Arkiv Des 2010

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
GODT NYTT ÅR!

TAKK !
Aktiv Jobb, Bakarhuset vil takke Elkem Energi for den store gåva vi fekk: Brannskap til verkstaden.
TUSEN TAKK !
 
AKTIV JOBB,- avd. Bakarhuset og Fossestranda, vil nytte høve å takke alle kundane for samarbeidet i 2010 og ynskje Godt Nytt År !

Fyr i kol ved råstoffanlegget:

Brann ved Elkem Bremanger i kveld 28.12.2010

 Alarmsentralen i Sogn og Fjordane melde om brann ved Elkem i Svelgen rett over klokka 20.

Kolet ved råstoffanlegget hadde teke fyr, og brannen var sløkt kl 2016. Politi er på staden for å gjere undersøkingar.

I følgje politiet var det snakk om eit branntilløp som kan ha vore forårsaka av ein varmeomn, og ingen større materielle skader. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Påminning: 28.12.2010


Påminning:

Onsdag 29 desember på Svelgen Hotell

Du Skal Høre mye” og dans med   Bjarne Lunde

 

I år er det 5 års jubileum for dette tradisjonsrike romjulsarrangementet på Svelgen Hotell.

Knut Sande & Co  er no i tenkeboksen for nokre utvida sprell  i høve  feiringa. Kva desse karane kjem fram til gjenstår å oppleve! I følge Jostein Eimhjellen har dei øva i heile dag (tirsdag) men vil ikkje ut med kva morskapens materiale skal bestå i/av. Den som møter får sjå/høyre...!

Den tidlegare kokken på Svelgen Hotell (Ronny Skilbrei) gjorde, som fleire i haust fekk oppleve,  "Svelgen-comeback" som standup-artist . Han har alt meldt sin ankomst til feiringa og vil på nytt prøve ut nokre standup-strofer på oss svelgarar. Vi vonar fleire andre også kjem med  gode bidrag til feiringa.

 

Ta med godt humør, gode vitsar og gjer deg klar til ein kveld med historier som alltid blir betre og betre utover kvelden .

 

Knut sande,  Arild Sande, Ståle Dyrstad og Ole Cristian Rynning ynskjer ilag med Svelgen Hotell alle velkomne til jubileumsfeiring og forfriskingar frå mixebordet.

I høve jubileummet  spelar Bjarne Lunde opp til ein forrykande dans.

Bjarne Lunde treng ingen nærmare presentasjon, men skal vere i storform! Han vil synge både i A og i MOLL denne kvelden. I høve alt dette og endå meir har Svelgen Hotell søkt kommunen om utvida   opningstider og banken om pengar til Raud Løpar

 

Dørene opnar kl 20.00

Historier begynner 21. 19

Dans frå kl 23.09

Cover: kr 130,-

Foto: Geir Nybø, Bremanger Budstikke


Juletrefest på Samfunnshuset 28.12.2010

 

Den årlege juletrefesten på Samfunnshuset vert

onsdag 29.desember kl.17.00 - 18.30.

 

Det vert underhaldning av elevar frå 1.- 4.klasse,

juletregong og kanskje kjem nissen....

 

Prisar:

  25 kr. pr. person

100 kr for familiebillett


Spinning torsdag 28.12.2010

 

  Det vert ei 60 min spinningtrening torsdag 30.12 kl.18.00.

 

  Påmelding som vanleg.


Romjulstreffet er avlyst 28.12.2010

Romjulstreffet på Bremanger Hamn og Næring 29. desember er avlyst, opplyser Marcel Maijer.

Hugs å lese av straummålaren 26.12.2010

Elkem Energi Bremanger/Svelgen Kraft minner om at 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato (1/1-2011). Er du vekkreist på avlesningsdato bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: svelgenkraft@sfe.no Husk å oppgi målarnummer! Avlesningskort som kjem inn til EEB etter 10. januar 2011 vert det ikkje teke hensyn til.

Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.


Molleyturnering 27/12 / 3. juledag 26.12.2010

Ta initiativ, få med slekt, vener, kjende og meld på volleyballag.

  

Påmelding til Frank Midtbø tlf 94791992 eller Frank Hatleset tlf 95911067.

 

Turneringa tek til kl. 17.00 i Svelgen Idrettshus. 

Påmeldingsfrist 27/12 Kl 1000.

25 kroner per pers.

NB: hugs 2 damer på kvart lag.

 

Klikk her  og les kva som står i  "STIF-boka" om den aller første Molleyturneringa i 1986


Takk til Coopen frå nissane! 26.12.2010

Nissane frå Nordpolen takkar Coopen for mandarina og pepperkaker. Etter ein lang tur er det flott å bli spandert på. Vi ynskjer Coopen og Geir eit godt nyttår!

Spinning i romjula 25.12.2010

Det vert spinning måndag 27.12 kl.20.00 og tysdag 28.12 kl.18.00 og 20.00.

 

Det vert ikkje trening torsdag 30.12.

 

NB! Påmelding til treninga måndag, startar  måndag kl.10.00.

Til tysdagstreningane er påmeldinga som vanleg! 


Svelgen.no vil ønske alle lesarar og støttespelarar ei god og fredeleg jul!

KEIPENSTOVA 22.12.2010

Keipenstova er open:

Vesle julafta frå kl. 10 til 12.30

3.juledag frå kl.10 til 12.30 og

Veslenyårsafta frå kl.10 til 12.30

Velkommen til julekaffi, julekake, frukt og knask.


BARNAS TURLAG
 
I dette fantastiske vinterværet er Barnas Turlag klare for å ta deg med ut på skitur.
Tysdag 28.12 kl 1730 til kl 1830 møtast vi på Svelgen Stadion med ski på beina.
Her vil det bli aktiviteter og premiering. Kle deg godt og ta gjerne med noko varmt å drikke!
Vi gler oss til å sjå deg att!
 
Barnas Turlag vil samtidig få ønskje alle små og store turkamerater Ei Riktig God Jul !
 
Barnas Turlag v/Ossenkamp og Langedal

SVELGEN RØDE KORS ØNSKER ALLE EI RIKTIG GOD JUL!

Gode muligheter for trimming av sideflesket, samt fine naturopplevingar, i jula

Vegen langs Risevatn lillejulaftan 23.12.2010

  

MMS-foto: Frank Ryland


Årsmøte i Fagforbundet Bremanger 23.12.2010

Årsmøte vert halde fredag 28. januar 2011 kl. 18.30

på Havly i Bremanger.

 

Etter vedtektene § 11.3 vert det med dette varsla at saker som ein ønskjer behandla på årsmøtet må være styret i hende innan 5. januar 2011.

 

Fagforbundet  Avd. 537 Bremanger

Styret



25-årsjubilèum!!!

Molleyturnering 3. juledag/27. desember 22.12.2010

Ta initiativ, få med slekt, vener, kjende og meld på volleyballag.

  

Påmelding til Frank Midtbø tlf 94791992 eller Frank Hatleset tlf 95911067.

 

Turneringa tek til kl. 17.00 i Svelgen Idrettshus. 

Påmeldingsfrist 27/12 Kl 1000.

25 kroner per pers.

NB: hugs 2 damer på kvart lag.

 

Klikk her  og les kva som står i  "STIF-boka" om den aller første Molleyturneringa i 1986.


Velukka nissemarsj 22.12.2010

Onsdag 08.desember arrangerte STIF Nissemarsj. Også i år vart det eit vellukka arrangement med flott ver og mange deltakarar. Sjå deltakarlista ved å klikke her.

Bileta frå nissemarsjen kan du sjå ved å klikke her. og 2010 her

Tusen takk til "Kopen" som sponsa oss med gløgg og peparkake!

STIF ynskjer alle
God jul og Godt nyttår!


Åpningstider i jula på Svelgen Hotell

 

Sidan Zoe ikkje reiser heim til Sverige i jula , kan vi halde meir åpent i romjula

på Svelgen Hotell, enn tidlegare annonsert. Zoe vil halde åpen baren og tek også

i mot bestilling av pizza.

 .

 

Torsdag 23. Des....................................19.00 – 22.00

Fredag 24. Des......................................Stengt

Laurdag 25. Des...................................19.00 – 23.00

Søndag 26. Des....................................19.00 – 03.00 (STOR 2 JULEDAGSFEST MED  BANDITS)

Mandag 27. Des...................................19.00 – 23.00

Tirsdag 28. Des....................................19.00 - 23.00

Onsdag 29. Des.....................................20.00 – 03.00 (DU SKAL HØRE MYE OG DANS MED BJARNE LUNDE )

Torsdag 30. Des....................................20.00 – 23.00

Fredag 31. Des......................................Stengt      (NB – Nyttårsfest på Lasse,s Kro)

Lørdag 1. Jan........................................18.00 – 23.00 - 30 % avslag på pizza (et på huset pris )

Søndag 2. Jan........................................18.00 – 23.00

 

Vi vil ønskje alle ei riktig God Jul og Godt Nyttår!

Velkomen til Svelgen Hotell

 


Juletrefesten i kapellet

Juletrefesten i kapellet er i år søndag 2. juledag kl 17.00.

Det blir gang rundt juletreet, andakt, kaffi og kaker.

Fri inngang – kollekt.

Alle er hjarteleg velkomne!

Midtgulen sokneråd


Kaldt og klart julevêr i Svelgen 22.12.2010

 

Når det har snødd seg ferdig i løpet av dagen i dag, setter julevêret inn med klarvêr og kulde (ill. henta frå storm.no)


Hugs målaravlesing rundt nyttår 21.12.2010

Elkem Energi Bremanger/Svelgen Kraft minner om at 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato (1/1-2011). Er du vekkreist på avlesningsdato bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: svelgenkraft@sfe.no Husk å oppgi målarnummer! Avlesningskort som kjem inn til EEB etter 10. januar 2011 vert det ikkje teke hensyn til.

Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.


JULENISSEN KJEM TIL SVELGEN! 21.12.2010

Frå Nordpolen har vi fått melding om at Nissen er på veg mot Velteplassen på Sande. Dersom veret vert bra, reknar han med å vere på plass veslejulafta klokka 1600.
M og K

Påminning¨frå hotellet:

Romjulsdans med Bandits 2. juledag 21.12.2010

2. juledag spelar «Bandits» på Svelgen Hotell.

Også denne gongen med den nye besetninga med Åsmund Nesbø som gitarist.

Åsmund Nesbø er ein erfaren gitarist, og bør vere kjend for dei fleste ettersom han i mange år var medlem av den ikkje ukjende svelgengruppa «Pegasus».

Han har i tillegg vore engasjert i mange andre prosjekt, og det kan nemnast at han for tida også er gitarist i Florø Storband.

I tillegg er Maurizio Varano (trommer) og Arve-Stig Damstuen (vokal) framleis med.

Bandet spelar den same fengande musikken som før, basert hovudsakeleg på 70-talsrock, med låtar som er velkjend for dei fleste.

Velkommen til Svelgen Hotell for å høyre «Bandits» med ein ny vri!

Cc.: 160,-

OBS.: Førehandsbestilling fram til 22. desember

Svelgen Hotell


Kjøp av Elkem Energi Bremanger sluttført

 

I statsråd fredag 17. desember fekk Svelgen Kraft Holding konsesjon på kjøp av aksjane i Elkem Energi Bremanger, og i dag vart handelen sluttført.

 

 

I oktober 2009 inngjekk Svelgen Kraft Holding AS ein avtale med Elkem Energi Kraft AS om kjøp av alle aksjane i Elkem Energi Bremanger AS. Bak Svelgen Kraft Holding står dei tre kraftkonserna Sogn og Fjordane Energi, Tafjord Kraft og Sognekraft, med eigarskap på høvesvis 56 %, 34 % og 10 % av selskapet. Elkem Energi Bremanger eig kraftverka Svelgen III og IV i tillegg til Straumane kraftverk, og har leigeavtale med Statkraft om kraftverka I og II. Totalt utgjer kraftproduksjonen ved desse kraftverka 695 GWh, og kjøpssummen for selskapet var 1,7 mrd kroner.

I statsråd fredag 17. desember gav regjeringa konsesjon til kjøp av aksjane, og i dag vart handelen mellom Svelgen Kraft Holding og Elkem Energi Kraft sluttført.

– Det er svært gledeleg at vi no endeleg har motteke konsesjon på kjøp av Elkem Energi Bremanger. Med dette er Elkem Energi Bremanger sine kraftverk no i lokale og offentlege hender, seier produksjonsdirektør Ola Lingaas i SFE. Les  meir på www.bremanger.no


Kollisjon på Grov i ettermiddag 21.12.2010

Det var ikkje synlege teikn til alvorleg personskade på dei tre personane involvert i kollisjonen, men det hadde ikkje vore medisinsk personell på staden då Firdaposten kom dit.

Det var ein personbil på veg frå Svelgen mot Førde som truleg har feilrekna vegfestet då den skulle ta av frå Fylkesveg 614 og køyre inn på riksveg 5, melder Firdaposten.


Siste bingo før jul i dag! 21.12.2010

Siste bingoen før jul blir tirsdag 21.12.kl.18.30.
Det blir spelt ein ekstra omgang med
julegodter.
Bingoen i romjula blir tirsdag 28.12 kl. 18.30.
Svelgen Samfunnshus Bingogjengen

Opningstider på rådhuset i jula! 21.12.2010

 

 

 

24. desember - Stengt     

27. - 30. desember - Opent frå kl. 10.00 - 14.00     

31. - desember - Stengt

 

Rådhuset opnar igjen måndag 03. januar, 2011.

 

Vi ynskjer dykk alle ei god jul!


Dyrebeskyttelsen treng forverter 20.12.2010

Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane ønsker forverter i Svelgen og omegn. Vi har i dag omlag 50 katter i ulike omsorgstiltak, men fortsatt er det mange katter som går ute i kulden uten mat og ly.Vi trenger derfor flere forverter. Som forvert får dere dekket utgifter til sand,mat og evt. veterinær. Kan dere hjelpe, ta kontakt på tlf 41243997.

                                               Mvh Dyrebeskyttelsen

Nytt Stavstativ. 20.12.2010

 

      Friidrettsgruppa i STIF har fått nytt Stavstativ.

     

  Stor takk til Elkem Bremanger som har sponsa oss.


Røde Kors har kjørt opp skiløype langs Risevatnet 19.12.2010

Flott jobba gode Røde Korsere med løyper i Risevatnet.
Asbjørn Sande
 
Regionledervest

Nye spinningsyklar 19.12.2010

 

  Trimgruppa i STIF har fått to nye spinningsyklar.

 

  Stor takk til Elkem Bremanger som har sponsa dei.


Hytta på Sandsegga pynta til jul 19.12.2010

 

 

 

Martin og Liv har pynta hytta Martinsbu på Sandsegga til jul med nisser og juletre. I tillegg har Martin Hennøy måka stien opp forbi første benken og rundt hytta saman med Gunnulf Bjørnsen og Tore Myklebust. Så no blir det god jul også på Sandsegga!

(Alle foto: Svenn Petter Kjerpeset)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Ut på tur aldri sur... ;-)

Skiløyper i Risevatn 19.12.2010

 

 

 

 

 

 

Arne Rebni og Ingeir Løvold melder om at det no er køyrd opp dobbelt skispor i Risevatnet.

Sporet endar ved 3,5 km.

Ingenting å vente på, spenn på deg skia og nyt føret/veret/naturen. God tur :-)

 

 


Takk! 18.12.2010

Sender ei stor takk til dei flinke hjelparane mine ved Bakarhuset, Aktiv Jobb i Svelgen.

Utan dykkar hjelp - vår, sommar, haust og vinter ville eg ikkje kunne bu i min eigen heim.

Å ha den vissa at ein får den hjelp ein treng til snømåking, plenklipping og for meg vanskelege gjeremål har ei so stor verdi at ei helsing er på sin plass.

Å kunne bu i sin eigen heim og fritt kan ordne dagen som passar deg sjølv, aukar livskvaliteten.

Skulle det skje at den dagen kom at Aktiv Jobb ikkje lenger er eit faktum, ville mange oppleve ikkje å ha den tryggleik som i dag. Disse gode smilande og flinke hjelparane må vi ta godt vare på no og i framtida.

Takk og til min nære familie so alltid er der for meg. Takk og til dykk som brukar av si fritid til ein tur i den frie natur med Ragnar.

Takk til dykk som ikkje er nemnde, men som ikkje er gløymde

 

Helsing

Leif Kjøsnes


Sjølvhogst av juletre på Myklebust! 17.12.2010

 

Søndag 19. desember mellom klokka 12.00 -15.00 kan du hogge ditt eige juletre!

 

Dette kan føregå 1,5 km fra Myklebust krysset mot Florø.

Prisen er 200 kr per tre. 

 

Kontakt Vidar Midtbø på tlf. 992 49 666



121 700,- til Samfunnshuset gjennom kronerulling 16.12.2010

Kronerullinga til oppussing/opprusting av storkjøkkenet på

Svelgen Samfunnshus Oppdatering pr. 06.12. Det er totalt kome inn kr. 121.700.

 

Dersom nokon ynskjer å gje pengegåve, er bankkontonr. 3776 03 19962.

 

 

Svelgen Samfunnshus takkar for innkomne gåver:

Bremanger kommune (50.000), Fam. Shanker (2.500), Vidar Bremnes (500),

Tor Helge Ulvmoen (500), Bjørg Rita Håøy m/fam (500), Magni og Halvor Nesbø (200), Astrid Bremnes (500) Anita Hessvik og Jørn Holm (500)


Tidlegare gjevne gåver: De finn oversikta på Samfunnshuset si heimeside.

 

Svelgen Samfunnshus

-styret-



Julemanna på Bakarhuset torsdag og fredag 15.12.2010

Nylaga julemenn til salgs torsdag og fredag
Løp og kjøp!

.

 

 

Hilsen oss på Bakerhuset.


Avskjedsdans med Duo Select fredag 16.12.2010

Dans med månadsbandet på Svelgen Hotell, Duo Select, som vart annonsert kommande lørdag 18. desember blir flytta til fredag 17. desember.  Duo Selsct må reise ein dag tidlegare en planlagt.

Det vert derfor avskjedsdans med gruppa kommande fredag!

Fri inngang.

Velkomne !

Frå kl 22.00


OPNINGSTIDER BUNADSLOFTET JUL/NYTTÅR 2010

 

Siste dag før jul blir 21. desember.

Mangler du fremdeles julegaver bør du stikke innom. Vi foreslår heimestrikka kle, smykker og øyredobbar, sølv, ullpledd, gavekort og mykje meir!

I romjula held vi ope 27. og 28. desember frå klokka 1000 - 1600

Første opningsdag etter nyttår   er 3. januar


Referat frå kommunestyremøtet i går 15.12.2010

www.bremanger.no kan du no lese vedtak som vart fatta i kommunestyret i går.

Bandits på Svelgen Hotell 2. juledag 15.12.2010

2. juledag spelar «Bandits» på Svelgen Hotell.

Også denne gongen med den nye besetninga med Åsmund Nesbø som gitarist.

Åsmund Nesbø er ein erfaren gitarist, og bør vere kjend for dei fleste ettersom han i mange år var medlem av den ikkje ukjende svelgengruppa «Pegasus».

Han har i tillegg vore engasjert i mange andre prosjekt, og det kan nemnast at han for tida også er gitarist i Florø Storband.

I tillegg er Maurizio Varano (trommer) og Arve-Stig Damstuen (vokal) framleis med.

Bandet spelar den same fengande musikken som før, basert hovudsakeleg på 70-talsrock, med låtar som er velkjend for dei fleste.

Velkommen til Svelgen Hotell for å høyre «Bandits» med ein ny vri!

Cc.: 160,-

OBS.: Førehandsbestilling fram til 22. desember

Svelgen Hotell


JULEPROGRAM LASSE`S KRO

 

 

LØRDAG 18.DESEMBER FØRJULSDISKO

1.JULEDAG LØRDAG 25. DESEMBER:

JULEBALL

NYTTÅRSAFTEN FREDAG 31. DESEMBER:

NYTTÅRSBALL

 

 

COVER KR 50,-                                                                                   ETTER 23.00 KR 70,-


Væpna politi mellom Florø og Svelgen i dag 15.12.2010

 

Frå klokka 08.30 øver politiet langs riksveg 5 mellom Florø og Grov-krysset, og på fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen.

Politiet vil vere synlege med våpen, opplyser operasjonsentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Øvinga vil halde på utover dagen.


ÅPNINGSTIDER

I JULA LASSE`S KRO

 

TORSDAG   23. DES…………………………………..….14:00-22:00

 

FREDAG     24.   DES………JULAFTA…..…………………STENGT

 

LØRDAG    25.   DES………1.JULEDAG…….………….22:00-02:00

 

SØNDAG    26.   DES………2.JULEDAG….…….………... STENGT

 

MANDAG   27.   DES……………………….......................18:00-22:00

 

TIRSDAG   28.   DES……………………….......................18:00-22:00

 

ONSDAG    29.   DES……………………………………...18:00-22:00

 

TORSDAG 30.   DES………………………………….......18:00-22:00

 

FREDAG     31.   DES………NYTTÅRSAFTEN...............22:00-02:00

 

LØRDAG      1.   JAN……………………………………...….STENGT

 

SØNDAG      2.   JAN……………………………………...….STENGT

 

VI ØNSKER ALLE VÅRE KUNDAR EI RIKTIG GOD JUL OG EIT GODT NYTTÅR


Skoddehav på Sandsegga i dag 14.12.2010

Svenn Petter Kjerpeset tok dette biletet på Sandsegga i dag ettermiddag kl. 1500:


14.12.2010. Fotballfest for alderbestemt. (2009 &2010 sesongen)

Fotballgruppa til STIF arrangerer fotballfest for alderbestemte klassar. 10.12.2010

  

        

   Tirsdag 14.desember kl.17:00 i Svelgen Idrettshus.

         Les meir på heimesida til STIF   Fotball 

                          

                         

   


Onsdag 29 desember   på Svelgen Hotell

Du Skal Høre mye” og dans med   Bjarne Lunde

 

I år er det 5 års jubileum for dette tradisjonsrike romjulsarrangementet på Svelgen Hotell.

Knut Sande & Co  er no i tenkeboksen for nokre utvida sprell  i høve  feiringa. Kva desse karane kjem fram til gjenstår å oppleve!

Den tidlegare kokken på Svelgen Hotell (Ronny Skilbrei) gjorde, som fleire i haust fekk oppleve,  "Svelgen-comeback" som standup-artist . Han har alt meldt sin ankomst til feiringa og vil på nytt prøve ut nokre standup-strofer på oss svelgarar. Vi vonar fleire andre også kjem med  gode bidrag til feiringa.

 

Ta med godt humør, gode vitsar og gjer deg klar til ein kveld med historier som alltid blir betre og betre utover kvelden .

 

Knut sande,  Arild Sande, Ståle Dyrstad og Ole Cristian Rynning ynskjer ilag med Svelgen Hotell alle velkomne til jubileumsfeiring og forfriskingar frå mixebordet.

I høve jubileummet  spelar Bjarne Lunde opp til ein forrykande dans.

Bjarne Lunde treng ingen nærmare presentasjon, men skal vere i storform! Han vil synge både i A og i MOLL denne kvelden. I høve alt dette og endå meir har Svelgen Hotell søkt kommunen om utvida   opningstider og banken om pengar til Raud Løpar

 

Dørene opnar kl 20.00

Historier begynner 21. 19

Dans frå kl 23.09

Cover: kr 130,-


Opningstider hos S.M. Dyrstad -    jula 2010
 
Vi har ope alle kvardager: kl. 0730-1630
Julafta og Nyttårsafta:        kl. 0900-1200
 
Vi har mange festlege julegaver, både "mjuke" og "harde", og kan bl.a. nevne:
Krydder,- og assortert utvalg av CD'er med musikk for godt voksne.
Brannvarslere og brannslokkere.
Vi har og masse "nips" fra et opphørssalg, diverse juleartikler og pynte ting.
 
I år blir det salg av fyrverkeri fra 27.12 - 31.12
 
 
Vi har det meste - for dei fleste
 
 
S.M. Dyrstad
- På Ivarplassen-



SANGTIME. 11.12.2010

SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA

måndag 13.desember (Luciadagen) kl.12. Underhandlingsgruppa leiar sangen.

Vi vil synge kjende og kjære julesangar.

Alle er velkomne.


170 innom Kopen sin frukost på Keipenstova 12.12.2010

Omlag 170 menneske var innom og åt frukost under Kopen sin julefrokost på Keipenstova laurdag. Sjå Liv S. Brekke sine bilder på Svelgen Origo!


Coop’en og Centrum

Åpniningstider i Jule- og nyttårshelga

                                                                             Coop’en                        Centrum

    Fredag   10.des

0900-1800

1000-1630

Lørdag   11.des

0900-1600

1000-1500

 Mandag   13.des

0900-1800

1000-1700

Tirsdag   14.des

0900-1800

1000-1700

Onsdag   15.des

0900-1800

1000-1700

Torsdag   16.des

0900-1800

1000-1700

Fredag   17.des

0900-1800

1000-1700

Lørdag   18.des

0900-1600

1000-1500

Mandag   20.des

0900-1800

1000-1800

Tirsdag   21.des

0900-1800

1000-1800

Onsdag   22.des

Torsdag 23.des

0900-2000

0900-1800

1000-1800

0900-1800

Julaften

0900-1200

0900-1200

Mandag   27.des

0900-1800

1200-1600

Tirsdag   28.des

0900-1800

1200-1600

Onsdag   29.des

0900-1800

1200-1600

Torsdag 30.des

0900-1800

1200-1600

Nyttårsaften  

0900-1200

0900-1200

   

 

Vi ønsker alle våre kunder God Jul og et Godt Nytt År


Spik Adel på Samfunnshuset 30. desember 11.12.2010

Spik Adel skal spele til dans på Svelgen Samfunnshus kvelden før nyttårsaftan. Bandet frå Bremanger er svært populære rundt om i fylket, så dette vert ein godbit for fastbuande og tilreisande i romjula.


Bildesamling frå Hakkebakkeskogen 11.12.2010

Sjå Firdaposten si flotte bildesamling frå skulen i oppsetning av Hakkebakkeskogen her!


Julekonsert

Svelgen Skulemusikk

Svelgen Songlag

Inviterer til årleg julekonsert i Kapellet.

Kollekt ved utgangen til drift av kor og korps

Laurdag 11.12. 2010

.

Kl.17 00


JULEFROKOST LAURDAG. 07.12.2010

Laurdag 11.desember  lagar Coopen til julefrokostkafe  på Keipenstova

Kafeen er open for alle - store og små og det er gratis.

I fjor presenterte Geir og hjelparane hans  eit fantastisk flott frokostbord - og det vert nok ikkje ringare i år.

Dørene vert opna kl.10 og stenger kl.13 

Coopen og Svelgen Pensjonistlag ønskjer velkommen til ei triveleg førsjulsstund på Keipenstova.



Då Hakkebakkeskogen kom til Svelgen 09.12.2010

Mellomsteget på Svelgen Oppvekstssenter har snikkert, øvd tekst og musikk, laga program og invitasjon,sydd kostymer og mykje anna i fire veker for akkurat denne kvelden i kveld. Då strøymde foreldre, besteforeldre og søsken til Svelgen Samfunnshus for å sjå det endelege resultatet. Og ingen gjekk truleg derifrå utan å tru at dei har vore i Hakkebakkeskogen på skikkelig! Ei fantastisk framføring som fleire gongar grensa til det heilt profesjonelle, trass i dei unge aktørane! Mykje ære til lærarar og assistentar på skulen som får elevane til å føle seg trygge til å stå plitt åleine på scena, danse med smil, ønske velkomen med døra, lage flotte invitasjonar og rekvisittar og alt det andre som gjorde forestillinga komplett. Men sjølsagt mest ære til 5.,6. og 7. klasse for ein svært artig kveld som gikk som ein røyk! Når tida går så fort - er det eit eige kvalitetsstempel! 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Til info om "Aksjon boligbrann" 09.12.2010

Grunna god påmelding til "Aksjon boligbrann" vil vi i tillegg til tidlegare oppgjevna datoar, også nytte oss av fredag 10/12 for å kome oss rundt til allereie påmelde husstandar.

 

Elkem Energi Bremanger AS


Vingetunnelen kan bli ferdig eitt år før kontraktstid 09.12.2010

Den nye Vingetunnelen kan bli ferdig ett år før kontraktstid opplyser Mesta:

- Fortsetter arbeidet så godt som nå, regner vi med å kunne overlevere tunnelen til Statens vegvesen ett knapt år tidligere enn stadfestet i kontrakten, sier prosjektleder Lars Murstam i Mesta Entreprenør .

 

Les heile saka på www.bremanger.no  

 

Foto: Mesta


STRIKKEKAFÈ

Måndag 13. desember kl 1800 er det duka for strikkekafè på Bunadsloftet! Her blir det anledning til og lære å strikke julekuler. Ta med strikkepinnar nr 2 1/2! Servering av lussekatter. Vel møtt!

 


Ytrehus Sag/Byggeriet:

Åpningstider desember 2010:

 

Mandag – onsdag:   08.00 – 16.30

Torsdag:                     08.00 – 18.00

Fredag:                       08.00 – 16.30

Julafta 24.12:                        stengt

27.12 – 31.12:           09.00 – 15.00


Amerikansk interesse for Elkem 08.12.2010

Amerikanske Globe Specialty Metals vil legge mer enn 1 milliard dollar på bordet for Elkem.

Det skriver Wall Street Journal onsdag.

Dermed gir amerikanerne konkurranse til sørkoreanske Posco og kinesiske China National BlueStar, som tidligere har vist interesse for det Orkla-eide industriselskapet .

Wall Street Journal viser til en ikke navngitt kilde som «er kjent med prosessen». Én milliard dollar tilsvarer 6 milliarder kroner etter dagens vekslingskurs.

- Vi tror at det vil komme flere interessenter og at Elkem vil gå for en høyere pris, sier meglersjef Christian Hansen i Norne Securities til E24.


Fagarbeider/assistent i heimesjukepleien i Svelgen 08.12.2010

Heimesjukepleien i Svelgen søker fagarbeidarar/assistenter frå januar 2011for å kunne auke opp bemanning til to på kvar seinvakt og på helg.
Søkar må ha fylt 18 år og ha sertifikat.
Søknadfrist: Snarast.
For meir informasjon om arbeidstid og arbeidsoppgåver; ta kontakt med
fagleg leiar Jill Kvamme tlf 91658524
eller driftssjef Lillian Hareide tlf 95989310

BINGO
Torsdag 9.desember spelar vi 8 omgangers bingo med spring,sprang,corner og trippel.
Kaffi og kaker
Svelgen Samfunnshus, Bingo-gjengen

Svelgen-drosjene:

Berre førehandstinga turar julafta 07.12.2010

Drosjene i Svelgen vil i jula i år
berre køyre forhåndsbestilte turar på
juleafta fra kl.16. til 1.juledag kl.17.
Vi ønsker alle våre kunder
          GOD JUL!
Oss i drosjene

Julekonsert

Svelgen Skulemusikk

Svelgen Songlag

Inviterer til årleg julekonsert i Kapellet.

Kollekt ved utgangen til drift av kor og korps

Laurdag 11.12. 2010

.

Kl.17 00



www.bremanger.no på nett! 05.12.2010

Den nye nettavisa www.bremanger.no er no på nett. Trykk på bildet og sjå! Sida vil bli meir oppdatert etterkvart, men den tekniske delen er no ferdig. Vi håper mange vil bruke sida aktivt med å tipse om aktivitetar og arrangement og vise fram bilder frå heile kommunen.


Fredag 10. desember

 Kl 20.30

Velkommen til kroa

kr 15,- per person.                               Aldersgrense 18 ar


Smultringer til jul? 05.12.2010

      

Vi er nokre elevar i 9.klasse ved Svelgen Oppvekst  som har etablert  elevbedrift .

 Der vi lagar smultringar og tek imot bestilling.

Pris pr. smultring:   5 kr.

Pris for 10 smultringar: 45 kr

Pris for 50 smultringar:   200 kr

Vi tar imot bestillingar t.o.m. den 10.12.2010.


Lever bestilling til E levbedrifta   The Smulties   v/ dagleg leiar Tore, 9. kl , på Svelgen oppvekst eller ta kontakt på telefon – 47393693(Amalie) eller 48286697(Anne-Helene)- helst etter kl. 16.00.


Eiga side for husformidling på svelgen.no 05.12.2010

Svelgen.no har no laga ei eiga side (sjå hovudmeny) for husformidling i Svelgen for at det skal verte lettare å finne husannonsene mellom alle dei andre. Annonsene kan leggast ut på samme måte som på kjøp og sal sida. Så har du hus til leige eller til sals eller er på utkikk etter husrom, er dette sida du kan bruke.

JULEM ESSE

KJELKENES   KVINNE- OG FAMILIELAG

HAR SI   TRADISJONELLE JULEMESSE

I TRUDVANG

FOR 35. ÅR PÅ RAD

SØNDAG 5. DESEMBER   KL 16

ANDAKT VED TORE PREST

TENNING AV JULEGRANA

KAKER, KAFFI OG BRUS!

TOMBOLA OG LODDSAL

DU ER VELKOMMEN!


Bremanger får eiga nettavis til jul 04.12.2010

Første helga i desember vil den nye nettstaden www.bremanger.no komme på lufta. Dette vil vere ei side for alle som bur i kommunen, utflyttarar og sjølvsagt alle andre som har tilknyting eller berre set pris på allsidige Bremanger. – Det blir veldig spennande, seier initiativtakar og redaktør Ingrid Elisabeth Haugen (45).

Ho er også redaktør for www.svelgen.no som har vore i kontinuerlig drift sidan 2001 som dermed kan feire 10 års jubileum i april neste år.

-           Denne avisa vil halde fram som før, på same måte som andre bygder har sine eigne nettsider. I www.bremanger.no vil vi prøve å samle alle nyhende om kommunen på ein stad. I tillegg håpar vi at lag og organisasjonar vil sende inn tekst og bilete frå idretts- og musikkliv. I Svelgen har spesielt friidrettsgruppa og symjegruppa vore flinke til å vise resten av bygda prestasjonar frå stemner og anna. I tillegg er det eit yrande musikalsk miljø i alle delar av kommunen som vi også har lyst å vidareformidle, seier Ingrid E. Haugen. Ho håpar også mange vil sende inn foto til eit eige bildegalleri på nettstaden.

Ho har arbeidd som journalist i 20 år mellom anna i Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Firdaposten – hovudsakleg med Bremanger-stoff. På hobbybasis arbeidde ho i si tid også som programleiar i Svelgen Nærradio. – Eg trur eg kjenner kommunen ganske godt, men eg gler meg til å finne ut og sjå endå meir, seier ho.  

Ingrid E. Haugen er busett i Svelgen og har fire barn i alderen 10 til 23 år. Dei tre eldste bur på høvesvis Sandane, Nordfjordeid og Oslo.

-           At ungdomen flyttar for å kanskje aldri komme attende er eit trist faktum. Med www.bremanger.no håpar eg at dei unge vil sjå kor mykje kommunen har å tilby slik at dei kanskje vil vurdere å komme attende etter endt utdanning, seier ho.

Ideen til nettavisa fekk ho indirekte av rådmann Tom Joensen. Han uttalte då han var ny i stillinga at han skulle ynskje at innbyggarane i kommunen kunne sjå Bremanger som eit heile, og ikkje bygdevis.

-           Det er eg veldig einig i, og eg håpar www.bremanger.no kan vere med å bidra til dette, seier Haugen.


Elkem-kopp til Arne og Arthur 02.12.2010

Etter loddtrekning har Arne Loftheim (på Sandsegga)  og Arthur Holm (Risevatnet 3,5 km) vunne ELKEMKOPP for november. Koppane kan hentast i vakta på Elkem. Vi gratulerer vinnarane og takker Elkem for sponsing av koppane. Tek du deg ein tur på Sandsegga eller til Risevatnet 3,5 km er du med i trekninga om ein kopp i desember. Alle er velkomne til å delta.
Keipen turlag,FJELLTRIMMEN.

Så vidt over 50 % av normalnedbør i november 01.12.2010

I november fall det 168,2 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for månaden er 318 mm. Høgste døgnverdi som vart målt i november var 40,6 mm. 18 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset til EEB, mellom anna dei 13 siste døgna i månaden

 

Hittil i år har det falle 1983,1 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for dei første 10 månadane er 2277 mm.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars