Arkiv Sept 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ikkje drosje i Svelgen to timar fredag 30.09.2009

Fredag 02.oktober vert det ikkje drosje i Svelgen mellom kl.11.30 - 13.30 grunna gravferd.
 
Elsa Johanne

Karneval/Nattcup, fredag 2.oktober. 27.09.2009

9.klasse ved Svelgen oppvekst arrangerar karneval/nattcup

for alle elevar i 7. Klasse til og med vidaregåande.

Nattcupen finn stad i Svelgen Idrettshus fredag 2. oktober,

kl 20.00 og  fram til kl 02.00.

Nattcupen er eit arrangement der inntekta går til klassetur til Polen i 10. Klasse.

Vi har kåringar der du kan vinne flotte premiar og vi har mange tilbod i kiosken.

Om de vil melde på lag ta kontakt med Eirik Ask på mobil: 98 88 91 49

Påmeldingsfrist: onsdag 30. September.

Ting vi vil vite er: kva klasse du går i, kven som skal vere med på laget

(maks 6 stk, begge kjønn) og lagnamn.

 Aktivitetar du kan vere med på er fotball og volleyball.

Inngangspengar:
Med kostyme: 50 kr
Utan kostyme: 70 kr

Håpar vi får inn flest mogleg lag, slik at det blir ein kjekk kveld for alle.

Arrangementet er alkoholfritt.

9. klasse ved Svelgen oppvekst

Ledige stillingar i Bremanger kommune 30.09.2009

Bremanger kommune har fleire ledige stillingar inan pleie og omsorgssektoren. Sjå stilling ledig til venstre. 

10. klasse sel kaker til skuletur 28.09.2009

10. klasse ved Svelgen Oppvekst er no igang med å selje kjeks og karamellar, frå leverandøren Nordkak AS!

Inntekta går til klasseturen som vi skal ha med Aktive Fredsreiser til Polen våren 2010.

Vi kjem rundt på dørene og sel!

Vi håpar på god støtte!

.

.

 

10.kl v/ Svelgen Oppvekst

Helene Midtbø Bjørkedal


Dansekurs på Realen i haustferien 28.09.2009

 

 

I haustferien kan ungdomsklubben Realen tilby føljande danse kurs:

 

  1-3 klasse Ballet.

 Ca 1-1,5 time pr dag.

4 – 6 klasse Streetjazz    ( dans som i musikkvideo)

ca 2 – 2,5 t pr dag.

7 – 10 klasse Streetjazz

ca 2 – 2,5 t pr dag.

 

Hip Hop for gutter 5 – 10 klasse.

ca 2 – 2,5 t pr dag.

 

Dato for kurs er 8.9.10 oktober.

 

 8 plassar på kvar gruppe, påmelding etter fyrst til mølla prinsippet.   Pris : 400,- for heile kurset.

Lærar er Lisa Giil.

 

 

Tidspunkt for undervisninga   kjem seinare.

Påmelding til servicekontoret på tlf: 57 79 63 00.

 

 

Anita/Ungdomsklubben Realen

Grete/ kulturskulen.


21 dagar og 120 timar med samfunnsstraff for legeangrep 27.09.2009

Det var 1. juledag i fjor at mannen i slutten av 30-åra vart frakta i ambulanse til legesenteret i Svelgen. Der gjekk han til åtak på ein lege og øydela bilen hans. Fjordane tingrett har dømd mannen til fengsel i 21 dagar og 120 timar med samfunnsstraff.

Han må også betale 99 526 kroner i erstatning for skade på bilen og for bruk av leiebilen medan bilen til legen var til reperasjon. I tillegg må han betale 2000 kroner i sakskostnader. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Pensjonistmøte 27.09.2009

SEPTEMBERMØTE I TRUDVANG.

Onsdag den 30.september kl.1700 held Svelgen Pensjonistlag medlemsmøte i Trudvang

Programmet ligg på "Keipenstova-sida" - og der ligg også utkast til høyringsuttale til "Strategisk plan for pleie og omsorg". ALG


Neste veke blir det stor aktivitet på Svelgen Stadion. 25.09.2009

 

                            Fotball kamper : 

28/09 kl.18:00      Svelgen - Førde 6                    (G-13/14 : 11'ar)

29/09 kl.18:00      Svelgen - Florø 2                     (J-13/14 : 7'ar)

29/09 kl.18:00      Svelgen - Tambersjelva 2         (G-11 : 7'ar)

30/09 kl.17:20      Svelgen - Førde 2                    (G-12 : 7'ar)

30/09 kl.18:30      Svelgen - Førde 5                    (G-13/14 : 11'ar)

01/10 kl.18:30      Svelgen - Gaular 2                   (J-13/14 : 7'ar)          

 

                                        

                    

 

     

 

                                       Meir (dommer oppsett) på STIF og Fotballen  si side. 

 

 

 

 

Andre STIF sider :  Hovedsida ,  Trim  ,  Barneidrett/Idrettskule  ,  Svømming ,

Friidrett ,   Skytegruppa ,  Svelgen Stadion

    

Eller du lurer på kva medlem- og treningsavgifta   er.... så finn du den  her

                    

            

        

              Grasrotandelen er viktig for STIF !!!

        

        

 

 

Om du registrerer tippekortet ditt der du leverer inn fotballtipping, lotto m.m. så

er du med på å støtte laget økonomisk, utan at du bruker ei krone sjølv....

           

                 STIF sitt org.nr. er : 971 365 226.  

 På  Coopen  har dei org.nr. i tippekassa.

 

                   

 

   


Langtidsvarsel frå svømmegruppa i Svelgen 25.09.2009



Svømmegruppa vil arrangere ein stafett i samband med skulen/bassenget sitt 50 års jubileum 14. november.
Vi oppfordrer alle private, bedrifter, firma, skular og grendalag til å melde seg på til ein sosial konkurranse! Ingen aldersgrense.
Stafetten vil bestå av 4 etappar. 2 etappar der det skal springast ei runde rundt den flotte idrettsbana vi har fått i Svelgen.
Dei 2 siste etappane skal det svømmast 50m kvar, og det kan bli artigt og kaotisk i vårt lille basseng!

Det blir premiering for beste lag+ trøstepremiar.

Vi har sett prisen til kr 200,-pr.lag (kr 50,- pr.pers).

Du melder deg på ved å betale inn til konto nr. 3705 16 46968. Merk med namnet på stafettlaget + kontaktperson.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Gry Gulestøl, mob.95 98 60 36/ 577 93 668
eller e-post: mort-g@online.no

Svømmegruppa vil også køyre eit lotteri i tida fram til jubileet, og vi takker alle som støtter oss med premier og kjøp av lodd.
Lodd kan kjøpes i banken og Best-stasjonen (statoil). Seinare vil vi sitte på kopen.
Premiane er utstilt i banken i Svelgen.

FOTBALLSØNDAG I SVELGEN ! 25.09.2009

Søndag får Alf Erik spele kamp heime i Svelgen. Arkivfoto: Stig Høynes.

 

 

Store nedbørsmengder gjer at Bremanger stadion ikkje vil "overleve" to seniorkampar søndag. Difor har dei flytta både dame og herrekampen til vår nye og flotte kunstgrasanlegget i Svelgen.

    

Vi håpar at Bremanger suportarane legge søndagsturen 27.09. til Svelgen.

Og Svelgarar no har vi høve for første gang i historia til å sjå seniorkampar på den nye flotte bana vår.

   

BIL-damene spelar ein avgjerande toppkamp mot Jølster kl.13.00.

    

Herrane med tre Svelgarar i start 11àren møter TMFK 2 til årets siste seriekamp kl.15.00.

        

Meir om begge kampane kjem på sida til    Bremanger


Ledig stilling som driftssjef innan Famlie og Helse 25.09.2009

Bremanger kommune har ledig ei 100 % fast stilling som driftssjef for driftseininga Familie og helse for snarleg tilsetjing. Driftssjefen har økonomisk, fagleg og administrativt ansvar for eininga. Næraste overordna er kommunalsjefen. Sjå heile utlysinga under Stilling ledig til venstre.

Hugs avlesing av straummålaren 25.09.2009

 

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at torsdag 1. oktober skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

 

Korta som var vedlagt EEB sin kalendar er frankerte. og er også ein fin mulighet til å melde inn standen.

 

Om du ynskjer å ringe inn målarstanden, og gjer det på ein kvardag, gjer vel og ringe etter kl. 1600.


Tre unge svelgarar i aksjon på Bremanger IL i helga 24.09.2009

I helga spelte Bremanger IL sitt herrelag borte mot Jølster 2, og i den kampen var følgande svelgarar på bana: Alf Erik Sande, Torstein Ask (biletet) og Jan Rune Nigardsøy. Kampen enda 1-1, og den kan du lese meir om her.

 

Alle dei tre har ferdre som også gjorde seg bemerka på lokale fotballbaner: Arild Sande (358 kampar for STIF), Geir Ask (221) og Roald Nigardsøy (361). Dei to sistnemnde spelte også ein periode på Bremanger sitt seniorlag.


Hjortelag skaut hundar på Davik 24.09.2009

Det var sist laurdag at eit hjortejaktlag i Davik i Bremanger hadde sett ut postar og starta eit jaga, skriv firdaposten.no.

Jegerane oppdaga at unghundane jaga hjort i området. Dei fekk kontakt med den eine eigaren, men det ingenting skjedde. Den andre eigaren fekk dei ikkje tak i.

Då jegerane starta ei nytt jag, skal hundane framleis ha sprunge etter dyra.

- Jegarane opplevde at hjortane var svært stressa. Det blei først skote varselsskot, men dette hadde ikkje effekt. Deretter blei det skote eit skot mot kvar av hundane som begge blei avliva på staden, seier lensmann Hans Rune Strandos til avisa.

Dei to buhundane skal ha brote seg ut av ein hundegard. No må politiet finne ut om jegerane kunne bruke naudretten i denne situasjonen.


Turkart over Bremanger ferdig 24.09.2009

No er turkartet over Bremanger endeleg ferdig. Dette gjev deg høve til mange gode naturopplevingar rundt om i kommunen. Skaff deg kartet og du vil få stor glede av å gå på tur i heile kommunen. 
Vi har eit uendeleg tal lange og korte turar du kan velje i. Her er opplevingar for store og små, unge og eldre. Her kan du lese om turane du finn i kartet.
GOD TUR !
Kartet vert seld i Svelgen:
-Turistinfo Svelgen - Svelgen Hotell AS, mobilnr. : 99 23 96 02 -Servicekontoret på rådhuset

I resten av kommunen:
-Turistinfo Kalvåg : mobilnr. 48 14 04 88 -Alle daglegvareforretningane -Holmen Atelier, Kalvåg -Farmen, Bremanger -MX Sport Bremanger, Bremanger

4H med kafe i Trudvang i morgon 22.09.2009

Røsslyngen 4H arrangerer kafe i Trudvang på Kjelkenes i morgon (onsdag den 23. september) frå kl 16.00-18.00
Vi serverer gryterett, kaker og kaffi og det vert også utloddning.

Alle er velkomne!


Trafikktryggleik og lensmannsbesøk i 1. klasse 22.09.2009

I august og september har 1. klasse på Svelgen Oppvekst blant anna snakka mykje om trafikktryggleik i 1. klasse. I samband med dette har dei blitt kjend med Busse og Rulle, som er ein buss og ein bussjåfør. På Svelgen Oppvekst fortel dei: "Vi har lært oss dei 10 bussvettreglane og har hatt mange samtaler om kva som er viktig å passe på når vi ferdast i trafikken og når vi skal vere med bussen.

I dag har vi vore på busstur saman med bussjåfør Jon. Vi hadde også med oss Lensmann Hans Rune Strandos som såg til at vi gjorde alt heilt riktig. Vi gjekk på bussen ved skulen og kjørte bort til Sande. Der gjekk vi av bussen og venta til bussen kom tilbake. Lensmannen blei med oss tilbake til klasserommet og fortalte oss kor viktig det var at vi var observante i trafikken og kor viktig bruk av hjelm er  når ein skal sykle langs vegen". På bildet ser vi lensmannen gjere eit forsøk med eit egg med hjelm. Sjå fleire bilder på Svelgen Oppvekst.

 

 


Grotle stilte spørsmål ved finansiering 22.09.2009

- Bør arbeidet med strandlinja stansast inntil prosjektet er fullfinansiert?

Dette spørsmålet vart stilt då då saka om fullfinansiering av det første byggesteget i sentrumsutvikling Svelgen var oppe i formannskapet torsdag.

Det var varaordførar Nina Grotle (Ap) som reagerte på at arbeidet med oppgraderinga av sjøfronten mellom fylkeskaia og helsesenteret i Svelgen er sett i gang utan at finansieringa av prosjektet er på plass.

– Vi har dekning til det arbeidet som allereie er igangsett, svara rådmann Tom Joensen, som gav klarsignal til oppstarten.

Det er trong for ytterlegare 1,2 millionar kroner for å fullfinansiere prosjektet, melder Firdaposten. Foto Bj. Ripe. Sjå fleire bilder på Svelgen Origo.

 


DnB Nor vil utsette Terra-rettsaka 22.09.2009

DnB NOR ønskjer å få utsett handsaminga av rettssaka mellom banken og dei sju Terra-kommunane i Oslo tingrett. Det skriv avisa Fremover i Narvik.

Banken gjekk til søksmål mot kommunane, etter at dei nekta å betale tilbake lån på nærare ein milliard kroner i samband med Terra-saka.

I følge avisa skal DnB NOR ha eit ønskje om å utsette saka i inntil to år.

Rettssaka skal etter planen starte i november.


PENSJONISTMØTE 22.09.2009

PENSJONISTMØTE I TRUDVANG.

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte i Trudvang på Kjelkenes

onsdag 30.september kl.1700.

Program på Keipenstova si side.

 


Haukåtunnelen åpner i morgon - tirsdag 21.09.2009

Tirsdag 22 september vert tunnelen opna klokka 20:00.
Frå onsdag 23 september og ut november vert tunnelen stengt i kortare periodar på inntil 1 time(manuell dirigering) i arbeidstida frå klokka 07:00 til 20:00.
Det vert teke omsyn til rutegåande trafikk og utrykningskjøretøy.

Frå kl 20.00 til kl 07.00 er det fri ferdsel.

Ferja og skyssbåten går til og med tirsdag 22.09.2009.

19-20.september 2009.

Resultat KM/ Krinsleikar 2009. 21.09.2009

 

    På sida til STIF og  Friidrettsgruppa ei lita oppsumering av KM/ Krinsleiker 2009

 

    Her er og litt fra litt fra NCC leikane på Osterøy.

    

   

  


Seniorfotball for herrar i Svelgen laurdag kl. 13 18.09.2009

Laurdag 19/9 er STIF arrangør av av ei fotballturnering i 7. divisjon for herrar. Dette 7`arfotball, og kampane tek til kl. 13, og varer til ca kl 16. I denne turneringa møtast alle laga i 7. divisjon herrar.

Hovudtillitsvald Knut Sande:

Reagerer på auka nettleige 17.09.2009

– Dei tilsette ved Elkem Bremanger reagerer veldig på at Statnett vurderer å auke nettleiga, fortel hovudtillitsvald Knut Sande.

- No fryktar vi rett og slett for framtida til verket, legg han til.

Sande er også redd for at Orkla, som i 2005 overtok eigarskapen i Elkem under påskot om langsiktigheit og satsing, i realiteten byggjer ned Elkem.

- Eg ser ikkje anna løysing for Elkem Bremanger, enn at vi må prøve å få politikarane til å ta affære, seier Sande til Firdaposten.


Leiar i Fp om kraftsalet:

- Det er eksportert nok varige verdiar ut av fylket 17.09.2009

Leiar i dagens Firdaposten; Elkem har bode ut kraftverka sine i Svelgen til sals. Dette har skapt sterke reaksjonar i kommunen, men Orkla AS som Elkem er ein del av, ser inga mon i å sitte med dei når dei likevel går til heimfall om nokre år. Firdaposten har tidlegare vore innom temaet ved eit par-tre høve, men førebels har det vore svært så stilt om ei så stor og viktig sak. Kven kan kjøpe? Skal vi halde krafta på lokale hender, ser vi ingen andre reelle kjøparar enn Sogn og Fjordane Energi, eventuelt i ei deling med Elkem.

Bremanger kommune er dessverre i den ulukkelege stoda at dei har brukt framtidige kraftpengar til spekulasjon, lokka av utspekulerte seljarar. Heller ingen av dei andre «YFK-kommunane» som Flora, Vågsøy og Askvoll har økonomi til å kjøpe seg inn, endå det var det dei burde.

Vasskraft er det næraste ein kjem ein «evig ressurs». Produksjonskostnaden ved eit nedbetalt vasskraftverk ligg i dag truleg i underkant av fem øre pr. kilowattime. I det er irekna kapitalisering og vedlikehald av maskiner og anna utstyr. Det finst inga anna næring med tilsvarande, varig inntektspotensial.

Eit vasskraftfylke som Sogn og Fjordane har eksportert meir enn nok av varige verdiar som storsamfunnet i hovudsak har vinsten av. Vårt prinsipielle standpunkt er at krafta i hovudsak bør nyttast i det fylket og den regionen der den er skapt.

.

.

. Harald J. Stavang (bilde)


Haukåtunnelen åpen i helga 17.09.2009

  

. Vegen vil være åpen i helga fra fredag kl. 18:00  

 til mandag kl. 06:00. 

 

 

Rv 614.  Grov - Svelgen (Haukå tunnel)

Sogn og Fjordane - Midlertidig stengt

Stengt på grunn av vegarbeid.

Gjelder fra 16.09.2009 klokken 09:55 til 22.09.2009 klokken 20:00.

 

Omkjøringsrute er ferge mellom Florø og Kjelkenes.

Dette melder Vegvesenet på sine heimesider.


Rute Svelgen-Villevika-Florø! 09.09.2009

 

Bussen frå Svelgen til Florø via Villevika går kl. 0655 og ikkje kl. 0700.

 

Fra Sande går bussen kl.0650.

  

Båten frå Florø til Villevika skal gå kl. 1555 og ikkje kl. 1600.

Det er skyssbåten Tansøy som går ruta.  


Bjarne Lunde spelar opp til Ronny lørdag 17.09.2009

anledning   Ronny Skilbrei sin 40 årsdag på Svelgen hotell blir det dans med Bjarne Lunde no på laurdag. Det blir lukka lag fram til kl 23 00

Frå kl 23.00 blir dørene opna for alle

Svelgen Hotell og Ronny  ynskjer alle velkomne til feiring og dans!!

Cover kr 100, -


Og så kom stripene på plass.... 16.09.2009

 Les meir på sida til STIF og Svelgen Stadion

Foto. Bjarne Ripe   Svelgen Origo


Nesten 3 millionar til oppdragering av sentrum 15.09.2009

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Totalramma for første byggesteget for eit finare Svelgen sentrum er på 2,9 millionar kroner. Det første byggesteget omfattar oppgradering av området nærast fjorden, med promenade, sjøfront og tilkomst til vatnet mellom fylkeskaia og helsesenteret.

Bremanger kommune har fått 663 000 kroner i tettstadmidlar som delfinansiering av byggesteget, i tillegg har kommunen fondsmidlar avsette til føremålet.

Men framleis er det trong for ytterlegare 1,2 millionar kroner for å fullfinansiere prosjektet.

Torsdag skal politikarane i Bremanger ta stilling til korleis dei skal restfinansiere.

Etter rådmannen si tilråding blir pengane mest sannsynleg løyvde frå det kommunale næringsfondet, melder Firdaposten.

 


Ordførar vil forhandle med SFE-aksjar 15.09.2009

Orkla vil selje vasskraftverka til Orkla i Bremanger på grunn av heimfallsretten som seier at rettane til vasskrafta fell tilbake til staten om ei viss tid.

Om kjøparen ikkje kjem frå fylket, fryktar leiar i Svelgen Næringsråd, Bjørgulf Myklebust, at viktig verdiskapning vil forsvinne.

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, håpar også på ein lokal kjøpar, men han seier det førebels er umogeleg for kommunen å kjøpe.

- Her er det snakk om milliardbeløp. Vi skal likevel ikkje kaste vekk tanken, men undersøke om det er sjansar for det, seier Svarstad.

- Kva kan kommunen gjere?

- Eg har tatt det opp med rådmannen og vi vil gå vidare med det politisk. Ein annan måte å forhandle om kraftverka kan vere gjennom eigarskapen vår i SFE, seier han til NRK Sogn og Fjordane.


Ap tilbake 6.3 prosent - Sp og Frp nøyaktig like store 15.09.2009

Forhåndsstemmer Stemmer totalt % 09-05 09-07
A 114 582 27.3 -1.5 -6.3
SV 35 145 6.8 -5.2 +0.8
RV 6 16 0.7 +0.5 +0.2
SP 99 462 21.6 +4.2 -1.1
KRF 29 142 6.7 -3.0 -1.8
V 16 50 2.3 -2.5 -3.1
H 49 268 12.6 +4.4 +0.7
FRP 115 462 21.6 +3.9 +10.6

Valgresultat for Bremanger 15.09.2009

Valgresultat for Bremanger (Dagbladet)

verksdirektør Robin Ephithite ved Elkem Bremanger Foundry:

- Statnett svekker industriens konkurransekraft 14.09.2009



Statnetts varslede tarifføkning svekker Elkem Bremangers konkurransekraft.
Den er i strid med regjeringens uttalte mål om at ikke industrien skal få
økte nettkostnader.

Statnett har varslet en tarifføkning som betyr at den effektive avgiften
går opp fra 95 kr/kW til 341 kr/kW. For Elkem Bremanger betyr det 5
millioner kroner mindre på bunnlinjen.

– Vi trenger mer forutsigbarhet fra Statnett. Tarifføkningen kommer på
toppen av den mulige endringen som følger av den nye kraftlinjen mellom
Ørskog og Fardal. Den kan bety en ekstrakostnad på 5-10 millioner kroner,
sier verksdirektør Robin Ephithite ved Elkem Bremanger Foundry.

Ephithite mener det er ekstra ille at tarifføkningen skjer i en
nedgangskonjunktur. Elkem Bremanger har det siste året stengt ovner og
permittert og sagt opp ansatte.

– Da sier det seg selv at vi kommer til å slite med den varslede
tarifføkningen. Den kan i verste fall bety at arbeidsplasser settes i fare,
påpeker Ephithite.

Husk å stemme i dag !! 14.09.2009

 

Vårdal vann veddemålet med god margin 12.09.2009

I følgje Firdaposten si nettside så vann Torgeir Vårdal veddmålet mot Alf Høåy og Helge Lekveen om kven som er den raskaste på 60-meter`n. Torgeir vant med tida 8,80 sek, deretter kom Helge på 9,60 og Alf på 9,62 sek. Med andre ord er Vårdal raskast til beins, medan dei to andre berre er store i kjeften :-) Biletet er henta frå Firdaposten.no sin biletserie som Anita M Ingebrigtsen har teke.

 

 

Alle bileta til Firdaposten.no, tekne av Anita M Ingebrigtsen, kan du sjå ved å klikke her.

 

Fay Løvseth med 8,3 sek. (1982) og Kurt Hessvik med 7,1 sek. (1990) har klubbrekordane til STIF på 60 m.


Kåre Myklebust skrytte av Sandvik 12.09.2009

Driftssjef ved Svelgen oppvekst Kåre Myklebust (t.h.) var imponert over jobben STIF-leiar Svein Arne Sandvik hadde gjort.
Fredag vart kunstgrasbana og fasilitetane til idrett rundt bana offiisielt opna.

STIF-leiar Svein Arne Sandvik fekk veldig mykje skryt for jobben han har gjort, og ein av dei som skrytte aller mest var driftssjef ved Svelgen oppvekst, Kåre Myklebust.

- No har du fått til mykje i di tid som leiar. Først var det ballbingen og no dette praktfulle anlegget. Du er nok den leiaren i STIF som mest av aller fortener ein plass i historiebøkene, sa Myklebust under den offisielle opninga.

Les meir om opninga i papiravisa til Fjordenes Tidende (foto) måndag

STIF-leiar Svein Arne Sandvik under åpningstala:

- Skal brenne "BANA STENGT"-skiltet 12.09.2009

  Leiaren i Svelgen Turn- og Idrettsforening, Svein Arne Sandvik, annonserte under åpningstala at Svelgen Stadion aldri meir skal vere stengd, og at det gule skiltet med teksten "BANA STENGT" no skal brennast.

Her er utdrag frå talen som både omhandla historikken og ein hyllest til verksemder og privatpersonar som har bidratt til realisering.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

"- For oss i STIF er dette en stor dag, en kjempebegivenhet. Reisa vi har tilbakelagt for å få til dette har vært lang og kronglete, men samtidig ei spennande og givande. Vi starta ei lita intern gruppe i STIF høsten 2002 og la då konkrete planer om å oppgradere anlegget her, og var alle enige om at skulle vi gjere ei oppgradering måtte det bli gjort 100 prosent. Arbeida starta vi opp siste veka i februar i år, og det har blitt jobba hardt og målretta sidan dette. Vi satte 1. september 2009 som dato for ferdigstillelse av selve bana og det har vi klart.

- Vi i STIF såg at ei total oppgradering var nødvendig utfra at vi hadde svært dårlige kamp- og treningsforhold for både fotball og friidrett, med ei brukstid på bana vår som kun strakk seg over nokre få sommermånedar. Fotballbana kunne for alle sjå svært fin ut men den tålte ikkje vatn som vi har en del av her hos oss, og friidrettsanlegget var utgått på dato for mange år sidan.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

30 kilometer rør

- De kjenner sikkert til og har sett skiltet på bana her kor det står ”Banen er stengt”. Vel, i dag kan vi brenne dette skiltet for no kan det spilles fotball og drives friidrett og anna aktivitet på Svelgen Stadion så å sei heile døgnet.

Og Svelgen Stadion med ny kunstgressbane og friidrettsanlegg og idrettslaget vil kanskje være den viktigaste nærmiljøaktøren i Svelgen og Bremanger kommune.

- Bygge tida har tatt litt i overkant av eit halvt år. Entreprenøren har gravd seg heilt ned på den orginale traubunnen som vart etablert i 1958, og her fann vi masse rart, vi måtte meisle oss igjennom gamle slaggpotter og anna. Vi har lagt inn over 30 kilometer med rør for undervarme, og skal koble oss inn på varmtvannsnettet. Vi vil då sikre god undervarme som gir optimale forhold sommer som vinter.

- Vi har fått lagt et topp moderne kunststoff dekke på friidrettsbanen, som skal få kvite oppmerka løpebaner. Kunstgraset er av siste generasjon og vil for fotballspillere oppleves som om det er naturgras. I tillegg til dette er det montert lysanlegg som vil gje optimale lysforhold til all idrettslig aktivitet på bana ut i dei seine og mørke høst- og vinterkveldane,…

1800 dugnadstimar

For å få til alt dette har det i tillegg til alle timene og tjenestane som entreprenørene har nedlagt og levert, blitt jobba utrulig godt med dugnad fra STIF, totale dugnadstimer som er nedlagt i anlegget er i overkant av 1800 timer.

Budsjettet som er fremlagt for prosjektet er på vel 8 mill kroner og så langt ser det ut som at påløpte kostnader blir som vi budsjetterte.

Det er mange som skal takkast i dag, og eg skulle meir enn gjerne tatt for meg alle personlig, men eg vil i kveld trekke fram dei viktigaste..

Mange å takke

·         Elkem AS Bremanger Smelteverk som er vår hovedsponsor og som gjorde en eigedomsoverdragelse og ga heile tomten vi står på gratis til Idrettslaget.  

·         Bremanger Kommune gjorde for nokre år tilbake vedtak om å støtte prosjektet med 1,5 mill kroner i reint tilskudd og stå som byggherre

·         Ei anna viktige brikke for å få dette til er lokalbanken vår.

Sparebanken Sogn og Fjordane har vært vår trufaste bankforbindelse i all tid, og en god sponsor og   har og gjennom alle år vist å sette pris på initiativa som idrettslaga i kommunen har bidratt med. For dette konkrete prosjektet har dei gitt penge gåver på tilsaman over 600.000 kroner. Ei fantastisk pengegåve som var avgjørende for igangsettinga av prosjektet.

·         Trond Mohn

 

Prosjektgruppa for Stadion tok kontakt med Trond Mohn våren 2008, og fremla vårt prosjekt og grunnga vårt behov for finansieringshjelp. I september 2008 vart det klart at Mohn ville støtte prosjektet vårt med kr. 2.000.000.- Denne pengegåva var den utløysande faktoren som ga oss trua på at dette prosjektet var gjennomførbart..  

I tillegg til dei store gavene er det også gitt mindre pengegaver og gratis tjenester, sa Sandvik og nemnde Jernarbeideren ve og vel , funksjonæravdelinga ved Elkem Bremanger, Elkem Energi, entreprenør Br. Mundal, Rørleggar R. Nigardsøy, INC Vedlikehold, Klausen Industri og  Coop – som alle på ulikt vis har støtta prosjektet.

 

- Vi må heller ikkje gløyme gutta fra Neusport, Tyskland som har lagt det flotte kunststoff dekke for friidretten,  

·         Det er og ein person eg vil rette ei stor takk til, og det er Per Helge Eikeland som har representert Bremanger Kommune si byggenemd. Per Helge har vært en stor ressurs og en god medhjelper i heile prosjektet, og vært tilgjengelig for prosjektgruppa til STIF gjennom alle dei ulike fasane i prosjektet

Dugnadsgjengen

På vegne av heile prosjektgruppa vil eg rette ei stor takk og berømme følgende kara for sin enorme innsats og glødande engasjement.

Stig Gjerde og Svein Bjørkedal for all forskaling og støyping av ringmursystemet

Jarle Frøyen som har hatt ansvaret for å få på plass et komplett lysanlegg

Arild Sande som har hatt ansvaret og koordinert legginga av undervarmesystemet

Eg blir nødt å trekke fram en mann som vi ikkje kjem uten om, og det er Ingvald Ytrehus som på sitt vis har samla ” seniorgruppa” si og bidratt med en kjempeinnsats på alt av dugnad som er nedlagt på Svelgen Stadion, avslutta Sandvik og overrekte blomar til samtlege.

Sjå Bjarne Ripe sine bilder på Svelgen Origo

 


BASAREN PÅ KEIPENSTOVA 11.09.2009

Svelgen Pensjonistlag takkar alle som støtta basaren vår. Vi fekk inn 20.000 kroner på bøkene, og ca 4000 kroner på åresalg. Arbeidet med å setje istand toalettet,slik at det kan brukast av alle, er alt i gang!

Sjå trekningsliste på Keipensstova-sida! Gevinstar kan hentast måndag.


Bilder frå åpninga av Svelgen stadion 11.09.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

.

...

.

.

 

.

.

.

.

..

.

.

..

.

..

.

.

.

..

.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1. Vebjørn Solberg på veg til å score eit av den nye bana sitt aller første mål.

.

2. Ole Martin Gjerde har lagt lista for lavt.

.

3. Enorm stadionkake frå Svelgen Hotell sitt kjøken, servert av Vibeke Kjerpeseth og Hege Iren Svarstad. Alf Håøy og Per Helge Eikeland forsyner seg.

.

4. Nye Svelgen Stadion sine støttespelarar og "opphavsmenn/damer"; f.v. Elin Endestad Gjerde (dugnad/matmor), Jarle Frøyen (dugnad), Jørgen Bjørkedal (på vegne av far, Svein, dugnad), Arild Sande (dugnad), Ingvald Ytrehus (dugnad), STIF-leiar og initiativtakar Svein Arne Sandvik, Per Helge Eikeland (sponsor Elkem Energi), ordførar Kåre Olav Svarstad, verksdirektør Elkem Bremanger Steinar Talle (sponsor), Nina Liseth Sparebanken Sogn og Fjordane, personalsjef og styrar av Elkem Velferdsfond, Trudi Vågene (sponsor) og Stig Gjerde (dugnad).

.

5. Miniputt-turnering med stor iver. 

.

6. Svelgen skulemusikk med drilltropp og stor aspirantgruppe under åpningsseremonien.

 

Vi kjem tilbake med meir frå den storslåtte åpninga av nye Svelgen Stadion seinare!

 

 

 

 

 

 

 

.


Sogn og Fjordane-toppane seier ja til ekstraordinær statleg satsing på 45-minuttsregionen 11.09.2009

Seks av sju listetoppar til Stortingsvalet i Sogn og Fjordane seier ja til ekstraordinære statlege regionbyggingsmidlar til vegprosjekta i 45-minuttsregionen – gitt at lokal og regional finansiering elles er på plass. Det syner ei gransking gjort av Kystvegen Bergen-Ålesund og Arbeidsutvalet for 45-minuttsregionen.

 

Les oppsumering av svar her.

 

Tanken bak 45-minuttsregionen er å skape ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion i Ytre/Midtre Nordfjord og Sunnfjord med 45-50.000 innbyggarar innan 2020, gjennom vegutbyggingar for ca 900 mill kr totalt på vegen mellom Måløy og Florø. Planane vil kutte reisetida på den 39 km lange strekninga Måløy-Florø frå dagens 2 ½ time til under det halve, og er ein del av den planlagde Kystvegen Bergen-Ålesund.

 

- Det er svært gledeleg at det no er tverrpolitisk støtte til tanken om eit spleiselag mellom brukarar, fylke og stat for å skape den første skikkelege vekstregionen på kysten, seier Bjørgulf Myklebust i Arbeidsutvalet for 45-minuttsregionen. - Ei rask realisering av 45-minuttsregionen vil utløyse sterk vekst i heile Sunnfjord og Nordfjord, medan ytterlegare år med manglande nord-sør veg på kysten vil føre til stagnasjon og ytterlegare folketalsnedgang i Sogn og Fjordane.

 

Kartlegginga syner også at heile prosjektet Kystvegen Bergen-Ålesund står høgt på prioriteringslista til dei fleste partia.


Haukåtunnelen åpen i helga 11.09.2009

Grov - Svelgen (Haukå tunnel)

. Vegen vil vere åpen i tidsrommet 11.09.2009. kl.18:00 til 14.09.2009. kl.06:00.

Sogn og Fjordane - Midlertidig stengt

Stengt på grunn av vegarbeid. Arbeidet ventes avsluttet 25.09.2009.

Omkjøringsrute er ferge mellom Florø og Kjelkenes

 

Dette melder Vegvesenet på sine heimesider.


Ledig stilling som IKT-KONSULENT 11.09.2009

Bremanger kommune har ledig stilling som IKT-konsulent. Stillinga er knytt til IKT-avdelinga i kommunen som har det overordna ansvaret for innkjøp, utvikling og drift av kommunen sine IKT- og telefoniløysingar. Sjå full utlysingstekst under Stilling ledig til venstre.


Frå Bjørg/Samfunnshuset:

Takk for gåver og arbeidsinnsats! 10.09.2009

 

 

I fjor gav Svelgen Sanitetsforening 10 000 kroner til Samfunnshuset. For det har vi kjøpt nye panner.

 

Stor takk til dykk som var med og ordna blomsterbeda ved Samfunnshuset. Det var ingen lett jobb å fjerne røtene, men vi kom i mål. Prikken over i’en ordna Kristin Hjelle og Frank Ove Flagtvedt. Borken betalte dei – som gåve til samfunnshuset. Flott kunstverk har dei også ordna!

 

Vil også takke Solheim Snikkar-verkstad som reparerte piano-skammelen og sponsa nytt trekk til den.

 

Vår trufaste bingogjeng står på kvar veke og får inn pengar til drifta.

 

 

Utskifting av sikringskap har Ferstad utført. Komande veke startar Ferstad Installasjon og Nigardsøy Røyrleggar med ferdigstilling av vannboren oppvarming. Arbeidet som desse to bedriftene gjer er gåve til Samfunnshuset.

 

Føler meg privilegert som får vere med på å ruste oppatt Svelgen si Storstove i lag med mange positive og dyktige medarbeidarar/dugnadsfolk.

 

Svelgen Samfunnshus AL

-Bjørg H. Didriksen-


STIF

Barnetrim 09.09.2009

 

Fredag er det opning av Svelgen stadion, dermed vert det ikkje barnetrim.

 

Møt opp til fest og moro på stadion kl.17.00!

 

 


 

Stortingsrepresentant og Are Tomasgard til Svelgen 08.09.2009

Are Tomasgard, næringspolitisk utreder og fagligpolitisk avdeling i Industri Energi og Ingrid Heggø, 1. kandidaten til Sogn og Fjordane AP. kjem på besøk til dei tillitsvalde ved Elkem Bremanger  i morgon, onsdag 9. september

Avgjerast under opninga av nye Svelgen stadion fredag 11/9

Kven er raskast av tre storkjefta karar på 60 meteren? 08.09.2009

At Usain Bolt er verdens raskaste mann til beins veit både han sjølv og alle andre. I Svelgen er det tre karar som alle meiner at dei er raskare enn dei to andre karane. Desse tre er Alf Håøy, Helge Lekveen og Torgeir Vårdal. Under opninga av nye Svelgen stadion fredag 11/9, fom kl. 17.00, skal dei tre endeleg få svaret på kven som er raskast. Dei skal då innvie den nye løpebana med ein 60 meter, med forhåpentlegvis fleire hundre tilskodarar tilstades. Her er historia bak det heile:

     

Under friidretts-VM i sommar var dei tre karane ein liten tur på ein lokal uteplass. Desse tre karane kom på snakk om friidrett, og dei var bl.a. imponert over friidrettsutøvarane til STIF, og kva dei kan få til med nytt idrettsanlegg.

     

Denne samtalen førte etterkvart til eit veddemål som gjekk ut på kven av dei tre som var raskast på 60 meter. Det var ikkje måte på kva dei skraut, tider ned mot 7 blank vart nemnt, springe baklengs og slå dei andre osv. osv. Dei tre var seriøse på at dei skulle finne ut kven som er raskast, gjerne med publikum til stades, då dei skildest ut på seinkvelden. At det skulle vere på den nye bana snakka dei også om, gjerne med mykje folk på tribuna.

    

Dei tre karane hadde nok gløymt heile veddemålet, noko eit vitne til veddemålet ikkje hadde. Dei rette folka i STIF vart kontakta, og fredag skal det avgjerast kven av dei tre storkjefta karane som er den raskaste.

 

Torgeir Vårdal har spelt mange hundre seniorfotballkampar for STIF, og var kjent for sine lange, og nokså hurtige, løp på venstrekanten for STIF. Han trengde litt tid før han var oppe i toppfart, så det spørs om han når den i løpet av 60 m med dagens form… Helge Lekveen har erfaring frå orienteringssporten, og som fotballkeeper, og var seinast i helga med på å ta 4. plass i NM i førstehjelp. Alf Håøy har ikkje all verdens idrettserfaring, men har ein del erfaring frå bedriftsidrett for Elkem, Der har han mellom anna hausta gode opplevingar på løpebane med mykje publikum tilstades. Som på biletet under, frå ”Elkem Cup” i Kristiansand rundt år 2000, der Håøy spang den siste etappen (sjarmøretappen) og fekk publikum til å ta bølgen då han kom i mål vel 15 minutt etter vinnarlaget.

   

Så oppmodinga til folket i Svelgen er: Møt opp på stadion fredag 11/9 fom kl. 17.00, og få med deg opninga av stadion med innmarsj, skulemusikk, talar, friske og raske born og ungdomar i fotball og friidrett, og nokre storkjefta karar, gjerne ikkje så friske og raske, som skal springe 60 m.


Historia om Svelgen stadion 08.09.2009

Fredag opnar nye Svelgen stadion, etter at Svelgen Turn- og Idrettsforening har gjort ein kjempejobb for å få til eit flott idrettsanlegg med friidrettsdel og fotballbane i kunststoff. I dei seinare år har Svein Arne Sandvik & co gjort ein kjempejobb med å få til nødvendige eigedomstilhøve, finansiering og mykje anna som har vore nødvendig for at Svelgen stadion kunne verte opprusta til eit idrettsanlegg bygda kan vere stolte av.

 

Men også før denne tid har det vore lagt ned mykje godt arbeid for å få ein verdig idrettsplass i Svelgen. Her på Svelgen.no har du no høve til å lese kva som har skjedd med idrettsbana sidan dei første planane om idrettsbana vart ”klekka ut” på midten av 40-talet, og fram tom 1999. Opplysningane er henta frå historieboka "Heia STIF!" , og kan lesast ved å klikke her.

 

Biletet nedanfor syner til høgre Øyravågen, der Svelgen stadion i dag ligg. Biletet vart teke i 1938, og til venstre på biletet kjenner ein att "Bakarhuset". Det var først i 1956 at ein byrja å fylle ut Øyravågen, og dette vart gjort med masse frå dei store utbyggingane Christiania Spigerverket gjorde på smelte- og kraftverk i desse åra.


Idrettsskule - Haust 2009. 08.09.2009

 

    Oversikt over aktiviteter på Idrettskulen, finner dykk på heimesida til

    STIF under Barneidrett/Idrettskule

 

    Idrettshallen kvar onsdag kl 17.00 – 18.00.

   Aktivitetane vert lagt opp for 1. – 4. klasse.


Ferja mellom Kjelkenes og Florø - gratis 08.09.2009

Trass iherdige forøsk har ikkje Oddfrid Olsen frå Svelgen fått svar på om ho må betale for ekstraferja mellom Kjelkenes og Florø.


Ledige vikarstillingar ved Elkem Bremanger 07.09.2009

Elkem Bremanger ønsker å knyte til oss personar som kan tenke seg å vere operatører på tilkalling på ovn 5   eller laboratoriet i ulike periodar ved vikarbehov. På ovn 5 kan det vere mulighet for fast tilsetjing. Sjå heile utlysingsteksten under Stilling Ledig til venstre.

Nye Svelgen Stadion

Siste dugnad !!! 04.09.2009

 

 

Svelgen Turn og Idrettsforening vil fredag 11.09 gjennomføre offesiell åpning

av nye Svelgen Stadion.

   

Ein trenger å gjennomføre en større rydde dugnad rundt stadion, etter snart 7 mnd med anleggsarbeider.

  

STIF oppfordrer med dette alle medlemmer i STIF, foreldre, besteforeldre og andre til å møte opp ved Svelgen Stadion mandag 07.09.2009. Kl.17:00.

   

Dersom ein ikkje blir ferdig mandag, tar vi ei ny runde tirsdag...

  

Håper på godt oppmøte og engasjement rundt vår nye sentrumsperle.

   

                                                                                                            

Velkommen!                                                             Biildene er fra sida til    Svelgen Origo

 

   

For Nye Svelgen Stadion

Prosjektgruppemedlemmene                            


Svelgen Røde Kors/NM:

- Ein kjemperevansj for Svelgen 07.09.2009

Etter ein tett og hard landsfinale mot Noregs 15 beste Hjelpekorps, greidde laget frå Svelgen ein strålande fjerdeplass. - Vi var nest sist i fjor, så dette er ein kjemperevansj. Vi har vist styrke, seier Leo Cirotzki frå Svelgen.

Etter nattorienteringa låg Svelgen på åttandeplass. Sterke førstehjelpsprestasjonar i ringløypa neste dag, gjorde at laget avanserte til fjerdeplass, og var nærast i kontakt med 3. plassen før alle prøver var avlagde.

Dette er det nest beste resultatet Sogn og Fjordane har levert. Det beste er ein tredjeplass for to år sidan. Då også var det Svelgen som representerte fylket, noko laget har gjort fem gonger. Her heime har Svelgen såleis dominert i denne konkurranseforma dei siste åra, sjølv om lag som Jølster nærmar seg ein plass i NM.  Bilde: Lagleiar Arne Rebni omkransa av Svelgen Røde Kors/ (Foto: Røde Kors) Les meir her.



Dans på Svelgen Hotell laurdag 12. september 06.09.2009

Svelgen Hotell vi gratulere STIF og bygda Svelgen  med ny flott friidretts- og fotballstadion!! I samband med opninga til helga byr vi på dans med Sten Uno Rambøl på laurdag 12. september.  

Sten Uno Rambøl er opprinnelig fra Eidskog i Sør Hedmark, men har budd på Vassenden i Jølster siden 1987. Han har gitt ut to CD-er med egne melodier og tekster av kona Connie Hamre.   Han spiller gitar og synger, og har i tillegg trommer, bass og keyboard på disc.

Sten spiller variert og dansbar musikk. Mesteparten av repertoaret er pop og rock fra 60- og 70-talet. Men han spiller også musikk fra både 80- og 90-tallet.
Musikken er på norsk, svensk, dansk og engelsk. Det går i Beatles, Rolling Stones, Kinks, Kim Larsen, Sven Ingvars, Bob Dylan, Mannfred Mann, Neil Young, Bjørn Afzelius, Mikael Wiehe, Creedence, Kornelis Vreesvijk, Jonas Fjeld, Odd Nordstoga, Åge aleksandersen og mye mer.

Cc.: kr 120,-

 

 

 

Velkomen til Svelgen Hotell !


The Foggy Few til Svelgen 31. oktober 06.09.2009

THE FOGGY FEW celtisk-inspirert rock kommer til Svelgen lørdag 31. oktober 2009. I løpet av høsten blir det endelig plateslipp igjen etter den flotte debuten ”The Pint of No Return” i 2006:

 

" En forbausende god utgivelse fra dette Bergen-baserte bandet... "
" Ei velspilt, lystig og imponerende plate."
Romerikes Blad

"...musikken de spiller på denne plata er blant årets klareste lykketreff."
"Hør på denne plata du også - du er verdt det!"
RockeWeb

"Snakk om å ta sjangeren på kornet..
Dette er festmusikk som svinger på plate og sikkert enda mer live"
Dagbladet

" Her går de mange andre folkrockgrupper en høy gang." Bergens Tidende

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Lovordene var mange etter The Foggy Few sitt debutalbum "The Pint of No Return". Bandet har vært playlistet på NRK P1, musikkvideoen " The Pint of No Return" har vært vist ukentlig i flere måneder på NRK 2 Svisj, og de har gjort utallige konserter over hele landet,

og markert seg som det viktigste folkrockbandet for tiden.
”The Pint of No Return” er blitt et album spekket med gode melodier, humørfyllt produksjon og en inspirerende blanding av strykere, blåsere, banjo, el-gitar, mandolin, mandola, fløyter, munnspill m.m.
Det hardtarbeidende bandet fra Bergen har med intensiv konsertspilling lagt et
solid grunnlag for debutalbumet sitt, og etterhvert opparbeidet seg en trofast fanskare.
The Foggy Few sin fengende folkrock er inspirert av irsk og skotsk musikk.
Fra oppstarten i september 2003 har bandet delt plakat med de største norske artister,
og turnert Norge på kryss og tvers.
Folkrock-lokomotivet The Foggy Few har i løpet av sin tid på veien opparbeidet seg et rykte som et forrykende liveband med sitt folkrockinspirerte uttrykk, og har markert seg som et av landets ledende folkrockband.
Med seg i produksjonen har The Foggy Few fått hjelp av italieneren Davide Bertolini,
kanskje best kjent som produsent for Kings of Convenience.

 

Mer informasjon, video, lydfiler etc på www.thefoggyfew.com

 


Ferjerute Florø - Kjelkenes samt endringar i ferjeruta Smørhamn - Kjelkenes i samband med stenging av Rv 614.

Frå måndag 07.09.09 vert Rv614 mellom Svelgen og Grov stengd ved Haukå tunnel. Som følgje av at Rv 614 vert stengd ved Haukå tunnel, vert det sett i verk ferjerute mellom Florø og Kjelkenes. I tillegg vert det endringar i ferjeruta mellom Smørhamn og Kjelkenes:

Ferjerute Florø - Kjelkenes:

Ferje 1:
Frå Florø Til Kjelkenes Frå Kjelkenes Til Florø
05:00a) 06:30a) 06:50a) 08:20a)
08:30 10:00 10:20 12:00
12:10 13:40 13:45 15:15
15:30 17:00 17:15 18:45

a) Går ikkje laurdag og sundag

Ferje 2 (Smørhamn - Kjelkenes ferja):
Frå Florø Frå Smørhamn Frå Kjelkenes Frå Smørhamn Til Florø Til Smørhamn
    18:45 19:30 20:35  
21:00   22:30     23:15

Ferjerute Smørhamn - Kjelkenes:

Ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes går normal rute, men med følgjande justeringar:

Avgangen frå Kjelkenes kl. 1330 til Smørhamn vert kl. 1345/1350

Avgangen frå Smørhamn kl. 1420 vert 1435

Avgangen frå Kjelkenes kl. 16:45 vert kl. 1715/1720

Avgangen frå Smørhamn kl. 1730 vert kl. 1805

Avgangen frå Smørhamn kl 1930 (ordinær rute) til Kjelkenes og frå Kjelkenes kl. 2015 til Smørhamn går ut.

Tilsvarande går går turen frå Smørhamn kl. 2100 onsdag, fredag og sundag med retur frå Kjelkenes kl. 2145 også ut

FJORD1


INFORMASJON FRÅ VEGVESENET: 04.09.2009

Haukåtunnelen på rv. 614 vert stengd

Tunnelen ligg på strekninga mellom Florø og Svelgen  og vert stengd inntil tre veker frå måndag 7. september.

Natt til 1. september gjekk første salva i arbeidet med å utvide Haukåtunnelen som ligg på rv. 614 mellom Grov og Svelgen. Det kom meir massar ned i første sprenginga enn venta og desse måtte ryddast. Det er bestemt at tunnelen må stengast i det vidare arbeidet.

Tryggleik 

- Haukåtunnelen stengjer måndag morgon og kan bli stengd i tre veker framover, stadfestar byggjeleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

 - Grunnen til at vi vel å stengje tunnelen er at fjellet er i så dårleg stand at vi ikkje kan garantere for tryggleiken til trafikantane. Det fell mykje laus stein ned i vegbana og vi må sikre tunnelen etterkvart som vi arbeider oss innover, seier han.

Vegvesenet skal bruke dei tre vekene på å sprengje ut fullt tverrsnitt til to køyrebaner, for å gje betre sikt over vegen inne i tunnelen. Det skal òg sprøytast eit rimeleg tjukt lag betong på veggene, før veggene vert bolta.

Reisealternativ

Reisande mellom Svelgen og Florø må belage seg på å ta ferje mellom Kjelkenes, Smørhamn og Florø, ein tur som tek kring to timar.  (Rutetabell på Fjord 1 sine heimesider)

I tillegg går det skyssbåt frå mellom Florø og Svelgen måndag til fredag.
Avgang frå Florø til Svelgen kl. 0600 
Avgang frå Svelgen til Florø kl. 0700 og 1530

Fjord 1 har også ruter til/frå Villevika.

Pendlarar som skal til Florø har desse tilboda:

Frå Villevika til Florø kl 06:30 og 08:15
Frå Florø til Villevika kl 14:30 og 16:00


Parkering ved den nye idrettsbana/fotballbana 06.09.2009

 
Oppmoder alle til å IKKJE parkere langsmed fortauet. Det skaper farlege situasjoner der barn plutselig kjem rett i kjørefeltet. Vi har INGEN å miste. Parker ved skulens busslomme, telebygget, nedenfor stadion eller rådhuset.
Det er blitt jobbet endel med å få parkering forbudt skilt i dette området, noe vi håper snart kjem opp da vi kan vente betydelig meir aktivitet framover.
 
 
Gry Gulestøl

Svelgen Røde Kors

Svelgen fekk 4 plass i NM ! 05.09.2009

 

 

Svelgen røde kors hjelpekorps vann laurdag ein 4 plass i NM for hjelpekorps.

Av 15 lag frå heile landet vart Svelgen nr 4, berre 20 poeng bak 3 plass.

Etter ein 8 plass i o-løpet fredag gjorde mannskap frå Svelgen Røde Kors ein framifrå innsats slik at Svelgen avanserte til 4 plass.

 

.

.

Bilete:

Arild og Helge

hjelper skadd lagerarbeidar

 

Poeng 4 beste laga i NM:

 

Lag

O-løp

Ringløype

Sum

1. Oslo

140

430.5

570,5

2. Nord-Trøndelag   

150     

414     

564

3. Hordaland

100             

394,5                  

494,5         

4. Sogn og Fjordane

70   

404,5                  

474,5

 


Kaitrøbbel i Florø som følgje av Haukå-stenging 05.09.2009

Fjord1 vil ha storferja "M/F Eid" (bildet) til ferjekaia i Florø i samband med stenging av Haukåtunnelen. Men Stein Kjetil Holvik i Florevika Gjestebrygge vil ikkje betale kostnaden.  

I går fekk    Florevika Gjestebrygge AS, beskjed om å fjerne gjestebryggjene for at ferja skal få plass nok til å manøvrere innan måndag kl. 0500. I følgje Florø Hamn bli dette ein dyr og stor operasjon på opp til ein halv million kroner. Dei vil heller ikkje betale, og Fjord1 meiner kravet ikkje kan rettast mot dei.

 Då kan kravet komme mot fjerde part Vegvesenet, som gav frå seg ansvaret for vedlikehald og drift av ferjekaia i Florø 2006, men no hevdar at dei framleis har kaia i beredskap. Det er Vegvesenet og Fjord 1 som i fellesskap har komme fram til at ferja skal settast inn. Les også Firdaposten.


Svelgen Røde Kors

Svelgen Røde Kors deltek i NM for 5 gong 05.09.2009

Svelgen er for femte året på rad kvalifisert til NM i førstehjelp. Årets NM er arrangert i Tromsø.

For Svelgen deltek Ingeir Løvold som dommar og laget består av Arne Rebni, Irene Naustdal, Liv Wenche Dyrstad, Helge Lekven, Arild Naustdal og Leo Husabø Holm Cirotzki.

Svelgen har allereie vore igjennom den første delen av konkurransen som er nattorientering. Laget har vore i aktivitet i fleire timar med to praktiske postar og 17 orienteringspostar. Svelgen har funne alle sine postar og brukt ca. 4,5 timar.

Laurdag vert det ringløype med 12-15 skadestadar i førstehjelp som kvart lag skal handtere utover dagen få kl 08.00-18.00.

 


Nye Svelgen Stadion åpnar 11. september 04.09.2009

Neste fredag, 11. september, skal nye Svelgen Stadion opnast offisielt. Alle i Svelgen veit at bana allereie er godt innarbeidd med mykje aktivitet dei siste dagane. Mange dugnadstimar og eit stort planleggingsarbeid ligg bak vårt nye flotte ansikt i Svelgen si innfartsåre frå sør.

I samband med opninga har STIF invitert mange gjestar - blant disse er alle som har ytt pengegåver og/eller tilskot eller andre gaver, sponsorar, samt representantar frå fotballkrets og friidrettskrets – og sjølvsagt dei største heltane bak nye Svelgen Stadion – dugnadsgjengen!

Skulemusikken har meldt sin ankomst med drilltroppen, det blir kaker, kiosk og taler. Det er også lagt opp til myldremønstring med barn og unge frå alle idrettslaga i kommunen. Dei vil spele fotballcup og delta i ulike friidrettsøvingar. – Vi håper på stor oppslutning under opninga, seier STIF-leiar Svein Arne Sandvik til svelgen.no  

Han vart tidlegare denne veka intervjua av Fjordenes Tidende, og då fekk vi vite at det ikkje berre har vore lett å fronte stadion-saka og få den gjennomført.

Her er ein samandrag av intervjuet:

”Lederen i Svelgen Turn- og Idrettsforening har vært den fremste pådriveren for å bytte naturgresset på Svelgen stadion med kunstgress. I tillegg er det også lagt kunststoffdekke på løpebanen og friidrettsdelen av anlegget. Det har vært en lang reise med mange snubletråder underveis, men nå ser vi endelig resultatet av alt arbeidet.
- Og det ser fantastisk ut, mener Sandvik.
 
Det første gravearbeidet startet i begynnelsen av februar og etter syv måneders innsats nærmer snorklippingen seg med stormskritt.   Prislappen for anlegget er på drøyt 8 millioner kroner -
noe som er i henhold til budsjettet. Det har resultert i kunstgress på fotballbanen, fem spors sprintbane på den ene langsiden samt to løpespor i begge svingene og på den andre langsiden. I tillegg er det lengdegrop, kulesektor og et eget område for klubbens høyde- og stavhoppere i
«halvmånene» på kortsiden av banen.
 - Personlig har jeg hatt stor tro på dette prosjektet siden de første planene på slutten av 90-tallet, og jeg tror det vil bety mye. Anlegget vil forskjønne innkjøringen til Svelgen og det vil
løfte Svelgen-inntrykket mange hundre ganger, sier Sandvik.
 
 Lederen i idrettslaget gleder seg stort til alt er på plass og at stadion blir klar for bruk i «ny drakt».
 .
 Han medgir samtidig at det ikke bare har vært solskinn og oppturer for å realisere planene.
- Det har vært ensomt mange ganger og det har vært mange tunge kamper. Men nedturer underveis forsvinner når du ser hva vi har klart å få til.
 
 Mange har også tvilt på prosjektet underveis, men nå er det mest skryt å få.
- Det har vært noen skeptikere, ja. Men når folk fikk se konturene av det vi har drevet med, så har tilbakemeldingane utelukkende vært positive. Og det har løftet selvtilliten på at det vi har
gjort har vært rett fra dag én, sier lederen som mener det er mange som
fortjener ros for innsatsen:
- Det er dedikerte personer som har gjennomført arbeidet med utrolig iver og entusiasme. Det har vært syv-åtte måneder med knallhardt arbeid for entreprenører og dugnadsgjeng, og sammen har vi skapt et   fantastisk resultat, mener Svein Arne Sandvik.

Bilder; Nye stadion; Bjarne Ripe/Svelgen Origo, Gamle Stadion; ukjent, STIF-leiar Sandvik; Ingrid E. Haugen.


Den kulturelle skulesekken i Bremanger 04.09.2009

* Den kulturelle skulesekken skal sikre eit profesjonelt kulturtilbod til elevane i grunnskulen.
* Den kulturelle skulesekken skal vera med å utvikle ei heilskapeleg innlemming av kunstnariske og kulturelle utrykk i skulens læringsmål.
* Den kulturelle skulesekken skal gi eit variert tilbod tilpassa dei ulike alderstrinna. Tilbodet skal følge ein plan laga i samarbeid mellom skule og kultur.


* Den kulturelle skulesekken har tre bein:
1. To og tredimensjonal kunst.
2. Musikk, teater og film.
3. Lokal forankring.


Bakgrunn for planen

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal storsatsing der det overordna målet er å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnariske og kulturelle utrykk i realiseringa av læringsmåla til skulen. Skulesekken vart introdusert som eit nasjonalt tiltak i 2001 og skal sikre eit profesjonelt kulturtilbod til alle elevar i grunnskulen.

Det er ein føresetnad at DKS gjennomførast i eit nært fagleg samarbeid mellom skule og kultursektoren, og ein ansvarsfordeling mellom tre nivå i forvaltninga:

· Lokalt i kommunane
· Regionalt i fylkeskommunen og Statens utdanningskontor i fylka, og
· Sentralt i dei to departementa (Kultur og Undervisning).

Sogn og Fjordane fylket starta opp med DKS som prøveprøveprosjekt i 2002. I forkant gjennomførte fylket ei spørjeundersøking i alle grunnskulane og kulturskulane hausten 2001. Denne undersøkinga har vore retningsgjevande for satsinga vidare.

Bremanger kommune har saman med dei andre Nordfjordkommunane vedteke eit manifest for DKS i Nordfjord. Dette manifestet garanterer alle elevar i grunnskulen i Bremanger kommune eit minimum av kulturtilbod innan ulike sjangrar. I tillegg til dei nasjonale og fylkeskommunale føringar, vil dette manifestet vere eit grunnlag for utviklinga av DKS i Bremanger.

Engelsk domstol gir håp for Bremanger i Terra-saka 04.09.2009

Terra-kommunane Narvik og Haugesund fekk fredag medhald av ein engelsk domstol. London Commercial Court har kome til at låna dei to kommunane tok opp i den britiske Depfa Bank var ulovlege. Haugesund og Narvik tok opp 400 millionar kroner i lån og investerte dei gjennom Terra Securities med gigantiske tap som resultat.

No har altså den britiske domstolen kome til at låna ikkje burde ha vore innvilga, og dette blir rekna som ein viktig delsiger for Terra-kommunane. Dommen kan få fylgjer for Vik og Bremanger, som til saman tapte over 300 millionar kroner på investeringar dei gjorde gjennom Terra Securities, melder NRK Sogn og Fjordane.

 

Les også : Må betale tilbake, likevel. (Rana Blad)

 

Tor Bremer (Ap) skuldar no Erna Solberg for uføret Terra-kommunane Vik og Bremanger har kome i. (Firdaposten)


Stor interesse for spinning i Svelgen 04.09.2009

- Den er heilt fantastisk. Slik beskriv instruktør Hilde Jenssen Midtbø spinninginteressa i Svelgen.Ho deler treningsansvaret med fire andre, og dei tilbyr sju treningsøkter av ulik lengd, fordelt på fire dagar i veka.

– Ja, treningane er opne for alle, kvinner som menn, og vi prøver å legge treningstidene til rette slik at dei skal passe inn for flest mogeleg, seier Hilde.

 

Sidan trimgruppa i Svelgen Turn og Idrettsforening starta opp med spinning i januar, har interessa berre auka månad for månad, og no etter sommarferien er det rundt 50 personar som trenar spinning fast ein eller fleire gonger i veka, melder Firdaposten.


Sjøgata i Svelgen stengt frå tirsdag 04.09.2009

I samband med oppstart av arbeid med sjøfronten i Svelgen sentrum, vil det verte vegstenging frå og med tirsdag 8. september 2009.

Sjøgata vert stengd frå Firda Billag og bort til legesenteret/helsesenteret. Tilkomst til parkeringsplassar ved rådhuset og hotellet vil skje gjennom ny innkjøring i vestre

enden av parkeringsplassen ved rådhuset.
All trafikk til legesenter/helsesenter, rådhuset og hotellet vil i tida framover skje via krysset

ved fotballbana frå hovudvegen (Rv 614).

Utførande entreprenør, Br. Mundal AS, vil stå for avstenging og sikring av anleggsområdet i byggjeperioden.

Anlegget er rekna ferdigstilt desember 2009, seinast januar 2010. Dette melder Bremanger kommune på sine heimesider.


Loddsalg på Coopen. 04.09.2009

Pensjonistane sel lodd fredag, laurdag og måndag til inntekt for innreiing av HC-toalett på Keipenstova.

Torsdag er det basar - sjå om gevinstane mm på Keipenstova-sida.


STIF

A-lagstrening 04.09.2009

 

I dag må vi teste den nye stadion. A-lagstreninga vert derfor ute kl.19.15.

 

Vel møtt! 

 


Bjørgulf Myklebust opprørt over stenging:

- Set oss 50 år tilbake i tid 03.09.2009

Stenginga av Haukåtunnelen i tre veker er ei krise for næringslivet og innbyggjarane i Svelgen. Dette set oss 50 år tilbake i tid, seier leiar i SNR Bjørgulf Myklebust, som er svært opprørd.

Men Statens Vegvesen meiner Haukåtunnelen er i ein slik tilstand at dei ikkje torer noko anna enn å stenge han medan arbeidet pågår, seier distriktssjef Einride Horstad.

– Vi har hatt geolog på staden, og ut frå vurderingane hans og våre eigne vurderingar har vi kome til at det ikkje er tilrådeleg. Fjellet er så dårleg at vi er nøydde til å sprøyte tunnelen med betong og la det tørke før vi kan ta til å bolte, slik at det blir ein sikker tunnel å ferdast i. Vi har gjort testar som viser at det er heilt nødvendig å halde trafikantane unna så lenge arbeidet pågår. Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane. (Foto: Mesta)


Basar 02.09.2009

Basar på Keipenstova torsdag 10.september ( sjå Keipenstova-sida)


Haukåtunnelen vert stengt - set inn ferje 02.09.2009

– Haukåtunnelen stengjer måndag morgon og kjem til å vere stengd i tre veker framover.

Det stadfestar anleggsleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

– Grunnen til at vi vel å stengje tunnelen er at fjellet er i så dårleg stand at vi ikkje kan garantere for tryggleiken til trafikantane. Det fell masse laus stein ned i vegbana, stein på mellom fem og ti kilo, seier han.

 

Reisande mellom Svelgen og Florø må belage seg på å ta ferje mellom Kjelkenes, Smørhamn og Florø, ein tur som tek kring to timar. Vegvesenet og Fjord har førebels ikkje avklart om det er M/F «Førdefjord» som skal ta den endra ruta åleine, eller om ei ekstra ferje skal setjast inn.

 

Dette er ikkje ein ønskesituasjon for Bremanger kommune. Det seier rådmann Tom Joensen.

– Reint praktisk er kommunikasjonen mellom Svelgen og Florø viktig i mange samanhengar. Både post, varer, sjuketransport og ikkje minst pendling tek no lenger tid, seier han. Les heile saka i Firdaposten. (Foto; Førdefjord/Åse Kjelkenes)

 


Straumstans i Svelgen kl 19.00 i kveld 02.09.2009

Onsdag 2. september vert det straumstans i heile Svelgen frå kl 19.00 til om lag kl 19.05 grunna arbeide i høgspenningsnettet.

Straumnettet må i heile stansperioden reknast som spenningsførande!

Elkem Energi Bremanger AS

Basketballtrening frå 3. september 01.09.2009

 

Basketballtreninga startar opp igjen torsdag 3.september kl. 19.30. Treninga er for alle frå 9.klasse til og med senior. Målet med treninga er først og fremst å ha det moro, og kanskje klarer vi å få til eit par kampar også.

Her er link frå førre kamp mot Eikefjorden

http://www.eikefjord.net/nyheter/3249-historisk-basketballkamp

Vel møtt til trening!

André Hatleset


Sprengningsarbeid førte til lengre stenging ved Haukåtunnelen 01.09.2009

Natt til tysdag gjekk første salva i arbeidet med å utvide Haukåtunnelen mellom Florø og Svelgen. Men alt gjekk ikkje heilt etter planen. Det kom ned monaleg meir enn rekna med, og det danna seg fort ei lengre kø.

 

Les meir hjå Firdaposten


Friidrett

Laguttak NCC leikane Osterøy, 5-6.sep.-09 01.09.2009

Bilde over er fra NCC leikane i Haugesund, 2008. Marte Hessvik Holm og Torbjørn Ytrehus.

Svelgen TIF har i år to utøvere som er uttatt på Sogn og Fjordane sitt lag og skal være med å konkurere mot Hordaland, Rogaland og Agder. Les meir på sida til STIF Friidrett


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars