Arkiv Jan 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Nøkkel funnen 31.01.2005

Ein Volkswagen-nøkkel vart funnen utanfor porten ved Elkem Bremanger i dag føremiddag. Eigaren kan vende seg til resepsjonen.

Laila B til Svelgen 7. februar 31.01.2005

Laila B Band held konsert på Svelgen Samfunnshus 7. februar klokka 1900.

Laila Beathe Førde er mest kjent som saksofonist/korist i gruppa Fabel, men no satsar ho på eige materiale og står i front foran eige band. Laila Beathe kjem på scena med 6 manns band og på scena har ho trommeslager Tor Bjarne Bjelland, gitarist Morten Færestrand, kordamene Marte Solvåg og Lisbeth Svardal, og i tillegg bassisten Vemund Stavenes, mest kjent som tidlegare medlem i bandet Span. Laila B. spelte på ”Den Stundesløse” i Bergen før jul, og vart omtala som noko av det beste som har spelt der på lenge. Uansett om du trur du veit kva du kan forvente eller ikkje, så er
dette konserten du berre MÅ få med deg!
Prisar: vaksne kr.120,-  born:kr.60,-
 
Arr.Brem.Sang og Musikkråd

Volleyball

Svelgenjente fekk sølv i NM 30.01.2005

Line Kjøsnes og laget frå Sunnfjord folkehøgskule kom på 2.plass i NM i volleyball for vidaregåande skular i helga. Dei tapte 2-0 mot Sortland i finalen, med siffera 25 - 20 og 25- 11. Laget til Kristina Mundal, Sylvi-Mari Fløtre og Herborg Eikeland tapte bronsefinalen mot Fagerlia, og kom på 4. plass. For å sjå bilder frå finalen, klikk her. 

Gilleshammer ny Ap-leiar 30.01.2005

Anne Lise Gilleshammer frå Svelgen vart valt til ny leiar av Bremanger Arbeidarparti under årsmøtet på Farmen fredag. 
Elles ser styret slik ut:
Nestleiar Nina Grole  - Bremanger
Sekretær Aud Marit Svarstad Sortevik -  Svelgen
Kasserar Arnt Willy Hjertø -  Svelgen
Studieleiar Monique Levang - Svelgen
Styremedlem Espen Gulliksen - Rugsund
Styremedlem Øystein Kolset -  Kolset
Vara:
Oddbjørg Førde -  Bremanger
Bjørgulf Myklebust  - Svelgen
Bjørnar Førde - Svelgen
Kirsten Grotle - Bremanger
Merete Storøy -  Kolset

Ekspansjon for Bygg og Reinholdsservice 30.01.2005

Det har vore både oppturar og nedturar for Bygg og Reinholdsservice AS sidan starten 1. november 1997. I dag er dei på rett veg, og arbeidsstokken har auka frå 13 til 20. Meir i Firdaposten.

Gulliksen (Ap):

Meir estetikk, takk 30.01.2005

 Espen Gulliksen (Ap) meiner det er fleire grelle eksempel på dårleg byggeskikk rundt om i Bremanger kommune.

- På Rugsundøy er det kome opp ei hytte som mest liknar ei rugekasse. Likeins er det ført opp eit stort og prangande hus i Kalvåg som neppe harmonerer med den estetiske planen som er utarbeidd, sa Espen Gulliksen. Han vil ha ein gjennomgang på om kommunen sine retningsliner vert fulgt og er budd på at eventuelle brot vil få konsekvensar. Kommunen har heimel til å kreve mult og til og med rive bygg som er oppført utan å følgje gjeldane lover og reglar. Det opplyste rådmann Tor Kristian Gulhaugen. Også fleire andre politikarar har sett på ulike bygg som er reist i det siste, og også dei tok til orde for å sjå nærare på om byggeløyve og oppsett bygg harmonerer i praksis  og i høve til kommunen sine eigne estetiske planar. Dette melder Fjordenes Tidende onsdag.

Friidrett

Flott innsats av Kim Leirvik på innandørs-UM 29.01.2005

Kim Leirvik frå STIF oppnådde gode resultat under Ungdomsmeisterskapen (UM) i Stangehallen laurdag. UM er det viktigaste innandørsstemnet, og samlar dei beste ungdomane i landet. Leirvik tok i 17-årsklassen bronse i stav med 3,40 m og vart nr. 6 i lengde med 5,76 m. På Tyrvingtabellen oppnådde Leirvik 784 p. i stav og 823 i lengde. I stav sette Leirvik ein solid personleg rekord då han tidlegare hadde hoppa 3,10 m, medan han i lengde hadde ”pers” på 6,04 m. Desse to sistnemnde resultata vart sett utandørs i 2004.

 

Den gode framgangen til Leirvik i stav kan føre til at Reidulf Førde sin 48 år gamle klubbrekord kan bli slegen innan få år. Førde hoppa som 15-åring, i 1957,  3,65 m på eit stemne i Utvik, og denne rekorden har ingen STIF-medlem makta å slå sidan. Reidulf Førde vart seinare norgesmeister i stav, tre gongar som junior og to gongar som senior, og han deltok på 25 landskampar for Norge. I denne perioden representerte han Oslo-klubben Tjalve. Han vart seinare også landslagstrenar i stav. Han tok også bronse i senior-NM i 10 kamp, og deltok også i landskampar som 10-kjempar.

På biletet under, frå sommaren 2003, får Kim Leirvik (t.v.) gode råd av trenar Ingvald Ytrehus.


Ingvalden: 28.01.2005

Årets namn 2004 !!!!

  I konkurranse med 11 andre kandidatar, er Ingvald Ytrehus frå Svelgen kåra til årets namn 2004 i Firdaposten. Ingvald fekk heile 42 prosent av i alt 23 147 stemmer. Svelgen.no gratulerer hjerteligast!!!

LES MEIR HER

 FOTO: FIRDAPOSTEN


Shanker bygger helsesenter 28.01.2005

Kan Shanker skal bygge helsesenter på grusbana i Svelgen sentrum. Bygget, som skal stå ferdig til hausten, skal huse legar, jordmor, helsesøster og fysioterapaut. Bremanger kommune har inngått leigeavtale med legen sitt nye firma Dr. Shanker AS som er byggherre. Les meir i dagens Fjordenes Tidende.


På Svelgen Hotell 11. februar: 28.01.2005

VALENTINERBALL

BREMANGER KOMMUNE VED KULTUR ØNSKER Å INVITERE
UNGDOM MELLOM 13 - 19 ÅR  TIL RUSFRITT UNGDOMSARRANGEMENT
 PÅ SVELGEN HOTEL.

11 FEBRUAR KL: 20.00 - 24.00.

COVER:    120,-
MENY:      TACO, PIZZABUFFE, MINERALVANN TIL MATEN.
ANTREKK: PENT.

PÅMELDING TIL SERVICEKONTORET INNAN 8 FEBRUAR 57 79 63 00.

TRANSPORT TUR/RETUR KR: 50,-
AVGANG                         RETUR
BREMANGER     17.00      SVELGEN         24.00
KALVÅG           17.30       ÅLF.VEGKRYSS 00.30
GROTLE          18.00         DAVIK             00.50
ÅLF.VEGKRYSS 19.20                    GROTLE           01.50
SVELGEN         20.00                    BREMANGER     03.00

NB!!! PÅMELDING BUSS PÅ TELEFON 57 79 68 80
INNEN 10.02.05. KL: 12.00.
KONTAKT ANITA FOR MER INFORMASJON 91 30 27 68.


Bygdebakar i Ålfoten 28.01.2005

 Nina Ødegård og Frode Vik har fått 40 000 kroner i etablerartilskot frå Bremanger kommune. Dei skal starte barkeri i dei tome lokala i gamlebutikken i Ålfoten. Namnet på den nye verksemda er Bygdebakaren DA. I vedtaket heiter det at pengane må nyttast innan to år. Dette melder Fjordenes Tidende i dag.


Bridge :

Resualtat av 3. spelekvelden 28.01.2005

Roar Førde og Bjarne Eikeset vann den 3. spelekvleden i Klubbmesterskapet 2005. Komplett resultatliste og samanlagtstillinga ligg på bridgesida.

Elevar på Risemarka i dag: 26.01.2005

MORO MED SNØ

Tysdag var fleire klassar på Rise og kosa seg i snøen. Dei hadde med seg med ski, akebrett og snowboard. Både elevar og lærarar storkosa seg. Trykk på bildet for å få det større.  Meir bilder på http://svelgen.gs.sf.no/


Godt fjorår for fylkesbanken 26.01.2005

Sparebanken Sogn og Fjordane tapar mindre enn på mange år og kan difor bokføre eit svært godt resultat for 2004. Før skatt viser resultatet 202,7 millionar kroner, noko som er ein auke på nesten 100 millionar frå året før. Betre tider i næringslivet, god kostnadskontroll og sterkt fokus på kvalitet er dei viktigaste årsakene til det gode resultatet. Etter skatt gjev dette ei avkastning på eigenkapitalen på 12,1%.


Elevane på Svelgen skule laga 26.01.2005

SNØSKULPTURAR

3. klasse hadde i dag kunst og handverk ute i snøen og laga skulpturar.
Hund,
bowlingkule og hjerte var blandt tinga som vart forma i snøen.
Sjå resultatet på bileta under! Trykk på bilda for å få dei større.
Fleire bilder på http://svelgen.gs.sf.no/

     


Politikarane er frustrerte 26.01.2005

 Lokalpolitikarane i Bremanger er frustrerte over mysteriet ferjeavløysingsmidlar. Ingen vegsamband her i fylket står i posisjon til pengane som var meint som aktiv hjelp til distrikta.

Einar Kjerpeseth (Sp) er overtydd om at det minst vil passere 500 bilar i døgeret med eit fullført fastlandssamband.

- Eg trur ikkje dei reisande klarar å forutsjå kor mykje tid det er å spare ved å bruke fastlandssambandet når det står ferdig. Spesielt er potensialet Førde-Måløy svært bra og likeins vil trafikken nord-sør bli kortare ved ei fullføring av sambandet. Folk er heller ikkje innforstått med at ferja Smørhamn-Kjelkenes vert nedlagt og at denne vegen faktisk blir einaste kommunikasjonåre, sa Kjerpeseth. 
Han kom med eit noko orginalt forslag som han ikkje ein gong sjølv tok seriøst:

  - Viss einaste måten å få ferjeavløysingsmidlar på er å krevje inn bompengar, så får vi kanskje sette i gang med det då – sjølv om innteninga berre blir 100 000 kroner i året. Men det vil trass alt opne for 150 millionar frå staten. Det er rett og slett for dumt! sa Kjerpeseth. Snart skal ordførar Kåre Olav Svarstad til Oslo for å bli visare om ordninga og eventuelt påpeike dens manglar. 
Meir i Fjordenes Tidnede i dag, onsdag.


Frå PLU-møtet i går: 26.01.2005

 

Deponi på høyring

Plan- og utviklingsutvalet gjekk i går inn for å legge reguleringsplanen for Sætrevika ut på høyring. I planen er det foreslått å flytte riksvegen og auke arealet for deponiet til Elkem Bremanger. Området rundt er regulert til industri og målet er at det også skal tilretteleggast for kai for å gjere plassen meir attraktiv, melder Fjordenes Tidende i dag.

 

Sa nei til klage

Plan- og utviklingsutvalet vil ikkje ta klagen frå naboane til småbåthamna i Svelgen til følgje. Dei meiner det ikkje er kome fram nye moment i saka der Bygg- og Reinholdsservice AS fekk dispensasjon frå reguleringsplanen for å legge til rette for parkeringsplass. Fem naboar har klaga kommunen inn for Fylkesmannen, som vil ha det endelege ordet i saka, skriv Fjordenes Tidende i dag.


Stor VOX-interesse i Svelgen 26.01.2005

Nær tretti menneske, både frå arbeidsgivar- og arbeidstakersida, møtte på motivasjonsmøtet som Bremanger Vekst og VOX inviterte til i Svelgen måndag, skriv Fjordenes Tidende i dag.

 - Det var utruleg kjekt å sjå mange møte opp, sa Anne van Oorschot i Bremanger Vekst innleiingsvis. Ho kunne konstatere at konferanserommet var fullt til siste sitjeplass. Dei frammøtte kom både frå kommuneleiing, fleire arbeidstakarorganisasjonar samt leiararar og arbeidstakarar frå det lokale næringslivet.  Ei av dei tre frammøtte ambassadøranne var kanskje  den som trekte flest tilhøyrarar. Per Gulestøl har arbeidd i fleire tiår i Svelgen der han også er oppvaksen. No er han busett på Kalvåg med jobb i Nordsjøen. Han har arbeidd i Prosafe ei årrekkje, men først dei siste åra han har kunna skilte med fagbrev som prov på eigen kunnskap.

- Det å stå med fagbrev i handa, gjorde noko med meg. Eg fekk større sjølvtillit og auka trivsel på arbeidsplassen, sa Gulestøl framom dei mange kjenningane i salen. Mellom dei dagleg leiar Gunnar Mundal ved Klausen Industrier der Gulestøl var under praksistida.(heile historia til Per kan du lese i Fjordenes Tidende måndag og frå møtet i dag-onsdag)

Anne Van Oorschot avslutta det to timar lange møtet med å oppmode tilhøyrarane om å ta kontakt. Det gjeld også alle andre som ynskjer å kartlegge sin reelle kompetanse anten den er tileigna gjennom arbeid, hobby, organisasjonsarbeid eller rett og slett i livets skule.

- Få papir på det du kan, var oppmodinga frå møtet.

På bildet ser vi Hildegard Nygård, Per Gulestøl og Gunnar Mundal. 

 


Svelgen kino 30. januar:

STOR STÅHAI 26.01.2005

Oscar er en rappkjeftet liten fisk med store drømmer om det gode liv på toppen av Revet, der alle de rike og berømte bor. De store drømmene hans har en tendens til å få ham opp i farlige farvann. Lenny på sin side er en kjempestor hvithai med en følsom side, og en hemmelighet - han er vegetarianer! Når det blir kjent at Lenny er vegetarianer blir han utstøtt fra hai-mijøet av sin egen far, hailederen Don Lino. Samtidig blir Oscar hyllet som en helt på grunn av en "hvit" løgn han har fortalt-at han hadde drept en hvithai som truet Revet. Oscar får tilnavnet "Haidreperen" og får den statusen han alltid har drømt om. Men en dag går alarmen; en ny hvithai truer Revet! Oscar må svømme ut for ikke å miste ansikt, og han tror hans siste time er kommet da hvithaien nærmer seg. Hvithaien er selvsagt den utstøtte Lenny. De to finner hverandre etter hvert, og sammen gjør de et umake par. Men det er uungåelig at noen til slutt skal avsløre Oscars løgn, og da venter det trøbbel.

Søndag, 30/1. kl.18.00
Tillatt for alle.
Speletid: 1 time, 30 min.

Karlskarstova kommande sundag: 26.01.2005

 Skikarusellen 2005

Idrettslaga i Svelgen og Ålfoten vil ønske alle hjertelig velkommen til skimoro ved Karlskarstova/Langesi. Skikarusellen er åpen for alle og dei håper også på deltakarar  frå ytre delen av kommunen.

STAD: LANGESI - KARLSKARSTOVA

I VINTER VIL DET BLI ARRANGERT FEM SKIRENN OPPE I DALEN:

30. januar

6. februar

13. februar

6. mars 

13.mars 

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.30.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alle aldrar Skimerkeprøve om nokon ynskjer det. Deltakarmedalje til alle som deltar i minst 3 av 5 renn. Diplom til alle i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-. Open kiosk.

Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn og Idrettsforening


"Arets namn-konkurransen" i Firdaposten

Ingvald deler topplasseringa med duo 25.01.2005

I Firdaposten si kåring av "Årets namn" i 2004, er det tysdag kl. 14.00 heilt jamt når det gjeld toppplasseringa. Både Ingvald Ytrehus og duoen Per Øyvind Helle og Tage Herstad har 38 %. I følgje Firdaposten kan det gjevast stemmer ut januar månad.

Om du ikkje har avgitt di stemme til din favoritt blant dei 12 kandidatane, kan du gjere det her: http://www.firdaposten.no/lokale_nyheiter/article1401850.ece  
Avstemminga er på menyen heilt til høgre litt nede på sida.






Ny flytande kraftpris til våre kunder i Svelgen fra 07.02.2005

Marknadsprisen på kraft har falt den siste tida pga mykje nedbør og gode tilsig .Med virkning fra 07.februar 2005 set vi ned den flytende kraftprisen i Svelgen fra 30,60 øre/kwh til 26,80øre/kwh inkludert 24% mva.

Kraftprisen har ikkje fastbeløp. Nettleie for transport av kraft kjem i tillegg.

Svelgen september 2004

Elkem Energi Bremanger AS, postboks 57. 6721 Svelgen


Årsmøte Bremanger Ap: 25.01.2005


TID: Fredag 28.januar 2005 klokka 17.30

STAD: Farmen på Iglandsvik i Bremanger

 

Vanlege årsmøte saker.

Gjest: Ingrid Heggø frå Høyanger

Ho står på andre plass på Sogn og Fjordane AP si liste til Stortingsvalet 2005. Sentralstyret i Arbeidarpartiet har sett ned ei gruppe som skal vurdere og føreslå tiltak som kan sikra industrien nok kraft til konkurransedyktige prisar.  Gruppa skal kome med forslag på andre tiltak for å trygge sysselsettinga i dei råka lokalsamfunna, innanfor ramma av EØS-avtalen.  Ingrid Heggø er medlem av denne gruppa.

VEL MØTT

-Styret-

 

 


Flora Høgre:

Vil ha ferdig fastlandssamband 25.01.2005

-  Det må prioriterast høgt å få ferdig Bremangersambandet.

Det skriv Flora Høgre i ein resolusjon der dei lovar å setje fokus på vegstrekninga.
Dei grunngjev kravet med at sambandet vil gje kortare reiseveg mellom Sunnmøre og Sogn og Fjordane, og at det vil gjere dagpendling enklare for dei som bur eller jobbar i Bremanger. Dette vil igjen styrkje både næringsliv og busetnad, trur partilaget.

Dette melder NRK Sogn og Fjordane (ill.)


Klagar på parkeringsplass 23.01.2005

I desember fekk firmaet Bygg og Reinholdsservice AS dispensasjon frå reguleringsplan til parkering. Det er naboane usamde i. Meir

Volleyballturnering lørdag og søndag 21.01.2005

STIF v/ Volleyballgruppa står som teknisk arrangør for to volleyballturneringar i helga. Laurdag er det 13-åringane som skal i aksjon, og søndag spelar 15-åringane. Begge dagar tek turneringa til kl 1100, og den varer til om lag kl 17 laurdag og kl 18 søndag. STIF stiller med lag begge dagane, og turneringane er i regi av Region Midt Volleyball.

Innlegg på Fritt Ord: 20.01.2005

På Fritt Ord sida er det i dag lagt ut følgande innlegg som vi i redaksjonen skulle ønske flest mulig kunne respondere på.  Dette kan skape en optimistisk og god debatt! Skriv dine tankar på Fritt Ord sida!

Svelgen om ti år? 
 

Fins det noen visjoner her i bygda, drømmer, fantasier, planer?? Fins det noen ildsjeler blant de Svelgenske hjem?? Satt bare å tenkte på hvor jeg var om ti år...hvor jeg bor, jobber osv... Om jeg skulle bosatt meg her i Svelgen permanent....har jeg da noe å se frem til? Noe som ikke allerede er tilstede?? Noe nytt...? Utvikling? Hva som helst?

Hva tror DU kommer til å skje innen ti år i Svelgen?


548 felt i Bremanger i fjor 20.01.2005

Bremanger kommune har ein månad etter fristen for rapportering av fellingsresultat sendt ut informasjon til valdansvarlege. Denne viser at det er felt 548 hjortar i dei ni valda i kommunen.
Bremanger Hjorteutval har lagt ut resultatet på si heimeside www.hjorteutval.no.

STIF

Medlemskort og treningsavgift 20.01.2005


Det er tid for betaling av medlemskort og treningsavgift. Giro for innbetaling ligg i hallen. STIF ynskjer gamle og nye medlemmar velkomne til eit nytt treningsår! 

Fotball

Stian Holm i SFFK si talentgruppe 20.01.2005

I følgje avisa Firda har Sogn og Fjordane Fotballkrins (SFFK) byrja arbeidet med å få fram arvtakarane til toppdommarane Tommy Skjerven og Steinar Holvik. Fem lovande dommartalent er no plukka ut i ei eiga talentgruppe, og gledeleg er det at Stian Holm frå STIF er utteken blant desse fem.

Robert Endestad, medlem av dommarkomiteen i Fotballkrinsen, uttala mellom anna følgjande til Firda: ”- Vi ønskjer å satse ekstra på desse dommarane. Vi har trekt inn Steinar Holvik og Tommy Skjerven, og dei har takka ja til å vere med gjennom litt kursing og anna oppfølging. Dommarane får mellom anna brynt seg på treningskampar i Årdal i månadsskiftet januar/februar, før dei siste veka før påske skal dømme kampar på 5. til 2. divisjonsnivå i Danmark. Deretter vil dei verte følgt tett opp av observatørane i heimfylket. Og dei får truleg sjansen til å delta i utvekslingskampar på Møre, i Bergen og på Austlandet. På samlingane skal vi meir i djupna på kampane, gjerne med to eller tre observatørar. Gjennomgangen av kampane kan liggje på eit par timar, i motsetnad til det vanlege kvarteret. Vi har i første omgang intensjonar om å få dei på høgt nivå i krinsen. Deretter ønskjer vi å få dei vidare til 2. divisjon, 1. divisjon og Tippeliga.”


Her kan du lese meir og sjå bilete.

På biletet ovanfor er Stian Holm fotografert etter nok ein godt kamp i solsteiken på Norway Cup i 2004.


Kartlegging av skulane 19.01.2005

Her kan du lese om kartlegginga av skulane. 


Elkem-tillitsvalde fryktar splitting 19.01.2005

Fagforeininga i Elkem Bremanger er sterkt kritiske til Orkla sitt oppkjøp av Elkem. Konserntillitsvald Einar Støfringshaug seier dei fryktar ei oppsplitting av selskapet, og at restane skal bli eit underbruk av Orkla. Meir her.

Slutt for NMY i Svelgen 18.01.2005

 















Fiske-gründar Stig Bakke tvilar på at det vert drift ved Norsk Marin Yngel sitt anlegg i Svelgen igjen. Fleire titalls millionar er lagt ned i verksemda, også frå SND og Bremanger kommune.
– Det ser ikkje lyst ut. Marknaden er metta og aksjeeigarane er lunkne til vidare drift, seier Bakke til Fjordenes Tidende onsdag.

Norsk Marin Yngel (NMY) har fått varmevatn frå Omn V og fekk bygget (bildet) frå Bremanger kommune.  Bygningen har ei grunnfalte på 2 000 kvadratmeter og investeringa til NMY er på 30 millionar kroner.  Les NMY historia i Fjordenes Tidende i dag, onsdag.


Svelgen kino søndag:

Polarekspressen 18.01.2005

Det er julekveld. Chris ligger våken på rommet sitt og lytter etter de kimende klokkene fra julenissens slede. Så hører han et dundrende brøl. Utenfor huset venter en overraskelse. En reise som gir ny næring til fantasien kan starte. Chris er en gutt som begynner å tape fantasien av syne.
 På selveste julekvelden ligger han i sengen og tviholder på troen om at julenissen skal avlegge en gaverik visitt. Plutselig hører han et dundrende brøl. Når Chris fjerner duggen fra vinduet får han se noe vidunderlig og nesten uvirkelig. Et skinnende svart tog stanser utenfor. Chris skynder seg ut, bare iført pysjamas og tøfle. Der møter han konduktøren, som ser ut til å vente bare på ham."Nå, kommer du?" spør konduktøren. "Hvor?" spør Chris. "Til Nordpolen, så klart. Dette er Polarekspressen!"

Søndag, 23/1. kl.18.00
7 års aldersgrense
Speletid: 1 time, 40 min.

Ledig sekretærstilling ved SBS 18.01.2005

Det er ledig stilling som sekretær ved Svelgen Bu- og Servicesenter. Sjå full utlysingstekst under "Stilling ledig".

Svelgen skule

Førebuing til førarkortet 18.01.2005


Måndag var det informasjonsmøte på Svelgen skule angåande lærekøyring for 16 åringar og ulike vegar til førarkortet.

Sjå meir på heimesida til Svelgen skule.


Bridge :

Resultat frå 2. spelekvelden i Klubbmesterskapet 18.01.2005

Ingebjørn og Arve-Stig Damstuen vann andre spelekvelden i Klubbmesterskapet 2005 føre Leif Arild og Arne Lothe. Fullstendig resultatliste ligg på bridgesida.

Friidrett

God medaljefangst i Førde i helga 17.01.2005

Svelgen TIF deltok med ni utøvarar på YIT-Leikane i Førdehuset søndag 16. januar. Dei som deltok var: Magnus Myrold, Ole Martin Gjerde (begge 11 år), Daniel Holm, Pål Valberg, Jan Rune Nigardsøy, Alf Erik Sande (alle fire 12 år), Jonas Valberg (13 år), Jørgen Bjørkedal (15 år) og Kim Leirvik (17 år).

Det blei tilsaman 7 førsteplassar, 11 andreplassar og 5 tredjeplassar.

Resultatlista kan du sjå her.

Volleyball

Finaletap for BSI og Solheim 17.01.2005

I cupfinalen på laurdag vart det tap for BSI og Stine Mari Solheim. Koll var eit bedre lag og vann kampen 3-0. Settsifra vart 25-19, 25-12 og 25-23. BSI mangla i følge TV2 Xtra to sentrale spelarar i kampen.

Les meir her.

Bridge :

Klubbmesterskapet 2005 er starta 16.01.2005

Klubbmesterskapet 2005 er starta samtidig som ein har bytta spelelokale. Det vert no spela på Svelgen Hotell til same tid. Første kvelden blei vunne av Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen. Komplett resultatliste kan De finne på bridgesida.

Grunnkurs i keramikk 14.01.2005

Det blir starta grunnkurs i keramikk 1. februar:

32 timers kurs over 8 kvelder
Oppstart Tirsdag 01.02.05 kl. 18.00 i kjelleren på Realen.
Kurspris: 1000 kr + materiale

Påmelding til Anita Ingebrigtsen, mobil: 48119849

Påminning: 16.01.2005

Konsert i kapellet 16. januar  

Ytre Sogn og Sunnfjord Brassband skal ha øvingshelg i Svelgen 14. - 16. januar. I dette høvet held dei konsert i Svelgen kapell søndag 16. januar kl. 12.00.
Svelgen Skulemusikk håpar at mange vil ta turen i kapellet å høyre på!
Bilettprisar:
Familie : kr. 100
Vaksen : kr. 50 
Barn : kr. 25

"Ny versjon" av Ringenes Herre: 16.01.2005

DRAMA I 6.KLASSE

6.klasse har etter jul jobba med drama i norsk.

Ved å klikke på bilde kan du lese Alf Erik sin versjon av Ringenes Herre på Svelgen Skule sine heimesider. 

Svelgen kino søndag 16. januar: 16.01.2005

 Bad Santa  10.01.2005

Fra Terry Zwigoff kommer den mest vanvittige julefortellingen som tenkes kan.
Som et døddrukkent reinsdyr i en porselensfabrikk turer Willie T.Stokes (Billy Bob Thornton) frem som julenisse i byens kjøpesenter. Denne kriminelle sesongarbeideren knuser alt som er hellig og tradisjonsbundet ved julen. Han dukker opp på jobben drita full, bannende, røykende, flørtende, skruppelløs og noen ganger spyende, med det eneste mål for øye å tømme pengeskapene etter arbeidstid. han kan ikke utstå barn, faktisk hater han dem som pesten! Men kvinner derimot har han stor sans for.

Søndag, 16/1. kl.18.00
Aldersgrense 11 år
Speletid: 1 time, 32 min.

Ingvald i leiinga 14.01.2005

I Firdaposten si kåring av "Årets namn" i 2004, er Ingvald Ytrehus fredag kveld i leiinga. Han har i skrivande stund fått 40 % av stemmene, medan duoen Per Øyvind Helle og Tage Herstad har 36 %.

Om du ikkje har avgitt di stemme til din favoritt blant dei 12 kandidatane, kan du gjere det her:  http://www.firdaposten.no/lokale_nyheiter/article1401850.ece  
Avstemminga er på menyen heilt til høgre litt nede på sida.

Per Gulestøl blir kompetanseambassadør 14.01.2005

 (Oslo) Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet, startar 17. januar ein kampanje i Sogn og Fjordane for å motivere fleire bedrifter til å kartleggje og dokumentere kompetanse på arbeidsplassane.

Per Gulestøl frå Svelgen, no busett i Kalvåg, er kompetanseambassadør i denne kampanjen, og skal fortelje bedriftsleiarar over heile fylket om erfaringane sine med å få kartlagt kva han verkeleg kan. Han er ein av i alt ni personar frå ulike bedrifter i Sogn og Fjordane som er valde ut til ambassadørar.

Meir om Per Gulestøl si historie finn du på www.vox.no

Systematisk kartlegging av faktisk kunnskap er ein viktig føresetnad for å styrkje omstillingsevna til både bedrifter og den einskilde tilsette. Vox har utvikla eit system som enkelt kartlegg kompetanse.
Den viktigaste bodskapen vår er:
Du har meir enn du trur
Du kan meir enn du trur.

Pilotprosjekt
Arbeidet blir etter kampanjeperioden vidareført av selskapet Ny Kunnskap, som er eigd av fylkeskommunen og lokale næringsinteresser. Kampanjen er eit pilotprosjekt. Erfaringane frå Sogn og Fjordane skal brukast i liknande kampanjar i andre delar av landet.

I kampanjeperioden vil lokale næringshagar arrangere møte for bedrifter frå heile fylket. Møta blir arrangerte av dei lokale samarbeidspartnarane våre:
• Stryn næringshage
• Sandane Næringshage
• Nordfjordeid Næringshage
• Flora Næringshage/ Sunnfjord 2020
• Sogn Næringshage
• Bremanger Vekst.

Opning
Kampanjen blir opna med eit arrangement i samarbeid med Flora Næringshage
17.januar kl. 1245. Adresse: Flora samfunnshus, Markegata 51.

Yngve Hågensen, styreleiar i Vox, og fylkesordførar Nils R. Sandal vil halde innlegg. Alle kompetanseambassadørane og representantar frå næringshagane vil også vere til stades og vere tilgjengelege for pressa.

Meir informasjon og kommentarar i samband med kampanjen:

Leiar for ambassadørteamet Leif Røv, tlf. 91 69 76 97
leif.rov@sf-f.kommune.no

Direktør Turid Kjølseth, Vox, tlf. 23 38 13 10 / 93 43 93 62
turid.kjolseth@vox.no

Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet



Hjelp frå Elkem? 14.01.2005

I mangelen på bompengar ser Kystvegutvikling no på alternative finansieringamåtar, skriv Fjordenes Tidende i dag.

- Ein kan ikkje forvente at Bremanger kommune åleine kan bære ein rentekostnad på 50 millionar kroner. Men kanskje kan fleire kommunar gå saman om å forskottere midlane. Vi skal også sjå nærare på potten som er avsett som kompensasjon for bortfall av arbeidsgjevaravgifta. Desse midlane skal kunne brukast til infrastruktur og investeringar i nærområdet  - noko som fastlandssambandet må seiast å vere, seier dagleg leiar Ragnar Hagen.

Ordførar Kåre Olav Svarstad skal snarast ta kontakt med Elkem Bremanger i Svelgen for å få til eit møte der dette vert tatt opp. Det vil også bli lagt fram sak for plan- og utviklingsutvalet  25. januar der vidare framdrift skal fastsetjast.


Fastlandssambandet:

Bompengar ikkje vilkår for ferjeavkortingsmidlar 14.01.2005

 - Det er ikkje noko vilkår at ein veg må finansierast med bompengar får at ein skal få ferjeavkortingsmidlar. Det seier tidlegare rådgjevar i Samferdsledepartemenet, Alfred Bjørlo til Fjordenes Tidende i dag..

 Onsdag skreiv avisa at det ikkje blir nok trafikkgrunnlag til at fastlandssambanddet kan delfinansierast med bompengar.  Ein konkluderte då med at prosjektet heller ikkje kan få dei 140 millionar kronene som er førespegla i ferjeavkortingsmidlar.

- Dette er feil.  Det er ikkje noko absolutt krav til bompengar for at ein skal få ferjeavkortingsmidlar, seier Alfred Bjørlo og viser til  Stortingsproposisjon  67:  
 ” I prosjekt der staten opnar for alternativ bruk av ferjetilskot, må det også stillast krav om lokal finansiering gjennom bompengar, i den grad trafikkgrunnlaget er stort nok til at bompengeinnkrevjing kan gi eit positivt bidrag til finansieringa.”

Det var Bjørlo sitt parti Venstre som kom med forslaget om ferjeavkortingsmidlar, og han seier det aldri har vore meininga å tolke dette slik at ein må kunne krevje bompengar for å få forskottert dei statlege ferjetilskota.

-  Det står ”i den grad trafikkgrunnlaget er stort nok”. Det er det ikkje i dette tilfellet, men det forhindrar ikkje at ein kan få ferjeavkortingsmidlar. Poenget er jo at staten sparer, i dette tilfellet 140 millionar kroner, på at eit ferjesamband vert nedlagt som følgje av at ein bygger veg i staden. Desse pengane sparer staten uansett, og eg vil tilrå politikarane i Bremanger om å arbeide vidare med å få slike midlar, seier Alfred Bjørlo.

Dagleg leiar i Kystvegutvikling AS, Ragnar Hagen seier dette:
 
- Det er riktig som Alfred Bjørlo påpeikar. Det er ikkje naudsynt med bompengar for å få ferjeavkortingsmidlar. Men poenget er at slike midlar blir utbetalt over ein 15 års periode. Dei som skal nyttiggjere seg av vegen må dermed forskottere pengane med låneopptak. Når det gjeld fastlandssambandet betyr dette at ein må låne140 millionar kroner for å sette i gang utbygginga. Vegkontoret vil naturleg nok ha pengane på konto før dei startar opp arbeidet, medan ferjeavkortingsmidlane altså blir utbetalt med årlege summar over 15 år. For fastlandssambandet betyr det at nokon må bære ein rein rentekostnad på 50 millionar kroner, seier Ragnar Hagen.

Meir i dagens Fjordenes Tidende. 

 

 


Fastlandssambandet:

62 mill. pr. kilometer 14.01.2005

Kystvegutvikling AS er overraska over dei høge kostnadstala for fastlandssambandet som vart lagt fram på orienteringsmøtet tysdag.  Alternativet som Kystvegutvikling primært ynskjer med veg mellom Kolset og Sørdalen og lang tunnel, kostar totalt 339 millionar kroner. Det andre alternativet med veg mellom Bortnedalen og kort tunnel til Langesjø vil koste  254 millionar kroner. Det betyr at tunnelen kostar 62 millionar per kilometer og vegen kostar 16 millionar per kilometer. Dette melder Fjordenes Tidende i dag.


Konsert i kapellet 16. januar 13.01.2005

Ytre Sogn og Sunnfjord Brassband skal ha øvingshelg i Svelgen 14. - 16. januar. I dette høvet held dei konsert i Svelgen kapell søndag 16. januar kl. 12.00.
Svelgen Skulemusikk håpar at mange vil ta turen i kapellet å høyre på!
Bilettprisar:
Familie : kr. 100
Vaksen : kr. 50 
Barn : kr. 25

Løkke Øwre positiv til Orkla 12.01.2005

 Verksdirektør Erik Løkke Øwre ved Elkem Bremanger ser svært positivt på at Orkla blir hovedaksjonær i Elkem konsernet. – Jeg har stor tro på deres industrielle satsing, sier han til Fjordenes Tidende onsdag.

 Mandag ble det kjent at Orkla overtar aksjemajoriteten i Elkem.  Erik Løkke Øwre beskriver både Alcoa og Orkla som gode eiere, men vil ikke spekulere i  framtidig eierskap som følge av oppkjøpet mandag.

 - Jeg ønsker ikke spekulere i dette nå. Orkla har vært en solid og god eier av Elkem og jeg ser det som virkelig positivt at de nå overtar en større aksjepost. De har stått konsernet bi og har også i nedgangstider hatt tro på selskapet. Også Alcoa er en solid eier, men eg overlater til konsertnets informasjonsavdeling å svare på om det er et ønske at Orkla også overtar deres aksjepost, sier verksdirektøren i Svelgen, Erik Løkke Øwre.

Han er derimot sikker på at endringen i eierskapet vil få positive følger.

- Om vi ikke vil se noen ren praktisk betydning for smelteverket i Svelgen i første omgang, har jeg stor tro på deres industrielle satsing og at dette på sikt også vil slå positivt ut for Elkem Bremanger. Orkla har vist seg som en satsingsvillig eier, og dette tror jeg vi vil få se mer av i tiden som kommer, sier Løkke Øwre.   

Mer i Fjordenes Tidende onsdag.


Ikkje bompengar til faslandssamband 12.01.2005

Berre 170 bilar kjem til å trafikkere eit fullført fastlandssamband, viser ei trafikkteljing Statens Vegvesen har gjennomført.

Dermed blir det uråd å finansiere vegen med bompengar og i tillegg  ryk heile 140 millionar kroner i ferjeavløysingsmidlar, skriv Fjordenes Tidende onsdag.


Ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger er skuffa og håpar no at sambandet kjem inn i Nasjonal transportplan for 2006 til 2011.

Volleyball

Cupfinale for Solheim og BSI på laurdag 12.01.2005

Stine Mari Solheim (biletet) frå Svelgen, og lagvenninneneBSI, skal førstkomande laurdag i aksjon i cupfinalen for damer. Der skal dei møte serieleiar Koll, som har 8 strake sigrar i serien. BSI ligg på 3. plass i eliteserien, med 4 sigrar og 4 tap. BSI og Koll har møtt kvarandre to gongar tidlegare i sesongen 2004/2005, og Koll har vunne begge. Men det har vore to nokså jamne kampar, spesielt aller første seriekampen då Koll vann 3-2 med sifra 16-14 i siste sett. Dei to laga møttast også forrige helg, og då tapte BSI med settsifra18-25, 19-25 og 24-26. Men som kjent ”cup er cup”.

 

Kampen byrjar kl. 1300, og vert sendt i opptak på TV2 Xtra kl. 1430. Og forhåpentlegvis får vi sjå Stine Mari Solheim i aksjon i ”Domus Athletica” i Oslo. Solheim har tidlegare vunne fleire NM-gull i aldersbestemt volleyball for Førde og Tambarskjelvar, og til helga får ho sin første NM-medalje som senior. Om det vert gull eller sølv står att å sjå. Svelgen.no ønsker Solheim og BSI lukke til i finalen.

 

Linda Mulehamn er den einaste spelaren frå Svelgen og STIF som tidlegare har spelt ein cupfinale for senior i volleyball. Dette var i sesongen 1999/2000, og klubben hennar, Oslo Volley, tapte finalen mot Koll.

Full storm og springflo 12.01.2005

Den spesielle kombinasjonen av full storm og springflo vil skape et dramatisk værskue sør for Stad i onsdag ettermiddag. Værfenoment lyder navnet stormflo, og stormen lyder navnet Inga.

Morten Vik sluttar 12.01.2005

 

Personalsjefen ved Elkem Bremanger, Morten Vik, har sagt opp stillinga si for å verte driftsleiar for ein ny fabrikk i Mosjøen, melder Fjordenes Tidende onsdag.

 

Morten Vik tek til i den nye stillinga 7. februar i år. Han skal vere med i ei leiargruppe som skal bygge opp ein heilt ny fabrikk som skal produsere anodar (elektrodar) mellom anna for Alcoa sin nye aluminiumsfabrikk på Island og til Elkem Mosjøen. Elkem skal totalt investere 2.2 millardar kroner i prosjektet som er forventa å stå ferdig i midten av 2007.

- Dette tilbodet var så spennande at eg ikkje klarte å seie nei. Det blir litt vemodig å reise frå Svelgen der vi har fått mange gode vener, men heile familien er no innstilt på å flytte nordover igjen, seier Morten Vik som kom frå Mosjøen til Svelgen i 2000.


Mange stemmer på Ingvald 11.01.2005

Til no er det avgitt heile 5823 stemmer på Firdaposten si kåring av årets namn. Ingvald Ytrehus ligg framleis på ein knepen 2. plass med 28 prosent av stemmene.

Etter mitt reknestykke : ) skal Ingvald dermed så langt ha fått 1630 stemmer! Stem her:  http://www.firdaposten.no/lokale_nyheiter/article1401850.ece   Avstemminga er på menyen heilt til høgre litt nede på sida.

Ingvald Ytrehus er ein av 12 kandidatar avisa har plukka ut til å verte Årets Namn 2004. Bildet er henta frå årsmøtet i STIF der han fekk den høgthengande ELDSJEL-prisen fra Norges Vel.

Bedriftspresentasjonar på SNR 10.01.2005

Ainas Blomster og Bygg- og Reinholdsservice AS har no sine bedriftspresentasjonar på Svelgen Næringsråd sin nettsider. Trykk på logo for å lese om verksemdene.

Svelgen kino 16. januar:

Bad Santa 10.01.2005

Fra Terry Zwigoff kommer den mest vanvittige julefortellingen som tenkes kan.
Som et døddrukkent reinsdyr i en porselensfabrikk turer Willie T.Stokes (Billy Bob Thornton) frem som julenisse i byens kjøpesenter. Denne kriminelle sesongarbeideren knuser alt som er hellig og tradisjonsbundet ved julen. Han dukker opp på jobben drita full, bannende, røykende, flørtende, skruppelløs og noen ganger spyende, med det eneste mål for øye å tømme pengeskapene etter arbeidstid. han kan ikke utstå barn, faktisk hater han dem som pesten! Men kvinner derimot har han stor sans for.

Søndag, 16/1. kl.18.00
Aldersgrense 11 år
Speletid: 1 time, 32 min.


Tett samarbeid med Borregaard;

Orkla aksjemajoritet i Elkem 10.01.2005

 
 
Orkla har i dag inngått avtaler om å kjøpe Folketrygdfondets, Storebrand Livsforsikring AS's og DnB NOR Bank ASAs til sammen 5.018.037 aksjer i Elkem for  235 pr. aksje. Orkla eier etter dette i alt 24.655.035 aksjer, svarende til 50,03 % av aksjene og stemmene i Elkem. Orkla passerer dermed grensen for tilbudsplikt, og vil gi pliktig tilbud på alle utestående aksjer i Elkem forutsatt at Orklas bedriftsforsamling gir sin tilslutning til dette i sitt møte 13. januar, heter det i en pressemelding fra selskapet.

Ervervet hviler på industrielle så vel som finansielle premisser. I tillegg endrer det styrkeforholdet i Elkems eiersituasjon.
 
Elkem har over tid beveget seg i en mer spesialisert og mindre kapitalkrevende retning.  Ervervet av aksjemajoriteten i Sapa er et sentralt element i denne strategien. Elkem fremstår i dag som et økonomisk sunt og veldrevet selskap med tyngdepunkt innen spesialmaterialer og -produkter. Denne utviklingsretningen sammenfaller med viktige deler av Orklas strategi, og har gradvis gjort det mer naturlig for Orkla å betrakte Elkem som en industriell mulighet for konsernet.
 
Orkla endrer balansen i den fastlåste situasjonen som har eksistert mellom Elkems hovedeiere over noen tid. Uavhengig av hvorledes Alcoa vil vurdere tilbudet er Orklas vurdering at overtagelsen av majoritetsposisjonen i Elkem åpner for muligheter som alle vil være mer verdiskapende enn dagens situasjon. Orkla legger vekt på et fortsatt godt partnerskap med Alcoa i Elkem Aluminium, hvor Alcoa eier 50 %.
 
Som en konsekvens av ervervene vil dagens finansielle aksjepost i Elkem omgjøres til et industrielt engasjement, og Orklas investeringsvirksomhet blir tilsvarende redusert i omfang.
 
Det er Orklas intensjon å videreutvikle Elkem med fortsatt vekt på lønnsom vekst, spesialisering og markedslederskap. Orkla vil se Elkem sammen med Borregaard i et samlet forretningsområde med betegnelsen "Speciality Materials". Området vil representere en omsetning på ca NOK 26 mrd, mot ca NOK 30 mrd for Orklas samlede merkevare­virksomhet ("Branded Consumer Goods"). Elkem og Borregaard har begge sterke miljøer innen drift og utvikling av spesialisert prosessindustri som vil styrke hverandre gjennom et tettere samarbeide. Slik samordning vil både i form og grad måtte ses i lys av hvorvidt Orkla oppnår fullt eierskap i Elkem. Orkla vil imidlertid under enhver omstendighet bygge videre på Elkems ledelse og organisasjon, som bedømmes som sterk.
 
Elkem vil tilføre Orkla ytterligere kompetanse særlig innen produksjonsforbedringer og drift, mens Orkla vil tilføre Elkem økt finansiell slagkraft og kompetanse i utvikling og salg av foredlede produkter.

Mer her. 
 

Ingvald har 27 prosent av stemmene 10.01.2005

Ingvald Ytrehus har fått 27 prosent av dei 1998 hittil avgitte stemmene i Firdaposten si kåring av Årets namn. På førsteplass ligg supporter-duoen Tage Herstad og Per Øyvind Helle som sytte føre at Florø fekk besøk av Liverpool legendene og med det ny stadion rekord. Vil du stemme gjer du det her.

Kan Shanker

Ventar på livsteikn frå bror 10.01.2005

Kommunelege Kan Shanker ventar på livsteikn frå broren sin på Sri Lanka, skriv Fjordenes Tidende.  Alt samband har brote saman i den tamilske landsbyen  Mullaidiva der broren  bur saman med kone og to barn.   Shanker håpar i det lengste at den vesle familien har redda livet. Faren til Shanker reiste til India rett før flaumkatastrofen og slapp dermed unna den grufulle hendinga.

Etter at omfanget av hendinga stod klart for Kan Shanker planla han å reise til heimlandet for å arbeide på eit lokalt sjukehus saman med søskenbornet og mannen hennar som er legar i USA.  Det amerikanske ekteparet reiser ned 12. januar, men Shanker blir heime i Svelgen.

- Viss eg hadde vore åleine hadde eg ikkje stussa på å reise. Men eg har fire barn og dei protesterte vilt når eg sa eg ville reise ned, fortel Shanker.

Han har kontakt med fleire andre tamilar i distriktet som også saknar familiemedlemmar – om enn ikkje så nære som han.

 


Skule-tilsette gir 30.000 av løn 10.01.2005

Tilsette ved Svelgen skule har bestemt seg for å jobbe gratis for 30.000 kr til støtte for dei som vart ramma av flaumkatastrofa i Asia. Desse pengane vil verte overført Svelgen Røde Kors for vidare distribuering. Dei oppfordrar andre arbeidplassar til å gjere det same.

Svelgen Røde Kors har fått inn vel 128 000 kroner på gjennom bøsseinnsamling fredag, tilskotet frå dei skuletilsette og frå bøssene som har stått rundt om på butikkar og arbeidsplassar.
Meir i dagens Fjordenes Tidende.

Elg sett i Grytadalen 10.01.2005

Det vart obsertvert elg i Grytadalen ved Klauvene i helga. Elgen gjekk rett over vegen omlag 70 meter frå bilen.

Ingvald nominert til årets namn 07.01.2005

Firdaposten har sett gjennom 2004 og funne fram til 12 kandidatar dei meiner fortener tittelen årets namn. No kan lesarane stemme fram sin eigen vinnar blant dei nominerte.

Ingvald Ytrehus er den einaste nominerte frå Svelgen. Elles frå vår kommune er Bremanger Musikklag og Laila Beate Førde nominert. Stem her

På bildet ser vi Ingvald etter at han vart tildelt Norges Vel "Eldsjel" under årsmøtet i STIF i 2004. Klikk her om du vil lese heile innstillinga frå STIF vedr. "Eldsjel-prisen".

Svelgen:

Innsamlinga er i gang 07.01.2005

Svelgen Røde Kors, Svelgen Turn og Idrettsforening (STIF) og fleire frivillege er gang med innsamlinga til dei naudstilte etter flaumbølga i Asia. Dei gjekk i samla tropp frå Røde Kors-huset klokka 1700 i ettermiddag. Innsamlinga er eit ledd i dei to TV aksjonane som føregår i dag, fredag og laurdag.
Om lag tjue svelgarar og fleire frå andre bygdelag  skal dekke området frå og med Botnane, Sørgulen, Midgulen, Nordgulen, Ålfoten, Davik, Rugsund til og med Leirgulen.
På bildet ser vi fra høgre Synnøve Sande, Sissel Myklebust, Asbjørn Sande, Leo Cirotzki og Marit Myklebust frå Svelgen Røde Kors.

Fleire frå Svelgen evakuerte 07.01.2005

Politiet har evakuert store delar av Sandane sentrum etter eit større ammoniakkutslepp ved Vestnorsk fôr. Over 1000 personar har måtta rømme frå skular, arbeidsplassar og butikker, mellom dei også elevane på Firda Vidaregåande skule der det er mange frå Bremanger. Faren er no over. Meir på nrk.no

Ledige stillingar i kommunen 07.01.2005

Det er no lagt ut utlysingstekst på ledige stillingar i Bremanger kommune. Det er open omsorg indre og Svelgen skule som søkjer folk. Trykk på "Stilling ledig" på menyen til venstre.

Reidun er sint:

Tok med seg 32 juletrelys 07.01.2005

Reidun Varpe i Svelgen er sint. For tredje år på rad har nokon hatt moro av å skru ut lyspærene på juletrea utanfor Svelgen Næringsbygg.

 - Heretter blir det ikkje pynta til jul, seier ho.

 - Vi har kjøpt nytt kvar år, og før denne jula kjøpte vi lyskjeder med store pærer i håp om at desse ikkje skulle vere fullt så interessante som dei vanlege kjedane. Men der tok vi feil! Samtlege 32 pærer vart skrudd ut nyttårsafta, fortel Reidun.

Ho meiner dei som har gjort det må ha hatt med seg plastposar for å få med seg alle pærene.

- Desse pærene er jo ganske store, og eg har lett rundt heile område her for å sjå om eg kunne finne spor av dei. Men tjuvane må nok ha tatt dei med seg, og hatt ein del arbeid med det, seier den frustrerte vaskeriegaren som til vanleg er ei svært munter dame. Men no er ho sint.

 - Eg kan berre ikkje begripe vitsen med det. 17. mai pynta vi også med flagg og bjørk. Alt dette var regelrett røska vekk. Kan du fatte det? spør Varpe i dagens Fjordenes Tidende.

 

 


Ny sjef på INC Svelgen 05.01.2005

Arne Jan Engen (43) er tilsett i stillinga som dagleg leiar ved INC Vedlikehold i Svelgen. Han tok til i stillinga 1. januar og fortel oss at han ser fram til å vere med på den vidare utviklinga av verksemda.

- INC er ei spenstig bedrift som eg gledar meg til å vere ein del av, seier Engen som vil pendle frå Førde.
Han har tidlegare vore direktør ved Havyard Leirvik.

Helge Robert Midtbø slutta i selskapet frå same dag etter å ha vore dagleg leiar frå starten i 2002. Midtbø har teke til i stillinga som dagleg leiar ved Siemens i Sogn og Fjordane i Førde, og fortel han ser fram til å bruke meir tid på familien som for nokre månadar sidan vart påplussa med ei lita jente.

Tre minutters stillhet 05.01.2005

Også i Svelgen var det mange som i dag tok tre minutters stillhet i samband med flaumkatastrofa i Asia. På offentlege bygg har ein hatt flagget på halv stang i dag. Skulane i kommunen har brukt mykje tid etter juleferien på å markere og informere elevane om hendinga. I Bremanger kommune er det 7 skular og 519 elevar.


Ein av desse har hatt fellesmarkering for alle elevane og  to andre har hatt markering i klasseromma med tenning av lys og samtale med elevane. Torgeir Eidsvik sa det slik då Fylkesmannen ringde: ”Dette var veldig nødvendig og elevane hadde fine og gode reaksjonar", i følgje Fylkesmannen si eiga heimeside. 

Bildet er teke utanfor Svelgen Bu- og Servicesenter.

 

 


Innsamling i Svelgen til helga 05.01.2005

Redaksjonen har fått følgande melding frå Synnøve i Røde Kors:

"Svelgen Røde kors i samarbeid med Svelgen Turn og idrettsforening og andre
frivillige, vil ha ein innsamlingsaksjon til dei naudstilte etter flodbølga i Asia. Vi veit at dei fleste har gitt så monnar, men det er framleis store behov.
Denne innsamlinga er eit ledd i dei to TV aksjonane som føregår fredag og
laurdag førstkommande helg.
Vi vil dekke området frå og med Botnane, Sørgulen, Midgulen, Nordgulen, Ålfoten, Davik, Rugsund til og med Leirgulen.

Ta vel imot oss!

Mvh
Synøve Sande
Lokallagsleiar Svelgen Røde Kors"
Klikk på bildet for å lese Røde Kors leiar Jonas Gahr Støre sine tankar kring katastrofebølgja.

Ny verksemd til Svelgen? 05.01.2005

Svelgen kan få fleire nye arbeidsplassar dersom Norsilva AS på Eidså gjer alvor av å flytte flisproduksjonen hit, skriv Fjordenes Tidende i dag.

 

Norsilva AS på Eidså har Elkem Bremanger (bildet) som hovudkunde og har heile sin flisproduksjon basert på hjørnesteinsverksemda i Svelgen. Årleg blir det frakta mellom 20 000 og 25 000 tonn treflis frå Sunnmøre til kommunesenteret i Bremanger. For å minske transportkostnadane vurderer verksemda å flytte heile produksjonen til Svelgen.

 


Meir kultur til Bremanger-barna 05.01.2005

 

Kommunestyret i Bremanger har vedteke å opprette eit eige kulturforum, etter forslag frå kultursjef Gunhild Berge Stang (bildet)
 Det er skuleelevane som kan glede seg over satsinga på lokal kulturkunnskap.

  Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal storsatsing der det overordna målet er å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnariske og kulturelle uttrykk i tråd med Læreplanen (L97).

Bremanger kommune har saman med ei andre Nordfjordkommunane vedteke eit manifest for DKS i Nordfjord som garanterer alle elevar i grunnskulen eit minimum av kulturtilbod innan ulike sjangrar.

 

Frå sjøbu til industrihall

Planen som vart lagt fram for kommunestyret 16. desember, inneheld konkrete arbeidsområde med utstrakt bruk av lokale krefter. Mellom anna skal ein sjå på Bremanger-borna sin kulturarv med omsyn til dei skiftande arkitektur rundt om i bygdene. Her skal elevane gjennom eigenaktivitet få betre kjennskap til arkitektonisk utvikling på heimstaden. Samanhengen mellom samfunn og arkitektur skal tydeleggjerast slik at borna aktivt får reflektere over kvifor heimestaden deira ser ut som han gjer. Ein skal også sjå på dei store arkitektoniske variasjonane frå sjøbuer, stølshus, gardshus til villaer og store industrihallar.

 

Nasjonale band

Musikk er eit anna satsingsområde. Sidan Bremanger kommune ikkje er med i Rikskonsertane, vil kommunen satse på å gje alle ungdomsskulelevane ei god felles konsertoppleving i året med pop/rock musikk. Ein vil prøve å få kjende nasjonale band og artistar til kommunen og bruke lokale ungdomsband som oppvarmingsband.

Kommunen ynskjer også at film og drama i større grad skal få innpass i skulen. Dei ynskjer at elevane skal få eit praktisk innblikk i prosessen i ein filmproduksjon frå manusskriving, bruk av verkemiddel, redigering og bruk av teknisk utstyr. Dette betyr aktivitetar både framom og bak kameraet.

I tillegg vil ein gje borna gode kunstopplevingar og stimulere til eigenaktivitet ved å nytte lokale kunstnarar som lærarar.  Mellom anna vil ein arrangere kurs som blir avrunda med salsutstilling og vitje kunstutstillingar i nærområdet.

 

Opp til skulane

Litteratur er også eit satsingsområde og målet er å stimulere borna si lese- og skrivelyst. Ein vil arrangere lesevake og temaprosjekt helst med fokus på forfattarar og litteratur frå Sogn og Fjordane. Ein vil også legge til rette for skrivekurs og forfattarbesøk.

Det er skulane sjølv som skal rapportere om kva prosjekt dei ynskjer å gjennomføre i skuleåret og det nyoppretta kulturforumet skal vurdere søknadar og fordele midlar for kvart enkelt skuleår. Det er sett frist til 20. januar for å søkje om midlar til prosjekt som skal iverksetjast til våren.  

Det nyoppretta kulturforumet skal bestå av kulturkontaktar frå alle skulane, kulturskulerektor, ein representant frå ungdomsrådet, biblioteksjef, skuleansvarleg i administrasjonen og kultursjefen.

(Artikkel frå Fjordenes Tidende  fredag 17.des) 


Fritt Fram! 04.01.2005

Bilder på Fritt Ord   

No er det mulig å legge ut bilder på Fritt Ord sida. Her har eg lagt ut ein illustrasjon i samband med at målarane vert lest av i dag.

Håper å sjå mange fine og artige bilder i tida som kjem!! 

 


Steptrening på onsdagane! 04.01.2005

Damehandballen tar no ei pause pga av dårleg oppmøte. Etter mange oppmodingar startar vi opp med step på onsdagane kl. 19.30 - 20.30. Første trening vert onsdag 12.01.

Svelgen kino søndag 9.januar:

Bridget Jones på randen 03.01.2005

Samme Bridget. Helt ny dagbok!
Bridget Jones (Renèe Zellweger) er tilbake! Fortsatt noenogtredve, fortsatt full av tvil om seg selv, fortsatt karrierebevisst, og hun teller fortsatt kalorier. Den store forskjellen er at nå har hun endelig fått litt Romanse i livet sitt: seks uker har forholdet til den nærmest perfekte Mark Darcy (Colin Firth) vart, og tingenes tilstand kunne ikke ha vært bedre. Eller, kunne den? Til tross for Marks åpenbare hengivenhet til Bridget har hun stadig ubesvarte spørsmål om livet og kjærligheten (og hvor man egentilg skal gjøre av brukt undertøy). Nå, når hun endelig har funnet drømmemannen, står hun overfor den tilsynelatende uoverkommelige oppgave å beholde ham.
Søndag, 9/1. kl.20.00
Tillatt for alle, anb.ungd/voksne
Speletid: 1 time, 47 min.

Jostein og Kenneth feira eksotisk jul 02.01.2005

Jostein og mannskapet på S/Y Naomi har gitt lyd fra seg. Dei har oppdatert sida si og fortell om jul og nyttår.
Han skriv 1. januar 2005 :
"Den 13. desember kom eg og Kenneth Trædal hit til Fillipinene.
Vi brukte ca 1 veke for å navigere oss fra storbyen Manilla, med 11 millioner innbyggere, og vidare til øya Mindoro.

På ein liten plass som heiter Poerta Galera har Naomi her lagt ved ei bøye i 7 mnd. Båtpasser Eddy har for 200 kr mnd gjort ein god båtpasser jobb, og båten var vaska og rein, og alt såg bra ut.
Rundt 15 tyfoner har siden mai hagla inn fra Mikronesia i øst og truffet fillipinene. I det tyfonene treffer land, begynner dei å skjære nordover. Poerta Galera som ligg på vestsida av Fillepinene hadde difor aldri fått noen direkte treff,
Her i Poerta Galera har vi først og fremst feriert, og farta rundt på leide motorsykler.
Julaften vart innvia med å skifte dieselfilter og motorolje, etterpå kunne vi feire både motorstart og julafta samtidig".


Svelgen kino søndag 2. januar:

De utrolige 02.01.2005

Søndag, 2/1. kl.18.00,
7 års grense,
Spilletid: 2 timer, 2 min.


(De føreligg ikkje filmomtale på filmweben)

Skadd av fyrverkeri 02.01.2005

To ungdomar kom til skade i Svelgen nyttårsnatta i samband med utskyting av fyrverkeri. Begge dei to vart sende til sjukehus. Den eine hadde fått andre grads forbrenning. Den andre kom frå det heile med lettare skade. Dette melder Firdaposten.no 

Ballspel! 02.01.2005

Då er det vel på tide å komme seg opp av godstolen og starte med litt trening igjen.  "Balltreninga" er i gang igjen måndag 03 januar kl.19.15. Har du lyst å svette litt og samtidig ha det morro i lag med andre, så møt opp!!  

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars