Arkiv Nov 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
EEB si nedbørsregistrering:

Nest tørraste november sidan 1939 30.11.2002

Ved Elkem Energi Bremanger målte dei 70 mm nedbør i november, og sidan målingane i Svelgen starta i 1939 var det berre november 1993 med 66 mm som gav mindre nedbør. Det normale for Svelgen i november er 318 mm.

I november 2002 var det heile 21 dagar heilt utan registrert nedbør og det meste som kom på eit døgn var 31 mm. Berre eit døgn hadde snø/sludd, men det døgnet fall det ubetydelege 0,2 mm.


Julegateopning 30. novemver 29.11.2002

Laurdag 30.11. er det klart for julegateopning og tenning av julegrana i Svelgen. På Svelgen samfunnshus blir det julekafè med sal av kaffi, kaker og julegraut. Skulemusikken spelar utkledde som fjøsnissar, og tradisjonen tru kjem smånissane med godteposar til barna.

Vi vil spesialt oppfordre våre lesarar til å kjøpe julekalendaren skulemusikken sel i år. Det er gevinst kvar dag og premiane er utstilte på samfunnshuset laurdag.

Det er samstundes kunstutstilling i småsalen. Mellom dei som stiller ut er x-svelgar Ivar Svensøy.

Svelgen skulemusikk utloddar også eit måleri som vart laga under kulturfestivalen i Svelgen i haust.


13. desember opnar vegen forbi Eikefjord 29.11.2002

Svelgarar som skal på biltur til Førde, Sogn e.l. "slepp" frå 13. desember å køyre gjennom Eikefjord, for den dagen opnar den nye vegen som går i lia ovanfor Eikefjord. Arbeidet på dennne nye vegen har bilistane merke lite til då det er ein heilt ny veg som har blitt laga, medan trafikken har gått på den gamle vegen.

Over nyttår tek vegvesenet til på vegen mellom Grov og Kvalvika (i retning Eikefjord). Då må bilistane på ny smøre seg med tolmodigheit, då ein i 2,5 år framover skal utbetre eksisterande veg.


Ovn 5 i rute 29.11.2002

Ombygginga av Ovn 5 er no i rute og ein håpar på oppstart av ovnen den 16. desember. Då blir det lågkøyring dei første vekene, før ein rundt nyttår håpar å ha ovnen i full drift. Bilete under er teke for ei vekes tid sidan.

Svelgen skule

Heimesida oppdaterast 29.11.2002

Heimesida til Svelgen skule er no oppdatert med nokre nye saker og vil framover bli oppdatert oftare.

Svelgen skule

Hovudstyret

Årsmøte i STIF tysdag 3. desember 29.11.2002

Årsmøtet i STIF vert avvikla på Svelgen Hotell tysdag 3. desember kl. 1800. Alle medlemar er velkomne. Her følgjer saklista:

 Godkjenning av innkalling og sakliste
 Val av møteleiar
 Val av skrivar
 Val av to til å skrive under protokoll
 Årsmelding 2002
 Kontingent 2003
 Treningsavgift 2003
 Svelgen Stadion
 STIF - soga
 Rekneskap 2002
 Budsjett 2003
 Utmerkingar
 Val


4080 innbyggjarar i Bremanger kommune 29.11.2002

Dette viser folketeljinga for det 3. kvartal av 2002 og den same teljinga viser ein auke på 4 personar. Les meir i Firda.

Firda

Fotball

Triveleg fotballfest for yngre 28.11.2002

Tysdag 28/11 vart fotballfesten for dei yngre i STIF arrangert. Festen, som vart leia av Svein Arne Sandvik som er leiar i Fotballgruppa, vart arrangert etter tradisjonelt mønster. Ein starta med pizza og brus, før ein delte ut diplomar, merker, medaljar m.m., også avslutta ein med dans.

Om du klikkar på Sport til venstre på denne sida kan du sjå bilder frå fotballfesten.


Fredag 6. desember:

Nattope på Realen Ungdomsklubb! 28.11.2002

Ungdomsklubben Realen held nattope fredag 6 desember. Dette er eit samarbeid med Friluftsgruppa i Svelgen. Vi ønskjer ungdom i alder 13-19 år velkomne.

Program:

19:30 - 00:00 vanlig klubbkveld

00:00 - 09:00 Linking av data og jam/musikk.

09:00 - 10:00 Felles frukost og opprydding.

Påmelding til nattope: 923 02 768

Realen Ungdomsklubb har stengt: 13 Des.

23 Des.

27 Des.

30 Des.

Opnar igjen: Fredag 03.01.2003 kl 19:30

Ynskjer alle våre medlemmar og samarbeidspartnarar ei RIKTIG GOD JUL!!!


Lokale kunstnarar stiller ut på Samfunnshuset 28.11.2002

I helga vert det mogeleg å sjå og kjøpe kunst som 5 lokale kunstnarar har laga. Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Meir pengar tilbake til kraftkommunane 28.11.2002

Grunna endringar i skattereglane får kraftkommunane, som t.d. Bremanger, meir pengar enn tidlegare. Les meir om dette ved å klikke på linken under til NRK S. og Fj. Arkivbilete under frå Svelgen.


NRK S. og Fj.

Mange interesserte i Svelgen:

Det blir breiband 28.11.2002

- Det er allereie så mange interesserte at eg kan stadfeste at det vert breiband, seier initiativtakar og IT-leiar ved Elkem Bremanger, Vilfred Gangsø til Svelgen.no.

Saman med Bremanger VeKsT skal dei no gå vidare i forhandlingar med ulike leverandørar for å sikre eit godt tilbod for kommunen. Er du interessert, kan du klikke på linken nedanfor.


Breiband i Svelgen:

Er du interessert? 27.11.2002

Svelgen.no tek i mot påmelding til dei som er interessert i breiband. Prisane for privatpersonar vil verte mellom 400,- og 600,-kroner pr. I tillegg kjem en installasjonsavgift på kr. 1500.- Denne inkluderer ei 'Gjer det sjølv' pakke.



PÅMELDING BREIBAND SVELGEN


Breiband i Svelgen 27.11.2002

No vert det truleg snart mogeleg å få breiband i Kalvåg, Bremanger og Svelgen.

Det kan verte kappestrid om å få bygd ut ei breibandsløysing i kommunen. To aktørar, med fleire aktuelle linjetilbydarar, vil dei komande vekene kjempe om å få innbyggarar og bedrifter som kundar.

Ved val av breibandsleverandør, er det mange faktorar som må takast med i vurderinga: pris, bandbreidde (faktisk og teoretisk), sjanse for seinare utviding av bandbreidde, oppfølging, teknisk feilretting og installasjon, samt grunnlaget breibandsløsinga kan danne for nye arbeidsplassar og videreutvikling av eksisterande næringsliv i kommunen.

Pr. i dag ser det ut til at prisane for tilkobling kan bli mellom 400,- og 600,- kroner pr. månad for fri bruk. Den teoretiske bandbreidden vil i så tilfelle ligge mellom 768 Kilobits pr. sekund og 1024 Kilobits pr. sekund. Der vil også tilkomme ei tilknytningsavgift.


Volleyball

Resultat frå jente- og guteturneringa helga 27.11.2002

Ved å klikke på linken under får du opp informasjon om turneringa og ved å klikke på "Her" i teksten får du 3 sider med resultat og tabellar.

Volleball Region Midt

EM- kvalifiseringskamp mot Luxemburg i Førde

Herrehandballandslaget spelar i Førde 6. januar 27.11.2002

No har du sjansen til å oppleve toppidrett i nærleiken av Svelgen. Les meir på linken under.

Handballkrinsen

Svelgen Mat sel varene med 50 % avslag i prisen 27.11.2002

Svelgen Mat, som held til i lokala Max Matsenter tidlegare dreiv i, sel no ut alle varene for halv pris. Ein kjenner ikkje til kva som skjer med butikken i framtida. Om butikken blir nedlagd, noko ein håpar ikkje skjer, vert det den 4. eller 5. butikken som vert lagd ned i Svelgen sentrum (til venstre på bildet under) i 2002. Skremmande !!

Volleyball

Volleyballkampar utsett til 7. desember 27.11.2002

Herrekampane som skulle gå i Idrettshuset på søndag 1/12 er flytta til laurdag 7/12. Då byrjar Svelgen - Førde VBK 1 kl. 1300, før Førde VBK 1 - Kvammen spelar ca. kl. 1500 og Svelgen - Kvammen spelar siste kampen ca. kl. 1700. Tidene er cirkatider då det kjem an på kor fort kampane går unna.

Aukar gebyr og avgifter dramatisk 27.11.2002

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Historieboka

Etterlyser STIF- bilder 26.11.2002

Ein har no fått tak i bra med bilder frå dei fleste av særgruppene innan STIF til idrettslaget si historiebok. Men framleis er det visse bilder ein ønsker å få tak i.

Ein manglar heilt bilder frå Skiskytar-, Handball- og Orienteringsgruppene. Vidare ønsker ein bilder frå friidretten på 1970- talet og jenteturntroppar frå 50-talet t.o.m. 70- talet. Ein manglar også bilder frå damevolleyballen på 70- og 80- talet.

Ein manglar også bilder av dei to einaste damelaga ein har hatt i 11`ar- fotball. Desse laga deltok i serien i 1987 og 1994. Av sistnemnde lag har ein ein dårleg kopimaskinkopi (biletet under), men ein er på jakt etter orginalen i fargar. Ein manglar også heilt bilder av den første generasjonen som spelte jentefotball i åra 1977 - 1981. Av jenter som deltok her var bl.a. Hilde Jenssen, Lillian Skarstein og Lise Førde.

Om ein har bilder av noko av dette, så send ein mail til f-ryl@online.no Merk evt. mail: STIF- bilder.


Ekspressbåten frå Bergen sekundar frå kollisjon i Frøysjøen 26.11.2002


Les meir om dette i Dagbladet.






Dagbladet

Breivika - Bossomnen tysdag kveld kl. 2300 - 0200

Straumstans 25.11.2002

Det vert straumstans for området f.o.m. heile Breivika t.o.m. Birkelida med Bossomnen, som inkluderer Langeneset og Eikeland. Dette gjeld i tidsrommet f.o.m. tysdag 26/11 kl. 2300 t.o.m. onsdag 27/11 kl. 0200.

Anlegga må heile tida reknast som spenningsførande.

Dette opplyser Elkem Energi Bremanger.


Kva syns du om Svelgen.no ? 25.11.2002

Om ein går inn på ABC Startsiden (linken under menyen til venstre på denne sida) ser ein at Svelgen.no har fått karakteren 3,9 av 10 mogelege poeng. Til samanlikning har Kalvågportalen 5,3 poeng. Karakteren 10 tilsvarar bra, så karakteren 3,9 tyder på at lesarane (som har avgitt stemme) meinar Svelgen.no er nokså dårleg.

Ein oppmodar lesarane av Svelgen.no om å skrive til ris.ros@svelgen.no og fortelle kva ein er misfornøgde med. Ein oppmodar også lesarane om å gå inn på ABC Startsiden og avgi ny stemme med evt. ny karakter.


Sandetunnelen heile denne veka

Kan bli stengt i inntil 1 time mellom kl. 2000 - 0600 25.11.2002

Vegkontoret opplyser at Sandetunnelen kan bli stengt i inntil 1 time frå kl. 2000 - 0600 søndag 25/11 - fredag 29/11. Men Vegkontoret opplyste også at bilane stort sett ville bli slept forbi etter kvart.

Beredskapsbilar som ambulanse, legar og brannbilar vil ein sleppe gjennom verksområdet, men ikkje annan trafikk.


Fotball

Fotballfest yngre klassar 25.11.2002

Det inviteres til fotballfest for alle som har deltatt på aldersbestemte lag for STIF i sesongen 2002.

Sted: Svelgen Hotell
Tid: Torsdag 28.11.02 kl.18.00-20.00

Utdeling av diplomer og andre utmerkelser

Det vil bli servert pizza og brus.

Pris kr. 50.-

Vi ønsker alle fotballspillere m/ foreldre/foresatte hjertelig velkommen til fotballfest !

Hilsen
STIF Fotball


Volleyball

Kampar og turnering i Svelgen 24.11.2002

Søndag 1/12 spelar seniorlaget til STIF sine 2 første seriekampar i 2. divisjon. Kampane går i Svelgen Idrettshus.

STIF skal laurdag 8. januar vere arrangør av KM for jenter og gutar 15 år.


Volleyball

STIF sine 13- og 15- årslag har vore i aksjon i helga 24.11.2002

I dag, søndag 24/11, deltok STIF sine yngre lag i ei turnering i Førdehuset. 15- årsjentelaget gjorde ein god innsats ved å vinne turneringa, der det deltok 8 lag. STIF hadde også med 2 mixlag (blanding av gutar og jenter) i 13- årsklassen og her vart STIF nr. 2 og 7 av 8 lag.

Trenarar for STIF sine yngre lag er Frank Midtbø og Frank Hatleset. Dei to Frank`ane er drivkreftene i volleyballmiljøet og har snart bak seg 10 års samanhengande engasjement i gruppa. Dei to gjer ein god jobb med å halde liv i volleyballsporten i Svelgen.


Fotball

Treningstider seniorlag 24.11.2002

STIF trenar no onsdagane kl. 2100 og fredagane kl. 2100 i Idrettshuset. Formålet med treninga er trim og moro.

Nye og gamle velkomne. Ein oppmodar spesielt dei som spelte på gutelaget i 2002 om å møte.


Besøkstal for Svelgen.no 24.11.2002

I følgje besøkstala for Svelgen.no i oktober og november er det vekedagane som er best besøkte. På dagane frå mandag - fredag er eit snitt på om lag 240 innom sidene, medan ein i helgane har eit ca. snitt på 150, med lørdagen som den minst besøkte dagen. Utanom Hovudsida er det Fritt ord som er best besøkt.

Svelgen.no oppmodar svelgarar og andre om å sende inn stoff om saker som skal skje og har skjedd i Svelgen (arkivbilde under) og omegn.


Nye tider for linedance og swing 24.11.2002

Det vert linedance kl. 1900 kvar tysdag framover.

Annan kvar tysdag i partalsveker blir det swing kl. 2000. Neste gong med swing blir dermed tysdag 26. november.

Aktivitetane foregår i 2. etasje på Realen.


ENØK- tips 24.11.2002

Med dei høge straumprisane som er i Norge for tida er det mykje å spare på ENØK- tiltak. Sjå heimesida til ENØK- sentra i Norge.

ENØK- sentra

For skiinteresserte

Skitrekket på Strandafjellet er opna 24.11.2002

Dei som er sugne på å køyre slalom/telemark har no moglegheitane på Strandafjellet, der det har kome så mykje snø at trekket har opna. Sjå heimesida.

På Harpefossen og i Blomlia ved Førde er dei i følgje heimesidene byrja å produsere snø, men dei har ikkje opna trekka endå.

Strandafjellet


Fotball

STIF deltek i innandørs- KM for senior 23.11.2002

STIF deltek for første gong på mange år i innandørs- KM, som går av stabelen i Førde siste helga i november. STIF er komt i pulje med følgande lag: Saga 1, Kaupanger 1, Dale 2 og Eikefjord 2. Dei innleiande kampane til STIF går laurdag 30/11, medan evt. sluttspelkampar går søndag.

Nattope på Realen fredag 6. desember 23.11.2002

Ungdomsklubben Realen held nattope fredag 6 desember. Dette er eit samarbeid med Friluftsgruppa i Svelgen. Vi ønskjer ungdom i alder 13-19 år velkomne.

Program:
19:30 - 00:00 vanlig klubbkveld
00:00 - 09:00 Linking av data og jam/musikk.
09:00 - 10:00 Felles frukost og opprydding.

Påmelding til nattope: 923 02 768

Realen Ungdomsklubb har stengt:
13 Des.
23 Des.
27 Des.
30 Des.
Opnar igjen: Fredag 03.01.2003 kl 19:30

Ynskjer alle våre medlemmar og samarbeidspartera ei RIKTIG GOD JUL!!!

For arbeidsgruppa på Realen Ungdomsklubb, Frode M. Bjørkedal.


Klausen i Svelgen ser lyst på framtida 23.11.2002

Klausen Industrier i Svelgen går godt og dagleg leiar, Gunnar Mundal, ser lyst på framtida for bedrifta. Les meir om dette i Firdaposten.

På arkivfotoet under ser ein Klausen Industrier i det kvite bygget midt på bildet.


Firdaposten


Volleyball:

6 tap for rad for Unn Kvendseth og laget hennar 23.11.2002

Forrige gong Svelgen.no skreiv om Unn Kvendseth frå Svelgen og laget hennar, Cal State Northridge, hadde laget vunne 3 kampar på rad og var oppe på 6. plass på tabellen. Etter det har det gått dårlegare for laget og dei har tapt 7 av dei siste 8 kampane og har falle til 8. plass av dei 10 laga.

CSN

Utflytt svelgar sjef for verdas beste vaflar 22.11.2002

I følgje NRK Sogn og Fjordane er vaflane ved sjømannskyrkja i Miami kåra til verdas beste. Styrar og sjømannsprest ved denne kyrja er Synnøve Wiseth Dahl frå Svelgen. Les meir om dette og få oppskrifta på NRK S. og Fj.

NRK S. og Fj.

Godværet held fram 22.11.2002

På DNMI sitt værvarsel for Svelgen er det ikkje meldt nedbør før den 28/11 og temperaturen skal stort sett halde seg på eit par plussgrader.

Bortsett frå 3 regnfulle døgn har det vore nokså tørt i Svelgen til denne tid i november. Berre 69 mm har kome til denne tid mot 318 mm som er normalen for heile november i Svelgen.


Desemberutgåva av Bremanger Nytt er komen på nett 22.11.2002

Denne finn du ved å gå på heimesida til Bremanger kommune. Her kan du mellom anna lese ein artikkel om sentrumsutviklinga i Svelgen.

Bremanger kommune

Trenarsituasjonen for 6. divisjonslaget ikkje avklara 22.11.2002

Leiaren i STIF si Fotballgruppe, Svein Arne Sandvik, opplyser til Svelgen.no at det enno ikkje er avklara kven som skal trene STIF neste år. Suksesstrenar i 2002, Thor Vidar Blix, er ikkje avvisande til å ta ein ny sesong.

Svelgar bak barnetrim på Stårheim 22.11.2002

Geir Olav Ytrehus, utflytt svelgar, er ein av to initiativtakarar til ein nystarta barnetrim på Stårheim. Les meir om dette eit stykke nede på Hovudsida til Starheimsbygda.no

Starheimsbygda.no

Mjåseth- saka

Fylkeslegen vil ikkje politianmelde overlege 22.11.2002

Fylkeslege Petter Øgar kritiserer sjukehuspersonellet og spesielt ein overlege ved Sentralsjukehuset i Førde etter ei klagesak. Men Øgar vil ikkje rå Helsetilsynet til å politimelde saka, slik dei pårørande ønskjer. Les meir om saka i Firda.

Firda

Arbeidet med Ovn 5 pågår for fullt 21.11.2002

Denne veka er ein innleigd 200- tonnskran på verket og foretar store og tunge løft i samband med ombygginga av Ovn 5. Denne kranen er den blå som ein ser til venstre på biletet under. Litt til høgre for den blå ser ein Elkem Bremanger sin gule kranbil, som samanlikna med den innleigde blir for "småkar" å rekne. Då biletet vart teke onsdag føremiddag hadde ein fjerna den eine av dei to skorsteinane.

Overraskande besøk på kyrkjelydsfesten i Svelgen 20.11.2002

På kyrkjelydsfesten på Samfunnshuset søndag kom overraskande tidlegare sokneprest Mathias Austrheim med fru Jorunn på besøk. Dette var ei gledeleg overrasking for dei frammøtte og i talen til Austrheim gjekk det klart fram at gleda var gjensidig. Austrheim uttala at det det er noko særskilt med staden der ein har sitt fyrste embete og han sa og at familien hadde ei fin tid i Svelgen. Austrheim vart tilsett som kallkappelan i Midtgulen sokn i juli 1974, vart sokneprest i 1978 og budde i Svelgen til 1979, då familien flytta til Davik. I 1986 flytta dei til Ørsta der dei framleis bur. Dette melder Fjordenes Tidende.

Jorunn Austrheim jobba ved Svelgen skule og var lærarinne for den eine førsteklassen som byrja ved Svelgen skule hausten 1974. Det året byrja det om lag 45 elevar i 1. klasse. Ho følgde denne klassen t.o.m. 5. klasse.


Norsk Marin Yngel sitt yngelanlegg for torsk i Svelgen

Snart klar til oppstart 20.11.2002

NMY har fått vatn i anlegget og skal sette inn den første rogna i løpet av nokre veker. Anlegget skal køyrast inn og skal skulerast fram til hovudoppstart i februar. Bygningen har ei grunnfalte på 2 000 kvadratmeter og investeringa til NMY er på 30 millionar kroner. Stamfisken til NMY er plassert i Smørhamn og det er frå desse fiskane egga skal hentast. Det er for tida hektisk aktivitet i nybygget i Breivika og dei 7 som allereie er tilsett ved NMY har sine oppgåver i innspurten. Dette melder Fjordenes Tidende. Arkivbiletet under er teke i haust.

Svelgen Hotell

God påmelding til juleborda 20.11.2002

På Svelgen Hotell sine 3 julebord på laurdagane i førjulstida er det god påmelding. På julebordet 30. november er det ledige plassar, 7. desember er det fullt og 14. desember er det få plassar att.

På førstkomande laurdag, 23. november, er det "Entrecotè- aften" på Hotellet. "Fix-2" spelar opp til dans på hotellet i heile november månad.

Kva skjer på Svelgen Hotell


Det veks fram i Breivika 20.11.2002

På dette biletet, som vart teke tysdag, ser ein i framgrunnen Brødrene Mundal sitt bygg som vert reist i Breivika. Nede ved sjøen ser ein bygga til Norsk Marin Yngel, og ein skimtar også nyevegen som no er teken i bruk nedanfor bygget til Brødrene Mundal. I bakgrunnen ser ein Sande bade seg i sol.

Risevatn tysdag 20.11.2002

På dette bildet som vart teke i Risevatnet tysdag, ser ein på speglbildet fjelltoppen Keipen litt til venstre for midten på bildet.

Hjortejakta er over 19.11.2002

Fredag 15. november vart hjortejakta avslutta. På Bremanger Hjorteutval si heimeside kan du gå inn på Rapportar og sjå kor mange dyr dei ulike jaktlaga har skote. Tysdag kveld var rapportane for veke 46 ikkje komne med, men ein del av jaktlaga var nok ferdige med jakta før den tid.

Under ser ein den flotte jakthytta til Sande- og Dyrstad Jaktlag ved Sandsegga, fotografert for eit par månadar sidan.


Bremanger Hjorteutval


STIF- utstyr til sals i Idrettshuset 18.11.2002

I Idrettshuset har STIF refleksvestar, med STIF- logo på, til sals for kr. 135. Vestane finnast i storleikar mellom Small - XL.

På same stad har ein og restar etter Adidas- treningsdraktene til STIF, som ein sel for kr. 100. Måndag kveld hadde ein 1 stk. str. 12 år og 3 stk. str. 14 år. For vaksne hadde ein 7 stk. str. 5, 3 stk. str. 6, 1 stk. str. 8 og 2 stk. str. 9.

Om du har lyst på noko av dette så ta kontakt med Gunnar eller Kolbein i Idrettshuset. Under ser vi dei to flotte fotomodellane, Gunnar Midtbø (t.v.) og Ingvald Ytrehus, som sporty stilte opp til fotografering. Gunnar har på seg overdelen på treningsdrakta, medan Ingvald har på seg reflexvesten. Det mørke bildet skuldast refleksen på vesten, men syner også skilnaden på personar med og utan refleks i mørke. Dei to "fotomodellane" er ikkje "kven som helst" i STIF- samanheng: Begge er æresmedlemmar i foreininga, ein tittel berre 10 attlevande personar kan smykke seg med. Skulle ein ha skrive om dei to personane sin innsats for STIF ville det teke " år og dag", men kort fortalt har dei vore eldsjeler av det sjeldne i fleire generasjonar.


Vintertid i Midtgulen 18.11.2002

Det har no frose is på store delar av Midtgulen (øverste bilete). Svelgen.no frårådar likevel folk å ferdast på isen. Samtidig kosar svanane seg ved "Straumen", elveutløpet frå Indrehusvatnet, der det er isfritt heile året (nederste bilete). I følgje lokalkjende personar har det denne sommaren vore ein svane ved elveutløpet heile tida, noko som ikkje har vore vanleg. Mykje tyder difor på at svanane kan bli å sjå heile året i framtida. I dag var det to svanar ved "Straumen", men det har dei siste dagane vore observert tre av dei. Ut over vinteren forventar ein fleire, då det i fjor var over ti eksemplar av dei flotte fuglane.


Kolliderte i Sandetunnelen og stakk av 18.11.2002

Les meir om denne hendinga i Firdaposten.

Firdaposten

Stand-up og karaoke i går:

Storliv på Samfunnshuset 17.11.2002

Over 100 menneske var i går på Svelgen samfunnshus for å høyre stand-up komikaren Baste Bolstad og få med seg karaoken. Begge deler slo godt an og skapte stor stemning i den festpynta salen. Bolstad fekk med seg publikum med ein gong med sine vitsar og påfunn.

Svelgarane heiv seg også på karaoken, og mikrofonen gjekk frå hand til hand utan sjenanse. Gamle og nye songar vart framført på rekke og rad til stor jubel frå tilhøyrarane.

Mange gikk nok glipp av ein artig og litt annleis kveld - så pass på neste gang!


Langeneset barnehage torsdag:

Soldidaritet og moro i barnehagen 15.11.2002

Torsdag arrangerte Langeneset barnehage i Svelgen basar og kakefest for foreldre og besteforeldre. Dei selde lodd med fine premiar dei både hadde laga sjølv, og fått av næringslivet i Svelgen og privatpersonar. I tillegg hadde dei baka kaker som dei selde saman med kaffi og saft. I den tredje boda kunne vi kjøpe produkt som er produsert av menneske som bur i eit av FORUT sine utvalde land. Både dei tilsette ved barnehagen og fleire av ungane hadde kledd på seg vakre plagg frå Sri Lanka for å sette ein spiss på arrangementet. Pengane som kom inn sender barnehagen inn til FORUT.

FORUT er ein solidaritetsaksjon for utvikling, med basis i dei norske freds- og edruskapsorganisasjonane IOGT, Juvente og IOGT-Jr. Formålet er å medvirke til sosial mobilisering av fattige og undertrykte i deira kamp for betre levekår og grunnleggende menneskerettar, gjennom bistandstiltak, holdningsskapande verksemd og politisk bevisstgjering.

FORUT er involvert i utviklingssamarbeid i Sri Lanka, India, Nepal, Gambia, Sierra Leone og Senegal. FORUT har rammeavtale med NORAD, noko som sikrar langsiktig finansiering av prosjektene.

På bildet ser vi Siri Shankari som går i Langeneset barnehage.


Husk showet på Samfunnshuset lørdag 14.11.2002

Laurdag 16. november arrangerer Svelgen samfunnshus heilaften med stand-up-show med Baste Bolstad og karaoke. Storsalen vil bli omgjort til koseleg pub og framstå på ein måte du aldri før har sett!

Samfunnshuset har spesialinvitert medlemmane i Svelgen songlag til å starte showet med karaoke der dei kan velje mellom 3500 ulike songar. Så vil du ha med deg perlene er det om å gjere å møte tidleg opp! Dørene opnar 1930.

Baste Bolstad er ein ektefødd bygdetulling, men sidan han har juridisk utdanning kan ein fort ta seg den fridomen å kalla han ein høgsterettadvokat for komedien. Med utgangspunkt i den første vitsen, lært av Arne Hjeltnes, jobba han seg til eit repertoar som dristig kan kategoriserast som arrogant kvittsnipphumor med røter i det primitive utkant-Norge.

Den rolege Baste serverer humor på sølvfat, men ein skal likevel ikkje sette sin lit til det behaglege. Ein kan fort la se lure av tanken på at denne mannen er utdanna jurist, men han skifter raskt til den rappkjefta bygdetullingen med skråblikk på resten av verda.

Mannen som er oppvaksen i tronge vestlandsdalar og er ein cowboy på norsk bygdekultur, legg ikkje skjul på at den verda som møter han på enden av langevegen er utafor hans fatteevene.

Med skremmande avslappa stemme og ei vossadialekt så sær at latteren automatisk tek til å boble, legg han ut på utrulege monologar om ting som opptek folk flest. Det er berre å lene seg tilbake i stolen og la Bolstad køyre løpet ut.

Og morosamt blir det nok også når våre lokale songfulgar entrar scena og hiver seg med i karaoken. Samfunnshuset ønskjer vel møtt til ein heilaften!!


Kaldaste morgon til no denne vinteren 14.11.2002

I Svelgen var det rundt -3 grader i dag tidleg, med ein kald vind i tillegg, så dei fleste hutra seg til jobb, skule og andre gjeremål.

Det er meldt litt mildare ut over dagen og i dagane som kjem.


NOMIL har vedteke å ikkje auke renovasjonsavgifta. 14.11.2002

Dermed slepp vi iallafall den avgiftsauken. Les meir på NRK S. og Fj.

NRK S. og Fj.

Pass opp for telefonselgarar som vil selge straum. 14.11.2002

Les kva som skjedde i Årdal og ikkje tru på alt slike telefonseljarar seier.

NRK S. og Fj.

Vil ikkje redusere kommunestyret 14.11.2002

Les meir om dette i Firdaposten.no. Firdaposten.no har også fleire saker frå kommunestyret tysdag. Blant anna reaksjonar frå representantar frå Bremangerlandet som føler seg forbigått, då fleirbrukshallen på Hauge kom bakerst i leksa i økonomiplanen for dei 4 neste åra. Det spørs om ikkje dei må smøre seg med litt tolmodgheit der ute og huske på at svelgarne kjempa i 20 år for idrettshall i Svelgen.


Firdaposten

I følgje konkurransetilsynet si oversikt:

Elkem Energi Bremanger blant dei billigaste i landet på strøm 13.11.2002

På konkurransetilsynet sitt barometer pr. 12/11 er Ustekveikja Energi billigast med 42,17 øre/kWh, men desse har varsla ny pris frå 21/11. Dette energiselskapet forlangar betaling på forskot, så i praksis kan ein sei at prisen er ca. 43,00 øre/kWh grunna rentetap. Elkem Energi Bremanger (EEB) varslar ikkje inn til konkurransetilsynet grunna at ein ikkje sel til kundar utanfor Svelgen, men prisen til EEB er for tida 42,53 øre/kWh. EEB har ikkje sendt ut varsel om ny pris.

Ved å klikke på linken til Konkurransetilsynet under kan du sjå kva for energiselskap som er billigast. Det er den 3 priskolonna, v/20 000 kWh/år, som er mest samanlignbart med EEB sin pris, då EEB ikkje har fastledd på sin pris. I tillegg kjem nettleiga, der EEB er blant dei rimelegaste i landet.

Konkurransetilsynet sitt strømprisbarometer


I desse Eggen- tider:

Minne frå RBK- besøket i Svelgen i 1990 13.11.2002

I desse dagar der heile (fotball)Norge tar avskjed med Nils Arne Eggen mimrar Svelgen.no over besøket Eggen og Rosenborg hadde i Svelgen i oktober 1990. Dette kom i stand etter at Elkem var hovudsponsor for Rosenborg og i dei åra dei var det reiste RBK rundt på dei stadane i Norge der Elkem hadde smelteverk.

6 av spelarane til RBK kom til Svelgen fredag 27. oktober og nytta fredag kveld og laurdag føremiddag til å trene STIF sine lag. Blant desse spelarane var kjende spelarar/seinare trenarar som Kåre Ingebrigtsen (megapopulær blant jentene i Svelgen den gang), Roar Strand, Knut Torbjørn Eggen og Trond Sollied. Laurdag heldt Nils Arne Eggen eit svært spanande trenarkurs, der det deltok trenarar frå heile Sogn og Fjordane. Høgdepunktet var kampen mellom Rosenborg (som hadde vann både cup og eliteserie det året) og Sogndal (som akkurat hadde rykt opp i eliteserien). Om lag 1800 tilskodarar møtte fram på Svelgen Stadion i det fine haustværet og fekk sjå at RBK knuste Sogndal 7 - 1. Landslagspelaren Gøran Sørloth scora 4 mål, medan den då totalt ukjende Harald Martin Brattbakk scora to mål. Ein annan ukjent kar den gong, stryningen Håvard Flo, prøvespelte for Sogndal og scora SIL sitt mål. Svelgaren Arild Førde, som spelte på Sogndal, var for første gong tilbake til kamp på Svelgen Stadion etter at han melde seg inn i Sogndal føre 1984- sesongen. Desse opplysningane er henta frå STIF sitt utkast til historiebok.

På bildet under, henta frå RBK- besøket i 1990, ser ein følgande frå RBK: Frå venstre Roar Strand, Trond Sollied, Harald Martin Brattbakk, Gøran Sørloth (delvis skjult), Nils Arne Eggen, Leif Nordli og Ronny Støbakk.


Leitinga etter kvinna i Florø tysdag:

Mannskap frå Svelgen deltok i søket 13.11.2002

Mannskap frå Svelgen Røde Kors Hjelpekorps deltok tysdag i søket etter kvinna som vart funnen omkomen i Florø. Les meir i Firdaposten

Firdaposten

Volleyball: Dobbelsiger til Bjørn med sentrale svelgarar i klubben. 11.11.2002

I helga vann Bjørn IL frå Gaupne/Sogndal sine to kampar klart 3 - 0, og leiar si 1. div. avd. med full pott på 4 kampar. Ronald Førde er sentral på dette laget og i helga var også Knut Arild Fløtre med på laget, i følgje heimesida til klubben.

Om ein les historikken på heimesida til Bjørn, vil ein sjå at det var den utflytta svelgaren, Jarle Øverland, som drog i gang volleyballmiljøet i Bjørn på slutten av 80- talet. Øverland var bl.a. med å vinne NM for 16- årslaget til STIF i sesongen 78/79 og var også med då STIF spelte i nest høgste divisjon i 80/81.

Heimesida til Bjørn


Swing og linedance 09.11.2002

Annan kvar tysdag frå veke 46 (12/11) vert det swing på Realen frå kl. 2030. Det vert høve til å danse fritt og det vert også høve til å lære nye "turar".

Kvar tysdag vert det også linedance kl. 1830. Det kan bli endringar på tidspunkta, dette vil ein i så fall informere om på Svelgen.no. Aktivitetane foregår i 2. etg. på Realen.


Herrevolleyball 08.11.2002

Det er no klart at herrelaget til STIF i volleyball skal møte følgande motstandarar i 2. divisjon 2002/2003: Kvammen IL, Førde VBK 2, Førde VBK 3, KFUM Molde og Blindheim. Datoane for kampane er ikkje klare endå, men det er klart at STIF avsluttar sesongen med ei turnering i Molde. Redaksjonen i Svelgen.no oppmodar lagleiinga til STIF om å velge ein person som kan sende inn kampreferat til Svelgen.no.

STIF sitt seniorlag i volleyball for herrar har lange tradisjonar å vise til. Etter initiativ frå Arne Loftheim vart det til årsmøtet 29/11 - 1974 valt ei Volleyballgruppe i STIF. Loftheim vart valt til formann i den nystarta gruppa og tok også på seg trenaransvaret for herrelaget, som våren 1975 spelte kampar i Måløy om laget skulle få spele i 3. eller 4. divisjon. Til tross for punktering i Ålfotdalen med påfølgande "forseintkoming" til ferga og oppvarming med hjelp av varmeapparatet i eine bilen, vann STIF 2 av dei 3 kampane og kvalifiserte seg for spel i 3. divisjon i sesongen 75/76.

STIF spelte i 3. divisjon heilt fram til sesongen 79/80, då laget vann 3. divisjon og rykte opp i 2. divisjon. Spelarane på laget som rykte opp i landet sin nest høgste divisjon var ei fin blanding av erfarne spelarar og spelarar som vart Norgesmeistarar med STIF sitt 16- årsgutelag i 78/79. Det var Arne Loftheim som var hovudtrenar både for gutelaget som vann NM og for herrelaget som kvalifiserte seg for spel i 2. divisjon. I 2. divisjon i 80/81, som var det høgste nivået STIF deltok på i ein lagidrett på 1900- talet, gjorde STIF ein svært god sesong med 18 år gamle Helge Robert Midtbø som hovudtrenar. Laget vann 6 av dei 12 kampane og med 12 poeng hamna STIF på 4. plass av dei 7 laga. Laget var à poeng med Hornindal på 3. plass, men hadde vunne fattige 5 sett mindre enn "honndølene". Grunna omlegging av seriesystemet skulle berre to lag frå Sogn og Fjordane overleve i 2. divisjon etter denne sesongen. Ettersom Måløy vann divisjonen og Hornindal hadde vunne 5 sett meir, betydde det at STIF var lag nr. 3 frå Sogn og Fjordane i divisjonen. Måløy hadde som serievinnar sjansen til å kvalifisere seg for spel i 1. divisjon, men diverre tapte Måløy klart alle 3 kvalifiseringskampane og dermed måtte STIF ta den tunge vegen ned i 3. divisjon. Det høyrer med til historia at i siste seriekampen møttast Måløy og Hornindal i Måløy. Måløy var allereie serievinnarar og spelte i følgje Fjordenes Tidende umotivert. Dei rota mellom anna vekk eit par matchballar og dermed vann Hornindal 3 - 2. Hadde Måløy fått inn matchballane hadde STIF ikkje rykt ned. Det må og nemnast at Svelgen vann begge dei innbyrdes oppgjera mot Hornindal, og at STIF unødvendig tapte mot botnlaget Stord som berre vann ein kamp til i divisjonen. Svelgen måtte denne sesongen spele heimekampane i Florø og på Eid, då gymsalen på Svelgen skule var alt for liten. Også enkelte år i 3. divisjon måtte STIF spele heimekampane i Florø eller på Kolset skule, noko som var svært travelt då ein aldri fekk spele kampar utan å reise ut av bygda. Då Svelgen Idrettshus vart opna 19. desember 1993, var det ei stor hending for volleyballmiljøet i bygda.

Frå sesongen 95/96 vart det endringar innan divisjonssystemet til Volleyballforbundet, då det som tidlegare var 3. divisjon vart 2. divisjon osv. Frå STIF kom med i volleyballserien i 75/76 og til sesongen 94/95 spelte STIF i 3. divisjon i alle år, om ein ser vekk frå året i 2. divisjon og sesongen 88/89 då laget spelte i 4. divisjon. STIF vann 3. divisjon i sesongane 79/80, 81/82, 83/84, 91/92 og 93/94. Ved 3 av desse høva valde STIF å ikkje spele kvalifisering til 2. divisjon. Årsaka til desse vala var i hovudsak manglande idrettshall, liten spelarstall og økonomiske årsaker.

Etter at ein i 23 sesongar på rad hadde stilt med herrelag i divisjonssystemet, i mange år også med 2 lag, greidde ein ikkje å stille lag i sesongane 98/99 og 99/00. Sesongen 2002/2003 blir den 3. på rad, etter avbrotet, der STIF stiller lag i herreserien. Dette med ein gjeng som trenar og spelar i lag for trimmen og det sosiale si skuld, samt at det er viktig å halde liv i volleyballsporten (desse opplysningane er i hovudsak henta frå STIF sitt utkast til historiebok).

På bildet under ser ein stammen i laget som vann 3. divisjon i 1979/1980 og som rykte opp i 2. divisjon: Bak f.v: Narve Solheim, Bo Bell, Aage Kvendseth og Arne Loftheim (spelande trenar). Framme f.v:Terje Sandvik, Helge Robert Midtbø, Knut Hollekim, Bjørn Atle Midttun og Arild Førde.


Midlar til Bremanger Vekst frå Staten er sikra for 2003 08.11.2002

Bremanger VeKsT har fått tilsegn om kr. 2.250.000,- som er staten sin del (50%) av budsjettet på kr. 4.500.000,- for sjette og siste gjennomføringsår i omstillingsarbeidet. Det er ein føresetnad at Bremanger kommune og Fylkeskommunen bidreg med ein tilsvarande del. Bremanger VeKsT får ein svært positiv omtale i tilsegnsbrevet.

Dette melder Bremanger Vekst si heimeside.


Straumstans mandag kveld - natt til tysdag 08.11.2002

Det vert straumstans for området f.o.m. heile Breivika t.o.m. Birkelida med Bossomnen, som inkluderer Langeneset og Eikeland. Dette gjeld i tidsrommet f.o.m. mandag 11/11 kl. 2300 t.o.m. tysdag 12/11 kl. 0600.

Anlegga må heile tida reknast som spenningsførande.

Dette opplyser Elkem Energi Bremanger.


Fotballfest for yngre STIF- spelarar 08.11.2002

Denne festen vert i år arrangert torsdag den 28. november kl. 1800. Festen vert mest sannsynleg også i år arrangert på Svelgen Hotell.

Svelgen kino søndag kl. 1800

Karlsson på taket 08.11.2002

Søndag 10. november kl. 1800 viser Svelgen kino den populære tegnefilmen om Karlson på taket. Filmen passer for alle.

Om filmen:

En vakker, klok og passe tykk mann i sin beste alder - det er Karlsson på Taket, det. Og Karlsson er ikke en sjenert person; på døren til hjemmet hans står det et skilt med "Her bor verdens beste Karlsson!".

Nå har han hovedrollen i en av de største produksjoner i skandinavisk filmhistorie og du kan se ham på kino nå!


Fotballtrening for seniorar startar fredag 8/11 07.11.2002

Fredag 8/11 kl.1930 startar ein opp att med fotballtrening for seniorane i Svelgen Idrettshus. Utanom dei som var med i 2002, vil ein spesielt oppmode spelarane frå gutelaget 2002 om å kome på treningane framover.

Kommunelege Kan Shanker:

Meinar Helse Førde bør organisere streik mot staten 07.11.2002

Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Sett av laurdagskvelden 16. november!

Stand-up og karaoke på Samfunnshuset 06.11.2002

Laurdag 16. november blir det stort karaoke og stand-up show på Svelgen samfunnshus. Baste Bolstad er ein Norges mest erfarne komikere med sine åtte år i faget.

I tillegg får Svelgen besøk av karaokemesteren "Happynæss" som har heile 3500 songar vi kan velje blant. Dette må du ikkje gå glipp av! Sjå foldar du får i posten.

Les meir om Baste Bolstad


Sandvikar i kinkig situasjon 05.11.2002

I morgon spelar Brann den siste og avgjerande kampen for om dei skal bli verande i Tippeligaen eller ei. Om Brann rykker ned vil Tempo unngå å rykke ned frå 6. divisjon. Jan Ove Grindheim, tidlegare STIF- spelar og oppvaksen i Sandvika, er både ihuga Brann- patriot og spelande trenar for Tempo. Les kva han og Bremanger sin trenar, som er i same situasjon, meinar føre den viktige kampen.

Firdaposten

"Ufo" i Svelgen ??? 04.11.2002

Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Særs vellukka dansekurs i Svelgen 03.11.2002

Fredag og laurdag vart det halde kurs i swing og linedance. På swingdelen var Småsalen på Samfunnshuset fylt opp med 30 danseglade som i løpet av 5 timar, til saman på dei to dagane, gjorde store framskritt. Om lag halve gjengen var også på Hotellet på laurdagskvelden og praktiserte dei nye "triksa" med hell. På linedancedelen deltok om lag halve gjengen som var på swingkurset, og også her klarte dei fleste å lære seg dei nye trinna. Dyktige og lærevillige instruktørar var Kristin Sunde og Toril Tafjord på swingdelen og Siri Elde på linedancen.

Så nære så nære for Arna- Bjørnar og Marit 03.11.2002

I laurdagens cupfinale i fotball for damer leia Arna Bjørnar 2 - 0 til det var 12 minutt att av ordinær tid. Då scora Trondheims- Ørn først eit mål, før dei eit par minutt på overtid sikra seg ekstraomgangar. I ekstraomgangane scora dei to laga kvar sitt mål og det såg ut til å gå mot straffesparkkonkurranse. Men i nest siste minutt av dei to ekstraomgangane scora Trondheims- Ørn vinnarmålet og dermed vart det for 2. gong på to år cupfinaletap for Marit Renate Midthjell (arkivfoto t.h. frå Toppserien.com) og lagvenninnene. Ein stor prestasjon i seg sjølv, men det må ha vore bittert å vere så nære siger i cupfinalen. Cupfinalen vert omtala som ein av dei mest dramatiske i historia.

I Bergens Tidende fekk Midthjell karakteren 5 på spelarbørsen og berre 2 av lagvenninnene fekk betre karakter. Midthjell fekk følgande kommentar i avisa: "Bra med offensivt. Gjorde få feil. Knalltøff i duellene".

Svært mange svelgarar, også mange som ikkje er interesserte i fotball, følgde kampen på TV. Svelgen.no og Fotballgruppa i STIF gratulerer Marit med finfin innsats i cupfinalen.

Les kampreferatet i Dagbladet


Helikoperulukka ved Hjelmevatn for eit år sidan:

Piloten feilbedømte landingsforholda 02.11.2002

Dette slår Haviarikomisjonen for sivil luftfart fast. Les meir på NRK S. og Fj., som også har teke bildet under.



NRK S. og Fj.

Unfaithful med Diane Lane og Richard Gere:

Erotikk på Svelgen kino søndag! 01.11.2002

Filmen har 15 års aldersgrense og tek til kl. 2000. Ta med deg maken og gå på kino!!

Filmweb skriv:

DIANE LANE (The Perfect Storm) portretterer en ung mor, Connie, med et nydelig hjem i Westchester, New York, hvor hun bor sammen sin ektemann Edward (Richard Gere) og sin 8-årige sønn. Et lykkelig og harmonisk ekteskap hvor Connie har alt hun kunne drømme om. En stormfull dag faller Connie, bokstavelig talt, for den unge og attraktiv fransk boksamleren Paul Martel (franske OLIVIER MARTINEZ) som (for)fører henne inn i en ny, spennende verden og tilfredsstiller de lengsler hun ikke en gang visste hun hadde.


Rimeleg tørt i Svelgen i oktober. 01.11.2002

I oktober fall det 198 mm nedbør mot "normalt" som er berekna til 327 mm. Det var 16 dagar heilt utan nedbør og 25 mm var det meste ein målte på eit døgn.

Max. og min. for oktober i åra 1973 - 2001 var 703 og 75 mm.

Det går rykter om at dei i Kraftstasjon no er byrja å øve på regndansen...


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars