Arkiv Juni 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Hugs avlesing av straummålaren 30.06.2009

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at onsdag 1. juli skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 


Friidrett

Lag til krinskamp 13/14 år under Sparebankleikane på Byrkjelo. 30.06.2009

 

 

 

 

 

Marte Hessvik Holm (14.år) er utteken på Sogn og Fjordane sitt lag i den årlege krinskampen under Sparebankleikane 4. og 5.juli

       

Krinskampen er mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og

Møre og Romsdal.

                  Les meir på STIF og Friidretten si side


Lite nedbør i Svelgen i juni 30.06.2009

I juni fall det 57 mm nedbør i Svelgen, mot normalt 129 mm. Det meste som kom på eit døgn var 12,3 mm, medan 15 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset til Elkem Energi Bremanger.

 

Sidan 1939 er 7 mm og 305 mm det lågaste og høgste ein har målt i juni månad i Svelgen.


Elkem Energi Bremanger søker ferieavløysar 30.06.2009

Elkem Energi Bremanger AS søker etter ferievikarar for snarleg tilsetjing. Arbeidet vil i hovudsak bestå av male- og ryddearbeid, og vi søker etter personar over 18 år som kan arbeide sjølvstendig. Arbeidet vil vare i 4-6 veker.

 

Interesserte tar kontakt med Asbjørn Svarstad snarast på mobil 90763705 eller epost asbjorn.svarstad@elkem.no.


Oppløysing av Svelgen Nærradio 26.06.2009

 

På ekstraordinært årsmøte i Svelgen Nærradio (SNR) 15. juni, vart det vedtatt å oppløyse andelslaget. Dei midlane som er i laget vert å utbetale til andelseigarane i samsvar med vedtektene.

 

Som avviklingsstyre vart valt:

Kåre Myklebust

Willy Bell

Arnar Kjelkenes

 

SNR vart skipa 10. mai 1984 etter initiativ frå Bremanger Smelteverk. Første sendinga var 25. februar 1985 og vart dermed den første nærradioen i Sogn og Fjordane i ordinær drift. Radioen baserte seg på frivillige og ulønna medarbeidarar. Den første redaktøren var Carl Cirotzki. Dei første åra var dekningsområdet berre Svelgen, men seinare kom det til omformarar i ytre del av kommunen. Radioen var i drift fram til 1996. Vanskar med å skaffe medarbeidarar og nye konsesjonsreglar vanskeleggjorde vidare drift.

 

Radioen har eit stort platearkiv. Avviklingstyret vil freiste å selge disse platene. Nærmare om kvar og når, vil bli gitt seinare. Ein del av platene er truleg utlånt av trufaste lyttarar. Dei som meiner å ha lånt ut plater utan å ha fått dei attende, kan vende seg til Kåre Myklebust på Svelgen Skule.


Svelgen skulemusikk frå dør til dør:

Innsamling av data på straummålarar 25.06.2009

Mange i Svelgen har allereie hatt besøk av representantar frå Svelgen skulemusikk, som har notert nokre data/opplysningar på straummålarane. Det er Elkem Energi Bremanger som har gitt oppdraget til Svelgen skulemusikk, i samband med at Justervesenet skal ha opplysningar om straummålarane i heile landet.

 

Dei som ikkje har hatt besøk av representantar frå Svelgen skulemusikk, vil få det i løpet av sommaren. Ta vel i mot desse!

 

PS: Dei som kjem på døra noterer ikkje målarstand, så alle må melde inn målarstand rundt 1. juli som vanleg. Til innmeldinga av målarstand, bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

 

God sommar!

 

Elkem Energi Bremanger AS


- Eit heilt unikt stavhoppmiljø 24.06.2009

- Stavhoppmiljøet som Svelgen har fått fram, er heilt spesielt. Også i nasjonalt samband, seier leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Narve Heggheim.

 

Eldsjela Ingvald Ytrehus vert peika på som den største faktoren til stavhoppsuksessen i Svelgen. 70-åringen har vore samanhengande trenar i 35 år og fekk i vinter Kongens fortenestemedalje i sølv. - Hadde det ikkje vore for han, så hadde nok ingen hoppa stav, trur Heggheim og tykkjer det er imponerande det Svelgen har fått til. Klubben har ifølgje friidrettsleiaren ikkje hatt allverda med utsyr, men byggjer no om stadion. Noko som også slår positivt ut for stavhopparane.

 

Les meir og sjå bilete hjå NRK S og Fj.


Dugnadsbilder (legging av bane rør) 24.06.2009

 

                   

 

  På STIF og Svelgen Stadion si side,

  kan dykk sjå dugnads bilder fra legging av

  banerør......


Ny Solarfabrikk går truleg til utlandet 23.06.2009

Svelgen ser ikkje ut til å få ein ny solcellefabrikk slik mange hadde håpa på.

For ifølgje Dagens Næringsliv planlegg Elkem Solar no ein ny, stor solcellefabrikk i utlandet - og ikkje i Svelgen.

 

Om to månadar opnar selskapet sin nye fabrikk i Kristiansand, men selskapet har ein dobbelt så stor fabrikk på teiknebrettet. Aktuelle plasseringar er Midt-Austen, USA, Canada og Island. Dette på grunn av gunstige energiprisar.

- Infrastrukturen i området må vere på plass før Svelgen vert vurdert, seier verksdirektør Steinar Talle ved Elkem Bremanger, til Fjordenes Tidende.

 

Han er ikkje overraska over avgjerda til Elkem og meiner at 45 minuttsregionen må etablerast. Dermed tyder mykje på at Bremanger kan gå glipp av 200 nye arbeidsplassar.

- Heilt klart at rammevilkåra er avgjerande. Det vere seg kraftprisar, skattevilkår og lønskostnader. Investeringa Orkla har gjort på Fiskaa ved Kristiansand er den største landbaserte investeringa som er gjort her i landet med ein kostnad på 4,2 milliardar kroner. Utan ei satsing på vegbygging i vår region er Svelgen uaktuell også når neste tog går frå perrongen, seier verksdirektør Steinar Talle.


Sommaren er på veg! 22.06.2009

Her er yr.no sitt langtidsvarsel, og det ser ut til at sommaren no er på veg. Som vi veit i Svelgen, vil temeraturane mest truleg ligge mellom 3 og 5 grader over det som vert meldt på godversdagar om sommaren, av ein eller anna ukjent grunn (har du ein teori om kvifor det er sånn, høyrer vi gjerne frå deg!!)

Sommaren er også på veg til redaksjonen, så sidene vert kanskje ikkje så ofte oppdatert som vanleg.

Vi ynskjer alle våre brukarar ein god sommar!!

 


Dørseljar gjekk til angrep i Bremanger 22.06.2009

 .

Ein huseigar i Bremanger vart i helga angripen av ein dørseljar. Etter eit mindre basketak skal dørseljaren ha rømt frå staden.

 

I løpet av helga har politiet fått fleire telefonar frå huseigarar fleire stader i fylket, som har kjent seg truga av heller pågåande dørseljarar.

– Fleire av desse dørseljarane syner ein slik aggressivitet at huseigarane føler seg utilpasse i situasjonen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge.

 

Han oppmodar folk til å melde ifrå dersom dei opplever liknande episodar med seljarar.

– Det er viktig for oss at vi får opplysningar om kor episodane skjer. Legg merke til korleis folk ser ut og kva bil dei køyrer, slik at vi har haldepunkt å gå etter, oppmodar Hauge.


Ny klubb- og kretsaldersrekord i stav for G16 på Stampesletta 21.06.2009

 

         

 

Les meir på STIF og Friidretten si side.....

             

 

Fredag

         Lørdag

                   Søndag


Gratis takstein 21.06.2009

Treng du takstein til garasje / hytte eller hus ?

Eimhjellen bygg og utleige skal skifte tak på Ålfoten skule. Dette blir gjort fordi papp og tettingar er for dårleg utført. Sjølve steinen er i OK stand .

Totalt 1300 m2   H -panner 15 år gammal blir gjeve vekk. For å få stein er det ønskeleg at du er med og hjelper til å   tek av steinen du vil ha / transport .

 

Er du interessert i   stein så ta kontakt snarast råd

Jostein Eimhjellen

Tlf.: 48275626

 


STIF

Spinning 19.06.2009

Spinninga tar sommarferie og startar igjen i byrjinga av august.

Kjem meir informasjon når det nærmar seg.

 

God sommar og vel møtt i august!


Klart for turorientering 2009 19.06.2009

Keipen Turlag ynskjer velkomne til årets turorientering som er lagt til følgande ruter (kart og startkort får du kjøpt på Statoil (50,-/20,-):

 

 

Nesbø-Omvendeskaret

Sande-Didrikstien

RV 614-Knekkevannshytta

RV614-Vingevatn

Det er lagt ut 24 postar som ein kan ta i den rekkefølge ein vil. Postande vert hengande ute til slutten av august.

 

Rettleiing om orienteringa:

På kontrollkontoret er det merka kva for nummer posten har, i lag med ein bekrivelse på terrenget/ein detalj der posten heng. Postane er merka med kvit/organsje postflagg med nummer på. På postane heng det ei klippetang for å klippe i kontrollkortet. Kvar tang har sin kode. Klipp i nummerfeltet for posten i kontrollkortet.

På nokre av postane er det ikkje tang med eit teikn/kode som de skriv inn i kortet dykkar. Kompass kan lette arbeidet med å finne nokre av postane.

 

Merkekrava i år er

Gullmerke 24 poster

Sølvmerke 20 poster

Bronsemerke 18 poster.

 

Dei som greier gullmerket er med i trekninga av tre fine premiar.

 

Ver venleg å gje beskjed om det er feil eller manglar ved postane. Ta gjerne kontakt med underteikna om det er noko du luerer på. Kontrollkorta må leverast til Svelgen Motorsenter eller underteikna.

 

Steinar Isene

95030371


Det er no tilsett ny dagleg leiar hjå INC Vedlikehold Svelgen 19.06.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Les meir om dette, og andre næringsnyhende, på Svelgen Næringsråd si heimeside.


LYSBILDER FRÅ POLEN/TYSKLAND 19.06.2009

Undommane som no er ferdig med 10.klasse syner lysbilder på Keipenstova

Mandag 22.juni kl.1200


I desse ferietider:

Hugs straumavlesinga rundt 1. juli 18.06.2009

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at onsdag 1. juli skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 


Tre skular kan ryke 17.06.2009

Bremanger kommune kan spare nesten fire millionar kroner på å leggje ned tre skular. Det er konklusjonen til Odd Glasø Knutsen i Utviklingspartner.
Politikarane har gjentekne gongar sagt at skulestrukturen ligg fast og om dei no vil ta debatten er slett ikkje sikkert.

- Feil tidspunkt å starte ein diskusjon om skulestruktur no. Den får vi ta etter at Bremangersambandet2 har fått virka nokre år og etter at Solar-fabrikken er etablert i Svelgen, seier tidlegare ordførar i Bremanger, Einar Kjerpeseth (Sp).

Den største innsparinga får ein om ein legg ned skulane Frøyen, Kolset og Ålfoten. Det konkluderer Utviklingspartner med i si analyse.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende i dag, onsdag 17. juni.

Joensen legg fram årsmelding i dag 16.06.2009

Rådmann Tom Joensen skal i dag legge fram si årsmelding. I den set han si lit til eit positivt utfall i Terra-rettssaka.

I samband med at kommunen i september vedtok å stanse innbetalingane på lån til DNB NOR som finansierte verdipapirkjøpa gjennom Terra Security AS, er kommunen stemna for tingretten i Oslo.

I årsmeldinga si skriv rådmannen at «ved eit positivt utfall for Bremanger i saka, vil den økonomiske situasjonen verte dramatisk endra. Inntil saka er avgjort vil vi likevel handle som om det akkumulerte lånet skal betalast etter planane». Dette melder Firdaposten.


FRA OG MED MANDAG 15.JUNI ER ALL FERDSEL INNE PÅ SANDLAGT BANEOMRÅDE FORBUD 16.06.2009

 

I forbindelse med at sanden nå er lagt ut er vi nødt å innføre FORBUD for alle om å gå inn på banen. Forbudet innføres fra og med i kveld og er en nødvendighet for å kunne sikre at banedekket ikkje ødelegges. Forbudet vil vare frem til kunstgresset er lagt.....

 

Les meir og sjå bilder fra heimesida til STIF

 


Trudi ut av Coopstyret 16.06.2009

Trudi Vågene har sagt fra seg gjenval i Coop Norge sitt styre, melder NTB.

Svelgen skule jubilerer! 15.06.2009

Svelgen skule skal jubilere! Det er i år 50 år sidan 1.byggetrinn av barneskulen og bassenget stod ferdig. Dette skal markerast laurdag 14.november med eit stort arrangement i idrettshuset, og vi treng di hjelp! Mange er det som opp gjennom åra har vore knytte til skulen, anten som elevar eller tilsette,   og vi er sikre på at fleire har noko dei kan bidra med på ein slik kveld. Tenk på kva du kan bidra med, ta kontakt med kjenningar og klassekameratar og finn ut kva de kan få til av innslag. Ikkje noko er for lite, ikkje noko for stort. Sprei ryktet om jubileum, ta gjerne i bruk Facebook, telefon og e-post. Alle typar innslag er av interesse.

 

I tillegg til underhaldning i idrettshuset vil vi ha utstillingar av ulike slag, matservering og innslag i basseng og bane som symjegruppa tar seg av. Det vil også vere Open skule (truleg fredag) i skuletida, og skulebygningane vil også vere opne for mimring m.m. laurdag.

Kom gjerne med innspel og idéar, vi tar imot med takk. (Bildet er av kommande avgangsklasse 2009/10 som er teke for nokre år tilbake, som vi kan sjå).

 

Kontaktperson:

 

Torgeir Eidsvik

Krunevegen 2,

6723 Svelgen

 

torgeir.eidsvik@enivest.net

tlf   57 79 33.51 / 917 09 723


Takk frå Svelgen Samfunnshus 15.06.2009

Takk til Funksjonærforeninga ved Elkem for pengegåva på kr. 60.406,75 som de har gitt til Svelgen Samfunnshus.

Styret er svært glade for all støtte som gir gitt både pengegåver og dugnadsarbeid. Vi har mange oppgåver å ta fatt i t.d. å renovere kjøkkena, ny ytterdør på nedsida osv…….. sjå Samfunnshuset si nettside. Det elektriske anlegget og varmvatnet blir jobba med i sommar, der får vi god hjelp av Rørleggarfirma Nigardsøy og Ferstad Installasjon.

Har de lyst til å gjere ein innsats for Svelgen si storstove ta kontakt, ellers er det framleis høve til å betale innpå innsamlingskontoen.

 

Svelgen Kino vil også takke Ansattes Forening INC Svelgen for støtta på

kr. 50.000 til ny ”moderne” (digitalisert) kino.

 

Svelgen Samfunnshus AL

Bjørg H. Didriksen

 

 

 


14.06.09. YIT leikane Førde

Mange fine resultater av Svelgen sin utøvere... 15.06.2009

 

 

Bilde viser Ole Martin Gjerde som

persa i høgde..

 

Les meir på STIF og

 

Friidretten si side


Blårøyk og jubel i Svelgen 15.06.2009

SHOW: Motorsprenging var det som hausta størst applaus i Svelgen laurdag. Foto: Dag Nesbø Frøyen 

Les meir og sjå bilde serie i Firdaposten


Ny ferje på Isane-Stårheim 13.06.2009

I dag var det ferjefest på Fiskerstrand Verft på Sunnmøre då Fjord1 Fylkesbaatane døypte og overtok to nye bilferjer. Det er bilferjene «Vågsøy» og «Davik» som Fiskerstrand Verft har bygt for Fjord1 Fylkesbaatane. "Vågsøy" skal gå mellom Måløy, Husevåg og Oldeide og "Davik" mellom Stårheim og Isane. Begge ferjene tek 42 bilar. Les meir hjå Sunnmørsposten og NRK.

 


Dagstur for pensjonistane. 09.06.2009

Vi minner om dagsturen til Sogn den 17.juni. Det er endå nokre plassar ledige, men det minkar på dei!

Vil du vere med så ta kontakt med Konrad 57793336/ Anne Lise 57793553 eller skriv deg på lista på Keipenstova.

 

OBS! Nærare opplysningar om turen finn du ved å klikke på "Keipenstova"!



Påminning om tur til Fuglesteg 10.06.2009

KEIPEN TURLAG MINNER OM TUREN TIL FULGESTEG I HELGA. ( SJÅ ANNONSE 04.06.) FOR FÅ ER PÅMELDE TIL AT VI KAN SETTE OPP BUSS SÅ  TUREN VERT MED PRIVATBILER.
PÅ HYTTA ER DER GOD PLASS OG DET ER IKKJE FOR SEINT Å MELDE SEG PÅ. DU KAN TA KONTAKT MED OTTAR DAHL TELEFON 57795572

Neste års 1. klasse i Svelgen 10.06.2009

Her er dei nye 1. klassingane som skal ta til på skulen til hausten. Dei har allereie prøvd ut klasserom og pultar, og som vi ser har dei også laga seg esker som dei skal samle sommarminner i til dei kjem tilbake til skule etter sommaren. Sjå fleire bilder frå "prøveskuledagen" på Svelgen Oppvekst.


Oppsummeringsmøte for 17. maikomitèen 2009 09.06.2009

 

    

Medlemane i 17. maikomitèen 2009 vert med dette

kalla inn til oppsummeringsmøte på

Svelgen skule tysdag 9/6 kl. 19.00.   Vel møtt!


Fantastiske resultater av svømmarane frå Svelgen 08.06.2009

 
Denne helga gjekk Førde-sprinten av stabelen. Totalt deltok 131 svømmere frå Bergen, Eid, Førde, Volda, Brattvåg, Sogndal, Ålesund, Florø og Svelgen.
Svelgen stillte med 11 svømmere og 2 rekrutter.
Rekruttene Alexander Mundal og Adrian Teigene deltok lørdag og gjorde ein flott innsats.
I åpen klasse vart det mange individuelle medaljer til Svelgen. Totalt 22 gull, 13 sølv og 1 bronse.
 
Rikka Kjelkenes   : 2 gull, 1 sølv
Elisabeth Mundal : 4 sølv
Nora Teigene       : 1 gull, 4 sølv
Rebekka F. Blix   : 1 sølv, 1 bronse
Katrine Ask         : 5 gull
Torstein Ask        : 6 gull
Marcus Teigene   : 1 gull, 3 sølv
Matias Gulestøl   : 7 gull
 
I tillegg deltok Vegard Strandos, Jan Lucas Førde og Sebastian Ephithite.
 
Jentene tok sølv på begge stafettene, 4x50 medley og 4x50 fri. Her deltok Elisabeth, Nora, Katrine og Rikka.
Guttene tok sølv på 4x50 medley. Her deltok Jan Lucas, Sebastian, Marcus og Torstein.
På 4x50 fri tok guttene gull. Her deltok Marcus, Matias, Sebastian og Torstein. Her er det verdt å nevne at dei var bare 1 sek fra å ta klubbrekorden som har stått siden 1978. Den skal takast til våren!
 
Nesten alle svømmarane sette nye persolige rekorder i dei fleste øvelsane dei svømte. Klubbane rundt oss er imponert over det vi presterer når dei veit vi ligg og trener i eit 12,5m basseng. Vi er den einaste klubben som har så lite basseng. Kanskje det ein vakker dag dukkar opp ein millionær som spytter inn eit startbeløp til nytt basseng, slik det skjedde med fotballbana! Kven veit?

Sommartilbod til barn og unge Svelgen 08.06.2009

 

Dei to fyrste vekene av sommarferien har kulturavdelinga følgjande tilbod i Svelgen området for barn og unge i alderssteget 5. til 7. klasse i Svelgen-området:

 

Måndag 22. juni

Open Realen frå kl: 10.30 – 13.30. Bremanger ungdomsråd. Varierande aktivitetar.   Eigenandel 50,- betalast ved oppmøte. Vi lager ostesmørbrød til lunsj.

 

Onsdag 24. juni

Open Realen frå kl: 10.30 – 13.30. Bremanger ungdomsråd. Varierande aktivitetar.   Eigenandel 50,- betalast ved oppmøte. Vi lager sveler til lunsj.

 

 

Fredag 26. juni  

Tur til Havhesten. Avreise kl: 8.25 Buss frå Firda bilag – retur ca kl: 14.00 frå Havhesten. Eigenandel ca kr: 145,- inkluderer buss tur/retur og inngang på Havhesten.    Fyrst til mølla prinsippet, påmelding til:  kulturkontoret@live.com, namn , alder og eit mobilnr. Barnet må kunne symje.

Ta med matpakke, eller kjøp i kafeen.

 

 

 

Måndag 29. juni

Open Realen frå kl: 10.30 – 13.30. Bremanger ungdomsråd. Varierande aktivitetar.   Eigenandel 50,- betalast ved oppmøte. Vi lager ostesmørbrød til lunsj.

 

Onsdag 1. juli  

Open Realen frå kl: 10.30 – 13.30. Bremanger ungdomsråd. Varierande aktivitetar.   Eigenandel 50,- betalast ved oppmøte. Vi lager sveler til lunsj.

 

Ansvar

Alle aktivitetane foregår på eige ansvar. Bremanger kommune har ikkje ei eige forsikring på dette tilbodet. Familien/barnets eigen ferie/fritid forsikring må ev nyttast.

Barn med spesielle behov for tilsyn, må ha med seg eigne vaksne. Viktig med informasjon i forkant. Har barnet ein sjukdom som det er viktig å informere oss om, bør dette opplysast i påmelding.

 

Meir info kontakt

Anita Løver              mobilnr: 95985267

- ungdomsleiar-             


STIF

Barnetrim 07.06.2009

Barnetrimmen har tatt sommarferie.

 

Vel møtt til hausten!

 

STIF


Imponerande innsats av stavhopperane våre på Framolekene 06.06.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilde viser en glad Daniel etter ny pers i stav på Framo leikane fredag 5.juni.

 

Les meir på STIF og friidretten si side her   

NRK Sogn og Fjordane  og Firdaposten

Også Sogn og Fjordane Friidrettskrins  si side skriv om stavgutane til STIF.

 

 


Svelgen Røde Kors

Svelgen vann DM 2009! 06.06.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Svelgen Røde Kors sine beste kvinner og menn vann i dag Distriktsmesterskapen for hjelpekorps.

Svelgen sitt lag vann nattas orienteringsløp og gjekk også ut som vinnar samanlagt.

Laga var igjennom orientering med 10 postar natt til i dag. Så var det tidleg opp for å gjere seg klar til 10 krevjande postar i førstehjelp og redning i Førde Sentrum.

Svelgen skal representere Sogn og Fjordane Røde Kors i Norgesmesterskapet i Tromsø i september.

 

Svelgen sitt lag:Dommar, Ingeir Løvold. Lagleiar, Arne Rebni. Lagsmedlemmar, Helge Lekven, Helene Lie, Astrid Johanne Vårdal, Trond Kvellestad og Arild Naustdal.

Vi gratulerar!


Statoildråpen i Breivika fell i august 05.06.2009

Svelgen Motorsenter får ny kjede, nye pumper og nye tankar. Les meir om dette, og andre lokale næringsnyhender, på Svelgen Næringsråd si heimeside.

Ledig vikariat ved NAV Bremanger 05.06.2009

  NAV Bremanger

har ledig eit årsvikariat som Rådgjevar i 100%   stilling frå september 2009. Sjå Stilling ledig til venstre.

 

Søknadfrist :    25.06.09


Lagt igjen klede på Samfunnshuset? 05.06.2009

Attgløymde klede på Samfunnshuset. Sjå på bildet, eller kom innom. 
Må hentast innan 20. juni.
.
Bjørg
Svelgen Samfunnshus AL

 

SOMMAR, sommar, sommar ….?


SFE vil kjøpe kraftaverk i Svelgen 05.06.2009

Om Elkem vil selge kraftverka kring Svelgen vil Sogn og Fjordane Energi vere interessert i å kjøpe.

Dette stadfestar konstituert direktør i SFE, Ingolf Ågård overfor NRK Sogn og Fjordane.

Elkem skal ha planar om å kvitte seg med kraftverka som leverer straum til smelteverket i Svelgen.

Ågård presiserer at først må Elkem bestemme seg for kva dei vil gjere med kraftverka før noko kan skje i saka.


Svelgarar med i tysk storfilm på Kalvåg 05.06.2009

Fleire svelgarar (mellom anna Sølvi Løvseth som vi ser tek ventinga med stor ro) var blant statistane under innspelinga av "Liebe am Fjord - Der Gesang des Windes" på Knutholmen på Kalvåg torsdag. Filmen vert produsert av den største TVkanalen i Tyskland, RTL,  med fleire millionar sjåarar. Scena, som omhandla eit dramatisk sølvbryllup, vart spelt inn heile tretten gongar frå alle mogelege vinklar. Dei tålmodige statistane måtte, tilliks med dei tyske stjernene Jutta Speidel og Jan Gregor Kremp (nederste bildet), også vente på solgløtta innimellom vind og regn. - Sola dukkar alltid oppigjen. Det har eg lært dei siste to vekene, sa regissør Matthias Tiefenbacher som hadde hyrt Svein Arild Vadsø (øverste bildet) frå det lokale filmselskapet Firework til å hjelpe seg. Og at sola alltid dukkar opp på Kalvåg fikk han rett i. Opptaka starta kl. 1000 og var ferdige halv fire. Så blir det spennande å sjå kor mykje av denne åpningscena av filmen som blir vist!

Kameramannen på øverste bildet kjem frå NRK Vestlandsrevyen, og det innslaget kan du sjå her. Her kan vi mellom anna høyre at dirigent Grete seier korsongen skal dubbast i Tyskland, og at det var artikulasjon som var viktig. Men det kom svelgen.no for øyre at dei tyske produsentane var så nøgde med songen og framføringa at Kalvåg Songlag likevel kan bli med i filmen..


Good Time Charlie på Svelgen hotell

 

Good Time Charlie  spelar til dans under AmCar-treffet i Svelgen laurdag den 13. juni!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

.

 

.

.

.

.

.

.

 

.

.

Good Time Charlie, er eit svært populært og ettertrakta blues/rockband og kunne i fjor feire sitt 25års jubileum. Då ga dei også ut albumet MOJO ENERGY. Bandet er kjent for sin delikate og respektfulle formidling av musikalske tradisjonar og stilartar. Det vert rekna som eit pionèrband for autentisk rhythm & blues her til lands, noko dei har hausta både nasjonal og internasjonal anerkjennelse for.  B andet vart nominert til Spellemannsprisen for beste bluesalbum i fjor.  

Førehandssal av billettar ved Svelgen Hotell

Cover 220,- kr

Høyr eller les meir på www.goodtimecharlie.no

Trykk på AmCar-logo for fullt program for helga!

 

 


Keipen Turlag arrangerer:

Tur til Fuglesteg i Luster 13, juni 04.06.2009

Keipen Turlag arrangerer tur til Fuglesteg i Luster laurdag 13. juni.
Grunna transport, må vi ha bindande påmelding til turen innan tirsdag 9. juni.
Påmelding til Ottar Dahl, tlf: 577 95 573

Fuglesteg er sjølvbetjent. Dvs du får kjøpe mat på staden og tilberede sjølv.
Du må ta med lakenpose eller sovepose.

Avreise Svelgen kl.1000 frå Firda Billag
.


PÅMELDING TIL DAGSTUR 17.06.! 04.06.2009

 Liste over dei som har meldt seg på turen til Gaular - Balestrand - Høyanger finn du på tavla på Keipenstova. Det er fleire plassar att - og påmelding kan skje ved å skrive seg på lista eller ringe til Konrad tlf.57793336 eller Anne Lise 57793553 ev. 41418231.

 


Stor pågang til motorscoss-lisens 03.06.2009

Vi merkar stor pågang til lisenskurset for motorcross.
For å hindre misforståelsar, ber vi om at all påmelding til lisenskurset
vert mot e-post: svennno@online.no  eller ring 95988773
Vær sikker på at du er påmeld mot den nevnte e-post adressa, eller pr.
telefon.
Lisensane vert utfyllt på førehand, mot denne lista.
Vel møtt til kurset!
 

62 bedrifter tatt ut i politisk streik 03.06.2009

LO-forbundet Industri Energi:

I forbindelse med den politiske streiken LO-forbundet Industri Energi gjennomfører mellom kl 11 og 13 onsdag 3. juni er det tatt ut 62 industribedrifter. Ved et tyvetalls steder blir det arrangert streikearrangementer med appeller. Til sammen er nærmere 10 000 industriansatte i 2-timers politisk streik i dette tidsrommet. 
Les meir


STREIK!!!

Politisk streik om industrikraft

Onsdag 3.juni

KL: 11.00 til 13.00

All aktivitet på verket blir stoppa,

med unntak av drifta på ovn 5 og Silgrain.

Vi samlast for markering i kantina.

Enkel servering

Styret i SKAF


Årsmøter på Svelgen skule 02.06.2009

Minner om årsmøta som skal vere desse dagane:

 

1. – 4. klasse: onsdag 3. juni kl. 1800  
5. – 7. klasse:    torsdag 4. juni kl. 1700  
8. – 10. klasse:  tysdag 16. juni kl. 1800


RØMMEGRAUT PÅ KEIPENSTOVA! 02.06.2009

Minner om at Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte i 3.juni kl.17 på Keipenstova.

Program: Vanlege lagssaker, brannsjef Magne Igland orienterer, trekkspelande pensjonistar, underhaldningsgruppa, servering av rømmegraut, påmelding til dagstur bl.a. til det fantastiske Kviknes Hotell i Balestrand. Kaffi og kaker, allsong og utlodning + sosialt samvær.

Gamle og nye medlemmer er velkomne!


Dans med Bandits og:

Jens Petter Dyrdal på Svelgen Hotell 02.06.2009

Jens Petter Dyrdal spelar til dans på Svelgen Hotell fredag 5. juni. Med et bredt repertoar reiser Jens Petter rundt og spiller kjende og kjære låtar som publikum garantert kjenner igjen! Av artister kan nemnast er  Dance With a stranger, Alan Jackson, Creedence og mange fleire. Med eit solid komp i ryggen spelar han sjølv kassegitar og syng. Jens Petter  er kjend for å levere god steminng og dansetakt der han opptrer. Kl. 2200. Cover 120,-

Laurdag 6. juni blir det rekebuffè frå kl 19.00.    kr. 130,-  og dans med Bandits og inviterte gjester frå kl 22.00 cover kr. 100, -


Produksjonsstans ved Silgrain-anlegget 01.06.2009

Produksjonen ved Silgrain-anlegget har stoppa opp etter brannen ved Elkem Bremanger natt til 1. pinsedag. Verkssjef Robin Ephithite seier at det kan ta nokre dagar før produksjonen kan starte opp att.

- Øydeleggingane i brannen var ikkje så store, men det er klart at vi taper når vi ikkje får produsert, seier han til NRK Sogn og Fjordane. Søndag kveld var det synfaring ved verket etter brannen.

- Det ser ut til at brannen starta i ei vifte, og to avsugvifter og nokre plastrøyr var øydelagde, seier han.

Det er omlag 20 personar som er knytt til den delen av anlegget som produserer Silgrain som er høgreint silisium som mellom anna blir brukt i elektronikk.

 


Tur til Hennøystranda 01.06.2009

Turen til Hennøystranda for 6. og 7.klasse er utsett. Elevane får meir informasjon på skulen tysdag.

Tour de Bremanger 2009 01.06.2009

"Laurdag 30. mai kl 09.00 gjekk startskotet for årets sykkeltur rundt Bremanger kommune. I år var det 24 syklistar, to sjåførar og 3 små hjelparar som deltok. Deltakarane fekk oppleve ein flott tur i naturskjøne omgivnadar i eit nydeleg vèr.

 

Stor takk til våre sponsorar, som i år var: INC Vedlikehold, Elkem Bremanger, Coop Marked i Svelgen, og Svelgen Hotell.

   

Helsing Per Arne og alle dei andre fornøgde deltakerane."

 

Klikk her for å sjå dei flotte bilda frå turen. Nedanfor kan du sjå inititivtakar Per Arne Sæterlid i lag med Anita Holm Cirotzki, med Hornelen i bakgrunnen.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept