Arkiv Nov 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

FROKOSTKAFE 12.desember. 20.11.2009

Coopen og Pensjonistlaget lagar til stor julefrokostkafe på Keipenstova laurdag 12.desember frå kl 10 til 13!

 

Som mange har merka er det mykje arbeid på gang i butikklokala for tida. Geir fortel at heile butikken skal fornyast - og han håpar at  det ikkje vil stresse kundane altfor mykje. Men fram på vinteren vil butikken vere modernisert og mest "som ny".

 

Som takk for at kundane er tåmodige i ombyggingsperioden vil butikken invitere  til gratis julefrokost laurdag 12.desember.Han har alliert seg med pensjonistlaget som vil stå for kaffikoking og servering på Keipenstova medan tilsette på Coopen kjem med deilig julemat.

 

Vi reknar med stort besøk !

 

Helsing

Svelgen Pensjonistlag og Coopen.

 

 


STIF ber kommunen om forskottering 30.11.2009

Sluttrekning for ombygginga av Svelgen stadion enda på 7.2 millionar kroner, eller nesten ni millionar med meirverdiavgift. Det er 450 000 meir enn budsjettert og no ber STIF kommunen om å dekke eit ikkje finansiert beløp på 1,3 millionar kroner. Saka skal handsamast i formannskapet i morgon og rådmannen rår politikarane til å forskottere pengane. Når tippemidlane for anlegg vert utbetalt vil pengane betalt tilbake.

Ordførar Svarstad om vegvedtak:

- Svært gledeleg! 30.11.2009

Ordførar Kåre Olav Svarstad er veldig nøgd med vedtaka i Hovudutval for Samferdsle der både 45-minuttsregionen og Bremanersambandet2 vert prioritert. - Dette viser at kan ei samlast og vere samde om kva prosjekt som skal prioriterast, då er sjansane for å lukkast vesentleg større, seier Svarstad til Fjordenes Tidende.  Han føler seg trygg på at Fylkestinget kjem til å følge opp vedtaket på sitt møte 8. desember.

Ordføraren fortel vidare til avisa har Bremanger kommune har gjort unna arbeidet med arealplanen for området frå Kolset til Bortnen og vidare til Sørdalen. Frå Svelgen sentrum til tunnelinnslaget i Sørdalen vert det knapt åtte kilometer å køyre, og distansen frå Svelgen til  Kolset vert 18 kilometer. I dag må bilistane kjøre 63 kilometer. Tidsmessig betyr det ein reduksjon frå 50 til 15 minutt.

- Når Bremangersambandet2 står ferdig er den første delen av Kystvegen bygd. Når også 45-minuttsregionen har kome eit langt steg nærare realisering, så er mitt håp at det ikkje skal gå mange år før ein kan køyre på veg med gul stripe frå Nordfjord til Sunnfjord her på kysten, seier Svarstad.


Hovudutvalet sitt vedtak i 45-regionssaka 30.11.2009

Gjennombrot for 45-minuttsregionen   

Hovudutval for Samferdsle i fylket fatta den 24.11.09 følgande samrøystes vedtak om 45-minuttsregionen i samband med behandling av Fylkesvegplanen 2010-13 (19):

a)           Fylkestinget meiner ei rask realisering av 45-minuttsregionen (samanhengande kystveg

Måløy-Florø) vil vere svært viktig for å skape vekst og utvikling knytt til næringsliv på kysten av Sogn og Fjordane, og er ei naturleg vidareføring av Bremangersambandet del 2

b)           Fylkestinget stør kravet om ein statleg regionbyggingspakke for 45-minuttsregionen, og vil arbeide opp mot statlege styresmakter for å få ein slik pakke realisert

c)            Fylkeskommunen vil samarbeide med berørte kommunar om å få fram eit finansieringsopplegg som syner korleis prosjektet kan realiserast i neste tiårsperiode gjennom finansiering utanom fylket sine ordinære investeringsmidlar, mellom anna gjennom utvida brukarfinansiering og statleg regionbyggingspakke

d)           Fylkestinget er  innstilt på å avsette midlar til planlegging av vegparsellane i 45-minuttsregionen i første del av planperioden (2010-13)


Spennande vegmøte tysdag 28.11.2009

Tysdag skal politikarane i Bremanger handsame kommentarane til planprogrammet for delstrekninga Svelgen-Indrehus.

Skal den nye Rv. 614 mellom Svelgen og Indrehus inkludere to tunnelar og ei stor rundkøyring like attmed skulen og idrettshallen? Eller skal traseen gå rakt forbi gravplassen på Rise, eventuelt rasere den mykje brukte badeplassen ved vatnet?

Det har komme inn ein rekkje innspel til planarbeidet. Ikkje minst på grunn av det tredje, kontroversielle forslaget om tunnel gjennom Kruna, rundkøyring attmed idrettshallen og veg sørover forbi gravplassen til tunnelinnløpet. Les meir i F irdaposten.


Åpent på hotellet i kveld frå 2230 28.11.2009

Laurdag 28.11.09.

Vi åpnar for dans frå kl. 22.30. Pent antrekk.

Cover kr. 100,-

Musikk: The New Retro Music Duo


Billetter til 2. Juledag        

i sal frå tysdag 1. desember kl. 11.00.

NB! Aldersgrense 18 år (Trykkfeil i julekalender)

Cover kr. 160,-

    Musikk: Trio Desperados


Julesteming på Bakarhuset sin julefest 27.11.2009

 

- Strålande! Kommunesalen framstår i heilt ny drakt, her er så flott pynta. Eg får julestemning for fyste gong i år, seier kommunalsjef Randi Ytrehus som var invitert med til Bakarhuset sin Julefest 26.november i Svelgen.

Det var god stemning blandt deltakarane på Bakarhuset sin julefest i kommunestyresalen i Svelgen torsdag. Brukarar frå både ytre og indre bremanger deltok fulltallig, og bidrog i stor grad til gjennomføringa av julefesten.

- Vi er ikkje så ofte i lag, så dette er ein måte å komme i lag på. Poenget er at vi no har et samkom for alle. I ytre arrangerer dei sommarfesten, og vi ønskjer no å lage ein tradisjon for å feire julefesten her i Svelgen, seier ein daglig leiar i julestemning,  Arne Loftheim.

Vi spør Roy Vegard Sørgulen om korleis han likar seg i Aktiv Jobb i Svelgen. Han var den fyste som blei med på oppstarten saman med Arne Loftheim i 2003.

- Her er det kjekt å vere! Eg har mange damer rundt meg, det er no det kjekkaste, ler Roy Vegard Sørgulen (23 år). Vi sel no mykje bakverk frå kafèen - som  pizza og kringle. Eg er her kvar dag, men i helgane har eg fri, seier han.

Julestemninga var det ingenting å seie på, med allsang, underholdning, spørrekonkurranse, deilig mat og kake. Men høgdepunktet kom nok fyrst når nissane kom. For der er ikkje berre ein nisse i Svelgen.... Denne formiddagen i ein julepynta kommunesal kom heile tre nissar på besøk. (Foto: Anita Ingebrigtsen)

Elkem Bremanger på ny aktuell til Solar 27.11.2009

Denne veka har analytikarar frå Elkem Solar vore i Svelgen for å sjå om Elkem Bremanger har det som krevst for ei solarsatsing til kring 3.5 milliardar kroner.  

-           - Vi er litt oppglødde lokalt over at vi blir vurdert som eit av alternativa for ei framtidig solarsatsing. Men vi vel å vere nøktere optimistar; ingenting er avklart enno. Og på grunn av den økonomsike situasjonen i verda, skjer det truleg ikkje noko med det første. Det seier verksdirektør Steinar Talle ved ELkem Bremanger til Firdaposten.

Ei solarsatsing i Svelgen kan ha store innverknader på lokalsamfinnet , seier Talle vidare;

-           - Ein snakkar då om ei investering på 3.5 milliardar kroner og 200 nye arbeidsplassar knytt til fabrikken. I tillegg kjem levrandørane. Om dette blir lagt til Svelgen, kan det revolusjonere regionen, seier han.

45-minuttsregionen er avgjerande for etablering meiner verksdirektøren. - Dette vil bidra til enklare tilgang til ein større arbeidsmarknad, seier han.


Pendlarane krev større ferje 27.11.2009

Pendlarane mellom Smørhamn og Kjelkenes ønskjer ikkje at Fjord1 Fylkesbaatane skal setje inn ei ferje ut port i baugen, og med salong under sjøflata.
Magne Kjerpeset er ein av dei rundt 10 som dagleg pendlar frå Bremanger og Kalvåg til jobb i Svelgen. I dag er det ferja "Førdefjord" som trafikkerer strekninga. Frå 1. mai skal det ny ferje inn i dette sambandet som har plass til berre ein bil meir enn "Førdefjord" har.

- Vi som pendlar meiner at dette er for lite. Eg er sikker på at det minst er ti avgangar for veka det står att bilar på ferjekaiene. Vi som reiser kan telje, og når det står 24 bilar framfor i køen, er det berre ein ting å gjere, det er å køyre rundt. Det gjer at registreringa av dei som ikkje kjem med ferje vert feil, seier Magne Kjerpeset, til Fjordenes Tidende.

 

Kommunen vil stenge Risebrua 27.11.2009

Villabakken Grendalag, Jostein Eimhjellen, Svelgen Oppvekst har overfor kommunen foreslått alternativ til å stenge gangbrua bak Bakarhuset i Svelgen Sentrum. Dei meiner brua er ein del av "Svelgen-sjela" og at den må bevarast. Gangbrua vert sett på som trafikkfårleg, og kommunen har difor utarbeid reguleringsframlegg som innebere stenging av brua.
På kommunen sine heimesider står det følgande om saka:
Bremanger formannskap har i møte den 10.11.09 sak 139/09 vedteke reguleringsplanframlegg for gangvegsystem ved Riseelva. Føremålet med planen er å leggje til rette for tryggare trafikktilhøve for mjuke trafikantar i samband med Riseelva.

Planen vert med dette lagd ut til offentleg ettersyn, jfr Plan- og bygningslova § 12-11, og er å sjå på Rådhuset og kommunen si heimeside www.bremanger.kommune.no. Frist for merknader er 5. januar 2010. Merknader skal vere skriftlege og sendast til Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen eller post@bremanger.kommune.no Ved spørsmål til planen; ring arealplanleggjar 916 94 136. "

Bildet under er henta frå Svelgen Origo (tilh. Bj. Ripe) Dette bildet skal, etter “sigende”, vere frå ca. 1939 eller 40. Kan sjå ut som det er “musikken” som er ute og øver, kanskje til 1. mai.


 
Utropsteikn rød
 
  

  
 

  

NY INFORMASJON OM VAKSINERING MOT SVINEINFLUENSA

Dersom det er personar i risikogruppene som no ikkje har fått vaksine, ber vi om at dei kontaktar fastlegen sin.

Ingen får tilbod om dose 2 før alle innbyggjarane har fått dose1.

VAKSINASJONSTILBOD TIL BARN OG UNGE
Dei nasjonale helsemyndigheitene vil, i samband med den aktuelle influensapandemien, gje tilbod om vaksinasjon mot influensa A (H1N1) til barn og unge.

Målgruppa for tilbod om vaksinasjon i veke 49 er fylgjande:
- Elevane 1.-4.klasse ved Svelgen oppvekst og elevane i 5.-10.klasse ved alle skulane i Bremanger kommune, og barn i førskulealder som ikkje har fått vaksine.

Vaksinasjonane vert utførte på helsestasjonane i kommunen, Svelgen helsestasjon og Bremanger helsestasjon. Det vil verte gjeve tilbod om vaksinasjon både på dagtid og ettermiddag/kveld både på helsestasjonen i indre og i ytre del av kommunen.

Tidspunkt for vaksinering av skuleborn:

- For Hauge, Kalvåg og Kolset skule vert det vaksinering på Bremanger helsestasjon
måndag 30. november og tysdag 1. desember, kl. 08.00 – 19.00.
-
For Davik, Ålfoten og Svelgen skule vert det vaksinering på Svelgen helsestasjon onsdag 2. desember og torsdag 3. desember, kl. 09.00 – 19.00. Tilbodet om vaksinasjon gjeld første dose av vaksinasjon mot pandemisk influensa.

Før ein vaksinerer må elevane ha løyve frå føresette. Vaksinasjonstilbodet til elevane er gratis.
Bremanger helsestasjon, helsesøster Ingjerd S. Hauge, tlf. 577 96 690, mob. 959 82 964

Svelgen helsestasjon, helsesøster Kari J Rise, tlf. 577 96 407, mob. 959 82 965

Rådmannen


SVELGEN HOTELL minner om vårt store tradisjonsrike

julebord laurdag 28. november og fredag 4. desember kl. 20.00.

Vi har nokre ledige plasser begge dagar. Pris kr. 525,-

    Musikk: The New Retro Music Duo

 

    For bestilling: tlf 57 79 65 20 seinast dagen før  kvart julebord.

 


Julemessse på sjukeheimen laurdag 25.11.2009

 

Det vert julemesse på Svelgen Bu- og Servicesenter

Laurdag 28. november   klokka 11.00

Messekafe - Basar
Alle er hjarteleg velkomne!

AvtaleGiro og/eller eFaktura til kommunale rekningar 25.11.2009

Du kan no benytte AvtaleGiro og og/eller eFakura for å betale dine faste rekningar til Bremanger kommune.  Bruk innmeldingsskjema eller gå inn på nettbanken din for å bestille. Les meir på kommunen sine sider.

Ledige operatørstillingar ved Elkem 25.11.2009

Elkem Bremanger har ledige stillingar som operatørar/fagarbeiderar i skiftordning ved avdeling ovn 2-4 og avdeling råstoff for tilsetjing snarast. Sjå stilling ledig til venstre.

INC feira 25 og 30 års jubilantane 25.11.2009

Tirsdag kveld feira INC Vedlikehold Svelgen AS sine 25 og 30 års jubilantar.

 

25 årsjubilantane er: Nils Jørgen Sagebø og Øyvind Grindheim

30 årsjubilantane er: Kjell Eikeland, Karstein Løvseth, Jonvald Naustdal, Øyvind Grindheim, Halvard Sigdestad, Jan Heggø, Jan Hessvik og Kåre Leirvik.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Anita M. Ingebrigtsen

 

F.v.: Daglig leiar Atle Rogne, Kjell Eikeland, Karstein Løvseth, Jonvald Naustdal, Øyvind Grindheim, Halvard Sigdestad, Jan Heggø og Nils Jørgen Sagebø. Jan Hessvik og Kåre Leirvik var ikkje tilstades.


TENNING AV JULEGRANA LAURDAG

Svelgen skulemusikk har open JULEKAFE i samfunnshuset laurdag 28. november frå kl. 12.30 til kl 16.00

         Sal av risengrynsgraut, kaffi, brus og kaker
                  Åresal og sal av 21-lodd

 Det vert tenning av julegrana ved Samfunnshuset

                            kl 16.00
        

Svelgen skulemusikken spelar og drillen er med!

Velkomne!


                           


Takk til Saniteten frå Samfunnshuset 24.11.2009

Svelgen Samfunnhus takkar

Svelgen sanitetsforening for

gåva på kr. 10.000  


Svelgen kunstlag inviterer til utstilling 19.11.2009

Svelgen Kunstlag inviterer alle til si årvisse medlemsutstilling  i Småsalen på Svelgen Samfunnshus   27. - 29. november  

 

I år er det åtte av medlemmane som er med på utstillinga som viser ulike teknikkar og biletformer. Det er olje- og akrylmåleri, akvarellar, collage og foto.

 

          Vi kan love alle som kjem innom ei spennande og fin utstilling!

 

Utstillinga opnar fredag 27. nov. med eit lite musikkinnslag og ei enkel servering. Det vert også lodda ut eit bilete frå utstillinga.  

 

Opningstider:  

Fredag 27. november   kl. 18 oo -  21 oo  

Laurdag  28. november  kl. 12 oo -  17 oo  

Søndag   29. november   kl. 15 oo -  18 oo 

 

 

 

Styret i Svelgen Kunstlag ynskjer alle hjarteleg velkomne til salsutstillinga til medlemmane i kunstlaget. Her er det mogleg å finne fine julepresangar, mellom bileta er det mange flotte lokale motiv! Maleri av Reidun Varpe


Domarkurs i Svelgen 23.11.2009


På biletet kursdeltakarane; framme f.v.:
Magnus Myrhol, Ole Martin Gjerde, Pål
Valberg, leiar i friidrettsgruppa Ingvald
Ytrehus. Bak f.v.: Jørn Holm, Elin Endestad
Gjerde, Marit Øvrebotten Myrhol, Inger
Valberg og Anita Hessvik.

   

På sida til Norges Friidrettsforbund 

    

Fra Dagfinn Nyhammer


Sogn og Fjordane FIK har halde Krinsdommarkurs i Svelgen,

med 7 deltakarar. Med nylagt kunststoffdekke står laget ganske sikkert for ein ny giv på friidrettsfronten, og då må det også dommarar til.

Svelgen er viden kjent for godt stavmiljø, med entusiasten

Ingvald Ytrehus i spissen.

No ligg alt til rette for at ein kan kome sterkare også i andre øvingar. 

 

Instruktør for kurset: Dagfinn Nyhammer.


Inviterte til minikonsert 23.11.2009

 

  Les meir på sida til Firdaposten


Aukande opplagsutvikling for Budstikka

Bremanger Budstikke har kome ut med ei einaste prøveavis. Det syner seg no – 3 veker etter  utgjevinga – at det er stor interesse for at det skal kome vekeavis i Bremanger. Budstikka har klart å samle halvparten så mange abonnentar som Fjordenes Tidende. Skilnaden er at Bremanger Budstikke har kome med ei einaste utgåve og deretter har det gått 3 veker, der initiativtakaran ventar på at bygdefolket skal bestille avisa i stort nok antal, slik at Bustikka kan starte som vekeavis. Fjordenes Tidende har kome ut i 99 år. Etter prøveavisa har Bremanger Budstikke halvparten så mange abonnentar i Bremanger som Måløyavisa. Dette tyder på at innbyggjarane i Bremanger er gira på ei eiga lokalavis som berre omhandlar Bremanger. Initiativtakar Geir Nybø fortel at abonnement kan bestillast på bremanger.budstikke@gmail.com og på 90119388, og han oppmodar folk om å trø til med julegåver, slik at abonnementstalet skyt fart og ein klarer 1000 abonnentar så fort som råd. – Det er heilt urealistisk å starte med færre enn 1000 abonnentar, og eg kan ikkje anna enn å vente på at folk skal tinge avisa. Dess fortare folk tingar avisa, dess fortare kjem vekeavisa. – Men eg er budd på at om det ikkje er mange nok no før jul, må tanken om eiga avis for Bremanger mogne. Kan hende tek det meir tid enn til jul for å få tak i 1000 abonnentar?, spør Geir Nybø som ventar i spenning på når talet bikkar 1000.  Dersom ein ikkje klarer dette til rundt årsskiftet, må ein vente til i byrjinga av 2011 med å starte vekeavisa. -  Dette har sin bakgrunn i at avisa må komme ut 48 gonger i året for å oppnå pressestøtte, og dermed kan ein ikkje starte ei avis som satsar på pressestøtte langt inne i eit år. Ein må starte i januar eller byrjinga av februar, for å klare 48 utgåver årleg, og dermed er det ikkje mange vekene som står att før ein må passere 1000 abonnentar, fortel Nybø som uansett er nøgd med å ha nådd halvparten av Fjordenes Tidende sitt opplag.


DANSEKURS VED REALEN

 

Oppsett av tidspunkt for dansegruppene.

 

Lørdag 28 november.

STREET JAZZ 4-6 klasse 10.00 – 12.00

STREET JAZZ 7-10 klasse 12.30 – 14.30

Pause. Julegrantenning i Svelgen sentrum.

Hip Hop 17.00 – 19.00.

 

Søndag 29 november.

STREET JAZZ 4-6 klasse 10.00 – 12.00

STREET JAZZ 7 – 10 klasse 12.30 – 14.30.

Hip Hop 15.00 – 17.00.


Lokale næringsnyhende hjå SNR 23.11.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På Svelgen Næringsråd si heimeside finn du nyhende frå næringslivet i Svelgen og omegn.


Onsdag 25.11.2009.

STIF ekstra ordinært årsmøte 16.11.2009

 

       

         Les meir på heimesida til  STIF


Spik Adel spelar på Samfunnshuset 30. desember 22.11.2009

I følgje heimesida til Spik Adel skal dei spele på Svelgen Samfunnshus kvelden før nyttårsaftan. Bandet frå Bremanger er svært populære rundt om i fylket, så dette vert ein godbit for fastbuande og tilreisande i romjula.

Svelgen Pensjonistlag

FØRJULSTREFF PÅ SVELGEN HOTELL

onsdag 25.november kl 18.00

 (NB merk tida!)

Program:

Velkomsthelsing

Ord for dagen v/Arne Andersen

Allsang

Underhaldning: Sang, musikk, alvorlege og muntre historier, seniordans

Hotellet sin gode juletallerken

Kaffi og "Verdens Beste".

Lyntotteri

 

Trekkspillklubben spelar til underhaldning og dans.

Pris 200 kroner

Påmelding på Keipenstova eller til Anne Lise - 41418231 eller Kirsten - 91368632

frist 23.11.


Ikkje vent med å bestille avisa om du ynskjer den skal kome i gang!

Har du hugsa å bestille Bremanger Budstikke? 22.11.2009

Som dei fleste i Bremanger kommune truleg har fått med seg, har Geir Nybø (biletet) laga ei ny vekeavis, Bremanger Budstikke (trykk på linken og sjå førsteutgåva). Det vil koste 1000 kr året å abonnere på avisa, som skal kome ut ein gong i veka. Nybø må ha 1000 abonnentar for å få  prosjektet sitt realisert på permanent basis. Om han ikkje får 1000 abonnentar, vert det ikkje noko av vekeavisa i denne omgang, og dei som har meldt seg som abonnent vil dermed ikkje få rekning på avisa.

 

Du kan tinge abonnement på epost bremanger.budstikke@gmail.com Du må då hugse å oppgi namn/adresse, namn/adresse på betalar, tlf.nr, og epostadresse.

 

Du kan også lese meir om avisa på saka Svelgen.no hadde 5/11 (blad deg nedover denne sida til denne dato).


SVELGEN HOTELL opnar førjulssesongen med

 Lutefisk-aftan laurdag 21. november kl. 19.00

 Vi serverer lutefisk- eller pinnekjøttallerken.

  Kr. 280 inkl. dans

  Musikk: The New Retro Music Duo

  For bordbestilling: tlf 57 79 65 20 innan fredag   20.11.


Opplev eksotiske og vistrakte Kina i påska! 19.11.2009

Dei som enno ikkje har fått oppleve det eksotiske og vidstrakte Kina, bør sette av tolv dagar i påska neste år. Då dreg Fred-Arild Grøneng på sin tredje tur som reiseleiar for Hagelaget til Kina igjen. Turen vert ein rundtur med temaet: ”Rundreise i natur og kultur” og er såleis ingen hagetur. Den vert ein kombinasjon av dei førre turane og har start og avslutning i Beijing. Ein nattleg togtur tek ein til Suzhou, Kinas svar på Venezia, og deretter går turen til Shanghai. Så flyg ein sørvestover mot Yunnanprovinsen til Lijiang med majestiske landskap og eit konglomerat av Kinas mange minoritetsfolk. Frå fjellandskapet går så turen sørover til Guilin, og etter ei natt der, cruisar ein nedover Lielva som slyngar seg mellom sukkertoppåsar av kalkstein i eit dampande eksotisk sletteland. Perla i dette området er Yangshuo, der ein stoppar ein dag før turen går attende til Beijing med avslutning i Den Forbodne Byen. Og før ein stig på flyet heim, kan all handel gjerast unna på den vidgjetne Silkemarknaden.
Overnattingane er på førsteklasses hotell og med full pensjon på ulike restaurantar der ein får teste ut dei mange kinesiske kjøkkena. Dei fleste aktivitetane er inkluderte, men nokre er valbare tillegg slik at ein i den tida kan utforske små idyllar på eiga hand.

HER finn du heile programmet, pris og bilde fra stadane turen går til.

Kontakt Fred-Arild Grøneng 99166451 eller hageflor@online.no for meir informasjon
PÅMELDING SNARAST
og depositum må vere betalt seinast 15.des for at vi kan garantere plass på flyet.

Sjå program.


Ledig vikariat ved Stadt Sjøtransport 19.11.2009

Stadt Sjøtransport har ledig vikariat som kontormedarbeider i 60 % stilling. Sjå Stilling ledig til venstre.

Svelgen Samfunnhus takkar

17.mai komiteen 2009 for gåva på kr. 10.000  

 

som går til innkjøp av flate tallerkar og serveringsfat/-skåler   (FIGGJO Relieff).

           


Biverknad av vaksinen 18.11.2009

Vaksinen kan som alle andre legemidler gi bivirkninger. Bivirkningene som er rapportert etter vaksinasjon med Pandemrix kan sammenliknes med bivirkningene man får etter vanlig sesonginfluensavaksine. Dataene tyder også på at lokalreaksjoner og andre vanlige bivirkninger som går over i løpet av få dager, forekommer noe hyppigere etter vaksinasjon med pandemivaksinen enn etter vanlig sesonginfluensavaksinasjon. Les meir på kommunen sine sider.
Om dose 2
Det vert ikkje tilbod om dose 2 før alle i risikogruppene og den generelle befolkninga har fått tilbod om ei vaksinedose. (Etter tilråding frå Folkehelseinstituttet 02.11.09).

Bremanger kommune har motteke 1 000 doser, og har derfor ikkje gjeve tilbod om vaksine til alle innbyggjarar enno.

NY DATO FOR DANSEKURS:

 

 

Til påmeldte på Dansekurs ved Realen 12 – 13 desember.

Kurset er flyttet til 28 – 29 november.

Dansetider blir gjort kjent mandag 23 november, da dette skal passe med julegrantenning i Svelgen.

Følg med på svelgen.no og oppslag på skolen.

 

Kun ledige plasser på HIP HOP 5 – 10 klasse.

Eller ring Anita mobnr:   95985267


Ledige stillingar ved skulane 18.11.2009

Bremanger kommune har fleire ledige stillingar ved ulike skular. Sjå stilling ledig til venstre.

Kan fraktast fraktfritt til mange stadar i Sogn og Fjordane

STIF-boka i sal for kr. 100 18.11.2009

STIF-boka kan framleis kjøpast på Bakarhuset kafè, som har ope tysdagar, onsdagar og fredagar i tidsrommet kl. 10.30-13.30. Om du ikkje har høve til å nå Bakarhuset i opningstida, så kan du få tak i boka ved å ta kontakt med Frank Ryland. Bakarhuset kan også sende boka i posten, noko som vil koste ca 100 kr i fraktomkostningar. Boka kan også fraktast kostfritt til dei fleste stadar i Bremanger kommune, samt til bl.a. Eid, Sandane, Måløy, Florø, og Førde.

 

Meir om denne frakta og sjølve boka om Svelgen TIF kan du lese ved å klikke her.


Pandemivaksinering 17.11.2009

Angåande pandemivaksinering - sjå Bremanger kommune sine sider tlf.nr til dei ulike helsestasjonane. Trykk på kommunevåpen oppe til høgre.

Ledig stilling som operatør ved Elkem 17.11.2009

.

.

.

.

.

.

.

.

Det er ledig stilling som operatør/fagarbeider i skiftordning ved avdeling Silgrain på Elkem Bremanger for tilsetjing snarast. Sjå ledig stilling til venstre i hovudmenyen.



Vaksine mot ”svineinfluensa” (influensatype A, H1N1) – Oppdatert informasjon.

 

Vaksinasjon er det beste vernet mot ny influensa A (H1N1), også svineinfluensa.

 

Vi viser til informasjon på nettsida: www.pandemi.no

 

Prioritering mht. vaksinering i Bremanger er gjort ut frå retningsliner frå Folkehelseinstituttet:

 

Pri.

Gruppe

Tid/veke:

1

Gravide i 2. og 3. trimester

Ferdig

2

Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp 6mnd-64 år

Ferdig

3

Personar i risikogruppa 65 år +

47

4

Helsepersonell

47

5

Foreldre og andre i nærkontakt med born 0-6 mnd.

47

6

Husstandsmedlemmer og andre i nærkontakt til gravide i 1. trimester og personar i risikogruppa som ikkje er tilrådt å ta vaksine

47

7

Born 6 mnd. – 1 år

47

8

Born i førskulealder

47/48

9

Skuleborn 1.-4. klasse

?

10

Skuleborn 5.-10. klasse

?

11

Vaksne (massevaksinering)

?

 

Dersom det er att personar i risikogruppa 65 år+   kan desse kontakte helsestasjonen for vaksine.

 

Foreldre/hustandsmedlemmer og andre i nærkontakt med born 0-6 mnd, gravide i 1 trimester og i risikogruppene må kontakte helsestasjon.

 

Innkalling av barnehagebarn/skulebarn skjer via respektive skule/barnehage.

 

Ved innkalling massevaksinering vil det bli informert gjennom media. Avhengig av mengder tilgjengelege vaksiner vil dette kunne skje ”bygdevis”.

 

Oppdatert informasjon om status vil skje løpande.

 

Dersom du har spørsmål om vaksinering, ta kontakt med informasjonstelefon for svineinfluensa tlf. 959 82 970 (08:00-15:30)


DANSEKURS PÅ REALEN

 

28 – 29 NOVEMBER.

Ledige plasser på følgende grupper

7 – 10 klasse Street jazz .

Hip Hop 5 – 10 klasse. 5 plasser.

 

Pris: 300,-

Kontakt Anita Løver


Arbeidsuhell ved Elkem Bremanger 16.11.2009

 
Det var like etter klokka 20.00 søndag kveld at det var eit arbeidsuhell ved Elkem Bremanger i Svelgen.

Ein arbeidar fekk klemskadar, og vartvsendt til sjukehus.

Saka vil bli følgd opp av lensmannskontoret måndag, melder Fjordenes Tidende.

Jenta som lekte med ilden på kino lørdag 16.11.2009

Laurdag 21. november kl. 1800 viser Svelgen kino "Jenta som lekte med ilden"

Aldersgrense 15 år

Speletid 2 t 10 min

 

I oppfølgeren til Stieg Larssons "Menn som hater kvinner" er det Lisbeth Salander som står i sentrum. Hun blir anklaget for trippeldrap og trekkes inn i et nett som fører tilbake til hennes mørke fortid. Michael Nyqvist og Noomi Rapace spiller hovedrollene også i den andre filmen i Millennium-trilogien, og denne gangen er det Daniel Alfredsson som regisserer.


Knerten på Svelgen kino laurdag 16.11.2009

Laurdag 21. november viser Svelgen Kino kinosuksesssen Knerten kl 1600.

Aldersgrense; Alle

Speletid; 1 t 14 min

 

Knerten er morsom. Han er animert. Stemmen hans minner mistenkelig om stemmen til Åsleik Engmark. Og Knerten, han blir med Lillebror ut på eventyr.

Mor og Far bekymrer seg over hvordan de skal få betalt regningene, taket ramler ned, og Lillebror - han faller likegodt gjennom taket. Det skal ikke alltid være enkelt. Heldigvis finner Lillebror og Knerten løsningen på det meste. For å tjene litt ekstra penger kan man for eksempel pante de samme flaskene to ganger.

Knerten er en historie som handler litt om å passe inn, en god del om uvanlige vennskap og ganske mye om hvordan en enkelt pinne kan utgjøre hele forskjellen. Det er en film med leken animasjon, varme og masse humor. Knerten er Åsleik Engmarks regidebut. Filmen er basert på Anne Cath. Vestlys bok "Lillebror og Knerten".


Ledig stilling ved Elkem Bremanger 16.11.2009

Elkem Bremanger søker etter drifts- og vedlikeholdsleder for produksjonsanlegg av Microsilica. Sjå stilling ledig til venstre.

Stort oljefunn utom Bremanger 16.11.2009

Etter det NRK erfarer har det tyske selskapet Verbundnetz Gas (VNG) gjort eit drivverdig funn av olje og gass utanfor kysten av Bremanger.

No er det håp om ilandføring, og at dette kan gje både arbeidsplassar og store investeringar i kommunen.

- Det vil vere behov for ein terminal som kan handtere ilandføringa, seier administrerande direktør Agnar Strømsnes i Saga Fjordbase

Olje- og gassfunnet vart gjort så tidleg som på 1970-talet. Det er funn av tilleggsreservar som no gjer at utbygging av feltet kan verte aktuelt.

I så tilfelle kan funnet bli historisk for Sogn og Fjordane: Aldri tidlegare er det gjort funn av olje eller gass så nært kysten av fylket. Funnet er gjort på Agat-feltet.

Den korte avstanden kan resultere i at olje og gass blir ilandført på Smørhamn på Bremangerøya. Trykk på link og les meir.


Fullt hus på Kinoen! 16.11.2009

Det var fullsatt sal når Svelgen Kino viste "Julenatt i Blåfjell" under Kulturnatt arrangementet fredag. 259 store og små fikk med seg Norgespremieren som markerte starten på at det igjen er Kino i Svelgen. Svelgen Kino blir digitalisert i løpet av 2010, men de gamle Kinomaskinene gjør fortsatt jobben sin så det blir satt opp flere filmer fremover. Allerede førstkommende lørdag 21. november vises ”Knerten” kl. 16:00 etterfulgt av ”Jenta som lekte med ilden” kl. 18:00. Forhåndsalg av billetter blir på Bremanger Servicekontor 08:00 – 15:30 mandag til fredag. Lørdag blir det salg av billetter med åpen kiosk på Samfunnshuset fra kl. 15:00. I kiosken blir det salg av brus, pølser, kaffi, sveler, popcorn m.m. Info om hvilke filmer som kommer, trailer, osv finnes på Svelgen Samfunnshus / Svelgen Kino`s nettside.


Heile Svelgen feira skulen på storslått fest! 15.11.2009

Folk gjekk mann av huse for å delta på Svelgen skule sin bursdagsfest. Firdaposten skriv i dag;

"Det vart ei rørande og fin 50 årsfeiring. Nærare 600 menneske fekk plass i den smekkfulle salen, og var med på å skape ei god stemning.

Det varierte og innhaldsrike programmet gjorde sitt til at det var litt å hente for ein kvar smak". (Foto Anita Ingebrigtsen)


Påmelding til spinning i helga 13.11.2009

 

Grunna 50-årsjubileet til skulen, må påmelding til spinning søndag 15.11

vere laurdag kl.20.00 - 21.00 og søndag 17.00 - 21.00.


To til lege etter bilulukke i Ålfoten 13.11.2009

To personar vart frakta til lege etter ei trafikkulukke rett før Ålfotentunnelen på riksveg 614.Politiet fekk melding like etter klokka 10 at ein personbil hadde køyrt utfor vegen.

Dei to i bilen skal vere lettare skadde. Føraren var ein mann i midten av 30-åra, og passasjeren ein mann i slutten av tjueåra.

Det var ikkje andre bilar involvert i ulukka. Politiet veit ikkje noko om årsaka til utforkøyringa, eller om korleis føret var på staden, melder NRK Sogn og Fjordane.


8 omganger på Bingo neste torsdag 13.11.2009

Torsdag 19.november blir det 8 omganger på bingoen, meddeler Elsa Johanne.
 

Lundes Trio og forsterkning til Svelgen Swing på veg 13.11.2009

 

Dette er Geir Nybø ”calling”: Siste nytt i samband med 50 års feringa til Svelgen skule er at Bjørn Valberg har klart å rydde plass til ein tur til Svelgen i helga for å spele med gamle kameratar i Svelgen Sving. Han gjorde altså ikkje det gamle ordtaket til skamme: Når gamle sirkushester luktar sagmugg, osv. Bjørn blir dermed med kameratgjengen i Svelgen Sving/Løvseths. Bjørn bur i Bergen, og dermed kjem Svelgen sving frå Molde, Bergen, Sandefjord, Svelgen, Kalvåg og Bygstad. Litt av eit opplegg, når ein tenkjer på at samøving omtrent er uråd, men her er det mykje gammal rutine som kjem på plass.

 

Lundes Trio

Lundes Trio (bildet over) er også booka. Erling Lunde, Jim Grinde og trommis Einar Lunde (med Maurizio Varano som stand in) er også hanka inn til det omfattande programmet. Dermed er dei fleste av dei gamle sirkushestane samla på eitt brett. – Då er alle dei gamle gutane på plass. Dette blir moro, seier Kåre Mykjebust og helsar velkomen til alle som vil kome, både på skulen og til festen på hotellet om kvelden. – Dette blir stinn brakke begge stader, trur  Kåre Myklebust.


Elkem Bremanger

Test av katastrofealarm kvar veke 13.11.2009

 

 

 

 

 

Onsdag 18.11.09 kl 12.00 vert det test av katastrofealarm ved Elkem Bremanger.

Onsdagar kl 12.00 vert fast prøvetidspkt. heile året for katastrofealarm

ved Elkem Bremanger.

Tilsette skal ikkje møte på telleplass eller bemanne beredskapsoppgåver.

Dette er ein rein funksjonstest.

 

 

 


Påminning:

Svelgen skule 50 år - PROGRAM 12.11.2009

 

 

 

 

 

Svelgen skule inviterer alle til feiring på skulen / idrettshuset 14.november.

 

Kl. 1230       Opning   på skuleplassen,   flaggheising og skulemusikken spelar

         Opning av utsillinga på skulen.

         Sal av   betasupa (30 kr), kaffi og te .

 

Kl. 1500        Stafett ved symjegruppa, basseng / idrettsbana.

 

Kl. 1600       Inviterer skulen til kake, kaffi og brus i idrettshuset.

 

Kl. 1700       Underhaldning i idrettshuset til ca. kl. 1930.

 

Skulen legg opp til ein dag med tid til mimring, der du kan vandre rundt om på skulen saman med tidlegare skulekammeratar.


KEIPENSTOVA SINE NØKLER! 12.11.2009

Vi etterlyser Keipenstova sine nøkler. Det er fleire nøkler på nøkkelring og det er festa  på ei kule i macrame . Dersom nokon har gløymt å levere dei attende til Coopen - må dei gjere det snarast.


 


Nominer din kandidat til "årets idrettseldsjel" 12.11.2009

Hvem er ildsjelen i ditt idrettslag? Fra lørdag 7. november t.o.m. 22. november kan du melde på den personen du mener fortjener å bli Årets ildsjel i norsk idrett. Vinneren kåres under Idrettsgallaen på Lillehammer lørdag 9. januar 2010.

   

Les meir her.

 


Nye framtidsfylket.no skjønar kva du leitar etter 11.11.2009

Den nye nettportalen til  Framtidsfylket vart lansert denne veka, og tek i bruk fleire nye teknologiar for å gjere brukaropplevinga betre. Mest merkbar i første omgang er den «intelligente» navigasjonen, der systemet skjønar kva brukaren er på jakt etter og filtrerer ut dei meste relevante elementa.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.- Om du er på leit etter ei karriere i Sogn og Fjordane og loggar deg inn på framtidsfylket.no, så vil du bli møtt med nyheiter og informasjon basert interessene dine, seier dagleg leiar Anne van Oorschot.Men ho legg til at det føreset at du som jobbsøkjar eller bedrift set av eit par minutt til å fylle ut eller oppdatere profilen din på nettstaden.
- Når du deretter navigerer rundt på nettstaden, og søkjer til dømes etter ledige ingeniørjobbar i Sunnfjord, så vil du i tillegg til stillingane får servert nyheiter, bloggpostar, og informasjon om regionar, næringsklynger og bedrifter innanfor det geografiske området eller emnet du har valt å fokusere på. Dette skjer automatisk, og tilbodet blir større etter kvart som stadig meir innhald blir lagt til.

Målet med dette er å gjere det lett å finne fram for brukarane, og samtidig nytte høvet til å lettare nå fram med informasjon, og med interessante tilbod frå til dømes bedrifter på jakt etter dyktige medarbeidarar.

Den viktigaste funksjonen til nettstaden er å vise at ein kan få ei spennande karriere i Sogn og Fjordane, og å gjere det lettare for arbeidsgjevarar å rekruttere unge vaksne med høgare utdanning.
- Det er eit ganske stort ansvar å representere mange arbeidsgjevarar i fylket og på same tid betene krevjande kundar. Heile landet kjemper hardt for å tiltrekkje seg dyktige menneske. Derfor er vi nøydde til å vise oss fram på ein offensiv måte og vere profesjonelle, seier van Oorschot, som har fått erfare at mange ikkje ein gong veit kvar Sogn og Fjordane ligg.
- Dei som ikkje veit kvar fylket ligg, har som regel ikkje høyrt om næringslivet her heller. Så det er langt frå sjølvsagt at dyktige folk klarar å finne di bedrift akkurat på det tidspunktet du har ei ledig stilling.
- Nye framtidsfylket.no er såleis ein viktig reiskap for at kandidatane skal finne bedriftene, og omvendt. Og den nye teknologien på nettstaden skal sørgje for at matchande bedrifter og arbeidssøkjarar kan få vite om kvarandre, sjølv om dei ikkje aktivt var på leit etter kvarandre.

- Det var ein gjeng med entusiastiske traineear som for to år sidan la grunnlaget for nettstaden, og dei har gjort ein kjempejobb. Men i internettsamanheng er to år lang tid, og vi vil gjerne vere i forkant både når det gjeld brukarvenlegheit, teknologi og innhald, seier den dagleg leiaren. Ho legg til at det alltid er mykje som kan forbetrast.
- No legg vi grunnlaget for ein ny og framtidsretta portal, som kan oppgraderast etter kvart som ny teknologi blir tilgjengeleg. Dette kan alle arbeidsgjevarar i Sogn og Fjordane nyte godt av.

I tillegg til nylansering av nettstad er Framtidsfylket midt oppe i ein spennande haust. Førebuingar til karrieremessene i storbyane i februar 2010 er i full gang, og det same gjeld rekruttering av bedrifter til traineeprogrammet for neste kull som starter august 2010.
- Alle arbeidsgjevarar, både privat og offentleg, må vere flinke til å bruke portalen for kva den er verd, og må vere flinke til å profilere seg der. Dei spennande jobbene må fram. Det er viktig å tenkje langsiktig og jobbe mot dei måla vi har: Å rekruttere dyktige folk som kan skape vekst og utvikling i Sogn og Fjordane, seier van Oorschot.



Sirkeltrening 11.11.2009

Sirkeltreninga onsdag 11. november går som normalt.

 

Vel møtt!


Jamsession med gamle heltar i  Svelgen laurdag!!

 

 

DANS/ MIMREFEST MED SVELGEN-MUSIKARAR I SAMBAND MED SVELGEN SKULE SITT

50-ÅRS JUBILEUM

laurdag 14.november fra kl. 23.00.

 

COVER Kr. 120,-

 

VARMBUFFET INKL DESSERT OG DANS FRA KL. 21.30

Kr. 350,-

Påmelding tlf. 57 79 65 20 innan fredag 13. november.

 

 

 

VARMBUFFÈ INKL. DESSERT OG DANS FRA KL. 21.30

Kr. 350,- Påmelding tlf. 57 79 65 20 innan fredag 13. november.

Ps.   Det blir lukka tilsteling i restaurant mellom kl 20.30 og 21.30

Kafeen er likevel open  for middagsservering for andre gjester fram til kl 21.00

 

 

 

I samband med mimrefesten ved Svelgen Hotell laurdag står Pegasus I, Svelgen Swing
og Bandits på programmet.

Det som er spesielt med opplegget laurdag er at dei to banda – som
stiller på grunn av 50 års markeringa ved skulen – har alle tiders
gjenforening. Det er mellom 35 og 40 år sidan Svelgen Swing spelte saman.
Pegasus spelte saman på Glopperock i 1982. Det er derfor nokre skikkelege
veteranar som stiller på mimrefest. I tillegg skal det nemnast at banda
bur svært spredt, og det er nesten uråd å få til samøving før dei
går på scena, etter fleire tiår utan å ha spelt saman. Det er derfor
ein spent gjeng som set kursen for Svelgen i helga.

Dei som er med er følgande (adresse i parentes)

Svelgen Swing:
Jon Ivar Eikeland (trommer – Molde)
Kato Løvseth (bass – Sandefjord)
Olav Løvseth (keyboard – Kalvåg)
Kjell Gillestad (gitar/sang – Bygstad)
Per Otto Hallset (gitar/kor – Svelgen)



.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

 

Pegasus II

Vidar Haugland (Svelgen)

Tor Hjalte (Florø)

Frank Igland

Jarle Djuvsland (Drøbak)

Åasmund Nesbø (Florø)

 
.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Pegasus I:
Jarle Djuvsland (keyboard – Drøbak)
Eirik Djuvsland (trommer – Drøbak)
Åsmund Nesbø (gitar/sang – Florø)
Vidar Haugland (bass)

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.
Bandits:

Arve-Stig Damstuen (sang - Svelgen)
Maurizio Varano (trommer - Svelgen)
Tommy Birkelid (gitar – Svelgen)


Kulturnatt i Svelgen 13. november

KL.16.15
NOREGSPREMIERE PÅ SVELGEN KINO!

Vi syner Julenatt i Blåfjell som Noregspremiere.
Svelgen kino har fått noregspremiere denne kvelden.
”Djupt inne i det snødekte Blåfjell, lever Prinsesse
Fjellrose saman med far sin, Fjellkongen, og
dei andre blånissane”

KL. 18.00
OPNING I KOMMUNESTYRESALEN

Ordføraren opnar kvelden. Musikalske innslag
ved Kulturskulen

Kl. 18.30-19.00
BIBLIOTEKET I SVELGEN
EVENTYRSTUND FOR DEI MINSTE

Eventyrlesing i biblioteket

Kl. 18.30 – 22.00
SVELGEN HOTELL
OPEN SCENE

Arr. Ungdomsklubbane / Kulturskulen
Fri aldersgrense

Kl. 18.30 – 22.00
UTSTILLING I SMÅSALEN PÅ SAMFUNNSHUSET

Svelgen og Omegn Husflidslag har utstilling i småsalen.
Her kan du sjå ting dei har laga, kursaktivitetar og
arbeid som Ung Husflid har laga på sine kurskveldar.
Dei har og med ting frå kulturarva vår, som bind
det heile saman

Kl. 22.00 – 23.00
SVELGEN KAPELL
KONSERT MED TOM ROGER AADLAND

Songar frå Bob Dyland si plate ”Blod On The Tracks”
”Blod på spora” gjendikta til nynorsk

KL. 23.00 – 24.00
SVELGEN HOTELL
OPEN SCENE


KL. 24.00 – OG UTOVER
OPEN SCENE

Aldersgrense 18 år

Vi set opp buss frå Kalvåg om Hauge og Davik slik at alle kan delta. Bussen vil vere i Svelgen rett før klokka 18.00
Retur med buss både klokka 22.00 og 24.00
Bussen kostar 25,- kvar veg.
Sjå www.bremanger.kommune.no for nærare informasjon

Dylan på norsk til Svelgen fredag 10.11.2009

Som dei fleste er vel kjende med, blir det ei fullspekka helg i Svelgen med kulturnatt og feiring av Svelgen skule sitt 50 års jubileum. Noko av det som står på programmet er Dylan på nynorsk!

Haugesunds-musikaren Tom Roger Aadland har hausta svært gode kritikkar for gjendiktinga si av Bob Dylan si legendariske plate «Blood On The Tracks» frå 1975, ei klassisk singer-songwriter-plate med sterke tekstar frå ein periode då Dylan opplevde ei personleg krise etter m.a. å ha gått gjennom ei skilsmisse.

No har Aadland gjendikta samtlege tekstar til nynorsk og lagt ut på turné som han avsluttar i Svelgen kapell fredag 13. november.

 

Plata med Dylan på nynorsk kom ut 12. oktober, og forståsegpåarane i rikspressa har vore rause med terningkasta. Dagbladet trilla ein femmar, det same gjorde Aftenposten, og vår eigen platearbeidar i Firdaposten enda på same karakter. Meldarkorpset har særleg trekt fram at Aadland sine oversetjingar verkar naturlege og lite anstrengde, noko som har prega andre forsøk på å yte Dylan-tekstar rettferd på eit anna språk.


Bilde fra Realskulen 1959 09.11.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

REALEN: Elevane på realskulen i Svelgen etterjulsvinteren/våren 1959. Øvst t.v. Tor Ytrehus, Otto Moldestad, Reidulv Førde, Arnar Kjelkenes, Svein Moldestad, Per Jan Myren, Steinar Vågene, Ingolf Nesbø.
Neste rekke f.v: Erling Lunde, Reidun Indrehus, Per Nesbø, Inge Nesbø.
Framme f.v: Rannveig Haga, Alvrunn Hauge, Rut Rise, Herdis Kjelkenes, Elise Britt Ytrehus, Berit Aspenes.


Redusert trening i hallen denne veka 09.11.2009

Måndag vart scena som skal nyttast på jubileumsfresten laurdag sett opp. Dette medfører redusert treningsmoglegheiter i hallen denne veka. Dei som ynskjer det kan nytte den oppsette treningstida si, bortsett frå tysdag mellom 18.30 - 20.30, då skal skulemusikken og drillen øve i hallen.

 

Idrettsskule onsdag og barnetrim fredag går ut.

 

 

                            Vibeke Kjerpeseth


Svelgen skule 50 år

 

 

 

 

 

 

--

Svelgen skule inviterer alle til feiring på skulen / idrettshuset 14.november.

 

Kl. 1230       Opning   på skuleplassen,   flaggheising og skulemusikken spelar

         Opning av utsillinga på skulen.

Sal av   betasupa (30 kr), kaffi og te .

 

Kl. 1500        Stafett ved symjegruppa, basseng / idrettsbana.

 

Kl. 1600       Inviterer skulen til kake, kaffi og brus i idrettshuset.

 

Kl. 1700       Underhaldning i idrettshuset til ca. kl. 1930.

 

Skulen legg opp til ein dag med tid til mimring, der du kan vandre rundt om på skulen saman med tidlegare skulekammeratar.


Glatt føre i dag - utforkjøring i dalen 09.11.2009

Ingen kom til skade då ei kvinne mista kontrollen over bilen sin og køyrde av vegen ved Dalsetevatnet i Ålfotdalen ved 15-tida søndag.

Ho var på veg til jobb i Svelgen då ulukka skjedde, og det var svært glatte parti på vegstrekninga. Kvinna, som opprinneleg kjem frå Nederland, var svært takksam for at mange stogga for å sjå korleis det gjekk og om ein kunne bistå.

- Her møter eg ei heilt anna haldning enn i heimlandet mitt. Der køyrer folk berre vidare. At folk her bryr seg er godt å oppleve, sa kvinna til Firdaposten.


Smekkfullt under Broadwayoppsetning 09.11.2009

Storesalen på Samfunnshuset vart fylt til trengsel då Svelgen Songlag og Bremanger kammerkor i går inviterte til framføring av "100 years of Broadway". Og publikum fekk eit forrykande potpurri av gamle og nyare slagarar flankert av unge dansarar som har hatt Ane-Jørgine Frøyen som læremeister. Lokale solistar imponerte og det gjorde også det store koret som var fargerikt dekorert med sjokkrosa og turkise bolaer.  Og som dirigent Grete Berntzen sa var det også mange ikkje fullt .

så  synlege aktørar i kulissene. Musikarane var kanskje heller ikkje så synlege, men desto meir høyrbare og krona verket med eit profesjonellt akkompagnement under leiing av kapellmester Jarle Grotle. Det var eit takknemlig publikum som reiste seg til ståande applaus på slutten og fikk to ekstranummer tilbake.

  

 

 

 

 

 

  Svelgen-divaene Linn Igland og Aud Berit Mulelid

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Test av katastrofealarm i dag! 09.11.2009

Det vert test av katastrofealarm/sirener ved Elkem Bremanger, måndag 9 november kl 12.00.

 

Dette er ein rein funksjonstest.

Tilsette skal ikkje møte på telleplass eller til evt andre beredskapoppgåver.


No er det på tide å melde seg på til stafetten! 08.11.2009

Svømmegruppa vil arrangere ein stafett i samband med skulen/bassenget sitt 50 års jubileum 14. november.  
Vi oppfordrer alle private, bedrifter, firma, skular og grendalag til å melde seg på til ein sosial konkurranse! Ingen aldersgrense. Store og små kan danne lag sammen. 
Stafetten vil bestå av 4 etappar. Dei 2 første etappane skal det springast ei runde kvar rundt den flotte idrettsbana vi har fått. 
Dei 2 siste etappane skal det svømmast (evt.gå/springe i bassenget) 50m kvar. Det kan bli artigt og kaotisk i vårt lille basseng!  
Har du problemer med å få tak i svømmer så er vi behjelpelig.


Stafetten startar kl 15.00 (den er tilpassa resten av programmet for dagen slik at alle kan delta). 
  
 Det blir premiering for beste lag+ trøstepremiar.  
   
Du melder deg på ved å betale inn til konto nr. 3705 16 46968. Merk med namnet på stafettlaget + kontaktperson. 
Påmeldingsfristen er 12.november.  

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Gry Gulestøl, mob.95 98 60 36/ 577 93 668


Førstehjelpskurs for småbarnsforeldre.

 

Det vert arrangert førstehjelpskurs for småbarnsforeldre tysdag 17. november 2009 kl. 18.00 på Realen , Svelgen. Vanleg småbarnstreff på dagtid går ut.

 

Tema for kvelden er brann- og frostskader. Førebygging og behandling. Det kjem folk frå Svelgen Røde Kors Hjelpekorps.

Kurset er gratis.

 

Kari J. Rise, helsesøster

Espen Frøysland, Kultursjef


Hugs Broadway-konserten kl. 16 på Samfunnshuset 08.11.2009

Søndag 8. november 2009 vil Bremanger Kammerkor og Svelgen Songlag m/fl ha ei heftig framføring av en medley på Broadwaymelodiar som ein hyllest til 100-års jubileet for Broadwayteateret.

Konserten vert i S velgen Samfunnshus søndag 8. Kl 16.00

I tillegg til korsong, vert det innslag av barnesolistar, dansarar frå kulturskulen, solodans, forteljarar og solistar frå begge kora. Orkesteret er sett saman av musikarar frå kommunen og andre profesjonelle musikarar frå distriktet.

Dirigent:                                  Grete Berntzen
Kapellmeister:                          Jarle Grotle
Danseinstruktør og dansar:     Ane Jørgine Frøyen

Biletet under er henta frå laurdagens framsyning i Bremanger, og syner fremst Mona Strand Sagmo. På biletet ser ein også nærast f.v. Aud Berit Mulelid, Astrid Midthjell, Anne Karin Eidsvik, og Linn Igland. Dei andre bilda til Firdaposten kan du sjå ved å klikke her.


Svelgen skule 50 år

Lærarane viktige bidragsytarar også på fritida 08.11.2009

Komande helg feirar Svelgen skule 50 år, og i høve dette tek ein med følgjande utdrag frå historieboka "Heia STIF!": " Berit Gulestøl var Trimutvalet i Idrettskrinsen si utsending på eit Trimseminar på Dombås 5.–7. juni 1970. På dette seminaret vart det diskutert kor vanskeleg det var å få med lærarar på t.d. idrettsaktivitetar på fritida. Her tok Gulestøl til orde for at lærarane ved Svelgen skule var svært så aktive på fritida og deltok på opptil fleire aktivitetar i veka med gratisarbeid i idrett o.l. Ho lova å sende eit brev med nokre ord om dette og å forklare kva ho trudde var årsaka til den gode fritidsinnsatsen til lærarane i Svelgen. I brev til Trimutvalget i Norges Idrettsforbund v/Rolf Kirkevåg skreiv Gulestøl bl.a. følgjande: ”Skal vi heller si det er forskjellen på by og land som gjør seg gjeldende. Vi er en liten skole med ca. 300 elever i ei bygd med ca. 1500 mennesker. Selv om her er folk fra hele Norge, så er her for det meste folk som har vokset opp i lignende små samfunn. Disse har fra gammelt av vært vant til at når noe skulle bli utført så måtte det samarbeid til. Disse vaner har de så tatt med seg og de holder også til denne generasjonen, og jeg håper også langt inn i neste. Kanskje har det også noe med lærerenes posisjon på landet kontra byene? En lærer på våre kanter blir mer i kontakt med bygda og dens liv, mens en lærer i store byer og samfunn ikke har den kontakt med omgivelsene utenom skoletiden”. Ein kan berre seie seg einig i Gulestøl sine påstandar om at lærarane i Svelgen har gjort mykje for bl.a. idretten i bygda. Heilt sidan STIF vart stifta har lærarane gjort ein kjempejobb for idretten i bygda. Det byrja med Alf Midtbø som var gymlærar på realskulen på deltid og heldt sidan fram til inngangen til år 2000. Ein kan ikkje nemne namn i nyare tid, for det var så mange som gjorde seg sterkt gjeldande som instruktørar, medlemar i styre og stell, dommarar og som aktive. Utan denne ståpåviljen frå lærarane ved Svelgen skule hadde ein ikkje hatt eit så aktivt idrettslag i Svelgen."

 

Også i 2009 er det mange lærarar, og andre tilsette ved Svelgen Oppvekst, som har verv i STIF og andre frivillige organisasjonar, og gir viktige bidrag til organisasjonslivet i Svelgen.

   

På biletet ovanfor er lærarane representert ved dei to tidlegare lærarane ved Svelgen skule, Arne Loftheim (t.v.) og Ingvald Ytrehus. Biletet er frå 1982 og STIF-formann Loftheim utnemner Ytrehus til æresmedlem i STIF. I 1994 vart Loftheim utnemnd til æresmedlem. i STIF.


Ta ein tur innom utstillinga på Svelgen Hotell

Anita debuterer med fotoutstilling 08.11.2009

Då Anita M. Ingebrigtsen (35) vart permittert frå jobben i Navic AS, fekk ho tid og rom til å realisere ein draum: Å kunne jobbe som fotograf. No har ho opna utstilling på Svelgen Hotell, og denne kan du sjå framover.

 

Les meir om dette hjå Firdaposten.no 

 

Ta også ein tur innom Anita si flotte heimeside.

 

 


Svelgen TIF sine klubbrekordar i symjing 07.11.2009

For ei vekes tid sidan vart klubbrekorden til STIF på 4 x 50 m fri for herrar slegen, då Torstein Ask, Matias Gulestøl, Jan Lukas Førde og Marcus Teigene symde på 1,52,87 min. Dette var den første STIF-klubbrekorden i symjing som er sett sidan 1990 (19 år!), og det var og heile 27 år sidan sist det vart sett ein klubbrekord for herrar (1982). I 1990 vart det sett to klubbrekordar i stafett for damer. 4 x 50 m fri for damer med tida 2,06,3 min: Linn Karin Sande, Nina Svorstøl, Kjersti Standal og Bente Helen Schei. På 4 x 100 m fri sumde Bente Helen Schei, Hilde Ommedal, Nina Svorstøl og Anita Holm inn til 4,42,3 min.

 

Den siste individuelle klubbrekorden var det Nina Svorstøl som sette, då ho i 1989 sumde 200 m butterfly på 2,54,1 min. Den siste gjeldande individuelle klubbrekorden for herrar vart sett i 1982, då Arne Helle sumde 100 m bryst på 1,10,6 min.

 

Det er utan tvil Arne Helle (biletet) som er STIF sin fremste symjar gjennom alle tider, både med tanke på oppnådde prestasjonar og klubbrekordar. Han er i dag innehavar av heile 12 av 14 individuelle klubbrekordar i STIF, som vart sett i åra 1977-1982. Thor Atle Svortevik har dei to andre rekordane, som er på 50 og 100 m fri. Arne Helle var også med på to av stafettrekordane til STIF.

 

På damesida er Grete Svortevik utan tvil STIF sin fremste symjar, med heile 10 av 13 klubbrekordar. Alle desse rekordane vart sett i 1978 og 1979. Gry Ryland (Gulestøl i dag), Berit Helle og Nina Svorstøl har ein rekord kvar.

 

Her følgjer litt info om Arne Helle si fantastiske symjekarriere, henta frå historieboka "Heia STIF!" (til sals for kr 100): " I junior-NM i 1978 og 1979 vann han til saman 6 gull, 1 sølv, og bestemannspremie, og i senior-NM i 1979 oppnådde han ein 4. og ein. 5. plass. I Nordisk juniormeisterskap i 1978 vann han to bronsemedaljar, og han deltok i landskamp for det norske juniorlandslaget same året. Helle var mykje plaga med sjukdom, og grunna dette måtte han mellom anna melde forfall til følgjande: Europameisterskapen for junior i 1978 og 1979, og til både junior- og seniorlandskampar i 1979. Helle var den einaste medlemen av STIF, uansett idrett, som vart teken ut til høvesvis seniorlandskamp og til eit internasjonalt meisterskap. Han vann totalt 65 individuelle KM-gull for STIF."

 

Ei oversikt over gjeldane klubbrekordar i symjing i STIF, kan du sjå ved å klikke her. Opplysningane er henta frå historieboka "Heia STIF!", og oppdatert med den ferske klubbrekorden. Forhåpentlegvis vert det sett fleire nye klubbrekordar av dei lovande og flnke symjararne til STIF.

 

Biletet nedanfor her henta frå Firdaposten.no, og syner symjararane som sette den ferske klubbrekorden på 4 x 50 m fri: Bak f.v. Torstein Ask, Jan Lukas Førde, Marcus Teigene, og med Matias Gulestøl liggande i sterke symjearmar. 


Elkem Bremanger

Elkem testar katastrofealarm/sirener 06.11.2009

Det vert test av katastrofealarm/sirener ved Elkem Bremanger, måndag 9 november kl 12.00.

 

Dette er ein rein funksjonstest.

Tilsette skal ikkje møte på telleplass eller til evt andre beredskapoppgåver.



Også lysmeister Jarle Frøyen har gjort ein kjempejobb på dugnad!

Svelgen stadion 051109 05.11.2009

Foto: Frank Ryland


Broadway kjem til Bremanger og  det skjer til helga!!

Laurdag 7. november 2009 og søndag 8. November 2009 vil Bremanger Kammerkor og

Svelgen Songlag m/fl ha ei heftig framføring av en medley på Broadwaymelodiar som ein hyllest til 100-års jubileet for Broadwayteateret.

Konserten blir i Bremangerhallen laurdag 7. Kl 18.00 og Svelgen Samfunnshus søndag 8. Kl 16.00

I tillegg til korsong, vert det innslag av barnesolistar, dansarar frå kulturskulen, solodans, forteljarar og solistar frå begge kora. Orkesteret er sett saman av musikarar frå kommunen og andre profesjonelle musikarar frå distriktet.

Dirigent:                                  Grete Berntzen
Kapellmeister:                          Jarle Grotle
Danseinstruktør og dansar:     Ane Jørgine Frøyen

Billetter til konserten på Svelgen Samfunnshus - søndag 8. nov. Kl 1600
kan kjøpes på Coopen
Onsdag 4. nov. Kl 1030 - 1200 og kl 1500 - 1630
Fredag  6. nov. Kl 1030 - 1200


Skulebilde frå omlag 1970 05.11.2009

1.       

1.       

1.      1. rekke fra venstre: Marit Navekvien, Elin Gulstøl

2.       2.rekke : Anne Berit Eldevik, Turid Nesbø,  Mariann Øvrebotten, Synnøve Dahl,  Eva        Engebø, Katrin Furset, Anlaug Sandvik

3.        3. rekke Tor Olav Halset, Rune Eldevik, Tom Heimtun, Tore Monsen,  John Roald Frimannslund, Bjørn Amdahl,  Jørn Gulestøl, Terje Vedvik, Norvald Rogne

4.        4. rekke Jarl Inge Frimannslund, Kjell Evensen, Helge Eikeset, Geir Gjerde, Idar Eikeland, Tor Amdahl (delvis skjult)

 

 Det er Tor Amdahl som har sendt inn bildet til svelgen.no. Han skriv i mailen;

 

Hei!

Eg gjekk på Svelgen skule frå 1964 til våren 1974. Vedlagte bilete hugsar eg ikkje

heilt kva tid det er tatt, men eg trur det må ha vore i 5. eller 6. klasse.  

Det var ei gild tid den tida vi budde i Svelgen. Eg gjekk saman med tvillingbroren min, Bjørn.

Hels kjente !


Budstikka treng fleire abonnentar 05.11.2009

Som alle i Bremanger kommune må ha fått med seg, har Geir Nybø laga ei ny vekeavis, Bremanger Budstikke (trykk på linken og sjå førsteutgåva). Han må ha 1000 abonnentar for å få  prosjektet sitt realisert på permanent basis.

Nærmer oss 100 abonnentar, men har berre ringt til 5 sjølv (4 takka ja, ei ville tenkje litt på saka). Dermed  er det frå 0 til 100 på ei veke. Men farten må aukast, for det er ca. 8 veker til januar, og dermed må takta opp til 125 abonnentar i veka, og altså nesten 20 per dag. Dersom det ikkje lukkast, må eg vente 1 år før avisa kan kome ein gong i veka, seier Geir Nybø (bildet)
Må ha 1000 abonnentar
- Eg må ha 1000 abonnentar innan ca. 20. desember, for eg må gjere avtale med Postverket, med transport og lignande stund før 1 januar Eg må starta i januar eller så klarer eg ikkje 48 utgåver, og då “mister” avisa 400.000 i statsstøtte, som er eit viktig bein å stå på for ei slik lita avis.  Det er enkle begrep: 1000 abonnentar og det kostar 1000 kroner å abonnere.

Det er fleire fasar i dette med avisa:

Ide og planleggingsfasen. Den har eg delvis vore gjennom.
Prøveavis-fasen, som er gjort.
Finansieringsfasen – der det skal sankast abonnentar
Igangskøyringsfasen – etter at abonnentane er på plass.

300 tilhengarar på Facebook

- Eg veit ikkje om eg kan lage alt sjølv, heile tida. Treng i alle fall bilete. Og familiesida skal eg ikkje fotografere til, der må bileta og helsingane komme frå lesarane.  Eg veit at eg klarer å lage alt sjølv, ein gong i veka. Men då kan eg ikkje selge annonser. Den utgåva eg lage tok lenger tid med annonsesal enn redaksjonelt Det tok 2—3 veker å selge annonsene, så eg må ha ei avis der annonsane kjem inn døra sjølv, ikkje slik at vi skal selge annonsane aktivt, seier Nybø.

- Når det no snart er 300 medlemmer på gruppa på Faceboook, så reflekterer dette vel den enorme interessen er har opplevd. Kor mange av desse som teiknar abonnement gjenstår å sjå. Men i dag lagar Jarle Djuvsland ei webside, slik at facebook medlemmane får tilgong til alle sidene i avisa, og dermed aukar sjansen for at medlemmane tingar abonnement. Ei avis utan annonseselgar må nesten ha abonnentar, eller så er jo inntektssida i null.
- Positivt næringsliv
Det lokale næringslivet har vore positive. Det er også bra med annonser i førsteutgåva. Men om dei bestiller reklame når eg ikkje har tid til å ringe og tilby annonse, gjenstår å sjå.

Dersom avisa kjem i gong vil sikkert forretningane ha avisa på torsdag. Eg har snakka med lesarar, og dei vil ha den på fredag. Då blir det fredag.

- Eg kan fortelje ei historie om to karar frå Bremanger, ein frå Hauge og ein frå “Førs” som det heiter.  Begge er mellom 60 og 70 år, og begge meiner at Budstikka er det beste som har hendt Bremanger på år og dag. Den eine skrytte og så noko som gleda meg svært. Han sa at dette var den mest folkelege avisa han hadde sett. Både lokalt og nasjonalt. Slikt gjer godt å høyre og fortel vel at lesarane har sett avisa si sjel. For Budstikka har sjel. Det er noko av det eg verkeleg legg vekt på. Identitet og sjel.
-Ikkje imponert over lokalavisene
- Det sier seg sjlølv at eg ikkje er imponert over korleis lesarane vert ivaretekne av dei lokale avisene. Men eg forstår også at ei avis må ivareta først og fremst den staden den kjem ut. Slik blir det med Budstikka også. Den vil tenkje på alt som skjer i Bremanger Kommune. Derfor vil eg ikkje kritisere dei etablerte avisene, for dei må også tenkje lesarane på utgjevarstaden. Uansett er det ingen andre enn Bremanger Budstikke som kan sjå ting berre frå Bremanger si side. Kommunen støttar i alle fall opp med annonser i fyrste utgåve. Så kommunen er positiv. Eg treng å investere i ein god del utstyr, og veit ikkje korleis søknad om etableringsstøtte vil gå. Men søknaden kjem.
Flyttar kanskje heim
- For kvar abonnent som kjem, aukar sjansen for at eg flytter heim. Dersom Budstikka ikkje klarer minimum 1000 abonnentar, har eg ingen grunn til å flytte heim og heller ingen jobb. Eg er også budd på at det kan ta heile 2010 på å få tak i 1000 abonnentar. Eg er vel såpass realistisk at eg trur det er meir sannsynleg at eg ikkje klarer 1000 abonnentar i løpet av det neste 5-6 vekene, og i tillegg er det mogeleg at søknad om etableringsstøtte tek lenger tid å behandle. Som det ser ut no, må eg antakeleg ringe til kvar einaste husstand for å selge abonnement og dette tek sikkert langt lenger enn dei ca 6 vekene eg har til disposisjon. Så dei næraste vekene er avgjerande for om Bremanger Budstikke kjem ut første fredag etter nyttår, og eg trur vel at det tek lenger tid enn til nyttår å samle 1000 abonnentar. Men folk i Bremanger har overraska før, og eg er klar til å lage 12 siders aviser, frø over nyttår. Men då må ytterlegare 900 abonnentar bestille avisa. Fort. 

 Det er også mogeleg å bestille pr sms, tlf. 90119388."

 

Som en kuriositet kan vi også ta med følgande; Sidan Posten ikkje kunne dele ut til alle (Posten tek berre abonnement eller uadressert C-post (reklame). Bremanger Budstikke var ingen av delane og havna i haugen for “reklame” og då ville ikkje Posten dele ut til dei som har reservert seg mot uadressert. Derfor snudde Geir Nybø eit problem til noko positivt, og meiner sjølv å ha sett “norsk rekord i avis”. Han har skrive, tatt bileta, selt annonsane, laga layout, produsert avisa på eiga rotasjonspresse, vore transportør med 400 kg aviser privatbil, og har køyrt rundt på alle kjende og ukjende vegar i Bremanger og delt ut avisene i alle postkassene han fann.


Vil gje vekk hjorteløyve:

- Merkeleg utspel av Fylkesmannen 05.11.2009

Rune Nordbotten frå Botnande reagerer på at Fylkesmannen vil gje vekk gratis hjorteløyver. Det var på ein blogg på Fylkesmannen sine nettsider Mjelstad tok til orde for å utnytte hjorteressursen betre for alle, og at den i større grad burde nyttast til marknadsføring av fylket.

Det med å gje folk som skal flytte til Sogn og Fjordane eit gratis hjorteløyve kan vere slike småting som folk set stor pris på, skreiv Mjelstad.

 

Rune Nordbotten synest heile utspelet er merkeleg og i strid med tidlegare signal kring hjortejakt og bygdeutvikling

– Vi har jo blitt oppmoda om å prøve å få litt pengar ut av dette, og då er det rart at han skal gå motsett veg og be oss om å gje det vekk.

– Viss han skal drive bygdeutvikling så må han ta kontakt med grunneigarar og bygdelag og finne ei ordning. Og viss det er slik at Fylkesmannen har ein pott som han kan bruke til å kjøpe opp løyve og dele ut til innflyttarar, så er det heilt sikkert råd å få til ein avtale om det, men då må han ta kontakt med dei dette vedkjem, seier Rune Nordbotten til NRK.


Kan utsetje innføring av eigedomsskatt 05.11.2009

Planen var å innføre eigedomsskatt allereie til neste år for å auke inntektene.

Men rådmannen håpar å halde driftsbudsjettet på same nivået som i dag, og på den måten betale ned på underskot utan innføring av skatt på eigedom i 2010.

 

Trass i at Bremanger er ein av kommunane som har tapt pengar på Terra-investeingane sine, så er kommuneøkonomien romsleg samanlikna med mange andre kommunar.

Det er venta at årets driftsrekneskap går med minst sju millionar kroner i overskot. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Bjarne Lunde utfordrar Fylkestoppen 04.11.2009

Eg blir no utfordrar på fylkestoppen fra den 05.11.09 med melodien Somebody, Kan stemme på nett fram til fykestoppen den 12.11.09. Under sending så kan man stemme sms.
La jungeltelegrafen gå, Bruk stemmeretten, oppfordrar Bjarne Lunde!

 

Skyttarjulebord 2009

Ålfoten skyttarlag inviterer til julebord
i Ålfottunet laurdag 21. november 2009 kl 19.30.
Det vil bli servert julemiddag, med påfølgjande premieutdeling
for årets prestasjonar.

Etter dette vert det dans med Bjarne Lunde.
Billettprisen er kr 250,- pr person og desse må kjøpast på butikken innan
7. november

For dei som ikkje har høve til å kjøpe billettar på butikken,
kan ringe Helene Verlo: 91344697 eller Anja Bruvoll 41856959.
Huslydar som har utflytta familie må gje desse beskjed.

Påminning: Dersom du har noko du vil levere av gamle skulesaker, tek dei i mot også på resepsjonen på skulen i skuletida. Husk å merke sakene godt!

Svelgen Skule 50 år

 

I anledning 50 års jubileet til Svelgen Skule skal vi lage ei utstilling på skulen. For å få dette til så treng vi hjelp.

 

Vi håper du kan leite frå loft til kjellar og sjå om du har noko å bidra med. Det kan vere klassefoto frå førsteklasse, bilete frå turar, noko de har laga i formingsfaga, eller ranslar og bøker frå tida de gjekk på skulen. Utstillingsmaterialet vi ønskjer er frå perioden

1959 til 2009.

 

Om du har noko å bidra med er du hjarteleg velkommen å levere materialet på Svelgen skule

Måndag 09.11.09. frå kl 18 til kl 20 på rom 4(innerst i landskapet )

 

Skulle det vere noko de lurer på, kan de ta kontakt med

Linn Igland på tlf 95223603


Rimeleg tørr oktober i Svelgen 03.11.2009

Det fall 222 mm nedbør i Svelgen i oktober i år, medan normalen er 327 mm. Nær 1/4 av nedbøren vart målt om morgonen 7/10, då ein målte 51,2 mm. 12 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset til EEB.

Helene Bjørkedal leiar elevrådet 03.11.2009

Elevrådstyret ved Svelgen Oppvekst 2009-2010:
  Leiar: Helene Midtbø Bjørkedal
  Nestleiar: Håvard Heimtun
  Skrivar: Siri Vågene
  Styremedlem: Pål Gjøran Blom
  Styremedlem: Trond Solberg Kristiansen
  Styremedlem: Nora Teigene
  Vara 8.klasse: Amalie Frøyen
  Vara 9.klasse: Taja Shanker
  Vara 10.klasse: Magnus Myrhol

Representantar til samarbeidsutvalet: Trond Solberg Kristiansen og Pål Gjøran Blom.

Sirkeltrening onsdagane 03.11.2009

Mange snakkar om å starte på sirkeltrening, og tanken er god. Men så er det dette med å komme i gang. Ikkje nøl!  Alle er velkomne til   sirkeltreningane på onsdagane. Vi   er ein gjeng på ca 20 stk. men her er plass til mange fleire.

Sirkeltrening er ei allsidig trening , der ein brukar alle musklar i kroppen under treninga.   Sirkeltreninga er lagt opp til at de bestemmer sjølve kor tungt de vi ha det. Treninga passar for alle frå 13 år opp til 98 år. Kom og prøv onsdagar klokka 19.30.

Per Arne Sæterlid


SVØMMEHISTORIE I SVELGEN

Historisk rekord sidan 1973 er no slått !

Den 36 år gamle klubbrekorden på 4 x 50 fri er no tatt.  Geir Gjerde, Geir Nybø, Idar Eikeland og Thor Åge Midthun svømte distansen på 1.54.2.   Den nye lyder på 1.52.87 og vart svømt av Torstein Ask, Matias Gulestøl, Jan Lukas Førde og Marcus Teigene.

Jentene tok en flott første plass etter en spennende siste etappe på medley-stafetten.

Det var under hauststemnet på Eid i helga det hende. 117 svømmere var påmeldt fra klubbene : Eid, Florø, Førde, Volda, Ørsta, Sogndal, Årdalstangen, Arna og Svelgen.

Etter litt sjukdom i leiren vart det ikkje så veldig mange personlige rekorder denne gang, men det at dei svømte ned mot tidligere tider gav oss mange flotte medaljer allikevel.

 

Rebekka f. Blix       :   1 gull

Rikka Kjelkenes      :   2 gull

Elisabeth Mundal   : 4 gull

Nora Teigene          : 4 gull

Jan Lukas Førde      : 2 gull

Vegard Strandos     : 2 gull og 1 bronse

Marcus Teigene      : 4 gull

Torstein Ask            : 7 gull

Matias Gulestøl      : 7 gull

 

Framover blir det mykje trening før vi skal til Volda på det årlige julelauget. Vi satser på å kjøre litt ekstra helge treninger for å få ei opptimal oppkjøring.

Det er en flott svømme gjeng vi har med og gjere.

 

Spennende skal det også bli å følge rekruttane som nett har starta. Over nyttår vil dei av rekruttane som har lyst få vere med og prøve seg på svømmestevne.

 

 

 

Fra venstre bak Rikka Kjelkenes, Nora Teigene, Elisabeth Mundal og Rebekka F. Blix

Framme fra venstre: Torstein Ask (på stafettlaget), Vegard Strandos, Matias Gulestøl(på stafettlaget), Jan Lukas Førde(på stafettlaget og Marcus Teigene (på stafettlaget).

STIF sida til Svømmegruppa


Elkem starter opp ovn 2 denne månaden 02.11.2009

Elkem Bremanger starter opp ovn2 i slutten av november.

- Våre markeder for FeSi og inokulanter har vist en svak forbedring siden
sommeren i år. På grunn av lavt lagernivå både hos oss og hos våre kunder
har vi besluttet å starte opp ovn 2 på Elkem Bremanger fra slutten av
november. Ovn 2 ble stoppet i desember i fjor.

 Verksdirektør Robin Ephithite understreker at markedet fortsatt er anstrengt, og konkurransen mot andre produsenter blir meget krevende i tiden framover.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars