Arkiv Sept 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

 

 

 

Marknadsprisane på kraft har falle siste dagane, men varierer mykje frå veke til veke. Med verknad fra 15. oktober set vi ned den flytande kraftprisen for våre kundar i Svelgen, frå 36,58 øre/kWh til 32,50 øre/kWh, inklusiv 24% mva til staten.

Kraftprisen har ikkje fastbeløp. Nettleie for transport av kraft kjem i tillegg.

Svelgen september 2004:  Elkem Energi Bremanger A/S, 6721 Svelgen


Damehandballen startar opp att 20/10 30.09.2004

Carina Solvåg melder at damehandballen startar opp att første onsdagen etter haustferien, kl. 19.30-21.00. Det blir ikkje berre handballspeling, så dei som ikkje er så glad i handball kan òg møte opp.


 

 

 

Elkem Energi Bremanger minner om at straummålarane i Svelgen skal lesast av måndag 4. oktober. Men du kan gjerne gjere det med det same du les dette (om det ikkje går alt for mange veker etter 4/10).

Bruk mailadresse:  kraftverk.bre@elkem.no  Husk å oppgi kven straumabonnementet står på, med gateadresse og målarnummer.


September 2004:

Mest nedbørsfylte månad sidan januar 2000 30.09.2004

I september 2004 fall det heile 475,7 mm i Svelgen, og ein må faktisk heilt tilbake til januar 2000 for å finne ein høgare månadsverdi. Og ein må heilt tilbake til 1991 for å finne meir nedbør i september, då det den gong fall 525 mm. Det meste som kom på eit døgn i september i år var 52 mm, og berre 4 døgn var heilt utan nedbør.

På dei 18 døgna f.o.m. lørdag 11/9 t.o.m. tysdag 28/9 fall det heile 434 mm, som gir eit snitt på over 24 mm på desse døgna.


Kåre`n vann Scoringsklubben sin julebordspremie 30.09.2004

Kåre`n, eller Kåre Myklebust om det skulle vere nokon som ikkje skjønte det, vart den heldige vinnaren av ekstrapremien som ein trakk ut blant medlemane i Scoringsklubben i Fotballgruppa. Premien er eit julebord for to på Svelgen Hotell, som har julebord 4. og 11. desember. Denne premien, som er ei gåve frå Svelgen Hotell, har ein verdi på 900 kr. Myklebust har tydeleg vinnarlukke, då han også vann ein av dei 8 pizzaane som Scoringsklubben trakk ut på heimekampane i 5. divisjon.

Myklebust har vore trufast tilskodar på dei aller fleste (kanskje også alle) heimekampane til A-laget også i år, og han har også vore banemannskap på fleire av dei. Han har frå tidlegare lang fartstid i Fotballgruppa i STIF, og har site 10 år i styret, og av desse 6 år som leiar.


Andrè Hatleset med ny rekord i STIF:

Toppscorar på A-laget for 5. gong 30.09.2004

Andrè Hatleset (biletet) vart i år toppscorar for 5. sesong på STIF sitt A-lag. 2004 var den 42. sesongen STIF har stilt med senior A-lag i divisjonssystemet, og aldri tidlegare har det hendt at ein spelar har vorte toppscorar for A-laget 5 gongar. Hatleset var toppscorar i dei fire sesongane f.o.m. 1997 t.o.m. 2000. Han gav seg med fotballen etter at STIF rykte ned frå 3. divisjon i 2000, og gjorde come back i dei aller siste kampane i 2003. Han har vore toppscorara for A-laget i alle fem sesongane han har vore med "for fullt". Hatleset scora i år 20 mål på 16 kampar, og av desse var 18 seriemål på 12 seriekampar. Hatleset toppa scoringslista for både alle kampar og for seriekampar. Han er framleis berre 29 år, og forhåpentlegvis vert han med på STIF også i åra som kjem.

Etter Hatleset følgjer Øyvind Grindheim, som var toppscorar i dei 4 sesongane f.o.m. 1992 t.o.m. 1995. Følgjande fem storscorarar har vore toppscorar i 3 sesongar, med årstal i parantes: Olav Ommedal (1965, 1969, 1970), Geir Ask (1977, 1979, 1980), Arild Førde (1981-1983), Knut Eikeland (1984-1986) og Edvin Førde (1987-1989). Fire spelarar har toppa scoringsstatistikken i to sesongar: Arvid Damstuen (1963 og 1964), Einar Gjerde (1966 og 1967), Arild Mundal (1972 og 1973) og Terje Førde (1974 og 1975).

"Tobbensida" kan du sjå kven som toppa dei ulike andre statistikkane på A-laget i år, samt oppsummeringsfakta.

På biletet under, frå ein 3. divisjonskamp mot Stryn i 1999, ser vi Hatleset juble for eit av sine mange mål for STIF. Foto: Stig Roger Eide, Firda.


S/Y Naomi med ny heimeside 30.09.2004

Skipper Jostein Eimhjellen og seglbåten S/Y Naomi har no fått ny heimeside. Eimhjellen er, i følgje heimesida, for tida heime i Svelgen og rehabiliterer sine eigedomar. Seglbåten ligg for tida på Fillipinene, der skipperen har tenkt seg i slutten av november.

Invitasjon til fotballfest for vaksne 16. oktober 29.09.2004

Fotballgruppa i STIF vil også i år arrangere den tradisjonsrike fotballfesten etter tidlegare års opplegg. Datoen i år er laurdag 16. oktober. Men Fotballgruppa ser det diverre som umogeleg å sende personleg invitasjon til alle som har vore med på fotballen i alle år. Difor vil ein også i år berre sende personleg invitasjon til dei som var aktive på ulike vis innan Fotballgruppa i 2004.

Men dette betyr ikkje at personar som tidlegare har vore aktive på ein eller annan måte innan fotballen ikkje er velkomne på festen. Tvert i mot, Fotballgruppa vil sette stor pris på om tidlegare års spelarar, dommarar, trenarar, oppmenn, styremedlemar, banemannskap, fotballfest- deltakarar osv. osv. vil melde seg på og delta på fotballfesten. Vi vil også sette stor pris på om tilskodarar og foreldre anno 2004 vil delta. Støttespelarane og sponsorane til Fotballgruppa er hjarteleg velkomne til å melde seg på.

Her finn du invitasjon til Fotballfesten på Svelgen Hotell 16. oktober. Påmelding gjerast til Svelgen Hotell innan 10. oktober. Om du ikkje vil delta på sjølve fotballfesten kan du kome på dansen på hotellet etterpå.

Biletet er henta frå fotballfesten 2002, då Øyvind Grindheim tradisjonen tru stod for ståbingoen. Grindheim er allereie godt i gang med å førebu seg til årets ståbingo.


Møte om utviklinga av Svelgen sentrum 29.09.2004

I Bremanger Nytt på nett finn ein invitasjon til det ope møtet om utviklining av Svelgen sentrum. Møtet finn stad på Svelgen Hotell onsdag 6. oktober kl. 1800.

 


Millionane trillar i Kalvåg 29.09.2004

I følgje Firdaposten stig stadig prislappen på Bremanger Bu og Servicesenter i Kalvåg. Prisen har passert 67 millionar mot budsjettert 41 millionar.


Fotball

Referat Svelgen - Selje (eller omvendt) 26/9 28.09.2004

Dette referatet kan du no lese ved å trykke på "Sport" t.v. på denne sida.

Redaksjonen i Svelgen.no vil med dette takke Stian Bøhmer (arkivbiletet) for referata han har skrive på Svelgen.no siste tre åra. Han har no flytta frå bygda, og spelte laurdag truleg sin siste kamp for STIF i denne omgang.


Ekstrapremie til ein av medlemane i Scoringsklubben 28.09.2004

Som ein ekstra takk til medlemane i Scoringsklubben i Fotballgruppa, har ein vedteke å trekke ut ein av medlemane som vinnar av eit julebord for to personar på Svelgen Hotell. Denne premien er gjeven av Svelgen Hotell, som i år har julebord på laurdagane 4. og 11. desember. 

Kven av dei 47 medlemane som stikk av med ekstrapremien, vert offentleggjort på Svelgen.no torsdag 30. september.

Fotballgruppa i STIF takkar sin gode samarbeidspartner og sponsor, Svelgen Hotell, for god støtte også i sesongen 2004.


Volleyball

STIF utan herrelag i serien i 2004/2005 28.09.2004

I sesongen 2004/2005 vil ikkje STIF ha lag i herreserien i volleyball, går det fram hjå NVBF Region Midt. Forklaringa på dette er enkel, i følgje Frank Hatleset, som er ei av eldsjelene i Volleyballgruppa i STIF: STIF sitt herrelag har siste 3 sesongane bestått av i hovudsak vaksne spelarar frå tidleg i førtiåra og nedover. Og då ein del av dei som har vore med i spelarstallen har flytta frå bygda, har ein for få spelarar til at ein tør å melde på lag i serien. Men dei skal likevel ha treningar i vinter.

I følgje Hatleset skal STIF også denne sesongen ha yngre lag med i serieturneringar, og i KM. På sikt er det derfor håp om at STIF igjen kan få seniorlag i serien att.

STIF hadde samanhengande lag i herreserien f.o.m. sesongen 1975/1976, då ein starta med serievolleyball i Sogn og Fjordane, t.o.m. 1997/1998. Deretter hadde ein ei pause på tre sesongar, før ein starta opp att i sesongen 2000/2001.


Søndag var årets mest nedbørsrike døgn 28.09.2004

Mandag 27/9, om morgonen, målte ein 52 mm nedbør ved Elkem Energi Bremanger sin nedbørsstasjon, som er Meteorologisk Institutt sin målestasjon i Svelgen. Dette er den høgste døgnverdien som er målt i Svelgen i 2004. Medrekna tysdag 28/9 har det regna i 18 døgn på rad i Svelgen, og 7 mm er det minste ein har målt desse døgna. 8 av dei 17 døgna, fram t.o.m. morgonen mandag 27/9, har hatt over 21 mm nedbør.

Men det ser ut som det er venta betre vèr framover, og det er ikkje umogeleg at sola også kjem fram i nær framtid ...


Ros til Gunhild 27.09.2004

Mange lesarar har sendt innlegg til Fritt Ord sida der dei gir honnør til vår nye kultursjef Gunhild Berge Stang. Er du ein av dei som vil vere med å gjere heimstaden til ein betre plass å bu? Send inn forslag og meiningar!!

Meir om trenarkurset for damer 27.09.2004

Les kva Firda har skrive etter å ha vore innom kurset.


5. divisjon 2005 26.09.2004

Fotballsesongen er over for dei fleste lag i Sogn og Fjordane, og STIF og Sigbjørn Hjortland (biletet) enda på ein god 3. plass i 5. divisjon. Laget hadde som målsetjing å kjempe i toppen, og det gjorde STIF også. Med 53 mål scora STIF også flest mål i divisjonen. Foto: Jo Carlson, Fjordenes Tidende.

Det som no er klart med tanke på 5. divisjon i sesongen 2005 er at Kaupanger 2 og Hyen rykker opp i 5. divisjon, frå 6. divisjon. Det vert då spanande å sjå kva lag STIF sin ivrige jentefotball-trenar, Per Arne Sæterlid, som er frå Hyen, vil halde med når Hyen kjem til Svelgen stadion. Det er også klart at Jølster rykker ned frå 4. divisjon til 5. divisjon.

Ettersom Hafslo i vinter trakk seg frå 5. divisjon og ingen nye lag kom til, og Jotun har klart seg godt i 2. divisjon, vil ingen lag frå 5. divisjon rykke ned om Førde klarer å rykke opp i 2. divisjon.

Om Førde ikkje rykker opp i 2. divisjon vil Oppstryn rykke ned frå 5. divisjon. Eit lite men er det, då Oppstryn har anka til Fotballforbundet på at Fotballkrinsen i S. og Fj. ikkje gav Tempo/Florø 2 nedrykk då dei ikkje møtte til to bortekampar. Går anken igjennom vil Tempo/Florø 2 rykke ned om Førde vert verande i 3. divisjon. Tornado Måløy 2 vil også rykke ned frå 4. divisjon til 5. divisjon om Førde ikkje klarer opprykk til 2. divisjon. Førde skal spele to kvalifiseringskampar for opprykk mot Lillehammer.

Scoringsklubben 26.09.2004

Då Selje-kampen skulle ha vore heimekamp, trekte ein ut Knut Ivar Bremnes som vinnar blant Scoringsklubben sine 47 medlemar. Han får ein stor pizza, gjeven av Svelgen Hotell. Fotballgruppa rettar ei stor takk til dei 47 medlemane i Scoringsklubben., og takkar også hotelldirektør Geir Gjerde for at han støtta Scoringsklubben med 8 pizzaar.


Kjempekamp av ung debutant 26.09.2004

I STIF sin siste 5. divisjonskamp i 2004 debuterte 15 år gamle Tor Inge Øvrebotten i STIF sitt mål. I sin aller første A-kamp gjorde keeperen ein kjempekamp mot Selje. I følgje trenar Trond Hatleset hadde han fleire svært gode redningar, og han redda også fleire gongar då Selje-spelarane kom åleine med keeper. Den spretne 15-åringen, som for øvrig har hoppa over 1,70 m i høgde, reknar Hatleset med at STIF vil få mykje glede av i framtida. Det var også 15-åringen sin første seriekamp på stor bane med stort mål. STIF har ikkje gutelag i fotball, og Øvrebotten spelte i vinter på juniorlaget til Bremanger i vinterserien i Nordfjordhallen. Dette var eit samarbeidslag med STIF.

STIF gjekk opp til 1-0 etter 28. min då Trond Hatleset scora. Hatleset spelte spiss for første gong på svært svært mange år i denne kampen. Selje utlikna 10-15 minutt ut i 2. omgang. STIF låg eit stykke bak på bana, og det var Selje som hadde ballen mest. Trenar Hatleset tykte at Selje-kampen var ei oppløftande avslutning på sesongen.


STIF klarte 1-1 mot topplaget 26.09.2004

5. divisjonskampen søndag mellom Svelgen og Selje, i Selje, enda uavgjort 1-1. Eit sterkt resultat med tanke på at STIF mangla mange spelarar i møtet med serievinnar Selje. Svelgen.no kjem truleg tilbake med meir info om kampen ut på søndagskvelden.

STIF enda på 3. plass i 5. divisjon.

Thor Kristian Sortevik (biletet frå fotballfesten i 2002) vart den einaste spelaren på STIF sitt seniorlag som spelte alle 21 kampane i 2004. Han har vore med på alle 16 seriekampane (15 frå start), og starta og i dei 4 treningskampane og kampen i Firda Avis Cup. Etter at han i haust byrja på studiar i Sogndal har han kvar helg teke bussen frå Sogndal for å delta på STIF sine kampar, noko som har vore kjærkome då STIF tradisjonen tru slit med liten spelarstall under hjortejakta. 19-åringen har spelt for STIF sidan 2001, bortsett frå 2003-sesongen då han spelte for Bremanger i 4. divisjon. Sortevik står med 55 seniorkampar for STIF, og fotballgjengen i STIF håpar det vert mange fleire.


Dansegalla for vaksne i Svelgen 9. oktober 26.09.2004

Laurdag 9. oktober er det duka for stor dansegalla for vaksne på samfunnshuset i Svelgen, der både Lundes Trio, Trekkspelklubbane i Svelgen og Bremanger, og Svardal frå Florø, spelar opp med musikk som høver seg for lette danseføter. Les meir om arrangementet i Firdaposten.

Fridtjof Frøyen (57793412) og Konrad Ryland (57793336) er kontaktpersonar for svelgarar (og andre som les Svelgen.no), og påmelding må skje til desse innan 5. oktober.


Turorientering

Husk å levere turO-korta 26.09.2004

Mange nytta høvet til å kjøpe kort og kart til turorienteringa til STIF i sommar. Men det er også mange som endå ikkje har levert inn "klippekorta" til rette vedkomande.

Korta som skal vere med i trekninga om premiane må vere innlevert til Alf Håøy innan søndag 10. oktober.


Bremanger Nytt for oktober 24.09.2004

Oktoberutgåva av Bremanger Nytt er no lagt på nett, og du kan lese det her.

Bli med på;

- Eit levande Svelgen 24.09.2004

Gunhild Berge Stang har raskt tapt sitt hjarte til Bremnger kommune, og overraskande nok er det ikkje naturen, kulturlivet eller turistmagneten Kalvåg ho trekker fram i eit intervju med Fjordenes Tidende i dag - men industriplassen Svelgen.

- Det minnar meg litt om Stongfjorden der eg kjem frå. Det var også ein industriplass og eg ser mange likskapstrekk, seier ho.

Ho ser rett ned på den store opne plassen i Svelgen sentrum frå kontoret sitt. Der ynskjer ho at folk skal samle seg. Gunhild Berge Stang lurer av og til på kvar folk i Svelgen er.

- I Askvoll var det også på denne måten. Sentrum var ikkje spesielt tiltalande og det var få eller ingen, som eingong tenkte tanken på å gå ein tur til sentrum for kjøpe seg ein is og slå av ein prat på kveldstid. Men det vart teke grep og sentrum i Askvoll framstår i dag med sydande liv – spesielt om sommarkveldane. Dette trur eg faktisk vi kan få til i Svelgen også, dersom innbyggarane vil, seier Stang  til avisa.

  - Kvifor kunne ikkje dei næringsdrivande brukt industrihistoria til å sette preg på bygda? Eg seier ikkje dette for å kritisere nokon, men eg saknar litt den identifiseringa som eg meiner eg viktig for alle bygder. Tenkt kor tøft det hadde vore med ein turbin eller noko anna frå smelteverket og sette serpreg på plassane – både ute og inne, seier Stang.

Ho vil setje i gang eit bygdeutviklingsprosjekt for å gjere Svelgen meir attraktiv.

- Først når innbyggarane sjølv trivst vil turistane oppsøkje oss, seier kultursjefen som har invitert både Bremanger Vekst og Svelgen Næringsråd til å løfte kommunesenteret opp på eit høgare trivselsnivå. Ho vil også få inn folk som har jobba med sentrumsutvikling på andre industristadar, men vil ikkje gå i detaljar før meir formelle avtalar er på plass. 

- Det er greit at det ikkje er så forbanna fine bygningar i Svelgen sentrum,  men eg er ikkje sikker på at det betyr så veldig mykje.  Vi må tenke litt nytt. Eg har ikkje noko tru på at finare arkitektur vil auke trivselen. Då har eg meir sans for tiltak som legg til rette for aktivitetar i sentrum, seier ho i  portrettintervjuet i Fjordenes Tidnede i dag.

FØLG MED - SNART ER DET FOLKEMØTE

-


Volleyball

Svelgen-jenter på regionsamling til helga 24.09.2004

Volleyballsesongen nærmar seg med raske skritt. Og i helga skal Svelgen-jentene Herborg Eikeland, Kristina Mundal og Sylvi Mari Fløtre, som representerer Tambarskjelvar, i følgje heimesida til NVBF Region Midt møte på regionsamling i Ålesund.

Fløtre er utteken på regionlaget, medan dei to andre er uttekne til to av fire samlingar med regionlaget.

Les meir her.


STIF godt representert på trenarkurs for damer 24.09.2004

På eit trenarkurs som Fotballkrinsen startar opp til helga er STIF, i lag med Atløy, best representert av klubbane i fylket. Dette er eit trenar 1 kurs (tidlegare B-kurs), som går over 4 delar. Kurset er ope berre for jenter/damer. På den første delen som går laurdag og søndag i Førde, er STIF representert ved Vibeke Kjerpeseth og Kristine Sande. På del 2 kjem også Line Kjøsnes til. Ho har tidlegare del 1 av kurset.

Om desse fullfører alle fire delane vert dei utdanna til trenar 1/B-trenarar. Hilde Jenssen er den einaste kvinna som tidlegare har denne fotballutdanninga i STIF.

Les meir om kurset hjå Fotballkrinsen og i Firda.


Fotball

Kampen søndag går i Selje 24.09.2004

5. divisjonskampen som skulle gå på Svelgen stadion søndag, mellom STIF og Selje, er flytta til Selje si kunstgrasbane. Kampstart i Selje er kl. 1300.

Årsaka er dei store nedbørsmengdene som har vore, og som skal halde fram også i helga. Alternativet var å flytta kampen til Davik si grasbane, men der var graset for langt, og det var uråd å få den klipt.


Svelgen-Selje forhåpentlegvis i Svelgen på søndag 23.09.2004

Søndag 26/9 kl. 1500 skal STIF etter planen spele mot leiarlaget Selje på Svelgen stadion kl. 1500. Det har som kjent regna mykje siste tida, men ein håpar det skal verte mogeleg å spele på grasbana. Om det vert endringar kjem Svelgen.no tilbake til det.

I denne kampen er det godt mogeleg STIF sine forsvarsspelarar vil møte 43 år gamle Roger Hamre, som har gjort come back for n`te gong for Selje. Hamre, som har herja med STIF sine forsvarspelarar sidan slutten av 70-talet, scora nyleg to mål på overtid som innbyttar, slik at Selje vann 2-1.

Heretter vil ikkje Svelgen.no kalla STIF sin veteran Torgeir Vårdal (33) for superveteran lenger. I allefall ikkje på ein del år...


Referat Bjørn-Svelgen 18/9 23.09.2004

Dette kan du no lese ved å klikke på "Sport" t.v. på denne sida.

Kurt vart aksjemillionær:

Svelgar toppsak i TV2 23.09.2004

 Kurt Hessvik var i dag hovudoppslag på TV2-nyhetene.  På Nettavisen i kveld kan vi lese:

Kurt Hessvik satset sparepengene på aksjer i tankreder John Fredriksens selskap Frontline. Dermed økte han formuen sin med 1600 prosent.

(TV 2)

 

 

 

 

 

Da Kurt Hessvik (30) var student, satset han alle sparepengene sine på en aksjer det lenge hadde gått dårlig med. Selskapet var Frontline og kursen stod i 17 kroner og femti øre.

- Det var penger etter en sommerjobb. Jeg investerte 35 000, nesten alle pengene jeg hadde tjent. Det var ikke så mange som skjønte hva jeg holdt på med, forteller han til TV 2 Nyhetene. Etter aksjekjøpet fortsatte kuren å falle en stund, før den plutselig begynte å stige. - Jeg sjekket kursen hver dag, men når du er på jobb kan du jo ikke sitte og sjekke aksjekurser hele tiden, smiler Hessvik.

Da han kjøpte aksjene 22. oktober 1998, var kursen 17,50. I dag ligger den på 303, og har dermed steget med 1622 prosent. Inkludert aksjeutbytte og tildeling av andre aksjer har Kurt tjent nesten en million kroner.

Aksjeutbyttet har jeg brukt til kjøp av leilighet og diverse andre ting, sier Hessvik, som også kan fortelle at de som var kritiske til aksjekjøpet nå har holdt munn: - De er blitt veldig tause. Og så har de blitt veldig opptatt av kursen på Frontline. De er ofte bedre oppdatert på kursen enn hva jeg er, avslutter Hessvik.


Ivrar etter fastlandssamband 23.09.2004

 

Kystvegutvikling AS har bede om hjelp frå lokale og nasjonale bankar for å få ferdigsstilt fastlandssambandet i Bremanger. Fleire har allereie sagt seg interessert i prosjektet, fortel Ragnar Hagen til Fjordenes Tidende.

  Fastlandssambandet er ikkje berre ein veg for innbyggarane i Bremanger. Det blir eit knutepunkt mellom nord til sør, seier han vidare. Statens Vegvesen skal no utføre trafikkanalyse på fire ferjestrekningar. 

Undersøkinga skal vere ferdig utpå nyåret 2005 og då vil Statens Vegvesen presentere kalkylar og foreslå trasè for vidareføringa.

 

 

Kystvegutvikling  meiner det er meir formålstenleg å bygge ein lang tunnel frå Sørdalen til Bortne framfor veg med kort tunnel frå Langesjø til Bortnedalen, fortel Hagen.

Reint politisk ligg fastlandssambandet på 3. plass i prioriteringane over riksvegmidlar. Løyvingane varierer derimot frå år til år, og gjer det vanskeleg å spå kva år ein får realisering.

 For å få fullfinansiert sambandet er det lagt opp til bompengefinansiering i 15 år. Kystvegutvikling har foreslått ein sats på 30 kroner for privatbil og 120 kroner for lastebilar og trailarar.

 Meir i Fjordenes Tidende si onsdagsutgåve.


Krev fri skuleskyss 21.09.2004

Foreldrekontaktane ved Svelgen skule søkjer Bremanger kommune om uverskort for elevar busette i Langeneset, og om fri skuleskyss for elevane på Sande, melder Firdaposten. Meir www.firdaposten.no

 


Nytt bilete frå Svelgen 20.09.2004

Biletet nedanfor syner eit av dei om lag 350-400 båtanløpa som Elkem Bremanger har i Svelgen årleg. I bakgrunnen ser ein delar av bebyggelsen på Langeneset. På den delen av Langeneset som vender mot sentrum, har om lag samtlege sidevegar namn etter fuglar. Ein nemner Spettebakken, Erlevegen, Trostevegen, Orrevegen og Tiurvegen. Biletet vart teke i sommar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Frank Ryland


Nytt automatinnbrot på Coopen 20.09.2004

For tredje gong på kort tid, har det vore innbrot på speleautomatar i Svelgen, og for andre gong er det automatane på Coopen som er blitt tømde. Truleg har innbrotet skjedd natt til måndag, og førebels har politiet ingen konkrete tips i saka. Les meir i Firdaposten.

Ryse med regn siste 8 døgn 20.09.2004

Det har regna i bøtter og spann siste veka i Svelgen. På dei 8 døgna f.o.m. om morgonen søndag 12/9 t.o.m. morgonen mandag 20/9 fall det heile 188 mm. Til samanlikning fall det i månadane juni, juli og august 2004 høvesvis 116, 102 og 124 mm. Dette er målt ved nedbørsstasjonen til Elkem Energi Bremanger.

Men det er ikkje slutt med dette, for det meste av mandagen har det pøseregna i Svelgen. Og på nedbørsvarselet for Svelgen er det meldt bra mengder nedbør iallefall t.o.m. fredag. T.o.m. mandag morgon 20/9 har det i september falle 238 mm nedbør. Men det er svært langt att til september-rekorden frå 1975, då det kom heile 700 mm frå oven. Dette er den 3. høgste månadsverdien sidan ein byrja med å føre statistikk over nedbøren i Svelgen i 1939. Månadsrekorden er frå oktober i 1967, då det fall vannvittige 742 mm i Svelgen.


Dametreninga startar opp att mandag 20/9 19.09.2004

Vibeke Kjerpeseth melder at dametreninga startar opp att i idrettshuset mandag 20/9 kl. 1900.

Her kan du lese meir om treninga.


Heimesida til skulen 19.09.2004

Etter at heimesida til Svelgen skule i lang tid har vore utan oppdatering/låge nede, er det no lagt ut bilete frå fleire prosjekt og aktivitetar som elevane er med på.

Oppløftande friidrettsinnsats i Førde 18.09.2004

Trenar Ingvald Ytrehus i Friidrettsgruppa var godt nøgd med turen til Førde laurdag, der STIF stilte med heile 21 unge utøvarar. Ytrehus og medhjelparane hadde med seg mange som deltok på sitt første friidrettsstemne, og Ytrehus var imponert over innsatsen og idrettsgleda til dei unge.

9- og 10-åringane deltok i regionleikane, medan 11-16-åringane deltok i Sunnfjordmeisterskapen/ distriktsmeisterskapen (DM). I begge konkurransane gjorde STIF sine utøvarar flotte prestasjonar. I DM tok 11-16-åringane 12 gull, og mange gode resultat og plasseringar. Også dei aller yngste synte imponerande innsats. I følgje Ytrehus var veret ganske bra, bortsett frå mot slutten av stemnet då det regna ganske mykje. Resultata kan du sjå her, om du klikkar på resultat DM Sunnfjord.

Best resultat av STIF sine utøvarar oppnådde Jørgen Bjørkedal, som gjekk over 1,66 m i høgde. Dette var ny pers for 14-åringen, som også hadde svært gode forsøk på 1,70 m. På Tyrvingtabellen gjev 1,66 m for ein 14-åring 958 poeng. I følgje årsstatistikken til Friidrettsforbundet, oppdatert 11/9, var dette det 3. beste høgderesultat for ein 14-åring i landet i år. Årsbeste er 1,70 m. På biletet under ser du Bjørkedal fotografert på Svelgen stadion. På biletet t.v. ser ein Henriette Frøyen, som var einaste jente i diskos for 14-åringar. Ho kasta 16,99 m. Begge bileta vart tekne hausten 2003, i samband med arbeidet med historieboka om STIF. Begge foto:      DS-FOTO.

Dette var det siste viktige stemnet for Ingvald og utøvarane, og han er godt fornøgd med treningsinnsats og resultat for friidrettsgjengen i 2004. Han har hatt svært god hjelp av ein god del foreldre, og han er imponert over både iveren og kunnskapane desse er i ferd med å få. Han håpar å få til kursing av foreldra og andre intersserte fram mot neste sesong. Og det mest gledelege av alt: Det virkar som Ingvald alt no gledar seg til komande sesong, og det lovar godt for friidrettsmiljøet i Svelgen.


STIF tapte 6-7 mot Bjørn

Nesten 7-7 att 18.09.2004

I ein kamp i 5. divisjon laurdag, tapte STIF med det uvanlege resultat 6-7, borte mot Bjørn. I følge trenar Trond Hatleset spelte STIF ein svært dårleg 1. omgang, og dei låg då under 1-4. 2. omgangen var betre, då STIF kom høgare på bana og var meir aggressive. Det var først siste 6 minutta det var spennande, då STIF reduserte til 6-7. Men det lukkast ikkje å kopiere "det historiske 7-7- resultatet" frå 2003. Med dette tapet er STIF nede på 4. plass, etter at Hornindal vann sin kamp.

For STIF scora følgande: Torbjørn Didriksen (2), Andre Hatleset (2), Terje Nybø (str) og Tom Erik Løvseth (biletet). Sistenemnde spelte frå start for første gong i år, og 18-åringen scora sitt andre seriemål for sesongen. Biletet er henta frå fotballfesten 2003.

Svelgen.no kjem med referat frå kampen ein gong ut på mandagen.

Søndag 26/9 spelar STIF sin siste 5. div.kamp i 2004, heime mot KM-vinnar Selje.


Friidrett

Heile 16 utøvarar frå STIF på DM laurdag 18.09.2004

I følge heimesida til friidrettskrinsen deltek STIF med heile 16 unge utøvarar på distrikstmeisterskapen (DM) i Førde laurdag 18/9. Utøvarane er i alderen 10 til 16 år.

Korrigering: Forutan dei som stod i lista til krinsen, reiste 5 ungar til frå STIF.


Ingvald Ytrehus

Har fostra friidrettsutøvarar i over 30 år 17.09.2004

Laurdag 11/9 hadde Firdaposten ein større artikkel om STIF si store eldsjel, Ingvald Ytrehus. Svelgen.no har fått løyve av Firdaposten til å legge ut artikkelen, og du kan lese den ved å klikke her.

Her følgjer eit kort utdrag frå artikkelen, som syner kor populære treningane til veterantrenaren er: "Ungane står også i kø for å bli med på treningane, og Ytrehus deler gjerne kunnskapen sin med andre. Med den lange fartstida si, både som aktiv friidrettsutøvar sjølv, og som trenar og dommar, har han litt av kvart å lære bort.  – Vi prøver å ta imot alle som er interesserte, og trenar ungar heilt ned sju-åtte-års alderen. På siste trening kom det plutseleg 14 ungar som ville hoppe høgde, og det var ungar som ikkje hadde vore med før, fortel han og ler litt for seg sjølv".

På biletet under ser du Ingvald Ytrehus (t.h.) medan han instruerer Kim Leirvik. Biletet vart teke sommaren 2003.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Fotball

Florø SK sine lag i hardt vèr 17.09.2004

I Firda kan du lese meir om saka der Tempo/Florø 2 ikkje har møtt til to bortekampar i 5. divisjon. Fleire lag i nedrykksstriden vil forfølgje saka.

I følgje Firda er også Florø SK sitt lag i 3. divisjon i svært svært hardt vèr, etter at to av laget sine spelarar + hovudtrenar Bengt Solheim Olsen vart utvist i ein kamp mot Tornado fredag. Etter det Firda erfarer, enda det heile med at dommaren nekta å fullføre kampen med ti minutt igjen å spele. Då hadde kampen komme heilt ut av kontroll. Dommarobservatør Robert Endestad skal ha gått imellom partane og mekla. Kampen vart så fullført med ein annan dommar. Krinsen varslar sterke reaksjonar mot FSK.

Les meir i VG. Du kan også lese Tornado sin versjon.


Bjarne Lunde spelar på fotballfesten 16.09.2004

Laurdag 16. oktober vert den tradisjonsrike fotballfesten til STIF arrangert på Svelgen Hotell. Kl. 2230 opnar hotellet for andre gjestar, og då spelar Bjarne Lunde opp til dans.

Invitasjonar til dei som har vore aktive på og utanfor bana i år vert sendt ut om ikkje så lenge, og det vert også høve til å melde seg på for personar som på ulike måtar har vore med rundt Fotballgruppa tidlegare år, samt foreldre, tilskodarar og sponsorar anno 2004. For desse vil det kome ein generell inviasjon på Svelgen.no, og på oppslag i Svelgen.


Flott friidrettsinnsats i Bergen 16.09.2004

I helga som gjekk deltok 5 deltakarar frå Svelgen TIF på "Bergenslekene" på Fana Stadion i Bergen. Dette var eit stort stemne, der nærare 600 utøvarar deltok. STIF sine utøvarar gjorde flotte prestasjonar, alle fem vann medaljar, og trenar Ingvald Ytrehus og utøvarane har all grunn til å vere stolte over prestasjonane.

11-åringen Daniel Holm vann to sølvmedaljar, med resultata 8,78 m i 2 kg kule og 9,58 sek på 60 m. På plassen etter Holm på 60 m kom Pål Valberg med tida 9,76, og han fekk dermed bronse. Kim Leirvik (16 år) tok sølv i lengde med 5,80 m, og bronse på 200 m hekk med tida 31,60 sek. Tor Inge Øvrebotten vart nr. 2 i høgde for 16-åringar, med resultatet 1,70 m.

Høgst poengsum på Tyrvingetabellen fekk 10-åringen Magnus Myrhol, då han oppnådde 895 poeng for 1,10 m i høgde. Myrhol fekk sølvmedalje for den prestasjonen. Vidare fekk Øvrebotten og Leirvik 874 poeng, for prestasjonane i høvesvis høgde og lengde. Kim Leirvik fekk også 870 poeng for tida 12,22 sek på 100 m, der han vart nr. 4. Daniel Holm oppnådde flotte 865 p. for kulekastet.

Resultat lørdag 11/9

Resultat søndag 12/9

Les kva Bergens Tidende skreiv om stemnet.

På arkivfotoet under, frå 2003, ser ein Daniel Holm (t.v.) og Pål Valberg.


Tempo/Florø 2 får halde fram i 5. divisjon 16.09.2004

Etter at Sogn og Fjordane Fotballkrins har behandla saka mot Tempo/Florø 2 (T/F 2), vedr. at dei ikkje har møtt til to bortekampar, kom dei fram til at T/F 2 ikkje vert trekt frå årets 5. divisjon.

Her følgjer saksutgreiinga: "Styret i SFFK meinar at det i denne saka er ”særlege forhold som tilseie noko anna” enn trekking av Tempo/Florø 2 . Det grunngjev vi med at det er kun 2 kampar att, og ei trekking av laget vil endre topp/botnstrid og såleis få store konsekvensar for andre lag enn dei involverte. Kampresultatet mellom Vadheim/Høyang 2 – Tempo/Florø blir sett til 0-0, og 3 poeng blir tilkjent Vadheim/Høyang 2. Tempo/Florø 2 blir ikkje strokne frå serien. Tempo/Florø 2 blir ilagt ei bot stor kr. 6000 kroner for ikkje å ha møtt til kamp for 2 gong sesongen 2004".

Les meir om saka her.


Risevatn og Risekeipen 15.09.2004

Biletet under syner idylliske Risevatn med Risekeipen (1362 m.o.h.) i bakgrunnen. Denne fjelltoppen skimtar du litt t.v. for midten av biletet. I følgje folk som var på "Keipen" i sommar, var det uvanleg få som hadde skrive seg i boka i år. Om du følger vegen som du ser nede på biletet turretur, får du deg ein trimtur på 10 km, og dette i naturskjøne omgjevnadar på grusunderlag. Du finn vegen og Risevatn 200 meter ovanfor sentrum, langs hovudvegen mot Isane. I Risevatnet skal det visstnok ha vore "fin" badetemperatur i sommar, men fotografen set spørsmål ved dei påstandane. Biletet vart teke 31. mai i år.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Frank Ryland


STIF tilbake i opprykkskampen etter FSK-rot ? 15.09.2004

I følgje heimesida til Førde IL er det store sjansar for at Tempo/Florø 2 (T/F 2) sitt lag i 5. divisjon vert trekt frå 5. divisjon og at kampane deira vert strokne. Dette fordi dei ved to høver ikkje har møtt til bortekamp. Det som då kan skje er at STIF då vil få 3 poeng og 0-0 i målskilnad i kampen dei tapte med 2-7 borte mot T/F 2. Skjer dette vil STIF berre vere to poeng bak Førde 2, som ligg på 2. plass, og STIF vil også ha betre målskilnad enn Førde 2. Men uansett kva som skjer har Førde 2 to enkle kampar att, mot botnlaga Oppstryn og Vadheim/Høyang 2. Medan STIF møter Bjørn borte lørdag 18/9 og topplaget Selje heime søndag 26/9

I følgje heimesida til Førde vil Fotballkrinsen ta ei avgjerd i saka ut på torsdagen.

Les meir om saka her. Sjå tabellen her. Fotballkrinsen si side finn du her.

 


Munnkorg i Svelgen 15.09.2004

 

Leiaren av ambulansetenesta i Svelgen, Kristin Solvang, får ikkje uttale seg til Fjordenes Tidende. På spørsmål om kva ho meiner om at ambulansane i Bremanger ikkje får ha med seg kull og alternativ til morfin, viser ho til Helse Førde. – Vi har avtale med Helse Førde om å ikkje uttale oss til media, og kan berre henvise til dei, seier Solvang.

Stine med hudpleiesalong 15.09.2004

 

 

Denne veka opna Stine Mari Nigardsøy Ryland (23) hudsalong i Svelgen.  Midt i Svelgen sentrum har ho skapt sin eigen arbeidsplass der ho tilbyr sambygdingane hudpleie og massasje.   Stine Mari Ryland har utdanning som hudpleier frå Hamar, men reiste heim for å etablere seg. Ho har vore med i ei nettverksgruppe for etablerarar som er støtta av Innovasjon Norge.

- Eg har lyst å bu i Svelgen, og for meg er det viktig å gjere på noko eg trivst med, fortel Stine til Fjordenes Tidende i dag. Ho håpar mange vil nytte seg av det nye tilbodet som ligg vegg i vegg med taxibua. 


Svelgen kino sundag:

THE VILLAGE 15.09.2004

 
I thrilleren THE VILLAGE har M. Night Shyamalan, den Oscar-nominerte manusforfatteren og regissøren av "Den sjette sansen" og "Signs", fått med seg et stjernelag av en rollebesetning. Vi ser bl.a. Oscar-nominerte Joaquin Phoenix og Sigourney Weaver, Oscar-belønte Adrien Brody og William Hurt, og nykommer Bryce Dallas Howard, som er superregissør Ron Howards datter. Filmen, som er en nervepirrende fortelling om en isolert landsby som står ansikt til ansikt med det ukjente som ligger utenfor tettstedets grenser, blir beskrevet av CBS som "Mer gripende enn 'Den sjette sansen', mer skremmende enn 'Signs'".

Handlingen
Ved første øyekast ser den avsidesliggende landsbyen fra det 19. århundre ut som den reneste idyll. Et uskyldig lite sted hvor menneskene lever sammen i harmoni. Men dette lille sammensveisede lokalsamfunnet lever med en skremmende viten om at vesener oppholder seg i det omkringliggende skogsområdet.

Søndag 19.9  - kl. 2000 - speletid 1 time 51 min.

 


- Tek ikkje ansvar 14.09.2004

Frå og med 1. oktober tek ikkje vakthavande lege i Bremanger det medisinske ansvaret for pasientar under transport i ambulansebil. Dette har kommunelegane i Bremanger varsla fylkeslegen om, fortel kommunelege 1, Kan Shanker melder NRK Sogn og Fjordane. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/4084841.html

Bilete frå Svelgen og omegn 13.09.2004

I tida framover vil Svelgen.no legge ut ein del bilete frå bygda Svelgen og området rundt. Dette vil vere bilete tekne sommaren 2004. Dette første biletet vart teke 31. mai i år, og viser området frå Svelgselva (nederst på biletet) via Riseelva, sentrum, Rise og til Breivika.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Frank Ryland


Stor idrettsglede på stadion søndag 12.09.2004

Det gjekk strålande med miniputt-arrangementet, som Fotballgruppa i STIF stod bak søndag. Det såg skummelt ut då det regna i bøtter og spann frå lørdag kveld og heilt fram til turneringsstart, og litt etter kampane byrja kl. 11, men resten av dagen var det jamt over opplett. Fotballgruppa hadde laga ei fin ramme, og ungane, trenarane og dei mange tilskodarane såg ut til å ha ein fin dag på Svelgen stadion. Det var mange utflytta svelgarar på turneringa, nokre som lagleiarar og andre som heiande foreldre. På det nederste biletet ser ein eit av dei 50 laga som deltok, nemleg STIF sine minigutar fødde i 1994. Desse 10-åringane er dei eldste som deltek på miniputt.

 

På biletet under ser ein dei to hovudmennene bak den vellukka turneringa, leiaren i Fotballgruppa Arild Sande (t.v.) og dommarkontakt Øyvind Grindheim. Sande hadde mange personar i arbeid både før og under turneringa, og forutan at han sjølv var speaker i over 5 timar, hadde han lagt ned mange timar med planlegging i dagane før turneringa. Grindheim hadde skaffa nærare 20 dommarar frå STIF, som var i aksjon på 100 kampar fordelt på 5 baner, og STIF fekk skryt for at alle stilte i dommardrakter. Grindheim organiserte dommarane, og han var sjølv også med som dommar. Desse to, som har lang fartstid i Fotballgruppa, betyr svært mykje for fotballen i STIF.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Prioriterer fastlandssambandet 12.09.2004

Firdaposten melder at Bremanger kommune gjev vegen Bortne-Sørdalen, eller andre byggesteget på Bremangersambandet, høgste prioritet når det gjeld forslag til vegprosjekt i Norsk veg- og trafikkplan fram til 2016. Dernest vil kommunen prioritere utbetring av vegstandarden frå Midtgulen, via Svelgen, og vidare mot det nye veganlegget gjennom Sørdalen. Bremanger kommune peikar også på rassikring av Magnhildskaret som eit viktig satsingsområde.


Elkem gjer det godt 10.09.2004

Elkem Bremanger gjer det godt om dagen, og tener pengar på både silgrain og støyperiproduksjon, melder Firdaposten. Meir www.firdaposten.no

 


Hjortejakta er i gang 10.09.2004

I dag startar hjortejakta, og Svelgen.no reknar med at dei første hjortane vert felte i Svelgen-området alt første dag. I 2003 vart det i følge Statistisk Sentralbyrå felt 545 hjortar i Bremanger kommune, noko som var ein auke på 30 dyr frå året før.

Svelgen.no ønskjer hjortejegerane lukke til med jakta, og oppmodar dei også i år om å kome med historiar og bilete frå jakta.

Biletet under er frå Elkem Bremanger sitt jaktlag si jakt i 2003, og den lukkelege jegeren er Stig Kjørslevik.


Elevane med byggeprosjekt på skulen 10.09.2004

På Svelgen skule er elevane i dei fleste klassane med på eit byggeprosjekt på området der den gamle barnehagen låg. På heimesida til Svelgen skule kan du lese meir om prosjektet, og sjå elevar og lærarar i arbeid. Biletet under er henta frå skulen si heimeside.


No vert det lys 10.09.2004

Politikarane vedtok i går at gatelysa over heile kommunen skal skruast på umiddelbart. Vedtaket i plan og utviklingsutvalet var einstemmig.

Det var i går kveld ikkje kome på lys, så det er førebels litt uvisst kva som ligg i begrepet "umiddelbart".


Fleire såg elgen 09.09.2004

Redaksjonen i svelgen.no fekk i dag denne meldinga:

Kommunen har i dag fått melding om at Anne Turid Ljungren såg ein elgokse på riksvegen ved Svelgsvatnet i går 8 sept kl 18.00.
Det var ein ung okse med horn. Den hadde symt og rista seg så væta skvatt.
3 timar etterpå og ca 2 km nærare mot Ålfoten såg Bjarne Lunde m fl også ein okse på vegen i Sørdalsbotnen.
Mvh
Rune Indrehus
viltforvaltar


Ny bridgesesong 09.09.2004

Bridgesesongen 2004/5 startar med klubbspeling på mandag den 13. september. Det startar som vanleg klokka 17.30 på Trolloftet. Alle interesserte er velkomne.

Elgokse sett i Svelgsdalen 09.09.2004

Les meir i Firdaposten.

Miniputturnering i Svelgen søndag 09.09.2004

Søndag 12/9 vert det stor fotballaktivitet på Svelgen stadion (biletet), då minigutar og minijenter frå klubbane Svelgen, Tambarskjelvar, Eikefjord, Tempo og Florø skal i aksjon. I alt 50 femmar-lag frå desse klubbane er påmeldt, og 100 kampar skal spelast på 5 baner. Det er spelarar fødde i årsklassane 1994-1997 som skal i aksjon. Kampane tek til kl. 1100, og ein reknar med at siste kamp byrjar kl. 1615. Ein del årsklassar avsluttar tidlegare. Det er den aktive Fotballgruppa i Svelgen TIF som er arrangør av turneringa.

Men det er ikkje berre spelarar, dommarar og trenarar som vert å sjå på stadion søndag, då det til desse miniputturneringane brukar å vere stor oppslutning frå foreldre, søsken, besteforeldre m.m. for å sjå på dei innsatsfylte unge spelarane. Foreldrevettreglane til Fotballkrinsen kan du sjå her. Retningslinjene til Fotballforbundet for barnefotball kan du sjå her.

Også Sogn og Fjordane Fotballkrins vil vere til stades og dele ut refleks til spelarane.

Tradisjonen tru vert det ikkje strålande vèr når det er miniputturnering mot slutten av sesongen i Svelgen, men det vert forhåpentlegvis betre enn i fjor då turneringa måtte avlysast. Kanskje burde STIF til neste år søke fotballkrinsen om å få arrangere turneringa tidlegare på året, då Svelgen er einaste arrangørklubben utan alternativ til grasbana.


Stortap for STIF 08.09.2004

I ein kamp i 5. divisjon onsdag tapte STIF heile 2-7 borte mot Tempo/Florø 2. Målscorarar var Kjell Åge Bueie og Torbjørn Didriksen. Karl Anders Mundal fekk sin debut på STIF sitt A-lag mot slutten av denne kampen.

Følg med på "Tobbensida" for referat.


Ledige stillingar i Bremanger kommune 08.09.2004

Bremanger kommune har utlyst fleire stillingar innan helse- og sosialetaten. Sjå "Stilling ledig" til venstre.

Kulturfestival på Davik 08.09.2004

Medan far er på jakt ...

ta barn og besteforeldre med og kom til Davik på festival. Her er spennande aktivitetar både for liten og stor. For besteforeldre er det ei glede og oppleving å sjå barnebarna i aktivitet. Blir det travelt kan dei ta turen til ungdomshuset. Her kan ein få kjøpe kaffi og kaker, og elles prate med andre. Å vere deltakande, er kanskje med på å gi ord som livskvalitet innhald og meining.

Laurdag 18.september 2004

 

Kl. 14.00         Musikkonsert ved Klokkartunet

 

Kl. 15.00         Barneleikar ved skulen. Brannbil, politibil, hesteskyss m.m.

                        Kafé i Davang

 

Kl. 18.00         Kyrkjekonsert ved Marianne Antonsen i Davik kyrkje

                        Bill. kr 200 (vaksne), kr 50,- for barn (7 - 16 år), under 7 år gratis

 

Kl. 21.00         Ungdomsarrangement i Davang. Diskjockey er Helge Svarstad

                        Inngangsbillett: kr 50,-

 

Kl. 22.00         Jam sess. på Dampen. Inngangsbillett kr 100,-

 

Det vert sett opp bussar frå ytre Bremanger og Svelgen i samband med ungdomsarrangementet i Davang. Retur etter arrangementet. Påmelding til Rutebilane i Bremanger og Servicekontoret i Svelgen. Det må vere minst 10 påmelde før bussen kan gå. Eigendel er kr 50 for bussturen.

 

Arrangør:

 

Lag og org. på Davik               Klubb 7 (ungdomsklubben)                   Bremanger kulturkontor

Fotballjenter inviterast til Balestrand 08.09.2004

I haustferien 14.-16. oktober 2004 er fotballjenter i alderen 11 –16 år velkomne til Balestrand. Der kan dei by på fotballaktivitet og sosiale aktivitetar. Pris kr. 500,- 

Kanskje noko for STIF sine mange aktive fotballjenter ? Meir info her.


STIF 74 år i dag 08.09.2004

I dag, onsdag 8. september, er det 74 år sidan Svelgen Turn- og Idrettsforeing vart stifta. Om eit år bør det difor markerast at det er 75 år sidan laget vart skipa, etter initiativ frå Alf Midtbø, Lauritz Midtbø, Alf Zachariassen og Kaare Kjølberg.

På 74-årsdagen spelar STIF sitt seniorlag i fotball borte mot Tempo/Florø 2.


150 bilar køyrer fastlandssambandet 08.09.2004

Avisa Firda melder at i følgje siste måling som er gjort, køyrer 150 bilar i døgnet gjennom den undersjøiske Skatestraumstunnelen som vart opna i 2002. Saman med to andre tunnelar og ei bru over Rugsundet knyter den Bremangerlandet med sine rundt 1700 innbyggjarar til fastlandet. 150 bilar i døgnet, det vil seie seks-sju køyretøy i timen, er også i underkant av prognosene som vart gjort i 1989 og låg til grunn for prosjektet.

Firda skriv vidare: "Når heile Bremangersambandet er realisert, vil trafikken gå på opprusta veg frå Kolset til Bortne og derfrå til kommunesenteret Svelgen via tunnel frå Bortne til Langesi. Først då vil Bremangersambandet kunne ha den effekten for lokalsamfunnet som optimistane hadde håpa på. Men det er i alle fall eit prosjekt som ligg eit stykke inn i framtida, og i mellomtida må trafikken gå langs dårleg, smal og svingete veg til Kolset. Og slik vil det vere i lang tid enno, sjøv om dåverande Bremamger-ordførar Einar Kjereseth optimistisk nok trudde på ei ferdigstilling innan 2010. Folk frå Vegvesenet som vi har snakka med sine folk reknar i alle fall med ti nye år, det vil seie tidlegast i 2014".

Les heile artikkelen til Firda her.


Reglar på Fritt ord 07.09.2004

På "Fritt ord" på Svelgen.no må ein oppgje namn om ein kritiserar andre personar med namn. Av denne grunn er ein av notisane sletta frå "Fritt ord".

Redaksjonen


Regionale ungdomsleikar i friidrett

Bjørkedal vann høgde i Sandnes 06.09.2004

Under dei Regionale Ungdomsleikane søndag gjekk Jørgen Bjørkedal frå STIF (biletet) til topps i høgde i 14-årsklassen, og slo konkurrantane frå Aust-Agder, Vest- Agder, Rogaland,Hordaland og Sogn og Fjordane. Han hoppa 1,62 m, og ut i frå resultat og alder gjev det 930 poeng på Tyrvingtabellen.

Også i tresteg gjorde Bjørkedal det skarpt og vart nr. 3 med 11,05 m, som gav 935 poeng. På 60 m vart han nr. 7 med med tida 8,35 sek. i finalen. I førsøksheatet sprang han på 8,18 sek. Desse to tidene gav høvesvis 798 og 818 p.

Også STIF sin andre deltakar i Sandnes, 13 åringen Kjell Rune Ytrehus, hadde fine resultat søndag. Han vart nr. 11 i høgde med 1,29 m, og nr. 12 i tresteg med 7,66 m. Dette gav høvesvis 776 og 686 poeng.

Sogn og Fjordane enda til slutt på 2. plass, og vart berre slått av Hordaland. Resultat frå Sandnes kan du sjå her.


Gatelysdiskusjonen held fram 06.09.2004

på "Fritt ord" t.v. på denne sida.

 

 

 

Fra og med 17. september 2004 setter vi opp den flytende kraftprisen i Svelgen fra 33,95 øre/kWh til 36,58 øre/kWh inkludert 24% mva.

Kraftprisen har intet fastbeløp.

Nettleie for transport av kraft kommer i tillegg.

 

Svelgen september 2004

Elkem Energi Bremanger AS, postboks 57. 6721 Svelgen


Friidrett

God STIF-innsats på dei Regionale Ungdomsleikane lørdag 05.09.2004

Eit av dei store høgdepunkta for 13- og 14- åringane i friidrett i Norge går av stabelen denne helga. Dei såkalla Regionale Ungdomsleikane er ein lagkonkurranse mellom ulike krinsar på tre stadar i landet. I Sandnes konkurrerer krinsane Aust-Agder, Vest- Agder, Rogaland,Hordaland og Sogn og Fjordane. På sistenemnde lag er Kjell Rune Ytrehus og Jørgen Bjørkedal (biletet som er framsida til STIF-boka) representantar frå Svelgen TIF.

Etter første dag leiar Hordaland, medan Sogn og Fjordane held ein fin andreplass. Resultat frå første dag finn du her.

I lengde for 14-åringar hoppa Jørgen Bjørkedal 5,43 m, som gav 5.plass i Sandnes. Det var svært jamt og han var berre ein cm frå 3. plass. Resultatet, som var det same som han hoppa under KM forrige helg, gav 932 poeng på Tyrvingtabellen. I 13-årsklassen vart Kjell Rune Ytrehus nr. 2 i stav med 1,80 m, og han hoppa også 3,73 m i lengde. På Tyrvingtabellen gav desse resultata høvesvis 481 og 659 poeng. Begge utøvarane har gjeve Sogn og Fjordane viktige poeng i kampen mot dei andre krinsane.


Lite nedbør i juli og august 04.09.2004

Både i juli og august månad dette året fall det mindre nedbør enn normalt i Svelgen. I juli fall det 102 mm og i august fall det 124 mm, medan normalen er høvesvis 155 og 187 mm nedbør. Begge månadane hadde 14 døgn utan nedbørsregistrering, og begge månadane hadde også 27 mm som det meste som kom på eit døgn.

Berre legekontor i Svelgen? 03.09.2004

Pengeknipa i Bremanger kommune kan føre til at to av dei tre legekontora blir lagde ned. Det gjeld kontora på Hauge og Davik.

Dersom dette spareframlegget blir vedteke, blir det att legekontor berre i Svelgen, skriv Fjordenes Tidende.

Svelgen kino fredag og sundag:

Harry Potter og fangen fra Azkaban 01.09.2004

 
I det tredje, trolske eventyret om Harry Potter følger vi han på jakt etter hemmeligheten om sin egen fortid. Han får ny kunnskap om foreldrene sine når trollmannen Sirius Svaart nærmer seg Galtvort med skumle hensikter. Harry fyller 13 år, og han skal begynne i tredje klasse på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. Før han kommer så langt bruker han trolldomsmakten til å blåse opp bistre tante Maggen. Dermed bryter Harry regelverket til Magidepartementet. Han rømmer hjemmefra og venter å bli utvist fra skolen. Istedet møter han selve magiministeren, som synes Harrys regelbrudd er en bagatell i forhold til at en av de mest beryktede fangene på fengselsøya Azkaban er på flukt. Rømlingen er trollmannen Sirius Svaart, som tilhører den svarte magisiden. Han er antagelig ute etter Harry, som i sitt første leveår overlevde den mektige trollmannen Voldemorts angrep som drepte begge foreldrene hans. Derfor mener magiminiseren at det eneste sikre stedet for Harry er Galtvort. Uheldigvis er de sjelesugende desperantene, voktere på Azkaban, kommet for å beskytte Harry og de andre elevene mot Svaart. Remus Lupus d.y., den nye læreren i Forsvar mot svartekunster, viser Harry hvordan han skal verne seg mot desperantenes lammende makt. Tross deres truende nærvær tyder mye på at Svaart nærmer seg. Harry trenger mye mot, magiske evner og solide venner for å avsløre sannheten om Svaart.

MEIR: http://www2.filmweb.no/film/article.jhtml?articleID=26842

Fredag, 3/9.kl.22.00 og søndag, 5/9.kl.20.00
11 år
Speletid: 2 timer, 22 min.
Harry Potter og fangen fra Azkaban


Ikkje meir lys i år? 03.09.2004

 

Rådmannen foreslår at Bremanger kommune let vere å skru på gatelysa att -  i år.

 

”Bremanger kommune har for høge driftskostnadar og lyt såleis spare driftsutgifter. Veglysa må difor ikkje setjast i drift att, og abonnementa må seiast opp”.

Dette oppsiktsvekkande forslaget vil rådmannen, legge fram for politikarane førstkommande torsdag, melder Fjordenes Tidende i dag.

Savnar nokon ljoset?? 02.09.2004

På Fritt Ord sida er det såvidt sparka i gang ein debatt om at kommunen ennå ikkje har skrudd på gatelysa. Folk meiner det er direkte fårleg å vere ute om kveldane.

 Har du meiningar om dette?


Dans på hotellet laurdag 4/9 02.09.2004

Laurdag 4. september spelar Olav Hammersland opp til dans på Svelgen Hotell.

På Svelgen Hotell har du også høve til å sjå VM-kvalifiseringskampen Italia - Norge, som vert vist på TV3 kl. 2045. Om du vel å sjå kampen heime så ta ein tur på hotellet etterpå.


Førde 2 tapte 02.09.2004

I toppkampen i 5. divisjon onsdag, vann topplaget Selje 3-1 borte mot Førde 2. Sistnemde ligg på 2. plass på tabellen, og har no to poeng meir enn STIF. STIF har ein kamp meir spelt enn Førde. STIF og Førde 2 har høvesvis 3 og 4 kampar att å spele. Førde 2 har att dei tre laga som ligg på botnen av tabellen, samt Hornindal som ligg på 4. plass. STIF avsluttar sesongen heime mot topplaget Selje søndag 26/9. Dei to beste laga i 5. divisjon rykker direkte opp i 4. divisjon.

Til helga har STIF spelefri. Neste kamp er onsdag 8/9 borte mot Tempo/Florø 2.


50 seniorkampar for STIF:

Jubilantar som diverre har flytta frå Svelgen 02.09.2004

I kampen mot Vik 28/8 var det ikkje berre Frank Hatleset som jubilerte, då også to andre sentrale spelarar på STIF dei siste åra hadde kampjubilèum. I den kampen passerte både Stian Bøhmer og Terje Nybø 50 seniorkampar for STIF. Felles for dei to var at dei flytta til Svelgen mot slutten av 2001, og felles var det også at dei diverre flytta frå Svelgen denne sommaren. Men dei har likevel halde fram med å spele kampar for STIF denne hausten når dei har vore friske og har hatt høve til å ta turen frå deira nye heimplassar. Bøhmer, som no bur i Florø, har vore skada og spelte sin første kamp i haust mot Vik. Nybø har ved tre høver denne hausten teke turen heilt frå Molde for eiga rekning, og spelt ein omgang som innbytar i kvar av desse kampane for STIF.

 

Desse to har på kvar sine måtar sett sitt preg på STIF i desse tre sesongane. Bøhmer (biletet t.v. frå 2002), som ikkje hadde erfaring frå seniorfotball då han kom til bygda, tok alt første sesongen i 2002 ansvar og vart oppmann på seniorlaget. I 2003 sleit STIF med å få trenar, og då tok Bøhmer i lag med Torgeir Sørheim ansvar og vart spelande trenarar. Og dei to gjorde ein god ”jobb” og førte STIF til opprykk til 5. divisjon, etter tre år i lågaste divisjon. Også i 2003 hadde han oppmannsvervet. Bøhmer, som opprineleg er frå Son ved Moss, har på sine 50 kampar scora 5 mål, her av 4 seriemål, frå sin plass i forsvaret. Bøhmer er også skribenten bak kampreferata på Svelgen.no

 

Terje Nybø, som opprineleg er frå Davik, fekk det ikkje heilt til første året i STIF, og det vart ein del kampar som innbytar. Men han gjorde seg likevel bemerka og eit av hans 5 mål vart på fotballfesten kåra til ”Årets mål” i 2002. I 2003 gjekk det mykje betre og han scora heile 20 mål på 20 kampar. Av desse var 19 i serie-/opprykkskampar, og Nybø var utan tvil den viktigaste spelaren då STIF rykte opp. På fotballfesten vart han kåra til både ”Årets spelar” og ”Årets toppscorar”. Hittil i 2004 har han scora 7 mål, her av 4 i serien. Med 32 mål for STIF er han inne blant dei 29 spelarane som har passert 30 A-lagsmål sidan STIF kom med i serien i 1963. 27 av måla har han scora i serie-/opprykkskampar frå sin posisjon på midtbana/i angrepet. Før Nybø flytta til Svelgen hadde han spelt for Davik, Ålfoten og Eid.

Tidlegare i denne sesongen har også Andrè Gjerde, Arne Rebni og Thor Kristian Sortevik passert 50 seniorkampar for STIF. Dette er lokale unggutar som forhåpentlegvis vil spele for STIF i mange år framover, og som med det vil nå kamptal med fleire nullar bak. Dei 5 spelarane vil på fotballfesten 16. oktober få tildelt statuett for 50 kampar. Biletet nedanfor: Terje Nybø fotografert på Svelgen stadion i 2004.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars