Arkiv Mars 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Danseglad kultursjef 31.03.2004

Gunhild Berge Stang heiter den nytilsette kultursjefen i Bremanger kommune. Ho tok til i jobben 1. mars i år og driv for tida med å sette seg inn i kva dei ymse oppgåvene i jobben inneber. Det vil såleis bli ei spanande og interessant tid for Gunhild. Den nytilsette kultursjefen er ung, har ikkje fylt 30 år endå, men har alt makta å gjere mangt og mykje i sitt unge liv, skriv BremangerNytt i aprilutgåva. Av utdanning kan vi nemne at ho har studert kulturlandskapsskjøtsel ved Høgskulen i Sogndal. Ved sidan av dette har ho teke hovudfag i det spanande faget arkeologi ved Universitetet i Bergen.

Gunhild er aktiv og engasjert. Ho har difor vore med i Noregs Ungdomslag, både då ho budde i Bergen og på landsplan elles.

I tillegg til lagsarbeid, har folkedans lege hennar hjarte nær. Ho er instruktør i norsk folkedans og har hatt kursopplegg for elevar i både skule og kulturskule. Men ho likar også andre typar dans utanom den reine folkedansen. Av andre interesser ho driv med kan nemnast t.d. friluftsliv.

Gunhild stammar frå Askvoll, nærmare bestemt frå Stongfjorden. Der har ho eit fritidsbruk som ho styrer med når tida strekk til. På bruket restaurerer ho dei gamle bygningane og held kulturlandskapet i hevd på ymse vis. Mellom anna ryddar ho gamle stiar rundt garden.

Om kultursjefjobben seier ho at sidan Bremanger kommune har eit såpass høgt nivå på kultur, så føler ho at eit stort ansvar kviler på henne for å halde kulturaktivitetane oppe. Kulturetaten femner om mange område og i kvart av dei områda er det mykje å sette seg inn i. Men ho seier at ho må ta eit steg om gongen. Ho er i allfall glad for å sjå den lokale entusiasmen rundt om i grendene i kommunen, når det gjeld kulturelle aktivitetar.

Den nytilsette kultursjefen trivst førebels godt i Bremanger og likar aktivitetsnivået som fylgjer med jobben.

Vi for vår del vil ønskje Gunhild velkomen til Bremanger kommune og lukke til som kultursjef!


Skulemusikken imponerte 31.03.2004

Det skjedde forskjellig medan Svelgen.no ikkje var operative. Mellom anna imponerte Svelgen Skulemusikk under fylkesmesterskapet i Florø forrige helg. Sjå bilder av Fay og musikantane på linken under.

Sjå bilder/tekst

Gulestøa:

Positive til steinbrot 31.03.2004

Naboar til det planlagde steinbrotet i Gulestøa meiner ulempene med tiltaket er langt mindre enn fordelane. Viktigast er nye arbeidsplassar, meiner dei.

Som næraste naboar til eit mogeleg pukkverk ved Gulestø, meiner dei at enkelte omtalar prosjektet i pressa berre på ein negativ måte. Men naboane vil også ha eit ord med i laget.

Les meir


Ledige stillingar i INC 31.03.2004

INC Vedlikehold Svelgen AS har lagt ut fleire jobbar. Klikk på linken over.

Bremanger Nytt april månad 31.03.2004

Ved å klikke på linken under kan du lese nokre av artiklane i Bremanger Nytt for april. Under følgjer ein av artiklane frå BN april:

Bremanger kommune i samarbeid med Bremanger Vekst inviterer til:

MINISEMINAR FOR UNGDOM
Tid og stad:

Mandag 5.april kl 1800 Svelgen Hotell

Tirsdag 6.april kl 1800 Havly Pensjonat Bremanger

Enten du bur i Bremanger eller vurderer å flytte tilbake til Bremanger, så er du i målgruppa for dei vi ynskjer å invitere. Hovedmålet er å gi informasjon og motta innspel / tilbakemeldingar.

Program:

* Presentasjon av Bremanger kommune

* Næringsliv i Bremanger

* Bremanger Vekst - kommunen til næringsapparat

*Innspel, spørsmål og oppsummering

Enkel servering.

Ordføraren i Bremanger

Bremanger kommune


Sommarjobb i Svelgen? 30.03.2004

Klikk inn på "Stilling jobb" dersom du er interessert i sommarjobb i Svelgen. Der er det mykje å velje i både ved Elkem Bremanger, Bygg- og Reinhold og Bremanger kommune.

Søndag 4. april kl. 18.00:

MIN BROR BJØRNEN 30.03.2004

Brødres sterke bånd og menneskets bånd med naturen blir utforsket med mye spenning og humor i Disnyes nye tegnefilm MIN BROR BJØRNEN. En film som lærer oss om brorskap og livet som bjørn med betagende natur som bakteppe.

Inspirert av en tidløs tradisjon som forvandlingshistorier er, og som finnes i mange verdenskulturer, er MIN BROR BJØRNEN en original historie, som foruten fantastisk animasjon, sterke følelser og humor har et fargerikt og minneverdig persongalleri, og tegner en uforglemmelig historie om mot, ære og selvoppdagelse.

Alder: 7 år. Speletid: 1 t. 27 min

Kinolista


Set av denne helga i Svelgen:

AmCar-treff 11. juni 29.03.2004

Svelgen Amcar Club arrangerer treff igjen til sommeren og har satt treff-helga til den 11/6-13/6.Treffet blir kjørt mykje etter samme opplegg som tidligere med 4x4 kjøring i kupa og motorshow på parkeringsplasen ved Elkem. Men dei håper og å få til nokre overraskinger i år og, skriv Tor Helge Ulvmoen i ei melding til oss.

På lørdagen blir dans på Svelgen Samfunnshus med Night Hawks fra Gjøvik.

Søndag blir det bilutstilling og crusing. Svelgen.no kjem sjølvsagt tilbake med meir opplysningar seinare.


Treningskamp

STIF slo 4. div. lag klart 29.03.2004

I ein treningskamp på Skavøypoll si krøllgrasbane fredag, slo STIF sitt 5. div.lag 4. div.laget Tornado Måløy 2 med 6-1. Les meir om kampen på TMFK si heimeside.

Tornado Måløy

Førstkommande fredag:

NATTCUP I SVELGEN 29.03.2004

BREMANGER UNGDOMSRÅD OG S.T.I.F INVITERAR TIL NATTCUP PÅ SVELGEN IDRETTSHUS 2 APRIL KL: 20.00 - 04.00.

Sjå fleire detaljar på Fritt Ord sida!


5. klasse ved Svelgen skule

Foreleste for NHO S&Fj 29.03.2004

5. klasse ved Svelgen skule fekk i helga holde eit halvtimes foredrag på NHO Sogn og Fjordane sitt årsmøte i Førde. Blant tilhøyrarane var mellom andre Stortingsrepresentantane Heide Grande Røys og Sverre Hoddevik. Elles i salen var fylkesordførar Nils R. Sandal og fiskeridirektør Rolv Petter Vetvik i tillegg til bedriftsleiarar frå heile fylket.

Temaet for foredraget var Elkem, som femteklassingane fordjupa seg i dette skuleåret. Og tilhøyrarane var meir enn imponert. Åtte elevar frå klassen la fram sine studiar, forsøkprosjekt og evalueringar for ei årsmøteforsamling som sat musestille - truleg både av beundring og interesse. Dei to lærarane, Ståle Dyrstad og Gunnhild Bjørløw Løvold sa ikkje eitt ord under heile sekvensen, og lot elevane styre alt. Og det gjorde dei på ein framifrå møte. - Kjempefantastisk! sa Holger Aasen då han delte ut blomar og superlativ til 10-åringane.

På bildet oppe ser vi Robert Styve og Alf Erik Sande.


Bilde nede: Jan Rune Nigardsøy, Frida Sande, Alf Erik Sande, Rikke Rise Hallset, Lena Førde, Marte Pettersen, Robert Styve og Jens Petter Kjerpeset. Heilt til venstre Holger Aasen.


Svelgen best i Førde 29.03.2004

Under symjestemnet Sunnfjord Open i Førde søndag fekk Lene Senneset, Katrine Ask og Torstein Ask frå symjegruppa i Svelgen bestemannspremie i sin årsklasse.

les meir

Lions aksjon i Svelgen 21.03.2004

Arne Lothe har bede oss legge ut følgande melding:

Lions Røde Fjær innsamling skal i 2004 gå til å bygge et nasjonalt kreftforebyggende senter i Mesnalien ved Lillehammer. Det nye senteret vil hete Montebello-Tunet, og vil bli bygget i tilknytning til Montebello-Senteret som er Norges ledende senter for rehabilitering av kreftpasienter. Lions Røde Fjær innsamling skal i 2004 gå til å bygge et nasjonalt kreftforebyggende senter i Mesnalien ved Lillehammer.

Det nye senteret vil hete Montebello-Tunet, og vil bli bygget i tilknytning til Montebello-Senteret som er Norges ledende senter for rehabilitering av kreftpasienter. Med basis i det nye reglementet for Lions Røde Fjær vil innsamlingen være en bøsseaksjon som vil finne sted SØNDAG 28. MARS 2004


Mat og dans på hotellet i påska 21.03.2004

På linken under kan du sjå Svelgen Hotell sitt program i påska.

Svelgen Hotell

Innbrotstjuv teken på fersken i Svelgen 21.03.2004

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

STIF tapte første treningskampen 21.03.2004

Torsdag tapte STIF sitt 5. div.lag 0-3 mot Saga sitt 3.div.lag.

Les meir i Firda

Russeavisa 2004 16.03.2004

Svelgenrussen vil gjerne gje beskjed til alle som har fått tilbod om å sette annonse i Russeavisa 2004 tek kontakt med oss, og sender inn desse i løpet av denne veka (15 - 21 mars) på mailadressa: svelgen_russen2004@hotmail.com eller til

Frode M. Bjørkedal
v/ Svelgen Skule
6721 SVELGEN

Dersom det er andre som og har lyst til å ha annonse i Russeavisa 2004, er det berre å ta kontakt på mail så skal vi sende dykk prisar!
 
Mvh:
Frode Midtbø Bjørkedal
Redaktør Russeavisa 2004

Friidrett

Gode prestasjonar av STIF i Stryn 09.03.2004

På linken under kan du lese kva Firdaposten skriv om dei lovande friidrettsutøvarane til STIF.

Firdaposten

Bilete frå INC Bedrifts-cup 09.03.2004

På linken under kan du sjå bilete teke av Firdaposten sin utsending på bedriftscupen, Monica Renate Larsen.

Firdaposten

Svært så velukka bedriftscup laurdag 09.03.2004

På linken under kan ein lese kva Firdaposten skriv om INC Bedrifts-cup.

Firdaposten

Elg på Indrehus 09.03.2004

Det vart observert elgspor og skit ved Indrehus-stølen sist helg. Sissel Igland var den første observatøren. Bjørn Marthinussen ved skogetaten har vert i området og kan stadfeste observasjonen. Sjølv om det er observert elg i vårt nærområde tidlegare, så er det uvanleg at ein har elg så langt vest i februar/mars månad.

Bridge :

Far og son Lothe vart klubbmeistrar 2004 09.03.2004

Etter at Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen leia klubbmeisterskapet frå første til siste runda, vart det til slutt Arne og Leif Arild Lothe som gjekk av med sigeren og med det kan titulere seg som klubbmeistrar 2004. Dette oppnådde dei med å ta ein klar siger på siste spelekvelden samtidig som Gjermund og Arve-Stig spela sin desidert dårlegaste kveld i meisterskapet. Jan Hessvik og Jostein Myklebust kom på tredje plass. Fullstendig resultatliste ligg på bridgesida.

Klart for bedriftscup`en laurdag 05.03.2004

INC Vedlikehold gjentek laurdag 6/3 INC Bedrift-cup, som i 2003 var eit svært så populært og vellukka arrangement. Det er påmeldt 16 lag både i fotball og volleyball, og forutan desse øvingane skal det tevlast i skyting, squash og pilkast. Det er også høve for publikum å ta turen til Svelgen Idrettshus laurdag. Nedanfor kan du sjå det oppsette programmet.

Ca. kl. 09:00 Leikane startar med volleyball, innleiande kampar.
Ca. kl. 10:00 Squash starter og vert spela ut over dagen til ein er ferdig.
Ca. kl. 10:00 Skyting startar
Ca. kl. 10:00 Pilkast startar
Ca. kl. 12:00 Volleyball innleiande kamper slutt
Ca. kl. 12:10 Fotball innleiande kampar startar
Ca. kl. 14:00 Skyting ferdig (Det vert ikkje høve til å skyte etter kl. 14:00)
Ca. kl. 14:00 Pilkast ferdig (Det vert ikkje høve til pilkast etter kl.14:00)
Ca. kl. 16:00 Fotball innleiande kampar ferdig
Ca. kl. 16:10 Fotball finalespel startar
Ca. kl. 16:50 Fotball-tevlinga ferdig
Ca. kl. 17:00 Volleyball finalespel startar
Ca. kl. 17:40 Volleyball-tevlinga ferdig


Coop:

Størst auke i Svelgen 03.03.2004

Coop i Svelgen hadde størst auke i omsetnad av alle butikkane her i fylket i fjor. Dei selde varer for nesten 30 millionar kroner.

For Coop Sogn og Fjordane vart 2003 det beste året laget har hatt. Driftsresultatet på 10,4 millionar kroner var ei forbetring på nær 22 prosent i høve til året før, og dei tilsette deler ein bonus på vel ein million kroner etter at medlemmene har fått eit kjøpeutbytte på vel 6,7 millionar kroner, melder Firda.no.

Samla overskot før skatt vart vel 13,8 millionar i 2003, og det gir ein driftsmargin på 4,15 prosent. Etter rekordåret deler medarbeidarane ein bonus på vel ein million kroner, eller 5300 kroner for kvart årsverk. I alt er 265 personar sysselsette i Coop i fylket, mange av dei på deltid.

Domus i Førde er størst i omsetnad, med 78,5 millionar kroner har dette varehuset om lag dobbelt så stor omsetnad som nummer to på lista, Domus Sandane med 38,7 millionar.

Mega Florø passerte i fjor 31 millionar i omsetnad, men størst auke hadde Coop i Svelgen, som nærma seg 30 millionar.

I alt gjorde Coop Sogn og Fjordane opp rekneskap i fjor for 26 avdelingar, skriv avisa.


Sagebø leiar SV 02.03.2004

På årsmøtet i Bremanger SV måndag førre veke, vart Nils J ørgen Sagebø frå Svelgen vald til ny leiar i partiet. Med seg i styret har han Charlotte Melvær Skjølberg frå Bremanger (nestleiar), Per-Åge Nygård frå Bremanger (kasserar), Åse Leirgulen frå Rugsund og Liv Haukenes frå Svelgen. Inger Valberg frå Svelgen vart vald som vara til styret. I tillegg vedtok årsmøtet at ein representant frå SU-Bremanger kan stille på styremøta med tale- og forslagsrett

Bridge :

Ei runde att av klubbmeisterskapet 02.03.2004

Ettersom Arne og Leif Arild Lothe også vann den niande spelekvelden, har dei fortsatt muligheiten til å gå til topps i klubbmeisterskapet. Men dei har over ti poeng å ta att på Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen som fortsatt forsvarar leiinga si som dei har hatt sidan første runda. Med det må dei ha eit toppresultat siste spelekvelden for å vinne. Dette samtidig som Gjermund og Arve-Stig må feile. Kampen om tredjeplassen ser ut til å være avgjort ettersom Jan Hessvik og Jostein Myklebust leiar med nesten 20 poeng på Roar Førde og Bjarne Eikeset. Resultat og samanlagtliste finn du på bridgesida.

Ny leiar av Samfunnshuset 01.03.2004

Janne Tytingvåg tok i dag over som dagleg leiar og kinosjef etter Ingrid Haugen ved Svelgen Samfunnshus. Tytingvåg har hatt permisjon frå stillinga dei siste tre åra.


Søndag 7. mars

Looney Tunes - Back in Action 01.03.2004

Den nyaste Looney Tunes filmen blir sendt på Svelgen kino førstkommande sundag 7. mars kl. 1800. Den har 7 års aldersgrense og varer i ein time og 32 minutt.

Når verden er i fare, er det bare to helter som kan redde oss: Snurre Sprett og Daffy Duck. Øh, stopp litt. Jo, helt sant. Erkerivalene fra de elleville tegnefilmene og et par menneskelige antihelter må legge lokk på kranglingen og hindre at en katastrofe rammer hele kloden.

Daffy Duck er lei av å spille annenfiolin for en evig bråkjekk, gulrotspisende kanin - også kjent som Snure Sprett. Den hissige anda vil heller si opp kontrakten med Warner Bros. enn å spille i enda flere ydmykende filmer med erkerivalen. Kate Houghton er viseadministrerende direktør for komedie i Warner Bros. Hun løser Daffy fra kontrakten og ber sikkerhetsvakten DJ Drake "ledsage" hissigproppen ut fra studioområdet. "Ledsage" betyr at Daffy blir sparket ut og lander med halefjærene først. Daffy allierer seg med DJ, som lever i skyggen av sin filmstjernefar, Damian Drake. Senior er kjent for å spille verdensvante spioner, og så viser det seg at han også i virkeligheten er en verdensvant spion.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars