Arkiv Jan 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Takk for meg på Svelgen.no 31.01.2006

Etter over fire år som ”skrivar” i redaksjonen til Svelgen.no, vil eg med dette takke for meg. Takk til Ingrid og Dag Haugen for fint samarbeid i desse åra. Håpar andre kan hjelpe Ingrid med å oppdatere denne gode og nyttige heimesida framover. Mange har sendt tips/stoff direkte til meg, desse må no kontakte: redaksjonen@svelgen.no

        

Eg vil også bruke denne anledninga til å helse til kjentfolk rundt om kring!

          

Helsing Frank Ryland


Påminning om INC Bedrifts-Cup 31.01.2006

INC Vedlikehold Svelgen AS har sendt ut invitasjon til INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen  her, litt praktisk informasjon  her, og påmeldingsskjema  her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Eller du kan sjølv dra gong og organisere lag/påmelding. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 11. mars. Påmeldingsfristen er 24/2, og påmelding/evt spørsmål sendast nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no  

Lesarinnlegg med forslag om festivalpark m.m. i Svelgen 31.01.2006

Under "Lesarinnlegg" (som du finn t.v. i menyen) finn ein no eit innlegg frå ei arbeidsgruppe som jobbar med å få til "Svelgen festivalpark- gjestehamn og camping". Dei har også oppretta ei eiga heimeside, som du også finn link til på "Lesarinnlegg". Arbeidsgruppa ber også om at dei som støttar forslaget "signera inn" på heimesida deira.

   

Teikninga nedanfor er eit forslag frå arbeidsgruppa til scenebygg på området.

 


Årsmøte i Arbeidarparti fredag 3. februar 30.01.2006

Bremanger Arbeidarparti held Årsmøte på Svelgen Hotell

Fredag 03.februar 2006 klokka 17.00.Vanlege årsmøte saker.


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Kvinne funnen i sjøen 30.01.2006

 

 

 

 

 

 

Du kan lese meir om denne saka på Svelgen Røde Kors sine sider. Du finn oss i menyen til venstre.


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Hjelpekorpset deltek i leiteaksjon 30.01.2006

 

 

 

 

 

 

 

 

Du kan finne meir om denne saka ved å klikke på sida til Svelgen Røde Kors i menyen til venstre.

 

 

Bilete er frå ein korpskveld


Rikka gjorde det godt på krinssamlinga i helga 29.01.2006

I følge Bremanger IL Fotballgr. si heimeside, gjorde Rikka Frøyen Sande ein flott innsats på krinssamlinga på Eid i helga. Les meir og sjå fleire bilete på BIL si heimeside.


Stian Holm kåra til "Årets idrettsutøvar i STIF 2005" 29.01.2006

Under fotballfesten i Svelgen TIF laurdag 28/1 vart fotballdommar Stian Holm (20) kåra til den beste idrettsutøvaren i STIF i  2005. Dette er ein heilt ny pris, som Holm var den aller første til å motta. Det er særgruppene i STIF som kan innstille kandidatar til utmerkinga, og det er Hovudstyret som avgjer kven som får utmerkinga. Utmerkinga vil ikkje verte utdelt kvart år om ein ikkje har ein kandidat som har nådd krava i statuttane for tildelinga.

 

Under tildelinga uttala leiar i STIF, Svein Arne Sandvik, mellom anna at Holm har vore ein flott representant for Svelgen TIF, og at han har vore med på å sette Svelgen på kartet i idretts-Norge. Ein stolt Holm mottok eit stipend på kr 3000 frå STIF, blomar og STIF-effekter. Her følgjer innstillinga på Stian Holm til ”Årets idrettsutøvar”, skrive av Øyvind Grindheim: ” Stian Holm tok rekrutteringskurs i 2001 og dømte i idrettshallen dagen etter avlagt kurs. Utover i sesongen dømte han mange aldersbestemte kampar.

 

I 2002 var han assistentdomar, først i 6.divisjon, så 4. og fekk mot slutten av sesongen også prøve seg som assistendomar i 3.divisjon. Som domar fekk han dømme gutar 16 år i Florø, der han i ein tøff kamp måtte opp med både gult og raudt kort. Stian avslutta sesongen med å dømme finalen i Sognefjord Cup for smågutar. Tilbakemeldingane fra Sogn & Fjordane Fotballkrets var gode.

 

I 2003 tok han kretsgraden I Florø, han dømte 6.divisjonsoppgjeret mellom FSK 2 og Holmedal/ Askevoll 2, og klarte domargraden med glans. Fekk også prøve seg i 5.divisjon. I 2003 debuterte Stian på Norway Cup. Første året fekk han dømme A-finalen i 7`ar for gutar 13-14 år.

 

Stian kom med i talentgruppa til Fotballkretsen i 2004, og var hovuddomar i 5. og 6.divisjon. På Norway Cup dømte han B-finalen for junior damer.

 

2005 var året då han virkelig slo igjennom, og begynte å dømme i 4 divisjon. Han fekk tidleg prøve seg i 3. divisjon, der domarobservatør Arnor Dingen kom ifra Bergen for å sjå på talentet. I tillegg hadde han fleire oppdrag som assistentdomar i 2.divisjon. 3. året på Norway Cup, og deltok på sin 3. finale, då han var assistentdomar i A-finalen for jenter 15-16 år. Sesongen vart avslutta med at Stian vart kåra til årets unge domar 2005 i Sogn og Fjordane. Og sjølve hovedpunktet var sjølvsagt då Norges Fotballforbund ringte og sa at han var utplukka til å vere assistentdomar i 1.divisjon (Adeccoligaen) for herrar i 2006.

 

Å komme so langt på so kort tid, 4 år, det er det berre å ta av seg hatten for!” 

    

På biletet nedanfor gratulerer STIF-leiar Svein Arne Sandvik (t.v.) Stian Holm med utmerkinga.


Mange vart heidra på fotballfesten til STIF 29.01.2006

Laurdag 28/1 arrangerte Fotballgruppa i STIF sin årlege fotballfest. Dagen vart innleia med ei uhøgtidleg fotballturnering i idrettshuset for deltakarane, og heldt fram på kvelden med sosialt samvær, mat, premieutdeling og dans på Svelgen Hotell. På biletet t.v. ser ein tre av dei blide festdeltakarane: I midten dommaransvarleg og "ståbingogeneral" Øyvind Grindheim, med STIF sine to lovande dommarar på sidene: Stian Holm (t.v.) og Thor Kristian Sortevik

 

Roald Nigardsøy vart tildelt Sogn og Fjordane Fotballkrets sin ”Blå diplom” for lang og tru teneste på klubbnivå. Nigardsøy har i over 20 over vore ein markant bidragsytar innanfor mange område i fotballen i Svelgen TIF. Først som spelar med 351 seniorkampar, seinare i styret i to år, av desse eit som leiar av Fotballgruppa. Vidare som trenar i 9 år, av desse dei siste 8 sesongane på rad, og som oppmann i 3 år. Som bedriftsleiar har han i over 20 år vore ein av Fotballgruppa sine mest trufaste sponsorar og støttespelarar. Ei oversikt over verva til Nigardsøy finn du her.

 

Thor Kristian Sortevik vart også tildelt diplom frå Fotballkrinsen, ettersom han i 2005 vart autorisert som fotballdommar. Sortevik har mange spanande dommaroppdrag i vente framover, mellom anna er han oppsett som assistentdommar når 1. divisjonslaga Hødd og Kongsvinger møtast i ei fotballturnering i Sogndal om nokre veker.

 

Hilde Myklebust vart av trenarane på damelaget kåra til ”Årets spelar” på damelaget. På herrelaget hadde spelarane som hadde spelt over halvparten av seriekampane høve til å stemme på sin favoritt til ”Årets spelar”. Den som fekk flest stemmer var spelande trenar Trond Hatleset, medan Thor Kristian Sortevik vart ein svært god nr. 2.

 

Torgeir Vårdal vart i sesongen 2005 den 4. spelarane gjennom tidende som nådde 400 seniorkampar, og vart heidra for det med statuett og applaus. Vidare fekk Arild Myklebust statuett for 200 seniorkampar.

 

Carina Solvåg og Andrè Hatleset vart premiert for å ha scora flest mål på høvesvis dame- og herrelaget. Andrè Hatleset mottok også statuett for å ha passert 100 mål for A-laget til STIF. Han er den 6. spelaren som har klart dette gjennom tidende.

 

På biletet nedanfor ser ein nokre av dei som mottok utmerkingar, bak f.v.: Roald Nigardsøy (SFFK sin ”Blå diplom”), Torgeir Vårdal (400 seniorkampar), Carina Solvåg (toppscorar damelag) og Andrè Hatleset (toppscorar herrelag og 100 A-lagsmål). Framme f.v. Trond Hatleset (”Årets spelar” herrelag), Stian Holm (”Årets idrettsutøvar STIF”) og Arild Myklebust (200 seniorkampar).


Bremangerv kommune anmeldt for brot på viltlova 29.01.2006

I følgje NRK S. og Fj. har Olve Steinset meldt Bremanger kommune til politiet for brot på viltlova. Kommunen ville servere gjestene på landsstemnet til Forbundet Kysten hjortekjøt, og ga seg sjølv løyve til å skyte åtte dyr. Men det er ulovleg å starte jakta før den opphavlege jaktperioden tek til.
      
- Bremanger kommune braut viltlova ved å tillate jakt i peridoen 14. - 31. juli for å skaffe hjortekjøt til landsstemnet, seier Steinset.

        

Les meir hjå NRK S. og Fj.


Friirett

Seriestevne Svelgen 27.januar.2006 28.01.2006

 

 

 

 

 

 

 

Resultat frå seriestemne hopp u.t. i Svelgen Idrettshus 27.jan.2006.

 

 

 

 

 

 

 

 

LENGDE U.T

 

 

HØGDE U.T

 

G-96

Kim Rene H. Johansen

1,92

G-96

Kim Rene H.Johansen

0,90

J-95

Marte H.Holm

1,90

J-95

Marte H.Holm

0,92

G-94

Magnus Myrhol

2,04

G-94

Magnus Myrhol

1,00

G-94

Ole Martin Gjerde

2,08

G-94

Ole Martin Gjerde

0,85

G-93

Alf Erik Sande

2,10

G-93

Alf Erik Sande

0,90

G-93

Daniel H.Holm

2,11

G-93

Daniel H.Holm

1,10

G-93

Pål Valberg

2,28

G-93

Pål Valberg

1,10

G-91

Torstein Ask

2,48

G-91

Torstein Ask

1,25

G-89

Fredric Talle

2,43

G-89

Fredric Talle

1,25

G-88

Tor Inge Øvrebotten

2,60

G-88

Tor Inge Øvrebotten

1,35


Nyhende frå næringslivet på SNR-sida 27.01.2006

Svelgen Næringsråd  si heimeside finn du mange nyhende m.m. frå næringslivet i Svelgen-området.


Om du har jobb i kommunen og ikkje er for gamal

Du får 30 000 kr om du vil flytte til Bremanger 27.01.2006

Du får 30.000 blanke kroner netto dersom du vil flytte til Bremanger kommune. Vilkåret er at du ikkje er for gammal og at du har jobb i kommunen. Politikarane i Bremanger likte ideen til ordførar Kåre Olav Svarstad om å gje tilskot til folk som vil busetje seg i kommunen. Svarstad er uroa over nedgangen i folketalet som den 1. oktober i fjor viste at det berre er 3975 personar med fast bustadadresse i Bremanger.

 

Les meir i Fjordenes Tidende


Rikka F. Sande utteken til krinssamling 27.01.2006

Etter god innsats på sonelagsturnering i Sogndal 15. januar, er Rikka Frøyen Sande (biletet) no utteken til krinssamling for jenter fødde i 1991. Samlinga skal vere på Eid lørdag 28. januar, og Sande & co skal mellom anna spele treningskamp mot Eid sitt damelag.

Info om treningstider og trening i STIF 26.01.2006

STIF vil ynskje alle velkommen til eit nytt treningsår. Oversikt over nye treningstider kan du sjå her, og desse gjeld frå måndag 30.01.06.
NB! Pilates er flytta til torsdag 20.30.
           
For å benytte seg av STIF sine tilbod må ein betale medlemskort og treningsavgift.
           
Prisar for medlemskort:

0 - 3 år        20,-
4  - 17 år     75,-
Student       75,-
18-59 år     150,-
Over 60        50,- (Livslangt medlemskap)
Støttemedlem 75,-
         
Treningsavgift:

Barn:                   3 - 7 år kr. 100
Ungdom:             7 -17 år kr. 300
Voksne:              18 år og oppover kr. 500

 


Konsert Svelgen Samfunnshus fredag 27/1 26.01.2006

Svelgen Samfunnshus
Fredag 27. jan 2006 kl. 20:00
BREMANGER MANDSANGERFORRENING
Inviterer til MUSIKKAFE` , med korsang , allsang og lotteri, kaffi/brus og kaker , lokale innslag.
Bremanger Mandsangerforrening har medlemmer fra heile kommunen og ønsker på
denne måten å markere at vi er eit lokalt kulturtilbod.
Koret vil gi sitt beste under vår dyktige dirigent Jarle Grotle.
Vel møtt !

For styret :
Arve Berle.

Ny frisørsalong opna i Svelgen 25.01.2006

Svelgen har fått sin tredje frisørsalong. Denne veka opna Helene Hessvik og Kristin Sundal salongen "Labello", som held til i "gamle Kopen".

 

Les meir og sjå bilete på Firdaposten.no


Firda om Kim Leirvik 25.01.2006

"Som stavhoppar er Kim Leirvik einsleg svale i Sogn og Fjordane. Likevel drøymer svelgensaren både om seniorkrinsrekord og NM-deltaking til sommaren. Rekorden han siktar til er frå 1975. Den gongen smaug florøværingen Edgar Bjørnseth seg over 4,40. Men no er det lenge sidan Leirvik har fått trent skikkeleg på stav. Forholda for denne idretten ligg nemleg ikkje veldig godt til rette."

      

Les meir i Firda. 

      

Som Svelgen.no tidlegare har meldt, har Leirvik nyleg meldt overgang frå STIF til Florø TIF. Leirvik går på vidaregåande skule i Florø.


Bjørgulf Myklebust attvald som leiar i SNR 25.01.2006

På årsmøtet i Svelgen Næringsråd, tysdag 24/1, vart Bjørgulf Myklebust attvald som leiar. Hilde Iren Elvebakke er ny i styret for 2006.

   

Dei frammøtte på årsmøtet fekk også informasjon om SNR-fondet, som er det nye namnet på DAA-fondet.

 

Les meir hjå Svelgen Næringsråd. Der kan du også lese årsmeldinga til SNR.


Svelgen røde kors besøksteneste

Røde Kors treng deg! 25.01.2006

Vi inviterar til kurs for nye besøksvennar i alle aldrar. Har du lyst og tid så bli med!

Reise og opphald vert dekka av Røde Kors.

Som besøksvenn er du med på hygge og kos for eldre, sosialt samvær, vere ein venn, kiosk/salg ved Svelgen Bu og Service Senter.

Er dette noko for deg så ta kontakt med Synøve Sande på telefon 907 26 012, innan 13 februar.

Programmet for kurset finn du under linken vår til venstre.


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Årsmøte i hjelpekorpset 24.01.2006

 

 

 

 

 

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps held årsmøte torsdag 26.01.06, kl 18.00.

Les meir under linken vår til venstre.


Fotball

Fotballfest for 2005 sesongen. 24.01.2006

 

 

 

 

 

 

 

 

Hei alle som var med og spelte Turnering og Serie i 2005 .

 

Tirsdag den 24.Januar kl.17:00

blir det Fotballfest i Idrettshallen.

 

Utmerkelser for sesongen 2005 vil bli utdelt.

Det vil bli servert Pizza, Brus og Pølse m/brød

 

Inngangs billett kr.50

 

Vell møtt alle sammen!

Fotballgruppa.


Værfast mann ved Skinnbroka

Funnen i god behald 24.01.2006

 

 

 

 

 

 

Du kan lese meir under linken vår til venstre.


Leiarkommentar

Firdaposten om vassaka i Svelgen og Ålfoten 24.01.2006

Her følgjer eit utdrag frå Firdaposten sin "Leiarkommentar" vedr. vassaka i Svelgen og Ålfoten: "Dei aller fleste plassar i landet er det heldigvis slik at om ein opnar kjøkenkranen, kan det vatnet som kjem ut brukast til det aller meste. Slik har det dessverre ikkje vore for folk i Svelgen dei siste månadene.

   

Det har blitt sagt mykje, og truleg vil meir bli sagt, om den uheldige omlegginga av vassforsyninga til svelgarane. Det skal vil late ligge i denne omgangen. Det som undrar oss er at informasjonen ut til brukarane om det forureinsande drikkevatnet er så grumsete, om ein kan bruke eit slikt uttrykk."

  

Les meir i Firdaposten.no


Værfast mann ved Skinnbroka

Hjelpekorpset har delteke i leiteaksjon 23.01.2006

Du kan lese meir under linken vår til venstre.


Framleis mogeleg å melde seg på til fotballfesten

Fotballturnering før fotballfesten laurdag 23.01.2006

Laurdag 28/1 kl 13.00 vert det oppvarming til fotballfesten i Svelgen Idrettshus. Då vert det ei uhøgtidleg fotballturnering for begge kjønn, der også andre enn festdeltakarane kan delta. Ein kan lage lag på førehand (4 utespelarar + keeper), eller ein kan møte opp utan å ha lag.

       

Mandag kveld kl. 19 er det 35 påmelde til fotballfesten, men talet vil stige fram mot helga. Det vil vere mogeleg å melde seg på fram til fredag kveld. Påmelding til Svelgen Hotell: Epost  s.hotell@online.no eller telefon 57793301. Invitasjon til fotballfesten finn du her.


Spelar til dans etter fotballfesten til STIF

Bjarne Lunde spelar på Svelgen Hotell 28/1 23.01.2006

Laurdag 28. januar spelar Bjarne Lunde opp til dans på Svelgen Hotell.

   

På internet finn ein mellom anna følgande omtale av Bjarne Lunde: "Bjarne er ein musikar som spelar på fleire strengar og instrument, alt etter kva publikum han spelar for. I tillegg er han også ein dyktig vokalist. Han har lang erfaring som musikar i ulike lokale band, og har også jobba ein del som lydteknikar. Bjarne Lunde har han skapt stemning på dei fleste utestadane i området, og stiller med repertoar som fenger dei fleste. Alt frå gammalpop til nyare kjende låtar blir mesterleg framført."


Ombygginga av BBS i Kalvåg

Sprakk med 21 millionar 23.01.2006

Rekneskapen for ombygginga av Bremanger bu- og servicesenter (BBS) viser at prosjektet gjekk på ein gigantsprekk på 21 millionar kroner. Det er Fjordenes Tidende som melder dette.

     

Den avslutta rekneskapen viser ein sluttsum på 67,2 millionar kroner. I denne ligg kostnader med planlegging av ny sjukeheim på Hauge og nye omsorgsbustader i Kalvåg med totalt 3,1 millionar kroner. Også ei oppgradering av kloakknettet i Kalvåg har funne vegen inn i byggjerekneskapen med 800.000 kroner. Trekker ein desse summane i frå vert kostnaden på ombygginga ved BBS på 62,3 millionar kroner. Det er likevle nesten 21 millionar kroner meir enn kalkylen politikarane vart presentert då vedtaket om ombygging av eksisterande sjukeheim, framfor å byggje ny på Hauge, vart fatta.

    

Les meir i Fjordenes Tidende

    

Sjå også kva NRK Sogn og Fjordane skriv.


Fotball aldersbestemt

Fem STIF-lag påmeldt til innandørs-KM 21.01.2006

STIF har meldt på lag i 5 av 6 klassar til innandørs-KM for yngre, som vert arrangert 11. og 12. februar. STIF er påmeldt med eit lag i følgande klassar: Småjenter, smågutar, jenter, gutar, og junior kvinner. Dette syner at leiar i Fotballgruppa, Arild Sande (biletet), & co jobbar godt og har god breidde i yngre klassar. Ingen lag er påmeldt med lag i alle 6 klassar.

 

Les meir her. 


Fotball: Vinterserie jenter

STIF-jenter til KM-finale med BIL 21.01.2006

STIF-jentene Rikka Frøyen Sande, Elise Eikeland og Stine Sortevik er utlånte til Bremanger IL i samband med vinterserien for jenter. Fredag vann BIL 4-0 mot Florø SK, og Rikka F. Sande scora det eine målet. BIL er no klare for KM-finalen mot vinnaren i avdeling Sunnfjord/Sogn.

 

Les meir på BIL si heimeside. 

 

Biletet nedanfor er henta frå BIL si heimeside, og syner fire lovande STIF-jenter etter ein vinterseriekamp for BIL tidlegare i vinter. F.v. Elise Eikeland, Malin Sandvik, Rikka F. Sande, og Stine Sortevik.


Krev erstatning for dårleg vatn 21.01.2006

Vigdis Lønnøy krev erstatning frå Bremanger kommune for vatnet ho har måtte kjøpe sidan det vart kokepåbod i Svelgen. – Vi har sikkert brukt om lag 2000 kroner på drikkevatn-kjøp, fortel ho. – Eg finn meg ikkje i at eg må kjøpe dyrt vatn fordi kommunen ikkje leverer det dei skal. Eg forlanger erstatning, seier Lønnøy. Så no vil ho skaffe fram kvitteringar på vasskjøpa og sende klagebrev til Bremanger kommune. Lønnøy seier ho er kjempestolt av Gry Gulestøl som stod fram med vass-saka i Svelgen, og at ho blei inspirert av henne. Dette skriv Firdaposten.no. Les meir i Firdaposten.no 

    

Bremanger kommune har ikkje ei oppdatert nyhende på heimesida si sidan 5/1, og har heller ikkje noko som helst informasjon om vasskvaliteten. Sjå heimesida.


Skikarusellen søndag 22/1 er avlyst 20.01.2006

Skikarusellrennet, som skulle arrangerast søndag 22/1 er diverre avlyst. Per Arne Sæterlid melder at uvèret siste tida har tært på snøen i løypa, og somme stadar i løypetrasèen er det ikkje meir snø.

Husk påmelding til fotballfesten 20.01.2006

Laurdag 28. januar skal fotballfesten til STIF arrangerast på Svelgen Hotell. Alle som vil delta på fotballfesten må melde seg på innan søndag 22. januar. Påmelding til Svelgen Hotell; epost: s.hotell@online.no eller telefon 57793301. Invitasjon til fotballfesten finn du her.

Vert arrangert 11. mars - påmelding innan 24. februar

Invitasjon til INC Bedrifts-cup 20.01.2006

No har INC Vedlikehold Svelgen AS sendt ut invitasjon til INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen  her, litt praktisk informasjon  her, og påmeldingsskjema  her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Eller du kan sjølv dra gong og organisere lag/påmelding. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 11. mars. Påmeldingsfristen er 24/2, og påmelding/evt spørsmål sendast nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no  

Biletet er frå banketten i 2004, og syner ein av dei ivrigaste deltakane, Roy Vegard Sørgulen, med nokre av premiane han og bedrifta hans vann (foto: Firdaposten)

Her kan du lese kva Firdaposten skreiv etter INC Bedrifts-Cup 2004,  her kan du sjå same avis sin biletserie frå 2004, og her kan du sjå resultatlista frå INC Bedrifts-Cup 2004.

Svelgen.no si oppfordring til svelgarane er:  Dra arbeidskameratane dine opp frå godstolen, og få dei med på dette flotte tiltaket frå INC Vedlikehold. Det viktigaste på bedriftscupen er ikkje å vinne, men å ha det sosialt og moro.

Magnhildskaret opna att 19.01.2006

Riksveg 614, mellom Svelgen og Grov, er no opna att for trafikk over Magnhildskaret. Vegen vart i følge Vegvesenet sine nettsider opna att kl. 09.18.

 

Følg med på Vegvesenet sin vegrapport, klikk her for å sjå den.


Vegen er stengt i Magnhildskaret 19.01.2006

Riksveg 614, mellom Svelgen og Grov, er stengd ved Magnhildskaret. Vegen har vore stengd i natt, og det er uvisst kor tid den opnar.

 

Følg med på Vegvesenet sin vegrapport, klikk her for å sjå den.


- Har rett på kompensasjon for dårleg vatn 19.01.2006

Så lenge innbyggjarane i Svelgen må koke vatnet frå krana, har dei rett på både redusert vassavgift og kompensasjon for innkjøpt drikkevatn, ifølgje forbrukarkjøpslova. Det opplyser rådgjevar i Forbrukarrådet i Hordaland/Sogn og Fjordane, Janne Pedersen.

   

– Forbrukarkjøpslova gjeld kjøp av varer, også kommunalt drikkevatn. Så når kommunen går ut med eit kokepåbod, kan forbrukarane med heimel i lova krevje erstatning for utgiftene dei har i samband med innkjøp av drikkevatn, i tillegg til å krevje redusert vassavgift i perioden med slikt påbod.

         

Les meir i Firdaposten.


Tarmbakteriar i drikkevatnet 18.01.2006

I Svelgen og Ålfoten har folk i to månadar hatt kokepåbod på vatnet på grunn av for høge verdiar av tarmbakteriar. Jarle Hauge ved teknisk etat drikk sjølv vatnet på rådhuset i Svelgen, men har sendt ut påbod om koking til alle innbyggarane. Dette forklarar han med at han trur vatnet har same kvalitet som det har hatt tidlegare, men at det er nye analysemetodar som gjev utslag og viser for høge verdiar av tarmbakteriar.

   

Les meir i Fjordenes Tidende.


Fotball

STIF stiller med damelag også i 2006 18.01.2006

I følgje SFFK si heimeside stiller STIF med damelag i 4. divisjon, for 7`ar-lag, også komande sesong. Det vert aller første gong at STIF stiller damelag i fotball to sesongar på rad.

                        

SFFK melder også at 21 lag var påmeldt til 6. divisjon for herrar då påmeldingsfristen gjekk ut 15/1. Men truleg kjem det til nokre lag til. I 2005 var det fire 6. divisjonsavdelingar i fylket, og STIF kan mest truleg sjølv velgje om laget vil spele i Nordfjord- eller Sunnfjordavdelinga.

           

Kva motstandarar STIF-seniorlaga kan møte i 2006 kan du sjå her.  


Klart for nye skikarusellrenn 18.01.2006

Søndag 22. januar vert det første skikarusellrennet arrangert ved Karlskarstova i Ålfotdalen. I alt 5 renn er planlagde utover vinteren av dei driftige arrangørane i STIF og Ålfoten IL. Frå STIF si side er det Per Arne Sæterlid som er "primus hovudmotor".

 

Meir info om skikarusellen finn du her. 

 

På biletet er Sebastian Hatleset i aksjon på fjorårets skikarusellrenn.


Dans på Lasses kro fredag 20. januar 16.01.2006

PUBMIX spelar på LASSES KRO fredag 20. januar 06, kl 22:00.
Inngangsbilett kr : 100,-

   

Her følgjer eit pressskriv Svelgen.no har fått: "Vie & Bruland (PUBMIX) er ein duo frå Førde som har reist rundt som profesjonelle trubadurmusikkarar i Norge sidan dei starta i 1996. Dei siste åra har Pubmix satsa meir på dansemusikk , der dei har eit godt og variert danse repertoar. Pubmix har vore husorkester ved juleborda på Førde Hotell dei ni siste åra. Pubmix består seg av Almar Bruland og Steinar Vie. Begge har lang erfaring i div.Rock-blues og danseband i det lokale musikk-miljøet i Sunnfjord. Almar er rekna for ein av fylkes beste gitaristar i musikkmiljøet , han har og jobba som lydteknikkar og miksa PA-lyd for artistar som Omar and The Howlers , Reidar Larsen , Steinar Albriktsen , Rock Bottom o.s.v . Steinar er ein dyktig vokalist som og` spelar munnspel og gitar . Han er mest kjend som vokalist i det svært populære dansebandet ¨Roma¨ og som harmonica man i ¨White boys playing the blues¨ .Steinar er og med på den nye fotball-subportarsangen til Sogndal(Sølve Stang / Svein Dag Hauge)".


Husk påmeldinga til fotballfesten 17.01.2006

Laurdag 28. januar skal fotballfesten til STIF arrangerast på Svelgen Hotell. Ettersom STIF i sesongen som gjekk, for første gong på mange år, også hadde damelag i aksjon, reknar ein med fleire påmelde enn på fleire år. Så langt er påmeldinga oppløftande, og ein minner om at alle som vil delta på fotballfesten melde seg på innan søndag 22. januar . Påmelding til Svelgen Hotell; epost: s.hotell@online.no eller telefon 57793301. Invitasjon til fotballfesten finn du her.
              
Når fotballfesten er over, kl. 2230, opnar hotellet for andre gjestar, og då spelar Bjarne Lunde opp til dans på Svelgen Hotell.

- Må få større hjorteområde 17.01.2006

"– Bestandsplanane må omfatte mykje større område enn dei fleste opererer med i dag. Helst burde heile halvøya mellom Nordfjorden og Norddalsfjorden vore med." Det er leiar for hjorteutvalet i Bremanger, Per Lars Sande, som seier dette i ein samtale med Firdaposten.

 

Les meir i Firdaposten


Kva skjer med drikkevatnet? 15.01.2006

Svelgen.no har motteke eit lesarinnlegg vedr. drikkevatnet, og redaksjonen synest saka er så aktuell at vi også legg den på Hovudsida:
        
Teknisk etat sette opp oppslag om at vatnet må kokast 14. november. Etter det har vi ikkje hørt noko meir. Det hadde vert fint om Bremanger kommune kunne holde oss litt meir orientert gjennom Svelgen.no. Kva bakterier får vi i oss? Kva er årsaken? Er det kloakkrørene det er hol på? Kadaver i drikkevatnet? Spørsmålene er mange.Vi vil ha svar!
        
Hilsen Gry

"Erliner" i hardt vèr 15.01.2006

Autolinebåten ”Erliner”, med fleire eigarar i Svelgen-området, fekk natt til onsdag ein brottsjø over seg på fiskefeltet ved Færøyane. Båten fekk skade på frammast og utstyr på dekk, og gjekk inn til Færøyane for reparasjon.

 

Les meir Fjordenes Tidende og Firdaposten.


Svelgen Røde Kors

Årsmøte Besøksteneste 12.01.2006

Vil du vite meir, så finn du oss i menyen til venstre.


Friidrett

Flott innsats av STIF i Førdehuset, 14.januar.2006 15.01.2006

 

 

 

 

 

 

 

Friidrettsgruppa til STIF stilte med følgande utøvere på YIT leikane lørdag.

11 åringane : Marte Holm, Inga Rise, Eirik Ask og Torbjørn Ytrehus.

12 åringane : Ole Martin Gjerde og Magnus Myrhol

13 åringane : Daniel Holm, Alf Erik Sande og Jan Rune Nigardsøy

15 åringen   : Torstein Ask

16 åringen   : Jørgen Bjørkedal

 

Alle oppnådde fine resultat og plasseringar og det blei ialt :

3. førsteplasser (derav 2 med staus KM.) Daniel og Torstein persa begge i høgde.

9.andreplasser og 5.tredjeplasser.

 

Resultata finn du på KlubbenOnline Førde IL si side.

http://www.n3sport.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=378351&CatId=108018

 

Bilde under viser 3 av utøvarane i helga.

Daniel, Torstein og Jan Rune. (tatt etter DM i Førde 2005)

 


Friidrett

Seriestevne i Svelgen Idrettshall den 13.januar.2006 13.01.2006

 

 

 

 

 

 

 

Fredag hadde friidrettsgruppa til Svelgen TIF sitt første seriestevne i år.

9 deltok og nye personlige rekorder blei det.

 

Resultat frå seriestemne hopp u.t. i Svelgen Idrettshall den 13.jan.2006.

 

 

LENGDE U.T

 

 

HØGDE U.T

 

G-95

 

 

G-95

 

 

1

Torbjørn Ytrehus

1,70

1

Torbjørn Ytrehus

0,85

G-94

 

 

G-94

 

 

1

Ole Martin Gjerde

2,13

1

Ole Martin Gjerde

0,95

2

Magnus Myrhol

2,11

G-93

 

 

G-93

 

 

1

Daniel Holm

1,05

1

Pål Valberg

2,29

1

Pål Valberg

1,05

2

Daniel Holm

2,22

G-91

 

 

G-91

 

 

1

Torstein Ask

1,10

1

Torstein Ask

2,63

G-89

 

 

G-90

 

 

1

Fredric Talle

1,10

1

Jørgen Bjørkedal

2,65

G-88

 

 

G-89

 

 

1

Tor-Inge Øvreboten

1,35

1

Fredric Talle

2,41

 

 

 

G-88

 

 

 

 

 

1

Tor-Inge Øvreboten

2,65

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Svelgen Røde Kors

Årsmøte Besøksteneste 12.01.2006

Svelgen Røde Kors Besøksteneste avviklar årsmøte 17.01.06, kl 18.00.

Møtet vert halde på Røde Kors huset i Elvavegen 17.

Saker: Årsmelding, økonomi, budsjett og val.


Fotballkrinsen sin statistikk 11.01.2006

Fotballkrinsen har no lagt ein god del statistikk på nettet. I statistikken kan du finne ut kva for STIF-medlemar som har fått heidersteikn, trenarutdanning, krinskampar og landskampar, samt kva for KM-titlar STIF har vunne.

   

Dette kan du gjere mellom anna ved å velge: Rediger - Søk - i "Søk etter" skriv du Svelgen, og då vil du finne alle frå STIF som er nemnde. Marit Renate Midthjell (biletet) er ein av dei du vil få flest treff på på søket.

 

Statistikken finn du her.


Meir om STIF til 6. divisjon 11.01.2006

Fleire aviser og heimesider har omtalt at STIF har valt å trekke seg frå 5. divisjon, og satsar på spel i 6. divisjon. Her følgjer nokre av desse:

 

Bremanger IL

 

Haugen IL

 

Firdaposten

 

Fotballkrinsen


Fekk rasert garasje i uveret:

- Kunne endt mykje verre 10.01.2006

- Dette kunne gått mykje verre. Eg er berre glad ingen personar kom til skade, seier Frank Ommedal  som fekk rasert garasjen sin i uveret måndag kveld.

 

Han var ute på biltur då han måndag kveld fekk telefon om at garasjen hans på Sande i Svelgen holdt på å lette.

- Eg kjørte tilbake og såg takplatene regelrett fauk av taket. Eg har aldri opplevd liknande vindkast så lenge eg har budd på Sande. Singel og grus blåste rett opp frå bakken, seier han til Fjordenes Tidende onsdag.

  Også ei campingvogn på småbåthamna  vart øydelagt då den kvelva i vindkasta som hadde orkan styrke. Meir i papirutgåva.

 


Avis-klage på hemmeleghald 10.01.2006

Fjordenes Tidende får delvis innsyn i revisjonsrapporten som er utarbeidd av Terje Førde i samband med bygginga av Bremanger Bu- og Servicesenter. Avisa har klaga hemmeleghaldet inn til Fylkesmannen.

 

Allereie i oktober i 2004 fekk kontrollutvalet i Bremanger tilbakemelding i ein revisjonsrapport på heile 79 sider, om at pengebruken på ombyggingsprosjektet på Kalvåg var komen ut av kontroll. Det var utvalet sjølv om hadde bede om ein gjennomgang av ombygginga og rehabiliteringa på Bremanger Bu- og Servicesenter. Rapporten skulle utarbeidast uavhengig av byggerekneskapen, som allereie den gongen skulle ligge føre. Denne er framleis ikkje ferdig, noko kontrollutval og revisor Terje Førde ved fleire høve har gitt kommuneleiinga skarp kritikk for.

 

Fjordenes Tidende sende klage til Fylkesmannen for å få innsyn i dokumentet som er hemmelegstempla med heimel i paragraf 5. Ordførar Kåre Olav Svarstad har vurdert klagen   og skriv i svarbrevet til Fylkesmannen at kommunen vil frigi delar av rapporten som omhandlar faktaopplysningar som er kjende frå før. 

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve onsdag.


Svelgen skule

Foreldreundersøking 1.-10.klasse 10.01.2006

 

Les meir om dette på Svelgen skule si heimeside, klikk her.


Fotball

Det vert 6. divisjon på STIF-herrane i 2006 10.01.2006

Då Fotballgruppa i STIF fredag 6/1 inviterte til spelarmøte for herrelaget var det berre fire spelarar som sa ja til å satse på spel i 5. divisjon komande sesong. Grunngjevinga til dei fleste som ikkje ville satse på spel i 5. divisjon var at dei ikkje ønsker å bruke alle helgane i sommarhalvåret på fotballen. Men fleire av spelarane som sa nei til 5. divisjon, var positive til å spele om det vert spel i 6. divisjon med midtvekekampar. Difor har Fotballgruppa i STIF bede Fotballkrinsen om å få spele i 6. divisjon i staden for 5. divisjon.

                

Alt etter sesongen 2005 var det mange av spelarane på 5. divisjonslaget som signaliserte at det vart siste året dei ville satse på fotballen. Då det i beste fall berre kjem opp ein spelar frå yngre avdeling i STIF denne sesongen, er ein avhengig av at dei fleste som var med i 2005 vert med vidare. Men mange av spelarane på STIF har vore med i mange år, og mange av desse har familie. For desse, samt dei som jobbar skift, vert det mykje lettare å kunne vere med på fotballen om kampane går i midtveka. Med spel i lågaste divisjon vert det også lettare å nytte mosjonistar om det vert lite folk på nokre kampar.

            

Det er svært viktig for fotballen på gute-/herresida i STIF at ein held i gong eit seniorlag. I fjor hadde STIF for første gong sidan 1994 eit 11`ar-lag i småguteklassen (13-14 år) som fullførte sesongen, og i 2006 vert lag både i smågute- og guteklassen (15-16 år). Om ein stiller 7`ar- eller 11`ar-lag i desse klassane er ikkje bestemt. Om ein hadde lagt ned herrelaget hadde det vorte tungt å dra det i gong att når desse unggutane kjem opp og vert gamle nok til å spele på seniorlaget.

           

Dette vert andre gong på 6. sesongar at STIF sitt herrelag ber om å få spele i lågaste divisjon. Etter sesongen 2000 rykte STIF ned frå 3. til 4. divisjon. Men ved årsskiftet 2000/2001 var det berre 10 spelarar som ville satse på spel i 4. divisjon. Dermed vart det spel i 6. divisjon i 2001, og eit års karantene mot å kunne rykke opp. STIF var ikkje i nærleiken av å vinne 6. divisjon i 2001. I 2002 vart det knipe tap mot Gaular i den avgjerande kampen i 6. divisjonsavdelinga. I 2003 vart det opprykk etter ha spelt 7-7 og 3-2 mot Vikane/Olden i opprykkskampane, og i 5. divisjon 2004 og 2005 vart det høvesvis 3. og 5. plassar.   I sesongane 2004 og 2005 har det berre vore 9 lag i 5. divisjon, då det begge sesongane har vore eit lag som har trekt seg frå divisjon, og ingen lag i 6. divisjon har ville erstatte desse laga.


Friidrett

10 deltakarar frå STIF til Førde i helga 10.01.2006

STIF si aktive Friidrettsgruppe stiller med 10 deltakarar under YIT-leikane i Førde laurdag 14/1. Stemnet har også status som innandørs-KM for 13-åringar og oppover.

 

Les meir om stemnet her


Campingvogn og garasje teke av vinden

Sterk vind har gjort skade i Svelgen mandag 09.01.2006

I Svelgen har det mandag ettermiddag og kveld vore sterk vind i kasta, og i følge Firda har ei campingvogn velta i Svelgen. Les meir i Firda.

 

I følge NRK Sogn og Fjordane har også ei dobbelgarasje vorten teken av vinden i Svelgen mandag kveld. Les meir her.


Friidrett

Leirvik skal representere Florø TIF 09.01.2006

I følgje Norges Friidrettsforbund si nettside skal Kim Nes Leirvik (biletet) i 2006 representere Florø TIF. Leirvik har til denne tid representert STIF, og sette i sommar ny klubbrekord for seniorar i stavsprang med 3,81 m. Dette resultatet var også ny krinsrekord for juniorar. Leirvik skal i 2006 konkurrere i 18-årsklassen. Les meir her. 

 

Sjølv om Leirvik no forlet STIF, er Friidrettsgruppa i STIF godt i gong med førebuingane til 2006-sesongen. Og om nokon svelgarar skulle vere i tvil: Ingvald Ytrehus har gått laus på sin 32. sesong på rad som friidrettstrenar i STIF, og er observert minst like ivrig som tidlegare år under treningane i og rundt idrettshuset. Ytrehus har gong på gong på gong opplevd at talenta han har trent fram år etter år skiftar klubb, eller har lagt opp, i tida dei byrjar på vidaregåande skule. Men han kjem alltid tilbake med nye talent og god breidde. Og det er heller ikkje få timar Ytrehus har brukt til no denne vinteren for å skaffe pengar i klubbkassa, slik at friidrettsgjengen får reise på stemner rundt om i landet. Den mannen sluttar aldri å imponere oss andre svelgarar med sitt viktige arbeid for borna og ungdomen i bygda!!


Fotball

Rikka F. Sande utteken på sonelagsturnering 09.01.2006

Rikka Frøyen Sande frå STIF er utteken til ei sonelagsturnering i Sognahallen søndag 15. januar. Ho er utteken på Sunnfjord sitt lag for jenter fødde i 1991 og 1992.

 

Les meir her.


Nytt frå næringslivet på SNR-sida 09.01.2006

På  Svelgen Næringsråd si heimeside finn ein nytt frå næringslivet i Svelgen.

Så er vi gong igjen ...

Møter i Svelgen Røde Kors 08.01.2006

Du finn oss i menyen til venstre om du vil vite meir.


Salatbar til dei tilsette 06.01.2006

Denne veka stod ein lekker salatbar proppfull av frukt og grønt pluss reker, ost og skinke klar til lunsjen for dei tilsette på Svelgen Bu- og Servicesenter. Driftsleiar Berit Olsbø Frøyen har tru på at prosjektet vil gje både helse- og trivselsgevinst for dei nærare 50 tilsette som kan nytte seg av tilbodet. Utgangspunktet er eit stort internkommunalt samarbeid med fokus på helsa til dei tilsette der målet er ein sunnare og betre arbeidskvardag. Alle tilsette ved sjukeheimane i    Selje, Vågsøy, Stryn, Eid, Gloppen, Bremanger og Hornindal  skal få same tilbodet, men det er opp til kvar enkelt å finne si løysing. Meir i dagens Fjordenes Tidende.

 


Torskeanlegg til sals i Svelgen 04.01.2006

Har du 7,5 mill. kr og peiling på torsk, kan du no sikre deg eit så å seie komplett yngelanlegg for torskeoppdrett. Norsk Marin Yngel sine tidlegare lokale i Breivika i Svelgen er lagt ut for sal.

 

Les meir i  Firdaposten.


Stine Sortevik på krinssamling 04.01.2006

Stine Sortevik frå STIF er utteken på krinssamling for jenter fødde i 1990. Samlinga skal vere i Eikefjord i midten av januar, og Sortevik er utteken som keeper.

 

Les meir hjå Fotballkrinsen


Fotball

Spelarmøte herrar fredag 6. januar 02.01.2006

STIF v/ Fotballgruppa inviterer til spelarmøte for STIF sitt A- lag foran sesongen 2006. Alle som ønskjer å vere med på herrelaget er velkomne.

 

Spelarar som ønskjer å spele seniorfotball i 2006, men som ikkje kan møte på møtet, må ta kontakt med Arild Sande på tlf 90529937.

Tid: Fredag 6/1 kl. 19.00

Stad: Møterommet Svelgen Idrettshus

        

Etter møtet, ca kl 19.30-21.00 vil det bli trening i Idrettshuset, så det er fint om du møter opp ferdig skifta.

    

Sportsleg helsing Fotballgruppa i STIF

Invitasjon til fotballfest 28. januar 02.01.2006

Fotballgruppa i STIF vil også i år arrangere den tradisjonsrike fotballfesten etter tidlegare års opplegg. Alle over 18 år som har hatt noko med fotballen i STIF å gjere, det vere seg i 2005, 2006 eller tidlegare år, er velkomne til å melde seg på og delta.

    

Festen vil også i år bli halden på  Svelgen Hotell, datoen er lørdag 28. januar og festen tar til kl. 20.00. Kl. 20.15 tar middagen til.

     

Pris:  Kr. 220

Meny:  Varm buffet

Program:  Middag, premieutdeling, ståbingo, sang, sosialt samvær og dans.

Musikk: Bjarne Lunde spelar til kl. 0200.

     

Kl. 2230 opnar hotellet for andre gjestar, og vi håpar på ei livleg avslutning av sesongen.

Dersom du har meldt deg på og likevel ikkje kan kome, må du gi beskjed om det.

Påmelding innan søndag 22. januar til:

     

Svelgen Hotell  Telefon: 57793301  Mail: s.hotell@online.no

    

Vi vil også prøve å få til ei uhøgtidleg fotballturnering for begge kjønn på føremiddagen på laurdagen for festdeltakarane, så følg med på Svelgen.no/STIF-tava for meir info.


Godt nytt år, alle sammen!! 01.01.2006

Vi ønsker alle eit retteleg godt nytt år med positiv utvikling for bygda vår i 2006!


Kjempestemning med Pegasus i Svelgen 01.01.2006

Dansen på Svelgen Samfunnshus vart ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. Det er ikkje ofte vi har besøk av  Pegasus, sjølv om nesten heile bandet opphaveleg kjem frå bygda. Desto meir artig vart det å oppleve dei på heimebane 30. desember! Dansegolvet var fullt heile kvelden, og bandet fekk ikkje forlate storsalen når dei hadde tenkt. Publikum ville ha meir av hit-paraden frå 80 og 90 talet som var sett saman på ein framifrå måte med imponerande proff framføring. Les meir og sjå fleire bilder i Fjordenes Tidende onsdag.

 

Vi ønskjer Pegasus velkomne attende ved første høve - og det må vel bli i jubileumsåret 2006 som vi no har starta på!

Tor Hjalte - Gitar og sang
Erlend Eidsvik - Keyboards og sang
Trond Teigene - Trommer
Lasse Refsnes - Gitar og sang
Nils Jørgen Sagebø - Bass
Janne-Linn Myren - Sang
Annika Myklebust - Sang

Foto: Arild Sagebø


Fotball

Fotballfest for 2005 sesongen 24.01.2006

 

 

 

Tirsdag den 24.Januar kl.17:00

blir det Fotballfest i Idrettshallen.

 

Utmerkelser for sesongen 2005 vil bli utdelt.

Det vil bli servert Pizza, Brus og Pølse m/brød

 

Inngangs billett kr.50

 

Vell møtt alle sammen!

Fotballgruppa.

 

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars