Arkiv Des 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Påminning:

Dans med Spik Adel lørdag 29.12.2006

Vi minner om dansen på Svelgen Samfunnshus med Spik Adel lørdag 30. desember. Andre juledag spelte dei opp til dans på Havly i heimbygda Bremanger.  Lørdag 30. desember står dei på scena i Svelgen Samfunnshus.   

Dei dyktige  musikarane var for vel eit halvt år sidan i Bergen og spelte inn ein ny CD som har fått svært god respons i Fjordfylket.   Med melodien ”Windfall” har Spik Adel 3 ganger på rad vunne ”Fylkestoppen” i NRK Sogn og Fjordane.   I tillegg har låten  ”Atomic Power” vore presentert på NRK 1 i programmet ”Cowboy og Indianer”.    

Likar du å danse og lytte til fengande rock’n roll og countryrock framført av eit band i storform, bør du nytte høvet og møte fram på årets romjulsdans på Samfunnshuset.     


Hugs å lese av straummålaren 29.12.2006

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at mandag 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Ved januaravlesinga skal også nærings- verksemder melde inn målardata. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                        

 I løpet av romjula/rett over nyttår kjem EEB sin kalendar ut i postkassene til folket i Svelgen, og EEB oppmodar om at ein nyttar denne slik at ein hugsar på avlesingsdatoane m.m. I kalendaren finn ein også frankerte avlesingskort som kan nyttast. Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.


Har passert 600 mm når tre nedbørsmålingar står att

Ny nedbørsrekord for desember i Svelgen 28.12.2006

Torsdag morgon målte ein ved nedbørsstasjonen til EEB i Svelgen 20,9 mm, og med det er ein oppe i heile 611,5 mm så langt i desember. Og framleis står det att 3 nedbørsmålingar.

 

Ein har nedbørsstatistikk for Svelgen tilbake til 1939. I åra f.o.m. 1939 t.o.m. 1972 var nedbørsstasjonen på Rise, og desemberrekorden der kom i 1971 med 592 mm. Frå 1973 har nedbørsstasjonen vore ved Elkem, og det meste ein tidlegare har målt i desember var 595 mm i 1975.

 

At ein passerar 600 mm nedbør på ein månad er nokså uvanleg i Svelgen. Sidan 1939 har berre 10 månadar (av 815 mogelege) tidlegare nådd 600 mm, og ved tre av desse høva passerte ein også 700 mm.


Påminning:

Husk juletrefesten torsdag 26.12.2006

Vi minner om juletrefesten på Samfunnshuset torsdag 28. desember kl, 1800.

Alle er velkomne til ein hyggjeleg juletrefest med mykje song kring juletreet, og god underhaldning.

Det blir servering av brus, kaffi og kaker.

 

Og ikkje minst får vi besøk av julenissen, så her er det berre å stille opp og få gode gåver frå nissen.


Husk påmelding til Molleyturneringa 25.12.2006

3. juledag/27. desember vert den tradisjonsrike Molleyturneringa til STIF arrangert, og påmeldingsfristen er 27/12 kl. 12. Forutan laga som er så sporty at dei stiller år etter år, oppmodar arrangørane om at den yngre og den litt eldre generasjon melder seg på denne jula. For dei som skal delta på "Veteran`s Champions League 2007" er dette eit godt høve til å "tjuvtrene".

 

Les meir og sjå påmeldingsinfo på STIF-sida. 


Passerte 500 mm nedbør julaftan 24.12.2006

Ved nedbørsmålinga julaftan morgon målte ein ved EEB sin nedbørsstasjon 37,7 mm, og med dette er ein oppe i 515 mm når 7 målingsdøgn står att i desember. Det meste ein har målt i desember i Svelgen i åra sidan 1939, var 595 mm i desember 1975. Berre 7 gongar sidan 1939 har ein tidlegare nådd 500 mm i desember.

 

Det har no falle nedbør i 33 døgn på rad i Svelgen, eller i  56 av dei 57 siste døgna om det høyres verre ut... I romjula er det meldt jamt over regnbyger, med temperaturar mellom 6 og 10 plussgrader. Størst sjanse for å få ein trimtur utan nedbør dei næraste dagane, er om føremiddagen 1. juledag.


GOD JUL FRÅ SVELGEN.NO 23.12.2006

Redaksjonen i Svelgen.no  ynskjer alle lesarar frå fjern og nær ei riktig god jul og godt nytt år! Ei særleg takk til dei verksemdene som har støtta prosjektet i året som gjekk, og nye som har kome til.

Svelgen.no går i 2007 inn i sitt sjuande driftsår, og har halde det gåande ikkje minst på grunn av gode tilbakemeldingar frå svelgarar i nesten alle verdshjørner, men også dei som bur i bygda vår.

Vi går eit spennande år i møte med oppgradering av sentrum med "nytt" stadion, gode utsikter på Elkem Bremanger og mykje anna. Redaksjonen i Svelgen.no håpar å kunne vidareformidle mange gode nyhende i 2007! Men aller først:

 

                                                
             GOD JUL!


Juleførebuingane på skulen 23.12.2006

Her kan du sjå fine bilder og lese om alle juleførebuingane ved Svelgen skule.


Gode utsikter for Elkem Bremanger 23.12.2006

I følgje Fjordenes Tidende har Elkem Bremanger planar og ønske om å investere sju millionar kroner for ein større auke i produsjonen av Silgrain. Endeleg avgjerd er ikkje teken, men plassjef Steinar Talle håpar å få dette til.   Talle håpar ein   kan starte arbeidet tidleg i 2007, og vere ferdig på ettersommaren.

Fjordenes Tidende melder også at det melde seg  41 søkjarar, då Elkem Bremanger nyleg søkte etter arbeidtakarar til 5 operatørstillingar. Direktør Steinar Talle ved Elkem Bremanger seier til avisa at dette er eit godt signal om at Svelgen er ein attraktiv arbeidsstad og at dette må vere eit pluss for ei framtidig Solar-etablering i bygda.

 

Elles skriv Svelgen Næringsråd si heimside at Ovn 2 og 4 vil gå, og produsere for fullt, det meste av 2007. Berre høge straumprisar mot slutten av 2007 kan endre dette.


God jul frå Coop 23.12.2006

Coop Marked Svelgen vil ynskje alle sine kundar ei god jul og eit godt nytt år!

Gode nyhende frå næringslivet i Svelgen 22.12.2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På Svelgen Næringsråd si heimeside finn du no ei rekkje gode nyhende frå det allsidige næringslivet i Svelgen.

 

SNR si heimeside finn du her.


BASSENGET
 
er oppvarma som vanleg og kan brukast i julehelga.
Minst ein av brukarane må kunne fyrstehjelp/hjartekompresjon.
Den som har nøkkelen er ansvarleg.
 
Svelgen oppvekst
 

God Jul

Svelgen Røde Kors 22.12.2006

Svelgen Røde Kors takkar for god hjelp og støtte i 2006,

og ynskjer med dette ei riktig god jul og eit fredeleg nytt år.

 


Elkem forlenger INC-avtale 22.12.2006

Elkem AS Bremanger Smelteverk og INC Vedlikehold Svelgen AS har inngått avtale om å forlenge eksisterande vedlikehaldsavtale med tre år frå 1. januar 2007. Les meir i Firdaposten.

Stordans 30. desember:

Spik Adel på Samfunnshuset 22.12.2006

 

Andre juledag spelar Spik Adel opp til dans på Havly i Bremanger.   30. desember står dei på scena i Svelgen Samfunnshus.   Dei dyktige Bremangermusikarane var for vel eit halvt år sidan i Bergen og spelte inn ein ny CD som har fått svært god respons i Fjordfylket.   Med melodien ”Windfall” har Spik Adel 3 ganger på rad vunne ”Fylkestoppen” i NRK Sogn og Fjordane.   I tillegg har låten  ”Atomic Power” vore presentert på NRK 1 i programmet ”Cowboy og Indianer”.    

Likar du å danse og lytte til fengande rock’n roll og countryrock framført av eit band i storform, bør du nytte høvet og møte fram på minst ein av desse romjulsdansane.   

 

Spik Adel er eit musikalsk prosjekt som er utvikla og foredla med nøye omtanke over lang tid.   Bandet har fylt opp sine musikalske rom med ei god blanding av rock & roll frå 70-, 80- og 90-talet med røter i folkemusikk, blues og moderne countrymusikk.   Med årelang erfaring og vedvarande kjærleik til den musikken dei framfører, leverer Spik Adel dei edle varene med trøkk, overtyding og eleganse.

 

Dei 5 musikarane frå Bremanger har gjort det skarpt på mange speleoppdrag i   Hordaland, Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane.

Dei har fått svært positiv omtale; mellom anna på Antoniusfestivalen i Førde, Fjordblues på Sandane, Countryfestivalen på Breim, på speleoppdrag saman med Frode Alnæs og som oppvarmingsband for blant anna Hellbillies.  

Spik Adel framstår i dag som Fjordfylkets aller beste band i sin genre. Tilhengerskaren er difor stadig aukande. Når Bremangerbandet går på scena, spelar dei kvalitetsmusikk som appellerer sterkt til dansefoten!!

 

Spik Adel består av: Norvall Klungresæter – gitar og song,

Einar Nesbakk – gitar og song, Jarle Grotle – piano, orgel og song,

Roger Igland – bass og Helge Førde – trommer.  

 

Her kan du lese meir om Spik Adel.  

 

                       OG 30. DESEMBER STÅR DEI ALTSÅ

                   PÅ SCENA PÅ SVELGEN SAMFUNNSHUS!!!


Juletrefest i kapellet 21.12.2006

Det blir juletrefest fredag 29. des. kl. 18.00 i Svelgen kapell, melder prest Tore Myklebust.

 


Molleyturnering 3. juledag 20.12.2006

3. juledag vert den tradisjonsrike Molleyturnering til STIF arrangert for 21. gong på rad, og for n`te gong er det trioen Frank Hatleset, Frank Midtbø og Frode Hessvik som er arrangørar i regi av Volleyballgruppa. Biletet nedanfor syner vinnarlaget i 2003.

 

Les meir og sjå påmeldingsinfo på STIF-sida. 

 


Svelgen oppvekst

Julebord på mellomtrinnet 20.12.2006

 

Fredag 15. desember hadde 5. - 7. klasse eit flott og vellukka julebord.

 

Klikk her for å lese meir og sjå bilder.


Hotellet held ope i romjula 20.12.2006

Etter ein hektisk desember månad, tar dei fleste tilsette   juleferie etter andre  juledag. Svelgen Hotell har likevel blitt oppmoda om å halde meir ope i romjula. Vi har difor fått inn ekstra ressursar og ynskjer å gje lokalbefolkninga eit tilbod.

 

                Jule- og nyttårsprogram :

2. juledag: Duen i Tuxido spelar opp til tradisjonell stordans. Tuxido består av Ronny Fløholm og Karsen frå Florø. Dei er erfarne musikarar, og speler dansemusikk for ein kvar smak og for alle aldersgrupper; skandinavisk og internasjonal musikk. – Country Roads , Lay down Sally, Tore Tang m.m.  Aldersgrense 20 år. Pent antrekk.Cover 150,- kr. Førehandssal på Svelgen hotell.

Torsdag 28. desember:  Kakebar frå 1200.  Vi viser barnefilmar for dei yngste fram til kl 17.00. Om kvelden er baren er open til kl 01.00   

Fredag 29 desember: Svelgen hotell inviterer til " DU SKAL HØRE MYE" med underhalding  og dans til Lundes trio

Latteren sit laust når Knut Sande skal halde styr på til dels turbulente gjester og vere sensuransvarlig for historier og vitsar som trulig blir betre og betre utover kvelden.

Inviterte gjester er  Kommunearbeider og folkekjennar Jan Erik Strømmen. Politikar, miljøarbeidar og gardbrukar Kåre Jarl Langeland. Lærar, skipsreiar og kraftprodusent Ståle Dyrstad.Sjukepleiar og humørspreiar Jon Birger Ystebø. Vi har under strenge sikkerheitsvilkår også fått løyve til å invitere arabaren " mullah krekar ".  (Om norsk visum blir innvilga kan dette bli ein fleirkulturell aften).

31. desember: STOR NYTTÅRSFEST – inn i eit nytt år. På nyttårsaftan inviterer vi til STOR DANS og fest med Bandits. Dette passer svært bra med rakettoppskytinga på Sandsneset som er sponsa av næringslivet. V i kjører full varme på den nye altanen og byr på god stemning og panorama utsikt.

Vi ønskjer alle - både med og utan historier/vitsar på lager - velkomne!

Cover kr. 75,-  ( Fra kl 21.00   kr. 75,-)

 

 

BANDITS består av Arve- Stig Damstuen  (vokal)   Tommy Birkelid   (gitar/vokal) og Maurizio Verano (trommer/vokal). Dei spelar  variert musikk med hovudvekt på 70 talet som Creedence Clearwater Revival, Deep Purple, Eric Clapton og Dire Straits.  Billett kr. 150,- Førehandssal ved Svelgen Hotell.

Svelgen hotell vil takke alle som har støtta oss i haust. Våre planar for 2007 er å gje lokalbefolkninga eit enda betre og utvida tilbod!

 

Eigarar og tilsette ved Svelgen Hotell

Vil ønske alle ei riktig god jul,

Og eit god start på eit nytt år!


INNKALLING TIL ÅRSMØTE 20.12.2006

 
Fagforbundet avd. 537 Bremanger held årsmøte fredag 26.01.2007 på Havly i Bremanger kl. 19.00.
Evt. saker til årsmøtet må styret ha i hende innan 14.01.2007
 
for styret
Marianne Herje
styreleiar

Opningstidene i jule- og nyttårshelga 18.12.2006

 Nedanfor finn du opningstidene til butikkane i Svelgen.  Vi nemner og at fredag 22/12 kl. 16.00 og utover kvelden, så kjem julenissen med smånissane sine til sentrum. Julenissen har med trekkspel, og i lag vil nissane lage flott julestemning.

 

 

Coop`en

Byggeriet

Centrum

S.M Dyrstad

 

 

Svelgen blomster

og gaver

 

Måndag

18. des.

0900-1800

1000-1630

1000-1800

0730-1630

Tysdag

19. des.

0900-1800

1000-1630

1000-1800

0730-1630

Onsdag

20. des.

0900-1800

1000-1630

1000-1800

0730-1630

Torsdag

21. des.

0900-1800

1000-1800

1000-1800

0730-1630

Fredag

22. des.

0900-2000

1000-1800

1000-2000

0730-1630

Laurdag

23. des.

0900-1800

1000-1600

1000-1800

0900-1400

 

Onsdag

27. des.

1000-1700

1200-1600

1200-1600

0900-1630

Torsdag

28. des.

1000-1700

1200-1600

1200-1600

0900-1630

Fredag

29. des.

0900-1800

1200-1600

1200-1600

0900-1630

Laurdag

30. des.

0900-1600

1000-1400

1000-1400

0900-1400

 

 

  Vi ynskjer alle våre kundar ei riktig god jul og eit godt nytt år!


Vi minner om konserten i kveld

Julekonsert i Svelgen kapell 16.12.2006

Kom i julestemning med den tradisjonelle julekonserten som tek til i kapellet kl.  1700

Desse skal vere med:

Svelgen songlag

Svelgen skulemusikk

Davik Barnekor

Soknepresten


Ny Svelgen-gruppe spelar til nyttårsdans 16.12.2006

Den nye Svelgengruppa Bandits spelar opp til dans på Svelgen Hotell nyttårsafta.

Desse er med:

Arve-Stig Damstuen vokal, Tommy Birkelid gitar/vokal

Maurizio Varano trommer/ vokal

Hovudvekt på 70- talls musikk som Creedens Clearwater

Revival, Eric Clapton, Dire Straits mm

Dørene opnar kl 20.00. 

Cc kr. 150.-

Aldersgrense 18 år

Førehandssal av billettar på Svelgen Hotell. Panoramautsikt til stort fyrverkeri!!


Bil i elva i Ålfotedalen 15.12.2006

Ein bil hamna i elva mellom Ålfoten og Svelgen litt over halv seks i kveld. Den eldre mannen hadde englevakt og kom seg ved eiga hjelp ut av bilen - uskadd, melder NRK.

- Vi veit ikkje om mannen kom seg ut før bilen hamna i elva, men han er uansett uskadd, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.35, og store mannskap frå politi, brannvesen og ambulanse vart sendt til staden.

 Politiet veit førebels ikkje noko om årsaka til ulukka.


Stort fyrverkeri i Svelgen 15.12.2006

Svelgen Næringsråd, i lag med sponsorar, vil markere slutten på eit bra år i 2006, med håp for eit endå betre i 2007. Dette vil SNR markere med eit større fyrverkeri nyttårsaftan. Fyrverkeriet vert sendt opp frå Sandsneset, og vil verte synleg for dei fleste bebuarar i Svelgen. Eit slikt fyrverkeri tek seg best ut på avstand, slik at det er ingen grunn til å oppsøke Sandsneset for å sjå dette.

  

Vert dette vellukka, og tilbakemeldingane vert gode, så kan vi få felles fyrverkeri kvart år ( sikkerhet og glede hand i hand).

   

Svelgen Næringsråd  ynskjer ei riktig god jul og eit fredeleg nytt år.


Hugs lys på sykkelen 15.12.2006

I Svelgen blei det gjennomført ein syklist-kontroll i sentrum torsdag, i tidsrommet mellom åtte og ni på morgonen. Resultatet var dels nedslåande.

Fem skuleelevar kom syklande på veg til skulen utan noko form for lyskjelde på syklane sine, trass i at det var mørkt, mykje nedbør og dårleg sikt. Og trass i at det i to veker har vore gjennomført aksjonar over heile landet for å setje søkjelys på lysmangelen på tohjulingane.

– Det blei naturleg nok ikkje skrive ut førelegg til ungane. Men tilsette ved Bremanger lensmannskontor valde å ta kontakt med skulen umiddelbart, for å varsle om forholda, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved politiets operasjonssentral i Florø til Firdaposten.

Svelgen skule har i ettertid sendt ut ei sterk oppmoding til foreldre og føresette om å setje lys på syklane til barna.


Meir om kulturprisvinnaren 15.12.2006

Som Svelgen.no tidlegare har meldt, vart Einar Gjerde tysdag tildelt Bremanger kommune sin kulturpris. På STIF si heimeside, som du finn her,  kan du sjå ei oversikt over Gjerde sin fantastiske innsats for fotballen i STIF. Om du vil sjå Gjerde si mererittliste år for år innan STIF og idrettsarbeid på krinsnivå, kan du klikke her.  Firdaposten si sak om kulturprisvinnaren kan du sjå her.

 

Biletet ovanfor syner kulturprisvinnaren i lag med kona Oddbjørg, under utdelinga tysdag. Foto: Firdaposten. På biletet under er Gjerde fotografert i 1980, som var eit av 20 år han var trenar for STIF sitt senior A-lag for herrar. Foto: Fjordenes Tidende

 


JULETREFEST I ROMJULA 15.12.2006

 

 

 

TID: TORSDAG 28. DESEMBER

KLOKKA 18.00

PÅ SAMFUNNSHUSET

 

 

Alle er velkomne til ein hyggjeleg juletrefest med mykje song kring juletreet, og god underhaldning.

Det blir servering av brus, kaffi og kaker.

 

Og ikkje minst får vi besøk av julenissen, så her er det berre å stille opp og få gode gåver frå nissen.

 

 

 

 

Helsing festkomiteen,

mødrene til 2. klassebarna

og fedrane til  

3. klassebarna


Kommunestyret vedtok 2007-budsjett :

Framskunda sentrumsutvikling og stadion i Svelgen 14.12.2006

I 2007 skal det i Bremanger kommune investerast for 14,6 millionar kroner, dette er vel eit par millionar meir enn det finansutvalet hadde lagt opp til. Grunnen til at budsjettet vart auka, var at eit samrøystes kommunestyre ville framskunde arbeidet med sentrumsutvikling i Svelgen, og rehabiliteringa av idrettsanlegget til Svelgen stadion. Dei største budsjettpostane elles er vidare satsing på IKT, rehabilitering av skular og kommunale bygg, samt utbygging av Ryland vassverk.

Ny pleie- og omsorgsplan:

- Lite fokus på brukarar 14.12.2006

– Den nye pleie-og omsorgsplanen for Bremanger kommune er meir ein organisasjons- og bemanningsplan enn ein plan som fortel noko om kva ein vil med eldreomsorga. Den fokuserer for lite på brukarane, meiner Anne Lise Gilleshammer (Ap).

Ho fekk støtte frå dei andre politiske partia då pleie- og omsorgsplanen for Bremanger kommune dei neste fire åra var oppe som sak på kommunestyremøtet tysdag.

– Etter mitt syn må planen rullerast ganske fort, for å fokusere på dei det gjeld. Vi må tenkje over kva vi vil med eldreomsorga, det saknar eg i denne planen, sa ho. Les meir i Firdaposten.


Klausen utvidar i Svelgen 13.12.2006

Klausen Industrier Svelgen AS utvidar verksemda både i storleik og tal tilsette.

- Planane om ein større verkstad har vi hatt ei stund, men no er vi endeleg i gong, seier dagleg leiar Gunnar Mundal.

 

Verksemda har hatt planer om utvidingar i ei årrekkje. Først var planen om å bygge på 800 kvadratmeter på sørsida av eksisterande verkstad på industriområdet på Rise i Svelgen.

  - Forbipasserande vil legge merke til at fundamenteringsarbeidet allereie har starta, og glovene til nybygget skal vere ferdige rundt nyttår, opplyser Mundal. Nybygget skal reisast av eigne tilsette, og skal stå ferdig til sommaren 2007, melder Fjordenes Tidende. Les meir her.


Glatt i Magnhildskaret - bil utfor vegen i dag 13.12.2006

Ein bil hamna utfor vegen på Florø-sida av Magnhildskartunnelen tidlegare i dag. Ingen kom til skade i uhellet som skuldast snøfall og glatt føre. Les meir på NRK sine sider.

Einar Gjerde fekk kulturpris 13.12.2006

Einar Gjerde er ei eldsjel av den sjeldne sorten. Heilt sidan han flytta til Svelgen i 1958, har han lagt ned eit stort arbeid for fotballen i bygda, både som aktiv spelar, mangeårig trenar og i styresamanheng. Tysdag fekk han Bremanger kommune sin kulturpris for innsatsen. Les meir i Firdaposten.

STIF endeleg eigar av Svelgen stadion

Frå årsmøtet i STIF 13.12.2006

På STIF si heimeside kan du no lese kva som kom fram på årsmøtet mandag. Ein nemner her kort at årsmøtet vedtok å innføre STIF handbok, det vart vedteke å jobbe vidare med utforming og finansiering av Svelgen stadion, og det vart også vedteke å opprette ei skyttargruppe. Dette vert den 17. særgruppa STIF har hatt sidan STIF vart stifta i 1930. Glimt frå dei 16 andre særgruppene kan du sjå her.

 

På STIF-sida kan ein også lese gladnyhenda om at STIF no er formell eigar av grunnen på Svelgen stadion. Dette har vore ei svært viktig sak for STIF, som ein faktisk har jobba med sidan 1948 (før stadionområdet vart utfylt), og ein må berre gratulere STIF, med Svein Arne Sandvik i spissen, med at denne avtalen no er i hamn. Om du vil vite meir om anleggsutviklinga i STIF, klikk her.

 

STIF si heimeside finn du her.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Svelgen stadion 2004. Foto: Frank Ryland


Allereie passert normalnedbøren for desember 12.12.2006

Ettersom ein mandag morgon målte 54,8 mm nedbør ved nedbørsstasjonen til EEB i Svelgen, og ein alt har kome over 300 mm på 11 døgnmålingar i desember, har ein allereie passert månadsnormalen for desember som er berekna til 293 mm.

 

Vèret har vore eit natuleg samtaleevne i Svelgen siste to månadane, og faktum er at det berre har vore to døgn heilt utan nedbørsregistrering i bygda på dei siste 57 døgna. Og nedbørsvarselet for dei neste 7 døgna i Svelgen gir lite håp om at det neste nedbørsfrie døgnet snart skal kome. Mot slutten av 7-dagarsvarselet er det meldt temperatur ned mot null grader, så kanskje vert det kvit jul i Svelgen....


Seniordans på Lasses 12.12.2006

Seniordansarane avsluttar "danseåret" i kveld på Lasses Kro.

Til inntekt for klassetur 2007. 10.12.2006 / 10. klasse

Som vanleg skal 10. klasse ved Svelgen oppvekst på klasse tur, denne gangen skal vi reise med Aktiv Fredsreise, turen vil gå til Krakow og Berlin via Sverige.

 

På denne reisen vil vi besøke fleire konsentrasjonsleirar. I Krakow skal vi også besøke saltgruver og Maria kirka.

 

Til denne turen held vi på å spare pengar, i den samanheng har vi 2 ulike bøker vi vil selge. Desse handlar om bla. norske jødar som sat som fangar i dei ulike konsentrasjonsleirane. Bøkene heiter "Jeg ville ikke dø" av Robert Savosnck, fange 79224, og "Menneskeverd og fangeberetninger."

 

Dersom du er intreressert i å kjøpe ein eller begge desse bøkene er det berre å kontakte ein av oss i 10. klasse. Vi tar 250,- kr pr bok.

 

 

Med helsing

alle i 10.klasse ved Svelgen Oppvekst


Julekonsert laurdag 16. desember 11.12.2006

Det vert julekonsert i Svelgen kapell laurdag 16. desember kl. 17.00. (Merk dagen!)
 
Desse skal vere med:
  • Svelgen songlag
  • Svelgen skulemusikk
  • Davik barnekor
  • Sokneprest Tore Myklebust

Fornying av Svelgen Sentrum / Kommunebudsjettet 2007 11.12.2006

Vi har fått følgjande lesarinnlegg frå gotelleigarane Jostein Eimhjellen, Frode Yttrehus og Erling Brekke:

"I framlegg til kommunebudsjett for 2007, er det kun avsett 250 000 kr til arbeidet med eit finare sentrum. I følgje Ordførar Kåre Olav Svarstad skal desse midlane brukast til planegging/ teikning    Vi i styre for Svelgen hotell A/S er lite fornøgd med at at det ennå ein gong skal bli utsettingar. Vi har nærmast blidt lovd at budsjett for 2007 ville innehalde midlar til å gjere noko i sentrum .

Sidan vi hadde tru på at Bremager Kommune verkeleg meinte alvor, og denne gongen ville bidra med noko, starta   vi arbeidet   med altan og uteområdet på sjøsida. Vi arbeider   no med finansiering og ønskjer   å gjere ferdig uteområdet   Etter   reguleringsplanen   skal vegen vekk, og vi har fått lovnad på areal. I følgje planer som har samla oppslutnad, blant næringsliv / kommune skal sjøkanten oppmurast på nytt, som mogleggjer får   hamnepromenade /gjestebrygger / torg.   Her kan tilbod frå entreprenørar   innhentast, og arbeid oppstarast   kor tid som helst.   Først når sjøkant er oppmura kan vi vidareføre våre planer med uteområdet til svelgen hotell. .Om ikkje Bremanger kommune skal gjere noko   før i 2008, kan vi tidlegast få eit fint uteområde for turistsesong 2009. Dette kan vere for seint, og forhindrar utviklingsplanane som vi   meinar er svert vikteg om ein   for framtida skal   sikre hotell drift i Svelgen.  " 

Les alt under Lesarinnlegg på link til venstre. 


Årsmøte i STIF mandag 11. desember 09.12.2006

STIF har kalla inn til årsmøte på Svelgen Hotell mandag 11/12 kl. 1800. For meir info og sakliste, gå inn på STIF si heimside som du finn her.  STIF-medlemar oppmodast om å møte fram og vise si interesse for laget si allsidige drift.

 

STIF har vore leia med stø hand av Svein Arne Sandvik (biletet) sidan desember 2003, og foreininga har lagt bak seg sitt 76. år med god aktivitet. Glimt frå idrettslaget sine første 75 år kan du sjå her. 


Utflytt svelgar bak oppkjøp av bank 09.12.2006

I veka som gjekk vart det kjent at Sparebanken Vest har kjøpt opp Fokus Bank sine fillialar i Sogn og Fjordane. I leiinga til Sparebanken Vest sit fleire personar som opphavleg stammar frå Sogn og Fjordane. Mellom dei er viseadministrerande direktør Jan Erik Kjerpeset, som er oppvaksen i Svelgen. Les meir her.

 

Kva Firdaposten skreiv då Kjerpeset vart tilsett som viseadm. direktør i sommar kan du lese her.


Medlemsmøte i Arbeidarpartiet 08.12.2006

MEDLEMSMØTE I BREMANGER ARBEIDARPARTI
MÅNDAG 11 DESEMBER PÅ SVELGEN HOTELL
KLOKKA 16.45
SAKER: - Nominasjonsarbeidet
             - Programnemda sitt arbeid
             - Kommunestyresaker
 
Enkel servering
 
Styret

Julemesse i Trudvang 08.12.2006

Søndag 10. desember kl.16.00 er det julemesse i Trudvang på Kjelkenes.
Tenning av julegran, tombola, basar, kaffi og kaker mm -
HJERTELEG VELKOMMEN TIL EI HYGGELEG FØRJULSSTUND !!
Kjelkenes kvinne- og famillielag.

Nissefest i sentrum 07.12.2006

Fredag 15. desember skal barnehagane i Svelgen ha nissefest. Vi møtast ved Sparebanken kl kl 10.45 der vi går rundt juletreet og syng julesangar. Etterpå går vi inn i foajeen på Rådhuset og syng der. Vi tek deretter turen bort til Coopen og syng utanfor butikkane i sentrum. Vi håpar at mange har tid til å ta seg ein tur til sentrum for å få litt julestemning, og stoppar opp for å høyre.
Dette er barnehaganes måte å ønske alle i Svelgen ei riktig GOD JUL!

Nytt utkast til lokalisering for symjehall 05.12.2006

For symjehallen, som SKAF er initiativtakar til, har det no kome et nytt utkast med mellom anna ny lokalisering.

 

Sjå symjehallen si heimeside her.


Stian Holm utplukka av NFF 05.12.2006

Norges Fotballforbund har foretatt klassifisering av sine dommere og assistentdommere med bakgrunn i sesongen 2006. Stian Holm fra Svelgen blir assistentdommer i Adeccoligaen 2007.  

Bakke kjøper yngelanlegget i Svelgen 05.12.2006

Gründer Stig Bakke i Bremanger har via selskapet Norsk Marin Fisk AS kjøpt yngelanlegget etter konkursråka Norsk Marin Yngel i Svelgen. Dagleg leiar Stig Bakke har fått med seg Fredrik Odfjell, som eig 28 prosent i selskapet, skriv Kyst.no. Bakke etablerte i si tid Norsk Marin Yngel, men selskapet blei slått konkurs for to år siden. No kjøper han anlegget for å styrkje yngelproduksjonen i Norsk Marin Fisk.



Ledige stillingar i kommunen 04.12.2006

Det er ledige stillingar som sjukepleiar og miljøarbeidar i Bremanger kommune. Sjå full utlysingstekst på link til venstre.

Aukar både areal og tal tilsette

Klausen Industrier utvidar 04.12.2006

På Svelgen Næringsråd si heimside finn du nyhende frå næringslivet i Svelgen. Der kan du mellom anna lese at Klausen Industrier Svelgen AS utvidar, og at yngelanlegget etter konkursråka Norsk Marin Yngel er kjøpt opp.

 

SNR si heimeside finn du her. 

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars