Arkiv Des 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Frekke tjuvar:

Stjal veden som Ingvald skulle selje til inntekt for Friidrettsgruppa 31.12.2003

"Som den eldsjela Ingvald Ytrehus er, både som trenar og leiar i friidrettsgruppa, bestemte han seg for å selje delar av veden til inntekt for gruppa. Han kappa, kløyvde og stabla veden under ein plastpresenning."

"- Eg lagra vedstabelen ved utkøyrsla til Sørdalsvatnet. Eg fekk kommentarar frå folk om at eg burde flytte den, så den ikkje skulle bli stolen, og jammen fekk dei rett. For eit par veker sidan oppdaga eg at halvparten av veden var vekk, seier Ytrehus."

Dette var eit utklipp frå Firdaposten, les meir på linken under.

Firdaposten


GODT NYTT ÅR!! 30.12.2003

Redaksjonen i Svelgen.no ynsker alle eit retteleg godt nytt år.

Håper de føl oss vidare ut i det nye året, og at de vil vere med på å gi bidrag på Fritt Ord sida og på Ris & Ros!


Bridge :

Svelgenpar på 3. plass i Juleturneringa i Førde 29.12.2003

BK Syver'n var representerte med Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen i den årlege Gildecupen som gjekk av stabelen i Førde søndag 28. desember. Dette blei ei svært spennande turnering etterkvart og føre siste runda leia Dahl og Damstuen. I siste runda møtte dei brørne Jim Idar og Sven Olai Høyland som opprinneleg kjem frå Gulen. Begge desse er stormeisterar og av dei mest meritterte spelarane i Noreg. Dei har også ved fleire høve representert Noreg internasjonalt. Det var difor ikkje heilt overraskande at paret gav skikkeleg motstand, og når resultatlista førelåg etter siste spela viste det seg altså at desse gjekk forbi Svelgenparet og vann turneringa. Dahl og Damstuen vart forbigått av endå eit par og havna til slutt på 3. plassen.

Førde Bridgeklubb

Tidenes Sogndal-lag:

Arild Førde fikk 64 stemmer 27.12.2003

Firda offentleggjorde laurdag resultatet av kåringa av "Tidenes Sogndal-lag". Med 64 stemmer kom svelgaren Arild Førde (t.v. på bildet) på 20. plass i kåringa. "Førsteelvaren" bestod av 5 spelarar som var med på laget i 2003, Asle Hillestad, far og son Bakke, og tre Flo-karar. Forsvaret, der Arild Førde spelte, bestod av 3 spelarar som framleis spelarar på Sogndal. Eirik Bakke fekk flest stemmer, av dei over 300 som stemte, med 227.

Atle Torvanger, opprineleg frå Bremanger, kom på 15. plass med 99 stemmer, og Jermund Skartun, no busett i Sørgulen, fekk 26 stemmer. Skartun spelte på Sogndal frå 1976 til om lag slutten av 80-talet. I følgje ein nettstad spelte han samla 28 kampar i eliteserien i åra 1982 og 1988, og han scora 2 mål. I 1976, då Sogndal tapte cupfinalen for Brann, satt 16 år gamle Skartun på innbyttarbenken. Skartun var kjend som ein svært rask kantspelar, men var diverre svært utsett for skadar.


10-årsmarkering for Svelgen Idrettshus 27.12.2003

Under ei markering, i samband med Molleyturneringa laurdag, vart det markert at Svelgen Idrettshus i desse dagar er 10 år. Leiaren i STIF, Svein Arne Sandvik, heldt tale og mimra litt om kampen som STIF førte i 20 år for å få idrettshallen. Vidare litt om den fantastiske dugnadsinnsatsen som bygdafolket la ned under bygginga av huset, og om drifta av huset som også er basert på dugnad.

På biletet under ser ein dei åtte personane som STIF heidra under markeringa. F.v. Magne Kjerpeseth, Einar Gjerde, Gunnar Midtbø, Olav Ommedal, Kolbein Halse, Arne Loftheim, Hans Rune Strandos og Per Åge Bueie. I ein artikkel lenger nede på denne sida kan du lese kva desse eldsjelene har gjort for idrettshuset.


Friends vann Molleyturneringa 27.12.2003

Under Molleyturneringa laurdag var det Friends, med kaptein Vibeke Kjerpeseth, som gjekk til topps. Dette laget vann turneringa for fire år sidan, og har dei siste tre åra tapt finalen. I finalen slo dei Turtelduene, med kaptein Monica Larsen, 35-30. Julestjernene, med kaptein Knut Arild Fløtre, slo Klaskarane, med kaptein Frank Midtbø, i bronsefinalen. Den vidare rekkefølgja vart: 5. Julebrus 3,90 (kaptein Geir Roger Løvseth). 6. Silosyre med noko attåt (kaptein Sylvi Mari Fløtre). 7. Terje, bror hass og noken andre (kaptein Terje Rebni).

Også dette året var det Frank Midtbø, Frank Hatleset og Frode Hessvik som stod for arrangementet, som også dette året vart svært vellukka. Dette var den 18. Molleyturneringa som vart arrangert, og dette er eit populært tiltak i romjula både for dei aktive og publikum. Mange av kampane, som varde i 20 minutt, var svært jamne, og det vart synt mykje godt volleyballspel. Utfordringa vert neste år å få med dei yngste spelarane i bygda slik at turneringa også i framtida kan ha stor opplslutnad.

På biletet under ser ein vinnarlaget Friends. Bak står familien Kjerpeseth, f.v. Frode, Vibeke, Jan Erik og Magne. Framme f.v. Maria Svarstad, Bjørn Gunnar Rosvoll, Fredrik Varpe og Trond Hatleset.


Nedbørsrik julemånad 26.12.2003

Medrekna fredag 26/12 har det kome nedbør i 40 døgn på rad i Svelgen. I desember månad har ein passert 400 mm nedbør, og ein er då langt over normalen.

I følgje DNMI sitt vèrvarsel for Svelgen vil det i dagane som kjem fram mot nyttår kome nedbør dei fleste dagane. F.o.m. søndag 28/12 vil det verte rundt eit par minusgrader, og mindre nedbørsmengder. Det kan vere greit med nokre cm snø når rakettane vert avfyrte nyttårsaftan...


NORGESPREMIERE I SVELGEN!

Kaptein Sabeltann 26. desember 25.12.2003

Svelgen kino har fått Norgespremiere på den nye filmen om Kaptein Sabeltann 26. desember! Ta med heile familien på romjulskino 2. juledag kl. 1800. Aldersgrense 7 år (Litt skummel for dei aller minste..)

Litt om filmen:

Verdens tøffeste sjørøver er tilbake. Med ny helaftens tegnefilm, for første gang på kinolerretet.

Den kjente piraten, alla barnas Sabeltann, sjørøveren fra Kjuttaviga, presenteres for føste gang på kino. Her er tegnefilmen om kongen på havet. Kaptein Sabeltann: Ingen tør å nevne hans navn. Han er havets skrekk, nattens hersker og kjent overalt som den største sjørøveren på de 7 hav. For Sabeltann er det en ting som teller, han er alltid på jakt etter gull. Pinky er en ung gutt som bare kjenner en eneste verden. For Pinky er Kaptein Sabeltans ord lov, og den unge, lojale dekksgutten vil aller helst vise noen og enhver at han har alt som skal til for å bli en vaskeekte sjørøver. Snart kjenner Kaptein Sabeltann lukten av gull, og han skjønner at han er på sporet av noe stort. Vil han finne den store skatten?


Julefeiring i Mikronesia 25.12.2003

Mannskapet S/Y Naomi, med kaptein Jostein Eimhjellen i spissen, har no lagt ut eit nytt reisebrev på heimesida til Naomi. Klikk på linken under og velg Nyheter.

Naomi

Julehelsing og kommentar frå Mundal til Eimhjellen 25.12.2003

For ei tid tilbake sende Jostein Eimhjellen, som er på jordomsegling, inn eit innlegg på Fritt ord på Svelgen.no om kostnadstabbar i kommunale byggeprosjekt. Eimhjellen kom også med nokre forslag til korleis han meinte kommunen kunne få orden på desse problema. Han utfordra også kommunepolitikar Gunnar Mundal til å få desse forslaga politisk vurdert, og han såg gjerne at han fekk tilbakemelding frå Mundal.

No har Mundal sendt inn kommentar og julehelsing til Eimhjellen via Svelgen.no, og dette kan du lese på Fritt ord t.v. på denne sida.


God jul 24.12.2003

Redaksjonen i Svelgen.no vil ønskje alle lesarane, i inn- og utland, ei riktig god jul.

Fotball

STIF møter Førde 2 i serieopninga 24.12.2003

I følgje Fotballkrinsen sitt første utkast til terminliste for 5. divisjon 2004, ser det ut til at STIF møter Førde 2 i første kamp. Serieopninga vert i følgje utkastet på Svelgen stadion onsdag 21. april.

I følgje dette første utkastet vil STIF i hovudsak få laurdags- og onsdagskampar.

På biletet under ser ein f.v. Svein Arve Steinset (17) og Mads Nesbakk Kvam (18). Desse to har, i lag med mellom andre Andre Gjerde (19), Thor Kristian Sortevik (18), Tom Erik Løvseth (17) og Gisle Tolstadløkken (17), sagt at dei vil satse på spel i 5. divisjon for STIF. Det er svært gledeleg at desse unge spelarane held fram i STIF. Sortevik er tilbake i STIF etter eit år i Bremanger IL. Trenar Trond Hatleset vil ha over 20 spelarar i stallen når treningane tek til over nyttår.


I Svelgen Idrettshus 3. juledag:

Hugs Molleyturneringa og 10-årsmarkeringa 23.12.2003

Laurdag 27/12 kl. 1400 tek Molleyturneringa til, presis kl. 1715 vert det ei markering av 10-årsjubilèumet til Svelgen Idrettshus, og om lag kl. 1730 vert det finale i Molleyturneringa.

Fleire lag har allereie meldt seg på, og det er høve til å melde seg på fram til 2. juledag kl. 1600. Sjå påmeldingsinfo lenger nede på denne sida.


Mildt og regn juleaftan i Svelgen 23.12.2003

Etter at det natt til måndag og måndag, fall ein god del tørr og fin snø i Svelgen, var det nok mange i bygda som håpa på kvit og kald juleaftan. Men neida, i følgje eit vèrvarsel som Meteorologisk Institutt har utarbeid for Svelgen, skal det slå om til plussgrader midt på dagen tysdag, og om kvelden og natt til juleaftan skal det regne ein god del. Samstundes er det meldt om lag 5 plussgrader, så det vert nok slapsejul i Svelgen i 2003... Men vèrvarsla har jo slått feil før, så det er jo lov å håpe på kvit jul.

Vèrvarselet fram mot den 28/12 synder at det vert 3-5 plussgrader og regn/regbyger.


Midthjell trente STIF-jentene att 22.12.2003

For andre gong på under ein månad stilte Marit Renate Midthjell måndag sporty opp og trena fotballjentene til STIF. Som forrige gong hadde småjentene og jentene ei økt først, før lillejentene avslutta. På eit noko dårleg bilete ser ein Midthjell (i midten framme), lillejentene, trenar Svenn Os og sønene hans, som var så heldige at dei fekk løyve av Midthjell til å vere med på treninga i lag med lillejentene.

Svelgar tilsett i suksessbedrift 22.12.2003

I Firda kan ein lese ein artikkel om dataverksemda ELIS frå Dale i Sunnfjord. Øistein Sagmo, busett i Svelgen, er ein av bedrifta sine mange dyktige medarbeidarar

Firda

Volleyball

STIF slo Tambarskjelvar 20.12.2003

I ein 2. divisjonskamp torsdag slo STIF Tambarskjevar 3-0. Dette Naustdal-laget bestod av spelarane som tidlegare i år vart nr. 2 i NM for 15-åringar. STIF, som har eit lag med ein snittalder på over 30, hevdar at "eldst er best" framleis. Evigunge Espen Sortevik er ein av fleire veteranar på STIF.

2. div. S og Fj

Markering av at idrettshuset er 10 år 19.12.2003

Det er i desse dagar 10 år sidan Svelgen Idrettshus vart offisielt opna. Dette vil STIF markere i samband med Molleyturneringa laurdag 27/12.

Kl. 1715 vert det ei enkel markering av jubilèumet, og det vert også heider til personar som har stått på for idrettshuset. Kl. 1730 vert det finale i Molleyturneringa.

STIF kjempa i 20 år før huset kom, og håpar svelgarane vil møte fram for å markere 10-årsjubilèumet.

STIF Hovudstyret


Volleyball

Molleyturneringa 19.12.2003

Molleyturneringa vert i år arrangert laurdag 27/12 i idrettshuset.

STIF oppmodar venar, familie, arbeidskollegar e.l. om å stille lag. Einaste kravet er at kvart lag skal ha minst to jenter/damer.

Turneringa tek til kl. 1400, og finalen tek til ca kl. 1730. Kl. 1715 vert det ei markering av at idrettshuset er 10 år. Det vert kiosksal.

Påmelding til følgjande Frank`ar: Midtbø 57793700, Hatleset 57795549 / 91616698 eller Ryland 57793593 / 95921180 innan 2. juledag kl. 16.

Arrangør: Volleyballgruppa i STIF


144 mm nedbør på tre døgn 19.12.2003

Ved EEB har ein siste tre morgonane målt heile 144 mm nedbør. Onsdag vart det målt 29 mm, torsdag 72 mm og fredag 43 mm.

Spektrum i kveld:

Manson traff Svelgen-jente 18.12.2003

Airin Alfredsen Førde (15) har kul i panna etter at ho vart treft av ei flaske som Marilyn Manson kasta ut i salen under konserten i Oslo Spektrum i kveld.

- Kulen i panna gjere meg ingenting, seier Airin til Svelgen.no.

Ho og systra Carina og venninna Tamara stod langt framme under konserten med den kontroversielle artisten. I ei pause mellom to songar drakk Manson vatn og slengde den halvfulle flaska ut mot publikum og traff Svelgen-jenta.

Men ho er like glad, fortel ho frå hotellrommet på Oslo Plaza.

- Eg er eigentleg berre lei meg for at eg ikkje fekk med meg flaska. Det hadde vore ein fin souvenir, seier ho - litt blå og oppsvulma i panna.

Ho legg til at konserten elles var ei stor oppleving med stort sceneshow og flott musikk.


- Illojalt mot kommunen 18.12.2003

- Det er sterkt beklageleg at vi no står nesten på bar bakke, og nærast illojalt overfor Bremanger kommune, meiner Roar Førde (H), etter at Geir Gjørsvik og Tom Joensen no prøver å "kuppe" næringskontoret, skriv Firdaposten.no. Her orienterer Geir Gjørsvik kommunestyret. Roar Førde med ryggen til.

Firdaposten

EEB blant dei billigaste på nettleige 18.12.2003

Straumleverandørane i Sogn og Fjordane er blant dei dyraste i landet når det gjeld nettleige.

Det finst likevel unntak i her fylket. Årdal Energi opererer med 27 øre i effektiv nettleige, og Elkem Energi Bremanger er enda billegare med 23,9 øre/kWh, ved eit årleg forbruk på 20 000 kWh. Desse er dermed blant dei billegaste selskapa i landet.

Sunnfjord Energi tek aller mest, med om lag 40 øre per kilowattime. Det er nesten dobbelt så mykje som abonnentane til Hålogaland Kraft i Nordland må betale, melder nrk.no. (ieh)


Ledig stilling i open omsorg 18.12.2003

Det er ledig ei fast 50 % sjukepleiarstilling i heimesjukepleien i Davik frå 09.02.04. Sjå Stilling Ledig.

Nissefest

Hei hå no er det jul igjen! 18.12.2003

Vi minner om følgande melding frå barnehagane i Svelgen:

Tradisjonen tru held barnehagane i Svelgen nissefest fredag 19. desember.

Vi skal synge utan for Sparebanken ca 10.45 og inne Rådhuset. Dersom veret er bra vil vi traske mellom butikkane i sentrum og synge. Vi vonar at folk kjem og ser på nissefylgjet som består ca 100 små og store nissar.


SØNDAG 21.12.

Kill Bill Volume 1 18.12.2003

Førstkommande sundag viser Svelgen kino den mykje omtala filmen Kill Bill Volume 1. Filmen har 18 års aldersgrense.

Litt om filmen: Quentin Tarantinos lenge etterlengtede fjerde film er en episk, todelt fortelling om en kvinnes jakt på rettferdighet. I Kill Bill - Vol. 1 er tittelfiguren, spilt av David Carradine, en for det meste usett og skummel skikkelse som ligger og vaker over historien, en gåtefull mann som har organisert en elitegruppe kalt Deadly Viper Assasination Squad, eller DiVAS.


STIF-boka til sals mange stadar 17.12.2003

Historieboka "Heia STIF!" kan ein no kjøpe mange stadar i nærområdet. Her følgjer stadane utanfor Svelgen boka er i sal: Ålfoten Nærbutikk, Førde Sport i Førde, Sparebanken Sogn og Fjordane sine kontor i Kalvåg og i Bremanger, og frå ut på dagen torsdag vil den også vere i sal hos Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø. I Svelgen er boka til sals på mange ulike salsstadar.

Prisen på boka er 395,- og den kan også bestillast på telefon 57792320 eller på mail: arnelofh@start.no
Porto og ekspedisjonsgebyr på kr 90 kjem i tillegg om boka må sendast.


Siste reis for Værøy 17.12.2003

Mange svelgarar hugsar nok ferja "Værøy", som i mange år gjekk i rute mellom Kjelkenes, Smørhamn og Florø. Denne ferja har sidan 1992 gått i rute mellom Askvoll og Bulandet. Då vegen mellom Bulandet og Værlandet opna onsdag denne veka, var tysdag 16/12 siste dagen til "Værøy" før den no går i opplag.

Ferja vart bygd i 1974, og trafikkerte Frøysjøen i mange år deretter.


10-årsjubilèumet vert market under Molleyturneringa 17.12.2003

I samband med at det 19. desember 2003 er 10 år sidan Svelgen Idrettshus offisielt vart opna, vil STIF markere dette under Molleyturneringa 27. desember. Denne tradisjonsrike volleyballturneringa vil tidlegare på dagen gjere seg ferdig med innleiande kampar og sluttspel, men vil før finalen ta ei om lag 15 - 20 minutts pause på eit tidspunkt som vil bli offentleggjort seinare. Under denne pausa vil STIF markere 10-årsjubilèumet med mellom anna litt historikk, og heider til dei som har stått på for huset før og etter det vart opna. Etter denne markeringa vil volleyballfinalen starte og dei frammøtte vil få sjå god og spanande idrett.

STIF håpar at svelgarane vil kjenne si besøkelsetid, og vil ta del i markeringa av jubilèumet for idrettshuset som STIF og bygda kjempa i 20 år for å få bygd.


Svelgen Idrettshus 10 år 19. desember 17.12.2003

Fredag 19. desember er det nøyaktig 10 år sidan idrettshuset i Svelgen offisielt vart opna i 1993. På biletet under ser ein Svelgen Idrettshus fotografert i 2002 (foto: Frank Ryland).
Mange kjenner nok ikkje til/hugsar ikkje den lange, tunge og harde kampen STIF og folket i Svelgen måtte kjempe for å få idrettshall i bygda. Her følgjer kort fortalt ein del fakta om denne kampen:

Dei første papira ein har funne om ønsket om idrettshall i Svelgen stammer frå årsmøtet i STIF 23/11-1972, då det nyvalde styret vart oppmoda om å sende brev til kommunen om idrettshall og 25 m symjebasseng i samband med ungdomsskulen som var under planlegging i bygda. Også i 1973 var idrettshall og symjebasseng oppe i styremøter i STIF, men det var først i 1976 at STIF sette ned ei eiga nemnd som skulle jobbe med løysing av idrettshallproblema i Svelgen. Denne nemnda bestod av Arne Loftheim, Ragnfred Ommedal og Knut Øverland. I 1977 vart Anne Lise Haugen vald inn som kommunen sin representant i nemnda. Denne nemnda jobba jamt og trutt med idrettshallsaka fram til 1984, og STIF prøvde med jamne mellomrom å få oppnemnd ei kommunal plannemnd.

15. februar 1984 vart Arne Loftheim og Knut Øverland frå den tidlegare nemnda, og Hans Rune Strandos og Ragnar Kjøsnes valde inn i den nye nemnda for idrettshall. Også denne nemnda stod på og utgreia ulike halløysingar m.m. I 1986 vart det endeleg valt ei kommunal plan- og byggjenemnd for idrettshus i Svelgen. Denne bestod av Arne Loftheim, Knut Øverland, Johanna Midttun, Einar Kjerpeseth og Knut Frøyen. I mai 1987 kalla STIF inn til folkemøte om idrettshallsaka, og her la plannemnda fram skisser/utkast med romprogram for 3 ulike halløysingar. Desse alternativa var bygging i fjell, utviding av eksisterande gymsal og frittståande hall. Også utviding av samfunnshuset var ei stund eit alternativ. Etter dette tilrådde STIF m. fl. at plannemnda skulle jobbe for eit frittståande hallalternativ.

På biletet under ser ein Arne Loftheim fotografert i 1986 med planane som då låg føre om utviding av eksisterande gymsal (i bakgrunnen). Loftheim var den fremste forkjemparen for idrettshall i Svelgen, og han var mellom anna leiar for alle tre nemndene (inkludert den kommunale plannemnda) som var nedsett for å arbeide for idrettshall i bygda. Loftheim vart i 1994 æresmedlem i STIF, og innsatsen for idrettshall var ein av mange grunnar til at han vart utnemnd (foto: Hans Jørgen Gallefoss).
Også Knut Øverland gjorde ein stor innsats for at Svelgen skulle få idrettshall, og han var medlem i alle tre nemndene som jobba for hallen. Då idrettshuset skulle byggjast fekk Øverland det faglege ansvaret for dugnadsarbeidet, og ein slik kyndig person var ein heilt avhengig av å ha for å få løyve til å gjere så mykje på dugnad som STIF ønskte.

Mot slutten av 1980-åra gjekk kampen for idrettshall svært tungt, då STIF og plannemnda ikkje kom nokon veg i høve til å få løyvingar frå kommunen. Per Åge Bueie, som var leiar i STIF f.o.m. 1987 t.o.m. 1990, la ned svært mykje godt arbeid for at Svelgen skulle få idrettshall. Heilt sidan 1972 hadde også symjehall stått på ønskelista til folket i Svelgen, men på slutten av 80-talet vart det bestemt at idrettshall skulle verte byggjesteg nr. 1. I 1990 vart det tent eit nytt håp om idrettshall, og debatten vart kveikt på nytt då det kom fram forslag om å bygge ein storhall på 40 x 60 m. I 1991 arrangerte STIF eit nytt folkemøte, og etter dette møtet vedtok STIF at dei framleis ville satse på ein idrettshall på 23 x 44 m. I eit brev til kommunen 15/1-92 stadfesta STIF at foreininga ville ta på seg dugnadsarbeid for inntil 1 089 000 kr. På denne tida var gymsalen på skulen i svært dårleg forfatning og mellom anna truga kommunelegen med å stenge salen.

På nyåret 1992 blussa det opp ein voldsom debatt framfor eit budsjettmøte kommunestyret skulle ha 12. februar. Grunnen til dette var at sentrale personar i kommunen ville gå inn for grendahus/skule i Ålfoten føre idrettshall i Svelgen, dette til trass for at sistnemnde stod først på prioriteringslista. Til det omtala budsjettmøtet mobiliserte STIF og svelgarane voldsomt, det vart lagt opp til demonstrasjon utanfor kommunestyresalen, og butikkane stengde under denne demonstrasjonen. Og svelgarane svikta ikkje, då det møtte fram om lag 400 personar mellom Rådhuset og "Brunosten". Då kommunestyret opna møtet med å spasere til synfaring i gymnastikkavdelinga på skulen, følgde svelgarane etter i eit stort folketog med plakatar og slagord. Under kommunestyremøtet synte det seg at den sterke mobiliseringa hadde gjeve resultat: Då det vart klart at ein ville gå inn for å byggje idrettshall i nær framtid, og det vart løyvd 1 mill. kr til dette, braut det ut både jubel og applaus blant dei 100 tilhøyrarane det var plass til inne i kommunestyresalen. Etter mykje fram og tilbake vedrørande val av byggherre, teikna kommunen 1. mars 1993 kontrakt med Lønnheim om å byggje ein idrettshall, inkludert skytebane og to squashhallar, til ein kontraktsum på kr 9 546 500.

Ettersom STIF hadde forplikta seg til å bidra med over ein mill kr i dugnad, sette STIF ned ei gruppe som skulle koordinere dugnadsarbeidet og skaffe økonomiske midlar. Til denne gruppa valde STIF Hans Rune Strandos, Einar Gjerde og verksdirektør Jon Karlsen. Denne gruppa fekk mandat av STIF til å knytte til seg teneleg personar, og tok då med seg Magne Kjerpeset og Knut Øverland. Denne gjengen gjorde ein kjempejobb og bidrog sterkt til at STIF nådde målet på 1 089 000 kr og vel så det. Svelgarane synte svært stor dugnadsånd, og ein del var faktisk med om lag kvar dugnadskveld pluss litt til. I denne samanheng kjem uttrykket "Ingen nemt - ingen glemt" til sin rett. Det vart også på dugnad laga kaker og kaffi til dei som deltok på sjølve dugnaden. Skilttavla, som no heng i gangen i idrettshuset, gav fleire hundre tusen i inntekt. Øyvind Flaten, som var leiar i STIF i 1992 og 1993, gjorde også ein god jobb i kampen for idrettsbygget.

Den 19. desember 1993 vart Svelgen Idrettshus offisielt opna, og dette vart markert ved at ein inviterte til folkefest i idrettshuset. Her møtte det opp om lag 1000 personar, og etter ei storstilt opning av huset vanka det gratis rømmegraut, spekemat, kaker, kaffi, brus m.m. på alle som var tilstades. Dette var sponsa av det lokale næringslivet.

Det var stort for STIF og Svelgen å få eit eigna idrettslokale etter 20 års kamp. Spesielt for Volleyballgruppa, som hadde lidd mest under dei kummerlege forholda i gymsalen. Herrelaget slepp no å reise til Florø, Eid eller Kolset for å spele heimekampane. Og etter kvart tok gruppa på seg å arrangere store turneringar som KM, DM og sjølvaste junior-NM. Også Fotballgruppa og Friidrettsgruppa arrangerte flittig turneringar og stemner. Eit av dei store arrangementa i idrettshuset si 10-årige historie vart halde 7. desember 1996, då Bremanger Smelteverk heldt julebord for alle sine tilsette og pensjonistar med følgje. Idrettshuset var flott pynta, og mellom anna Jon Eikemo underheldt. På dette julebordet var det nærare 700 gjestar. Idrettshuset har også vore nytta til både konsertar og stordansar.

Om lag ved årsskiftet 93/94 sa Gunnar Midtbø og Kolbein Halse seg villige til å vere gratisarbeidande vaktmeistrar for STIF i idrettshuset. Dette gjorde at STIF i åra 1994-2001 kunne trekkje frå 40 000 kr på husleiga, og i åra 2002-2003 vart denne innsatsen verdsett til 50 000 kr. Om ein summerer dette, kan ein slå fast at Kolbein og Gunnar har jobba dugnad for STIF for 420 000 kr i desse ti åra !!! Dei har i alle desse åra vore til uvurderleg hjelp for både dei som har nytta huset, driftsstyret og for STIF. Olav Ommedal, som var ein av STIF sine to representantar i driftsstyret for huset, vart alt første året vald til leiar i driftsstyret. Driftsstyret hadde t.d. i 1995 eit overskot på heile 106 000 kr, og hovudæra for det hadde Ommedal, som la ned svært mykje arbeidsinnsats, tid og krefter i drifta av huset, samt å utvikle drifta av huset vidare. Ommedal har vore leiar av driftsstyret i åra 1994-1997 og 2002-2003 og i alle desse åra gjekk idrettshuset med solide overskot. Desse gode resultata kom STIF, som hovudbrukar, tilgode ved at laget kunne kjøpe utstyr til bruk i hallen, og etter nokre år vart delar av midlane frigjort til drift av STIF. Også Geir Gjerde var i ei årrekkje med i driftsstyret, som STIF sin representant.

På biletet under ser ein dei fire personane som har lagt ned mest arbeid for idrettshall i Svelgen, før og etter den vart bygd: Bak f.v. Olav Ommedal og Arne Loftheim. Framme f.v. Gunnar Midtbø og Kolbein Halse. Biletet vart teke på årsmøtet i 2002, då Olav Ommedal, som den siste av desse fire, vart utnemnd til æresmedlem i STIF (foto: Frank Ryland).
Desse opplysningane er henta frå Svelgen TIF si historiebok, "Heia STIF!", som nyleg vart lagd ut for sal.


Redusert framkomst til butikkar i sentrum 17.12.2003

Torsdag 18.12.03 kl 07.00 - 24.00 vert det graving av grøft mellom Coop Svelgen og Svelgen samfunnshus ved Svelgen Taxi. Dette medfører redusert framkomst og parkeringskapasitet.

Dette er eit hasteoppdrag og vi ber om forståing at vi ikkje med vilje legg dette midt i julestria. Entrepenøren vil skilte omkøyring og sette opp sperring.

Kontaktperson for arbeidet vert Leo Cirotzki, Elkem Energi Bremanger, mobil 95030381.


Svelgen skule takkar 17.12.2003

Svelgen skule vil takke alle foreldre, onklar, tanter og besteforeldre for innsatsen på juleverkstaden. De gjorde ein kjempejobb. Det er godt å ha slike medhjelparar.

Svelgen skule ynskjer dykk alle ei god jul.

Helsing
Svelgen skule
Kåre Myklebust


Barnehagegudsteneste 17.12.2003

Det blir barnehagegudsteneste i Kapellet Onsdag 17. Desember. Den byrjer kl. 10.30 og det er 5-åringane som skal stå for programmet. Alle som vil komme å sjå på / høyre på julespelet er hjarteleg velkomne til dette.

Nytt styre i Bremanger Vekst 16.12.2003

Kommunestyret har no valt nytt styre for Bremanger Vekst. Leiar er Einar Kjerpeseth som tek over etter Per Ytrehus. Elles var desse valde no i føremiddag: Anette Forthun, Liv Marit Bøen, Grete Lund Fløtre, Tor Halse og Erik Løkke Øwre. Etter det Svelgen.no forstår er det desse som skal ta stilling til om stillingane i Bremanger Vekst skal lysast ut på nytt, eller om dei skal kjøpe tenestene frå det nye konsulentselskapet til Tom Joensen og Geir Gjørsvik.

Privat styring av kommunal næringssatsing? 16.12.2003

Geir Gjørsvik og Tom Joensen er no likeverdige partnerar i eit konsulentselskap og via det ønskjer dei å overta styringa av næringskontoret i Bremanger kommune. Saka blir diskutert i kommunestyret i Bremanger i dag. Ved å gjere seg mest mogeleg uunnværlege og for deretter å styre kommunen inn i eit spor der utviklingsselskapet Bremanger Vekst skulle overta næringskontorfunksjonen frå nyttår, har dei fått kommunen inn i ein tilnærma tvangssituasjon, skriv Firdaposten.

Firdaposten

Sluttar i Bremanger Vekst 16.12.2003

Tom Joensen og Geir Gjørsvik vil ikkje forlenge samarbeidet med Bremanger Vekst, trass i at dei sjølve har lagt opp til at kommunen skal bruke selskapet som næringskontor, melder Firdaposten.no i dag.



Firdaposten


Volleyballforbundet omtalar og gratulerer eldsjelene i STIF 15.12.2003

På Norges Volleyballforbund si nettside vert STIF si Volleyballgruppe sine fremste eldsjeler omtala. Også forbundet sitt kontor for Region Midt i Molde gjer det same, og på den linken kan du lese litt om aktiviteten Volleyballgruppa i STIF har hatt i dei 29 første åra. Både forbunds- og regionkontoret nyttar høvet til å gratulere eldsjelene. Sjå linkar.

Volleyballforbundet

Region Midt


Volleyball

Molleyturneringa 3. juledag 14.12.2003

STIF sitt mest tradisjonasrike enkeltarrangement, Molleyturneringa, vert i år arrangert laurdag 27. desember. Så no er det berre å sette i gang å sette saman lag beståande av venar, familie, jobbkollegaar, eller ein kombinasjon av dette. For bedrifter kan dette vere ei "oppkøyring" til INC-Bedrifts Cup, som forhåpenlegvis vert arrangert på seinvinteren. Kvart lag skal bestå av minst to jenter. Svelgen.no kjem tilbake med påmeldingsinfo og starttidspunkt.

Det er i år 18. år på rad Molleyturneringa vert arrangert. Den første vart arrangert i romjula 1986, og kom i stand etter initiativ frå Knut Hollekim. Det året deltok 12 lag i gymsalen, og turneringa gjekk over to dagar. Deltakarrekorden er frå 1999 då 13 lag deltok.

På biletet under ser ein vinnarlaget frå i fjor, Turtelduene. Etter det ein kjenner til har minst fire av desse spelarane ikkje høve til å vere med på årets Molleyturnering, så då må nok dei to andre to på bygda å få seg nye lag.


Firdaposten om den nye leiaren i STIF 14.12.2003

Les kva Firdaposten skriv om STIF og Svein Arne Sandvik.

Firdaposten

AVLYST

Konsert med Musikkskulen 14.12.2003

Måndag skulle musikkskulen halde konsert i storsalen på Svelgen Samfunnshus. Konserten er utsett til etter nyttår av ulike årsakar. Svelgen.no kjem tilbake med tidspunkt.

14.12. kl. 1800

Lille frk. Norge 13.12.2003

Førstkommande sundag viser Svelgen kino den norske filmen Lille frøken Norge kl, 1800.

Litt om filmen:

Det var en gang to små stesøstre som skulle delta i en skjønnhetskonkurranse fordi mor/stemor gjerne ville sole seg i glansen av en vinner. Jentene ble utslitt av masingen hennes, men måtte til pers for å få krone på hodet. Så begynte merkelige ting å skje ...

Det var en gang en liten jente som het Lotte. Hun mistet moren sin i en trafikkulykke, og sammen med faren Helge flyttet Lotte inn hos den tidligere skjønnhetsdronningen Kristin og hennes datter Vendela. Kristin var veldig opptatt av utseende. Denne interessen prøvde hun å overføre til Vendela og Lotte. Helge, en snill, troskyldig og travel livvakt for den vakre dronningen, visste lite om at Kristin forberedte småjentene til Lille Frøken Norge-konkurransen, en skjønnhetskonkurranse for barn. Kristin var veldig opptatt av at Vendela skulle vinne, og hun brydde seg ikke om Lotte. Den onde stemoren bestemte seg likevel for å satse på stedatteren, for to deltagere ville gi enda større sjanser for ære og berømmelse. På konkurransedagen var Kristin opprømt og lykkelig.

Aldersgrense: 7 år

Speletid 1t 28min


Nestegard vaktsjef i Kanal4 13.12.2003

Dag H. Nestegard (35), opprineleg frå Svelgen, er tilsett som vaktsjef i nyheitsavdelinga i Kanal4. Nestegard kjem fra stillingen som presserådgiver for fiskeriminister Svein Ludvigsen, og har lang fartstid i NRK. Nestegard tek til i stillinga 15. desember.

Kanal4 er ein ny reklamefinansiert radiokanal, som startar sine sendingar frå nyttår. Svelgen.no har tidlegare meldt at ein annan svelgar, Bjørn Gunnar Rosvoll, sit i styret til Kanal4.

Les meir i "Kampanje".

Kampanje


Rosvoll og TV2 spent på handballdamene 13.12.2003

Bjørn Gunnar Rossvoll, utflytt svelgar som er salgsdirektør i TV2, uttalar at TV2 vil tape store pengar om dei norske handballjentene ikkje slår Spania laurdag, og dermd ikkje kvalifiserer seg for OL i Athen. Her følgjer eit utdrag frå "Kampanje": "Salgsdirektør Bjørn Gunnar Rosvoll i TV 2 regnet med at et sted mellom 15-20 millioner reklamekroner gikk fløyten da de norske fotballguttene sviktet i den avgjørende VM-kvalifiseringskampen på Ullevål tidligere i høst. Et OL uten håndballjentene vil også påføre TV 2 tapte reklameinntekter i millionklassen".

Les meir i "Kampanje".

Kampanje


Passert 300 selde STIF-bøker 12.12.2003

STIF melder no at 300 av dei om lag 650 bøkene som er til sals er selde. Til denne tid har det vist seg at det er Svelgen Motorsenter (Statoil) som har selt flest bøker av utsalsstadane.

Det har elles vore ein del spørsmål om det er mogeleg å bytte inn att bøker, og til dette svarar STIF at det ikkje vert høve til å levere inn att kjøpte bøker.

På biletet under ser ein den siste av dei to pallane med 350 bøker som STIF byrja å hente bøker av for ei veke sidan.


Ledig stilling som vernepleiar 12.12.2003

Bremanger kommune har ledig stilling som vernepleiar. Sjå ledig stilling.

Heider til eldsjeler 11.12.2003

På årsmøtet i STIF vart dei fremste eldsjelene i Volleyballgruppa si 29 år lange historie heidra. Arne Loftheim, Hans Rune Strandos og Frank Midtbø mottok Norges Volleyballforbund sitt "Heidersmerke i sølv". Denne utmerkinga vert tildelt personar på forbunds-, krets- og/eller klubbplan som har gjort ein spesiell og betydningsfull innsats for volleyballen over tid. Desse tre karane har gjort ein kjempejobb for volleyballen i STIF, og utan deira innsats ville ikkje gruppa kunne feire 30-årsjubileum om eit års tid. Om ein skulle ramse opp detaljane i verva dei har hatt ville det på Svelgen.no teke fleire meter spalteplass, så ein nøyer seg her med ei kort oppsummering.

Arne Loftheim: Var initiativtakar til oppstarting av Volleyballgruppa i STIF, og i løpet av dei første 4 - 5 åra førte han STIF til både NM- gull og spel i landet sin nest høgste divisjon. Var fremste forkjempar for idrettshall i bygda, og kjempa i nesten 20 år før denne kom. Var volleyballtrenar nærmast samanhengande i 20 år, og praktiserte også som dommar i mange år. Var med på stiftingsmøtet for Volleyballutvalet i Sogn og Fjordane, og hadde fleire verv i utvalet og kretsen.

Hans Rune Strandos: Nesten 20 års samanhengande innsats for volleyballsporten i Svelgen, som formann, styremedlem, trenar, og eldsjel. Jobba hardt for realisering av idrettshall, og var dugnadsleiar under bygginga av denne. Fekk fram fleire gode gutelag som hevda seg i NM og på Ekeberg Cup. Har hatt fleire verv innanfor Sogn og Fjordane Volleyballkrins.

Frank Midtbø: Aktiv i volleyballmiljøet i STIF i 25 år som spelar, trenar, dommar, og i styre og stell. Utmerka seg spesielt ved å halde i gang volleyballen i ein periode då barnekulla i Svelgen var særs små. Har vore leiar i Volleyballgruppa i 8 år på rad t.o.m. 2003, og er framleis aktiv som spelar, trenar, dommar, oppmann, organisator, altmuligmann, og eldsjel innan volleyballen i STIF (PS: Midtbø tok for 2004 attval som leiar i Volleyballgruppa).

På biletet under ser ein f.v. Arne Loftheim, Hans Rune Strandos og Frank Midtbø.


Svein Arne Sandvik ny leiar i STIF 11.12.2003

På årsmøtet i STIF torsdag 11/12 vart Svein Arne Sandvik (biletet) vald til ny leiar i Hovudstyret. Sandvik har gjort ein svært god jobb for Fotballgruppa, og då Ørjan Raknes Forthun sa ifrå seg attval var Sandvik ein naturleg kandidat til å overta. Årsmøtet sette stor pris på at Sandvik ville ta på seg det viktige vervet. Sandvik skal framleis site i styret for Fotballgruppa, men ikkje som leiar.

Av hovudsakane nemner ein at årsmøtet bad Hovudstyret jobbe vidare med ballbinge og plan for Svelgen stadion.


FSK-trenaren skryt av Hatlesetarane 11.12.2003

FSK-trenar, Bengt Solheim Olsen, uttala følgjande til Firdaposten om Hatleset-karane, som i fjor spelte for FSK: "- Trond er ein naturleg autoritet i fotballmiljøet, og vil bli ein god trenar. Det neste året blir lett, då han berre treng å gi ballen til veslebroren sin Frank som kjem til å springe frå alle! Med desse to spelarane på laget vil dei kjempe i toppen av 5. divisjon i alle tilfelle. Det er det ikkje nokon tvil om, slår han fast, og gir dermed Hatleset brørne dei beste referansar frå tida i Florø Sportsklubb". Les meir ved å klikke på linken.

Firdaposten

Meir om STIF sitt lag i 2004 11.12.2003

Til Firdaposten uttala trenar Trond Hatleset følgjande: "- Vi har mykje erfaring i frå 3. divisjon i laget, og det vil styrke oss når vi no skal på 5. divisjonsnivået. Dessutan er gjengen som rykte opp i haust ein god stamme å bygge vidare på, seier den nye trenaren og er open på at laget dei no ser ut å få samla, ikkje høyrer heime i 5. divisjon. Han vedgår også at han har andre namn på blokka, men vil ikkje ut med desse endå. Vi får inn forsterkingar i alle ledd, noko som gjer at vi vil kjempe i toppen i år, avsluttar Hatleset".

Ved å klikke på linken under kan du lese meir om kva Firdaposten skriv om trenar Trond Hatleset og STIF.

Firdaposten


Ledig stilling Bygg- og Reinhold 10.12.2003

Bygg- og Reinholdsservice AS i Svelgen har lagt ut stilling som administrativ medarbeidar. Søknadsfrist er 15. desember. Sjå Ledig Stilling.

Stem Arild Førde inn på tidenes Sogndal-lag 10.12.2003

Avisa Firda skal i tida fram til 21. desember kåre "Tidenes Sogndal-lag". Arild Førde, oppvaksen i Svelgen, er lansert som ein av kandidatane til ein plass i forsvaret på dette "laget". Svelgen.no oppmodar lesarane av Svelgen.no til å stemme Førde inn på "laget". Her er det ikkje snakk om å stemme inn ein spelar som ikkje fortener ein plass, tvert i mot, han burde vere sjølvskreven. Men sidan han la opp i 1993 er det mange yngre fotballinteresserte i fylket som ikkje hugsar Førde.

Her er Svelgen.no si grunngjeving for at Førde fortener ein plass på laget: Arild Førde spelte 336 kampar for Sogndal i åra 1984-1993. Han er den einaste forsvarsspelaren på Sogndal som har vore i nærleiken av å bli teken ut på det norske A-landslaget. Dette var då han i 1988 vart teken ut til landskampar mot Brasil og Bulgaria. Diverre kom ikkje Førde på bana i desse to kampane. Ein må her leggje til at Norge på denne tida hadde svært mange gode forsvarar. I 1988, då Sogndal gjorde sin beste prestasjon i eliteserien (nr. 6), var Arild Førde SIL sin klart beste spelar. Han vart den sesongen kåra til den 4. beste spelaren i eliteserien på "VG-børsen", noko som med stor sansynlegheit er den høgste plasseringa ein SIL-spelar har hatt på ei slik kåring i ei riksavis. Arild Førde spelte 4 sesongar i eliteserien, og var mellom anna kaptein i ein av desse (1989).

Om du meinar Førde fortener ein plass på dette laget klikkar du her her og les meir om kåringa. Deretter kan du klikke her og sette opp ditt lag beståande av 11 SIL-spelarar. Det er ikkje lov å sende inn meir enn eit lag i ditt namn, men få foreldre, søsken, vener og andre til å stemme Arild Førde inn på laget.

Som nemnt ovanfor vaks Arild Førde opp i Svelgen. Han spelte 151 aldersbestemte kampar for STIF i åra 1972-1981, og scora 144 mål i desse. På A-laget spelte han 101 kampar og i desse scora han 76 mål.

På biletet ser ein Arild Førde i aksjon i Sogndal si drakt i 1990. (Foto: Firda)


Også Frank Ommedal gjer come back 10.12.2003

I tillegg til fem andre tidlegare STIF-spelarar, som har sagt dei neste år vil satse på spel i 5. divisjon, har no også Frank Ommedal (30) gjeve beskjed om det same. Ommedal har ikkje spelt fast for STIF sidan i 3. divisjon 2000, bortsett frå nokre få kampar i 2001.

Ommedal er ein rutinert forsvarspelar med 281 seniorkampar for STIF. Med det vert han den 3. mest rutinerte spelaren i stallen komande sesong. Føre seg på lista har han Torgeir Vårdal med 321 kampar, og Frank Hatleset med 290. Martontabellen vert toppa av Øyvind Grindheim med 539 kampar, føre Frank Midtbø (427) og Terje Førde (424).


- Imponert over STIF-boka! 09.12.2003

I eit innlegg på Ris & Ros sida gir Tennebø STIF-boka topp karakter. Han skriv:

Jeg må bare si at jeg er VELDIG IMPONERT over hva Frank Ryland & Co har fått til. Boka er et skoleeksempel på hvordan en slik bok skal være.

Dette må være en alle tiders julepresang, og alle Svelgarar og andre i distriktet bør absolutt lese denne boka.Jeg er kjent for å være en "litt kritisk " person, men her finner jeg ikke noen grunn til å bemerke noe som helst i den retning. Jeg bare gir meg over i beundring at en har klart å lage en så gjennomført god bok.(ieh)

Les meir på Ris&Ros.


Oppfordring til Gunnar frå Solomon 09.12.2003

Jostein Eimhjellen held seg på tida på Solomon øyne, men har på Fritt Ord sida kome med konkrete forslag til forbetring av kommuneøkonomien i Bremanger. Han skriv:

- Eg oppfordrar no politikar Gunnar Mundal til å få dette forslaget politisk vurdert,og tar også gjerne i mot tilbakemelding i saken. Les heile innlegget på Fritt Ord sida vår!


Lite hyggeleg lesing for svelgarar:

Hevdar tungindustrien sin død reddar straumprisane 09.12.2003

"Nedstengninger av kraftkrevende industri, slik Hydro planlegger i Årdal og Høyanger, blir svært viktig for å holde strømprisen nede de neste ti årene. Det er BKKs toppsjef Atle Neteland som tror dette. Han får faglig støtte av økonomiprofessor Lars Mathiesen ved Norges Handelshøyskole (NHH).".

Det er i ein artikkel i Bergens Tidende dei to hevdar dette. Her følgjer nokre utdrag til: "Neteland understreker at dette absolutt ikke er noe industripolitisk ønske fra hans side. Det er rett og slett et nøkternt svar på spørsmål om hva som virkelig kan være med å presse strømprisene de neste ti årene. -Da er det ikke så mange andre forhold som vil påvirke balansen i kraftmarkedet betydelig i et tiårs perspektiv, sier han. Kraftkrevende industri i Norge bruker rundt 25 prosent av all kraften som produseres her til lands. Det skal ikke mye nedstengninger til før dette blir betydelige nye kraftmengder inn i markedet. Dermed kan den brutale virkelighet bli at industristeder som Årdal, Høyanger, Odda, Ålvik og Svelgen blør og bygges ned, mens resten av landet kan glede seg over redusert vekst i strømprisene".

Les meir ved å klikke på linken under.

BT


Årsmøte i Fotballgruppa 09.12.2003

Mandag 8/12 vart det halde årsmøte i Fotballgruppa i STIF. Eit referat frå dette kan du lese på STIF-sida.

Ein nemner her at Arild Sande vart vald til ny leiar i Fotballgruppa, og at Fotballgruppa til årsmøtet i STIF har fremja ei sak om at ein tar opp att saka om kunstgrasbane i Svelgen på ny. Dette årsmøtet vert halde torsdag 11/12 kl. 1800 på Svelgen Hotell.

STIF-sida


Årsmøte i STIF torsdag 11. desember 08.12.2003

STIF avheld årsmøte på Svelgen Hotell torsdag 11. desember kl. 1800.

Tomteprisen til helsesenter kraftig redusert 08.12.2003

I september vedtok plan- og utviklingsutvalet (PLU) tusen kroner pr kvadratmeter i tomtepris ved rådhuset i Svelgen. Tre månader seinare har kommunelege Shanker fått prisen redusert til 95 kroner. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Rekrutteringsmøte i Svelgen SU 08.12.2003

Nyopretta Svelgen SU (Sosialistisk Ungdom) skal ha møte i kantina på Rådhuset, Laurdag 13.12. kl 17:00! Alle mellom 13 - 30 år som er interessert i ungdomspolitikk oppmodast til å komme!

Her er nokre av standpunkta til Sosialtisk Ungdom: Nei til rasisme, nei til EU, betre skule, feminisme, sosialisme, engasjement, nei til krig og urettferdig behandling.

På møtet skal vi rettleie meir om standpunkta til SU. Sosialistisk Ungdom er ungdomspartiet til Sosialistisk Venstreparti. Ta gjerne kontakt med Isabel Grindheim om du lurar på noko. EIN TRENG IKKJE VÆRE MEDLEM FOR Å KOMME, HER BLIR DET MEST KOS!

Hjartleg velkomne!


Trond Hatleset trenar STIF 07.12.2003

Det er no klart at Trond Hatleset (31) vert spelande trenar for STIF sitt 5. divisjonslag i 2004. Hatleset, som siste to åra har spelt for Florø SK i 3. divisjon, var i 1999 spelande hjelpetrenar for A-laget til STIF i 3. divisjon.

Forutan at Trond Hatleset sjølv også vert ei klar forsterkning for STIF, er det også klart at Frank Hatleset (28) neste sesong skal spele for STIF. Hatleset imponerte stort då han i 2003 spelte for Florø SK i 3. divisjon. Det er også gledeleg at Kjell Åge Bueie (29) vil gjere come back etter eit års pause frå fotballen. Også Andrè Hatleset (28) vil satse på spel i 5. divisjon i 2004, og dermed vert alle Hatleset-brødrene samla på same lag for første gong sidan 1999. Andrè Hatleset har ikkje spelt ein heil sesong for STIF sidan han i sesongane 1998-2000 tilsaman scora 37 mål for STIF i 3. divisjon. Thor Kristian Sortevik (18), som i 2003 spelte for Bremanger IL i 4. divisjon, har også gjeve beskjed om at han neste sesong vil spele for STIF, noko som også er svært gledeleg. Det er elles gode sjansar for at STIF får fleire forsterkningar i form av at tidlegare STIF-spelarar velgjer å spele for STIF, og ved at fleire spelarar lurer på å gjere come back. STIF håpar også at alle spelarane som var med på føre laget opp frå 6.divisjon i 2003 vil halde fram. STIF vil undersøke muligheten for å stille 2. lag i 6. divisjon i samarbeid med Bremanger IL.

STIF har endå ikkje bestemt noko endeleg målsetjing for sesongen 2004, men mykje tyder på at laget legg lista høgare enn å behalde plassen i 5.divisjon. Trond Hatleset vil ta til som trenar over nyttår, og fram til den tid vert det fotballspel i idrettshuset fredagane kl. 1930.

På biletet under ser ein f.v. Frank Hatleset, trenar Trond Hatleset og Kjell Åge Bueie.


Teigene bladde opp to million kr til storhall i Florø 07.12.2003

Sparebanken Sogn og Fjordane med banksjef Trond Teigene i spissen gav fredag to millionar kroner i gåve til ny storhall i Florø. Les meir og sjå bilete ved å klikke på linken.

Firdaposten

Volleyball

Tap i første kamp i sluttspelet for Kvendseth & co 07.12.2003

Cal State Northridge, med Unn Kvendseth, på laget tapte fredag 0-3 i første kamp i sluttspelet for universitetslag. Dei tapte med settsfifra 21-30, 22-30 og 26-30 mot Loyola Marymount, som er ranka som nr. 15 blant universitetslaga i USA.

CSUN

Lettare skadd ved utforkøyring 07.12.2003

Avisa firda melder at ei kvinne i 20-åra vart lettare skadd då bilen ho førte, køyrde utfor riksveg 614 mellom Florø og Svelgen laurdag kveld. Kvinna var åleine i bilen då uhellet skjedde.

18 gjekk til gullmerke på turorienteringa 05.12.2003

I følgje STIF sin turorienteringsgeneral, Alf Håøy (arkivbiletet), var det i 2003 18 personar som hadde nok poeng til å få gullmerket. Håøy opplyse at denne noko låge oppslutninga nok skuldast at postane vart lagde ut seinare enn tidlegare år.

Av dei som oppnådde gullmerket har STIF trekt ut tre personar som vil få ein liten oppmerksomhet, og desse er: Espen Sortevik, Rita S Isene og Rune Kjempenes.

Yngste deltakar i 2003 var om lag eit år gamle Emil Bueie, noko som tyder på at løypa var barnevenleg. Postane låg i området Sande - Sandsegga, Sande-Svelgsvatn-Storfossen, og Svelgsvatn-Toppen.

Turorienteringa vart i 2003 lagd ut for 21. gong i regi av STIF. Første gong var i 1976 då Arne Loftheim og Knut Hollekim la ut postane. STIF hatt turorientering på programmet følgjande år: 1976-1985, 1990-1995, og 1999-2003. Bjørg Håøy og John Roald Frimannslund er dei som har delteke på flest, då dei i 2003 gjekk orienteringa for 18. gong. Tor Zachariassen følgjer deretter med nesten like mange deltakingar.


Bell legg ned butikken i Viksdalen 05.12.2003

Avisa Firda skriv at Willy Bell, busett i Svelgen, no har bestemt seg for å legge ned landhandelen S.A.Bell i Viksdalen. Bell, som har drive butikken vidare av nostalgiske grunnar sidan mora døydde i 1989, har ei stund prøvd å selje butikken, samt husværa i same lokale. I følgje avisa starta utsalet av det rikhaldige vareutvalet torsdag 4/12, og Bell rekna med å stenge dørene i slutten av veke 50.

Nytt øvingsutval for yngre i friidrett 04.12.2003

Friidrettsgruppa i STIF, med Ingvald Ytrehus i spissen, har mange unge utøvarar. For neste sesong har Friidrettsforbundet sett opp eit nytt øvingsutval, som syner kva for øvingar ein kan delta i når ein er i ulike aldrar. Dette kan ein sjå ved å klikke på linken under.

På biletet under har Ingvald Ytrehus akkurat gjeve startsignal til f.v. Kim Leirvik, Jørgen Bjørkedal og Mats Dyrstad.


friidrett.no


Halverte prisauken 04.12.2003

Det er for drygt å setje opp vassavgifta til næringslivet med 40 prosent, meiner politikarane i Bremanger. Difor nøyer dei seg med ein prisauke på 20 prosent.

Etter ein lang og grundig debatt vedtok eit samrøystes plan- og utviklingsutval tysdag å gå inn for at gebyret på vatn til industrien skal aukast med 20 prosent i 2004. Dette er halvparten av det prispåslaget som var føreslått av administrasjonen. Vanlege hushald med kommunalt vatn får ein auke på 15 prosent.

Når det gjeld gebyret på avlaup, er den foreslåtte auken berre to prosent. Tilknytingsgebyret blir sett opp med 17 prosent, melder Firdaposten.no

Firdaposten


Søndag 7.12 kl 1600

Nasse Nøff til Svelgen 02.12.2003

Førstkommande sundag viser Svelgen Kino den nye filmen om Nasse Nøff. Etter ønske frå publikum har vi endra tidspunktet frå 1800 til 1600 slik at dei små også kan få med seg Skomakargata på NRK1 kl. 1800.

Altså: Nasse Nøff Søndag 7. desember kl. 1600.

Idet Nasse Nøff legger siste hånd på verket - sin veldig spesielle utklippsbok - går alle vennene forbi huset hans på vei for å samle inn honning. Når Nasse gjerne vil være med å hjelpe til, sier de andre at han er for liten.

Så med en følelse av å være helt udugelig tusler han avgårde for seg selv. Men når det etter hvert viser seg at innhøstingen ikke helt går som planlagt, begir Ole Brumm og de andre se tilbake til Nasses hus.

Her finner de imidlertid ingen spor etter Nasse, men oppdager derimot utklippsboken hans, og blir veldig rørt over å se hvor mye han setter pris på dem. I et forsøk på å spore opp sin gode venn, bestemmer de seg for å bruke historiene som er tegnet i boken som lede... Speletid: 1t 15min


Fylkestoppen på NRK S. og Fj.

Dyrdal og Kruttrøyk på 2. plass 02.12.2003

Kruttrøyk med Jens Petter Dyrdal, ein utflytta svelgar, som vokalist, vart i forrige veke nr. 2 på Fylkestoppen til lokalradioen. Det var 2. gong på rad dei oppnådde den plasseringa. På linken under t.h. kan du høyre låten som dei vart nr. 2 med, og også lese litt om gruppa som nyleg slapp debut-CD`en. Dyrdal har skrive dei fleste låtane på CD`en til gruppa, som er blitt svært så populære rundt om på Vestlandet.

NRK S. og Fj.

Godkjenner tiltak for steinbrotet 02.12.2003

NRK S. og Fj. melder at Fylkesmannen har godkjent planane Bremanger Quarry har for å få steinbrotet på Dyrstad i samsvar med forureiningslova. Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier selskapet får frist til 5. januar med å dokumentere at tiltaka er gjennomførde. Fylkesmannen har tidlegare truga med å stenge anlegget av miljøomsyn.

Godt boksal for STIF 02.12.2003

Bokansvarleg i Hovudstyret i STIF, Leo Cirotzki, opplyser at salet av historieboka "Heia STIF!" går strykande. Cirotzki får stadig vekk telefonar frå utsalsstadar som går tomme for bøker, og han seier at dei har passert 200 selde bøker. Utsalsstadane opplyse at boka ser ut til å vere ei populær julegåve, og at nokre kjøparar handlar både 3 og 4 bøker.

Boka kan no kjøpast på følgjande stadar i Svelgen: Aina`s Blomster og Gaver, Coop, Svelgen Hotell, Statoil, Sparebanken og Bakarhuset.


Utflytt svelgar sentral i Easy Connect-saka 02.12.2003

Svenn T. Rylandsholm, oppvaksen i Svelgen, har vore mykje i media siste tida. Dette som leiar i Gloppen Utvikling i samband med at dei tilsette ved Easy Connect på Sandane ser ut til å miste jobbane sine. Les meir og sjå bilde av Rylandsholm på linken t.h.

NRK S. og Fj.

Volleyball

Kvendseth og CSUN til sluttspelet 02.12.2003

Unn Kvendseth frå Svelgen (biletet) og lagvenninnene på Cal State Northridge (CSUN) var blant dei 64 laga som kom med til sluttspelet for dei beste universistetslaga i USA. Big West, serien der CSUN vart nr. 4, fekk med 6 lag, og er dermed rekna som ein av dei beste seriane. I følgje heimesidene til CSUN er det første gong sidan 1996 laget er kvalifisert for sluttspelet.

Laget skal førstkomande fredag møte Loyola Marymount, som er ranka som det 13. beste universitetslaget i USA. Vinnaren av denne kampen møter med stor sansynlegheit USC, som er det beste laget i USA, og som ikkje har tapt ein kamp denne sesongen. CSUN møtte USC i ein mindre viktig kamp tidlegare denne veka, og vann eit sett mot laget, noko få andre lag har gjort før i år.

CSUN


God påmelding til juleborda på hotellet 02.12.2003

I følgje Svelgen Hotell er det berre få plassar att på juleborda 6. og 13. desember.

Billettane til 2. juledag på hotellet vart lagde ut for sal mandag, og vart utselde i løpet av 15 minutt.

1. desember kom det nytt månadsband til Svelgen Hotell, eit 4-mannnsband som etter rapportane skal vere dyktige.

Svelgen Hotell


Spelarmøte senior 01.12.2003

Tid: Fredag 5/12 kl. 1900
Stad: Idrettshuset

Agenda:
- Presentere trenar og støtteapparatet for 2004.
- Kort om sesongførebuing og sesongen 2004.

Det vert mosjonstrening etterpå, om lag kl. 1930.

Fotballgruppa i STIF


Meir om juleopninga i sentrum 01.12.2003

Svelgen.no har tidlegare skrive om tenninga av julegrana, på linken under kan du lese kva Firdaposten skriv om dette.

Firdaposten

Bremanger treng kultursjef 01.12.2003

Bremanger kommune har ledig stilling som kultursjef. Sjå ledig stilling.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept