Arkiv Sept 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Treng bærarar 30.09.2003

Vi treng nokre sjauarar (over 16 år) til å bære inn saker og ting for Sogn og Fjordane teater søndag føremiddag. Ok løn for arbeidet.

Kontakt Ingrid Haugen på telefon 57793606 eller 41558750 snarast.


Få med deg teater søndag:

Ønsket til Svelgen 30.09.2003

5. oktober viser Sogn og Fjordane Teater "Ønsket" på Svelgen Samfunnshus kl. 1600. Eit teaterstykke for ungdom og vaksne.

Ønsket:

Kjærleik, maktspel, tru og overtru er ingrediensar i teaterstykket "Ønsket" som SOF Teater spelar til hausten. Handlinga føregår på Nord-Island på 1700-talet, men vi finn likevel ulukkeleg kjærleik og trekantdrama som om det var henta frå ein "såpeopera" på TV. Overtru og sterke åndskrefter står sentralt i stykket. "Ønsket" bygger på eit islandsk sagn om Galder-Loftur, og teoligistudenten Loftur er hovudperson i stykket.


Elg i Grytadalen 30.09.2003

I desse hjortejakt-tider er mest truleg ein elg observert nær Magnhildskar-tunnelen. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

På jakt med Elkem 30.09.2003

Svelgen.no har med glede motteke bilete frå jaktlaget til Elkem, og takkar for dette. I dag legg vi ut bilete frå jaktturen lørdag 20. september ved Vingevatn. På denne dagen fekk jaktlaget ei kolle, ein stilk og ein kalv. På bildet nedanfor er f.v. Stig Kjørslevik, Inge Rogne og Kim Kjørslevik i ferd med å slakte eit av desse dyra.
Det flotte biletet nedanfor er teke ved Vingevatn i det tåka er i ferd med å forsvinne.

Rune Buer Johansen på besøk i Svelgen:

Gav inspirasjon til både spelarar og trenar 29.09.2003

Mandag ettermiddag vart STIF sine lillegutar 11 og 12 år trena av Rune Buer Johansen (biletet t.h.), som denne sesongen har vore Sogndal sin beste spelar. Han ligg for tida på 8. plass på VG-børsen blant alle spelarane i Tippeligaen. Buer Johansen har vore skada dei 6-7 siste kampane, og i denne perioden har ikkje Sogndal vunne ein einaste kamp, og har gått frå medaljekandidat til å hamne midt på tabellen. Buer Johansen var i Svelgen i høve at Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av sponsorane til Sogndal, og banken har plukka ut STIF sine lillegutar til ei fadderordning med nokre av Sogndal sine spelarar.

Rune Buer Johansen leia spelarane i ei nærare to timar lang treningsøkt, og spelarane synte stor iver under treninga. Etterpå vanka det pizza på dei lovande spelarane.

Ein av dei som også tykte det var interessant og spennande med besøk av Buer Johansen var lillegutane sin trenar Svein Arne Sandvik (bak t.h.). Sandvik har vore trenar for mange av desse gutane samanhengande sidan 1998, altså i 6 sesongar på rad!! Forutan å vere trenar og oppmann for lillegutane har Sandvik i 2002 og 2003 også vore leiar i Fotballgruppa. Også her gjer han ein kjempeinnsats, og dreg i dei rette trådane slik at Fotballgruppa fungerer godt både sportsleg og økonomisk. Sandvik legg ned svært mange timar for Fotballgruppa kvar veke, noko spelarane og foreldrene innan fotballen i STIF bør sette stor pris på.
På biletet under følgjer spelarane med på instruksjonane til Rune Buer Johansen.


Siste kamp for Tornado/Måløy:

Flott avslutning for Hessvik 29.09.2003

Svelgaren Kennet Hessvik spelte laurdag sin siste kamp for Tornado/Måløy, og fekk ei fin avslutning på tida i Vågsøy. I følgje Fjordenes Tidende var det hans siste kamp i klubben. Hessvik scora 3 mål på 66 minutt, og hadde også ei fjerde scoring i nettet. Dette var då han "stjal" eitt straffespark frå ein av kompisane på laget, men dommaren godkjende ikkje målet. I følgje avisa var dette ei slags takk for sist for ein liknande episode for dei to lagkompisane for nokre år tilbake. Hessvik vart på heimesida til T/M kåra til bana sin beste spelar. Les meir på linken under.

Hessvik har sidan han reiste frå STIF etter 1989-sesongen spelt for klubbane Eikefjord, Florø, Tornado, STIF i sesongen 2000, og dette året for nyskipa Tornado/Måløy. Han gjorde det også godt under prøvespeling for Start tidleg på 90-talet, men ei skade stoppa eit eventuelt spel i høgre divisjonar.

Tornado/Måløy


Svelgengutar med suksess på Fosshaugane 29.09.2003

STIF sine lillegutar hadde ei stor oppleving på Fosshaugane søndag då dei spelte oppvisningskamp i pausa i Tippeligakampen mellom Sogndal og Lyn. Dei fekk også oppleve mykje anna spennande i Sogndal. Les meir om dette på STIF-sida.

STIF-sida

Volleyball

To tap for Kvendseth & co 28.09.2003

Laget til Unn Kvendseth, Cal State Northridge, tapte begge sine kampar i helga. Dette til trass for at Kvendseth hadde høvesvis 12 og 18 poengivande smashar/dippar.

CSN

Eitt lokaloppgjer for STIF neste år 28.09.2003

Etter at STIF i helga sikra opprykk, og dei andre divisjonane no er ferdigspelte, ser det ut til at STIF neste sesong enten møter Bremanger eller Tempo til lokaloppgjer. Desse to laga enda nest sist i høvesvis 4. og 5 divisjon, og dei er begge avhengig av at Jotun vinn kvalifiseringa for opprykk til 2. divisjon for at dei skal overleve i sine divisjonar. Om Jotun taper kvalifiseringa, og blir værande i 3. divisjon, betyr det at STIF møter Bremanger i 5. divisjon og at Tempo rykker ned i 6. divisjon. Bremanger spelte i helga 2-2 mot Tornado/Måløy 2, og vart forbigått av Jølster. I 2002 berga Bremanger plassen i 4. divisjon grunna samanslåinga av Tornado og Måløy. Tempo vann søndag 3-0 mot Førde 2, og tidlegare STIF-spelar Jan Ove Grindheim scora alle tre måla.

På linken nedanfor kan du sjå kva for lag STIF møter i 5. divisjon neste år. Stryn 2 og Loen rykker opp i 4. divisjon, medan Sogndal 3 rykkjer ned i 6. divisjon. Vik rykkjer ned frå 4. divisjon, Bjørn slår følge med STIF opp i 5. dvisjon, og som nemnt vert enten Tempo eller Bremanger det 10. laget.

5. divisjon


Friidrett

Tre frå STIF på samling på Sandane. 28.09.2003

Jørgen Bjørkedal, Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten frå STIF deltok søndag 28/9 på den første samlinga til prosjektet "Sprint and hurdles on the move". Dette prosjektet er i regi av Sogn og Fjordane Friidrettskrins og målet med prosjektet er å få fram sprint- og hekkeløparar på høgt internasjonalt nivå. Det er Fjordenes Tidende som melder dette.

Rørlegger R. Nigardsøy 20 år 28.09.2003

Han er nok nokre få år eldre enn dette røyrleggjar Roald Nigardsøy, men firmaet hans er i år 20 år. Roald Nigardsøy (bilete anno 1983) starta firmaet som 23-åring i 1983 med "ei røyrtang", ein eldre lyseblå Ford Transit, og seg sjølv som einaste tilsett. Sidan den gong har han utvida verksemda steg for steg, til den i dag har sju tilsette. Verksemda tek i hovudsak oppdrag i Svelgen og nærområdet. Elkem er i følgje Firdaposten ein svært viktig samarbeidspartnar, og for å imøtekome deira behov set det store krav til kompetanse og varelager hos firma R. Nigardsøy.

I følgje Firdaposten kom Nigardsøy i vår med i den landsdekkande baderomskjeda "Bademiljø", og i juni reopna han butikken i Rise Næringsbygg (gule bygget nærmast på biletet under) med nytt og utvida vareutval. Dei tilsette i firmaet håpar nysatsinga skal gjere det meir attraktivt å handle lokalt.


God fangst for skipperdebutant 28.09.2003

Dette var overskrifta i ein artikkel i Fjordenes Tidende fredag. Omtalen gjaldt 25 år gamle Jan Ove Langeland frå Sandvika ved Kjelkenes, som på sin første tur som skipper på "Erliner" fekk oppleve at båten fiska 152 tonn til god pris. "Erliner" fiska i 5 veker ved Rock All, og dei fekk 85 tonn lange og 48 tonn brosme. I følgje avisa vart lotten på mannskapet om lag 80 000. Avisa skriv vidare at Langeland kjøpte seg inn i reiarlaget ved nyttår, og at dei er fire eigarar som kvar kontrollerer 22,5 % av aksjane og ein femte person har 10 %.

Symjarane trenar på Eid 28.09.2003

Firdaposten opplyser at symjarane til STIF to gongar i veka reiser til Eid for å trene. Grunnen til dette er at bassenget i Svelgen er stengt fram til 20. oktober grunna vedlikehald. På dei to treningsøktene på Eid legg dei bak seg 9000 meter i bassenget.

Forrige helg gjorde STIF sine unge og lovande det svært godt under eit stemne i Ålesund. Blant dei som imponerte var: Torstein Ask, Ola Rise og Joachim Raknes Forthun. Desse tre er svært så allsidige då dei også er med på fotball og friidrett. På linken under biletet kan du sjå resultata frå Ålesund.

Symjestemne Ålesund


STIF til 5. divisjon 27.09.2003

STIF vann laurdag 3-2 heime mot Vikane/Olden, og rykkjer dermed opp til 5.divisjon. Det var spenning i kampen til det stod att 10. min. Då gjekk STIF opp til 3-2, og det betydde at V/O måtte score to mål for å rykke opp grunna bortemålsregelen. Følg med på STIF-sida i dagane som kjem for kampreferat og namna på målscorarane.

STIF møter no Bjørn IL til kamp om KM- pokalen i 6. divisjon. Det vert også der ein heime- og ein bortekamp. Bjørn slo Gaular høvesvis 5-0 og 4-0, og vert nok ein tøff motstandar for STIF.

Svelgen.no gratulerer STIF med opprykket !! Biletet nedanfor er teke etter kampen laurdag.


94,5 mm nedbør målt fredag morgon 26.09.2003

Ved nedbørsstasjonen til Elkem Energi Bremanger i Svelgen målte ein fredag morgon heile 94,5 mm nedbør.

Ein må tilbake til oktober 1995 for å finne tilsvarande nedbørsmengder i Svelgen. Då fall det 113,5 mm på eit døgn. Dette var det einaste døgnet i perioden 1990 - 2003 med over 100 mm. I januar 2003 målte en 91 mm på eitt døgn. Nedbørsrekorden for Svelgen stammer frå september 1966 då det fall 130,5 mm på eit døgn. I Norddalsfjorden fall det i januar 1992 206 mm, og Norgesrekorden har Indre Matre med 229,6 mm i november 1940.

I følge nedbørsvarselet til DNMI vil nedbøren avta i Svelgen i løpet fredag føremiddag. Frå laurdag morgon skal det i følgje varselet verte opplett, og slik skal det bli også resten av helga.


Optimismen i Svelgen tilbake 25.09.2003

I ein artikkel i Firdaposten går det fram at tilsette i butikkane i Svelgen meinar at optimismen er tilbake i bygda etter at Ovn 5 vart starta opp att.

Avisa skriv også om Ytrehus Sag, som har overteke lokala til Svelgen Byggmarked, og driv butikken vidare under namnet Byggeriet. Byggeriet overtok butikklokala i Samfunnshus- bygningen 1. september.

Firdaposten


Høg pris på næringstomt 25.09.2003

I følgje Fjordenes Tidende har to av dei privatpraktiserande legane i Svelgen, Giritharan og Shanker, planar om å byggje eit helsesenter i Svelgen. Men i følgje avisa kan prisen på den tre mål store tomta gjere at det ikkje vert noko av planane. Kommunenen forlangar nemleg ein million kr pr. mål.

Bygget er tenkt plassert på grusbana nedanfor Svelgen stadion. Bygget, som skal ha ei grunnfalte på 600 kvadratmeter, skal etter planen innehalde legekontor, kommunale helsefunksjonar, fysioterapi og nødfunksjonar som ambulanseteneste.

Til Fjordenes Tidende opplyser Shanker at årsaka til dei nye planane om helsehus er at eksisterande lokale er utgått på dato. Teknisk sjef i Bremanger kommune, Magnhild Myklebust, opplyse til avisa at saka må handsamast av politikarane, som må vurdere om prisen er rett.

På biletet nedanfor, teke hausten 2002, ser ein Svelgen stadion med grusbana nedanfor.


Fotball

7-7- resultatet vekkjer merksemd 24.09.2003

Resultatet 7-7, som STIF spelte i opprykkskampen i helga, vekkjer merksemd også utanfor Svelgen. Onsdag morgon kunne ein difor på morgonsporten til NRK Sogn og Fjordane høyre eit intervju med spelande trenar Stian Bøhmer (biletet) om det merkelege resultatet og om sjølve kampen.

Dette intervjuet kan du høyre ved å klikke på linken nedanfor. Deretter vel du Sportsarkiv og Sporten onsdag, og etter nokre sekund får du høyre Bøhmer. Intervjuet vil ein kunne høyre fram t.o.m. tysdag 30/9.

I intervjuet syner Bøhmer til eit resultat på 6-6 frå 60-talet. Her følgjer eit utdrag frå STIF si historiebok frå 1969: "13. september spelte Florø B og Svelgen uavgjort 6-6 i ein 5. divisjonskamp i Florø. Målscorarar her var Johannes Sandvik (3), Einar Gjerde (2) og Arvid Nyheim. Dette var det største uavgjort-resultatet Svelgen sitt senior A-lag spelte på 1900-talet. I følgje Olav Ommedal så spela Svelgen, som dei fleste andre lag, med systemet 2-3-5 (2 bak, 3 på midtbana og 5 i angrep), då dette var før Brasil sitt landslag innført 4-4-2-systemet. Ei typisk kamputvikling med 2-3-5-systemet var at halfane (midtbanespelarane) vart trøytte eit stykke ut i 2. omgang. Då vart det ofte fem angriparar mot to backar (forsvararar), noko som medførte mange mål". Denne boka kjem i sal i november 2003.

NRK S. og Fj. lyd


Enger lansert som mogeleg leiar i Statoil 24.09.2003

Adm. direktør i Elkem, Ole Enger, er lansert som mogeleg arvtakar etter Olav Fjell i Statoil.

Enger er i Svelgen i desse dagar.

Dagens Næringsliv


Vinteren på veg.... 24.09.2003

Dei siste kveldane og morgonane har temperaturen i Svelgen lege på om lag 5 gr. C. I dag, onsdag, ligg snøen ned til om lag 500 m over havet.

Siste veka har det kome om lag 100 mm nedbør i Svelgen, jamnt fordelt over dei fleste dagane utanom fredag og laurdag. I følgje nedbørsvarselet for Svelgen skal det regne ganske mykje fram t.o.m. fredag, og noko mindre i helga.


I Svelgen søndag 28/9 kl. 1700:

RCNUWC sitt internasjonale show 24.09.2003

I forbindelse med Svelgen Røde Kors sitt arrangement med basar i helga vil 30 studentar ved skulen RCNUWC i Fjaler kommune sundag 28. september gjeste Svelgen Samfunnshus, med eit ein times langt og fargerikt show med fokus på skulen og røde kors sitt felles idegrunnlag. Framsyninga tek til kl. 1700.

Showet har tittelen "The Power of Humanity", som også er Røde Kors sitt internasjonale slagord. Gjenom song, musikk, dans og sketsjar prøver studentane å syne korleis folk frå ulike kulturar og generasjonar kan arbeide saman mot felles mål. RCNUWC byggjer på humanitære og nordiske verdiar og arbeidar for å fremje medvit om ulike miljøspørsmål. Showet har det siste halvåret vore synt på ulike stadar i og utanfor fylket, m.a. ved det årlege Ridderrennet på Beitostølen, der det vart møtt med overveldane respons.

Gå ikkje glipp av denne spektakulære framsyninga!


Fotballfesten for vaksne 24.09.2003

Denne tradisjonsrike festen vert i år arrangert lørdag 18. oktober på Svelgen Hotell. Fotballgruppa vil også dette året berre sende ut invitasjon til dei som har vore aktive på ulike måtar innan fotballen i 2003. Men dette betyr ikkje at dei som har vore med i fotballmiljøet tidlegare år ikkje er velkomne til å delta på festen. Les meir om dette og sjå den generelle invitasjonen på STIF-sida.

Påmeldingsfristen er søndag 12. oktober, og påmelding skal gjerast til Svelgen Hotell.

På biletet under ser ein fem av dei glade prisvinnarane på Fotballfesten i 2002.


STIF-sida


Svelgar vann Extra 23.09.2003

Kurt Svarstad frå Svelgen vann i kveld 11100 kroner i Extra på NRK. Det var potten på 100000 som vart fordelt på ni spelarar landet over. Kurt var den einaste frå vår landsdel som vann.

Vi gratulerer!


122 personar besøkte Vingen i sommar 23.09.2003

Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Medlemar på kurs i operativ leiing 23.09.2003

Forrige veke deltok Asbjørn Sande og Leo Cirotzki på kurs i operativ leiing barmark for frivillige redningsmanskap. Kurset vart halde på Merket på Golsfjellet. Du kan lese meir om kurset på Norges Røde Kors si heimeside. På biletet nedanfor ser du Asbjørn Sande (t.h.) i aksjon på kurset.


Norges Røde Kors

Fotball

Opprykkskampane 22.09.2003

På STIF- sida kan du no lese referatet frå 7-7- kampen mot Vikane/Olden. Også på Sport på Firdaposten.no finn du eit referat med bilde.

På STIF-sida går det fram at heimekampen mot det same laget går på Svelgen stadion laurdag 27/9 kl. 1600. Med siger eller uavgjort (under 7-7) kan trenar Stian Bøhmer (biletet) feire opprykk med sigersdans på Fotballfesten 18/10.

STIF-sida


Kvalifisering for 5. divisjon:

STIF spelte 7-7 !!!!!!! 21.09.2003

Tru det eller ei, i kvalifiserinskampen for opprykk til 5. divisjon spelte STIF søndag uavgjort 7-7 borte mot Vikane/Olden. Eit svært uvanleg fotballresultat. Uansett skulle STIF ligge svært godt an for opprykk ved eit uavgjortresultat på heimebane komande helg, då bortemålsregelen gjeld.

Med dette sette STIF endå ein ny klubbrekord, då klubbrekorden på 6-6 frå 1969 vart slegen.

Følg med på STIF-sida i dagane som kjem, og les trenar Stian Bøhmer sitt referat frå den målrike kampen.


Volleyball

Storspel av Kvendseth 21.09.2003

Unn Kvendseth frå Svelgen storspelte i helga då laget hennar, Cal State Northridge, vann 3 - 2 i ein svært jamn kamp mot Idaho Vandals. CSN låg under 0-2 i sett, men kom tilbake og vann kampen. Kvendseth hadde mellom anna 18 poenggivande smashar/dippar (kills), og var den på CSN som hadde flest slike.

CSN har vunne 5 av 9 kampar denne sesongen.

Les meir på heimesida til CSN.

Cal State Northridge


Teater i barnehagane i Svelgen 21.09.2003

Les meir på heimsida til barnehagane.

Barnehagane i Svelgen

Meisebakken

Nytt vegnamn i Svelgen 21.09.2003

I følgje heimesida til Brødrene Mundal er Meisevegen det nye namnet på vegen frå Strandvegen til Gunnar Schjelderupsveg i Breivika i Svelgen.

Med dette namnet ser det ut som ein valt å følgje praksisen med fuglenamna som er på andre vegar i nærområdet, som Spettebakken, Erlevegen, Trostevegen, Orrevegen og Tiurvegen.

På heimesida til Brødrene Mundal kan du lese meir om nyebygget i Meisevegen 1, og arbeidet på Sætrefjellet for Bremanger Quarry.

Brødrene Mundal


6. divisjon avd. 4

Terje Nybø på scoringstoppen ved sesongslutt 20.09.2003

Terje Nybø (biletet) frå STIF og Arne Refsnes frå Stadtlandet scora begge 16 mål i årets 6. divisjon, og vart med det toppscorarar i avdelinga. Det er Haugen IL si heimeside som melder dette.

Elles scora Arne Rebni og Andrè Gjerde, begge frå STIF, høvesvis 10 og 9 mål. Frode Hessvik scora 6 mål på 4 seriekampar i sommar.

Haugen IL


Rekordlav lønsvekst i industrien 20.09.2003

Det ligg an til ein rekordlav lønsvekst på 3 prosent i prosessindustrien i år. I motsetning til tidligare får funksjonærane ikkje noko ekstra i høve til arbeidarane.

Ferske tal for om lag 20 000 tilsette i prosessindustrien syner at dei får ein vekst i årsløna på 3 prosent i år. Tala omfatter 43,3 prosent av alle tilsette i bedriftene som er medlemar i Prosessindustriens Landsforbund (PIL). Alle dei store bedriftene Hydro, Statoil, Borregaard, Norske Skog og Elkem er inkludert i tala.

Les meir i Aftenposten.

Aftenposten


Namnet Svelgen:

Brukt om mangt og mykje 20.09.2003

Det er ikkje berre bygda Svelgen i Bremanger kommune som nyttar namnet Svelgen. Mellom Sotra og Øygarden, utanfor Bergen, ligg ei bru som har namnet Svelgen bru (bileta). I Smaalenenes Avis på nett (sjå link under biletet nedanfor) kunne ein i sommar lese ein artikkel om bl.a. boligfeltet Svelgen i Hobøl. Og i ein amerikansk film frå 1996, "2 Days in the Valley", var Helga Svelgen ein av rollefigurane. Helga Svelgen, som var norsk, vart spelt av Charlize Theron. I telefonkatalogen på nett får ein opp om lag 15 ulike personar med etternamnet Svelgen. Veit du fleire tilfelle der namnet Svelgen vert nytta, så send ein mail til Svelgen.no.

Visste du forresten at fjordbotnen innst i Nordgulen, som no vert kalla Svelgen, ikkje hadde noko stadnamn fram til rundt 1912? Fram til dette nytta ein ord som "bunden af Nordgulen fjord", eller gardsnamna Sande eller Rise. Bygda vart kalla Svælgen nokre år, så kom nokre år Svælgen og Svelgen vart nytta om ein annan, før ein til slutt enda opp med namnet Svelgen. Meir om stadnamnet til bygda innst i Nordgulen kan du lese om i historieboka om Svelgen Turn- og Idrettsforening, som kjem i sal i november 2003.


Smaalenenes Avis


Volleyball

STIF påmeldt i 2. divisjon herrar 19.09.2003

I følgje heimesidene til Region Midt er STIF også i sesongen 2003/2004 påmeldt i 2. divisjon for herrar. I motsetning til forrige sesong ser det ut til at det blir eigen serie i Sogn og Fjordane, og at STIF slepp å reise til Ålesund og Molde for å spele kampar.

I følgje den same sida har den aktive Volleyballgruppa i STIF også i år teke på seg å arrangere turneringar for yngre. 10. januar går KM for 13 og 17 år av stabelen i Svelgen Idrettshus, og 13. eller 14. mars vert det arrangert serieturnering for 13- og 15- års lag.

NVBF Region Midt


Kvalifisering for opprykk til 5. divisjon

STIF spelar i Innvik søndag 19.09.2003

Søndag 21/9 kl. 1500 spelar STIF om opprykk til 5.div. mot Vikane/Olden på Innvik Stadion. I følgje trenar og oppmann Stian Bøhmer går returkampen på Svelgen stadion truleg laurdag 27/9.

Det er andre gong i historia at STIF sitt A- lag spelar opprykkskampar etter avslutta seriespel. I 1976 slo STIF først Eivindvik med 3-0 heime etter mål av Terje Førde (2) og Olav Ommedal. Deretter slo STIF Balestrand borte med 4-2 etter mål av Geir Atle Nilsen (2), Roger Føleide og Terje Førde. Etter dette var det klart at STIF for første gong rykte opp frå lågaste divisjon. Trenar i 1976 var Ragnfred Ommedal.

STIF har denne sesongen sletta ei rad rekordar. Rekordane på 8 sigrar på rad frå 1976 og 1977 vart sletta, og A-laget gjekk for første gong gjennom ein serie utan poengtap. Den siste rekorden dei sette var å score 74 seriemål, noko som var eitt meir enn rekorden frå i fjor. Rett nok spelte STIF to kampar meir i år enn i 2002. STIF scora i år 5,3 mål i snitt pr. kamp, mot 6,1 i fjor.

Sjå også STIF- sida.

STIF-sida


Høg snittalder i det nye kommunestyret 18.09.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Nye datoar for Keramikk- kurs 18.09.2003

Det blir arrangert nybegynnerkurs i Keramikk av Svelgen Keramikk i høst,
for voksne over 18 år. Kurset vil gå over 6 uker.
Torsdager fra kl.19.00 til 21.30, i kjelleren på Realen

Vi vil gå igjennom emner som:
pølseteknikk (Wenny Vårdal),
modellering (Johanna Midthun)
dreiing (Anita Ingebrigtsen).

START: Torsdag 2. oktober!!!

PRIS: 800,- (Materiale kommer i tillegg)
Max antall deltakere pr. kurs er 6. (min 3)

Påmelding innen 1. oktober: Anita 48119849


Sogndal sin beste spelar i 2003 til Svelgen 18.09.2003

Les meir på STIF- sida.

STIF- sida

Aktivitetsliste for Svelgen samfunnshus 18.09.2003

Det er no sett opp aktivitetsliste for Svelgen Samfunnshus a.l hausten 2003. Det er mykje forskjellig som skjer. Klikk innom linken og set av nokre helgar til eit besøk på Svelgen samfunnshus. Husk også at det er bingo kvar einaste torsdag kl. 1830 i småsalen. Der kan du oppleve nokre timars spenning, samt betydelege pengegevinstar kvar veke.

Svelgen Samfunnshus a.l.

Søndagsfilmen Svelgen kino:

Lara Croft: Tomb Raider 18.09.2003

Søndag viser Svelgen kino filmen Lara Croft: Tomb Raider, Livets vugge. Filmen har 15 års aldersgrense og tek til kl. 2000.

Litt om filmen: "Pandoras Eske", som sies å huse en ubeskrivelig ondskap, ligger gjemt på det afrikanske kontinentet, i et område kjent som "Livets Vugge".

Den stormannsgale professoren Dr. Jonathan Reiss (Ciarán Hinds) er besatt av idéen om å temme de onde kreftene som finnes i Esken. Nå er det opp til "tempelrøveren" Lara Croft (Angelina Jolie) å finne den sagnomsuste Esken før den faller i Reiss' hender. Reiss må stoppes for enhver pris, og Lara Croft er siste skanse i kampen for å bevare Livet som vi kjenner det, og hindre den skruppelløse Reiss i å oppnå sin ytterste målsetning; verdensherredømme.

FILMWEB


16 kroner for barnehageplass 18.09.2003

Bremanger kommune har vedteke å endre foreldrebetalinga i barnehagane frå kroner 18,50 til 16 kroner timen.

Det vil seie ein reduksjon frå 3.145 kroner til 2.720 kroner per månad for ein heil barnehageplass. Bakgrunnen for vedtaket er at tilskotet frå staten auka monaleg frå 01.08.03, og at denne auken var øyremerkt reduksjon i foreldrebetalinga både i offentlege og private barnehagar. Dei nye satsane gjeld frå 1.august 2003, melder Firdaposten.no.


God start på jakta i Sørgulen 17.09.2003

Fra jaktleiar i Sørgulen.

Vi hadde ei historisk bra uttelling på første jaktdag (lørdag). Vi var 12 mann på laget som stilte opp. Det starta med 3 stk ungdyr på innmark om morgenen, etter det gjekk vi eit vanlig drev med posteringer og drivere . Resultat blei 4 eldre bukker 4 ungdyr 1 kalv til sammen 12 fyrste dag.

Søndag blei det 1 kolle med kalv. Felt 14 dyr sett hjort 35 dyr. Ein av våre jegere hadde nærkontakt med ein stor bukk, som kom opp ein smal rås samtidig som jeger var på vei ned . Vedkommende var berre halvmeteren fra dyret, han rakk ikkje skyte. Hjorten bråsnudde ned igjenn og blei felt av ein anna jeger. Jeger kom fra det med sjokket.

Mvh Arne Sørgulen.


Aina med butikk frå 19. 11 17.09.2003

Aina Alfredsen Førde startar opp med blomsterbutikk på gamle Keipen den 19. november.

STIF vann alle 14 seriekampane i 6.div. 16.09.2003

I Fotballgruppa sin 40. sesong makta A- laget for aller første gong å vinne alle seriekampane i ein sesong. Dette vart klart etter at STIF tysdag slo Skavøypoll 2 6 - 1 borte.

Vikane/Olden spelte 1 - 1 heime mot Hyen, og det er dermed klart at det er Vikane/Olden STIF møter til opprykkskamp til helga.


Lillegutane til STIF:

Skal spele forkamp på Fosshaugane 16.09.2003

28. september spelar Sogndal heime mot Lyn i Tippeligaen. Før denne kampen spelar STIF sine gutar 11 og 12 år mot Høyang.

Les meir på STIF- sida.

STIF- sida


Det nye kommunestyret: 16.09.2003

Slik vil det nye kommunestyret sjå ut:

ARBEIDARPARTIET: Kåre Olav Svarstad, Anette Forthun, Espen Gulliksen, Nina Grotle, Bjørn Nygård, Per Inge Igland, Oddbjørg Førde, Grete Hennøy, Aud Marit Sortevik og Geir Ask.

SOSIALISTISK VENSTREPARTI: Isak Berle og Åse Leirgulen.

VENSTRE: Kåre Jarl Langeland.

HØGRE: Roar Førde, Jorunn Frøyen, Gunnar Mundal og Audun Røys.

FRAMSTEGSPARTIET: Sylvi Løvseth.

KRISTELEG FOLKEPARTI: Tore Myklebust og Johan Vadøy.

SENTERPARTIET: Einar Kjerpeseth, Lars Myklebust og Gerda Frøyen.


Svarstad ny ordførar 16.09.2003

Med ein oppslutning på 41,3 prosent sikra Arbeidarpartiet seg ti plassar i kommunestyret i Bremanger. Dette vart klårt langt på natt etter ei langvarig og nervepirrande oppteljing av stemmene. Med støtte frå SV blir Kåre Olav Svarstad (50) ny ordførar i Bremanger kommune, skriv Firdaposten.

Fp

Fotball

Tidlegare STIF/Svelgen- damer kjempar om opprykk 14.09.2003

Eid sitt nyopprykka lag i 2. divisjon, har alt vunne avdelinga si og skal no spele kampar for opprykk til nest høgste divisjon. På laget spelar Lisa Skarstein, som tidlegare budde i Svelgen, og Mariann Sigdestad frå Ålfoten, som spelte på jentelaget til STIF i mange år. Også Jonna Grønstrand, no busett i Svelgen, spelte dei fleste kampane på laget i vårsesongen.

Eidaportalen

Fotball

STIF sikra 13. siger på rad på overtid 14.09.2003

Sjå kampreferat på Haguen IL si heimeside.

Hyen vann sin kamp i 6. div.avd. 3 fredag, så då blir det toppkampen i denne avd. komande tysdag som avgjer kven STIF møter i kval.kamp for opprykk til 5.div. Då møtast Olden/Vikane og Hyen, og Hyen må vinne for å gå forbi heimelaget på tabellen.

Haugen IL


Ny bridgesesong 14.09.2003

Den nye bridgesesongen i BK Syver'n startar opp att mandag 15.september. Spelekveldane vert som vanleg mandagane kl. 17.30 på Trolloftet framover. Alle er velkomne.

TAKK!! 13.09.2003

Vi ynskjer å sende ei stor takk til folk i Svelgen og omegn for engasjementet kring loppemarknaden 6. september.

Takk til dykk som gav og kjøpte lopper.

Takk til alle foreldra som hjelpte til.

Tilbakemeldingane har vore gode, folk synest det var kjekt med loppemarknad og har sakna det.

Vi er veldig glade for resultatet og kjem tilbake med nytt loppemarknad våren 2005.

Vi sjåast då.

Med helsing loppekomiteen i Svelgen Skulemusikk Aud Marit, Anne Karin og Dina Lise.


Kvalifisering for 5. divisjon:

STIF møter Nordfjord- lag 11.09.2003

Fotballkrinsen har no trekt kven STIF skal møte i kvalifiseringa for opprykk til 5. div., og resultatet vart at STIF møter vinnaren i avd. 3. Kven det blir vert mest truleg avgjort 16. sept. når Vikane/Olden møter Hyen. Hyen må vinne den kampen, samt kampen mot Hornindal 2 12/9, for å vinne avdelinga.

Det er opp til STIF og motstandaren å bestemme datoane for dei to kampane, men kampane må spelast innan 28/9.

Fotballkrinsen


Miniputt- turnering i Svelgen søndag 11.09.2003

Søndag 14/9 samlast i alt 38 lag frå 5 klubbar i Sunnfjord seg til miniputturnering i Svelgen. STIF deltek med 4 lag i årsklassane f.o.m. 1993 t.o.m. 1996.

Kampane byrjar kl. 1030 og dei siste kampane tek til kl. 1500. Møt opp og sjå stor idrettsglede.


Ting på gang i Svelgen 10.09.2003

Vi svelgarar har hatt eit noko magert tilbod på butikkar det siste året. No er også firmaet Bremanger Skinn & Bein historie. Men enkelte ting kan sjå ut til å komme i orden igjen. Svein Vågene held på å legge til rette for møbel og kvitevarebutikk i lokala der Joker Mat var tidlegare. I tillegg vil han starte opp med sko i klebutikken.

Det vil truleg også komme ein blome- og gåvebutikk på gamle Keipen.

Og i bakarhuset skal det startast opp eit tilbod som skal romme både elevbedrift og noko å gjere for dei som ikkje kan ta seg vanleg arbeid.

Så det er mykje spennande som skjer, og no må vi vere flinke å støtte opp om dei som satsar, slik at vi får behalde tilboda!


I dag startar jakta 10.09.2003

Bremanger kommune har i mange år vore på topp når det gjeld talet på felte dyr. Men dei siste åra har vi mist tittelen som hjortekommune nr. 1, og i fjor vart det felt 515 dyr. Mange som ikkje jaktar sjølv tykkjer det er spennande å følge med. Bremanger hjorteutval har si eiga nettside der du kan sjå resultata for dei ulike valda.

Bremanger Hjorteutval

Fotball

Terje Nybø framleis toppscorar 09.09.2003

I følgje Haugen si heimeside er Terje Nybø frå STIF er framleis toppscorar i 6. div.avd. 4.

Haugen IL

Kvalifisering for 5. divisjon:

Sansynlege motstandarar for STIF 08.09.2003

Når 1 - 2 kampar står att i 6.div.avdelingane er det no nokså sikkert at STIF slepp å møte nokon av 2. laga til klubbar i høgre divisjonar til kampar om opprykk til 5. divisjon. Dette er bra med tanke på at klubbane som har 2. lag som kjempar om opprykk ofte lar 1. lagsspelarar spele opprykkskampar om 1. laget ikkje er med i kampen om opp- eller nedrykk i sin divisjon.

2 og 2 av vinnarane i dei fire 6. divisjonsavdelingane møtast til heime- og bortekamp, og samanlagtvinnarane i desse kampane er klar for både opprykk til 5.divisjon og spel mot det andre opprykkslaget om KM- finale. Også KM- finalen vert spelt heime og borte.

Tabellar for dei fire 6.div.


Referat frå Stadtlandet - STIF 08.09.2003

Dette finn du på STIF- sida

STIF-sida

Sunnfjordmeisterskapen

Friidrettsutøvarane imponerer 08.09.2003

Under DM i Førde laurdag gjorde STIF sine yngre utøvara det skarpt og henta heim i alt 8 gullmedaljar. Trenar Ingvald Ytrehus var spesielt nøgd med høgdeøvingane denne helga, men også i lengde vart det oppnådd svært gode resultat.

Les meir på STIF- sida.

STIF- sida


Friidrett

Resultatliste frå Sunnfjordmeisterskapen 08.09.2003

Sjå denne på friidrett.no

friidrett.no

Datoen for Fotballfesten er spikra 08.09.2003

Les meir om dette på STIF- sida.

STIF- sida

Fotball

STIF vann borte mot Stadlandet 05.09.2003

STIF vann fredag kveld 4 - 3 borte mot Stadlandet i 6. divisjon. Dette var STIF sin 12 siger på rad.

På STIF- sida kan du no lese referat frå forrige heimekamp mot Haugen.

STIF - sida


Ope hus på Moldahytta søndag 7/9 05.09.2003

Styret i Keipen Turlag inviterer til Ope hus på Moldahytta søndag 7. september frå kl. 1200 - 1500. Det vert servering av suppe/buljong og kaffe/te.

6 personar tekne i fartkontroll i Svelgen torsdag 05.09.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Kalvågarane får ikkje førehandsrøyste 04.09.2003

Folket på Kalvåg må reise til Bremanger for å førehandsrøyste i samband med kommune- og fylkestingsvalet.

Dersom du av ein eller annan grunn, som du ikkje treng å oppgje, ynskjer å stemme før valet kan du gjere dette på rådhuset i Svelgen, på butikken i Bremanger eller på Davik.

Men på Kalvåg kan du altså ikkje levere stemmesetelen før valdagen.

Kalvågportalen


Skule valet: 04.09.2003

Få stemmer kan vere avgjerande ved kommunevalet i Bremanger, slik det var ved skulevalet.

Redaksjonen oppmodar ALLE om å bruke stemmeretten under valet.


Erling Sande (Sp) vann skulevalet

Populær Bremanger-politikar 04.09.2003

Senterpartiet er den store vinnaren av skulevala ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Partiet har fått 29,9 prosent av røystene til elevane.

Fylkestingskandidat for SP Erling Sande frå Davik forklarar suksessen med at dei har satsa på lokale saker og ført ein valkamp med mykje godt humør.

SP er godt føre Sosialistisk Venstreparti, som også gjorde det sterkt ved årets val med 19,1 prosent.

Framstegspartiet fekk 18 prosent, medan Arbeidarpartiet fekk 13,7 prosent av røystene.


Friidrett

God innsats av STIF sine friidrettstalent 04.09.2003

I helga deltok Kim Leirvik frå STIF i 15- årsklassen under NM for ungdom 15 - 18 år på Overhalla. Leirvik vart nr. 8 i tresteg med 10,73 m og nr. 10 i lengde med 5,14 m. Også Tor Inge Øvrebotten var kvalifisert, men han deltok ikkje. I følgje trenar Ingvald Ytrehus er det ein stor prestasjon berre å kvalifisere seg til dette NM.

Under ein krinslagskamp mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland på Askøy (også kalla Vestkampen), deltok Jørgen Bjørkedal i 13- årsklassen. Bjørkedal gjorde det svært godt og vann mellom anna lengde med 4,96 m i motvind. I høgde vart han nr. 3 med 1,40 m, på 60 m hekk vart det 4. plass med 11,12 sek., og i kule (3 kg) vart han nr. 5 med 8,75 m. Sogn og Fjordane vann Vestkampen.

Ingvald Ytrehus opplyse til Svelgen.no at friidrettsgjengen i helga skal delta i Sunnfjordsmeisterskapen med 9 utøvarar frå 12 - 15 år.

På biletet nedanfor, som vart teke før sommarferien, ser ein trenar Ingvald Ytrehus (ståande bak) akkurat har gjeve startsignal til f.v. Kim Leirvik, Jørgen Bjørkedal og Mats Dyrstad. På biletet ser ein dei vanskelege forholda friidretten har slite med nokre år no. Etter mykje godt arbeid utført av/organisert av eldsjela Ingvald Ytrehus, har grassituasjonen på løpebana no betra seg. Til neste år håpar Ytrehus at ein får på plass rødstubbdekke på løpebana.

Som mange har lagt merke til i heile vår, sommar og haust, har Ytrehus jobba full dag (og vel så det) med dugnad på Svelgen Stadion. Eit arbeid som ikkje berre har kome friidretten til gode, men heile STIF og Svelgen sentrum gjennom at Stadion tar seg finare ut der den ligg midt i bygda.


Vestkampen


Nestleiaren i KrF Knut Arild Hareide:

Møtte få tilhøyrarar i Svelgen 04.09.2003

Knut Arild Hareide var tysdag invitert til TV2 programmet Tabloid med Pål T. Jørgensen og debatt med Carl I. Hagen kring spørsmålet om landet i det heile tatt treng sentrumspartia. I staden prioriterte nestleiaren i KrF folkemøtet på Svelgen Samfunnshus som berre samla ni tilhøyrarar.

- Eg er her like mykje for å lytte og lære som å drive valkamp, seier Knut Arild Hareide til Svelgen.no

Han fekk sjå heile Bremanger kommune, og var serleg imponert over fiskeriverksemda Rolf Domstein har bygd opp på Kalvåg.

- Ingen skal komme å fortelje meg at det er kostbart å halde oppe levande bygder. Der er jo her verdiane vert skapt! Eg er sjølv utdanna økonom og vert utruleg irritert når eg høyrer folk med same utdanning hevde at det er for dyrt å halde liv i distrikta. Dei har ikkje forstått nokon ting. Bygdene skapar verdiar byane nyt godt av, fastslo nestleiaren i KrF, Knut Arild Hareide.

Hareide var personleg rådgjevar for Jon Lilletun då han var utdanningsminister, og fekk dei få tilhøyrarane til å humre då han fortalde at han tidlegare vart kalla bittelilletun. - Endå artigare var det når biskopen trudde eg var livvakta hans. Stor og sterk er eg no ikkje akkurat, sa Hareide.

Men sterke meiningar har han. Om skule, eldreomsorg, rusbrus, familiepolitikk og levande bygder.

Tidlegare på dagen hadde han reist fastlandssambandet frå ytre til indre Bremanger. Han vart imponert over skulane han passerte med få mils mellomrom. Vegane hadde han ikkje så mange godord å seie om.

- Eg forstår godt at den siste parsellen på fastlandssambandet er viktig for Bremanger kommune. Vi brukte 70 minutt frå ytre til Svelgen, og etter det eg er blitt forklart kan reisetida bli nedkorta til 20 minutt dersom den siste biten vert fullført. Ja, eg må understreke at eg hadde ein kjempefin tur i ei vakker kommune, men eg forstår godt at dei som pendlar og driv næringsverksemd har trong for litt betre samferdsle, seier Hareide.


Utsette foreldrebetalingssaka 04.09.2003

Plan- og utviklingsutvalet utsette saka om å sette ned satsane på barnehagane til neste møte.

Det var i utgangspunktet foreslått å senke prisen til 15.50 pr. time. Dette ville for ein heil plass bety 2635 kroner, mot 3145 no.

I følge ordførar Einar Kjerpeseth vart saka utsett fordi det framleis gjenstår noko finrekning på beløpet.

- Men det er politisk semje om å bruke statstilskotet etter intensjonen, og prisen vert innført med tilbakevirkande kraft frå 1. august, seier ordføraren.


Kulturdag på Davik laurdag 04.09.2003

Laurdag vert det kulturdag på Davik. Det blir uteleikar for barna på den fine nye uteplassen på skulen. Kl. 1400 opnar ordførar Einar Kjerpeseth Borgstova og seinare på kvelden er det både jamsession, ungdomsdans og ikkje minst konsert med Karoline Krûger i Davik Kyrkje. Foldar har du fått i posten, men viss du ikkje kan finne den att, ligg det fleire på biblioteket på rådhuset.

Fotball

Svelgarar og Sogndal- fotballen 02.09.2003

I desse dagar kjempar Sogndal for å klare medalje i Tippeligaen, og ein del svelgarar tar jevnleg turen til Sogndal sine heimekampar.

Men for ein del år tilbake i tid var nok interessa for Sogndal sine kampar endå større blant svelgarar, då bygda hadde "sin eigen" spelar på laget. I 1988 vart Sogndal nr. 6 i øvste divisjon, som den gong vart kalla 1. divisjon, og dette er framleis klubben sin beste plassering i norsk seriefotball. Klubben sin beste spelar den sesongen var utan tvil Arild Førde, ein 25- åring frå Svelgen. Den sesongen vart Førde kåra til den 4. beste av samtlege spelarar i 1. divisjon på VG- børsen. På biletet ser ein Førde (t.v.) saman med Rune Bratseth, som nyleg vart kåra til Norge sin beste fotballspelar siste 50 åra. Biletet vart teke under den første av to senior A- landskampar Førde vart utteken til i 1988. Førde spelte for STIF t.o.m. 1983, og fekk i alt med seg 10 sesongar i Sogndal- trøya.

I STIF si historiebok, som vert mogeleg å kjøpe frå midten av november, kan ein følgje Arild Førde og dei andre svelgarane som har hevda seg i toppidretten, også etter at dei forlot STIF.


Knut Eimhjellen:

Vi saknar vår gode nabo Helge 02.09.2003

Les meir i Firdaposten

Firdaposten

Nedbørsmåling i Svelgen:

Tredje mest nedbørsrike august månad sidan 1939 01.09.2003

Det fall 351 mm nedbør i Svelgen i august 2003, mot normalen som er berekna til 187 mm. Berre 364 mm i 1962 og 384 mm i 1982, har vore verre/betre - alt etter korleis ein ser på saka.

56,6 mm var det meste som kom på eit døgn, og 13 døgn var heilt utan ein dråpe i nedbørsboksen.


Heldig bilkjøpar frå Svelgen 01.09.2003

Bruktbilforhandlarane i Førde hadde i helga lova ut 50 000 kr. i premie til ein av bilkjøparane som kjøpte bruktbil til over 100 000 kr. 40 bruktbilar i denne prisklassen vart selde frå fredag til søndag, og den heldige vinnaren vart Mona Pedersen frå Svelgen. Dette melder Firda.

Dag Eikeland, opprineleg frå Svelgen, var ein av dei som stod bak salstrikset. Eikeland er leiar i bilgruppa i Førde, og er elles dagleg leiar ved AutoForum i Førde og Florø.


Meir om den sakna frå Svelgen 01.09.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars