Arkiv Okt 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Skumlingar på døra?? 31.10.2005

Så var det Halloween igjen. Mange av oss har fått besøk av meir eller mindre skumle personar som har trua med knep eller bedt om knask.

På Naustneset fekk vi   denne hyggelege gjengen (?) på døra, som godtok eit bilde på Svelgen.no i staden for snop, sidan redaksjonen allereie hadde spist opp det som var.


Pilates 31.10.2005

Det vert pilates i idrettshuset tysdag 1/11 kl. 19.30.


Fotballtrim for herrar er utsatt 31.10.2005

(det vert ikkje fotballtrening tysdag 1/11, Svelgen.no kjem tilbake med ny treningstid for fotballtrim).

 

Tysdagane (???) framover vert det fotballspeling i Svelgen Idrettshus kl. 1930.

  

Første økt vert ??. november. Møt opp !


Mindre nedbør enn "normalt" i oktober 31.10.2005

I oktober fall det 280 mm nedbør i Svelgen, mot "normalt" 327 mm. Det meste som kom på eit døgn var 53,8 mm, og 12 døgn var utan ein drope i måleglaset.

  

Hittil i år har det falle 2762 mm nedbør, og dermed har ein passert "årsnormalen" for Svelgen, som er på 2570 mm. Og endå er det att to månadar som vanlegvis er blant dei mest nedbørsrike i året.

    

"Normalt" for Svelgen er det Meteorologiske Institutt (DNMI) har berekna på månadsbasis for Svelgen i åra f.o.m. 1961 t.o.m. 1990.

   

Ein nedbørsmånad er, i følge DNMI, f.o.m., og t.o.m., om morgonen den siste datoen i kvar månad.


No kan du betale kommunen med Avtalegiro 29.10.2005

Les meir på Bremanger kommune si nettside.


Sommarvarme i Svelgen 28.10.2005

Det er fønvindar og varmt over store deler av fylket i dag. I Olden vart det målt 22,9 grader i natt og i Selje var maksimumstemperaturen 21,7 grader og på Bryggja var det 20 grader. I Svelgen er det i skrivande stund (kl. 0840) nesten 19 grader. På andre stadar her i fylket der vinden ikkje tek er temperaturen nede i 3-4grader i dag tidleg, melder NRK Sogn og Fjordane.

Artikkel nedanfor vart skrive av Firdaposten sin utsende på 75-årsmarkeringa forrige helg, og Svelgen.no har fått løyve til å gjengje denne.

    

Svelgen Turn-og idrettsforening 75 år

Aktive jubilantar i Svelgen

SVELGEN: Gunnar Midtbø og STIF har mykje til felles. Dei er begge 75 år gamle, dei er aktive, og har begge fostra mange gode idrettsutøvarar i industribygda Svelgen.

       

Både Midtbø og STIF såg dagens lys i 1930. Far til Gunnar, Florø-guten Lauritz Midtbø, var ein av grunnleggjarane til det etter kvart så allsidige idrettslaget. Det begynte med turn og seinare friidrett, som var dei einerådande idrettsgreinene i over 30 år. Fotballen kom først inn tidleg på 1960-talet, og i dag har STIF ei breidde i aktivitetane som mange andre idrettslag godt kan misunne dei. I tillegg til friidrett og fotball, har STIF i jubileumsåret også tilbod innan volleyball, klatring, barneidrett, idrettskule, symjing, ski og ulike trimaktivitetar som balleik, bandy, aerobic og pilates, sistnemnde eit nytt populært tilbod av året.

Landsturnstemne

Gunnar Midtbø har mange år bak seg som aktiv utøvar både i turn og friidrett. Saman med Svelgentroppen deltok han fast på krinsturnstemna i turn.

         Desse stemna gjekk av stabelen kvart år i pinsa, vi var både i Florø, Måløy, Eid og Sandane på stemne. To gongar var eg også med på landsturnstemne, i 1950 på Lillehammer, og i Halden i 1954. Vi var 20 gutar i troppen, minnest Gunnar.

Frå han var 16 år, og fram til han var ferdig i militæret i 1952, var han også ein aktiv sprinter, og kan vise til gode resultat både på 100 meter og 200 meter i KM-samanheng.

Vaktmeister

På 1950-talet var Gunnar Midtbø leiar i hovudstyret i STIF i to periodar, han har også vore leiar i friidrettsgruppa og styremedlem i volleyballgruppa.

         Det har vore utruleg kjekt og gjevande, seier STIF-veteranen, som framleis er aktiv i idrettsmiljøet i Svelgen, om enn litt meir på sidelinja.

Som vaktmeister i idrettshuset, ein jobb han har utført på friviljug basis sidan opninga i 1993, har han framleis mange jern i elden. Under STIF-jubileet i helga var han sjølvskriven i dugnadsgjengen, og vi såg ikkje at han sparte seg på nokon måte. Han sjaua på frå tidleg morgon til langt på dag.

Moro å følgje med

         Det er godt å ha noko å gjere på. Gjennom arbeidet her i idrettshuset held eg meg oppdatert om det som skjer, det er moro å følgje med på ei ulike idrettane. Vi har mykje fin idrettsungdom her i Svelgen, meiner Gunnar Midtbø.

Sjølv har han også hatt gleda av å sjå både søner og barnebarn gjere det godt på idrettsbana, både i volleyball, fotball og i friidrett.

   

Annbjørg Hauge Nygård

 

På biletet nedfor frå 1947 ser ein f.v. Gunnar Midtbø og Lauritz Midtbø, son og far, som begge seinare vart æresmedlemar i STIF. Lauritz var ein av dei fire initiativtakarane til stiftinga av STIF i 1930, og var mellom anna den som gjorde mest for turnsporten i STIF. Gunnar vart formann i STIF allereie som 24-åring i 1954, og var også formann i 1955, 1956 og 1958, og forutan dette har han hatt ei rekkje verv og funksjonar i laget heilt fram til i dag. På brystet til dei to turnarane ser ein logoen som STIF nytta frå stiftinga i 1930 til 1962. Legg også merke til strekkbuksene med krok ned på tåa til tøyskoen.


Melding frå kultursjefen til ungdomen: 27.10.2005

Kultursjef Gunhild Berge Stang har skrive lesarinnlegg:
"Eg vil framfor alt takke for tilbakemeldingar og engasjement for ungdomsklubben. Det er nødvendig med slike tilbakemeldingar slik at politikarar og administrasjon veit "kor landet ligg" og at klubbarbeidet må prioriterast
 
Så må eg rydde opp ei stor misforståing: EG VIL ALDRI LEGGE NED UNGDOMSKLUBBEN I SVELGEN!! Skal den leggast ned, så får nokon andre gjere det!
Eg har forslått at vi må vurdere å ha klubben andre stader enn i Realen, til dømes i samfunnshuset. Dersom eit sal av Realen fører til at vi må stenge klubben, så går eg inn for å halde på Realen i det lengste. Problemet er at Realen er i så elendig stand at det er eit tidsspørsmål før ein kanskje på stenge huset. Då er spørsmålet om vi skal bruke 1,5 millionar på å ruste opp huset (pengar vi ikkje har), eller bruke pengar på å skape eit godt tilbod for ungdommane i samfunnshuset. Det er heilt klart at dersom ungdommane ikkje lenger får vere i Realen, så må de få eit alternativ som de kan vere fornøgde med. Eg er ikkje fornøgd så lenge de ikkje er fornøgde!! "
LES HEILE INNLEGGET UNDER LESARINNLEGG.

Verdig markering for STIF 26.10.2005

Om lag heile Svelgen samla seg til ein storslått bursdagsfest for idrettslaget sitt i helga. STIF sitt 75-årsjubileum vart feira tre dagar til ende.

 

Les meir i Fjordenes Tidende


Bygg og Reinholdsservice med spanande samarbeidsavtale 25.10.2005

Firdaposten melder at Bygg og Reinholdsservice AS i Svelgen har inngått samarbeidsavtale med Polygon, som er den største og leiande verksemda i Norge innan opprydding etter brann-, vass- og miljøskadar.

 

Les meir i Firdaposten 


Her kan du sjå bildeframsyninga til STIF 75 år 24.10.2005

Bildeframsyninga som vart laga til STIF-markeringa i helga, og vist i squashallen i idrettshuset laurdag, er det no høve til å sjå i ”ro og mak” på Svelgen.no.

          

P.g.a. at det var ei stor fil, og det dermed ville teke lang tid å laste ned heile fila, har ein difor valt å dele fila i 3. Men sjølv med ”ordinært heimebreiband” vil det nok ta 1-2 minutt (+/-) å opne kvar av delane. Før framsyninga vart delt i tre tok det 15 minutt å sjå gjennom den. Om du vil sjå framsyninga i full skjerm (anbefalast) , velger du: ”Bla gjennom” (e.l.) og deretter ”Full skjerm” etter framsyninga har starta.

             

Klikk her for å sjå del 1, som omhandlar stiftinga, særskilde hendingar på og utanfor bana, æresmedlemar og formenn/leiarar.

          

Klikk her for å sjå del 2, som omhandlar anleggsutviklinga, med bilete både frå anleggsbygging og ferdige anlegg.

              

Klikk her for å sjå del 3, der du finn glimt frå aktiviteten i dei 16 (!) ulike særgruppene STIF har hatt i dei første 75 åra.

          

Framsyninga vil ligge på Sport (t.v.) ei stund framover.


Takk til Klausen og Bygg og Reinholdsservice frå STIF 24.10.2005

Svelgen Turn- og Idrettsforening vil takke Bygg og Reinholdsservice AS og Klausen Industrier Svelgen AS for hjelpa med å rydde ved Svelgen stadion.

 

Helsing Styret i S.T.I.F

ved Per Arne Sæterlid


Trekningsliste jubilèumslotteri STIF 23.10.2005

Jubilèumskomitèen til STIF var strålande nøgde med resultatet på hovudlotteriet, då ein selde over 20 000 lodd, eller lodd for over 40 000 kr.

 

Her kan du sjå kven som vann dei 49 premiane, som du ser nokre av på biletet.


- Ikkje selg Realen 21.10.2005

Marte Ytrehus Førde skriv på sida for Lesarinnlegg:

 

"Eg synest at eit forslag om å selge realen ikkje burde vurderast ein gong. Realen har i mange, mange år vore ein fast "henge"plass for ungdom i Svelgen, og dei fleste som ikkje går der lengre, har fortsatt mange minner om den tida då Realen var fast kvar fredag. Ungdom i Svelgen har ikkje mange fritidstilbod utanom idrett, og skal det no skrenkast inn til endå færre? "

Les meir under linken "Lesarinnlegg"

Har du meininger om dette??


Sal av STIF-effekter i idrettshuset laurdag 21.10.2005

Under 75-årsmarkeringa i Svelgen Idretshus laurdag vert det sal av nye collegegensarar og T-skjorter med STIF-logo på.

     

STIF har også eit restlager av refleksvestar, med STIF-logo, på som også vert lagt ut for sal.


Ledig vikariat 21.10.2005

Det er ledig vikariat ved Bygg- og Reinholdsservice for snarlig tilsetting. Sjå Stilling Ledig til venstre.


Vil selje Realen 21.10.2005

Kultursjef Gunhild Berge Stang foreslår å selje aktivitetshuset Realen flytte ungdomsklubben og andre aktivitetar ned på Svelgen Samfunnshus. Ho ynskjer debatt om forslaget. Les saka i dagens Fjordenes Tidende.

Berre Gloppen fekk pol 21.10.2005

Sandane er den einaste staden i fylket som får vinmonopol neste år. Det vedtok styret i Vinmonopolet i torsdag. Også Bremanger kommune hadde søkt, og planen var å ha polet i Svelgen.

 

Les meir hjå NRK S. og Fj.


Ny giv for krøllgras i Svelgen 21.10.2005

Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF)

sin leiar, Svein Arne Sandvik var ikkje

nådig mot gjestane han hadde invitert

på krøllgras-møte onsdag.

På heimveg rådde samarbeid og semje.

STIF har sidan 1998 arbeidd for å få oppvarma

krøllgrasbane og rehabilitert friidrettsfasilitetane

på Svelgen Stadion. Leiar Svein Arne Sandvik

meiner Bremanger kommune må ta på seg

ansvaret for at prosjektet ikkje er gjennomført.

Dette ga han svært tydeleg uttrykk for under

informasjonsmøtet han hadde kalt inn til

sist onsdag. Ordførar, politikarar og kultursjef fekk høyre historia om visjonen til

STIF som vart lagt på is ved eit pennestrøk.

- Eg har vore, mildt sagt, svært skuffa og frustrert over den sakshandsaming,

eller manglande sådanne, som kommunen har lagt for dagen i denne saka,

sa Sandvik.No samlar gode krefter seg for å få prosjektet gjennomført

så snart som råd.

Les saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag.


Fotball

Fire spelarar frå STIF til sonelagsturnering 20.10.2005

Sogn og Fjordane Fotballkrets har teke ut troppane frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til ei sonelagsturnering for jenter og gutar fødde i 1990 og 1991. Samlinga skal vere 30. oktober i Førde, og STIF har fått med fire lovande spelarar på Sunnfjord sine lag: Torstein Ask (biletet t.v. fra 2004), Stine Sortevik, Benedicte Grindheim og Elise Eikeland.

 

Les meir her. 

 

Biletet nedanfor er henta frå Bremanger IL si Fotballgruppe si gode heimeside, og syner fire STIF-jenter på utlån til Bremanger tidlegare i år. F.v. Stine Sortevik, Benedicte Grindheim, Malin Sandvik (som ikkje held alderen for samlinga) og Elise Eikeland.


Søndag 23/10: Ope hus på Moldahytta 20.10.2005

Frå kl. 10 søndag føremiddag til kl. 14 vert det ope hus på Moldahytta. Det vert servering ved hytta.

 

Biletet nedanfor er frå ope hus på Moldahytta våren 2002, i regi av Keipen Turlag. Skihytta på Molda var det første anlegget/bygget som STIF bygde. Hytta vart bygd på dugnad av medlemane, og sto ferdig i 1937. Den gong var det ikkje veg over fjella slik som i dag, og hytta vart bygd for at medlemane skulle få ein stad å vere når dei hadde teke seg til fjells for å å trene/gå på ski. Svelgarane gjekk på flatski og/eller hoppa på ski ved Knoltren. Nokre køyrde også slalom. STIF eig framleis hytta, og samarbeider med Keipen Turlag om vedlikehald og bruk. Foto: Leo HH Cirotzki

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Firdaposten om STIF-markeringa 20.10.2005

Klikk og les.


Fredag: Juniorkveld på Realen for 3. - 7. klasse 20.10.2005

I samband med markeringa av STIF sitt 75 års jubileum vert det Juniorkveld på Realen FREDAG 21. oktober.
  
Klubben opnar kl. 18.00 og held ope til kl. 21.00, og er open for alle frå 3. - 7. klasse.
    
Inngangspris er kr. 10.- for dei utan medlemskort.
      
Det vert:
     
   Open kiosk med kake,brus,pizza,chips,popcorn m.m
   Leikar og konkurransar med premiar
   Diskotek m/DJ
    
STIF håpar på godt oppmøte og lover ein kjekk og sosial kveld på Realen.

Ope for alle ungdomar frå Bremanger kommune

Fredag: Nattcup i idrettshuset for ungdomar 13-21 år 20.10.2005

Fredag 21. oktober frå kl. 21 til kl. 03 vert det "Nattcup" i Svelgen Idretthus.


Ope for ungdom fra 8. klasse og oppover frå heile kommunen.
Det blir sett opp buss frå Kalvåg/Bremanger via Leirgulen/ Davik/Ålfoten.


Ymse aktivitetar ( Fotball - Volleyball - Basket m.v).
Premiering – Gåvekort.
Kiosk m/ Pizza-brus-kaker m.v.

Inngangspris kr. 50.- for alle


 


Fall om under fotballkamp i 1984 , og døydde nokre timar seinare

Eldsjela Ragnfred Ommedal 19.10.2005

I dei 75 åra Svelgen TIF har eksistert har det diverre ikkje berre vore gode hendingar. 6. september 1984 hende det mest tragiske i STIF si historie, då eldsjela Ragnfred Ommedal (biletet) fall om under ein fotballkamp i Stryn, og døydde nokre timar seinare på sjukehuset på Eid. Ragnfred, som i mange år hadde lagt ned eit imponerande arbeid for STIF, vart berre 34 år.

 

Om du klikkar her kan du lese kva som vart skrive om Ragnfred i STIF si historiebok i Hovudstyret sitt kapittel, og om du klikkar her kan du lese om det svært så imponerande arbeidet han la ned for Fotballgruppa i STIF.


Bilete frå den 75 år lange historia til STIF

Framsyning av bilete i idrettshuset laurdag 19.10.2005

I løpet av dei første 75 åra har medlemane i Svelgen Turn- og Idrettsforening opplevd og oppnådd mykje, både på og utanfor idrettsarenaane. Under arrangementet i Svelgen Idrettshus laurdag 22/10, mellom kl. 11 og 17, vil du kunne sjå ei biletframsyning på om lag 15 minutt med følgande innhald: Særskilde hendingar frå dei første 75 åra, anleggsutviklinga, nokre glimt frå aktiviteten til dei 16 ulike særgruppene STIF har hatt, samt biletesamlingar av mellom anna initiativtakarane til stiftingsmøtet, formenn/leiarar, æresmedlemar, landslagsutøvarar, og mykje meir.

    

Denne biletframsyninga vil "stå og gå" på stort lerret under heile arrangementet i idrettshuset. Ein vil kunne sjå nye bilete av dagens yngre STIF-medlemar, gamle bilete som svært få tidlegare har sett, og bilete i fargar som i STIF-boka var i svart/kvitt.

        

Biletet nedanfor er henta frå den aller første barnetrimkvelden som vart arrangert i regi av STIF i 1984. På biletet ser ein f.v. foreldra Oddrun Standal og ukjent, og skliande på benken den gong 4 år gamle Stine Mari Vårdal. I køen til venstre skimtar ein følgande frå toppen og nedover: Heidi Kjøsnes, Inger Lise Didriksen, ukjent, ukjent og Ingrid Loftheim. Det var Ragnfred Ommedal som i 1983 kom med idèen om å få til fellestreningar for ungar på tvers av idrettsgreinene, og dette har STIF halde fram med i over 20 år fram til i dag.


Program for laurdag 22/10 i idrettshuset 19.10.2005

 

 

Kl. 11.00             Idrettshuset opnar dørene

 

·         - Kakebar / Kiosk opnar

·         - Tombola / basar – Salg Jubileumslotteri

·         - Salgsboder

·         - Aktivitetar for born

 

Kl. 11. 30             Skulemusikken spelar

 

Kl. 11.00-12.45    STIF viser breidda i idrettslaget

 

Kl. 12.45               Helsingar

 

                              Innslag fra Svelgen Skulemusikk sin drilltropp 

 

Kl. 13.00 – 15.30  Underhaldning

 

Kl. 13.00                Innslag frå Kulturskulen

 

Kl. 13.30                Innslag frå Kulturskulen

                                              

Kl. 13.45     Premiering STIF si turorientering 2005

 

Kl. 14.00     Musikalsk innslag fra C. Ephithite / A. Langeland

 

Kl. 14.30     Trekkspelklubben underheld

 

Kl. 15.00     Musikalsk innslag frå Tor Erik Vårdal/Geir Briksdal/Kristian Skaar/Simen Halse

 

Mellom innslaga vert det åresal og trekning, samt eit tradisjonelt STIF ”ståbingoshow”

 

Kl.15.45      Kåseri over STIF 75 årige historie

  

Kl. 16.30     Trekning av STIF sitt 75 år jubileumslotteri

 

Kl. 17.30     Slutt

 

Kakebaren/kiosken, tombola og salgsbodene vert opne heile dagen.


Redd liv!

Kurs i førstehjelp 17.10.2005

Hjelpekorpset tilbyr førstehjelpskurs. Klikk på Svelgen Røde Kors i menyen til venstre.


STIF 75 år

Program for heile jubilèumshelga 19.10.2005

Om du klikkar her vil du finne kva som skjer til helga under 75-årsmarkeringa til STIF.

   

Detaljert program for laurdagen vil kome etterkvart på Svelgen.no.


"Løp og kjøp": Gevinstar med verdi for inntil 5 000 kr.

Jubilèumslotteriet til STIF 19.10.2005

STIF-medlemar sel for tida lodd til STIF sitt store jubilèumslotteriet på COOP, og lotteribøker er også lagde ut på Statoil og Sparebanken.

    

Premiane er utstilte på ”gamle coopen” (biletet t.v. og nederst) og i banken. Det er svært mange flotte premiar av høg verdi og god kvalitet, og det finnast gevinstar med verdi opp til 5000 kr. Blant den rikholdige premiesamlinga nemner ein i farten sykkel, stormkjøkken, fiskeutstyr, STIF-

overtrekksdress, badebasseng, dyne, ryggsekkar, stort verktøysett, diverse elektrisk verktøy, båtreise, middag for to, rulleskøyter, gratis avisabonnement, collegegenserar, reisevesker, akvarellar, DVD-spelar, og mykje mykje meir fint.

         

STIF er svært takknemleg for alle som har bidrege med premiar til jubilèumslotteriet. Blant dei mange som har bidrege er mellom anna to tidlegare aktive STIF-medlemar som i dag er kjende kunstnarar: Åge Steinset (biletet t.v. frå 1956) og Arvid Eikevik har gjeve kvar sine kunstverk som dei har måla. Desse skimtar ein t.h. på det øvste biletet.

    
Trekninga vert under 75-årsmarkeringa i Svelgen Idrettshus laurdag 22.10.05, og tidspunktet for trekninga er kl. 16.30.

      

Om du ikkje bur i Svelgen og vil støtte STIF med å kjøpe lodd, ta kontakt med kjentfolk og be dei kjøpe lodd for deg.

  

I følgje STIF sine loddselgarar har svelgarane og andre støtta flittig opp om jubilèumslotteriet, og STIF håpar på godt loddsal også fram mot og inn i markeringshelga..

 


STIF si idrettsmerketaking 18.10.2005

Om du ønsker å ta idrettsmerket i år er onsdag 19. oktober siste sjanse.

 

Møt på stadion kl. 18.00.


Nye opningstider Charmen Frisør 18.10.2005

F.o.m. komande veke har Charmen Frisør følgande opningstider:

 

Mandag kl. 11.00 - 16.30

Tysdag og onsdag kl. 09.00 - 16.30

Torsdag 11.00 - 16.30

Fredag kl. 09.00 - 16.30

Lørdag i oddetalsveker kl. 10.00 - 13.00


STIF

Pilates 18.10.2005

 

STIF vil prøve å starte med Pilates (styrke og smidighet som passar for alle). Første trening vert i hallen torsdag 20.10.05 kl. 18.00 - 19.00. Seinare må vi prøve å finne ei fast treningstid. Trenaren er Kristin Leonhardsen. Vel møtt!

 

Trimgruppa.


Årsmøtet i skulemusikken utsett 18.10.2005

 

Årsmøtet i Svelgen skulemusikk er utsett til torsdag 27. oktober 2005 kl. 1900. Møtet vert halde på Svelgen skule.

Med helsing

For Styret i Svelgen skulemusikk

Trudi Vågene

- leiar -


Jubilèumspris

STIF-boka i sal for 200 kr 18.10.2005

Under 75-årsarrangementet til STIF, på dagtid i Svelgen Idrettshus laurdag 22. oktober, vert historieboka om Svelgen Turn- og Idrettsforening, "Heia STIF!", seld for 200 kr. Dette er halve prisen av det boka kosta då den vart lansert i november 2003. Om du ikkje har sikra deg ei bok bør du gjere det før den vert utseld.

 

Bokprosjektet har gått med overskot takka vere godt boksal og positive sponsorar, og kvar bok som vert selt framover gjev difor STIF ei rein inntekt på 200 kr.

   

Her finn du info om innhaldet i boka. Her kan du sjå kven som er omtala i boka, og på kor mange sider dei er omtala på. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og boklanseringa. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og forfattaren. Her kan du lese kva to nøgde bokkjøparar skreiv på Fritt ord på Svelgen.no etter å ha lese boka i 2003/2004.

   

Boka kan også bestillast hos Aktiv Jobb KF (tidlegare Bakarhuset):

- epost: arnelofh@start.no  

- telefon: 57792320

- postadresse: Aktiv Jobb KF, Bremanger kommune, 6721 SVELGEN

    

I tillegg til bokprisen på kr 200, vil det koste kr. 90 å pakke/sende boka, uansett om du bestiller ei eller to bøker.


Påmelding innan 19/10, men etteranmelding til 1 time før start

Riseløpet søndag 23. oktober 17.10.2005

I samband med markeringa av Svelgen Turn- og Idrettsforening sitt 75års jubileum 21.- 23.oktober, vil vi be inn til RISELØPET 2005.  

   

RISELØPET 2005 vert arrangert søndag 23. oktober kl.14.00. Tidlegare var dette eit fast arrangement i fleire år.

   

Riseløpet 2005 har start ved Svelgen Idrettshus. Fyrste del av løpet går på asfaltert veg opp til Risevatnet, deretter vidare på anleggsveg langs nordsida av vatnet til vendepunktet og retur attende til Svelgen Idrettshus. Løypa er ca 9 km lang.

   

Det vert sett opp konkurransklasse, med vanleg klasseinndeling og ein mosjonsklasse.

 

Premiering til alle.

 

Startpenger konkurranseklasse kr.100,00

 

Startpenger mosjonsklasse kr. 50,00

 

Påmelding innan 19.oktober til STIF v/Ingvald Ytrehus, Spettebakken 5, 6723 Svelgen.Påmelding kan og sendast via e-post: ingvald.ytrehus@enivest.net

 

Startpenger bes betalt til kto.3776.30.11462 innan påmeldingsfristen.      

 

Etteranmelding fram til 1 time før start

Vel møtt i Svelgen!!

     

Store delar av Riseløpet går langs idylliske Risevatnet (biletet).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Frank Ryland


Frå sommar til vinter på ei veke 17.10.2005

Temperaturen i Svelgen har gått frå over 20 til 0 grader på ei veke. I natt var det frost og mange vakna til frosne bilruter.

Det kalde klare veret gir mange fine skuer.

På bildet ser vi månen spegle seg i Smørhamna måndag kveld.

Men husk også at det er glatt på vegane!

Det er meldt fint ver også tysdag med ni grader, sol og blå himmel.


Kjøp Bremanger-genser via Svelgen.no 17.10.2005

Du kan no bestille den nye Bremanger-gensaren som Reidun Øvrebotten Vaagan har designa via eiga side her på Svelgen.no. Trykk på linken til venstre. Ein god julegåve ide til den som har alt?


Elkem-sjefen går - Thestad tek over 17.10.2005


Elkem-sjef Ole Enger stiller sin plass til disposisjon, skriv VG nett i dag.
Mandag morgen ble det bekreftet at Orkla viderefører sitt eierskap i Elkem, Sapa og Borregaard.
Elkem-sjef Ole Enger stiller sin plass til disposisjon som følge av dette.

Administerande direktør og tidlegare produksjonssjef ved Silgrain Elkem Bremanger,  John G. Thuestad,  blir Elkemsjef etter Enger. Les meir.


Statsråd frå Bremanger! 17.10.2005

Heidi Grande Røys (SV) frå Kalvåg blir fornyelsesminister, medan Liv Signe Navarsete (Sp) vert samferdsleminister i Jens Stoltenberg si regjering melder NRK.

Dermed får Bremanger både ein statsråd og ein Stortingsrepresentant. Erling Sande er vara for Navarsete på Stortinget og kjem inn på Sogn og Fjordane benken.


75-årsmarkering komande helg 16.10.2005

Komande helg skal det markerast at Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) i år er 75 år. Idrettslaget har lagt opp til ei markering som strekk seg frå fredag 21/10 til søndag 23/10. Arrangementskomitèen har lagt opp til eit program med noko for ein kvar alder og smak. Svelgen.no har tidlegare synt eit førebels program, og vi vil truleg kome tilbake med eit detaljert program i løpet av få dagar. Hovudkomitèen for 75-årsmarkeringa består av Svein Arne Sandvik, Olav Ommedal, Johanna Halse, Bjørg Didriksen og Kåre Myklebust, og i tillegg er om lag 10 personar med og hjelper til i lag med Hovudstyret og gruppeleiarane.

 

Om du ønskjer å vite meir om korleis det gjekk til at interessa for aktiv idrett kom til Svelgen, om korleis det gjekk til at STIF vart stifta, og litt om aktiviteten i STIF i stiftingsåret 1930, klikkar du her.

 

Nedanfor ser du dei fire karane som vert rekna som initiativtakarar til stiftingsmøtet 8. september 1930; f.v. Kaare Kjølberg, Alf Midtbø, Lauritz Midtbø, og Alf Zachariassen. Førstnemnde har ikkje nær familie i Svelgen i dag, medan Alf Midtbø var far til Dagfrid Øverland, Lauritz Midtbø var far til Gunnar Midtbø, og Alf Zachariassen var far til Tor Zachariassen og Synnøve Rebni. Nemnde her er berre næraste etterkomarar av initiativtakarane som i dag bur i Svelgen.


Fotball herrar

Gaular og Florø 2 til 5. divisjon 16.10.2005

Etter at vinnarane i dei fire 6. divisjons-avdelingane har møtt kvarandre innbyrdes, er det no klart at Gaular og Florø 2 heilt sikker rykker opp til 5. divisjon, der Svelgen TIF held til. Florø 2 sikra opprykk ved å slå Lærdal 3-2 i dag, ein kamp som for øvrig vart dømd av STIF-dommar Thor Kristian Sortevik (biletet). Sidan 5. divisjon 2005 mangla eit lag, tyder mykje på at Lærdal, som vart nr. 3 i kvalifiseringa, også rykker opp. Sjå tabell.

 

Når det gjeld nedrykk frå 4. divisjon er det alt klart at Tornado Måløy FK 2 neste år spelar i 5. divisjon, ettersom dei enda sist i 4. divisjon. Bremanger enda nest sist i 4. divisjon, og er avhengig av at både Jotun Årdalstangen FK reddar plassen i 2. divisjon, og at Stryn vinn kvalifiseringa for opprykk til 2. divisjon, om dei skal vere sikre på å unngå nedrykk. Askvoll/Holmedal enda 3. sist i 4. divisjon, og er avhengig av at enten Jotun Årdalstangen eller Stryn klarer sine oppgåver framover. (mandag 17/10 vann Jotun Årdalstangen over Brann 2, og berga dermed plassen i 2. divisjon. Les meir her. ).

 

Korrigert 19/10: Når det gjeld nedrykk frå 5. divisjon vil ingen lag rykke ned om Stryn rykker opp i 2. divisjon. Om dei ikkje greier det vil Hyen rykke ned.


Dr. Shanker AS med eiga heimeside 16.10.2005

Selskapet Dr. Shanker AS har fått eiga heimeside - med e-post tjenester til listepasienter til Shanker, diverse nyheter med meir. Trykk linken og sjå den nye sida.
 
 

Spelar til dans 22. oktober

Steinar Engelbrektson Band på hotellet laurdag 16.10.2005

I mai i år spelte Steinar Engelbrektson Band opp til dans på Svelgen Hotell. Den kvelden var det nærast utselt på hotellet, og det var stor stemning heile kvelden.

Laurdag 22. oktober er Engelbrektson tilbake på Svelgen hotell og spelar til dans. Meir info her.

 

Sjå også heimesida til Steinar Engelbrektson Band.


Bra vèr i veka som kjem 14.10.2005

Etter at det stort sett har regna i månad etter månad i Svelgen, syner vèrvarselet at det fram mot neste helg skal bli nærast nedbørsfritt. Det vil også bli ein del sol framover.

 

Biletet nedanfor, frå Storefossen mot Svelgen og Nordgulen, vart teke på ein av dei få dagane i september med godvèr.

 

Redaksjonen i Svelgen.no ynskjer lesarane ei god helg!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Frank Ryland


Avtroppande regjering vil gi Bremanger mindre 14.10.2005

Etter den sitjande regjeringa sitt budsjettframlegg blir Bremanger kommune ein av taparane her i fylket, melder NRK Sogn og Fjordane. Dei presenterer denne lista over taparane: Gulen, Solund, Aurland, Bremanger, Leikanger, Lærdal, Førde, Naustdal og Hornindal.

Leikanger vil få ein nullvekst med dette budsjettframlegget.

Vinnarane er desse: Vik, Fjaler, Vågsøy, Årdal, Flora, Hyllestad, Høyanger, Balestrand, Luster, Askvoll, Gaular, Jølster, Selje, Eid, Gloppen og Stryn.

Ny Bremanger-gensar 14.10.2005

 Det såg lenge ut til at den velkjende Bremanger-gensaren ikkje ville bli sett i produksjon igjen. No har designaren Reidun Øvrebotten Vaagan tatt opp att tråden.

 

Gensaren vart først bestilt av jaktlaget Over Stokk og Stein 1994. Reidun Øvrebotten Vaagan, som opphaveleg kjem frå Kjelkenes, sat seg ned å teikne plagget som etterkvart har varma over 600 bremangerar over heile landet. Ho er til dagleg lærar i design og tekstil på Elverum Vidaregåande skule.

- Eg leita lenge etter nokon her oppe frå Bremanger til å strikke gensaren, men det har eg diverre ikkje lukkast i, fortel Reidun som har hyrt inn Mary Barung frå Elverum til å gjere jobben.

No håpar ho at den nye Bremanger-gensaren kan bli like populær som den førre. Les heile saka i papirutgåva i Fjordenes Tidende.

 


Lova vekk tomt to gongar 14.10.2005

 

Teknisk seksjon i Bremanger lova vekk samme tomt til to ulike interessentar. No må politikarane avgjere kven som skal få den – pensjonistparet eller småbarnsfamilien.

 

I meir enn ni år har den siste ledige tomta i byggefeltet Hamrane på Naustneset i Svelgen stått ledig. For nokre veker sidan oppsøkte to interessentar teknisk seksjon om lag samstundes. Dei to snakka forskjellige kommunetilsette, og begge fekk lovnad om tomta. Les heile historia i Fjordenes Tidende i fredagsavisa.

 


Jakke funne på fotballbana 13.10.2005

Ei ny blå Skogstad-jakke er funne på fotballbana, str. 140. Eigaren kan kontakte Wenche på tlf. 95080303


Ann Siri spelar til dans på Lasse`s laurdag 15/10 10.10.2005

Laurdag 15. oktober spelar Ann Siri til dans på Lasse`s i Svelgen. Interbooking skriv følgande om Ann Siri:

 

"Ann Siri Amdahl, tidligere frontfigur i okesteret Rosita satser nå på egen hånd. Hun har i de siste ti årene med Rosita hovedsakelig sunget countrymusikk, men viser her at hun også behersker andre stilarter.Med mange års erfaring innenfor bransjen vet hun hva publikum vil ha av musikk, og satser nå på kjente låter som folk har et forhold til innenfor ulike sjangre.

   

AnnSiri har vært med på ulike arrangement, sunget på festivaler både i Norge og Sverige, gitt ut cd, og har jobbet i studio med andre artister. AnnSiri satser på pubjobber, og spilling til dans på litt mindre lokaler. AnnSiri har en natulig og sjarmerende utsråling på scenen og får lett kontakt med sitt publikum. Hennes stemme er det mange som har lagt merke til i de årene hun har reist rundt og underholdt.AnnSiri er også en av landets få kvinnelige trubadurer."


Kraftig vind i Svelgen siste døgna

Garasjerekke teken av vinden i Svelgen 10.10.2005

Fire garasjar på Brakkhaugen i Svelgen blæs av grunnmuren, og vart flytta om lag 40 meter, før dei stoppa i vegen til Kvelve. Heldigvis vart ingen treft av garasjene. Det er NRK Sogn og Fjordane som melder dette. Les meir og sjå bilete hjå NRK S. og Fj. 

 

Det har blæse kraftig i Svelgen dei siste døgna. Ved Elkem Bremanger blæs ein kraftig slange mellom renseanlegget og sjølve verket ned laurdag kveld.

Sjå fleire bilder og les meir i dagens Fjordenes Tidende.


Vil brannsikre Sandetunnelen 09.10.2005

Dersom det blir løyvd ekstra fylkesvegmidlar, prioriterer regionvegsjefen brannsikringsutstyr i Sandetunnelen i Svelgen, melder NRK Sogn og Fjordane.

Prosjektet er eitt av tre som kan få ekstra midlar. Dei andre er ny ferjebru på Værlandet ferjekai og ny Håkesundet bru i Askvoll.

 

Det meste av fylkesvegmidlane til og med 2008 går til bygginga av fastlandssambandet til Ytre Gulen. Strekninga Aa - Ommedal i Hyen får 3,7 millionar kroner pr år til og med 2008, og 14,8 millionar i 2009.


Hjelpekorpset i aksjon 09.10.2005

Hjelpekorpset vart laurdags morgon i sjutida, varsla ut til eit transportoppdrag i området Sandsegga - Hennøysetra.

Ein person trengde hjelp for å komme seg ned frå fjellet.

Grunna vindforhold var det lenge tvilsomt om helikopter kunne komme så korpset vart varsla ut for å transportere personen på båre til Svelgen.

 Hjelpekorpset stilte med 5 mannskap, ilag med to ifrå Helse Førde ambulanse.

 Hjelpekorpset kom fram samtidig med luftambulansen. Pasienten vart frakta ut med helikopteret frå luftambulansen, melder Svelgen Røde Kors. Sjå link til venstre. (Bildet er frå ei øving tidlegare i år)

 

 

 

 

 

 

 


Utdanningsmesse i idrettshuset 09.10.2005

Torsdag vart alle ungdomsskuleelvane invitert på utdanningsmesse i Svelgen Idrettshus.   

Det er første gong Svelgen skule har tatt initiativ til dette. Koordinator og lærar Trudi Lyngstad Vågene kunne seie seg vel nøgd med prosjektet og vart imponert over arbeidet dei vidaregåande skulane og lokale verksemdene hadde lagt ned i arbeid for å få til fine stands.

Det møtte både lærarar og elevar frå dei vidaregåande skulane i Florø, Sandane, Jølster og Førde.

- Det er viktig for dei unge å sjå ulike alternativ for vidare utdanning. Nesten så tidleg som mogeleg vil eg seie. For Svelgen sitt vedkomande er det også viktig å sjå at vi faktisk har mange ulike arbeidsplassar å satse på, seier Trudi Vågene.

 På arbeidsgjevarsida møtte både INC, Elkem, kommunen, Brødrene Mundal, Sparebanken Sogn og Fjordane og  fleire andre.

Elevane fekk litt sponsorgåver og mykje informasjon. Dei fekk prøve seg på ulike oppgåver og ikkje minst snakka med elevar som er tatt til på vidaregåande skule. 

Bildet:   Malin Leirvik (f.v.), Frode Bjørkedal og Magnus Gulhaugen går alle på Jølster vidaregåande skule. Dei er så fornøgde at dei gjerne rår Elise Eikeland (t.h.) og Henriette Frøyen om å ta til på skulen der.

Les meir og sjå fleire bilder i Fjordenes Tidende måndag.


Skattelister for Bremanger 09.10.2005

Måndag kan du sjå lista over dei 40 mest formuande og dei 20 med høgast inntekt i papirutgåva av Fjordenes Tidende. Det kjem stadig fleire svelgarar til listene. Her kan du sjekke skatten, på skatteetaten sine eigne sider.


Firdaposten sine bilete frå KM i friidrett 09.10.2005

Under KM i friidrett i Florø for nokre veker sidan tok Firdaposten ein del bilete frå stemnet, og mellom dei var det fleire bilete av svelgarar. Mellom anna biletet nedanfor som syner STIF-trenar, Ingvald Ytrehus, som roa ned eit lite augneblink mellom øvingane. Ytrehus går forhåpentlegvis på ein ny sesong som trenar for friidretten i STIF i 2006, noko som i så fall vil verte hans 32. sesong på rad som STIF-trenar.

 

Her kan du sjå dei andre bileta.

 


Bilete av STIF-dommarar frå Norway cup 08.10.2005

Arrangørane av Norway Cup har lagt ut ein biletserie med bilete av dommarane på verdas største fotballturnering i 2005. Linken finn du her.

 

Stian Holm finn du på bilde nr. 9, 15, 19 og 80, og Øyvind Grindheim på bilde nr. 22. Kanskje er dei på fleire andre også. Biletet nedanfor syner Øyvind Grindheim i aksjon på Norway Cup 2004.

 


Heimsida til skulen 07.10.2005


På heimesida til skulen er det lagt ut mange nye saker frå veka som gjekk.
Ta deg ein tur inn og sjå, ved å klikke her.


Ann Irene på plass i Bremanger Vekst 07.10.2005

 

Ann Irene Eliassen Myrheim (37) er Bremanger Vekst sin nye vegvisar og døropnar.  Måndag var ho på plass i den nye jobben. – Eg gleder meg heilt vanvittig, seier ho til Fjordenes Tidende fredag.

 

Ho har farta Norge rundt både i jobb og utdanningssamanheng, og meiner ho med det har lagt grunnlaget for å utføre draumejobben på draumeplassen.

- Eg kjem opphaveleg frå Odda, og det er veldig likt Svelgen. Ein industriplass som samlar folk frå alle delar av landet, seier Ann Irene som har jobba i her tidlegare.

 Då ho arbeidde ved Elkem Bjølvefossen vart ho overflytta til Elkem Bremanger ein periode som distribusjons- og marknadskoordinator. Året i Svelgen viste seg å bli eit lukketreff. Der traff Ann Irene kjærasten Harry Gulestøl. Dei flytta til Oslo, men har lengta oppatt sidan den gongen.

 

Ho søkte jobben som dagleg leiar i vekst-selskapet sist gong den vart utlyst. Også den gongen syns Hardanger-jenta at det var draumejobben. At ho søkte då stillinga på nytt dukka opp, viser at ho ikkje er typen som gir opp så lett. No er ho på plass i Rise Næringsbygg i Svelgen og nesten boblar over av energi og virketrang. Les heile intervjuet i Fj.T.


Ledig stilling ved Bygg- og Reinholdsservice 06.10.2005

Bygg og reinholdsservice søker etter administrativ medarbeider. Sjå Stilling Ledig til venstre. Trykk på logo for heimeside.

Ledige stillinger på INC Svelgen 05.10.2005

Sjå Stilling Ledig til venstre, eller sjå annonsa her.

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse 04.10.2005

Tenesta for psykisk helse i Bremanger kommune har laga eit arrangement i høve verdensdagen for psykisk helse den 10.oktober.

   

Les meir på kommunen sine nettsider.

 


Nær svindla ved bilsal via internett. 04.10.2005

Geir Leirvik frå Svelgen var nær ved å bli svindla då han skulle selje bilen sin via internett.
               
Les meir hjå NRK S. og Fj.

ÅRSMØTE I SVELGEN SKULEMUSIKK 04.10.2005

Det vert årsmøte i Svelgen skulemusikk tysdag 18. oktober 2005 på Svelgen skule.

SAKER:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Godkjenning av sakliste.
  3. Val av møteleiar.
  4. Val av referent.
  5. Årsmelding.
  6. Rekneskap.
  7. Budsjett2005/2006.
  8. Innkomne saker.
  9. Val.

Saker til årsmøtet må vere melde til styret innan fredag 14. oktober 2005.

For styret i Svelgen skulemusikk

Trudi Vågene

- leiar -


UTDANNINGSMESSE I IDRETTSHUSET 04.10.2005

 

 

TORSDAG 6. OKTOBER SKAL SVELGEN SKULE ARRANGERE UTDANNINGSMESSE I IDRETTSHUSET. ULIKE BEDRIFTER VIL VERE REPRESENTERTE OG FLORA VIDAREGÅANDE SKULE, FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE, ØYRANE VIDAREGÅANDE SKULE OG MO/JØLSTER VIDAREGÅANDE SKULE STILLER OGSÅ. TIL SAMAN VERT DET 15 UTSTILLARAR.

 

MESSA ER OPEN FOR ALLE, OG DERSOM DE ER INTERESSERTE I Å SJÅ KVA SOM FOREGÅR I IDRETTSHUSET DENNE DAGEN, HADDE DET VORE FINT OM DE TOK EIN TUR INNOM.

 

VI HÅPAR Å FÅ  TIL GOD AKTIVITET DENNE DAGEN, OG AT MANGE BESØKER DEI ULIKE STANDANE.  DETTE KAN VERE EIT GODT HØVE TIL Å SKAFFE SEG (MEIR) KUNNSKAP OM DEI ULIKE STUDIE-RETNINGANE PÅ DEI VIDAREGÅANDE SKULANE, OG Å STILLE MANGE SPØRSMÅL VEDKOMANDE UTDANNING OG LOKALT NÆRINGSLIV.

 

MESSA TEK TIL KL. 1000 OG SLUTTAR KL. 1400. DET VIL BLI HØVE TIL Å KJØPE MAT OG DRIKKE.


På Svelgen Hotell

Olav Stedje spelar til dans i Svelgen fredag 7. oktober 03.10.2005

Fredag 7. oktober (førstkomande) spelar Olav Stedje opp til dans på Svelgen Hotell. Les meir her. 

 

Olav Stedje treng vel eigentlig ingen nærare presentasjon. Etter 6 sølvplater (over 25.000 selde) og spelemannspris er han etterkvart vorten "folkeeige". Stedje kom for alvor i rampelyset da han på slutten av syttitallet begynte samarbeidet med "LAVA". Sidan kom låtane på rekke og rad: "Ta meg med, Vi vandrar saman, Ein nordmann sin draum" o.s.v.

 

Les meir her.


Elkem avgjerd i desember 02.10.2005

 

Konsernstyret i Elkem skal avgjere om Solar-satsinga skal leggast til Svelgen eller Kristiansand i desember. Ei eiga arbeidsgruppe jobbar intensivt for Svelgen sitt kandidatur, skriv Fjordenes Tidende fredag.

 Kommande månad skal arbeidsgruppa som jobbar for etablering av silisiumproduksjon til solceller møtast for å legge endeleg strategi for å få fabrikken til Svelgen. Leiinga ved Elkem Bremanger, ordførar Kåre Olav Svarstad, næringsavdelinga i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Innovasjon Norge, NHO og LO er med i gruppa.

 

- Eg jobbar no med ei ”fortrinnsanalyse” der rammevilkåra for satsing kjem fram. Dette håpar vi skal påverke konsernstyret i rett retning, seier ordføraren. Arbeidsgruppa har no ein eksakt dato å jobbe fram mot, men regjeringsskiftet problematiserer arbeidet deira ein del.

 

Han har no sendt brev til Elkem Bremanger der han gir beskjed om at verket ikkje får bruke parken i sentrum til industri slik dei søkte om.

- Vi har ikkje høve til å omregulere eit område utan at det føreligg konkrete planar. Det har vi gitt beskjed om, samstundes som vi har foreslått bedre areal som allereie er regulert til næring. Mellom anna i Breivika. Eg trur Elkem Bremanger i utgangspunktet ville ha eit disponibelt areal å vise til, og det har dei jo no. Vi har foreslått at dei kan få opsjon på området i Breivika dersom det er interessant, seier Kåre Olav Svarstad.  Meir i Fjordenes Tidende fredag.

 

75-årsmarkeringa til STIF

Jubilèumslotteriet til STIF har starta 01.10.2005

Loddbøker til jubilèumslotteriet er no lagde ut hjå Statoil og Sparebanken, og STIF vil også selje lodd ved COOP.

    

Mange av premiane er utstilte, og fleire vil kome til, på ”coopen” og i banken. Det vert svært mange flotte premiar av høg verdi og god kvalitet, som t.d. sykkel, stormkjøkken, fiskeutstyr, STIF-overtrekksdress, badebasseng, dyne, ryggsekkar, stort verktøysett, diverse elektrisk verktøy, båtreise, middag for to, rulleskøyter, gratis avis abonnement, collegegenserar, reisevesker, akvarell, DVD-spelar, og mykje mykje meir fint.

     

STIF håpar svelgarane og andre støtter flittig opp om 75-årsjubilèumslotteriet.

Trekninga vært under 75-årsmarkeringa i Svelgen Idrettshus laurdag 22.10.05, og tidspunktet for trekninga er kl. 16.00.

    

Om du ikkje bur i Svelgen og vil støtte STIF med å kjøpe lodd, ta kontakt med familie, slekt eller kjende, og be dei kjøpe lodd for deg.

    

Med helsing
STIF sin jubilèumskomitè


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars