Historieboka om Svelgen TIF

Historieboka om Svelgen Turn- og Idrettsforening, "Heia STIF!", er no i sal for 100  kr. Den 432 sider tjukke boka kosta 395 kr då den vart lansert i november 2003. Om du ikkje har sikra deg ei bok bør du gjere det før den vert utseld.

Ein smakebit frå dei 18 første sidene i boka finn du ved å klikke her. Ein smakebit frå Fotballgruppa, i åra 1982-1991, finn du ved å klikke her.

Bokprosjektet har gått med overskot takka vere godt boksal og positive sponsorar , og kvar bok som vert selt framover gjev difor STIF ei rein inntekt på 100 kr.    

Her  finn du info om innhaldet i boka.  Her  kan du sjå kven som er omtala i boka, og på kor mange sider dei er omtala på.  Her  kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og boklanseringa. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og forfattar Frank Ryland. Her kan du lese kva to nøgde bokkjøparar skreiv på Fritt ord på Svelgen.no etter å ha lese boka i 2003/2004.   

Kongen`s sølv til Ingvald i 2009:

24. januar 2009 var ein stor dag i historia til Svelgen Turn- og Idrettsforening. Då vart idrettslaget si fremste eldsjel gjennom alle tider, Ingvald Ytrehus, tildelt "Kongen`s fortenstmedalje i sølv". Om du klikkar her  vil du finne ei samleside med omtale frå presse, nettstadar, og bilder frå tildelinga. Du vil og finne ein bilde- og tekstpresentasjon, om Ingvald sitt idrettsliv, som vart laga i samband med utdelinga.

 

 

STIF 75 år i 2005:

 

I 2005 markerte STIF at foreininga var 75 år. I den forbindelse vart det laga ein bildepresentasjon av laget si historie. Denne har du no høve til å sjå her på internet.

P.g.a. at det var ei stor fil, og det dermed ville teke lang tid å laste ned heile fila, har ein difor valt å dele fila i 3. Men sjølv med ”ordinært heimebreiband” vil det nok ta 1-2 minutt (+/-) å opne kvar av delane. Før framsyninga vart delt i tre tok det 15 minutt å sjå gjennom den. Om du vil sjå framsyninga i full skjerm ( anbefalast) , velger du: ”Bla gjennom” (e.l.) og deretter ”Full skjerm” etter framsyninga har starta.         

Klikk her for å sjå del 1, som omhandlar stiftinga, særskilde hendingar på og utanfor bana, æresmedlemar og formenn/leiarar.   

Klikk her for å sjå del 2, som omhandlar anleggsutviklinga, med bilete både frå anleggsbygging og ferdige anlegg.  

Klikk her for å sjå del 3, der du finn glimt frå aktiviteten i dei 16 (!) ulike særgruppene STIF har hatt i dei første 75 åra.

------------------------------------------------------------------------------

Med handelslagsbestyrar Midttun som trenar og eldsjel for symjesporten

Då Svelgen TIF erobra symje-Norge. 01.12.2008

Fredag i forrige veke skreiv avisa Firda at UM-gullet Hans Kristian Andersen frå Florø vann i forrige veke vart det første UM-gullet til Sogn og Fjordane nokon sinne. Dagen etter dementerte avisa denne opplysninga, og viste til boka "Heia STIF!", der det gjekk fram at Geir Nybø (biletet) frå Svelgen allereie i åra 1971 og 1972 vann tilsaman 3 gullmedaljar.

 

Her følgjer eit utdrag frå "Heia STIF!": "Landsfinalen i UM vart rekna som eit uoffisielt Norgesmeisterskap for ungdom i alderen 11–14 år. I denne konkurransen hevda STIF seg svært godt i denne perioden. Best gjorde Geir Nybø det, då han i åra 1970–1973 tok heile 3 gull og 2 sølv i landsfinalen i UM. I åra Asbjørn Midttun var trenar tok STIF 3 gull-, 8 sølv-, og 2 bronsemedaljar i landsfinalen. I 1976 og 1977 tok STIF sine to siste medaljar i landsfinalen, med ein sølv- og ein bronsemedalje. I alt 7 utøvarar frå STIF tok ein eller fleire medaljar i UM landsfinalen, og desse var forutan Nybø: Lars Atle Leirvaag, Thor Åge Midttun, Idar Eikeland, Kirsti Årøen, Helge Robert Midtbø, og Arne Helle. I åra mellom 1969 og 1990 var det berre tre landsfinalen som gjekk utan minst ein representant frå STIF, noko som tydeleg viste at Svømmegruppa hadde dyktige trenarar og utøvarar over lengre tid."

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese litt om korleis det gjekk til at ein i 1971 og 1972 gjorde det så godt i Svømmegruppa i STIF. Forutan Nybø sine gullmedaljar i UM, samt fleire andre medaljar i UM,  tok Idar Eikeland bronse i junior-NM, og Eikeland og Thor Åge Midttun deltok på juniorlandslaget. Og desse prestasjonane vert ikkje mindre når ein tenker på at dei trena i det vesle symjebassenget ved Svelgen skule. Hovudmannen bak desse prestasjonane var eldsjela Asbjørn Midttun. Klikk her for å lese utdraga frå 1971 og 1972 henta frå STIF-boka.

Biletet nedanfor syner STIF sin symjetrenar i åra 1965-1975, Asbjørn Midttun (t.h.), med stafettlaget til Sogn og Fjordane under landsfinalen i UM i 1971. Laget som tok bronse, bestod av eit reint lag frå Svelgen TIF. Ovanfrå og ned ser ein: Idar Eikeland, Thor Åge Midttun, Geir Nybø og Jon-Åge Senneset. Mange av Svelgen.no sine lesarar vil nok hugse Asbjørn Midttun som styrar på Svelgen Handelslag i mange år. Midttun kom til Svelgen i 1965. Han var svært god i friidrett, og vart i 1957 nr. 3 i A-NM i høgde, medan han i 1958 vart nr. 2 i den same meisterskapen. I 1958 deltok han også i ein landskamp i friidrett for Norge mot Romania i Oslo. Midttun sin pers. i høgde stamma frå NM i 1957, då han hoppa i 1,90 meter med saksestil.


1904 betalande tross uvèr med regn og haglbyger 31. mai

Då "Vikingarna" vitja Svelgen i 1991 30.11.2008

Dette er eit utdrag frå historieboka "Heia STIF!" : ”STIF-dagane” i 1991 vart arrangert i tida 29. mai til 1. juni. Arrangementa byrja onsdag 29. mai med OL- marsj og barnekarneval, torsdag var det storbingo, medan fredagen var den store dagen. Som ein del av desse dagane arrangerte STIF i samarbeid med Svelgen Hotell ein dansegalla 31. mai med det kjende svenske danseorkesteret ”Vikingarna” med Christer Sjøgren (biletet) i spissen.

 

Dette var ei storhending både for Svelgen og nærområdet. Frå kl. 17 til kl. 20 gjekk det ringbuss i ruta Sande–Sentrum–Langeneset–Sentrum. Kl. 18 opna ein festivalområdet på storskuleplassen og der spela ”Open Roads” og ”Lundes Trio”. Kl. 20 skulle etter planen ”Vikingarna” kome på scena. STIF var teknisk arrangør ved dette arrangementet der ein selde 1904 billettar, men ein rekna med at om lag 1000 personar ikkje kom pga. dårleg vêr. Det regna under det meste av arrangementet og innimellom kom også nokre heftige haglbyger. Det var spesielt båtfolket ein rekna med heldt seg heime pga. uvêret. Billetten kosta kr 200 ved inngangen og var noko billegare om ein kjøpte den på førehand. Etter dansegallaen gjekk det ferjer både frå Isane og Kjelkenes til det ikkje var fleire bilar att. Dansen med ”Vikingarna” gav kr 67 500 i overskot til STIF, inkludert sal av mat og drikke.

Laurdag var siste dagen for ”STIF-dagane” og då byrja ein kl. 10 med marknad på Samfunnshuset. Vidare var det utegrilling i sentrum, underhaldning frå trailerscene, trekning av hovudlotteri, fotballkamp og Circus Agora på grusbana. Laurdagskvelden var det dans både på Samfunnshuset og på Hotellet. Totalt på arrangementet ”STIF- dagane/Vikingarna” gjekk ein med eit overskot på kr 99 500. Dei tradisjonelle ”STIF-dagane” gjekk dermed med eit overskot på kr 32 000. Med i hovudkomiteen for dansegallaen var Geir Gjerde, Hans Rune Strandos og Olav Ommedal, medan STIF sine representantar var Magne Kjerpeseth og Asbjørn Sande. Også Båtforeininga og Caravanklubben var representert. Denne komiteen organiserte blant anna bygging av storscena på skuleplassen, noko som var eit stort løft."

På biletet under ynskjer dåværande ordførar, Roar Førde, med megafon, "Vikingarane" velkomne til Svelgen. Til høgre for Førde ser ein Erna Førde frå Svelgen Hotell.


Symjehistoria i Sogn og Fjordane 10.11.2008

På nettavisa Porten.no frå Årdal har du no høve til å lese nokre historier frå symjemiljøet i Sogn og Fjordane på 60-talet, der STIF og IL Jotun var dei leiande klubbane.

På Porten.no kan ein og sjå eit bilete av nokre symjejenter frå STIF og Jotun. STIF-jentene er dei fire til høgre på biletet. Frå høgre: Anne Berit Nesje, Anne Marit Ripe, Britt Gulestøl. Bak: Jane Midttun. For namna på dei øvrige jentene, sjå denne link.


Då Rosenborg vitja Svelgen 04.11.2008

Haugenfotball.no (sjå sak datert 4/11) kan du lese om då Rosenborg og Sogndal vitja Svelgen i 1990. Dette er henta frå STIF-boka.  Haugenfotball.no er ei svært populær heimeside som tek for seg fotballen i Sogn og Fjordane, og som har i snitt 2000 lesarar pr. dag. Les meir om Haugenfotball.no her.

 

Haugenfotball.no hadde og ei sak om STIF-boka 20/10. Der kunne ein mellom anna lese Fotballgruppa sin innleiande tekst i STIF-boka, samt nokre historia frå Nordfjord-fotballen henta frå boka. Klikk her  for lese dette.

aalfoten.no  (sak datert 21/10) kan du lese om samarbeidet mellom STIF og Ålfoten IL, henta frå STIF-boka. Om samarbeidet mellom STIF og ÅIL, og representantar frå Ålfoten i STIF, kan du lese ved å klikke her.  

-----------------------------------------------------------------------

STIF-boka no i sal for kr. 100 på Bakarhuset kafè og Statoil

Det fyrste symjebassenget innandørs i S. og Fj. 10.12.2008

Hausten 1959 opna symjebassenget ved Svelgen skule, og Svelgen hadde dermed fått det aller første innandørs symjebassenget i Sogn og Fjordane. Det var eigarane av smelteverket, Christiania Spigerverket, som i hovudsak stod bak utbygginga. I følgje Åge Skåtun, som var Spigerverket sin byggeleiar på verket i Svelgen, var adm. direktør Gunnar Schjelderup ved Spigerverket sitt hovudkontor i Oslo ein sterk pådrivar for å få bygd symjebasseng i Svelgen.

     

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå "STIF-boka" om korleis det gjekk til at symjebassenget vart bygd, og du kan også lese om opninga av Svelgen skule med gymsal- og symjebasseng hausten 1959. Neste haust er det altså 50 år sidan Svelgen skule vart teken i bruk. Klikk her for å lese dette.      

Biletet nedanfor syner symje- og gymnastikkavdelinga ved Svelgen skule fotografert i august 1959. Over taket på det nybygde bygget skimtar ein taket på Folkets Hus, det gamle forsamlingshuset i Svelgen.

 


"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på "Bakarhuset kafè"

"Sokkedansen", "Supporterklubben" og "STIF-klubben" 12.12.2008

For mange i Svelgen vekkjer nok dei ovanfor nemnde namna minner frå "ei svunnen tid". "Sokkedansen" var populær blant ungdomen i Svelgen på slutten av 60-talet, "Supporterklubben" hadde mange medlemar som støtta fotballen i Svelgen på slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet, medan "STIF-klubben" var den første tilhaldsstaden for ungdom i Svelgen då den vart starta opp i 1981.

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå "STIF-boka" og mimre om dei ovanfor nemnde aktivitetane. Klikk her for å lese dette.

På det øvste av dei to bilda nedanfor, ser du "Supporterklubben" på tur til kamp i Vik i 1978. Etter to opprykk på to sesongar var det fotballfeber i Svelgen. På biletet ser ein f.v. Aina Alfredsen og Fredrik Varpe, og med supporterklubben sin capsar f.v. Marianne Torgersen, Elin Torgersen og Eva Sagengen. I sjåførsetet skimtar ein Asbjørn Sande.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Biletet under syner delar av "STIF-klubben", slik den framstod i 1987, som var siste året den eksisterte. Det var Fotballgruppa som dreiv "STIF-klubben", som også vart brukt som klubblokale for Fotballgruppa.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè

Svein Frøyen - Svelgen TIF sin fremste idrettutøvar 15.12.2008

Svein Frøyen er utan tvil den idrettsutøvaren som har oppnådd beste resultat som medlem av Svelgen TIF. I NM i 10-kamp i friidrett for seniorar i 1950 og 1951, vann Frøyen høvesvis bronse og sølv i hard konkurrranse med svært gode utøvarar. I 1949 leia han NM i 10 kamp halveges, men måtte bryte pga skade. I følgje årsmeldinga til Friidrettskrinsen for 1952 gjekk Frøyen utan tvil glipp av ein tur til dei Olympiske Leikane (OL) i Helsingfors i 1952 pga. skader tidlegare den sesongen. I løpet av seks sesongar vann Frøyen heile 18 gull i krinsmeisterksapen for seniorar her i fylket. Ein kombinasjon av mange skadar og sin fars bråe bortgang gjorde at han slutta å trene og konkurrere seriøst før han fylde 26 år.

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå "STIF-boka" vedrørande nokre av høgdepunkta i karriera til Svein Frøyen. Klikk her for å lese dette.

På biletet under ser ein Svein Frøyen (t.h.) under sigerseremonien under NM i 10 kamp i Trondheim, der han vann ein imponerande sølvmedalje.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè

Frå Svelgen TIF til eliteserien i fotball 16.12.2008

STIF har opp gjennom åra hatt tre spelarar som har nådd spel i eliteserien i fotball. Desse er Roger Føleide, Arild Førde og Marit Renate Midthjell. Felles for dei alle var at dei viste stor treningsiver for både eigentreningar og fellestreningar, var allsidige idrettsutøvarar i yngre år, hadde trenarar i STIF som følgde dei over mange år, hadde gode haldingar, dei var talentfulle, og dei gjekk rett inn på laga sine i nest høgste divisjon og var med å spele laga opp i øvste divisjon i løpet av rimeleg kort tid.

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese nokre utdrag frå "STIF-boka" og mimre litt om dei tre fotballspelarane sin innsats. Klikk her for å lese dette. I STIF-boka finn du mykje meir info om desse tre, enn det ein finn i dette vedlegget.                      

 Bileta nedanfor syner f.v. Roger Føleide, Marit Renate Midthjell og Arild Førde.                      


STIF-boka i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè

Dei første spenstfantoma trena av Ingvald Ytrehus 17.12.2008

På slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet fekk friidrettstrenar Ingvald Ytrehus fram to utøvarar fødde i 1968, som gjorde det svært godt på nasjonalt nivå i høgdehopp. Desse to var Arild Langedal og Kjell Langseth, som kvar sine to år var den beste og nest beste i landet i høgde. I Donald Duck-meisterskapen, som var eit uoffiselt nordisk og seinare norsk meisterskap for 11-14-åringar, vart det høvesvis sølv og bronse til Arild Langedal i 1979 og 1980, og i 1981 og 1982 vart det sølv og gull til Kjell Langseth. Arild Langedal vart begge åra slegen av ein konkurrent frå eit anna nordisk land.

Her på Svelgen.no har du no høve til å nokre utdrag frå "STIF-boka" vedrørande konkurransane i Donald Duck-meisterskapen. Klikk her for å lese dette.

Biletet nedanfor, frå 1982, syner 14-åringane Arild Langedal (t.v.) og Kjell Langseth.


STIF-boka i sal for kr. 100 på Statoil og på Bakarhuset kafè

Turn - den namngjevande og populære idretten som forsvann 19.12.2008

Då Svelgen Turn- og Idrettsforening vart stifta 8. september 1930, var det turn og friidrett ein satsa på å få i gang. Ein av dei fire som vert rekna som initiativtakarar til stiftinga av STIF, Lauritz Midtbø (t.h. på biletet), hadde drive med turn i Florø der han vaks opp. Det var Midtbø som drog i gang turninga, og han var i mange år både gruppeformann og trenar i turn. Turn var i mange år ein popuær idrett/ treningsform i STIF, for begge kjønn, og for born og vaksne. STIF deltok på krinsturnstemna rundt om i fylket med store troppar, og gjorde troppsoppvisningar med stil. Men også apparatturn stod på programmet i periodar.

Men etterkvart kom mangelen på instruktørar til syne, samt konkurranse frå mange nye og popuære idrettar. Etter at jenteturninga fall frå som siste turnaktivitet i 1979, låg Turngruppa nokre år som passiv gruppe under Hovudstyret. Nedlegging av gruppa var tema på fleire årsmøte tidleg på 80-talet, men gruppa overlevde nokre år pga. av at ho var så sentral i tidlegare tider, samt at turn var ein del av namnet til foreininga. Men på årsmøtet i november 1984 vart gruppa lagd ned.

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese innleiiande tekst til kapittelet i "STIF-boka" om Turngruppa, samt at du kan lese om kva som skjedde i Turngruppa i stiftingsåret 1930. Klikk her for å lese dette.

På biletet ovanfor, frå 1947, ser ein turninga i STIF si fremste eldsjel, Lauritz Midtbø, t.h. på biletet. T.v. ser ein sonen Gunnar Midtbø, som mange kjenner som vaktmeister i Svelgen Idrettshus.

På biletet nedanfor ser ein STIF sin dametropp på krinsturnstemnet i Høyanger i 1965. Namna på damene finn ein i STIF-boka.


Historia om herrelaget i fotball i Svelgen TIF 21.12.2008

Her følgjer eit utdrag frå "STIF-boka": " Etter at seniorherrelaget til STIF kom med i serien i 1963 lukkast dei ikkje heilt sportsleg, og ein sleit med å ta seg opp i divisjonane. I 1967 trakk STIF laget frå serien etter 4 serieomgangar, då ein hadde problem med å få med nok spelarar på kampane. Først i 1976 lukkast det å rykkje opp frå lågaste divisjon, då trenar Ragnfred Ommedal makta dette med eit lag som bestod av mange spelarar som han hadde trena sidan dei var unggutar. Laget vart då krinsmeister i 6. divisjon. I 1977 gjorde STIF det svært så godt i 5. divisjon, og med Ragnfred Ommedal som trenar makta laget å rykke opp til 4. divisjon (tilsvarar 3. divisjon 2000) på direkten. I ei kamprekke innanfor sesongane 1976 og 1977 spelte STIF heile 21 serie- og opprykkskampar på rad utan tap. I 4. divisjon i 1978 vart det for tøft og STIF rykte ned att i 5. divisjon. I 1981 rykte STIF, med Einar Gjerde som trenar, på nytt opp frå 5. divisjon. Men heller ikkje i 1982 makta STIF meir enn ein sesong i 4. divisjon. I dei 6 sesongane mellom 1983–1988 tok STIF tre 3. plassar og tre 4. plassar i 5. divisjon, og var ved fleire høve svært nære ved å bli nr. 2 og klare opprykk. I 1985 og 1987 vann STIF sitt A-lag fylkescupen Firda Cup. Etter sesongen 1989 mista STIF 6–7 sentrale spelarar, noko som førte til at STIF i to sesongar på rad rykte nedover i divisjonssystemet. Føre sesongen 1991 innførte Fotballforbundet eit nytt seriesystem, slik at t.d. gamle 5. divisjon vart heitande 4. divisjon. Før sesongen 1992 hadde STIF falle ned att til den lågaste divisjonen i fylket. I 1992 overtok Tom Joensen som spelande trenar, og i sesongane 1993 og 1994 førte han STIF frå 6. divisjon til 4. divisjon i 1995. I 1994 tok STIF sitt A-lag sin 2. og siste KM-tittel på 1900-talet. Framfor sesongen 1997 overtok Arne Petter Grindheim som spelande trenar og han førte STIF til opprykk til 3. divisjon. Leo Cirotzki overtok som trenar året etterpå i 3. divisjon og førte laget til ein flott 6. plass. 1998-sesongen var den 36. sesongen til STIF i seriesystemet og for hjelpetrenar Einar Gjerde (biletet ovanfor frå 1980) var det den 20. sesongen han var med som trenar for A-laget. Også i 1999 vart STIF nr. 6 i 3. divisjon med Cirotzki som trenar. Denne plasseringa i 1999 førte til at STIF i 2000 for første gong var kvalifisert for spel i NM-cupen for seniorar. Desse to 6. plassane i 3. divisjon er STIF sine beste prestasjonar innanfor seniorfotballen."

Fargebiletet ovanfor frå 1995, syner trenar Tom Joensen (t.v.), i lag med Øyvind Grindheim. Sistnemnde har suverent flest seniorkampar for STIF, og etter at STIF-boka vart utgjeva har han igjen passert Edvin Førde som mestscorande for A-laget.

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese nokre utdrag frå "STIF-boka" vedrørande STIF sitt A-lag i fotball i gamle 4. divisjon i 1981 og i 3. divisjon 1998. Klikk her  for å lese dette. I "STIF-boka" kan ein lese om alle fotballaga , også dei yngre, fram til og med 1999.

Biletet nedanfor syner STIF sitt herrelag i 3. divisjon i 1999. Namna finn ein i STIF-boka.


"STIF-boka" i sal for kr. 100 på Statoil og Bakarhuset kafè

Alf Zachariassen - den fyrste aktive idrettsmannen i Svelgen 20.12.2008

Her følgjer eit utdrag frå "STIF-boka": "Alf Zachariassen (biletet frå 1928) var ein av hovudmennene bak stiftinga av Svelgen TIF. Zachariassen, eller ”Zachen” som han også vart kalla, hadde drive med friidrett i Bergen før han kom til Svelgen i 1928. Han deltok også for Florø TIF den første tida han budde i Svelgen. Såleis vart han den første aktive idrettsutøvaren som budde i Svelgen. Zachariassen vann også STIF sitt første KM-gull uansett idrettsgrein då han i 1931 vann diskos. Same året sette han også ein klubbrekord på 100 m, som mange generasjonar av STIF sine gode sprintarar seinare kjempa for å slå. Fram til krigen var ”Zachen” klubben sin fremste friidrettsutøvar, og frå stiftinga og fram til og med 1952 var han både trenar og viktigaste administrator for friidretten i STIF. STIF sin fremste idrettsutøvar gjennom alle år, Svein Frøyen, vart trena av "Zachen".  Zachariassen fekk ei rekkje utmerkingar for sin innsats for friidretten."

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese eit utdrag frå  "STIF-boka"  vedrørande Alf Zachariassen sin innsats på friidrettsbana før stiftinga av STIF.   Klikk her  for å lese dette.

 

Her følgjer eit nytt utdrag frå STIF-boka: "I 1951 deltok for første gong damer på eit idrettsstemne utanfor Svelgen, då dametroppen deltok på krinsturnstemnet. I 1954 kom det første gjennombrotet for dei yngre jentene då jentetroppen i turn deltok på barnekrinsturnstemnet. Same året deltok friidrettsjenta Sissel Rylandsholm på eit stemne, og ho vart dermed den første jenta som deltok i ein individuell idrettskonkurranse utanfor Svelgen. Men det var ikkje noko stort miljø for jenteidrett i Svelgen før ut på 60-talet."

 


Erling Julin Olsen

Eldsjela og idrettsforbildet som gjekk bort under krigen 22.12.2008

Her følgjer eit utdrag frå STIF-boka: " Krigen sette også sine spor i foreininga. Laget sin beste idrettsmann siste åra før krigen, Erling Julin Olsen, omkom berre 23 år gamal under luftkamp over London i august 1941. Etter krigen reiste STIF og folket elles i Svelgen ein minnestein på grava til Olsen på Midtgulen kyrkjegard."

 

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese nokre utdrag frå  "STIF-boka"  vedrørande Erling Julin Olsen.  Klikk her  for å lese dette. Du kan sjå minnesteinen som vart reist på Midtgulen kyrkjegard ved å klikke her.  

Erling Julin Olsen var ein stor idrettsmann, som var eit forbilde for dei yngre i Svelgen. Olsen hadde bakkerekorden i "Knoltrebakken" med 26 meter. På biletet under ser ein Olsen i aksjon i hoppbakken .


Då STIF vart norgesmeister i volleyball 04.12.2008

I 1979 vart STIF norgesmeistar i volleyball for gutar 16 år på Elverum. Det var ein stor prestasjon trenar Arne Loftheim, hjelpetrenar/kaptein Helge Robert Midtbø, og dei andre Svelgen-gutane stod for. Du kan lese meir om denne prestasjonen ved å klikke her. Utdraget er henta frå STIF-boka. Om du ynskjer å lese innleiande tekst til volleyballdelen i STIF-boka kan du klikke her. 

 

Bildete syner gutelaget, som gjorde det heilt store i 1979 og gjekk til topps i Norgesmeisterskapen for 16- åringar på Elverum. Bak f.v. Magnar Sande, Jarle Øverland, Svein Førde, Bo Bell, Bjørn Atle Midttun og Arne Loftheim (trenar). Framme f.v. Arild Førde, Narve Solheim, Helge Robert Midtbø og Reidar Hansen.


KM-medaljar i aldersbestemt fotball:

Her på Svelgen.no har du no høve til å lese noke utdrag frå STIF-boka om alle aldersbestemte lag i fotball som har teke medalje i krinsmeisterskapen. Småjentelaget i 1990 er dei einaste aldersbestemte fotballaget i STIF som har vunne KM. Laga som har blitt nr. 2 i KM var smågutelaget i 1973 og gutelaget i 1978, og nr. 3 i KM vart smågutelaga i 1976 og 1982, og lilleputtlaget i 1980. Klikk her for å lese om desse gode og lovande fotballaga til STIF.

 

Biletet nedanfor syner dei einaste krinsmeistane STIF har fått i aldersbestemt fotball, nemleg småjentene i 1990 med unge lovande Leo Cirotzki som trenar. På biletet ser ein f.v. i bakerste rekke Leo Cirotzki, Monica Renate Larsen, Vivi Røyrvik, Astrid Johanne Vårdal, Cecilie Øvrebotten og Silje Myren. Midterste rekke f.v. Anne Hollekim, Vibeke Vårdal, Mariann Sigdestad, Therese Fanøy og Vibeke Fossheim. fremste rekke f.v. Siv Ryland, Marit Renate Midthjell, Trude Hessvik, Harde Furset og Heidi Kjøsnes.


Ynskjer du å lese meir? Kjøp boka då vel :-)