Arkiv Mars 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
OBS: Endra tid for påmelding og start

Det vert skikarusell-renn på laurdag 31.03.2005

Per Arne Sæterlid melder at det vert Skikarrusell-renn laurdag 2/4 ved Karlskarstova på Langesi. Det vert påmelding frå kl. 11 til kl. 12, og rennet tek til kl. 1230.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alle aldrar. Skimerkeprøve om nokon ynskjer det. Deltakarmedalje til alle som deltar i minst 3 av 5 renn. Diplom til alle i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-. Open kiosk.

Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn og Idrettsforening


Grasbana på stadion stengd i veke 13 og 14 31.03.2005

Anleggsansvarleg i STIF, Per Arne Sæterlid, opplyser til Svelgen.no at grasbana på Svelgen stadion ikkje må brukast i veke 13 og 14. Årsaka til dette er at bana no er inne i ein viktig vekstperiode, og at bana i dag vart kalka og gjødsla.

Om bana vert opna i veke 15 er vèravhengig. Det vert snart sett opp skilt om at bana er stengd, og Sæterlid ber om at ein syner respekt for dette. Om ein vil sparke/trene fotball kan ein nytte grusbana, eller vere "bak målet" mot Naustneset på grasbana.

Bil til sals 31.03.2005

Eg skal selje bilen min, Toyota Carina -88 modell.
Det er ein driftssikker og god bil. Årsavgift er betalt.
Pris 18 000,-.

Kan sjåast i Skulevegen 10 på Naustneset.

Ring Anne Lise Gilleshammer tlf. 57793553 eller 41418231 (mob)

Ledige stillingar i Bremanger 31.03.2005

Bremanger kommune har lagt ut fleire ledige stillingar på Stilling Ledig sida.

INC-cup

Fotballturnering for dei yngste søndag 30.03.2005

INC- cupen for dei yngste fotballspelarane i kommunen vår vert halden søndag 3. april i Svelgen idrettshus.

Turneringa tek til klokka 10.00 og varer til klokka 19.30, så her vert det kampar heile dagen.
Totalt skal det spelast 63 kamper.

Vi ønsker alle velkommen til Svelgen idrettshus denne dagen.
Fotballgruppa i STIF
 


Bråk på sosialkontoret

To rusa personar laga på føremiddagen onsdag så mykje bråk på sosialkontoret i Svelgen at politiet vart tilkalla. Politifolka fekk fjerna dei to frå kontoret, melder NRK Sogn og Fjordane.

Søndag 3. april kl. 1800

Venner for livet på Svelgen Kino 30.03.2005

Når 12 år gamle Petter og resten av familien flytter fra byen til et lite småbruk uten mobildekning fordi mor skal praktisere som ferieavløser ser sommerferien trist ut. Men landsbygda er ikke så harmonisk og fredelig som Petter tror.
På en tur i skogen finner Petter en mishandlet hund som han tar seg av. Eieren krever den tilbake, men sammen med den indiske jenta Nila og hennes venn, oksen Samson befrir de hunden og avslører bygdas bilslakterbande som lenge har operert i skjul. Petters sommerferie blir slett ikke så kjedelig som han hadde fryktet, men utvikler seg isteden til et dramatisk og farlig eventyr.



Søndag, 3/4. kl.18.00
7 års grense
Speletid: 1 time, 29 min.


Pilotprosjekt til Elkem Bremanger
Pilotproduksjon til Svelgen: Elkem Bremanger skal starte produksjon av eit nytt silisiummetall som skal brukast til solceller. - Førebels er dette under forsking og utvikling, seier verksdirektør Erik Løkke Øwre.
Elkem Bremanger i Svelgen skal setje i gang eit pilotprosjekt som på sikt kan munne ut i fleire arbeidsplassar. Verksemda skal prøve ut produksjon av silisiummetall til solceller. - Førebels er dette under forskning og utvikling, seier verksdirektør Erik Løkke Øwre (bildet). Meir i dagens Fjordenes Tidende.

Endring dametreningar i veke 13 27.03.2005

Mandag 28/3 vert det step, og onsdag 30/3 vert det balltrening. Dette gjeld berre veke 13.

Bremanger kommune i 1905 25.03.2005


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har ein artikkelserie om kommunane i fylket i 1905, året då Norge vart eit fritt og sjølvstendig land. Artikkelen inneheld ikkje noko om Svelgen, som bygda vår seinare vart kalla, eller gårdane Rise og Sande. Det var Kjelkenes og Midtgulen som var knutepunkt i vår del av kommunen, der hadde dei Midtgulen kyrkje (ferdig 1904), handelsmann, postopneri, rikstelefonstasjon, anløpsstad for fylkesbåtane, Gulen skyttarlag, og ungdomslaget "Framover" med eige lokale. Det var ikkje veg mellom Midtgulen og gårdane innst i Nordgulenfjorden, så folket på Rise og Sande måtte nytte båt når ein hadde ærend i Midtgulen. Les artikkelen her.

I 1905 budde det om lag 40 personar innst i Nordgulenfjorden, fordelt på to gårdar på Sande og fire på Rise. Rundt 1917, då kraftutbygginga kom i gong, byrja ein å kalle inste delen av Nordgulenfjorden for Svælgen og Svelgen, og etterkvart vart det sistnemnde som vart det offiselle namnet.

Svelgen AmCarClub inviterer til nytt treff: 24.03.2005

 
Svelgen AmCarClub (SACC) ønsker på nytt å invitere bil- og motorinteresserte til ei triveleg helg i saman med oss.  SACC har i år peika ut dagane 17-19. Juni som dei dagane då det skal skje i Svelgen.  Treffet er under planlegging,  men det kan  røpast at det ”faste” programmet som ”4X4”, ”Minidrag” og dans på lokalet allereie er i boks. Samstundes jobbast det med ulike tilleggsaktivitetar for store og små, så her skulle det vere duka for nok ei innhaldsrik helg i Svelgen.

Svelgen kino måndag 28. mars kl. 1800:

Ole Brumm og heffalompen 23.03.2005

 OLE BRUMM OG HEFFALOMPEN er en ny sjarmerende reise gjennom Hundremeterskogen, og nok et møte med gjengen som bor der. Denne gangen lærer de om hvor viktig det er å godta at vi er forskjellige, og om verdien av ekte vennskap. Filmens regi er ved Frank Nissen.

I den norske versjonen hører vi Ivar Nørve som den godhjertede Ole Brumm, Anders Hatlo som ustoppelige Tigergutt, Harald Mæle som den oppvakte, men sta Petter Sprett, Kari-Ann Grønsund som Rus omtenksomme mor Kengu, Johannes Joner som Nasse Nøff, og Stinius Maurstad som heffalompen Lompa.

Sangene i filmen er laget av Oscar-vinner Carly Simon, og i den norske versjonen fremføres de av Maj Britt Andersen.


MERK DAGEN 2. PÅSKEDAG:
Måndag 28. mars kl. 1800
For alle
Speletid: 1 time, 10 min.

Gode vèrutsikter for påska 23.03.2005

Nedbøren som er venta i dag, onsdag, ser ut til å vere forbigåande. F.o.m. skjærtorsdag og i nesten ei veke framover er det, i følge Meteorologiske Institutt, gode sjansar for stort sett opplett og mykje sol i Svelgen-området. Temperaturen skal verte 6-8 plussgrader på dagtid, og ned til eit par plussgrader om natta. Så lesarane av Svelgen.no bør kome seg ut av godstolen og nyte det gode påskevèret.

Svelgen.no ynskjer lesarane ei god påske !!

SNR med presentasjon av Elkem Bremanger 23.03.2005

På heimesida til Svelgen Næringsråd (SNR) kan du lese bedriftspresentasjonen til medlemsbedrifta Elkem Bremanger. Det er mange som ikkje kjenner til kva som vert produsert ved denne hjørnesteinsbedrifta i Svelgen, desse har no høve til å sette seg inn i mellom anna dette.

På heimesida til SNR finn du også info om eit styrekurs som skal haldast i Kalvåg 9. april. Dette kurset, som er i regi av Bremanger Vekst, har påmeldingsfrist 1. april.

Heimesida til SNR finn du her. Biletet frå 2004 syner Elkem Bremanger i bakgrunnen.
 















Foto: Frank Ryland

Orkla med full kontroll i Elkem 23.03.2005

Elkem vert heilnorsk og Orkla vil snart stå som eigar av både Elkem og svenske Sapa. Tysdag kunngjorde den amerikanske aluminiumsgiganten Alcoa at selskapet aksepterer Orkla sit tilbod om å overta ein aksjepost på 46,5 prosent i Elkem. Dermed eig Orkla nesten 100 prosent av Elkem, som på si side eig 73 prosent av den svenske ferdigvareprodusenten Sapa.

Les meir i BT og Aftenposten.

Informasjon frå Elkem Energi Bremanger 22.03.2005





Nettleie hos Elkem Energi Bremanger i Svelgen:

Utvikling av nettleie i Svelgen fra 2001 til 2005 for husholdningskunder:

Nettleie uten avgifter:

2001

2004 (høst)

2005

Fastledd kr/år

990

1400

1400

Energiledd øre/kWh

11,28

11,65

7,40

Nettleie inklusive statlige avgifter:

2001

2004 (høst)

2005

Fastledd kr/år

1218

1736

1750

Energiledd snittpris øre/KWh

13,99

27,68

22,85


Nettleia består av fastledd og energiledd. Som det framgår av oppstillingen ovenfor har
det vært en økning i fastleddet fra 2001 (990 kr) til 2004 (1400 kr), mens energileddet er økt fra 11,28 til 11,65 øre/kWh uten avgifter til staten.

Derimot er økningen i nettleia mye større når en tar med de statlige avgiftene. I dag består statlige avgifter av forbruksavgift, avgift til enøkfondet ved Enova og mva. Alle disse avgiftene har økt fra 2001 til i dag. Forbruksavgifta (12 øre/kWh inkl 24% mva i 2004) ble fra 1.juli 04 lagt over fra kraftprisen til nettleia. Det utgjør den største økningen i nettleia. Kraftprisen er redusert tilsvarende, men den varierer iht prisene på kraftmarkedet.

Fra 2005 går nettleia i Svelgen betydelig ned som tabellen viser. Vi tar forbehold om endringer i denne. Avgifter til staten er fra 1.januar 2005 som følger: forbruksavgift 12,35 øre/kWh inkl mva,avgift til enøkfondet ved Enova 1,25 øre/kWh inkl mva. Mva satsen er nå 25%.

Mars 2005 O. H. Andersen


Ekstrarenn

Det vert skikarusell lørdag 2. april 22.03.2005

Skikarusellen 2005

Per Arne Sæterlid melder at det vert Skikarrusell-renn lørdag 2/4 ved Karlskarstova på Langesi. Det vert påmelding frå kl. 12 til kl. 13, og rennet tek til kl. 1330.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alle aldrar. Skimerkeprøve om nokon ynskjer det. Deltakarmedalje til alle som deltar i minst 3 av 5 renn. Diplom til alle i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-. Open kiosk.

Om du er i tvil om det vert renn, så følg med på Svelgen.no. Det vert avgjort seinast fredag 1/4 kl. 1500 om det evt vert avlysing.

Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn og Idrettsforening


Ledige stillingar ved Bygg og Reinhold 21.03.2005

Bygg og Reinholdsservice har lagt ut stillingar som ferieavløysarar og eitt vikariat på Stilling Ledig sida.

Volleyball

NM-bronse til Tambarskjelvar 20.03.2005

Tambarskjelvar sitt jentelag, med tre Svelgen-jenter på laget, vann bronsemedaljane under NM for 19-åringar i helga. I bronsefinalen vart det 2-0 siger over Egersund. Les meir her.

Les kva Firda skriv om NM.

STIF godt representert på Strynehalleikane 20.03.2005

Lørdag 19. mars reiste Svelgen TIF med 13 friidrettsutøvarar til Strynehalleikane. Det vart mange fine resultat, og ein nemner mellom anna 10-åringen Marte Holm som imponerte med 1,10 m i høgde, som gir gode 920 poeng på Tyrvingtabellen. Vidare 15-åringen Jørgen Bjørkedal, som hoppa 1,67 m i høgde, som gav 909 p. og ny "pers" i høgde.

Svelgen TIF stilte med:
10-åringane : Marte Holm, Ingebjørn Mundal, Eirik Ask ,Fredrik Valberg og Torbjørn Ytrehus
11-åringane : Ole Martin Gjerde og Magnus Myrhol.
12-åringane : Daniel Holm, Pål Valberg og Jan Rune Nigardsøy.
13-åringen : Jonas Valberg.
14-åringen : Torstein Ask.
15-åringen : Jørgen Bjørkedal

Resultata finn du her. Tyrvingtabellen finn du her.

Fotball

Firda Avis Cup er historie 20.03.2005

I følge avisa Firda er det vedteke å legge ned Firda Avis Cup, som i fjor vart arrangert for 20. gong på rad. Her følgjer eit utdrag frå omtalen i avisa: "Jotun Årdalstangen vann i 2004 den siste finalen mot Eikefjord på Fosshaugane. Den første finalen enda 4-2 til Svelgen over Heia i 1985. Kaupanger og Stryn står begge med fire sigrar kvar i Firda Avis Cup. Fjøra har vunne tre gongar, medan Eikefjord, Svelgen og Jotun (Årdalstangen) har to sigrar kvar." Les heile saka her. STIF spelte finale også i 2002, men tapte då for Kaupanger etter ekstraomgangar.

Biletet nedanfor syner Svelgen TIF sitt vinnarlag i den aller første Firda Avis Cup-finalen i 1985.

Ferdsel på regulerte vatn 17.03.2005

På grunn av nedtapping er det utrygg is på  vatn i følgande vassdrag:

Svelgenvassdraget: Vingevatn, Nibbevatn, Langevatn, Hjelmevatn og Vatn 11.

Indrehusvassdraget: Børevatn, Handklevatn, Litleteigvatn og Svartevatn.
Nordalsvassdraget: Nedre- og Øvre Storebotnvatn.

 

Vær spesielt merksam på opningar mellom skråliggande isflak i strandsoner og ope vatn

ved tunnelar og elvar.


Hold avstand frå inntak Hjelmevatn grunna fårleg straumkvervel.

 

Elkem
Energi Bremanger AS


Samstemt for fastlandssamband 16.03.2005

Fullføring av Bremangersambandet var det ikkje diskusjon om på dagens møte i Samferdsleutvalet. Heile  utvalet var samde om at dette skal ha topp prioritet i Nasjonal transportplan i Sogn og Fjordane, melder nrk.no/sfj

Ferieavløysarar på Elkem 16.03.2005


Elkem søker ferieavløysarar. Sjå utlysing under Stilling Ledig til venstre.

46 små gikk skikarusell 16.03.2005

 Mange skiglade småfolk hadde funne vegen til Skikarusellen ved Karlskarstova sundag. Heile 46 deltakarar under 6 år kunne reise heim med diplom for gjennomført renn.

 Det er Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) som arrangerer Skikarusellen. Samarbeidet starta for fire år sidan, og stadig kjem det fleire barnefamilier for å delta på rennet. Midt mellom dei to bygdene møtes innbyggarane for å gå på ski. Og denne dagen er det dei yngste det gjeld.

Ålfoten Idrettslag investerte i eiga trakkemaskin for fem år sidan.












Denne syter føre dei velpreparerte løpene rundt Karlskarstova og gjer det ekstra kjekt for dei minste å gå på ski.

Etter vel gjennomført renn på 500 meter samla alle seg inne i stova der idrettslaga selde  brus og pølser til dei slitne skiløparane. Der var det også klart for utdeling av diplom som eitt av dagens høgdepunkt.

Og blir det renn i påska, vil nok dei små insistere på å ta turen opp i dalen for nye prestasjonar.
På bildene ser vi Sebastian fra Svelgen og Linn Kristin frå Ålfoten i startgropa. Sjå fleire bilder  i dagens Fjordenes Tidende.


Svelgen kino 20. mars:

FINDING NEVERLAND 16.03.2005

Hele syv Oscar-nominasjoner og med Johnny Depp i rollen som forfatter J.M. Barrie, mannen som fikk sitt liv forandret fullstendig etter å ha gitt oss en av verdens menst kjente magiske historier.

"Finding Neverland" er inspirert av og basert på livet til James Barrie, den virkelige forfatteren bak historen om Peter Pan. Vi er i London i 1904, og blir med Barrie inn i hans kreative verden hvor Peter Pan er i ferd med å bli til. Helt fra han for første gang får inspirasjon til å skrive historien, frem til historien er ferdig og stykket får premiere på Hertugen av Yorks Teater i London. På en kveld som ikke bare vil forandre Barries liv for alltid, men også livene til alle som står nær ham.

Søndag, 20/3. kl.18.00
7 år
Speletid: 1 time, 37 min.

Volleyball

Tre Svelgen-jenter til 19-års NM til helga 15.03.2005

Til helga vert NM for 19-åringar arrangert i Ålesund. I følgje heimesida til arrangøren er tre av spelarane på Tambarskjelvar sitt jentelag frå Svelgen. Desse er: Herborg Eikeland (bak t.v.), Kristina Mundal (i midten framme) og Sylvi Mari Fløtre (t.h. framme). Tambarskjelvar vann 19-års NM i fjor, og då var Eikeland og Fløtre med på laget. Her kan du lese meir om spelarane til Tambarskjelvar og dei andre jentelaga. Her kan du sjå kampoppsettet, og der kan du i helga følgje med på korleis det går med Svelgen-jentene og lagvenninnene. Arrangøren si heimeside finn du her.

Tambar-jentene har også fleire utfordringar framover. Alle tre Svelgen-jentene held alderen for å delta i 17-års NM i Bodø 8. - 10. april.

Tambarskjelvar 1 har vunne 2. divisjon i Sogn og Fjordane, og enda på 3. plass på rankinglista i 2. divisjon Nordvest. Dette medfører at Tambarskjelvar 1 også neste år må spele i 2. divisjon, då berre dei to beste på rankinglista får spele kvalik for 1. divisjon. Tambarskjelvar 1 har delteke på tre av dei fire rankingturneringane, og vart då nr 3 to gongar, og nr. 2 på ei av turneringane. I følgje heimesida til Tambarskjelvar består Tambarskjelvar 1 i 2. divisjon av 17-årslaget, medan Tambarskjelvar 2 består av spelarar frå Sunnfjord Folkehøgskule.

Flott innsats av STIF-symjarane 15.03.2005

Svømmegruppa i STIF deltok i helga med 9 symjarar på ope stemne i Havhesten i Florø. Til Firdaposten uttala trenar og leiar i Svømmegruppa i STIF, Kristin Ask, ho var godt nøgd med innsatsen til svelgarane. Det vart sett mange personlege rekordar, mellom anna "persa" Torstein Ask (arkivbiletet) med 5 sekund på 100 m fri. I følgje Firdaposten har STIF to symjeparti med i alt 18 symjarar, og rekrutteringa er god.

Sjå resultatlista frå stemnet i Florø i
Firdaposten

Bremanger kommune kom dårleg ut i test 14.03.2005

Forbrukerrapporten har testa korleis forbrukarane vert mottatt når dei vender seg til kommunane på internett, ved personlege e-posthenvendingar og telefonsamtaler. På denne testen hamna Bremanger kommune på 20. plass av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, med 38 av 100 oppnåelege poeng. På internett oppnådde Bremanger 16 av 40 poeng, på e-posthenvendingar 3 av 20 poeng, og på telefon 19 av 40 poeng.

Til Bremanger kommune sitt forsvar må ein ta med at testen vart utført medan den gamle heimesida var i bruk, og at iallefall internett-delen vert betre når den nye heimesida vert endå betre oppdatert.

Vurderinga av Bremanger kommune finn du her. Fylkesoversikta finn du her.


1. divisjon volleyball 14.03.2005

Tre svelgarar har i sesongen 2004/2005 vore aktive i 1. divisjon for herrar, og sesongen er no over for desse. Best gjekk det for Ronald Førde og OSI, dei vart nr. 2 i 1. div. avd. 2, og nr. 3 på rankingtabellen i 1. div. 

I same avdeling som OSI enda Knut Arild Fløtre (arkivbiletet) og Sogndal sist av dei 5 laga. Dei enda på 10. plass på rankingtabellen, etter at dei berre stilte på ei av fire rankingturneringar.

I 1. div. avd. 1 enda Kim Solheim og BSI på 3. plass. På rankingtabellen enda dei på 6. plass, til tross for at dei berre stilte på ei av fire rankingturneringar. Solheim gjorde come back etter nokre kampar i inneverande sesong, etter at han i nokre sesongar ikkje har vore aktiv på volleyballbana. Solheim er den einaste herrespelaren frå Svelgen som har vore utteken til ei landslagssamling i volleyball. Oppleggaren vart innkalla til ei juniorlandslagssamling på slutten av 90-talet, medan han representerte Førde VBK.

Bridge :

Svelgenpar på 7. plass i KM 13.03.2005

Arne og Leif Arild Lothe kom på ein fin 7. plass i Kretsmesterskapet i bridge i helga. Det er enno ikkje avgjort kor mange par frå Sogn og Fjordane som kvalifiserer seg til NM, men det ligg godt an til at det vert fem. Det kan difor sjå ut som at svelgenparet berre var to plassar ifrå å kvalifisere seg. Roar Førde og Bjarne Eikeset gjorde også ein fin innsats og kom på ein respektabel 17. plass. Resultat og spelstensilar ligg her.

Svelgen skulemusikk

God innsats i S. og Fj. Meisterskapen 13.03.2005







Svelgen skulemusikk gjorde ein flott figur under Sogn og Fjordane Meisterskapen i Måløy i helga. Dei vart nr. 7 i 3. divisjon brass, og nr. 4 i 3. divisjon drill. Les meir i Fjordenes Tidende

COOP - SVELGEN KRINS. 13.03.2005

Måndag 21.mars 2005 kl.19.00 vert det halde krinsmøte Coop Sogn og Fjordane BA for Svelgen krins på Svelgen Hotell.
Sakliste:
1.Opning ved krinsleiar
2. Val av sekretær og to til å skrive under møteboka.
3. Orientering om årsmelding og rekneskap
4. Orientering om driftsrekneskapen for avdelinga
5. Krinsutvalet rapport/årsmelding for avdelinga
6. Orientering om nye vedtekter
7. Val av medlemmar til krinsutvalet i samsvar med § 13
8. Val av medlemmar til representantskap i samsvar med § 14
9. Val av medlemmar til valkomite
10 Tilkomne saker.

Etter krinsmøtet vert det servering. 

Bilete frå Gjensidige Nor-leikane 13.03.2005

På Florø TIF si heimeside kan ein sjå mange bilete frå Gjenside Nor-leikane, som vart arrangert i Florø forrige helg. På dei mange bileta finn ein ein og anna svelgar også. Som på biletet under, som viser Daniel Holm øvst på sigerspallen, med mange svelgarar rundt pallen. Sjå dei andre bileta her. 

Arbeidsgrupper for eit triveleg Svelgen sentrum 12.03.2005

På heimesida til kommunen har kultursjefen lagt ut info om arbeidet med å få eit trivelegare sentrum i Svelgen. Kultursjefen oppmodar også alle svelgarar om å melde seg på til dei ulike arbeidsgruppene, og påmeldingsfristen er 15. april. Les meir her. 

Fotball

STIF tapte første treningskampen 11.03.2005

STIF sitt 5. divisjonslag spelte fredag sin første treningskamp for året. På ei glatt kunstgrasbane i Førde vart det tap 1-5 mot divisjonskolega Jølster. I følge spelande trenar Trond Hatleset (biletet) var kampen jamnare enn resultatet tilseier. Dette var også STIF sine første spark på ballen utandørs i år. Det var trenaren sjølv som scora STIF sitt mål.


Det vert Skikarusell også denne søndagen 11.03.2005

 Skikarusellen 2005

Per Arne Sæterlid melder at Skikarrusell-rennet søndag 13/3 går som oppsett ved Karlskarstova på Langesi. Det vert påmelding frå kl. 12 til kl. 13, og rennet tek til kl. 1330.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alle aldrar. Skimerkeprøve om nokon ynskjer det. Deltakarmedalje til alle som deltar i minst 3 av 5 renn. Diplom til alle i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-. Open kiosk.

Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn og Idrettsforening


Vil mudre og utbetre Svelgen-innseglinga 10.03.2005

I ei årrekkje har innseglinga mot Svelgen og Elkem Bremanger skapt store problem for skipstrafikken. No ønskjer Bremanger Hamnevesen å få merkt leia inn til Elkem betre og mudra opp, melder Firdaposten.no


Fotball

Det vert 9 lag i 5. divisjon 09.03.2005

Som Svelgen.no tidlegare har meldt trekte Saga laget frå 3. divisjon. Dette fekk følger for nedrykk nedover i divisjonane. No har Eid 2 og Hyllestad takka nei til å rykke opp i 5. divisjon, og det vert difor berre 16 kampar på STIF og dei andre laga i 5. divisjon. Også i 2004 var det berre 9 lag i 5. divisjon, då Hafslo trakk laget frå divisjonen.

Årsmøte i Bremanger SV 09.03.2005

Det vert halde årsmøte i Bremanger SV på ungdomsklubben ”Realen” i Svelgen tirsdag den 15. mars 2005 kl. 18:30

 

Sakliste:

 

Sak 1.        Godkjenning av innkalling.

 

Sak 2.       Godkjenning av sakliste.

 

Sak 3.       Årsmelding.

 

Sak 4.        Rekneskap.

 

Sak 5.        Budsjett for 2005. (Diskuterast på møtet)

 

Sak 6.        Val

 

Sak 7.        Møteplan 2005

 

Sak 8.       Val 2005

  

Det vert høve til innmelding i lokallaget på møtet. Nye medlemmer kr. 100.-

 

VEL MØTT!


"Ut på tur aldri sur" 08.03.2005

Førre veke pakka 18 tiandeklassingar på Svelgen skule sekken til ein tre-dagers tur på fjellet. Dei fleste med meir bagasje enn dei kunne klare å bere, og med, det alltid faste, men gode mottoet: ”ut på tur, aldri sur”.

Les meir og sjå bilder i Firdaposten.

Dugnad på ballbingen! 08.03.2005

Arbeidet med ferdigstilling av ballbingen pågår for fullt. Dugnadsgjengen prøver å utnytte vêret og vil denne veka ha dugnadsaktivitet kvar kveld frå kl.16.30 og utover til ca.19.00-20.00.
Arbeidet som no pågår er å få veggelementa på plass.
Dersom alt går etter planen vil ballbingen være klar for opning ca. april 2005.

Vi oppfordrar alle til å bidra med nokon timar dugnad på Svelgens nye aktivitetsbinge!


Svelgen kino søndag 13. mars:

LADDER 49 - FANGET I FLAMMENE 08.03.2005

 Hva er det som gjør en mann i stand til å løpe hodestups inn i en brennende bygning mens alle andre prøver å komme seg ut? LADDER 49 - FANGET I FLAMMENE er et spennende og bevengende actiondrama om hvordan mennesker som lever et helt vanlig liv, med vanlige forhold og drømmer, blir til helter helt utenom de vanlige. I hovedrollene møter vi velkjente John Travolta og Joaquin Phoenix, og regien er ved Jay Russel.

Med det travle livet ved en brannstasjon som bakteppe, kikker LADDER 49 - FANGET I FLAMMENE bak kulissene, og avdekker de ofte skjulte menneskelige elementene som ligger bak de velkjente overskriftene om brannmenn som kjemper mot rasende flammer. Den skildrer historien til en brannmann fra han som ivrig aspirant må gjennom de vanlige prøvelsene for å bli en av gutta ved brannstasjonen, og det første møtet med den kvinnen som skal bli hans livs kjærlighet, til alle vaktene med harde påkjenninger som holder ham borte fra hjemmet, de motstridende følelsene som griper ham når han skal stifte familie, og de modige redningsdådene som er jobbens sanne belønning. Filmen er en usminket hyllest til brannmennenes daglige oppofrelser, men den viser også at bak de personene som uselvisk redder andre liv, står det mange andre som gjør det mulig.
Søndag, 13/3. kl.18.00
11 år
Speletid: 1 time, 55 min.

STIF med damelag i fotball 06.03.2005

STIF har meldt på damelag i fotballserien komande sesong, og laget skal delta i 4. divisjon der dei spelar 7`ar-fotball. Vibeke Kjerpeseth og Kristine Sande vert spelande trenarar/"oppmenn". Spelarane på laget vert ei blanding av yngre jenter som har vore aktive siste sesongane og damer som no gjer ”come back” på fotballbana. I damefotballen i Sogn og Fjordane er det høve til å nytte spelarar det året dei fyller 15 år, d.v.s 1. års-jentespelarar. Då påmeldingsfristen gjekk ut hadde følgjande lag meldt seg på til 4. divisjon for damer: STIF, Lærdal, Syril, Torvund og Dale.

 

Om lag 10-12 spelarar har signalisert at dei ønsker å vere med på laget, og i tillegg har ein nokre som ønsker å vere med å trene. Laget har også to spelarar frå Ålfoten. I følgje Vibeke Kjerpeseth trenar laget i idrettshuset mandag kl. 1630 og ein gong i helga, og nye spelarar er velkomne til å vere med. Tidspunktet i helga varierer noko.

 

Dette vert fjerde sesong STIF har med damelag i fotballserien. Første gong var i 1987, då Roald Førde var trenar. Leo Cirotzki var hovudtrenar for damelaga i 1994 og 1996. Dei to første åra deltok STIF med 11`ar-lag, medan laget i 1996 spelte 7`ar-fotball. Det var STIF som var forkjempar for at ein skulle byrje med 7`ar-fotball for damer i Sogn og Fjordane.

 

STIF har ikkje nokon statistikk på tal spelte kampar for damer, då det i den eine av dei tre sesongane ikkje vart ført kampstatistikk. Men Monica Larsen er mestscorande i damefotballen i STIF med 12 mål, følgd av Therese Fanøy med 10 mål, Grethe Myren 6 mål og Vibeke Vårdal med 4 mål.

Biletet under syner damelaget anno 2005 på treninga 6. mars.


Friidrett

19 utøvarar frå STIF på stemne i Florø 06.03.2005

Svelgen TIF stilte med 19 utøvarar på GjensidigeNor-leikane i Florahallen laurdag, og vann 14 gull, 17 sølv og 8 bronse. Jørgen Bjørkedal og Ole Martin Gjerde henta heim bestemanspremiar i hopp, etter at begge oppnådde 895 poeng på tyrvingetabellen.

Svelgen TIF stilte med :
10-åringane : Marte Holm, Inga Rise, Alice Holm, Ingebjørn Mundal, Eirik Ask og Fredrik Valberg.
11-åringane : Helene Bjørkedal, Ola Martin Gjerde og Magnus Myrhol.
12-åringane : Daniel Holm, Pål Valberg, Jan Rune Nigardsøy og Alf Erik Sande.
13-åringane : Marita Solvang og Jonas Valberg.
14-åringen : Torstein Ask.
15-åringen : Jørgen Bjørkedal
17-åringane : Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten.

Sjå resultatlista her.

Volleyball

BSI utslått i kvartfinalen i sluttspelet 05.03.2005

BSI og Stine Mari Solheim vart utslått i kvartfinalen i sluttspelet i eliteserien. Dette etter at dei tapte 1-3 mot Oslo Volley både forrige helg og i dag. Les meir her.

Det vert skikarusell på søndag 04.03.2005

 Skikarusellen 2005

Skikarrusell-rennet på søndag 6/3 går som oppsett ved Karlskarstova på Langesi. Det vert påmelding frå kl. 12 til kl. 13, og rennet tek til kl. 1330.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alle aldrar Skimerkeprøve om nokon ynskjer det. Deltakarmedalje til alle som deltar i minst 3 av 5 renn. Diplom til alle i kvart renn.

Påmeldingsavgift kr. 30,-. Open kiosk.

Ålfoten Idrettslag og Svelgen Turn og Idrettsforening


Bremanger kommune med ny heimeside 03.03.2005






Bremanger kommune si nye heimeside er no lagt på nett, og du kan sjå den her. Du finn også link til sida nede t.h. på denne sida. Sida vert nok bra når meir info kjem på plass.

Ordførar Kåre Olav Svarstad har skrive følgande "opningstale" på sida: "Mange har etterspurt kortid også vår kommune ville komme på ”lufta” med dette tilbodet som er blitt meir og meir vanleg i samfunnet rundt oss.

No er vi i gang, men arbeidet er berre så vidt starta. Ei utfordring blir å holde sidene oppdatert slik at brukarane kan stole på at informasjonen er rett. Ei anna utfordring blir å utvikle tilbodet vidare slik at mest muleg informasjon om Bremanger kommune kan finnast på nettsidene eller med link til andre."

INC Bedrift-Cup 2005 - Avlysing 03.03.2005

På grunn av for lav påmelding til den fyrst oppsette datoen 19. mars, samt at idrettshallen ikkje er ledig på den alternative datoen 2. april, ser vi oss diverre nødt til å avlyse cup'en. Vi beklager dette!

Vi vil vurdere å gjere eit nytt forsøk til hausten.

Med venleg helsing
INC Vedlikehold Svelgen AS

Nils-Jørgen Sagebø

Fotball

Terminliste 5. divisjon m.m. 02.03.2005

Fotballklubben Saga trekte nyleg laget sitt frå 3. divisjon i Sogn og Fjordane. Dette medfører at Tornado Måløy 2, som skulle spele i 5. divisjon i lag med Svelgen, likevel ikkje rykker ned frå 4. divisjon. Om det berre vert 9 lag i 5. divisjon, eller om det kjem opp eit nytt lag frå 6. divisjon, er ikkje endeleg avklara. Mest aktuelle i så fall er vel Eid 2 eller Hyllestad, som begge tapte kvalifiseringskampane for opprykk til 5. divisjon i fjor haust. Les meir om saka her. STIF hadde avtalt treningskamp mot Saga rundt 1. april, men sjansen er liten for at den vert spelt.

 

STIF, som i fjor enda på 3. plass i 5. divisjon, serieopnar heime mot Jølster laurdag 23. april. STIF har 9 kampar på våren, og 7 på hausten. Svelgen har berre to bortekampar på hausten, noko som er positivt for eit fotballag med fleire spelarar med stor interesse for hjortejakt. STIF sine 16 kampar vert spelt på følgande dagar: Onsdag (1), fredag (3), laurdag (9), og søndag (3). Om det kjem til eit 10. lag i divisjonen vert det endringar på dette. Terminlista til STIF kan du sjå litt nede på sida her.

Geir Myklebust (biletet) er i gang med førebuingane til sin 11. sesong på rad på STIF sitt A-lag, og står 1/1-05 bokført med 155 seniorkampar (inkl 19 B-kampar). Han debuterte på A-laget i 5. divisjon i 1995, og fekk med seg både oppturen til 3. divisjon 1998-2000 og nedturen til 6. divisjon i 2001. For A-laget har han scora 15 mål. 26-åringen studerer for tida i Sogndal, og trenar med Hafslo i midtveka.

Svelgen skule

Leselyst og matematikkdag 02.03.2005

5.klasse har etter jul sett ekstra fokus på lesing og arbeidd med prosjektet Leselyst.

Tysdag hadde mellomtrinnet matematikkdag.

Les meir og sjå bileter på heimesida til
Svelgen skule.



















 

Coop marked Svelgen søker ekstrahjelp 02.03.2005

Sjå "Stilling ledig" t.v. på denne sida.

INC Bedrifts-Cup flytta til 2. april 01.03.2005

Nils Jørgen Sagebø i INC Vedlikehold Svelgen AS melder at bedriftscupen er flytta frå 19. mars til 2. april. Nedanfor kan du lese informasjonen Sagebø har sendt ut til bedriftene og Svelgen.no. Les også den nye invitasjonen, infoen, og påmeldingsskjema finn du her.  Påmeldingsfristen er 9. mars. Påmelding/evt spørsmål sendast nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no

Hei alle bedrifter i Svelgen samt alle INC-bedrifter!

Då vi diverre har eit for lavt antal påmeldingar til arrangementet den 19.
mars, samt at vi har fått ein del tilbakemeldingar om at helga passar
dårleg p.g.a påskeferie, har vi bestemt oss for å utsette cup'en til
laurdag den 2. april 2005.

Vi prøver difor igjen å invitere til INC Bedrift-Cup 2005 laurdag den 2.
april. Vi håper at denne dagen passar betre for dykk, og at de har lyst og
anledning  til å vere med på leik og moro i Svelgen denne laurdagen.

Ber om at de nyttar vedagde påmeldingskjema og sender dette tilbake til
underteikna.

VEL MØTT!

Vi gjer for ordens skuld oppmerksam på at dersom det grunna for lav
interesse heller ikkje let seg gjere å arrangere cup'en den 2. april, vert
det ikkje arrangert cup i år.



Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept