Arkiv Nov 2007

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Mot verste nedbørsår "nokon gong"?

Om nedbøren i november 30.11.2007

I november fall det i Svelgen 387,7 mm nedbør, medan normalen for månaden er 318 mm. Berre 3 døgn var utan nedbør, og 45,7 mm var det meste ein målte på eit døgn.

Når ein månad står att av året, har det så langt i 2007 falle 3260 mm nedbør. Nedbørsrekorden for eit år, med tal heilt tilbake til 1939, stammar frå 1990 då det fall 3704,2 mm. Om det fell 444 mm i Svelgen i desember, vert denne rekorden slegen. Til samanlikning fall det 646 mm i desember 2006, og normalen for julemånaden er 293 mm.

EKSTRA ORDINÆRT Årsmøte 29.11.2007

  

Svelgen Turn og Idrettsforening

 

Vert halde på Svelgen Hotell mandag 10.12.2006 kl 18.00.

 

Les meir på STIF si side  her

    


Danske skapte trafikkproblem 27.11.2007

Vi har hatt to episodar med den same danske trailereren i Bremanger i dag. Først hadde sjåføren problem ved Magnhildskaret på riksveg 614. Her hamna bilen utfor vegbana, og stod og blokkerte vegen i to timar, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vereide fortel at bergingsbilen fekk den uheldige dansken opp på vegen igjen, og at sjåføren så fekk på kjettingar.

- Kanskje trudde han at her er like flatt som i Danmark, for han hadde tatt kjettingane av igjen og fekk dermed problem i møtet med ein annan bil like utanfor Svelgen. Det kan verke som at sjåførane er for seine med å ta på kjettingar viss dei har med seg kjettingar i det heile tatt, seier ein lettare oppgitt operasjonsleiar.

Pressemelding frå Bremanger kommune: 27.11.2007

Vi vil sikre kommunen sine interesser

Bremanger kommune har sidan 2001 investert framtidige kraftinntekter gjennom Terra Securities. Dette har skjedd på bakgrunn av orienteringar og råd frå Terra, der også forventa resultat og risiko er blitt vist. Kommunen er blitt førespegla låg risiko og årleg meiravkastning. Terra har heile tida uttrykt at plasseringane var innanfor rammene i gjeldande lovverk og kommunen sitt reglement.

Beløpet som er plassert i amerikansk obligasjon har hatt eit   kurstap, men det er   ikkje knytt   garantiklausular til plasseringa slik det gjer for 4 kommunar i Nordland.   Bremanger kommune har eit anna og betre produkt enn Nordlandskommunane, ifølge Terra. Vi ønskjer å kvalitetssikre dette og har difor engasjert finansiell- og juridisk rådgjevar gjennom Wassum Investment Consulting og advokatfirmaet Thommesen i Bergen.

Rådgjevarane arbeider no med å avklare situasjonen for kommunen sin investering. Kommunen avventar råd og vurderingar. Vi ber om forståing for at saka er komplisert og at vi gjer vårt beste i samarbeid med rådgjevarane . Vi arbeider for å sikre kommunen sine interesser best mogleg og håpar at vi skal kome ut av dette utan tap.

Ordførar vil på vegne av kommunen sterkt beklage den usikre situasjonen som har oppstått. Kommunen har nytta sin mangeårige samarbeidspartnar Terra, som vi over tid har bygd et tillitsforhold til. Vi ser no at denne tilliten er grovt misbrukt. Ordførar - på vegne av kommunestyret -   vil overfor innbyggarane i kommunen beklage at vi har latt oss føre bak lyset på denne måten.

Svelgen 25. november 2007

Kåre Olav   Svarstad    

ordførar

           

 


- Lurt trill rundt av Terra 27.11.2007

Bremanger-rådmann Tor Kristian Gulhaugen seier Terra lurte han trill rundt.

- I ettertid ser vi at vi ikkje burde hatt noko som helst å gjere med Terra. Når vi ser korleis dette utviklar seg, er det jo tydeleg det, seier Gulhaugen til NRK Sogn og Fjordane .  Rådmannen inngjekk avtale om kjøp av amerikanske obligasjonar til 170 millionar kroner. Ifylgje Gulhaugen sa Terra at investeringane hadde låg risiko. - Kommunestyret har vedteke at kommunen kan investere i produkt med låg risiko. Det har vi gjort klart for Terra. Terra har fått både vedtaket vårt, og økonomireglementet vårt. Dei står fast på at det er eit lågrisikoprodukt vi har investert i, hevdar Gulhaugen. Rådmannen tek sjølvkritikk for situasjonen kommunen har hamna opp i. - Eg beklagar at det har utvikla seg slik. Vi burde ikkje vore der vi er no, understrekar han. Til Firdaposten seier Gulhaugen  at han i ettertid klart ser at avtalen burde vore sjekka betre.


KJEKS TIL JUL? 27.11.2007

10. klasse er i desse dagar i gang med å selge kjeks/karameller. Inntektene frå salet skal gå til inntekt for klasseturen våren 2008 med Aktive fredsreiser til Polen. Dersom du ikkje har fått besøk av kjeksselgarar, men kunne tenke deg å kjøpe, kan du ta kontakt med 10. klasse, så kan dei skaffe det du vil ha.

 

Kjekssortane er: Storesøsters kaffekaker - 50 kr, morfars kjekssjokolade - 60 kr, nissemors pepperkaker - 50 kr og lillebrors karameller - kr. 60,-.

 

BØKER TIL JULEGÅVE?

 

10. klasse har også for salg to bøker som er sanningsberetningar frå konsentrasjonsleirane under 2. verdskrigen. Prisen for kvar av bøkene er kr. 250,-, og du kan henvende deg til 10. klasse dersom du er interessert i å kjøpe nokon av desse bøkene (kan sjølvsagt kjøpast kvar for seg).

 

Vi håpar at de tek vel imot ungdommane som skal selge kjeks!

 

 

Med helsing 10. klasse


Finn ikkje fullmakt 26.11.2007

På rådhuset i Svelgen vert det leita etter det første vedtaket som gav administrasjonssjefen fullmakt til å plassere kraftinntektene i verdipapir.
Les saka i VG og NRK.
Ordførar Kåre Olav Svarstad kunne fredag opplyse om at dei ikkje hadde funne vedtaket som gav rådmann Tor-Kristian Gulhaugen denne fullmakta. Det som er funne av saksdokument er to saker om restrukturering av kraftinntektene, men desse er datert 2004 og 2005.

- Vi leiter i arkivet og sjølv om vi har arbeidd systematisk og grundig, har vi ikkje funne noko dokument som viser at det er gjort eit politisk vedtak på avtala som vart inngått med Terra, fortel Svarstad.

Svarstad opplyser at sakene som kommunestyret handsama og vedtok i 2004 og 2005, rekna han som vidareføring av allereie inngått avtale. Problemet er at dei ikkje finn dokumentet som omhandlar vedtaket om å gjere avtale med Terra.

- Dette er eit vesentleg dokument, og dei som har fått i oppgåve å granske denne saka må ha dette. Derfor vil vi leite til vi har funne det, seier Svarstad.

Ordføraren innrømmer at politikarane truleg ikkje hadde nok opplysningar då dei gjorde vedtaka i 2004 og 2005. Svarstad opplyser at han aldri har sett noko prospekt over avtala Bremanger kommune har med Terra.

Les meir om Terra-saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende måndag 26. november.

STIF

Aerobic på måndag (berre denne veka) 25.11.2007

 

  Denne veka vert det aerobic måndag kl. 20.00

  og innebandy onsdag kl.20.00.


Årsmøte i Keipen Turlag 5. desember 21.11.2007

Årsmøte i turlaget vert på 05.12. kl.18.00 på Kolseth oppvekstsenter. Saker til årsmøte må vere innkomne til styret v/Ottar Dahl innan 28.11. Innkalling og sakliste vert sendt ut til alle medlemer.
Keipen turlag

Soga vår om Svelgen 21.11.2007

 

"Soga vår om Svelgen" heiter boka som Eli Tideman Sørland og Kåre Kjelkenes i desse dagar gir ut på Selja forlag. Boka kjem i sal frå onsdag 28. november d.å. kl. 11.00. Begge forfattarane blir då tilstades i Sparebanken Sogn og Fjordane og kan skrive helsing i boka til dei som ønskjer det.

Boka vil og bli presentert på Svelgen Pensjonistforening sitt førejulstreff på Svelgen Hotell same kvelden. Det blir då høve til både å få kjøpe og/eller tinge boka. Kåre vil der presentere boka og lese eitt par av historiene sine derifrå

” Soga vår om Svelgen ” byggjer på ein biletdel   tilbake til 1910 og fram til 1960-talet over natur og folkeliv. Dei fleste av desse frå Eli si private fotosamling etter grandtante Ragnhild Eikeland og grandonkel Olav Eikeland,

i tillegg til far, Ragnar Rylandsholm sine bilete frå 1950-talet.    

Kåre sitt bidrag byggjer, bortsett frå nokre få og små endringar, på det heftet han utarbeidde i 1997 og som vart kalla ” Nokre barne-og ungdoms-minne frå 20-30 – og 40åra. Heftet har vore tilgjengeleg på kulturkontoret i Bremanger kommune og mange i Svelgen er alt kjende med det.

Forutan i banken i Svelgen blir boka, så lenge opplaget rekk, å få kjøpt hos ”Fagmøbler ” i Svelgen og på internett direkte frå Selja forlag ( e-mail :

Selja.no). Selja kan også ordne med sal av boka til bokhandlarar over heile landet

Boka som er på 104 sider kostar kr. 200,00 pr.stk.

 

Eli Tideman Sørland                                                     Kåre Kjelkenes


Bremanger kommune:

Brukte 170 mill. i USA obligasjonar 21.11.2007

Terra Securities, som har solgt dei mykje omtala obligasjonane til Vik og Bremanger, meiner risikoen for invisteringane er låg.

 

Bremanger og Vik sine investeringar i USA -obligasjonar er mindre risikofylte enn investeringane dei fire Nordlands-kommunane gjorde med Terra Securities.

 

Infomasjonsdirektør Sigurd Ulvund seier på vegne av Terra Securities som selde obligasjonane, at kommunane her i fylket ikkje har kjøpt det same produktet som kommunane i nord.

- Kommunane i Sogn og Fjordane har kjøpt eit anna produkt og ei anna løysing enn nordlandskommunane, seier Ulvund til NRK Sogn og Fjordane.

 

Økonomiprofessor Thore Johnsen ved Norges Handelsshøgskule i Bergen, hevdar på si side at Bremanger og Vik står i fare for å tape store summar. Han stiller seg svært kritisk til at Terra Securities selde obligasjonane til kommunane.

 

Bremanger har punga ut med 170 millionar, og Vik kommune med 38,5 millionar på obligasjonane.


Switch på Svelgen kino søndag 20.11.2007

Mikkel er 17 år og og den nye gutten i klassen. Han kommer fra Oslo og har skateboardet under armen. Men i Voss er det snowboard som gjelder.
Snowboard - og å holde seg inne med de riktige folka.
Moren til Mikkel får jobb i Voss, og Mikkel må flytte. Men Voss blir ikke som forventet. Mannen de leier hos er en gal, gammel hippie og den nye leiligheten er ikke akkurat moderne. Første skoledag blir også en skuffelse.
Men det er én positiv overraskelse - Nina. Verdens søteste jente.
Hun er sammen med den regjerende snowboardmesteren og skolens tyrann. Han heter Gaute, og han gjør alt han kan for å gjøre
livet surt for Mikkel.

Ingen vil prate med Mikkel. Ingen er hyggelige. Og gjengen til Gaute blir ikke noe bedre. Det er tøft å være ny - særlig når han er forelsket i en jente han ikke kan få.

Søndag 25 november Kl.18.00

Billettpris : barn       kr. 50,00

Vaksen   kr. 70,00

Salg av brus, chips og popcorn

 


Kongens fortenstmedalje til Ove Jon 16.11.2007

Ove Jon Hessvik vart i går tildelt Kongens Fortenstmedalje i sølv

under ei tilstelling på Svelgen Hotell.

Hessvik fekk påskjøninga etter å ha vore tilsett 50 år ved Elkem Bremanger.

 

Bildene viser overrekking ved ordførar Kåre Olav Svarstad. Heilt nederst ser vi f.v. Steinar Talle, Toril Hessvik, Ove Jon Hessvik, Kåre Olav Svarstad og Roar Hatlenes.

 

Kongens fortenstmedalje vart stifta av kong Haakon VII 1908 «til belønning for fortjenster av kunst, vitenskap og næringsliv, og for utmerket forhold i offentlig tjeneste».  .   

 

Svelgen.no gratulerer!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Betre form i haust?

UTETRIM LANGS RISEVATNET 16.11.2007

Vi er ein gjeng som har starta utetrim ved Risevatnet. Vi ønskjer at fleire slår seg med på denne treninga. Denne treninga går roleg for seg, så den passar for folk flest som kunne tenke seg å komme i litt betre form.

Vi har treningstider kvar torsdag kveld klokka 19.30 (ta med hovudlykt)

og kvar søndag morgon klokka 10.30

Oppmøte ved bommen   til Risevatnet.

 

Helsing Asle Førde og Per Arne Sæterlid


Svelgen vassverk utan rutinar og beredskap 15.11.2007

Farlege bakteriar vart i sommar påvist i drikkevatnet til Kolset skule i Bremanger. No står fire vassverk i kommunen utan godkjenning. Eitt av dei er Svelgen på grunn av manglande rutinar og beredskap.

Korkje vassverka ved Kolset skule, Ålfoten skule eller vassverka i Davik og Svelgen er godkjende, skriv Firdaposten torsdag.

Mattilsynet vil ikkje gi vassverka klarsignal før dei er utbetra, men Bremanger kommune har ikkje økonomi til omgåande å gjere utbetringar.

Dei små vassverka som sikrar skulane på Kolset og i Ålfoten vatn, har ingen reinsing. Vassverket ved Kolset skule fekk i sommar påvist bakteriane E. coli og clostridium.

– Det er både manglande reinsing, tryggleik og internkontroll som gjer at desse to ikkje er godkjende. Vi skal installere UV-desinfeksjon, men det tek tid, seier teknisk sjef i Bremanger, Magnhild Myklebust, til Firdaposten.

Vassverka i Svelgen og Davik har slik reining, men manglar rutinar og beredskap


Bjørgulf møter Navarsete måndag 14.11.2007

Førstkomande måndag 19. november dreg Bjørgulf Myklebust frå Svelgen Utvikling til Oslo for å møte samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Både han og Elkem-klubbleiar Bjørnar Førde har ei sak på dagsorden: utbetringa av riksveg 614 mellom Svelgen og Grov.

– Hovudargumentet vårt er at det skal liten innsats til frå storsamfunnet for å innkassere ein stor gevinst – nemleg ei Solar-satsing i Svelgen, seier Myklebust til Firdaposten.


Ei flott julegåve til ein billig penge

STIF-boka i sal for kr. 150 14.11.2007

Historieboka om Svelgen Turn- og Idrettsforening, "Heia STIF!", er no i sal for  150 kr. Den 432 sider tjukke boka kosta 400 kr då den vart lansert i november 2003. Om du ikkje har sikra deg ei bok bør du gjere det før den vert utseld.

 

Ein smakebit frå boka finn du ved å klikke her.

 

Bokprosjektet har gått med overskot takka vere godt boksal og positive sponsorar, og kvar bok som vert selt framover gjev difor STIF ei rein inntekt på 150 kr.

   

Her finn du info om innhaldet i boka.  Her kan du sjå kven som er omtala i boka, og på kor mange sider dei er omtala på.  Her   kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og boklanseringa.  Her  kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og forfattaren.  Her kan du lese kva to nøgde bokkjøparar skreiv på Fritt ord på Svelgen.no etter å ha lese boka i 2003/2004.

 

I Svelgen er boka i sal over disk hos Blomsterbua, Coop Marked, "Bakarhuset", Svelgen Hotell, og Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

I Florø kan du kjøpe boka hos Bademiljø Florø AS (over vegen for politistasjonen).

I Florø i sal frå torsdag 22/11.

 

I ytre Bremanger er boka i sal hos Blomsterbua. 

  

Boka kan bestillast hos Aktiv Jobb KF (tidlegare Bakarhuset):

- epost: al@bremanger.kommune.no  

- telefon: 57792320 (dagtid vekedagar)

- postadresse: Aktiv Jobb KF, Bremanger kommune, 6721 SVELGEN

    

I tillegg til bokprisen på kr 150, vil det koste kr. 90 å pakke/sende boka, uansett om du bestiller ei eller to bøker.

 

 

STIF takkar utsalsstadane for velviljen til å selje boka!


Husflidsbasar laurdag 17. november 14.11.2007

Svelgen Samfunnshus

 

Laurdag 17 november

Kl 11-14

  

Åresal

Messeutstillarar

Minimesse

Rømmegraut

Lefsesal

Kaker og kaffi

  

                                                            Velkomen!


Stem fram din egen klubb! 05.11.2007

 

 

  Ver med å stem fram Svelgen !   

  

  Les meir på STIF si heime side   her

 

  Du kan stemme fram til 16.november kl.12:00.

                

                                                      Stem  her


Førehandssal av billettar til Pegasus 14.11.2007

Førstkommande laurdag, 17. november, blir det lutafisk, pinnekjøt og dans med Pegasus på Svelgen Hotell. Førehandssalet av billettar til helgas store happening er no i gang. Kontakt resepsjonen på hotellet 57793301. 

 

Stor stemning og fullt hus er varemerket til Pegasus, så her gjeld det å vere tidleg ute! 


NRK2 tirsdag 20. november kl 20.10 Dokumentar:

"Vekkelsen Anti-vestlig vekkelse og islamsk terror" 14.11.2007

Dag Nestegard har sendt følgande pressemelding til Svelgen.no om filmen han har arbeidd med dei to siste åra: (Han nyttar også høvet til å helse heim til kjentfolk).

Med Egypt og Kairo som utgangspunkt gir en norsk dokumentar en grundig innføring i hvordan Al Qaida og andre muslimske bevegelser legitimerer bruk av vold for å skape et bedre og mer rettferdig islamsk samfunn.

Store deler av den muslimske verden gjennomgår en dyptgripende anti-vestlig vekkelse. Med Egypt som utgangspunkt dokumenterer programmet en religiøs oppvåkning. Landet er rollemodell for flere arabiske land.

Anti-moderne
I Midt-Østen lyder det nye slagordet til den vanlige mannen på gata slik: ”Islam er løsningen”. I Kairo spiller ikke lenger drosjesjåførene musikk-kassetter. Nå strømmer moralske formaninger og fortellinger om profeten ut av taxiens stereoanlegg.

På gata i Kairo ser en hvordan den anti-moderne vekkelsen brer seg. Sløret er mye mer til stede i bybildet, og arbeiderne ber om fri og trer av for å be. Samfunnslivet stopper opp flere ganger daglig.

Islamistene på fram-marsj
I politisk forstand viste vekkelsen seg sist under valget i Tyrkia, der det regjerende islamistpartiet fikk rekordstor oppslutning. Hamas i Palestina og Hizbollah Libanon er andre utslag av det samme fenomenet. Vekkelsen er også tydelig i Pakistan, Afghanistan og Saudi-Arabia.

Det muslimske brorskapet som er den største massebevegelsen i Midt-Østen, har sitt opphav i Egypt. Brorskapet er i kraftig vekst, og mange mener at det bare er et spørsmål om tid før islamistene tar makten i flere arabiske land.

I 16 politiske valg i den muslimske verden de siste årene gikk islamistene fram på alle fronter. De moderate pasifistiske islamistene utgjør den store majoriteten. De radikale og voldelige jihadistene opplever samtidig en voksende oppslutning, og terroren vi har sett mot vestlige mål i de siste årene, springer ut denne fløyen.

Fotballfest for alderbestemte klassar.. 13.11.2007

  Tirsdag 13.november arrangerte fotballgruppa til STIF fotballfest

   med pizza, pølse og brus i idrettshallen...

   3 spillere fekk utmerkelse for 100 spelte kamper for STIF.

                                                         Les meir på STIF si side  her


Har fødd tre gonger på Riksveg 5 13.11.2007

Trebarnsmora Eline Berget frå har framleis til gode å sjå både fødestove og fødestol.

- Denne gangen trudde eg at vi skulle komme oss til sjukehuset, men eg veit framleis ikkje korleis ei fødestove og ein fødestol ser ut. Det er litt komisk, ler Berget (25) til NRK.

Sjå saka på nett-tv: Fødde tre gonger på riksvegen

  

For seks og eit halvt år sidan kom Steffen til verda. Heller ikkje han ville vente på å komme fram til sjukehuset. Ved Grov bestemte han seg for at nok var nok og vart Eline sin førstefødte ved Grov. I førre veke skjedde det igjen då tvillingane til Berget og Tom Erik Løvseth frå Svelgen, bestemte seg for at ventetida var over to månadar før terminen. Dermed vart det igjen fødsel på vegen for Eline. Rett før bomstasjonen i Naustdals-tunnelen ville førstemann ut, skriv Firdaposten.

– Då trudde vi at vi hadde god tid før andremann kom, og vi køyrde vidare. Men etter åtte minutt kom andremann, inne i tunnelen, fortel den stolte faren til avisa.

 

- Det var kanskje like greitt at det skjedde i ambulansen på veg til sjukehuset. Eg likar ikkje sjukehus noko særleg, seier Berget, som opprinneleg kjem frå Landås utanfor Bergen. No er familien spente på korleis det vert å ha tvillingar i hus. Sjølv om tvillingane vart fødde to månadar for tidleg, står alt bra til med begge. Førebels har dei ikkje fastsett noko namn på tvillingane.

- Vi har diskutert ein del namn og har hatt oppe Daniel, men førebels går dei for Knerten og Knotten, ler dei lukkelege foreldrene.


Førjulstreff for Svelgen Pensjonistlag 13.11.2007

SVELGEN PENSJONISTLAG INVITERER TIL FØRJULSTREFF

 

PÅ SVELGEN HOTELL

ONSDAG 28.NOV.2007 KL.18.00

Program:

Velkommen

Ord for dagen

Julemat

Kaffi og kake

Allsang

Seniordansarane

Kåre Kjelkenes og Eli Tidemann Sørland:

                                                             ”Soga vår om Svelgen”

Harald og Alf syng og spelar

Lynlotteri

Trekkspelklubben - Dans

Dei som ikkje har meldt seg på til festen kan gjere dette til Svelgen Hotell

Tlf.57793301. Pris kr. 210,--

VELKOMMEN

TIL PENSJONISTFEST


Fire ledige stillingar som sjukepleiar 13.11.2007

Bremanger kommune treng fire nye sjukepleiarar innan pleie- og omsorgstenesta i kommunen!

 

Ved Svelgen bu- og servicesenter i kommunesenteret Svelgen kan vi tilby fast 100 % stilling til to sjukepleiarar.

 

Ved Bremanger bu- og servicesenter i Kalvåg er det ledig ei 100 % sjukepleiarstilling.

 

Ved Open omsorg i ytre Bremanger er det ledig eit 100 % års vikariat for sjukepleiar i perioden 01.01.08 – 31.12.08.

 

Vi søkjer etter fleksible og engasjerte sjukepleiarar, som likar utvikling og nye utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø.

Sjå utlysing under Stilling ledig til venstre.


FRIIDRETT

Årsmøte i Friidrettsgruppa 12.11.2007

 

Friidretts gruppe invitere alle aktive medlemmer m/foreldre til årsmøte.

 

 

Gruppeårsmøte fastsatt til mandag 19.november 2007 kl.19.30 på

møterommet i Svelgen Idrettshall.

 

 

  Sakliste :

  1. årsmelding

  2. budsjett

  3. regnskap

  4.andre saker

  5. valg

 

Velkommen!

 

Med vennlig hilsen

Friidrettsgruppa.


Vellukka nattcup i Svelgen, fredag 2.november. 12.11.2007

 

 

 

Les meir om nattcupen på STIF si heime side

 

                       her


Fotballfest for alderbestemte klassar. 12.11.2007

 

 

Fotballgruppa til STIF arrangerer fotballfest for alderbestemte klassar

(fra 2.klasse), tirsdag 13.november kl.17:00 i Svelgen Iddrettshall.

 

Inngangsbillett kr.60 for alle som vil ha pizza (fra hotellet) og brus! 

(pølse m/brød for dei som ikkje måtte like pizza)

 

Utdeling av spillarmerke og spillarmedalje.


Pegasus besøkjer heimbygda laurdag 12.11.2007

Førstkommande laurdag, 17. november, blir det lutafisk, pinnekjøt og dans med Pegasus på Svelgen Hotell. Svelgen-gruppa Pegasus vart etablert  i 1981, og feira i fjor 25 års jubileum. Tor Hjalte er einaste gjenverande medlemmet i bandet, men dei har likevel nesten utan unntak ei besetning med røter frå Svelgen. Ikkje minst utgjer vokalistane Janne Linn Myren og Annika Myklebust eit særpreg på gruppa som etterkvart har spesialisert seg på coverlåtar. Og disse blir stundom presentert tett opp mot orginalane - og kanskje til og med over. Stor stemning og fullt hus er varemerket til Pegasus, så her gjeld det å vere tidleg ute! 

Dans og jam på hotellet i kveld 09.11.2007

Svelgen Hotell arrangerer i samband med kulturnatta "RockJam" frå kl 21.00 med ulike artistar på scene / fri scene (overrasking).

Det blir dans frå kl 23.00 med Svelgen-gruppa  Bandits.

Rock Jam - fri inngang.

Dans frå kl 23.00 cover kr 100,-


Bygdekino i Ålfoten i helga 09.11.2007

Vi vil prøve å få igang bygdekinoen i Ålfoten igjen, og har difor fått Bygdekinoen til å ha ei prøveforestilling laurdag 10.11 for å sjå om det er interesse for eit slikt tilbud.

 

Filmane vi vil vise er

 

17.00:     Familien Robinson – 50 kr – tillatt for alle

19.00:     Varg Veum – Bitre Blomster – 70 kr – 11 år

 

I tillegg til kinoen, vil vi ha open kiosk frå klokka 16.30

 

 

Sjå her for meir info om filmane.

 

Ålfoten ungdoms- og revylag.


Måtte ha assistanse 09.11.2007

Stadt Sjøtransport måtte i går kveld assistere eit lasteskip på veg til Elkem Bremanger som hadde fått motorhavari utanfor Hovden tidlegare på dagen. 


Kulturnatt i Svelgen fredag 9, november 02.11.2007

 

 

Den 9. november blir det avvikla KULTURNATT i Bremanger kommune for første gong. Arrangementet startar kl. 18.00.

 

 

 

 

 


Kommunane i Nordfjord der Bremanger er med tok i år eit initiativ for å arrangere ”Kulturnatt i Nordfjord” etter mønster både frå ut- og innland. Mange byar og tettstadar har i ei årrekke arrangert ”kulturnatt”. I år vil vi prøve å starte denne tradisjonen også i Nordfjord-regionen.

Kulturnatt er eit internasjonalt konsept som starta i Helsinki i Finland i 1989. Kulturnatt har etter det spreidd seg til ulike byar som t.d. Paris, Roma, Røykjavik, Haugesund, Lillehammer m.fl. Kommunane som er med i Nordfjordsamarbeidet blir difor dei første som prøver dette i vårt fylke.

Målsettinga med kulturnatt er å gi bygda og regionen sine innbyggjarar ei kulturell oppleving i ei mørk novembernatt.

 

Svelgen.no kjem attende med fullt program måndag.

 


D.D.E til Kalvåg Kystfestival neste år 05.11.2007

Desse artistane har signert kontrakt med Aktiv Kalvåg

til Kalvåg Kystfestival  som vil bli arrangert i helga

8-10. aug 2008: 

Bjørn Jensen, (vinskvetten) Familieshow
Vassendgutane, 8.08.08
Green Granadas, 9.08
D.D.E. 9.08.08

 

Følg med på siste nytt om kystfestivalen på denne linken:

www.kystfestival.no


Thor Kristian Sortevik årets dommar i Sogn og Fjordane 04.11.2007

 

Thor Kristian Sortevik frå Svelgen vart på domarsamlinga i Sogndal i helga kåra til årets domar i Sogn og Fjordane, saman med Stian Åland fra Haugen.

 

Les meir på STIF si heime side  her      

                                                                                            

 

 


Utslepp frå Elkem Bremanger laurdag 03.11.2007

Fredag ettermiddag 2/11, fikk vi et havari på ei spylevifte i renseanlegget til ovn 4. Reparasjonene av skaden vil ta inntil 24 timar, og i denne perioden vil vi dessverre ha utslepp over tak. 
 

Robin Ephithite,

Elkem Bremanger 

 


Svelgen Røde Kors best i landet 02.11.2007

Svelgen Røde Kors er blitt Norgesmestarar! På Norges Røde Kors sine sider står det i dag:
"Lokalforeninga i Svelgen Røde Kors brettet opp ermene og greide å tredoble antallet medlemmer. President i Røde Kors Thorvald Stoltenberg, selv en ivrig medlemsverver, er mektig imponert. I dag hedret han vestlendingene som ved å ringe på dørene i lokalsamfunnet har blitt landets soleklare vervevinnere.

 -  Jeg har selv vært og besøkt Svelgen Røde Kors og er meget imponert over hva dere har fått til der borte, sa Røde Kors-presidenten til lederen i Svelgen Røde Kors, Synøve Sande, da lokalforeninga ble hedret for innsatsen i dag.

Det var når Røde Kors sentralt satte i gang en vervekonkurranse at det for alvor ble mobilisert i den lille vestlandsbygda Svelgen.

Røde Korserne i bygda gikk til verks på gamlemåten, og gikk fra dør til dør. De la vekt på at de skulle gjennomføre dette sammen – noen stilte med transport, noen sto for maten, andre laget små gaver til de som allerede var medlemmer.  

Etter at kampanjen var gjennomført hadde svelgværingene fått med 350 flere i foreningen sin.

Premie som fortjent
- 350 flere medlemmer, det er en økning i medlemsmassen på hele 186 prosent, fortalte en engasjert Stoltenberg.

- Det tallet er ikke helt riktig, smilte Røde Kors-lederen Sande.
- For vi har den siste tiden fått inn enda flere medlemmer og tallet er oppe i over 400, og det med kun 2500 mennesker nærområdet. Jeg stolt på vegne Svelge Røde Kors, sa Sande, som høstet stor applaus i forsamlingen.

Premien i vervekonkurransen var en reise for fire personer til Genève, der internasjonale Røde Kors har sitt hovedsete.

Siden Svelgen Røde Kors vant både prisen for beste forening i antall nye medlemmer og beste forening i prosentvis økning, kan de nå sende 8 mennesker på tur til våren."



Litt over normalnedbør i oktober 02.11.2007

I oktober fall det 346,5 mm nedbør i Svelgen, medan normalen er 327 mm. Det meste som fall på eit døgn var 81,3 mm, og dette vart målt om morgonen søndag 28/10. Dette er den høgste døgnnedbøren ein har målt i 2007. 10 døgn var utan ein dråpe i måleglaset.

 

I løpet av årets 10 første månadar har det falle 2872,2 mm, mot normalt 1959 mm. Årsnormalen for Svelgen er 2570 mm.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept