Arkiv Feb 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Meir nedbør enn normalt i februar 28.02.2005

I februar fall det 294 mm nedbør ved meteorologiske institutt sin nedbørsstasjon i Svelgen. Det normale for månaden er 200 mm. 10 døgn var utan ein drope i måleglaset, og det meste som vart målt på eit døgn var 54,5 mm.

STIF-jenter på tur med Bremanger 27.02.2005

Tre av fotballjentene til STIF var i helga utlånt til Bremanger IL sitt jentelag, som deltok i vinterserien i Høyanger. Les meir og sjå bilder av dei tre her.

Søker ny dagleg leiar 25.02.2005

Stillinga som dagleg leiar av Bremanger Vekst er no lyst ut. Klikk på "Stilling ledig" for å sjå heile utlysingsteksten.  Det er også ledig vikariat på Hauge skule.

Bremanger Ap med heimeside 25.02.2005

Bremanger Arbeidarparti har fått eiga heimeside. 
Her finn du opplysningar om styret, kommunestyregruppa og aktuelle saker.
 
Adressa er www.BremangerAP.org.

Variert program på Svelgen Hotell i mars og april 24.02.2005

Svelgen Hotell byr i mars og april på eit variert program beståande av musikkshow, god mat, og fire dansar med tre ulike band/trubadurar. Torsdag 7. april kjem "Beatles show" til Svelgen. Dette er eit musikkshow der du i løpet av to timar vert tatt med på ei fantastisk reise i musikken og ikkje minst historia om verdas desidert mest berømte band.

Programmet til Svelgen Hotell kan du sjå
her.

Husk påmelding til INC Bedrifts-Cup 24.02.2005

Har du/dykk glømt påmeldinga til årets bedriftscup, så heng i !!! Om du slit med å få med deg arbeidskameratane, eller om du jobbar i ei mindre bedrift e.l., så ver klar over at du i squash, skyting og bordtennis kan melde deg på aleine. Påmeldingsfristen er 24. februar, men det går nok an å melde på i morra også...

Invitasjonen til bedriftscupen finn du her, litt praktisk informasjon her, og påmeldingsskjema her. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 19. mars (palmelaurdag). Påmelding/evt spørsmål sendast nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no 

Årsmøte i Svelgen Næringsråd

Bjørgulf Myklebust ny leiar i SNR 23.02.2005

På årsmøtet i SNR vart Bjørgulf Myklebust (t.h.) vald til ny leiar. Han overtok leiarvervet etter Geir Gjerde (t.v.), som har vore leiar i SNR sidan stiftinga i 2001. Gjerde fekk på årsmøtet ros for innsatsen han har gjort som leiar.

heimesida til SNR kan du lese meir om den nye leiaren, det nye styret, og du kan også lese heile årsmeldinga til SNR.

 


Vil ha vedtak oppheva 23.02.2005

Naboane til den nye parkeringsplassen i Svelgen sentrum, gir seg ikkje og har klaga vetaket til Fylkesmannen. Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger held fast på vedtaket om at dispensasjonen for reguleringsplanen for området rundt småbåthamna står ved lag. Dei meiner det ikkje var kome nokon nye moment i saka. Dette er ikkje naboane samde i.

- Dersom dei ikkje ser nye moment seier det mykje om utvalet, skriv dei seks naboane Jon Eikeset, Bjarne Eikeset, Malvin Svorstøl, Trygve Sørgulen, Lars Roald Løvfald og Guttorm Bjørnsen. 

I klaga retar dei opp åtte punkt som dei meiner talar deira sak. Mellom anna skriv dei at buforholda er blitt forringa av meir støy og forureining og at dette fører til dårlegare livskvalitet.

- Ballbanetilbodet er blitt fjerna og utstyret tatt vekk. Dei som nytta denne bana har såleis mista eit gode som det ikkje er alternativ til, skriv dei.

Naboane, som bur på andre sida av riksvegen, meiner også verksemda har tatt seg til rette ut over det dispensasjonen ga rom for.

 - Dispensasjonen gjeld tre bilar. I staden og i tillegg står der parkert tilhengar, kompressor, traktor og anna, skriv dei.

Det mest oppsiktsvekkande punktet i klaga er at dei meiner Høgre-politikar Roar Førde er ugild i saker der sonen, teknisk sjef Ole Bjørn Førde, førebur sakene. Meir i dagens Fjordenes Tidende.


Bridge :

Klubbmesterskapet 2005 oppdatert 23.02.2005

Resultat og sammenlagtliste er no oppdatert på bridgesida.

Svelgen kino søndag 27. februar:

FURI OG DEN MAGISKE SKOGEN 22.02.2005

I den magiske skogen, der trærne og dyra snakker med hverandre, bor modvarpen Furi. Han er forelseket i Linda, men får ikke helt sagt det til henne. Når hun og de andre muldvarpene plutselig blir kidnappet av noen slemme mennesker, er det opp til Furi å redde dem. Han får hjelp av både planter og dyr, og må vise både kløkt og mot. Når alle i skogen står sammen greier de nemlig alt! Furacroyos - eller Furi, som han oftest blir kalt - bor i den magiske skogen. Han er venner med alle, både trærne som står vakt og advarer når mennesker nærmer seg og ildfluene som flakser rundt og lyser opp der skogen er mørk. Men når filmen begynner er han ikke i toppform. Han er nemlig forelsket i Linda, den søteste av muldvarpene, men han får seg ikke helt til å si det til henne. Ikke føler han at han er modig nok for henne heller, så han har det ikke så lett. Han vandrer mest rundt for seg selv og snakker med trærne, men passer seg hele tiden for mennesker. Det er nemlig noen mennesker i filmen også, og de steller bare i stand ugangn. De planter en telefonstolpe som er riktig slem mot de vennlige og sangglade trærne, og de går på jakt. De er faktisk spesielt ute etter muldvarper.

Søndag, 27/2. kl.18.00
Tillatt for alle
Speletid: 1 time, 26 min.

Ledige hytter på Langesjø Hyttegrend 22.02.2005

I dette strålande vinterveret, kan vi melde om at det er enno ledig kapasitet på hyttene i Langesjø Hyttegrend. Med sol og fine skitilhøve der ein kan stige rett ut i løypene, vil eit opphald på hyttene vere eit flott vinterferietilbod, utan lang reiseavstand.
Ta kontakt  på www.visitbremanger.no si heimeside eller på tlf. 57 79 58 66 / 48 28 66 97 eller gå inn på  www.visitbremanger.no si heimeside for meir informasjon.

Alpinttalent med fortid i Svelgen 21.02.2005

Karoline Myklebust (13), som budde i Svelgen for ikkje så mange år tilbake, er eit svært lovande talent i alpint. Haugland, som no bur på Eid, er den einaste utøvaren frå Sogn og Fjordane på skiforbundet si talentgruppe. Ho står no på farten til Kroatia, for å trene og konkurrere. Les meir i Firda.

Volleyball 20.02.2005

Grunnserien i Eliteserien for damer er no ferdigspelt, og BSI og Stine Mari Solheim enda til slutt på 4. plass i grunnserien. Laget byrja sesongen svært godt, men fall av og tapte alle fem kampane sine etter nyttår. Til neste helg startar kvartfinalane i sluttspelet, og i følge Sunnmørsposten skal BSI mest sannsynleg møte nr. 5 i grunnserien, Oslo Volley. Det første laget som vinn to kampar går til semifinalen, og BSI får fordelen av to heimekampar om det må spelast tre kampar.

Tambarskjelvar sine 17-årsjenter, med 3-4 Svelgen-jenter på laget, er klar for landsfinale/NM i Bodø 9. og 10. april. Dei vart i helga nr. 2 i regionfinalen i Volda, etter å ha tapt finalen mot Blindheim etter to svært jamne sett. I fjor tok Tambarskjelvar gull i NM med Svelgen-jentene på laget. Les meir på Tambarskjelvar sine heimesider. 

Gode vèrmeldingar for vinterferien 20.02.2005

Det er meldt sol og fint vèr f.o.m. mandag t.o.m. fredag i veka som kjem, så det vert nok ei fin veke for dei som har tid til å nyte godvèret. Nede i Svelgen er det berre 8-10 cm snø søndag føremiddag, men i Ålfotdalen skal det vere fint skiføre.

For dei som likar seg bedre i nedoverbakkar melder skisentra nær Svelgen om gode forhold og ope i vinterferien: Harpefossen, Strandafjellet,  Sunnfjord skisenter (Blomlia), og Jølster skisenter. 

Arkivbiletet frå februar 2001 syner vegen langs Risevatnet (5 km lang), og fjelltoppen Keipen (1362 m.o.h.) om lag midt på biletet i bakgrunnen. Om ikkje det snøar mykje utover søndagen, vert det neppe nok snø til å gå på ski (som du er glad i) langs Risevatn. Tidlegare i vinter har aktive og positive medlemar i Svelgen Røde Kors Hjelpekorps køyrt opp skiløyper langs vegen i Risevatnet med snøscooter, og dette vart varmt motteke av skigåarane. Dei same skigåarane hadde også ei oppmoding til dei som går til fots om at dei ikkje øydelegg skispora ved å gå i dei.

Friidrett

Takk til gode hjelparar på INC-leikane 18.02.2005

Takk til alle som var med og hjelpte til på INC-leilkane, og gjorde det til eit vellukka arrangement. 

Helsing Friidrettsgruppa v/ Ingvald.


To skadd i trafikkulykke på Nordalsfjord-brua 18.02.2005

To bilar frontkolliderte på glatta nord for Nordalsfjord-brua torsdag i 13.30-tida. To personar vart skadde, men ikkje livstruande.
Les meir

 


Gi klede og utstyr til Romania i morgon! 18.02.2005

Laurdag klokka 16 kjem det til å parkere trailer frå Romaniahjelpa ved Bakarhuset (ev. Samfunnshuset). Dei tek i mot klede og utstyr som trengande i Romania skal få. Du betalar 75 kroner for kvart kolli du leverer. Dette skal dekke frakt nedover.

No har du sjansen til å gi det du syns er for gale til å kaste, men som du likevel ikkje bruk for. Få med deg ungane til å  gå gjennom kva dei kan avsjå av alle leikane og utstyret dei har på rommet sitt. Dette er også ein utmerka sjanse til å rydde skåp og skuffer, loft og kjellar. Men husk at alt skal vere heilt og reint og til nytte for mottakarane.

Synnøve Sande fortel oss at det ikkje er nokon begrensning på kva dei tek i mot.
- Alt brukande av klær, sko, leikar og anna utstyr kan leverast på bussen, seier ho. Svelgen Røde Kors har lagt til rette for at trailaren kan komme til Svelgen, men elles er det Romaniahjelpa som organiserer innsamlinga. Her kan du lese om Romania. (Romaniahjelpen har ingen nettstad)


Vi tek med følgande engasjerte innlegg som står på Fritt Ord sida for å auke velvilja : 
Mannen skriv:
...støtt romania aksjonen, eg har pina meg gjort klar 6 kolli allereie, og kjerringa e hakkandes gala for eg sender bryllupsdressen, og alt av før små klede til ungane, ja ho er ikkje go`her ho sitte skal eg seie. Men har vel mykje betre nytte der en her... Støtt Opp!!

Vil ha nye styreleiarar 18.02.2005

Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger vil ha slutt på at dagleg leiar i Bremanger Vekst skal vere styreleiar verva i kommunale føretak. Meir i Fjordenes Tidende.

ÅRSMØTE SVELGEN JEGER OG FISKERFORENING 17.02.2005

TID: Tirsdag 22 februar klokka 19

STAD: Småstova på Samfunnshuset.

 

Vanlege årsmøtesaker.

 

VEL MØTT

 

-styret-


Opna Luiskonferansen 16.02.2005

Anders og Christoffer i 10. klasse opna Luiskonferansen i Loen sist veke.
 
I salen sat 120 barnehagestyrarar, skuleleiarar, sosialsjefar og helsepersonale.


Sjå meir her.

Husk påmelding til INC Bedrifts-Cup 15.02.2005

Invitasjonen til bedriftscupen finn du her, litt praktisk informasjon her, og påmeldingsskjema her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 19. mars (palmelaurdag). Påmeldingsfristen er 24. februar, og påmelding/evt spørsmål sendast nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no 

Svelgen Kino søndag 20. februar: 14.02.2005

TO BRØDRE
I denne storslåtte historien som utspiller seg i Kambodsja i 1920-årene, følger vi to tigre mens de vokser opp, møter mennesker for første gang, og kjemper for å overleve

For ikke lenge siden ble det i et fjernt land født to tigre i ruinene av et for lengst glemt tempel. De to tigerbrødrene vokser opp i ly av ruinene, beskyttet av sin mor Tigressen og faren, Den Store Tigeren. Kumal og Sangha heter de to brødrene som en dag skal arve kongeriket til Den Store Tigeren. Men lang unna, i den vestlige verden, er interessen stor for trofèer fra Orienten, og lykkejegere strømmer til jungelen for å stjele statuer og relikvier fra de gamle templene. Aldan McRory (Guy Pearce) er en slik lykkejeger, som lever av å røve oldsaker og av å skrive bøker om storviltjakt. På en ekspedisjon til tempelet der tigrene hersker blir han tvunget til å drepe Den Store Tigeren som forsøker å forsvare kongeriket sitt. Sangha unnslipper sammen med sin mor, men Kumal blir fanget av Aidan Mcrory som tar ham med tilbake til sivilisasjonen. Han liker den unge tigeren, men blir arrestert for å ha røvet statuer og må selge Kumal til et sirkus.
Søndag, 20/2. kl.18.00
7 år
Speletid: 1 time, 45 min.


Nyt godveret som har kome !!!

8 nedbørsfrie døgn på 3,5 månadar 14.02.2005

I dag skin endeleg sola i Svelgen, og det gjer nok godt for dei i bygda som, i ulike graderingar, har vorte vèrsjuke. For sidan 1. november 2004, d.v.s.på 106 døgn, har Svelgen berre hatt åtte døgn heilt utan nedbør. November og desember hadde tre nedbørsfrie døgn kvar, medan januar og første halvdel av februar kvar hadde eit døgn heilt utan nedbørsregistrering. På desse 106 døgna har det falle 1644 mm nedbør, noko som gir eit snitt på 15,5 mm pr. døgn. Kilde: Elkem Energi Bremanger.

På biletet under ser du båthamna i Svelgen sentrum under storfloa 12. januar i år, som var eit av mange døgn med mykje nedbør. I følgje lokale vèrvarsel skal det vere opplett mandag, tysdag, og delar av onsdag. Då er det tilbake til "normalen"....


100 på Valentine-ball i Svelgen 14.02.2005

 Ungdomar i alderen 13 til 19 år var fredag invitert til Valentine fest. Nesten hundre festkledde jenter og gutar møtte opp både frå ytre Bremanger og Svelgen.

- Det var veldig kjekt at så mange kom frå ytre Bremanger, men litt trist at ingen frå Davik og Rugsund kom, seier Anita Løwer som er ein av initiativtakarane og leiar av ungdomsklubben Realen i Svelgen. (bilde til venstre Isabel&Frode)

 Svelgen hotell diska opp med stor taco- og pizzabuffet og ungdomane fekk disponere heile restauranten denne kvelden.

  Jentene var kledd taft og tyll i mange fargar, høge hælar og oppsatt hår. Og gutane var også ulasteleg kledd i dress og slips.


Utpå kvelden var det mange som fekk prisar. Fredrik Talle  vart premiert for å halde stilen gjennom heile kvelden medan Siri Torvanger Hauge vart heidra for finaste jenteantrekket. Og som vi ser på bildene må det ha vore ein uvanleg vanskeleg jobb å finne finaste antrekk med så mange flotte jenter og gutar! Meir i dagens Fjordenes Tidende. 


Naomi klar for crusing 13.02.2005

Jostein Eimhjellen (t.h.) og mannskapet på Naomi har lagt ut eit nytt reisebrev på heimesida si. Her følgjer eit utdrag: "I nærmere en måned har Naomi lagt ved kai i Subiz Bay Marina som ligger 40 mil vest for hovedstaden Manilla. Båten er nå nylakkert innvendig, fått ekstra solcellepanel og ny VHF-antenne. Arbeidet på båten har gått greit men litt problemer har vi hatt med å finne de delene vi trenger. I Manilla har de det meste, men siden det er lange avstander og mye trafikk tar det lang tid å finne det en skal ha. De fleste plasser i byen er det forholdsvis trygt, men en del plasser er vaktholdet dårligere, så en må holde godt på lommeboka. No er heldigvis båten klar og vi har lagt ut på cruise på Fillepinene."

Les meir her.

Friidrett

INC-leikane vellukka 13.02.2005

Dei om lag 60 friidrettsutøvarane, i aldersgruppa 10-17 år, såg ut til å stortrivast under INC-leikane i Svelgen Idrettshus laurdag. Friidrettsgruppa i STIF hadde over 20 personar i sving som funksjonærar o.l. under stemnet. Resultatlista frå stemnet kan du sjå her.

Mange ledige stillingar 12.02.2005

Bremanger kommune har utlyst ei rekkje ledige stillingar, mellom anna IKT-konsulent, leiar PPT, reinhaldar og psykiatrisk sjukepleiar. Sjå full utlysingstekst under Stilling Ledig.


Invitasjon til INC Bedrifts-Cup 2005 11.02.2005

No har INC Vedlikehold Svelgen AS sendt ut invitasjon til INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen her, litt praktisk informasjon her, og påmeldingsskjema her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 19. mars (palmelaurdag). Påmeldingsfristen er 24. februar, og påmelding/evt spørsmål sendast nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no  

Biletet er frå banketten i 2004, og syner ein av dei ivrigaste deltakane, Roy Vegard Sørgulen, med nokre av premiane han og bedrifta hans vann (foto: Firdaposten)

Her kan du lese kva Firdaposten skreiv etter fjorårets INC Bedrifts-Cup, her kan du sjå same avis sin biletserie frå i fjor, og her kan du sjå resultatlista frå INC Bedrifts-Cup 2004.

Svelgen.no si oppfordring til svelgarane er: Dra arbeidskameratane dine opp frå godstolen, og få dei med på dette flotte tiltaket frå INC Vedlikehold. Det viktigaste på bedriftscupen er ikkje å vinne, men å ha det sosialt og moro.


Fotball

Svelgar informerte om dommarsaka i Førde IL 10.02.2005

Då Førde IL si Fotballgruppe skulle fokusere på spelarane si haldning til dommaren, informere om spelereglar og rekruttere nye dommaraspirantar, nytta dei mellom anna Stian Holm sine dommarkunnskapar. Les meir på Førde IL si heimeside.


Fylkesbanken nr. 9 i bank-NM 10.02.2005


 

Sparebanken Sogn og Fjordane hevdar seg godt i konkurransen med andre bankar. I Bank NM 2005, som er utført av Dine Penger, kjem Sparebanken Sogn og Fjordane på ein sterk 9 plass. Dette melder banken på heimesida si, og banken skriv vidare:

144 bankar deltok i konkurransen. Dette betyr at Sparebanken Sogn og Fjordane har konkurransedyktige vilkår på både lån, innskot og bruk av kort, nettbank og lønnskonto.

- Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er stolte over å vere blant dei beste bankane i landet. Bankane som ligg føre oss på resultatlista er stort sett reine internettbankar eller nisjebankar som ikkje er opne for alle. I høve til andre store bankar som har kontor i Sogn og Fjordane er Sparebanken Sogn og Fjordane ein klar vinnar! (Henta frå Svelgen næringsråd sine heimesider)


Lasses med plass til 130 10.02.2005

Fleire gjestar, større etterspurnad og positive tilbakemeldingar gjer at Lars Roald Løvfald  vågar å bygge ut kroa midt i Svelgen sentrum. Han fortel til Firdaposten at sjølve tilbygget er på 160 rutemeter og at det etter påske vil vere plass til 130 gjestar.
- Kroa slik den var, vart etterkvart for lita sommarstid og i helgane. Vi opplever at stadig fleire turistar stikk innom når dei er på gjennomreise, og kroa er blitt ein populær samlingsstad for bygdeforlket i helgane, seier Lasse til avisa. Han kjøpte den gamle Esso-stasjonen i 1991 og har endra konseptet etterkvart. No satsar han for fullt på kro og verkstad.
Når alt er ferdig vil det vere både scene og skikkeleg dansegolv på Lasses kro. Han har også laga til eit møtelokale som han håpar bygdefolket vil nytte seg av. På sikt legg han også opp til å kunne levere meir enn pizza og hamburgarar, mellom anna selskapsmat til utbringing. Lasses Kro sysselset tre årsverk, og eigaren meiner det kan bli snakk om fleire tilsette. Les meir i dagens papirutgåve i Firdaposten.
Ps. Etter at dette bildet vart teke, har Lasses Kro fått tre store vindu ut mot riksvegen.

Fotball

Godt humør trass tap 09.02.2005

Tre lag frå Svelgen var i helga i Nordfjordhallen og spela kvalifisering til krinsmeisterskapen i fotball. Laurdag var smågute- og småjentelaget av garde og søndag var det jentelaget sin tur. Ingen av laga gjekk vidare, men likevel var humøret på topp. 



 

Fotball

Trond Hatleset held fram som STIF-trenar 09.02.2005

Trond Hatleset (biletet) vert spelande trenar for STIF sitt 5. divisjonslag også i 2005-sesongen. Alt før sesongslutt i 2004 uttala Hatleset til lokalavisene at han synast det var vanskeleg både å vere spelar og trenar, og at han i 2005 ville satse berre som spelar. Dette formidla han også til styret i Fotballgruppa i STIF. Leiaren i Fotballgruppa, Arild Sande, har vore i kontakt med fleire aktuelle kandidatar, men det lukkast ikkje å finne ein trenar som ville ta på seg vervet. Ettersom Hatleset no har sagt ja til å vere spelande trenar i 2005 har han teke ansvar for å halde liv i herrelaget til STIF. Hatleset er i 2005 også trenarkoordinator i Fotballgruppa i STIF. Trond Hatleset debuterte for A-laget til STIF i 1988, og står pr. 1/1-2005 med 249 seniorkampar for STIF. Frank Ryland held fram som oppmann for seniorlaget.

 

STIF har avtala tre treningskampar på kunstgraset i Førde, og den første er mot divisjonskollega Jølster  11. mars. Dei to andre motstandarane er Saga (3.div) og Førde 2 (4.div). I serieopninga i 5. divisjon, laurdag 23. april, er Jølster motstandar på Svelgen stadion.

 

Av stammen i 2004 har Terje Nybø, Stian Bøhmer og Torgeir Sørheim flytta frå bygda, medan ”årets spelar” i fjor, Torbjørn Didriksen, er i militæret. Dag Magnus Eriksen og Arne Rebni vert ikkje med, og eit par andre spelarar er i ”tenkeboksen”.

 

Unggutane Tom Are Blom, Karl Anders Mundal og Tor Inge Øvrebotten fekk sin debut på seniorlaget i fjor, og er for første gong med for fullt i sesongoppkøyringa. Per Arne Sæterlid (langtidsskada) og Marius Mørner er nye i stallen. Gutespelarane Frederic Talle, Tor Erik Nigardsøy og Per Erik Rise er med og trenar med seniorane, og det er stor sjanse for at desse får sin seniordebut i år.

Friidrett i Svelgen Idrettshus

Husk INC-leikane laurdag kl. 12 09.02.2005

Som Svelgen.no tidlegare har meldt arrangerer Friidrettsgruppa i STIF INC-leikane 2005 laurdag 12. februar. Stemnet tek til i Svelgen Idrettshus kl. 12, og det vert gratis adgang, og kiosksal. Så ta turen innom idrettshuset og opplev idrettsglede.

Leiar i Friidrettsgruppa, Ingvald Ytrehus, opplyser til Svelgen.no at det midt på dagen onsdag er 61 påmelde. Omlag halvparten er frå STIF, og det er i yngre klassar det har kome påmeldingar. Dei påmelde utanfrå kjem frå Leirgulen, Ålfoten, Dale, Florø, og frå Syvde på Sunnmøre. Ytrehus legg til at dei framleis tek imot påmeldingar, så talet kan auke.  Invitasjonen kan du lese her.

Leiaren i Friidrettsgruppa ser fram til stemnet, og håpar INC-leikane kan verte eit årleg arrangement.

Underskot for Bremanger Vekst 09.02.2005

Førebelse rekneskapstal for 2004 viser eit underskot i Bremanger Vekst på nesten ein halv million kroner. Dette melder Fjordenes Tidende idag. Revisor Terje Førde seier det er stor uvisse rundt ein del av einskildpostane i rekneskapen.  Styreleiar Einar Kjerpeseth har inga formening om kva overskridinga skuldast.

Bridge :

Resultat 5. spelekvelden 09.02.2005

Ingebjørn Damstuen og Trond Sagebø vann den 5. spelekvelden i klubbmesterskapet. Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen overtok ledelsen sammenlagt. Øvrige resultat ligg på bridgesida.

Svelgen skule

Praktisk matematikk 09.02.2005


Denne veka har 8.klasse hatt besøk av fire lærarstudentar i frå Høgskulen i Sogndal. Studentane har jobba med eit pedagogisk utviklingsarbeid der dei m.a. har sett nærare på korleis elevane løyser ulike matematikkrelaterte, praktiske oppgåver
.

Sjå fleire bilder på heimesida til Svelgen skule.
 

Feitetysdag i dag:

Elevane feira fastelavn 08.02.2005

Måndag i femte time kosa 1. og 4. klasse seg saman.
Dei åt fastelavnsbollar og drakk saft, melder skulen på sine heimesider. Der kan du også sjå fleire bilder. 
I dag er det feitetysdag - så det berre å sette over gryta og bøtte ned med rømmegraut. I morgon er det askeonsdag - og då skal vi alle leve noko nøysamt fram mot påske. 

Kjemitime med HIFS-lektor 08.02.2005

9.klasse hadde onsdag  besøk av lektor Jon Henjum frå HISF.
 
Han kombinerte teori og  kjemiforsøk i i lag med elevene. 

Det heile skal fram i tida enda opp med inngåande kjennskap til  Silicium – metallet.

Fleire bilder på heimesida til Svelgen skule.

Nye pålegg til Bremanger Quarry 08.02.2005

Fylkesmannen varslar nye pålegg for å hindre fleire utslepp av slamhaldig vatn frå steinbrotet Bremanger Quarry, melder NRK Sogn og Fjordane.

10. klasse på Kruna 08.02.2005

I kroppsøvingstimen på fredag kjempa heile 10.klasse seg opp på Kruna.
 
Med 10-20 cm våt snø var det litt glatt og sleipt nokre stader, men alle kom seg velberga både opp og ned.

For mange var det fyrste gongen på toppen. Ikkje rart  dei var fornøgde.
 
Fleire bilder her.

STIF

Fotballtrening for Old Boys 07.02.2005

Er du ein "Old Boyser" og ønskjer å spille / mosjonere med fotballspill har du muligheit no! Kvar onsdag kl.21.00 kan du briljere i Maradona takter. Vi startar alleireie førstkommande onsdag, så puss støvet av skoa og kom!!

Mvh  Fotballgruppa
 

Svelgen kino 13. februar:

National Treasure med Nicolas Cage 07.02.2005

National Treasure er en actionfilm i stil med den bestselgende romanen "Da Vinci-koden". Det dreier seg om en nedgravd skatt samlet gjennom tidene og flyttet over kontinent, skjulte ledetråder som tar deg med over land og hav, ubeskrivelig fare og selvsagt den største formuen verden noen sinne har kjent. "Charlotte", og jakten kan begynne. En historie som begynner ved pyramidene i Egypt rundt år 2000 f.Kr. En stor skatt fra tidenes morgen. Brakt over alle kontinenter erobret av romerne. Funnet av Tempelridderne, som sverget å verne om den. Men franskekongen Filip i det 14.århundret ville det annerledes. Skatten ble ført over Atlanterhavet, og til den nye verden i 1492 av Christopher Columbus. Den overlevde flere kriger, og ble tatt i besittelse av aztekerne. Men til slutt var det grev Pulaski og kontinentalarmeen som tok hånd om den. Ved sin død i 1779 tok grev Pulaski opplysningene om skattens tilholdssted med seg i graven, men i hans etterlatte eiendeler fant soldatene et notat med kun ett ord, "Charlotte". Det er den første ledetråden i jakten på Tempelriddernes skatt...
Søndag, 13/2. kl.18.00
11 år
Speletid: 2 timar, 15 min.
 

Foreløpig invitasjon til INC Bedrifts-Cup 2005 07.02.2005

INC Vedlikehold Svelgen AS gjentek suksessen frå 2003 og 2004, og arrangerer i samarbeid med Svelgen Hotell AS, INC Bedrifts-Cup i Svelgen den 19. mars 2005

Vi inviterer med dette alle bedrifter i Svelgen, samt alle bedriftene i
INC-Gruppen til stor idrett (s'glede) og mykje moro i Svelgen denne
laurdagen. Vi har pr. dags dato ikkje alle detaljar rundt arrangementet
klare, men ynskjer med denne invitasjonen å gje dei ulike bedriftene
muligheit til å komme i gang med si planlegging.

Arrangementet vert i år utvida når det gjeld aktivitetar i forhold til dei
to føregåande åra. Vi legg dessutan opp til å halde banketten på Svelgen
Samfunnshus. (Vi reknar altså med at antal påmelde vil auke)

Aktivitetar:

I Svelgen Idrettshus:
Fotball, volleyball, squash og skyting.

I Svelgen Samfunnshus:
Pilkast, Bordtennis og Bridge.

I Svømmehallen:
4 x 50 meter staffett.

Fotball og volleyball pågår heile dagen i idrettshallen. Svømminga og alle
aktivitetar i samfunnshuset tek ein sikte på å avvikle i tidsrommet 12:00 -
16:00

Ein må difor ved påmelding, vere oppmerksom på at mange aktivitetar går
parallelt!

Det er i utgangspunktet ikkje anledning til å melde på meir enn eit lag pr.
bedrift/avdeling i kvar einskild lagidrett.

Påmelding til aktivitetar og bankett vert etter "fyrst til mølla"
prinsippet. Vi oppmodar difor alle til å vere ute i god tid.

Når det gjeld prisar og øvrige detaljar om arrangementet, vil vi sende ut
utfyllande informasjon om dette i neste veke.


Med venleg helsing
INC Vedlikehold Svelgen AS

Nils-Jørgen Sagebø

nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no

Heidra Elkem-tilsette 06.02.2005

Fleire Elkem-tilsette vart torsdag heidra etter 25 og 40 års arbeid for verksemda. Samstundes vart pensjonistane takka for lang og tru teneste for hjørnesteinsverksemda i Svelgen.

Bak frå venstre:  Direktør Erik Løkke Øwre, Olav Øvrebotten (pensjonist), Magne Kjerpeseth (25 år), Johan Frimannslund (40 år), Knut Sande (25 år), Julie Sagmo (25 år), Kjell Grinde (pensjonist), Svenn Petter Kjerpeset (25 år).

Framme frå venstre: Oddvar Angelshaug (pensjonist), Anne Turid Ljungren (25 år), Harald Bruvold (pensjonist), Magni Nesbø (30 år/pensjonist), Laila Teigene (pensjonist/25 år), Einar Kjerpeseth (pensjonist). Åge Kolset (25 år) var ikkje tilstades då bildet vart teke.
Foto: Fjordenes Tidende måndag.


Torgeir Fauske i NAVIC om Elkem Bremanger:

- Imponerande kunnskapsbase 06.02.2005

I romula flytta ingeniørbedrifta NAVIC Engineering AS inn i sitt nye kontor vegg i vegg med Elkem Bremanger. Medeigar Torgeir Fauske seier følgande om verksemda i Svelgen:
- Innan dei ulike porsessane har Elkem Bremanger bygd opp ein imponerande kunnskapsbase. Bedrifta har forstått at det er viktig å ha riktig kompetanske på plass, seier han. Les med i papirutgåva til Firdaposten laurdag.

Gjentek suksessen:

INC Bedrifts-Cup vert 19. mars 06.02.2005

Tilsette på bedrifter i Svelgen må med ein gong merke av laurdag 19. mars (palmelaurdag) i kalendaren, for då arrangerer dei tilsette i INC Vedlikehold Svelgen AS INC Bedrifts-Cup for 3. år på rad. I år vert det nye øvingar på programmet. Svelgen.no kjem tilbake med meir info om det spanande programmet over helga.

Det vert spanande å sjå kva for kostymer dei aktive dukkar opp med på bedrifts-cupen dette året: På biletet t.v. ser ein fotballaget til Svelgen Hotell med støtteapparat, som i fjor stilte i Hotel Cæsar-kostymer.


Anne fer til Selje 06.02.2005

Anne van Oorschot har sagt opp stillingane sine som flyktningkonsulent i Bremanger kommune og som leiar for rekrutteringsprosjektet i Bremanger Vekst.

Frå 14.februar er ho klar for nye utfordringar som sals-og kundekonsulent i firmaet Lokal Digital i Selje melder Firdaposten.no

Minus ein lege i Svelgen? 06.02.2005

Arbeidsgruppa som har fått i oppdrag å sjå på ulike innsparingar i helse- og sosialsektoren  har dokumentert store innsparingar ved å ha to legar stasjonert på Hauge og to i Svelgen. I dag er det ein fast lege på Hauge og tre i Svelgen, melder Firdaposten i si papirutgåve laurdag.

Ingeniørbygda Svelgen 06.02.2005

Firdaposten hadde laurdag eit to siders oppslag om "Ingeniørbygda Svelgen". Her går det fram at tredve av dei 140 tilsette ved Elkem Bremanger har høgare utdanning med tre års høgskule eller universitet. I tillegg har 80 prosent av arbeidsstokken fagbrev.
 
Les meir i Firdaposten si papirutgåve laurdag. 
Bildet er frå Silgrain med f.v. Steinar Talle, Geir Ask (med ryggen til) og Bjørnar Førde.

Meld deg no på, då vel!! 04.02.2005

 Kultursjef Gunhild Berge Stang oppmodar svelgarane på nytt om å melde seg på i arbeidet med forskjønninga av Svelgen sentrum. Berre ti innbyggarar har meldt seg til teneste.

 - Nøkkelen til å gjere Svelgen sentrum ligg hos innbyggarane sjølve. Det har kome så mange positive tilbakemeldingar på at det endeleg skal skje noko. Men folk må stille opp, seier Gunhild Berge Stang til Fjordenes Tidende i dag.  

22 organisasjonar hadde sendt kvar sin talsmann då ho inviterte til første møte i byrjinga av desember. Denne gjengen er sett som høyringsgruppe for utviklingsarbeidet. I tillegg har dei sett ned  ni temagrupper som det var meininga at svelgarane skulle melde seg til teneste i.

Fristen til å melde seg på var i utgangspunktet sett til 25. januar, men no skal kultursjefen ta ei ny runde. Ho hadde håpa på at plan- og næringsutvalet (PNU) på fylkesplan hadde avsett midlar til tettstadutvikling, og at Svelgen kunne få ein del av denne kaka. Førre veke utsette PNU saka, og Berge Stang vil freiste å påverke fylkeskommunen til å satse vidare på å utvikle kommunesentra.

 Arild Wåge, som har teikna sentrumsplanen for Svelgen, meiner det er svært viktig med eit attraktivt sentrum for stadar som Svelgen.

- Det er veldig undervurdert i høve til for eksempel nye arbeidssøkjarar til kommunesenteret, både i det offentlege og private. Her burde gode krefter gå saman og få til noko. Ein treng ikkje ta alt i eitt løft, men gjerne litt og litt, seier Arild Wåge.

Han meiner nye innbyggarar ikkje berre ser på sjølve jobben, når dei søkjer seg arbeid.

- Eit attraktivt og aktivt sentrum lønnar seg på sikt. Heilt sikkert, meiner han.


Årsmøte i Bremanger senterparti:

Rune Indrehus leiar Sp vidare 04.02.2005

 Bremanger Senterparti har halde årsmøte på Kolset.
 Desse er valde til styre:
 Rune Indrehus leiar, Olav Jarl Frøyen nestleiar, Eldrid Strømmen kasserar, Einar Kjerpeset formannskapet, Gerda Frøyen senterkvinnene, Marius Strømmen senterungdomen, Lars Myklebust styremedlem.
 Valde utsendingar til senterkvinnene sitt fylkesårsmøte: Eldrid Strømmen og Gerda Frøyen
 Valde utsendingar til fylkesårsmøte Olav Jarl Frøyen og Sølvi Joensen. I tillegg møter Einar Kjerpeset, Erling Sande, Rune Indrehus, Gerda Frøyen og Marius Strømmen.
 Valkampleiar for stortingsvalet: Olav Jarl Frøyen

 Årsmøtet drøfta eit førebels og offensivt opplegg for valkampen til Stortingsvalet. Med Erling Sande på 2.dre plass bør ein få bra veljaroppslutning, til liks med siste fylkestingval. Erling har fronta aktuelle distriktsaker godt og har erfaring frå kulturutvalet i fylkestinget.  Han arbeider no i Senterpartiet sin organisasjon i Stortinget.
 Årsmøte drøfta og kai og hamneavgifter, båtstoppen i Leirgulen og aktuelle alternativ, skule og barnehagestrukturen der nedlegging ikkje er aktuelt, heimfall av kraft og vidare utbygging, næringsaker og bruk av næringsfondet.
 Senterpartiet ventar på departementet sitt vedtak og retningsliner for flytande hytter. Møtet tok seg av utbringing av NEI til EU-avis.
 Årsmøte vedtok å gje politisk støtte til søknad frå Bremanger Sau og Geitavlslag, for gransking av dei store lammetapa i Rugsundområde er grunna på ørn/rovdyr.


Bridge :

Resultat fra 4. spelekvelden 04.02.2005

Arne og Leif Arild Lothe vann 4. spelekvelden i klubbmesterskapet og overtok også ledelsen sammenlagt. Resultata finn du på bridgesida.

Fotball

Stian Holm på linja i Sogdal-Kongsvinger 04.02.2005

I dag spelar 1. divisjonslaga Sogndal og Kongsvinger treningskamp i Sognahallen, og ein av linjedommarane i den kampen er Stian Holm frå STIF.

Meir om kampen her.

Har du lyst å bli fotballdommar ? 04.02.2005

Sogn og Fjordane Fotballkrins skal arrangere to rekruttdommarkurs i tida som kjem. Eit i Førde 11. og 12. februar, og eit på Eid 11. og 12. mars. Du treng berre eit av kursa, og du får ingen utgifter.

Om du har lyst å verte fotballdommar tek du kontakt med dommarkontakt i Fotballgruppa i STIF, Øyvind Grindheim, på tlf 90946572. Meir info om kurset her.

Fattigfolk i Bremanger..? 03.02.2005

Innbyggerne i Bremanger kommune tjener i snitt 158 655 kroner. Det plasserer kommunen på 274. plass av de kommunene der innbyggerne har mest inntekt.

Bærum er den kommunen med høyest gjennomsnittsinntekt i Norge. Der tjener en innbygger i snitt 298.312 kroner.

Kilde: Dagbladet.no

INC-leikane 2005

STIF arrangerer stort innandørs friidrettsstemne 12/2 03.02.2005

STIF ved Friidrettsgruppa arrangerer laurdag 12. februar friidrettsstemne i Svelgen Idrettshus. Det er INC-leikane 2005 som skal arrangerast, og stemnet tek til kl. 1200.

Det er utøvarar f.o.m. 10 år til senior, av begge kjønn, som skal konkurrere. Øvingane som står programmet er: lengde med og utan tilløp, høgde utan tilløp, kule, og dei frå 12 år og oppover kan også delta i stavhopp. Påmeldingsfristen er sett til 5. februar. Invitasjonen kan du lese her.

Det er lenge sidan sist det var eit større friidrettsstemne i Svelgen, så nytt høvet denne laurdagen.

Ledige stillingar INC 03.02.2005

INC Vedlikehold søkjer etter folk.
Sjå under Stilling ledig til venstre.

Ungdomen si kulturmønstring

"Blaakaal" til fylkesfinalen 02.02.2005

Frå Bremanger kommune si "Ungdomen si kulturmønstring" i Kalvåg i helga gjekk bandet "Blaakaal" vidare til fylkesfinalen. Bandet består av ungdomar frå Sandvika og Svelgen.

Firdaposten skreiv følgjande tekst til biletet nedanfor: "BLAAKAAL: f.v. Geir Ove Briksdal, Kristian Furseth Skaar og Anders Langeland serverte musikk som gjer godt i ei rocka sjel. Avansert musikk, med rimeleg bra gjennomførte rytmeskift i "Liquid dream in a live theater", sa Egil Lillerovde og Monica Liseth Hauge i juryen. (Foto: Annbjørg Hauge Nygård)"


STIF

Sal av medlemskort 02.02.2005

                           Torsdag og fredag ettermiddag vil det vere mogleg å få kjøpt medlemskort i STIF på Kopen. Støtt ditt lokale idrettslag, det går til eit godt formål!
 
Prisar:      0 - 3 år            20 kr                  4 - 17 år          75 kr
               18 - 59 år         150 kr               Over 60 år        50 kr
               Student            75 kr                 Støttemedlem  75 kr

Nye bedriftspresentasjonar frå SNR 02.02.2005

På Svelgen Næringsråd si heimeside kan du no lese bedriftspresentasjonane frå medlemsbedriftene Ferstad Installasjon AS og G.K. Solheim Snikkarverkstad.

Om du går på Fleire nyhender - Januar 2005 kan du mellom anna lese at Klausen Industrier, samt fleire andre medlemsbedrifter, har mykje arbeid og gode tider. Vidare at SNR søkjer nye medlemsbedrifter, ut over dei 30 som var medlemar i 2004, og at organisasjonen skal ha årsmøte 22. februar.

På biletet under ser du industriområdet på Rise, midt på biletet, der alle dei tre ovanfor nemnde bedriftene held til. I bakgrunnen Langeneset, og nærast delar av gårdane på Rise. Biletet vart teke frå Risekruna i september 2004.




SOL over Knoltren 02.02.2005

På Fritt Ord sida kan vi lese at nokon har sett eit underleg lys over Kruna, og spekulerer i om det er UFO-besøk.
Nesten like forunderleg var det å sjå sola runde Knoltren og legge sitt vårlege lys over Sande og heilt bort til Silgrain der bildet vart tatt no måndag.
Det går mot vår!!

Over 500 mm nedbør i januar 02.02.2005

Det fall 501 mm nedbør i Svelgen i januar månad. Berre eit døgn var heilt utan nedbør, og det meste som fall på eit døgn var 54 mm. Månadsrekorden for januar stammar frå 1989, då det fall 661 mm.


Ny omn II på verket 02.02.2005

 Elkem Bremanger skal investere seks millionar kroner i ein ny omn II. 








Arbeidet tek til om to veker. Dette vart opplyst under Reidar Sandal og Ingrid Heggø sitt besøk i Svelgen måndag.  

 Elkem Bremanger er under kontinuerleg oppgradering både gjennom konkrete investeringar, men også i aktivt arbeid med førebyggjande vedlikehald, meir ansvar til den einskilde, helse, miljø og sikkerheit. Dei  to politikarane vitja både INC Vedlikehold og Elkem Bremanger, og likte godt det dei fekk sjå og høyre. Både om den lukkelege skilsmissa og ikkje minst at Elkem-konsernet stadig satsar på verksemda i Svelgen.

 Nøyaktig to månadar etter forrige omnstans med totalrenovering av omn IV, går Elkem Bremanger no i gang med ny ombygging. Stadig hardare konkurranse set krav til kontinuitet i produksjonen og investeringa på vel seks  millionar vert gjort for å sikre akkurat dette.
 Les meir i Fjordenes Tidende i dag.
 På bildet til høgre ser vi Morten Vik orientere stortingsmann Reidar Sandal (Ap) om ombygginga av omn II.
 Det andre bildet er frå Sandal og Heggø sitt møte med INC. Med ryggen til ser vi tillitsvald Joar Årøen og ordførar Kåre Olav Svarstad. Elles frå INC: Jonvald Naustdal, Nils Jørgen Sagebø og Arne Jan Engen og listetoppane Reidar Sandal og Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet.

 


30 år på Elkem Bremanger 02.02.2005

Fire tilsette ved Elkem Bremanger fekk før helga medalje for lang og tru teneste ved verksemda. Etter tretti år med same arbeidsgjevar vart dei heidra med ein betre middag på Messa i Svelgen og påfølgande høgtidleg overrekking av plakett og blomar.  Medaljen for lang og tru teneste vart innstifta i 1888 av Noregs Vel. På bildet ser vi f.v. Jonny Helle, direktør Erik Løkke Øwre, Erling Brekke, Magni Nesbø og Jonny Førde.


Handlingsplan framlagt tysdag: 02.02.2005

Bremangersambandet inne frå 2009

Statens Vegvesen vil starte bygginga av andre delen av Bremangersambandet i 2009. Dette viser framlegget til handlingsplan som vart lagt fram i dag, tysdag 1. februar. Meir her


Fleire nederlendarar til fylket 01.02.2005

Stadig fleire nederlenderar ynskjer å flytte til Sogn og Fjordane. Det seier Anne van Oorschot (bildet), leiar i rekrutteringsprosjektet til Bremanger kommune. Ho samarbeider no med Nordfjordrådet for å få fleire hollenderar til distriktet.

Talet på nederlenderar i Sogn og Fjordane nærmar seg no 300. Frå 1996 fram til 2003 flytta 216 personar frå Nederland hit til fylket,og auken har vore størst dei siste åra. Og dei fleste har busett seg i Bremanger, Flora og Vik.

Men det er ikkje alle som finn seg til rette, nokre har også flytta heim att til Nederland etter ei tid her. Det er difor svært viktig å ha eit skreddersydd opplegg når dei kjem hit, seier Anne van Oorschot. Dette melder NRK.


Svelgen kino søndag 6. februar:

Ocean`s Twelve 01.02.2005

11 mann klarte det nesten umulige: å rane et hvelv i Las Vegas og komme unna med bortimot en milliard kroner. Nå er kasinoeier Terry Benedict på sporet. Han vil ha tilbake pengene - med renter. Ocean-banden oppdager at han dessverre ikke er den eneste som holder øye med dem... Danny Ocean og hans kløktige bande klarte, med sinnrik planlegging og makeløs frekkhet, å gjøre kasinoeier Terry Benedict nesten en milliard kroner fattigere. Selv om den kyniske sigarrøykeren hadde en mistianke om hva røvergløgge Ocean hadde fore, klarte ikke Benedict å stanse gigantkuppet. Dessverre for Ocean og hans menn er Benedict på sporet av de formuende bandittene. Han vil ha tilbake pengene sine, og alle vet at han gjerne setter makt bak kravene. Derfor er ikke et nytt, lovlydig liv lenger noe tema for de 11. De må samles for å klekke ut en plan som kan føre til enda større rikdom for å blidgjøre Benedict. I USA vil de fort bli avslørt, så løsningen blir å tilrane seg en formue i Europa før Benedicts tidsfrist går ut. Problemet er ikke bare å finne et mullig bytte. Gjengen mmå konkurrere med en mystisk europeer som er minst like smart og fingernem. Ocean's Eleven trenger forsterkninger, men det nye bandmedlemmet er ikke særlig samarbeidsvillig...
Søndag, 6/2. kl.18.00
Anb.ungd/voksne
Speletid: 2 timar, 5 min.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars