Arkiv Juli 2001

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Minedykkarar til Ålfoten 31.07.2001

I løpet av veka kjem minedykkartroppen frå Haakonsvern til Ålfoten for å fjerne dei fire torpedoane som vart meldt om før helga.

Torpedofunn i Ålfoten 28.07.2001

Forsvaret og politiet vurderer no kva som skal gjerast med 4 torpedoar som er oppdaga i sjøen like ved Åskåra Kraftverk i Ålfoten,melder NRK Sogn og Fjordane. Lokale folk varsla i går politiet om torpedoane, som dei fryktar kan vere farlege. Dei fire torpedoane ligg på nokre meters djup, og har truleg lege der sidan andre verdskrigen.

Bot for vald i Svelgen 26.07.2001

Ein 30 år gamal mann er dømd til fengsel i 14 dagar og ei bot på 5000 kroner for å ha slege til ein kvinneleg vakt på Trolloftet i januar i år. Retten har funne det bevist at mannen slo til kvinna fleire gongar då ho prøvde å stanse ein slåsskamp mellom han og ein annan gjest.

Sydlandsk stemning i Kalvåg 24.07.2001

No er det eit nydeleg syn her, rapporterer Svein Inge Fosse til Firdaposten. Fleire av Cutty Sark skutene har gjort ein sein, men god entre.

Hollendarar, franskmenn og engelskmenn invaderte Kalvåg i løpet av måndagen. Grisen kom på grillen og "bonjour" og andre franske gloser hagla i lufta då vi snakka med Fosse på telefonen. Sju flotte skuter var ankra opp og sju til var venta i løpet av kvelden og natt til tysdag.

Her er det god stemning no, seier Fosse, som synest det var synd for tilreisande som kom til ei nesten tom hamn på søndag. Mest alle skutene var forseinka..


Brakstad skal trene Tornado 24.07.2001

Den tidlegare Tippeliga-trenaren Erik Brakstad skal denne veka vere trenarvikar i 2. divisjonslaget Tornado. Trenaren med bakgrunn i Molde og Bryne skal trene Tornado medan Jon-Georg Rutledal er på ferie, fortel oppmann Edvard Iversen. Tornado hyra til årets sesong inn bergensaren Helge Mydland Olsen som trenar. Han har dei ikkje sett mykje til. Han forsvant i mai og har sidan vore sjukmeld. Jon Georg Rutledal har steppa inn for Mydland Olsen, men no er han på ferie, og då må Tornado ha vikar for vikaren. Sist veke var Vidar Sandal frå naboklubben Skavøypoll trenarvikar - det gjekk bra, for Tornado slo Florø 2-0. Men denne veka er det duka for ein trenar med lang fartstid på eit høgre nivå enn det Tornado held på med. Men Erik Brakstad sjølv gler seg til vikariatet, melder NRK Sogn og Fjordane. Oppmann Edvard Iversen trur denne veka kjem til å bli svært inspirerande for Tornado-spelarane.

Ja til Frøysjøterminalen 24.07.2001

Bremanger kommune har fått klarsignal til å ta opp lån i kommunalbanken på 14 millionar kroner for å realisere resten av Frøysjøterminalen. Fylkesmannen avslo eit slikt lån, men Regional- og Kommunaldepartementet forkasta Fylkesmannen sitt vedtak. Gledeleg, seier ordførar Einar Kjerpeseth. Rickard Nesheim hjå Fylkesmannen seier no i ettertid at dei hadde tolka kommunelova for strengt, melder NRK Sogn og Fjordane. Frøysjøterminalen består i dag av eit fryselager for fiskeindustrien. I den vidare utbygginga er det planar om enda eit fryselager og eit servicekonsept for fiskebåtar i Kalvåg.

Drikkevatn i Svelgen 21.07.2001

Avløpsvatnet frå Elkem sin kraftstasjon vert i august tatt i bruk som den nye vasskjelda til dei 551 husstandane i Svelgen, opplyser Firdaposten.

Legar slepp å forskottere rekningar 21.07.2001

Legane i Bremanger slepp no å forskottere drosjerekninga. Rikstrygdeverket har gitt legane dispensasjon etter legane nekta å reise på sjukebesøk om dei måtte betale drosje frå eiga lomme.

Fylkestrygdesjef Tore Thorsnes seier legane har skapt utrygg stemning blant pasientane. Han understrekar at dispensasjonen er gitt for pasientane sin del, og ikkje lommeboka til legane. Når legar skal på sjukebesøk, skal dei i utganspunktet bruke sin eigen bil. Men i Bremanger er det ikkje så enkelt. For om legen held til på fastlandet og må ut i sjukebesøk på Bremangerlandet utanom ferjetidene, må legen ha både båtskyss og drosje - utgifter som legane etter den nye ordninga skulle forskottere frå eiga lomme. Men no har Rikstrygdeverket gitt etter for trugsmåla frå legane i Bremanger, og dei slepp no å leggje ut pengar til drosje. Thorsnes seier det ikkje hadde vore leveleg med ei ordning der pasientane måtte kome til legane, og ikkje omvendt, melder NRK Sogn og Fjordane.


ROCKWEEKEND OG CUTTY SARK 18.07.2001

Rock-weekend i Bremanger Denne veka er det berre ein ting som gjeld her i kommunen, Rock-weekend i Bremanger! I tillegg legg Cutty Sark til kai denne helga så her er det duka for stor folkefest.




Les meir...

 


STRANDOS NY LENSMANN 18.07.2001

Hans-Rune Strandos er tilsett som ny lensmann i Bremanger, opplyser politimester Bjørn Valvik. Strandos har vore konstituert i stillinga sidan Guttorm Bjørnsen gjekk av med pensjon, men er tilsett i jobben frå 14. juli. Han har tidlegare hatt jobben som lensmannsførstebetjent.

Størst på torskeyngel i Svelgen? 13.07.2001

Stig Bakke i Norsk Marin Yngel AS skal investere nærare 40 millionar kroner i produksjon av torskeyngel i Svelgen. Det skriv Fjordenes Tidende i dag. SND har gått inn med 9,5 millionar kroner i lån og 6 millionar kroner i støtte, til det som skal bli det største anlegget for produksjon av torskeyngel i landet. Yngelanlegget skal byggast i Breivika i Svelgen, og Norsk Marin Yngel er i kontakt med Miljøvarme AS om forsyning av varmtvatn. - Vi har ein dialog med Miljøvarme og har fått lovnader på varmtvatnforsyning. Men det er for tidleg å sei kva som vert det endelege resultatet etter disse samtalane, seier Stig Bakke.

Miljøvarme forhandlar om ei intensjonsavtale med Fjord Seafood AS om å levere oppvarma vatn til deira produksjon av laksesmolt i Svelgen. Uansett utfallet av fordelinga av varmevatnet vil Norsk Marin Yngel i løpet av dei neste fem åra komme opp i ein årleg produksjon av torskeyngel på 10 millionar.

For Svelgen betyr satsinga at det kjem fleire alternative arbeidsplassar. Selskapet har fire matfiskkonsesjonar i Bremanger som vil bli satt i drift etter kvart som selskapet produserer yngel nok. 15 nye arbeidsplassar i Svelgen kan verte resultatet av 40 millionars satsinga.


Erling Lunde på Sommeråpent 12.07.2001

Kven andre enn vår eigen Erling Lunde fylte TV-ruta då Sommeråpent i kveld hadde reportasje frå Titano-festivalen? Med si velkjende stemme sang han "Drømmen om Elin" til heile det norske folk, og i framgrunnen skimta vi trekkspelet til makker Magnar Grinde.

Om Titanofestivalen

Skulemusikantane på leir på Eid 12.07.2001

Nokre av skulemusikantane våre har vore på musikkleir på Nordfjordeid i sommar, og er no komne heim med stort utbytte både musikalsk og med nye venner og opplevingar. Det har vore kurs for dei under og over 14 år. Begge kursa vart avslutta med konsertar for vener og familie, der det vart spelt litt av det som var jobba med på kurset. Dirigenten vår Fay tok seg tid til å reise på begge konsertane, og var svært fornøgd med det ho fekk høyre, skriv Ingve Eikeland på skulemusikken si eiga heimeside.

Les meir

Farleg lekkasje på ny flussyretank på verket 11.07.2001

I samband med oppstart av det nye HQ-anlegget på Silgrain ved Elkem Bremanger fikk verket i går inn den første lasten med flussyre. Denne viste seg å ikkje vere tett, og det sterkt etsande syra lak ut. Etter det Svelgen.no har fått opplyst har ei spesialtrena gruppe gått inn i rommet med tanken med heildekkande dressar for å rette opp skaden. - Flussyra vart overført til den nye lagertanken som er sertifisert fra levrandør og testet av prosjektet med vatn i forkant av oppstart. Likevel oppsto det lekkasje på tanken, opplyser Roar Hatlenes.

SFT VARSLA

- Denne lekkasjen renn fra tankrommet til ein vatnkanal og blir sterkt fortynna før det renn ut i sjøen. Vi må derfor tømme tanken tilbake til leveringscontaineren. Vi arbeider med å rigge utstyr for dette no, heiter det frå verksleiinga som også har varsla SFT om saken. - Dette er hva vi har formidla idag. Vi arbeider no vidare med saka, opplyser Per Otto Ustad til Svelgen.no. På spørsmål om kva flussyre vert nytta til fortel han at det blir brukt i samband med med produksjon av smelteverket sin beste Silgrain-kvalitet. Arbeidet med å tette tanken og rette opp skaden har pågått i heile natt og utover dagen i dag.


Betring for Elkem-omn 11.07.2001

Elkem Bremanger har siste året gått glipp av inntekter på rundt 15 millionar kroner fordi ein omn ikkje fungerer som han skal. Men no er det håp om at problemomnen som produserer silisium kan bli den pengemaskina den er meint å vere, seier verkssjef Per Otto Ustad til NRK Sogn og Fjordane. Ovn 5 produserer ferrosilisium (FeSi) som består av ca 90% silisium og 10% jern. Denne FeSi-en er råvare for Sigrain-anlegget som har til oppgave å fjerne jernet og andre stoff slik at det berre er silisium igjen (99.99%). (Silgrain er merkevarenavnet for produktet -silisium i pulverform). Eit svært ettertrakta produkt, som Elkem har forplikta seg til å sende store mengder av til Japan. Og omn fem skulle etter planen spytte ut 550 tonn silisium i veka. Det har han aldri greidd, rett og slett fordi han gror igjen, som det heiter på fagspråket. No er det altså håp om at omnen iallfall nærmar seg full kapasitet, og det er viktig for Elkem Bremanger når bedrifta siste året har gått glipp av 15 millionar kroner i inntekter fordi omnen ikkje har fungert skikkeleg.

Ikkje mobilforbud i Svelgen 11.07.2001

Ein ringerunde NRK Sogn og Fjordane har teke til dei største bedriftene i fylket, viser at smelteverka til Hydro Aluminium er så langt åleine om forbod mot bruk av privat mobiltelefon i arbeidstida. Elkem Bremanger i Svelgen er mellom dei som ikkje ein gong har tenkt på noko forbod, seier direktør Per Otto Ustad. Alexandra Hotell har heller ikkje hatt trong for noko forbod. -Våre tilsette er så disiplinerte at dei ikkje brukar arbeidstida til private mobilsamtalar eller tekstmeldingar, seier direktør Rikard Grov.

Skal pasientane lide? 10.07.2001

Er det pasientane i Bremanger som skal lide for at trygdekontoret og legane ikkje kan verte einige om kven skal skal betale drosjene. Vår eigen kommunelege Kan Shanker set hardt mot hardt og seier det er pasientane som skal betale prisen: "Når Shanker, Waran, og Giritharan har vakt i Bremanger kommune, brukes Svelgen og Davik legekontor som legevakt kontor og når Kumar har vakt brukes Hauge som legevaktkontor. På denne måten slipper legene å bruke drosje i sin praksis", skriv Shanker på si eiga heimeside. Han skriv også: "Det er overhodet ingen entusiasme å kjøre legevakt å betale langt mer en 50 % skatt". Med andre ord må sjuke atter ein gong krysse Frøysjøen dersom dei ikkje vert dårlege akkurat den kvelden/helga Svelgen-legen har vakt.

Les meir

Brann ved Elkem Bremanger 10.07.2001

Det braut ut ein brann i ein silo på Elkem Bremanger i dag tidleg. Ingen kom til skade, men ein del utstyr gjekk tapt. Brannårsaka er ennå ukjent, men vil bli etterforska, seier direktør Per Otto Ustad.

Smålige Svelgen-legar? 10.07.2001

Folk på Bremangerlandet som blir sjuke må sjølve oppsøkje legekontoret i Svelgen, fordi legane ikkje vil forskottere drosjerekningane om dei må på sjukebesøk. Småleg, seier direktør for fylkestrygdekontoret, Tore Thorsnes til NRK Sogn og Fjordane.

Les meir

Dømd for å slått kvinneleg vakt på Trolloftet 10.07.2001

Ein 29-åring fekk 14 dagars betinga fengsel og ei bot på 5000 kroner for å ha slått ei kvinneleg vakt på puben Trolloftet i Svelgen. 29-åringen kom i munnhoggeri med ein anna gjest på puben, noko som utvikla seg til slåsskamp. Den kvinnelege vakta prøvde å stoppe slåsskampen med å gå i mellom. Da fekk ho tre harde slag i ryggen av tiltalte. I sorenskrivarkontoret i Førde vart det sett skjerpande på at tiltalte slo fleire gonger og at fornærmede var vakt på Trolloftet. 29-åringen må i tillegg betale 3000 kroner i sakskostnader, skriv Firdaposten.

Oppdrettarar i avhøyr 10.07.2001

Fiskeoppdrettarane i Davik er avhøyrde i saka der dei er mistenkte for å ha dumpa ILA-smitta laks i sjøen. Dei påstår at det var eit uhell, og spørsmålet er då om dei har vist tilstrekkeleg aktsemd i arbeidet

Les meir

Arvid Eikevik 09.07.2001

Arvid Eikevik (1935) er på NRK Sogn og Fjordane sine internettsider klassifisert som ein av dei mest kjende personane som er fødde i Svelgen. Biletmålaren har utdanning ved fleire kunstakademi i Noreg og København. Han debuterte med separatutstilling 1966 i Kunstnerforbundeti Oslo og er innkjøpt av både Nasjonalgalleriet og Riksgalleriet. Det er også han som har laga altertavla i Svelgen Kapell.

Sjå bilde

Mykje besøk på Folkemusikkfestival 09.07.2001

29 000 besøkte Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i helga, berre 1000 færre enn i rekordåret 1999. Dagleg leiar for festivalen, Hilde Bjørkum, er svært nøgd med både besøkstala og det kunstariske nivået. Ho fortel at også artistane har hatt fine dagar, og at responsen har vore strålande.

Avskjedsgåve til Førde 09.07.2001

Ludvig Eikaas sitt portrett av avtroppande kringkastingssjef Einar Førde er eit dobbeltportrett av Førde og hin mannen. Oppdraget var å vere tru mot Førde sitt sjølvbilete; den fandenivoldske Einar Førde. Måleriet er NRK si offisielle avskjedsgåve til Førde.

Amerikanarar snytt for Vingen 06.07.2001

110 amerikanske turistar på cruiseskipet "Endeavour" må sjå langt etter å oppleve helleristningane på Vingen-feltet. Det har fylkeskommunen avgjort, skriv NRK Sogn og Fjordane. Vingen-besøket var ein del av ei pakke cruisedeltakarane hadde kjøpt. Per A. Riisnæs i Travel Planner Scandinavia meiner dette er dårleg reklame for turistnorge. Dette vedgår også fylkeskultursjef Lidvin Osland, men han avslo søknaden på grunn av frykt for smitte av munn og klauvsjuke, og for sein søknad om ilandstigning.

Asfalt ved Grov i dag 05.07.2001

I dag blir det asfaltering av den utbetra riksveg 5 mellom Grovavågen og Grovaneset, fortel Firdaposten.

Færre ledige 05.07.2001

Talet på arbeidsledige går ned frå mai til juni i Sogn og Fjordane. 771 personar i fylket er no arbeidsledige. Det er 25 fleire enn for eitt år sidan. Arbeidsløysa på landsnivå steig litt frå mai, men går framleis ned samanlikna med juni i fjor. Ytre Sunnfjord har framleis høgst arbeidsløyse med 2 prosent. Tilgangen på stillingar auka med 873 nye stillingar i juni. Og frå statistikken kan ein også lese at Hornindal kommune har 1 arbeidslaus.

Seks dagar postgang 05.07.2001

Tirsdag møtte berre to av pasientane til tannpleiar Mary Jane Varpe i Bremanger fram til oppsett time. Årsaka var at timekortet som vart sendt frå tannklinikken torsdag, ikkje nådde fram til mottakarane i tide. Ho syns seks dagars postgang er drygt sjølv om korta vart sendt som B-post. Og sjølvsagt har dei vore i Florø for å verte innstempla der før dei vart returnert til Bremanger igjen -- det er vel dette ein kallar "effektivitet"..

Hjartestartar på Bremanger-sjark 05.07.2001

Kystsjarken "Havstjerna" i Bremanger er truleg den første sjarken i landet som har fått eigen hjartestartar. Mannskapet ser på dette som ei rimeleg investering for å auke tryggleiken ombord. - Vi kan aldri bli trygge nok. Når sjukdomen råker er det minutta som tel, og då kan hjartestartaren vere avgjerande for å redde liv, seier ein av reiarane til Firdaposten, Birger Grotle som har gjort invsteringa saman med broren Oddleif.

Einar møtte Sylvia 05.07.2001

Utflytting av statlege arbeidsplassar var eitt av tema som vart teke opp då kommunalminister Sylvia Brustad vitja Stryn for å opne Stryn Miljø- og Næringspark. Vår eigen ordførar, Einar Kjerpeseth, er også regionsleiar for Nordfjordrådet og var på plass ved statsråden si side. Han valde å fokusere på positiv utvikling i distriktet, og det sette Brustad stor pris på i følge Fjordabladet.

Alt varmevatnet til ei verksemd? 05.07.2001

Selskapet Miljøvarme AS som disponerer rettane til det oppvarma vatnet frå Elkem Bremanger har gjort avtale med Fjord Seafood om levering av det aller meste av vatnet dei rår over. Avtala betyr at Fjord utvidar verksemda i Svelgen, medan Norsk Marinyngel med Stig Bakke i spissen ikkje vår ein dråpe vatn frå Miljøvarme.

På spørsmål om det er rett å binde opp så mykje varmevatn til berre ei mottakar, svarar dagleg leiar Olav Ommedal at selskapet skal vere ein pådrivar og medspelar til å skape alternative arbeidsplassar. - Vi har ennå ein viss reserve igjen, fortel han til Fjordenes Tidende.

Fjord Seafood har fått konsesjon på heile 2.4 millionar settefisk. Dei har i dag fire årsverk, og dagleg leiar Ola Sveen reknar med å utvide til mellom 15 og 18 årverk ved full produksjon.


Erling Wåge ny redaktør 05.07.2001

Redaksjonssekretær og journalist i Fjordenes Tidende, Erling Wåge (43) er ansatt som ny redaktør i avisa. Om ein månad bytter han kontor og setter seg i redaktørstolen, men han vil ikkje vere dagleg leiar slik forgjengaren Gustav-Erik Blålid.

Erling Wåge er eit kjent fjes i våre trakter som frontfigur i sitt populære danseband, og det håper vi han får tid å fortsette med!

I parantes kan vi nevne at Erling vart ansatt i stillinga til Ingrid Elisabeth Haugen som slutta i "Fjordenes" i 1987..


Svelgen ungdom mot vold og rasisme 03.07.2001

På ungdomsklubben "Realen" har ungdomane starta eit prosjekt dei kallar "Ver real", der dei i haust har planar om ei rekke aktivitetar som set fokus på rasisme og diskriminering. Både kulturkveld, sykkelmønstring, diskotek og sjølvforsvarskurs er med i planane. Ungdomsklubben har fått støtte frå mange hald, og har også skrive brev til Utlendingsdirektoratet for å få ekstraordinære midlar dei har til rådvelde.

Det mest spenstige utspelet er å sykle frå Svelgen over fjellet og til Davik. Målet er å utfordre ungdomane i klubben der om å ta stafetten vidare.

Vi i Svelgen.no kan no foreslå at ungdommane i Ålfoten kan ta stafettpinnen vidare til Davik på sykkel. Elles blir det 48 kilometer på sykkelsetet - og det er vel lenger enn sjølv godt trente rumper held ut - eller?


Hauge vann fotokonkurranse 03.07.2001

I fotokonkurransen "Bremanger i blitz" som kulturetaten arrangerte skulane i mellom i fjor haust, kan det inn mange gode innspel. Vinnarbildet vart teke av elevane i 6. klasse ved Hauge skule under ei obligatorisk brannøving ved skulen.

Tagging på Kalvåg 03.07.2001

På nytt har taggarane vore på ferde på Frøyen skule i Kalvåg. Skadeverket vart utført i løpet av tirsdag då einkvan var på ferde med grøn spraymaling. To vegar er grisa til på ein slik måte at det er grunn til å tru at gjerningspersonane har ei svært liberal haldning til narkotika, skriv Firdaposten. Det er også spraya hakekors på ei dør. Saka er meld til politiet.

Serie med hytteinnbrot 03.07.2001

TV apparat, videomaskiner og radioar vart utbyttet då det vart gjort innbrot i to hytter i Langesjø hyttefelt ein gong mellom søndag og tirsdag. Tjuvane tok seg inn i den eine hytta ved å bryte opp døra. På den andre hytta vart eit vindu brote opp. Dei to innbrota føyer seg inn i rekka med liknande innbrot i området. I løpet av sommaren så langt har det vore sju hytteinnbrot. Seks av hyttene ligg langs RV 614 mellom Grov og Ålfoten. Det sjuande skjedde i ei hytte ved Botnane. Konstituert lensmann Hans Rune Strandos ser ikkje bort fra at det kan vere samanheng mellom hytteinnbrota.

Framgangsmåten kan tyde på det, seier Strandos til Firdaposten og ber om hjelp frå publikum. Dersom nokon har lagt merke til noko uvanleg i Langesi-området i det aktuelle tidsrommet vert dei bedne om å ta kontakt med lensmannskontoret. Strandos seier dei ikkje ar konkrete mistankar, men at dei har visse spor som no skal sjekkast ut.


Ny nettstad om kulturminne i Bremanger 03.07.2001

Bremanger kommune har vore med å finansiere ein nettstad for formidling av forhistorie og kulturminne. Bergen Museum ved Universitetet i Bergen har laga ei nettside som heiter www.gamlenaboar.iub.no. Her vert forhistoria vår på Vestlandet presentert på ein særs spennande og pedagogisk måte. På "gamle naboar" ligg fortida frå siste istid 10 000 år før Kristus og fram til reformasjonen godt tilrette. Målsettinga er at skular og elevar skal ta den i bruk som ein pedagogisk reiskap. Skulekontoret og kulturkontoret i Bremanger samarbeider med Bremanger Museum for å vidareutvikle formidlinga av kulturminne i Bremanger generelt og Vingen spesielt.

Problem med omn V 03.07.2001

Verket i Svelgen har problem med omn V, og taper kvart år 15 millionar kroner på feilen.

- Når sant skal seiast veit vi ikkje eksakt kva som er gale med omnen, seier versdirektør Per Otto Ustad til Firdaposten. Avisa skriv vidare:" I Svelgen produserast stoffet silgrain som finnast i alle datamaskinene i verda. Berre ein av omnane smelter 80 prosent av all silisium som blir brukt i japansk dataindustri."

Ustad og dei andre tilsette jobbar no på spreng for å få omn V til å bli 100 % effektiv. - Eg håper alt er i orden til tredje kvartal, seier Ustad.


Optimisme i Bremanger 03.07.2001

Bedriftsundersøkinga 2001 viser at den største næringsoptimismen i fylket er å finne i Flora og Bremanger.

Gåve til Romania 03.07.2001

Klara Eldevik, Magny Yttrehus og Dagrunn Briksdal har vore i Romania og delt ut kle på vegne av Norges Kvinne- og familieforbund. Vel åtte tonn klede er no vel framme og i gode hender blant trengande. - Det var slitsamt, men ein fantastisk tur, rik på opplevingar og inntrykk. Og vi fekk ei mottaking vi aldri vil gløyme, seier dei tre til Fjordenes Tidende. Berre til lokalforeninga på Kjelkenes kom det inn over 200 kasser med klede og utstyr!

Prisar Kalvåg 03.07.2001

Ane Krogen og sambuar Marius Sørensen likte seg så godt då dei ferierte i Kalvåg i fjor, at dei bestemte seg for å vende tilbake. No bur dei ombord i båten sin og begge har funne seg arbeid i bygda. Båten ligg ved kai ved Knutholmen der Ane er tilsett. Helikopterflygaren Marius har fått jobb som reparatør ved Domstein. Begge stortrivast i kystperla, melder Fjordenes Tidende.

Fleire hytteinnbrot 03.07.2001

Politiet i Bremanger etterforskar fleire hytteinnbrot på strekninga Kjelkenes - Langesi. Tirsdag forrige veke blei tre nye innbrot på denne strekninga meldt til politiet.

Skrivekonkurranse 03.07.2001

Den gode responsen på skrivekonkurransen for ungdom i fjor, har motivert Bremanger kommune til å lyse ut ein ny konkurranse til hausten. Alle dei tre ungdomsskulane i kommunen vil bli invitert og tittelen på konkurransen er "Eventyr skriv du sjølv". Kultursjef Claus Røynesdal håpar på endå fleire bidrag i år.

Kenneth Hessvik best i Florø 03.07.2001

Svelgaren Kenneth Hessvik ligg på topp på Firdaposten sin spelarbørs etter vårsesongen. Ein stor prestasjon med tanke på at Hessvik i fjor spelte for Svelgen. - Teknikaren har overraska stort og ofrar seg for laget, skriv avisa.

Tjuvar avliver blomsterbutikk 03.07.2001

Blomsterbua i Bremanger tapar tusenvis av kroner på at folk stel blomster. No er det så ille at innehavarane vurderer å legge ned butikken. - Når folk stel heile nettofortenesta vår, er det grenser for kor lenge vi kan halde fram, seier Anne Helen Førde til Firdaposten. Ho vil likevel halde fram til august for å sjå.

3106 besøkande i juni:

God statistikk for Svelgen.no 01.07.2001

Svelgen.no hadde heile 8718 sideoppslag i juni. Det er meir enn 2000 fleire enn i mai!

Sjå statistikken vår

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars