Arkiv Mai 2010

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Svelgen Stadion Tirsdag 01.06.2010 kl. 19.00

Svelgen A-lag møter Tambarskjelvar. 31.05.2010

 

    Les meir på heimesida til STIF -  Fotball


Oppsummering av 17. mai 31.05.2010

Det kallast herved inn til oppsummeringsmøte for alle medlemmane av årets
17 Mai komite i Svelgen.

Sted: Svelgen Oppvekst, lærar værelset
Dato: 31.05.2010
Tidspunkt: klokken 20:00

Følg med på Svelgen.no for eventuelle endringer av tid og sted.

Harry Gulestøl

Pasient- og brukarombodet - møte. 30.05.2010

PASIENT- OG BRUKAROMBUDET I SOGN OG FJORDANE

kjem til Svelgen for å halde informasjonsmøte for innbyggarane i Bremanger kommune.

Tid: Måndag 31.mai kl.11.00

Stad: Kommunestyresalen i Rådhuset.

Tilstades blir også Leiar for pasientreiser i Helse Førde.

Alle interesserte er velkomne.


UT PÅ TUR! 30.05.2010

Svelgen Pensjonistlag skal på tur til Selje og Stadt onsdag 2.juni.

Det er no 3 ledige plasser. Påmelding på Keipenstova eller til Konrad Ryland 57793336.

Avreise frå Svelgen kl.0800 - og turen går over Isane-Stårheim og vidare utover mot Almenningsfjellet - over til Flatraket, Nordpoll, Barmsund til Selje. Kaffimat kjøper vi med oss frå Bryggja.

Vi skal besøke Doktorgarden - der er det antikvitetar,kunstutstillingar, kafe, sal av suvenir, bøker om Vestlandet og kunsthandtverk.

Lunsj/middag på Selje Hotell før vegen går vidare til Stadt og Ervik der vi skal vitje - og få orientering om - minnekapellet etter Sanct Svithun,som forliste i september i 1943.

Frå vakre Stadt køyrer vi til Åheim i Vanylven kommune og Møre og Romsdal fylke.

Kaffistogg på Kvilehytta- som er ein fantastisk utsiktsplass.

Ferje frå Stårheim kl.18.25.

Turen kostar 550 kroner inkl. middag og ettermiddagskaffi.



Svelgentreffet 28.-30 mai 25.05.2010

Svelgen Samfunnshus takkar Svelgen AmCar club for at Samfunnshuset får arrangere årets AmCar dans.   Vi ynskjer fastbuande og tilreisande velkommen til dans med Black Sheep (klikk på bilde for omtale). Det blir også inngjerda uteområde der ein kan ”lufte glaset” eller bare ”trekke frisk luft”.  

Lørdag 29.mai

Dørene og bar åpner klokka 21:00

18 års aldersgrense

Sal av nattmat

Billettpris 180.-

Arrangør: Svelgen Samfunnshus


Stor påmelding til "Tour de Bremanger" 5. juni 27.05.2010

Som Svelgen.no tidlegare har meldt, så vil årets "Tour de Bremanger" bli arrangert laurdag 5. juni. Dette er ein sykkeltur rundt Bremanger kommune via Bremangersambandet, og i år byrjar ein med å sykle frå Svelgen mot Ålfoten osv. Etter det Svelgen.no kjenner til har mange allereie meldt seg på til den flotte sykkelturen.

 

Invitasjonen til arrangementet kan du sjå ved å  klikk her Påmelding gjerast til Per Arne Sæterlid på tlf 95967770


Kokken Ronny tilbake på Svelgen Hotell! 26.05.2010

Kokken Ronny vender tilbake til Svelgen Hotell - denne gongen som Stand-up artist! Sett av laurdag 19. juni. Meir informasjon kjem snart

Helsing Svelgen Hotell

 


Turorientering 2010

Keipen turlag ønsker velkommen til årets turorientering som

er lagt til følgande ruter:

 

Brandevann - Dolsen

Sørdalstrappa - Ivervann

Gamle bossovnen - Gulebrystet

Tiurveien - Moldahytta - Ytrehus sag

 

Det er lagt ut 28 postar som

ein kan ta i den rekkefølgje ein vil.

Postane vert hengande ute til slutten av august 2010.

 

Rettleiing om orienteringa.

 

På kontrollkortet er det merka kva for nummer posten har, i lag med ein beskrivelse på terrenget/ein detalj der posten heng. Postane er merka med kvit/orange postflagg med nummer på. På postane heng det ei klippetang for å klippe i kontrollkortet. Kvar tang har sin kode. Klipp i nummerfeltet for posten i kontrollkortet.

Kompass kan lette arbeidet med å finne nokon av postane.

 

Merkakrava i år er:

Gullmerke 28 poster

Sølvmerke 24 poster

Bronsemerke 20 poster

 

Turorienteringa kan ein få kjøpt på Svelgen motorsenter (Best) , Svelgen Hotell eller undertegnende.
Postene blir hengende ute ut august.
Prisen er:75.- pr konvolutt/klippekort
                   25.- pr ekstra klippekort

Klippekortene må vere innlevert tidlig i september.

 

Dei som greier gullmerket er med i trekningen av 3 fine premier.

 

Vennligst gje beskjed om feil eller mangler ved postane.

Ta gjerne kontakt med underteikna om det er noko du lurer på.

Kontrollkorta må leverast til Svelgen motorsenter(Best), Svelgen Hotell eller underteikna.

 

Mvh.

Steinar Isene

Telf.: 950 30 371



EID MANNSKOR

       m/dirigent Michael Pavelich

Øving/Konsert

             i

         ÅLFOTTUNET

 

     Tysdag 1. juni kl. 20,00

 

   NB!   Konserten er gratis!

 

Koret syng:

·       Populærmusikk frå 60-talet

·       Elles Norsk, Tysk, Irsk og Amerikansk musikk

·       Sjølskrivne tekstar m. aktuelt innhald

 

 

Det blir høve til å kjøpe kaffi og noko å bite i!

 

Vel møtt til ein trivleg vårkveld!

 

 

EID MANNSKOR


Basar i Trudvang 30. mai 26.05.2010

MIDTGULEN SANITETSFOREINING

YNSKJER DEG VELKOMEN TIL

BASAR I TRUDVANG

SØNDAG 30. MAI KL 4

VI FÅR BESØK FRÅ FYLKESSTYRET

ELLERS VERT DET ÅRESALG OG LODDSALG,

BRUS, KAFFI OG GODE KAKER SOM VANLEG,

SÅ TA ETTERMIDDAGSKAFFIEN HOS OSS.

VEL MØTT!


25.05.2010. Svelgen - Gaular 2.

Seier til Svelgen A-lag... 25.05.2010

 

   Les meir på heimesida til STIF  -  Fotball


Innkalling 17. mai komitè 25.05.2010

Det kallast herved inn til oppsummeringsmøte for alle medlemmane av årets
17 Mai komite i Svelgen.

Sted: Svelgen Oppvekst, lærar værelset
Dato: 31.05.2010
Tidspunkt: klokken 20:00

Følg med på Svelgen.no for eventuelle endringer av tid og sted.

Harry Gulestøl

Meiner Elkem Bremanger driv streikebryteri 25.05.2010

Ved Elkem Bremanger har nye folk overteke reinhaldsjobben medan medarbeidarane i BB Servicesystem er i streik.

- Eit angrep på streikeretten, seier tillitsvald Knut Sande i Svelgen Kjemiske Arbeiderforening.

Medan reinhaldarane i BB Servicesystem er i streik, har Elkem Bremanger skaffa nye folk til å ta seg av vaskinga.

- Eg støttar reinhaldarane fullt ut. Elkem utnyttar eit smutthol i regelverket for arbeidslivet og undergrev streikevåpenet som arbeidsfolk har. Dette er eit spørsmål om moral, seier Sande. HMS-sjef Leo Cirotzki i Elkem Bremanger viser overfor Firdaposten til at samfunnskontakten i Elkem sentralt skal uttale seg om saka, skriv NRK.


 
Hei du mellom 15 - 17 år!!! Er dette noko  for deg?
 
Sogn og Fjordane Fylkeskommune har blitt invitert til å delta i ei Internasjonal Ungdomsutveksling i Kent, England.   Vertskap er Kent Youth Service.   Namnet på Utvekslinga er EURO CAMP 2010.

Tema for utvekslinga er interkulturell læring gjennom utandørsaktivitetar som kano, klatring, bogeskyting, teamarbeidsoppgåver mm. Det vert og besøk i London, Canterbury og Dover.  Det er 12 land som deltek, til saman vil det vere over 100 ungdommar som er med.

Prosjektet er ein del av London sine førebuingar til OL i 2012. Sogn og Fjordane er invitert til å komme med ei anna gruppe ungdommar i 2012.

Utvekslinga vi rekrutterer til no skjer 24. juli til 1. august.

Deltakarane må dekkje eigenkostnadane til transport fram til ein av London sine flyplassar. Kost, losji og aktivitetar er inkludert. Overnatting vil vere anten i telt eller på eit herberge / utandørssenter.

Vi ynskjer med dette å rekruttere 8 ungdommar i alderen 15-17 år frå Sogn og Fjordane til å vere med.  Sjå vedlegget for plakaten dei ansvarlege i Kent har lagd.

Søknad om å få vere med sendast til  roger.klovtveit@sfj.no Saman med søknaden ynskjer vi ein attestasjon frå ungdomsarbeidar  / klubbarbeider.

Søknadsfrist er 1 juni 2010

Anita Løver

ungdomsleiar 95985267


Påminning:

Kommande helg brakar det laust 25.05.2010


Seks færre innbyggarar i Bremanger 25.05.2010

Her er folketalsutviklinga for fylket og dei andre Nordfjord-kommunane i første kvartal 2010:

Sogn og Fjordane fylke 107.309 (+229)
Eid kommune 5.857 (+8)
Gloppen kommune 5.694 (-2)
Vågsøy kommune 5.992 (-4)
Bremanger kommune 3.902(-6)
Selje kommune 2.820 (-1)

Heildags familietur med turlaget 30. mai 25.05.2010

Søndag 30.mai 2010. Keipen Turlag`s tur Sande - Sandsegga - Aksla - Skorabotnen - Setrefjellet - Marafjellet - Omvendeskaret - Nesbø.
Start frå skogsveien Sande kl.10.00   Familietur (barn frå 10-12år)
Dette er ein heildagstur. Bra ver er viktig for å få fullt utbytte av turen.
Vi startar med å gå opp skogsvegen på Sande. På Sandsegga har vi flott utsikt over Svelgen og Nordgulen. Vidare går vi stien mot Hennøysetra, men på høgda over setra bøyer vi vestover og følgjer høgdedraga utover til Aksla. Aksla er fjellet rett opp i sørvest for Hennøystranda. Utsikta er fantastisk. Fjellet er no planlagt å "selge", - der skal bli steinbrot i framtida. Vidare går vi ned i Skorabotnen og sørover til steinbrotet til Bremanger Quarry på Setrefjellet. Der er det blitt ein plan og fin "Flyplass" no.
Vi fortset vestover Reset og ut på Marafjellet der ein park av vindturbinar er planlagt. Frå Marafjellstoppen er det merka sti ned til Utsikten i Omvendeskaret. Vi går vidare skogsbilveien ned til Nesbø.
Vi håpar på godt ver og godt frammøte til turen.
Turleiar Oddmunnd Leirvik tlf. 57793261

ATTRAKSJONAR I BREMANGER 25.05.2010

Det er no satt i gong eit prosjekt for å kartlegge alle   attraksjonar og opplevingar   i Bremanger. Det er bevilga 50.000,- frå fylket til dette formålet. Prosjekteigar er  Jostein Eimhjellen, han sit i prosjektgruppe saman med  kultursjefen Espen Frøysland, Karl Vidar Førde og Rune Nordbotten. Anita M. Ingebrigtsen er leigd inn til å gjennomføre prosjektet.

Bakgrunnen for prosjektet er at  informasjonen som finnast om attraksjonar og opplevingar i Bremanger på Internett eller plakat form i dag er svært fragmentert. Det er vanskelig å finne fram til dei aktivitetane og attraksjonane som finnast i kommunen. No skal alt samlast og presenterast på ein oversiktlig og god måte (fordelt på tema). Også Fjordkysten.no treng informasjon om attraksjonar og aktivitetar i Bremanger kommune. Ein database som blir linka opp til bremanger Kommune si heime side, skal no syte  for at alle som treng informasjon om Bremanger finn den på ein stad. Eit vidare mål i prosjektet blir å utvikle temabaserte plakatar som kan nyttast på turist informasjonane i kommunen m.m.


Treng di hjelp

Prosjektet treng di hjelp. Vi treng bilete, informasjon og tips om aktivitetar og attraksjonar som finnast i Bremanger. Du kan sende dette til anita.ingebrigtsen@enivest.net
 
 Viss du sender inn bilete må dei være merka slik:
 - Kvar er motivet tatt? Og kva viser det?
 - Kven er fotografen? Kva heiter personane på bildet?
 - Når er biletet teke?

Alle som leiger ut båt for havfiske  eller har andre oppleving baserte tenester å tilby, bør melde inn pris og tilbod.
 
Mange aktivitetar og attraksjonar

I Bremanger finst det eit utal moglegheiter for oppleving, spesielt utandørs i naturen.  

Eit utval av det som vert lagt vekt på ser du her:
 - Klatring
 - Badeplassar
 - Dykking
 - Fjelltur / Turløyper
 - Hjortejakt / Hjortesafari
 - Fuglekikking
 - Havfiske
 - Innlandsfiske/ Laks og Ørret
 - Havkajakk
 - Segling
 - Ski/ Skøyter
 - Brevandring
 - Sjøklippe
 - Bergkunst
 - Bronsealdergrav
 - Kulturminne
 - Krigsminne
 - Gamle handelsstader
 - Kystkultur
 - Kyrkjer
 - Kannestein (Grotle)

 
Har du bilete, eller informasjon om nokre av ovannevnte tema, eller
veit du om noko anna spennande?
Ta kontakt med anita.ingebrigtsen@enivest.net eller ring 48119849

 


Svelgen Kino 30, mai kl. 1700

ASFALTENGLENE 25.05.2010

Det er ferie og 12-åringene Maja, Rikke og Ohna driver dank på Ohnas familierestaurant Saigon House. De har store ambisjoner om å ikke løfte en finger denne sommeren, men så dukker politiet opp og finner narkotika gjemt i restaurantens kjølelager. Saigon House stenges og Ohnas storebror blir arrestert. Jentene vet at han er uskyldig men han kan ikke slippes ut av fengsel før narkotikaligaen avsløres. -Asfaltenglene tar saken.

De havner midt i et drama med menneskesmuglig, biljakter, karatespark, romantikk og vårruller. De finner hemmelige kjellerrom, illegale flyktninger, en prest som ikke er prest, en kirke som ikke er en kirke, en politidame som nekter å lytte og en kjeltring som aldri gir opp.

Maja er smart, Ohna kan karate og Rikke kan synge. Sammen balanserer de på høye gjerder og på kanten av loven for å løse saken. De får hjelp av Orpham - et råskinn på sykkel, bestemor Noi - et råskinn bak rattet, og Fredriksen -et råskinn av en hund som tror han er menneske.

7 års aldersgrense

Speletid; 1 time 22 min.

På med solbrillene! Det blir action og spenning og noen stekende hete dager i Oslo sentrum!

 
 


PENSJONISTMØTE. 24.05.2010

Påminning.

Husk at det er pensjonistmøte onsdag 26.mai kl.1700 på Keipenstova.

Programmet ligg på Keipenstova-sida.


25.05.2010. Svelgen A-lag - Gaular. 24.05.2010

 

  Les meir på heimesida til STIF  -  Fotball


Det vert ikkje spinning søndag 1. pinsedag 22.05.2010

Spinninga  søndag 1. pinsedag går ut, medan mandag 2. pinsedag vert det spinning som vanleg.


Bremanger med i Visit Fjordkysten 22.05.2010

Visit FjordKysten har etablert seg i Florø. Dei representerer kommunane frå Gulen i sør til Bremanger i nord.  

Reisemålselskapet vil samle reiselivet på fjordkysten og dei jobbar tett med Sunnfjord 2020, Bremanger Hamn og Næring, og Stiftinga Jensbua. Målet for Visit FjordKysten er å posisjonere fjordkysten.


GLIMT FRÅ ÅRETS 17. MAI I SVELGEN

 

 


To millionar til 45-minuttsregionen 21.05.2010

Fylkestinget er innstilt på å setje av midlar til planlegging av vegparsellane i 45-minuttarregionen i perioden 2010-2013. Fylkesrådmannen foreslo å setje av til saman to mill. kr til kommunedelplanar på strekninga i 2012 og 2013. Bremanger kommune har starta arbeid med kommunedelplan på strekninga Svelgen – Indrehus og har varsla oppstart av planlegging av nytt ferjesamband i Ytre Nordfjord, melder Firdaposten .

Nyt sola mens den er her 21.05.2010


Ope hus på Knekkevatn søndag 21.05.2010

Søndag 23.05. (1.pinsedag) er det ope hus på Knekkevatnhuset frå kl.12.00 - 14.00. Enkel servering. Du finn vegen sjølv frå merka sti frå Svelgsvatnet eller frå Sørdalstrappa. For meir info kan du ringe 91102654.
KEIPEN TURLAG

TAKK:

Vi vil takke Svenn Os som ordna med bil til oss slik at vi kunne lage til ein realistisk skadestad som igjen gjorde at vi fekk ein flott og lærerik korpskveld.

Helsing Svelgen Røde Kors Hjelpekorps


Invitasjon til "Tour de Bremanger" 20.05.2010

Som Svelgen.no tidlegare har meldt, så vil årets "Tour de Bremanger" bli arrangert laurdag 5. juni. Dette er ein sykkeltur rundt Bremanger kommune via Bremangersambandet, og i år byrjar ein med å sykle frå Svelgen mot Ålfoten osv.

 

Invitasjonen til arrangementet kan du sjå ved å  klikk her


TINESTAFETTEN 2010 20.05.2010

Sjå bilder frå Tinestafetten på linken til Svelgen Oppvekst til høgre!

Fredag 21.mai kl. 20.00

Velkommen til kroa

kr 15,- per person.                               Aldersgrense 18 ar


Sommarjobb på Svelgen Vaskeri 20.05.2010

Svelgen vaskeri søker ein person over 16 år som ka ta reingjeringsjobb i juli månad. Sjå Ledig stilling til venstre.

Ålfoten kyrkje 400 år

Laurdag 22. mai

20.00: Jubileums-konsert i Ålfoten kyrkje

Sundag 23. mai

11.00: Festgudsteneste i Ålfoten kyrkje

v/biskop Halvor Nordhaug og

prost Rolf Schanke Eikum.

13.30: Jubileumsfest på Ålfottunet

Festmiddag

Program

Inngangsbillett:

Born under 15 år Gratis

Vaksne kr 100,-

Vi ønskjer alle hjerteleg velkomne til jubileumsfeiring i pinsehelga!

Ålfoten sokneråd


STIF

Barnetrim og idrettskule 20.05.2010

På grunn av dårleg oppmøte har barnetrimmen og idrettskulen no tatt sommarferie.

 

Vel møtt til hausten!

 


Invitasjon til alle bedrifter i Bremanger kommune 14.05.2010

Som dei fleste er kjent med så er næringsråda i ytre og indre del av kommunen slått seg saman til eit råd med visjon om å samle næringslivet i heile Bremanger kommune for felles utvikling og dermed bidra til vekst på kysten av Sogn og Fjordane.

  

INVITASJON TIL ALLE BEDRIFTER I BREMANGER

Tema, Nettverk og samarbeid for vekst og utvikling.

  

Vi inviterer alle bedrifter i Bremanger kommune til samling i Kalvåg

Fredag den.21 mai 2010 kl 18.00.

Dette er første samling for det nye rådet, derfor er alle bedrifter invitert til å delta.

Dei to første sakene er for medlemsbedrifter, men vi kjører også denne delen open for alle.

 

PROGRAM:

· Status for Bremanger Næringsråd.

· Val av styre i Bremanger Næringsråd.

(Berre medlemsbedrifter i Bremanger næringsråd er stemmeberettiget)

· Sunnfjord Næringsråd, organisering og regional utvikling.

V/ Styreleiar i Sunnfjord Næringsråd Rolf Årdal.

· Samarbeid – Nettverksbygging i næringslivet – Regionen og Bremanger frå utsida.

V/ Redaktør i Firda Jan Atle Stang.

· Bremanger kommune sin visjon og rolle i høve næringsutvikling.

V/ Ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad

· Oppsummering.

Program over ca kl 20.00

· Sosialt samvær med enkel servering av mat og kaffi/te fram til ca kl 22.00

 

Retur avreise for Buss og Båt ca kl 22.00 frå Kalvåg

Det vert sett opp båt frå Svelgen tur / retur, samt bus frå Ålfoten via fastlandssambandet til

Kalvåg. Båten går kl 17.30 frå Svelgen kai. Bussen går kl 16.30 frå Ålfoten oppvekst.

Transport og servering er kostnadsfritt for alle deltagere. J

   

Påmelding på e-post og tlf: (husk og sei frå om du vil følge buss eller båt og kvar i frå)

Påmelding til: post@knutholmen.no tlf. 57796913 eller snu@svelgen.no

Frist for påmelding er Torsdag 20. mai kl 15.00.

Vi ønsker velkommen til ei interessant, nyttig og trivelig samling!

 

Bremanger Næringsråd interimstyret

 

Jan Torvanger – Arild Mundal – Svein Klævold – Tor Olav Halse – Bjørgulf Myklebust – Bjørn Inge Nesje



Påmelding spinning 16.05.2010

 

For dei som skal melde seg på spinning tysdag 18.mai, så startar påmeldinga 17.mai kl.20.00.   


11.05.2010. Kamp resyme Tempo-Svelgen 12.05.2010

 

  Les meir på heimesida til STIF -  Fotball   -  kampen

 

            


Telenor-krøll også i Svelgen 11.05.2010

NRK melder at Telenor sine abonnentar i Stryn, Eid og Gloppen dei siste dagane opplevd store problem med telefon og internett. Men også mange i Svelgen har hatt tilsvarande problem. Ifølgje feilmeldingsstenesta er det venta at feilen skal vere i orden onsdag etter arbeidstid.

 

Les meir hjå NRK S. og Fj.


12.mai.2010 - Kl.17:00

Idrettskule og friidrett 11.05.2010

 

    Onsdag 12.mai blir idrettskulen ute på Svelgen Stadion.

     Ta på klede for å være ute.

                                                                            

Vi har bestilt fint vær :)                 

 

Heimesida til STIF - Barneidrett / Idrettskule

 

 

     

 

                   

        

Friidretten starter onsdag 12.mai og blir ute på onsdager fra kl. 18:00 - 19:30.

 

                                                                        Heimesida til STIF Friidrett


Glimt frå flott korkonsert på Samfunshuset 11.05.2010

 

Ein fullsett storesal fekk fredag høyre mykje songglede blant store og små - ikkje minst rektor Kåre Myklebust som fekk bursdagssang frå alle sammen. 1.  til 7. klasse deltok saman med Svelgen Songlag - alle med like stort engasjement og til stor begeistring for publikum. Ein flott konsert under leiing av Grete Berntzen!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle foto: Ingrid Elisabeth Haugen

 

 


       17.mai  i Svelgen

 

 

   

       Program for dagen    

 

08:00      Flaggheising ved samfunnshuset.

                                       Skulemusikken spelar.

 

10:00     Barnetog. Startar ved skuleplassen v/ mellomsteget.

 

11:00      Gudsteneste.

 

12:30      Barne- og ungdomsleikar på skuleplassen

                (i idrettshuset dersom dårleg vær).

                Kiosksal.

 

16:00      Folketog. Startar frå samfunnshuset.

                Vi oppfordrar lag og organisasjonar til å

                stille med flagg og faner.

 

17:00      Tale ved 10 kl Svelgen Oppvekst, ved samfunnshuset.

 

18:00     Folkefest

        Billettar:

        Born kr 20, vaksne kr 50 og familiar kr 100,-       

 

20:00      Ungdomsarrangement på Realen (Slutt 22:30)

 

 

Skulemusikken har open kafé / kiosk på samfunnshuset og Keipenstova frå kl.10:30.

 


Svelgen Hotell  treng ein ferievikar for reinhald av hotellrom. Sjå ledig stilling til venstre. 


17. mai   på Svelgen hotell

 

-Kakebar frå kl 11.00

-Varm buffet frå kl 13.00 – 17.00   (Lammesteik. Heilstekt ytrefilet. Grillmat. Heimelaga rømmegraut med spekemat   og dessert bord . NB – Bordbestilling t.l.f   57796520 )

-Softis i kafeen

 

-Velkomne


                            

BINGO

 

.

Svelgen Samfunnshus,

Småsalen

 

 

Endring av dag denne veka.

Tysdag 11.mai   kl. 1830

.

6 omgongar

 

Jackpot

 

Pausespel

 

Kaffi, brus og noko å bite i.

 

Arr.: Svelgen Samfunnshus


VI FEIRER 17. MAI PÅ

LASSES  KRO

SALG AV

EKTE HEIMELAGA RØMMEGRAUT

KAKER OG KAFFI

Åpent fra 12:00 til 22:00

HJERTELIG VELKOMMEN!

HJERTELIG VELKOMMEN


11.05.2010.

Svelgen A-lag kamp mot Tempo på Florø Stadion 10.05.2010

 

    

                Les meir på heimesida til STIF  -  Fotball


INNLEVERINGSFRIST BREMANGERNYTT NR. 2 – 2010

 

Bremangernytt kjem ut til husstandane innan 11.06.10 og informasjon /annonser/ logo/ bilder må være oss i hende innan 18.05.10.

·          Informasjonen må være ferdig skrive slik de vil ha det på trykk

·          Det må sendast som vedlegg i ein e-post til:

 

mah@bremanger.kommune.no

 

Kontakt underteikna på tlf. 57796300 om de treng hjelp.

 

Vi minner om at Bremangernytt er gratis informasjon som rekk mange, både husstandane i kommunen og andre abbonnentar rundt om i landet.

Det ferdige bladet blir også lagt ut på kommunen si heimeside: www.bremanger.kommune.no

 


2010 - året med det merkelege vèret.... 09.05.2010

På morgonkvisten tysdag 4. mai låg det ein cm snø i Svelgen, og det var frosne vegar. Fredag 7. mai var det strålande sol og fin temperatur. I kveld, søndag 9. mai, er det på nytt snøbyger i Svelgen.

  

Biletet nedanfor: Nordgulenfjorden sett frå Sande i Svelgen 7. mai. Foto: Frank Ryland

 


Påminning:

Dragetreneren

  Søndag 9.mai klokka 17:00

Kiosk og billettsal frå klokka 16:00

Fra studioet som laget "Shrek", "Madagskar" og "Kung Fu Panda" kommer nå filmen "Dragetreneren" ("How to Train Your Dragon").

Denne familiefilmen er satt til en mytisk verden med tøffe vikinger og flammepustende drager, og er basert på en bok av Cressida Cowell. I sentrum for denne historien finner vi tenåringsgutten Hikken (Jay Baruchell) som bor på Berkøy hvor det å sloss med drager er en dagligdags aktivitet. Denne tenåringens litt merkelige humor blir ikke godt mottatt av resten av vikingsamfunnet eller hos vikinghøvdingen?som tilfeldigvis er Hiccups egen far, Steinur Digre (Gerard Butler). Da Hikken blir inkludert i dragetreningen med de andre tenåringene i vikingsamfunnet - Astrid (America Ferrera), Snytulf (Jonah Hill), Fiskebein (Christopher Mintz-Plasse) og tvillingene Røffa(Kirsten Wiig) og Tøffen(T.J. Miller) - øyner han muligheten til å bevise at han har det som trengs for å bli en kriger. Da han møter, og til slutt blir venner med, en skadet drage endrer hans verden seg drastisk. Det som i starten var Hikkens mulighet til å bevise sin styrke ender opp som en mulighet til å forandre fremtiden til vikingsamfunnet for alltid.

Aldersgrense: 7 år

Egnethet: Familie


17. MAI PÅ KJELKENES 2010

 

kl 1200    Sal av rømmegraut i Trudvang

 

kl 1415    Folketog frå Trudvang

              via Sandvika til kyrkja

              Svelgen skulemusikk spelar

 

kl 1500    Gudsteneste i Midtgulen kyrkje

               Svelgen songlag deltek

 

kl 1545    Samling ved Trudvang

              Kaffi, kaker, pølser, is og brus

              Leikar for små og store

 

kl 1645   Samling i Trudvang

              Premieutdeling

              Film frå revyen "Opp av isen"

 


iPod mistet 07.05.2010

Eg har mistet min apple iPod touch med 16 gb minne. Har du sett den?
Da blir eg veldig glad.

Hilsen Matias Gulestøl

Påminning: 07.05.2010

HUSK KORKAFÊ PÅ SVELGEN SAMFUNNSHUS I KVELD, FREDAG 7. MAI KL. 1800.

ELEVAR FRÅ SVELGEN OPPVEKST OG SVELGEN SONGLAG DELTEK.

SAL AV KAKER OG KAFFI.

 

VELKOMNE!


NTB: 07.05.2010

ELKEM OMDØMMEVINNER HOS STUDENTENE

Elkem er den bedriften her i landet med best omdømme blant studentene. På andreplass følger Jotun og på tredjeplass Fokus Bank. Dette går frem av Universums årlige Graduate Survey, som i år for første gang også rangerer norske arbeidsgivere etter omdømme. Hovedundersøkelsen kårer årets mest populære arbeidsgivere basert på 40 kriterier, hvorav omdømme er ett av dem.

HR direktør Karin Aslaksen i Elkem sier at resultatene i undersøkelsen er gledelige. Hun tror Elkems sterke posisjon blant norske studenter blant annet kommer av bedriftens satsning på utvikling av teknologi for produksjon av solcellesilisium. - Vår satsning på dette området er i tråd med verdigrunnlaget til dagens unge, og vi kommer til å studere svarene i undersøkelsen med tanke på å forbedre oss ytterligere til å være med i kampen om den beste arbeidskraften i fremtiden, sier Karin Aslaksen.

 I undersøkelsen har Universum spurt 6.600  norske studenter ved 21 norske universitet og høyskoler om hvilke bedrifter som har best omdømme. 92 % av de som har valgt Elkem som en ideell arbeidsgiver rangerer Elkem på topp når det gjelder omdømme.

 -Vi gratulerer Elkem med en velfortjent topplassering på vår første omdømmerangering, sier Carlo Duraturo, Norden-direktør i Universum Communications. –Det er dessuten oppsiktsvekkende at vår omdømmerangering er ganske annerledes enn totalrangeringen over de mest attraktive arbeidsgiverne. Studentene legger helt klar stor vekt også på faktorer som arbeidsgivers vekstambisjoner, ledelsens evne til å inspirere og hvor attraktive produktene og tjeneste oppfattes.

 Universum er verdensledende på det som kalles Employer Branding, det vil si å hjelpe virksomheter med å være attraktive og forstå morgendagens arbeidstakere.

 Carlo Duraturo sier at målet med selskapets undersøkelser er å forstå hvilke karrieremål og prioriteringer dagens studenter har. Bedriftene kan på denne måten bruke resultatene til å forbedre sine rekrutteringsstrategier og strategier for å beholde arbeidskraften, sier Duraturo.


Konfirmantar i Midtgulen og Svelgen 07.05.2010

Midtgulen kyrkje torsdag 13. mai kl. 11.00

 

Camilla

Kjørslevik

Elise Domben

Mulelid

Fredrik

Nigardsøy

Inga

Rise

Martinus Alfredsen

Førde

Pål Gjøran

Blom

Ronny

Svarstad

William

Styve

 

 

Svelgen kapell laurdag 22. mai kl. 11.00

 

 

 

Alice Beate Slettevold

Holm

Eirik

Ask

Henrik Førde

Os

Håvard Osland

Sagmo

Ingebjørn

Mundal

Lars Martin Løvseth

Mangerøy

Marte Hessvik

Holm

Siri

Vågene

Stine Strand

Sagmo

Taja Mari

Shanker


Humanistisk konfirmasjon i morgon 07.05.2010

Sara Helene Myklebust Maurstad, Malin Beate Svarstad og Fredrik Dyrstad Valberg skal konfirmerast i regi av Human Etisk Forbund på Flora Samfunnshus i morgon, laurdag 8. mai.

8 Mai

Svelgen Røde Kors 06.05.2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I anledningen Røde Kors dagen 8. mai vil Svelgen Røde Kors vere syneleg i Svelgen.

8 mai er fødselsdagen til Røde Kors sin grunleggjar Henry Dunant og offisiell markeingsdag for Røde Kors organisasjonen.

Svelgen Røde Kors vil halde stand i sentrum laurdag 8. mai.

På laurdag vil Svelgen Røde Kors vere tilstades med aktivitetar for dei yngste, loddsal, informasjon og bildeframsyning m.m.

 


Tusen takk til dugnadsgjengen! 05.05.2010

Svelgen Samfunnhus vil rette ei stor takk til dokke som har vore med og fått unna mesteparten av arbeidsoppgåvene som stod på dugnadslista.

Har de lyst til å delta i dugnadsarbeid, ta kontakt – det er alltid behov for ei hjelpande hand.

PS! Ta ein titt på heimesida til Samfunnshuset (klikk på link til høgre).

 

-Styret-


R. Nigardsøy søkjer etter rørleggarar 05.05.2010

Rørlegger R. Nigardsøy (Bademiljø) i Svelgen søkjer etter 1-2 rørleggarar.
Ta kontakt på tlf 57793590 eller 91362661, eller roald.nigardsoy@enivest.net / roald.nigardsoy@enivest.com for meir informasjon.

Ledige stillingar ved BIS Production Partner 05.05.2010

BIS Production Parter i Svelgen søkjer etter  avdelingsleder elektro/automasjonmedarbeidarar og tre kundeansvarlige/planleggere. Sjå utlysing under Stilling ledig til venstre.


Dragetreneren

Søndag 9.mai klokka 17:00

Kiosk og billettsal frå klokka 16:00

Fra studioet som laget "Shrek", "Madagskar" og "Kung Fu Panda" kommer nå filmen "Dragetreneren" ("How to Train Your Dragon").

Denne familiefilmen er satt til en mytisk verden med tøffe vikinger og flammepustende drager, og er basert på en bok av Cressida Cowell. I sentrum for denne historien finner vi tenåringsgutten Hikken (Jay Baruchell) som bor på Berkøy hvor det å sloss med drager er en dagligdags aktivitet. Denne tenåringens litt merkelige humor blir ikke godt mottatt av resten av vikingsamfunnet eller hos vikinghøvdingen?som tilfeldigvis er Hiccups egen far, Steinur Digre (Gerard Butler). Da Hikken blir inkludert i dragetreningen med de andre tenåringene i vikingsamfunnet - Astrid (America Ferrera), Snytulf (Jonah Hill), Fiskebein (Christopher Mintz-Plasse) og tvillingene Røffa(Kirsten Wiig) og Tøffen(T.J. Miller) - øyner han muligheten til å bevise at han har det som trengs for å bli en kriger. Da han møter, og til slutt blir venner med, en skadet drage endrer hans verden seg drastisk. Det som i starten var Hikkens mulighet til å bevise sin styrke ender opp som en mulighet til å forandre fremtiden til vikingsamfunnet for alltid.

Aldersgrense: 7 år

Egnethet: Familie


Slutt med sirkeltrening for denne sesongen 03.05.2010

Per Arne Sæterlid melder at sirkeltreninga onsdagar har teke pause til ein gong over sommarferien.

 

          STIF -   Trim side



KORKAFÈ

på SVELGEN SAMFUNNSHUS

Fredag         07.mai     kl.18.00.

Kor frå 1.-7.klasse ved Svelgen Skule/Kulturskulen

og Svelgen Songlag ynskjer deg velkommen til en trivelig

 

kveld .

Lotteri

Salg av kaker og kaffi

Piano: Dag Solberg

Dirigent: Grete Berntsen

GRATIS INNGANG

Arr.: Kulturskulen og Svelgen Songlag


Brud i Flora eller Bremanger?

Skal du stå brud i Flora eller Bremanger? Då har du sjansen til å bli historisk i føremiddag.

Florø Husflidslag er nemlig på jakt etter ei gifteklar jente og no hastar det.

 

Florø Husflidslag feirer 70 år i år. Norges Husflidslag rundar 100 og Florø By 150 år. Derfor hadde det vert fint med ei jubileumsbrud.

Leiar Britt Andrea Berg Madsen i husflidslaget seier at dei vil gjere alt dei kan for at drakta skal bli tilpassa til den som tek hansken.

 

Det er ikkje berre drakta det er snakk om. Kystmuseét har brudekrune frå Bremanger som dei låner ut til dette formålet.

 

Er du frå Flora eller Bremanger Kommune bør du følge ekstra godt med på føremiddagsendinga i dag.

Der etterlyser programleiar i NRK Sogn og Fjordane, Birger Meland, tips om den som vil bli jubileumsbrud. Og han lovar fin premie til den som tek sjansen.


Det vert ikkje friidrettstrening tirsdag 4.mai... 03.05.2010

 

    Friidretten starer ute onsdag 12.mai.

     

             Les meir på heimesida til STIF -    Friidrett  

   


STIF A-lag serieåpner med heimekamp 02.05.2010

 

     Tirsdag 4.mai kl.19:00.

      

                 Les meir på heimesida til  STIF -  Fotball


"Tour de Bremanger 2010" vert arrangert 5. juni 03.05.2010

Årets "Tour de Bremanger" vert arrangert laurdag 5. juni. Dette er ein sykkeltur rundt Bremanger kommune via Bremangersambandet. I fjor var det 24 syklistar som deltok. Deltakarane fekk oppleve ein flott tur i naturskjøne omgivnadar i eit nydeleg vèr. Meir informasjon vil kome etterkvart, men det er berre å få unna vårpussen av sykkelen og førebu kroppen på det som skal skje. Om nokon skulle vere i tvil: Det er sjølvsagt Per Arne Sæterlid som står bak denne populære sykkelturen, som vert arrangert for fjerde år på rad.

 

Nedanfor kan du sjå Per Arne Sæterlid i lag med Anita Holm Cirotzki under fjorårets tur.


Flott vêr i Svelgen til helga 03.05.2010


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov