Arkiv Juli 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

God start for STIF på Norway Cup 26.07.2004

STIF sine lag på Norway Cup gjorde det svært godt på søndagen då dei vann to av tre kampar. Smågutelaget slo Manglerud Star med 4-1, småjentene vann 4-0 over Nesna, medan jentelaget tapte 0-5 mot Ulf Sandnes. Åge Senneset i Fjordenes Tidende har sendt Svelgen.no nokre bilder frå Svelgen-spelarane sine opplevingar på Ekeberg-sletta. T.v. ser ein Torstein Ask, medan på biletet under scorar Eirik Bortheim eit av smågutelaget sine fire mål.

Dei tre laga til Svelgen spelar ein inneiande kamp kvar både mandag og tysdag, og deretter evt. sluttspelkampar. P.g.a. ferie er det usikkert kor mykje Svelgen.no vert oppdatert framover. Men du kan også følge Norway Cup her.

 

 

 


Fotball

Lang fotballferie for STIF i 5. divisjon 23.07.2004

Medan dei fleste seniorlaga i fylket skal i aksjon siste helga i juli, spelar STIF sin første seriekamp først 7. august. Då er det Hornindal som er motstandar på Svelgen stadion. Terminlista for 5. divisjon kan du sjå her.

Mange svelgarar reiser på Norway Cup til helga 23.07.2004

Som Svelgen.no tidlegare har meldt stiller STIF med tre fotballag og to dommarar på Norway Cup, og i tillegg reiser også mange av familiane til spelarane, trenarane og reiseleiarane til Oslo. Alle tre laga til STIF, som er småjenter, smågutar og jenter, har sine første kampar søndag 25. juli. Kvar av laga skal spele tre innleiande kampar, og evt. sluttspelkampar. Også dommarane frå STIF, Øyvind Grindheim og Stian Holm, får det travelt under Norway Cup-veka.

Heimesida til Norway Cup kan du følgje med korleis det går med svelgarane, og du kan også lese om alt det spennande dei kan oppleve i Oslo. Og reisesjuke spelarar som driv og pakkar til Oslo-turen, kan her sjå Dagbladet si huskeliste for Norway Cup. Og eit langtidsvarsel for vèret i Oslo kan du sjå her.

Svelgen.no ønskjer STIF med følgje god tur til Oslo !!


25 år sidan STIF sin beste (?) fotballprestasjon 23.07.2004

Kva som er den beste prestasjonen eit fotballag frå STIF har stått for finnast det ikkje noko fasit på. Nokon meinar det er A-laget sine 6. plassar i 3. divisjon i 1998 og 1999, andre nemner lilleputtlaget som vart nr. 3 av 50 lag på Sunnmørs Cup i 1981 og småjentene som i 1990 vann STIF sitt einaste KM i aldersbestemt fotball, medan andre meinar det er A-laget sine sigrar i Firda Avis Cup i 1985 og 1987.

Andre igjen, mellom dei STIF si fremste eldsjel innan fotballen, Einar Gjerde, meinar det var gutelaget som under Norway Cup i 1979 berre var ein tapt straffekonkurranse frå å nå kvartfinalen i verdas største fotballturnering. Laget tapte 8. delsfinalen mot sveitsiske Witicon, og vart med det nr. 9 av 270 gutelag. Laget hadde gjort det heller dårleg i serien før turneringa. Trenar for dette laget var 17-åringen Helge Robert Midtbø (biletet t.v. frå 1981), og Arild Førde, som seinare spelte 10 sesongar på Sogndal, var mellom fleire gode spelarar på laget. Men den som gjorde det aller best på Norway Cup i 1979 var keeper Bjørn Atle Midttun, som redda 4 straffer og som berre slapp inn 3 spelemål på 6 kampar.

Ved å klikke på "Sport" t.v. på denne sida kan du lese eit utdrag frå STIF si historiebok om Norway Cup-eventyret til gutane frå Svelgen i 1979. Der kan du også sjå lagbildet av gutane.

På biletet nedanfor ser ein delar av gutelaget i 1979, etter det som truleg var gjørmekampen mot Nymark i 16. delsfinalen. Nærast ser ein følgjande spelarar f.v.: Arild Standal, Hans Inge Solberg, Svein Arne Sandvik (leiar i STIF i 2004, og trenar for smågutelaget på Norway Cup i 2004), Bo Bell og Dag Eikeland.


Ta turen i fjellet med turorienteringa til STIF 22.07.2004

Mange har til no nytta tilbodet til STIF og gått turorienteringa i Ålfotdalen. Materiell til turane får ein kjøpe på Svelgen Motorsenter (Statoil). Turorienteringa er lagt opp med ein tur ved Langesi, og ein tur frå Brandevatn til Hjelmevatn. Om ein på den sistnemnde turen ikkje ønsker å gå fram og tilbake same stien, kan ein starte frå Sørdalsvatn og gå stigane til Hjelmevassdammen. Derifrå kan ein gå merka løype til Dolsen. Det er då ein fordel å ha ein bil ved Sørdalsvatn og ein ved Brandevatn. I følgje turorienteringsgeneral Alf Håøy vil postane henge ute til i slutten av august månad. Les meir om turorienteringa på STIF-sida.

To av dei som har gått turorienteringa er Ronald Førde med sonen Sander i bæremeis. Her er dei fotografert ved ein post på Langesi, og dei er allereie byrja å sjå etter neste post.


"Zachen" på landsskyttarstemnet også i år 22.07.2004

I følgje heimesida til landsskyttarstemnet, som vert arrangert i Sandnes i tidsrommet 31/7 til 7/8, er det heile 4570 påmelde. Blant desse er ein superveteran frå Svelgen, nemeleg Tor Zachariassen (biletet frå 1999). 72-åringen deltek i klasse V65 (65-72 år), og i fjor skreiv Svelgen.no at han hadde delteke på om lag 20 landsskyttarstemner. Zachariassen er einaste deltakar frå tradisjonsrike Gulen skyttarlag frå Svelgen og omegn.

Korleis det går med Zachariassen i Sandnes kan du følgje her.


Kjempebra Rockweekend! 20.07.2004

 

- Eg håpar verkeleg vi aldri blir for store til å spele på festivalar som Bremanger Rockweekend. Det er her vi lever. Dette er vårt dop, sa Joff Nilsen i SPAN til oss etter konserten laurdagsnatta.

 Alle artistane vi har snakka med er strålande fornøgde etter å ha vore i Bremanger ei helg. Over 2000 enkeltbilletar vart selde, trass det dårlege veret laurdag. 

-  Eg har eit ynskje om å sjå Bremanger vinterstid. Det må vere uvanleg vakkert. På mange måtar minner Bremanger på min eigen heimstad. Mange ting er dei same. For meg er det  eineståande berre det å måtte ta båt for å komme hit. Men også naturen og levevegen er mykje lik der eg kjem frå. Fjordar og fjell og fedre som fiskar, seier Steinar Albrigtsen som gjerne kjem att.

Det same seier Joff:

- Vi skulle jo komme hit i 2002, men då skar det seg fordi vi måtte signere platekontrakta med Virgin Records samstundes. Men Jarle  (vokalisten i SPAN) har mange kompisar rundtom her, ettersom han også spelar i Green Granadas. Vi har høyrt mykje om denne festivalen, og gleda oss verkeleg til å komme. Og eg må seie det har vore ei oppleving. Publikum var fantastiske.  Det ga oss ei svært god oppleving å sjå at så mange trossa drittveret for å høyre på oss. Det var rett og slett ”kjempegøy” å spele i teltet. Det på scena vi lever. Dette er vårt dop, seier Joff Nilsen entusiastisk.

Les meir av intervjua vi gjorde med Joff og Steinar i Fjordenes Tidende onsdag. På bildet ser vi Green Granadas som, etter vår meining var eit av høgdepunkta under årets Rockweekend. Utruleg fengande, sjarmerande, musikalsk gruppe!!


Dramatisk brann i Svelgen måndag morgon 20.07.2004

Ei mor og tre born slapp, i følgje NRK S. og Fj., fysisk uskadde frå ein brann i eit rekkehusvære i Kringomvegen i Svelgen måndag morgon. Same kjelde melder at mora vakna av røyklukt og at ein gjenstand fall i golvet like før kl. 8. Ho fekk med seg to av ungane ut av huset, men i følgje Bergens Tidende makta ho ikkje å ta seg opp til 2. etasje der eit tredje born sov. Mora fekk varsla ein nabo som ved hjelp av ein stige klatra opp og redda bornet ut vindauga.

I følgje Bergens Tidende var det forbipasserande som melde frå om brannen kl. 0757. I følgje same avis fekk brannvesenet raskt kontroll over brannen, og brannen var sløkt i 9-tida. I følge det politiet fortalde NRK S. og Fj. var det ein ulmebrann, og leiligheta er totalskadd av røyk og vatn.

Les meir om brannen i NRK Sogn og Fjordane, Bergens Tidende, Firda og Firdaposten.

Du kan også sjå meir om saka på Vestlandsrevyen mandag, der brannsjef Håkon Dyrstad berømma mora for å handle rasjonelt og riktig.

Biletet ovanfor er henta frå Bergens Tidende, medan biletet nedanfor er henta frå NRK Sogn og Fjordane si sak om brannen.


Ny flytande kraftpris 20.07.2004

 

 

 

 

 

set opp den flytande kraftprisen frå 33,25 øre/kWh til 33,95 øre/kWh med virkning frå 3. august.


Elgen sett på Ytrehus 15.07.2004

  Viltforvaltar Rune Indrehus melder at elgen er sett i Ytrehusmarka i dag tidleg. Dyret var ein elgokse som hadde store horn med fleire taggar. Den vart observert av Margun Skjærli og Alf Myklebust, over nokre minuttar på ca 50 m hald.
Rune Indrehus har vore på staden og stadfester elgspor
Viltforvaltaren i kommunen har sidan i vinter og utover våren, fått gjentekne meldingar om elgspor og skit i Indrehusmarka.  Det var derfor i spenning og med stor forventning, at ein kvan snart ville sjå elgen.

Fotball

Stian Holm på linja i Brann-kamp 13.07.2004

Stian Holm frå STIF (biletet) er utteken til å vere assistentdommar (linjedommar) i treningskampen mellom Brann og Firda-laget i Dale i Sunnfjord fredag 16. juli. Firda-laget er eit lag som samansett av dei beste spelarane i Sogn og Fjordane, bortsett frå Sogndal sine, og spelarane er det Avisa Firda som plukkar ut. I følgje Firda er Stian Holm og Joachim Knapstad frå Eikefjord, som skal gå på den andre linja, dei mest lovande assistentdommarane i fylket. Torstein Kvam frå Jotun skal dømme kampen.

For dei som ønskjer å sjå Brann-spelarane og Stian Holm i aksjon byrjar kampen kl. 1800. I følgje Firda stiller Brann med sine beste spelarar. Les meir om kampen på Brann si heimeside.

Sjå også kva heimesida til Fotballkrinsen skriv om Norway Cup og Stian Holm.


Rockweekend til helga:

Ventar fleire tusen 13.07.2004

  Etter 10 månader med hardt arbeid er det meste i boks for årets rockweekend. – Vi ligg godt an, no gler vi oss, seier leiar i Bremanger Rockklubb Bjørn Helge Torvanger. Han ønskjer alle velkommen til øya i havgapet neste helg, og håpar at så mange som mogleg kjem for å få med seg årets Rockweekend.

– Kjem det eit par tusen, slik som det har dei siste åra, er vi veldig nøgde. Vi ligg godt an med billettsalet. Årets festival-camp er i år som i fjor på Torvanger, 300 meter frå festivalområdet, melder Firdaposten.no

Les heile programmet på www.brk.no

 


Fotball

Stian Holm utteken på høgthengande dommarkurs 11.07.2004

Dommartalentet Stian Holm frå Svelgen TIF (øvste biletet) er teken ut til å vere Sogn og Fjordane Fotballkrins sin representant på eit dommarkurs i regi av Norges Fotballforbund under Norway Cup 2004. Berre ein ung og lovande dommar frå kvar fotballkrins i landet får delta på kurset kvart år, og dei som tidlegare har delteke frå Sogn og Fjordane tilhøyrer no dei fremste dommarane i fylket. 18-åringen er den første frå STIF som vert plukka ut til dette kurset, som er rekna som svært så høgthengande blant dommarstanden i fotballkrinsane. Dei fire som oppnår høgst poengsum under kurset får vere med som dommarar (dommartrio + 4. dommar) under gutefinalen på Norway Cup. I 2003 var Holm dommar under smågutefinalen i 7`arfotball på Norway Cup, og som ein ser t.v. vart han også avbilda på framsida av Norway Cup-avisa.

Øyvind Grindheim (biletet nedanfor) skal også delta som dommar under Norway Cup dette året, og det er 5. gong han dømmer på verdens største fotballlturnering. Grindheim, som er dommarkontakt i Fotballgruppa i STIF, skal ha mykje av æra for Holm si positive utvikling som dommar.

Det er berre Grindheim og Holm som er aktive utdanna dommarar innan STIF. Men dommarkontakt Grindheim har i år halde klubbdommarkurs for heile 16 personar, slik at desse kan dømme aldersbestemte kampar for STIF. Grindheim gjer ein svært god og viktig jobb for Fotballgruppa i STIF, for dommarsaka er noko svært mange fotballklubbar i Sogn og Fjordane slit med. I tillegg dømmer også Espen Sortevik, som tidlegare var aktiv dommar i nærare 20 år, aldersbestemte kampar ved behov.


Bilete frå Svelgen og resten av kommunen 11.07.2004

Ved å klikke her kan du sjå ei rekkje bilete frå Svelgen og andre delar av kommunen.


Ønsker kandidatar til kulturpris for ungdom 09.07.2004

Kulturkontoret i Bremanger ønskjer kandidatar til Kulturprisen for Ungdom, som skal delast ut seinare i år.

Les meir i Firdaposten.


Leilighet på Langeneset 09.07.2004

Stor leilighet med fire soverom til salgs event.
til leige i Trostevegen i Svelgen.
 
Kontakt Merethe på tlf 57793748 eller 99610412

Svelgar imponerte i taekwondo 07.07.2004

I følgje avisa Firda imponerte 26 år gamle Fredrik Gulhaugen frå Svelgen under sommarfestivalen i taekwondo på Brandbu. Gulhaugen er medlem i Sunnfjord Taekwondo frå Førde, og det var i ein 5-kamp der kvar klubb hadde valt ut ein utøvar i kvar grein at Gulhaugen imponerte mest. Han deltok i "Power-breaking", som går ut på å knuse flest mogeleg takstein på eit slag. Framfor fleire hundre tilskodarar makta Gulhaugen å knuse 14 stein, som var seks meir enn hans tidlegare personlege rekord. Biletet t.v. er ikkje av Gulhaugen, og viser ein utøvar som prøve å knuse "berre" 10 taksteinar.

I følgje avisa greidde Gulhaugen også 1. grad av svart belte i taekwondo under stemnet på Brandbu. Det er i alt 9. graderingar av svart belte i denne kampsporten. I følgje Firda har Gulhaugen drive med taekwondo sidan 1996, med unnatak av nokre få avbrot.

Les heile artikkelen her. I papirutgåva av Firda onsdag var det fleire bilete av Gulhaugen.

Les meir om taekwondo her.

Her kan du lese om beltegraderinga i taekwondo.


Rekebord og dans på hotellet onsdag 7/7 06.07.2004

Onsdag 7. juli vert det rekebord og dans med Bjarne Lunde på Svelgen Hotell.

Tre frå STIF på krinslaget i friidrett 06.07.2004

Under Sparebankleikane på Byrkjelo vart det arrangert ein innlagt krinskamp mot nabofylka til Sogn og Fjordane. Til denne krinskampen vart følgjande frå STIF uttekne: Jørgen Bjørkedal (14 år), Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten (begge 16 år).

13- og 14-åringane kjempa mot Hordaland, medan 15- og 16-åringane kjempa mot eit samansett lag frå Hordaland og Møre og Romsdal. I følgje avisa Firda vann 13- og 14-åringane frå Hordaland med 175 poeng, og hadde 46 poeng meir enn gutane frå S. og Fj. I følgje Fjordenes Tidende 7/7 vart det ingen krinskamp for 15- og 16-åringane.


Friidrett:

God innsats av STIF på Sparebankleikane 06.07.2004

Sparebankleikane vart avvikla på Byrkjelo i helga med nær 260 deltakarar, og STIF deltok med ein god del yngre utøvarar. Desse oppnådde mange gode resultat og plasseringar. Ut i frå Tvringtabellen, som gjev poeng etter kor gode resultat utøvarane oppnår ut i frå alderen, var det 10 år gamle Ole Martin Gjerde som oppnådde høgst poengsum av utøvarane til STIF. Med 1,20 m i høgde oppnådde han 965 poeng. 14 år gamle Jørgen Bjørkedal hoppa nok ein gong 1,65 m i høgde, og fekk 951 p. for det resultatet. Dette var tangering av årsbeste i Norge for 14-åringar i 2004, som han sjølv er innehavar av. Ole Martin Gjerde hadde også eit svært godt resultat i kule, då han kasta den 2 kg tunge kula 7,68 m og fekk 950 p for den prestasjonen.

I alt 5 utøvarar frå STIF vann øvingar på Sparebanleikane, og desse var: Ole Martin Gjerde, Daniel Holm, Jørgen Bjørkedal, Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten,

Alle resultata kan du sjå her. 


Oppfordring frå STIF til alle svelgarar:

Reklamer for STIF-boka i sommar 01.07.2004

STIF oppfordrar svelgarane om å reklamere for boka om Svelgen TIF, "Heia STIF!", når dykk i sommar treff utflytta svelgarar rundt om kring i landet. Boka er framleis i sal på mange butikkar i Svelgen, men den kan også bestillast hjå Bakarhuset og sendast i posten til kjøparane.

Det gjekk godt med bokprosjektet også økonomisk, og evt. boksal framover går rett i klubbkassa til det allsidige idrettslaget vårt. Boka, som kom i sal i november 2003, er selt i over 400 eksemplar. Les meir om innhaldet i boka her.

Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og boklanseringa. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om forfattaren.

Nedanfor kan du lese eit lesarinnlegg Bjørn Kåre Steinset sende til Svelgen.no 22/2 i år:

Eg vaks opp i Svelgen i 1950- og 60-åra. Fekk tak i STIF-boka til jul. Skal seie eg blei imponert. Her var det mykje å mimre over frå min barndom og ungdom. Det er utruleg alt forfattaren av boka har fått med. Dei gamle bilda var særleg artige å sjå. Eg vil derfor takke forfattaren og dei andre eldsjelene bak boka. Håpar riktig mange kjøper den. Det kan vel ikkje vere så mange idrettslag som har ei så fin historiebok. Sidan idrettslaget vel også var og er det største laget i bygda innheld boka mykje lokalhistorie for Svelgen.

Eg syns det er interessant å følge litt med på kva som skjer i barndomsbygda. Svelgen.no er i så måte ei fin nettavis. Etter at foreldra mine gjekk bort har eg stort sett vore på Kalvåg i sommarferiane. Det er då alltid hyggeleg å treffe att gamle svelgarar.

Helsing til alle gamle kjente i Svelgen frå

Bjørn Kåre Steinset

Harestua


Friidrett:

Bjørkedal har årsbeste i høgde i Norge 01.07.2004

Jørgen Bjørkedal frå Svelgen TIF har årsbeste i landet for 14-åringar i høgde. Dette i følgje Friidrettsforbundet sin årsstatistikk, som sist vart oppdatert 20. juni. Bjørkedal hoppa 1,65 m på Førdeleikane 13. juni. Også to andre 14-åringar har hoppa 1,65 m i 2004. Under det store friidrettsstemnet på Lillehammer forrige helg, der Bjørkedal ikkje stilte, vann vinnaren med resultatet 1,60 m. I 2003 hadde Bjørkedal 1,55 m som bestenotering utandørs på stemne, så han har hatt stor framgang i vinter. Også innandørs har Bjørkedal årsbeste i landet, etter at han hoppa 1,60 m i Florahallen 27. mars. Det resultatet er det ein 14-åringar til som også har klart.

I følgje årsstatistikken er Bjørkedal også inne på årsbestelista med 8,1 sek på 60 m, og 5,13 m i lengde, men der ligg han lenger nede på lista. Det same gjeld for 16-åringen Kim Leirvik, som også har oppnådd gode resultat med 5,66 m i lengde og 11,30 m i tresteg. Desse statistikkane finn du her.

På biletet nedanfor ser ein stortalentet Jørgen Bjørkedal i aksjon i høgde på Svelgen stadion hausten 2003, under fotografering til STIF-boka. Mange svelgarar kjenner Bjørkedal frå sitt luftige lengdesvev på framsida av "Heia STIF!".  Foto: Dag Solberg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jørgen Bjørkedal og dei andre friidrettsutøvrane i STIF vert trena av Ingvald Ytrehus. Og det er ikkje første gong i Ytrehus si 30-årige trenarkarriere i STIF (utruleg, men sant !!!) at han får fram ein høgdehoppar som hevdar seg i landstoppen. Arild Langedal og Kjell Langseth var to gutar som var fødde i 1968, og som gjorde det svært godt i høgde. Desse to tok begge gjeve medaljar i Donald Duck-meisterskapen (DDM), som vart rekna som eit uoffisielt NM for 11-14-åringar. I 1979 deltok Langedal i 11-årsklassen i DDM og vann sølv med resultatet 1,35. Same året hoppa han 1,40 m i eit anna stemne. I 1980 hoppa 12 år gamle Langedal 1,48 m i DDM og tok bronse. Langedal vart ved begge desse høva beste norske deltakar, då han ved begge høve vart slegen av andre nordiske deltakarar. I 1981 var det Kjell Langseth som kvalifiserte seg for DDM, og han tok sølv i 13-årsklassen med 1,61 m. I 1982 gjekk Langseth heilt til topps i DDM, då han hoppa 1,70 m som 14-åring.

Det sistnemnde resultatet er klubbrekord for ein 14-åring i STIF. Klubbrekorden for senior er det læremeister Ingvald Ytrehus som har, då han i 1963 hoppa 1,88 m på eit stemne i Sogndal. Ytrehus sin rekord vart utført med dykkstil, medan utøvarane i nyare tid har nytta floppstil. Desse opplysningane er henta frå STIF si historiebok.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars