"Kongen`s Fortenestmedalje i sølv" til Ingvald Ytrehus 24/1-09:

Om du klikkar her  kan du sjå ein bilde- og tekstpresentasjon av noko av det Ingvald har vore med på på idrettsbana. Dette er ein kortare versjon enn den som vart laga då Ingvald fylde 70 år, og det er lagt til nye bilder og teksten er oppdatert med opplysningar for 2009. Du vil finne meir info nedanfor den øvste bildeserien.

Laurdag 24/1-09 vart Ingvald Ytrehus tildelt "Kongen`s fortenstmedalje i sølv" . "Friidrettsdamene til Ingvald" (Inger, Elin og Anita) hadde ordna til ei flott ramme rundt tildelinga, med bl.a. flaggborg, STIF-fane, trompetfanfare, og yngre utøvarar i bakgrunnen. Og svelgarane med fleire møtte fram i hopetal, og det er svært lenge sidan det har vore så mykje folk på tribuna i Svelgen Idrettshus. Det var ein rørt og stolt Ingvald som mottok medaljen av ordførar Kåre Olav Svarstad, og i takketalen gjekk det mellom anna fram at Ingvald sette stor pris på å få utmerkinga, og at så mange hadde møtt fram i idrettshuset. Han drog også fram den positive gjengen i og rundt Friidrettsgruppa i STIF, og han retta og ein stor takk til kona Liv for at han har fått lov til å bruke så mykje tid på idretten. Til slutt delte leiar i STIF, Svein Arne Sandvik, ut blomar til Ingvald og gratulerte på vegne av idrettslaget. STIF hadde og ordna ei stor marsipankake som alle i idrettshuset etter utdelinga hadde høve til å forsyne seg gratis av. Dette var utan tvil ei av dei største hendingane i Svelgen TIF si litt over 78 år lange historie.

Etter utdelinga var Ingvald, som er gruppeleiar i Friidrettsgruppa på 28. året, som venta i full vigør på "INC leikane", mellom anna som funksjonær, dommar og trenar. Blant deltakarane på stemnet var fleire av borneborna til Ingvald.

Utdrag frå innstillinga, og ei oversikt over verva Ingvald har hatt, finn du ved å klikke her. Ingen tvil om at Ingvald er ein velfortent innehavar av "kongemedaljen" i sølv !! Ettersom Ingvald no er innehavar av "kongemedaljen", vil han etterkvart bli invitert på vitjing på Slottet.

Klikk her for å kome til Friidrettsgruppa si nettside, der du etterkvart vil finne resultat frå dei vellukka INC leikane. Nedanfor nokre bilete frå tildelinga i Svelgen Idrettshus.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Meir om kongemedaljetildelinga og "INC leikane" 25.01.2009

  Kalvaagportalen

  NRK S og Fj. sak nr. 2

  Firda 

  NRK S. og Fj.

  Svelgen TIF Friidrettsgruppa

  Firdaposten bildesamling

  Firdaposten

  Fjordenes Tidende  

Fylkesmannen i S. og Fj.


Ingvald på Friidrettsforbundet si nettside 27.01.2009

Det er mange i friidretts-Norge som kjenner til Ingvald Ytrehus. Og desse vert nok glade når dei no kan lese på Friidrettsforbundet si nettside at eldsjela frå Svelgen har fått "Kongens fortenstmedalje". Link til saka finn du her.

 

Biletet syner Ingvald og Liv Ytrehus etter tildelinga laurdag. Også Liv har gjort ein kjempeinnsats for friidretten i STIF, i tillegg til at ho har latt Ingvald bruke så mykje tid på idretten. Liv har 5 år som leiar i Friidrettsgruppa, og 7 år som styremedlem. I løpet av dei 34 åra f.o.m. 1976 t.o.m. 2009 er det berre eitt år ekteparet Ytrehus ikkje har vore formann eller leiar i Friidrettsgruppa i STIF.

...............................................................................................................................

Norges Vel`s utmerking "Ildsjelen" til Ingvald Ytrehus i 2004. Klikk her for å lese meir om då Ingvald Ytrehus mottok utmerkinga. Les også Firdaposten.

............................................................................................................................................

 

 

Meir idrettshistorie om Ingvald og STIF vil du finne i boka om Svelgen TIF, klikk her for meir info.