Sandvik var rask med å takke den avtroppande leiaren for jobben han har gjort som sjef for Svelgen-idretten.

– Ørjan har vore ein stor ressurs for oss, og han har vist eit glø dande engasjement. Han vil bli sakna, seier Sandvik. Arild Sande er valt til ny leiar for fotballgruppa etter nettopp Sandvik. Barneidrettsgruppa blir no leidd av Hege Rossvoll som tok over etter Anita Holm. Leo Cirotzki og Arne Rebni har flytta plass i STIF styret på årsmøtet. Cirotzki er no valt til nestleiar i STIF medan Rebni er leiar for utdanning.

Årsmøtet kunne på møtet torsdag avsløre spenstige planar vidare for klubben og idretten i Svelgen.

Svelgen Stadion

Får STIF det som dei vil, blir kommande sesong den siste med ekte gras under knottane. Tidlegare har STIF lagt fram planar om å realisere eit kunstgrasanlegg på grusbana vis-à-vis der grasbana ligg i dag. Dette har vore eit treningsfelt STIF har nytta dei siste seks åra. Reguleringsplanane for Svelgen sentrum gjer no at den tomta skal nyttast til næringsføremål, mellom dei eit nytt legesenter. Desse planane har gjort at Svelgen Stadion vil ligge der den ligg i dag.

I planane har dei no sett føre seg etablering av ei kunstgrasbane med undervarme slik at graset blir ”en saga blott” i sentrum. Dette trur ikkje Sandvik vil bli problemfylt, snarare ein styrke. Og at bana blir meir brukt meiner han er det viktigaste.

– Vi ser føre oss å lage eit stadion i Svelgen vi kan vere stolte av. Difor har vi sett på fasilitetane ikring når rehabiliteringa blir gjennomført. Vi la ei skisse fram for årsmø tet torsdag og har fått full tilslutning om å jobbe vidare, fortel han.

Marknad

Sandvik trur at eit kunstgrasanlegg med undervarme som kan nyttast heile å ret, vil trekke klubbar frå heile Sogn og Fjordane. I prosjektet ligg ò g tilrettelegging for andre idrettar. Dei ser at dei ikkje vil kunne legge ei l øpebane med internasjonale mål kring fotballfeltet, men vil legge til rette for tekniske øvingar og sprint.

– Vi opplever no ein ny giv i fotballgruppa med ny A-lagstrenar på plass og fleire spelarar som kjem tilbake til klubben. I tillegg til dette opplever vi no at vi har nokre yngre klassar som har eit stort potensial, seier Sandvik og er viss på at det er på anleggssida dei må forbetre seg.

– Idrettshallen har berre kapasitet til halvannan time i veka for dei som vil spele fotball på vinteren, og det er alt for lite, seier Sandvik og veit at dei har alle føresetnader for å lage eit godt anlegg i og med at dei har tilgang på rimeleg energi via den varmtvassleidningen som ligg under Svelgen sentrum.

Balløkke

– I tillegg til rehabiliteringsprosjektet for Svelgen stadion jobbar STIF saman med Bremanger kommune om å få på plass ei ballø kke lokalisert ved Svelgen skule. Også denne vil bli velsigna med undervarme og grønt kunstgras heile året.

NY LEIAR: Svein Arne Sandvik er ny leiar for STIF og skal no gje seg i kast med rehabiliteringsplanane for Svelgen Stadion. Graset skal bort, og eit kunstgrasanlegg med "varmekablar" skal no trekke fotballfolk til bygda.