Arkiv Juli 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Juni- og juli-nedbøren i Svelgen 31.07.2005

I juni fall det 147,9 mm nedbør i Svelgen, "mot normalt" 129 mm. 8 døgn var heilt utan nedbør, og 41,6 mm var det meste som fall på eit døgn.

I juli fall det 82,7 mm nedbør i Svelgen, "mot normalt" 155 mm. 14 døgn var heilt utan nedbør, og 19,5 mm var det meste som fall på eit døgn.

Norway Cup

Tap for begge STIF-laga på opningsdagen 31.07.2005

Smågutane til STIF tapte 0-7 mot Kongsberg søndag, og neste kamp for dei er mandag kl. 1745. Jentene tapte 0-8 mot Brattvåg, og spelar neste kamp kl. 0945 mandag.

Norway Cup sin opningsdag var prega av mykje regn og våte baner. Les meir her.

Nyhende på SNR-sida 28.07.2005

På Svelgen Næringsråd si heimeside kan du no lese følgande nye saker:

- SNR med fråsegn til Statens Vegvesen om vegstandaren på hovudvegane i Svelgen-området.
- INC Vedlikehold Svelgen med omorganisering, mykje spanande arbeid, og nye lærlingar.
- "Kampen" om å få Elkem sin delproduksjon til solceller

Svelgen Næringsråd: http://snr.svelgen.no/

Følg kyststevnet på Kalvågportalen 28.07.2005

Mange svelgarar vil nok ta turen til Kalvåg i helga på det storstilte Kyststemnet til Forbundet Kysten. Om lag 10 000 personar og mange hundre båtar er venta til Kalvåg i godvèret denne helga.

Kalvågportalen vil du fortløpande finne bilder, lesestoff og videosnuttar frå storhendinga i Kalvåg.

Kysten.no finn du info om stemnet og mellom anna rutetider for bussar og båtar om du har tenkt deg til Kalvåg.

Norway Cup nærmar seg 27.07.2005

Søndag 31/7 tek Norway Cup til, og Svelgen TIF er også i år godt representert på Ekebergsletta. STIF stiller med jentelag i 16-årsklassen (7`ar) og smågutelag i 14-årsklassen (11`ar). Begge lag skal i aksjon på opningsdagen: Jentene spelar kl. 09.45, og smågutane spelar kl. 11.15. På dommarsida er STIF også dette året representert ved Øyvind Grindheim (nederst) og Stian Holm (t.v.). Bilda av dei to sistnemnde er henta frå Norway Cup 2004.

Les meir på STIF-sida og på Norway Cup-sida.





















 









100 nye arbeidsplassar til Svelgen?

Kjempar om silisiumfabrikk 21.07.2005

Svelgen og Kristiansand kjempar om å få Elkem sin nye silisiumfabrikk, melder Firdaposten i dag.

Elkem skal bygge ein fabrikk som skal produsere høgreint silisium til solceller. Denne skal vere i drift frå 2007, men Elkem har ikkje bestemt kvar anlegget skal liggje.  Det kan  vere snakk om 100 nye arbeidsplassar, og ordførar Kåre Olav Svarstad har allereie tomt til ein ny fabrikk.
1. mai i år sa Elkem-direktør Ole Enger at Svelgen kunne vere aktuell lokalisering og Svarstad har teke kontakt med stortingsrepresentant og partifelle Reidar Sandal i håp om hjelp frå den kanten. For ordføraren håpar på at Elkem vel Svelgen.


Gåte trollbatt Bremanger 20.07.2005



















Gunnhild Sundli og hennar menn leverte alt på scena i Bremanger.

Bremanger Rockweekend 2005. Med store trekkplaster som Gåte, Madrugada og Hellbillies var det duka for ein folkefest utan sidestykke.

 

Fredagen starta det med countryrock bandet Hellbillies frå Ål i Hallingdal. Dei varta opp publikum med noko for ein kvar smak. Når dei diska opp med gamle slagerar som ”Ål stasjon” og ”Krasafaren Steinbu”, klarte verken gamle eller unge å halde rockefoten i ro.

Hellbillies var òg på rock weekend for 10 år sidan, og i kommentar til svelgen.no fortel dei at dei då spelte på Havly. Festivalen hadde forandra seg litt, men det var fortsatt ein like vakker plass. Og som ein hyllest til det entusiastiske publikum fekk dei til slutt høyre den gamle hiten ”rakafisk” som dei ikkje hadde spelt på fleire år.

 

 Når det trønderske folk-rock bandet Gåte entra scena på festivalområdet i Bremanger, var det som salen av koka av forventningsfulle tilskodarar. Vokalist Gunnhild Sundli si fagre røyst fekk sitringar til å gå gjennom folk og fe i heile Bremanger. Og med eit utruleg vakkert samspel mellom folkemusikk og rock leverte dei eit framifrå show. Den gode lyssettinga skapte ei gåtefull og magisk stemning i teltet. Vokalisten  beviste verkeleg at stemmeprakta var under kontroll då ho la frå seg mikrofonen og kveda for full hals, så sjølv den mest ramsalte vestlendingen vart blank i auga.

 



















Gitarist Magnus Børmark sjokkerte publikum med heftige gitarriff og bevegelsar utan sidestykke.

I ein kommentar til Svelgen.no fortel Gunnhild Sundli at ho er imponert over den storslåtte naturen i Bremanger, men at folk her ute kanskje har litt framandfrykt. For når ho og gitaristen Magnus Børmark skulle gå til Havly, gjekk dei feil og prøvde å haike attende, men utan restultat, seier ho med eit smil.

 

Mari Elise Haugen og Frode Midtbø Bjørkedal


Leserinnlegg:

Rockweekend, berre for vaksne? 13.07.2005



Først vil eg rose arrangørane som kvart år får til eit like godt
arrangement.
På same tid er eg eigentleg ikkje så fornøgd.


Rockweekend er det einaste musikalske arrangemanget i Bremanger kommune. Her
kan alle få musikalske opplevingar, men er alle nøgde?
Som ungdom under 18 år så har ein ikkje så mange val, anten kan ein gå på
ungdomsarrangemanget, eller så kan ein halde seg heime.

Ungdomsarrangemanget er eigentleg eit utruleg flott tilbod for ungdom under
18 år. Men kva med dei som har anna musikkinnteresse?

Gåte, Madrugada og Hellbillies er berre få av dei gruppene eg kunne tenkje
meg å høyre på rockweekend.
Desverre er det alkoholservering i teltet der gruppene spelar, kvifor ikkje
få dette avskild?

Både Glopperock og Malakoff er flotte eksempel på at det går fint an å ha
avskilde konsertar og servering. Kan ikkje rockweekend klare det og?

Eg veit at eg ikkje er åleine om å tykkje det er synd det skal vere på denne
måten. Mange ungdomar på min alder høyre på grupper som Gåte, Hellbillies og
Madrugada. Kvifor får ikkje vi oppleve gleda med arrangement i heimkommunen?


Malin V.Svarstad

Hus til sals på Langeneset  

 Einebustad med garasje på Langeneset til sals (Erlevegen 19).
Oppført i 1965. 

Fem soverom (tre store og to små), stor stove med parkett, eikekjøkken, tørr vaskekjeller, gode boder og mange innebygde skåp, bad/dusj i kvar etasje.


Glasert takstein, vedlikehaldsfri og evigvarande.
Stor hage/rolig område. Panoramautsikt over Svelgen.


Vising/informasjon/bod Ingrid Elisabeth Haugen tlf. 57793606/92261787 ingrid@haugen.no


Ballbingen til STIF på NFF si heimeside 08.07.2005

Ballbingen til STIF får god omtale på Norges Fotballforbund si heimeside. Det spesielle med bingen i Svelgen er at den har undervarme og lysanlegg, og dermed har gode brukshøve året rundt. Om saka har falle ut som toppsak på NFF si side når du les dette, kan du lese den her.

BILLIG BIL: Prisantydning kr 10000

VW Passat til salgs 06.07.2005

1986-modell VW Passat CL selges rimelig. Har kun kjørt 93000 km. EU-godkjent i juni 2005. Send bud til dag@haugen.no eller ring 951 34 654.

Bilen står nå utenfor Statoil (TV46725).

Ferie på Svelgen.no 05.07.2005

Frå i dag har redaksjonen i Svelgen.no tatt ferie. Sida vil ikkje bli oppdatert i løpet av juli. Vi har også stengt Fritt Ord og Vitse-sida så lenge, sidan vi ikkje kan sjekke innhaldet kvar dag. Viss du har ting du gjerne skulle hatt inn på sida kan du sende ein epost til redaksjonen@svelgen.no så skal vi sjå kva vi får til.

Vi ynskjer kvar enkelt, og speiselt du som sitter og leser dette akkurat no, ein fortsatt god sommar!!

Redaksjonen


Kim Leirvik sette ny juniorkrinsrekord i stav

Friidrettssgjengen til STIF imponerte på Byrkjelo 04.07.2005

Friidrettsgruppa til Svelgen TIF, stilte med 11 utøvere på Sparebankleikane
på Byrkjelo 2-3.juli. Det vart og arrangert trening i stavhopp av finnen Paavo Moilanen heile
helga. STIF`s utøvere fekk være med på denne treninga.
(på heimesida til Fjellhaug Vereide kan ein sjå bilde fra stav treninga)

10 åringane : Marte H.Holm, Fredrik D.Valberg,Torbjørn Ytrehus
11 åringen    : Magnus Myrhol
12 åringane : Daniel H.Holm, Pål Valberg.
13 åringane : Jonas D.Valberg.
14 åringen    : Kjell- Rune Ytrehus
15 åringen    : Jørgen Bjørkedal.
17 åringane : Kim Leirvik, Tor Inge Øvrebotten.

Svelgen TIF tok 20 premier og Kim sette ny juniorkrinsrekord i stav med 1cm (3,81),
Dei fleste utøvarane sette nye personlige rekorder.

Resultat lista finn på  http://www.friidrett.no/sognogfjordane

12.førsteplassa : Marte,Torbjørn,Daniel,Jørgen & Tor Inge: høgde. Pål : 60m,Jørgen & Toe Inge:lengde, Kim & Kjell-Rune stav, Kim: 100m. Jørgen 3-steg.
5.andreplassa :    Marte : 60m, Pål : lengde, Daniel: kule,Tor Inge: stav, Kim: spyd.
3.tredjeplassa :   Fredrik & Pål høgde, Torbjørn kule.

Vi hadde en kjempe tur og Ingvald strålte som ei sol over utøvarane sine.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars