Arkiv Feb 2014

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Pensjonistlaget takkar ungdommane 28.02.2014

Svelgen Pensjonistlag hadde hyrt inn ungdommar frå Svelgen skule til å servere under årsmøtet tidlegare i veka. Dei takkar for god hjelp, og vonar lønna kjem vel med til Polen-turen!



Spinning i dag kl.17.00 28.02.2014

Eg skal spinne i dag kl.17.00, vil du vere med så møt opp. 

Vibeke:)


Velkommen til eit nytt treningsår i STIF 28.02.2014

 

Det er tid for ny innbetaling av medlemskort og treningsavgift for dei som deltek på treningar i regi av STIF i  Svelgen Idrettshus og på Svelgen Stadion.

  

Fylgjande satsar gjeld for treningsåret 2014:

Medlemskort Pris Treningsavgift Pris
0 - 7 år 100 kr 0 - 7 år 150 kr
8 - 17 år 200 kr 8 - 17 år 500 kr
18 - 59 år 300 kr 18 og oppover 800 kr
Over 60 (livslangt) 100 kr

Kvart 3. barn - gratis

(Dette gjeld kun treningsavgift)
Gjest  300 kr.

Vi har sett opp ein ny sats som heiter Gjest, den gjeld for dei som er heime i feriar og ynskjer å trene.

  

Betal til kontonummer 3776 30 11462.
Hugs å merke innbetalinga med namn og alder på den innbetalinga gjeld.
  

STIF ynskjer alle gamle og nye medlemmar velkommen! 
  

Dersom det er noko du lurer på, ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth tlf. 905 80 055.


Svelgen Rockklubb med Musikk-kafè på hotellet 28.02.2014

Laurdag 15. mars inviterer Svelgen Hotell og Svelgen Rockklubb til Musikk-kafé. Dette vert det første av forhåpentlegvis mange slike arrangement framover!

Vi håpar på solid oppmøte denne kvelden, slik at alle som spelar får anledning til å syne seg fram for så mange som råd. Her vil vi få sjå og høyre eit tverrsnitt av bygda, med både unge og "gamle" aktørar.

Detaljar og klokkeslett kjem seinare! Ta kontakt om du ynskjer å spele!

Vel møtt!

Sal av fastelavensbollar:

 

Fredag 28. februar kan du få kjøpe fastelavensbollar på Bakarhuset!


Sanitetsbasar på Samfunnshuset 1. mars 27.02.2014

Lørdag 1. mars frå kl. 12.00 er det sanitetsbasar på Svelgen samfunnshus.
Sal av kaffi, kaker, brus, årer og lodd. Trekking av bok klokka 1400.
Velkommen!
Arr. Svelgen sanitetsforening

Spinning torsdag 26.02.2014

Det vert ikkje spinning torsdag 27. februar grunna årsmøte i STIF. Det vert trening fredag 28. februar kl. 1540. Dei som vil  på trening fredag må melde seg på slik at vi veit at det er nok syklar til alle.

Hege Iren



Eigedomsskatt

 

I medhald av lov av 6. juni 1975, om eigedomsskatt i kommunane, §15 vert eigedomsskattelistene for Bremanger lagt ut til offentleg gjennomsyn på rådhuset i Svelgen i 3 veker frå 1. mars 2014.

Klage på utskriven skatt må gjerast skriftleg, og innan 3 veker, frå den dag det vert kunngjort at eigedomsskattelistene er lagt ut.

Klagen sendast til:

Bremanger eigedomsskattekontor, Postboks 104, 6721 Svelgen


Årsmøte. 23.02.2014

Svelgen Pensjonistlag held årsmøte på Samfunnshuset - Storsalen - onsdag 26.februar! Sjå saklista på Keipenstova-sida! Vi startar kl.1700.


Årsmøte i Svelgen skulemusikk 24.02.2014

Tid: Tysdag 25. februar 2014, kl 17.30

Stad: Svelgen skule - ungdomsskulen

 

Rett etter årsmøtet vert det informasjon om Italiaturen.

 

 



Attgløymde klede på Firda Billag 24.02.2014

Det ligger en del kle og diverse på Firda Billag Svelgen, dette er kle som er gløymt igjen på bussane. Dette kan hentast på Firda Billag. Det som ikkje blir henta innen 14 mars blir kasta. Dersom ikkje det er folk der, ring 91896513.

Med vennlig helsing Firda Billag


Bakarhuset er stengt fredag 21. februar 17.02.2014

Grunn: Personalsamling. Kafeen er open som vanleg frå tysdag 25. feb.


Svelgen kino 18.02.2014

Tingeling og Sjørøverfeen

      Søndag 23.februar kl.17:00

                  0


Svelgen kino 18.02.2014

The Monuments Men

   Søndag 23.februar kl.20:00

             0



ELKEM KOPP TIL ANDREJ, MARTIN OG MARTIN 17.02.2014

Etter loddtrekning har Andrej Portha vunne kopp ved Risevatnet 3,5 km (nr.792), Martin Nybø ved Risevatnet Vasskaret (nr.234) og Martin Svensson på Gulebrystet (nr.30) GRATULERER!
No i februar kan du vinne kopp i Risevatnet 3,5 km, på Ivervatn og på Sandsegga.
I mars skal vi trekke Risevatnet 3,5 km, Knekkevatn  og Gulebrystet.
VELKOMMEN TIL Å BLI MED.
KEIPEN TURLAG FJELLTRIMMEN




Ledig stilling som driftssjef for teknisk driftseining

 

Stilling med saksnr. 14/296

 

Etter intern omorganisering er det ledig 100 % fast stilling som driftssjef for teknisk driftseining i Bremanger kommune for snarleg tilsetjing.

 

 

Meir informasjon om stillinga finn du under "Ledige stillingar" i menyen til venstre, eller på heimesida til bremanger kommune.

Spørsmål om stillinga kan rettast til teknisk sjef Magnhild Myklebust, mobilnr. 95983000/ e-post mm@bremanger.kommune.no , eller til rådmann Tom Joensen, mobilnr. 47619641/ e-post tom.joensen@bremanger.kommune.no .

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

 

SØKNADSFRIST: 7. MARS 2014.


Påminning. 16.02.2014

Styret for Svelgen Pensjonistlag skal ha møte i morgon - måndag kl.1300 på Keipenstova!

Svelgen kino 15.02.2014

        Lego®filmen

    Søndag 16.februar kl.17:00

        0


Svelgen kino 15.02.2014

         Død Snø 2

     Søndag 16.februar kl.20:00

             0


Ledige stillingar på Bilfinger, Svelgen 15.02.2014

Bilfinger si avdeling i Svelgen har ledige stillingar for elektrikar, automatikar og industrimekanikar. Sjå Stilling ledig til venstre.

Ledige stillingar på Elkem Bremanger 15.02.2014

Elkem Bremanger har ledige stillingar for industrimekanikarar og industrielektrikarar. Sjå Stilling ledig til venstre.


Konserten med Sigrid Moldestad 16. februar 14.02.2014

Det er no berre 19 billettar igjen til konserten med Sigrid Moldestad. . Desse blir selt ved døra i Midtgulen kyrkje. Døra opnar kl. 17.15.

Av omsyn til branntryggleiken er der ei øvre grense på 150 billettar.
Desse må vi halde oss innanfor. Viser elles til at Sigrid si plate blir selt etter konserten. Som fleire av dokke truleg er kjent med så har plata fått god kritikk med terningkast 5 og 6.

 

Kulturkontoret
MI


Hjortemøte på Kolseth skule den 4. mars  kl 1900.

 

Tema:  tildeling i 2014


• Bestandsutvikling
•  Kommunale målsettingar for hjortebestanden
•  Meir kalv og mindre bukk i tildelinga 2014
• 5 årig prosjekt Forvaltning av hjortebestand 2013-2017

 

Foreleser er Arve Århus frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag.
Målgruppe: Valdansvarlige, grunneigarar og jegerar. 


Elevene ved Kolseth skule sel kaffi og kaker.


Mellomtrinnet presenterer musikalen "Stopp! Ikkje mobb!" 12.02.2014

Mellomtrinnet ved Svelgen oppvekst inviterar publikum til musikalen "Stopp! Ikkje mobb! på Samfunnshuset torsdag 13. februar kl. 17.00.

Musikalen er laga av Helle-Ingunn Aaneland og Frode Skålvik. Den handlar om Hilde, ei skuleflink, triveleg jente, som meir enn gjerne hjelper både lærar og medelevar. Nokre i klassen synest det vert for mykje av det gode, og synes ho smiskar fælt med læraren. Etter kvart utviklar det seg slik at Hilde blir plaga jamleg, mistrivast og vil slutte på skulen.

Billett kr. 50 for vaksne og kr. 20 for born.


Velkomen!


Årsmøte i skulemusikken 11.02.2014

Tid: Tysdag 25. februar 2014, kl 17.30

Stad: Svelgen skule - ungdomsskulen

 

Medlemmar i Svelgen skulemusikk og deira føresette vert kalla inn til årsmøte.

 

 SAKER:

1. Godkjenning av innkallinga
2. Godkjenning av saklista
3. Val av møteleiar

4. Val av møtereferent

5. Val av 2 til å skrive under møteprotokollen

6. Årsmelding

7. Rekneskap 2013

8. Budsjett 2014

9. Val

10. Saker som kjem til

 

Omdet er saker de vil ta opp på møtet, må dei vere melde til underteikna innan 11. februar.

 

Vel møtt til årsmøte!

 

Svelgen 21.01.2014

 

Kari Rita Frøyen

-leiar-

 

 



Årsmøteinnkalling 09.02.2014

Årsmøte 2013

 

Tid: Torsdag 27.februar kl. 18.00

 

Stad: Røde Korshuset i Svelgen

 

Ordinære årsmøtesaker:

 

- Årsmelding 2013

- Rekneskap 2013

- Budsjett 2014

- Handlingsplan 2014

- Val

 

Saker til handsaming på årsmøte må vere levert styret innan 13.februar.

 

Styret





Takk frå Samfunnshuset 11.02.2014



Husk sangtimen i dag. Vi starter kl. 11.30 og alle er velkomne!


Konsert med Sigrid Moldestad

 

Det er framleis billettar til konserten med Sigrid Moldestad, 

i Midtgulen kyrkje,søndag 16. februar kl. 18.00.

 

Billettane er å få kjøpt på servicekontoret i Rådhuset.


Svelgen kino 07.02.2014

Det regner kjøttboller 2

     Søndag 9.februkar kl.17:00

             0


Svelgen kino 07.02.2014

The Wolf of Wall Street

      Søndag 9.februar kl:20:00

             0


Aarebrot fylte storsalen - og i april kjem Lahlum 07.02.2014

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, fylte i går kveld storsalen på Samfunnshuset under åpninga av Grunnlovsjubilèet i Bremanger. Tilhøyrarar frå alle delar av kommunen kom for å høyre kva Aarebrot hadde på hjartet. Og det var ikkje lite. I over to timar fekk bremangarane høyre utrulege historier om kva som skjedde før og etter dei skjellsetjande hendingane på Eidsvoll i 1814. Med sin uhøgtidlege og humoristiske stil fenga professoren eit lydhøyrt publikum. Kultursjef Espen Frøysland overrekte boka om Vingen som takk for besøket, og informerte samstundes om at nestemann på podiet er ingen ringare enn Hans Olav Lahlum.  Han er historikar , biograf, kriminalforfatter, sjakkspelar/-dommer/-kommentator og SV-politikar. Han har særleg forska på leiinga i arbeiderrørsla på 1900-tallet, og har utgitt biografiar om  Oscar Torp og Haakon Lie. Han har også utgitt fire kriminalromaner.

Lahlum kjem i april, så følg med på svelgen.no om tid og stad!

Her eit bilde frå pausen i går, der Frank Aarebrot tok ein prat med Thea Irene Rasmussen.





Venezia

 

Forelesninger og studietur

Svelgen Kunstlag og Bremanger folkeakademi fortsetter samarbeidet med Espen Frøysland og inviterer til forelesningar og studietur. Temaet denne gangen blir Venezia.

Før studieturen blir det lagt opp til tre forelesningskvelder i september som er åpne for alle. Disse vil være bygget opp tematisk, og vi skal se på historie, kunst, kultur og arkitektur med Venezia som utgangspunkt. Forelesningene vert holdt på Øyratunet i Svelgen.

Studieturen til Venezia vil inneholde et variert program med byvandringer, museums besøk og kulturopplevelser.

Vi reiser til Venezia i uke 41 med avreise fra Gardermoen søndag 5. oktober. Retur til Gardermoen blir 11. oktober. For mer informasjon, se www.kunsttur.blogspot.com


ÅRSMØTE - BREMANGER ARBEIDARPARTI 04.02.2014

 

 

Aud-Marit S. Sortevik er ny leiar i Bremanger Arbeidarparti .

Styret elles:

Espen Gulliksen - nestleiar

Frank Midtbø - kasserar

Leif - Erik Senneseth - sekretær

Nina Grotle - styremedlem og kvinnekontakt

Merete S. Leirgulen -styremedlem

Per Helge Eikeland - styremedlem

Varamedlemmer til styret: Asle Jonny Førde, Jarle Frøyen, Svein Klævold, Jonvald Naustdal og Kari Rita Frøyen..

Leo H. Husabø-Cirotzki og Anne Lise Gilleshammer hadde sagt frå seg attval .

Resolusjoner frå årsmøtet:

Nettleigeregime - konsekvensar for Elkem AS - Bremanger Smelteverk

Legar sin reservasjonsrett

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

Merknader til Politianalysen

Fv. 616 - Kalvåg - Klubben

Kystvegen

Stadt skipstunell.

Gjestar på årsmøtet var Nils Støyva og Helge Robert Midtbø frå Fylkespartiet.

 

 

 


Har du slike koppar? 04.02.2014

 

Møtekoppane til Svelgen Pensjonistlag. Vi treng fleire! Er det nokon som vil selge eller gje bort? Ta kontakt med Anne Lise Gilleshammer 41413281 eller Keipenstova.

 



17 Mai komiteen for 2014

Vivian Andersen                                    Arve Berle
Astrid Berle                                          Hans Didriksen
Jonny Førde                                         Ole Heimtun                                        
Steinar Isene                                        Rita Isene
Karstein Løvset                                     Deanne Løvset
Anita Løver                                          Frank Midtbø
Bjørnar Mundal                                      Jon Myklebust
Øivind Myklebust                                   Irene Naustdal
Rajan Rajeswaran                                 Hege Rosvoll
Jon Åge Senneset                                  Elin Solberg
Carina Solevåg                                               Sølvi Solvang
Hans Rune Strandos                               Jarle Styve
Hege Iren Svarstad                                Bjørg Heidi Sørpoll
Joar Årøen                                           Trudi Vågene
Eli Tait                                                 Robert Tait
Tore Sørgulen                                       Heidi Synnevåg
Hans Inge Solberg                                 Svein Arne Sandvik
Monica Sande                                       Mona Sagmo
Terje Rebni                                          Roy Vegard Sørgulen
Jonvald Naustdal                                   Silje Myren
Magnar Myklebust                                 Wenche Lind
Kari Anne Jetmundsen                            Håkon Igland


Avlyst tur i dag! 02.02.2014

BT SIN TUR PÅ LANGESI VÆRT IDAG AVLYST. DET ER STERK VIND PÅ LANGESI OG I TILLEGG TIL REGNET VÆRT DET VANSKELEG Å UTFØRE AKTIVITETANE VÅRE. VI KJEM TILBAKE MED SAME OPPLEGGET VED EI SEINERE ANLEDNING.
 
Inger Lise Langedal/Kari Songedal/Deborah Ossenkamp

KomDegUtDag på Langesi 2.februar 01.02.2014


Då er det klart for KomDegUtDag i mårra!

På grunn av forbud mot åpen ild vært det servering av pølse m/brød
på eine hytta ved Langesjø.

 

      

Det er ikkje nok snø til skiaktivitet, men tagjerne med deg rompeakebrett.
Det er lagt opp til quizløype og anna aktivitet.

Både born og vaksne må kle godt på seg då det er vind der oppe.

     
Ta med deg varm drikke og litt niste.

Vi møtast kl 12 ved parkeringsplassen. Vi gler oss!

Ossenkamp/Langedal/Songedal


Søndagsskule i morgon 2.februar 01.02.2014

Velkommen til søndagsskule i Svelgen kapell

 i morgon, søndag 2.februar kl. 11.00. 

 Ta med deg ein venn og kom 

 Helsing Liv og Magni 


Volleyball 3.divisjon 01.02.2014

Søndag 02.02.14 blir det arrangert volleyballturnering for 3.divisjon i Svelgen Idrettshus.
Svelgen stiller med sitt herrelag.
    
Turneringa startar kl. 11. Svelgen spelar sin første kamp kl. 12.
    
Open kiosk.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov