Arkiv Sept 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

STIF møter Gaular også neste år i 6. divisjon 30.09.2002

Gaular, som vann STIF si 6.div.avd, tapte begge kvalifiseringskampane for opprykk til 5. divisjon mot Sogndal 3. Dermed blir det nok harde tak mellom STIF og Gaular også neste år.

I følgje Avisa Firda reagerer Gaular sterkt på at Sogndal 3 i den siste og avgjerande kampen nytta 5 spelarar som har vore faste på Sogndal 2 i toppen av 3. divisjon. Bruken av desse spelarane var innanfor regelverket, men Gaular meinte det var både moralsk forkasteleg og spekulativt av storklubben. I den ubetydelege 3. divisjonskampen mot Eid på laurdag starta Sogndal 2 med tre gode tippeligainnbyttarar (Alexander Ødegård, Anders Stadheim og Kristian Ystaas), for så å bytte dei ut etter 2 minutt. Inn kom 3 gode 3. divisjonspelarar som som innbyttarar også kunne vere med å spele mot Gaular på søndagen.


Lørdag 5. oktober:

Candye Kane til Bremanger 29.09.2002

Bremanger Rockklubb er stolte av å kunne presentere Candye Kane & Band frå San Diego California på "Havly" laurdag 5. oktober og inviterer alle musikkinteresserte svelgarar på fest!

Denne frodige og fargerike dama som er eit fyrverkeri på scena, og har ei så mektig stemme som gjorde at ho blei honorert med å bli med på Cd`en "30 essential Women of the Blues". Der bla.kjende bluesartistar som Bessie Smith og Etta James er med.

Candye Kane har tidlegere gjort svært vellykka konsertar både som eit av hovednamna på Notodden Bluesfestival, Musikklubben i Måløy og Fjæra Bluesklubb på Sandane. Dei har fått ei rekke med prisar dei siste åra, der vi kan nemne at i 2001 fekk bandet prisen for beste bluesband i San Diego. Musikkstilen C.K og bandet The Swingin`Armadillo serverer er en blanding av svært dansbar/lyttbar blues/western swing og hill-billymusikk, melder Bremanger rockklubb og håper mange svelgarar kjem utover til helga!

BRK si heimeside


Usikkert for mange lokale lag med tidlegare STIF- spelarar 28.09.2002

For ein del tidlegare STIF- spelarar er det no spanande om klubbane deira greier seg i den divisjonen dei har spelt i år. For om Tornado, med Kennet Hessvik på laget, ikkje greier seg i 2. divisjon, og Jotun som vinnar av 3. divisjon ikkje greier å kvalifisere seg for 2. divisjon, vil heile 4 lag rykke ned frå 3. - 5. divisjon. Hessvik og Tornado, som hadde spelefri i helga, må plukke nokre poeng på dei 3 siste kampane for å klare seg. Tornado har siste kamp 19. oktober.

I 3. divisjon er det klart at både Saga og Florø blir i 3. divisjon. Saga med Kjell Morten Langedal som keeper enda som nr. 6, medan Florø, med Trond Hatleset som spelar og Arne Petter Grindheim som trenar, tross tap i siste kamp enda 5. sist og overlevde.

I 4. divisjon vart STIF sin "erkefiende" Bremanger 4. sist, og er avhengig av at både Tornado og Jotun blir 2. divisjonslag neste år om dei skal berge plassen.

Tempo i 5. divisjon, med Jan Ove Grindheim som spelande trenar, er også avhengig av at dei to nemnde laga vert klar for 2. divisjon neste år.

2. divisjon Tornado avd.


Kjøper bulkskip på 100 000 tonn 28.09.2002

Det er selskapet bak Bremanger Quarry som står bak investeringa, og tilbakeviser med det ryktene om permisjonar/stogg. Dette melder Firdaposten.no

Firdaposten.no

Kreken får ikkje flytte tilbake til omsorgsbustaden 27.09.2002

Funskjonshemma John Kreken i Svelgen får likevel ikkje flytte tilbake til omsorgsbustaden sin, etter at han i vår vart tvangsflytta av Bremanger kommune.

NRK S. og Fj.

E-postkatalog i Svelgen? 27.09.2002

Hadde det ikkje vore kjekt med ein eigen epostkatalog for Svelgen? Redaktøren oppmodar folk frå bygda eller med tilknytning til Svelgen til å sende inn epost-adressa si til redaksjonen.

Viss responsen vert bra, lager vi ei eiga side med epostadresser. Trykk på adressa (redaksjonen) til venstre for å sende oss di mail adresse!

Hilsen Ingrid


Ivrige fotballjenter har kome i gang med treningar 26.09.2002

STIF har ikkje hatt fotballag for jenter i 15- og 16- årsklassen sidan 1994, men til neste år er det godt mogeleg STIF stiller med jentelag.

Medan dei fleste fotballag er i ferd med å avslutte sesongen, har jentelaget til STIF nettopp kome i gang med treningar. Det var på ein klassetur til Bremanger tidlegare i haust det heile starta, då jentene spelte skulekamp mot jentene ved Hauge skule. Jentene fekk "blod på tann" og sa til lærar Per Arne Sæterlid at dei skulle ønske det kunne vere fotballtreningar for jenter i STIF. Sæterlid tende på idèen og kontakta leiaren i Fotballgruppa i STIF, og fikk tildelt treningstider. I byrjinga var det 9 jenter som sa dei hadde lyst til å trene, men etterkvart har gjengen blitt utvida til om lag 16. Jentene går i 8. - 10. klasse. Under kan ein sjå 14 av dei spreke jentene som var på trening torsdag, med trenar Sæterlid bakerst.


Siste kamp på Stadion for i år 26.09.2002

Torsdag ettermiddag vart den aller siste seriekampen spelt på Svelgen Stadion. Det var lilljentelaga frå Svelgen og Bremanger som møttast (bildet under). Med det har STIF avvikla om lag 30 seriekampar dette året. I tillegg har ein hatt miniputturnering og treningskampar.

Kronerullinga går framover 26.09.2002

Hilmar Engar bet. 100,- Arne Lothe Bet. 100,- Anne Lise Gilleshammer bet. 100,- utf. Solveig Myren, Lillian Myren og Anfinn Førde. Tryggve Sortevik bet. 100,- Ingmar Vårdal bet. 100,- utf. Ronny Førde og Øivind Sagmo Alf Håøy bet. 100,- John Olsen bet. 100,- utfordrar alle som vil unndra seg Elin Endestad Gjerde bet. 100,- utf. Anita Løver, Irene Holm Sæterlid og Berit Frøyen. Henrik Frøyen bet. 200,- Bjørn Svarstad bet. 200,- Martin Nybø bet. 200,- utf. Aage Eikeland, Sissel Sundal og Per Jan Myren. Hilde Iren Elvebakke bet. 100,- utf. Elisabeth Heimtun, Ragna Myklebust og Inger Hilde. Håkon Sårheim Leirvik bet. 100,- Thorbjørn Ripe bet. 100,- utf. Thor Olav Halse, Espen Sortevik og Bjørgulf Myklebust.

Så langt er det kome inn 8250,- kroner. Samfunnshuset takkar alle bidragsytarar!


Oppgradering på Dyrstad 25.09.2002

Bremanger Quarry avviser rykter om stillstand og permiteringar til Firdaposten.

Firdaposten

Rekebord og dans på Hotellet laurdag 25.09.2002

Laurdag 28/9 byr Svelgen Hotell på rekebord frå kl. 2000 - 2300. Birger Meland spelar på dansen på same stad og same kveld. Meland er kjend for god dansemusikk og for å skape stemning der han spelar. Aldersgrensa på dansen er 18 år.

1 av 3 jobbar skift på landsbasis 24.09.2002

Les Statistisk Sentralbyrå sin undersøkelse av arbeidstida til nordmenn.

For Svelgen sin del er det nok enda fleire som jobbar utanom ordinær arbeidstid (kl. 0800 - 1600). Svelgen Bu- og Servicesenter (midt på bildet), Svelgen Hotell og Elkem Bremanger er blant arbeidsgiverane som mest truleg drar opp snittet for Svelgen.


Les undersøkelsen


Eiga heimeside:

Hjortefellinga i Bremanger 24.09.2002

Hjorteutvalet i kommunen har laga eiga heimeside der ein kan sjå korleis det går med felling av hjort i heile kommunen.

Per Lars Sande opplyser at dei prøver å oppdatere sida kvar sundag kveld og at opplysningane er basert på ringerunde til valdansvarlege + rykter. Ellers så ligg det ein del opplysningar om bestandsplanar etc, som kan ha interesse.

www.hjorteutval.no


Mogeleg kommunesamarbeid mot Nordfjord ? 23.09.2002

Bremanger kommune har sagt ja til å greie ut kommunesamarbeid mot Nordfjord- kommunane innanfor enkelte områder.

Firdaposten

Miljøvarme får dekka investeringskostnader 23.09.2002

Desse kostnadane kom i samband med framføring av varmevatn til symjebassenget ved Svelgen skule. Les meir under linken til Firdaposten.

Firdaposten

Invitasjon til Fotballfesten 12. oktober 23.09.2002

Som tidlegare nemnt vil Fotballgruppa i STIF også i år arrangere den tradisjonelle Fotballfesten etter tidlegare års opplegg. Men vi ser det diverre som umogeleg å sende personleg invitasjon til alle som har vore aktive sidan STIF byrja å delta i serien i 1963. Difor vil ein i år berre sende personelg invitasjon til dei som var aktive innan Fotballgruppa i 2002.

Men dette betyr ikkje at personar som tidlegare har vore aktive på ein eller annan måte innan fotballen ikkje er velkomne på festen. Tvert i mot, vi vil sette stor pris på om tidlegare års spelarar, dommarar, trenarar, oppmenn, styremedlemar, banemannskap, Fotballfest- deltakarar osv. osv. vil melde seg på og delta på Fotballfesten. Vi vil også sette stor pris på om tilskodarar og foreldre anno 2002 vil delta.

Interesserte kan lese heile invitasjonen ved å klikke på Sport t.v. på denne sida.


God økonomisk drift ved barnehagane i Svelgen. 22.09.2002

Les meir om dette og den økonomiske stoda i kommunen under linken til Firdaposten.

Firdaposten

Flott mannekengoppvisning 22.09.2002

Omlag seksti oppmøtte fekk sjå ei flott mannekengoppvisning i storsalen på Samfunnshuset i går. Her ser vi mannekengane: Anne, Marianne, Randi, Irene, Linda, Camilla, Wenny og Siv som gjorde ein strålande innsats til stor applaus frå publikum

Det blir jobba godt med dommarsaka i STIF 22.09.2002

I laurdagens 3. divisjonskamp mellom Saga og Jølster stilte STIF med ein rein dommartrio. Etter det ein kjenner til har dette berre skjedd ein gong tidlegare på 3. divisjonsnivå innan STIF. Øyvind Grindheim var dommar, medan 17- åringane Thor Kristian Sortevik og Stian Blom var assistentdommarar (tidlegare kalla linjedommarar).

Etter at det i mange år ikkje vart utdanna nye dommarar innan STIF, har dommarkontakt Øyvind Grindheim i Fotballgrupppa fått fram 4 unge og lovande dommarar. Forutan Sortevik og Blom er også 16- åringane Stian Holm og Svein Arve Steinset aktive dommarar. Også Holm har vore assistentdommar i 3. divisjon. Grindheim har gjort ein god jobb med dei 4 med å følge dei opp med råd og vink når dei har dømt. STIF og Grindheim har ved fleire høver fått skryt for godt arbeid med dommarsaka. Grindheim har sjølv vore fotballdommar sidan 1992, og forutan å dømme i 3. divisjon har han også vore assistentdommar i 1. divisjon. Arkivbildet under viser f.v.: Blom, Grindheim og Sortevik.


Firda


Marit til cupfinalen !!! 21.09.2002

I ein dramatisk semifinale laurdag vann Arna Bjørnar 3 - 1 borte over Røa etter ekstraomgangar. Det stod 1 - 1 etter ordinær tid. Marit Renate Midthjell spelte frå start og er no klar for sin andre cupfinale på to år. Cupfinalen går på Ullevaal Stadion laurdag 2. november.

STIF og Svelgen.no nyttar høvet til å gratulere Marit, og ønsker ho lukke til i cupfinalen.

Bjørnar si heimeside


Semifinale i NM for Marit R. Midthjell & co i dag 21.09.2002

I dag kl. 1500 spelar Arna Bjørnar semifinale i NM- cupen borte mot Røa. I følge Arna Bjørnar si heimeside spelar Midthjell frå start. Midthjell spelte for STIF til ho var 16 år.

Kunst i småsalen og

Mannekengoppvisning i storsalen kl. 1600 21.09.2002

Klokka 16 i dag, lørdag, er det duka for mannekengoppvisning i storsalen på Samfunnshuset. Dørene opnar 1515. Dei beste plassane går nok først, så ver tidleg ute!

Det er også kunstutstilling i småsalen som er vel verdt eit besøk!


Svelgen 21.09.2002

Dagens bilde viser Svelgen fotografert i forrige veke.

Fotballfesten for vaksne vert 12. oktober 20.09.2002

Fotballfesten har siste 4 - 5 åra vore arrangert i samband med jula. Men sidan STIF no har så mange "innflyttarar" som spelarar på seniorlaget og som trenarar o.l. i aldersbestemt som reiser frå bygda i juletida, har ein no valt å leggje festen ved sesongslutt.

Nytt av året vert også ein generell invitasjon som går til tidlegare års spelarar, dommarar, trenarar, oppmenn, styremedlemar, banemannskap, Fotballfestdeltakarar osv. osv. Desse er hjarteleg valkomne til å melde seg på festen og ein slik invitasjon vil kome over helga på Svelgen.no og som oppslag i Svelgen. Grunnen til at ein har valt ein slik generell invitasjon er at det vert umogeleg å sende innbyding til alle som har vore aktive sidan STIF byrja å delta i serien i 1963. Berre dei som har vore aktive innan Fotballgruppa i 2002 vil få personleg innbyding. Fotballgruppa ber om forståing for dette.


Kronerullinga:

6000 til samfunnshuset på langt 19.09.2002

Svelgen Samfunnshus har starta kronerulling, og her er lista så langt: Berit Eikeset Bakke bet. 100,- utfordrar Bente Bakke, Torunn Frimannslund og Inger Karin Førde til å gjere det same. Ove Jon Hessvik bet. 100,- utf. Martin Nybø, Jan A. Øksnes og Olav R. Ommedal. Jonvald Naustdal bet. 100,- utf. Steinar Solvang, Kenneth Trædal og Edvin Follevåg. Edvin Follevåg bet. 100,- utf. Torleif Didriksen, Olaf Brekke og Rune Nordal. Steinar Solvang bet 100,- utf. Kristin Solvang, Leif Arild Lothe og Trond Kvellestad. Kenneth Trædal bet. 100,- utf. Anita Lexau, Trygve Sørgulen og Idar Eikeland. Bente Bakke bet. 100,- utf. Ingunn Nesbø og Frank Ryland. Astri Berle bet. 100,- utf. Dina Lise Fløtre, Alvrunn Førde og Trine Langeland. Fam. Anne og Rogier Von Oorchot bet. 400,-. Arnt Willy Hjertø bet. 100,- utf. Lars Arvid Rebni og Svein Bjørkedal. Allan R. Dyrstad bet. 100,-. Audhild Frimannslund bet. 100,- utf. Synnøve Rebni, Signe Lise Bjørkedal og Bjørg Damstuen. Wenche Styve bet. 100,- utf. Gunnhild Bjørløw, Jill Kvamme og Monica Styve. Torunn Frimannslund bet. 100,- utf. Sissel Sandvik Igland, Lillian Sande og Mona Kjerpeset. John Fløtre bet. 100,- utf. Guttorm Bjørnsen, Elin Gjerde og Roald Førde. Dina Lise Fløtre bet. 100,- utf. Bjørg Andersen, Henrik Frøyen og Knut Sande. Ingrid Haugen bet. 100,- utf. Reidar Haugen, Anne Lise Gilleshammer og Hulda Kjerpeset. Frank Ryland bet. 100- utf. Alf Håøy, Jonna Grønstad o Frank Hatleset. Reidar Haugen bet. 100,- utf. Olav Ommedal, Leo Cirotzki og Asbjørn Svarstad. Ingunn Nesbø bet. 100,- utf. Kjell Eikeland, Magni Nesbø og Bjarte Solvang. Anne Ma og Åge Skåtun bet. 200. Trond Kvellestad bet. 100,-. Ragna Myklebust bet. 300,- utf. Jorunn Årøen, Bjørn Hjalte og Konrad Ryland. Oddnjørn Eimind bet. 500,-. Hege Rosvoll bet. 100,- utf. Jonfrid Nygård, Ragna SOlberg og Anders Rosvoll. Kartsten Leirvik bet. 100,- utf. Per-Arne Sæterlid, Stig Gjerde og Torbjørn Myklebust. Rolf Svarstad bet. 100,-. Kåre Håøy bet. 100,-. Jonfrid Nygård bet. 100,- utf. Liv Ytrehus, Anne Lise Grinde og Olaug Mulehamn. Det har så langt kome inn 6000,- kroner.

Det er berre å henge seg på sjølv om du ikkje er blitt utfordra!


Det vart bortekamp for STIF i finalen / treningstider 18.09.2002

Finalen i Firda Avis Cup vert spelt på Kaupanger Stadion. Dette vart resultatet av trekinga som vart offentleggjort onsdag. Kampen går truleg laurdag 5. oktober.

STIF sitt seniorlag tar treningsfri torsdag 19/9. Vidare framover blir det trening mandagar og torsdagar kl. 1800.


Svelgen samfunnshus

Mannekengoppvisning utsatt til lørdag 18.09.2002

Mannekengoppvisninga som var annonsert til i kveld (onsdag) er utsett til laurdag klokka 1600. Ti lokale mannekenger vil vise klede frå World of Friendtex. Dette selskapet sine klede vert ikkje selt via butikk, postordre eller internett - kun direkte frå forhandlar til kunde. Kleda kjem direkte frå Europa og held ein lav pris til høg kvalitet. Om du treng nye klede eller ikkje, er turen verdt for å sjå oppvisninga!

STIF slo Tambar./ Gaular tapte nesten poeng 17.09.2002

Tysdag kveld vann STIF 9 - 3 heime mot Tambarskjelvar. Målscorarar var T.V.Blix 3, S. Bøhmer (str), K.Å.Bueie, T. Nybø, F.Hatleset (str), T. Sørheim og eit sjølvmål.

Samtidig gjekk kampen Anga - Gaular i Førde og for at STIF skulle rykke opp måtte Gaular avgi poeng. Og det skjedde nesten, for 3 min før slutt var stillinga i den kampen 2 - 2. Men diverre scora Gaular og vann 6. div. avd. 2 eit poeng føre STIF.

Under Sport t.v. på denne sida kan ein lese referata frå dei 2 siste kampane til STIF i 6. divisjon.

STIF scora 73 mål på 12 kampar i 6. divisjon, noko som er ny rekord for seniorlaget. Den gamle rekorden var på 68 mål, og desse vart scora på 18 kampar. Toppscorar for STIF i 6. div. vart Arne Rebni med 14 mål, føre Frank Hatleset og Kjell Åge Bueie med 10 mål.

Sluttabell 6. div.avd. 2


Utflytt svelgar overtek kafè/kro i Eikefjord 17.09.2002

Knut Fotland, ein utflytta svelgar, opnar om kort tid kombinert kro og kafè med skjenkeløve i Eikefjord. Serveringsstaden her teke namnet "Sjøkroa" og held til i lokala som "Notaholmen" tidlegare hadde. Firdaposten melder at Fotland har teke permisjon frå jobben som stuert i Nordsjøen i eit år, og at han vil bruke det året til å finne ut om det er liv laga for "Sjøkroa".

Statens Helsetilsyn vurderer legeklager 17.09.2002

Les meir om dette på linken under.

NRK S. og Fj.

Aktivt laksefiske i Svelgselva 16.09.2002

Tradisjonen tru har det også denne hausten vore eit aktivt laksefiske i Svelgselva inne ved Elkem. Alt tidleg i haust starta fangsten og mange ivrge fiskarar prøvde fiskelykka til alle døgnets tider. For eit par veker sidan kom det store nedbørsmengder og ved Storebotnvatn (magasin for Kraftstasjon 4) førte denne nedbøren til at store mengder leire o.l. vart ført ned i vatnet. Dette vatnet vart så ført i den 9 km lange tunnelen via Kr.st. 4 til Svelgselva. Dette "skitne" vatnet tolte ikkje laksen som stod i elva og mykje laks døydde som følge av kvelning. Men i forrige veke, då bildet vart teke, var laksen tilbake og fisket tok seg opp att.

Til opplysning vert ikkje drikkevatnet teke ut av vatnet som kjem frå Storebotn.


Kven får heimebane i finalen i "FA- cupen" ? 16.09.2002

Ved henvendelse til Fotballkrinsen og Avisa Firda har STIF fått vite at kven som får heimebane er trekt, men diverre så vil dei ikkje opplyse om kven som får heimebane. Dette vil bli opplyst i papirutgåva av Avisa Firda onsdag 18/9. Plassproblem tysdag gjorde at dei ikkje kunne skrive det då....

I følgje Avisa Firda vil kampen mest truleg bli spelt laurdag 5/10. Alternativet er søndag 29/9.


Gjenoppbygginga av Ovn 5 pågår for fullt 14.09.2002

Siste vekene har ein jobba 2 skift med 8 mann pr. skift med muring av ovnsforinga på Ovn 5. Ein håpar at ovnsforinga skal vere ferdig i slutten av september.

Ovn 5 vart stoppa 1. november 2001 etter vanskar med ovnen som var nedsliten, samt at det var dårleg etterspurnad etter Silgrain. 20. juni fekk ein løyvingar på 70 millionar frå Elkem til å byggje opp at omnen. Planen var då at ovnen skulle kome i drift mot slutten av år 2002.

Bildet under viser Ovn 5 (bygget med logoen på) og Renseanlegget oppe til høgre.


Effektive Gaular slo tafatte svelgarar 14.09.2002

I "seriefinalen" i 6. div. avd. 2 tapte STIF laurdag 1 - 2 borte mot Gaular. Ved to høver i 1. omgang utnytta Gaular slurv i STIF sitt pasningsspel på eigen banehalvdel og leia dermed 2 - 0 ved pause. Midtvegs i 2. omgang scora Terje Nybø på eit flott frispark frå om lag 25 meter. Sjølv om STIF for det meste dominerte banespelet, spelte ein seg ikkje til dei store sjansane. Gaular var effektive og scora på sine to einaste sjansar i kampen. STIF har til no spelt to dårlege fotballkampar i år og diverre har begge vore mot Gaular.

Det ser dermed ut til at det også neste år blir 6. divisjonsspel på Svelgen. Både Gaular og STIF har no berre ein kamp igjen og Gaular leiar med eit poeng. Gaular har igjen Anga borte (kampen i vår enda uavgjort), medan STIF har Tambarskjelvar igjen heime.

6. div. avd. 2


Bremanger- legane har ikkje tillit til Fylkeslegen 13.09.2002

Les kva Firda skriv om dette.

Firda

Dødssjuk kopla frå respirator 13.09.2002

Dei pårørande etter Gunnstein Mjåseth frå Svelgen vurderer no rettslege steg mot helsepersonell ved sentralsjukehuset i Førde. Bakgrunnen er at sjukehuset slo av respiratoren hans.

NRK S. og Fj.

Fotball 13.09.2002

Avisa Firda melder at mandag 16/9 vil det bli avgjort ved trekning om STIF eller Kaupanger får heimebane i Firda Avis cup- finalen. STIF har tidlegare spelt 2 finalar i denne cupen, men ingen av desse har vore spelt i Svelgen. Avisa skriv og at kampen er terminfesta til 5. oktober, men dato for finalen kan bli endra. Kaupanger ligg for tida på 2. plass i 4. divisjon og kjempar om opprykk til 3. divisjon.

Kva for dato finalen vert spelt på avhenger nok mykje av korleis det går i morgon, laurdag 14/9, når STIF møter Gaular til avgjerande kamp i 6. div. avd. 2. Kampen går på Osen Stadion kl. 1600. Om Svelgen unngår å tape den kampen, er laget mest truleg klar for spel om opprykk til 5. divisjon. Då blir det i første omgang heime- og bortekamp mot ein av vinnaren av ein av dei 3 andre 6. divisjons-avdelingane. Om Svelgen vinn desse to oppgjera samanlagt, blir det to nye kampar mot det laget som vann samanlagt dei to andre kampane for opprykk. Samanlagtvinnaren i desse to siste kampane vert krinsmeister i 6. divisjon.

4. divisjon


Referat frå kampen mot Loen 110902 / heimesida til Loen 13.09.2002

Ved å klikke på Sport t.v. på denne sida kan interesserte lese eit lengre referat frå STIF sin oppmann.

Ved å klikke på linken "Loen si heimeside" under kan du lese kva ein oppgitt referent frå Loen skreiv om kampen.

Loen si heimeside


Stor anleggsaktivitet i Breivika 12.09.2002

Bildet under viser den nye vegen som er under arbeid i Breivika. Denne vegen skal ta seg av trafikken mellom Strandvegen og Gunnar Schjelderupsveg (hovudvegen). Bak gravemaskina ser ein tomta der Brødrene Mundal skal bygge sitt nye bygg.
Bildet under viser Norsk Marin Yngel sine bygg som er under arbeid i Breivika. Lokala skal stå ferdig i november og i februar skal det vere full drift ved torskeanlegget. I følgje tilsette ved NMY vert det ein stad melleom 10 og 15 tilsette ved verksemda i byrjinga.

STIF til finalen i "FA- cupen" 11.09.2002

Onsdag kveld vann STIF 5 - 1 over Loen i semifinalen i Firda Avis Cup. Kampen gjekk i Svelgen. Arild Myklebust scora på si divisjonsstraffe, medan Loen sin keeper redda Kjell Åge Bueie si. Det stod 1 - 0 ved kampstart, men allereie etter om lag 30 sekund gjekk STIF opp til 2 - 0 etter ei flott heading av Torgeir Sørheim. Loen reduserte til 1 - 2 etter ca. 10 min. I løpet av 1. omgang scora Kjell Åge Bueie (2, her av ei på straffe) og Frank Hatleset slik at pauseresultatet også var 5 - 1.

Etter at Kaupanger slo Gaular 6 - 2 på bortebane, er det klart at STIF møter sognelaget i finalen som er terminfesta til 5. oktober.

Arivbiletet viser det nøgde støtteapparat til STIF: Oppmann Stian Bøhmer og suksesstrenar Thor Vidar Blix.


Store lokale nedbørsskilnader 11.09.2002

Sjølv om det berre er nokre få mil frå Svelgen til Grøndalen i Norddalsfjorden kan det til tider vere stor skilnad i nedbørsmengdene som kjem. Om morgonen tirsdag 3. september målte dei i Grøndalen 93,9 mm, medan ein i Svelgen målte 37,5 mm. Dette er ein skilnad på heile 56,4 mm og til samanlikning er 55,3 mm det meste ein har målt på eit døgn i Svelgen i år.

Det meste ein har målt på eit døgn i Svelgen var 130,5 mm i september 1966, medan ein i Norddalsfjorden i januar 1992 målte heile 206,0 mm.

I august 2002 derimot hadde Svelgen om lag 10 mm meir nedbør enn i Grøndalen.


Torill har sendt mail til Fritt ord sida, og den var så koselig at vi legg den rett ut på førstesida:

Hei!

Som student i Australia er eg titt og ofte innom svelgen.no for å sjå kva som skjer i heimbygda. Men må innrømme det er ekstra stas når det er lagt inn bilete av Svelgen. Var ikkje fritt for at tårene sneik seg opp i augekroken då eg såg det siste nei! Lengtar heim eg gitt!

Uansett; ville berre takke dei som held i gang nettsidene. Dei blir sett stor pris på! Og no skal eg e-maile alle linken til sidene slik at folk kan sjå bygda vår. Og ikkje berre australienarar, men og dei norske eg kjenner som ler av meg fordi eg bur i ei bygd utan McDonalds. Min tur til å smile stolt! :)

Mvh,

TorillDownUnder


Semifinale i "FA- cupen" onsdag kl. 1815 09.09.2002

Onsdag 11. september møter STIF 4. divisjonslaget Loen til semifinale i Firda Avis- cupen på Svelgen Stadion. Til denne kampen manglar STIF Arne Rebni og Thor Vidar Blix. Sistnemnde må stå over p.g.a. 2 gule kort i "FA- cupen".

STIF byrjar kampen med 2 straffer grunna divisjonsskilnaden. I følge sikre kilder er det 2 medlemar av "Straffebom- klubben" som skal ta straffene. Svelgen.no sin sportsmedarbeider anbefaler Fotballgruppa å sende ut nabovarsel til dei nærmaste naboane til fotballbana...


Tysdag byrjar hjortejakta 09.09.2002

Dei fleste lokale hjortejegarane har nok gleda seg til tysdag 10/9 ei god stund, for endeleg skal dei få kome i gang med jakta. Jakta varer fram til 15. november.

Men sjølv om det er hjortejakt betyr det ikkje at andre ikkje har lov å ferdast i naturen, for fri ferdselsrett gjeld også under hjortejakta. Viltkonsulent Rune Indrehus i Bremanger kommune vart sitert på følgjande i Firdaposten laurdag 7/9: "Den frie ferdselsretten gjeld sjølv om det er hjortejakt, men det er viktig at partane innrettar seg etter kvarandre. Og brukar dei fornuft, går dette bra".


Fin haustdag i Svelgen søndag 08.09.2002

Det var sommartemparatur i Svelgen søndag med godt over 20 grader i skuggen. Bildet viser Nordgulen, fotografert søndag, med Svelgen innerst inne i fjorden. Det ser også ut til at det fine været skal halde fram.



Svelgen- gutar på krinslaget i friidrett 05.09.2002

Dei to lovande 14- åringane Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten er tekne ut på Sogn og Fjordane sitt krinslag til interkrinskampen mot Hordaland og Rogaland. Denne "kampen" vert utkjempa på Askøy 7. og 8. september.

Referat frå Svelgen - Anga 030902 05.09.2002

Dette kan interesserte lese ved å klikke på Sport t.v. på denne sida.

Svelgen samfunnshus kl.1800:

HeXene til Svelgen torsdag 5.9 04.09.2002

HeXene av Roald Dahl har suksess i Nordfjord og til no har nærare 1400 publikum sett stykket. Stykket vert vist på samfunnshuset i Svelgen torsdag 5. sept - kl 1800.

HeXene til Roald Dahl er ganske fæle, og dei tåler korkje lukta eller synet av born. Hexene har funne opp ein trylledrikk som skaper born om til mus. Roald Dahl fortel oss ei svært spennande historie om korleis nokre born og ei smart bestemor klarer å lure hexene til å smake sin eigen medisin.

Dette er ei fantastisk, spennande og morosam framsyning for folk i alle aldrar. Velkomne til ein frydefull og musikalsk grøssar.


Storsiger til STIF gav ny klubbrekord 04.09.2002

Tysdag kveld vann STIF 14 - 0 heime mot Anga, noko som er ny klubbrekord for seniorlaget (A- laget) i seriesamanheng. Den gamle rekorden skreiv seg frå 1993 då Flatraket vart slått 13 - 0 i Svelgen.

Mestscorande for STIF vart Ronald Førde og Arne Rebni med henholdsvis 5 og 4 mål. Desse to spelte berre ein omgang kvar og kunne nok "lukta" på Øyvind Grindheim sin klubbrekord med 7 mål mot Flatraket i 1993 om dei hadde spelt 90 minutt... Elles scora følgjande eit mål kvar: Torbjørn Didriksen, Frank Hatleset, Torgeir Sørheim, Kjell Åge Bueie og Terje Nybø.

Torgeir Sørheim og Jørund Leirvoll debuterte for STIF i denne kampen. Dei 2 har i haust teke til i jobb på det nye fiskeanlegget som er under byggjing i Breivika og blir ein fin tilvekst for STIF. Sørheim har tidlegare spelt for bl.a. Førde i 2. divisjon og kan nyttast på samtlege plassar på bana.

Kjell Åge Bueie som har teke straffene for STIF sidan 1993, bortsett frå eit par år der fotballskoa var stua vekk, bomma for første gong på straffe i ordinær speletid. Han har rett nok bomma på eit par straffer før Firda Cup- kampar.

6. div. avd. 2


6. divisjonskamp mot Anga i dag kl. 1900 03.09.2002

STIF sitt 6. divisjonslag spelar mot Anga på Svelgen Stadion tysdag 3/9 kl. 1900.

Det er også endeleg bestemt at semifinalen i Firda Avis Cup skal spelast i Svelgen onsdag 11/9, medan "seriefinalen" borte mot Gaular blir spelt på Osen Stadion laurdag 14/9.


August- nedbøren i Svelgen: 03.09.2002

I august månad registrerte Elkem Energi Bremanger 175,7 mm nedbør, som er nær "normalen" som Meterologiske har berekna til 187 mm. 130,6 mm av denne nedbøren vart registrert i løpet av 4 døgn spreidd ut over månaden. Ein hadde 12 dagar heilt fri for nedbør, samt 8 - 9 dagar med minimale nedbørsregistreringar. 55,3 mm var det meste ein målte på eit døgn.

I åra 1973 - 2001 var 35 og 384 mm lågaste og høgste verdiar som vart registrert i august.


Kulturfestivalen

Knallsuksess i Svelgen 02.09.2002

Kulturfestivalen i Svelgen vart ein kjempesuksess.Det var tilbod til alle aldersgrupper. Dei små var på karneval, fikk ansiktsmaling og tatovering. Mange små fann også vegen til crosscar-bana der sandspruten stod rundt dei små racarkjørarane. Ungdommen storkosa seg i det skummande teltet, og dei vaksne skapte stor stemning i idrettshallen. Hellbillies trakk nærare 600 publikummarar, og Frank Ommedal og resten av AmCar klubben er strålande fornøgde.

- Det meste har fått over all forventning. På dansen var det utrulig flott stemning. Vi hadde ikkje antydning til bråk eller trøbbel på noko vis. Det såg ut som folk hadde det kjekt. No har vi ikkje fått laga endelig rekneskap for arrangementet, men billettsalet dekka i alle fall musikken. Svelgarar er eit ganske tørst folkeslag, så vi får ein fin netto også på den biten, fortel Frank Ommedal.

Sjølve AmCar treffet samla 100 bilar - noko som i seg sjølv er utruleg med tanke på det dårlege veret. Stilige doningar har prega Svelgen i helga til stor begeistring for store og små.

Og Hellbillies var også storleg fornøgde med å spele i Svelgen.

- Det var eit kjempeflott publikum å spele for, og arrangørane skal ha ros for eit svært profesjonellt opplegg, seier frontfiguren Aslak Haugen til Svelgen.no.

Spik Adel var oppvarmningsband og skapte stor stemning frå første melodi.

Søndag vart kulturfestivalen avslutta med konsert på Svelgen samfunnshus. Folk kosa seg med flott musikk fra Svelgen songlag, Svelgen skulemusikk samt trioen til Tor Erik Vårdal, Espen Sande og Gisle Tolstadløkken.

Alle gode krefter i Svelgen samla seg i helga til ein kjempedugnad som resulterte i ei helg mange vil huske lenge - lenge.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars