Arkiv Okt 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Nytilsetjingar i Bremanger kommune 31.10.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Dyrdal og Kruttrøyk gir ut CD 31.10.2003

Jens Petter Dyrdal, oppvaksen i Svelgen - no busett i Førde, er vokalist og frontfigur i Førde-gruppa "Kruttrøyk". Laurdag 1/11 er det plateslepp for countryrock-bandet i Førde og gruppa gjev då ut sin første CD. "Kruttrøyk" spelte på Svelgen Hotell i sommar.

Vågene opna ny butikk i Svelgen 31.10.2003

Anne og Svein Vågene opna fredag sin nye møbelbutikk i bygget til Svelgen Hotell, der det tidlegare var matbutikk. På opningsdagen var det mykje folk innom butikken. Blant dei som var innom var Svelgen Hotell sin direktør Geir Gjerde og kjøkkensjef Erna Midtbø. Desse hadde med seg blomster og kake, og gratulerte med nyopninga. Firdaposten skriv vidare: "Gjerde, som også er leiar i Svelgen Næringsråd, sa i ein kommentar til Firdaposten at det er kjempeflott det Anne og Svein Vågene no har sett i gang. - Dei er eit eksempel for oss alle. Det at dei vågar å satse på denne måten, gjer noko med heile lokalsamfunnet, hevda han".

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten


Merete Igland syner måleria i Florø 31.10.2003

Merete Igland, oppvaksen i Svelgen - no busett i Florø, stiller ut sine maleri på Kystmuseet i Florø. På denne utstillinga, som opnar fredag 31/10, syner ho fram 52 maleri som ho har brukt 2,5 år på å male. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Manglar pengar til eldrehusvære 31.10.2003

Les meir på linken nedanfor.

NRK S. og Fj.

Oktober-nedbøren i Svelgen 31.10.2003

I oktober fall det 302,6 mm nedbør i Svelgen "mot normalt" 327 mm. Det meste ein målte på eitt døgn var 51,5 mm, og 11 døgn var heilt utan nedbør. 23. oktober la det ned om lag ein cm snø/slaps i Svelgen.

Laurdagskampar for STIF i 2004 31.10.2003

Avisa Firda skriv fredag at Sogn og Fjordane Fotballkrins vurderar å la 3. divsjonskampane for herrar gå fredagane, og la dei lågare divisjonane spele laurdagar. Dette betyr at det er godt mogeleg STIF slepp å spele søndagar, som ein i mange år har gjort i 5.divisjon. Mange STIF-spelarar vil nok sette pris på eit slikt forslag. Fotballkrinsen vurderar å la søndagen vere forbeholdt elitefotballen.

Fotball

Trenarskifte for seniorlaget til STIF 30.10.2003

I følgje Fjordenes Tidende har suksesstrenarane i 2003, Stian Bøhmer og Torgeir Sørheim, gjeve beskjed til Fotballgruppa i STIF om at dei neste år ikkje vil satse som trenar. Men dei vil framleis vere med i spelargruppa.

Leiaren i Fotballgruppa, Svein Arne Sandvik (biletet), opplyse til Måløy-avisa at dei håpar å ha nye trenarkrefter på plass innan ei veke eller to. Men han vil ikkje ut med namn på kandidatane.

Sandvik opplyste også at STIF har fire konkrete nye spelarar dei jobbar med. Dette gjeld tre STIF-spelarar som seinare tid har spelt for andre klubbar, samt eitt come back. I følgje Sandvik er dette spelarar som vil styrke STIF.


Omfattande namneregister i STIF-boka 30.10.2003

STIF-boka, som kjem i sal i slutten av november, vil få eit omfattande namneregister med omlag 1700 namn bakerst i boka. I dette kan ein slå opp på kva for side ulike personar er omtala. Flest treff fekk ein på etternamnet Førde, då heile 43 personar med dette etternamnet er omtala i boka. Ein finn også mange med etternamna Sande (35), Myklebust (30) og Rise (24).

Flest sidetreff har Einar Gjerde med 86 treff i hovudteksten og bildeteksten i boka. Namn i statistikken er ikkje med i registeret. Elles har følgjande personar over 50 sidetreff: Tor Zachariassen, Alf Zachariassen, Arne Loftheim, Ingvald Ytrehus og Ragnfred Ommedal. Ingvald Ytrehus er med over 200 treff den personen som er omtalt på flest stadar i boka, om ein tel fleire treff på ei side.

Dette namneregisteret kan interesserte no sjå i Svelgen Idrettshus og i resepsjonen på Svelgen Hotell. Registeret kan også sjåast på Svelgen Hotell si heimeside på nett (sjå link nedanfor det store biletet).

På biletet under ser ein Frank Midtbø i aksjon i ein volleyballkamp i gymsalen i 1992. Midtbø, som har vore aktiv i friidrett, volleyball og fotball, har 36 sidetreff i "Heia STIF!". Midtbø har siste 8 åra vore leiar i Volleyballgruppa, og har hovudæra for at volleyballsporten framleis har god aktivitet i STIF. Mange vil nok også dra kjensel på "hua" til Midtbø. Denne brukte han i nokre år både på fotball og i volleyball året rundt, og han var i idrettsmiljøet i Sogn og Fjordane kjent som "han med hua". Legg og merke til "faselitetane" volleyballpublikumet hadde i Svelgen før idrettshuset vart teke i bruk i desember 1993 (foto: Firda).


Svelgen Hotell


Fotball

Meir om juniorsamarbeidet med Bremanger 30.10.2003

Svelgen.no melde for ei tid tilbake at STIF og BIL skal samarbeide om å stille to juniorlag i Fotballkrinsen sin vinterserie for juniorlag. På STIF-sida kan du no lese meir om dette og om kva for spelarar frå STIF som skal vere med på laga.

STIF-sida

STIF-boka sendt til trykking 29.10.2003

Etter om lag 4 månaders samarbeid med Selja Forlag i Førde, er historieboka om Svelgen TIF no sendt til trykking hos forlaget sine samarbeidspartnarar. Boka, som kjem i sal i slutten av november, vert trykt i eit opplag på 700 bøker. På framsida av boka (biletet t.h.) finn ein 13 år gamle Jørgen Bjørkedal. Les meir om boka og Bjørkedal på STIF-sida (sjå link nedanfor store bilete).

På biletet under, som vart teke under Sunnfjordmeisterskapen i friidrett i 1962, ser ein f.v. Magne Eikevik, Einar Gjerde, Ingvald Ytrehus og Jarl Råket. Alle desse fire er skrivne inn i STIF si historie på ulike måtar. Råket er klubbrekordhaldar på 1500 og 3000 m, Eikevik på 400 m hekk, og Ytrehus i høgde med og utan tilløp. Gjerde og Ytrehus er STIF sine fremste eldsjeler gjennom alle tider, med nærare 40 års engasjement i ulike særgrupper og Hovudstyret.


STIF-sida


Dataopplæring

Datakortet i Svelgen 29.10.2003

Vi er no klar til oppstart, klasseundervisning vert gjennomført to kveldar i veka måndag og torsdag 16.30-21.00 fram til mars 2004

Modul 1: Grunnleggande IT-forståing 14 timar
Modul 2: Bruk av datamaskin og operativsystem 14
Modul 3: Tekstbehandling 24
Modul 4: Rekneark 30
Modul 5: Database 30
Modul 6: Presentasjon 20
Modul 7: Internett og e-post 9

Pris: Materiell, testar á 310,- og kompetansebevis 3270.-
Undervisning og testadministrasjon 11100,-
Pris for alle moduler 14370,-

Enkeltmoduler kr. 2670,- pr. stk.

Det er ein føresetnad at du disponerer eige datautstyr og nettilgang utanom kurskveldane.

Fyrste samling vert Torsdag 06. november kl. 16.30 med informasjon og oppstart

Håpar de finn studiet interessant. Er det noko du lurar på er det bare å ringe.

Påmelding innan Søndag 2. november:

AOF Flora - Bremanger
Boks 59
6901 Florø
tlf. 970 93 180
e-post: florabremanger@aof.no


Unn Kvendseth i branndrama 28.10.2003

Unn Kvendseth (biletet) frå Svelgen opplever for tida skogbrannane i Sør California i USA på nært hald. Ho bur i Northridge nord i Los Angeles, og i eit radiointervju med NRK S. og Fj. fortalde ho at det no brenn i dei fleste retningane rundt dei. Dei kan sjå flammane på fjelltoppane langt vekke, og dei kjenner godt røyklukta. Skulen ho studerer på er stengt, og dei er oppmoda om å halde seg inne. Dei er byrja å planleggje kva dei skal ta med seg om dei må evakuere.

NRK S. og Fj.

Meir om ordførarbytet 28.10.2003

Svelgen.no skreiv mandag om at Kåre Olav Svarstad overtok som ordførar i Bremanger kommune etter Einar Kjerpeseth. På linken under kan du lese kva Firdaposten skriv om same saka.

Firdaposten

Basar, utstilling og toppfilm:

Storhelg på Svelgen samfunnshus 28.10.2003

Til helga må du ta turen til Svelgen samfunnshus ein eller fleire gongar. Som vi skreiv i går kjem svelgen-kunstnaren Åge Steinset med utstillinga si. Den kan du sjå i småsalen frå fredag til sundag.

Laurdag er det klart for den årlege skulemusikk-basaren. Gevinstane kan du sjå i banken sitt utstillingsvindu. Det blir musikk av Svelgen skulemusikk, sal av lodd på bok og årer og sjølvsagt heimelaga kaker med brus eller kaffi til.

Sundag er det klart for den norske toppfilmen Buddy. Svelgen kino har hatt godt besøk i haust og dei gode filmane står i kø framover. Først ut er altså den populære filmen Buddy.


Tid for mimring 28.10.2003

Dei aller aller fleste som nyttar internet, også svelgarar, har/har hatt eit forhold til Barne-TV. På linken under kan du gå inn på ditt favorittprogram og mimre litt.

Barne-TV

Regn i bøtter og spann 28.10.2003

Tysdag morgon målte ein 51,5 mm nedbør ved nedbørsstasjonen til Elkem Energi Bremanger. Det meste av denne nedbøren kom frå mandag ettermiddag til tysdag morgon. Dette er den tredje høgste nedbørsmålinga ein har registrert i 2003.

48 trimma til jobb ved Elkem Bremanger 28.10.2003

I følgje heimesidene til "Sykle til jobben 2003", var det 48 personar ved Elkem Bremanger som deltok i aksjonen med same namn. Aksjonen pågjekk frå 5. mai til 30. juni 2003, og arbeidarane kunne mellom anna gå eller sykle til arbeidet.

Ved å klikke på linken under kan du lese meir om den landsomfattande aksjonen.

Sykle til jobben 2003


God mobildekning mot Grov 27.10.2003

Så gjekk det altså som mange svelgarar hadde håpa - at den nye GSM-antenna på Hatlesetnipa gav god mobildekning frå Magnhildskartunnelen til Grov. Tidlegare var det her berre korte parti som hadde brukbar dekning. Les meir om antenne-opninga på linken under.

Firdaposten

Konstituerande møte måndag:

Svarstad ny ordførar frå i dag 27.10.2003

I dag vart Kåre Olav Svarstad (Ap) formelt vald til ny ordførar i Bremanger kommune. Han takka for tilliten og ser fram til å ta til med arbeidet.

- Eg ser på dette som ei kjempeutfordring som eg gledar meg til å ta fatt i. Eg håpar det nye kommunestyret vil legge vekt på samarbeid og ser på det som umåteleg nyttig å kunne fungere som eit kollegium til beste for kommunen og innbyggarane våre. Om det er usemje i sak, håpar eg vi kan respektere ulike synspunkt og meiningar. Eg er også oppteken av at vi skal tenkje positivt, og er overtydd om at ei slik haldning også vil smitte over på innbyggarane. Vi har mykje å vere stolte og fornøgde med, sjølv om vi av og til må minnast på det. Til dømes må vi vidareutvikle omgrepet kulturkommune. Vår evne til samhandling mellom næring og kultur har vekt oppsikt utanom kommunen, og dette må vi vidareutvikle. Det nye kommunestyret sitt motto bør vere at det som ikkje er bra nok - det skal vi gjere noko med. Eg gledar meg til å ta fatt, og det håpar eg også de gjer, sa Kåre Olav Svarstad til det nyvalde kommunestyret.


Steinset stiller ut i Svelgen 27.10.2003

Til helga stiller kunstnaren Åge Steinset ut verka sine i småsalen på Svelgen Samfunnshus. Det er Svelgen kunstlag som står som arrangør. Steinset er som kjent frå Svelgen, og det er fem år sidan han stilte ut her heime.

Samlinga vi skal få sjå til helga er fått namnet Kyst og fjell. Mange av motiva er henta frå området rundt oss - mellom anna frå Risevatnet og Risekeipen.

Steinset er blitt 65 år og har sidan sist pensjonert seg som psykolog og flytta frå Sogn til Florø.

Dette bildet er ikkje henta frå årets utstilling.


Fotball:

Miniputt-turnering i Idrettshuset til helga 27.10.2003

STIF v/Fotballgruppa arrangerer miniputt-turnering laurdag 1. og søndag 2. november.

Dette er ei erstatning for turneringa som skulle arrangerast 14.9. Turneringa startar kl. 10.00 begge dagane og vil halde på til ca. kl. 17.00.

Les meir på STIF-sida.

STIF-sida


Kolliderte i Sande-tunnelen 26.10.2003

Ingen kom til skade då ein personbil med to unge menn kjørte i veggen i Sandetunnelen i går kveld klokka 2230. I følge operasjonsleiar Leif Bell var det berre denne eine bilen involvert i uhellet. Han fortel vidare at det var mistanke om promille-køyring og at det difor vart teke blod-prøve av ein av dei to mennene. Både sjukebil og brannbil rykte ut til ulukkesstaden laurdag kveld.

Bremanger Nytt og kommuneplan 26.10.2003

På heimesida til Bremanger kommune kan du no lese Bremanger Nytt for november, og arealplanen av kommuneplanen for 2004-2008.

Bremanger kommune

Fotball

Tap mot landet sitt beste lag 26.10.2003

Marit Renate Midthjell (arkivbiletet) og Arna-Bjørnar tapte laurdag 0-3 borte mot Trondheims-Ørn, som alt før kampen hadde vunne Toppserien. Midthjell spelte heile kampen i forsvaret til laget frå Bergen.

Toppserien.com

Volleyball

To nye sigrar til CSUN 26.10.2003

Unn Kvendseth (biletet) og lagvenninnene på Cal State Northridge (CSUN) vann i helga begge sine kampar, og har dermed 7 sigrar på rad. Laget slo både Long Beach State og UC Irvine med 3-1. Kvendseth var på bana i alle 8 setta, og slo inn høvesvis 7 og 9 poenggivande ballar. Desse to motstandarane låg før kampen på plassane før CSUN på tabellen.

CSUN har no klatra til 3. plass på tabellen, og beheld laget denne plasseringa skulle laget normalt sett vere sikra sluttspelplass ved serieslutt. Kor mange lag frå Big West, som er CSUN sin serie, som får delta i sluttspelet varierer frå år til år.


Sundag 26. oktober kl. 2000:

Pirates of the Caribbean 26.10.2003

Svelgen kino viser sundag 26. november filmen Pirates Of The Caribbean klokka 2000.

Litt om filmen:

PIRATES OF THE CARIBBEAN er et storslagent actioneventyr som foregår på den tiden da beryktede pirater terroriserte hele det karibiske hav. I denne Jerry Bruckheimer-produksjonen møter vi i hovedrollene velkjente Johnny Depp, Orlando Bloom, som vi bedre kjenner som alven Legolas fra "Ringenes Herre"-filmene, Keira Knightley fra "Skru'n som Beckham" og veteranen Geoffrey Rush fra bl.a. "Shakespeare in Love". Bak kamera står "The Ring"-regissøren Gore Verbinski.

Aldersgrense 11 år

Speletid: 2 timar 22 minutt

Neste sundag går filmen BUDDY.


Rådmannen prioriterer skulane 25.10.2003

Dette går fram av forslaget til økonomiplan for Bremanger kommune for 2004-2007 som er lagt fram for høyring. I følgje Firdaposten har mellom anna Svelgen skule fått 284 000 kr meir å rutte med neste år. Les meir på linken under.

Firdaposten

Aktive elevar ved Svelgen skule 25.10.2003

Kampanjen «Norge rundt på 21 dagar» skal skape glade og aktive barn over heile landet. I alt har over 800 klassar meldt seg på «Norge rundt på 21 dagar», som foregår i vekene 43, 44 og 45. Det er 5., 6. og 7. klassetrinn som har høve til å delta på prosjektet. I følgje Avisa Firda er elevar frå Svelgen skule med på prosjektet.

Kort fortald går kampanjen ut på at elevane skal registrera all aktivitet dei er med på. Aktiviteten blir så rekna om til kilometer, og målet er å reisa Norge rundt i løpet av dei 21 dagane prosjektet varer. Ti minutt aktivitet tilsvarer ein kilometer på kartet. For å nå målet må elevane i gjennomsnitt vera i aktivitet to timar per dag. Og alle aktivitetar tel - kroppsøving på skulen, fotballtrening, leik, sykling, gåing, symjing og så vidare.

Norge rundt på 21 dagar


Ny kvardag for Kjerpeseth 25.10.2003

Han er stolt over kommunen sin, og har som ordførar sett Bremanger på kartet meir enn ein gong. Tysdag er det likevel slutt, etter åtte år leverer han frå seg ordførarklubba og tek plass på kommunestyrebenken saman med dei andre partifellane.

-Eg har vore tilsett ved Elkem i over 40 år. Dei siste åtte åra har eg hatt permisjon, og sjølv om den stillinga eg hadde før eg vart ordførar er rasjonalisert vekk, er det framleis Elkem som er arbeidsgjevaren min. Kva eg skal jobbe med når eg kjem tilbake, er derimot enno ikkje avklart, seier Einar Kjerpeseth til Firdaposten.

Les meir om Kjerpeseth på linken under.

Firdaposten


15 dagar med volleyball i Rio 24.10.2003

Stine Mari Solheim frå Svelgen (ståande t.h. på biletet) var nyleg med Sunnfjord Folkehøgskule på ein 15-dagars skuletur til Rio dei Janairo i Brasil. Det var elevane ved volleyball-linja ved skulen som reiste, og i følgje heimesida til skulen var dei mellom anna tilskodarar under VM i sandvolleyball.

På linken under kan du lese fleire artiklar frå turen.

Sunnfjord Folkehøgskule


Førde Hennøy inn i formannskapet 24.10.2003

Førstkommande måndag får vi ny ordførar. Då skal kommunestyret konstituere seg og det skal veljast medlemmer til dei ulike utvala. Etter det Svelgen.no har grunn til å tru vert formannskapet sjåande slik ut: Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap), varaordførar Isak Berle (SV), Espen Gulliksen (Ap,)Grete Førde Hennøy (Ap), Jorunn Frøyen (H), Einar Kjerpeset (Sp) og Roar Førde (H). Kommunestyret har elles utsett den politiske omorganiseringa og opprettheld dermed utvala slik dei er i dag.

Svelgen Hotell:

Mykje spanande på programmet fram til jul 24.10.2003

Ved å klikke på linken under kan du no sjå Svelgen Hotell sin julekalendar for 2003. Hotellet har lagt opp til eit variert opplegg med kveldar der mellom anna taco, lutefisk, entecote, "Havets festbord" og julebuffet står på menyen. Hotellet har i årets to siste månadar band som spelar dei fleste kveldane i veka, og i desember vert det julebord laurdagane 6. og 13. desember.

Svelgen Hotell

Meir om Elkem sin økonomi. 24.10.2003

På linken nedanfor kan du lese meir om Elkem sin økonomi.

Aftenposten

-Skiftarbeid er tortur for personar over 50 23.10.2003

- Skiftarbeid er tortur for folk som nærmar seg 50, meiner sømnekspert Gunnar Lundemo.
- Skiftarbeid er ein slags tortur mot kroppen og biologien, seier Lundemo vidare.

Han er søvnekspert og avdelingsoverlege ved Sentralsjukehuset i Rogaland, og meiner det strir mot kroppen si biologiske klokke å jobbe skiftarbeid etter ein viss alder. På sjukehuset ser vi sjeldan nokon over 50 år som jobbar nattevakt. Då seier kroppen at det passar ikkje, held han fram.

Svelgen er som kjent ei bygd med mykje skiftfolk, les meir på linken under.

NRK


Godt 3. kvartal for Elkem 23.10.2003

Elkem hadde i 3. kvartal i år eit overskot på 292 millionar, mot 97 millionar i same periode i fjor. Les meir på linken under.

NRK

Fotballsamarbeid med Bremanger 22.10.2003

I følgje det Bremanger IL melde tidlegare skal STIF og BIL samarbeide om å stille lag i ein vinterserie for juniorlag. Bremanger stiller med to lag, og 31/10 møtast desse to laga til første vinterserie-kamp.

Bremanger IL

Betre mobildekning 21.10.2003

Fredag 24/10 vert den nye GSM-mobilsendaren til Telenor på Hatlesetnipa ved Grov teken i bruk. Frå denne dagen vil heile Norddalsfjorden, store delar av turområdet frå Ålfotbreen og vestover til riksvegen over Magnhildskaret, og i sørleg retning frå Eikefjord og utover til Barlindbotn og Stavang, no vere sikra skapleg mobildekning. Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Tap for Arna-Bjørnar 21.10.2003

I ein Toppserie-kamp tysdag tapte Marit Renate Midthjell og Arna-Bjørnar 3-4 borte mot Fløya i Tromsø. Kampfakta kan ein lese ved å klikke på Toppserien.com og Fakta 2003.

Toppserien.com

20 ÅRSJUBILEUM FOR RUSS-84 21.10.2003


Neste år er det 20 år sidan svelgarar fødde i 1968 gjekk ut niande klasse. Derfor trommar vi no saman til eit lite jubileum med mykje nostalgi og sikkert ein del meir livsvisdom enn sist vi møttest. Datoen er laurdag 24. april 2004. Det førebelse programmet ser slik ut:

14:00 - 16:00 Samling på Svelgen Skule.

18:00 - Sosialt samvær, truleg på hotellet. Mat og program.

Arrangementskomiteen tek gjerne i mot kreative innspel. Det einaste vi er heilt sikre på er at det blir denne helga:-)

Påmelding: dag.nestegard@fid.dep.no

Beste helsing Marit, Lisbet og Dag.

Marit mail: baard1966@start.no

Lisbet mail: lisbet.hoyvik@c2i.net



Skift til vinterdekk no 20.10.2003

Statens vegvesen har i dag sendt ut følgjande melding: "Vinteren har kommet med kulde og glatte veger. Statens vegvesen anbefaler alle trafikanter til å legge om til vinterdekk med eller uten pigg. Bilførere som blir påtruffet med piggdekk i perioden før 1. november vil ikke få noen straffereaksjon uansett føreforhold". Les meir på linken under.

Statens vegvesen

Volleyball

STIF tapte serieopninga 20.10.2003

I følgje Fjordenes Tidende tapte STIF søndag serieopninga mot Førde 2 i 2. divisjon for herrar. STIF vann dei to første setta 25-19, men så byrja det å butte mot for Svelgen-karane. Førde 2 vann dei tre siste setta med sifra: 19-25, 16-25 og 14-16. Studentspretten møtte ikkje til sine kampar mot dei to nemnde laga.

I følgje Fjordenes Tidende stilte STIF med følgjande lag: Frank Hatleset, Frank Midtbø, Kjell Åge Bueie, Stian Bøhmer, Jørund Leirvold, Torgeir Sørheim, Nils Jørgen Sagebø og Espen Sortevik.


Volleyball

Ny siger til Kvendseth & co 19.10.2003

Unn Kvendseth (biletet) og Cal State Northridge (CSUN) vann i helga 3-1 over Pasific. Svelgen-dama, med 4 juniorlandskampar for Norge, spelte alle 4 setta og slo inn 9 poenggivande ballar. Dette var ein svært viktig siger då Pasific er ranka blant dei 25 beste laga i dei om lag 30 universitetsseriane i USA, og av den grunn gav sigeren ekstra poeng.

Med dette passerte CSUN Pasific på tabellen, og er no oppe på 4. plass, som kan gje plass i sluttspelet når serien er ferdigspela. . Sjå tabell Big West. Laget har vunne dei 5 siste kampane, og gjennom heile sesongen har laget vunne 10 av 16 kampar.

CSUN


Fotball

Siger til Midthjell og Arna-Bjørnar 19.10.2003

Laurdag vann Marit Renate Midthjell (arkivbilete frå 2000) og Arna-Bjørnar 3-0 heime mot Larvik i Toppserien for damer. Ålfotdama, med 5 jentelandskampar som medlem av STIF, spelte heile kampen som høgreback.

Dette var første serierunda i Toppserien etter ei lengre pause grunna fotball-VM for damer. Arna-Bjørnar ligg på 5. plass i Toppserien.

Kampreferat kan du sjå ved å klikke på linken under, og deretter på Fakta 2003.

Toppserien.com


Fotballfesten 2003:

Heider til Arild Sande 19.10.2003

Laurdag 18. oktober vart den tradisjonsrike fotballfesten i STIF arrangert med om lag 45 deltakarar. Arild Sande mottok blomster og heider for å ha vore ein aktiv medspelar i fotballmiljøet i STIF i over 30 år. I si aktive fotballkarriere spelte han 354 seniorkampar mellom 1972 og 1988, og seinare ein god del old boys-kampar. I åra 1980-2003 har han hatt minst 20 verv i Fotballgruppa, med 9 trenar- og 9 oppmannsverv, samt to verv i styret i Fotballgruppa. Sande vil på Sogn og Fjordane Fotballkrets sitt ting i november motta Fotballkrinsen sin "Blå diplom" for innsats på klubbplan. Han vert då den 8. innan STIF som mottek denne. Følgjande har tidlegare motteke diplomen: Øyvind Grindheim, Kåre Myklebust, Einar Gjerde, Leo Cirotzki, Dagfinn Ask, Ragnar Kjøsnes og Espen Sortevik.

Svein Arne Sandvik mottok på festen gåve for den fine måten han har styrt fotballen i STIF på siste to åra.

Vidare vart Terje Nybø kåra til både årets spelar og årets toppscorar på seniorlaget. Davikaren har levert ein svært god sesong på STIF, og var sesongen sett under eitt den viktigaste bidragsytaren til at STIF rykte opp i 5. divisjon.

På biletet under ser ein dei fleste som mottok heider på fotballfesten. Bak f.v.: Sigbjørn Hjortland (100 seniorkampar), Terje Nybø (årets spelar og årets toppscorar A-laget), Arild Sande (Fotballkrinsen sin "Blå diplom"), og Torbjørn Didriksen (100 seniorkampar). Framme f.v: Tom Erik Løvseth (innsatsprisen A-laget), Roy Vegard Sørgulen (årets mest framgangsrike spelar A-laget), og Svein Arve Steinset (årets mål A-laget). Andrè Gjerde, som vart årets mest framgangsrike yngre spelar på A-laget, var ikkje tilstades på festen.


Bli med til Bremanger på dans ! 17.10.2003

Seniordansgruppa i Svelgen pensjonistlag prøvar å få i stand busstransport til konserten og dansen i "Vidsyn" 25/10.

Konserten er med "Bergen munnspelorkerster", og dansemusikken står gamaldansgruppa "Fin gamal årgang" for.

Turen vil koste kr 120 pr. person tur/retur med 40 personar i bussen.

Om det blir nok påmelde vil vi køyre frå Svelgen kl. 1800, og retur vil verte ca kl. 0100 frå "Vidsyn".

Bindande påmelding til Odd Birkelid eller Møyfrid Hestetræet innan torsdag 23/10.

Svelgen pensjonistlag


Volleyball 2. divisjon herrar

Serieopning søndag 17.10.2003

I følgje NVBF Region Midt sine heimesider er det serieopning for Svelgen sine herrar i 2. divisjon. Forutan motstandarane STIF møter i helga skal dei også møte Førde VBK 1 og Tambarskjelvar.

Følgjande kampar går i Svelgen idrettshus søndag 19. oktober:
Svelgen TIF - Førde VBK 2 kl.13.00
Førde VBK 2 -Studentspretten kl.15.00
Svelgen TIF - Studentspretten kl.17.00


NVBF Region Midt


Asfaltering mellom Magnhildskartunnelen og Grov 17.10.2003

Følgjande vegmelding er henta frå Statens Vegvesen:

Rv 614 MANGNHILDSKARTUNNELEN - GROV,
Mangnhildskartunnelen - Haukå
Stengt i perioder på inntil 30 minutter og manuell dirigering mellom klokken 08:00 og 18:00 mandag til fredag og mellom klokken 08:00 og 15:00 lørdag på grunn av dekkelegging. Arbeidet ventes avsluttet onsdag 22. oktober klokken 18:00.
Sist endret 15.10.03 kl. 10:57

Statens Vegvesen


Nytt reisebrev frå Naomi 17.10.2003

På heimesida til Naomi kan du no lese eitt nytt reisebrev frå Jostein Eimhjellen. Han og resten av mannskapet har no kome til Vanuatu-øyane i Stillehavet. Planen vidare er å nå Thailand i april/mai 2004.

Klikk på linken under, og deretter på Nyheter, så kan du lese meir.

Naomi


Svelgen:

Mange har fått breiband 16.10.2003

Mange i Svelgen har no fått breiband, og i dag vart det innført i det eine redaksjonslokalet på Hamrane i Svelgen. Bravida ringer til dei som kan koble seg opp etter kvart, og dei som ikkje har meldt si interesse kan tinge breiband hos Enivest i Førde.

Breiband er høghastigheits dataoverføring av tale, tekst og videosignal i ein kanal. Dette er det nyaste innan nettverk til heimen din og surfing på internett kostar like mykje i månaden same kor lenge du vert sittande. Det vert ikkje lenger belasta telefonrekninga di.

I fyrste omgang vil breiband bli brukt til Internett tilgang men ein kan også bruke telefon over breibandet.

I framtida meiner mange at TV og all annen elektronisk kommunikasjon til heimen blir basert på breiband. Så dette bør du hive deg på - først som sist.


Svelgen kino 19.10 kl. 2000

Bruce Almighty med Jim Carrey 16.10.2003

Søndag 19. oktober kl. 2000 viser Svelgen kino komedien Bruce Almighty med Jim Carrey. Filmen har ei aldersgrense 11 år og speletid 1 time 41 min. (Utruleg men sant, kinoplakatane er nok ein gong returnerte, men filmen er komen på plass..)

Litt om filmen: Det er sikkert heftig å få prøve seg som Gud. Tviler du? Bare spør Bruce. Han har forsøkt.

Bruce Nolan (Jim Carrey) jobber som reporter for en lokal TV-stasjon. Han lager morsomme og hyggelig innslag som både morer og gjør folk glade. Men selv er han langt fra den lykkeligste, aller helst ville han nok gjøre noe mer betydningsfullt, få en høyere stilling, dekke mer spennende saker. Sånn sett er han den rake motsetningen til kjæresten (Jennifer Aniston), som fornøyd og livsglad daglig gjør gode gjerninger i barnehagen hun driver.


Fastlandssambandet til Bremanger:

Vurderer anna finansiering 16.10.2003

Vi må tenkje nytt for å få gjennomført viktige vegprosjekt, seier dagleg leiar i Kystvegutvikling, Ragnar Hagen. Tysdag la han fram alternative løysingar til finansiering av byggjesteg to på Fastlandssambandet til Bremanger. Les meir om dette ved å klikke på linken til Firdaposten under biletet.

På biletet under ser du t.h. Bortne med Bortnedalen nærmast, og t.v. skimtar ein Vingevatn.


Firdaposten


Næringsrådet søker sekretær 16.10.2003

Svelgen næringsråd har sendt inn følgjande på Fritt ord på Svelgen.no:

Hjelp ønskes!
Svelgen Næringsråd er en interesseorganisasjon for bedrifter i Svelgen området, og trenger en person til å ta seg av diverse gjøremål. Vi ønsker derfor å knytte til oss en person, som kan ta seg av sekretærfuksjonen. Personen må gjerne være pensjonist. Arbeids oppgaver vil være: referat, medlemskontingenter, sende ut informasjon, vedlikeholde internettside, osv. Sitter du med ønske om noe å henge fingrene i, er samfunnsengasjert, da er dette jobben for deg. Vi kan ikke tilby verdens beste lønn, men litt blir det nok. Du bør kunne bruke datamaskin, opplæring ordner vi med, etter behov.

Hiv deg på, ta kontakt med Geir Gjerde adressa finner du på linken nedanfor.

Med Hilsen for: Svelgen Næringsråd

Gunnar Mundal

Telefon: 57 79 37 66 Mobil 90 10 46 20
Fax 57 79 37 60
Bruk e-mailadresse:
gunnar.mundal@klausen.no

Svelgen Næringsråd


Helsing til alle svelgarar 15.10.2003

Redaksjonen i Svelgen.no helsar til alle svelgarar rundt om i Norge og i utlandet.

Ha ein fin dag !!


Fotballfesten 18/10 13.10.2003

Mandag ettermiddag var det 45 påmelde til Fotballfesten. Sjølv om påmeldingsfristen er ute, vil det vere høve til melde seg på til hotellet (57793301) fram til fredag kveld. Dei som er påmelde og som ikkje kan kome, må melde frå til Hotellet. Sjå innbydinga på STIF-sida.

Svelgen Hotell opnar for andre gjestar kl. 2230. Då spelar Bjarne Lunde til dans. Pent antrekk. Les meir på linken under.

Svelgen Hotell


Informasjon frå Bremanger lensmannskontor

Lenger ventetid på pass 13.10.2003

Fra månedsskiftet oktober / november vil man måtte påregne en lenger ventetid ved utstedelse eller fornyelse av pass. I og med at vi nå går helt over til en ordning med elektroniske pass vil ventetiden bli 10 - 14 dager.

Skal du ut og reise, så husk å være tidlig ute.

Hilsen lensmannskontoret.


NY DATO: ONSDAG 15. OKTOBER KL.2000

NY DATO: Kvinnen i mitt liv 13.10.2003

Svært mange hadde møtt opp for å sjå filmen Kvinnen i mitt liv i går kveld. Men filmen måtte dessverre avlysast fordi kinomaskinisten kjørte på ein hjort ved Nordalsfjordbrua ein time før filmen skulle ha starta. Dermed vart det ikkje film.

Men den blir vist FØRSTKOMMANDE ONSDAG KL. 2000.

Svelgen kino beklager overfor alle som møtte opp, men det var lite å gjere med det der og då (vi fekk ikkje stedfortreder på så kort varsel).

Så møt opp på nytt førstkommande onsdag kl. 2000.

Litt om høstens store romantiske komedie, med imponerende debut av Thomas Giertsen som ungkaren Jacob:

Asyladvokaten Jacob har i løpet av sitt 30-årige liv klart å styre unna ekteskap og andre farlige former for samliv. Nå skal han påta seg ansvaret som fadder for datteren til hans søster Tonje (Kristin Zachariassen) og hennes mann Fredrik (Kyrre Haugen Sydness).

I barnedåpen er hele venneflokken samlet, anført av John (Gard Eidsvold). Han er blind, men ofte mer klarsynt enn de andre. En annen gjest er Nina (Ane Dahl Torp), en kvinne som får stor betydning i Jacobs liv. Det viser seg at Nina er praktiserende lege, og ved en tilfeldighet får hun inn Jacob som pasient. Jacob, som den skjørtejeger han er, kan ikke la være å bli interessert. Da Nina nevner at hun skal selge huset, griper Jacob sjansen til et nytt møte. Han selger seg inn som advokat med eiendomsmegling som spesialitet.


Volleyball

To nye sigrar til Kvendseth & co 12.10.2003

Unn Kvendseth og laget hennar, Cal State Northridge, vann i helga sine kampar med 3-0 og 3-1. Kvendseth hadde høvesvis 9 og 13 poenggivande slag. Les meir på heimsida til CSUN.

CSUN

Bremanger held seg i 4. divisjon 11.10.2003

Jotun tapte berre 0-1 borte mot Brummundal i kvalifiseringa for 2.divisjon, og rykkjer med det opp i 2.divisjon. Dette betyr at Bremanger held seg i 4.divisjon, og at Tempo held seg i 5.divisjon. Dermed vert det lokalderby mot Tempo for STIF i 5.divisjon neste år. Les meir på BIL sine heimesider.

Bremanger IL

Åtvarar mot stigeseljar 10.10.2003

Brannsjefen i Bremanger åtvarar folk mot ein stigeseljar som går i ei feiarliknande uniform. Mannen gir inntrykk av å kome frå brannvesenet, seier brannsjef Håkon Dyrstad, som har fått fleire telefonar frå folk som har hatt besøk av karen. Les meir på NRK S. og Fj.

NRK S. og Fj.

Bremanger kommune

Inntektstoppen 2002 10.10.2003

På linken nedanfor kan du sjå inntektstoppen for Bremanger kommune for 2002.

NRK

Bremanger kommune:

Dei 50 med mest i formue i 2002 10.10.2003

På linken under kan du sjå personane med mest formue i Bremanger kommune i 2002.

NRK

Kva med ein prat på nettet? 09.10.2003

Vi har fått følgande melding frå ei jente som savner aktivitet på ircen. Ho skriv:

Noko av det fyrste ein støtar på når ein ser på sidene til svelgen.no, er naturlegvis dei siste nyhenda. Men dei som har eit passeleg utvikla sidesyn, legg vel merke til dei små reklame-bannarane på venstre og høgre side. Har du prøvd å trykke på reklamen for #Svelgen?

Om du så gjere, hamnar du på irc-kanelen for Svelgen på UnderNet. For eit-to år sidan var det faktisk "liv" der, så nært ein kan kome til liv på irc dog. Rekorden var på 25 brukarar inne på ein og same kveld, og det var fakta talt særs underhaldande å vere der.

Men, kva har skjedd? Her set eg ein haustferie i 2003. Ikkje mykje til selskap. Les resten på Fritt Ordsida - eller stikk rett innom #Svelgen.

Lokal chat på nett


Statsbudsjettet 2004:

- Åtak på kraftkommunane 09.10.2003

Statsbudsjettet er eit nytt åtak på kraftkommunane i Sogn og Fjordane. Det hevdar ordføraren i Vik, Erling Stadheim. Kraftkommunane i fylket kan misse over ti millionar i skatteinntekter.

Det skjer dersom regjeringa får gjennomslag for forslaget om å redusere eigedomsskatten på kraftverk.

Energiselskapa må i dag betale kommunal eigedomskatt på kraftverk. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å redusere denne eigedomsskatten. Det betyr meir pengar til energiselskapa og mindre pengar til dei mange kraftkommunane i fylket - som til saman kjem til å misse minst ti millionar i skatteinntekter.

Følgjene er like dramatiske for Luster, Bremanger, Aurland og Årdal.

Les meir...


Kinolista fram til desember 09.10.2003

Svelgen kino har no lagt ut kinolista som går fram til 14. desember. Klikk inn på logoen til venstre og finn dine haust-favorittar. Først ut er Kvinnen i mitt liv, fulgt av toppfilmar som Matrix Revolutions, Sinbad, Mors Elling, Buddy, Lille frk. Norge, Bruce Almighty, Nasse Nøff, Pirates og den siste American Pie-filmen.

KINOLISTA

Bremanger bryt med Helse Førde 09.10.2003

Flora og Bremanger kommune har bestemt seg for å bryte samarbeidet med Helse Førde om etablering av nærsjukehus i Florø. Avgjerdsla kom etter at styret i går vedtok å ignorere fleire innspel som har kome frå kommunen sine representantar i prosjektarbeidet.

Les meir

Statsbudsjettet:

Meir pengar - stor gjeld 08.10.2003

Berre Leikanger og Balestrand har større lånegjeld pr. innbyggar enn Bremanger kommune. Det syner ei oversikt som er laga i samband med framlegging av statsbudsjettet i dag.

Bremanger får 1.8 millionar meir å rutte med neste år.

Les meir...


Takk til Midtgulen Sanitet 07.10.2003

Barnehagane i Svelgen ynskjer å sende ei hjartans takk til Midtgulen Sanitetsforeining for pengegåva vi har fått (2000 kroner).

Desse skal nyttast til førstehjelpskurs for dei tilsette.


Svein Vågene tek opp konkurransen:

Billigbutikk på Granden 07.10.2003

Svein Vågene satsar stort og opnar snart butikk for kvitevarer og møblar på gamle Joker-butikken. I dag kunne har fortelje oss at han også har tenkt å lage billigbutikk på Granden, der han skal tilby salsvarer frå dei andre butikkane. Dermed syter Vågene for tre butikkar i Svelgen; klede og sko på Centrum, kvitevarer og møblar på Jokern og salsbutikk på Granden. I tillegg kjem Aina Alfredsen Førde med blomster- og gåvebutikk på gamle Keipen. Så i år tar vi julehandelen i Svelgen. OK?

Snart nye eigarar av banken i Svelgen 07.10.2003

13. oktober 2003 fusjonerer Sparebanken Flora-Bremanger og Sparebanken Sogn og Fjordane, og med dette vert bankfilialen i Svelgen ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane. Bankdrifta i Svelgen har lange tradisjonar, og har vore drive med ulike eigarar. Alle desse eigarane, bortsett frå den første, har vore "sikre som banken".

I 1919 oppretta Ulvesund Kreditbank med hovudkontor i Måløy ein filial i Svelgen, og denne vart kalla Svelgen Kreditbank A/S. Filialen hadde ekspedisjonslokale i Andreas Gjertsen sitt bygg på Riseøyra. Gjertsen, som var byggmeister, sat i styret i banken. Banken tilsette ein kasserar/bokhaldar frå Svelgen. Dette var to år etter at Bremanger Kraftselskab i 1917 starta anleggsutbygginga til den første kraftstasjonen i bygda. Dei fleste av dei om lag 400 anleggsarbeidarane sette flittig inn sparepengane sine. Diderich H. Lund, som var anleggsleiar på kraftutbygginga, vart førespurd om å verte banksjef, og takka etter mykje fram og tilbake ja til dette. I følgje Lund gjekk det bra med banken i byrjinga. Men han vart etterkvart uroleg for at det aldri kom livsteikn frå kontoret i Måløy, og det kom knapt ei kvittering for pengane dei sende inn. På folkemunne i Svelgen vart det hevda at dette var banken berre for innskot. Etter ei tid med uvisse valde Lund å seie frå seg stillinga som banksjef. I følgje Lund innstilte banken, som den første i Norge, sine utbetalingar om lag eitt år etterpå. Banken hadde då reist grunnmuren på eit bankbygg i Breivika, og denne vart ståande som eit monument fram til byrjinga av 60-talet. I ei av sine bøker skreiv Lund: "Det ble rettslige undersøkelser og litt skandale, men jeg slapp fra det hele uten ubehag av noen art. Jeg håper at også arbeiderne mistet tilliten til banken da jeg forlot den, ellers må noen av dem ha mistet det meste av sine innskudd". Ulvesund Kreditbank gjekk nokre år seinare konkurs. På eit bilete, funne hos Fylkesarkivet på nett, av huset til Peder Anton Olaison Rise (i 2003 eigd av sonen Odd Rise) rundt 1920 stod følgjande skilt på husveggen: "Kreditkassen i Svælgen. Ekspedisjonstid fra kl. 6-7 eftm. hver onsdag og lørdag". Mest truleg var dette same banken som Lund kalla Svelgen Kreditbank i boka si.

Bremanger Sparebank (skipa 1898), med hovudsete i Kalvåg, tok i følgje lokalhistorikaren Sverre Nesbø til med faste kontordagar i Svelgen ei tid etter krigen. Då Svelgen Samfunnshus vart teke i bruk i 1961 flytta banken inn i lokale i dette bygget, og talet på kontordagar auka. 1. februar 1970 vart det dagleg ekspedisjon ved filialen i Svelgen.

1. januar 1971 fusjonerte Kinns Sparebank og Bremanger Sparebank med hovudkontor i Florø, og det nye namnet på banken vart Flora-Bremanger Sparebank. I 1972 vart det nye Rådhuset i Svelgen teke i bruk, og banken flytta då inn i nye lokale der. 1. august 1982 flytta banken frå Rådhuset til Granden, der lokalbanken framleis held til. I mai 1985 endra Flora-Bremanger Sparebank namnet til Sparebanken Flora-Bremanger.

Også posten dreiv tidlegare med banktenester i Svelgen. Postbanken vart lagt ned 12. november 2001, og gjekk då over til "Post i butikk". Også Svelgen Handelslag/Coop Sogn og Fjordane har drive/driv med enkelte banktenester.

13. oktober 2003 vert altså det nye namnet på lokalbanken Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken i Svelgen skal framleis ha fire tilsette, og Lise Helen Førde skal framleis vere filialleiar.

Svelgen-filialen vert underlagt regionkontoret i Florø, og dette kontoret skal styre bankane i kystkommunane Flora, Bremanger og Vågsøy. Bankane til Sparebanken Sogn og Fjordane i desse tre kommunane vil få 50 medarbeidarar, og får om lag 17 000 kundar. Banksjef for dette regionkontoret vert Trond Teigene, som vaks opp i Svelgen. Hovudkontoret til Sparebanken Sogn og Fjordane ligg i Førde. Banken får totalt 38 kontor i 20 kommunar, og 300 tilsette. Etter fusjonen vil banken få om lag 78 000 kundar.

Lokalbanken


Trugar med å stogge Bremanger Quarry 07.10.2003

Fylkesmannen trugar med å stogge drifta i det store steinbrotet som Bremanger Quarry driv på Dyrstad ved Svelgen. Årsaka er at det er avdekka alvorlege brot på forureiningslova på anlegget

NRK S. og Fj.

Fleire observasjonar av elg i nærområdet 06.10.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Skilt ved Sørdalsvatn 06.10.2003

Ein lesar av Svelgen.no har sendt inn eitt bilete frå Keipen Turlag sine mange merka turløyper i Svelgen-området. Desse skilta finn du om du går opp trappa ved Sørdalsvatn, og går nokre hundre meter i den flotte naturen.

Påminning om Fotballfesten 06.10.2003

Alle som vil delta på Fotballfesten laurdag 18.oktober må melde seg på til Svelgen Hotell seinast søndag 12. oktober. Dette gjeld også spelarane og dei som hatt hatt verv i fotballen, som har fått eigen invitasjon. Sjå den generelle invitasjonen ved å klikke på linken under.

STIF-sida

Volleyball

To viktige sigrar til Kvendseth og laget i helga 06.10.2003

Unn Kvendseth (biletet) sitt lag, Cal State Northridge (CSUN), vann i helga to kampar på heimebane. Dei slo Cal Poly 3-0 og UC Santa Barbara 3-1. Kvendseth var på bana i alle 7 setta, og slo, i følgje heimsida til klubben, inn høvesvis 9 og 14 poenggivande ballar i kampane.

UC Santa Barbara (UCSB) er eitt av laga som er toppranka i universistetsseriane i USA, og for at Kvendseth sitt lag skal kome til sluttspelet som tel 64 lag, var det svært viktig å slå dei. Ein får ekstra poeng om ein slår toppranka lag. CSUN hadde i følgje heimesida ikkje slått eitt toppranka lag sidan 1996, og med 15. plass på topprankinga var UCSB det høgst ranka laget CSUN har slege sidan dei kom opp i toppdivisjonen i 1991.

Kvendseth sitt lag ligg for tida på 5. plass i Big West, som laget sin universitetsserie heiter. Dei har vunne 7 av 13 kampar. Sjå tabell Big West. Denne serien er ein av dei betre i USA, og normalt får denne serien 3-5 lag til sluttspelet. Men for å vere sikre på å kome til sluttspelet må nok CSUN kome blant dei 3 beste laga. Det er rundt 300 lag i 1. divisjon i universitetsseriane i volleyball for damer i USA, og desse er delt inn i om lag 30 seriar. 64 av desse går som nemnt til sluttspelet etter seriane er slutt, og reglane for kven som når sluttspelet er nokså kompliserte.

Cal State Northridge


Kampreferat på Haugen si heimeside 05.10.2003

På Haugen si heimeside kan du lese refarat frå STIF sin KM-kamp på fredag, og lenger nede på sida kan du lese referat frå opprykkskampen mot Vikane/Olden forrige helg.

På same side kan ein også lese at Jotun vann 2-0 i opprykkskampen til 2.divisjon, og det kan bety at Bremanger held seg i 4. divisjon. Men om Jotun taper t.d. 3-0 borte komande helg, rykkjer Bremanger ned i 5.divisjon og møter STIF neste år.

Haugen IL


Heimesida til biblioteket 04.10.2003

På linken nedanfor kan du sjå heimesida til Bremanger folkebibliotek.

Bremanger folkebibliotek

Bremanger Nytt for oktober på nett 03.10.2003

Klikk på linken under for å sjå dette.

Bremanger Nytt

STIF tapte 0-6 i KM-finalen 03.10.2003

Les meir om dette på STIF-sida.

STIF-sida

Røyrvik truleg funnen 03.10.2003

Den døde som i går ettermiddag vart funnen i Hyen, skal obduserast for å få stadfesta om det er den sakna Helge Røyrvik frå Svelgen, melder NRK Sogn og Fjordane.

Røyrvik har vore sakna sidan slutten av august. Leitemannskap frå Røde Kors, bygdefolk og eit firma som er spesialistar på undervass-søk, har heile tida drive intensiv leiting etter den sakna 50-åringen


Artikkel i VG om Svelgsvatnet 03.10.2003

Denne kan du lese ved å klikke på linken under.

VG

Bassenget opnar 20. oktober 02.10.2003

Bjørg har sendt oss melding om at bassenget opnar igjen 20. oktober. Dersom du vil tinge av badetider må du ta kontakt tysdag 07.oktober kl. 1000

Ring tlf. 577 96 450 Bjørg Du vil då få tildelt tidspunkt og nøkkel.

Billettpris: kr. 31 for vaksne

kr. 20,50 for born

kr. 20 for badstove pr. gong


Aktivitet i bakarhuset 02.10.2003

Bremanger kommune har no sett i gang eit interessant prosjekt i bakarhuset i Svelgen sentrum. Prosjektet skal sysselsetje funksjonshemma i tillegg til å romme ei elevbedrift. Arne Loftheim er frikjøpt frå jobben som lærar på skulen for å vere prosjektleiar. Han fortel til Svelgen.no at bakar-Rolf har sagt seg villeg til å lære elevane korleis ein bakar kavring. Desse skal seljast mellom anna på kafeen på bakarhuset.

- Vi skal i tillegg selje litt forskjellig som kaffi, lappar, vafler, sjokolade og brus, fortel han.

Det som Arne og Roy Vegard Sørgulen skal styre med i første omgang er å utføre ulike oppgåver av praktisk art.

- No held vi på å støype ei trapp på Sande. Vi har også fått oppdrag som å rydde, male og tapetisere på ungdomsklubben. Vi har også pakka valmateriell og jobba litt for skulen.Målet er at dette skal bære seg økonomisk på sikt. Heile prosjektet blir til etter vegs, og vi håpar på mange oppdrag også frå private og bedrifter i lokalmiljøet, seier Arne Loftheim. Han håpar det lokale næringslivet ikkje ser på dei som konkurrentar, men snarare eit supplement dei kan dra nytte av i kortare eller lengre periodar.

Han og Roy Vegard har arbeidd i lag før, og sistnemnde er den som skal ha ros for at Svelgen Stadion har vore blant dei mest velstelte rundtom.

På sikt skal også dei psykiatriske pasientane, flyktningane og fysisk funksjonshemma vere med på å utføre oppgåver i bakarhuset.

- Noko av det vi håpar å få til er ein røykfri kafe. Mange eldre og småbarnsforeldre har sakna eit slik tilbod, så det håpar eg vi får til, seier Arne Loftheim.


STIF spelar avgjerande KM-finale fredag 01.10.2003

Fredag 3/10 spelar STIF KM-finale i 6.divisjon mot Bjørn IL. Kampen vert spelt på kunstgraset ved Førde stadion og tek til kl. 1800. Eigentleg skulle dei to laga ha spela to kampar, men laga har vorte einige om at ein kårar krinsmeisteren på nøytral bane med ein kamp.

Om STIF skulle vinne vert det 3. gong i historia at STIF sitt A-lag vinn ein KM-tittel. Dette hende i 1976 med Ragnfred Ommedal som trenar, og i 1994 med Tom Joensen som trenar. Dei to sesongane spelte STIF i det som i dag svarar til 5.divisjon.

Bjørn er eit lag STIF aldri har slege, faktisk har Bjørn vunne alle 6 seriekampane laga har møtt kvarandre til. Men årets STIF-lag har tidlegare vist at dei har greidd mykje tidlegare års lag ikkje har makta... På linken nedanfor biletet kan interesserte gå inn på Bjørn IL si heimeside og lese korleis Bjørn slo Gaular tilsaman 9-0 over to kampar.

Men uansett resultat i kampen fredag har trenarane Stian Bøhmer og Torgeir Sørheim (t.h.) grunn til å vere nøgde med sesongen. Biletet er teke på Haugen i vårsesongen.


Bjørn IL


Berre 4 døgn utan nedbør i september 01.10.2003

Ved nedbørsstasjonen til Elkem Energi Bremanger i Svelgen målte ein i september 352 mm, som er litt over normalen som er berekna til 324 for same månad. Berre 4 døgn var utan ein drope i måleglaset, og 94,5 mm var det meste ein målte på eitt døgn.

444 innom Svelgen.no på kvardagane 01.10.2003

I følgje besøkstala til Svelgen.no går det fram at gjennomsnittleg 444 var innom Svelgen.no på kvardagane i september månad. Dette er ein auke på om lag 200 frå oktober og november 2002. Kvardagane har heilt klart større besøk enn helgedagane, og mykje tyder difor på at mange er innom sida på skule og på jobb. Høgste besøkstal hadde ein 16. september med 679, som var dagen etter valet, følgd av 602 18. september.

På laurdagar og søndagar var det noko over 200 besøkande innom i snitt. Laurdag er heilt klart dagen med minst besøkjande.

Om du nyttar Svelgen.no til å annonsere di foreinig/ditt lag o.l. sine aktiviterar, er det gode sjansar for at mange får dette med seg. Så send inn stoff til redaksjonen. Om du sender bilete, og har kunnskap om det å redusere talet på pixels, er det fint om du reduserer dette til om lag 50. Om du ikkje greier å redusere oppløysinga, er det fint om du berre sender eitt bilete.


100 000 kr til vedlikehald av bassenget 01.10.2003

I følgje Fjordenes Tidende har Bremanger kommune nyleg løyvd 100 000 kr til det pågåande utbetringsarbeidet ved bassenget på Svelgen skule. Etter det ein kjenner til skal bassenget vere stengt til 20. oktober.

Bassenget i Svelgen var det første innandørs symjebassenget i heile Sogn og Fjordane då det vart teke i bruk hausten 1959. Bassenget vart bygd av Christiania Spigerverket (CS), som den gong eigde kraft- og smelteverket i Svelgen. Den fremste pådrivaren for å få bygd bassenget var Gunnar Schjelderup, som var adm.direktør ved CS i Oslo. Han gjorde mykje for at arbeidarane i Svelgen også skulle trivast på fritida, og bassenget var berre eitt av fleire tiltak han sette i gang i Svelgen-samfunnet. Som takk for det han gjorde for bygda fekk han hovudgata oppkalla etter seg, og ein byste av seg ved Svelgen Samfunnshus, som han også var pådrivar for.

I 1967 tilbaud Bremanger Smelteverk å gi symjebassenget i gåve til Bremanger kommune, mot at kommunen ville ta på seg drifts- og vedlikehaldskostnadane. Smelteverket rekna med at anlegget hadde ein verdi på ein million kr. I møte i formannskapet og kommunstyret 24. november 1967 vedtok Bremanger kommune at ein ville ta i mot den storslagne gåva.

Desse opplysningane er henta frå STIF si historiebok.


På jakt med Elkem del 2 01.10.2003

I dag legg vi ut bilete fra hjortejakta jaktlaget ved Elkem hadde ved Ivervatn laurdag 27/9. På det øvste biletet ser ein Stig Kjørslevik med stilken han skaut.
På biletet under ser ein delar av jaktlaget under lunsjen ved Ivervatn. F.v. Kim Kjørslevik, Steinar Solvang med Shanti, Jon Roar Frimannslund, Bjørg Håøy og Rune Styve.

Fotballskule for yngre 01.10.2003

Fotballkrinsen skal i vinter ha fotballskule for gutar og jenter fødde i åra 1989, 1990 og 1991. Fotballskulen skal truleg haldast i Florø, og Fotballgruppa i STIF oppmodar interesserte spelarar i denne alderen om å melde seg på. For påmelding og evt. spørsmål ta kontakt med Svein Arne Sandvik snarast råd, og seinast 6. oktober.

Les meir på STIF-sida.

STIF-sida


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov