Arkiv Mai 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Jamt over vått i mai 31.05.2005

I mai fall det 253 mm nedbør i Svelgen, medan det normale for månaden er 110 mm. Det meste som kom på eit døgn var 31 mm, og berre 4 døgn var heilt utan ein drope i nedbørsglaset.

Meir om bilulukka i helga 31.05.2005

Her følgjer eit utdrag frå Firda 30/5: "Bilen stupte utfor den bratte skråninga, og hamna rett i sjøen 10-12 meter lenger nede. I bilen rett bak var ein mann frå Svelgen og mor hans. Mannen hoppa i sjøen då han forstod at rumenaren ikkje kunne symje, og fekk til sist i land ein kar som då var tilnærma medvitslaus. -Ein heltedåd, ikkje noko mindre, seier Hauge som fortel at rumenaren meir eller mindre vart boren opp den stupbratte ura av redningsmannen og hjelp heilt opp att på vegen då det kom meir hjelp til."

Les heile saka og sjå bilete frå ulukkesstaden her. 

NRK Sogn og Fjordane hadde mandag eit radiointervju med redningsmannen, som er 22 år gamle Stian Hansen frå Svelgen.


Friidrett

God medaljefangst for STIF på DM i Førde 29.05.2005

Distriktmeisterskapen for Sunnfjord for jenter og gutar 11-18 år vart arrangert i Førde søndag 29/5. Svelgen.no har fått følgande rapport frå Friidrettsgruppa:

Svelgen TIF stilte med følgende utøvere :
11 åringane : Ole Martin Gjerde, Magnus Myrhol og Helene Bjørkedal.
12 åringane : Daniel Holm, Pål Valberg, Jan Rune Nigardsøy og Marte Myrold Petersen.
13 åringane : Jonas Valberg og Marita Solvang.
14 åringane : Torstein Ask og Kjell-Rune Ytrehus.
15 åringane : Jørgen Bjørkedal og Suzanne Sagebø.
17 åringane : Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten.

Det var et meget vått stemne, det regna og regna, men Svelgen si friidrettsgruppe sette mange personlige rekorder. 19 første plasser, 12 andreplasser og 10 tredjeplasser.

Bildet viser Svelgen sitt stafettlag (4x60m) f.v. Daniel Holm, Torstein Ask, Jan Rune Nigardsøy og Pål Valberg, som vant stafetten framfor Førde, Florø og Tambarskjelvar.

Resultatlista finn du her. 

Program for Amcar-treffet 17.-19. juni 29.05.2005

På Bremanger kommune si nettside kan du no sjå programmet og info om "Svelgen-treffet". 

Heimesida til "Night Hawks", som skal spele til dans på Samfunnshuset laurdagen, finn du her. 

Redaksjonen i Svelgen.no oppmodar lesarane om å støtte opp om "Svelgen-treffet".

Arkivfoto.

Kom uskadd frå dramatisk utforkøyring nær Svelgen 28.05.2005

Ein mann på veg til jobb på Elkem i Svelgen køyrde utfor vegen seks kilometer vest for Svelgen ved 17-tida laurdag. Han kom uskadd frå ulukka. Mannen, som er rumensk, var på veg til arbeid då han miste kontroll over bilen sin. Bilen kom utfor vegen, men til alt hell blei sjåføren ikkje med bilen ned i djupet.

Les meir i Firdaposten. og i Firda. 

Her kan du også lese Firdaposten si sak om at rumenaren, som ikkje kunne symje, vart berga av ein person i ein bil som kom bak ulukkesbilen.

Meir om opninga av ballbingen 28.05.2005

Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om opninga av ballbingen onsdag.

Under opninga av ballbingen fekk mange ros for innsatsen dei har gjort under bygginga av ballbingen. Denne rosen vart dei tildelt av STIF-leiar Svein Arne Sandvik. Utan at skribenten av denne artikkelen fekk med seg alt som vart sagt under opninga, så var det ein person som vel ikkje vart takka nok for arbeidet med ballbingen (og om han fikk takk/omtale så gjer det ikkje noko om han får det også her). STIF-leiar, Svein Arne Sandvik, skal sjølv ha hovudæra for at ballbingen vart påbyrja, bygd på dugnad og ferdigstillt. Utan hans arbeid hadde ikkje det vorte noko av ballbingen, iallefall ikkje no og ikkje i den størrelse og i det utstyrsomfang som bingen fekk. Sandvik har lagt ned utallige timar med planlegging, forhandlingar med leverandørar o.l., med dugnadsarbeid på bingen o.s.v. På biletet ovanfor er Sandvik (t.h.) og Magne Føleide i sving under forskaling av botnsolen i oktober 2004.

Sjå også Svelgen.no sin omtale av opninga lenger nede på sida.

Foto: Firdaposten v/ Marte Ytrehus Førde

Ledige stillingar 27.05.2005

Bremanger kommune har no lagt ut fleire ledige stillingar. Klikk på link til venstre.

Barna lærte sjøvet 27.05.2005

I eit forferdeleg maivêr fekk elevane ved Svelgen skule lære sjøvet torsdag.

Det tverretatlege arrangementet med Redningsselskapet, lokalt politi, Røde Kors og brannvesen fekk elevane på mellomsteget i Svelgen grunninnføring i det å ferdast på sjøen. Arrangementet var noko amputert på grunn av det haustlege veret med sterk vind og mykje regn.

Dei fekk likevel lære seg førstehjelp, brannslukking, knutar og å kaste bøye. Det fekk også borde redningsskøyta Det Norske Veritas og to politibåtar som også hadde lagt til kai i sentrum.

Målet med ”Trygg på sjøen” er at dei unge skal lære seg bruk av redningsvestar, korleis ein oppfører seg i båt, miljøvett, varsling av ulykker og enkel førstehjelp.  

Meir enn 50.000 barn har delteke i opplæringa i regi av Sjøfartsdirektoratet og Redningsselskapet sidan dei første Sjøvettdagene vart arrangert for ti år siden.    

I fjor omkom 51 menneske i ulukker med fritidsbåt. Av disse var 47 vaksne menn og ei kvinne. Dødsulukker med born i båt skjer langt sjeldnare. Når ”Trygg på sjøen” likevel har valt denne målgruppa er det for førebyggande arbeid, og ynskje om at borna vil gå føre som gode eksempel, også overfor dei vaksne. Det var ingenting å seie på lærelysta til elevane i Svelgen som viste stor iver i dei praktiske oppgåvene. På bildet ser vi ein entuiastisk Mads øve førstehjelp. Meir Fjordenes Tidende fredag 27. mai


Endelig: 27.05.2005

Fullt liv i ballbingen !!


Ballbingen i Svelgen vart offisielt opna onsdag med hornmusikk, tale og ekstra honnør til gjevarglade sponsorar og dugnadsmannskap. Mest merksemd fekk likevel besøket frå Sogndal.

 


Sjølv om den nye ballbingen i Svelgen har vore i flittig bruk nokre veker, var det først onsdag Fylkesbankløkka offisielt vart opna. Rikka Frøyen Sande fekk det ærefulle oppdraget å klippe snora i kraft av å vere ein av Svelgen Turn og Idrettsforening sine miljøskapande og positive medlemer. Ikkje mindre ærefullt vart det når det var Sogndal spelarane Raoul Kouakuo og Kjetil Holvik som heldt det grøne STIF-bandet.

Les om ballbingen i papirutgåva av Fjordenes Tidende fredag 27. mai

Politigarasje i Granden 25.05.2005

 

 

Lensmannskontoret i Svelgen har dei siste månadane vore oppussa og utvida. Kontoret skal no disponere det tidlegare likningskontoret i tillegg til eigne lokaler. Det ferdige arealet til Bremanger lensmannskontor blir dermed dobbel så stort.

Lensmann Hans Rune Strandos fortel at dei også skal bygge ut 1. etasje der klesbutikken Centrum i dag har tilbodsbutikk. Her skal det verte garasje for politibilane.

Utkjørsla frå Granden er i utgangspuktet bilfri, men dette meiner lensmannen er uproblematisk.

- Det er innkøyring forbode unnateke fastbuande og forretningsdrivande, seier han.

Strandos ser fram til å få tatt i bruk dei nye lokalene som ikkje har vore oppussa sidan bygginga av Granden for 25 år sidan. Planen er at kontora i 2. etasje og garasjen skal vere ferdig etter sommaren. Dette melder Fjordenes Tidende i dag.


Ikkje samordna etterforsking 25.05.2005

Politiet har ikkje ei felles etterforsking av dei mange skuleinnbrota i fylket hittil i år. I natt fekk tjuvar med seg datautstyr for omlag 200 000 kroner frå Askvoll skule.
 
Ronny Iden. Arkivfoto Randi Indrebø NRK.
Men til trass for at meldingane om skuleinnbrot nesten er dobla frå i fjor vert kvart enkelt innbrot etterforska for seg sjølv, seier politiinspektør Ronny Iden.

- Det er ikkje noka organisert samordna etterforsking. Alle sakene blir etterforska på vanleg måte av kvart einskild lensmannskontor. Men det blir utveksla informasjon mellom sakene, seier Iden.

 Politiinnspektør Ronny Iden seier at det kan vere ein samanheng mellom dei mange innbrota, men at kvart enkelt lensmannskontor etterforskar sakene.
- Tradisjonelt har det gitt oss svært høg oppklaringsprosent, seier Iden.

 


Takk! 25.05.2005

17.mai komiteen v/barneleikane vil takke kopen v/Geir Gjerde, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sverre-Magne Dyrstad for flotte premiar og utstyr. Vi vil også takke Svelgen skule og Svelgens Idrettshus for lån av utstyr. Alle har vore positive.


Svelgen Næringsråd og Ytre Bremanger Næringsråd

Støttar fullføring av Bremanger-sambandet 25.05.2005

Svelgen Næringsråd, som representera 29 ulike bedrifter i Svelgen, og Ytre Bremanger Næringsråd, som representera 40 bedrifter i ytre Bremanger, har i lag sendt ei fråsegn til Samferdelskomitèen på Stortinget om kor viktig det er for næringslivet i kommunen at Bremanger-sambandet del 2 vert fullført.

Les meir hjå Svelgen Næringsråd 

På SNR-sida kan du også lese SNR si fråsegn til kultursjefen i Bremanger kommune vedr. eit finare sentrum. Sida har også fått nye menyval, som t.d. samling av bilete, fråsegner og årsmeldingar.

Steinar Engelsbrektson Band

Spelar inn musikkvideo på hotellet laurdag 24.05.2005

Bandet som skal spele på Svelgen Hotell laurdag 28/5, Steinar Engelsbrektson Band, er svært populære for tida. Her følgjer nokre utdrag frå artiklar i Firda:

"Steinar Engelbrektson Bandet har opplev ein eventyrleg respons etter fjernsynsdebuten på Røros 30. april. Der deltok dei i ei direktesendt kåring av årets dansebandlåt. Steinar Engelbrektson og hans medmusikantar, Bjarte Haugen, Tor Ove Sjåstad og Christian Humberset, vart overraskande nummer tre med bandets eigen melodi «60-talsmusikk». Bandets inntog blant dei store dansebandorkestera fall ikkje berre i god jord. Dei presenterer musikken sin som «dansbar country», noko som ein del meiner ikkje opplagt har plass i båsen for dansebandmusikk.

-Til helga sender vi oppover eit fototeam som skal lage ein reklamevideo for den nye plata vi skal gje ut med bandet, fortel Asbjørn Tylden. Innspelinga skal skje i samband med bandets speleoppdrag i Svelgen til helga."

Heile artiklane kan du lese her og her.

Sjå også Steinar Engelsbrektson Band.




Dans på Svelgen Hotell laurdag 23.05.2005

Laurdag 28. mai spelar Steinar Engelsbrektson Band opp til dans på Svelgen Hotell.

Les meir på Svelgen Hotell og på Steinar Engelsbrektson Band.

Datainnbrot ved Svelgen skule 22.05.2005

Firdaposten melder i kveld: "Tjuvar har vore på ferde i helga og gjennomført eit større brekk ved Svelgen skule. Truleg braut dei seg inn i skulen natt til søndag. Det er brote opp fleire dører og tjuvane har fått med seg ein god del datautstyr. Politiet var på åstadsundersøkjing søndag ettermiddag og sikra spor. Kjell Rune Biesmans hos politet oppmodar no publikum som har sett uvanlege rørsler i området om å seie frå." Biletet er henta frå skulen si heimeside.

Les meir i Firdaposten.

God kamp av damelaget mot topplaget 22.05.2005

I ein kamp i 4. divisjon for damer søndag, tapte STIF 3-5 heime mot Dale. Ettersom sistnemnde vann 10-0 over STIF i ein treningskamp for nokre veker sidan, var nok dei fleste damene, og heimepublikum, nøkterne optimistar før kampen. Men STIF opna veldig bra og spelte jamnt med Dale det meste av kampen. Stillinga var 2-2 då det stod att 15-20 min av kampen, men etter det rakna det litt for Svelgen-damene. STIF spelte seg også til fleire store sjansar, så med litt flaks kunne det blitt poeng også i denne kampen. Spelande trenar for STIF, Vibeke Kjerpeseth, uttaler at ho og spelarane er godt nøgde med kampen. Målscorarar var 15 år gamle Stine Sortevik, og Carina Solvåg (2).

Sistnemnde har på to kampar scora 4 mål, og har med det scora dobbelt så mykje som "spissrivalen" på herrelaget, Andrè Hatleset.

Sjå tabellen og kampoppsettet her.

Bilde frå treningskampen mot Dale 23.04.


















                                                           (Foto: Karianne Jetmundsen)

Resultat frå KM i symjing 2005:

Fleire medaljer til Svelgen 22.05.2005

I KM konkurrerer årsklassane 1988-1992 i ein klasse. Svelgen stilte i år
med 4 deltakarar der alle tok medalje.

Lene Senneset  3.plass 50 meter rygg, 2.plass 200 meter bryst, 2.plass 200
meter medley.
Lina Vågene 3.plass 200 meter bryst.
Torstein Ask 2.plass 200 meter bryst.
Ola Rise 3.plass 200 meter bryst.

Svelgen har ikkje tatt medalje i KM sidan 1992, med unntak av ei bronse i
2004.
Vi er særs nøgd med resultata, og spesielt sidan våre deltakarar er av dei
yngste som får delta (1991-1992).


Største prestasjonen var på 200 bryst der svelgen tok sølv og bronse både i
jente og gutte klassen med svært gode personlege rekordar.

6 rekruttar stilte, og dei hevda seg i toppen og sette personlege rekordar
i stort sett alle øvelsar.

Svømmegruppa

God start av damelaget 21.05.2005

STIF sitt damelag gjorde ein fin debut i serien, då dei slo Vik med 4-0 på bortebane. I følge Svein Arne Sandvik, som steppa inn som lagleder i denne kampen, jobba damene godt, og spelte ein god kamp. Målscorarar var: Carina Solvåg (2), Kristine Sande, og Ida Pedersen.

Søndag 22/5 kl. 14.00 vert det damefotballkamp på Svelgen stadion for første gong sidan 1996. Då kjem Dale på besøk, og dei vert rekna som det beste laget i 4. divisjon. STIF spelte treningskamp mot Dale på kunstgraset i Dale for nokre veker sidan, og tapte då rimeleg klart.

Damelaget spelar to kampar i helga 21.05.2005

Laurdag serieopnar det nystarta damelaget til STIF borte mot Vik. Søndag er det heimekamp mot seriefavoritt Dale kl. 14.00. Resultata vil du finne ei stund etter kampslutt ved å klikke her.

Nytt tap for STIF 20.05.2005

Svelgen TIF, sitt 5. divisjonslag, gjekk fredag kveld på eit nytt tap. Denne gong med 0-1 borte mot Vadheim/Høyang 2. STIF ligg no nest sist på tabellen. Neste helg har STIF spelefri.

Referat finn du på A-lagssida. Nytt på denne sida er at du også finn resultatlinkar til dei andre fotballaga til STIF. Sjå "Andre STIF lag" øvst t.h. i menyen.

Svelgar deltok i verdenscupfinalen i pokerlag i London

Allan Dyrstad med 2. plass i storturnering i poker 20.05.2005

Allan Dyrstad (i aksjon t.h. på biletet) har denne veka delteke på det norske landslaget i verdenscupfinalen i pokerlag i London. Dyrstad var ein av fem på det norske laget, som spelte seg heilt fram til finalen. Denne vart spelt i dag, men den enda diverre med tap mot favoritten Costa Rica. Nettavisen kalla turneringa for uoffisielt VM for pokerlag.

T.v. og nedanfor ser ein Allan Dyrstad i landslagsdrakta. VG skriv: "En seier i pokerturneringen ville gitt hver av nordmennene 76.000 kroner. Andreplassen er betydelig mindre verdt. Avgjørelsen var TV-sendt i flere land, og millioner av seerne kunne følge den jevne og dramatiske finalen."

Les kva VG skreiv før finalen 

Les kva VG skreiv etter finalen 

Nettavisen

Les mykje meir og sjå fleire bilete

Fleire glimt frå nasjonaldagen 18.05.2005













Her ser du fleire bilder frå gårsdagens 17. mai feiring i Svelgen. Oppe til høgre viser drilljentene dei fine nye uniformane sine. Til venstre fører lensmann Hans Rune Strandos an barnetoget opp mot sjukeheimen, og nedom under framføringa av Ja vi elsker med gamle Real-skulen i bakgrunnen.

Frå 17. mai-feiringa 18.05.2005

Her kan du lese kva Firdaposten skriv om 17. mai-feiringa i Svelgen og på Kjelkenes. Du kan også sjå fleire bilete, mellom anna er biletet nedanfor henta frå Firdaposten. Fremst går Svelgen skulemusikk sin populære og dyktige dirigent, Fay Løvseth.

Botnkamp for STIF fredag 18.05.2005

Fredag 20/5 reiser STIF sitt 5. div.lag til Høyanger, der dei skal møte botnlaget Vadheim/Høyang 2 (V/H 2). Sjølv om V/H 2 ligg på botnen av tabellen med 0 poeng, vert det nok ein vanskeleg kamp for svelgarane. V/ H 2 har berre spelt to kampar, og tapte då med to mål mot topplaga Hornindal og Kaupanger 2.

STIF har spelt 4 kampar, står med ein siger og tre tap, og har med sine 20 innslupne mål sluppe inn over dobbelt så mykje mål som dei fleste andre laga i divisjonen.

Sjå kampar/tabell her.

Også ny klubbrekord for seniorar

Ny krinsrekord av Kim Leirvik 18.05.2005

17 år gamle Kim Leirvik (biletet) frå STIF, hoppa mandag 16. mai heile 3,67 m i stav, under eit stemne på Fana stadion i Bergen. Dette resultatet er krinsrekord for 17-åringar, og klubbrekord for senior i STIF. Det er Fjordenes Tidende som melder dette. Til avisa uttala ein nøgd trenar, Ingvald Ytrehus, følgande: "Det var så vidt Kim fikk hoppa, for han måtte rekke hurtigbåten heim frå Bergen. Men han gjennomførte 3 hopp."

Leirvik har denne sesongen hatt stor framgang i stavsprang, då han etter utandørssesongen 2004 stod med ein "pers" på 3,10 m. d.v.s. at han har "persa" med 57 cm på litt over eit halvt år.

Dette var den første klubbrekorden i STIF sidan Kurt Hessvik og Alf Erik Berle forbetra ei rekkje klubbrekordar i åra f.o.m. 1990 t.o.m. 1996. Den gamle klubbrekorden i stav var det Reidulf Førde som hadde, då han som 15-åring hoppa 3,65 m i 1957. Førde vart seinare NM-vinnar for junior og senior, representerte Norge i mange landskampar, og vart også seinare landslagstrenar i stav. Dette medan han representerte Tjalve.

Ei oppdatert liste over klubbrekordane i STIF kan du sjå her.


Opning av ballbingen 25. mai 18.05.2005

 
Svelgen Turn og Idrettsforening (STIF)
inviterer til offisiell
åpning av ballbingen
Onsdag 25.mai 2005
kl. 17.30
v/ Ballbingen
Program
 Svelgen Skulemusikk spelar
 Åpning m/ talar
 Leikar / Konkurranse i Bingen

 
Sal av Kaffe/Brus og Kaker
 Lotteri
For Svelgen Turn og Idrettsforening
Styret

Resultata til STIF sine fotballag 17.05.2005

På n3sport.no vil du kunne finne resultata til dei ulike laga STIF har i Fotballkrinsen sine seriar:

Lillejenter 11/12 år 
Lillegutar 11 år 
Lillegutar 12 år:
Smågutar 13/14 år (11`ar):
Jenter 15/16 år 
Damelag 4. div. 
Herrelag 5. div. (11`ar) 

Kor tid resultata vil kome på nett vil nok variere ein del frå kamå til kamp. Det er oppmannen til heimelaget som har ansvar for å ringe inn resultatet til Idrettstelefonen, i følge Idrettstelefonen skal dette skje seinast 30 minutt etter kampslutt.Om oppmennene ikkje ringer inn resultatet, vil det først kome på nett når Fotballkrinsen får dommarkortet via postverket, og når dei har tid til å legge ut resultata.

Oppsettet til Fotballkrinsen sine miniputturneringar finn du her.

Gratulere med dagen ! 17.05.2005

Redaksjonen i Svelgen.no vil ynskje lesarane til lukke med nasjonaldagen. Svelgen har bygevèr, med litt sludd innimellom, og nokre solglimt har det også vore i føremiddag. Temperaturen er rundt 5 gr. C, og snøen ligg langt ned i dei flotte fjella våre.

STIF tapte 2-8 14.05.2005

STIF sitt herrelag i 5. div. tapte lørdag heile 2-8 borte mot Bjørn. Du vil truleg finne referat her ut på lørdagskvelden.

Tabell og andre resultat finn du her.

(der det står her ovanfor, med understrek og utheva, går det an å klikke på og du kjem til ein hutiglink. Kommentar til etterlysning/spørsmål Fritt ord).

Mann omkom i Grytadalen 14.05.2005

Ein mann på veg frå Sunnmøre til Sunnfjord omkom då han køyrde ut i ein sving på riksveg 614 i Flora i natt. Politiet fekk melding om ein person på motorsykkel-tur som ikkje kom fram til besøket sitt til avtalt tid i Førde i går. Dei sette igang leiteaksjon og fann mannen død i Grytadalen i Flora ved 3-tida i natt. Ifølgje operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt har han truleg køyrt ut i ein høgre-sving på veg frå Svelgen, melder nrk.no


Båtdag i Rugsund 13.05.2005

15. mai inviterer kystlaget Hornelen til båtdag i Rugsund for små og store. Roregatta med færingar. Minikurs i kajakk. Fiskekonkurranse. Omvisning på nye Redningsskøyta. Småturar. Programmet innbyr til ein avstressande og passe aktiv pinsesøndag.

 

Rugsund er frå gamalt eit knutepunkt på kysten, og Straumane i dag ein attraktiv snarvei for båtfarande på gjennomreise. Men der er fortsatt liv og røre på begge sider av sundet for den som vil stoppe opp litt. Kystlaget Hornelen åpnar Gulebuda for publikum på fastlandet, og delar arrangementet med Rugsund Handelstad på hi sida av sundet.

 

Så publikum kan rusle omkring i Gulebuda, med kaffi og sveler i handa, medan dei vurdere om dei skal melde seg på som eit tomannslag til roregattaen. Åpen for alle og kystlaget held båtar.

Eller kjempe om premiane for største og minste fisken, eller mest fisk, i fiskekonkurransen litt seinare på dagen. Den startar frå Handelstaden, dit vert publikum frakta med båtskyss frå fastlandet omtrent halvveis i programmet. Fiske kan ein frå kystlaget sine båtar, eller frå kai. Men eiga stong tek ein med. Landhandelen er åpen, fiskesuppe og anna på menyen.

 

I kajakk kan ein nesten ikkje kome nærare sjøen, men det er ikkje heilt enkelt med balansen til å byrje med. Rogier van Oorschot tek gjerne born frå 12 år og oppover med på eit minikurs i kajakkpadling. Kleskift er greitt å ta med. Ellers held kurset alt utstyr.

 

Robåtar ligg ved kaiene til fri bruk for alle som vil ta ein tur. Gavlbåten tek ei runde med dei som vil det. Er veirgudane med, kan det og seglast litt.

 

Den nyaste redningsskøyta til Redningsselskapet, ”Det Norske Veritas” tek turen innom, og viser gjerne fram skuta som skal skape tryggleik på sjøen på våre kantar i åra som kjem.

 

Heilt mot slutten vert det delt ut premiar både for fiskekonkurransen og roregattaen.


STIF til Gaupne laurdag 12.05.2005

Laurdag 14. mai spelar STIF sitt 5. divisjonslag borte mot Bjørn IL i Gaupne. Bjørn har berre spelt ein kamp, og tapte då knipe mot topplaget Kaupanger 2. STIF må unnvære ein del spelarar med "hår på brøstet", men dei som steppar inn er nok sugne på å vise seg fram for trenar Trond Hatleset. Sistnemnde er blant dei som ikkje er kampklar, men om han går inn under betegnelsen i hermeteikn ovanfor er ei anna sak...

Sjå tabell og kampoppsett her. Av kampoppsettet går det fram at STIF har tre bortekampar i Sogn + ei frihelg, før neste heimekamp som er 11. juni.

Revolusjonerande for små mikrokraftverk

Svelgar har utvikla nytt system 12.05.2005

Fem studentar ved Førde Tekniske Fagskule har utvikla eit styreskap som fører til at sjølv dei minste elvar kan gje lønsame mikrokraftverk. Blant desse er svelgaren Kay-André Sørgulen (biletet), som er ein av to som har jobba særleg mykje med utviklinga av styringsskapet.

 

Firda referer følgande frå studentane, som har fått mykje skryt for prosjektarbeidet sitt: ”– Vi trur vi har funne ei nisje, og har planar om å starte eige firma for å tilby dette til både dei som vil byggje ut nye mikrokraftverk, og dei som vil oppdatere det dei har, seier Grytten og Sørgulen. Heile tanken bak, at det skal vere enkelt, brukarvenleg og rimeleg, trur dei vil kunne skaffe dei mange kundar framover.

– Alt vert styrt frå eit sjølvinstruerande display på framsida av skapet. Dette erstattar måleinstrument, knappar og lysindikatorar på dei som er vanlege i dag. Ved å trykkje på displayet kan ein gjere alle naudsynte operasjonar, forklarar Grytten og Sørgulen.

– Med vår løysing vil ein kunne utnytte absolutt alt vatnet som går i elva. Systemet regulerer seg sjølv. Vert elva tom stoggar anlegget, kjem det vatn at startar det av seg sjølv. Dette er i dag mogeleg med kraftverk som har magasin eller større elvekraftverk. Med vår løysing vil det også vere mogeleg i små elvar. Dette vil vere ein stor fordel for eigaren, ettersom han slepp å passe på at anlegget går som det skal til ein kvar tid.”

 

Les heile saka her.

 

BRUKARVENLEG: Frå dette vesle displayet, som svelgaren Kay Andrè Sørgulen er ein av hovudmennene bak, kan kven som helst med litt opplæring kontrollere styreskapet.

EEB er nest billegast i landet på nettleige 12.05.2005

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) er i følge ei prisundersøking frå NVE nest billigast i landet på nettleige. Dette gjeld for hushaldingskundar, og det er i undersøkinga teke utgangspunkt i at kunden brukar 20 000 kWh i året. Med EEB sine prisar betalar ein kunde då 19,3 øre/kWh i nettleige. EEB har det billegaste energileddet med 10,5 øre/kWh, og ettersom landssnittet for fastleddet er på 2026 kr, ligg EEB, med sin fastpris på 1750 kr, under dette.

Les meir og sjå undersøkinga på Svelgen Næringsråd.

Program for 17. mai i Svelgen 12.05.2005










08:00 Flaggheising. Skulemsuikken spelar

10:00 Barnetog. Frå ungdomsskuleplassen

11:00 Gudsteneste i Svelgen Kapell

12:30 Barne og Ungdomsleikar på Idrettsbana. I idrettsshallen om dårleg ver.

16:00 Folketog. Frå Svelgen Samfunnsshus

16:45 Tale for dagen ved Roar Førde

17:30 Familiefest på Svelgen Samfunnshus.

Variert program


SOMMERJOBB I INC SVELGEN?

Vi søker kandidater til sommerjobb ved INC Vedlikehold Svelgen AS. Kandidatene kan gjerne ha tilknytning til Svelgen og være under utdanning i våre fag. Lønn etter avtale. Se hele teksten under "Stilling Ledig" til venstre.

Ragnar Skålbones vann skinka 11.05.2005

STIF har trekt boka som gutelaget som skal til Norway Cup selde lodd på sist veke. Ragnar Skålbones vart den heldige vinnaren.

Svelgen Hotell

Steinar Engelbrektson Band spelar til dans 28. mai 10.05.2005

Den 28. mai spelar Steinar Engelsbrektson Band opp til dans på Svelgen Hotell.

Les meir på 
Svelgen Hotell og på Steinar Engelsbrektson Band.

Innovasjon Norge til Svelgen 7. juni

Har du ein idè eller eit prosjekt du ønsker å realisere? 10.05.2005





Den 7. juni 2005 kjem regionsdirektør Halvor Flatland i Innovasjon Norge til Svelgen. Han vert å treffe på Bremanger Vekst sine kontor i Svelgen Næringsbygg på Rise i Svelgen. Ta kontakt direkte med Flatland om du har ein idè eller eit prosjekt som du vil ha hjelp til å sette i verk. Meir info, og korleis du kjem i kontakt med Flatland, finn du på Svelgen Næringsråd si heimeside. 


Andrè Hatleset på ein god 3. plass

Knut Eikeland den mest effektive på STIF 1963-2004 09.05.2005

Ved ein gjennomgang av scoringssnittet pr A-kamp blant spelarane som har scora meir enn 30 mål for STIF sitt senior A-lag, i åra 1963 t.o.m. 2004, går det fram at Knut Eikeland er den mest effektive spelaren A-laget har hatt nokon gong. Eikeland scora 115 mål for A-laget på 125 A-kampar i åra f.o.m. 1983 t.o.m. 1987, og enda dermed med eit scoringssnitt på 0,90 pr. kamp. Eikeland gav seg diverre med fotballen som 20-åring i 1987. Også i den aldersbestemte fotballen i STIF var Knut Eikeland den mest effektive spelaren, om ein ser på spelarar som scora over 50 mål t.o.m. 1999, med eit snitt på 1,06 mål pr. kamp. Han scora 127 mål på 120 kampar der målscorar vart registrert.

 

Etter Eikeland på A-lagsstatistikken følgjer Arne Vågene med eit snitt på 0,85, med 45 mål på 53 kampar, i åra 1966-1974. Andrè Hatleset (biletet t.v.), som er den mest effektive av dei aktive i dag, følger på 3. plass med eit snitt på 0,75, med 94 mål på 126 kampar, i åra 1995-2004. Mestscorande for A-laget til STIF gjennom tidende, Edvin Førde, har eit snitt på 0,71 mål med 166 mål på 234 A-kampar, i åra 1985-1999.

 

Deretter følgjer følgande spelarar, som også har over 0,50 mål pr. A-kamp:

Torbjørn Pedersen: snitt 0,62 mål, med 37 mål på 60 kampar, i åra 1964-1971

Terje Nybø:            snitt 0,61 mål, med 31 mål på 51 kampar, i åra 2002-2004

Arild Førde:           snitt 0,58 mål, med 76 mål på 131 kampar, i åra 1979-1983

Geir Ask:              snitt 0,55 mål, med 106 mål på 193 kampar, i åra 1975-1988

 

På ein god 9. plass følgjer Arne Rebni (biletet t.v.), som framleis er aktiv på STIF. Han hadde eit snitt på  0,53 mål, med 30 mål på 56 kampar, i åra 1994-2004

 

Nemnast bør også namsosingen Ståle Sagvik, sjølv om han ikkje nådde 30 mål. Han hadde eit snitt på 0,60 mål, med 29 mål på 48 kampar, i åra 1994 og 1995.

 

Medrekna er alle mål scora for A-laget i serie-, trenings-, cup- og turneringskampar på stor bane.

 

Knut Eikeland (t.h.nedanfor) fotografert i 1985 i ein seriekamp mot Sentrum på Svelgen stadion. I denne kampen, i gamle 5. divisjon (svarar til 4. divisjon i dag), scora Eikeland to av STIF sine mål. Mellom beina til Eikeland skimtar ein Ove Fanøy, som scora sigermålet til STIF eit minutt før kampslutt. STIF vann 3-2 i ein skikkeleg spennande gjørmekamp. Foto: Geir Nødseth, Firdaposten


INC Vedlikehold deltok på Holmenkollstafetten 08.05.2005

For aller første gong (?) deltok eit lag frå Svelgen på "Vårens vakraste eventyr", Holmenkollstafetten. På denne stafetten deltok INC Vedlikehold Svelgen AS med eit lag i bedriftsklassen for menn. I følge resultatlista kom dei på ein god 77. plass, eller ein endå betre 4. sisteplass, om ein vil ta det den vegen. Svelgen.no oppmodar INC Vedlikehold Svelgen AS om å kome med skildring frå turen og/eller stafetten, og eventuelt bilder.

Holmenkollstafetten er på i alt 15 etappar, og etappane er av ulik lengde og nokså variert vanskelegheitsgrad. Les meir her: http://www.holmenkollstafetten.no/. Svelgen.no gratulerer INC Vedlikehold Svelgen AS med fullførd stafett.

Nytt stortap på heimebane

Følg STIF-Hornindal på Svelgen.no 06.05.2005

For dei som ikkje har høve til å møte på Svelgen stadion vil Svelgen.no denne gong kome med pauseresultatet om lag kl. 1930, og med sluttresultatet om lag kl. 2030.

Pauseresultat: 1-1 (1-0 til STIF, STIF brente deretter straffe, STIF litt bedre enn "Honndalen", utlikning rett før pause, surt vèr, men gode sveler)
Sluttresultat: 2-7. (3 kjappe imot tidleg i 2. omg, bl.a. sjølvmål, STIF-spelar utvist, full "rakning", og enda surare vèr) 

Nokre timar etter kampslutt vil du finne referat på unge lovande Sortevik si heimeside. Denne finn du på følgande stad: http://home.no.net/thorkien/  Om du nyttar den adressa slepp du uønska "reklame-poppopp".

Vinnar av Scoringsklubben sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar Svelgen Hotell, vart medlem nr. 26, Tobias, Emil, Albert og Frida Bueie. Scoringsklubben har no 33 medlemar, men det er ikkje for seint å verte medlem. STIF har til no scora 4 mål på 3 kampar, og om det scoringssnittet held fram ut sesongen, må kvar medlem betale litt over 200 kr til Fotballgruppa. Men forhåpentlegvis finn STIF forma slik at det vert nokre kroner meir til drift av Fotballgruppa sine mange lag. Meir info om Scoringsklubben finn du på seniorlaget si heimeside: http://home.no.net/thorkien/

Tabell og andre resultat i 5. divisjon finn du her. Elles kan Svelgen.no opplyse om at STIF ikkje var det seniorlaget i kommunen som oppnådde verst resultat denne fredagskvelden, då Bremanger tapte 1-7 borte mot Loen i 4. divisjon.

April-nedbøren i Svelgen 06.05.2005

I april fall det 172 mm nedbør i bygda vår, medan det normale for april er 123 mm. 17 døgn var heilt utan nedbør, og av desse var 15 døgn på rad i siste haldel av månaden. Det meste som fall på eit døger var 33,8 mm.

Fortvila over sløkte gatelys
Fortvila: Svein Inge Fosse er lite nøgd med at gatene i Kalvåg er mørklagde om natta. - Eg hadde håpa kommunen revurderte si haldning, seier Fosse, som i fjor betalte av eigen lomme for å sikre kveikte gatelys i sentrum av Kalvåg. 
Svein Inge Fosse ved Knutholmen på Kalvåg er fortvila over at kommunen også i år har kutta gatelysa. - Eit minimum må vere tende gatelys i helgane, seier Fosse. Foto: Åge Senneset.

Meir i Fjordenes Tidende

Marknad i hesteskoen 05.05.2005

Onsdag 11. mai kl. 1630 – kl. 1930,

utanfor butikken til Byggeriet (i hesteskoen).

 

·        Besøk av leverandørar

·        Demonstrasjonar

·        Trender/nyheiter innan interiør

·        Gode tilbod i butikken

·        Trekning av gåvekort

·        Sal av kaffi og natronkaker

 
Arr.: Byggeriet Ytrehus Sag avd. Svelgen

 


Svelgen Røde Kors Hjelpekorps

Gi oss panten! 04.05.2005

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps har i samarbeid med Norsk Resirk sett ut to stk dunkar for oppsamling av flasker og boksar med pantemerke.

 

Dunkane (sjå bilete) er plassert ved COOP, Svelgen, og ved miljøstasjonen ved Lasses.

Ved å legge flasker og boksar i desse dunkane støttar de Svelgen Røde Kors Hjelpekorps. 100% av inntektene går til Svelgen Røde Kors Hjelpekorps. Så for kvar pantekrone som du legg i dunken går ei krone til Svelgen Røde Kors Hjelpekorps.

5. divisjon: Svelgen-Hornindal

Svelgen stadion fredag 6/5 kl. 1845 04.05.2005

Fredag 6. mai tek STIF i mot divisjonsfavoritt Hornindal. Kampstart kl. 1845. Sjå tabell og kampar her.

Med info om bl.a. spanande besøk på medlemsmøte

Svelgen Næringsråd med ny heimeside 04.05.2005

Svelgen Næringsråd har fått ny heimeside. På denne sida finn du nyhende frå næringslivet i Svelgen og omegn, info om SNR, info om alle dei 29 medlemsbedriftene i SNR, du kan kome med innspel til SNR, og du finn også nyttig info om du syslar med planar om å starte eiga bedrift.

 

På nyhende på SNR-sida finn du for tida mellom anna følgande:

  • Info om medlemsmøtet i SNR 2. mai der ordførar Kåre Olav Svarstad og stortingsrepresentant Reidar Sandal var på besøk
  • Epostintervju frå Byggmester Sverre Magne Dyrstad og Norway Adventures
  • Byggeriet Ytrehus Sag AS skal ha marknadsdag utanfor butikken i Svelgen 11/5
  • Bakarhuset KF har skifta namn

Denne sida finn du på same adresse som før: http://www.snr.svelgen.no/  SNR nyttar same heimesideleverandør som Svelgen.no. Heimesideløysinga er levert av Infotech AS i Bergen, der utflytta svelgar, Dag Haugen, er dagleg leiar. Svelgen.no og SNR nyttar Infotech AS sitt hovudprodukt, ITBASE. Dette er ei heimesideløysing som både Svelgen.no og Svelgen Næringsråd er svært godt nøgd med.

Konsernsjef Ole Enger:

- Verdsleiande tilsette i Svelgen 03.05.2005

- Eg har sjeldan, om nokon gong, blitt så glad for ein invitasjon som den eg fekk frå Svelgen om å vere 1. mai talar. Det satte eg veldig stor pris på, sa Ole Enger då han entra talarstolen på Samfunnshuset søndag.

 - Då eg kom til Svelgen i dag, vart eg spurt om eg hadde noko spennande med meg i kofferten. Til det må eg vel svare at eg førebels ikkje har noko konkret, sa Ole Enger og la fort til:

- Men som de veit er vi i gang med reinsing av silisium til bruk av produksjon av solceller. Dette er ei stor framtidsretta og miljøvenleg energiform som det vil bli global etterspurnad etter. Elkem Bremanger er i gang med pilotprosjektet, og dersom vi lukkast burde det legge til rette for ei stor industrisatsing i Svelgen, sa Enger og vart avbroten med ein rungande spontan applaus.

   260 menneske stilte opp på Svelgen samfunnshus. Heile arrangementet var dugnadsbasert med tre initiativtakarar i arrangementskomiteen, Marianne Herje, Jonvald Naustdal og klubbleiar Bjørnar Førde. Dei hadde fått andelseigarane, altså lag og organisasjonar i Svelgen, til å lage kaker og Sanitetslaget til å stå for salet.  Svelgen Skulemusikk spelte opp og sette salen i stemning, og gjorde sjølv med eit sterkt redusert korps ein framifrå jobb.

1.mai er arbeidarrørsla sin dag, og allsong høyrer sjølvsagt også med. Heile salen stemde i saman med medlemmar av Svelgen Songlag. Seinare fekk dei mange frammøtte musikalske innslag av dei unge gitaristane Kristiffer Ephithite og Anders Langeland, som i eitt Beatles-nummer også hadde med seg songfuglen Malin Sandvik. Ludmila Matvienko stod for dei vare tonane gjennom sitt spel på flygel.

Men det var ikkje berre musikalske innslag. 19 år gamle Isabel Grindheim heldt apell og fekk betalt i stor applaus frå tilhøyrarane. Ho tok til motmæle til pensjonsreforma og talte varmt for  6 timars dagen.

Det som gleda sambygdingane mest vart nok likevel å høyre at ho set så stor pris på heimstaden og at ho vil strekke seg langt for å få ei utdanning som gjer at ho kan flytte heim att.

Les meir om det storarta arrangementet og meir av Ole Enger si tale i Fjordenes Tidende onsdag. 

 

 

 

 


Heltemedalje til Mattis Hamre 03.05.2005

 Under 1. mai arrangementet på Svelgen Samfunnshus søndag kunne ordførar Kåre Olav Svarstad opplyse at han hadde ei sak utanom programmet.

- Eg har fått den store æra å tildele ein av våre innbyggarar Carnegies Heltefond sin medalje, sa ordføraren til ein fullsett storesal. Og dette er historia bak medaljen:

 Det var den 10. september i fjor Mattis Hamre frå Davik redda ein gut frå å drukne i Novavatnet. Hamre var med i eit jaktlag på fem personar som sette over Novavatnet i ein liten aluminiumsbåt med påhengsmotor. Under  overfarten blåste det opp og båten vart fylt med vatn. Om lag tredve meter frå land kantra den. Rundt ulukkesstaden var det steile hamrar på alle kantar og berre ein stad det var råd å komme seg i land. Etter kantringa klarte to av dei vaksne ganske raskt å symje i land.

Då Hamre kom til overflata etter velten, oppdaga han at den yngste deltakaren, ein 14 år gamal gut, svømte i feil retning. Hamre for etter og fekk trekt han med seg inn mot land. I tillegg måtte han ta seg av to vaksne som låg ved båten. Ein av dei var lite symjedyktig. Hamre baska seg til lands med guten og ein vaksen på slep, medan den andre svømte sjølv.  
 Carnigies Heltefond meiner Matteis Hamre gjorde ein heltemodig innsats utan tanke for eige liv. Ordførar Kåre Olav Svarstad tok på seg det ærefulle oppdraget på vegne av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I tillegg til medalje og kunstnarisk diplom fekk Mattis Hamre ein sjekk på 3000 kroner. Heile salen, deriblant også Elkem sin konsernsjef Ole Enger, reiste seg i ståande applaus då medaljen vart festa på skjortebrystet til den unge helten.

 

Dette er Carnigies Heltefond:

Carnigies Heltefons hedrer den som i fredelig livsgjerning er blitt skadd under frivillig, heltemodig strev for å redde menneskeliv. Fondet tildeler kunstnerisk utført diplom og medalje. Styret består av USAs ambassadør og to personer oppnevnt av Kongen.

Frå Fjordenes Tidende måndag 2. mai. 


Fotball

Arild Myklebust passerar 200 seniorkampar for STIF 02.05.2005

Fredag 6. mai, når STIF spelar heime mot Hornindal, spelar Arild Myklebust (biletet frå 2004) sin seniorkamp nr. 200 for STIF. Han vil ved sesongslutt få ei utmerking for desse 200 kampane. På STIF sin maratontabell, som inneheld kampar for både A-lag og B-lag/2. lag, vert Myklebust den 28. spelaren som når 200 kampar. Berre fem av dei andre spelarane som er aktive i 2005 har passert 200 kampar. Dei 200 kampane fordeler seg på 162 A-kampar og 38 kampar for B-lag/2. lag.

 

Myklebust debuterte på A-laget i 1993, og er no inne i sin 13. sesong på rad på STIF sitt A-lag. Han fekk med seg oppturen til 3. divisjon 1998-2000, og STIF sin einaste NM-cupkamp i 2000 mot Florø, og sidan nedturen frå 3. til 6. divisjon (!) før sesongen 2001. Myklebust, som fyller 28 år i år, har scora 11 mål for A-laget. Av desse er 7 scora i seriekampar. Sidan Myklebust stort sett har spelt i forsvaret, har dei fleste måla kome på straffer og flotte frisparkmål. STIF-trenar, Trond Hatleset, gjev Myklebust følgande karakteristikk: ”Arild er ein rutinert forsvarspelar som har sin styrke i duellspelet. Han har også ein god venstrefot som alltid er nyttig på døballar. Ellers er Arild ein påliteleg type som er gull verdt for ein trenar.”

På biletet nedanfor, ser ein Arild Myklebust (t.h.) i aksjon i STIF sitt seniorlag sin einaste NM-cupkamp i historia, mot Florø SK i 2000-sesongen. I midten tidlegare STIF-spelar Paal Øyvin Frøyen. Avisutklipp: Firdaposten

Enger skapte optimisme i Svelgen 02.05.2005

– Eg har ein draum om å få til silisumreinsing. Klarer Elkem det, burde alt ligge til rette for ei stor industrisatsing her i Svelgen, sa konsernsjef Ole Enger i Elkem til øyredøyvande applaus då han heldt sin 1.mai tale i Svelgen. Les meir i Firdaposten.no

Bygg og Reinholdsservice AS med ny heimeside 01.05.2005

Ta ein tur innom Svelgen.no sin støttespelar, Bygg og Reinholdsservice AS, si nye heimeside. Her har dei mange nyttige tips og råd til deg som skal bygge hus, rehabilitere huset eller av deler av det.

-Det er mogeleg å sende elektronisk forespørsel.

-Link til BE og søknadsskjema m.m.

-Skadebegrensning.

 Sjå: www.byggrenhold.no  (du finn også sida ved å klikke på logoen t.v. på denne sida).

 

Bygg og Reinholdsservice AS nyttar same heimesideleverandør som Svelgen.no.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars