke veksten i hjortebestanden på nettsidene til Statistisk sentralbyrå.

 

Framtidsutsikter
Den enorme veksten i kvoter gjør at jegerne i dag enkelte steder må felle ti ganger så mye hjort som for bare tjue år sia, melder NRK Sogn og Fjordane. Likevel har ikke veksten i antallet jegere vært like sterk. Vidar Holthe i Norges Skogeierforbund er bekymra for utviklinga:

- Om en viltbestand hadde hatt samme aldersfordeling som jegerne, ville jeg sagt at den hadde dårlige framtidsutsikter, kommenterer Holte lakonisk til NRK.

Dyrevernerne frykter imidlertid at de økte kvotene skal gi "opphaussa fellingspress" under hjortejakta.

- Det virker som om det viktigste under hjortejakta er å plaffe ned flest mulig dyr, sier Randi Aarethun i Dyrevernlaget Indre Sogn til NRK og mener jegerne sjøl bidrar til å hause opp stemningen.

 

Bedre jakt
For å komme den slags holdninger i møte, har NJFF i rekke år har fokus på sikrere jakt. Gjennom prosjektet Bedre jakt har vi samla inn statistikk fra storviltjegere for å tilgjengeliggjøre erfaringsgrunnlaget du ellers ville trengt mange år på å opparbeide.

I år har prosjektet gått i nært samarbeid med flere jaktlag i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Her skal jegerne få gratis treningsskudd og spesielt tett oppfølging, mot at de gir detaljerte rapporter om både treningsskuddene og jaktsituasjonene. Her kan du lese mer om Bedre jakt i Rauma.

 

Nye jakttider
De økte kvotene har fått fylkesmennene til å utvide jakttida i tråd med jakttidsforskrifta fra Direktoratet for naturforvaltning. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har for eksempel valgt å utvide jakta i 16 av 26 kommuner, derav Bremanger som tidligere meldt her på Svelgen.no.

 


Politikarane positive til asylmottak 10.09.2008

Espen Gulliksen (Ap) meiner Bremanger er ei god kommune som vertskap for asylsøkjarar. Under ei av orienteringssakene i møte i Plan- og utviklingsutvalet denne veka informerte ordførar Kåre Olav Svarstad om folkemøtet han deltok i på Kalvåg og samtalene han hadde hatt med UDI og Lopex med omsyn til asylmottak.

Men det er ikkje alle som er negative til at Bremanger eventuelt skal få statleg asylmottak.

Gerda Frøyen (Sp) tok ordet etter informasjonen frå ordføraren.

- Eg finn det merkeleg å arrangere eit folkemøte nesten utan informasjon, dei som var i panelet kunne ikkje svare på spørsmål, men skulda asylsøkjarar for å vere kriminelle, sa Frøyen.

Varaordførar Nina Grotle (Ap) meinte det var uheldig at Bremanger kommune stod som medarrangør:

- For oss politikarar er oppgåva å finne ut om vi har kapasitet til å ta imot asylsøkjarar, sa ho.

- Dette er menneske i ein veldig vanskeleg livssituasjon, som vi må strekkje oss langt for å hjelpe, kommenterte Joar Årøen (SV).

- Eg meiner vi har mykje å tilby asylsøkjarane som måtte komme til vår kommune. Vi må leite etter mogelegheitene og ikkje ta omsyn til dei som har fordommar mot asylsøkjarar i det heile, understreka Espen Gulliksen.

Les meir i papirutgåva til Fjordenes Tidende idag, onsdag 10. september

Konsernsjef Rune Bjerke DnB:

- Ansvarsfraskrivelse av kommunene 10.09.2008

- Det er oppsiktsvekkende at enkelte kommuner i Norge velger å bryte avtaler inngått med Norges største bank. Ikke minst på bakgrunn av feilinvesteringer kommunene selv har foretatt. DnB Nor vil under ingen omstendighet akseptere et avtalebrudd fra kommunenes side. I så tilfelle vil vi rettsforfølge kommunene, understreker konsernsjef Rune Bjerke. Les meir på e24.

Terra-kommunene kan få medhold i retten 10.09.2008

Hvis Terra-kommunene kan bevise at DnB NOR visste hva banken lånte ut penger til, har de gode sjanser til å få gjennomslag, mener jusprofessor Hans Petter Graver. Les meir i Kommunal Rapport .


Medlemsmøte Svelgen keramikk 09.09.2008

Tirsdag 16.september kl. 19.00 holder vi medlemsmøte i keramikkverkstedet vårt på Realen. Nye og gamle medlemmer ønskes velkommen.

Krise i teknisk avdeling 09.09.2008

 

Ingeniørmangelen i teknisk avdeling i Bremanger skaper ein prekær situasjon for dei kommunale tenestene. – Situasjonen er ikkje akseptabel, seier Gerda Frøyen (Sp).

– Det er stor frustrasjon ute blant folk i Bremanger: Lange ventetider og manglande tilbakemelding skaper eit veldig negativt fokus rundt dei tekniske tenestene, påpeikar Gerda Frøyen.

Den nye rådmannen, Tom Joensen, er klar over utfordringane:

– Vi må vurdere å kjøpe meir tenester for å få unna arbeidet, svarer han.

Varaordførar Nina Grotle vil gjerne ha meir informasjon om kvifor det er så stor gjennomtrekk i avdelinga, men ordførar Kåre Olav Svarstad meiner at svaret ligg i at lønsnivå og status i det private næringslivet er så mykje høgare, melder Firdaposten.


STIF

Steptrening onsdag 09.09.2008

 

Step`en startar opp att onsdag kl.20.00.

 

Gamle og nye medlemmar er velkomne!


STIF

Sirkeltrening torsdag 09.09.2008

 

Per Arne Sæterlid startar med sirkeltrening

for dame og herre torsdagane kl.19.00 - 20.30.

 

Vel møtt!

 


Dag H. Nestegard beklagar eventuell råkjøring 08.09.2008

 

- Jeg prøver å kjøre i henhold til loven. Hvis jeg var over fartsgrensa, må jeg beklage det, sier Nestegard, som synes det er urimelig å klandre samferdselsministeren for kjøringen hans. Politiet skal etterforske den påståtte råkjøringa til samferdselsminister Liv Signe Navarsetes sjåfør, svelgaren og seniorrådgjevar i Samferdsledepartementet Dag H. Nestegard på en tur til Lærdal.

 – Først vil vi prøve å få kontakt med journalistene og høre hva som har gått for seg, sier politiinspektør Ronny Iden i Sogn og Fjordane politidistrikt til Nationens nettutgave.

Ifølge avisen lå privatbilen til Liv Signe Navarsete (Sp) i 110 kilometer i timen i 80-sonen i Borgundtunnelen, samt 80 kilometer i timen i 60-sonen nær Lærdal sentrum.

Avisas journalister fulgte i bil bak ministeren, som var i hjemkommunen Lærdal i Sogn og Fjordane onsdag i forbindelse med åpningen av ny E16 mellom Voldum og Borlaug.

Politiinspektør Iden mener det ville skapt reaksjoner hvis politiet ikke hadde valgt å se på saken, og ønsker derfor å snakke med journalistene som har skrevet om den fartsfylte kjøreturen.

Navarsete sier til NRK at hun ikke så på speedometeret under turen, og at hun heller ikke følte at bilen kjørte for fort.

 

 


Formannskapsmøte i dag:

Terra-kommunene stanser betjeningen av DnB NOR-lån 08.09.2008

Sju av Terra-kommunene stanser tilbakebetalingen av lån i DnB NOR fordi flere instanser hevder at lånene strider mot kommuneloven.

Kommunene Kvinesdal, Hattfjelldal, Hemnes, Rana, Narvik, Vik og Bremanger hevder seg ført bak lyset av DNB NOR i forbindelse med Terra-saken, og nekter å tilbakebetale lån på i overkant av 1 milliard kroner.

Det ble besluttet under kommunenes formannskapsmøter mandag kveld.

«Dette kommer som en direkte konsekvens av at Justisdepartementets lovavdeling, Kommunal- og regionaldepartementet, Riksrevisjonen, fylkesmennene, kommunenes egne juridiske rådgivere og professor dr. juris Hans Petter Graver har konkludert med at det dreier seg om ulovlige lån etter kommuneloven», skriver kommunene i en felles kunngjøring.

Kommunene hevder at DnB NOR spilte på lag med Terra om utarbeidelsen av avtalekonstruksjonen.

«Kommunen var selvfølgelig helt uten mulighet og kompetanse til å overprøve Norges største banks vurdering av om dette var lån. DnB NOR var kjent med at disse låneopptakene ble gjort for å investere i verdipapirer. Det er etter kommuneloven forbudt for kommuner å låne til slike investeringer, og låneavtalene er følgelig ugyldige», skriver kommunene. (Tekst: NTB)


Friidrett

Sogn og Fjordane fekk andreplassen. 08.09.2008

 

På Friidretten si side kan ein lese meir om Svelgen

sine utøver på NCC leikane i Haugesund.

 

Les meir her  og   her  og  her


Svelgen framleis aktuelt som asylmottak 08.09.2008

Berre ein kommune i Sogn og Fjordane blir vurdert som vertskap for eit nytt asylmottak, og det er Bremanger kommune.

- Vi har fått eit tilbod i Bremanger på 72 faste plassar og 18 stykkprisplassar som er plassar som skal utgjere ein buffer for oss, seier regiondirektør Atle Berge i UDI til NRK Sogn og Fjordane.

 

NRK skriv: Det har vore betydeleg skepsis i Bremanger mot å vere vertskap for eit asylmottak, men det er ikkje kommunen sjølv som avgjer om det skal skje. I staden er det asylmottak-operatøren Lopex som no har tilbydd Utlendingsdirektoratet desse plassane, og UDI vil no vurdere om dei faktisk skal gå i gang med ei etablering.

Lopex sitt tilbod inneber ein hovudbase i gamleskulen i Kalvåg, men med omtrent like mange plassar i Bremanger og Svelgen.

 

Ei rekke stader i Sogn og Fjordane har vore aktuelle for å hjelpe til med å ta unna det store talet asylsøkjarar som er venta til Norge i tida framover, men det resulterte berre i eit konkret tilbod.

- Det vi kan konstatere er at vi berre har fått tilbod frå Bremanger som kan innebere ei etablering, seier Berge.

 

Berge kan framleis ikkje seie noko om når dei bestemmer seg for om det faktisk skal opprettast eit mottak i Bremanger.

- Det er litt vanskeleg å kome med ein eksakt dato. Dei næraste vekene vil vi diskutere om dei er kvalifisert. Er dei det går vi i forhandlingar, seier Berge.


Etterlyser to stasjonsvogner etter PC-tjuveriet 07.09.2008

Politiet etterlyser no to bilar etter at 75 laptopar vart stolne frå Svelgen skule natt til laurdag.

Ein vogntogsjåfør har meldt frå om at han såg to stasjonsvogner på veg sørover like ved ferjekaia på Kjelkenes på riksveg 614 i halv tre-tida om natta.

  

- Desse to bilane køyrde i følgje og begge hadde utanlandske skilt, seier lensmann Hans Rune Strandos (arkivbiletet).

 

Begge bilane var stasjonsvogner og er truleg frå midten av 90-tallet. Den eine er sølvgrå eller kvit, den andre var mørk.

 

- Dette er på ein vegstrekning med lite trafikk om natta, difor reagerte vitnet på desse to bilane som tydeleg køyrde i følgje.

 

Les meir hjå NRK S. og Fj.


Husk å stemme på Ådne 07.09.2008

Ådne Kjerpeseth Vårdal vart, som Svelgen.no tidlegare har skrive, fylkesvinner og trenger stemmer for å bli årets Lano-unge. Alle kan stemme via pc'en på www.lano.no  og ved å sende ein SMS med  Lano 13 til 2225.

 

I skrivande stund er Ådne på delt 5. plass med 5 % av stemmene.


Lensmann Strandos etterlyser tips frå publikum

Om lag 80 PC`ar stolne frå Svelgen skule 07.09.2008

Cirka 80 bærbare PC-er blei stjålet fra Svelgen skule natt til lørdag. Politiet er svært interessert i tips fra publikum.

 

Det var en lærer som oppdaga innbruddet på skolen, og politiet fikk melding klokka 13.45 lørdag. Tjuvene har ifølge politiet tatt seg inn i gjennom et vindu på baksida av skolebygget.

- Politiet har vært på skolen og er i gang med etterforskninga. Det ser ut for at 77-78 elev-PC-er og seks-sju av lærernes PC-er er borte. Alle maskinene har innbrent navnet på skolen og et nummer, og vil ikke være omsettelige i Norge, sier rektor ved Svelgen skule, Kåre Myklebust.

Mesteparten av datamaskinene blei oppbevart i låste skap i et låst rom. Myklebust anslår at de hadde en samla verdi på rundt 600.000 kroner.

Han forteller at etter et innbrudd i 2005, der det også blei stjålet datautstyr, fikk skolen installert overvåkningskameraer. I rommet der mesteparten av PC-ene var hadde en overvåkingskamera som reagerte på lys og bevegelser.

- Men på grunn av at kommunen akkurat nå holder på med omlegging av datasystemet, har ikke overvåkninga fungert, sier han.

- For meg er det viktigste at elevene og lærerne ikke skal være skadelidende i undervisninga. Alle elevene i ungdomsskolen har hver sin bærbare maskin. Men vi har også 80-90 stasjonære maskiner på lager, så i løpet av et par dager skal både elevene og lærerne ha fått hver sin PC de kan bruke, sier Myklebust.

 

Dette melder Fjordenes Tidende

 

Les og NRK S.og Fj., Firdaposten, NRK S. og Fj., og Firdaposten.


- Skandale i hjemfallssaken 03.09.2008

  - Energiminister Terje Riis Johansen EØS- og EU-motstand i hjemfalls- og industrikraftsaken kan komme til å rasere oppslutningen om Arbeiderpartiet i en rekke større distriktssamfunn, hevder tillitsvalgt Sten Roar Martinsen på Karmøy.

Martinsen viser til distriktssamfun som: Karmøy, Farsund, Kvinesdal, Karmøy, Odda, Høyanger, Årdal, Bremanger, Holla, Sunndalsøra, Orkdal, Mosjøen, Mo i Rana, Glomfjord, Salten og Finnfjord som noen av stedene hvor utålmodigheten er på bristepunktet.

Under høringen på Stortinget tirsdag viste Olje- og energiministeren Terje Riis Johansen (Sp) til EØS-avtalen for ikke å utsette industriens hjemfall til etter 2060. Hans påstanden om at det er EØS stridig, har satt sinne i kok nok en gang blant landets industritillitsvalgte.

Diverse juridiske betenkninger samt landets fremste juridiske ekspertise fremhever det motsatte, senest under stortingets ekstraordinære høring i hjemfallssaken i går 2 september. Selv ikke den jurdiske kompetansen departementet selv har innhentet står nå lenger fast på at industrien modell om utsatt hjemfall for knappe syv prosent av vannkrafta vil være EØS stridig.

- Når Olje- og energiministeren under gårsdagens høring gjentar sine ubegrunnede påstander, er det derfor en skandale. Ministeren har ikke dekning for sine påstander, sier Martinsen. Han understreker at hjemfallsaken har enorme økonomiske, sosiale og politiske dimensjoner.

- Det vi ber om, er en utsatt tilbakelevering av kraft til staten som industrien i dag har råderetten over for å sikre langsiktighet og forutsigbarhet for høyst usikre investeringsbeslutninger for fremtiden. Industriens fremtid en rekke steder er helt avhengig av utfallet, sier Martinsen ifølge Fagforbundet Industri og Energi.

Høyst trolig vil en utsettelse av hjemfall utløse rundt 10 milliarder i investeringer i ny miljøvennlig industriproduksjon ved Hydro sitt anlegg på Karmøy. Nå krever han at statsminister Jens Stoltenberg kommer på banen. (Kilde: Fagforbundet Industri og Energi)

Svelgen Songlag startar opp att 03.09.2008

Svelgen Songlag startar opp att etter sommaren.

Det vert øving kvar onsdag kl 17.30 i musikkrommet på Svelgen Skule.

Nytt og spanande repertoar. Dirigent er Grete Berntzen.

Vi ønskjer gamle og nye songarar hjerteleg velkomne!

Styret


Vollyball oppstart, torsdag 4.september. 03.09.2008

 

   Les meir på STIFs vollyballside  her


Måløy-Florø på 85 minutt innan 2018:

915 millionar kroner for supervei 02.09.2008

85 minutt reisetid mellom Måløy og Florø. Dette blir situasjonen dersom den planlagde kystvegen mellom Måløy og Florø blir realisert. Vågsøy-ordførar Roger B. Silden  trur sambandet er klar til bruk i 2018

Dei tre selskapa Sunnfjord 2020, Måløy Vekst og Bremanger Hamn og Næring presenterte i dag fellessatsinga for betre kystveg Florø-Måløy.

 

Etter at andre del av Bremangersambandet er ferdig, blir det lagt opp til opprusting av strekninga Svelgen-Grov på riksveg 640. Opprustinga vil mellom anna innebere tunnel mellom Svelgen og Indrehus.

Vidare blir det planlagt å erstatte ferjesambandet Måløy-Oldeide med ei kortare ferjestrekning over Nordfjorden. Den siste biten av prosjektet er utbetring av strekninga Svelgen-Sørdalen.

Den samla kostnadsramma på prosjektet er sett til 915 millionar kroner. Av dette skal staten og fylkeskommunen stå for om lag halvparten av utgiftene.

Den resterande halvparten skal dekkjast inn gjennom bompengefinansiering og auka ferjetakster på Stårheim-Isane og den nye ferjestrekinga over Nordfjorden.

 

Hovudmålet med storsatsinga er få etablert ein felles bu -og arbeidsmarknad i ytre Flora, Bremanger og Vågsøy. Ordførarane Bente Frøyen Steindal i Flora og Roger B. Silden i Vågsøy har stor tru på prosjektet.

Begge forventar offentlege løyvingar. Silden har som målsetjing at den opprusta vegen skal vere klar til bruk innan 10 år. Dette melder NRK Sogn og Fjordane i ettermiddag.


Basar på Keipenstova torsdag 02.09.2008

Torsdag 4.september vert det basar på Keipenstova. Lappeteppet og alle dei fine gevinstane skal trekkast kring kl.1200. Før trekninga vil vi ha eit par rundar med åresal. Inntekta går til Keipenstova, og vil bli brukt til rullestolrampe ved inngangen. (Vi brukar no Samfunnshuset sin inngang, slik at rullestolbrukarar kan komme inn bakvegen.)
                                   Velkommen til alle som vil kjøpe lodd!
 
Måndag, tirsdag og onsdag vert det loddsal på Coopen - 5 kroner pr. lodd

"Bonderomantikk"

Svelgar med på "Jakten på kjærlighten" 02.09.2008

Lise Buset frå Svelgen skal i haust vere med på Katrine Moholt (bildet) sitt populære TV-program på TV2, "Jakten på kjærligheten". I eit intervju på VGTV seier Buset at det var ei venninne som melde ho på. Sjå intervjuet her.

 

Les meir om programmet på TV2.


Friidrett

Svelgen med 5 utøvere til NCC Leikane i Haugesund. 02.09.2008

 

   Les meir på STIF si side  her


Svelgen-baby kan bli Lano-unge 02.09.2008

Ein skjønn liten svelgen-gutt med i finalen
på Lanoungen 2008. Ådne Kjerpeseth Vårdal vart fylkesvinner og trenger stemmer for å bli årets Lano-unge. Alle kan stemme via pc'en på www.lano.no  og ved å sende ein SMS med  Lano 13 til 2225.

Lano-Ungen konkurransene og kampanjene oppstod som resultat av flommen av bilder som strømmet inn gjennom 50- og 60-tallet. Det valgt ut en rekke Lano-Unger fra mengden bilder som ble sendt inn. Disse ble særlig brukt i annonser der barnas morsomme ansiktsuttrykk sto i fokus.

Det var altså ingen nasjonal kåring av en Lano-Unge pr. år som er tilfelle ved dagens konkurranser.

 

Lano understreker også på heimesidene sine at det ikkje er ein sjønnhetskonkurranse, men at dette handler om morsomme barneuttrykk.

 

Vi ønsker Ådne lykke til videre i konkurransen!!


Treskeværket 26. september:

Thomas og Cor Scorpii live i Førde 02.09.2008

Cor Scorpii - Thomas S. Øvstedal sitt band - skal på ein mini-turnè saman med Helheim og
Vulture Industries. Han skriv i ein mail til oss:

Fredag 26. september kjem vi til Førde og Treskeværket. Dette vert ein unik sjanse for folk i Sunnfjord/Nordfjord til å sjå 3 plateaktuelle ekstremmetall band. Ein sjanger som ikkje har vore utbredt på konsertfronten i denne delen av landet.
Kvifor skal ein vere nødt til å reise til storbyane for å oppleve skikkelig musikk?
Håpar så mange som mogeleg tek turen til Førde for å støtte opp.


Alle banda vil selge plater og t-skjorter på konserten.


Nokre anmeldelsar på debutplata vår Monument som kom ut i april i år:

Firdaposten - 5/6Scream Magazine - 5/6
Metalmessage - 10/10
Norway Rock Magazine - 5/6
Terrorizer - 8/10

Linkar til dei ulike banda:

www.corscorpii.net
www.myspace.com/corscorpii

www.helheim.com
http://www.myspace.com/helheimnorway

www.vulture-industries.net
http://www.myspace.com/vultureindustries

 


Verdas største olje- og energimesse:

Bremanger viste seg fram i Stavanger 02.09.2008

Rådmann Tom Joensen, ordførar Kåre Olav Svarstad og Bjørgulf Myklebust i Bremanger Havn og Næring har delteke på verdas største olje- og energimesse denne helga. Godt og vel 1200 utstillarar var til stades i hallane i Stavanger. Ordføraren fortel til Fjordenes Tidende at 40 000 hadde vore innom Bremanger sin stand.

- Det handlar mykje om å arbeide langsiktig. I vårt havområde er det to gassfunn og på nyåret er det klart for nye boringar. Vårt håp er sjølvsagt at det vert gjort funn som får positive ringverknader for lokalsamfunnet og regionen i åra som kjem. Fleire småselskap er aktuelle for å etablere seg i tilfelle det er forekomstane er interessante, seier Svarstad som også var oppteken av fiskeri. I Bremanger er det farty som omset for mellom 40 og 50 millionar kroner, og ordføraren meiner det er viktig at dei får rammevilkår til å fortsette utviklinga.

Les heile saka i måndagens Fjordenes Tidende.


- Solar-fabrikk for heile regionen 02.09.2008

Direktør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle, meiner kystregionen må stå saman dersom dei skal ha håp om ny Solar-fabrikk i Svelgen. Talle var innleiar under eit regionsmøte for næringslivet i Måløy i helga, og brukte møtet til å orientere om verket. - Marknaden og mogelegheitene er enorme. Miljøet og fabrikken i Svelgen er eit godt utgangspunkt for å kunne få ein ny fabrikk. Men dette er ikkje ei lokal sak for Svelgen og Bremanger. Her må vi tenkje ein større region, og då er gode  vegar og kommunikasjon viktig, seier han i følgje Fjordenes Tidende.

Vegard Dyrstad får spele mot "Drillos" 02.09.2008

Vegard Dyrstad, barnebarnet til Sverre Magne Dyrstad - sonen til Jørn Dyrstad (biletet frå 1987), er stemt fram til å spele mot "Drillos" på Skei laurdag 6. september. Dyrstad fekk 12,5 % av dei 10 416 stemmene midtbanespelarane fekk. Dette mykje takka vere stemmene til lesarane av Svelgen.no.

  

Meir info om kampen på Skei, kl. 15.30 laurdag 6. september finn du her. Sjå laget til Sogn og Fjordane her. 

 

Far til Vegard, Jørn Dyrstad, spelte på STIF sitt A-lag i perioden 1982-1993, og på 215 A-lagskampar scora teknikkaren med hockeysveis 65 mål.

 

 


Lite nedbør i juli og august. 01.09.2008

Det var rimeleg fint vèr i Svelgen i dei to siste sommarmånadane. Nedbørstala vart som følger:

 

Juli: Det fall 94,7 mm mot normalt 155 mm. 21 døgn var utan nedbør, og det meste som fall på eit døgn var 38,7 mm.

 

August: Det fall 99,8 mm mot normalt 187 mm. 16 døgn var utan nedbør, og det meste som fall på eit døgn var 17,3 mm.

 

I løpet av dei åtte første månadane har det falle 1207,4 mm, "mot normalt" 1308 mm.


Vellukka aktivitetshelg i Svelgen:

Bremanger-ambassadør starta festen 01.09.2008

Vidar Davidsen opna arrangementet Høgt og Lågt fredag og fylte dei frammøtte med ny stoltheit av eigen kommune med både alvor og skjemt. Utover helga vart det høgt aktivitetsnivå  med både Small Ships Races, Eliasbåten, bruskasseklatring, kaltring på hotellveggen, femlaton og thriathlon.

Laurdag ettermiddag var det folkefest i sentrum og kor ein snudde og vende seg var det noko å sjå på eller være med på sjølv, skriv Firdaposten.

Mest utfordrande var nok Thirathlon og ikkje minst Femathlon der ein fekk testa den fysiske formen gjennom sykling, padling, springing, symjing og sist men ikkje minst rulleskiløp. For dei minste var der fiskekonkurranse, eventyrtelt og geiter ein kunne være med å mate.

Tidleg formiddag truga regnbygene med å gjere det til ein våt oppleving, men utover ettermiddagen gjorde sola sitt til at det vart både ein varm og fin dag. Sjå fleire flotte bildesamlinger på firdaposten.no og Fjordenes Tidende sine heimesider!


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept