Arkiv Aug 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

På linja i semifinalen i Firda Avis Cup 30.08.2004

Stian Holm frå Svelgen TIF er teken ut til å vere assistendommar i semifinalen i Firda Avis Cup mellom Eikefjord og Førde. Kampen går i Eikefjord tysdag 31. august.

Biletet t.v. er teke under ein av Holm sine mange kampar på Ekebergsletta under Norway Cup i år. Der var han både hovuddommar og assistentdommar, og som hovuddommar fekk han dømme B-finalen for junior damer.


Friidrett

Framifrå prestasjonar også søndag av utøvarane til STIF 29.08.2004

Under KM (13-18 år) og krinsleikane (10-12 år) på Byrkjelo søndag heldt STIF sine utøvarar fram med å imponere. Det vart mange medaljar i alle valørar, og mange gode poengsummar på Tyrvinge-tabellen, som gjev poeng ut frå alder og resultat. Mange av STIF sine utøvarar nådde over 900 poeng, som vert rekna som svært gode prestasjonar. Resultata kan du sjå her.

Referat Vik - Svelgen 29.08.2004

Dette finn du ved å klikke på Sport t.v. på denne sida.

Gullsankarar frå Svelgen 28.08.2004

Dei unge lovande friidrettstalenta til STIF gjorde ein god første dag av KM (13-18 år) og krinsleikane (10-12 år).  Les resultata her.

STIF slo Vik 5-1 28.08.2004

Svelgen vann laurdag 5-1 borte mot Vik i 5. divisjon. Andrè Hatleset (biletet) (3 mål), Andrè Gjerde og Stian Bøhmer scora STIF sine mål. Sistnemnde kjem nok med referat på Svelgen.no i løpet av dei nærmaste dagane.


Ta turen til Yksenelvane 26.08.2004

Onsdag fekk vi vere med på opninga av vegen til Yksenelvane kraftverk og 50 års jubleet der.

 Det var lagt opp til ei storslått felles feiring  og dei 100 inviterte gjestane vart møtt med hornmusikk leda an av vår alles Fay Løvseth og uklipt flaggsnor som strekte seg over både vegen og langt ut i fjorden. Den fekk skiløparen Roger Aa Djupvik briste.  Etterpå fekk heile delegasjonen guida busstur som først stoppa ved den gamle saga midt mellom kraftverka.   

  Neste stopp var Lunden. Her ligg det tre blåmåla hus i rein skjærgårdsidyll. I desse husa budde arbeidsfolket med familien i årevis utan vegsamband.  Frå Lunden gjekk heile følgjet gamlevegen bort til Yksenelvane Kraftverk.   

  Produksjonshallen var dekka  til dei hundre gjestane  og det var mange som vart takka med blomar og gåver og mange som hadde kvar sine historier og minner frå den spede starten i Yksenelvane. Ein av dei som var framheva var Arve Vik (bildet) som må betraktast som halvSvelgar?  På det andre bildet ser vi den gamle saga og nyevegen i bakgrunnen.

Viss du vil sjå Ålfoten frå nordsida, bør du ta denne turen på nesten ni kilometer. Sjå fleire bilder  og les meir i Fjordenes Tidende fredag.


KM i friidrett til helga 26.08.2004

Laurdag 28. og søndag 29. august går krinsmeisterskapen for 13-18-åringane, og krinsleikane for 10-12-åringane av stabelen på Byrkjelo stadion. STIF si aktive Friidrettsgruppe stiller med ein fyldig deltakartropp på stemnet. Dei unge utøvarane til Ingvald Ytrehus & co vil heilt sikkert sette sitt preg på stemnet, både når det gjeld idrettsglede og medaljesanking.

Les meir om stemnet her.


Friidrett

Bjørkedal utteken til Regionale Ungdomsleikar 25.08.2004

Jørgen Bjørkedal frå STIF er utteken av Sogn og Fjordane Friidrettskrins til å delta på Regionale Ungdomsleikar på Sandnes stadion 4. og 5. september. 14-åringen skal delta på 60 m, og i høgde, lengde og tresteg. Desse leikane er ei vidareføring av dei lange tradisjonane med Donald Duck-leikane på Kongsberg og Telenorleikane på Stjørdal. Les meir på Friidrettskrinsen si heimeside.

Også 13-åringen Kjell Rune Ytrehus er representant for STIF på stemnet. Han er barnebarn av STIF sin friidrettstrenar Ingvald Ytrehus, og er busett mellom Stårheim og Kjølsdalen.

Les meir om Regionale Ungdomsleikar her.


Ny veg opna i dag 25.08.2004

 

I ettermiddag blir ein av kraftstasjonane til SFE i Ålfoten omgjort til dovregubbens hall med spektakulær lyssetting, besøk av huldre og musikk frå Opera Nordfjord. 100 gjestar er venta.

 Det er den nye vegen mellom kraftverka i Åskåra og Øksenelvane i Ålfoten som skal opnast i dag. Samstundes skal Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) feire 50 års jubileum for Øksenelvane kraftverk. Produksjonsdirektør Ola Lingås seier dei har tenkt å markere dette på ein minneverdig måte når dei i dag inviterer til fest.

 - Eg vil nødig røpe alt som skal føregå, men eg trur det blir ei veldig spesiell markering, fortel Lingås, til Fjordenes Tidnede i dag.

Snorklippinga blir ein seanse i seg sjølv. Den er så spesielt lagt opp at ingen veit kven som skal føreta klippet før augneblinken er der.

SFE har tyngdepunktet for sin kraftproduksjon i området på nordsida av Ålfotbreen. For å få til effektiv og framtidsretta drift av desse anlegga har dei bygd denne vegen mellom Åskåra kraftverk og Øksenelvane kraftverk. Vegen skal også vere fundament for utbygging og drift av nye kraftverk i reguleringsområdet. To nye kraftverk er under prosjektering og vil bli bygd i løpet av dei næraste åra.  No kan du sjå Ålfoten frå ei ny side, som du ser frå bildet tatt frå nyevegen i går føremiddag.

Frank Hatleset passerer 300 seniorkampar for STIF 25.08.2004

Når STIF spelar borte mot Vik laurdag 28. august spelar Frank Hatleset (biletet t.v. frå 1991) sin seniorkamp nr. 300 for STIF. På STIF sin maratontabell, som inneheld kampar for både A- og B-laget/2. laget, er Hatleset den 12. spelaren som når 300 kampar. 29-åringen har spelt 296 A-kampar og 4 kampar for B-laget/2. laget. Han vil på fotballfesten 16. oktober få ei utmerking for 300 kampar.

Hatleset debuterte på A-laget som 16-åring i 1991, og var då som 2. års gutespelar jamt over fast på A-laget. Han har pr. 23/8-04 scora 81 mål for A-laget, og ligg med det på 9. plass på storscorarlista til STIF gjennom alle tider. 49 av måla har han scora i seriekampar. Han vart toppscorar for A-laget i 2001. Hatleset er kanskje den som har lagt opp til flest mål for A-laget til STIF gjennom alle tider. Mest truleg er det berre Terje Førde, som spelte for STIF frå 1974-1987, som kan konkurrere med Hatleset på det området. For med sin ekstreme fart, gode innlegg, sine lange innkast, og si "evne" til å bli lagd ned i straffefeltet, er det ikkje få mål Hatleset har vore neste sist på.

Hatleset er mellom dei raskaste fotballspelarane STIF har hatt, og i 1991 var han med på å sette klubbrekord på 4 x 100 m stafett for STIF. Som ein følgje av sin "sprintmuskulatur" er Hatleset utsett for skader. Mellom anna var han skada storparten av 2000-sesongen, då STIF rykte ned frå 3. divisjon. Og fråværet til Hatleset var nok ei av dei viktigaste årsakene til den dårlege avslutninga på "3.divisjons-eventyret", som STIF hadde i 1998-2000 med Leo Cirotzki som hovudtrenar. Det har også ved fleire andre høve vist seg at STIF sitt angrepsspel har gått i stå utan "lynvingen" på plass.

Det er i hovudsak på høgre kant på midtbana/i angrep Frank Hatleset har spelt, men han har også spelt både back og spiss. I 2001 var Hatleset spelande trenar for A-laget. Hatleset er inne i sin 14. sesong med kampar for A-laget til STIF, og har vore med på tre opprykk og to nedrykk. Nedrykka kom i 1991 og 2000, medan opprykka kom i 1993, 1994 og 1997. I 2003 spelte han treningskampane og ein seriekamp for STIF, før han etter utallige førespurnader frå Florø SK gav etter og sa ja til å spele i 3. divisjon for bruntrøyene. Hatleset imponerte for FSK, og laget plukka om lag alle sine poeng i dei kampane Hatleset var med. FSK plukka minimalt med poeng i sesonginnleiinga og sesongavslutninga då han ikkje var med. Også i åra før han valde å prøve seg i FSK, hadde han tilbod frå mange av naboklubbane til STIF.

Dei 11 andre spelarane som har passert 300 kampar er: Øyvind Grindheim, Frank Midtbø, Terje Førde, Asbjørn Svarstad, Torgeir Vårdal, Arild Sande, Roald Nigardsøy, Frank Ryland, Paal Øyvin Frøyen, Alf Førde og Frank Ommedal.

På biletet under ser ein Frank Hatleset (t.h.) fotografert i desember 2003, i lag med broder og trenar Trond Hatleset.


Dramatikk for Svelgen-ungdom 23.08.2004

Søskenbarna Stian og Lise Holm frå Svelgen vart vitne til dramatikken ved Briksdalsbreen i dag. Dei går på idrettslinja ved Florø vidaregåande skule og reiste i dag tidleg på skuletur opp til breen. Dei kom like etter ulukka og møtte ambulansar og redningsmenn på veg opp. Dette fortel dei i ei tekstmelding til Svelgen.no måndag kveld. 

Dei sju skadde er engelske turistar som var på veg ned att frå Briksdalsbreen. Ein av hestane sprang løpsk og drog med seg andre vogner. Augevitne som var på veg oppover fortel at vognene brasa forbi dei på veg nedover. På ein strekning på 300 meter vart dei fleste turistane slengde ut av vognene. Den siste turisten var funnen att omlag ein kilometer nedanfor der den første hesten sprang ut. Den britiske turisten har truleg klamra seg fast til vogna medan hesten jaga nedover, melder www.nrk.no Foto: Randi Indrebø, NRK


Innpåslitne seljarar i Bremanger 23.08.2004

Politiet i Bremanger har i dag fått telefonar frå fleire bekymra personar som føler seg pressa av innpåslitne seljarar.
Fleire eldre og einslege personar i Bremanger har i dag fått besøk av seljarar som sel tepper, skjorter og skinnklede. Seljarane har oppført seg trugande og har vore vanskeleg å få ut av huset.
Politiet i Bremanger oppmodar folk som får besøk av seljarane om å ikkje sleppe dei inn i huset, melder NRK Sogn og Fjordane.

Svelgen bu- og serviecesenter:

Usikkert kring ombygginga 23.08.2004

 

Plasstillitsvald Aud Berit Mulelid er lei av uvissa kring utbygginga av Svelgen bu- og servicesenter. - Vi har sett fram til betre arbeids- og buvilkår i fleire år, men får berre beskjedar om stadige utsetjingar, seier Mulelid, til Fjordenes Tidende i dag.

 Dei tilsette har til no ikkje vore pådrivarar for å få gjennomført utbygginga av Svelgen bu- og servicesenter (SBS) som etter planen skulle starta ved årsskiftet 2002/2003 og snart stått ferdig.

- Eg syns det er veldig vanskeleg å vite at kommunen har svært dårleg råd, og samstundes vere nokon pådrivar for ei storstilt ombygging slik planane i utgangspunktet var. Spørsmålet vi då stiller oss er om kommunen vil sitje igjen med så lite driftsmidlar at det går ut over talet på tilsette eller vilkåra for dei pleietrengande. Det vil i så fall ingen vere tente med, seier plasstillitsvald Aud Berit Mulelid. Meir i Fjordenes Tidende måndag.

Referat Svelgen - Vadheim/Høyang 2 22.08.2004

Ved å klikke på "Sport" t.v. på denne sida kan du lese Stian Bøhmer sitt referat frå denne kampen. Bøhmer var ein av minst 6 spelarar som var ute med skade eller sjukdom i denne kampen.

Leik og moro ei veke 22.08.2004

Svelgen skule har, tradisjonen tru, hatt ei veke med aktivitetar som start på skuleåret. Forrige veke fekk elevane vere med på fjelltur, gå orientering, spele ballspel og andre leikar både ute og inne.

I morgon er det alvor og fram med bøker og lekselesing i gjen.

På bildet ser vi Stian bli utfordra i chingchong av dei andre elevane.

Sjå fleire bilder i Fjordenes Tidende måndag.


"Scoringsklubben" til Fotballgruppa 21.08.2004

På heimekampen mot Vadheim/Høyang 2 vart Mia & Merete Mundal trekt ut blant dei 46 medlemane i "Scoringsklubben", som vinnar av ein pizza gjeven av Svelgen Hotell.

Det er framleis mogeleg å verte medlem i "Scoringsklubben", interesserte kan ta kontakt på mailadresse: f-ryl@online.no. Du kan lese meir om klubben på "Tobbensida". Og er du i tvil om du er registrert som medlem, finn du også medlemslista der.


STIF vann 6-1 over V/H 2 21.08.2004

I ein kamp i 5. divisjon laurdag vann STIF 6-1 heime mot Vadheim/Høyang 2. STIF leia 1-0 ved pause etter mål av Frank Ommedal. I andre omgang scora følgande for STIF: Geir Myklebust, Andrè Gjerde, Tom Erik Løvseth og Andrè Hatleset (2). Sistnemnde har no scora 13 mål på 10 seriekampar.

Kampreferat kjem på Svelgen.no i løpet av helga.

Det er no over ein månad til neste heimekamp for STIF. Laget har tre bortekampar på rad, her av to sognekampar. Laget avsluttar sesongen med heimekamp mot topplaget Selje søndag 16/9.


Marknadsførte kulturkommunen 20.08.2004

Ordførar Kåre Olav Starstad lot ikkje sjansen gå frå seg då han fekk 70 tilhøyrarar framom seg i kommunestyresalen på rådhuset i Svelgen i går. Han fortalde og viste stolt flotte bilder frå heimkommunen, og proklamerte at Bremanger er ein Sogn og Fjordane i miniatyr – ei eineståande kommune.

 Bremanger kommune hadde invitert alle kommunane i Sogn og Fjordane til temakonferanse kring servicekontor.

  Fylkestrygdedirektør Tore Thorsnes kunne raskt henge seg på skrytet til Svarstad og framheva at  Bremanger også er spesiell som pionerkommune i si satsing på offentleg service.

Han var invitert for å fortelje om utfordringane kommunane vil stå overfor i samband med Rattsø-utvalet i utgreiing om samordninga mellom aetat, trygdekontor og sosialkontor. Etter planen skal dette innførast i januar 2007.

Dei to på musikkskulen, Elisabeth S. Hamre og Norvall Klungresæter underheldt med vakker musikk i pausen. Meir i Fjordenes Tidnede i dag.


Nokia funnen på stadion 20.08.2004

Vi fann ein mobiltelefon (ein mørkebrun Nokia 3310)

ved Svelgen stadion den 16.08.04

Eigar kan få den att ved å kontakte Bakarhuset.


STIF møter Vadheim/Høyang 2

på Svelgen stadion laurdag kl. 1500 18.08.2004

Laurdag 21/8 kl. 1500 møter STIF sitt 5. divisjonslag botnlaget Vadheim/Høyang 2 til kamp på Svelgen stadion.

Langtidsvarsel fotballfest 18.08.2004

Den tradisjonsrike fotballfesten for vaksne vert i år halden laurdag 16. oktober på Svelgen Hotell.

Torskeanlegget nedlagt 18.08.2004

 

Norsk Marin Yngel, som satsa på torskeoppdrett i Svelgen, har lagt ned drifta. Verksemda har så store problem at både straum og telefon er kutta. Men styreformann Stig Bakke seier dei ikkje har gjeve opp håpet om å tene pengar på torskeoppdrett.

Stans på Silgrain 18.08.2004

 Dei tilsette på Elkem Bremanger vart i går orienterte om at produksjonen av Silgrain kjem til å bli stansa i ein periode. Årsaka er overproduksjon.

Stansen fører ikkje til permitteringar, og direktør Erik Løkke Øwre seier til Fjordenes Tidende i dag at det heile er udramatisk.
- Vi har produsert mykje betre enn venta og selt meir Silgrain enn nokon gong, seier han. 

Svelgen kino:

SPIDERMAN 2 18.08.2004

SØNDAG 22. august: 
11 ÅR
Speletid: 2 TIMER, 7 MIN.

NYE UTFORDRINGER FOR PETER PARKER

To år er gått siden beskjedne Peter Parker vendte ryggen til sin store kjærlighet Mary Jane Weston, fast bestemt på å bekjempe kriminalitet som sitt alter ego Spider-Man. Peter møter nye utfordringer i slitet med å takle "gaven og forbannelsen" som ligger i de overmenneskelige kreftene og egenskapene hans, samtidig som han skal forsøke å balansere sine to forskjellige identiteter - som Spider-Man og som collegestudent. Nå står forholdene til hans nærmeste på spill i et farlig møte med den mektige, multitentaklede skurken Doctor Octopus alias Doc Ock! Meir om filmen: http://www2.filmweb.no/film/article.jhtml?articleID=23188


Betaler gatelys sjølv 18.08.2004

 
Eigaren av Knutholmen betalar av eiga lomme for at det skal vere lys i gatelysa i Kalvåg.
Svein Inge Fosse seier til Fjordenes Tidende at gjestene hans har vore utsette for uhell fordi det er så mørkt om nettene.
Bremanger kommune sparer pengar ved å halde gatelysa sløkte i sommarhalvåret. Ordførar Kåre Olav Svarstad seier det skal avgjerdast kortid resten av kommunen får lys på førstkommande politiske møte 7. september.


STIF tapte 2-3 i toppkampen 17.08.2004

I den viktige kampen om 2. plassen i 5. divisjon tysdag, tapte STIF 2-3 borte mot Førde 2. STIF ligg no 5 poeng bak Førde 2, som ligg på 2. plassen som gjev opprykk. Førde 2 har også ein kamp mindre spelt enn STIF.

NRK-intervju med Ingvald Ytrehus 16.08.2004

4. august i år hadde NRK Sogn og Fjordane eit spanande og godt
portrettintervju med supereldsjela Ingvald Ytrehus frå Svelgen. Her kunne
radiolyarane høyre Ytrehus fortelje frå sine 50 år innan friidretten,
arbeidet med born og ungdom, toppidrett, doping, og mykje mykje meir.

Sjølv om Ytrehus i år er friidrettstrenar for 30. år på rad i STIF, har han
ikkje planar å å gje seg. På spørsmål frå NRK om han har planar om å gje
seg, svara Ytrehus noko lattermildt: "Eg tek et år av gangen". Han uttala
også: "Det er voldsomt kjekt å arbeide med born og ungdom".  Svelgen.no
tolkar dette som at 65-åringen endå har mykje å gje til dei unge i bygda,
og at han vil halde fram som eldsjel innan STIF og friidretten i mange år
framover. Iallefall er det lov å håpe på dette, for Ytrehus betyr enormt
mykje for friidretten i bygda !!

Svelgen.no har fått løyve av NRK Sogn og Fjordane til å legge ut
radiointervjuet, slik endå fleire svelgarar kan få høyre programmet om
bygda si store eldsjel. Vi takkar NRK S. og Fj. og distriktsredaktør Kai
Aage Pedersen for dette løyvet. Grunna ferieavvikling hadde NRK sjølv ikkje høve til å legge ut mellom anna dette onsdagsportrettet på eige nett.

Klikk her for å høyre det 33 minutt lange intervjuet Linda Nødseth hadde
med Ytrehus.


På biletet under, frå 1982, vert Ingvald Ytrehus (t.h.) tildelt æresmedaljen til
STIF og vart utnemnt til æresmedlem i idrettslaget. T.v. ser ein Arne Loftheim, som
var formann i STIF i 1982. Biletet er henta frå STIF si historiebok.


Hjelpekorpsar frå Svelgen til Narva i Estland 16.08.2004

Asbjørn Sande frå Svelgen deltok i perioden 21.07.04 til 01.08.04 som vegleiar i opplæring av hjelpekorps frå Estland. Kurs i ettersøkning, førstehjelp, sminke og markør vart halde i Narva, heilt aust i Estland. Sande deltok ilag med 15 andre vegleiarar frå Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps.

Estiske røde kors ynskjer å bygge opp beredskapen på ettersøkning og redning på same måte som det norske hjelpekorpset. Dette var slett ingen ferie då ein hadde 16 timar lange dagar med undervising og nattlege øvelsar.

På biletet ser ein Sande t.h. i lag med D-rådsleiar Stian Antonsen i Flora i Tallin.


Sprek svelgar på "Skåla opp" 14.08.2004

"Skålatårnet 1848 meter rett opp" ved Loen vart arrangert for 3. gong på lørdag. Jon Bakke, ein sprek svelgar fødd i 1947, sprang/gjekk på tida 1,54,40 time. Med det vart han nr. 13 i klasse 55 - 59 år. Om du nokon gong prøvar å gå opp det bratte fjellet, vil du erfare at dette er svært så imponerande. Ein vanleg fjellgåar vil bruke 4 - 5 timar på turen... Ein nemner at skilegenda Oddvar Brå, som er 4 år yngre enn Bakke, sprang på 1,46,00.

Dette løpet er Nord-Europas tøffaste motbakkeløp, og går fra Tjugen i Loen og opp til toppen av fjellet Skåla 1848 m.o.h. Skåla er rekna som Nord-Europas høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. Løpet har ei samla stigning på ca. 1830 meter og løpets lengde er 8200 m. Det betyr at den gjennomsnittlege stigninga er på 21,5% !

Les meir om løpet her.


STIF slo Oppstryn 3-2 borte 14.08.2004

STIF spelte laurdag borte mot Oppstryn i 5. divisjon og vann 3-2. Kjell Åge Bueie (2) og Frank Hatleset scora STIF sine mål, medan både Roy Vegard Sørgulen og Frode Hessvik spelte sin første seriekamp frå start denne sesongen. For referat sjå "Tobbensida" (som du finn litt nede t.h. på denne sida).

Tysdag 17/8 spelar STIF borte mot Førde 2, som ligg på 2. plass på tabellen. Med siger her heng STIF framleis med i opprykkskampen, medan tap gjer at STIF vert hekta av for godt. Kampen går på Førde stadion kl. 1900.


Friidrett

NM-medalje til Kim Leirvik 14.08.2004

Kim Leirvik frå STIF tok fredag bronse i stav for 16-åringar under NM for 15-19 åringar (UM) på Fagernes. Leirvik hoppa 3,00 m, og var 10 cm frå å ta sølvet. Laurdag vart Leirvik nr. 5 i sitt heat på 200 m med tida 24,77. Søndag skal Leirvik i aksjon i lengde.

Leirvik er den 3. utøvaren frå STIF som har teke medalje i UM. Tidlegare har Kurt Hessvik ein sølv og ein bronse, og Kjell Idar Berle har ein bronse.

På biletet under ser ein Leirvik i aksjon under trening på Svelgen stadion, med trenar Ingvald Ytrehus i bakgrunnen.


Svelgen Røde Kors hjelpekorps med

Gratis førstehjelpskurs for småbarnsforeldre 13.08.2004

Svelgen Røde Kors hjelpekorps vil med dette invitere småbarnsforeldre til gratis førstehjelpskurs. På dette kurset vil vi gi deg ei innføring i Hjerte/lungeredning(HLR) på baby/born og framandlegme i luftvegar hjå baby/born

 

  • Max antal på kurset er 15 stk. pr. kveld.
  • Dette betyr at ”først til mølla.....” gjeld.

  • Vi køyrer det same kurset to dagar etter kvarandre slik at begge foreldre har muligheit til å delta.
  • Tysdag 14.09.04, kl. 18.00 - 21.00
  • Onsdag 15.09.04, kl. 18.00 - 21.00

  • Kurset vert halde på Røde kors huset i Elvavegen 17.
  • Det vert servert kaffi med noko å bite i.
  • Kurset er berekna å vare i 3 timar inkludert pausar. 

Meld dykk på til:

Leo H.Cirotzki,

Svelgen Røde Kors hjelpekorps, styret


Brann på Smørhamn 12.08.2004

Klokka 17 torsdag ettermiddag utvikla eit bål i fjæra seg til ein ukontrollert brann like ved trelasten i Smørhamn. Les meir på www.firdaposten.no

Drukna i Botnane 11.08.2004

 Mange i Svelgen høyrde sjukebil med sirene tysdag ettermiddag.  Årsaka var ei drukningsulukke i Bornane, der ein 19 åring omkom.

 

Folk på ulykkesstaden og helsepersonell prøvde i fleire timar å redde livet til den unge mannen som vart liggjande minst 35 minutt under vatn i Norddalsvatnet.

Den flotte badeturen vart brått til tragedie, dåden 19 år gamle United World College-eleven   forsvann i fjellvatnet, som ligg om lag 80 meter over havet, ein kilometer ifrå bygda.

Ulykka i Norddalsvatnet i Botnane   skjedde klokka 16.20 tysdag ettermiddag.-Mannen vart liggjande mellom 35 minutt og ein time under vatn. Folk på staden starta gjenopplivingsforsøk, før luftambulansen kom fram til staden, opplyser operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.Den drukna vart frakta til Førde sentralsjukehus, der gjenopplivingsforsøka heldt fram på intensivavdelinga langt utover kvelden.

Mannen, som kjem ifrå Usbekistan, sumde i lag med ein annan UWC-elev mot ei flåte vel 50 meter ifrå land, då han fekk problem og forsvann under fjellvatnet.

Magne Bjergene ved United World College drog til ulykkesstaden i lag med ein kollega, med éin gong meldinga om den tragiske hendinga kom. Då dei kom fram til Botnane, hadde luftambulansen teke den unge mannen med til Førde sentralsjukehus. Representantane frå UWC vart igjen i Botnane for å støtte kameraten til den drukna. Kameraten er elev frå same kull som den drukna. Dei har vore på UWC i eitt år og hadde sommarjobb i Bremanger, fortel NRK.-Vi er no i ferd med å kontakte familien og vil sjølvsagt gjere alt vi kan for å støtte dei i den vanskelege situasjonen, seier Bjergene.

Han opplyser at UWC vil hjelpe til med å prøve å få familien til Norge så snart som råd.

-Vi gjer vårt yttarste for å støtte dei pårørande, seier Bjergene. (Ill.bilde)

Brann på Elkem 09.08.2004

Brannmannskap måtte søndag ettermiddag rykke ut då det tok til å brenne i Omn 5 ved Elkem sitt verk i Bremanger.
 
Brannen hadde tekniske årsaker og vart raskt sløkt, melder brannvakta i Svelgen. Ingen personar kom til skade i brannen, melder NRK.

Nok ein uavgjort for STIF i 5. divisjon 06.08.2004

For 5. kamp av 9 mogelege spelte STIF uavgjort i 5. divisjon fredag kveld. Kampen mot Hornindal på Svelgen stadion enda 3-3. STIF låg under 1-2 til rundt det 80. minutt, då tre kjappe mål kom. STIF gjekk opp til 3-2 i løpet av to-tre minutt, før Hornindal utlikna minuttet etter at STIF tok leiinga. Kampen, som gjekk medan det høljeregna, bølga fram og tilbake i 90. minutt. Målscorarar for STIF var Andrè Gjerde, Trond Hatleset og Frode Hessvik.

For evt. referat følg med på "Tobbensida" i dagane som kjem.

Elsa Johanne Sande Hauge vart uttrekt, blant dei 46 medlemane i "Scoringsklubben", som vinnar av ein pizza gjeven av Svelgen Hotell.


Til salgs:

Midt i Svelgen Sentrum 05.08.2004

TIL SALS:

Hus med ekte skifertak og flott opparbeidd hage til sals i Svelgen sentrum. Like ved skule og barnehage samt butikkar, rådhus og andre sentrumsfunksjonar. Svært godt vedlikeholdt -oppført 1951.

Takst: 998.000,00.

 Ring 33030808 
for meir informasjon eller takstmannen sin rapport.


Fotball

5. divisjonskampen til helga flytta til fredag 02.08.2004

STIF sin heimekamp mot Hornindal, som opprineleg var terminfesta til laurdag 7/8, er no flytta til fredag 6/8. Avspark vert kl. 1900.

Innbrotsraid i Svelgen-området 02.08.2004

I helga var det tre innbrot i Svelgen-området: Eit grovt våpentjuveri, eit bilinnbrot og eit innbrot på Coop. Fungerande lensmann Espen Gulliksen meiner at det kan vere del av eit større raid og han ber no om tips og hjelp frå publikum.

Les meir om desse sakene i  Firdaposten. Ei lita retting: Innbrotet i bilen fann stad ved Sørdalsvatnet, og ikkje ved Risevatnet, som Firdaposten skriv.


Oppsummering av STIF sin innsats på Norway Cup 02.08.2004

Her følgjer ei kort oppsummering frå STIF sin innsats på Norway Cup 2004:

Jentelaget (15-16 år) tapte sine tre innleiande kampar og kom ikkje til noko sluttspel. Dei viste likevel stor innsats i alle kampane.

Småjentene (13-14 år) vann ein kamp og tapte to i innleiande runde, og vart nr. 3 av 4 lag i pulja. Dei vart med det kvalifisert for B-sluttspelet. Her vart det tap etter ekstraomgangar i første kamp, som var 16. delsfinalen. Laget spelte fin fotball, men var uheldige framfor mål.

Smågutane (13-14 år) gjorde det best av STIF sine lag og vann to og tapte ein kamp i inneiande runde. Her tapte dei mellom anna berre 1-2 mot Kauguri frå Latvia, som seinare tok bronsemedaljar. STIF vart nr. to i pulja si. I sin første kamp i A-sluttspelet, som var 16. delsfinalen, knuste dei eit tysk lag med 6-1. I 8. delsfinalen vart det derimot stopp for svelgarane, då dei tapte 0-7 mot eit svært godt lag frå Sarajevo by. Det deltok i alt 56 lag i denne klassen for smågutar 7`ar-fotball.

STIF sine dommarar gjorde ein svært fin figur under Norway Cup. Øyvind Grindheim fekk mellom anna dømme kvartfinalen i A-sluttspelet i juniorklassen for herrar. Han har tidlegare dømt kvartfinale for gutar, så dette var "pers" for Grindheim på Norway Cup. Stian Holm vart utteken til å dømme finalen for junior-damer i B-sluttspelet. I følgje Fjordenes Tidende lærte Holm mykje på dommarkurset som han deltok på, som den einaste frå Sogn og Fjordane. Elles gjorde begge solid innsats tidelegare i turneringa.

Alle utøvarane frå STIF på Norway Cup var svært gode ambassadørar for STIF og Svelgen, og viste eksemplarisk oppførsel under heile opphaldet i Oslo. I følgje reiseleiarane var det "ei fryd" å reise på tur med slike kjekke ungar/ungdomar.

Elles er det berre å gratulere Bremanger med kjempeinnsats på Norway Cup. Gutelaget tapte semifinalen i 7`ar-fotball i siste sekund av ekstraomgangane, og fekk med det bronse. Småjentene til BIL tapte kvartfinalen i 7`ar-fotball mot Hødd, som seinare vann turneringa. I innleiande runde slo BIL det andre finalelaget 4-2. Trenar for småjentene til BIL er mellom anna Kjell Nigardsøy, som vel er å rekne som "om lag 1/3 svelgar" etter om lag 20 års jobbing i Svelgen. Les mei på heimesida til Bremanger.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov