Arkiv Juli 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Kennet Hessvik med suksess på Tornado 28.07.2002

Kennet Hessvik, som er den svelgaren som spelar på høgst nivå innan fotballen for tida, gjer det godt på 2. divisjonslaget til Tornado. Hessvik vart kåra til Tornado sin bestemann i helga, då Tornado snudde 0 - 3 til 4 - 3 over Jerv. Hessvik scora i tillegg på eit flott frispark

Tornado FK

Gutta på tur

Oppdatert fra S/Y Naomi 25.07.2002

Etter lange tider uten PC ombord har nå gjengen skrevet nye reisebrev m/bilder.

Se også oppdatert mannskapsside med mange rare gjester som har vært ombord.

En fin sensommer ønskes fra gutta i varmen, skriver webmaster

Sjå Naomi sine heimesider


Rockesuksess i Bremanger 21.07.2002

Rock Weekend 2002 vart ein stor suksess og atter ein gong har dei fått det til i ytre Bremanger. Og nok ein gong tok fleire hundre svelgarar turen til ytre for å støtte opp om eit arrangement der ute. Så får vi håpe at folket i ytre Bremanger gjer det same under kulturfestivalen i Svelgen siste helga i august, når bl.a. Hellbillies kjem til bygda.

Firdaposten

Nedbør 38 døgn på rad i Svelgen 18.07.2002

Ved Kraftstasjon har ein registrert nedbør i 38 døgn på rad til denne tid. Rett nok har 7 - 8 av desse døgna berre hatt minimale nedbørsmengder, som onsdag 17/7 då det yra nokre få minutt.

Siste døgnet ein ikkje registrerte nedbør var søndag 9. juni.


Rekrutteringsprosjektet til Bremanger Vekst 17.07.2002

Les kva Anne van Orschoot, som er busett på Dyrstad og tilsett i Bremanger Vekst, skriv i sitt innlegg på Bremanger Vekst si side for å få nederlendarar og nordmenn til å flytte til Bremanger kommune.

Dette er skrive for ei stund tilbake, men er til omtanke for kvar og ein som drøymer om storbyen.

Bremanger Vekst


Mogelegheit for 90 nye arbeidsplassar i Svelgen 15.07.2002

Norsk Marin Yngel med store planar.

Les meir i NRK

Nye datoar for STIF sine kampar 14.07.2002

Fotballkrinsen har flytta STIF sin kvartfinalekamp i Firda Avis Cup mot Saga frå 31. juli til tirsdag 13. august. Kampen går i Svelgen.

6. divisjonskampen heime mot Askvoll/Holmedal 2 blir dermed flytta frå 13. til 16. august.

STIF sin første haustkamp går på kunstgraset i Hyllestad tirsdag 6. august. STIF har aldri vunne ein fotballkamp på kunstgras og kampen i Hyllestad i fjor enda med 0 - 6 tap.


Kva med neste byggesteg av nyevegen ? 13.07.2002

Les kva fylkespolitikaren Magne Aarøen seier om dette til Firdaposten.

Firdaposten

Enda meir om nyevegen 13.07.2002

Les BT sin omtale om Fastlandssambandet

BT

Fastlandssambandet 13.07.2002

Les Firda sin omtale av opninga.

Firda

Den store dagen for Bremanger kommune 12.07.2002

I dag kl. 1200 vart Fastlandssambandet til Bremanger opna. Mange svelgarar tok turen til opninga på Kolset.

Les meir i NRK

Tips om værside 12.07.2002

Visste du at Storm Weather har eige værvarsel for Svelgen ?

Storm Weather for Svelgen

Rapport for værsjuke svelgarar 12.07.2002

Vi har no passert 30 døgn på rad med registrert nedbør i Svelgen. På desse 31 døgna målte ein om lag 220 mm nedbør ved Kraftstasjonen.

Men no er det håp om opningar i skyene over bygda. I følgje DNMI sitt værvarsel for Svelgen skal lørdagen bli nedbørsfri, men dette gjenstår å sjå. Men det hadde vore inderleg godt med nokre solstrålar.


Redningsaksjon i fjellet ved Kjelkenes 11.07.2002

Ei kvinne i 30- åra vart redda ned frå ei fjellhylle ved Kjelkenes under vanskeleg høver i dag.

Les meir i NRK

Vingenfeltet ope for guida turar i sommar. 09.07.2002

Det blir mogeleg å besøke Vingenfeltet annankvar helg i sommar.

Les meir i Firdaposten

Biblioteket i Svelgen 08.07.2002

Kommunen håpar at biblioteket skal bli møteplassen for folk i alle aldrar i Svelgen.

PS: Biblioteket held stengt i juli

Les meir i Firdaposten.no


Trafikkulukke med personskade ved Kjelkenes i dag. 07.07.2002

3 personar kom i følgje Firda lettare til skade då 2 personbilar kolliderte front mot front ved Kjelkenes. Vegen var stengd i om lag 2 timar frå kl. 1400- 1600. Personane vart behandla ved legevakta.

Firda

Det nærmar seg opning av Fastlandsambandet 07.07.2002

Fredag 12. juli opnar den nye vegen til Bremanger. Men mange trur vegen blir lite nytta før steg 2 blir bygd.

Les meir i BT

26 døgn på rad med nedbør i Svelgen (til no) 06.07.2002

Ved nedbørsstasjonen til Kraftstasjonen har det i 26 døgn på rad vorte registrert nedbør. Siste dag som var heilt utan nedbør var søndag 9. juni. Rett nok har ein hatt 5 - 6 døgn med svært lite nedbør.

Men det er lita trøyst å finne på Meterologisk institutt si nedbørsmåling for Svelgen, som går fram til 12. juli. Denne viser små nedbørsmengder alle desse dagane.


Endå ei gladmelding til Svelgen 06.07.2002

Ved ei ekstratildeling frå Stortinget fekk Bremanger kommune midlar til å fullfinansiere ombyggginga av heile Svelgen Bu- og servicesenter.

Firdaposten

Gamle bilder frå Svelgen på Fylkesarkivet 05.07.2002

Ved klikke deg inn på linken under kan du finne ei mengde bilder frå bl.a. Svelgen. Du velger då Bremanger i feltet Kommune, skriver Svelgen på Stad og i Vis resultat velger du Fotoalbum. Velger du så Søk kan du bla deg fram i 499 bilder frå Svelgen.

Blant bildene finn du mellom anna avgangsklassen på realskulen i 1947 med bl.a. Kolbein Halse og Gunnar Midtbø.

Fylkesarkivet sin fotodatabase


Misnøgde pasientar kan byte fastege 03.07.2002

Klikk på linken til NRK og les kva kommunelege Shanker seier om saka.

NRK

Mary Black til rock-weekend:

Konsert i eliteklassen i Bremanger! 01.07.2002

Bremanger rockklubb kan i tilby ei konsertoppleving i eliteserien under rockweekend.

Artisten Mary Black er fødd og oppvaksen i Dublin, der ho som ung opptrådte saman med far og søsken. Starta solokarriere i -82 og har sidan det gjeve ut eit dusin kritiker og platinumheidra plater, innhanka det som er av musikarutmerkingar og erobra ein verden for irsk musikk. Ikkje det verste ein kan bale med.

I eit forsøk på å beskrive Mary Black som musikkformidlar er ordet "atmosfære" det første som slær oss. Det er berre dei største som har denne evna. Gjennom personleg utstråling, kombinert med ei genuin musikkforståing og formidlingsevne, tek ho oss med i sin "grøne" musikkverden. New york post skriv: " ei stemme å dø for". Rolling stone skriv: ".. MB er her for å erobre verden."

Og dette er berre ein av artistane under årets rockweekend. Sjå fullt program på linken.

Der er det også opplyst at konserten med SPAN er kansellert på grunn av plateinnspeling. Erstattar er Askil Holm m/band.Info om han kan ein finne på : www.askilholm.com.

Arrangøren håpar mange svelgarar tek turen til Bremanger under årets rockweekend!

FULLT PROGRAM


Over normalen med nedbør i juni 01.07.2002

I juni månad fall det 146,1 mm nedbør i Svelgen, mot "normalt" som er berekna til 129 mm. Det meste ein målte på eit døgn var 49,4 mm. Berre 7 døgn i juni gjekk utan at ein registrerte nedbør.

I åra 1973 - 2001 var 250 og 7 mm det høgste og lågaste ein målte i juni månad.

Dette melder Kraftstasjonen, som og nyttar høvet til å minne folket i Svelgen på at ein må lese av og ringe inn målaravlesinga. Ein kan og nytte mailadressa: kraftverk.bre@elkem.no


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars