Arkiv Sept 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Husk avlesing av straummålaren 28.09.2006

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at mandag 2. oktober skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om ein er vekkreist på datoen bør ein melde inn standen før ein reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same.

      

EEB minner elles om:

  1. Det er heilt nødvendig å oppgi målarnummeret når ein melder inn målarstanden ved kvartalsavrekning. Målarnummeret finn ein på straummålaren, og på tidlegare straumrekningar.
  2. Bruk epostadresse:  kraftverk.bre@elkem.no   Ein kan og bruke korta som følgde med kalendaren frå EEB, som vart sendt ut ved nyttår. Desse korta er frankerte, og mottakaren vil betale portoen.

  3. Trafikkulukke i Sandetunnelen 28.09.2006

    To lastebilar kolliderte i Sandetunnelen i Svelgen klokka 13.40 torsdag ettermiddag.

      

    Tilstanden den eldste sjåføren, ein 48 år gammal mann, er alvorleg, men stabil.

    - Mannen sat fastklemd ei tid, og måtte skjerast laus. Han vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse, men han skal ikkje vere livstrugande skadd, seier Olaug Holme ved politivakta i Florø.

    32-åringen som køyrde den andre lastebilen vart berre lettare skadd i ulukka, melder NRK Sogn og Fjordane

     


    Tilbyr kraftverk mot aksjar 28.09.2006

    Orkla-konsernet ønskjer å kjøpe seg kraftig opp i solcelle-selskapet Renewable Energy Corporation (REC). Til betaling for desse kan dei tenke seg å tilby kraftverk, blant anna i Bremanger, mot REC-aksjar hos Hafslund Energi. Dette melder Firdaposten.

    Enormt billettsal:

    Vassendguttane i idrettshallen 26.09.2006

     

     

    Dansen med Vassendguttane 6. oktober blir flytta frå Samfunnshuset til Svelgen idrettshall.

    Det har vore ein enorm pågang etter billetter, og det   før arangementet har vore marknadsført i aviser i det heile. I idrettshallen er det god plass, og Svelgen Hotell oppfordrar sambygdingar til å invitere   alle venner og kjente til STOR fest i   Svelgen. Allereie no er 380 billettar revne vekk!

     

    For billett eller overnatting

    Kontakt Svelgen hotell på tlf. 57 79 33 01

    Pris billetter kr 250,-  (ved kjøp på hotellet før fredag 6. oktober kl. 1800)

    Pris i døra kr 300,-


    Svelgen Hotell arrangerer på Samfunnshuset:

    Stordans med Vassendgutane 6. oktober 24.09.2006

    Fredag 6. oktober kjem den kjende og populære Ørsta-gruppa Vassendgutane til Svelgen. Det er Svelgen Hotell som inviterer til stordans på Svelgen Samfunnshus.

     

    I følgje gruppa si eiga heimeside spelar gruppa "fest-country". Gruppa har til no gjeve ut tre CD`ar. Gruppa er ofte å høyre på radio, og mellom dei mest kjende låtane er "Ungkar med dobbelseng", "Hei Reidar", "I ei 60 sone" og "Granada". Den fjerde CD`en kjem i 2007.

     

    Vassendgutane (biletet nedanfor) si heimeside finn du her.


    Friidrett

    Kjempe innsats av STIF på Byrkjelo. 24.09.2006

     

     

    Les meir på STIF si side  her


    Svelgen og Omegn Husflidslag med:

    Kurs i filting med filtnål 23.09.2006

    Tid: Tirsdag 17. oktober kl. 1800 - 2100

    Stad: Bakkevegen 13

    Pris: kr. 250,- inkl. materiell

     

    Lærar: Pamela Dunbar

     

    Kurskveld hvor vi lærer å bruke filtnål til å filte små hjerter, engler og nisser.

     

    Frist for påmelding er 1. oktober.

     

    Ønskjer du å delta? Ring Wenche Lind tlf 98 25 24 43


    Oppstart for Svelgen songlag 22.09.2006

    Svelgen Songlag starter øvingene på Svelgen Skule, musikkrommet, mandag  25. sept. kl 1800.
    Vi håper på mange nye sangere i koret.
    (Se innslag i Firdaposten på lørdag).

    Hjertelig velkommen!

    Styret

    Friidrett

    DM Sunnfjord på Byrkjelo 23.september. 22.09.2006

     

    Friidrettsgruppa til STIF deltar med 16 utøvara på DM no kommande laurdag.

    Les meir på STIF si side  her


    Oppdatering på Svelgen.no 21.09.2006

    Svelgen.no er diverre framleis prega av sjukdomsfråfall. Dersom nokon har nyhende eller meldingar er det berre å sende ein epost til redaksjonen - så skal vi få det på nett. Vi håper at vi veldig raskt er tilbake til daglege oppdateringar på sida vår!

    Påminning:

    Hentefrist på hotellet fredag 21.09.2006

    Svelgen Hotell minner om at hentefristen for reserverte billetter går ut fredag 22. september.

    Førstehjelpskurs for bassengbrukarar 18.09.2006

    Tid:     Måndag 25.09.   kl. 18.00-20.00

    Stad:   Ungdomsskulen. Kurset er gratis. Dette er siste kurset dette skuleåret. Alle må ha kurset for å få utdelt nøkkel.

    Påmelding til Svelgen skule innan:

    måndag 25. september kl. 1200 til telefon 57 79 64 50

     


    Steinar Engelbrektsson band spelar til:

    Dans på Svelgen Hotell laurdag 16/9 12.09.2006

    Laurdag 16. september spelar Steinar Engelbrektsson Band til dans på Svelgen Hotell. Det pågår førehandssal av billettar frå hotellet.

     

    Heimesida til bandet finn du her.

     

    Svelgen Hotell har ein eigen meny for dei som vil gå ut å ete før dansen med Steinar Engelbrektsson band. På menyen står: svinefilet til kr. 150,- og heilstekt ytrefilet med råsteikte poteter og heimelaga bearnaisesaus til kr. 200,-.


    Friidrett

    NCC leikane i Haugesund 9 og 10.september. 11.09.2006

     

    Sogn og Fjordane Friidrettskrins på 2.plass i NCC leikane i Haugesund i helga.

    Svelgen TIF hadde med to utøvere. Les meir på STIF si side  her

     

     


    Nedbørsoversikt for Svelgen 09.09.2006

    Mange svelgarar ser tilbake på sommaren 2006 som den flottaste i "manns minne". Men likevel har det kome noko nedbør også denne sommaren. Juni og juli hadde litt mindre nedbør enn "normalt", medan august var ein av tre augustmånadar sidan 1973 med under 100 mm.

     

    I juni fall det 118 mm nedbør i Svelgen (mot normalt 129 mm), og det meste som fall på eit døgn var 23,7 mm. 13 døgn i juni var utan ein drope i nedbørsglaset til Elkem Energi Bremanger AS, som rapporterer til Meteorologisk Institutt (DNMI). Juni hadde 6 døgn med over 10 mm nedbør.

     

    Tilsvarande tal for juli var 139 mm (155 mm), 19,6 mm, 18 døgn, og 5 døgn.

     

    Tala for august var 94 mm (187 mm), 16,5 mm, 13 døgn, og 5 døgn.

     

    I løpet av dei 8 første månadane av 2006 fall det 1098 mm nedbør, medan DNMI har berekna at det normale for Svelgen er 1308 mm i desse månadane. I frå januar til mai fall følgande nedbørsmengder: 198, 165, 108, 214, og 62 mm. Det meste som har falle på eit døgn i 2006 er 67,3 mm.

     

    Etter ein nokså tørr og flott sommar i Svelgen, har byrjinga på hausten vore rimeleg våt. Dei siste 17 døgna, fram til og med 9/9, har alle hatt kortare eller lengre periodar med nedbør.

     

    Biletet nedanfor syner Svelgen på ein av dei mange flotte sommardagane i 2006.

    Foto: Frank Ryland


    Dans med Pegasus laurdag 08.09.2006

    Vi minner om dansen på Svelgen Samfunnshus laurdag kveld med Pegasus. For dei som ikkje fekk med seg opplevinga i romjula er det sterkt å anbefale at ein tek turen - uansett alder. Dei som var der finn nok heilt sikkert vegen dit igjen. På bildet frå romjulsdansen i Svelgen ser vi Tor Hjalte, Erlend Eidsvik og Nils-Jørgen Sagebø. I tillegg har dei sjølvsagt med seg Janne Linn Myren og Annika Myklebust bak mikrofonen, og Trond Teigene som batterist.

     

     

    Foto: Arild Sagebø


    Stilling ledig ved Hauge skule 06.09.2006

    Det er ledig stilling som lærar og assistent ved Hauge skule i ytre Bremanger. Sjå stilling ledig til venstre.

    Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

    Svelgen fekk ein 9. plass 05.09.2006

     

     

    Svelgen Røde Kors Hjelpekorps deltok i NM for hjelpekorps 1-3 september. Laget frå Svelgen gjorde ein god innsats.

    Les meir på sida til Svelgen Røde Kors

     


    Treng du ved til vinteren? 05.09.2006

    Kontakt Friidrettsgruppa v/ Ingvald Ytrehus : Telf. 57 79 36 82  

    Les meir på STIF si side  her


    Friidrett

    Regionale Ungdomsleikar; 2 med frå STIF 05.09.2006

     Les meir på heimesida til STIF her

     

     

    Bilde er fra krinskampen på Byrkjelo tidligere i sommer.

     

    Fra venstre : Daniel Hessvik Holm og Pål Valberg                                                                                             


    Friidrett

    KM og Krinsleiker i Florø, 2-3.september 04.09.2006

    Les meir om Svelgen TIF resultater fra KM og Krinsleikane på den

    nye heimesida til STIF   her

     

    Resultat lista  finn du her

    Resultat for 60m final G13år og stafett G13/14år   finn du her


    Kattunge funnet 03.09.2006

    Kattunge funnet på riksvegen på Rise, ta kontakt med Yvonne Løvseth tlf: 57795650


    Arkivoversikt
    2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
    2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept