Arkiv Mai 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Nye AmCar-stunt under planlegging 31.05.2007

I anledning Svelgen Amcar-klubb sitt 15 års jubileum har svelgen.no fått audiens i klubbhuset i Breivika. Og der føregår det hemmelege ting. Ein gammal svenske blir offer i årets stunt - altså ein Volvo. Tidlegare år har bilar blitt delt i to, campingvogner har blitt tilintetgjort i halsbrekkande show - og i år er det altså ein Volvo som får gjennomgå. Nøyaktig kva som skal skje får vi ikkje vite, men som de ser av bildet er forarbeidet godt i gang med Henning Karlsvik, Morten Gulestø og Christian Gulhaugen. Amcar-klubben har som sagt jubileum i år, og vil verkeleg markere dette under Svelgentreffet 2007.

Det startar fredag 8. juni med mottak av deltakarar og utegrill med musikk. Nytt av i år er at det blir skikkelig markert opning med lokale musikarar og Elvis frå Måløy. Dette er kl. 11 lørdag.

 

Deretter vert det 4x4 i Kupa og minidrag/motorshow i Svelgen sentrum. Laurdagskvelden vert det dans i idrettshallen med Liv Marit Wedvik og Kruttrøyk. Og der håper arrangørane at både svelgarar og andre stiller opp i hopetal. I Kruttrøyk spiller som kjent svelgaren Jens Petter Dyrdal - så det er berre å sette nasen heim att alle de som har reist frå bygda vår!

Søndag er det mellom anna bilutstilling med eigen Hot Rod-stand, Biltilsynet kjem med sin eigen Veltepetter, det vert radiobilløp for store og små og cruising for barna.

Det er premiering i alle klassar. 

svelgen.no kjem attende med meir etterkvart.


Stilling ledig:

Organisasjonsutvikler ved Elkem Bremanger 31.05.2007

Elkem Bremanger søker etter organisasjonsutvikler. Arbeidsområdet for denne stillingen vil være innen:

HR- strategi, organisasjonsutvikling, rekruttering, ledelsesprosesser, utviklingsaktiviteter og kompetanseutvikling. Bistå i utøvelsen av helhetlig motiverende personalledelse.

Stillingen er meget sentral for å videreutvikle Elkem Bremangers ledende posisjon som leverandør til verdens elektronikkindustri. Bedriften kan tilby en svært utviklende stilling i et teambasert kompetansenettverk med dyktige medarbeidere og eksterne samarbeidspartnere. Stillingen som Organisasjonsutvikler rapporterer til verksdirektør Silisium.

Stillingen som Organisasjonsutvikler krever evne til tverrfaglig samarbeid.

Se hele annonsen under Stilling ledig til venstre.


Allsidig person innan byggservice 31.05.2007

Bygg og Reinholdsservice søker  etter ein allsidig person innan byggservice. Arbeidsoppgåvene vil spenne over eit vidt spekter – som snikering, forskaling, kjerneboring, stillasbygging, div maling, flis arbeid og skadebegrensning og anna service arbeid. Sjå heile annonsa under Stilling ledig til venstre.


Ledig vikariat for førskulelærar 30.05.2007

Det er ledig 100 % vikariat for førskulelærar i barnehage ved Svelgen oppvekst i perioden f.o.m. 01.08.07 t.o.m. 31.07.08. Bremanger kommune søkjer etter fleksible og utviklingsorienterte personar med førskulelærarutdanning. Sjå Ledig stilling til venstre.

Båtmagasinet kårer ÅRETS GJESTEHAVN 2007 30.05.2007

Kalvåg på førebels 4. plass i kåring av årets gjestehavn 2007:

 
I sommer kan du være med på å avgjøre hvem som fortjener tittelen ÅRETS GJESTEHAVN 2007. Den gjestehavnen som har fått flest stemmer 15. august klokka 16.00, har vunnet.

www.gjestehavner.no kan du til enhver tid følge med på hvilken havn som leder.

Flotte premier
ÅRETS GJESTEHAVN får tildelt en solid ljugekrakk som kan plasseres i havnen som bevis på utmerkelsen. Den høytidelige overrekkelsen av krakken skjer under en markering på Båter i Sjøen 6. september.
I tillegg blir havnen - og dens hjemmekommune - profilert spesielt i både Båtmagasinet og Norske Gjestehavner.
Det vanker også fine premier til noen av dem som er med på avstemmingen. Det blir trukket ut en vinner av:
Båtmagasin bag - capser - Båtmagasin T-skjorter og drammeglass.

Slik blir du med
Du finner stemmeskjema på www.gjestehavner.no

Du kan stemme på flere gjestehavner, men kun EN stemme pr havn.

 
 


Nytt bygg under planlegging i sentrum 30.05.2007

Verksemda Delta AS skriv i eit brev til kommunen at dei no ynskjer  å kjøpe sentrumstomta dei har opsjon på. Dei skal føre opp eit bygg som både skal huse matbutikk, areal til forretning og bustadar. I brevet skriv Dag Eikeland (som for øvrig er oppvaksen i Svelgen), at han har vore i kontakt med teknisk sjef for å få gjennomført handelen utan å få svar. Dei har difor vendt seg til ordføraren for å få fortgang i saka. Delta skal kjøpe 4.5 mål. I sentrumsplanen som ligg litt lenger nede på sida kan ein sjå kvar nybygget er tenkt lokalisert (side 3:6) - rett nedanfor rådhuset.

Teknisk sjef slutter 30.05.2007

Teknisk sjef Ole Bjørn Førde har sagt opp stillinga si i Bremanger kommune for å ta til i ny jobb ved Elkem Bremanger.

Rockweekend måtte gi slepp på AD/DC 29.05.2007

I mars kom kontrameldinga frå Angus Young & co.; AC/DC kjem ikkje til Bremanger Rockweekend 20. - 22. juli.

- Vi hadde realistisk tru på at vi skulle klare det. Ein kombinasjon av økonomi og deira eige program gjorde diverre til at dei glapp, seier festivalsjef June Førde til NRK Sogn og Fjordane.

 

Dei aldrande rockarane vert rekna som eit av dei beste innan hardrocksjangeren. Dei har halde på sidan 1973, men er framleis særs populære og ville garantert trekt publikumarar frå heile landet til Bremanger. Det er også ein av grunnane til at eldsjelene bak rockefestivalen konsentrerte seg lenge på arbeidet med å hente legendene til årets festival.

- Vi hadde verkeleg tru på at vi skulle klare det og konsentrerte oss nok for lenge om AC/DC. Likevel tykkjer eg at vi har fått ein god erstattar og eit knallprogram, seier Førde.

 

I staden for AC/DC har Bremanger Rockweekend henta The Rasmus (bildet). Finnane har mellom anna slått gjennom med "In The Shadows" som er mellom dei mest spelte videoane på MTV Europe.

- The Rasmus er eit stort band i europeisk målestokk. Det blir topp, seier Førde til Firdaposten. Vidare står norske TNT og gamle kjenningar som Tony Dowler Hellbound og Ingenting på artistlista

 

Det gjer også Green Granadas, Woodleg Odd, Rock & Roll Roosters og Håvard Lothe.

- Vi satsar veldig ungt. Hovudmålgruppa er ungdom i alderen 18-25, men vi har også andre aldersgrupper i bakhovudet. I år senker vi aldersgrensa til 14 år, seie Førde. Skjenking vil i år føregå på eit fråskilt område. Hold deg oppdatert om Rockweekend her.


Friidrett

Stavhopp trening/stevne i Florø, Pinsa-07. 29.05.2007

Fleire bilder fra Kim Nes Leirvik sin nye pers og Svelgen sine utøvere finn du på STIF si heimeside 

  her   og   her


Kristian spelar inn kortfilm i Hyen 29.05.2007

Stig Eikaas har engasjert Kristian Furset Skaar og to andre elevar frå Firda vidaregåande skule når han skal lage kortfilm frå Hyen. Sjølve filminnspelinga skjedde sist laurdag, og i august blir filmen ”Eg elskar deg jo” å sjå på Gloppen kommunale kino.

 
– Eg har teke direkte kontakt med elevane, som stiller opp på fritida for å vere med på dette. Filmen handlar om kjærleiken mellom to unge menneske i spennet mellom ein tradisjonsstyrt Hyen-kultur og ein meir urban bykultur. Korleis verkar den kulturelle ulikskapen i preferansar på den ekte kjærleiken? Kva val for framtida blir tatt? Vinn kjærleiken, eller vinn dragninga dei har – den eine mot solide røter og den andre mot rastløyse? Korleis filmen endar, skal vi ikkje røpe no, seier Stig Eikaas, produsenten for kortfilmen.
 Kristian Furset Skaar er 18 år, og kjem frå Svelgen. Han skal spele Tor i filmen.
– Det høyrest spennande ut å vere med på å spele inn film. Dessutan er eg den einaste guten i klassa, smiler han, og viser til at produsenten trengde ein gut. Les heile saka her. (foto: Firda Tidend)
 


Gode vèrmeldingar fram mot "Tour de Bremanger" 28.05.2007

Langtidsvarselet gir godt håp om opplett og sol når sperke syklistar/rulleskigåarar laurdag skal ut på langtur til Bremanger.

 

Per Arne Sæterlid har teke initiativ til å invitere personar på 30 år og oppover med på sykkeltur Bremanger rundt. Datoen er laurdag 2. juni, og starttidspunktet er kl. 8 om morgonen. Turen går frå Svelgen via Davik og fastlandssambandet til Bremangerlandet, og derifrå med ferge frå Smørhamn til Kjelkenes.

  

På turen får ein med seg flotte naturopplevingar i det meste av Bremanger kommune. Interesserte tar kontakt med Per Arne Sæterlid på tlf. 95967770.

 

Meir info om turen finn du her.


Leirvik med krinsrekord for senior i stav 28.05.2007

Firdaposten melder at Svelgen-guten Kim Leirvik (19), som no hoppar for Florø T og IF, utraderte 2. pinsedag stavhopprekorden i fylket frå 1975. Den er no heva til 4,51 meter.

 

Det var under eit stemne i Florø der 17. deltakarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane var med.

– Kim hadde eit godt forsøk på 4,62 også. Men han sletta i dag den gamle rekorden til Edgar Bjørnseth på 4,40, fortel Øystein Myrvold. Saman med Ingvald Ytrehus i Svelgen har han hatt ansvaret for utviklinga til Kim Leirvik, før han no er teken over av den bergensbaserte finske trenaren Pavo. 4,51 er både senior og juniorrekord i kretsen.

    

Les meir i Firdaposten 

  

Arkivfoto: Fjordenes Tidende


Krav fortgang frå regjeringa 25.05.2007

LO set no krav til at regjeringa får fortgang i arbeidet med billegare kraft til industrien. Spesialrådgiver Are Tomasgard i Industri Energi/LO har ein kronikk om dette i Nationen i dag:

(...) "Industriell virksomhet og nye investeringer i samfunn som Karmøy, Farsund, Odda, Tyssedal, Årdal, Høyanger, Husnes, Ålvik, Bremanger, Notodden, Porsgrunn, Sunndal, Orkdal, Holla, Mosjøen, Mo i Rana, Glomfjord, Salten med flere - er i fare. Om lag halvparten av industriens kraftkontrakter utløper de tre neste årene. Rundt 2020 er så å si all forutsigbarhet borte fra industrien. I industriell sammenheng er dette kort tid. Sannsynligheten for at norsk prosessindustri kun er historie etter 2020 er dermed stor. Det hjelper ikke at industrien gjør det bra akkurat nå. Årsaken til at det går bra nå, er i all hovedsak grunnet politiske beslutninger gjort for flere tiår siden. På samme måte må dagens regjering sikre fremtiden flere tiår frem - gjennom konkrete beslutninger som gjøres nå."

 

Les heile innlegget her.


Ledige stillingar i kommunen 25.05.2007

Bremanger kommune har lagt ut ledige stillingaar som sekretær ved Hauge skule og vikar for song og slagverk i kulturskulen. Sjå Stilling ledig til venstre.

Trimtur rundt Bremanger

Invitasjon til "Tour de Bremanger" 24.05.2007

Per Arne Sæterlid har teke initiativ til å invitere personar på 30 år og oppover med på sykkeltur Bremanger rundt. Datoen er laurdag 2. juni, og starttidspunktet er kl. 8 om morgonen. Turen går frå Svelgen via Davik og fastlandssambandet til Bremangerlandet, og derifrå med ferge frå Smørhamn til Kjelkenes.

  

På turen får ein med seg flotte naturopplevingar i det meste av Bremanger kommune. Interesserte tar kontakt med Per Arne Sæterlid på tlf. 95967770.

 

Meir info om turen finn du her.


Konfirmanter 27. mai 24.05.2007

Desse skal  konfirmerast i Svelgen kapell søndag 27. mai:

Sebastian Felipe Cortes Mikkelsen

Stian Svarstad Isene

Morten Frøyen

Mats Svarstad

Lina Vågene

Ørjan Helle

Lene Senneset

Sondre Eikeland

David Løver Myklebust

Laila Løvseth

Dan Shiva Mjåseth Shanker

 

Marita Solvang og Bendik Alfredsen Førde skal konfirmerast i Midtgulen Kyrkje 3. juni,


Endring i konsert-program:

Sommarkonsert med Førde kammerkor og KorKafè 24.05.2007

 

Laudag 2.juni kl.16.00 held Førde Kammerkor konsert i Svelgen Samfunnshus. Programmet er variert og inneheld smakebitar frå ulike sjangarar, mellom anna   folketone-innslag frå vårt eige land og frå Cuba.Med lyriske tonar frå romantikken og med vakre viser og evergreens av Evert Taube og   Cole Porter, prøvar vi å lokke frem dei beste sommarminna .

Dirigent er Elizabeth Oltedal.

 

Billettar kr. 100 ved inngang, barn under 10 år gratis

Ramma rundt  konserten er KorKafè med sal av kaffi, brus og kaker til inntekt for Svelgen samfunnshus.

 

I tillegg til Førde Kammerkor sine hovudsponsorar, så er konserten i Svelgen sponsa av Elkem Energi, Firdaposten og Norges Korforbund Sogn og Fjordane

 

Ønskjer du å vite meir om Førde kammerkor sjå heimesida.

Førde Kammerkor ønskjer alle velkomne til konsert   og KorKafè laurdag 2.juni kl 16.00


Svelgen - Askvoll/Holmedal 2 9 - 3 24.05.2007

Svelgen vann 9-3 i 5. divisjonskampen mot Askvoll/Holmedal 2.

Mål for Svelgen: Andre Hatleset (4), Torstein Ask (2), Kjell Åge Bueie (2), Frank Hatleset (1).


Smågutte kampen måtte stoppes etter første omgang. 24.05.2007

  Smågutte kampen, onsdag 23.mai, vart avblåst etter første omgang.

  Bana var så våt og gjørmete.  Les meir  her

 

  Småjentene spilte kampen før.  Les meir   her

 


Ope hus på Knekkevann 22.05.2007

Onsdag 23.05. er det ope hus på Knekkevann frå kl.17.00 - 19.00 - Servering av kaffi/saft og kaker.
Alle er velkomne til å ta ettermiddagskaffien denne dagen med utsikt over Svelgen og fjorden.
Vel møtt - vegen finn du sjølv - merka sti frå Svelgsvann og Sørdalsdammen eller kontakt turlaget på telefon 91102654 for nærmare informasjon.
Keipen turlag

Bank-rådgiver frikjent 22.05.2007

Hegnar online skriv følgande på si nettside:

" Sparebanken Flora Bremanger ble fredag i en dom fra tingretten hudflettet for manglende kontroll over sin egen aksjerådgiver, skriver dn.no. Banken anmeldte opprinnelig rådgiveren for utroskap, men denne ble frifunnet på alle punkter.

- Jeg har ett budskap til folk: Ikke stol på banken din. Det har gitt oss et helvete, sier norsk-iranske Mansour Ashtiani.

Han og konen Siv Jepsen ville i 2000 investere noen hundre tusen i aksjemarkedet, men hevder overfor nettavisen at rådgiveren kjøpte og solgte aksjer uten samtykke fra dem - for penger de ikke hadde.

- Til slutt var kontoen vår overtrukket med over åtte millioner, sier Ashtiani.

I tillegg til milliongjeld sitter paret ifølge nettavisen med pantsatt hus.

Rådgiveren benekter overfor dn.no at han skal ha handlet uten kundens samtykke, og vil ikke kommentere saken ytterligere."


Musikkstemne i Bremanger i juni 22.05.2007

Bremanger skulemusikk arrangerer kretsen sitt musikkstemne i Bremanger, 15. - 17. juni 07.
12 korps skal delta på stemnet. det skal arrangerast Hauge, knytt mot Hauge skule og den nye Bremangerhallen. Søndag kl. 14.00 vert det oppmarsj/innmarsj til Bremanger stadion, der håpar vi bygdefolket og ellers publikum frå resten av kommuna stiller opp. Svelgen skulemusikk skal og delta.
Korpsa kjem elles frå eiga kommune, Møre og Romsdal, Nordfjord og Sogn.

Nyttig Svelgen-besøk 21.05.2007

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys besøkte fredag Elkem Bremanger. Hun møtte også politikere og næringsapparat. -Nyttig og informativt, sa Grande Røys etter Svelgen-besøket.
- Det var første gang jeg var på Elkem Bremanger, og det var jo på tide. Jeg inviterte meg sjøl faktisk, tok kontakt med ordfører Kåre Olav Svarstad (Ap) i mars for å få til et besøk, forteller Grande Røys (SV).

Svarstad var med på besøket, sammen med varaordfører Isak Berle (SV). Verksdirektør Steinar Talle, verksdirektør for støperiet Frode Nummedal og hovedtillitsvalgt Bjørnar Førde tok imot dem. Ministeren fikk ei grundig innføring i Elkem Bremanger og planene for etablering av ny Solar-fabrikk.

Les hele saken i papirutgaven til Fjordenes Tidende mandag 21. mai.

Friidrett

Resultat Riseløpet 2007 20.05.2007

 

Resultat og bilde fra året Riseløp, finn du på

heimesida til STIF   her


SVELGEN PENSJONISTLAG

HAR MØTE ONSDAG 30.05. KL.17.00

PA SAMFUNNSHUSET

   

          PROGRAM:

 

2.           Velkommen

                  Ord for dagen

3.           Referat

4.           Song av damekvartett

5.           Orientering om ”Sentrumsplanen for Svelgen” v/ kultursjef Frøysland

6.           Kaffi og mat – Sanitetskvinnene er vertskap.

7.           Harald & Alf – syng og spelar

8.           Utlodning.

 

Styret ynskjer nye og gamle medlemmar velkommen!

 

 

NB! Påmelding til dagstur i Indre Sunnfjord.


Strålande 17. mai i Svelgen 18.05.2007

Alt klaffa under årets 17. mai i Svelgen. Veret var strålande og det var også sjølve arrangementet. Barnetoget tok godveirsruta frå ungdomsskulen, via Elkem og opp på Naustneset der tilsette og bebuarar ved Svelgen Bu- og Servicesenter venta med ute på flaggpynta balkongar. Svelgen Skulemusikk spelte nasjonalsongen og dei flotte drilljentene fekk vist fram sine kunstar. Under barneleikane var det stor oppslutnad og både store og små ungar fekk tevle i spikerslag, pilkast, løp, sykkel og andre ting. Lina Vågene, Magnus Myrhol, Gjert Andre Solheim og Marita Mariell Iden fekk premier for sin innsats på stadion under folkefesten utpå ettermiddagen. Den starta med tale ved stortingsrepresentant Erling Sande som snakka om å ta vare på og vidareføre fellesskapsverdiane som er opparbeidd i landet. Han fekk også med seg den fullsette salen på fleire latterkuler. Det var elles eit tett program med allsong, seniordans, korsong, rock, trekkspelklubb - for å nemne noko. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                                                  

 

 

 

 

 


Grindheim blåste i fløyta (også) 16. mai 17.05.2007

STIF-dommar Øyvind Grindheim var på Eid 16. mai, og dømde 3.divisjonskampen mellom Eid og Stryn. På Haugen IL si  heimeside kan du sjå mange bilder av Grindheim i aksjon med fløyta.

 


Friidrett

RISELØPET 2007 08.05.2007

 

      Riseløpet 2007 vært i år lørdag 19.mai.

 

      Les innbydelsen på STIF si heimeside  her


Fotball

Miniputturnering i Svelgen 19.mai. 15.05.2007

 

  Åres første miniputturnering for 1997 - 1998 - 1999 - 2000,

  blir i år i Svelgen.   Les meir på STIF si side her


Sentrumsutvikling i Svelgen - klare med høyringsutkast 16.05.2007

I samband med arbeidet rundt utvikling av Svelgen sentrum i Bremanger kommune, er det lagt ut ”Illustrasjonsplan for utvikling av sentrumsområde i Svelgen” på Bremanger kommune si heimeside, samt på biblioteket i Rådhuset i Svelgen.
Skriftlege innspel må vere kommunen i hende seinast 17. juni 2007. Innspel kan sendast på papir til:

Bremanger Kommune                                 Sjå planen i stor størrelse her...  og her
Espen Frøysland
Postboks 104
6721 Svelgen
E-post: espen.froysland@bremanger.kommune.no

Espen Frøysland
Kultursjef

MUSIKK-

KAFÈ

på Ålfottunet

laurdag 26.05.   kl 1730

 

KONSERT

Kl 1900 med:

Flora-Bremanger BrassBand

og

Stadtlandet skulekorps

Billett vaksne: kr 50,-

                                                              ”skulebarn: ”   20,-

                                                                   Loddsal


Sommarkonsert med Førde kammerkor og KorKafè 16.05.2007

 

Laudag 2.juni kl.16.00 held Førde Kammerkor konsert i Svelgen Samfunnshus. Programmet er variert og inneheld smakebitar frå ulike sjangarar, mellom anna   folketone-innslag frå vårt eige land og frå Cuba. Med lyriske tonar frå romantikken og med vakre viser og evergreens av Evert Taube og   Cole Porter, prøvar vi å lokke frem dei beste sommarminna .

Dirigent er Elizabeth Oltedal.

 

Billettar kr. 100,- ved inngang, barn under 10 år gratis

Etter konserten er det KorKafè med sal av kaffi, brus og kaker

 

I tillegg til Førde Kammerkor sine hovudsponsorar, så er konserten i Svelgen sponsa av Elkem Energi, Firdaposten og Norges Korforbund Sogn og Fjordane

 

Ønskjer du å vite meir om Førde kammerkor sjå heimesida http:// www.fordekammerkor.net/

 

Les mer... 

Førde Kammerkor ønskjer alle velkomne til konsert   og KorKafè laurdag 2.juni kl 16.00


Svelgen Røde Kors

Medlemsverving i Svelgen Røde Kors 15.05.2007

 

 

 

 

 

Som medlem i Svelgen Røde Kors gjer du det mulig at våre frivillige kan oppretthalde og vidareutvikle alle hjelpe- og omsorgsoppgåvene i ditt nærmiljø. Du blir også del av ein verdensomspennande organisasjon med 181 medlemsland og nær 100 millionar menneske som arbeidar frivillig for å hjelpe andre menneske.

Svelgen Røde Kors vil byrje med medlemsverving i område Svelgen torsdag 24 mai, Kjelkenes- Botnane 22 mai og område Ålfoten-Davik-Rugsund den 4 juni.

Ta vel i mot våre vervarar som kjem på døra di.


Ikkje industrikraft-regime endå 15.05.2007

Høyanger, Årdal og Svelgen må framleis vente på staten sitt opplegg for rimeleg kraft til industrien.

 

Gamle kraftavtalar går ut dei næraste åra, men i revidert nasjonalbudsjett dyttar regjeringa problemet føre seg.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet er skuffa over eiga regjering.

- Slik vi har jobba med det, så hadde eg venta at det var meir konkret.  Vi må jobbe meir intensivt enn vi har gjort, det synest eg vi skal ta sjølvkritikk på, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.


Gratis frukt på ungdomsskulen frå hausten 15.05.2007

Regjeringa innførar no gratis frukt og grønt for alle elevar på skular med ungdomstrinn frå høsten 2007. I revidert nasjonalbudsjett føreslår regjeringa å bevilge 87 millionar kroner for å sikre dette. Svelgen Ungdomsskule er ein av skulane som vil tilby elevane gratisk frukt og grønt.  I tillegg kjem midlar til forsøk med skulemat.

Korkafè i Davang på Davik 15.05.2007

   

BREMANGER MANDSSANGERFORENING

    

dukkar opp med kaskader av vellyd.

Loddsal – Kjøp til latterlege prisar!

Ettermiddagskaffi for dei som vil ha det.

Tonen vibrerer i Davang,

 

SØNDAG, 20. MAI KL. 16.00

  

VEL MØTT!


Programmet for 17. mai i Svelgen 15.05.2007

Torsdag er Svelgen nok ein gong pynta til fest. I år vil vi ikkje få glede av oransjerussen. 10.klasse ved Svelgen Oppvekst har valgt å ikkje vere russ. Dei vil i staden bruke pengane dei har samla inn gjennom heile skuleåret til ein tur med Aktive fredsreiser.

 

Elles blir årets 17. mai  omlag som det brukar, og årets tale er ved stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) som er fødd og oppvaksen på Davik.

 

PROGRAM FOR DAGEN:

 

0800  Flaggheising ved Samfunnshuset - Svelgen Skulemusikk spelar

1000  Barnetog med start frå Ungdomsskulen

1100  Gudsteneste i kapellet

1230  Barne- og familieleiar på Svelgen Stadion (Idrettshuset i fall dårleg ver)

1600  Folketog frå Samfunnshuset (lag og organisasjonar vert oppmoda om å ha med sine faner)

1700  Tale ved Erling Sande

1730  Folkefest på Samfunnshuset

         Bill.: Vaksne  kr. 40,-

                 Barn      kr. 30,-

                 Familie  kr. 70,-

 

2000-2400 Ungdomsarrangement på Realen - Aldersgrense 12 år

 

Skulemusikken har open kiosk/kafe i småsalen og vestibylen på Samfunnshuset frå kl. 1100. Sal av kaffi, kaker, brus og is.

 

 

 


Hugs å sette fram "brunedunken" til onsdag 15.05.2007

På bossplanen til NOMIL står det at bosstømminga 17. mai på Svelgen-ruta er fredag. Men på heimesida melder NOMIL: " Svelgen - Ålfoten - Isane: tømminga 17. mai vert erstatta med onsdag 16. mai" .

OBS! Det er to ulike ruter i Svelgen så sjekk linken nedunder, for å finne rett tømmedag for di gate.

 

Les meir hjå NOMIL


Kamp på storskjerm på Glunten 14.05.2007

CHAMPIONS LEAGUE-FINALEN: MILAN - LIVERPOOL blir vist på storskjerm på Glunten på Svelgen hotell 23. mai.

18 års aldersgrense.

Sendingane starter kl. 1800
 


Røykfrie ungdomar i Svelgen 14.05.2007

9. klassingen Marita Solvang har skrive ein særs oppløftande artikkel for Firdaposten i dag. Der står det at ungdomsskuleelevane i Svelgen er røykfrie.

- At det er ingen i Svelgen som røyker skal vi ikkje seie, men det bygda kan vere stolte av er at ungdomen går føre med eit godt eksempel. Det var noko leiar på ungdomsklubben Realen opplevde tidlegare i år.

Realen er staden der ungdom i Svelgen møtast kvar fredag kveld. Det er ein røykfri fredagskveld, for heilt siden januar har det ikkje vert nokon som har røykt på Realen. Dette er noko ungdomsleiar Anita Løver stolt kan fortelje oss.

Les heile artikkelen på Firdaposten.no


Stor 17. mai buffet på hotellet 14.05.2007

Svelgen Hotell har no lagt ut meny for 17. mai. Det blir stor og variert buffet, kakebar og sjølvsagt softis i kafeen. Sjå prisar og meny her .

Heilsides Svelgen-annonse i Dagbladet 14.05.2007

Dei som kjøpte Dagbladet laurdag la sikkert merke ei heilsides stillings-annonse for Svelgen. Fleire verksemder har gått saman om annonsa - som også er støtta av Bremanger kommune.

 

Disse treng folk; Elkem Bremanger, Brødrene Mundal, Navic, INC vedlikehold, Svelgen Tannklinikk, Klausen Ind. og Bygg- og Reinholdsservice.

 

 Sjå større bilde her.


70 prøvde seg på paintball i helga 14.05.2007

Lørdag formiddag var det duket for paintball-turnering i Svelgen. Hele 70 personer valgte å bruke gevær fremfor pensel for å sette farge på sambygdingene.
Det var Svelgen Hotell og Flora Paintball som stod bak arrangementet som skulle kåre "Svelgen Mad Max-team 2007". Over 70 personer var påmeldte, og stemningen var god da lag på fem personer pepret løs på hverandre med malingkuler.

Arrangementet startet med oppvisningskamper mellom aktive klubber fra blant annet Florø og Stryn, før det til slutt ble bedriftsturnering, der også vennegjenger kunne melde seg på.

Les hele saken i papirutgaven til Fjordenes Tidende onsdag 16. mai.

Fleire lag påmelde 11.05.2007

Ti til tolv lag har hittil meldt seg på Paintball-turneringa ved Svelgen Hotell i morra. Kven det er må komme som ei overrasking:)

 


Vil du ta straffe mot Grobelaar? 11.05.2007

Laurdag 14.juli er det ikkje berre Liverpool, Brann, England og Tuftelag som skal underhalde på Florø Stadion.

- Då skal vi også sette verdsrekord i raske straffespark, seier Per Øyvind Helle i FotballFlora.

Barn og ungdom fra Sunnfjord skal ta straffer mot Bruce Grobbelaar (bildet) og andre gode keeperar. Sjølvsagt vil unge keepertalent også stå i mål. Målet er å ta 400 straffespark på kortast mogeleg tid - og få dette godkjent i Guinness Rekordbok i etterkant. Og sjølvsagt skryte av at du har scora mål mot Bruce Grobbelaar!

- Vi håpar flest mogeleg barn og ungdom mellom 8 og 14 år frå Stryn til Svelgen kan delta i verdsrekordforsøket, seier Helle. .

Dei ynsker derfor at alle oppmenn og trenarar for lag i denne aldersgruppa innan 17.mai finn ut av kor mange på deira lag som kan delta i verdsrekordforsøket! Så melder kvar enkelt oppmann/trenar talet på deltakarar inn til Per Øyvind Helle (arrangør FotballFlora) på epost per@posaktiv.no eller telefon 404 02 905.


Truleg pol i Svelgen om nokre år 11.05.2007

Vinmonopolet legg opp til at 85 prosent av folk i Sogn og Fjordane i løpet av nokre år skal ha polutsal i eigen kommune eller ha mindre enn tre mil til næraste utsal.

 

Regjeringa har bedt Vinmonopolet greie ut ein modell for mini-pol som kan skape ei meir rettferdig geografisk fordeling av tilbodet.

Dette blir gjort mellom anna for at Norge skal få oppretthalde pol-ordninga. Vinmonopolet forslår å opprette kring 80 nye minipol.


Fotball

Lillejente 11-12 vant stort over Florø. 11.05.2007

 

 

Les meir på STIF

si heimeside her


Kr. 75.000.- i pengegåve frå Sparebanken 11.05.2007

 

I forbindelse med den årlege pengegåvetildelinga frå Sparebanken Sogn og Fjordane har STIF v/ hovedstyre motteke i gåve på kr. 75.000.-, melder laget på sidene sine.

Ei slik gåve er storstilt og kjem godt med i vår klubbkasse.

STIF er svært glad for pengegåva som vil settast av på konto for Stadion Oppgraderinga.

STIF sitt bidrag for oppgradeingsplanane vil ligge på rundt ein million kroner + dugnad.

Av tidlegare oppsparte midlar + denne gåva og etter utbetalinga av tippemiddeltilskot ifm ballbingebygginga vil STIF være svært nær sitt mål om å kunne realisere sin andel ifm Stadion planane.


Borte-tap for Svelgen mot Førde 11.05.2007

6. divisjon menn avd. 2:

Førde 3 - Svelgen 7 - 3.

Mål for Svelgen: Øyvind Myrhol (1), Andre Hatleset (1), Kjell Åge Bueie (1).


Vil du også oppleve noe spennende i sommer?

Havkajakk- og klatrekurs for ungdom 11.05.2007

 

 

 

Spesialtilbud til alle barn og ungdom mellom 10 og 20 år i Bremanger kommune

 

Bremanger kulturskule og Bremanger ungdomsråd tilbyr i samarbeid med Norway AdvenTURes:

 

2 havkajakkkurs samlinger (NPF intro- og nybegynnerkurs våtkort)

2 klatrekurs samlinger

 

OBS: Både for nybegynnerer og viderekomne (separate grupper)!

 

4 laurdager i sommer: 9. og 24. juni. 25. august og 1. september

 

Spesial ungdomspris: kr 550,- for 4 dager! (Normalpris kr 4000,-)

 

Meld deg på nå!

frist er 30. mai 2007

 

Påmelding hos Kulturskulen, Norvall Klungresæter tlf 41552943, epost musbre@online.no eller Rogier van Oorschot tlf 99404207 eller via www.norway-adventures.com

***

Faste aktiviteter sommer 2007:

  • 3 timersNPF introkurs havkajakk på Grotle sanden 21. juni  , påmelding tel. 99 404 207 eller info@norway-adventures.com
  • Villmarksleir i Ålfoten leir 1 10-12 år leir 2 13-16 år, 25.-29. juni , påmelding tel. 99 404 207 eller info@norway-adventures.com
  • 16 t. NPF nybegynnerkurs havkajakk i Bremanger 7. og 8. juli ,  påmelding tel. 99 404 207 eller info@norway-adventures.com
  • 4 dagers Klatre- og havkajakk kurs for barn og ungdom nybegynnerkurs og viderekomne. 9. og 24. juni. 25. august og 1. september . i samarbeid med Kulturskulen i Bremanger, påmelding før 1. juni hos Norvall Klungreset tel. 41552943 eller Rogier van Oorschot, tel 99 404 207 eller info@norway-adventures.com   
  • Hele Juni, juli og august. Seilturer rundt Rugsundøy og langs Hornelen med historisk seilbåt , guided kajakkturer i ytre bremanger og Nordfjord og guided fjellturer (Hornelen, Vetvika, Keipen osv) med fører. For mer info tel 99 404 207, info@norway-adventures.com

Hotellet håper på ja til å disponere sjøsida 10.05.2007

Svelgen Hotell legger frem offensive planer om å gjøre hotellet til et turisthotell med bade- og spa-anlegg.

I en søknad til Bremanger kommune ønsker de å få disponere arealet mot sjøsida. De vil lage en hotellhage med svømmebasseng i samarbeid med svømmegruppen i Svelgen Turn og Idrettsforening. De ønsker også å etablere båtplasser og gjestehavn. De anmoder kommunen om å mure en kant mot sjøen. Selv vil de legge ut 40 - 50 meter flytebrygger.

– Svelgen Hotell må utvikle fasiliteter og atmosfære for å få innpass i et økende turistmarked mener styreleder i Svelgen Hotell og Svelgen Eiendom, Jostein Eimhjellen.

Styrelederen peker på at hotellet per i dag er et typisk forretningshotell. I fjor hadde de bare 380 overnattinger som ikke var i denne kategorien. Til samanlikning hadde Svein Inge Fosse og Knutholmen 9000, står det i søknaden. 


Svelgen-jente fronta Tiedemann-kampen 10.05.2007

Om ett år står Kjersti Langseth uten jobb og uten kollegaene gjennom flere tiår. I ett år til skal hun kjempe for medlemmene sine, men så er det slutt. - Livet kommer aldri til å bli det samme etter det, sier NNN-hovedtillitsvalgt på Tiedemanns. Ho budde i Svelgen under oppveksten. 

 

Les heile portrettet med Kjersti på sidene til LO-Aktuelt (foto).  


Branntilløp på Bu- og Servicesenteret 10.05.2007

 Brannvesenet måtte i natt rykke ut etter melding om branntilløp på Svelgen Bu- og Servicesenter. Brannen starta i matsalen på sjukeheimen, men vart raskt sløkt med eit skumapparat, nopplyser politibetjent Espen Gulliksen ved Bremanger lensmannskontor.

Det var ingen materielle eller personskadar i brannen.

Årsaka til brannen var feil i ein termostat.


Klart på laurdag:

Hotellet i rute med uteområdet 09.05.2007

Dei siste dagane har Geir Leirvik frå Brødrane Mundal AS, jobba målbevisst for å bli ferdig med uteområdet til Svelgen Hotell. I morgon kjem ein båt med singel, og det ser ut som alt ligg i rute.
Laurdag skal alt vere klart til å rive plankane som har stengt utgangen frå altanen dei siste 4-5 månadane
Same dag er det som kjent paintballturnering.
På bildet: kokk Ronny Skilbrei, servitør Lene Gjerde, bak Geir Leirvik.

Bremanger kommune anmeldt av Juvente 09.05.2007

I går vart Bremanger og 65 andre kommunar meldt til politiet av ungdomsorganisasjonane Juvente og Ungdom Mot Narkotika (UMN). Kommunen er ein av fire her i fylket som er anmeldt.

Dette fordi kommunen ikkje har ein alkoholpolitisk handlingsplan.

- Alkohollova slår fast at kommunane skal utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. Lova vart innført i 1998, og ni år etter er det framleis 66 kommunar som ikkje har slike handlingsplanar. Det ser vi som eit alvorleg brot på alkohollova, og melder difor kommunane, seier organisasjonane i ei pressemelding.


Svelgen-jenter vann NM i volleyball 09.05.2007

Svelgen-jentene Herborg Eikeland, Kristina Mundal og Sylvi Mari Fløtre var med på laget då Tambarskjelvar sist veke vann NM21 i volleyball.   

   

Dette er resultata frå kampane til Tambarskjelvar:

Tambarskjelvar - Stod 2-0 (25-23, 25-12)

Tambarskjelvar - Blindheim 2-1 (25-23, 24-26, 15-10)

Semifinale:

Tambarskjelvar - Stavanger 3-2 (26-24, 22-25, 12-25, 25-17, 15-10)

Finale:

Tambarskjelvar - Blindheim 3-0 (25-15, 25-22, 25-18)

Desse spelte for Tambarskjelvar:

Herborg Eikeland, Sylvi Fløtre, Kristine Mundal, Ingri Malene Ervik Erdal, Hilde Elvebakk, Kine Grimeland, Beate Nyhammer, Silje Vallestad, Mari Standal og Camilla Nøstdal. (Foto: Firda)

Vi gratulerer!


Hjelpekorpset øvar

Øvelse i Kvelve 09.05.2007

Hjelpekorpset hadde øvelse i Kvelve tysdag 8 mai. Du kan lese meir på sida til Svelegen Røde Kors. Den finn du i menyen til venstre.


Fottur til Marafjellet 09.05.2007

Fotturen onsdag går til Marafjellet på Nesbø. Frammøte ved Svelgen Hotell kl.17.00.
Lett tur, velkommen til store og små ! Turleiar Olga Årsnes telefon 57795558
 
Keipen turlag

Meir info om Paintball turneringa 09.05.2007



Aldersgrense for å vere med er ned til 12 år med samtykke av foreldre.

Frå 10.30 til 12.00 kan alle som vil, komme og spele.
Dei som har utstyr sjølv kan ta med dette.
500 ballar kostar 150 kr (Skal betalast direkte til Flora Paintball)
Dei som ikkje har utstyr sjølv kan leige og spele med 200 ball for 350 kr
Flora pant ball har drakter og hanskar m.m. (ikkje sko)
Flora Paint ball seljer gass og luft og vil ellers halde stand og presentere utstyr.

Kl. 12.00 - 14 00 blir det konkurranse mellom dei ulike proffe laga som kjem.

Kl. 14 .00 startar bedrifts/lag konkurransen "Vinn eller Forsvinn"
Her må det stillast med 5 mannslag. Skuleklasser, bedrifter og kameratgjenger kan stille som lag. Bedrifter med mindre ein 5 tilsette kan ta med ekstra støttespiller.
Større bedrifter kan stille med så mange lag som dei vil.
Det kostar 150 kr å vere med i konkurransen  (pr. person)
Svelgen hotell begynner no å få inn påmeldingar både frå skuleklasser, bedrifter og kommunen m.m.
Sparebanken Sogn og Fjordane med Lise Førde i spissen har nett meldt seg på i konkurransen Slagordet  <PENGANE ELLER LIVET>  Kunne ikkje ha passa betre..

Last ned påmeldingsskjema her  Les mer...  (kan leverast i resepsjonen eller på epost) og meld dere på så raskt som mogeleg.  Påmelte lag vil bli presentert på Svelgen.no før helga.

Flora Paintball har varsla at om det blir stor interesse for å spele, vi dei la bana stå og det kan bli Pant Ball på søndag også.
Flora Paintball står ansvarleg for sikkerheita, og det vil bli satt opp eit 5 meter høgt nett rundt uteområdet til Svelgen Hotell.
Paintball konkurransen vil skje på vegen og grøntarealet nedanfor hotellet.
Det er meldt fint vær til helga, så dette kan bli moro..

For spørsmål kontakt Svelgen Hotell  tlf. 57793301
Eller Flora paintball  v/Hugo på  tlf.  47252460

For Svelgen hotell
Jostein Eimhjellen


Rådhuset gløymde å flagge 8. mai 08.05.2007

Redaksjonen har fått fleire reaksjonar på at rådhuset i Svelgen ikkje flagga på frigjeringsdagen i dag, 8. mai.

 

Frigjeringsdagen er i Noreg dagen da dei tyske militære styrkane her i landet kapitulerte etter den nazi-tyske okkupasjonen, 8. mai 1945. Det stod tre hundre tusen tyske soldatar på norsk jord, og dersom dei hadde måtta bli nedkjempa militært, kunne det vorte ei blodig sak. Fredsutbrotet blei likevel heilt fredeleg, ettersom soldatane kapitulerte på ordre frå den nye tyske presidenten, Karl Dönitz.

8. mai er også rekna som frigjeringsdagen eller fredsdagen i Sentral-Europa, mens ein i det tidlegare Sovjetunionen feirar sigeren over Hitler-Tyskland i den andre verdskrigen 9. mai.

 

 

Dagen i dag er offisiell flaggdag.

 

 


Rockweekend manglar trekkplaster 08.05.2007

Leiar June Førde i Bremanger Rock Klubb seier at dei lenge har jobba hardt for å få tak i eit kjent band til arrangementet utan å lukkast. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

Medan andre store sommarlege musikk-arrangement i fylket lenge har fronta sine topp-band har Bremangerane ikkje nådd land. Førebels er bandet TNT det beste dei har fått tak i.

Men Førde avviser at problemet set årets arrangement i fare. Ho håpar at dei snart får tak i eit skikkeleg trekkplaster til årets Rock Weekend.


Dag Nestegaard lagar Svelgen-film 08.05.2007

Journalist og frilansar Dag H. Nestegaard er leigd inn av Svelgen Utvikling for å lage ein kort marknadsføringsfilm om Svelgen. «Den globale bygda» skal nyttast i kampen for å få neste Solarfabrikk til Svelgen.

 

Til helga kjem Dag H. Nestegaard i lag med ein NRK-fotograf for å filme råmaterialet. Mellom anna er det leigd eit Airlift-helikopter som skal nyttast. Svelgen skal filmast både frå lufta og frå sjøen.

– Vi skal vise verdiskapingspotensialet til Svelgen og Elkem Bremanger. Teknologien, silgrainanlegget, logistikken og den gode hamna. Til dømes skal vi fly frå Ålfotbreen og ned til Svelgen og vise vasskraftreservane, seier Nestegard frå sitt heimekontor i Oslo til Firdaposten.

 

Nestegaard er opphavleg frå Svelgen, og har eit personleg engasjement for at det skal gå bra med bygda.

– Dette skal vere ein kort opplysningsfilm på 4-5 minutt som vil passe fint i samband med ein større presentasjon. Den vil kunne vere eit viktig bidrag i ein marknadsføringsstrategi, seier han.

Men filmen vert ikkje berre ei solskinshistorie. Utfordringane til Svelgen skal ikkje feiast under teppet.

– Mellom anna skal vi fly langs vegen frå Haukå til Svelgen og vise at her trengst det ei oppgradering. No håpar vi på godt vêr til helga, seier han.

 

Målgruppa for filmen er først og fremst dei som sit på pengesekken, regjeringsmedlemmer og andre politikarar på stortinget, men filmen kan nyttast i Elkem-samanhengar og ulike møter og presentasjonar i Svelgen, av kommune og fylkeskommune eller av Svelgen Utvikling og Svelgen Næringsråd.

Ei dreiebok for filmen er allereie godkjent av styret til Svelgen Utvikling, ordførar Kåre Olav Svarstad og Elkem-sjef Steinar Talle.

 


Fleire ledige stillingar i kommunen 07.05.2007

Bremanger kommune har lagt ut fleire ledige stillingar. Dei treng assistentar ved Oppvekstsentra, fagleg leiar og sjukepleiar. Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.

Dans med Heimalanne`og:

Paintball-turnering og innviing av nytt område 04.05.2007

Neste helg blir det nytt storarrangement på Svelgen Hotell. Den 12. mai skal hotellet ha klart uteomdået på sjøsida og dette vil dei markere med stor Paintballturnering både for "proffe" og amatørar. Mellom anna vil paintball-klubbane i Florø, Stryn og Sogndal komme på besøk og halde show.

 

Svelgen hotell oppmodar alle bedrifter, offentlege etatar, jaktlag, skuletilsette og andre samanslutningar om å melde seg på konkurransen. Alle lag må ha slagord og eit namn på laget. Tevlinga vil bli kjørt etter Vinn eller Forsvinn-prinsippet og det må vere med fem personar på kvart lag. Det vil bli sett opp bane med figurar ein kan søke dekning bak og Florø Paintball stiller med konfransier. Publikum vil kunne følgje turneringa frå hotellet sin altan (det vil bli sett opp sikkerheitsnett)

Vinnarlaget kan titulere seg som Svelgen MAD MAX-team 2007.

 

Programmet for dagen ser slik ut:

1100 til 1400 Dei proffe paintballalga lagar show og skal ha ei eiga tevling samstundes som alle andre også får høve til å vere med å "krige".

1400 Bedriftsturnering - Vinn eller Forsvinn.

 

Påmelding kan de få ved å maile s@svelgenhotell.no eller hente skjema i resepsjonen.

 

Norway Adventures arrangerer samstundes nybegynnerkurs i havkajakk i samarbeid med Svelgen Hotell. Kursavgift: 950,- inkl. våtdrakt og alt utstyr) Kurset startar kl. 1000. For påmelding ring 57793301 (må ha minimum fire påmelde)

 

Som vanleg blir det også kakebar i restauranten også denne laurdagen.

 

 

Om kvelden er det som tidlegare annonsert stordans med bandet Heimalanne. Dette bandet spelar enkel, melodiøs country-pop med fengande refreng og jordnære tekstar på norsk. Musikken kan minne om Hellbillies samstundes som han har i seg impulsar frå andre musikkformar som til dømes cajun, ørlite jazz og eit snev av Beatles. Flott dansbar musikk som oppmodar til allsang og stor stemning!

 

I samband med dansen/aktivitetshelga byr hotellet sitt kjøkken på entrecôte med friske grønsaker, råsteikte poteter og heimelaga berneaisesaus.

 

Prisar:

Cover dans (18 år) kr. 160,-

Dans&middag: 270,-

Overnatting (pp i dobbeltrom): 350,-


Til EEB sine abonnentar med postboks-adresse 03.05.2007

Elkem Energi Bremanger AS oppmodar sine abonnentar, som har postboks som postadresse, om å melde frå til EEB om dette. Send ein epost, eit brev, eller ta ein telefon, og oppgi dykkar postboksnr. Også om du elles får post frå EEB med feil adresse: Ta kontakt!

 

På førehand takk for hjelpa!

 

Epost: kraftverk.bre@elkem.no

Telefon: 800 30 175 (gratisnr), eller 57796121

Post: EEB, Postboks 57, 6721 SVELGEN


Konfirmantar i Human Etisk Forbund 03.05.2007

Fem konfirmantar frå Svelgen skal laurdag 5. mai  delta på Human Etisk seremoni på Florø Samfunnshus:

 

Jonas Dyrstad Valberg

Vegard Henden

Emil Kjerpeset

Marita Mariell Hatledal

Tina Furset


Sirkuset til Svelgen 03.05.2007

Cirkus Agora si framsyning laurdag vert flytta frå Igland til Svelgen, på grunn av transportproblem.

 Torsdag ettermiddag vart det klart at Cirkus Agora ikkje kjem seg til Igland i Bremanger laurdag. Difor måtte dei flytte den planlagde framsyninga frå Igland til Svelgen.

– Eg beklagar så mykje til publikum, men det var rett og slett ikkje mogleg å få til ei framsyning på Igland. Sidan det er laurdag, er det redusert ferjetrafikk, og det viser seg no at ferja som går er for liten for oss. Fjord1 hadde heller ikkje moglegheit til å sette opp ei ekstra ferje, slik dei gjorde i fjor, fortel sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal.

Laurdagens framsyning i Bremanger vert difor sett opp på fotballbana i Svelgen sentrum, melder Firdaposten.no.


Fullsett storsal møtte Stoltenberg 1. mai 02.05.2007

Thorvald Stoltenberg var overvelda over kor mange som hadde møtt fram på 1. mai tilstellinga på Svelgen Samfunnshus i går. Ein fullsett storsal fekk høyre ein engasjert Røde-kors-president snakke fattigdomsforkjemping og klimatrugsmål i ei tale som sjølvsagt også hadde mange humoristiske ismett.

Han bringa bod om at internasjonal solidaritet og samhald er den einaste vegen til å best kunne kjempe mot fattigdom, sjukdom og klimatrussel.

 Det var ordførar Kåre Olav Svarstad som leia festen. Han fortalde at han hadde spurt seg sjølv kvifor ein ruvande person som Stoltenberg valde å tilbringe 1. mai i   Svelgen. Svaret var mellom anna Svelgen sitt aktive Røde Kors. Stoltenberg stadfesta også at han var stolt av Svelgen Røde Kors som ved fleire høve har utmerka seg i fleire konkurransar.

Tidlegare utanriksminister og FN-utsending Thorvald Stoltenberg har reist rundt og snakka til folk rundt om i Noregs land i snart 60 år. – Men her har eg ikkje vore. Eg kan sant å seie ikkje forstå kor eg har vore. Det er ei stor glede for meg at så mange har møtt opp og eg føler at både de og veret har teke meg i mot med solskin, sa Stoltenberg.

Publikum fekk i tillegg apellar frå STIF ved Knut Sande, SKAF ved Bjørnar Førde og Svelgen Pensjonistlag ved Anne Lise Gilleshammer.    Svelgen skulemusikk og Svelgen Songlag la ei høgtidsstemt ramme rundt arrangementet og i tillegg var det både rock, blokkfløyte og allsong.

Mange lag og organisasjonar var engasjert i arrangementet. Svelgen Sanitetsforening og Svelgen Pensjonistlag hadde ansvar for kjøkkenet som selde kaker, brus og kaffi på den flotte markeringa


Nedbøren i april 02.05.2007

I april månad fall det 153,6 mm nedbør, medan det normale for månaden er 123 mm. 7 døgn var heilt utan ein drope i måleglaset, og 20,2 mm var det meste ein målte på eit døgn.

 

I dei siste døgna i april, og det fyrste i mai, har det vore eit fantastisk fint vèr i Svelgen. Bygda har då vist seg frå si beste side, som på biletet under frå juni 2006. Det ser ut som godvèret skal vare iallefall fram t.o.m. torsdag. Foto: Frank Ryland.

 


Fotball

Svelgens smågutter 13/14 01.05.2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter to seier, tapte Svelgen sine små gutter 6-5 borte mot Førde 4, mandag 30.april.

Det var en meget spennande kamp som like gjerne kunne gått den andre veien.


Svelgen har fått konkurranse:

Kamp om 200 arbeidsplassar 01.05.2007

Svelgen får konkurranse frå Ålvik i Hordaland i kampen om ein ny solarfabrikk med 200 arbeidsplassar. Elkem Solar vurderer å bygge fabrikken i Svelgen. Men i dag kunngjorde Ålvik i Hordaland at dei vil ha fabrikken. Elkem skal legge ned smelteverket i Ålvik og 100 tilsette blir utan arbeid. Ordførar Astrid Selsvoll meiner difor at Elkem har eit ansvar for lokalsamfunnet. Klubbleiar ved Elkem Bremanger, Bjørnar Førde, er ikkje overraska over konkurransen. - Vi må no stå endå meir, er oppskrifta hans på korleis dei skal sikre Svelgen sårt tiltrengte arbeidsplassar. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov