Arkiv April 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ytrehus og Skjølberg blir kommunalsjefar 30.04.2009

Frå 1. mai skal det opprettast to nye stillingar som kommunalsjefar. Desse sorterer under rådmannen, og har det overordna ansvar for sine respektive fagfelt, melder Firdaposten.

Gunnar Skjølberg, no kommunal rådgjevar, går inn som kommunalsjef med ansvar for oppvekst, PPT og barnehage.

Randi Ytrehus, no driftsleiar for barnevern, PPT og helse, går inn som kommunalsjef med ansvar for pleie og omsorg, barnevern og helsestasjon.

 

– Eg druknar i detaljar. Vi treng difor ei leiargruppe som gjer leiinga i kommunen i stand til å tenkje heilskap og som kan trekkje oss framover, fortalde rådmann Tom Joensen til kommunestyret tysdag.

 .


Anbodskonkurranse taktekking Ålfoten 28.04.2009

Bremanger kommune inviterer til open anbodskonkurranse for utføring av taktekkingsarbeider ved Ålfoten oppvekstsenter i Ålfoten i Bremanger kommune.
Meir informasjon er lagt ut på www.doffin.no , sjå link under
Ref: APR 124265

Spørsmål kan rettast til driftsingeniør Frank Husevåg på tlf. 95986032

Bremanger kommune
Rådhuset
Postboks 104
6721 Svelgen

Planoppstart RV 614 Svelgen-Indrehus 30.04.2009

Kommunestyret klubba tysdag gjennom planoppstart for arbeidet med Rv. 614 Svelgen-Indrehus og kryss Myklebust.   

Det var kommunestyret si klare oppfatting at kystvegen Måløy-Svelgen-Florø vil gje potensial for næringsutvikling og folketalsvekst.

Fyrste prioritet i arbeidet vil bli tunnel mellom Svelgen og Indrehus, opprusting av kryss på Myklebust mot Botnane. Deretter vil ein fokusere på kort ferjekryssing av Nordfjord, før ein ser på strekning Svelgen-Sørdalen.

Planarbeidet skal finansierast via næringsfondet med 500 000 kroner, melder Firdaposten


Stenging av vatnet i Svelgen 29.04.2009

Onsdag 29.04.09. fra kl.1700 til ca.1900

 

På grunn av straumstans ved pumpe- stasjonen på Elkem vert abonnentane på Sande ( som ikkje får fra høgdebassenget ),   Villabakken,   sentrum, Brakkhaugen, Kvelve, Naustneset, Rise, Breivika, Strandvegen, Spettebakken og deler av Erlevegen uten vatn.

 

Eventuelle spørsmål ring 95982998

 

Teknisk seksjon


Til alle innbyggjarane i Bremanger kommune

 

Neste nummer av Bremangernytt kjem ut til alle husstandar ca. 5. juni –09.

 

Informasjon og annonser må være oss i hende fredag 15. mai.

 

Vi er som vanleg avhengig av at vi får inn mykje informasjon frå innbyggjarane, lag og organisasjonar og andre.

Hugs at dette er gratis informasjon som rekk mange, både her i kommunen og abonnentar andre stader i landet, og det er mange som framleis ikkje nyttar datamaskin rundt om i heimane.

Det ferdige bladet blir og lagt ut på Bremanger kommune sine heimesider.

 

VIKTIG:

  • All info må sendast som eit vedlegg til ein e-post til:      

            mah@bremanger.kommune.no

 

  • All informasjon må være ferdig skrive /redigert slik de vil ha det på trykk.
  • Evt. bilder må sendast på same måte. Hugs stadnamn, personnamn og fotograf .
  • Skriv også innsendar sitt namn og tlf.nummer

 

Om nokon har problem med dette kan de ta kontakt med underteikna, tlf. 57796300.

 

 

Med venleg helsing

for Bremangernytt

 

Marianne Herje


Aksjon teleslyngkoffert 29.04.2009

 

Flora og Bremanger hørselsslag har avholdt årsmøte og det vart gjenvalg på nesten alle plasser. Vi fikk ein ny kasserar og eit nytt styremedlem, Vi har som mål å skaffe oss en teleslyngekoffert. Så no ber vi publikum om å hjelpe oss til å skaffe nokre midlar. Prisen på ein slik koffert er Kr. 36,000,-.

Vi skal ha lotteri i Florø i august og litt i september. Gevinster kommer vel med. Når vi greier å skaffe denne teleslynga skal folk få låne denne. Dette er et framstøt for at alle brukarar i Flora og Bremanger kan få være med på det som skjer. Gevinster og pengestøtte kan meldast til Jan Eirik Strømmen tlf. 57795516 eller 90540770

På forhand takk.

Hilsen Jan Eirik.


STIF

Idrettsskule 28.04.2009

Idrettsskulen tek sommarferie frå og med denne veka.
Dette på grunn av lite eller inga frammøte.

 

Vel møtt til hausten!

 

- STIF


Svelgarar på Rett Vest 28.04.2009

Resultat frå årets Rett Vest finn du i Firdaposten.

Endra utsleppsløyve for Bremanger Quarry 28.04.2009

Fylkesmannen har gitt Bremanger Quarry AS løyve etter ureiningslova til endre utslepp av vatn frå steinuttaket til retning Skorabovatnet (Skoravatnet). Bremanger Quarry AS på Dyrstad har utsleppsløyve etter ureiningslova til drift av steinuttak og knusing av stein. Verksemda har søkt om og fått endra løyve til at vatn frå steinuttaket alternativt kan førast nordover retning Skorabovatnet (Skoravatnet).
 
Steinstøv og anna ureining i vatnet skal sedimenterast i naturlege basseng inne i reguleringsområdet. Det er ikkje gitt særskilte reinsetekniske krav til utsleppet, men det er sett krav om at vatnet i resipienten må oppretthalde minst god økologisk status i høve til vassforvaltningsforskrifta. Kravet vil seie at verksemda må overvake resipienten og ta tilstrekkeleg prøver (minimum 3 gonger per år) for å dokumentere at kravet vert stetta.  Dette melder Fylkesmannen på sine heimesider.
 

Spelar inn dramafilm på Kalvåg 28.04.2009

Då produksjonsselskapet Studio Hamburg på synfaring i Kalvåg i førre veke, bestemte dei seg for å investere 35 millionar kroner på å spele inn tre dramafilmar i kystbygda. Det melder Firdaposten.

Serien er kjøpt av- og skal sendast på Tysklands største fjernsynskanal RTL. Om den slår an, kan den bli sett av heile 10 millionar menneske.

- Dette er kjempestort. Det er utruleg god reklame, ikkje berre for Kalvåg, men for heile vestkysten av Noreg, seier Svein Arild Vatsø til bt.no. Han er til vanleg marknadssjef for Knutholmen, men har no fått oppgåva som «location manager».

Kalvåg i Ytre Bremanger kan bli Noregs neste Ylvingen, meiner han.

- Eg trur dette kan målast med effekten Himmelblå hadde på Ylvingen, som blei sett av 1,3 millionar nordmenn. Vi kan regne med at ti millionar vil sjå dette i Tyskland og det vil garantert lokke folk hit, seier han.


1. mai på Svelgen Samfunnshus 27.04.2009

 
kl 1600 opnar kafeen - sal av kaffi, kaker og brus
kl.1700 Programmet tek til
           
- appell ved leiar i Bremanger Ungdomsråd - Lina Vågene
- apell ved leiar i SKAF - Knut Sande
- Svelgen Skulemusikk
- Musikkskulen
 
HOVEDTALER : FRANK AAREBROT
Inngang kr. 50,- (alt overskot går til Samfunnshuset)
 
1. maikomiteen ynskjer alle vel møtt!


PENSJONISTMØTE PÅ KEIPENSTOVA 22.04.2009

Svelgen Pensjonistlag har møte 29.april kl. 1700 på Keipenstova.

Program:

Sang og musikk

Ord for dagen v/ Karen Solheim

Sjølvmelding og skatt v/ John Fløtre

Påmelding til dagsturen til Sogn

Påmelding til tur til Bolkesjø

Loddsalg

Mat og kaffi og sosialt samvær.

Velkommen!


LEDIGE OMSORGSBUSTADAR I SVELGEN. 27.04.2009

 

 

Pr. i dag er der 2 ledige omsorgsbustadar i Svelgen området. Den eine bustaden ligg på Naustnestet. Den andre er på Elvavegen 1.

 

Omsorgsbustadane er tilrettelagt for personar som har fysisk eller psykisk funksjonssvikt. Døme på dette kan vere at ein er engsteleg for å bu åleine eller har vanskar med å forflytte seg.

I omsorgsbustadane er der ikkje trapper, smale dører eller dørtersklar. Bustadane er konstruert slik ein kan nytte rullestol og andre hjelpemidlar.

 

Leigesummen på Naustneset er pr i dag kr. 4800,-. På Elvavegen er den på kr.4900,-

Leiga vert årleg justert i kommunestyret. Straum er ikkje inkludert i husleiga.

Det er høve til å søke bustønad.

 

Søknadskjema på omsorgsbustad får ein ved å ta kontakt med servicekontoret i kommunen tlf 577 96 300 eller heimesjukepleien tlf 577 96 486. Når to eller fleire personar søker på ein ledig bustad , skjer tildelinga etter ein heilskapleg vurdering og det vert fatta vedtak.

 

 

For meir informasjon, ver venleg å ta kontakt med

 

Lillian Hareide

Driftssjef open omsorg Svelgen

Tlf 95 98 93 10


Planlegg glassgate mellom hotellet og Kopen 27.04.2009

 
Kinn Arkitekter har teikna glassgate mellom Kopen og Hotellet. Det er planlagt at noverande baldakiner vert rivne og erstatta med nye. Dei nye har færre søyler og har større takhøgde. Mellom baldakinane spenner glasstaket. Gategolvet vert uten vesentlege nivåskilnader og vert universalt utforma. Golvet vert delt opp i diagonale felt som er tilpassa søylene. Desse diagonalane bind saman vannspeil som illuderer vannkraft kor vatn er sett i system. Vannspeila er i sittehøgde. Veggen til Coop er utstillingsvegg med bilder frå Svelgen og omegn. Kanskje kan ein ha ulike utstillingar her. Langs hotellet skil ein lav mur resten av gata for å vise serveringsområde. Servering frå hotellet. Arkitekten har også planlagt store skyvedører i kvar ende av gata som kan stengast ved mykje vind og ver.

 


Nyåpning i morgon, tysdag

Svelgen hotell pusser opp kafèen 27.04.2009

Dei siste vekene har kafeen på hotellet vore under oppussing.

 

Det har mellom anna blitt lagt nytt golv , og ein har laga ein eigen barnekrok.

 

Om alt går etter planen vil dørene opne at førstkommande tirsdag (i morgon) med ny softismaskin på plass.   I samband med oppussuinga ønskjer vi å endre identiteten på kafèen. Vi vil døype den om og gje eit nytt namn  som assosierer med Svelgen si industrihistorie. Dette har også samanheng med at det er planar om industriutstillingar i gata mellom hotellet og Kopen.

 Hotellet ynskjer derfor ulike gjenstandar som kan hengast opp til pynt som bygger opp under dette tema. Ein foreløpig idè til nytt namn er KAFÈ SMIA.   Jostein Eimhjellen vil gjerne ha innspel og idear for eventuelt andre namn som kan passe betre, og tek også imot gjenstandar som kan stillast ut med takk!!

 

 


NYÅPNING AV BAKARHUSET 27.04.2009

Tysdag 28.04. er Bakarhuset stengt p.g.a. offisiell nyåpning ved kommunestyre og spesielt inviterte.
 
ONSDAG "29.04.09 er kafeen open som vanleg.
DÅ INVITERER VI OGSÅ TIL OMVISNING OG GRATIS KAFFI I VERKSTADEN.
 
Aktiv Jobb ynskjer velkommen!

Amcar-treffet i Svelgen 12.-14. juni 26.04.2009

På Svelgen Amcar club si heimeside kan du mellom anna lese at årets amcar-treff i Svelgen er lagt til helga 12.-14. juni.

Deltok på landet si største basketturnering

Svelgarar på Eikefjord sitt basketballag 24.04.2009

Forrige helg deltok Eikefjord basket på landet si største basketballturnering i Bergen. På dette laget var tre av dei seks spelarane opprineleg frå Svelgen. På biletet nedanfor ser ein dei tre svelgarane til høgre på biletet: Nr. 4 fra venstre Andrè Hatleset, Eirik Fotland og Frode Hessvik. Fleire av laga i turneringa var frå eliteserien. Eikefjord møtte tøff motstand i sine to kampar i innleiande runde, då det vart tap mot dei to laga som seinare spelte finalen i turneringa. Eikefjord vann 16. delsfinalen, før det vart tap i 8. delsfinalen.

 

Det er ikkje akkurat tradisjon for basketballspel i Svelgen og omegn, men no har Andrè Hatleset starta opp basketballtreningar i Svelgen Idrettshus torsdagar kl. 20.30. Treninga er for vaksne ned til og med 8. klasse, og begge kjønn er velkomne.

 

Les meir på Eikefjord.net og Hansa cup.

 


10. klasse heime fra fantastisk skuletur 23.04.2009

 

 

Natt til onsdag kom 10. klasse og dei andre deltakarane på skuleturen til Polen/Tyskland heim til Svelgen. Det var ein spennande og opplevingsrik tur med svært mange inntrykk på alle plan. Som vi har skreve om tidlegare har elevane fått sjå konsentrasjonsleiarene i Sachsenhausen og Auschwitz, og dei har også fått møte eit såkalla tidsvitne – ein som sat i førstnemnde leir under krigen, Torstein Axelsen. Det vart eit sterkt møte både for dei unge og dei vaksne.

 

Reisefølgje fekk også mange andre opplevingar som ikkje hadde noko med krigen å gjere. Mellom anna gjekk vi 135 meter under bakken for å sjå dei berømte saltgruvene i Krakow. Det var ei fantastisk oppleving. I fleire hundre år har gruvearbeidarane skåre ut utrulege figurar i hardt salt. Mellom anna Pave Johannes Paul i full storleik. Alt er av salt – til og med lysekrunene! Seinare på dagen fekk elevane fri til å sjå seg om i byen som er ein av dei 12 byane som står på Unesco si liste over dei historisk sett mest betydningsfulle byane i verda.   Det var i denne byen Schindlers liste vart spelt inn. Vi samla oss på den kjende marknadsplassen etter endt shopping/sightseeing og då gjekk turen vidare til middag og folklore (dans).

 

Elevane måtte tidleg opp kvar einaste dag (mellom seks og sju), og var utrulig disiplinerte. Søndag satte vi oss igjen i bussen og reiste over grensa til Tyskland igjen. Der fekk vi boltre oss i Tropical Islands. Alle elevane og fleire av dei vaksne overnatta i telt i denne hallen som har ein jevn temperatur på 26-32 grader. Hallen er så stor at det er plass til frihetsgudinna ståande og Eiffeltårnet liggande!  Der er meir enn 500 ulike planteartar og opp til 14 meter høge tre. Hallen husar også Tysklands største vannrutjebane som er 25 meter høg og farten kjem opp i 75 km/t! Elevane storkosa seg i dette unike miljøet og sjølv om dei ikkje var i seng før halv to om natta sto dei klare på frukostbuffeten kl. sju sundag morgon.  

 

Denne dagen besøkte vi Stasifengselet i Berlin. Dette vart ein ulik oppleving for deltakarane fordi vi vart delt opp i to grupper som fekk særs ulik guiding. Den gruppa som fekk Mike til å følgje seg rundt fekk høyre hans eiga historie om korleis han 17 år gammal, i 1982, vart fenglsa for provokativ framferd på skulen i det dåverande Aust-Tyskland – han hadde spurt spørsmål om det verkeleg var så ille i Vesten som lærarane fortalde. Tre gongar vart han fengsla og han slapp ut av fengselet tre veker etter Berlinmurens fall. Då han kom ut visste han ikkje at det var ope mot vest. Han reiste sporenstreks til Skandinavia som hadde vore hans sin draum sidan han var ein liten gut. Han fortalde om grusomme torturmetodar i det som vi må beteikne som svært nær fortid.

 

Etter besøket i Stasifengelset var det klart for fritid i Berlin sentrum. Timane fauk avgjårde og elevane møtte presis på avtalt møteplass etterpå. Vegen heim gjekk med ferje frå Polen til Sverige (Ystad). Bussturen starta kl. 0800 og vi var heime i Svelgen kl. 0200 (med nokre få pausar). Så dette vart ei lang økt. Om bord i bussen fekk elevane sjå film. Bussjåføren, dansk/engelske Peter skrytte av Svelgen-elevane kvar einaste kveld både for oppførsel og opprydding i bussen. – Eg har aldri i mine 20 år som sjåfør opplevd liknande, kunne han fortelle. Dette var sjølvsagt ord vi tok til oss både vaksne og unge!! Rikke Hallset Rise fekk i oppdrag å takke bussjåfør, guiden Sturla frå Aktive Fredsreiser og ikkje minst administrator Steinar Talle for turen – noko ho gjorde på ein flott måte!

 

Dette vart ein fantastisk tur med ein utruleg flott gjeng!


Ledig deltidsstilling i Open omsorg, Svelgen 23.04.2009

Open omsorg i Svelgen søker etter ein positiv og arbeidsglad person som kan jobbe inntil 5 timar pr veke. Sjå stilling ledig til venstre.

Stadt Sjøtransport med nye heimesider 23.04.2009

Stadt Sjøtransport har fått nye heimeisider. Klikk inn på logoen til høgre å sjå!

Svelgen-jenta Hanne Mulelid biblioteksjef 23.04.2009

Hanne Mulelid (42) er blitt biblioteksjef i Karmøy kommune.  Mulelid fortel til Karmøybladet at familien hennar pleide å raide bokbussen når den stoppa på tunet i Mulelida der hun vokste opp, utenfor Svelgen.
Bibliotekar-utdannelsen i Oslo tok tre år, og etter det har hun fartstid også i privat sektor som i Gyldendal Norsk Forlag og Saga Petroleum. Les heile intervjuet med Hanne her.

Kunstgras og løpebane innan 1. august 23.04.2009

Varme frå Elkem og nesten fire mil med røyr skal syte føre at svelgarane får seg ny heilårsbane fri for snø. Arbeidet med nytt dekke er godt i gong, melder Fjordenes Tidende.
Leiar i Svelgen Turn & Idrettsforeining (STIF), Svein-Arne Sandvik meiner dei har det aller meste under kontroll og han reknar med at den nye kunstgrasbana med løpebane skal vere ferdig 1. august.

Sidan slutten av februar er det anleggsmaskiner som har sett sitt preg på Svelgen stadion og i løpet av halv annan månad er det gamle dekket fjerna og grunnarbeidet er godt i gong.

- Det er veldig mykje arbeid som må gjerast før kunstgraset og det må gjerast grundig, seier Sandvik.

I tillegg til vanleg drenering vil det verte store mengder røyr under kunstgraset. STIF vil nytte undervarme og vil hente varmtvatn frå Elkem Bremanger. For å halde bana snø- og isfri gjennom vinteren skal det leggjast ned heile 36.000 meter røyr under kunstgraset.

Desse røyra skal transportere varmtvatn og dermed reknar STIF-leiaren med å ha like forhold på Svelgen stadion året rundt.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 22. april.

- Mange permitterte blant dei arbeidslause 23.04.2009

- Permitteringar er vi vande med på denne tida av året, men vi merkar at mange lever i uvissa og lurer på om permitteringane vert meir langvarige grunna finanskrisa, seier NAV-leiar Astri Berle i Bremanger.

Etterlysning:

Uniformer skulemusikken 22.04.2009

Viktig melding  til alle tidligare musikantar i Svelgen Skulemusikk:

Dersom de har uniformer m/slips, kalottar og skjorter som ikkje er levert tilbake, må de snarast få levert desse til rens.  Dette hastar, for vi treng dei til 17.mai.


Reisebrev fra 10.klasse i Polen. 18.04.2009

 

Etter en lang busstur hadde vi en fin tur med Color Fantasy fra Oslo til Kiel.

 

Første besøk var Sachenhausen der dei fleste norske fanger vart sendt.

Jens las et dikt og la ned bloms før vi hadde 1.min. stillhet.

 

Bilde er tatt før vi gjekk inn. (var 22.gr. og sol den dagen)

 

Etter omvisninga var det bussightseeing gjennom Berlin, tidleg kveld og lang busstur til Polen dagen etterpå. Litt spenning blei det når politet vinka bussen inn ei stund etter at vi var komt over grensa.. Dei kom på for å sjekke alle passene… men det gjekk no bra J

 

No skulle det bli godt og overnatte på samme plassen i tre netter… einaste minuset er at det føles ut som motellet ligg på flyplassen… men her er en bensinstasjon og en bar.. og bar på polsk betyr gatekjøkken J så vi får no bruke litt penge…

 

I dag har vi hatt den tristaste dagen. Vi var tidlig oppe og første besøk var Auschwitz 2, som er den største utryddelseleiren nazistane laga. Ved enden av jernbanesport som førte heilt fram til krematoriene, hadde vi 1.min. stillhet etter at Rikke las et dikt og Kristine la ned blomst.

Etter litt brødmat var det omvisning i Auschwitz 1, som opprinnelig var en polsk militærleir som nazistane gjorde om til en fangeleir i 1940. Her var mange mange sterke inntrykk…

Også her hadde vi 1.min. stillhet etter at Sebastian las et dikt og Marius la ned en blomst.

 

Både Schenhausen og Auschwitz 1 blei fangane ført ut porten med de kjente ordene

”Arbeit macht frei” , men desse ordene stod ikkje på porten til Auschwitz 2…

 

Etter kino og temakveld var det middag og det var godt og komme tilbake til motellet.

 

Lørdag 18.april fyller Marcus år, men først skal vi besøke dei kjente Saltgruvene og oppleve Kralow og markedsplassen. Shopping J

 

Alle sammen har det bra !

 


Onsdag 22.april

SKAFE på Keipenstova 20.04.2009

I desse permiteringstider har vi funne ut at vi vil slå til med en kafé, også kalt SKAFE. Den er åpen for alle, men sjølvsagt med sterkt reduserte prisar for dei som er fagorganiserte i SKAF.

 

Vi prøver oss fram førstkomande onsdag, på Keipenstova, og blir det ein suksess, vil vi gjenta bedrifta.

 

Åpningstider onsdag 22.april er fra klokka 10.27 til klokka 13.49.
Salg av kaker og kaffi, og andre ting som vi kjem på etter kvart.


For dei som ikkje har gjetta det, er arrangørane:
Svelgen Kjemiske Arbeiderforening.


Stenging av vatnet 20.04.2009

STENGING AV VATNET I SVELGEN onsdag 22.04.09. fra kl.1700 til ca.1900

På grunn av straumstans ved pumpe- stasjonen på Elkem vert abonnentane på Sande (som ikkje får fra høgdebassenget),  Villabakken, Sentrum, Brakkhaugen, Kvelve, Naustneset, Rise, Breivika, Strandvegen, Spettebakken og deler av Erlevegen uten vatn.

Eventuelle spørsmål ring 95982998

Teknisk seksjon


KUNSTUTSTILLING PÅ SMÅSALEN 17.04.2009

ÅGE STEINSETH STILLER UT I SVELGEN I SAMBAND MED 25 ÅRSFEIRINGA FOR OPPSTART AV SVELGEN KUNSTLAG.

Utstillinga vert opna fredag kveld med kunstnaren tilstades. I dagene før er det skuleklasser frå heile kommunen som får gleda av å sjå utstillinga. Dette er eit samarbeid med mellom kunstnaren og "Den kulturelle skulesekken".Leiar i Kunstlaget - Anne-Turid Ljungren - seier til Svelgen.no at det er mange flotte bilder og oppmodar Svelgenfolket om å sjå utstillinga.

Opningstider:

Fredag     18 - 21

 Laurdag   11 - 17

Søndag     14 - 17

 

 -Denne helga er det også årsmøte i Sogn og Fjordane Kunstlag -dette starter laurdag med seminar av  kunstnaren Lars Evjen med tema " Kunst som erkjennelse og forførelse"..Om kvelden er det jubileumsmiddag på Svelgen Hotell.

 

 


Endring i spinningtreningane torsdag og søndag 17.04.2009

Vi har vurdert det slik at det ikkje er behov for fire treningar på torsdagen no på våren.

Treninga kl.17.30 går ut. Søndag vert siste treninga utvida til 45min. 

Torsdag vert slik:  

                        kl.18.30  35 min.  55+/nybegynner

                        kl.19.15  35 min. 

                        kl.20.00  45 min.

 

                             Søndag vert slik: 

                                                     kl.19.30   35 min. 55+/nybegynner

                                                     kl.20.30   45 min.


Sundag, 19. april:

Lions Røde Fjær aksjon 2009 16.04.2009

Lions Røde Fjær aksjon 2009 går til utbygging av Hurdal syn- og meistringssenter som er eigd og drive av Blindeforbundet.

 

Hurdalssenteret har gitt tusenvis av born og unge, yrkesaktive og eldre, norskfødde og personar med innvandrarbakgrunn nytt syn på livet. Men 28 år etter at Hurdalssenteret vart bygd, manglar det både plass og fasilitetar som kan sikre ønska kvalitet og omfang på undervisning, aktivitetar og kurs som vert tilbydd blinde og svaksynte frå heile landet.

 

Pengane frå aksjonen vil medvirke til at landets svaksynte og blinde kan få eit optimalt tilbod om trening og opplæring som er tilpassa det den enkelte treng. Dette vil rehabilitere langt fleire til eit sjølvstendig , aktivt og meiningsfylt liv. Målet er at senteret skal stå ferdig i 2010. Den vidare drifta vert finansiert med offentlege refusjonar, slik som i dag.

 

Lions Norge har som mål å samle inn 50 millionar til Hurdalssenteret. Lions Røde Fjær aksjon vert gjennomført sundag 19. april. Kvelden før sender TV2 Artistgalla til inntekt for Hurdalssenteret.

 

Vil du vite meir kan du på internett gå inn på
www.lrf.no
www.lions.no
www.blindeforbundet.no

 

Ta vel imot bøsseberarane. Du kan også gi bidrag på bankgiro 6060 05 23077 eller gi 200 kroner ved å ringe 820 44 014.


Ja til gang- og sykkelveg Svelgen sentrum - Breivika 16.04.2009

Firdaposten

Langtidsvarsel:

1. MAI-DANS 16.04.2009

Leit fram danseskoa og kom til Svelgen Samfunnshus, der spelar Hæla i taket opp til svingom. Flott dansemusikk som fenger alle aldersgrupper, og musikantar som skapar god stemning.


Dette kan bli ein riktig trivleg kveld.

 

Arr.: Styret for Svelgen Samfunnshus


Bremanger Ettersøksring 14.04.2009

Bremanger EttersøksringBremanger Ettersøksring har fått eigen nettstad:
www.bremanger-ettersøksring.no Dei har til formål å fremme bruken av hund til jakt og ettersøk etter skada hjortevilt. Vidare skal ringen fremme godt og ansvarleg hundehald. Bremanger Ettersøksring stiller ekvipasjar til disposisjon for jegerar og jaktrettshavarar, som jaktar hjort i Bremanger kommune. Ettersøksringen har avtale med Bremanger kommunen om å utføre ettersøk etter skada hjortevilt når det vert trong for slike tenestar, ved til dømes påkøyrsel. I 2008 hadde Bremanger Ettersøksring ettersøksavtalar for heile 708 fellingsløyve og var ute på omlag 30 ettersøk i samband med trafikkhendingar der hjort var påkøyrd.

Nytt fra Samfunnshuset 14.04.2009

Samfunnshuset vil takke alle som har bidratt i innsamlingsaksjonen. Det er totalt kommet inn over 52.000 kroner. Disse pengene var øremerket vannbasert oppvarming. Dette prosjektet er nå nesten fullført.  Samfunnshusbasaren fikk inn ca 33.000 kroner. Bingo gjengen står på for Samfunnshuset, og bidrar også med kjærkomne inntekter. Uten alle frivillige ildsjeler hadde ikke det vært mulig å holde hjulene i gang.

 

Det nye styret jobber med mange saker og forslag. Det legges ned arbeid av frivillige i alt fra forefallende vedlikehold til mer fremtidsrettede planer og prosjekter for huset. Fasadevegg på inngangssiden får en oppgradering, som vi håper blir ferdig til 1.mai. Her trengs det først og fremst godt vær og litt god gammeldags dugnadsånd. Det er også bestilt inn nytt kaffiservice til kjøkkenet. Internettsidene er som dere ser (link til høyre) tatt i bruk igjen, og her vil vi prøve å formidle informasjon. Takker også tilslutt interimsstyret for fremragende innsats i 2008.

  

Innsamlingsaksjonen er ikke avsluttet.

Er det bedrifter og andre som fortsatt gjerne vil gi noen kroner
er kontonummeret fortsatt 3776.03.19962

www.samfunnshuset.svelgen.no


Ope hus på Moldahytta søndag 19/4 14.04.2009

Keipen Turlag arrangerer open dag på Moldahytta søndag 19. april, i tidsrommet kl. 11-14.

 

Vel møtt!


Flotte påskebilder og Svelgenbilder 13.04.2009

Anita Ingebriktsen og Rune Ripe har sendt inn nye bilder til Svelgen.no. Sjå dei flotte fotografiene under "Bilder" i menyen til venstre.

 

Vi håper alle har hatt ei god påske. Som den observante lesar har oppdaga, har det vore påskeferie i redaksjonen. Kommande veke blir det også muligens litt knapt med nyhender her på sida, då 98 prosent av redaksjonen skal vere med 10. klasse på tur til Polen/Tyskland.


- Men Bonnie Taylor var i Svelgen 07.04.2009

Det kunne Are Kalvø opplyse under Nytt på Nytt fredag :)

TEMAKVELD I BAKKEVEGEN 13 07.04.2009

 

Tirsdag 14. april klokka 18.30

 

Vi syr små pengepunger (klemmepung)     Materialpakke kr. 40,00

 

Påmelding til Torild tlf .98618860 eller e-post: tor-hat@online.no innen 13..4.

 

Temakveldene er opne for alle, ikkje berre medlemmer i laget.

 

Ta med symaskin om du kan.       


Treningar som vert avlyst i påskeveka 03.04.2009

 

 Spinningtreningane torsdag 09.04 (Skjærtorsdag) og søndag 12.04 (1. Påskedag) 

 og sirkeltreninga onsdag 08.04 går ut.


Bremanger nest høgst arbeidsløyse 03.04.2009

Bremanger kommune har 79 personar heilt utan arbeid. Dette utgjer 4.3 prosent av arbeidsstyrken. Berre Høyanger har større arbeidsløyse. Sjå statistikken på Firda sine nettsider.

Fylkesmannen godkjende Bremangerbudsjett 03.04.2009

Fylkesmannen godkjenner kommunestyret sitt vedtak for budsjett 2009 og økonomiplan 2009 - 2012.
Fylkesmannen har gjort følgjande oppsummering:
  • budsjettet for 2009 er i balanse
  • låneopptak i 2009 er godkjent med 8 mill. kroner
  • økonomiplan 2009 - 2012 er i balanse
Kommunen  har eit akkumulert underskot på 230 mill. kroner, som kommunestyret har vedteke å dekkje inn over 8 år.  Ettersom det i 2009 og 2010 er budsjettert med utgiftsføring av morarenter knytt til lån som vart brukt til kjøp av verdipapir (Terrra-saka), blir inndekninga 7,7 og 12,5 mill. kroner for desse to åra.  For å klare dette har kommunen vedteke årlege netto innsparingar på 17 mill. kroner. Frå 2011 aukar inndekninga til over 30 mill. kroner per år.  Frå same år vil utgifter til renter kome til å bli lågare.

Får støtte frå Svelgen Utvikling:

Vil flytte hurtigbåten til Kalvåg 03.04.2009

 

- Feil å investere millionar i Smørhamn, meiner Svein Inge Fosse.

Den dagen Bremanger 2 er sluttført og ferja sluttar å gå, bør hurtigbåtstoppen flyttast frå Smørhamn til Kalvåg, meiner Svein Inge Fosse – vel vitande om at han med utspelet stikk handa i eit kvepsebol.

I dag sit Bremanger hamn og næring i møte. Ei av sakene dei har på bordet er eit forslag om å ruste opp venteromsfasilitetane i Smørhamn for millionbeløp.

- Langt på veg bortkasta pengar, meiner turistvert og næringsaktør, Svein Inge Fosse.

Til Firdaposten slår han fast at framtida ligg i å byggje opp under det rapporten om 45 minuttars-regionen har som kongstanke, nemleg å gjere store delar av Bremanger og Flora til eit felles bu- og arbeidsområde.

- Men då må vi rigge oss slik at vi blinkar ut samferdslepunkta våre der det bur mest folk slår han fast.

I går sende Fosse brev til rådmann Tom Joensen, med bøn om at ein vurderer å flytte anløpsstad for hurtigbåten til Kalvåg, framfor å satse millionar i Smørhamn. Fosse legg ikkje skjul på at det også vil tene næringsinteressene han sjølv har i Kalvåg. Men at den samla gevinsten for både Kalvåg og Florø er langt større enn dette.

Han ønskjer no dialog mellom Bremanger kommune, Flora kommune og gjerne Sunnfjord 2020 og Fjord1, for å få planlegge framtidige båtruter som også innlemmar Kalvåg.

Han peikar på at Knutholmen i dag har lokale som eignar seg som venterom for båtpassasjerar, og at det finst godt eigna lokale også på Amtskaia.

Utspelet får støtte frå Svelgen Utvikling, melder Firdaposten


Leik aukar kompetanse på tal og bokstavar 03.04.2009

Etter to og eit halvt år med leik for å lære seg språk, ser borna i Langeneset barnehage i Svelgen stor framgang. Bremanger deltek i eit prosjekt der tidleg læring er uer viktig i element i førebygging av lese- og skrivevanskar, skriv firdaposten.no .

 

Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen og Utdanningsdirektoratet.

Barnehagane har fått prøve seg på prosjektet. Men der er det ikkje pedagogisk opplæring som gjeld. Der er leik måten borna lærer på. Og dette gjev resultat.

- Borna har mykje større kompetanse på tal og bokstavar no, seier pedagogisk leiar Anita Holm Cirotzki. Lærar i Svelgen oppvekst Hege Iren Svarstad er godt nøgd.

- Vi på skulen ser stor skilnad på korleis elevane som byrjar i første klasse tek bokstavar og tal, samanlikna med korleis det var før språkprosjektet vart sett i gong, skriv avisa.

Det er fleire elevar i kommunen som treng spesialtilpassa undervisning for lese- og skrivevanskar.


Bingopengar stolne på Samfunnshuset 03.04.2009

Politiet fekk torsdag ettermiddag melding om at ein mindre pengesum var borte frå eit skåp på Svelgen samfunnshus. Elsa Johanne Sande opplyser til Svelgen.no at i overkant av 4000,- kroner er forsvunne.

Det var pengar frå bingoen sist torsdag som var borte. Tjuveriet har skjedd ein eller annan gong den siste veka. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


JUBILANTFEIRING – ELKEM BREMANGER 02.04.2009

 

 

Torsdag 19. mars hadde Elkem Bremanger jubilantfeiring. Jubilantar med følge var inviterte til ei samling på Svelgen hotell med middag og utdeling av gåver. Med på feiringa var også representantar for dei ulike avdelingane. Jubilantane har arbeidd i Elkem i 25, 30 og 40 år i 2008. Også dei som vart pensjonistar i 2008, var med på feiringa.

 

40års-jubilantane var Jostein Bjørdal og Ulrik Haukenes.

 

30års-jubilantane er tildelte Norges Vels medalje for lang og tro tjeneste. Desse er Olaf Brekke, Leidulf Skaar, Espen Sortevik, Ingfred Nygård, Bjørg Håøy og Leidulf Solheim. (Dei to sistnemnde var ikkje med på feiringa).

 

25års-jubilantane var Robin Ephithite, Inge Aanensen og Terje Vågene.

 

Dei som gjekk over i pensjonistenes rekker i 2008, var Roar Hatlenes, Terje Vold og Bjarne Ryland (sistnemnde var ikkje med på feiringa).

 

Med på biletet er:
Framme frå venstre : Terje Vågene, Inge Aanensen, Roar Hatlenes, Robin Ephithite, Espen Sortevik, Ulrik Haukenes og Terje Vold.
Bak frå venstre : Trudi Vågene (personalsjef), Jostein Bjørdal, Ingfred Nygård, Olaf Brekke, Leidulf Skaar og Steinar Talle (verksdirektør).


Påskekafè på Trudvang 01.04.2009

Røsslyngen 4H innviterer til påskekafè i Trudvang søndag 5. april frå kl. 14 - 17. Loddsalget startar kl. 16. Velkommen!

Kommunen legg ned kulturkontoret 01.04.2009

Som følge av Terra-saka har politikarane i Bremanger vedteke nedlegging av kulturkontoret i kommunen.

I ei pressemelding skriv rådmannen:

”Administrasjonen i Bremanger kommune har fått stor forståing for dei nedskæringane vi har funne naudsynte. Fleire av våre arbeidstakarar har arbeidd meir eller mindre utan vederlag for å få kommunen på økonomisk fote igjen. Men dette har diverre ikkje vore nok. Kommunen sin største utgiftspost er løn, og vi kan ikkje skjære ned på utgifter som rammar liv og helse. Difor ser vi oss nøydde til å legge ned kulturetaten.

 

Slik Bremanger kommune fungerer i dag har vi eit vell av frivillige hender som i hovudsak står for kulturformidling i kommunen. Etter vårt syn går dette like bra, om ikkje betre, utan eit  kulturkontor. Bremanger kommune er ei trivselskommune, og i dette innebere det også formidling av ulik kultur.

 

Akkurat dette har vore bevist, gjennom gjerning, og gjer oss sikker på at innbyggjarane sjølve vil syte for – minst i like stor grad som før. Som ein kompensasjon for nedlegging av kulturkontoret har vi satt av ein pott på 500 000,- kroner som frivillige lag og organisasjonar skal dele. For at dette ikkje skal medføre administrative kostnader eller byråkratiske avgjerder, har vi bestemt oss for prinsippet ”først til mølla”. Dei fem første som ringer servicekontoret vil få tildelt 100 000 kroner. Desse må på førehand ha sendt grunngjeving pr mail eller fax”

 

Vi vonar innbyggarane i Bremanger kommune ser på dette som ei midlertidig løysing, og at kommunen snart vil stå som kulturformidlar igjen.”  

 

I ein kommentar seier verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle, at han ser alvorlig på nedlegging:

”Kultur er ein viktig trivselsfaktor for våre tilsette, og ikkje minst eit viktig marknadsføringtiltak i arbeidet med å få etablert ein Solarfabrikk i Svelgen. Likevel er eg samd med politikarane i Bremanger. Kultur er ikkje noko som er livslaudsynt. Difor vil også Elkem Bremanger bidra for lag og organisasjonar i Bremanger – som eitt ledd i å få Svelgen til ein attraktiv tettstad og tildeler 10 000 kroner til dei som kommunen dei som kjem  på andre plass. Send utfyllande mail til Steinar@elkem.no


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov