Arkiv Jan 2011

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

50 års jubileumsbasar!

Laurdag 5. februar

er det igjen klart for den årlege Samfunnshusbasaren!

_______________________________________________

Svelgen Samfunnshus frå klokka 12:00

Åresalg - Loddsalg - Hovedtrekning kl 14:00

Salg av kaffi og kaker

Arr. Svelgen Samfunnshus

Dei som ynskjer å gje gevinstar kan levere i banken frå 28.januar eller levere til loddselgarar på Coop frå 2. februar


- Glad vi ikkje var heime 31.01.2011

Familien Hatleset/Røyrvik skulle bytte ut ein peis og på grunn av alt støvet som samla seg, budde dei vekke.

- Det var heilt uverkeleg å sjå huset vårt gå opp i flammar, seier Frank Hatleset. Berre eit halvt døgn etter at huset hans brann ned til grunnen.

Familien på fire budde hos foreldrene hans då huset deira på Langeneset i Bremanger tok fyr. Utover dagen har brannvernet drive ettersløkking.

Alt av familien sine eigendelar gjekk opp i flammar.

- Det hadde ikkje vore noko problem å bu der, men eg er glad vi ikkje var heime. Ettersom eg tenkjer på det, er det greitt at ungane ikkje fekk oppleve å springe ut frå eit brennande hus. Eg prøver å ikkje tenkje på det, seier Hatleset til NRK Sogn og Fjordane. (Foto: Christina Frøysland)


Du kan gi ei stemme pr døgn pr PC fram til søndag 6. februar

Stem Arild Førde inn på "Tidenes Sogndal-lag" 31.01.2011

NRK Sogn og Fjordane skal i tida fram til Tippeliga-start kåre "Tidenes Sogndal-lag". Arild Førde, oppvaksen i Svelgen, er lansert som ein av kandidatane til ein plass i midtforsvaret på dette "laget". Svelgen.no oppmodar lesarane av Svelgen.no til å stemme Førde inn på "laget". Her er det ikkje snakk om å stemme inn ein spelar som ikkje fortener ein plass, tvert i mot, han burde vere sjølvskreven. Men sidan han la opp i 1993 er det mange yngre fotballinteresserte i fylket som ikkje hugsar/har høyrt om Arild Førde. Han er den av midstopparkandidatane til NRK med nest flest kampar for Sogndal, og dei beskriv han som ein komplett forsvarar. Om du klikkar her kan du lese meir om kåringa, og der kan du også avgi di stemme på kåringa av beste midtstopparar gjennom tidende på Sogndal. 

    

Her er Svelgen.no si grunngjeving for at han fortener ein plass på laget: Arild Førde spelte 336 kampar for Sogndal i åra 1984-1993. Han er den einaste forsvarsspelaren på Sogndal som, i tida i Sogndal,  har vore i nærleiken av å bli teken ut på det norske A-landslaget. Dette var då han i 1988 vart teken ut til landskampar mot Brasil og Bulgaria. Diverre kom ikkje Førde på bana i desse to kampane. Ein må her leggje til at Norge på denne tida hadde svært mange gode forsvarar (blant desse Rune Bratseth, som er på biletet ovanfor i lag med Arild Førde, frå ei landslagssamling i 1988) . I 1988, då Sogndal gjorde sin beste prestasjon i eliteserien (nr. 6), var Arild Førde SIL sin klart beste spelar. Han vart den sesongen kåra til den 4. beste spelaren i eliteserien på "VG-børsen", noko som med stor sansynlegheit er den høgste plasseringa ein SIL-spelar har hatt på ei slik kåring i ei riksavis. Arild Førde spelte fire sesongar i eliteserien, og var mellom anna kaptein i ein av desse (1989).

 

Som nemnt ovanfor vaks Arild Førde opp i Svelgen. Han spelte 151 aldersbestemte kampar for STIF i åra 1972-1981, og scora 144 mål i desse. På A-laget spelte han 101 kampar og i desse scora han 76 mål. Han var også ein dyktig volleyballspelar, der han på STIF spelte for gutelaget som vann NM for gute 16 år, og på herrelaget i neste høgste divisjon. På biletet ser ein Arild Førde i aksjon i Sogndal si drakt i 1990. (Foto: Firda)


INNLEVERINGSFRIST TIL BREMANGERNYTT NR. 1/2011

Bremangernytt kjem ut til alle husstandane til 11. mars og innleveringsfristen for informasjon /stoff / logo / foto må være oss i hende innan fredag 18. februar 2011.

 

  • Informasjonen må være ferdig skrive slik de vil ha det på trykk
  • Det må sendast som vedlegg til e-post til:

 

mah@bremanger.kommune.no

 

Kontakt underteikna om noko er uklart – tlf. 57796300.

 

Vi minner om at Bremangernytt er gratis informasjon som rekk mange, både husstandane i kommunen og abonnentar rundt om i landet. Bladet blir også lagt inn på kommunens heimesider: www.bremanger.kommune.no

 

For Bremangernytt

Marianne Herje

 


ENDRING I KRAFTPRIS 31.01.2011

 

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 83,89 øre/kWh inkl.mva til 79,99 øre/kWh inkl.mva.

 

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten.

 

Prisendringa gjeld frå 11.februar 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

11.02.2011

63,99

79,99


Husbrann på Langeneset 31.01.2011

Eit hus brann ned til grunnen på toppen av Langeneset Måndag morgon.

 

Les meir i Firdaposten.


38 barn på dagens skikarusell 30.01.2011

Søndag 30.10.2011 har vi arrangert årets første skikarusell i dei nye løypene i Ålfotdalen, forholda i løypene var gode  Det var 38 startande, dette er noe færre enn det som var vanlig i fjor men vi håper på aukande deltaking neste gang, skriv Jarle Frøyen i ein mail.

Resultat Skikarusellen 30.01.2011

Kortløype Distanse 500m Født 2005 ----
Start nr. Fornavn Etternavn Idrettslag Årsklasse Resultat
1 Signe Myklebust Førde Ålfoten 2006
2 Astrid Johanne Eikenes Ålfoten 2006
3 Mathias Slooter Ålfoten 2007
4 Karoline Sigdestad Sunde Bryggja 2006
5 Matilde Sigdestad Sunde Bryggja 2005
6 Elias Myklebust Ålfoten 2006
7 Oskar Kjerpeset Vårdal Svelgen 2005
8 Ådne Kjerpeset Vårdal Svelgen 2007
9 Stian Myklebust Hauge Ålfoten 2005
10 Edel Lind Håøy Svelgen 2007
11 Idun Lind Håøy Svelgen 2005
12 Håkon Dahle Rebni Svelgen 2007
13 Tuva Myklebust Svelgen 2006
14 Audun Langedal Svelgen 2007
15 Anna Elise Førde Ålfoten 2006
16 Hans-Iver Verlo Ålfoten 2008
17 Oda Grov Ryland Svelgen 2007
1-4 klasse Distanse 1,6 Km Født 2001-2004
Start nr. Fornavn Etternavn Idrettslag Årsklasse Tid
45 Simen Svarstad Svelgen 2001 08:00
46 Vebjørn Solberg Svelgen 2001 07:18
47 Sofie   Svarstad Svelgen 2003 08:41
48 Andreas Myklebust Førde Ålfoten 2004 09:51
49 Karl-Andre Eikenes Ålfoten 2001 08:22
50 Lars Sebastian Slooter Ålfoten 2004 12:45
51 August Sigdestad Lund Eid 2002 09:29
52 Tuva Sigdestad Lund Eid 2004 12:09
53 Steffen Kolseth Svelgen 1999 12:00
54 Andrea Langedal Svelgen 2003 11:13
55 Marthe Røyrvik Nesbø Florø 2002 10:23
56 Martin Andre Førde   Ålfoten 2004 15:19
57 Guro Elde Damstuen Svelgen 2004 19:57
58 Emma Føleide Svelgen 2002 10:20
59 Anne Mathilde Myren Solheim Svelgen 2003 11:45
5.klasse-Senior Distanse 3,4/5 Km Født -----2000
Start nr. Fornavn Etternavn Idrettslag Årsklasse Tid
79 Jon Atle Rise Svelgen 1999 14:30
80 Joachim Bruvoll Dreyer Ålfoten 1999 13:32
81 Vincent Førde Svelgen 1997 10:43
82 Tor Kristian Eikenes Ålfoten 1999 14:27
83 Ivar Andreas Myklebust Ålfoten 1995 09:01
84 Jørgen Myklebust Ålfoten 1999 10:20
85 Thorhild Bruland Ålfoten 2000 16:09

BILFØRER 65+ 30.01.2011

Kurset startar opp onsdag 2.februar kl.1200 på Keipenstova.

Det er opplysninger på Keipenstova-sida om påmelding mm.


STIF

Møte i Svelgen Motorsportklubb 30.01.2011

 

 

Alle som er interesserte i motorcross møter på Klausen Industrier

måndag 31. januar  kl.19.30.


100 YEARS OF BROADWAY 29.01.2011

Samfunnshuset søndag 30.januar kl. 16.30 .

Zumba 28.01.2011

 

  Det vert Zumbatrening søndag 06.februar kl.18.00.  

 

  Kjem tilbake med meir informasjon seinare.    


PÅMINNING. 28.01.2011

Bremanger Arbeidarparti held årsmøte på Svelgen Hotell i kveld - fredag kl.18.30

Skikarusellrenn søndag 30. januar 28.01.2011

 

STAD: KARLSKARSTOVA

DATOAR

30.01.11 (søndag)

13.02.11 (søndag)

27.02.11 (søndag)

13.03.11 (søndag)

 

 

Påmelding presis mellom 12.00-13.00.
Start 500 meter kl 13.15.
Start dei andre distansane kl 14.00.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Premie til alle i kvart renn.
Utdeling av pokalar på siste karusellrennet.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 50,-

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før renn. Når de har parkert på parkeringsplassen, må de gå rett over hovudvegen, og gå den nye traseen opp til Karlskarstova

Open kiosk

Ålfoten Idrettslag        Svelgen Turn og Idrettsforening


SFE Kraft AS med prisendringar på Svelgen.no 28.01.2011

SFE Kraft AS har kjøpt sluttbruk-kundane etter Elkem Energi Bremanger AS. Framover vil SFE Kraft AS kunngjere sine prisendringar på Svelgen.no.

 

SFE Kraft AS har meldt følgande prisendringar hittil i 2011:

 

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 92,95 øre/kWh inkl.mva til 88,95 øre/kWh inkl.mva.

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

01.02.2011

71,16

88,95

                                                                                    

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Prisendringa gjeld frå 7.februar 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling. SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 88,95 øre/kWh inkl.mva til 83,89 øre/kWh inkl.mva

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

07.02.2011

67,11

83,89

       

.

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten.


Fredag 11. februar på Svelgen Hotell 27.01.2011

              OLE JOHANNES ØVRETVEIT

                   og  DJ TOMMY

 

Fylkeskomiker og stand-up artist Ole Johannes Øvretveit er eit kjent namn for dei fleste

I ” Min kamp for å bli tatt seriøst ” forklarer   Øvretveit om veddemål han inngjekk om å delta i Gaularfjellsrittet og ulike utfordringar med å få den 140 kg tunge kroppen oppover dei bratte bakkane. Showet har fått gode kritikkar i media, og alt ligg til rette for ein underhaldande aften.

 

Etter standupshow tar   DJ Tommy over kontrollen på scena. Her blir det ein   god blanding av musikk frå 70  til 90 tallet .Ein kan også komme med eigne musikkønskjer. DJ Tommy er kjent for å skape god stemning som setter fart på dansefoten!

Frå kl 21 .00

Cover kr 195,-



Fredag 28.januar     Kl 20.00

Velkommen til kroa

kr 20,- per person.                               Aldersgrense 18 år


Treningar i idrettshuset er avlyst i dag 26.01.2011

Alle treningar i Svelgen Idrettshus går ut i dag, 26. januar, pga TYL.


TYL på Idrettshuset i staden for samfunnshuset 25.01.2011

Sogn og Fjordane teater si oppsetning "TYL" er flytta til Svelgen Idrettshus.

 

                 Teaterstykke TYL fra Bremanger Kommune si side   her


Forhåndsalg av billetter på Coop Marked til Broadwayforestillinga:

Torsdag den 27.januar frå kl.11 - 13

Fredag   den 28.januar frå kl.12 - 14

Laurdag  den 29.januar frå kl 11 - 13



SESAM

 

Sesam er en uformell møteplass for kvinner fra alle land. Her fokuserer vi på å snakke norsk og samtale rundt det kvinner er opptatt av. Fellesskap og trivsel er viktige faktorer i hverdagen.

 

Alle kvinner er hjertelig velkommen.

 

Våren 2011 er møteplan   for SESAM :

27 januar

17 februar

24 mars

28 april

26 mai

 

kl: 18.00 – 20.00

NYTT!! Møtested er Keipenstova.

 

Svelgen sanitetsforening v/ Liv og Anita.


VM-spelar med mor frå Svelgen 24.01.2011

17-åringen Eivind Tangen er den yngste spelaren som har spelt senior-VM for herrar for Norge i handball. Han har fått nokre innhopp under det pågåande VM i Sverige, og er spådd ei stor framtid på handballbana. Mor hans, Berit Helle, vaks opp i Svelgen, og var ein av STIF sine beste symjarar tidleg på 80-talet.


Nøklar til idrettshuset 24.01.2011

Driftstyre Svelgen idrettshus ønsker å få ei full oversikt over kven som har nøklar til Idrettshuset. Så har du nøkkel til Idrettshuset, fått gjennom STIF eller jobb, så send ein SMS eller ring til Andre Hatleset tlf 48 26 74 76.


NYBEGYNNARKURS - SENIORDANSEN. 23.01.2011

Tirsdag 25.januar kl.1700 startar vi opp med nybegynnarkurs i seniordans.

Dei som er over 55 år og  har lyst å vite kva seniordans er-   må møte opp på Keipenstova tirsdag kl. 1700. Ta med kopp og kaffipengar.

Alle er velkomne!

Svelgen Seniordans.

 

 


MEDLEMSMØTE - SVELGEN PENSJONISTLAG. 23.01.2011

Onsdag 26.januar held Svelgen Pensjonistlag medlemsmøte på Keipenstova.

Sjå program på heimesida vår "Keipenstova".


Jorunn Frøyen blir Høgre sin ordførarkandidat 21.01.2011

- Etter innspel frå våre medlemmar har nominasjonsnemnda no lagt fram sin innstilling. Den røynde politikaren Jorunn Frøyen (56) frå Kalvåg er på nytt innstilt som Høgre sin ordførarkandidat, opplyser leiar av nominasjonsnemnda Harry Gulestøl. Stian Holm frå Svelgen står på 2. plass. Sjå heile lista på www.bremanger.no

Historisk hending - digitalisering av Svelgen Kino 21.01.2011

Oppussinga av maskinistrommet er nesten ferdig og montering av nytt utstyr er også i sluttfasen.

Montør Ole Henrik Kristiansen frå Willhelmsen har jobba i heile tysdag og torsdag med dette.

Opplæring av nye maskinistar blir umiddelbart etter at anlegget er montert, opplyser styreleiar Bjørg Didriksen.

Nytt lerret kjem frå Sverige og snart kan filmrullar byttast ut med flyttbare harddiskar som kan lagre opp mot 10 filmar.

 

Kinorommet er blitt heilt nytt med lyse vegger og nytt golv. Magnar Myklebust, Kåre Myklebust og Hans Didriksen har stått for denne jobben. På bildet ser vi det Arthur Holm og Ove Jon Hessvik og under det nyoppussa kinorommet.

Foto: Anita Hessvik


Rikke fra Svelgen innkalt til EM-uttak! 19.01.2011

Tenkte vi kunne HEIE på RIKKE  og håpe på at vi her i Svelgen kan markere oss også på skytefronten.
 
Etter Hell Open var ferdigskutt kom det søndag kveld innkalling til EM-uttak. To nåværende og en tidligere elev fra NTG Lillehammer er innkalt for å kjempe om plassene.
Det blir et spennende og jevnt EM-uttak førstkommende helg. Uttaket skal holdes samtidig med NC-stevne på Kløfta. Totalt er 14 juniorer innkalt, sju av hvert kjønn. Fra NTG Lillehammer er Siw Anita Dramstad, Rikke Rise Hallset og tidligere elev Øyvind Solbrekken Flatla innkalt.

Vi ønsker skytterne lykke til i uttaket og håper på EM-deltagere også i år!

Kronerullinga til oppussing av storkjøkkenet på Svelgen Samfunnshus

 

Svelgen Samfunnshus takkar for innkomne gåver i desember: Astrid Bremnes (500), Synøve og Asbjørn Sande (500), Hilde og Bjørgulf Myklebust (500), Willy Bell (500)

Pr. 31.12.10 er det kome inn totalt kr. 123.700. Kjempeflott!

Dersom nokon ynskjer å gje pengegåve, er bankkontonr. 3776 03 19962.

 

-Styret-


 

Starter torsdag 20.januar kl. 1000 - åpent til kl. 1800!

OBS!Onsdag 19. januar - stengt!


Åpningstider Byggeriet/ Ytrehus Sag

 

Mandag – onsdag:       08.00 – 16.30

Torsdag:                      08.00 – 18.00

Fredag:                        08.00 – 16.30

Laurdag:                            stengt


På Svelgen Hotell laurdag 5. februar:

Florø Storband spelar opp til dans 18.01.2011

Florø Storband har sidan 1970-talet vore ein arena for jazzvener i Flora Kommune. Entusiastar med rot i jazzklubben Odin starta opp med Storband på ei tid kor bandtypen var i medvind nasjonalt. I dag har fleire av medlemmane solid røynsle frå soul, rytme&blues og danseband. Kompgjengen har på kvart sitt hald tonnevis med spelejobbar og oppdrag bak seg, dei utgjer sjølve hjarte og sjela i bandet. Arne Sunnarvik er eit navn som jazzfolket i fylket burde kjenne godt. Han tar kontrollen og leiar som kapellmesterplassen bak pianokrakken. Som primus motor og med eit stort engasjement har Arne gitt uselvisk av sin energi og sitt kunsteriske intellekt. Blåsen har fleire klare profilar som har vore med frå starten. På altsaks har vi polakken Leszek Michalski som er ansatt i kulturskulen. Han har bakgrunn frå symfoniorkester og har levert fleire eigne solo CDar med klassisk innhald. Han skulerer og rettleiar treblåsarane taktfast med svingande toner. På trombone har vi saman med Nils Petter Fredheim også Trond R.Olsen som var med i dei tidligaste åra. Han er kjend frå revy og jøgler bransjen som habil imitator og sceneartist. Den tette klangen og faste rytma kjem etter fleire år med stabil besetning. Nytt for sesongen er at vi har fått ny trommis i Arild Frislid Solheim. Ein særs dugande og dyktig mann som i andre høve har spela med dei fleste i kompen og nokre av blåsarane. Med vokalist Leif Helge Sande i sentrum skulle det være duka for opplevingar som vil få fart på dansefoten.

Utvalg frå rep-liste Florø Storband

  1. Don't know why                              - Norah Jones
  2. Gentle                                                 - Frode Thingnæs
  3. Gonna fly now                                  - Tema frå Rocky
  4. Just once                                            - James Ingram
  5. Just the way you are                      - Billy Joel
  6. New York                                            - Frank Sinatra
  7. Sir Duke                                               - Stevie Wonder
  8. Smells like teen spirit                     - Nirvana/ Paul Anka
  9. Summertime                                     - Gershwin
  10. Take the A-train                               - Duke Ellington
  11. Teach me tonight                            - Gene De Paul
  12. We're in this love                            - Al Jarreau
  13. You can leave your hat on           - Randy Newman/ Joe Cocker
  14. Just a Gigolo                                      - Leonello Casucci / David Lee Roth
  15. I feel Good                                         - James Brown

Frå kl 22.00

Cover 160 kr


Søndagsskule 17.01.2011

 

Søndagsskulen startar oppatt søndag 23.januar kl.11.00 i Svelgen Kapell.

 

Vel møtt!


Likemannsarbeid frå hørselslaget 17.01.2011

Hørselslaget for Flora og Bremanger held årsmøte på Havgløtt 6. februar kl. 1600. Teleslynge og skrivetilbod. Sakspapir vert lagt fra på møtet.

 

Hjerleleg velkomne!

 

LIKEMANNSARBEID

 

Høreselslaget blir å treffe på Kalvåg 9. februar mellom 1100 og 1230 og på Haugetun frå 1300 til 1400

Svelgen eller Davik (viss ein får ein stad å vere) den 16. mars kl. 1100 til 1300

Kalvåg 18. april mellom 1100 og 1230 og Haugetun 1300 til 1400 og Svelgen eller Davik 11. mai mellom mellom 1100 og 1300.

Kalvåg 19. juni mellom 1100 og 1230.

 

MØTE OM BRANNSIKRING

Det blir meldemsmøte om brannsikring den 9. mars kl. 1700 på Havgløtt i Florø. Enkel servering.

Presentasjon ved Håkon Dyrstad og Gunnar Ekeland.

 

Hjarteleg velkomne!

Flora Bremanger Hørselslag


Styret i Svelgen Trekkspelklubb 2011 17.01.2011

Leiar: Lars Arvid Rebni

Musikalsk leiar: Harald Førde

Kasserar: Rolleif Hansen

Styremedlem: Jim Grinde

Revisor: Per Ytrehus


SVELGEN PENSJONISTLAG

ÅRSMØTE.

Det vert med dette kalla inn til årsmøte onsdag 23.februar 2011 kl. 1700 i Storsalen på Samfunnshuset.

Saker:

Årsmelding 2010

Rekneskap 2010

Kontingent 2012

Val

Innkomne saker.

Saker som skal handsamast av årsmøtet må vere styret i hende seinast 14.februar.

Styret.

Styret kjem attende med nærare opplysningar om årsmøtefesten som i år blir på Samfunnshuset . Storsalen.


HALLO FOLKENS !

 

Til dere som har hund, store som små ! Dere må være så grei å plukke opp dritten som legges igjen.

Det er pokker så irriterende å trakke i dritten.  Uansett hvem som lufter, store som små, så må det plukkes opp.

 

I Sandetunellen tror jeg det ligger 10 ”ruer”. Riktig nok ikke alle i gangbanen men allikevel.

Det er rett grisete og uansvarlig å ikke plukke opp etter seg.

En går ikke på tur med hunden uten å ha med seg egnet utstyr som ”bæsjepose” !!

 

  "Ifølge politivedtektene har eier eller den som har ansvar for hund plikt til
å straks fjerne ekskrementer som hunden etterlater seg på offentlig sted.

Eier kan helt klart bøtelegges ! "

Mvh Atle Rogne (Som også har hund, lufter og plukker opp…! )


BASSENGET    Vårsesongen 2011

 

Dei som fekk tildelt time i haust kan beheld timen dersom de betalar innan fristen 20.01.11, sjå tilsendt skriv.

De som ikkje har bassengtime og ynskjer det, må vente til vi får denne oversikta.

24.01. reknar eg med at dette er klart.

For å få tildelt bassengtid/nøkkel må de hatt eit livreddande førstehjelpskurs i løpet av 2008-2010 (eldre kurs blir ikkje godkjent).

 

Billettprisar:    Kr. 33 for vaksne pr. time

                        Kr. 22 for barn pr. time

                        Kr. 20 for badstove pr. gong

Minstebetaling er kr. 300 for kvar sesong (1 time pr. veke).

 

For at flest mogleg skal få høve til å nytte seg av tilbodet, ber vi om at dei som ikkje bruker bassenget kvar veke bestemmer seg anten for oddetal- eller partalveke (anna kvar veke).

 

Fellestider:      Småbarn (0-5år) à laurdagar kl. 1100-1230

                        ”Familiebading” à laurdagar kl. 1230-1400

 

Alle som skal nytte bassenget, må melde seg på og få nøkkel (gjeld også fellestider).

 

Svelgen skule, 13.01.11

Bjørg


Skitreninga mandag 17/1 er avlyst 15.01.2011

Per Arne Sæterlid melder at det ikkje vert skitrening mandag 17/1, grunna dårleg skivèr. Ein satsar på bedre vèr mandag 24/1.

 

Litt meir info om skitreninga: Det blir skitrening for alle kvar måndag klokka 18.30 i lysløypa ved Karlskarstova. Instruktør Per Arne Sæterlid. Ta med hodelykt . De må også ha med skismurning som passar til føret. Når de går opp til lysløypa må de nytte den nye traseen som går fra parkeringsplassen til Karlskarstova.

  

Det vil elles vere oppkjøyrde løyper mandagar og torsdagar frå klokka 18.30, og søndagar frå klokka 12.00. 


Strikkekafe på Trudvang måndag 15.01.2011

Strikkekafe i Trudvang på Kjelkenes måndag 17.01. kl.19.00.Alle er velkomne.
Kjelkenes kvinne og familielag

Avlyst skikarusellrenn 15.01.2011

Skikarusellrennet som skulle vore i morgon,

søndag 16.januar, er avlyst.

 

Mvh.

Per Arne Sætrelid



Flora Storband til Svelgen Hotell 5. februar 12.01.2011

 

Flora Storband speler på Svelgen Hotell   lørdag 5. februar

Med 16   mann, er dette det største bandet som nokon gong har stått på scena på Svelgen Hotell. Har du noko å feire, så sett av datoen!  

www.florastorband.com   

Meir info kjem snart

 

 

Svelgen Hotell

Fredag 11. februar

 

Fylkeskomikar   og standupartist Ole Johannes   Øvretveit   kjem til Svelgen Hotell med sitt nye show "Min kamp for å bli tatt seriøs".   Etter showet blir det trubadur eller DJ.

Meir info kjem!


Fotoutstilling, "Bremanger 2010" 12.01.2011

Bremanger Rådhus

 

I samband med bokprosjektet "Bremanger 2010" har Leni Lisæter og Anita Ingebrigtsen fotoutstilling i Rådhuset i Svelgen.  Salsutstillinga gjenspeglar nokre av bileta i bokprosjektet. Alle bileta i boka er tekne i løpet av 2010, og prosjektet skal vere ferdig hausten 2011. Sal av bileta i utstillinga går i all hovudsak til produksjon av boka.

 

Utstillinga vil henge oppe ut februar, og vi oppfordrar folk til å ta turen innom Rådhuset for å sjå.

 

Kultursjefen


Isras ved Haukåtunnelen - var stengt for å få isen fjerna 12.01.2011

Ein bil frå Mesta var berre få sekund frå å bli teken av store ismengder. Rolf Dombestein skulle akkurat stenge til å stenge fylkesveg 614 for trafikk på grunn av rassikring, då han i dag nær blei tatt av ras.

Eit helikopter skulle få ned dei farlege ismassane over vegen ved Haukåtunnelen mellom Grov og Svelgen. Men før Mesta-arbeidaren fekk sukk for seg, kom raset.

– Mykje av den isen vi skulle ta ned rasa bak bilen, fortel han til NRK.no  Den bratte fjellsida skal reinskast for 70 meter med is som er oppe i fjellsida. Til dette brukar dei eit helikopter som har ei jernkule på 800 kilo hengande under seg. Denne blir slegen inn mot isen slik at den losnar.

Raset skjedde like før helikopteret skulle lette. Det er venta at vegen opnar for trafikk klokka 14.30 i ettermiddag på grunn av isfjerninga.


Orklasjef Bjørn Wiggen til Teknisk Ukeblad

- Salget styrker Elkem internasjonalt 12.01.2011

Salget av Elkem begynte på den eksklusive restauranten Statholdergaarden i Oslo.

Der møttes Orkla-sjef Bjørn Wiggen og China National Bluestars styreleder Ren Jianxin over reinsdyrstek i november 2009.

– Vi kalte operasjonen for «prosjekt reinsdyr», sier Ludvig Sandnes i den norske avdelingen av Royal Bank of Scotland.

 

Det var bankens norske avdeling som tok initiativ til dette møtet, etter å ha vurdert en rekke mulige kjøpere for ulike deler av Orkla-konsernet. National Bluestar virket som en langsiktig og god eier for Elkem, mente banken.

– I dette tilfellet satset vi på rett hest, sier Sandnes til Teknisk Ukeblad.

14 måneder senere sitter pressen foran Wiggen på Orklas hovedkontor i Karenslyst allé med nyheten om at Elkem er solgt til kineserne.

 – Dette styrker Elkem internasjonalt. Det er viktig at det investeres videre i Elkem. Det er også viktig at forsknings- og utviklingsvirksomheten i selskapet blir i Norge, sier Wiggen.


- Elkem forsvinn uansett, skriv E24 12.01.2011

Hver gang fremtiden til norsk næringsliv diskuteres, oppstår kravet om at staten må sikre industriarbeidsplassene på det som gjerne kalles «norske hender».

 

De som tror at norske eiere er en garanti for norske arbeidsplasser, tar feil, skriv Per Valebrokk i avisa E24 i ein kommentar. De siste tre årene er hver tiende industriarbeidsplass forsvunnet ut av Norge. Over 30.000 nordmenn er flyttet over til annen næringsvirksomhet, til offentlig forvaltning eller til arbeidsledighet og trygd.

Så raskt har industrien aldri før blitt lagt ned i Norge.

De aller fleste av disse arbeidsplassene er lagt ned av norske eiere.

Utviklingen er uunngåelig. Stadig mer av det norsk industri produserer i dag, kan gjøres billigere i land som Kina, Vietnam, Bangladesh og India. De første arbeidsplassene som røk her hjemme, var de mest arbeidsintensive. Etterhvert som asiatiske lavkostland er blitt smartere og har fått mer prosess- og teknologierfaring, har de kompetansekrevende arbeidsplassene fulgt etter.

Så lenge Elkem Solar i Kristiansand, Elkem Bjølvefossen og Elkem Bremanger er konkurransedyktige fabrikker, beholder Bluestar dem i Norge. Men før eller siden legges de ned eller flyttes til Asia - akkurat slik Orkla ville gjort om det var den som eide Elkem.

Det er teknologi og kompetanse Bluestar trenger fra Elkem - ikke høytlønnede nordmenn.


Nydelig vinterstemning i Svelgen 11.01.2011

Vi har fått dette fantastisk flotte bildet med vinterstemning i Svelgen tilsendt frå Wenny og Oddvin Vårdal.

Vogntog fast i Magnhildskaret 11.01.2011

Eit nederlandsk vogntog har fått problem på fylkesveg 614 ved Magnhildskaret i Svelgen.

- Ein politipatrulje har vore på staden og det viser seg at vogntoget har brukt kjettingar, men at desse har blitt øydelagt, seier operasjonsleiar Eivind Bjørke ved politiet.

Vogntoget står slik til at det ikkje er til hinder for trafikken. Bilberging er på veg.

- Etter dei opplysningar eg har no ligg det ikkje an til at sjåføren vert bøtelagt i dette tilfellet. Han har nok rett og slett vore uheldig, seier Bjørke til NRK.no.


Fv 614

Haukå tunnel

Sogn og Fjordane - Midlertidig stengt

Stengt på grunn av vedlikeholdsarbeid i perioden: Onsdag fra 11:00 til 13:30.

Gjelder fra 12.01.11 klokken 11:00


Skikarusellrenn 2011 11.01.2011

STAD: KARLSKARSTOVA

DATO: 16.01.11 (søndag)

30.01.11 (søndag)

13.02.11 (søndag)

27.02.11 (søndag)

13.03.11 (søndag)

 

 

Påmelding presis mellom 12.00-13.00.
Start 500 meter kl 13.15.
Start dei andre distansane kl 14.00.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Premie til alle i kvart renn.
Utdeling av pokalar på siste karusellrennet.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 50,-

Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før renner. Når de har parkert på parkeringsplassen, må de gå rett over hovudvegen, og gå den nye traseen opp til Karlskarstova

Open kiosk

Ålfoten Idrettslag        Svelgen Turn og Idrettsforening

 

27.02.11 (søndag)

Dei tilsette ved Elkem føler seg utrygge 11.01.2011

Dei tilsette ved Elkem Bremanger føler seg utrygge, medan verksdirektør Steinar Talle meiner det er ei lette at salet no er unnagjort, skriv NRK. Les saka her.

 

Både LO og NHO er uroa over salet og stiller spørsmål ved om kinesiske eigarar vil ivareta norsk samarbeidsklima og bevare lokalsamfunna som er avhengige av Elkem. Ler meir på NRK sine sider.


SENIORDANSEN 11.01.2011

Seniordansen startar opp etter juleferien i dag tirsdag kl.1700 på Samfunnshuset.

Elkem er seld til Bluestar i dag 11.01.2011

Orkla sel Elkem til China National Bluestar Group tolv milliardar kroner. Bluestar er eit leiande internasjonalt selskap som produserer delar produksjon av fornybar energi.

Salet omhandlar divisjonane Elkem Silicon Materials, Elkem Foundry Products, Elkem Carbon og Elkem Solar.

– Det er viktig å sikre at Elkem får nye eigarar som kan vidareutvikle selskapets potensial og halde kompetanse og ressursar samla. I Bluestar vil Elkem ha ein eigar med solid finansiell kapasitet, seier konsernsjef Bjørn M. Wiggen i Orkla ASA i ei pressemelding.

Administrerande direktør i Elkem er positiv til salet av selskapet.

– Eg meiner at samanslåinga med Bluestar vil gje Elkem ein sterk plattform til å fremme selskapets teknologiske førerskap og sikre ei lønnsom utvikling i åra som kjem, seier Aasen.


Ved Karlskarstova i Myklebustdalen

Skitrening + faste oppkøyringstider av skiløyper 10.01.2011

Det blir skitrening for alle kvar måndag klokka 18.30 i lysløypa ved Karlskarstova. Første treninga startar måndag 17. januar. Instruktør Per Arne Sæterlid. Ta med hodelykt . De må også ha med skismurning som passar til føret. Når de går opp til lysløypa må de nytte den nye traseen som går fra parkeringsplassen til Karlskarstova.

  

Det vil elles vere oppkjøyrde løyper mandagar og torsdagar frå klokka 18.30, og søndagar frå klokka 12.00. 

  

Helsing Per Arne Sæterlid


SJÅFØRKURS 65+ 10.01.2011

Det vert sett i gang oppfriskningskurs for sjåførar 65+ i Svelgen.

Første kursdag blir 2.februar på Keipenstova.

Påmelding til Per Ytrehus tlf. 91392889 eller Anne Lise Gilleshammer 41418231.

Pris 750 kroner( med atterhald om sponsing kr.200 pr. elev). Det vil komme ei meir utfyllande kunngjering frå Vegvesenet i Firdaposten  seinare

 


Klubbleiaren trur arbeidsplassane er trygge 10.01.2011

Klubbleiar Knut Sande er intervjua av Aftenposten. Dei skriv:

"Blant de ansatte ved Elkems verk i Bremanger i Sogn og Fjordane er nyheten om et snarlig eierskifte så fersk at den ennå ikke er blitt skikkelig diskutert.

- Selv ikke vi som er tillitsvalgte får vite noe før vi leser det i avisen, sier Knut Sande, tillitsvalgt for de ansatte ved verket i Bremanger, til Aftenposten.no.

I 83 år har Elkem holdt til her. Overskuddsvarme fra fabrikken holder ungene i barnehagen varme, bassengvannet levelig og fotballbanen fri for is og snø om vinteren. Og Elkem holder lokalbefolkningen i arbeid.

Elkem har fem verk og en gruve i Norge.

At det nå pågår forhandlinger med China National Bluestar om salg av Elkem, skremmer imidlertid ikke Knut Sande.

- At noen er interessert i å kjøpe oss betyr vel at de er fornøyd med måten vi driver på. Jeg frykter verken tap av arbeidsplasser eller andre ingen store endringer de neste 50 årene, sier han."

 

Les heile artikkelen her.


Kinesiske Bluestar kjøper truleg Elkem innan kort tid 10.01.2011

Kinesiske China National Bluestar kjøper kjemikalieselskapet Elkem fra Orkla om kort tid, skriver Dagens Næringsliv .

Flere kilder sier til avisen at styret i Orkla har fått beskjed om å stille til styremøte på kort varsel med formål å selge Elkem.

Selskapet som ble etablert av Sam Eyde for 106 år siden, har vært i Orklas eie siden 2005.

DN har ikke fått tak i kjøpesummen, men skriver at analytikere anslo verdien av Elkem til 12 milliarder kroner etter andre kvartal i fjor. Siden har markedet utviklet seg ytterligere i Elkems favør, og en pris på 15 milliarder kroner er antydet av flere.

Elkem selges samlet, inkludert forsknings- og utviklingsvirksomheten. Dette har vært viktig for de tillitsvalgte i prosessen. Unntatt fra salget er kraftvirksomheten i Sauda, som holdes unna på grunn av konsesjonsbestemmelser.

Ryktene rundt kinesiske Bluestar ble først omtalt av nyhetsbyrået Reuters i slutten av oktober. Ifølge nyhetsbyråets kilder ville overtakelsen koste Bluestar om lag 1 milliard dollar.

China National Bluestar er Kinas største silisiumkonsern. Selskapet har 40.000 ansatte utenfor Kina, og omsetter for nærmere 40 milliarder kroner.

Verken Orklas styreleder Stein Erik Hagen eller konsernsjef Bjørn Wiggen har vært tilgjengelig for kommentar.

Magnhildskaret åpna for trafikk igjen 10.01.2011

Magnhildskaret var stengt på grunn av rasfare natt til mandag og framover føremiddagen. Det er no opna igjen. Følg med på vegvesenet sine oppdateringar her .

Dei gamle kinomaskinene er demonert:

Klart for digital kino i Svelgen 09.01.2011

Svelgen kino skal få ny digital kino og det vert i desse dagar arbeidd for fullt med å gjere klart kinorommet. Dei gamle kinomaskinene fra 1961 må ut, det elektriske anlegget skal oppdaterast til dagens standardkrav og digital kino. På bildet ser vi Arthur Holm og Arild Naustdal som kobler (mellomste bildet).

Ove Jon Hessvik (nederste bildet) har kjørt kino med desse maskinene sidan dei var nye i 1961 og er like ivrig med å få i gang den nye digitale kinoen.
Andre som og har kjørt kino i lengre perioder for samfunshuset er Olav Valberg, Norvald Furset og Bjørn Valberg. På det øvste bilder ser vi Arthur Holm, Arild Naustdal, Jørn Holm og Ove Jon Hessvik har fått dei 50 år gamle kinomaskinene ut i småstova. (Foto: Anita Hessvik)


Bremanger kommune har for tida fleire ledige stillingar 07.01.2011

Driftssjef/rektor ved Svelgen oppvekst, driftsingeniør teknisk, fagarbeidar/spesialarbeidar teknisk, fagarbeidar/vaktmeister teknisk, sjukepleiar ved Bremanger sjukeheim, fagarbeidar innan pleie og omsorg, vikariat som lærar ved Kalvåg oppvekst, vikariat i barneverntenesta og vikariat som vernepleiar i Tenestene for funksjonshemma i Svelgen.

Sjå Stilling Ledig til venstre.


Kåre sluttar som rektor til sommaren 07.01.2011

Kåre Myklebust blir pensjonist til sommaren, og kommunen lyser i dag ut stillinga hans som rektor ved Svelgen Oppvekst. Kåre Myklebust har vore rektor for fleire generasjonar svelgarar og vore altoppofrande for skule og elevar i ein mannsalder.  Men til hausten blir det ny sjef for skule og barnehage i Svelgen.

- Du har vore rektor/driftssjef i fleire tiår. Kva har vore din viktigaste motivasjonen din for å halde på så lenge?

-    Svaret er kort og godt: personalet og ungane. Eg gler meg kvar dag til å gå på jobb. Godt personale gjennom alle år har vore ein inspirasjon og motivasjon.   Det gjeld også elevane. Vi har hatt få konflikter. Det har vore både evne og vilje til å ta fatt på utfordringar.

Eg vil seie at eg har og har hatt ein spennande og triveleg jobb. Har alltid hatt lyst til at det skal skje noko, at lokalsamfunnet skal utvikle seg positivt. Kunnskapsløftet har gitt oss mulegheiter og mål. Elevane må vite kva dei skal gjere og kvifor. Det er naudsynt for å få opp motivasjonen deira.

- Skulle du endre på noko, kva ville så det vere?

- Eg ville ha begynt tidlegare med å rotfeste prosjekt og utviklingsarbeid på ein slik måte at arbeidet ikkje vart personavhengig. Eg ville også ha brukt meir ressursar på utviklingsarbeid, seier Kåre Myklebust. Les heile intervjuet her: Bremangernytt nr. 4.


Hørselshjelp på Realen 12. januar 07.01.2011

HLF Flora/Bremanger tilbyr hjelp til hørselshemma i Bremanger, Svelgen og Kalvåg.   HLF (Hørselshemmedes Landsforbund)skulerar hørselshjelparar  til alle diagnosegrupper innan hørsel - som høyreapparatbrukarar, tinnitus, menier, Ci-opererte og anna. I tillegg kan dei vere ein samtalepartner og hjelpeperson til praktisk rettleiing – også for dei pårørande.

-           - Vi kan hjelpe med skifting av slanger, rensing av øyrepropper, lære bruk av høyreapparat og rettleie nye brukarar, seier leiar Jan Erik Strømmen. Han oppmodar alle som har vanskar med hørselen om å gjere noko med problemet og ta kontakt med lokallaget for å få hjelp.

-          -   Ein kan ikkje tvinge folk til å gå med høyreapparat, men mange får ei stor aha-oppleving når dei først tek til med det.   Eg sjølv gikk i mange år med dårlig hørsel. Dette gjorde meg rett og slett til ein møteplagar. Eg tok ordet i ett sett og snakka høgt og lenge.   Det var for å kompansere at eg ikkje høyrte kva andre sa. Mange har det på same viset, og i lengda vert det travelt både for den som har hørselsproblem – og dei andre, seier Strømmen. Hørselslaget var på sjukeheimen på Kalvåg og på Haugetun i november og blir å treffe på

 

Realen Svelgen 12. januar mellom 1100 og 1300

 

-           Ta turen innom for ein kopp kaffi og ein prat med andre som veit korleis det er å ha eit høyrselsproblem, oppmodar Jan Erik Strømmen.


Korte åpningstirder for lensmannskontora 07.01.2011

Fleire stader i fylket møter folk stengde dører når dei kjem til lensmannskontoret.

Ei undersøking NRK har gjort syner at fleire lensmannskontor i fylket berre heldt ope få dagar i veka.

Medan somme kontor berre har ope to dagar i veka, må andre belage seg på at kontoret plutseleg kan bli stengt med ein lapp på døra. Fleire lensmenn fryktar no for framtida til kontora.

– Vi ser ei utvikling som går mot større og større einingar, og politidistriktet blir meir og meir utarma. Det er berre slik det er blitt, seier lensmann Hans Rune Strandos ved Bremanger lensmannskontor.

– Kva synest du om det?

– Det er ikkje akkurat slik vi ønskjer, men slik det er blitt, svarar Strandos.


Årskalendar frå kraftverket 06.01.2011

Svelgen Kraft AS (tidlegare Elkem Energi Bremanger AS) sin årskalendar er no komen ut til dei fleste i Svelgen. Om du ønsker ein slik kalendar, og ikkje har fått den, kan den hentast i resepsjonen på Elkem Bremanger smelteverk, eller på servicekontoret på rådhuset.

 

Kalendaren gjekk i trykken før Svelgen Kraft Holding AS fekk konsesjon, difor pregar vårt tidlegare namn og logo kalendaren.

 

Svelgen Kraft AS


Mindre enn halvparten av normalnedbør i desember 06.01.2011

Ein kald vèrtype førte til lite nedbør og mange døgn utan nedbør i desember. I desember fall det i Svelgen 141,5 mm nedbør, mot "normalt" 293 mm. 15 døgn var utan ein nedbørsdråpe i måleglaset til Svelgen Kraft, og 40,6 mm var det meste ein målte på eit døgn.

Pressemelding frå Bremanger kommune:

Byggeskikk- og kulturpris 06.01.2011

 

Engasjement og fokus på positive element som optimisme og pågangsmot står sentralt i Bremanger kommune sitt omdømeprosjekt. Dette prosjektet starta i 2010 med seminar på Rugsund Handelsstad. Her deltok frivillige lag, organisasjonar og privatpersonar frå heile kommunen.

 

På haustparten kom Sirkus Bremanger, også her med stor deltaking.

 

No går vi vidare og inviterer deg til å komme med forslag til gode kandidatar til byggeskikk- og kulturpris. Prisane skal utdelast 17.mai i 2011.

 

Kulturprisen vart oppretta i 1982. Tidlegare har m.a. Einar Gjerde, Tor Vistnes og Harald Hauge fått kulturprisen, medan Svein Inge Fosse, Marie og Harald Skaar er mellom dei som har fått bygningsmiljøprisen. Bygningsmiljøprisen vart oppretta i 1997.

 

Vi ynskjer forslag ikkje berre på eldre bygningar og bygningsmiljø, men også på nyare hus som er tilpassa staden og som glir inn i kulturlandskapet på ein estetisk og god måte.

 

På kommunen si heimeside vil du finne retningslinjer for prisane . Frist for å komme med forslag er 1. mars. Kulturkontoret kan og kontaktast om du ynskjer nærare informasjon. Forslag kan sendast på mail eller pr post til:

 

Bremanger kommune

Postboks 104

6721 Svelgen

 

E. Frøysland tlf 95985265, espen.froysland@bremanger.kommune.no

M. Indrehus 91619092, mi@bremanger.kommune.no

 

Kulturkontoret


Nedbøren i Svelgen i 2010 06.01.2011

I Svelgen fall det i året som gjekk 2124,6 mm nedbør, medan det "normale" er 2570 mm på eit år. I følge statistikken er det berre fire  år sidan 1978 som har lågare årsnedbør. Høgste døgnverdi i 2010 var 57,0 mm (det var to døgn i 2010 med denne målinga). Minst nedbør hadde ein i februar med 26,8 mm, medan oktober hadde mest nedbør mmed 403,2 mm.


Søknadsfrist til barnehagane 1. mars 05.01.2011

Informerer om søknadsfrist for barnehageplass f.o.m. hausten 2011:
 
Søknadsfristen er 1.mars. Føresette søkjer elektronisk via Bremanger kommune si heimeside.
 
 
Med helsing
Gunnar Skjølberg
- kommunalsjef oppvekst -
95988710

Elkem kopp til Gunnulf Bjørnsen og Frank Ryland 05.01.2011

 
Vi graturerer Gunnulf Bjørnsen nr. 407 på Sandsegga og Frank Ryland nr. 473 Risevatnet 3,5 km som vinnarar av Elkem-kopp for desember.
Takk til Elkem for sponsing av koppar -   når januar er omme vert 2 nye vinnarar trekte ut - alle er velkomen til å delta!
Keipen Turlag-Fjelltrimmen

Sirkeltreninga er i gang att 05.01.2011

I dag, onsdag 5/1, vert det sirkeltrening i Svelgen Idrettshus kl. 19.30. F.o.m. onsdag 12/1 vert det ny musikk, og nokre nye øvingar.

Sirkeltrening er ei allsidig trening , der ein brukar alle musklar i kroppen under treninga.   Sirkeltreninga er lagt opp til at de bestemmer sjølve kor tungt de vi ha det. Treninga passar for alle frå 13 år opp til 98 år. Kom og prøv onsdagar klokka 19.30.

Trimgruppa i STIF

v/ Per Arne Sæterlid                                                                     STIF - Trimgruppe



BARNAS TURLAG
 
I kjempe flott vintervær 28. desember arrangerte vi skirenn på Svelgen Stadion. Det var rundt 46 barn som møtte opp, og alle
med ski på beina! Skirennet vart delt opp i klasser. Fyrst gjekk barnehageborna, deretter 1-3 klasse og til slutt dei eldste.
Barnehageborna gjekk ca 200 meter, 1-3 klasse gjekk 1 til 2 runder og dei eldste gjekk 2 runder.
Nokre born hadde enda meir å gje, og gjekk derfor opptil fleire runder. Alle fekk premie når dei kom i mål.
 
Tusen takk for nok eit fantastisk oppmøte!
 
 
Barnas Turlag v/Ossenkamp og Langedal

Sogn og Fjordane Teater skal syne teaterstykket TYL av Finn Tokvam og Halvor Folgerø

 

Svelgen samfunnshus

Onsdag 26. januar kl 18.00

 

Bremangerhallen

Tysdag 25. januar kl 19.00

Påmelding i Ytre Bremanger: Gerda Frøyen tlf 48275423

 

Billettar kan kjøpast på servicekontoret i Rådhuset tlf 57796300.

Dersom minst 5 personar kjøper billett under eitt oppnår ein grupperabatt. Tingar ein billettar over telefon må desse hentast seinast kl 15.00 dagen før framsyning.

 

Billettpris

Vaksne:            kr. 160,-

Student/honnør/firdakortet/gruppe (min) 5 personar             kr 100,-

 

TYL er ein komedie om livet på bygda, på Vossajazz, i Bergen og Oslo. Denne komedien er for unge og vaksne i alle aldrar.

 

Informasjon om framsyninga

Teaterstykket Tyl er basert på den sorgmuntre og humoristiske romanen med same namn. Vi møter Ove Ullkvam som er lei av det rutineprega livet som postmann og fyller dagane med musikken til Charlie Parker, medan kompisen Ragnar er meir inspirert av Olav Stedje.

 

Ove er ein beskjeden kar – ja, nesten sjølvutslettande. Ragnar synest at Ove må legge om stilen til å verte direkte og ærleg. I fylla skriv Ove og Ragnar ein avtale som forandrar alt. Ein avtale som skal hjelpe Ove med å finne seg sjølv. Ove finn mykje anna også. Mellom anna den store kjærleiken. Stykket vert spela som ein rivande komedie med levande musikk på scena og med kjappe sceneskift mellom bygda, Bergen, Oslo og Vossajazz …..

 

Meir informasjon

www.softeater.no



Spinning søndag 2.januar 01.01.2011

 

Søndag 2.januar vert det ei spinningtrening på 45 minutt kl.19.00.

 

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars